Hytteposten 24

Page 1

HYTTEPOSTEN

2024

» KULP feirer 15 år

» Kulturperla i Hamrabø

» Komletorsdag i Suldal

» Hyttehelsing frå LUNCH

» Kunstsnøprat med Suldal idrettslag

» 40-årsjubileum for Ryfylkedagane

» Nytt om gamalt i Li

Ordføraren sine 5 beste turtips

Ordførar Mads Drange trivst best i heia med ski på beina. Friluftslivinteressa hans starta med kortreiste bålturar med familien under oppveksten i Suldal. Då han flytta ut for å studere vaks interessa for bratt skikøyring og alpint, noko som ofte trakk han tilbake til fjellheimen i Suldal. Med tida ein medverkande faktor til at han flytta heim. I ordførarstolen blir det ikkje like mange turar som tidlegare, men når sola skin og moglegheitene byr seg, er han likevel ikkje sein med å spenne på seg skia.

Storurnuten (893 moh) & Krokavassnuten (955 moh)

To enkle toppturar i eit skiterreng som merkeleg nok ikkje blir så mykje nytta. Nutane ligg på kvar si side av Tysselandsdalen, og med god utsikt ned mot Sandsfjorden og Sand. Er du sprek rekk du begge nutane på ein dag!

Mosvatnet – Liafjell (ca 20 km)

Ein fin og lang vårskitur frå Mosvatnet over Skardsheia, til Reisgil og Liafjell. Denne turen bør ein ta ein solskinsdag med utsikt utover Ryfylkebassenget. Siste delen på stien ned frå Liafjell må ein belaga seg på å ta skia på sekken.

Mostøl

Etter at me byrja å leiga støl i området, har eg blitt meir og meir glad i området rundt Mostøl. Både som turmål og som utgangspunkt for

lengre turar. Her kan ein gå 150 meter frå parkeringsplassen og finna ein lun krok ved Mosvatnet, vitja DNT hytta Jonstølen, elle traska innover i Dyraheio.

Mælen (1574)

Den kanskje flottaste toppturen i Suldal! Slak og fin fjellskitur på nordsida, bratt skikøyring ned mot Kvandalsdammen sørsida. NB: Den bratte varianten er for erfarne skikøyrarar som kan vurdera terreng og skredfare.

Snønuten (1604)

Ein toppturklassikar ein kan gå med både fjellski og randonee utstyr. Her hadde me i nesten to tiår eit påskerenn med målgang på vegen overfor den gamle turisthytta på Mostøl. Rekorden frå 2014 står framleis og er på 6 min og 30 sekund. Prøv å slå den!

Skattkammeret Suldal © | Framsida: Skattkammeret Suldal/Jarle Lunde/Suldal Foto.

Layout: Suldalsposten/Siri Førland | Trykk: Kai Hansen Trykkeri

Krokavassnuten

Velværeopplevingar i Suldal

BADSTOVER OG STAMPAR

Ta med deg familie og vener på ei oppleving som gjer godt for kropp og sjel!

Ved elva

Mo Laksegard tilbyr badstove for grupper ved Moskjelen, ein del av laksegarden. Frå badstova kan de kjøle dykk ned i stampen utanfor! Området kan bestillast for grupper, og har eige serveringsområde med utsikt over elva der ein kan nyte tradisjonsrik mat og drikke frå laksegarden. Molaks.no

Ved fjorden

Ryfylke fjordhotell har ei badstove like ved Sandsfjorden i kommunesenteret vårt, der du kan hoppe i fjorden for eit forfriskande bad! Legg gjerne ein tur innom hotellet sin restaurant og bar etter besøket. Ryfylkefjordhotell.no

Ved vatnet I

Badstova og stampen til Vikane hyttetun ligg så tett på Suldalsvatnet at ein nesten kan hoppe frå stampen ut i vatnet. Frå grillstova kan de nyte ein

betre middag der de nesten får omgjevnadane for dykk sjølv! (Minimumstal for servering: 10 pers.) Vikane.no

Ved vatnet II

Oppe i åssida, med panoramautsikt over kraftarkitekturen på Kilen og Suldalsvatnet, finn du den minimalistiske, arkitektteikna badstova til Energihotellet. Nyt avslappande timar i badstova med eigen terrasse. Der kan du senke pulsen og ta inn omgjevnadane medan du nyt ein tre-rettars meny basert på sesongens råvarer framføre gullpeisen på designhotellet.

Energihotellet.no

Innandørs

I badstova til Suldal Bad er ein garantert sydentemperaturar heile året. Kombiner gjerne med eit besøk i terapibadet og ein tur i utandørs boblebad med flott utsikt til fjord og fjell.

Suldal-bad.no

Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland, Jan Nordtveit.

15 ÅR

For eigar og drivar Terje er KULP resultatet av ein draum han alltid har gått med om å skapa noko sjølv. For lokalsamfunnet har kafeen blitt ein viktig samfunnsaktør.

Foto: Geir Bjørndal Srisoi

MED HJARTA

Då Terje Bjørndal kom til Suldal frå Sogn og Fjordane første gong tenkte han at han her verkeleg ville få brukt matinteressa si. Han hadde alltid vore interessert i jakt og fiske, og likte å sjå på moglegheiter for korleis han kunne nytte råvarer direkte frå jord til bord. Dei første åra tok han jobb som kokk fleire stader i Ryfylke, men han sat heile tida med draumen om å kunne skape noko sjølv. Då kafeen på Kulturhuset i Suldal skulle legge ned for omlag 15 år sidan såg han ein moglegheit:

– Dei tok kontakt med meg og spurde om eg ville driva noko hjå dei. Dei gav meg gode vilkår og moglegheiter for å komma godt i gong, og då greip eg sjansen! Eg sa opp fast jobb og starta draumen med kafeen KULP, der me opna 4. april 2009, fortel Terje.

Terje såg raskt at han måtte ha fleire bein å stå på enn berre kafédrift, og starta difor også opp eit cateringtilbod for å kunne levere festmåltid og møtemat til gjestene sine.

