Page 1

Ă…rsmelding 2017

maritimecleantech.no


NCE MARITIME CLEANTECH  ÅRSMELDING 2017

Klyngeleiing:

Ei klynge med høg aktivitet og sterk vekst G

rønare og smartare er to viktige stikkord for arbeidet til NCE Maritime CleanTech. Å stadig strekkja seg lenger for å få fram grønare løysingar til havnæringane står sentralt i klyngesamarbeidet vårt. Å redusera klimafotavtrykket frå ulike maritime aktivitetar skal gi konkurransekraft. Strengare krav gjer at marknader og kundar som ikkje verdset teknologi som bidreg til reduserte klimagassutslepp og smartare operasjonar etterkvart vil forsvinna. Klimaendringane og tilhøyrande nasjonale forpliktingar til reduksjon av utslepp tilseier at utviklinga må skje raskt. Det høge tempoet i endringar av marknadsvilkår og i teknologiutviklinga er ofte vanskeleg å hengja med på. Særleg som liten eller mellomstor bedrift kan det vera utfordrande å sørgja for den daglege drifta, samstundes som ein skal arbeida med innovasjon og gripa nye marknadsmuligheiter. NCE Maritime CleanTech skal vera ein ressurs for våre klyngepartnerarar som kan bidra til å byggja kunnskap og leggja til rette for innovasjonsprosjekt og forretningsutvikling. Ein god dag hos oss i klynge­ administrasjonen, er når me ser nye samarbeidsalliansar i klynga og igangsetjing av prosjekt som bidreg til å løysa viktige samfunnsutfordringar. Prosjekta som i 2017 fekk forprosjekt­

NCE Maritime CleanTech skal vera ein ressurs for våre klyngepartnerar, som kan bidra til å byggja kunnskap og leggja til rette for innovasjonsprosjekt og forretningsutvikling. 2 

støtte gjennom midlar frå ordninga ”Innovasjonsrammen” er gode dømer på nettopp dette. Ei meir berekraftig cruisenæring, redusert avfall frå laksemerdane og betre batterisystem på elektriske fartøy er nokre av dei prosjekta som vart starta opp og som vil vera viktige bidrag for å gjera havnæringane grønare. I 2017 sette me i gong heile 17 nye innovasjonsprosjekt. Me er også stolte over at me i løpet av året henta inn over 56 millionar i støttemidlar til klyngeprosjekt. Dette viser at det offentlege har stor tru på kompetansen og innovasjonspotensialet vårt.

I 2017 sette me i gong heile 17 nye innovasjonsprosjekt. Me er også stolte over at me i løpet av året henta inn over 56 millionar i støttemidlar til klyngeprosjekt. NCE Maritime CleanTech vart i 2017 sertifisert med det europeiske gull­merket. Det betyr at me no er på EUs høgste nivå for velfungerande nærings­klynger. Gullstatusen heng høgt og viser at NCE Maritime CleanTech ligg fremst i omstillinga og internasjonaliseringa av norsk næringsliv. Dette motiverer og inspirerer oss kvar einaste dag, og me oppmodar våre offentlege samarbeidspartnerar om å bruka klynga som eit verktøy i omstilling og utvikling av næringslivet i regionen. Aukande oppslutnad om klynge­ prosjektet i form av nye medlemmer og høg deltaking på våre workshops, konferansar og møteplassar seier oss at våre klyngedeltakarar oppfattar vår samarbeidsarena som relevant,

viktig, og smart å delta på. ”Dette er ein utruleg viktig møteplass som eg ikkje kan gå glipp av”, sa ein av våre klyngedeltakarar etter årskonferansen i desember. Me er med våre 80 partnerarar ei sterk stemme i det politiske Noreg. For å spissa dette arbeidet ytterlegare har me oppretta to faggrupper som skal jobba målretta for å styrka den sentrale og viktige posisjonen vår når det gjeld påverking av rammevilkår for maritim miljøteknologi. Den eine gruppa er ei politisk ressursgruppe, som skal gi innspel til styret og klyngeadministrasjonen om saker som skal fremjast på vegne av medlemmene. Den andre faggruppa har fokus på cruisefarten. Med sine store utslepp til luft og sjø er dette ei næring klyngedeltakarane har sagt dei ynskjer auka fokus på i tida som kjem. Hovudoppgåvene til faggruppa vil vera å jobba for strengare miljøkrav, samt å utvikla berekraftige konsept som synleggjer moglegheiter innanfor nullutsleppsteknologi. NCE-prosjektet er inne i sitt fjerde år. Miljøteknologi er no på «alle» sin agenda, og me må jobba endå hardare for å framleis liggja i front. Det skal me sikre gjennom å skapa attraktive møteplassar, gode innovasjonsprosjekt og å gripa moglegheitene som ligg for nye samarbeidsalliansar. Med gode strategiar og engasjerte klyngedeltakarar er me godt rusta, og me fortset med full tyngde i 2018.

Hege Økland Dagleg leiar NCE Maritime CleanTech


ÅRSMELDING 2017  NCE MARITIME CLEANTECH

BERGEN

Om NCE Maritime CleanTech N CE Maritime CleanTech (MCT) blei etablert i mars 2011 med visjonen om å vera ei verdsleiande klynge for reine maritime løysingar. Klynga skal skapa framtidsretta, innovative og konkurransedyktige løysingar til havnæringane som reduserer miljø- og klimaskadelege utslepp til luft og sjø.

