Page 1

Personalhandbok for Askvoll kommune

Personalhandbok for Askvoll kommune Vedteken i kommunestyret 18. juni 2012

1


Personalhandbok for Askvoll kommune

Innhold Kap I Administrative føresegner ................................................................................................ 3 1.Definisjon ............................................................................................................................ 3 2.Omfang ................................................................................................................................ 3 3.Likestilling .......................................................................................................................... 3 4.Tilsetjing.............................................................................................................................. 3 5. Legeattest, politiattest......................................................................................................... 3 6. Nytilsette ............................................................................................................................ 3 7. Oppfølgjingssamtale etter 2 mnd. tilsetjing ....................................................................... 3 8. Arbeids- og kviletid ............................................................................................................ 4 9. Pausar i arbeidstida............................................................................................................. 4 10. Ferie .................................................................................................................................. 4 11. Seniortiltak ....................................................................................................................... 4 12. Fråvær frå arbeidet ........................................................................................................... 4 13. Utbetaling av løn .............................................................................................................. 4 14. Erstatning for skade på eignelutar .................................................................................... 5 15. Reiserekning ..................................................................................................................... 5 16. Forskot på løn ................................................................................................................... 5 17. Feilutbetaling av løn ......................................................................................................... 5 18. Timelister og a-kontoutbetaling for timelønte ................................................................. 6 19. Permisjon .......................................................................................................................... 6 20. Tiltak ved langvarig sjukdom og redusert arbeidsevne .................................................... 6 21. Oppseiing ......................................................................................................................... 7 22. Anna løna arbeid .............................................................................................................. 7 23. Varsling om kritikkverdige forhold .................................................................................. 7 24. Teieplikt ........................................................................................................................... 8 25. Forsikringar ...................................................................................................................... 8 26. Vanleg orden .................................................................................................................... 8 27. Handsaming av utstyr ....................................................................................................... 8 Kap II Etiske reglar for tilsette i Askvoll kommune .................................................................. 8 Kap III – Tilsetjingsreglement ................................................................................................. 10 Kap IIII - arbeidstidsreglement ................................................................................................ 17 Kap V – permisjonsreglement .................................................................................................. 20 Kap VI - lønspolitikk................................................................................................................ 24 Livsfasepolitikk i Askvoll kommune ............................................................................ 29 Kap VII – Reglement for telefon og elektronisk utstyr ............................................................ 32 Kap VIII - flyttegodtgjersle ...................................................................................................... 35 Kap IX – Reglement for påskjøning av tilsette ........................................................................ 36 Kap. X - IKT-reglement ......................................................................................................... 37 Kap. XI - Arbeid ved dataskjerm ........................................................................................... 40 Kap. XII - Vedlegg ................................................................................................................. 41 1. Oppfølgjingssamtale etter 2 månaders tilsetjing .......................................................... 41 2. Oppfølgjingssamtale etter 5 månaders tilsetjing .......................................................... 43 10. Mal for medarbeidarsamtale ...................................................................................... 45 3. Søknad om permisjon /Melding om fråvere ................................................................. 46 4. Eigenmeldingsskjema ved sjukdom ............................................................................ 47 5. Avtale om elektronisk kommunikasjonsteneste i arbeidsforhold ............................... 49 11. Erklæring om teieplikt ............................................................................................... 50

2


Personalhandbok for Askvoll kommune

Kap I Administrative føresegner 1.Definisjon Reglementet gjeld for heile kommunen si verksemd og i interkommunale einingar der Askvoll kommune er administrativ myndigheit. 2.Omfang Reglementet gjeld for alle kommunale arbeidstakarar i eit fast forpliktande arbeidsforhold, jfr. Fellesbestemmelsane i Hovudtariffavtala (Hta). Reglementet gjeld ikkje når det er i strid med lov, tariffavtalar eller andre retningsliner som er bindande for kommunen.

3.Likestilling Askvoll kommune skal arbeide aktivt for likestilling mellom kjønna i tråd med intensjonane i likestillingslova. 4.Tilsetjing Arbeidstakarar vert tilsett i Askvoll kommune – ikkje i den enkelte etat, eining eller avdeling og på dei løns- og arbeidsvilkår som er bestemt i gjeldande lover, reglement, tilsetjingsdokument og tariffavtalar. Tilsetjing skal gjerast med skriftleg melding til arbeidstakaren. Tilsetjingsbrev, arbeidsavtale og stillingsomtale skal syne kva vilkår og forpliktingar som gjeld for stillingen.

5. Legeattest, politiattest For stillingar der det vert stilt særskilde krav til helse eller vandel, og dette er heimla i lov eller forskrift, skal tilfredstillande attest leggast fram før det vert skrive arbeidsavtale.

6. Nytilsette Nytilsette skal takast imot første dagen av næraste overordna og presenterast for dei andre tilsette på avdelinga og få informasjon om verneombod og arbeidstakarorganisasjonar. Kvar avdeling skal ha ein plan for informasjon om rutinar og opplæring i dataprogram og anna den tilsette treng å vite i arbeidet. Den tilsette skal få utdelt eit eksemplar av personalhandboka i Askvoll kommune.

7. Oppfølgjingssamtale etter 2 mnd. tilsetjing Oppfølgjingssamtale etter 2 månader er eit ledd i introduksjon av nytilsette og oppfølgjing av den avtalte prøvetida. Ved behov bør det gjennomførast ytterlegare samtalar for oppfølging av prøvetida. Etter seinast 5 månader skal denne samtala følgjast opp med ei ny oppfølgingssamtale som legg sterkare vekt på oppnådde arbeidsmål og utført arbeid.

3


Personalhandbok for Askvoll kommune

8. Arbeids- og kviletid Arbeidstida er regulert av lov- og avtaleverk, i arbeidsplan/turnusplan og Askvoll kommune sitt arbeidstidsreglement jfr. adm.utval sak 06/11 innteke lenger bak i personalhandboka.

9. Pausar i arbeidstida Tilsette i Askvoll kommune skal ha minst ein pause dersom den daglege arbeidstida overstig fem og ein halv time. Pausane skal til saman vere minst ein halv time dersom den daglege arbeidstida er minst åtte timar. Dersom arbeidstakaren ikkje fritt kan forlate arbeidsstaden under pausen eller der det ikkje er tilfredstillande pauserom, skal pausen reknast inn som ein del av arbeidstida. Når forholda gjer det nødvendig, kan pausen forskyvast. Sjå eller aml. § 10-9. I samband med overtid gjeld særskilde reglar. 10. Ferie Avvikling av ferie skal i god tid før ferien drøftast med den enkelte arbeidstakar eller tillitsvalde. Dersom det ikkje vert semje om ferieavviklinga fastset arbeidsgjevar tida for ferien innanfor grensene i ferielova . Arbeidstakar over 60 år fastset sjølv tida for avvikling av ekstraferien, dersom ikkje anna er avtala. Ekstraferien kan takast samla eller med en eller fleire dagar om gongen. Ferielistene vedkomande hovudferien skal gjerast kjent seinast 2 månader før ferien tek til. Arbeidstakarar over 60 år skal etter lova gje melding minst 2 veker før avvikling av ekstraferie, men det er ønskjeleg at arbeidstakaren gjev melding så tidleg som råd. Undervisningspersonale avviklar heile den lovfesta ferien samanhengande i juli månad.

11. Seniortiltak For å motivere seniorane til å utsetje pensjoneringa, har Askvoll kommune vedteke å gje tilsette som er 62 år og eldre, ekstra fridagar med løn. Tiltaka er omtalt i under punktet livsfasepolitikk lenger bak i personalhandboka. 12. Fråvær frå arbeidet Fråvær frå arbeidet på grunn av sjukdom, sjuke born ulykke eller andre årsaker skal så snart som råd meldast til næraste overordna. Dersom fråværet skuldast eigen eller borns sjukdom må arbeidstakaren følgje reglane i folketrygdlova, tariffavtala og lokale reglar for kommunen som IA-bedrift.

13. Utbetaling av løn Løn vert utbetalt den 12. i kvar månad, eller næraste føregåande yrkedag. Kvar arbeidstakar pliktar så langt det er råd å kontrollere at utbetalt beløp er rett.

4


Personalhandbok for Askvoll kommune

Frådrag i løn kan berre gjerast i følgjande tilfelle: 1. Lovbestemte trekk 2. Pensjonsinnskot 3. Sum som er skriftleg avtalt mellom kommunen og vedkomande tilsette eller tillitsvalde 4. Fagforeiningskontingent dersom vedkomande sin organisasjon ber om det jfr. Hovudavavtala § 9 5. Erstatning for skade eller tap arbeidstakaren med vilje eller grov aktløyse har påført kommunen. Vilkåret er at arbeidstakaren skriftleg erkjenner erstatningsansvar, eller rettsstridig sluttar i stillinga. 6. Forskot på løn Lønstrekk skal avgrensast til den delen av løna som er rimeleg å tru at arbeidstakaren treng for å forsyte seg sjølv og huslyden sin, jfr. dekningslova sine reglar. Før trekket vert gjennomført skal det drøftast med arbeidstakaren. Korrigering av løn i etterfølgjande månad på grunn av feil utbetalt løn, permisjon, fråvær eller skoft, skal ikkje reknast som trekk i løn.

14. Erstatning for skade på eignelutar Tilsette som utan skuld får briller, klokker, klede m.m. øydelagt i arbeidssituasjonen, kan etter ei konkret vurdering få dette erstatta av kommunen. Krav om erstatning skal setjast fram på eiga skademelding der hendinga vert omtala og verdien av gjenstanden dokumentert.

15. Reiserekning Tilsette får dekka utgifter til reise og opphald på tenestereiser og kurs etter staten sitt reiseregulativ. Det kan avtalast å fråvike dette i særskilde tilfelle i samband med kurs ol. Reiserekningar skal leverast etter enkeltreise, månadleg eller kvartalsvis etter avtale med overordna. Reiserekninga skal leverast inn slik at utgifta kan førast i rekneskapen for det året reisa var gjort. Foreldingsfristen for reiserekningar i Askvoll kommune er eitt år frå reisa var avslutta. 16. Forskot på løn For tilsette med fastløn den 12. i kvar månad, vert det som hovudregel ikkje utbetalt forskot på løn. I særskilde høve kan rådmann/einingsleiar samtykkje i at arbeidstakar får inntil 2 netto månadsløner på forskot. Tilvisar skal gjere skriftleg avtale med arbeidstakaren om attendebetaling. 17. Feilutbetaling av løn Tilsette pliktar å kontrollere lønsslippen og gje melding til næraste overordna om det feil. Arbeidsmiljølova § 14-15 sine reglar fastset at den enkelte arbeidstakar og arbeidsgjevar kan inngå skriftleg avtale om trekk i lønn. På grunnlag av denne avtala kan det trekk i løn

5


Personalhandbok for Askvoll kommune gjennomførast, men størrelsen må avpassast etter arbeidstakaren sine alminnelige løpande utgifter. Tap i refusjon av sjukepengar frå Nav på grunn av manglande innlevering av sjukmelding, er å sjå på som feilutbetaling av løn. 18. Timelister og a-kontoutbetaling for timelønte For tilsette som er løna etter timelister, kan arbeidstakaren i særskilde høve få à kontoutbetaling i hht innlevert timeliste. Utbetalinga kan maksimalt tilsvare utrekna nettoløn for den aktuelle timelista. Det skal vere romsleg praktisering for unge ferievikarar og evt. ung-jobb. Timelister skal leverast avdelinga/næraste overordna så snart som råd når perioden er ute. Timelistene skal leverast inn slik at utgifta kan førast i rekneskapen for det året arbeidet var gjort. Timelister som vert sendt inn seinare enn eit kvartal inn i det påfølgjande året, vert ikkje dekka av kommunen.

19. Permisjon For permisjon vert det vist til reglane i arbeidsmiljølova, tariffavtala og kommunen sitt vedtekne delegasjons- og permisjonsreglement.

20. Tiltak ved langvarig sjukdom og redusert arbeidsevne Dersom arbeidstakarar er vorte yrkeshemma som følgje av ulykke, slitasje, sjukdom e.l. eller av andre grunner har spesielle behov, skal kommunen forsøke å legge til rette arbeidet til beste for arbeidstakaren. Dersom situasjonen ikkje kan løysast tilfredsstillende skal det vurderast å setje i verk bedriftsintern attføring i samråd med bedriftshelsetenesta etter reglane som gjeld for dette arbeidet. Ved sjukefråvær/attføringstiltak ut over sjukepengeperioden skal arbeidstakeren søkje om permisjon frå stillinga. Permisjon vert i første omgang gitt for inntil eitt år. Permisjonen kan ytterlegare forlengast dersom det vert gjennomført aktiv attføring eller behandling, og det er sannsynleg at arbeidstakaren vil komme tilbake til arbeid i Askvoll kommune innan rimelig tid. Etter 12 mnd. samanhengende sjukefråvær eller etter overgang til uføretrygd eller arbeidsavklaringspengar, kan arbeidsgjevar ta opp spørsmålet om arbeidstakaren sitt tilsetjingsforhold, dersom arbeidstakeren ikkje er i arbeidstrening eller under behandling med utsikt til betring. Dersom situasjonen tilseier at arbeidstakaren ikkje innan eit rimelig tidsrom igjen kan ta til i arbeid, har kommunen høve til å vurdere tilsetjingsforholdet og gå til oppseiing frå stillinga, jfr. bestemmelsane i Arbeidsmiljølovens § 15-8.

6


Personalhandbok for Askvoll kommune 21. Oppseiing Oppseiing frå arbeidstakar: Oppseiinga skal vere skriftleg og sendast tenesteveg. Oppseiingstida gjeld frå den dagen arbeidsgjevar har motteke oppseiinga. Rådmannen tek avgjerd om evt. nedkorta oppseiingstid. Arbeidstakar som sluttar i teneste har krav på sluttattest.