FB/IG: KULP

Nettside: kulp.as

Tlf.: 951 53 232

Skattkammeret

Suldal/Lise Bjelland

– Når eg tenkjer etter har det vore mange kjekke selskap me har levert til – alt frå selskap på stølar i heia til i båtar på fjorden, samt mange flotte private selskap og større selskap i forsamlingshus.

I 2014 var kulturhuset blitt for lite for KULP si drift, og Terje såg at han måtte gjera nokre endringar om han skulle vidareutvikle seg. Han hadde då fått fleire tilsette, og hadde bygd seg opp eit godt rykte med oppdrag i heile Ryfylke. Til slutt fall valet på eit lokale i næringsparken på Garaneset, der dei fekk større kjøkken, godt med sitteplassar og gode parkeringsmoglegheiter.

Fokus på å gi tilbake til samfunnet KULP har, heilt sidan oppstarten og

FEIRER
KULP

HJARTA FOR MAT

fram til i dag, handla om så mykje meir enn kafedrifta og dei gode matopplevingane. For Terje har det handla om å bygge laget og om å bidra til lokalsamfunnet rundt seg.

– Eg hadde aldri klart å vekse utan dei tilsette. Eg er heldig og har gode fagutdanna kokkar som ofte er betre enn meg på fleire område, men òg dyktige medarbeidarar i teamet mitt. Dei skal ha like stor ære av KULP og der me er i dag som meg. Dei utfordrar, ser moglegheiter, utviklar rettar og set saman menyar saman med gjestene våre.

Inkludering

Drifta til Terje har også fungert som ein inkluderings- og rekrutteringsarena for mange med tilknyting til Suldal:

– Gjennom dei 15 åra me har drifta kafeen har me hatt eit titalls menneske både i språk- og arbeidstrening. Det er viktig for oss å bidra til inkludering og rekruttering. Målet er fast tilsetting, og det har eg hatt glede av å få gjennom denne ordninga, fortel Terje.

Etter kvart som KULP har blitt ei godt etablert merkevare i Suldalssamfunnet har også KULP engasjert seg i ulike lokale initativ. Her har dei mellom anna bidratt som sponsor for fleire fotballbanar og for Morgendagens Olympiere med mellom anna Oda Løvø Steinsvåg mot OL i Paris 2024, i tillegg til å støtte lokalt Røde Kors og andre lokale foreiningar.

– I vår leverte me kvalitetsknivar og nye skjærefjøler til Sand skule sitt skulekjøkken. Godt reiskap er halve jobben, og me håper at dette bidreg til at fleire satsar på kokkeyrket. Me treng fleire i faget!

Planar for framtida

På spørsmål om kva som er målet for KULP i tida framover er Terje rask med å svara:

– Me går aldri på kompromiss med kvalitet! Gode råvarer gjer arbeidet på KULP enklare, og dei skal behandlast med omsut og respekt. Det er difor me har vårt slagord “Mat frå hjarta! Me er proffe samstundes som me skal ha hjarta med oss både som vertskap og med tanke på det me serverer. Når eg ser 15 år tilbake er eg stolt over at me framleis klarer å levere på dei måla me sette oss den gongen.

Terje trekker også fram det lokale samarbeidsprosjektet “Matskattar i Suldal” som ein viktig arena for å løfte fram lokalmatprodukta i regionen.

– Me byggjer kvarandre opp og heiar på kvarandre sine styrker. Når produsent, serveringsstader og reiselivsbedrifter samarbeider får me noko unikt til!

Det viktigaste målet

Til slutt spurte me Terje om kva planar han har for kafédrifta og KULP for framtida:

– Me held på med å sjå på moglegheiter for utviding. Samtidig håper me på å få starta med eigen produksjon av unike varer frå KULP. Desse produkta vil me selja for å gjere eit måltid enklare for folk som er på hyttebesøk eller i heimen. Dei vil også vera fine matsuvenirar frå KULP.

– Samtidig er det viktigaste målet vårt i dag, som før, å levere det beste me kan til våre gjester. Dei gode tilbakemeldingane frå kundane våre er den beste reklamen for oss, og utan dykk hadde me ikkje vore der me er i dag.

KULP vil jubilera saman med sine gjester heile året, og inviterer alle til å delta i konkurransar og aktivitetar som blir lansert på deira sosiale media.

Kulturperla i Hamrabø

BØRKJENES GARD

Etter tjue år med restaureringsarbeid inviterer Jarle og Marit Tveit inn til omvising, selskap og overnatting på ein av dei eldste gardane i Suldal.

Jarle Tveit sitt første møte med Børkjenes Gard i Hamrabø var då han i 2002 fekk eit oppdrag med å taksera garden.

– Då eg kom heim til kona mi den dagen fortalde eg om ein vakker gard med lange tradisjonar i Øvre Suldal. Som takstmann kunne eg ikkje legge inn bod, men når Børkjenes kom ut for sal igjen eitt år seinare hadde eg ein ny prat med kona mi. Heldigvis var ho like begeistra som meg, og me la inn eit bod. Draumen om eigen fjellgard blei verkelegheit!

Det var eit stort arbeid som låg framføre ekteparet Tveit då dei tok over garden. Med sine 40 bygningar i stort og smått, med mellom anna hovudhus, kårhus, kårfjos, tørkeloft for korn, kvernhus, sagbruk, taubanehus, kjerrehus og stølar, hadde dei meir enn nok av oppgåver å ta tak i. Garden

var godt tatt vare på gjennom åra, men nesten tjue år utan fastbuande på garden hadde sett sitt preg på bygga.

– Me heiv oss i grunn berre i det, og så blei vegen til etter kvart som me gjekk. Har du starta, så må du løysa det.

– Målet vårt var å halde garden mest mogleg original. Bygga har ei historie frå ulike tidsepokar og generasjonar. Me måtte likevel få oss eit moderne kjøkken og bad i hovudhuset slik at me kunne leva og bu her på Børkjenes, ler Jarle.