Etter tre år som Arena-klynge blei MCT i 2014 tildelt status som Norwegian Centre of Expertise (NCE). I 2017 vart klynga sertifisert med det europeiske gullmerket som følge av ei evaluering gjort av den europeiske organisasjonen ESCA.

MCT er ei komplett klynge med deltakarar frå heile verdikjeda; designselskap, verft, utstyrsleverandørar, reiarlag, klasseselskap, utdanningsinstitusjonar og forskingsmiljø. Klynga sitt arbeid med elektrifisering av ulike maritime installasjonar gjer at energi- og nettselskap, samt verksemder innan energilagringsteknologiar, er naturlege deltakarar. Fleire av klyngedeltakararane er internasjonalt leiande innan sine teknologi- og kompetanseområder, og har vore pionerar i å utvikla og ta i bruk nye energibærarar på ulike typer fartøy.

STORD

HAUGESUND

STAVANGER

Høgthengande gullstatus I mars 2017 vart NCE Maritime CleanTech sertifisert med det europeiske gullmerket. Det betyr at klyngeorganisasjonen no er på EUs høgste nivå for velfungerande næringsklynger.

U

tmerkinga kjem som følge av ei evaluering gjort av den europeiske organisasjonen ESCA. Etter nøye gjennomgang av bedriftsaktivitetar, strategiar, resultat og administrasjonen av samarbeidet, konkluderer ESCA med at NCE Maritime CleanTech representerer ei imponerande klynge av verksemder som saman bidreg til innovasjon med store internasjonale moglegheiter. Og potensialet for ytterlegare vekst for bedriftene i samarbeidet er stort.

– Gullstatusen heng høgt og løftar NCE Maritime CleanTech opp på eit krevjande internasjonalt nivå. Denne stadfestinga betyr også at klynga ligg fremst og representerer «nestepraksis». Det handlar om framifrå utvikling av framtidsretta berekraftige løysingar basert på den sterke maritime kompetansen me har som nasjon, seier Anita Krohn Traaseth, administrerande direktør i Innovasjon Norge.

Kva betyr NCE?

N

orwegian Centres of Expertise (NCE) skal forsterka nytenking og utvikling i dei mest vekstkraftige og internasjonalt orienterte næringsklyngene i Noreg. Programmet blir styrt gjennom samarbeid mellom Innovasjon Norge, SIVA og Forskingsrådet. Det finst 10 NCE-klynger (sjå www.nceclusters.no). Status som NCE-klynge sikrar oss tilgang til verkemidlar som akselerer innovasjonstakten i næringa og dermed styrkar konkurransekrafta i verksemdene.

3 


NCE MARITIME CLEANTECH  ÅRSMELDING 2017

Styre og leiing av organisasjonen

Å

ret 2017 ble på mange måter et vendepunkt innen havnæringene når det gjelder fremtidige forretningsstrategier og muligheter. Nye tilgjengelige teknologier med store globale aktører som pådrivere, har gjort at verden er i store endringer – og det skjer fort.

helt nødvendige for å være med i fremtidens marked.

Markedet innen shipping er generelt femdeles på et lavt nivå og nye kontraheringer er få, sett i et globalt perspektiv. Noen næringer går imidlertid for full maskin og andre er fortsatt i en restruktureringsfase.

I Norge er det allerede flere initiativ. Norske myndigheter er pådriver for flere av disse initiativene.

I Norge er bildet preget av stor aktivitet innen elektrisk drevne ferjer, hurtigbåter og annen passasjertransport, og det som skjer innen havbruk. Noen trender er klare ; digitalisering og robotifisering kommer fort innen mange områder; mer miljø og klimavennlige transportkonsepter blir etterspurt med støtte fra ulike myndigheter og aktører i markedet. Parisavtalen og nasjonale målsettinger og lover setter krav til store klimagassreduksjoner som vil kreve omfattende tiltak innen kort tid. Mange virksomheter innen leverandørindustrien endrer sin organsiasjon for å være forberedt til den nye virkeligheten. Dette er krevende omstillingsprosesser, men

I 2017 kom hydrogen på agendaen, drevet av innovative aktører innen næringer som ser fremtidige begrensninger i sin forretningsdrift hvis de ikke tenker nytt.

I tillegg ser vi at naturgass som drivstoff er på fremgang i ulike deler av verden, mens vi i Norge faser inn hybride og null utslipps drevne fartøy. Dette illustrerer også kompleksiteten for industrien når det skal taes fremtidige valg. MCT har fortsatt en stor rolle i å påvirke denne retningen i et lengre perspektiv. I 2018 vil en se flere prosjekter som prøver ut automatiske operasjoner som kan endre måten å drive operasjoner på, inkludert nye metoder for design og konfigurasjon av ulike systemer ombord. Dette er første steg på veien mot autonom drift av skip. MCT sine medlemmer har potensialet til å være ledende innen disse nye områdene, spesielt hvis vi får til gode samarbeidsrelasjoner. La oss bevise dette i 2018!

