


Voss har varierte tilbod; ni linjer, 120 elevar og dyktige tilsette! Me ligg i sentrum av ekstremsport- og kulturbygda Voss, med skianlegg og gondol like ved skulen. Stolte tradisjonar sidan 1895.
Velkomen til eit sosialt og lærerikt skuleår, fylt med utfordringar, meistring og opplevingar!
Me er ein frilynt skule med stor variasjon i linjer og valfag. Ta del i eit kreativt og aktivt miljø, opplev venskap og fagleg meistring, personleg vekst med samhandling og opplevingar. Dyrk interesser og test grenser.
Skulen har 18 års aldersgrense og elevar med ulik bakgrunn frå heile landet. Den store breidda i fag gir eit variert miljø med ein unik miks av ungdom og lærarar.
Alle folkehøgskular vel sine verdiar, som dei skal styre drifta si ut frå. Voss folkehøgskule sine verdiar er: Glede, openheit, undring og tryggleik.
For oss betyr det at • me skal legge til rette for glede som varar livet ut • me er opne og ærlege i møte med kvarandre, opne for nye opplevingar, erfaringar og menneske som ikkje er heilt like oss sjølve • me tek oss tid til å undre og reflektere over verda rundt oss, folka rundt oss, og smått og stort i livet og faga me held på med • alle på Voss folkehøgskule skal kjenne seg og vere trygge.
Dette gjeld både i det sosiale miljøet på skulen, og i aktivitetane og leiken me held på med fagleg, både på datarom, i studio, i elva, i lufta og i puddersnøen vinterstid.
Våre verdiarFolkehøgskule er mykje meir enn linjefag. Å samlast til måltid, fellesfag, valfag og aktivitetar gjer at elevane blir kjende på tvers av linjer og vert utfordra på tema me meiner er viktige. Me har undervisning i vanleg skuletid, men og eit mangfald av aktivitetar på ettermiddag/kveldstid: kreative prosjekt i peisestova, Vossabadet, LAN, kveldskøyring på ski, produsere musikk i studio, vindtunnel, gymsalaktivitetar og mykje meir!
Morgonsamling er ein god start på dagen – med faste innslag, elevframsyningar og tid for refleksjon. På elevkveldar lagar elevane som bur på kvar sin gang på internatet underhaldning for resten av skulen. I fellesfag og prosjekt jobbar me på tvers av linjer. Alt dette bidrar til å skape eit godt miljø med høg trivsel på skulen. Variasjon skapar motivasjon!
• Morgonsamling, ein kjekk start på dagen!
• Tre heile dagar med linjefag i veka
• To timar på tysdagar og heile fredag er sett av til valfag
• Fellesfag to dagar kvar veke; laurdagsseminar eller gangcup dei fleste laurdagane
• Elevkveldar 9 laurdagar i året
• Linjeveker før og etter jul
• Prosjekt på tvers av linjer
• Reiseveker, linjene dreg på utlandstur
Alle elevane bur på skulen. Me har fire internat, flest dobbeltrom, men òg nokre enkeltrom. Du får 3–4 måltid kvar dag i matsalen. Mat og gode samtalar under måltidet er viktig for både god helse og trivsel. Me har tre kokkar på skulen som lagar dei gode menyane. Me har òg internatleiar. Treng du hjelp til praktiske ting, eller ein trygg vaksen å prate med? Det er ein grunn til at internatleiar kallast husmor; ein som ser til at alt er i orden og at alle har det bra på skulen. Ei «mor» som også føl opp, har omsorg for og ser til elevane når dei er sjuke og ikkje kan delta i undervisninga.
Læringsmiljø med høg trivsel
«Samfunnet treng personar som kan samarbeide, finne relasjonar og løyse oppgåver i lag. Det er kjernen i folkehøgskulepedagogikken hos oss.»
Me har ikkje eksamen eller pensum. Me jobbar med indre motivasjon og fagleg utfordring. Du får ein unik miks av ungdom og tilsette i eit variert og inkluderande miljø med stor fagleg breidde. Dette gjev stort læringsutbytte og personleg vekst. Me har stor variasjon i linjer nettopp for å skape eit variert læringsmiljø! Du lærer mykje i møte med mange ulike elevar og lærarar.
Voss folkehøgskule er i særstilling med sitt nærmiljø; Voss er både eit kulturelt knutepunkt, og hjartet i ekstremsportmiljøet i Noreg.
