Kurskatalogen 2014

Page 1

KURSKATALOGEN 2014

INTERNOPPLÆRING FOR ALLE TILSETTE

Askvoll kommune (C) Alle rettar reservert 2014

Askvoll kommune Rådhuset Boks 174 6988 Askvoll

1 2014 Sist oppdatert 3. mars


I tråd med målsettinga i «Kommuneplan for Askvoll 2011 – 2022 – Samfunnsdelen» skal kommunen inneha fagleg god standard og legge til rette for kompetanseheving i organisasjonen. Våre medarbeidarar sin kompetanse er særs viktig med tanke på at vi både skal vere ein attraktiv og spanande arbeidsplass, men og for å kunne yte best mogeleg service til våre brukarar. Kursa er utan kostnad for tilsette og vert heller ikkje belasta einingane utanom det som måtte oppstå i samband reise til og frå kursstaden. Det er viktig at alle leiarane syt for at dei tilsette får kjennskap til internopplæringstilbodet og at dei tilsette får høve til å delta på flest mogeleg av arrangementa. Det er likevel klart at det ikkje vil vere mogeleg at alle deltek på ein gong, men at ein fordelar deltakinga rettvist. Nokre kurs er opne for alle, nokre har spesifikke målgrupper. Dette vil gå fram av innleiinga. Ein del av kursa er lagt opp som e-læringstilbod, nokre av desse har ein eigenandel for deltaking. Legg merke til dei obligatoriske kursa samt frist for gjennomføring av desse. Denne kurskatalogen vil verte oppdatert minimum 2 gongar kvart år. Eg vonar at det vi har å tilby av kurs i år vil vere både interessant, lærerikt og tek imot tilbakemeldingar årets tilbod og forslag til nye kurs for 2015 med takk.

Tova Kjæmpenes Personalsjef

Askvoll kommune (C) Alle rettar reservert 2014

2


1. Kommunikasjon og samhandling Korleis har vi det når vi har det som best på arbeidsplassen? Målet med denne kursdagen er at kvar einskild i etterkant av kurset skal kunne sjå mogelegheiter til å vere med å påverke både eigen arbeidskvardag og arbeidsmiljøet som heilskap. Godt arbeidsmiljø er avhengig av at alle bidreg og gjer sitt beste. For å kunne gjere ditt beste som kollega og tenesteytar er det viktig å kjenne til både korleis du påverkar omgjevnadane dine og korleis omgjevnadane påverkar deg. Kva styrker har du? Og korleis kan du bruke desse til å bidra til å skape den arbeidsplassen du ønskjer deg?

Dato:

Tysdag 25. mars 2014

Tid:

Kl. 11.30 til 15.00

Stad:

Askvoll Fjordhotell

Kurshaldar: Målgruppe:

Malin Pedersen, spesialrådgjevar KLP Alle

Påmeldingsfrist:

20. mars 2014

Dagen vert ein kombinasjon av førelesing, dialog og gruppearbeid.

Servering av kaffi, te og frukt i pausane.

Askvoll kommune (C) Alle rettar reservert 2014

3


2. HMT-satsinga i Askvoll kommune Kick-off for verneombod, tillitsvalde og leiarar I denne kick-off-en tek vi føre oss følgjande tema:      

  

Dato:

Fredag 28. mars 2014

Tid:

Kl. 13.00 til 16.00

Stad:

Storstova, Askvollheimen Guri Handeland, FTHVO Helse Førde HF Obligatorisk for hovudverneombod, verneombod, varaverneombod og alle leiarane 20. mars 2014

Kurshaldar: Målgruppe:

Påmeldingsfrist:

Servering av kaffi, te og frukt i pausane.

Dei ulike rollene i HMT-arbeidet Verneombodet sine oppgåver Verneombod vs tillitsvald Samhandling med leiar Korleis ein kan bygge kompetanse innan HMT-arbeid Kva type saker VO skal/bør melde som sak til AMU og litt om funksjonen til AMU på generell basis Inhabilitet som verneombod Litt om dei ulike forskriftene og lovverket som VO må forhalde seg til Informasjon om det systematiske arbeidet verneomboda i Helse Vest har gjort og korleis vernetenesta der er bygd opp

Det vil vere mogeleg å stille spørsmål undervegs.

Målsettinga med dette kurset er at vi skal få i gang eit godt samarbeid med fokus på vernetenesta si oppgåve i organisasjonen i samarbeid med tillitsvaldapparatet og leiarane, med fokus på eit trygt og godt arbeidsmiljø for alle partar.