Administrasjon

Styre

• Hege Økland Dagleg leiar

• Ingve Sørfonn Leiar (Wärtsilä)

Organisasjonen har sju tilsette:

Det blei gjennomført seks styremøter i 2017. Vald av årsmøte 23. mars 2017:

• Pål G. Eide Prosjektleiar innovasjon

• Liv Reidun Grimstvedt Nestleiar (Høgskulen på Vestlandet)

• Tora Haslum Myklebust Prosjektleiar innovasjon

• Asbjørn Tverdal Styremedlem (Haugaland Kraft)

• Marie Engelsen Launes Kommunikasjonssjef

• Sigvald Breivik Styremedlem (Norled) • Kari Marvik Styremedlem (Christian Michelsen Research)

• Peter Tubaas Kommunikasjonskonsulent

• Bjørn Sundland Styremedlem (Gasnor)

• Marte Jensen Prosjektmedarbeidar

• Tore Dalseide Styremedlem (Dalseide Shipping Services)

• Natalia Ivanova EU-rådgjevar

• Vermund Hjelland Styremedlem (Eidesvik) • Terje Johansen Styremedlem (Kværner Stord) • Tor Inge Dale Varamedlem (SolstadFarstad)

4 

Ingve Sørfonn Styreleiar, NCE Maritime CleanTech

Styret har hatt et aktivt år med gode strategidiskusjoner og med fokus på oppfølging av vår startegi. Spesielt har det vært fokus på de forbedringsområdene vi har definert innen internasjonalisering, forretningsområder og teknologi. Vil takke vår administrasjon for god innsats og hilser nye medlemmer spesielt velkommen.


ÅRSMELDING 2017  NCE MARITIME CLEANTECH

Aktivitetar

Strategiarbeid N

CE Maritime CleanTech sine målsetningar er å redusera utslepp og auka konkurranseevna til medlemmene våre. For å nå desse målsetningane er utvikling og vidareutvikling av strategi viktig for å sikra at klyngeprosjektet til ei

Styremedlemmer i NCE Maritime CleanTech samla på Solstrand, frå venstre: Tore Dalseide, Kari Marvik, Vermund Hjelland, Sigvald Breivik, Asbjørn Tverdal, Ingve Sørfonn, Tor Inge Dale og Bjørn Sundland. Liv Reidun Grimstvedt og Terje Johansen var ikkje til stades då biletet vart teke.

kvar tid er relevant i forhold til både marknaden og bedriftene sine behov. På årsmøtet i mars presenterte styret strategien for neste periode i NCE-prosjektet (2017-2021). Alle klyngedeltakarane har vore invitert til å gi innspel til nøkkelområda. Strategien har ei solid forankring i klynga, og representerer ei felles forståing av måla og planane for klynga si vidare utvikling. I august samla me over 60 deltakarar til vår årlege klyngesamling i Rosendal. Hovuddelen av samlinga var via interaktive workshops, der deltakarane i grupper diskuterte nye smarte og grøne løysingar innan cruiseturisme, energisystem, hurtigbåtar, produksjon, logistikk og havbruk. Deltakarane kom også med sine ynskjer til nye innovasjonsprosjekt og aksjonar som klynga og medlemmene skulle jobba vidare med. Konkrete resultat frå denne workshopen er blant anna klynga sine innovasjonsaktivitetar innanfor hydrogen og opprettinga av ei eiga faggruppe for grønare cruisefart. Me ser fram til å få presentert resultata frå prosjekta undervegs, og å etablera ytterlegare prosjekt innan andre tema i løpet av våren 2018.

Nye faggrupper styrkar klynga sin posisjon NCE Maritime CleanTech oppretta i 2017 to nye faggrupper med medlemmer frå heile verdikjeda. Klynga si politiske ressursgruppe skal gi innspel til styret om kva politiske saker som skal fremjast på vegne av klyngebedriftene. Gruppa skal bidra til å styrka NCE Maritime CleanTech sin sentrale og viktige posisjon når det gjeld påverking av nasjonale og internasjonale rammevilkår for miljøteknologi. Det vart også oppretta ei fagruppe innanfor cruise som skal sjå nærare på korleis cruiseindustrien kan bli grønare. Gruppa skal utarbeida framlegg til felles grøne satsingar for cruisenæringa gjennom dialog med sentrale cruiserederi, hamner, destinasjonar og andre relevante interessenter. Den skal også utvikla berekraftige konsept som synleggjer moglegheiter innanfor nullutsleppsteknologi.

5 


NCE MARITIME CLEANTECH  ÅRSMELDING 2017

AKTIVITETAR 2017

Internasjonalisering:

Store mogelgheiter for norske maritime løysingar ute i verda Det er potensial for store klima- og miljøgevinstar i skipsfarten verda over, og norsk miljøteknologi er i front. Internasjonalisering av klyngedeltakarane er eit viktig satsingsområde for klyngeprosjektet.

V

år maritime klynge har ein verdsleiande posisjon innan elektrifisering, innføring av nye energiberarar og teknologi som reduserer utslepp. Me ser no eit stort potensiale for desse løysingane ute i verda, og i 2017 møtte me representantar frå myndigheiter og industri i ei rekkje ulike land. Singapore er eit av landa som byr på store moglegheiter for deltakarane i klynga. På hausten deltok fem klyngepartnarar på Innovasjon Noreg sitt internasjonaliseringsprogram 6 

«Global Ocean Growth Singapore». Programmet var spesialtilpassa havklyngene, og tilbaud deltakarane rådgiving i deira internasjonaliserings­ arbeid, matchmaking-møter med industri­aktørar i Singapore og ekspert­ kunnskap om marknaden. Programmet var ein suksses, og er vidareført i 2018 med blant anna eit tilsvarande program for den canadiske marknaden. I desember var klynga invitert til India av den norske ambassaden i New Dehli for å presentera norske miljøløysingar og den revolusjonen me opplever

innan elektrifisering og grøn skipsfart. Me har også diskutert forretnings- og samarbeidsmoglegheiter med aktørar frå Tyskland, Brasil og Portugal.