Hos oss brukar me ikkje timar i bil kvar dag til aktivitetane, me er der det skjer. Alle linjene har gode fasilitetar på og ved skulen. Voss kan by på eit rikt kulturliv, med godt konsert- og kinotilbod. Hit kjem studentar frå heile landet for å studere musikk ved Ole Bull Akademiet. Kvar påske vert den årlege festivalen Vossa Jazz arrangert her. I tillegg har Voss eit variert kunst- og handverksmiljø og er kjent for sine mattradisjonar.
Verdas største ekstremsportfestival, Ekstremsportveko, blir arrangert på Voss, og her ligg også Voss Vindtunnel – den fyrste i sitt slag i heile Nord-Europa. Alle elevar ved Voss folkehøgskule får ein flytur i vindtunnelen – uavhengig av kva linje du går på! I tillegg får alle elevar årskort hjå Voss Resort og Voss gondol. Gondolen ligg berre 1 km frå skulen, og fraktar deg rett til fjells!
Dette gjev unike moglegheiter til alle elevane for tallause foto-, film, ski, friluftslivs og luftsportsopplevingar. Skulen har og tilgang til fleire hytter i området.
Sjølv om hovedaktiviteten på Voss folkehøgskule vil foregå på Voss, er nærleiken til Bergen noko me nyttar oss av. Me har gode kontaktar i både musikk, film, data og kulturmiljøet i Bergen.
Elev for livet Jubileumsstemna på Voss folkehøgskule er populære. Då er det elevtreff for 5, 10, 30 og 40års Jubilantar, og svært mange kjem tilbake i lag med gamle vener for å mimre om sitt unike år på Voss. Med andre ord: Hos oss blir du elev og del av eit sterkt fellesskap livet ut.
Me er den folkehøgskulen i Noreg som ligg nærast eit skianlegg, med gåavstand til Voss resort. Her får alle elevar årskort og kan ta gondolen rett til fjells!
Alle elevar får prøve vindtunnelen i løpet av året - uansett linje!
Action & art photo, ekstremsport, programmering, jogging, yoga, «skydive» innandørs i vindtunnel, film, kunst, buldring, gitar/ukulele, stisykling, snowboard, alpin, offpiste, photoshop, naturkjennskap, sløyd, filosofi, bærekraft, studio og band - for å nemne noko.
Me er stolte over våre varierte valfag
Me har valfag to gonger i veka: to timar tysdagar og heile dagen på fredagar. Du vel to eller tre valfag før jul, og nye to eller tre valfag etter jul. På valfag er alle elevane blanda på tvers av linjer.
Lærarane våre har stor fagleg breidde, dermed blir valfaga våre kjekke og varierte. Vil du lære å ta gode bilete, eller lage kortfilm eller skifilm? Trene stuping eller skating? Lære å spele gitar? Produsere musikk? Eller kva med å strikke sin eigen gensar? Her får du mogelegheita til alt!
Etter jul tilbyr me «skifag» for alle nivå. Mange elevar vel dette. On eller offpiste, topptur, alpin eller snowboard Voss Resort med gondol, heisar og nedfartar i alle vanskegradar, park og gode frikøyringsmogelegheiter ligg berre 1 km frå skulen. Årskort her er inkludert i skuleprisen vår!
Tilbodet på valfag vil variere noko kvart år.
Jazz
Lyst på eit uforgløymeleg år med jazz og gode venner? God og tett oppfølging med meistring i fokus? Då er Voss staden - ei praktisk og gehørbasert linje for deg som vil jobbe med musikken!
Dette er linja for deg som vil utvikle deg musikalsk og nyte eit år saman med andre jazzinteresserte!
Lær å spele jazz og improvisasjon i eit spennande og kreativt miljø.
Her vil du spele konsertar og få eit nettverk for vidare samarbeid, både musikalsk sett og i form av venner for livet. Me samarbeider tett med Griegakademiet og får besøk av dyktige gjestelærarar. Elevane set opp konsert på Vossajazz og tar del i Ståoppjazz ved Bergen jazzforum. Me reiser på turné i lag om våren. Her vil du få mykje erfaring på kort tid, og utvikle deg til å bli ein god og trygg musikar.
I tillegg til eit supert musikkmiljø både på skulen og lokalt på Voss, er Bergen berre ein togtur unna. Me har sentrale kontaktar i byen sitt breie musikkmiljø, som elevane nyt godt
av gjennom året. Det vil bli fleire meisterklassar med kjende musikarar! I november reiser me på tur gjennom Europa med tog. Her besøker me jazzklubbar, konsertar og opplever nokon av Europa sine flottaste byar. Tidlegare år har elevar spelt på jazz-jammar i både Berlin og København.
