Copyright © Vigmostad & Bjørke AS 2022
Grafisk produksjon: John Grieg, Bergen Omslagsdesign: Nora Brech Omslagsillustrasjon: Nora Brech Illustrasjoner: Nora Brech Papir: 150 g Amber Graphic Boka er sett med 13/17 pkt. Adobe Garamond Pro 1. opplag 2022 ISBN: 978-82-419-5704-8
Spørsmål om denne boka kan du rette til Vigmostad & Bjørke AS Kanalveien 51 5068 Bergen Telefon 55 38 88 00 Eller e-post til post@vigmostadbjorke.no www.vigmostadbjorke.no
Det må ikkje kopierast frå denne boka i strid med åndsverklova eller avtalar om kopiering som er gjorde med Kopinor.
Til Olliver – takk for alle kveldane eg har fått lese for deg. Og til pappa – takk for alle kveldane du las for meg.
det er mørkt på rommet mitt og der ute i gangen er det knirk og knak og kanskje eit brøl men
mamma og pappa søv som om ingenting har hendt dei veit ikkje det er godt dei har meg til å passe på seg eg som akkurat rakk å springe inn på soverommet deira og smelle att døra før løva kom inn
det bur ikkje løver her seier mamma dei bur berre i tankane og i Afrika på brune savannar i brennande sol her har vi berre kattar og kanskje ei gaupe i skogen
skogen er utanfor bortanfor ikkje her her inne er berre ein båt med madrass og dyner og puter med mamma og pappa og eg om bord hysj! kan du høyre bølgene? eller er det pappa som pustar?
det nyttar ikkje å vekke pappa når han søv då krøllar han saman den store kroppen og forsvinn bak attlatne augelok kva drøymer han om? har han eit eige pappaland der inne i søvnen ein stad? eit land fullt av store kaffikoppar og fjelltoppar? kva drøymde du om? spør eg når pappa omsider vaknar og gnir seg i augo ingenting svarar han medan draumen gøymer seg i den mørke augekroken
i gamle, gamle dagar hadde dei ikkje senger og ikkje madrassar heller seier pappa då måtte dei finne noko anna mjukt å ligge på kanskje mose eller dei kunne låne pelsen til eit troll om dei var heldige
det bur eit troll under trappa kven er det som trampar på mi trapp? seier trollet det er den minste bukken, seier eg det er den mellomste bukken, seier mamma det er den største bukken, seier pappa vi skal til frukostbordet for å gjere oss feite!
vil du ha litt solskin? spør mamma og skjenker appelsinjus i glaset
eg har ein sommar i munnen
han er varm og god og kilar meg på tunga og på innsida av kinnet
når han kilar så mykje at eg byrjar å le slepper eg litt sommar ut til deg
skal vi leike? spør du og har sommar i håret sommar i kjolen så spring vi så snurrar vi rundt og rundt rundt og rundt oppover oppover heilt til vi landar i det grøne graset
vi
kviler i graset lufta kviler på oss fuglen kviler i lufta himmelen kviler i mjuke fuglefjør kvar gong fuglen flaksar med vengene sender han litt himmel ned til oss
tenk å vere ein fugl seier eg tenk å kunne flyge høgt der oppe så høgt at menneska berre ser ut som små prikkar langt der nede
men tenk å vere eit menneske tenk å kunne gå rundt her på jorda seier mamma og stryk meg over tankane