Natur og kultur av nasjonal interesse Gjennom dei siste tjue åra har Jarle og Marit utvikla kulturperla og heimen sin i Hamrabø, der dei har invitert inn familie og gjester. I 2018 fekk dei Suldal kommune sin bygningsvernpris for arbeidet med å sikre bygningsarva

Foto: Jarle Tveit

på Børkjenes. Sommaren 2023 fekk dei også tildelt Olavsrosa som første stad i Ryfylke, eit kvalitetsmerke for eineståande opplevingar rotfesta i den norske kulturarven.

– Etter kvart som me har fiksa opp garden og gjort oss kjende med historia, jo meir har interessa og respekten for dei som har vore her før oss vakse, fortel Jarle.

I tillegg til den spanande historia til garden, ligg Børkjenes også i eit område av nasjonal interesse. I 2018 blei nemleg Hamrabø, saman med grendene Klungtveit og Mokleiv, ein del av Utvalgte kulturlandskap (UKL). Her er det også utvikla eige turkart som byr på flotte utfartar i heiområda ovanfor garden.

Inviterer inn på garden

– Gjennom år har me fått tilbakemeldingar frå fleire som synest det har vore kjekt å komma og sjå garden. Det har vore ein inspirasjon i arbeidet, og har gjort at me har fått lyst til å vise den fram, fortel Jarle.

Ved starten av året tok Jarle og Ma-

rit steget og meldte seg inn i Reiselivsgruppa v/Suldal Næringsforening og starta å promotere tilboda på garden meir aktivt. Her tilbyr dei utleige av løe og fjøs til selskap med opp til 100 personar, og dei gir omvisingar på garden for grupper og enkeltpersonar på førespurnad. I tillegg leiger dei ut kårhus og to stølar for dei som ønskjer seg ferieidyll på gamalt vis. Dei har også ein støl som kan leigast ut på åremål.

– Me ser at dette er eit viktig steg i å gjera garden berekraftig for framtida. Det er meiningsfylt å vedlikehalda og tilrettelegga, avsluttar Jarle.

Epost: jarle@famtveit.no

Tlf.: 913 48 602

Informasjon om overnatting, leige av lokale og omvising på garden, i tillegg til turkart for Hamrabø-området, finn du på www.visitsuldal.no

Foto: Jarle Tveit.

Ryfylkedagane 7. - 9. juni

40 ÅR MED FOLKEFEST

I år er det heile 40 år sidan Ryfylkedagane blei arrangert for første gong. Den gong var Ryfylkedagane ein lokal festdag og handelsdag for fastbuande og besøkjande, og gjennom åra har marknadsdagen utvikla seg til å bli ei velkjend merkevare og møteplass for folk frå heile regionen. I fjor hadde festivalen over 3000 besøkjande!

Dette året jubilerer Ryfylkedagane med mange av dei faste arrangementa og aktivitetane. Her blir det servering og sal av lokalmat, konkurransar, utstil-

lingar og mykje meir. Det blir også ein ekstra stor jubileumsfest for store og små på kveldstid på Kulturhuset i Suldal.

Velkommen til jubileumsfest!

Program og informasjon finn du på ryfylkedagane.no Billettar for kveldsarrangementa får du på suldal.kulturhus.no

Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland

Hyttetenester SULDAL SERVICE

Gjennom Suldal Service har ei rekke lokale bønder og frilansarar slått seg saman for å tilby tenester til fastbuande, næringsliv og hyttesuldølen. Me tok ein prat med Per Even Tjøsteheim.

Kva er bakgrunnen til Suldal Service? – Suldal Service blei etablert i 2018 med to eigarar. I 2021 slo Suldal Service seg saman med selskapet Suldal Bygdeservice då begge selskapa såg fordeler av å samarbeida om den vidare utviklinga. Tanken er å ha eit felles utgangspunkt for å tilby tenester

saman slik at me nyttar mannskap og maskinar best mogleg.

Kven er personane bak selskapet?

– I dag er det tolv eigarar som er inne i Suldal Service, i tillegg til at me leiger inn folk. Totalt er me nesten 20 personar som er inne i løpet av eit år. Dei fleste er frå landbruket og driv eigne føretak frå garden, men det er også med andre frilansarar. Selskapet er lokalisert på Suldalsosen.

Kva tenester kan de tilby?

– Me tek på oss mange ulike oppgåver, og leverer tenester for fastbuande, hyttesuldølen og til næringslivet. Dette kan til dømes vera knytt til byggeaktivitet i landbruket, kraftselskap eller vegvedlikehald. For hyttesuldølen har me vore inne for å bidra med opparbeiding av hyttegrunnar og me har vore involverte i påbygg og vedlikehald. Me tilbyr også ei rekke andre tenester frå opparbeiding av uteområde, til vaktmeistertenester og trefelling. Me har også bidratt med transport av bagasje til hytter der det ikkje er veg.

Kva er siste nytt frå Suldal Service?

– I fjor kjøpte me eit lager på Suldalsosen, like ved Coop Prix. Her sel me landbruks- og hushaldningsvarer, men også ved til hyttefolket. Butikken er sjølvbetent med Vipps. Me er også forhandlar av HT-gjerde. Dette leverer me til landbruk, næring og hyttefolk, anten rundt hyttetomter, som flettverk, tregjerde eller som vanleg sauegjerde.

suldalservice.no post@suldalservice.no Tlf. 400 00 159

Foto: Suldal Service

Børge Lund, mannen bak LUNCH, er opphavleg frå Sauda. I dag har han hytte i Suldal, så kanskje er nokre av stripene inspirert av hyttelivet her?

Den 14. mars lanserte LUNCH si nye bok: «Velkommen til arbeidslivet!».

MØTEPLASS OG FRILAGER

Frilager er ein utstyrsbase for organisasjonslivet i regionen, og er eigd av Stavanger turistforening, Speidarane og Ryfylke- og Jæren Friluftsråd. Nå har dei sett opp ei aktivitetsbu med skiutstyr ved Gullingen. Her finn du også akebrett for funksjonsnedsette. Bua er plassert på parkeringsplassen ved Gullinghuset.