Naturen på Voss er også noko me benytter oss av, og skulen har ei unik plassering. Om vinteren har elevane hjå oss tilgang til skisenteret som er like ved skulen. Elevane kan og velge mellom mange ulike valgfag, alt fra ekstremsport til kunst.
Me ser fram til å verta kjent med deg!
Følg linja på Instagram @jazzvossfhs
Studietur: Interrail i Europa!
I november reiser me på interrail og besøker spennande storbyar og jazzmetropolar. Byar me har besøkt tidlegare har vore København, Berlin, Praha, Wien og Venezia. Me besøker jazzklubbar, musikkskular og kjende «landemerke» frå europeisk jazzhistorie. Det blir sjølvsagt og tid til å vere litt klassisk turist, og besøke kule attraksjonar, museum og restaurantar med god mat! Me planlegg turen saman på linja, slik at turen blir «vår», med fokus på samhald, turglede og felles opplevingar. Det er viktig for oss å reise grønt, derfor reiser me kollektivt med tog gjennom Europa. Turen pleier å vere ei stor inspirasjonskjelde for heile klassen, og noko me tek med oss vidare inn i musikken me skapar!
Lyst å lære om musikkproduksjon, låtskriving og lyddesign? Eller framføre elektronisk musikk live? Hos oss er det kreativitet og musikkglede som står i fokus - bruk eit år på å utvikle skaparen i deg!
Laptopen er både eit instrument og eit produksjonsverktøy. Linja har eit stort fokus på å skape musikk, både åleine og i lag med andre. Me arbeider med å forme og behandle lyd, og lærer mykje gjennom å jobbe praktisk. Som elev har du stor påverknad på skulekvardagen - fordjup deg i det du er mest interessert i!
Ableton Live er vårt hoved-programverktøy, og alle elevar får eitt års lisens på Ableton Live suite. Du vil òg få høve til å jobbe i FL Studio, eller andre program du har sjølv. Innimellom det praktiske jobbar me og med lydteori, musikkteori og elektronisk musikkhistorie.
På skulen har me både eit stort studio med to opptaksrom og eit mindre studio. Her får du mykje studiotid! I tillegg har me full lyd- og lys-rigg til konsertar og elevkveldar.
Voss folkehøgskule har eit breitt kreativt miljø som gir spennande samarbeid. Produser musikk for elevar på jazzlinja, eller bruk dei som instrumentalister i din eige musikk. Me lagar dataspel med dataklassen, du er lyddesigner! Me samarbeider med film/fotolinja om filmmusikk til kortfilmane deira, og produserer musikkvideoar i lag!
Voss fhs har også nært samarbeid med lokale festivalar og musikkmiljø. I løpet av året besøker me Duper studio, eit av Bergens mest kjende studio. Det vert også meisterklassar med kjende musikarar, produsentar og lyddesignarar. Voss FHS har kjende musikarar blant tidlegare elevar, som Odd Norstoga og prisvinnande lyddesignar Gisle Tveito. Gisle har i fleire år halde meisterklasse om lyddesign hos oss!
Følg linja på Instagram @lmp_vossfhs
Dette lærer du: Ableton Live Lydkjennskap Miks/mastering Lydteknikk Låtskriving Sjangerkjennskap
Studietur:
Interrail i Europa!
I november reiser me på interrail og besøker spennande storbyar. Tidlegare har me for eksempel vore i København, Berlin, Praha, Wien og Venezia. Me besøker kjende musikkstudio, utdanningsinstitusjonar innan lyd og musikk og «konsert- og musikklandemerker». Det blir sjølvsagt og tid til å vere litt klassisk turist, og besøke kule
attraksjonar, museum og restaurantar med god mat! Me planlegg turen saman slik at turen blir «vår», med fokus på samhald, turglede og felles opplevingar. Det er viktig for oss å reise grønt, derfor reiser me kollektivt med tog gjennom Europa.
Lyst til å bruke eit år på å dyrke meir enn ei interesse? Kombiner det beste frå to verderopplev både musikk og friluftsliv i lag med gode venner på vakre Voss!
På Voss folkehøgskule har me lange tradisjonar for både musikk og friluftsliv, og kombinerer begge i ei unik linje! Her får du spele konsertar, stå på scenen og dra på turné. I tillegg får du oppleve variert friluftsliv i verdas vakraste bygd: ski- og idrettsbygda Voss! Lær begge fagfelt av dyktige lærarar i eit unikt sosialt miljø!
