Mamma på dass (9788241965609)

Page 1


MAMMA PÅ DASS

Copyright © Vigmostad & Bjørke AS 2025

Grafisk produksjon: John Grieg, Bergen Omslagsillustrasjon og -design: Christoffer Grav

Papir: 80 g Holmen Book Cream Boka er sett med 14/20 pkt. Sabon LT Pro

2. opplag 2025

ISBN: 978-82-419-6560-9

Spørsmål om denne boka kan du retta til Vigmostad & Bjørke AS Kanalveien 51 5068 Bergen

Telefon 55 38 88 00 Eller e-post til post@vigmostadbjorke.no www.vigmostadbjorke.no

Det må ikkje kopierast frå denne boka i strid med åndsverklova eller avtalar om kopiering som er gjorde med Kopinor

Vigmostad & Bjørke AS er Miljøfyrtårn-sertifisert, og bøkene er produsert i miljøsertifiserte trykkeri.

KAPITTEL

1

«Er du klar?» Eg kviskra og heldt fram ei fyrstikk. Den vesle flammen fremst på stikka dansa roleg.

Omar nikka, og eg sette flammen bort til den tynne lunta som hang ned mellom hendene hans. Så snart flammen trefte lunta, begynte det å knitra.

Eg skunda meg å tenna på mi eiga lunte, så dei skulle gå av samtidig. Det kribla i kroppen. Krutet mellom hendene, flammane og smella, veggen av snø som me hadde gøymt oss bak. Eg berre elska nyttårsaftan.

Tradisjonen tru hadde Nabo-Lars fest med venene sine, som hadde pynta seg i dei finaste kleda dei hadde. Eg kunne høyra

både Hermund, som var lærar på skulen, Nils Terje på butikken og fleire andre vaksne eg visste kven var, der borte. Dei skålte og skrålte, og det var ikkje ein einaste unge der, og nesten ingen damer heller. Berre ein heil drøss med vaksne menn som blei litt rare i ansiktet etter kvart som timane gjekk.

Eg hugsa godt korleis det hadde gått året før, då Hermund kom sjanglande forbi huset vårt med slipset rundt panna rett før midnatt, og med ei dame eg ikkje hadde sett før, springande etter. Pappa hadde rista på hovudet, men ingen hadde sagt noko. No høyrde eg han igjen, med ei stemme som både var lysare og meir masete enn sånn han snakka på skulen. Jo då, alt var som det pleidde.

Og tradisjonen tru hadde også Omar og eg tatt ansvar for å få opp stemninga når det nærma seg midnatt. Grisehyla me heldt i hendene, hadde me plukka ut av den svære familiepakken med fyrverkeri som foreldra til Omar hadde kjøpt. No stod me klare til å kasta.

«Ein … to … tre!»

Me slengde fyrverkeriet over snøkanten og ned på terrassen til Lars og gjestene hans, før me dukka ned bak snøfonna igjen. Frå gøymeplassen vår kunne me høyra korleis

grisehyla spann rundt beina på dei dresskledde mennene der borte, medan gubbane og grisehyla skreik om kapp.

Eg løfta handa og fekk eit klask i neven av Omar. Kasta eit kjapt blikk på klokka. Berre ein halvtime til midnatt. Berre tretti minutt igjen til det skulle smella skikkeleg. Til neste feiring. Eg gliste.

«Det der tenker eg kom som snikkar Andersen på julekjerringa!»

Omar lo stille.

«Det er ikkje sånn uttrykket er», sa han.

«Sikker?» sa eg.

«Eg er ganske sikker på det, ja.»

«Ja ja», sa eg. «Drit no i det.»

Omar lo igjen. Så sneik me oss heimover før nokon såg oss. Som hemmelege agentar på sabotasjeaksjon. Operasjon grisehyl var utført. No gjaldt det å komma seg tilbake til vår eigen hage før nokon oppdaga at me hadde vore vekke.

Mamma og pappa sat framleis inne i stova saman med Kamal. Ja, Kamal er far til Omar, altså.