Ny EU-rådgjevar i klynga Horisont 2020 blir rekna for å vera verdas største forskningsog innovasjonsprogram med 80 milliarder euro som skal tildelast i perioden 2014-2020. Vår klynge kan tilby løysingar til fleire av samfunnsutfordringane som EU adresserer. Med vår nytilsette EU-rådgjevar får selskapa i klynga hjelp til å delta i EU-prosjekt. EU-rådgjevaren vil saman


ÅRSMELDING 2017  NCE MARITIME CLEANTECH

110 millionar til elektrisk hurtigbåt

N

I desember var klynga invitert til den norske ambassaden i New Dehli, India for presentera norske miljøløysingar. Her møtte prosjektleiar Pål G. Eide representantar frå ambassaden, samt indiske myndigheiter og industriaktørar.

med klynge­deltakarane identifisera aktuelle finansierings­utlysingar i EU, og rettleia bedriftene om finansierings­ moglegheiter for deira innovasjons­ prosjekt. Stillinga skal også initiere og følgje opp konkrete prosjektinitiativ, samt bistå i utforminga av EU-søknader. Stillinga er delfinansiert av Innovasjon Norge og vil vera eit to-års engasjement med moglegheit for to års forlenging.

CE Maritime CleanTech har jobba i over to år med ein EU-søknad til Horisont2020, der me samarbeider med aktørar frå Noreg, Tyskland, Nederland, Hellas, Belgia og Storbritannia. I TrAM-prosjektet skal det utviklast ein heilektrisk hurtigbåt med null utslepp. I tillegg skal nye modulære produksjonsmetodar bidra til 25 prosent lågare produksjonskostnader og 70 prosent lågare engineeringskostnader. Prosjektet vil styrka deltakarane si konkurranseevne nasjonalt og internasjonalt. Det vil også bidra til å gjera elektriske hurtigbåtar konkurransedyktige både i eit kostnads- og miljøperspektiv. Prosjektet fekk i januar 2018 tilslag på søknaden, og i konkurranse med over 100 andre søkarar vart TrAM-konsortiet tildelt 110 millionar kroner. TrAM har ein varighet på fire år, og i løpet av perioden skal det byggast eit demonstrasjonsfartøy om skal settast i drift på sambandet Stavanger-Hommersåk. Det skal også gjennomførast to studiar for same type fartøy i London og Belgia, for å utforska moglegheitene for liknande nullutsleppsfartøy på utvalde ruter i Europa. Deltakarar i prosjektet er: Rogaland fylkeskommune (koordinator, NO), NCE Maritime CleanTech (NO), Fjellstrand (NO), Leirvik (NO), Servogear (NO), Hydro Extrusions (NO), Wärtsilä Holland (NL), MBNA Thames Clippers (UK), University of Strathclyde (UK), Fraunhofer IEM (DE), Hamburgische Schiffbau-Versuckanstalt (DE), National Technical University of Athens (GR) og Waterwegen & Zeekanal NV (BE).

7 


NCE MARITIME CLEANTECH  ÅRSMELDING 2017

AKTIVITETAR 2017

Nyskaping og innovasjon Gjennom klyngesamarbeid vert det utvikla nye løysingar som bidreg til utsleppsreduksjonar og auka energieffektivitet. NCE Maritime CleanTech og våre partnerar lanserer konkrete løysingar til viktige samfunnsutfordringar. Følgjande prosjekt er under arbeid i klynga:

Urban Water Shuttle Innovasjonsområde: • Nullutslepps energisystem (finansiert av Pilot E) • Produktifisering av kommersialisering av nullutslepps passasjerfartøy (finansiert av Bergen kommune) Vårt konsept for ein ”bybane til sjøs” utan skadelege utslepp, Urban Water Shuttle (UWS), er utvikla gjennom eit samarbeidsprosjekt i klynga. Konseptet fekk i desember 2016 tilslag på søknaden om midlar frå den nye nasjonale støtteordninga Pilot-E, som skal bidra ttil raskare løp frå idé til marknad. Støtta er i første omgang på omlag 20 millionar kroner, men det kan også føra til ytterlegare utbetalingar til pilotering dersom prosjektforløpet er vellukka. Prosjektet har også fått tildelt støtte frå Bergen kommune. I 2017 har det vore arbeidd vidare med konseptet gjennom ulike delprosjekt. Partnerar: Wärtsilä, Fjellstrand, Servogear, CFD Marine, Grenland Energy, Hydro Sapa og Maritime CleanTech.

Short Sea Pioneer Innovasjonsområde: Miljøvennlig og energieffektivt logistikksystem. Short Sea Pioneer-prosjektet, der det vert utvikla eit konkurransedyktig og miljøvenleg logistikksystem for containertransport til sjøs, er eigd av NorthSea Container Line (NCL). Deltakarane i prosjektkonsortiet representerer både industriaktørar og forskingsmiljø som bidreg med tverrfagleg kompetanse innan skipsdesign, logistikk og økonomi. Prosjektet vart starta gjennom tildeling av midlar frå Designdrevet Innovasjonsprogram (DIP) gjennom Norsk design- og arkitektursenter (DOGA) i samarbeid med Innovasjon Norge og Norges Forskningsråd. Prosjektet har også treårig støtte frå MAROFF-programmet til Forskningsrådet for å utarbeida logistikkanalysar og vidareutvikla fartøysdesign for konseptet (2016-18). Partnerar: NorthSea Container Line, Wärtsilä Ship Design, Westcon, Servogear og Norges Handelshøyskole.