Oppseiing frå arbeidsgjevar: Ein arbeidstakar kan ikkje seiast opp utan sakleg grunngjeving. Oppseiinga skal grunngjevast, jfr. Fvl. §24 . Oppseiinga kan vere grunngjeven i t.d budsjettvedtak, omorgansering eller i forhold knytt til arbeidstakaren sitt arbeidsforhold. Oppseiingsfristane skal være i samsvar med gjeldande reglar i lov og tariffavtale. Om arbeidstakaren sine rettar ved oppseiing, visast det elles til Aml. kapittel §15 og Fvl. sine reglar.

Suspensjon Medan spørsmålet om evt. avskjed vert handsama, kan rådmannen i heilt spesielle tilfeller suspendere arbeidstakaren frå stillinga jfr. aml.§ 15-13 Grunnlaget for å kunne føreta suspensjon er at det er naudsynt av omsyn til tenesteytinga at arbeidstakaren straks vert fjerna frå stillinga, og at det må være grunn til å vurdere at vilkåra for avskjed etter Aml. § 15-14 er til stades Vedtak om suspensjon kan klagast inn til kommunen si klagenemnd etter reglane i Fvl. §28. Fristen for klage er 3 veker frå det tidspunkt underretning om suspensjon er komen fram til arbeidstakaren.

Avskjed Askvoll kommune kan avskjedige en arbeidstakar med påbud om øyeblikkeleg å fråtre stillinga dersom denne har gjort seg skyldig i grovt pliktbrot eller anna vesentleg misleghald av arbeidsavtala. Avskjed skal meddelast skriftleg og grunngjevast, jfr. Fvl. §24, samt innehalde opplysningar om rett til å kreve forhandling, reise søksmål og kva for fristar som gjeld.

22. Anna løna arbeid Kommunale arbeidstakarar kan ikkje utan løyve ta til i anna løna arbeid som vil vera av eit slikt omfang at det kan gå ut over vedkomande si arbeidsyting i kommunen, eller føre til inhabilitet etter forvaltningslova. 23. Varsling om kritikkverdige forhold Arbeidstakarar har rett til å varsle om kritikkverdige forhold i kommunen jfr arbeidsmiljølova § 2-4 Arbeidstakar skal som hovudregel varsle til næraste overordna jfr HMT-handboka pkt.7-1. Arbeidstakar som varslar om kritikkverdige forhold, er verna etter aml.§ 2-5

7


Personalhandbok for Askvoll kommune

24. Teieplikt Ved tilsetjing skal arbeidstakaren vera gjort kjend med teieplikta, jfr. §13 i forvaltningslova. Arbeidstakar skal skrive under på teiepliktsskjema. Brot på teieplikta kan medføre straff i samsvar med straffelova § 121 og/eller med oppseiing av stillinga.

25. Forsikringar Dei tilsette i kommune er omfatta av gruppelivsforsikring og yrkesskade/yrkessjukdomsforsikring etter reglane i HTA §§ 10 og 11.

26. Vanleg orden Arbeidstakaren skal vere møtt fram på arbeidsplassen/frammøtestaden når arbeidstida tek til eller innanfor ramma den fleksible arbeidstida gjev jfr. arbeidstidsregelmentet …... Naudsynt fråvær frå arbeidsplassen i arbeidstida skal avklarast med næraste overordna. Arbeidstakaren skal ikkje vere påverka av alkohol eller anna rusmiddel i arbeidstida, eller ha eit misbruk utanom arbeidstida som går utover arbeidsevna. Dette gjeld og ved kurs og tenestereiser. Misbruk kan føre til oppseiing eller avskjed frå stilling. Askvoll kommune kan tilby behandlingsopplegg som alternativ til oppseiing eller avskjed, jfr. HMT-handboka sine reglar for Akanutval.

27. Handsaming av utstyr Alt inventar, maskiner, køyretøy, verktøy, materiell o.l må handsamast med varsemd. Arbeidstakaren må rette seg etter reglar og pålegg som er gjevne for å tryggje liv, helse og eigedom og nytte det verneutstyret som er påbode etter lov og forskrift. Pc-ar, både den stasjonære og evt. bærbare, skal handsamast og brukast i tråd med reglane i IKT-reglementet for kommunane i Sysikt.

Kap II Etiske reglar for tilsette i Askvoll kommune 1. Føremål og virkeområde Føremålet med Askvoll kommune sine etiske reglar er å sikre ein god etisk praksis og definere ein felles standard for tilsette i kommunen. Dei etiske reglane gjeld alle tilsette. 2. Generelt Tilsette i kommunen skal arbeide for fellesskapet sitt beste i tråd med lover, reglar og politiske vedtak. Kommunen sine tilsette skal utføre oppgåvene og opptre på ein måte som ikkje skadar kommunen sitt omdømme og tillit blant innbyggjarane. 3. Møte med kommunen sine brukarar Tilsette skal møte innbyggarar og brukarar med respekt. Fagleg kunnskap og fagleg skjønn skal ligge til grunn i rådgjeving, utøving av mynde og tenesteyting. Samanblanding av tilsette og brukarane sine private interesser og økonomiske midlar, skal ikkje skje. 8


Personalhandbok for Askvoll kommune

4. Forvaltning av samfunnet sine fellesmidler Tilsette skal være bevisst på at dei forvaltar samfunnet sine fellesmidler på vegne av alle innbyggarane i kommunen. Kommunen sine tilsette pliktar å ta vare på kommunen sine ressursar på ein økonomiske og rasjonell måte, og skal ikkje misbruke eller sløse med kommunale midlar. Tilsette skal ikkje gjennom arbeidet, tileigne seg personlege fordelar, verken økonomiske midlar, eigedom eller andre eigendelar. 5. Habilitet Alle som gjer vedtak og legg til rette for vedtak er bundne av forvaltningslova sine habilitetsreglar. Tilsette har ei sjølvstendig plikt til å varsle overordna om inhabilitet slik at han/ho kan fritakast frå vidare arbeid med saka. Ved tvil om habilitet skal den tilsette legge spørsmålet fram for næraste leiar. Så langt råd bør kommunen unngå at personer i nær familie kjem i underordna/overordna forhold til kvarandre. Ved tilsetting som fører til at personer i nær familie kjem i overordna/underordna forhold til kvarandre, må ein vere særleg merksam på forvaltningslova sine reglar om ugildskap i arbeidsforholdet, og krav til uavhengig kontroll i økonomiske saker. 6. Forbud mot gåver og andre fordelar i tenesta Tilsette må ikkje ta i mot gåver, provisjonar, tenester eller andre ytingar i samband med innkjøp og kontrakter, eller ta imot ytingar som er meint å påverke den tilsette si utøving av tenesta. Dette omfattar også gunstige tilbod knytt til reiser og opphald. Med mindre gåva er av ubetydelig verdi, pliktar også tilsette i Askvoll kommune å gje avkall på gåver og testamentariske gåver frå brukarar av kommunen sine omsorgstenester, sjølv om gåva ikkje kan påverke tenesteytinga. 7. Innkjøp Kommunen sine innkjøp og investeringar må gjerast på ein slik måte at innbyggarar, brukarar og leverandørar har tillit til kommunen som forvaltar av fellesmidlar og som forretningspart. Tilsette med ansvar for innkjøp og investeringar pliktar å sette seg grundig inn i og leve etter lov og forskrift om offentlege innkjøp og kommunen sitt eige regelverk på området. 8. Avstå fra kjøp av seksuelle tenester Tilsette i Askvoll kommune skal ikke oppføre seg på ein måte som set kommunen i miskreditt. Tilsette som i Noreg eller i utlandet er på tenestereise eller anna oppdrag for kommunen, skal halde seg frå å kjøpe seksuelle tenester. Dette gjeld også i fritida under slike oppdrag. 9. Offentleglova Askvoll kommune skal gje offentlegheita innsyn i den kommunale forvaltninga. Kommunen praktiserar meiroffentlegheit i forvaltninga og gjer den offentlege postjournalen tilgjengeleg på heimesida. Kommunen sine tilsette skal alltid gje korrekte og tilstrekkelege opplysningar til innbyggarar, organisasjonar, selskap og andre myndigheiter. 10. Ansattes ytringsfrihet og rett til å varsle Tilsette kan gje faktaopplysninger om eige arbeidsområde. Som alle andre borgarar kan kommunen sine medarbeidarar delta i samfunnsdebatten og uttale seg på eigne vegne.

9


Personalhandbok for Askvoll kommune Kritikkverdige forhold i verksemda bør takast opp, slik at forholda kan betrast. Varsling bør først skje internt, men tilsette har rett til å varsle offentlege når dette er formålstjenlig. 11. Leiaransvar Leiarar i Askvoll kommune skal byggje ein organisasjonskultur basert på åpenheit, og som tek i vare kommunen sitt verdigrunnlag og etiske reglar. Leiarar på alle nivå skal gå gjennom dei etiske reglane med medarbeidarane ein gong i året, og ved nytilsetjing. Leiarane skal sjå til at alle tilsette har underteikna på at de har lese og forstått kommunen sine etiske reglar. 12. Personleg ansvar Tilsette har eit personlig og sjølvstendig ansvar for å følgje kommunen sine etiske reglar. Dersom det skulle oppstå tvil om tolkinga, må dette takast opp med næraste leiar.

Nettvett ved bruk av sosiale medier Tilsette må være bevisst på rolla si som kommunalt tilsett ved bruk av sosiale media. Rettleiing er innteke i eige IKT-reglement for alle kommunane i Sysikt.

Kap III – Tilsetjingsreglement Verkeområde 1.1. Reglementet gjeld ved tilsetjing i alle stillingar i kommunen dersom anna ikkje er fastsett i lov, forskrift, anna reglement fastsett i medhald av lov, eller avtalar som kommunen er bunden av. Reglementet er elles utarbeidd i samsvar med hovudavtalen. 2. TILSETJINGSFORMER 2.1. Fast tilsetjing Arbeidstakarar i Askvoll kommune skal som hovudregel tilsetjast i fast stilling. 2.2. Tidsavgrensa tilsetjing Tidsavgrensa tilsetjing kan berre nyttast når det er lovleg etter arbeidsmiljølova (AML) §14-9 og 14.10. Slik tilsetjing skal vere klårt avgrensa i tid. 2.3. Følgjande former for tidsavgrensa tilsetjing kan nyttast i Askvoll kommune: 2.3.1. Vikariat Dersom tilsetjing er nødvendig for å dekke ei stilling når stillingsinnehavaren mellombels er borte frå stillinga p.g.a. sjukdom, permisjon o.l., kan det tilsetjast vikar. Vikariatet skal gjelde for ein fastsett tidsperiode, eller det kan knytast til den faste stillingsinnehavaren sitt fråvære. 10


Personalhandbok for Askvoll kommune

Dersom vikaren går over i eit nytt vikariat, skal det gjerast ny arbeidsavtale. 2.3.2. Stedfortrederteneste Ein arbeidstakar kan bli pålagd stedfortrederteneste utan at tilsetjingsorganet treng å gjere vedtak om dette. 2.3.3. Konstituering Mellombels tilsetjing i overordna stilling (konstituering) kan nyttast dersom stillinga vil bli ståande ledig meir enn 1 månad.. Konstituering kan gjerast dersom den faste stillingsinnehavaren mellombels er borte frå stillinga, eller stillinga er ledig. Føresetnaden for å nytte konstituering er at stillinga er tillagt eit klårt definert leiaransvar.

Den som skal konstituerast må fylle dei krav til kvalifikasjonar som gjeld for stillinga. Om stadfortredarteneste/konstituering blir det elles vist til Hovudtariffavtalen §13. 2.3.4. Tidsavgrensa tilsetjing i rekrutteringsperioden og ved manglande formell kompetanse for stillinga - vikariat Det kan tilsetjast vikar for periodar frå stillingsinnehavar sluttar til den nytilsette tek til i stillinga. Dersom det er nødvendig å tilsetje ein arbeidstakar som ikkje fyller dei formelle kvalifikasjonskrav som er fastsett for stillinga, kan vedkomande tilsetjast for ein periode på inntil 1 år om gongen. Før det evt. vert inngått ny tidsavgrensa avtale, skal stillinga lysast ut igjen med dei fastsette utdanningskrav. Det er ein føresetnad at det vert drive aktivt rekrutteringsarbeid, og at den som er tilsett i vikariatet vert halden orientert om dette. 2.3.5. Engasjement Når det er trong for ein arbeidstakar for å utføre eit arbeid/oppdrag av forbigåande art, skal tilsetjing gjerast ved engasjement. Engasjement skal vere avgrensa til eit fastsett tidsrom, eller knytast til avslutninga av arbeidet/oppdraget. Arbeidsoppgåvene må i slike høve vere klårt definerte og skilje seg frå arbeidet som ordinært vert utført i verksemda. 2.3.6. Praksisarbeid/praktikantteneste Arbeidstakarar som er tekne inn for å skaffe seg nødvendig praksis i samband med utdanning, kan tilsetjast mellombels for inntil 1 år om gongen. 2.3.7. Lærekontrakt

11


Personalhandbok for Askvoll kommune Ein lærling er arbeidstakar og er tilsett i den verksemda som gir opplæring, med dei rettar og plikter som følgjer av lov og tariffavtalar. Når læretida er avslutta, opphøyrer arbeidsavtalen. 3. TILSETJINGSORGAN 3.1. Desse organa har mynde til å tilsetje i kommunale stillingar jfr. reglement for tilsetjingsutvalet vedteke i K-sak 28/08 Tilsetjingsutval for Askvoll kommune, kommunestyret. I tillegg kan tilsetjing gjerast av administrativ leiar, jfr. pkt. 4.1. 3.2.1 Tilsetjingsutvalet skal vere samansett av 3 medlemer. 2 av medlemene skal vere arbeidsgjevarrepresentantar, 1 skal representere arbeidstakarane. Den eine av arbeidsgjevarrepresentantane skal vere leiar av utvalet. Ass.rådmann er til vanleg leiar av utvalet. 3.2.2. Arbeidstakarorganisasjonane på arbeidsstaden avgjer om arbeidstakarrepresentanten skal vere fast eller veksle alt etter kva for arbeidstakargrupper tilsetjinga gjeld. Arbeidstakarorganisasjonane peikar sjølve ut sin representant. 3.2.3. Tilsetjinga skal gjerast i eigne møte og alle medlemene vere til stades for at utvalet skal vere vedtaksført. Møta kan gjennomførast som telefonmøte. Tillitsvaldrepresentantar peikar ut ein vararepresentant frå ein annan organisasjon som møter i tilfelle streik eller andre liknande høve. Dersom denne heller ikkje kan møte, kan tilsetjingsutvalet tilsetje utan å vere fulltallige 3.2.4. Det skal førast møtebok frå alle møte i tilsetjingsutvalet. Alle framlegg og vedtak skal førast inn.