I musikken fokuserer me på samspel. Det å spele saman med andre gir uvurderleg musikalsk læring. Du utviklar dine instrumentale ferdigheiter, utvidar det musikalske repertoaret ditt og aukar sjangerforståinga di. I varierte bandprosjekt utviklar du evna di til å lytte, trekkjer linjer mellom teori og praksis, og opparbeider øvingsrutinar og samarbeidsevner i eit fellesskap. Du får også arbeide med låtskriving og arrangering, bruke studio og MacLab, samt planleggje og gjennomføre konsertar.
I frilufsliv ligg fokus på samhald, meistring og læring. Gjennom året har me periodar med variert friluftsliv: alt frå fjellturar, hytteturar og telturar, til rafting og leirdue skyting, alpint og snowboard både i bakke og off piste. Eller kva med kajakk-padling i Nærøyfjorden, eller leik og trening i Vossabadet? Som elev på Voss fhs får du årskort i Voss resort sin gondol og skisenter, som har gangavstand frå skulen, og du får prøve deg på flyging i Voss Vindtunnel!
Og sjølvsagt blir det tid på linja til bålkos med gitar og allsong. Målet er at du skal få prøve mest mogeleg forskjellig, og klassen får sjølv vere med å påverke kva me skal bruke tid på.
Studietur:
Ei aktiv og musikalsk reise utanom det vanlege!
På denne turen får du oppleva – og ta del i musikk frå eit vidt perspektiv. Me reiser grønt, med buss, båt og interrail i Europa. Det blir konsertbesøk, museum, jam, kultur og storbyliv. Det blir og rom for aktivitet og friluftsliv undervegs. Me legg detaljplanane saman på linja og skapar vår draumetur. Det beste av alt, fellesskapsfølelsen på tur – at me opplever og får nye erfaringar i lag. – At me finn tonen saman! Bli med oss på eventyr!
Lær film og foto gjennom praktisk arbeid og eksperimentering i eit kreativt miljø. Filmfestivalar og utstillingar. Kunstfoto og kortfilmar. Analogt og digitalt. Interrail gjennom Europa.
Film & Foto har ei praktisk tilnærming til faget. Det er lagt stor vekt på kreativt og skapande arbeid. Med støtte frå erfarne lærarar, realiserer du dine kreative idear og prosjekt. Gjennom utforsking og eksperimentering utviklar du deg som filmskapar og fotograf.
Me jobbar både digitalt og analogt med fotografi og lagar fleire utstillingar. Opplev magien i mørkerommet og jobb med gamle teknikkar i moderne uttrykk. Lær å lage pinholekamera og delta på den internasjonale pinhole-dagen! Me arbeider mot filmfestivalar som Amandus internasjonale Studentfilmfestival og Minimalen. Dei siste åra har me blitt nominert på begge festivalane! På hausten besøkjer me Bergen Internasjonale Filmfestival (BIFF) der me får sjå mange spennande førpremierar.
Skulen har eit spennande kreativt miljø med mange mogeleg heiter for samarbeid. Linja jobbar tett med Jazzlinja og Musikkproduksjon - elektronisk. I fellesskap lagar
me musikkvideoer, stumfilm med livemusikk og produserer utstllingar saman. Kvart år jobbar me for eksterne aktørar som Vossa Jazz, Osafestivalen og Ekstremsportfestivalen. Ei fantastisk mogelegheit til å prøve seg på å jobbe profesjonelt.
Som elev på Voss Folkehøgskule vil du alltid ha mogelegheit til å prøve noko av det som gjer Voss til Voss. Alle elevar får årskort til Voss Gondol og skiheisane, og flytid i Vossvind. I tillegg har du mogelegheita til å prøve ulike aktivitetar gjennom dei varierte valfaga våre.
Følg linja på Instagram @vossfhsfilmfoto
Før jeg begynte på Voss hadde jeg ingen praktisk erfaring med det å skrive manus, regissering eller redigering. Har skrevet, filmet og produsert filmer. Har du lyst å utfordre deg selv, er film- og fotolinjen på Voss en perfekt plass å begynne!
– Julian Øien, elev.
Studietur:
Interrail i Europa! I november reiser me på interrail og besøker spennande storbyar. I år reiser me til København, Berlin, Praha, Wien og Venezia ei fantastisk reise med tog gjennom Europa! Me besøker film og fotoskular, galleri og museum. Me planlegg turen saman slik at turen blir «vår», med fokus på samhald, turglede og felles opplevingar. Det er viktig for oss å reise grønt, derfor reiser me kollektivt med tog gjennom Europa.