North Sea Giant Innovasjonsområde: Hybrid energisystem. «North Sea Giant» er eit av verdas største og mest avanserte konstruksjonsskip for undervassarbeid. Gjennom eit prosjekt som starta i klynga vil skipet bli verdas fyrste av sitt slag som får batteri som viktigaste energikjelde. Det banebrytande prosjektet vil gi store innsparingar i driftskostnader og utslepp. Partnerar: North Sea Shipping, Wärtsilä og Corvus Energy.

8 


ÅRSMELDING 2017  NCE MARITIME CLEANTECH

Neste generasjons havbruksfartøy Innovasjonsområde: Energieffektivitet og nullutslepps energisystem. I dette prosjektet jobbar ei gruppe klyngedeltakarar med å utvikla framtidas havbruksfartøy, som skal møta oppdrettsnæringa sine behov til energieffektivitet, nullutslepp, logistikk og sikkerheit. Bremnes Seashore er hovudaktør og sørgjer for ivaretaking av brukarbehova, medan Storm Industrial Design leiar designprosessen. Konseptutviklinga har vore gjennomført gjennom ein designdreven innovasjonsprosess, og har resultert i eit fleirfartøykonsept tilpassa næringa sine ulike operasjonskrav. Konseptfasen er finansiert av Norsk design- og arkitektursenter (DOGA). Partnerar: Bremnes Seashore, Storm Industrial Design, Future Solutions, Blueday Technology, CMR Prototech, Eta Energi, Servicebåt, PBES, Zem, Wave Propulsion og Bostek. FOTO: KARIANNE KLOVNING

Trådlaus ladar på MF Folgefonn Innovasjonsområde: Trådlaus lading av skip. Gjennom eit prosjekt som involverer fem av klyngepartnarane våre vart den 20 år gamle ferja MF Folgefonn i 2017 verdas fyrste skip med system for trådlaus lading av batteria om bord. Systemet er utvikla av Wärtsilä, og konstruert for å oppretthalde ein effektiv kraftoverføring på avstandar opptil 50 centimeter mellom ladeplatene. Det vellukka prosjektet representerer eit betydeleg gjennombrot i utviklinga av elektriske fartøy. Partnerar: Wärtsilä, Norled, Fjellstrand, Haugaland Kraft og Apply TB.

Hydrogen og nullutslepps PSV Innovasjonsområde: Hydrogenteknologi, nullutslepps energisystem. Gjennombrotet for hydrogen i skipsfarten kan vera like rundt hjørnet. I 2017 vart dei fyrste kontraktane for ei hydrogendriven ferje og ein hydrogendriven hurtigbåt lyst ut, og mange av partnarane i klynga er posisjonerte for leveransar inn mot desse fartøya. NCE Maritime CleanTech har difor jobba mykje for å gi medlemmene innsikt og kunnskap i marknad og utvikling innan hydrogenteknologi, både gjennom innovasjonsprosjekt og ulike workshops. Det vart også sett i gang eit innovasjonsprosjekt der NCE Maritime CleanTech saman med Statoil, Wärtsilä og andre klyngepartnarar skal utvikla eit konsept for ein hydrogendriven PSV med null utlsepp. Partnerar: NCE Maritime CleanTech, Statoil og Wärtsilä.

Utsira-prosjektet Innovasjonsområde: Smart og autonomt energisystem for øysamfunn. I eit utviklingsprosjekt skal ei gruppe klyngedeltakarar utvikla eit nytt smart og autonomt energisystem for øysamfunnet Utsira. Øya har eit aukande energibehov som ikkje kan møtast med dagens straumnett. Målet for prosjektet er å adoptera nye teknologiar innan elektrifisering av fartøy for å balansera og støtta kraft­ linjene på øya. I tillegg skal prosjektet utvikle ei løysing for produksjon og lagring av fornybar energi. Partnerar: Wärtsilä, Sunnhordland Kraftlag, Greenstat, Utsira kommune og Utsira Laks.

9 


NCE MARITIME CLEANTECH  ÅRSMELDING 2017

AKTIVITETAR 2017

Innovasjonsrammen I juni 2017 vart NCE Maritime CleanTech tildelt 1,5 millionar gjennom Innovasjons­ rammen – ei støtteordning frå Innovasjon Norge som skal stimulera til auka innovasjon i klyngene gjennom samarbeidsprosjekt. Midlane vart tildelt fem nye innovasjonsprosjekt.

WESTCON POWER & AUTOMATION OG NORLED

Moglegheitsstudie på hydrogenbrenselcelle ferjedrift Prosjektet skal gjera ei studie for å undersøka kva som er mogleg med dagens teknologi innan brenselceller, med særleg fokus på ferjedrift. Eit viktig fokusområde blir å identifisera kva som må til for at brenselceller kan ta steget frå land til sjøindustri og «marinifiserast».

CFD MARINE OG GRENLAND ENERGY

Effektiv og sikker implementering av batteridrift i hurtigbåtar Grenland Energi skal utføre datamodellering av battericeller ned til dei minste delemna. CFD Marine vil så importera denne modellen inn i CFD-analysar slik at ein kan utføra termo-/elektriske simuleringar av battericeller for å sikre mest mogelg effektiv og sikker implementering av batteridrift i hurtigbåtar. WÄRTSILÄ SHIP DESIGN OG HARDCRUISE

Utvikling av miljøvennlege og berekraftige cruisekonsept I dette forprosjektet vil partnarane samarbeida for å klargjera moglegheitene for å utvikle eit heilt nytt miljøvenleg og stillegåande cruiseskip, gjennom å kartleggja ulike alternativ for fartøykonsept. Ombygging av eksisterande PSV er ei av løysingane som vil bli vurdert i forprosjektet. AQUAPRO OG WÄRTSILÄ SHIP DESIGN

Miljøeffektivt skip for prosessering av slam frå oppdrettsnæringa Prosjektet skal utarbeida design og kapasitetsberekningar for et prosess-skip som kan handtera slam frå oppdretts­anlegg og prosessera det frå avfall til brennbart materiale. Prosjektet skal også vurdera i kva grad oppdretts­næringa kan bruka dette tørrstoffet til energi på oppdretts­anlegget.