4. INNSTILLINGS- OG TILSETJINGSMYNDE 4.1. Tilsetjing i tidsavgrensa stillingar inntil 6 mnd. kan gjerast av administrativ leiar. Tilsvarande gjeld ved konstituering. Konstituering av administrativ leiar skal gjerast av næraste overordna leiar. 5. Framgangsmåte ved tilsetjingar 5.1. Vurdering av ledige stillingar Før ei stilling blir kunngjort ledig, skal administrasjonen i samråd med tillitsvalde vurdere: -om dei noverande arbeidsoppgåvene framleis er aktuelle - om arbeidsoppgåvene kan overlatast til andre arbeidstakarar - framtidige arbeidsoppgåver - stillinga sin plass i organisasjonen - forventa organisasjonsendringar og endringar i rammevilkår

12


Personalhandbok for Askvoll kommune - krav om utdanning/kompetanse og personlege eigenskapar Det skal i tillegg vurderast: - om det er tilsette i organisasjonen som har fortrinnsrett til stillinga, jfr. AML §§ 14-2 - om det er tilsette i organisasjonen som skal omplasserast til andre arbeidsoppgåver som følgje av bedriftsintern attføring jfr. aml § 4-6 - om det er tilsette som kan krevje utvida arbeidstilhøve inntil heil stilling, jmf. HTA § 2.3.1 skal desse få tilbod om stillinga. Dette avheng av om den tilsette er kvalifisert for stillinga etter ei vurdering av teoretisk kompetanse, relevant praksis og om vedkommande er skikka for stillinga. Det kan i slike saker gjennomførast intervju. - om det bør rekrutterast nyutdanna til stillinga. Lønsplassering: Sjå plan for løn og arbeidsforhold for Askvoll kommune Etter drøftingar med tillitsvalde for verksemda kan rådmannen gjere om faste stillingar . 5.2. Kunngjering 5.2.1. Ledige stillingar skal som hovudregel kunngjerast offentleg og meldast til arbeidsformidlinga, jfr. arbeidsmarkedsloven § 7 5.2.2. Overordna stillingar skal kunngjerast i relevante lokalaviser i fylket, evt. regionsaviser, evt fagblad og internett. 5.2.3. Ledige stillingar skal elles kunngjerast slik administrasjonen finn det mest tenleg for å sikre god rekruttering til stillingane. 5.2.4. Tilsetjingsorganet kan i særlege høve avgjere at stillinga berre skal kunngjerast internt, eller at stillinga ikkje skal kunngjerast. Tilsetjingsorganet drøftar før intern utlysing kva område utlysinga gjeld for, t.d. avdeling eller institusjon. Interne utlysingar gjeld berre for fast tilsette. 5.2.5. Vikarar og andre i tidsavgrensa tilsetjingsforhold kan takast inn utan føregåande kunngjering når omsynet til tenesta tilseier det og arbeidet ikkje vil vare meir enn 6 mnd. 5.2.6. Kunngjeringa skal m.a. gje opplysning om stillinga er fast eller tidsavgrensa, arbeidsområde og kvalifikasjonskrav for stillinga, og gjeldande løns- og tilsetjingsvilkår. 5.2.7. Det bør ikkje stillast strengare krav til søkjarane sine kvalifikasjonar enn det som er nødvendig for stillinga. 5.2.8. Stillingsannonsa må utformast slik at både kvinner og menn kan søkje stillinga. Innan område og stillingskategoriar der kvinner eller menn er underrepresenterte, kan det i stillingsannonsa takast inn ei oppmoding til underrepresentert kjønn om å søkje. 5.3. Søknadsfrist

13


Personalhandbok for Askvoll kommune 5.3.1. Søknadsfristen ved offentleg kunngjering bør vere minst 14 dagar. I særlege høve og ved intern utlysing kan fristen vere kortare. 5.3.2. Tilsetjingsorganet avgjer om det skal takast omsyn til søknader som er komne inn etter at fristen er ute. 5.3.3. Administrativ leiar kan avgjere at stillinga skal lysast ut på nytt dersom søkjargrunnlaget ikkje er godt nok. Ved tilsetjing av rådmann kan kommunestyret eller tilrådingsutval oppnemnd av formannskapet avgjere dette. 5.3.4. Søkjarane skal ha melding om at søknaden er motteken, det skal også gjevast informasjon om når tilsetjinga vil bli gjort. 5.4. Utveljing 5.4.1. Den søkjaren som etter ei samla vurdering er best kvalifisert for stillinga, skal tilsetjast. Det blir elles vist til hovudtariffavtalen del I, kap. 1 pkt. 2.2. der det heiter: "Ved tilsetting og opprykk skal det i første rekke tas omsyn til søkernes kvalifikasjoner (teoretisk og praktisk utdanning samt om ein er skikka for stillinga). Askvoll kommune skal nytte seg av intervju i og vurderinga av om kven som er best skikka i dei tilfelle søkjarane ikkje er kjende, eller der kandidatane søkjer ei stilling dei tidlegare ikkje har utført i kommunen. Vurdering av kven som er best skikka, kan ikkje erstatte naudsynte faglege kvalifikasjonar, men skal nyttast for å rangere kandidatar som elles er kvalifisert for stillinga. Relevant praksis som er opparbeidd før ei fagutdanning skal takast omsyn til i ei heilskapsvurdring ved tilsetjing. Når søkjarar av begge kjønn står kvalifikasjonsmessig likt, vert vedkommande søkjar når dette kjønn er underrepresentert føretrekt. Når søkjarar elles står kvalifikasjonsmessig (samla vurdering av utdanning, praksis og skikkaheit) likt, vert den søkjar som har lengst teneste i kommunen føretrekt. 5.4.2. Dersom noverande arbeidsgjevar ikkje er oppgjeven som referanse, skal det skaffast samtykke frå søkjaren før det eventuelt blir teke kontakt. I fall søkjaren ikkje gjev slikt samtykke, og ein likevel finn at det er nødvendig å kontakte noverande arbeidsgjevar, skal søkjaren ha melding om at dette vil bli gjort. Søkjaren må då få informasjon om at han har høve til å trekkje søknaden. 5.4.3. Ved bruk av intervju i utveljinga, bør tilsetjingsutvalet gjennomføre intervjuet. 5.5. Innstilling 5.5.1. Søkjarliste etter offentleghetslova §6 nr. 4, skal setjast opp så snart søknadsfristen er ute. Slik søkjarliste skal innehalde namn, alder, stilling/yrkestittel, bustad- eller arbeidskommune. Utvida søkjarliste med tilleggsopplysningar om søkjarane si utdanning og praksis er ikkje offentleg.

14


Personalhandbok for Askvoll kommune

5.5.2 Det kan leggjast fram skriftleg innstilling for tilsetjingsorganet til møtet eller innstillinga/tilsetjinga i rekkefølgje vert gjort av tilsetjingsutvalet i møte. Dei som er innstilte skal førast opp i prioritert rekkefølgje. 5.5.3 Utval av tillitsvalde har rett til å gje fråsegn ved tilsetjingar der dei organiserer arbeidstakarar som er aktuelle for stillinga. Søkjarliste og evt. søknad og cv vert sendt dei aktuelle organisasjonane til uttale. Frist for å gje uttale skal til vanleg vere ei veke. 5.6. Tilsetjing 5.6.1 Tilsetjingar blir avgjort ved vanleg fleirtal. 5.6.2 Tilsetjing i tilsetjingsutval kan av kvart medlem i møtet krevjast lagt fram for administrasjonsutvalet, jfr. reglement for tilsetjingsutvalet pkt.04. Det er ikkje høve til å anke vidare når avgjerd er teken i overordna organ. 5.6.3 Melding om tilsetjing skal vere skriftleg. Dette gjeld og tidsavgrensa tilsetjingar. Melding om vedtak skal innehalde: - arbeidstakaren sitt namn - kva for stilling vedkomande er tilsett i - opplysningar om at arbeidstakaren er tilsett i Askvoll kommune og kva for tenestestad (institusjon, skule m.v) arbeidstakaren skal tenestegjere ved - kva for vilkår og plikter som gjeld for stillinga. 5.6.4 Ved fast tilsetjing bør søkjaren ha ein frist på inntil 14 dagar til å seie frå om han/ho tek imot stillinga. 5.6.5 Når det er klart at den som er tilsett tek imot stillinga, skal dei andre søkjarane ha melding om dette saman med retur av evt. originale attestar og vitnemål. 5.6.6 Det skal nyttast prøvetid ved tilsetjing i faste stillingar Askvoll kommune. 6. OPPSEIING 6.1. Det organet som har tilsetjingsmynde har og mynde til å seie opp personale, og gje avskil for dei same stillingane, kommunestyret der kommunestyret har tilsetjingsmynde, og tilsetjingsutvalet der tilsetjingsutvalet har tilsetjingsmynde. 6.2. Etter AML §14-2 har arbeidstakarar som er oppsagd på grunn av arbeidsmangel, på visse vilkår, førerett til ny tilsetjing i kommunen. Om oppseiing, avskil, suspensjon blir det elles vist til AML kap. 15, føresegnene i forvaltningslova og Askvoll kommune sine eigne retningslinjer. 7. PARTSINNSYN OG OFFENTLEGGJERING 7.1. Forvaltningslova

15


Personalhandbok for Askvoll kommune

7.1.1 Reglane for innsyn i tilsetjingssaker er regulert i forskrift til forvaltningslova nr.1456 gjeldande frå 01.01.07. 7.1.2 Etter føresegnene om partsinnsyn i saker om tilsetjing i den offentlege forvaltninga har ein søkjar rett til å gjere seg kjent med: søkjarliste (utvida) faktiske opplysningar i saksdokumenta om seg sjølv søknader m/vedlegg frå søkjarar som er innstilte eller tilsett i stillinga. Det same gjeld faktiske opplysningar i saksdokumenta om desse opplysningar om kven som er innstilt/tilsett og i kva rekkjefølgje.

7.1.3 Søkjaren/parten har ikkje krav på opplysningar om seg sjølv som det av omsyn til hans/hennar helse eller personar som står søkjaren nær, ikkje er tilrådeleg at han får kjennskap til. Slike opplysningar kan likevel bli gjeve til ein fullmektig for parten dersom ikkje særlege grunnar talar mot det jfr. forvaltningslova § 19 pkt.c vurderingar gjort av tilsetjingsorganet eller nokon som førebur saka for dette organet vurderingar av parten sin nåverande eller tidlegare arbeidsgjevar eller overordna som har handla på vegne av desse vurderingar gjort av parten sin nåverande eller tidlegare oppdragsgjevar eller i særlege tilfelle person parten har hatt nær yrkesmessig kontakt med. 7.1.4 Ein part som får opplysningar om andre søkjarar sine personlege tilhøve av ein slik karakter at dei kjem inn under reglane om teieplikt etter forvaltningslova §13, må berre bruke desse til å vareta si interesse i saka. Dette skal parten/søkjaren alltid gjerast merksam på. 7.2. Offentleglova 7.2.1 Søkjarliste (namn, alder, stilling/yrkestittel, bustad/arbeidskommune) er offentleg etter offentleglova § 25. Opplysningar om ein søkjar kan etter vurdering av grunngjevinga unntakast, dersom søkjaren sjølv ber om det. Det skal i alle fall gå fram av søkjarlista tal søkjarar og kjønn. 8. KLAGE 8.1. Etter forvaltningslova § 3, 2. ledd, kan vedtak om tilsetjing ikkje påklagast. Tilsetjingsorganet har ikkje plikt til å grunngje vedtaket. 9. ENDRINGAR

16


Personalhandbok for Askvoll kommune 9.1. Rådmannen kan gjere endringar som er naudsynte for at reglementet til ei kvar tid er i samsvar med lov, tariffavtale, hovudavtale eller andre føresegner som kommunen er bunden av. Administrasjonsutvalet har fullmakt til å gjere andre endringar og til å tolke reglementet

Kap IIII - arbeidstidsreglement Reglar om arbeidstid, fridagar og ferie i Askvoll kommune

Fleksitid. 1. Kva er fleksibel arbeidstid Fleksibel arbeidstid er i utgangspunktet ei gjennomsnittsberekna arbeidstidsordning over ein bestemt tidsperiode, som ved slutten av perioden skal vise eit tilnærma nullrekneskap. Forskjellen frå ei gjennomsnittsberekna arbeidstidsordning etter aml. § 10-5, er at det ved fleksibel arbeidstidsordning ikkje er krav om arbeidsplanar som viser kva for dagar, veker og månader den tilsette gjennom året har lengre og kortare arbeidstid. Fleksibel arbeidstid skal ikkje føre til nokon endring i dagens praksis som gir arbeidstakarar høve til – etter nærare avklaring med den enkelte sin overordna – til å ha nødvendig korttidsfråvær, f.eks. korte lege- eller tannlegebesøk, i arbeidstida. Gjentekne behandlinger hos lege mv. må takast som fleksitid eller som velferdspermisjon dersom arbeidsgiver finn grunnlag for det. Korttidsfråvær skal ikkje registrerast i fleksitidsrekneskapet. 2. Kven kan nytte seg av ordninga? Ordninga med fleksitid gjeld alle fast tilsette og vikarar for faste stillingar som arbeidar heile dagar. Kortidstilsette, ekstrahjelp og sommarvikarar vert ikkje omfatta av ordninga. Ordninga gjeld ikkje for arbeidstakarar i kommunale tenester der det av omsyn til tenesta ikkje kan praktiserast fleksitd. Dette gjeld t.d lærarar, barnehagetilsette, legesekretær, vaktmeistre, og arbeidstakarar som går i skift- /turnusteneste. Tilsette som har ansvar for telefonsentral eller publikumsmottak kan ikkje nytte seg av fleksitida dei arbeidsdagane dei har dette ansvaret. Registrering av arbeidstid Arbeidstakarar som kjem inn under ordninga med fleksibel arbeidstid, skal føre tidsregistreringsskjema som kontroll med arbeidstida. Tidsregistreringsskjemaet skal vere oppdatert og kunne leggast fram for overordna når det vert krevd. 3. Kjernetid Kjernetida vert kl.09.00 – 14.30 i tida frå og med 1.mai til og med 30.september, og frå kl.09.00 – 15.00 resten av året. I kjernetida skal alle vere tilstades på arbeidsplassen.