Før me gjekk ut, hadde alle saman leika pakkeleik. Alle hadde hatt med seg ein pakke kvar, som me la i potten. Så trilla me terningar og stal frå kvarandre til tida gjekk ut. Som vanleg var det størst kamp om dei store pakkane. Då alarmen gjekk, opna me pakkane me sat igjen med til slutt. Kamal hadde akkurat klart å snappa til seg den største pakken frå haugen min rett før tida gjekk ut, og sat med eit glis over ansiktet då han opna. Men det fekk han raskt tørka av seg, då det viste seg at pappa hadde pakka

inn ein tjuepakning med dassrullar, og dei to små pakkane eg sat igjen med, inneheldt ein Rubiks kube og eit gåvekort på 200 kroner på senteret.

Etterpå hadde me sett på kongens nyttårstale. Ein gong høyrde eg at pappa sa at kongen ikkje skriv talane sine sjølv, at det er nokon andre som skriv dei, og så berre les han dei opp. Men eg er jammen ikkje heilt sikker på om det er kongen som les dei opp, heller. For kvart år som har gått, har eg tenkt at han liknar meir og meir på eit romvesen i menneskekostyme, og at det truleg berre er ein slags geléaktig masse under den skrukkete huda.

Ein gong sa eg det òg, men då blei mamma sur, for ho synest ikkje det er fint å kommentera andre sin kropp. Dessutan er det det indre som tel, sa mamma. Ja, nettopp, sa eg.

Så lenge eg kunne hugsa, hadde me feira nyttår saman med Omar og dei. Og så lenge

eg kunne hugsa, hadde foreldra våre stilt oss opp attmed kvarandre, akkurat på slaget tolv, og sagt godt nytt år og gratulerer med dagen og bede oss om å smila så dei kunne få eit fint bilete til albumet.

Heime hos oss markerte nemleg ikkje fyrverkeriet berre starten på det nye året. I det klokka bikka tolv, hadde me bursdag. Ja, begge to, både Omar og eg.

Det høyrest gjerne litt rart ut, at to naboar som har kjent kvarandre heile livet, har bursdag akkurat den same dagen. Men sånn var det altså. Ein gong spurde eg mamma om korleis det hadde skjedd. Ho nølte litt først. Men så fortalde ho om ein påskeferie då ho og pappa hadde vore på hyttetur saman med Kamal og Serefina, og etter ein lang dag i skiløypa hadde det blitt litt seint på kvelden og litt mykje drikke, og så hadde ein av dei foreslått eit veddemål.

Mamma hadde hatt eit sånn tullete smil i ansiktet då ho skulle til å fortelja resten,

men der sa eg stopp. Nokre spørsmål er det faktisk best å ikkje få svar på. Tru meg!

Men me blei altså nyttårsbarn, begge to. Kom i avisa og greier. Som om det var ein prestasjon å bli fødd først. I så fall var det

Omar som stod for den største prestasjonen, for han blei fødd nesten fire timar før meg. Kvar gong nokon nemnde det, sa mamma at det var heilt typisk, gutane skal liksom alltid komma først. Men det varte ikkje så lenge, for så lenge eg kunne hugsa, hadde eg nesten alltid vore eit par steg framfor Omar.

Det var eg no òg. Eg sparka av meg snøen på skoa og gjekk inn til dei andre, og let døra stå open til Omar, som kom bak. Mamma og pappa sat rundt bordet med kvart sitt stettglas og drakk dyr champagne som far til Omar hadde henta frå vinkjellaren, medan Kamal sjølv sat og nippa til eit glas Cola

Zero. Luna sat i sofaen og spelte Nintendo. Ho var veslesøstera til Omar og sånn passe slitsam å ha diltande etter seg.

Me var trass alt tolv år gamle. Eller, om nokre få minutt var me faktisk tretten.

Eg kunne ikkje tru det. Mobilen dirra i handa mi.

Livet vårt var redusert til content.

Alle dei pinlege bileta og dei flaue historiene var lagt rett ut på internett. Både mine og Omar

sine foreldre hadde svin på skogen, men det var

ingen tvil om kven som var verst.

Miss Kardashian Norway.

The influencer formerly known as mamma.

Men no var det slutt. Me hadde sett kva dei dreiv med, kva dei hadde utsett oss for.

Og me fann oss ikkje i det.

Det var berre ein ting å gjera.

ISBN 978-82-419-6560-9

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Mamma på dass (9788241965609) by Vigmostad & Bjørke - Issuu