Askvoll kommune (C) Alle rettar reservert 2014

4


3. Konflikthandtering Kva gjer vi når ei konflikt har oppstått?

Innhald  Kva er ein konflikt?  Korleis handterer vi konflikten som konflikt?  Kva gjer vi når konflikten har ført til brot på Arbeidsmiljølova?  Ei innføring i «Det gjenopprettande perspektivet» Konflikttrappa: Dei fem tydelegaste trinna i ei konflikt

Dato:

Torsdag 3. april 2014

Tid:

Kl. 9.00 til 12.00

Stad:

Storstova, Askvollheimen Terje Svalheim og Kåre Gimmestad, NAV arbeidslivssenter Alle. Obligatorisk for hovudverneombod, verneombod, varaverneombod og alle leiarane. 25. mars 2014

Kurshaldar:

Målgruppe:

Påmeldingsfrist:

Kurset tek føre seg konflikt i ulike former. Kva er ei konflikt og korleis handterer vi den? Det vert skilt mellom konflikten som eit naturleg fenomen i arbeidsmiljøet, og konflikten som rota til brot på Arbeidsmiljølova. Vidare vert det skilt mellom kva vi gjer ved konflikt, og kva vi gjer når konflikten har ført til eit lovbrot. Kurset vil gje deg eit grunnlag for å utvikle eigne rutinar for konflikthandtering i verksemda. Mål Å gje deltakarane ei innføring i konflikthandtering

Det er mogeleg å stille spørsmål undervegs.

Servering av kaffi, te og frukt i pausane.

Askvoll kommune (C) Alle rettar reservert 2014

5


4. Service i kommunane - Organisering og haldning for å verte best

Målsettinga med kurset er at du skal verte medviten om kva som skal til for å yte framifrå service. Du får kunnskap om kva som er god service og mogelegheiter til å omsette dette til din eigen kvardag. Kurset har og som mål at du skal verte meir kjent med din eigen – og dine kundar sin personlegdom, for å kunne utvikle deg sjølv som servicemedarbeidar. Dato:

Torsdag 8. mai 2014

Tid:

Kl. 9.00 til 15.00

Stad:

Askvoll Fjordhotell

Kurshaldar:

Målgruppe:

Jan Gimse Arfeldt, psykolog, Fagakademiet Alle.

Påmeldingsfrist:

29. april 2014

Servering av kaffi/te og frukt i pausane. Felles lunsj kl. 11.30 til 12.30. OBS: Ver venleg å melde i frå om du har matallergiar som vi må ta omsyn til ved val av lunsj.

Tema for dagen:  Framifrå service  Organisering av servicetilbodet og personleg service. Kva gjer dei beste annleis? Preventive forholdsreglar for å skape gode kunderelasjonar og unngå vanskelege situasjonar.  Forståing for sinne og aggresjon, handtering  Telefonkommunikasjon  Korleis gje avslag/seie «nei» på ein positiv måte  Kva skal ein tolerere?  Praktiske øvingar  Eigen personlegdom i høve kundar og kollegaer Vegen vidare: Metodikk for løpande serviceutvikling: «Anerkjennande intervju» som metode for å vidare-utvikle god service.

Askvoll kommune (C) Alle rettar reservert 2014

6


4. IA-avtalen Tilsette og arbeidsgjevar sin medverknadsplikt i sjukefråværsarbeidet

IA-avtalen sitt overordna mål er å førebygge og redusere sjukefråvær, styrke jobbnærværet og betre arbeidsmiljøet, samt hindre utstøyting og fråfall frå arbeidslivet. Frå 2014 skal det inngåast ei ny avtale for neste periode. Dato:

Mai/juni 2014 (dato kjem)

Tid:

Kl. 9.00 til 12.00

Stad:

Storstova, Askvollheimen

Kurshaldar:

Terje Svalheim , NAV arbeidslivssenter Alle. Obligatorisk for hovudverneombod, verneombod, varaverneombod og alle leiarane. Dato kjem

Målgruppe:

Påmeldingsfrist:

I dette kurset vil du som medarbeidar og leiar få informasjon om rettar og pliktar for begge partar i samband med sjukefråvær. Det er mogeleg å stille spørsmål undervegs.

Servering av kaffi, te og frukt i pausane.

Askvoll kommune (C) Alle rettar reservert 2014

7


5. Pensjon Kva er nytt og kva bør du vite som arbeidstakar på ulike stadium i arbeidslivet

Pensjon – kva er nytt og kva bør du vite som arbeidstakar på ulike stadium i arbeidslivet.

Dette kurset er både ei kort innføring i pensjonsordninga og ei mogelegheit til å få ein ein-til-ein-samtale med pensjonsrådgjevar frå KLP. Alle er hjarteleg velkommen til å høyre på innleiingsføredraget. Dei som ønskjer samtale med KLP-rådgjevar må notere dette i påmeldinga.

Dato:

Mai/juni 2014 (dato kjem)

Tid:

Kl. 9.00 til 12.00

Stad:

Storstova, Askvollheimen

Kurshaldar: Målgruppe:

Anders Austrheim, KLP Pensjon Alle

Påmeldingsfrist:

Dato kjem

Servering av kaffi, te og frukt.