HUISMAN OG ETA ENERGI

Utvikling av miljøvennleg og energieffektiv borerigg Prosjektet skal laga ein energiforbruksmodell av eit typisk boredekk. Modellen skal nyttast for å identifisera kor ny energiteknologi, som i dag er i bruk i skip, kan tilpassast og brukast om bord på riggar. Metodar for digitalisering av drift av rigg og boreoperasjonar skal også utviklast.

Sustainable Marine Innovation Arena - Norsk Katapult Tidleg og rask testing, samt mogleg­heit for å simulera og pilotera nye idear og løysingar er svært viktig i næringa sitt innovasjonsarbeid. Regjeringa si nysatsing Norsk Katapult, som vart lansert i 2017, svarer på vårt behov for 10 

å kunne forsterka og tilgjengeleggjera testinfrastruktur for utvikling av smarte og grøne energiløysingar. NCE Maritime CleanTech har over lengre tid arbeidd for å få utvikla eit nasjonalt fleirbrukssenter. Senteret skal redusera tid og kostnader i prosessen frå idé til marknad for aktørar som skal utvikla og anvenda energisystem med ulike energibærarar,

energilagringsteknologiar, samt muleggjerande digitale teknologiar. Resultatet er SMIA (Sustainable Marine Innovation Arena) som vert søkjar på vegne av konsortiet til Katapultprogrammet. SMIA sin ambisjon er å samla eksisterande testinfrastruktur i eit overbyggjande selskap, der utstyr, fasilitetar og kompetanse vert tilgjengeleg for industrien. Blant 38 søkarar til Norsk Katapult i 2017 var SMIA ein av ni søkarar som kom vidare til finalerunden i ordninga, diverre utan å nå heilt til topps. No jobbar prosjektet for fullt mot neste utlysing i 2018.


ÅRSMELDING 2017  NCE MARITIME CLEANTECH

I mai møtte leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland, dei nordiske statsministrane som var samla på Vestlandet. Her presenterte ho klynga, og korleis bedriftene sin kompetanse er viktig for å løysa utfordringane alle dei nordiske landa står ovanfor – som behovet for å gjera skipsfarten grønare.

Samfunnskontakt I

NCE Maritime CleanTech blir det arbeidd kontinuerlig med å forbetra ramme­vilkåra for næringa vår og innføringa av miljø­teknologi. Også i 2017 var det viktig å formidla den viktige rolla det offentlege bør ha som krevjande og miljø­venleg kunde. Oppfølging av vedtaka om innføring av låg- og nullutslepps­løysingar i ferje- og hurtig­båt­marknaden har vore sentralt i året som har gått. NCE Maritime CleanTech har eit godt samarbeid med Hordaland Fylkeskommune og Rogaland fylkeskommune, som også deltar i klynge­samarbeidet vårt. Me har også gjennomført mange aktivitetar i samarbeid med dei fleste offentlege verkemiddelaktørane i 2017. I tillegg har me møtt statsministrar, statsrådar og stortingspolitikarar, fylkespolitikarar og ordførarar, og me har god dialog med byråkratane som utformar regelverket for politikarane. Me har også skrive mange politiske høyringsinnspel, om tema som blant

anna nytt anbod for Kystruta og miljøkrav i offentlege anbod, samt gitt innspel på representantforslag til ulike stortingspolitikarar. NCE Maritime CleanTech har også deltatt i arbeidet i Forum for Miljø­

teknologi for å styrka finansierings­ ordningane til utviklings- og pilot­ prosjekt innan miljøteknologi, mellom anna med innspel til korleis regjeringas nye investeringsfond Fornybar AS bør innrettast.

Miljøvekting i offentlege anbud Politiske vedtak som fører til strengare utsleppskrav frå ulike maritime aktiviteta er i sterk grad medverkande til å skapa etterspurnad etter grøne løysingar frå våre klyngedeltakarar. Då nytt anbod for Kystruta mellom Bergen og Kirkenes vart lyst ut med låge miljøkrav, tok difor klynge­ organisasjonen og ei rekke klynge­ deltakarar grep. NCE Maritime CleanTech starta straks arbeidet for å få endra på krava i anbodet, og inngjekk tidleg i prosessen eit samarbeid med miljøstiftinga Zero for å kunna

tilnærma seg beslutnings­takarane på fleire frontar. I tillegg mobiliserte klynga fleire samarbeidspartnarar i den maritime næringa for å fremja industrien sine ynskjer om strengare miljøkrav. Etter endeleg avstemming i Stortinget i desember vart utfallet at Stortinget ber regjeringa leggja inn ein miljøbonus etter tildeling av kontrakt og sørga for at CO2-fondet også skal omfatta tiltak for Kystruta. Dette vedtaket er ei stor forbetring av det opphavelege anbodet, og kan få svært god effekt både for klimaet og våre klynge­deltakarar. 11 