17


Personalhandbok for Askvoll kommune

4. Ytre arbeidstid Ytre arbeidstid måndag – fredag er kl.07.00 – 09.00 og kl.14.30 – 22.00 i tida 1.mai – 30.september, og 07.00 – 09.00/ 15.00 – 22.00 resten av året. Etter avtale med overordna kan det også arbeidast fleksitid på ein frilaurdag inntil 7,5 timar. Det kan ikkje arbeidast meir enn 12 timar pr. dag og 48 timar pr. veke. Det er ikkje høve til å opparbeide plusstimar utanom ytre arbeidstid, og det vert ikkje betalt tillegg for arbeid etter kl.17.00. 5. Kontortida Opningstida på kontora er 08.00 – 15.00 i tida 01.05. -30.09 og 08.00 – 16.00 resten av året. Kontora held stengt julafta og nyttårsafta. I romjula er opningstida 10.00 – 14.00. 6. Overtid – fleksitid 6.1 Det vert ingen endringar i reglane om overtid. Overtid skal vere pålagt, og berre arbeid før eller etter vanleg kontortid kan reknast som overtid. 6.2 Pålagt overtid før eller etter vanleg kontortid kan likevel registrerast enten som fleksitid eller som overtid, dvs. enten reknast med som tid i fleksirekneskapen eller godtgjerast økonomisk som overtid. 7. Tenestereiser, kurs Fleksitida gjeld på tenestereiser. Reisetid til og frå kurs utanom ordinær arbeidstid vert rekna inn med 50 % av tida. Kursdagar med overnatting vert rekna som ein normalarbeidsdag. 8. Avrekning, overføring av saldo 8.1 Avrekningsperioden er 12 mnd. Ved overgangen frå ein periode til neste skal det samla talet arbeidstimar i perioden tilsvare normaltid + 45 timar eller – 10 timar. Ein kan altså ha eit avvik på + 45 timar eller – 10 timar i høve normalarbeidstida. Dette avviket kallast saldo. 8.2 Saldoen skal overførast til neste periode. Har du meir enn 10 minustimar, vert du trekt i løn. Har du meir enn 45 pluss-timar vert dei overskytande timane strokne. Dersom det er særlege grunnar til at saldoen syner meir enn + 45 timar/ - 10 timar, kan du ta saka opp med næraste overordna og søkje om å få overført meir enn + 45 timar/ - 10 timar. Dette vil berre verte innvilga i særskilde høve. 9. Avspasering Avvikling av avpaseringstid i avrekningsperioden skal godkjennast av overordna på førehand i kvart enkelt tilfelle. I rimeleg tid før avrekningsperioden går ut, skal arbeidsgjevar og arbeidstakaren planlegge korleis opparbeidde plusstimar, som ikkje kan overførast, skal kunne avspaserast før utløpet av avrekningperioden. Det kan avspaserast både heile dagar og/eller timar tilsvarande inntil 18 dagar pr. år.

18


Personalhandbok for Askvoll kommune Avspasering kan og takast på forskot, dvs utan at det er opparbeidd nok plusstimar på førehand. Desse timane må då opparbeidast på etterskot. Ved utløpet av perioden må saldoen ikkje vise meir enn 10 minustimar. Deltidstilsette kan ta ut avspaseringsdagar forholdsmessig etter avtalt stillingsprosent.

10. Sjukdom Fråværsdagar på grunn av sjukdom vert rekna som normalarbeidsdagar i fleksirekneskapen. 11. Permisjon Permisjon med løn for skal reknast som normalarbeidstid i fleksirekneskapen. 12. Leiarar som er unntatt frå overtidsreglane Leiarar jfr. HTA 3.4.2 med fridagar som kompensasjon for arbeid/belastning utanom arbeidstida, kan likevel nytte seg av fleksitidsordninga. Avspasering, uttak av etatsjefsdagar og ferie skal meldast til rådmannen på fastsett skjema. Leiarar HTA 3.4.1 – rådmannen si toppleiargruppe Rådmann, ass.rådmann, oppvekstsjef og omsorgssjef skal i kraft av stillingane vere svært tilgjengeleg både i og utanom arbeidstida. Dei er ikkje omfatta av krav om tidsregistrering og ikkje omfatta av fleksitidsreglementet. Dei skal etter nærare avtale, melde avspasering , uttak av etatsjefsdagar og ferie til rådmannen på fastsett skjema.

Ferie 1. Årleg ferie vert avvikla i tråd med ferielova sine reglar. Arbeidsgjevar fastset tidspunkt for ferien etter drøftingar med den tilsette/tillitsvalde. Plan for hovudferien skal vere klar så tidleg som råd, og seinast 2 månader før ferien tek til. Ved eigen sjukdom kan ferien krevast utsett eller erstatta i samsvar med lov og tariffavtale.( Dette gjeld ikkje gradert sjukmelding). 2. Som hovudregel skal 5 ferieveker avviklast kvart år, ( 4 veker og 1 dag lovfesta + 4 dagar avtalefesta). Ev. forskotsferie eller overføring av ferie skal avtalast skriftleg med den overordna. Ferie kan berre sløyfast dersom feriepengane ikkje dekkar lønsbortfallet under ferien, sjå likevel avgrensingane i ferielova § 5 nr.5 3. Undervisningspersonalet avviklar heile den lovfesta feriefritida samanhengande i juli. Dei avtalefesta feriedagane vert sett som avvikla i dei delar av året der det ikkje er arbeidsplikt. 4. Deltidstilsette får sin ferie fastsett på vanleg måte frå kalendardag til kalendardag, i prinsippet uavhengig av arbeidsplikta som før arbeidsplanen. Det skal så langt råd er oppnåast samsvar mellom stillinga sin storleik og talet på arbeidsdagar i perioden. 5. Tilsette som tiltrer i løpet av ferieåret: Arbeidstakar som tiltrer seinast 30.september i ferieåret, har rett til full feriefritd, jf likevel § 7 nr.1 i ferielova. Arbeidstakarar som tiltrer etter dette tidspunktet har rett til 19


Personalhandbok for Askvoll kommune 1 veke ferie. Arbeidstakarar kan berre krevje feriefritid etter dette pkt. dersom ein kan dokumentere at ferie ikkje allereie er avvikla hjå annan arbeidsgjevar tidlegare i ferieåret. Sjå elles ferielova for uttømande informasjon.

. 6. Ekstraferie til tilsette over 60 år Arbeidstakarar som fyller 60 år i løpet av ferieåret, vert gitt ei ekstra ferieveke. Vert ekstraferien delt, kan arbeidstakaren berre krevje å få fri så mange arbeidsdagar som vedkomande normalt har i løpet av ei veke. 7. Ekstra fridagar med løn for personar over 62 år. Alle tilsette i Askvoll kommune får høve til redusert arbeidstid med full løn som følgjande: Det året den tilsette fyller: 62 år 63 år 64 år

Tal arbeidsveker fri pr. år 1 veke 2 veker 3 veker

Ei arbeidsveke er det tal arbeidsdagar den tilsette normalt skal arbeide i løpet av ei veke. Den reduserte arbeidstida kan takast ut samla eller som einskilddagar etter avtale med arbeidsgjevaren. For undervisningspersonale vert reduksjonen å ta ut innanfor den sentralt avtalt reduserte leseplikta. 8. Fridagar for leiarar jfr. HTA pkt. 3.4. Kompensasjon for møteverksemd/anna særleg belastning Leiarar som høyrer inn under HTA kap 3, pkt.3.4 vert ikkje omfatta av overtidsreglane i arbeidsmiljølova. Arbeidstakarar i denne gruppa kan, som ei fast ordning, verte innvilga inntil 10 fridagar pr. år i kompensasjon for arbeid/belastning utanom ordinær arbeidstid. Uttak av fridagane skal meldast til rådmannen på førehand. Fridagane skal som hovudregel takast ut saman med anna ferie, eller på anna vis etter avtale med rådmannen. Sjå HTA § 6..3

Kap V – permisjonsreglement 20


Personalhandbok for Askvoll kommune

I

Velferdspermisjon

Velferdspermisjon med løn etter punkta A – G nedanfor, kan maksimalt verte innvilga for 12 (14) arbeidsdagar eller inntil 24 (28) arbeidsdagar med halv løn i løpet av eit kalenderår for personar i full stilling. For deltidstilsette vert retten til tal permisjonsdagar i løpet av eit år, utrekna i høve stillingsstorleiken. Fri utover dei fastsette dagane, vert innvilga som permisjon utan løn. AVed alvorleg sjukdom eller pleie av personar i næraste familie ( ektefelle/sambuar, søsken, foreldre, besteforeldre, born eller andre som står arbeidstakaren nær): Inntil 5 dagar. ( Sjå elles Arbeidsmiljølova §§ 12-9 og 12-10 og Folketrygdlova §§ 9-5 til 9-17 og Fellesbestemmelsens § 8, pkt. 8.4 om rett til permisjon ved barn/barnepassars sjukdom og pleie av pårørande i sluttfasen av livet). BVed dødsfall/gravferd i næraste familie og/eller andre som har stått arbeidstakaren nær: Inntil 3 dagar, evt. med tillegg av naudsynte reisedagar. CFor tilvenjing av barn i barnehage: Inntil 3 dagar, når arbeidstakaren må vere tilstades hjå barnet dei første dagane i daginstitusjon/barnehage. Det er ein føresetnad at nokon må vere med barnet og at andre familiemedlemer ikkje kan ta oppgåva. DFor eige giftarmål: 1 dag. Permisjonen skal takast anten bryllaupsdagen, dagen før eller etter, dersom dette er ein arbeidsdag. E-

Konfirmasjon for eigne born: 1 dag når konfirmasjonsdagen fell på ein arbeidsdag.

FFeiring av religiøse og nasjonale høgtidsdagar som ikkje er offisielle etter norsk kalender: Inntil 2 dagar. Gjeld både norske og utanlandske statsborgarar. GUndersøking og behandling. hjå lege, tannlege, fysioterapeut, kiropraktor o.a. private gjeremål, skal så langt råd leggjast til fritida. Deltidstilsette må tinge time den dagen dei har fri. Ved behandling på sjukehus eller hjå spesialist, skal ein deltidstilsett prøve å få henvisning til ein fridag. Dersom endring av timen fører til vesentleg auke i ventetida, skal permisjon med løn innvilgast.

II

Avtalefesta/lovbestemte permisjonar

Permisjon for utføring av tillitsverv/ombod. Det vert vist til fellesbestemmelsenes §14. Med offentlege tillitsverv forstår vi ombod som er oppretta ved lov eller heimel i lov, herunder domsfolk, skjønsfolk, rettsvitne. Arbeidstakar får permisjon med løn for å skjøtte offentlege tillitsverv. Retten til permisjon gjeld møte og anna eller reiser til møte som må skje i arbeidstida. Førebuing til møte må skje på fritida.

Politisk arbeid. 21


Personalhandbok for Askvoll kommune

Arbeidstakar som vert vald som utsending til nominasjonsmøte ved stortingsval, fylkestingsval eller kommuneval, får permisjon med løn. Tillitsverv/ stilling i arbeidstakarorganisasjonar. Arbeidstakar som vert vald/tilsett i fastløna tillitsverv i ein organisasjon sitt sentrale eller distrikt- / fylkes – organ i sin organisasjon, får permisjon utan løn. Andre tillitsverv. Tilsette med verv i funksjonshemma sine interesseorganisasjonar kan innvilgast permisjon med heimel i dette punktet. Det kan også omfatte kurs, når kurset har betydning for vedkommande sitt arbeid med å fremje dei funksjonshemma sine interesser. Kommunen kan etter ei konkret vurdering innvilge permisjon for utføring av andre tillitsverv. Permisjon heimla i arbeidsmiljølov/hovudtariffavtale. Permisjon ved sjukdom, svangerskap, adopsjon, amming og omsorg for barn under 12 år – sjå Arbeidsmiljølova § 8 og fellesbestemmelsene § 8.Opplæring – om permisjon med og uten løn sjå Hovudavtalen sitt pkt. 7.6 (jfr. pkt. 7.4). Permisjon for tillitsvalde. Hovudavtalen § 3-5 ved deltaking i og førebuing til lokale forhandlingar vert det gjeve permisjon med løn. b)

ved deltaking i sentrale forhandlingar vert det gjeve permisjon med løn.

Det vert gjeve permisjon med løn i inntil 12 arbeidsdagar pr. år for valde, faste medlemer som skal møte i ein arbeidstakarorganisasjon sine:    

styrande (vedtektsfesta) sentrale organ styrande (vedtektsfesta) distrikts / fylkesplan øvste (vedtektsfesta) organ på distrikts / fylkesplan og dessutan valde medlemer og delegatar til landmøte / kongressar o.l

d) Ved opplæring som har betydning for arbeidstakaren sin funksjon som tillitsvald, kan permisjon med heil eller delvis løn innvilgast. Hovudtillitsvald skal ha permisjon med løn. (Hovudavtalen § 3-6) Utdanningspermisjon Arbeidstakar som har vore i arbeidslivet i minst tre år og som har vore tilsett i kommunen dei siste to åra, har på visse vilkår rett til heil eller delvis permisjon utan løn i inntil tre år, for å delta i organiserte utdanningstilbod. Retten er regulert i Arbeidsmiljølova § 12-11 (nr.1 – 6) som og har utfyllande reglar for praktiseringa.