DataData-interessert? Lær og prøv koding, nettverk og sikkerheit, design og 3D-printing! Opplev eit spennande fellesskap med likesinna. Fokus på samarbeid og fagleg meistring!
Er du nysgjerrig på koding, nettverk eller 3D-printing? Kom og lær og utforsk med likesinna.
Prøv ulike fag innan data, så du blir bedre rusta til å velje retning vidare. Ta eit år på data-linja, der du får utforska dine interesser.
Me vil lære, trivast og ha det kjekt saman! Den raude tråden gjennom året er programmering, og du vil utforske dei to kodespråka Python og C#, med moglegheit for å utvikle for eksempel: A.I., appar, web eller spel. I vårt eige lab-nettverk, som elevane er ansvarlege for å drifta, vil me setja opp serverar, wargames og etiske hackingutfordringar. Du treng ikkje kunne noko på førehand.
Du blir del av eit pulserande, kreativt fagmiljø og utviklar deg dit du vil. Linja samarbeider med dei andre kreative linjene på skulen: Film & Foto, Jazz, MusikkproduksjonElektronisk og Data & Friluftsliv.
Me fokuserer på fagleg og sosialt fellesskap - me:
• Samarbeider i prosjekt
• Arrangerer LAN på skulen
• Reiser på turar til Bergen og Europa
• Nyttar skianlegget og den vakre naturen på Voss, det er kun 1 km frå skulen til Voss Resort med gondol som tek deg rett til fjells!
Du får startkompetanse til vidare studiar eller for å fortsette på egenhand!
Følg linja på Instagram @vossfhsdata
• Datasikkerhet
• Programmering
• Grafisk design (Adobe)
• Spelutvikling
•
Studietur:
Italia & Stockholm (Kultur & Tech)
Eit av årets store høgdepunkt - studieturen til Europa! Me besøker teknologibedrifter i Oslo og Stockholm. Etterpå flyg me ned til Italia, der me opplever fantastisk kultur! Me har fokus på samhald, turglede og felles opplevingar. Me reiser så bærekraftig som mogeleg, og bruker tog og buss når me kan.
I Stockholm skal me besøka kjende og store bedrifter, for å få eit innblikk i korleis det er å jobba med teknologi. I Italia står konsertar, kultur, historikk og sosialt samvær for tur! I Roma opplever me dei mest autentiske pizzarestaurantane og det beste av Colosseum og Forum Romanum, Vicus CaprariusThe City of Water og mykje meir! Turen gjer at me blir spesielt godt kjend, og bidreg til eit ekstra godt klassemiljø og vennskap som varer livet ut. Dette gir minner for livet.
Jeg visste før folkehøyskolen at jeg var interessert i teknologi og data, på linjen fikk jeg opplevd ting som forsikret meg om at avgjørelsen om å ta data videre var riktig – Eirik Haugan, Informatikk student, frå Tromsø
Kombiner Data og friluftsliv! Lær programmering, 3D, grafisk design, action foto, spel, web. Ski i Voss Resort, fjelltur, segltur, bålkos, rafting mm. Fagturar i Noreg! Nordens Silicon Valley + Italia.
På Data & Friluftsliv får du det beste av to verder. Skulen har lange tradisjonar innan begge områda.
Finn ut om karriere innan data er for deg, bli trygg på val av vidare studie. Samtidig som du nyttar friluftslivet på Voss og kan stå mykje på ski. Me vil lære, trivast og ha det kjekt saman!
Bli med til Nordens Silicon Valley og opplevingar for livet i Italia!
Du lærer og prøver ut dei viktigaste fagområda innan data, og blir godt rusta til å velje retning vidare. Fagområde: programmering, 3D, grafisk design, action photo, datasikkerheit, spel, web. Du vil arbeide både breitt og djupt med data, og utvikle kompetanse og interesser innan ulike fagområde.
Friluftsliv i verdas vakraste bygd; ski- og idrettsbygda Voss! Skikort i Voss Resort er inkludert! Fokus på samhald, meistring og læring. Du vil ha friluftslivsperiodar utover året med erfarne lærarar.
Her er noko av det du kan forvente å oppleve:
• alpint og off piste i Voss Resort, utvikle skiferdigheiter i og utanfor skibakken
• fjell og hytteturar i vakker vestlandsnatur
• havkajakk i Nærøyfjorden
• segltur over fleire dagar i vakre Vestlandsfjordar
• leik og trening i Vossabadet
• opplevingar på skulen si eiga seter på Upsete
• bålkos
• rafting
• yoga
• buldring
• mogelegheit jegerprøve
Kvar fredag er det valfag! Du kan velgje ski, idrett og ekstremsportsfag i tillegg til linja.