NCE MARITIME CLEANTECH  ÅRSMELDING 2017

AKTIVITETAR 2017

Samarbeid mellom næring og akademia Klyngeadministrasjonen i NCE Maritime CleanTech arbeider for å kopla forskingsog utdanningsaktørane i klynga med næringsaktørane. Dette resulterer i fleire samarbeidsprosjekt og søknader i løpet av eit år, her er eit utval:

SH2IFT – Safe Hydrogen fuel handling and use for efficient implementation

Målsettinga i dette FoU-prosjektet er auka kunnskap når det gjeld sikkerheit knytt til hydrogenteknologi, med eit spesielt fokus på handtering av store volum i maritim transport. SH2IFT-prosjektet skal føra til ei betre forståing av hydrogenteknologi og potensielle sluttbrukarar. Prosjektet blir leia av SINTEF, med klyngedeltakar CMR Prototech som partnar. FORSKARPROSJEKT - MAROFF

AutoELog – Logistics and Economics of Autonomous Vessels

AutoELog er eit forskingsprosjekt som har fokus på å identifisera og analysera moglegheiter når det gjeld autonome fartøy i transporttenester. I prosjektprosessen vil logistikk, økonomi og digital teknologi bli brukt som verktøy. Prosjektet blir leia av NHH og støtta av NCE Maritime CleanTech.

&

Møteplassar arrangement

2017 var eit år med høg aktivitet for klynga. Mange relevante tema vart belyst og drøfta på ulike samlingar me arrangerte for klyngedeltakarane våre. Klyngeadministrasjonen var også til stades på ei rekkje bransjerelevante arrangement.

26.JAN STORD:

Klyngeworkshop med Patentstyret og Kluge Advokatfirma 13.-17. FEB BRASIL:

Norsk delegasjon til Brasil 21. FEB BERGEN:

Opning av Ocean Industries Accelerator 22. FEB HAUGESUND:

Klyngeseminar - Hydrogen & Fuel cells 8. MARS HAUGESUND:

Klyngeseminar - Offshore vind og maritime moglegheiter 20. MARS STORD:

Besøk av olje- og energiministeren 23. MARS STORD:

Årsmøte og klyngesamling

ReDrive — A methodology for implementation of Renewable fuels for maritime Drive systems

Redrive-prosjektet skal utvikla ein metode for å hjelpa aktørar til å bruka fornybart drivstoff i lasteskip. Skip er viktig i global transport og meir enn 90 % av alt gods blir frakta via sjøvegen. Dette prosjektet ynskjer å utvikla ein metodikk for enklare implementering av fornybar energi om bord på større fartøy. Prosjektdeltakarar er TU Delft, UiB, Greenstat og NCE Maritime CleanTech.

12 

30. MARS BERGEN:

Storm i et vannglass 20. APRIL BERGEN:

Møte med fiskeriministeren 2. MAI BERGEN:

Innovasjon Norge-workshop: Berekraft og omstilling 11. MAI STORD:

Klyngeseminar - Moglegheiter for norsk næringsliv i Canada


ÅRSMELDING 2017  NCE MARITIME CLEANTECH

22.-23. MAI / 30.-31. AUG STORD:

ACCEL-for oppstartsbedrifter og gründerar 30. MAI BERGEN:

Møte med dei nordiske statsministrane 30. MAI – 2. JUNI OSLO:

Nor-Shipping

7. JUNI STORD:

Stordkonferansen 30. JUNI STORD:

8. NOV STORD:

Klyngeseminar Finansieringsmoglegheiter Horizon2020 12.-17. NOV SINGAPORE:

Global Growth Ocean Space Singapore 30.NOV – 1. DES STORD

Årskonferanse: Smart & Green 4. DES OSLO: Møte med samferdselsministeren

Matchmaking – Norske og tyske bedrifter 15. AUG STORD:

Workshop om framtidas servicefartøy for havbruksnæringa 17. AUG BERGEN:

HAVlunsj: Grøn energi i havnæringane (Bergen) 24.-25. AUG ROSENDAL:

Klyngeverkstad – Smart og Grøn vekst

30. MAI – 2. JUNI OSLO: Nor-Shipping 2017 På messa hadde me ein fellesstand med ni klynge­ deltakarar i hallen «Disruptive Sustainability». På standen presenterte klynga komande trendar innanfor shipping, nye fartøyskonsept, miljø­teknologiar og digitalisering. Standen var godt besøkt av industriaktørar, politikarar og ei rekkje internasjonale delegasjonar.

12. SEPT STORD:

Temadag – Finansiering og støtteordningar

30.NOV – 1. DES STORD Årskonferanse: Smart & Green vol. 2 Om Noreg skal nå klimamåla sine, så treng me eit godt debattklima mellom dei som skal utvikle teknologien, dei som skal nyttegjera seg av den og dei som skal etablera naudsynte rammevilkår. Dette er årskonferansen til NCE Maritime CleanTech med og legg til rette for. Tema for årets konferanse var «smarte og miljøvennlige løysingar for framtidas skipsfart», og det rekordhøge deltakartalet stadfestar at dette er ein viktig møteplass for klyngebedriftene. Stortingspolitikarar var også tilstades for å møta industrien til debatt om blant anna det offentlege sine visjonar for skipsfarten.