22


Personalhandbok for Askvoll kommune Dersom kommunen vurderer opplæring/utdanning som naudsynt for å utføre pålagde arbeidsoppgåver/funksjonar, skal det gjevast permisjon med løn og dekning av legitimerte utgifter. Turnusarbeidarar som er innvilga permisjon med løn for å delta i opplæringstiltak/kurs på sin lovbestemte vekefridag, får ny fridag som kompensasjon. H-

Eksamen.

I samband med eksamen vert det gjeve permisjon for eksamensdag(ane) og to lesedagar for kvar eksamen, dersom faget må kunne seiast å ha betydning for kommunen som arbeidsgjevar. Lesedagane må takast saman med sjølve eksamen, dvs. om eksamensdagen er måndag er laurdag og søndag lesedagar.

III

Andre permisjonar.

Overgang til ny stilling Ved overgang til annan stilling utanfor kommunen, kan det gjevast permisjon for inntil eitt år, dersom arbeidstakaren har hatt eit fast tilsetjingsforhold i kommunen i fem år eller meir. Arbeidstakaren må ha fått tilbod om ny stilling før permisjon vert gjeve. Tilsette som har arbeidd i kommunen i meir enn 12 år samanhengande, kan verte innvilga eitt års uløna permisjon uavhengig av årsak. Når avgjerd om permisjon skal takast, skal etaten/tenesteeininga sine behov og sjansane for å skaffe vikar vurderast og vektleggjast, før permisjonssøknaden vert handsama. Ved mellombels overgang til ny stilling i kommunen, vert det gjeve permisjon for inntil eitt år. I særskilde tilfelle kan permisjon innvilga etter pkt. III, forlengast utover eitt år. Spesielle oppdrag/engasjement. Tilsette kan få avgrensa permisjon for å arbeide med forsking innan fagområde som er relevant for arbeidsgjevar, i tilknyting til ein forskingsinstitusjon. Det kan også gjevast turvande permisjon i samband med avtalar om utveksling av arbeidstakarar mellom kommunar/fylkeskommunar. Vidare kan kommunen innvilge permisjon utan løn i inntil to år for arbeidstakar som skal arbeide i norske hjelpetiltak i offentleg regi av utviklingsland. Deltaking i hjelpekorps. Arbeidstakar som er knytte til hjelpekorps, får permisjon med løn i samband med utrykking for å hjelpe folk i naud. (Ikkje planlagde øvingar) Tilsette som er medlem i hjelpekorps må informere overordna om dette. Ved langvarig sjukdom og redusert arbeidsevne Ved sjukefråvær/attføringstiltak ut over sjukepengeperioden på eitt år, skal arbeidstakaren søkje om permisjon frå stillinga. 23


Personalhandbok for Askvoll kommune Permisjon vert i første omgang gitt for inntil eitt år. Permisjonen kan ytterlegare forlengast dersom det vert gjennomført aktiv attføring eller behandling, og det er sannsynleg at arbeidstakaren vil komme tilbake til arbeid i Askvoll kommune innan rimelig tid.

Kap VI - lønspolitikk Mål og visjon Askvoll kommune skal føre ein aktiv politikk for gode og helsebringande arbeidsforhold for tilsette i kommunen. Viktige element for å nå desse måla er:  Eit aktivt HMS-system med oppfølgjing av sjukmelde og tilrettelagde forhold for verneombod og tillitsvalde  Ha eit aktiv AMU  Ryddige løns- og arbeidsforhold Det er eit overordna mål og legge til rette for den enkelte sin personlege og faglege utvikling. Plan for løn og arbeidsforhold er eit supplement til Hovudtariffavtala m/særavtaler. 1.1 Lønspolitikken i Askvoll kommune Askvoll kommune skal tilby sine tilsette ei løn som gjer at tenesteproduksjonen stettar innbyggjarane sine behov. Tilsette i Askvoll kommune skal til ei kvar tid vite kva tankar kommunen har når det gjeld spørsmål om løn. For å få dette til vil Askvoll kommune:  Ha konkurransedyktig lønsutvikling og arbeidsvilkår med kommunar det er naturleg å samanlikne seg med. Dette må gjelde alle tilsette.  Lønne kompetanse og kompetanseauke som kommunen har trong for.  Sikre tilnærma lik lønsutvikling i kap 4 og 5 i HTA  Sikre likeløn mellom kjønna Lønstillegg gitt i lokale forhandlingar, skal flyte opp på minstelønssats i hovudtariffavtala.

1.2 Grunnlag for fastsetjing av løn  Alle stillingar i Askvoll kommune skal normalt lønast etter Hovudtariffavtalen sine grunnlønsplasseringar. Dersom det skal gjerast avvik frå HTA sine krav om stillingskodar og grunnlønsplasseringar, skal dette verte gjort i lokale avtaler med heimel i Hovudavtala og Hovudtariffavtala. Lokale lønsforhaldingar kap 4.A.1 skal ikkje nyttast til dette.  Kommunen kan sjølv fastsetje minsteløn som går ut over HTA sine plasseringar for einskilde stillingar eller stillingsgrupper.  Løn som vert gjeve til einskildtilsette ut over grunnlønsplassering er personleg lønsplassering, og vil ikkje automatisk tilfalle andre som vert tilsett, eller vikarar i stillinga. All fastsetjing av løn til einskildpersonar som går ut over HTA si grunnlønsplassering skal bindast til person med namn nemning i vedtak eller protokoll.

24


Personalhandbok for Askvoll kommune Askvoll kommune skal nytta seg av objektive kriterie som tenestetid, formell kompetanse, realkompetanse og ansvar/posisjon som grunnlag for lønsfastsetjing. Bruk av funksjonsløn er ein god måte å premiere nye arbeidsoppgåver som vert lagt til ei stilling, men som kan verte borte eller lagt til andre stillingar. 2. Lønsdanning i Askvoll kommune tilsette si løn vert til gjennom følgjande element: Grunnløn Dette er minstelønsgarantien som kjem fram i HTA. I tillegg kan Askvoll kommune sjølv fastsetje minsteløn til grupper tilsette, slik at minsteløn for denne gruppa er høgare i Askvoll kommune enn i HTA. Kvalifikasjonsløn HTA kap 4 b delar tilsette i 5 nivå etter stillingane sine krav til kompetanse. HTA kap 4 c delar inn tilsette pedagogar i 5 nivå etter kompetanse. Ut over dette er det mange tilsette som har kompetanse som ikkje automatisk vert godtgjort. Dette kan vere formell kompetanse og realkompetanse. Funksjonsløn Funksjonsløn vil seie løn som er tildelt på bakgrunn av definerte oppgåver. Funksjonsløn kjem i tillegg til grunnløna, og dannar ikkje grunnlag for tillegg, overtidsbetaling, ovs. Funksjonsløn fell vekk når grunnlaget for den evt. ikkje lenger er til stades. 2.1 Mellomleiarar Mellomleiarane har som oftast fagansvaret og det daglege personalansvaret i si eining. Mellomleiaren har likevel alltid ein overordna mellom seg og rådmannen. På skulane er det i det sentrale avtaleverket avsett ein administrasjon-/leiingsressurs som fordelt på rektor og evt. inspektør/merkantile. Innhald og omfang av desse stillingane vil variere etter storleik på skulen og kva som vert avtalt lokalt. Såleis vert mellomleiaroppgåvene fordelt etter kva eininga, rektor og kommunalsjef for oppvekst finn best tenleg. Mellomleiarane får løna si fastsett ved generelle tillegg i det sentrale lønsoppgjeret og i dei lokale 4.A.1 forhandlingane. Lønsplasseringa kan variere på bakgrunn av: - leiaransvar - fagansvar - storleiken på eininga/avdelinga - formell leiarkompetanse og anna relevant fagutdanning - Mellomleiaren skal som hovudregel vere løna høgre enn tilsette han/ho er sett til å leie.

Mellomleiarar i Askvoll kommune Avdelingsleiarar i omsorgstenesta Styrarar i barnehagane

25


Personalhandbok for Askvoll kommune Rektorar/inspektørar på skulane Kulturskulerektor 2.2 Fagleiarar Fagleiar har det faglege ansvaret for ei avdeling/teneste Fagleiaren rapporterar til ein mellomleiar eller til ein einingsleiar/etatsjef Fagleiaren får løna si fastsett i det sentrale lønsoppgjeret og i dei lokale 4.A.1 forhandlingane. Fagleiaren skal som hovudregel vere løna høgre enn tilsette han/ho er sett til å leie. Fagleiarar i Askvoll kommune Biblioteksjef Kjøkkensjef Formann Helsesøster Jordmor Fysioterapeut 2.3 Toppleiarar – etatsjefar, einingsleiar, stabsleiar Følgjande stillingar vert i høve til HTA definert innan omgrepet leiarar, og omfatta av HTA kap. 3: 3.4.1.A  Rådmann  Ass. rådmann 3.4.1 C  Kommunalsjef omsorg  Kommunalsjef oppvekst Kap 3.4.2:  Adm. leiar legesenter  Teknisk sjef  Landbrukssjef  Økonomisjef Vurdering av løn til leiarar skal gjerast ein gong kvart år og kriteria for lønsfastsetjing går av HTA kap 3.4.1: oppnådde resultat i forhold til verksemda sine mål utøving av leiarskap betydelege organisatoriske endringar trongen for å halde på kvalifisert arbeidskraft I Askvoll kommune skal det i tillegg leggast vekt på etaten/eininga sin storleik og kompleksitet.

2.4 Nestleiar/stedfortredar Når det vert avtalt at ei eining skal ha ein nestleiar eller stedfortredar, skal dette inn i avtala om løn og arbeidsvilkåra for den det gjeld. 26


Personalhandbok for Askvoll kommune Stedfortredarteneste/konstituering er elles regulert i HTA § 13 2.5 Fastsetjing av løn for vikarar Løn for vikarar vert fastsett ut frå innhald og krav til kompetanse for stillinga. Løna vert fastsett uavhengig av den personlege lønsplasseringa som stillingseigaren har. Løn til vikarar er elles regulert i HTA § 12.5 2.6 Kompetanse Kravet til kompetanse i dei kommunale tenestene er stadig aukande. Årlege målingar på prestasjonar i skulen, set mykje fokus på dei tilsette sin kompetanse. Krav til kompetanse i barnehagen er aukande, og det er vedteke å ha to pedagogar pr. avdeling i Askvollbarnehagane. Samhandlingsreforma krev auka kompetanse på alle nivå innan helse og omsorg. Innafor tekniske tenester, planarbeid og kulturadministrasjon, vil auka krav til kommunal planlegging presse dei kommunale ressursane i administrasjonen. Eit system for å motivere og godtgjere kompetanse er difor eit viktig verkemiddel for å sikre ein operativ kommune med god kvalitet på tenestene. Tilsette som aukar kompetansen sin, kan få lønsauke etter ei konkret vurdering av relevansen den auka kompetansen har for kommunen og stillinga den tilsette har. Utdanninga kan vere etter eige initiativ, eller etter initiativ frå kommunen. Arbeidsgjevar skal, i samråd med tillitsvalde, gje signal om kva kompetanse kommunen har trong for i dei ulike stillingane. Vurdering av evt. lønstillegg kan gjerast før utdanninga startar eller ved avlagt eksamen. Verknadstidspunkt vil tidlegast kunne vere når kravet vert sett fram etter bestått eksamen . Pedagogar som er løna etter kompetanselønssystemet – HTA kap 4c får, etter same vurdering som ovanfor, lønstillegg for vidareutdanning som ikkje gjev opprykk i det sentralt avtalte lønssystemet. Dersom den tilsette seinare tek meir utdanning som gjev opprykk etter tariffavtala, fell det lokalt avtalte tillegget bort. Tiltak Kompetansetillegget vert rekna ut etter ein skala der 60 studiepoeng gjev opprykk med kr.20.000,- 30 studiepoeng gjev kr.10.000,- osv. Eitt års vidareutdanning på fagarbeidarnivå gjev same tillegg som eitt års høgskuleutdanning. I år med lokale forhandlingar jfr. HTA kap 4.A.1, skal kompetansetillegg innvilgast i dei lokale forhandlingane og belastast potten. Verknadstidspunkt vil tidlegast kunne vere når kravet vert sett fram etter bestått eksamen . Auka kompetanse som gjev vesentlege endringar i arbeidsområdet kan uavhengig av denne planen forhandlast om etter HTA § 4.A.2 og § 5.3. Lønstillegg for langvarige kurs skal vurderast i dei lokale 4.A.1 forhandlingane.

2.7 Prosjektløn

27


Personalhandbok for Askvoll kommune Prosjektløn kan nyttast som eit verkemiddel i tilfelle der ei gruppa tilsette skal utføre ei tidsavgrensa oppgåve som avvik vesentleg frå det dei normalt gjer. Leiaren for gruppa skal søkje forhandlingsutvalet om prosjektløn i forkant av oppgåva. Forhandlingsutvalet vurderar søknaden, og kan tildele slik løn som ei eingongsutbetaling etter at oppgåva er fullført, og kriteria for prosjektløn er realisert. 2.8 Funksjonstillegg Lønstillegg for funksjonar er heimla i tariffavtala og/eller avtalt i lokale forhandlingar. Tillegga er knytt til spesielle arbeidsoppgåver og tilsette kan få slike tillegg så lenge dei har oppgåvene. 2.8 Rekrutteringstiltak Generelt Alderssamansetjinga hjå dei tilsette i kommunen og konkurranse om kompetent arbeidskraft, gjev store utfordringar for kommunen i framtida. Omsorgssektoren med aukande tal brukarar og samhandlingsreforma med auka ansvar lokalt, tilseier at tiltaka i denne sektoren må fortsetje. Kravet til auka kompetanse i barnehagane krev òg tiltak for å rekruttere og halde på førskulelærarane i barnehagane. Rekrutteringstiltak kan brukast i ein avgrensa periode for å rekruttere eller halde på einskilde yrkesgrupper som kommunen manglar. Slike tiltak kan vere løn, ansiennitetstillegg eller stipend med bindingstid for å stimulere til å ta relevant utdanning. Tiltak i perioden 2012 – 2014 : I

Stipend til høgskulestudentar.