Det er også ei bu på Sand; på parkeringsplassen ved Bunnpris. Der finn du mellom anna fiskeutstyr, redningsvestar og flytevestar. Du kan bestille i forkant på frilager.no - søk “SULDAL”.

For frilageret på Gullingen kan du også bestilling på plassen ved å scanne QR-koden på døra til aktivitetsbua. Etter at du har bestilt og betalt, får du tilsendt ein kode til å låse opp døra og hente ut utstyret. Etter bruk leverer du alt fint tilbake igjen. Dette er tillitsbasert, og alle hjelper til med å halde orden i boden.

“Ståvå”

I Gata på Sand har Suldal Frivilligsentral og Kyrkja i Suldal etablert ein møteplass som har fått namnet «Ståvå». Her kan du levere brukt utstyr, sko, klede, spel, leiker og anna som andre kan ha nytte av, og du kan finne billig utstyr sjølv. Dei har også ein triveleg kaffikrok, som fungerer som ein møteplass for å bli kjent med kvarandre på tvers av kultur og nasjonalitetar.

OPNINGSTID STÅVÅ:

Tysdagar og torsdagar

kl 14:00 – 16:30

For meir informasjon, ta kontakt på tlf. 977 55 302 eller 48286384

Suldal Frivilligsentral

LI

NYTT OM GAMALT

Høgt oppe i lia, med panoramautsikt over Hylsfjorden i Suldal, ligg garden Li – nesten 300 stupbratte meter opp frå fjorden. I snart fem år har Ryfylkemuseet jobba med forsking og dokumentasjon av bygga, historia og kulturlandskapet rundt. Med ny kunnskap i hendene utvidar museet no publikumstilboda med nye satsingar som skal formidla og levandegjera det levde livet på denne avsidesliggjande, historiske staden, der ingen skulle tru at nokon kunne bu.

Frå fjorden

For to år sidan vart stien frå naustet til tunet rehabilitert. og det er no mogleg å gå den historiske turen frå fjorden til Li, i fotefara til dei som budde her. I sommarsesongen tilbyr Ryfylkemuseet guida turar opp i samarbeid med Helgøy Skyssbåt. Vegen opp er krevjande, men oppe i lia ventar ei utruleg panoramautsikt. Når dei besøkande har fått igjen pusten, får dei

ein guida tur på garden med innblikk i drifta og historia til garden.

Finanisering

Med finansiering frå Kulturrådet har museet parallelt jobba med å utforska nye metodar for tilrettelegging av digitale formidlingsopplegg som kan auka opplevingsverdien til anlegget heile året, men også ta høgd for staden sitt fysiske tilvære, særlege karakteristika og ibuande verdiar.

Nye tilbod

Til sommaren 2024 blir tre nye tilbod lansert og besøkande blir invitert til å delta i den vidare utviklinga gjennom spørjeundersøkingar og aktivitetsdagar. Ved «panoramautsikta» kan besøkande med smarttelefonen i hand utforska den rike historia til Hylsfjorden, ei historisk ferdselsåre mellom aust og vest og heim til mellom andre nynorskaktivisten og barnebokforfattaren Rasmus Løland. For barnefamiliar og andre med interesse for gards-

drift og læring gjennom leik, opnar museet eit «leikefjøs» der ein kan prøve seg på ulike tradisjonelle driftsoppgåver som til dømes mjølking og ysting. Dei eventyrlystne og bygningsinteresserte kan laste ned ei «skattejakt» som tek dei med inn og viser skjulte sider av dei historiske bygga der generasjonar av tidlegare bebuarar har etterlete seg. Alle tilboda er tilgjengelege heile året, også utanom bemanna opningstid.

Litunet

Garden Li ligg på sørsida av Hylsfjorden, nesten 300 meter opp frå fjorden med panoramautsikt utover landskapet. Litunet er blant dei best bevarte og verneverdige fjellgardane i denne delen av landet. Garden vart freda av Riksantikvaren i 1974. Då den siste fastbuande forlét garden i 2009, vart Li kjøpt opp av Rogaland fylkeskommune og Suldal kommune. Ryfylkemuseet har ansvar for drift og vedlikehald av bygningar og kulturlandskapet rundt.

Tunet er ope og tilgjengeleg for besøk heile året. For omvisingar og inngang i bygga, kontakt Ryfylkemuseet.

Foto: Jarle Lunde, Suldal Foto Foto: Lise Bjelland

KUNSTSNØPRODUKSJON

Lysløypa ved Mosvatnet på Gullingen er den einaste langrennsløypa med kunstsnøproduksjon i Rogaland. Me tok ein prat med Per Even Tjøstheim i skigruppa i Suldal idrettslag om initiativet.

Kva var bakgrunnen for satsinga?

– Suldal idrettslag har ei aktiv skigruppe med om lag 50-60 aktive ungar og ungdommar. I dei seinare åra har ein gjort fleire investeringar for eit lite idrettslag å vera, som mellom anna å breia ut lysløypa for å legge til rette for skøytetrase og å skifta ut alt av lys. Utfordringa me sat med var at det var krevjande snøforhold, spesielt tidleg på sesongen. Av og til kunne me ikkje nytta lysløypa før ut i januar. Då måtte me nytta Breiastøldalen der det ikkje er lysanlegg og meir vêrhardt. Draumen var å kunne gå på ski frå rundt juletider og å ha stabile forhold.

Kva betyr kunstsnøen for anlegget?

– Nå har me produsert snø i tre sesongar, og det har jamt over gitt oss godt skiføre frå før jul og framover. Den produserte snøen toler mildvêr, og smeltar ikkje like lett som nysnøen. Det har gjort at me har hatt skiføre langt ut i mai! Skigruppa har to hovudtreningar i veka og nokre renn kvar sesong. I tillegg blir løypa mykje brukt av lokale og tilreisande. Den blir

også nytta av leirskulen. Det er kjekt at initiativet genererer aktivitet også utover arbeidet til idrettslaget.