Følg linja på Instagram @vossfhs_kreativ
Studietur:
Nordens Sillicon Valley + Italia: by-natur-kultur Eit av årets store høgdepunkt - studieturen til Europa!
Me drar til Spill Expo i Oslo og Nordens Sillicon Valley - Stockholm. Så drar me til Italia: Roma - ToscanaVenezia.
I november reiser dei kreative linjene samtidig på studietur i Europa. Linjene har eigne reiseruter, men treffast i storbyar på tvers av linjene, det er utruleg kjekt!
Me planlegg den to veker lange turen saman, slik at den blir ”vår”. Me har fokus på samhald, turglede og felles opplevingar. Me reiser så bærekraftig som mogeleg, og bruker tog og buss når me kan.
Eit år med leik og utfordring i Ekstremsport- og Skibygda Voss! Lær elvepadling, topptur og skredlære. Prøv SUP, buldring, sportsklatring og hopp i tandemfallskjerm. Studietur til Slovenia. Ta brattkort i klatring og ”spot” kvarandre på buldring. Få sterke opplevingar, vennskap og ansvar på ekskursjonar. Kjenn naturkreftene på kroppen og avslutt dagen rundt bålet.
Eit år med leik og læring i ”Elvepadlingas Mekka”; Ekstremsport- og skibygda Voss!
Linja Ekstremsport er for deg som vil bruke mest tid på elvepadling og frikøyring, men som også vil prøve buldring og klatring, fallskjerm (tandem) og tileigne deg ferdigheiter og erfaring i friluftsliv.
Prøv vindtunnel, rappellering og fjordpadling. Overlev med minimalt med utsyr på ”solodøgn”. Køyr i djup puddersnø i dei to skianlegga på Voss eller i urørte fjellsider du sjølv har teke deg opp på.
Ekstremsportbygda Voss har unike føresetnader for slik aktivitet. Du og vennene dine er med på å legge planar ut frå vassføring i elv, skredfare, vær og ferdigheit, både som enkeltperson og gruppe. Vårt mål er at du skal utvikle deg i, byggje kompetanse og bli sikker i sportane me driv med.
Nokre av høgdepunkta:
• To heile linjeveker med elvepadling i tillegg til linjedagar haust og vår
• Nærøyfjorden Padling, teltliv og fjelltur
• “Toppturveko” - Topptur med basecamp i telt i toppturparadiset Jordalen
• Solodøgn - Åleine med bålet
• Utanlandstur - Ekstremsportslandsbyen Bovec under Alpane i Slovenia. Elvepadling, grottevandring/klatring, stisykling og Balkansk historie og kultur.
• ...og mange fine turar i områda rundt Voss og på skulen sin støl!
Følg linja på Instagram @vossfhsekstremsport
Dette lærer du:
Ekstremsport er fremdeles det beste året jeg har hatt etter videregående. Jeg fikk testa egne grenser og oppleve mestringsfølelse, uten andre forutsetninger enn å være nysgjerrig og eventyrlysten. Det la grunnlaget for tiden etter folkehøgskolen. – Ane Lindskog, elev.
• Elvepadling - Våttkort (utvida grunnkurs og tryggleikskurs)
• Synfaring og ”lesing” av elv
• Elveredning
• Havpadling - Våttkort grunnkurs
• Alpint - frikøyring og topptur
• Snøskredlære
• Tryggleik og risikovurdering
• Vindtunnel - Grunnkurs med moglegheiter for meir
• Buldring
• Klatring - Brattkort
• Rappellering - Innføring
• Førstehjelp
• Turplanlegging
Studietur: Alpane & Slovenia: Padling, grotter, sykling Til våren, etter ein lang skisesong, reiser me til dei Austre Alpane i Slovenia og padlar ”resirkulert snø” i smaragd-elva Soca. Sykkeltur, grottevandring og Balkansk kultur og elvevern er også på menyen.
I 2017 vart Slovenia kåra til verdas mest berekraftige reisemål! Ekstremsportlinja sin tur til Bovec i Slovenia bygger på dei tre hovedpillarane i berekraftig reilseliv: miljø, lokalsamfunn og lokal økonomi.
Me nyttar derfor lokale tilbod til overnatting, transport, utstyrsleige, guidar, mat og kulturutveksling. Me samarbeider og med verneorganisasjonen Balkan RiverDefence. Action og samfunnsengasjement i samme tur!