Stipendordning for sjukepleiarstudentar vert vidareført og utvida til og å gjelde vernepleiarar og førskulelærarar. Det vert lyst ut eitt stipend pr. år til førsteårsstudentar på sjukepleiarhøgskulen/vernepleiarar og eitt stipend pr. år for førskulelærar. Stipendet er på kr.100.000,- fordelt på 3 års utdanning og med to års bindingstid. Det skal utarbeidast avtale mellom kommunen og studenten. II

Nye lærekontrakter

Kommunen må vere aktiv for å rekruttere nye lærlingar til kommunen. Dei mest aktuelle faga er Helsearbeidarfaget og Barne- og ungdomsarbeidarfaget. III

Legge til rette for arbeidspraksis

Det skal leggast til rette for arbeidspraksis for tilsette som skal ta fagbrev utan å vere lærling jfr. Opplæringslova § 3-5. Dette må det i så fall vere semje om mellom kommunen og organisasjonane i samband med utlysing/ledige vikariat.

28


Personalhandbok for Askvoll kommune IV

Ekstra lønsansiennitet for nyutdanna sjukepleiarar/vernepleiarar

Nytilsette sjukepleiarar og vernepleiarar får minimum 8 års lønsansiennitet ved tilsetjing. Ordninga gjeld og dei som alt er tilsette og som på verknadstidspunktet har mindre enn 8 års lønsansiennitet. V

Tiltak for å behalde og rekruttere førskulelærarar i barnehagane Førskulelærarar med minst 16 års ansiennitet vert løna tilsvarande lærar i kap 4.C.

VI Løn til ferievikarar For betre rekrutteringa av ferievikarar i omsorgssektoren vert det innført følgjande tiltak: 

Bonus på kr.5000,- (for 100 % stilling) for dei som arbeidar samanhengande i 5 veker i siste del av ferieperioden.

Generelle tiltak i kommunen Livsfasepolitikk i Askvoll kommune Livsfase – born     

Svangerskap og fødsel/Adopsjon/Fosterborn Rett til fri ved amming Omsorg for born i samband med fødsel Svangerskapskontroll Rett til fri ved barn og barnepassars sjukdom

Livsfase – alle     

Pleie av pårørande Rett til redusert arbeidstid Rett til vurdering av fleksibel arbeidstid Utdanningspermisjonar Permisjonsreglement

Livsfase – senior Sentralt avtalte tiltak  ekstra ferie for tilsette over 60 år  redusert leseplikt for lærarar. Framlegg til lokale seniortiltak for alle i Askvoll kommune Alle tilsette i Askvoll kommune får høve til redusert arbeidstid med full løn som følgjande:

29


Personalhandbok for Askvoll kommune Det året den tilsette fyller: Tal arbeidsveker fri pr. år 62 år 1 veke 63 år 2 veker 64 år 3 veker Ei arbeidsveke er det tal arbeidsdagar den tilsette normalt skal arbeide i løpet av ei veke. Den reduserte arbeidstida kan takast ut samla eller som einskilddagar etter avtale med arbeidsgjevaren. For undervisningspersonale vert reduksjonen å ta ut innanfor den sentralt avtalt reduserte leseplikta. Det året den tilsette går av med pensjon, vert den reduserte arbeidstida fastsett etter kor tid den tilsette sluttar i stillinga. 2.11 Under utdanning Høgskulestudentar med eitt år tilbakelagt studie vert løna tilsvarande ufaglært med 8- års ansiennitet, eller minimum kr. 10.000,- i auka bruttoårsløn i høve til normal grunnlønsplassering. Høgskulestudentar med to års tilbakelagt studie vert løna tilsvarande fagarbeidar med 8- års ansiennitet eller minimum kr. 20.000,- i auka bruttoårsløn i høve til normal grunnlønsplassering. Dette gjeld der studenten er tilsett i eit arbeid som er relevant for studiet. Tilsette i Askvoll kommune skal ikkje få redusert bruttoårsløn etter fullført studie på grunn av endra ansiennitetsutrekning. I slike tilfelle skal den tilsette, som ei personleg ordning, behalde løna fram til den er innhenta av normal grunnlønsplassering.

3. Lokale særavtaler I tillegg til personalhandboka er det er i dag følgjande særavtaler i Askvoll kommune: 3.1 Lokal avtale for brannmanskap 3.2 Lokal avtale for heimevakt ved uteseksjonen 4. Forhandlingssystemet Fastsetjing av løn skjer dels i sentrale tarifforhandlingar, dels lokalt. Lokalt er det høve til å gjere justeringar i samband med lokale forhandlingar, samt ulike forhandlingsbestemmelser som er regulert i Hovudtariffavtalen kapittel 3, 4 og 5. Hovudtariffavtala har over tid opna for meir lokal lønsdanning. Tilsette i einskilde fagområde og fagforbund får heile løna si fastsett lokalt jfr. HTA kap 5 I tillegg får leiarane i HTA kap 3.4 heile løna si fastsett lokalt. Den einskilde tilsette skal ha informasjon om lønsvilkår frå arbeidsgjevar, og forhalde seg til sin organisasjon når det gjeld krav om løn. Tilsett som ikkje er organisert i fagforbund skal forhalde seg til arbeidsgjevar, og må sjølv setje fram krav i høve fristar for årlege forhandlingar. Forhandlingsutvalet (oppnemnd av rådmannen) har ei koordinerande rolle i spørsmål om fordeling av lokale lønsmidlar. Prioriteringar frå leiargruppa er å sjå som eit mandat til forhandlingsutvalet når kommunen skal forhandle med organisasjonane. Forhandlingsutvalet har ansvar for god kommunikasjon med leiarane i samband med lokale forhandlingar. 30


Personalhandbok for Askvoll kommune

4.1. Ansvar og mynde Rådmannen er delegert mynde til å fastsetje løn og godtgjersle i tråd med Hovudtariffavtala m/særavtalar og lokalt vedtekne reglement. Rådmannen er delegert mynde til å gjennomføre forhandlingar på vegne av kommunen etter forhandlingsbestemmelsane i HTA kap 3, 4, og 5 og Hovudavtala §§ 4-5 til 4-7

5. Lokale forhandlingar 5.1 HTA kapittel 4 A 1 og 5.2 - lokale forhandlingar I drøftingsmøte skal partane i kommunen søkje å oppnå semje om kva kriteria som skal danne grunnlag for 4.A.1 og 5.2- forhandlingane. Tilsette i kap. 5 får ikkje lønstillegg i sentrale forhandlingar. Leiaren har ansvar for å skaffe fram opplysningar om alle tilsette som er naudsynt for at forhandlingar om løn kan gjennomførast på ein god måte. Dette inneber prioritert liste over tilsette, eller grupper tilsett innan leiaren sitt ansvarsområde. Prioriteringar frå leiarane skal ha fundament i dei momenta kommunen til ei kvar tid har sett fram som grunnlag for tildeling av lokal løn. Leiarane har i tillegg eit særskild ansvar å kommunisere kommunen sin lønspolitikk ut til dei tilsette. 5.1.2 HTA kapittel 4.A.2 og 5.2 særskilde forhandlingar Dersom det vert vedteke vesentlege organisatoriske endringar eller den tilsette får vesentleg endra ansvar som følgje av kompetanseheving, kan kommunen vurdere å nytte seg av 4.A.2 forhandlingar for dei som vert omfatta av endringane.

5.1.3 HTA kapittel 4.A.3 og 5.3 - Rekruttere og behalde arbeidstakarar 4.A.3 og 5.3 - forhandlingane skal nyttast ved tilsetjing i tilfelle, når det er aktuelt å gå ut over dei alternativ som utlysinga tilseier. 4.A.3 og 5.3 - forhandlingar kan og nyttast for å behalde den enkelte arbeidstakar. Vurderinga vert teke av avdelingsleiar/etatsjef i samråd med rådmannen. 5.1.4 HTA kapittel 3.4 Forhandlingar om løn leiarar Leiarar under dette kapittelet får ikkje tillegg i dei sentrale forhandlingane. Løna skal vurderast innan 1.oktober kvart år, med verknadsdato 1.mai same året. Vurderinga kan og omfatte andre ”goder”, som fleksitid, overtid og kompensasjon for møte og arbeid utanom ordinær arbeidstid. (etatsjefdager) Kriteria for vurdering av leiarløn i HTA er uttømmande. 9. Andre arbeidsvilkår Gode arbeidsverktøy, godt tilrettelagt arbeid og opplæring/rettleiing er viktige tiltak for å fremje trivsel og effektivitet på arbeidsplassen. 31


Personalhandbok for Askvoll kommune

Fleksitid Det er vedteke eige reglement for fleksibel arbeidstid ved administrasjonen i kommunen. Heimekontor Det kan etter avtale med overordna leggast til rette for at tilsette skal kunne gjere arbeid for kommunen heimanfrå. Dette er særleg aktuelt når arbeidet skal gjerast utanom vanleg arbeid/opningstid. Hospiteringsordningar Kommunen skal legge til rette for fagleg oppdatering gjennom avtalar om hospitering i og utanom Askvoll kommune. 7.0 Verknadstidspunkt og revisjon Planen skal reviderast kvart andre år saman med personalhandboka.

Kap VII – Reglement for telefon og elektronisk utstyr 1. GENERELT Føremål Askvoll kommune har som mål å yte god service og vere tilgjengeleg for innbyggarane i kommunen og for kommunen sine samarbeidspartnarar. Dette reglementet skal regulere ordningar for tildeling av og kompensasjon for bruk av mobiltelefon og anna elektronisk utstyr. Reglementet skal sikre at arbeidstakarar i Askvoll kommune får ei mest mogleg lik handsaming. Reglementet skal sikre at godtgjersle til arbeidstakarar og innrapportering til skatteetaten er i samsvar med til ei kvar tid gjeldande skattereglar.

1.2 Omfang Tildeling av og kompensasjon for bruk av mobiltelefon blir gitt når det er i kommunen si interesse at arbeidstakar har hjelpemidla av omsyn til tenesta eller funksjonen den enkelte skal ivareta. 1.3 Kven reglementet gjeld for. Reglementet gjeld for tilsette i Askvoll kommune. 2. AVGJERDSMYNDE 32


Personalhandbok for Askvoll kommune 2.1 Kven avgjer Med mindre rådmannen har fastsett noko anna, avgjer leiar (t.d. omsorgssjef, oppvekstsjef) for den enkelte eining spørsmål om tildeling av og økonomisk kompensasjon for bruk av mobiltelefon for tilsette i eiga eining. Saker som gjeld leiarane blir avgjort av neste leiarnivå. 2.2 Oversikt over brukarar omfatta av ordninga Den enkelte eining må til ei kvar tid ha tilgjengeleg oversyn over kven som er omfatta av ordninga. Det er utarbeidd avtaleskjema som skal nyttast. Avtaleskjema skal vere underskrive av både arbeidstakar og leiar i den aktuelle eininga. Eitt eksemplar skal sendas lønskontoret på økonomiavdelinga (for tilvisning), eitt skal oppbevarast på eininga / personalmappe og det tredje skal arbeidstakaren ha.

3. ØKONOMISK KOMPENSASJON 3.1 Alternativ for godtgjering Reglementet legg opp til to alternativ for godtgjering for bruk av mobiltelefon. I tillegg kan det unntaksvis for særskilde grupper gjevast godtgjering for breiband. Hovudregelen, lønshonorar, er ei fast årleg godtgjering utbetalt som eit lønshonorar med 1/12 kvar månad. Val av sats vert fastsett på bakgrunn av vedkommande arbeidstakar sitt behov. Det andre alternativet er at arbeidsgjevar held mobil og eventuelt anna utstyr, og dekkjer faktiske utgifter etter rekning/faktura. Fast heimetelefon vert ikkje lenger dekka av arbeidsgjevar. 3.2 Lønshonorar Lønshonorarmodellen er todelt og inneheld to alternative satsar. Den høgaste satsen, jf. pkt. 3.2.A, skal brukast i høve til leiarar og medarbeidarar som har vesentlege utgifter/og eller vere svært tilgjengeleg i og utanom arbeidstida. Den lågaste satsane, jf. pkt. 3.2.B, skal brukast i høve til medarbeidarar som brukar sitt private kommunikasjonsutstyr og som må pårekne mindre utgifter i samband med tenesterelatert bruk. Lønshonorarmodellen er også å sjå på som ein viss kompensasjon for at arbeidstakar fast eller i periodar må vere tilgjengeleg utanom ordinær arbeidstid. Det skal kome tydeleg fram av lønsslippen at lønshonoraret er ein ekstra kompensasjon/godtgjering for å halde og bruke elektronisk kommunikasjonsteneste. Honoraret blir innmeldt som løn. Rådmannen vurderar justering av satsane 1 gong årleg (pr. 01.01.) i forhold til den generelle prisutviklinga for denne typen tenester. 3.2.A. Høg sats - kr 3000,- pr.år Arbeidstakar i leiande stillingar, til dømes rådmannen si leiargruppe, kommunen si kriseleiing, som har stort reiseomfang og/eller som har særleg stort krav om å vere tilgjengeleg, og som må pårekne mange utgåande samtalar.

33


Personalhandbok for Askvoll kommune 3.2.B Låg sats - kr 1000,- pr.år Arbeidstakar som har noko reiseverksemd eller er mobile i arbeidssituasjonen og som må vere tilgjengelege utanom ordinær arbeidstid, til dømes vaktmeistrar. Arbeidstakar som er mobile i sin arbeidssituasjon og som må vere tilgjengelege, men som har avgrensa med utgåande samtalar der fasttelefon eller anna kommunikasjonsutstyr på arbeidsplassen ikkje kan nyttast, til dømes kontaktlærarar eller andre tilsette med særskilde behov for kontakt med foreldre/føresette.

3.2.C Tillegg for breiband Tillegg for breiband - kr 1000,- pr år Arbeidstakar som har særleg behov for å kunne utføre feilrettingar av kommunen si heimeside direkte frå si eiga datamaskin heime, eller som av anna grunn har heimekontorløysing, kan få utbetalt eit årleg lønshonorar på kr.1000,-. Arbeidstakar ber som hovudregel alle kostnader til utstyr og abonnement. Tillegget skal berre gjevast unntaksvis og skal vere godkjent av rådmannen.