Over kor stort område produserer de kunstsnø?

– Det er ein runde på omlag 2 km, frå stadion og sørover. Me håper å seinare kunne bygge løypa nordover. Her har me også planar om å bygge eit skileik-område med snøproduksjon.

Korleis føregår produksjonen?

– Me har eit eige snøproduksjonslag med 5-6 faste personar som er ansvarlege. Når ein først produserer snø foregår det døgnet rundt, og ein må vera der heile tida. Produksjonen inneber mykje vatn under høgt trykk og mange minusgrader, så her er HMS viktig. Ein skal helst ha ein del minus for å produsere kunstsnø. Me er heldige med at me ofte har ein kald periode før jul. I tillegg har me ein stor dugnadsgjeng som er med oss når me treng ekstra hjelp til noko, som mellom anna å flytte på utstyret.

Har de ei helsing til hyttesuldølen?

– Det gler oss at mange av dykk nyttar lysløypa og anlegget! Det er kjekt at det blir brukt. No ser me fram mot å få på plass skileikbakken som me håpar kan vera til glede for lokale og hyttesuldølen, like mykje som idrettslaget! Suldal-il.no

Foto: Per Even Tjøstheim LIVE-kamera i lysløypa

KOMLETORSDAG

Komler var i eldre tid fattigmannskost. Alle hadde poteter på gardane før, og spesielt på våren, når potetene hadde vore i vinterdvale, var konene på gardane kreative og gode til å bruka råvarene.

Historisk blei komla laga på torsdagen, då dette gjorde at ein kunne steike restane fram til søndagsmiddagen. Komlene blei betre om dei stod ein dag eller to i krafta, og kunne også nytast steIkte til kvelds.

Komla har ikkje gått av moten, og i dag er komle kvardagsmat og festmat. Heime har komla gjerne blitt søndagsmat, då ein i helgene kan bruke lang tid på kjøkkenet. Likevel held me på den tradisjonsrike komletorsdagen og kafeane våre inviterer inn til sine beste komletallerkenar.

DRØS

På den urbane kaféen Drøs, midt i Sand sentrum, held dei tradisjonen ved å lage komlemiddag på ekte vis kvar torsdag, etter farmor til Solveig Fyljesvoll frå Erfjord si oppskrift. Komla er laga heilt frå botn av og er alltid rykande fersk. Betre blir det ikkje! Komla blir servert med pølse, lammebog, bacon og tilbehør. Drøs samarbeider med lokale produsentar for å få det litle kortreiste ekstra på tallerkenen.

Ope torsdagar kl. 11.00-18.00. Insta: dros.kafe

KULP

I sine lune lokale på Garaneset serverer KULP komle fast kvar torsdag, og er kjende for sine gode porsjonar. Middagen blir sjølvsagt servert med alt det gode til; kålrotstappe, salt lammebog og eldhusrøykt gardspølse - og baconet sparer dei ikkje på!

Ope torsdagar kl. 12.00-18.00. Les meir på kulp.as

STRANDDALEN

Frå torsdag 27. juni blir dei sagnomsuste

Stranddalskomlene serverte på Perlå i Ryfylkeheiane. Komlene er laga med kjærleik, nøyaktig etter oppskrift frå Solfrid Moen og dei som var før henne. Stranddalen er stolte av å videreføra ein 97 år gammal tradisjon!

Stranddalskomlene blir serverte med salt lammebog, baconfett og heimelaga grove pølser av lam og svin. Klassisk ertesuppe som forrett. Dei tilbyr også heimelaga, glutenfrie komler.

Alle gjester et saman kl. 18.00 i sommarsesongen. Bordbestilling på e-post:

stranddalen@dnt.no

RYFYLKE FJORDHOTELL

På det flotte sentrumhotellet vårt serverer dei ikkje komle kvar torsdag, men den er ofte på menyen som “dagens rett”. Ein kan også bestille komler til grupper og arrangement.

Les meir og bestill på ryfylkefjordhotell.no

Få siste nytt frå Suldal!

Ved å melde deg på Visit Suldal sitt nyheitsbrev og SMS teneste får du siste nytt frå Kulturhuset i Suldal, Suldal Bad, Ryfylkemuseet, handelsstanden og reiselivet i Suldal!

Meld deg på nyheitsbrevet ved å scanne QR-koden .

Her får du mellom anna:

» Oversikt over kommande arrangement og aktivitetar

» Gode tilbod frå våre lokale butikkar

» Informasjon om nye tilbod og opplevingar

visitsuldal.no

#visitsuldal

Kva betyr

Skattkammeret

Suldal for deg?

Bruk 5 minutt på gi oss dine innspel og bli med i trekninga av eit Suldalsgåvekort kr 1 000,Trekninga blir gjort 8. april.

VISIT SULDAL VISIT SULDAL
Foto: Skattkammeret Suldal/Lise Bjelland

Opplevingar, aktivitetar og ein triveleg handel

Kjernetid

Måndag–fredag kl. 09:00–16:00 (torsdag til kl. 18:00)

Laurdag kl. 10:00–15:00

Matvarebutikkar, bensinstasjonar, serveringsstader og serverdigheiter har eigne opningstider.

handelsand.no

HandelPaSand

©
365 Design
Skattkammeret Suldal. Foto: Hanne Maria van Zijp Omega
Velkommen til kommunesenteret Sand!

Tomter

Me har ledige kommunale tomter i alle grender Sjå nettsida vår for meir informasjon.

I tillegg tilbyr fleire lokale utbyggjarar og byggefirma også hyttetomter.

Søk om byggeløyve

For større prosjekt, som å bygge ny hytte - treng du ein ansvarleg søkjar for tiltaket. Altså eit byggefirma eller liknande som er ansvarleg for søknad, prosjektering og utføring.

For mindre prosjekt må du også søkja, men her er det mogleg å søkja og stå for arbeidet sjølv.