Lær fallskjerm, vindtunnel, paragliding og skikøyring i ekstremsport- og skibygda Voss! Prøv skating, padling og klatring. Opplev meistring og eventyr, vennskap, natur og friluftsliv i telt og snøhole!
Voss folkehøgskule har Noregs mest komplette tilbod innan ekstremsport. Ekstremsport Luft er for deg som vil bruke mest tid på å utforske luftsportane, men og køyre mykje på ski og prøve andre ekstremsportar. Å dele unike opplevingar i lag gir oss eit heilt spesielt samhald på linja.
Kast deg ut av eit fly eller helikopter, flyg ned ei fjellside el ler flyg lengre og høgare med paraglider ...og ta lisensane til og gjere alt på eiga hand! Flyg mange timar i vindtunnelen. Prøv padling, skating, rappellering og klatring. Køyr ende laust pudder i Myrkdalen, og sving deg ned fjellsider i Voss Resort.
Ski- og ekstremsportbygda Voss har alle moglegheiter. Nord-Europas største gondolbane ligg i gangavstand til skulen og Noregs største fallskjermsenter ligg ein sykkeltur unna!
Du og vennane dine er med og legg planar ut frå vêr og vind. Vårt mål er at du skal bli dyktig og sikker i sportane me driv med, og du får fly massevis i løpet av året. Me stiller kvart år med fleire lag i NM i vindtunnel.
I tillegg til å bu i ekstremsportmekkaet Voss, får du oppleva ei fantastisk reise gjennom store deler av Europa. Du får oppleva Sognefjorden på sitt beste med padling, teltliv og naturopplevingar. Det blir toppturar i magiske Vossafjell og mange fine turar i områda rundt skulen sine fjellstølar! Utstyret me bruker er av høgste kvalitet. Sjå komplett utstyrslister under.
Opplev draumane dine! Velkomen til Voss! Følg linja på Instagram @vossfhsluft
Sygeste eg har vært med på! Hoppe ud av fly, springe ud fjell med vinge. Adrenalinfylt! Eg e´ hekta! Urørt snø, Vindtunnel- NM og ting eg ikkje hadde drømt om. Store opplevelser med venner for livet!
– Mari Bakkan Vika, Stavanger, elev.
Dette lærer du:
• Alpin skikøyring (frikøyring, teknikk, topptur mm)
• Fallskjermhopping (minst 20 hopp) • Paragliding
• Vindtunnelflyging (minst 5 timar flytid - ofte meir, tilsvarar 4-500 hopp) • Havpadling • Rappellering • Skating • Aktivt friluftsliv • Snøholebygging • Snøskredlære • Sikkerheit og risikovurdering • Førstehjelp • Aerodynamikk • Meteorologi
Om det høver og me har tid: klatring, kiting, elvepadling, surfing eller speedriding.
Studietur:
Alpane og Europa frå aust til vest
Turen går til både dei største og mest legendariske skistadane rundt St Anton, Innsbruck, Engelberg og Cortina, men også mindre perler som Bovec i Slovenia!
Me reiser ofte saman med andre linjer ved skulen - det blir god stemning!
Me reiser gjerne gjennom 15 20 land, med det lengste opphaldet i Tirol i Alpane. I løpet av turen blir det gode moglegheiter for ski, surfing, paragliding og klatring. Om været tillèt kan det hende det blir fallskjermhopping.
Turen har som mål å prøva ut sportane me har lært oss gjennom året i nye omgjevnader, men også å prøva nye ting og utfordra oss sjølv.
Det blir også litt tid til å oppleva kulturen i storbyar som til dømes Haag, Basel, Budapest og Praha eller mindre stader i Kroatia eller Italia. Me vel sjølv, og difor endrar turen seg frå år til år.
Bli med oss på eventyr!
Opplev meistring og eventyr på fjellet eller i havgapet. Alpint og fri-køyring i dei to beste skisentera på Vestlandet. Varierte idrettar, klatring, kiting, og jakt og fiske om du vil. Opplev Alpane.
Hjå oss får du mengder av aktivitetar og opplevingar som vil gje deg eit minnerikt skuleår. Me tør påstå at idretts- og friluftsbygda Voss er ein perfekt plass for linja vår – naturen og tilbodet i bygda innbyr til allsidig og spennande aktivitet like utanfor døra.