3.3 Kommunen held mobil og betaler heile kostnaden Kommunen kjøper inn tenestemobil og dekkjer dei faktiske utgiftene til abonnement etter rekning/faktura. Ordninga følgjer dei nye skattereglane for elektronisk kommunikasjonsteneste. 4. INNKJØP OG TILDELING AV UTSTYR 4.1 Innkjøp av elektronisk kommunikasjon Askvoll kommune kjøper inn tenestemobil og bestiller abonnement til medarbeidarar som får tenestemobil , jfr. pkt. 3.3. Arbeidsgjevar si dekning ved innkjøp er avgrensa til kr.1500,Innkjøpskostnader utover dette må eventuelt dekkast av arbeidstakar sjølv. Med mindre det er feil eller skade på utstyret vil ikkje arbeidsgivar dekke kostnader til innkjøp av mobil oftare enn 3. kvart år. Arbeidstakar som oppfyller vilkåra for lønshonorar etter høg sats, kjøper utstyret sjølv men kan etter rekning få refundert frå kommunen inntil kr.1500,-. Tilskot til kjøp av mobiltelefon vert ikkje gitt oftare enn kvart 3.år. Der det blir utbetalt lønshonorar etter låg sats eller tillegg for breiband, jf. pkt. 3.2.B og 3.2.C, blir kostnader til innkjøp av elektronisk kommunikasjonsutstyr dekka av arbeidstakar. 5. BUDSJETTMESSIG DEKNING Kostnader ved tildeling av og kompensasjon for bruk av elektronisk kommunikasjonsteneste må dekkast innafor sektoren eller den enkelte driftseininga sine driftsbudsjett.

6. ENDRINGAR 6.1 Overgang til annan funksjon/stilling. Endring av tilsetjingstilhøve 34


Personalhandbok for Askvoll kommune Når ein arbeidstakar går over i annan funksjon/stilling eller stillinga sine oppgåver og innhald vert endra, skal tildeling av og økonomisk kompensasjon for bruk av mobiltelefon vurderast på nytt. 6.2 Arbeidstakar sluttar/permisjon m.m. Når arbeidstakar sluttar, går ut i uløna permisjon, lengre løna permisjonar enn 3 månadar, eller ikkje lenger fyller kriteria for tildeling, skal kompensasjonen opphøyre ved endrings/sluttdato. Dette gjeld også ved sjukmeldingar der arbeidstakar er ute av teneste i meir enn 3 månader. Om arbeidsgjevar held mobiltelefon som den tilsette disponerar, skal mobiltelefonen leveras attende ved endringsdato. 6.3 Reglementet gjeld frå Reglement for tildeling av elektronisk kommunikasjonsteneste trer i kraft frå 01.05.2011. Alle gamle avtalar går ut frå same dato, då dette reglementet erstattar alle tidlegare avtalar Reglementet er tilpassa skattereglane

6.4 Endring av reglementet Reglementet kan endrast av rådmannen etter at det på førehand er gjennomført drøftingar med arbeidstakarorganisasjonane. Rådmannen har fullmakt til å gjere oppdateringar i reglementet på bakgrunn av endringar i lover, forskrifter, skattereglar m.m. Rådmannen har også fullmakt til å tolke og gjere unntak frå retningslinene ved særskilde vurderingar. Reglementet er godkjent etter drøftingar med tillitsvalde og handsaming i administrasjonsutvalet 14.04.2011 sak 07/11

Kap VIII - flyttegodtgjersle Retningsliner for yting av flyttegodtgjersle ved tilsetjing. 01.

Generelt Flyttegodtgjersle kan ytast i samband med rekruttering av nye arbeidstakarar. Den nye arbeidstakaren skal gjerast merksam på kommunen sine retningsliner for yting av flyttegodtgjersle før han/ho tek til i stillinga.

02.

Storleiken på godtgjersla Askvoll kommune yter 50 % av dokumenterte flytteutgifter avgrensa oppover til kr.30.000,- Maksimal stønad frå kommunen vert etter dette kr.15.000,Utgiftene skal dokumenterast før utbetaling. I tilfelle med særskilt høge flytteutgifter, kan det søkjast stønad utover den vedtekne stønaden etter dette reglementet. Slike saker vert lagt fram til avgjerd i administrasjonsutvalet.

35


Personalhandbok for Askvoll kommune 03.

Bindingstid Bindingstida vert sett til 1 år. Sluttar arbeidstakaren før den tid, skal den totale flyttegodtgjersla betalast tilbake til Askvoll kommune.

04.

Andre reglar Desse reglane vert ikkje nytta dersom arbeidstakaren gjennom avtale eller via Nav har betre ordningar.

05.

Avgjerdsmynde Mynde til å innvilge etter dette reglementet føl dei vanlege reglane for delegasjon i personalsaker. Utgiftene vert dekka på den einskilde etat/eining sitt budsjett.

Kap IX – Reglement for påskjøning av tilsette 1.1.Tilsette som sluttar etter 5 år eller mindre får tildelt blomster ved ei enkel tilstelning med kollegaer som einingsleiar syter for på si eiga avdeling. 1.2.Tilsette som sluttar etter 5 – 10 års teneste får tildelt gåve. Tildelinga skjer på eiga avdeling. Einingsleiaren syter for enkel tilstelling med kollegaer. 1.3.Tilsette som sluttar etter 10 – 20 år får tildelt ei gåve skjønnsmessig inntil kr.1500,- ved ei tilstelling på eiga avdeling. Gåva bør overrekkjast av einingsleiar. 1.4.Tilsette som sluttar etter meir enn 20 år , får tildelt ei gåve skjønsmesssig inntil kr.3000,overrekt av einingsleiar ved ei tilstelling på eiga avdeling. 2. Åremålsdagar Kommunetilsette som fyller 50 eller 60 år vert vist merksemd med ein passande blomsterbukett eller tilsvarande gåve. Etatsjefane ordnar dette. 3. Sjukehusopphald Kommunetilsette som vert innlagd på sjukehus vert vist merksemd med ei blomsterhelsing. 4. Gravferd Ved ein arbeidstakar si gravferd skal det gjevast blomar eller bårekrans. 5. Omfang - Dette reglementet gjeld for arbeidstakarar i eit fast forpliktande arbeidsforhold, jfr. HTA § 1.1. 6. Gjennomføring av reglane Den einskilde etatsjef pliktar å syte for at reglane vert gjennomførde. Utgiftene vert å dekke av budsjettet for den einskilde etat.

36


Personalhandbok for Askvoll kommune 8. Satsane i reglementet vert vurdert ved revisjon av personalhandboka

Kap. X - IKT-reglement § 1 Reglementet sitt verkeområde Dette reglementet regulerer rettar og plikter ved bruk av kommunen sine IKT-ressursar, dvs. alle fysiske komponentar (t.d. kablar/trådlause nettverk, PC-ar, IP-telefonar, videokonferanseutstyr) og programvare skaffa av eller disponert av kommunen. Kommunen er ein del av eit interkommunalt samarbeid, heretter kalla SYSIKT som har driftsansvar for alle IKT-ressursar kommunane nyttar. Reglementet gjeld for alle tilsette i samarbeidet (heretter kalla brukar) og skal medverke til å auke informasjonstryggleiken, hindre misbruk eller ulovleg bruk av systema og bidra til meirverdi i arbeidssituasjonen. Dette reglementet skal utleverast brukar ved tildeling av brukarident og passord. Kommunane kan ha eigne utfyllande reglar i tillegg til dette IKT-reglementet. Desse må ikkje vere i strid med dette IKT-reglementet. § 2 Brukar sine rettar og plikter SYSIKT sitt datasenter er kritisk for levering av kommunale tenester, og det er venta at brukaren held seg lojalt til arbeidsgjevar sitt IKT-reglement. Det føreset at brukaren får nødvendig IKT-opplæring og brukarstøtte. § 3 Bruk av IKT-utstyr I SYSIKT datasenter er det ulike sikringstiltak for å verne mot skadeleg programvare som virus, ormar, spyware osb. Likevel har du som brukar tilknytt kommunale nett ansvar for at nettet vert nytta fornuftig. Generelle reglar: 1. Brukarident og passord er personleg, dvs. du er gitt løyve til formålstenleg bruk. Ikkje lat andre få vite ditt passord eller andre nøklar. 2. Ikkje lat andre bruke ein PC som du er innlogga på, utan ditt løyve. KOMMENTAR: ER IKKJE DETTE OVERFLØDIG? “IKKJE LAT ANDRE GJERE NOKO UTAN AT DU HAR GITT DEI LOV TIL DET?” 3. Avslutt PC-en når arbeidsdagen er slutt, av omsyn til straumsparing. 4. Program og funksjonalitet som er installert/konfigurert av SYSIKT sitt personell, må ikkje endrast eller fjernast. Du må heller ikkje laste ned andre typar virusløysingar enn den som allereie er installert.

37


Personalhandbok for Askvoll kommune 5. Ved mistanke om feilkonfigurasjon/misbruk kan PC-ar bli kopla frå nettverket utan varsel. 6. Berbare PC-ar med tilhøyrande utstyr skal brukast, oppbevarast og transporterast på forsvarleg måte. 7. Du må sjølv syte for å ta kopi av data som vert lagra lokalt på PC. 8. Når ein brukar sluttar, pliktar vedkommande å rydde kontoen sin og eventuelt lagre personlege data som skal behaldast på ein eigna måte. 9. Bruk av PC vert loggført og kan sporast. Ved mistanke om sikkerheitsbrot vil sikkerheitsloggar kunne inngå som grunnlag for å vurdere om det har skjedd brot eller ikkje. 10. Sikkerheitsbrot skal rapporterast til IKT-koordinator, som er ansvarleg for den vidare oppfølgjinga. 11. Brukarar som bryt dette reglementet, kan mellombels stengast ute frå alle deler av kommunen sine IKT-ressursar inntil saka er handsama. Brot på reglementet kan medføre erstatningsansvar og straffeansvar. 12. Ved mistanke om lovbrot kan brukar verte meld til politiet. § 4 Bruk av internett Internett er eit flott verktøy som gjev store muligheiter i informasjonssøking og kommunikasjon. Internett skal vere ein ressurs i arbeid og opplæring. Den etiske standarden for bruk av internett skil seg ikkje frå alminnelig god framferd elles i arbeidslivet. Dette inneber at du som bruker pliktar å fylgje desse reglane: 1. Brukar skal ikkje søke på, streame, laste ned eller lagre data med pornografisk/rasistisk eller anna lovstridig og/eller uetisk innhald. 2. Brukar skal ikkje komme med trugande eller krenkande utsegner, og ikkje delta i mobbing via e-post, chatting og blogging på ulike nettsamfunn og sosiale media. Dersom du deltek i den offentlige debatten må du hugse at når det gjeld problemstillingar på eige tenesteområde skal du gå tenesteveg. Uttaler du deg om jobben din på sosiale media, så opptrer du som tilsett i kommunen. 3. Tilsette i kommunen skal på arbeid halde seg til sosiale media som arbeidsreiskap, på lik linje med telefon og e-post. Privat bruk av sosiale media i arbeidstida, bør i størst mogeleg grad avgrensast. Det er viktig å skilje mellom kva som er jobbrelatert og kva som er privat.

38


Personalhandbok for Askvoll kommune

4. Om bilete og videoer vert nytta og til dømes distribuerte vidare, skal det innhentast samtykke frå involverte partar. Ytterligare info om dette finst på www.dubestemmer.no. 5. Brukar skal ikkje belaste det kommunale datanettet med t.d. nedlasting av film, musikk o.l. som ikkje har relevans for arbeidet. 6. Vern om personopplysningane dine! Ver forsiktig med å oppgje personopplysningar til tenesteleverandørar på internett. Ver kritisk til tilbod om gratis ytingar mot personopplysningar.

Det vert rekna som brot på arbeidskontrakt:  Å søke eller laste ned materiale frå nettsider du er kjend med, eller burde vere kjend med inneheld ulovleg materiale. I den grad dette skulle vere naudsynt som eit ledd i sakshandsaming, må næraste leiar gje løyve til dette.  Å bidra til brot på copyright (tekstar, program, bilete), forsøk på hacking eller annan uautorisert tilgang til andre informasjonssystem.

§ 5 Bruk av e-post Elektronisk post skal brukast med tilstrekkeleg varsemd. Elektronisk post må reknast for å vere relativt lett tilgjengeleg for uvedkomande. Fylgjande reglar gjeld: 1. Det skal ikkje sendast sensitive personopplysningar med e-post. 2. Dersom brukar mottek e-post med sensitivt innhald, skal denne ikkje vidaresendast, kommenterast eller svarast på. Motteken melding kan skrivast ut, og den opprinnelege meldinga (og ev. kopiar av denne) skal slettast. 3. Brukar skal ikkje sende/vidaresende e-post med lovstridig og/eller uetisk innhald. 4. Brukar skal vere spesielt merksam på filvedlegg, dvs. ikkje opne vedlegg ein mistenker kan vere infisert av skadeleg programvare. 5. Det er ikkje tillate å starte eller vidaresende kjedebrev. 6. Kvar brukar er ansvarleg for å slette meldingar som ikkje lenger er aktuelle. Dette skal skje fortløpande. I tillegg skal det vere periodisk gjennomgang og sletting

39


Personalhandbok for Askvoll kommune minst kvart halvår. E-post er endeleg sletta når den er sletta frå e-postsystemet si ”søppelkasse”.

Kap. XI - Arbeid ved dataskjerm I forskrift til arbeidsmiljølova er arbeidsgjevar pålagt å dekke hjelpemiddel som skal ivareta arbeidstakaren sitt syn i samband med arbeid ved dataskjerm. Etter uttale frå optikar får arbeidstakar dekka utgift til kjøp av arbeidsplassbriller. Kostnad med kjøp av innfatning er avgrensa til kr,400,- jfr. vedtak i arbeidsmiljøutvalet sak 6/98.