Sjå nettsida vår for meir informasjon om søkeprosess og prisar

Utanom opningstida og når hjelpa ikkje kan venta, kan du kontakta legevakta på telefon 116 117.

Vatn og avløp

Ved akutt hjelp, og når det står om liv ringer du 113. S

Du må betala tilknytningsavgift og årsavgift for vatn og avløp som er knytt til hytta di. Sjå nettsida vår for meir informasjon.

I opningstida kan du kontakta legekontoret på telefon 52 79 23 00
Legevakt
uldal kommune

Betaling på parkeringspla

Betaling er synleggjort med EasyPark-skilt.

Du kan betala gjennom Ea appen, for ein dag, flei eller for eit år

Personbil - taks Campingbil - ta

Bom ved Blåsj

Du kan betala eller årskort på www.youpark.no

Sjå nettsida vår for meir informasjon, eller på informasjonsskiltet ved bommen.

Søk om støtte til tiltak

Me har mange gode støtteordningar for

- Varmepumpe

- Reintbrennande vedomn

- Solceller

- Andre tiltak

IVAR IKS er ansvarleg for renovasjon i Suldal. Det er plassert ut ulike kontainarar for hytterenovasjon ulike stader i kommunen.

På nettsida ivarryfylke.no finn du informasjon om:

- Prisar

- Kart over returpunkt

- Retningslinjer

Du finn gjenbruksstasjon for avfall til sortering, og avfall som ikkje høyrer til i hyttekontainarane på Gåsavikja på Sand.

Sjå nettsida vår for meir informasjon om alt dette

www.suldal.kommune.no

Foto: Espen Emil Søreng

VAREHANDEL

DAGLEGVARER

Bunnpris Sand er ein romsleg butikk som tilbyr eit stort sortiment innan daglegvarer, sesongvarer og det lille ekstra du måtte trenge til hyttekosen. Stor parkering.

Tlf. 52 79 68 20 • bunnpris.no Øvre Dalane 10, 4230 Sand

DAGLEGVARER

Extra Suldal ligg midt i handlegata på Sand i Suldal. Extra stort utval til Extra låge prisar!

Tlf. 468 84 982 • suldal.extra@coop.no coop.no/extra

• Gata 5, 4230 Sand

Erfjord

Suldalsosen

Velkommen innom!

DAGLEGVARER

OPE: Månd-laurd 08-20

• Butikken med godt utval til kvardag og fest

• Propan, fiskeutstyr, turmat/kart, kjøkkenutstyr, interiør

• Elbil-lading v/butikk

Tlf. 52 79 93 10 • joker.suldalsosen@joker.no joker.no

• Suldalsvegen 1617, 4237 Suldalsosen

DAGLEGVARER

OPE: Månd-torsd 9-18, fredag 9-20, laurdag 9-18, søndag stengt. Nettbutikk med varelevering.

Vatlandsvåg Jelsa

Tlf. 52 79 61 00

• joker.vatlandsvag@joker.no joker.no

• Vatlandsvågen 19, 4235 Hebnes

DAGLEGVARER

Velkommen til triveleg handel hos oss!

OPE: Månd-torsd + laurd: 09-18. Fred 09-19

Tlf. 91 51 99 92 • joker.jelsa@joker.no joker.no

• Sandane 55, 4234 Jelsa

VAREHANDEL

Autagro MØGEDAL

VELKOMMEN TIL DITT LOKALE APOTEK!

Bedre helse, hele livet!

Tlf. 52 79 00 00 • boots.no

Sandsvegen 2, 4230 Sand • sand.apotek@boots.no

BUTIKK OG VERKSTAD

I butikken finn ein det meste ein treng til både hytte, hus, hage og gardsdrift.

Tlf. 52 79 25 30 • post@autoagro.no

Sandsvegen 261, 4230 Sand • www.autagro.no

SERVERING, CATERING OG OVERNATTING

OVERNATTING, SERVERING, GARDSBRYGGERI OG AKTIVITETAR

Kurs og konferanse, mat og drikke, villmarksleir, laksesafari, elveekspedisjon, bryggeriomvising og badstova på Moskjelen.

Tlf. 970 42 825 • post@molaks.no • molaks.no

Sandsbygda 56, 4230 Sand

SELSKAPSLOKALE, MAT OG OVERNATTING

Bestill lokale spesialitetar i stemningsfulle selskapslokale. Gardsutsal med bl.a. kjøt frå garden. Overnatting i hytter på tunet.

Tlf. 464 64 601 • trae-gaarden.no

Sandsbygda 32, 4230 Sand

VINGARD

Vinsmaking, omvising i vinmarka og lunsj sommaren 2024. Me lagar eige opplegg for grupper og teambuilding.

HEBNES VINGARD

Tlf. 959 69 809 • hebnesvingard.no booking@hebnesvingard.no

Hebnesvegen 1797, 4235 Hebnes

BENSINSTASJON / BILBERGING

Gatekjøkken, drivstoff og dekk.

Tlf. 52 79 74 77 • Bilberging 995 65 699 post@shellsand.no

Gåsavikja 1, 4230 Sand

SERVICE-TENESTER

Vedlikehald og opparbeiding av hytter, tilbygg og uteområde. Tilsyn • Transport • Vaktmeister

Tlf. 400 00 159 • post@suldalservice.no suldalservice.no

Haugabjør 20, 4237 Suldalsposten

BÅTVERKSTAD / BENSINSTASJON

Gatekjøkken, sal av båtar, vinterlagring, SIXT bilutleige og propan.

Tlf. 52 79 74 86 • post@sand-servicesenter.no sandservicesenter.no (NY nettside)

Verven 5, 4230 Sand

KULTUR OG OPPLEVINGAR

I regionen finn du mange av museumstuna våre, dei kan du besøke heile året. Kolbeinstveit, Litunet og Røynevarden ligg i Suldal, Vigatunet finn du i Hjelmeland, Hustveit og Industriarbeidarmuseet i Sauda, alle tilgjengelege for omvising på førespurnad. Nokre av dei er sommaropne.

