KORTversjon formannskap 15.Oktober 2019

Page 1

VANYLVEN KOMMUNE

Formannskap 15.Oktober 2019

oversikt

Måløy Vekst AS – Søknad om Stad skipstunell

Kommunal garanti for lån til Syvde vassverk

Styringsgruppa for Stad skipstunnel vil lage nye filmar om Stad skipstunnel og søkjer difor kr 60 000 i finansieringsbidrag frå kvar av kommunane Kinn, Stad og Vanylven.

Syvde vassverk søkjer i e-post av 13.09.2019 vedlegg med brev av 10.09.2019 om ein kommunal garanti på kr. 4.150.000,- i samband med investeringsprogram i Syvde vassverk. Sparebanken Møre har gitt indikativt tilsagn om lån.

Finansielle måltar for kommunen Ny kommunelov seier at kommunane skal vedta finansielle måltal som skal danne grunnlag for politiske vedtak som påverkar den kommunale økonomien. Måltala er ikkje bindande, men dei er retningsgjevande for den økonomiske utviklinga for kommunen. Målsetjinga er at kommunen skal ha langsiktige målsetjingar knytt til økonomi som skal medføre at kommunen får ei berekraftig og forsvarlig kortsiktig og langsiktig økonomisk utvikling.

Rapport om eigarskapsstyring for 2019 I kommunesak 86/2016 vedtok ein rutinar for oppfølging av selskap som kommunen er eigar i. Rutinane omhandlar eigarstrategi overfor det enkelte selskap, korleis ein skal utøve eigarrolla gjennom styrearbeid og generalforsamling, samt om oppfølging av selskapa og om tilbakerapportering til kommunestyret. I ny kommunelov skal ein frå 2020 utarbeide eigarskapsmelding. Denne saka er ei form for eigarskapsmelding med opplisting av alle selskap kommunen er delaktig i, samt ei økonomisk analyse av dei viktigaste selskapa

Finansiering av kjøp av Fluevåg og Kløvningsvika fiskerihamn Saka er tidlegare handsama i formannskapet der formannskapet var positiv til kjøp. Ein skulle kome attende på finansiering av kjøpet.

Avhending av kommunalt bygg – tomt rundt Rovdetun Saka gjeld overtaking av Rovdetun frå kommunen til Rovde grendalag. Det er tidlegare i år den 10.07.2019 sendt over forslag på avtale om overtaking av bygget. Rovde grendalag bad om eit møte den 3. oktober der det vart lagd fram eit skriv om tomtestorleik m.m. skrivet datert 27.09.2019.

VAR-området – avgiftsberegning 2020 Vanylven kommune bereknar kommunale gebyr i tråd med «Retningslinjer for berekning av selvkost for kommunale betalingstjenester» (H-3/14, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, februar 2014). Sjølvkost betyr at kommunen sine kostnadar med å ha tenesta skal dekkjast gjennom gebyra, som brukarane av tenesta betalar. Ansvarsområda vatn, avløp, renovasjon, slam tøming og feiing er sjølvkostenester. Kommunen har ikkje anledning å tene pengar på slike tenester. Over- og underskot i det einskilde år skal høvesvis verte avsett eller trekt frå bundne driftsfond. Fondet skal gå i balanse gjennom ein femårs periode. Sjølvkostgebyra skal ikkje finansiere andre delar av kommunal forvalting. Dei fem neste åra vil ein forvente ein vekst i sjølvkostgebyra som skuldast: forventa prisvekst realisering av nye investeringsprosjekt Ein tilrår for 2020 ei endring i gebyrinntektene for vatn +2,0 %, avløp +2,5%, renovasjon +15,7%, slamtøming +4,7% og feiing +11,0%. Tilknytingsavgift for avløp og vatn vert sett til 6 250 kr/tilknyting (inkl. mva) kvar som i 2019.

Endring gebyr 2020 – 4066 Renovasjon Næring Vanylven kommune er rekneskapsmessigt pålagt å dele Renovasjon i to ansvarsområde: 4065 Renovasjon Privat (om lag 85 %) og 4066 Renovasjon Næring (om lag 15 %). Endring av gebyr for dei såkalla VAR-områda i kommunen, inkluderer 4065 Renovasjon Privat. Dette er årleg eiga sak i kommunestyret der «Retningslinjer for berekning av sjølvkost for kommunale betalingstenester) blir lagt til

For meir informasjon om dei politiske sakene som er til handsaming i dette møtet – sjå kommunen si nettside www.vanylven.kommune.no «Politikk og møte»


VANYLVEN KOMMUNE

Formannskap 15.Oktober 2019

grunn for endringane. Når det gjeld 4066 Renovasjon Næring, er dette rekna som eit kommersielt forretningsområde på lik linje med til dømes utleige av bustader. Dette betyr at kommunen kan bestemme gebyr ut frå om ein ønskjer balanse i utgifter og inntekter, eller eventuelt ønskjer eit overskot.

Brandefjellet kraftverk – vassressurslova Brandfjellet kraftverk har i brev mottatt her 30.09.2019, der de ber om at kommunen vurderar regulering av arealplanen etter vedtaket frå NVE og Olje og energidepartementet. Brandefjellet kraftverk fekk avslag på konsesjon for utbygging av kraftverk i dette området. Dei ber no om at kommunen handsamar klage på at dei vil ha vurdert NVE og Olje og energidepartementet sitt vern med dei føringar som er lagd til grunn for avslaget på konsesjon. Dei meiner Vanylven kommune må ta stilling til plan- og bygningslova § 11-8 pkt. F. (pkt F: Sone hvor gjeldende reguleringsplan fortsatt skal gjelde). Særleg då denne råderettsinnskrenkinga medførar eit grunnlag for å miste den einaste inntektsgrunnlag for denne eigedomen.

oversikt

Rameløyve – Dispensasjon frå byggehøgd Fiskå Sentrum – Gnr 11 bnr 102 Viser til innkome søknad om rameløyve for påbygg og fasadeendring av eksisterande bygning. Der det også vert søkt om dispensasjon frå reguleringsplanen for Fiskåbygd, når det kjem til byggehøgde. Ein dispensasjon frå reguleringsplanen krev politisk handsaming. Bygninga har i dag to etasjer, å vil ved dispensasjon av byggehøgda ha plass til inntil to etasjer til. Bygget er i dag regulert til kombinert bustad, forretningslokale og kontorlokale. Dette er og tenkt vidare bruk.

For meir informasjon om dei politiske sakene som er til handsaming i dette møtet – sjå kommunen si nettside www.vanylven.kommune.no «Politikk og møte»


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.