Askvoll kommune (C) Alle rettar reservert 2014

8


6. Grunnkurs HMT og leiarkurs HMT 40 timars kurs i arbeidsmiljø og HMT-opplæring for leiarar i høve arbeidsmiljøloven § 3-5 HMS grunnkurs oppfyller arbeidsmiljøloven sitt kravet om 40 timar dokumentert HMTopplæring av verneombod, fyrstelineleiarar og medlemmar av AMU. Kurset gjev ei innføring i kva helse-, miljø- og tryggleiksarbeid – HMT inneber for verksemda og den einskilde arbeidstakaren. Det vert gjennomført som to dagar i klasserom kl 09.00-16.00, og e-læring, som vert gjennomført på dei ulike arbeidsplassane.

Dato: Tid:

August/september 2014 (dato kjem) Kl. 9.00 til 16.00

Stad:

Askvoll Fjordhotell

Kurshaldar: Målgruppe:

BHT – Stamina Helse Verneombod (inkl. HVO og vara), alle leiarane og medlemmar av AMU Dato kjem

Påmeldingsfrist:

Servering av kaffi, te og frukt. Felles lunsj kl. 11.30 til 12.30. OBS: Ver venleg å melde i frå om du har matallergiar som vi må ta omsyn til ved val av lunsj.

HMT-opplæring for leiarane oppfyller det obligatoriske kravet i AML § 3-5. For å kunne ta dei rette avgjerdene i høve arbeidsmiljøet, skal arbeidsgjevar inneha kunnskap om kva krav som gjeld i samband med det systematiske helse-, miljø- og tryggleiksarbeidet i organisasjonen. Dette er eit 1-dags kurs i etterkant av grunnkurset. Mellom anna vert følgjande tema omtala:  Arbeidsmiljøloven med føreskrifter  Arbeidsmiljøutvalet – AMU  IA-avtala  Avvikshandtering – melding av uønska hendingar  Nytteeffektar av HMT-arbeidet  Rolle og ansvar i HMT-arbeidet  Krav til internkontroll  Verkemiddel i HMT-arbeidet  Verneombod og arbeidsmiljøutvalet  Krav til arbeidsmiljøet  Det psykososiale arbeidsmiljøet

Askvoll kommune (C) Alle rettar reservert 2014

9


7. E-Læringskurs E-læringskursa innan brannvern, informasjonstryggleik og teieplikt er obligatorisk for alle (markert med *). Merk at nokre av kursa er tilpassa spesifikke yrkesgrupper og vil såleis berre vere obligatorisk for desse. Det vil komme meir informasjon om påmelding, målgrupper og innhald i kursa. 1. Brannvern i omsorgsinstitusjonar* Kurs med eigenandel (må avtalast med leiar) 2. Brannvern i heimetenesta* 12. Legemiddel-/medikamentrekning for 3. Brannvern i oppvekstsektoren * sjukepleiarar (kr. 100,-) (barnehage/skule) 13. Basiskurs i smittevern og hygiene for 4. Brannvern- generelt * personell i helsetenesta (kr. 565,-) (administrasjonsmedarbeidarar) 14. Grunnkurs i epilepsi for helsepersonell 5. Informasjonstryggleik * (kr. 300,-) 6. Informasjonstryggleik på legekontoret* 15. Epilepsi, utviklingshemming og sjeldne (Modul 1 for legar/leiar og modul 2 for epilepsirelaterte syndrom (kr. 300,-) medarbeidarar) 16. Grunnkurs legemiddelhandtering (kr 7. Teieplikt* - generell 1050,-) for personell i helsetenesta 8. Helsepersonells taushetsplikt* - Vern av tilpassa helsefagarbeidarar og pasientens integritet i helsepersonells assistentar. samtaler med pasienten 9. Ergonomi pleie og MERK: Kurs med eigenandel kan verte omsorg/sakshandsamarar (evt. kurs med gratis til hausten, det kan difor løne seg å instruktør) avvente dette. 10. Etiske dilemma – det å ta viktige avgjerder som får store konsekvensar for andre menneske sitt liv. 11. Opplæringsprogrammet pårørande – for tilsette og leiarar i kommunale og spesialiserte tenester (psykisk helse, rus, somatikk). Programmet skal stimulere til refleksjon rundt eigen praksis og til å utvikle gode rutinar i møte med barn og vaksne pårørande.

Askvoll kommune (C) Alle rettar reservert 2014

10


8. Komande kurs Det er planlagt ein del kurs til hausten, der ein framleis ikkje har oversyn over tidspunkt og dato. Desse kursa er nemnde nedanfor. Det vil evt. og komme fleire kurs basert på etterspurnad og behov utover hausten. Så snart dato/tidspunkt er avklara vil denne kurskatalogen verte oppdatert. 1. Generelt førstehjelpskurs for alle tilsette, 3 timar 2. Ergonomiopplæring – a) Forflyttningsteknikk (pleie og omsorg), 3 timar b) For personar med stillesitjande arbeid, 1,5 timar

Askvoll kommune (C) Alle rettar reservert 2014

11


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.