I Nesasjøhuset på Sand finn du utstillinga Kvitebjørnen for barn, samt andre utstillingar. Du finn eit godt utval fagbøker relatert til bygningsvern. Me har og mykje lokalhistorisk litteratur og ein del lokalt produserte varer laga etter tradisjonelle metodar. Me sel linoljeprodukt, linoljemåling og linoljer til ulik bruk samt linoljesåper - og til såpa treng du kanskje ein tradisjonelt bunden kost?

Ryfylkemuseet har arrangement året rundt og dei finn du meir informasjon på nettsida vår.

Om du eig eit gammalt verneverdig hus som treng å vølast, men er usikker på korleis og kva og kor mykje, tilbyr Ryfylkemuseet gratis rådgjeving.

post@ryfylkemuseet.no

Tlf. 52 79 29 50

• ryfylkemuseet.no

Nordenden 14, 4230 Sand

LOKALE TENESTER
OPE KVAR DAG 10 - 21
post@suldalservice.no 40000159 suldalservice.no

BYGG OG ANLEGG

ENTREPRENØR

• Graving • Boring • Sprenging • Transport Kan òg hjelpa med: Flytting med maskintralle SEMI

• Hoppetusse 70-500 kg • Utleige kompressor og boreutstyr

Tlf. 98 23 51 42 • sigve@klungtveitmaskin.no

Kvitebjørnvegen 8, 4230 Sand

MASKINSTASJON

Ingen oppdrag er for små eller for store for oss! Moderne utstyr til alle årstider, alt frå snøbrøyting til gravemaskin. Ta kontakt om du treng våre tenester.

Tlf. 464 64 601 • trae-gaarden.no Sandsbygda 32, 4230 Sand

SULDALSTRAPPA

Alle typar trapper i høg kvalitet. Dei som trør Suldalstrappa, svingar seg gjennom livet med fokus på det gode!

Tlf. 920 84 527

Din leverandør av varme:

Montér Suldal AS

• Varmepumpe

• Vedovner

• Elektrisk oppvarming

Montér Suldal AS

Tlf. 476 55 200 • suldal@monter.no • monter.no

Sandsvegen 134, 4230 Sand

Din leverandør av varme:

Din leverandør av varme:

• Varmepumpe

• Varmepumpe

• Vedovner

• Vedovner

• post@suldalstrappa.no

Gåsavikja 2, 4230 Sand

• Varmepumpe

• Vedovner

BYGGEVAREHUS

• Elektrisk oppvarming

• Elektrisk oppvarming

Din leverandør av varme:

• Elektrisk oppvarming

DIN LEVERANDØR • Varmepumpe AV VARME • Vedovn

Montér S

• Elektrisk oppvarming

Sandsvegen 134, 4230 Sand

Montér Suldal

Tlf. 476 55 200 • suldal@monter.no • monter.no

Tlf. 476 55 200 • suldal@monter.no • monter.no

Montér Suldal AS

Sandsvegen 134, 4230 Sand

Tlf. 476 55 200 • suldal@monter.no • monter.no

ENTREPRENØR

Tlf. 476 55 200 • suldal@monter.no • monter.no

Sandsvegen 134, 4230 Sand

Sandsvegen 134, 4230 Sand

Me vil hjelpe deg med å gjera klar tomta di, graving og sprenging til veg og grunn, slik at du kan få setja opp hytta eller hus.

Tlf. 52 79 91 86

olafisketjon.no

• post@olafisketjon.no

• Suldalsvegen 1574, 4237 Suldalsosen

Samarbeidspartnar med Hedda Hytter sidan 2004.

Tlf. 926 93 362 • suldal-hyttebygg.no

post@suldal-yttebygg.no

Garaneset 30, 4230 Sand

post@olafisketjon.no tlf. 52 79 91 86 etabl. 1957 ME TAR HYTTEDRAUMEN DIN PÅ ALVOR
• Tomter
Hytter
Nybygg
Renovering.

Mat for kvardag og fest

- frå kokkar med hjarte for faget

Me lagar mat til dei viktige dagane - enten bryllaupet med 100 gjester eller 40-årsdagen med vennegjengen.

Tlf. 95 15 32 32

Velkommen innom vår bistro på Garaneset!

Sandsvegen 134, 4230 Sand www.kulp.as

Mat frå

KJØP BILLETT PÅ NETT!

SULDAL-BAD.NO

SULDAL BAD - EIT BAD FOR ALLE

Me har stupetårn, babybasseng, hinderløype, klatrevegg, boblebad, terapibasseng, 25 meter basseng, familiegarderobe, kafé og badebutikk.

ORDINÆRE OPNINGSTIDER 2024

MÅNDAG: Morgonbading** 06.30 - 08.30

Baby/pensjonistbading 09.00 - 11.00

TYSDAG: 16.00 - 20.00*

ONSDAG: Morgonbading 06.30 - 08.30

16.00 - 20.00*

TORSDAG: 16.00 - 20.00*

FREDAG: Morgonbading 06.30 - 08.30

16.00 - 20.00*

LAURDAG: 12.00 – 17.00*

SØNDAG: 12.00 - 17.00*

*Du må vera oppe av bassenget ein halv time før me stenger. Det gjeld ikkje morgonbading og baby/pensjonistbading.

**Morgonbad utgår i alle ferier.

All informasjon om ferieopningstider og spesielle tilbod finn du alltid på suldal-bad.no.

FØLG OSS PÅ FACEBOOK

MATBAREN MED EGET MIKROBAKERI

De ferske smakene, den velduftende kaffen og den gode drøsen finnes midt i Gata på Sand

Tlf. 48 17 77 01 MAN.: STENGT. TIRS., ONS., FRE.: 11-15. TORS. 11-18 (KOMLEDAG). LØR. 11-16.