19. SEPT STORD:

Industrisafari – besøk frå HVL 29. SEPT BERGEN:

Innovasjonsuken OPP – Havdag 19-21. SEPT STUTTGART:

Cluster Matchmaking 16. OKT OSLO:

Norwegian Innovation Clusters Forum 25. OKT STORD:

Oppstartsmøte faggruppe for grønare cruisefart 31. OKT OS:

Oppstartsmøte politisk ressursgruppe 2. NOV HAUGESUND:

Klyngeseminar - Offshore Wind Market

22.-23. MAI / 30.-31. AUG STORD: Gjennom to samlingar i mai og august tilbaud me oppstartsbedrifter og gründerar i klynga deltaking innføring i smart og smidig forretnings­utvikling gjennom ACCEL-programmet. Gjennom rettleiing frå mentorar og praktisk opp­læring gir kurset deltakarane verktøya dei treng for å byggja sterke og levedyktige forretnings­­idéar. Kursa vart arrangert i samarbeid med BTO, Atheno og DNB.

13 


NCE MARITIME CLEANTECH  ÅRSMELDING 2017

AKTIVITETAR 2017

Kommunikasjonsaktivitetar Kommunikasjonsarbeidet til klyngeadministrasjonen er eit viktig strategisk verkemiddel for å nå NCE Maritime CleanTech sine målsetjingar og visjon for samarbeidet.

LITT TAL FRÅ 2017:

135

Facebook-innlegg

37 % vekst i følgjarar på Facebook

25 politikarmøter 8 politiske innspel

124.000

visningar på Twitter

68 %

auke i følgjarar på Twitter

93 tweets Nemnt i 350

nyheitsoppslag

MÅLET MED DETTE ARBEIDET ER Å: Auka engasjementet for aktivitetane og styrka deltakinga i samarbeidet.

Redusera marknads­ barrierar for løysingane til deltakarane våre.

Synleggjera resultata frå arbeidet i klynga og i deltakar­verksemdene.

Gi klyngedeltakarane tilgang til relevant informasjon som forsterkar innovasjons­evna for reine maritime løysingar.

Fremja maritime miljø­ teknologiske løysingar.

N

CE Maritime CleanTech samarbeider tett med dei andre havklynger i regionen, GCE Subsea og NCE Seafood Innovation Cluster, samt Maritime Bergen. I 2017 har me blant anna utarbeida fleire felles kronikkar og innspel til politikarar. Me har også eit tett samarbeid med Bergen Teknologioverføring, mellom anna gjennom Ocean Industry Accellerator, som er eit innovasjonsmiljø for selskap innan havnæringane. Her er me blant anna medarrangørar for «HAVlunsj», som er månadlege lunsjmøter med fokus på kompetanseheving og nettverksbygging.

Samarbeid med andre nettverk og klynger 14 

I 2017 innleia me også eit samarbeid med den danske klynga Danish Materials Network. Dei to klyngene vart tildelt 250.000 kroner frå Innovation Express til eit samarbeidsprosjekt innan materialteknologi. Prosjektet skal blant anna sjå på kva som er den mest optimale bruken av lettvektsmaterialar i ulike typar konstruksjonar, kva produksjonsmetodar som er mest effektive og kva materialkombinasjon som kjem best ut i ei livsløpsanalyse. Saman med Stord Næringsråd og Atheno arrangerte me den årlege Stordkonferansen i juni. Me har også mange samarbeidsavtalar med ulike organisasjonar, som Maritimt Forum, Invest in Bergen, YoungShip og Blått kompetansesenter.


ÅRSMELDING 2017  NCE MARITIME CLEANTECH

ÅRSMØTE

Styret si årsmelding for 2017 Foreininga si verksemd Maritime CleanTech (MCT) er registret som foreining og vart registrert i mars 2011. MCT er kontraktpartnar til NCE-prosjektet. NCE-prosjektet vil avlevera eige revidert prosjektrekneskap til Innovasjon Norge. Rettvisande oversikt over utvikling og resultat Føretaket har i 2017 eit overskot på kr 1 186 367,- . Selskapet sine inntekter viser ei auke på kr 3 064 222,- tilsvarande 37%, som hovudsakleg skuldast auke i prosjekttilskot. MCT sin eigenkapital i prosent av totalkapital er pr 31.12.17 50,21 % mot 36,45% i 2016. Likvide midlar utgjer kr 3 391 724,-, medan kortsiktig gjeld utgjer kr 4 128 440,-. Det er gjort investeringar i 2017 på kr 77 720. Årets avskriving er kr 46 804,-

Arbeidsmiljø Styret meiner arbeidsmiljøet er tilfredsstillande og det er lågt sjukefråver. Endring i styret I styret var det åtte menn og tre kvinner. Liv Kari Eskeland gjekk ut av styret i oktober 2017 etter ho vart vald inn som representant på Stortinget. Sigvald Breivik gjekk då frå å vera varamedlem til fast styremedlem. Likestilling Foreininga har som målsetjing at ingen skal behandlast ulikt på grunn av kjønn. Foreininga har per 31.12.17 seks tilsette. 5 kvinner og 1 mann.

Fortsatt drift Rekneskap er framlagt under føresetnad om framhald i drifta.

Styret i Maritime CleanTech: Stord, 1. februar 2018

15 


www.maritimecleantech.no

Deltakarar i NCE Maritime CleanTech:

NCE MCT Årsmelding 2017  

I NCE Maritime CleanTech sin årsrapport kan du lesa meir om klynga, innovasjonsprosjekta våre og dei viktigaste hendingane i 2017.

NCE MCT Årsmelding 2017  

I NCE Maritime CleanTech sin årsrapport kan du lesa meir om klynga, innovasjonsprosjekta våre og dei viktigaste hendingane i 2017.