Me har fokus på det sosiale og tek oss tid til å nyte turen, og ikkje minst naturen rundt oss. Turane våre er varierte; frå kjende attraksjonar til meir gøymde naturperler. Du vil læra masse uansett om du ikkje kan så mykje frå før, eller om du har mykje erfaring. Du vil få utfordringar, oppleve meistring og ikkje minst få eit flott samhald med turkameratane dine. Det blir lange samtalar kring bålet, overnatting i telt, hengekøye, snøhole og under open himmel.
På ski og snowboard tar me utgangspunkt i ditt nivå. Du får utvikle deg på teknikk, hopp, rails og frikjøring i nypreparerte løyper og i deilig pudder. Me legg opp til mykje køyring og leik på brett og ski. I idrettsdelen vil du møte både kjende og nye aktivitetar. Fokus er sunn idrettsglede og gleda over å vera i rørsle. Skulen har gymsal og nytt styrkerom, og me nyttar i tillegg bygdas idrettshallar og basseng.
Linja har fokus på meistring, glede og læring. Du vil lære å ta gode valg for å ferdast i naturen under alle forhold. Du vil lære å glede deg over aktivitet saman med andre.
Følg linja på Instagram @vossfhs_if
• Kart, kompass
• Skredlære
• Sikkert friluftsliv i høgfjellet og ved kysten
• Å overnatte i snøhole, iglo, telt –og under open himmel
• Klatring (brattkort) og buldring
• Ski- og snowboardteknikk
• Stup, dødsing og livredning
• Førstehjelp
• Mat på tur
• Jegerprøvekurs (valfritt)
• Tillaging av vilt (valfritt)
• Skiinstruktørutdanning (valfritt)
Studietur:
Alpane og Europa frå aust til vest Turen går til både dei største og mest legendariske skistadane rundt St Anton, Innsbruck, Engelberg og Cortina, men også mindre perler som Bovec i Slovenia! Me reiser ofte saman med andre linjer ved skulen - det blir god stemning!
Me reiser gjerne gjennom 15 20 land, med det lengste opphaldet i Tirol i Alpane. I løpet av turen blir det gode moglegheiter for ski, surfing og klatring. Det blir også litt tid til å oppleva kulturen i storbyar som til dømes Haag, Basel, Budapest og Praha, eller mindre stader i Kroatia eller Italia. Me vel sjølv, og difor endrar turen seg frå år til år.
Turen har som mål å prøva ut sportane me har lært oss gjennom året i nye omgjevnader, men og å prøva nye ting og utfordra oss sjølv.
Me planlegg turen saman i løpet av skuleåret. Elevane på linja er med å legge opp reiseruta, slik at turen blir «vår». Samhald, turglede og felles opplevingar er i fokus.
Bli med oss på eventyr!
• Musikkstudio
• Kino
• Sløydsal for trearbeid
• Gymsal
• Buldrevegg
• Styrkerom og kondisjonsrom
• Kajakker
• Sykkelstall
• Sykkelverkstad
• Ski- og sykkelstallar
• Rom for prepping av ski
• Fire internat – Midtgard, Jomsborg og Oppigard og Nedigard
• Olavsalen – Foredrags- og festsal
• Undervisningsrom – eigne rom for alle linjene
• Matsal
• Elevkjøkken
• Peisestove med TV, biljardbord, bordtennis, brettspel
• Vaskerom og tørkerom
• Kulturhus med bibliotek og kino
• Fleire festivalar og konsertar
• Restaurantar og pubar
• Bowling
• Skiarena - langrenn og skiskyting
• Voss Resort – gondol og skisenter
• Myrkdalen skisenter
• Vindtunnell
• Vossabadet, med stupetårn og tre basseng
• Mange ulike idrettsanlegg
• Nærleik til fantastiske fjell og vidder, elvar og skog
• Vangsvatnet, flott for bading og kajakkpadling
• Alt du trenger av butikkar
• Tog og buss til heile Sør-Noreg
Det er lett å reise til og frå Voss. Bergensbanen og stamvegen E16 går gjennom Voss. Reisetid er vel 1,5 time frå Bergen, ca. 5,5 timar frå Oslo. Bergen, Lillehammer, Kristiansand og Haugesund kan òg nåast med buss. På Flesland utanfor Bergen ligg den internasjonale flyplassen.
Sjå voss.fhs.no eller folkehogskole.no/skole/voss
Søknad og opptak Me har ingen søknadsfrist. Opptaket startar 1. februar, men du kan søke på skulen allereie frå 1. oktober året før. Etter 1. februar tar me imot søknadar fram til linjene er fullteikna. Det kan lønne seg å søke tidleg! Har du spørsmål, ta gjerne kontakt. Me gler oss til å høyre frå deg!