@dros.kafe på Instagram • @brunsjas på Facebook og Instagram

Bestill: Tlf. 52 79 27 00 | booking@ryfylkefjordhotell.no ryfylkefjordhotell.no Magiske opplevelser ved fjorden Omega 365 Design
LOKALE FAGFOLK Hus - Hytter - Renovering - Påbygg - Service avdeling firmapost@kv-bygg.no 52 790 630

ÅTVARING

ÅTVARING

Farleg is på regulerte vatn og vassdrag som er påverka av reguleringa Isen kan vera utrygg på vatn som er regulert av Statkraft Energi AS, Ulla Førre. Spesielt gjeld dette rundt inntak, i kanalar og ved inn- og utløp av overføringstunellar. Varierande vasstand fører generelt til svak is langs land. Ved låg magasinfylling og ved nedtapping av magasin, kan det vera fare for ras av isblokker, og at isen langs land vil sprekka. Desse sprekkene er ofte gøymde av eit snølag, og det må difor utøvast stor aktsemd ved passering inn og ut på isen.

Farleg is på regulerte vatn og vassdrag som er påverka av reguleringa

Isen kan vera utrygg på vatn som er regulert av Statkraft Energi AS, Ulla Førre. Spesielt gjeld dette rundt inntak, i kanalar og ved inn- og utløp av overføringstunellar. Varierande vasstand fører generelt til svak is langs land. Ved låg magasinfylling og ved nedtapping av magasin, kan det vera fare for ras av isblokker, og at isen langs land vil sprekka. Desse sprekkene er ofte gøymde av eit snølag, og det må difor utøvast stor aktsemd ved passering inn og ut på isen.

Viser til NVE's iskart.no der du finn meir opplysningar om ulike områder.

Anbefalar også å sjekke føremeldingar her stf.no/fremeldinger

Viser til NVE's iskart.no der du finn meir opplysningar om ulike områder.

Farlege høgspentlinjer på grunn av store snømengder

Farlege høgspentlinjer på grunn av store snømengder Ved store snømengder eller etter mykje vind kan det vere stader som får låg avstand til kraftlinjene. Linene er spenningsførande, og stader med låg avstand vil normalt vera tydeleg merka.

Ved store snømengder eller etter mykje vind kan det vere stader som får låg avstand til kraftlinjene. Linene er spenningsførande, og stader med låg avstand vil normalt vera tydeleg merka.

Ved store snømengder eller etter mykje vind kan det vere stader som får låg avstand til høgspentlinjene (22 kV).

Forholda kan endre seg raskt, så prinsipp: Hald avstand Me oppmodar om respekt for inngjerding og skilting.

Det er svært farleg å kome nær linjene. Hald god avstand og meld frå til oss om området ikkje er avsperra/merka.

Forholda kan endre seg raskt, så prinsipp: Hald avstand. Me oppmodar om respekt for inngjerding og skilting.

Velg trygg rute, respekter skilting og inngjerding

Velg trygg rute, respekter skilting og inngjerding

Område med spesielt stor risiko blir inngjerda og merka. Statkraft markerar også trygge ruteval med merkestikker. Dette vil vere område med fare for svak is eller holrom under snø som skuldast temperert vatn eller sterke straumar i vassdraget. Sjå gjerne iskart.no for meir informasjon. Me ber om at merka ruter vert følgt og vis respekt for inngjerding og skilting.Forholda kan endre seg raskt, så meld gjerne frå om usikre forhold.

Område med spesielt stor risiko blir inngjerda og merka. Statkraft markerar også trygge ruteval med merkestikker. Dette vil vere område med fare for svak is eller holrom under snø som skuldast temperert vatn eller sterke straumar i vassdraget. Sjå gjerne iskart.no for meir informasjon. Me ber om at merka ruter vert følgt og vis respekt for inngjerding og skilting.Forholda kan endre seg raskt, så meld gjerne frå om usikre forhold.

God tur!

God tur!

Ønskjer du ytterlegare informasjon, kan du ta kontakt med Statkraft:

Ulla Førre v/ Bjørn Sandvik, tlf. 48 16 44 03 eller

Kjell Ove Nærheim, tlf. 952 34 351.

Ønskjer du ytterlegare informasjon, kan du ta kontakt med Statkraft: Ulla Førre v/ Bjørn Sandvik, tlf. 48 16 44 03 eller

Kjell Ove Nærheim, tlf. 952 34 351.

Statkraft Energi AS, Ulla Førre, 4237 Suldalsosen, tlf. 52 79 32 20

Statkraft Energi AS, Ulla Førre, 4237 Suldalsosen, tlf. 52 79 32 20

Annonse Åtvaring - Frimagasin Suldal 216x280.indd 1 12.12.2022 19:49
Annonse Åtvaring - Frimagasin Suldal 216x280.indd 1 12.12.2022 19:49

Når du går i )ellet ønsker også vi at du ferdes trygt. Farer kny8et 9l kra:verksanlegg kan være vanskelige å vurdere, derfor sikrer vi våre anlegg med skilt, gjerder og stengsler.

Ved ferdsel i område med regulerte magasin må du ta hensyn 9l advarselsskilt og sperringer. Vær særlig oppmerksom på usikker is ved inn- og utløpssteder, områder rundt tappeluker og ved ferdsel mellom isblokker langs land. NVE’s iskart.no har oppdaterte isvarsel og kart som viser spesielt usikre områder i regulerte vann.

Snø og oppbygning av skavler kan gi kort avstand mellom kra:ledninger og bakke. Hold god avstand.

Lyse Kra: som eier og Hydro Energi som operatør, har regulerte vann i heiene ved Røldal, Øvre Suldal, i Lyse-, Tjodan og Flørliheia, og i lavlandsfeltene ved Oltedal, Sviland, Ogna og Jørpeland

Les mer her: iskart.no

God tur fra oss i Lyse Kra0 og Hydro

Straum til hytta?

Slapp ekstra godt av på hytta med Hyttekraft, ein av våre beste straumavtalar.

Spar straum og pengar med full oversikt og kontroll over straumforbruket ditt i kundeappen Mitt Hjem - inkludert i avtalen.

Les meir på hkraft.no/hyttekraft

VÅR BILLIGASTE STRAUMAVTALE
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.