40


Personalhandbok for Askvoll kommune

Kap. XII - Vedlegg 1. Oppfølgjingssamtale etter 2 månaders tilsetjing

Oppfølgjingssamtale etter 2 månader er eit ledd i introduksjon av nytilsette og oppfølgjing av den avtalte prøvetida. (Ved behov bør det gjennomførast ytterlegare samtalar for oppfølging av prøvetida.) 2 månaders samtala skal gje rom for gjensidig utveksling av erfaringar i den første tida etter tiltreding av stillinga. Det må drøftes kva for forventningar begge parter hadde og det må vurderast i kva grad desse er innfridd eller ikkje. Det er viktig at begge parter er konkrete og “set ord” også på det som vert opplevd som vanskeleg. Etter seinast 5 månader skal denne samtala følgjast opp med ei ny oppfølgingssamtale som legg sterkare vekt på oppnådde arbeidsmål og utført arbeid.

Arbeidet

Kva for arbeidsoppgåver/ansvarsområde har arbeidstakar ivareteke? Korleis har det fungert? ………………………………………………………………………………………………… ………………………………………………………………………………………………… ………………………………………………………………………………………………… ………………………………………………………………………………………………… 

Er det behov for opplæring, ev. innan kva for arbeidsområde? I tilfelle korleis og når? ………………………………………………………………………………………………… ………………………………………………………………………………………………… ………………………………………………………………………………………………… ………………………………………………………………………………………………… 

Er det nye arbeidsoppgåver/ansvarsområde det skal arbeidast vidare med? ………………………………………………………………………………………………… ………………………………………………………………………………………………… ………………………………………………………………………………………………… …………………………………………………………………………………………………. 

 Er det behov for opplæring innan nye arbeidsområde? I tilfelle korleis og når? ………………………………………………………………………………………………… ………………………………………………………………………………………………… ………………………………………………………………………………………………… …………………………………………………………………………………………………

Samarbeid/oppfølging 

Korleis har samarbeidet med leiar og andre medarbeidarar fungert? Kva kan eventuelt endrast/forbetrast? 41


Personalhandbok for Askvoll kommune ………………………………………………………………………………………………… ………………………………………………………………………………………………… …………………………………………………………………………………………………  Er ansvar og mynde tilstrekkelig klårt? Hvis ikkje, kvifor? ………………………………………………………………………………………………… ………………………………………………………………………………………………… ………………………………………………………………………………………………… …………………………………………………………………………………………………  Korleis har introduksjonen i den nye stillinga fungert? Kva kan endrast/forbetrast? ………………………………………………………………………………………………… ………………………………………………………………………………………………… ………………………………………………………………………………………………… …………………………………………………………………………………………………

Anna/forventningar vidare: ………………………………………………………………………………………………… ………………………………………………………………………………………………… ………………………………………………………………………………………………… …………………………………………………………………………………………………

Ytterlegare kommentarar: ………………………………………………………………………………………………… ………………………………………………………………………………………………… ………………………………………………………………………………………………… ………………………………………………………………………………………………… Askvoll, den ............................. ................................................................ Underskrift leiar

5 månader tilsetjing, dato .........................

................................................................ Underskrift arbeidstakar

Tid for 5 mnd. samtale ...............................

42


Personalhandbok for Askvoll kommune 2. Oppfølgjingssamtale etter 5 månaders tilsetjing Hensikten med oppfølgjingssamtalen etter 5 månaders tilsetjing tilsvarar samtalen etter 2 månader, men med sterkare vektlegging på oppnådde arbeidsmål og utført arbeid. Samtalen er todelt: For det første skal det vere ein gjennomgang av introduksjonsperioden frå begge partar. Dessuten skal tilsetjinga vurderast i henhold til den avtalte gjensidige prøvetida. (Ved behov bør det før 5 måneders samtalen gjennomføres ytterligere samtaler for oppfølging av prøvetiden.) Det er ein forutsetning at oppfølgingspunkta frå 2 månaderssamtalen er gjennomført.

Oppfølgjing av tiltak etter 2 månaders samtalen. Noko som gjenstår? ………………………………………………………………………………………………… ………………………………………………………………………………………………… ………………………………………………………………………………………………… …………………………………………………………………………………………………

Arbeidsoppgåver som vert utført/meistra spesielt bra:

 Arbeidsgjevar si vurdering ………………………………………………………………………………………………… ………………………………………………………………………………………………… ………………………………………………………………………………………………… …………………………………………………………………………………………………  Arbeidstakar si vurdering ………………………………………………………………………………………………… ………………………………………………………………………………………………… ………………………………………………………………………………………………… …………………………………………………………………………………………………

Arbeidsoppgåver der det er behov for meir opplæring/oppfølging:

 Arbeidsgjevar si vurdering ………………………………………………………………………………………………… ………………………………………………………………………………………………… ………………………………………………………………………………………………… …………………………………………………………………………………………………  Arbeidstakar si vurdering ………………………………………………………………………………………………… ………………………………………………………………………………………………… ………………………………………………………………………………………………… …………………………………………………………………………………………………

Arbeidsgjevar sin generelle vurdering av arbeidstakar

43


Personalhandbok for Askvoll kommune ………………………………………………………………………………………………… ………………………………………………………………………………………………… ………………………………………………………………………………………………… ………………………………………………………………………………………………… …………………………………………………………………………………………………

Arbeidstakar sin vurdering av oppfølgjinga i prøvetida/introduksjonen ………………………………………………………………………………………………… ………………………………………………………………………………………………… ………………………………………………………………………………………………… ………………………………………………………………………………………………… …………………………………………………………………………………………………

Arbeidstakar sin oppfatning av arbeidsstaden (kollegaer, samarbeidsklimaet, kontakt med overordna, møtekultur, rutinar m.m.): ………………………………………………………………………………………………… ………………………………………………………………………………………………… ………………………………………………………………………………………………… ………………………………………………………………………………………………… …………………………………………………………………………………………………

Ytterlegare kommentarar: ………………………………………………………………………………………………… ………………………………………………………………………………………………… …………………………………………………………………………………………………

Askvoll, dato ............................. ................................................................ Underskrift leiar

................................................................ Underskrift arbeidstakar

44


Personalhandbok for Askvoll kommune

10.Mal for medarbeidarsamtale Punkt ein bør tenkje gjennom før samtalen: Arbeidsoppgåver: - kva er dine viktigaste oppgåver? - kva oppgåver likar du best/dårlegast? - arbeidsmengda – stor/lita? - er arbeidsoppgåvene dine klart nok definerte? - ønskjer du endring i arbeidsoppgåvene? Arbeidsresultat: - er du nøgd/misnøgd med resultat av eige arbeid? - kva er årsaka til godt eller dårleg resultat? Leiing: - korleis fungerer leiar i forhold til deg og ditt arbeid? - får du nødvendig informasjon? - er du fornøgd med leiar si delegering av arbeidsoppgåver? Arbeidsmiljø: - fysisk arbeidsmiljø – merknader? - trivst du på arbeidsplassen? - korleis er samarbeidet med dei næraste kollegaene dine? - samarbeidet med di avdeling og resten av etaten? Personleg/fagleg utvikling: - treng du meir opplæring/utdanning? - kan du tenkje deg andre oppgåver innan etaten? Andre forhold: TILTAK: Arbeidsoppgåver:……………………………………………. Arbeidsresultat:……………………………………………… Leiing:……………………………………………………….. Arbeidsmiljø:………………………………………………… Personleg/fagleg utvikling:……………………………………

Dato: -medarbeidar-

-leiar45


Personalhandbok for Askvoll kommune

Askvoll kommune 3. Søknad om permisjon /Melding om fråvere Namn:

Driftseining:

f.o.m: f.o.m: f.o.m:

t.o.m: t.o.m: t.o.m:

tal på dagar: tal på dagar: tal på dagar:

Fråvers-/permisjonsgrunnar: Ferie: Etatsjefsdagar: Avspasering: Omsorgspermisjon (to veker) v/fødsel:

med løn

utan løn

med løn

utan løn

Eg skal ha omsorg for barnemora (to veker)

Velferdspermisjon:

Eksamens- og lesedagar:

Eksamensdagen(e) er: …………………….. Totalt tal på dagar …………………………

Seniordagar (tenestefri med løn, jfr Plan for løn og arbeidsforhold): Anna fråvere: Årsak (f.eks. kurs, tenestereise):

Annan permisjon (oppgjev permisjonsgrunn):

Eiga underskrift:

med løn

utan løn

Dato:

Uttale/avgjerd: Underskrift av leiar Dato,

Sendast øk.avdeling for registrering

Underskrift

46


Personalhandbok for Askvoll kommune

4.

Eigenmeldingsskjema ved sjukdom

A) FRÅVÆR Skal fyllast ut av den som tar imot melding om fråvær: Namn:

Driftseining/avdeling:

har i dag/dato:

gitt melding om fråvær på grunn av Eigen sjukdom

Sjukt barn/barnepassars sjukdom

Anna årsak Merknader:

Dato

Melding mottatt av

Skjemaet blir lagt i posthylla

Fråværsmelding lagt inn på telefon

Skal fyllast ut av den tilsette og leverast overordna, når vedkommande er tilbake i arbeid: Underteikna var borte frå arbeidet på grunn av sjukdom eller andre tilhøve som er nemnde ovanfor: f.o.m. dato

t.o.m. dato

Ved barns sjukdom - barnets fødselsdato:

Eg er aleine om omsorga:

Ja

Nei

Kan fråværet skuldast tilhøve på arbeidsplassen Ja

Nei

Usikker

Dato

Underskrift arb.takar:

Dato

Godkjent av leiar:

B) PERMISJONAR Namn: Søker om permisjon:

Driftseining/avdeling: f.o.m. dato:

t.o.m. dato:

Type permisjon (sjå rettleiing på baksida) Permisjon med lønn

Velferdspermisjon med lønn

Utdanningspermisjon m/heil eller delvis lønn

Tillitsvaldarbeid

Permisjon offentlege tillitsverv

Omsorgspermisjon utan lønn

Permisjon utan lønn

Utdanningspermisjon utan lønn

Merknader: Dato

Underskrift arb.takar:

Godkjent av leiar Dato

Underskrift leiar:

RETNINGSLINER FOR UTFYLLING AV SKJEMA

47


Personalhandbok for Askvoll kommune

A) Eigenmelding Sjukefråvær skal meldast til næraste overordna/arbeidsplassen din så tidleg som råd første dagen. Eigenmelding Eigenmelding ved sjukdom kan nyttast for inntil 8 kalenderdagar om gangen. Du kan maksimalt ha 24 dagars eigenmelding i løpet av dei siste 12 månader. Det er ingen avgrensing for kor mange gonger du kan være sjuk i løpet av denne perioden. Du kan for eksempel være borte 24 enkeltdagar eller ha 3 fråvær på 8 dagar. Eigenmeldingsperiodane går uavhengig av om det er arbeidsdag eller ikkje. Er du sjuk på fredag og måndag, blir laurdag og søndag rekna med i perioden, slik at du til saman har brukt 4 dagar. Dersom du oppsøker lege den fjerde dagen du er sjuk, vil dei tre føregåande eigenmeldingsdagane ikkje bli rekna med. Går du til lege først dag fem eller seinare, blir alle dagar forut for legemeldinga rekna som oppbrukte eigenmeldingsdagar. Askvoll kommune er ein inkluderande arbeidslivsbedrift. Når du er tilbake på jobb plikter du å fylle ut ein utvida eigenmelding med spørsmål om sjukefråværet skuldast forhold på arbeidsplassen. Om så er tilfelle plikter leiaren din å ta ei samtale med deg om dette, for å førebygge tilsvarande sjukefråvær i framtida. Etter ein eigenmeldingsperiode på 8 dagar, kan du ikkje nytte ny eigenmelding før det er gått 16 dagar. Du må ha jobba i Askvoll kommune i minst to månader for å kunne nytte eigenmelding. Eigenmeldingsskjema får du på arbeidsplassen din. Sjukemelding Ved sjukdom utover åtte dagar, eller når kvoten for eigenmeldingsdagar er brukt opp, skal du levere sjukemelding. Du har frå første dag rett til full lønn under sjukdom - i inntil 1 år. Blir du sjuk i ferien, må du levere sjukmelding frå lege frå første dag dersom du skal få rett til erstatningsferie. Barns sjukdom Tilsette som har omsorg for barn under 12 år, har rett til inntil 10 dagar permisjon med lønn per kalenderår (15 dagar ved tre eller fleire barn) for tilsyn med sjukt barn. Same regler gjelder dersom den som har den daglege omsorgen for barnet er sjuk. Er den tilsette åleine om omsorg for barnet, har vedkommande rett til 20 dagar permisjon (30 dagar ved tre eller flere barn). Retten gjelder ut det året barnet fyller 12 år. Tilsette som har omsorg for kronisk sjukt el. funksjonshemma barn har rett til 20 dagar permisjon med lønn. Hvis den tilsette er åleine med omsorgen for kronisk sjukt/funksjonshemma barn gjeld retten 40 dagar permisjon. Aldersgrensa på 12 år gjeld ikkje arbeidstakar som har omsorg for kronisk sjuke eller funksjonshemma barn. Skjema for eigenmelding skal nyttast ved fråværet. Ved meir enn tre dagars sammanhengande fråvær skal det leggast fram sjukmelding for barnet. Frå 01.07.03 gjeld også rett til permisjon med lønn når barnet på grunn av sjukdom treng oppfølging i form av legebesøk mv. sjølv om barnet ikkje er sjukt eller pleietrengande den aktuelle dagen. Retten gjeld til og med det året barnet fyller 12 år.

B) PERMISJON Permisjon med lønn Velferdspermisjon med lønn Utdanningspermisjon m/heil eller delvis lønn Tillitsvaldarbeid Permisjon offentlege tillitsverv Permisjon utan lønn Omsorgspermisjon utan lønn Utdanningspermisjon utan lønn

Eks. lesedagar/eksamen jf. HA, politisk arb. – nominasjonsmøte pkt. 6.2 i reglement, verneplikt, deltaking hjelpekorpsutrykking etc. Skal ikkje brukast på innvilga velferdspermisjonar. Avrundast til heile eller halve dagar. Inntil 10 heile dagar eller 20 halve pr. kalenderår/skoleår. Jf. pkt. 4 i permisjonsreglement. Avrunding til heile eller halve dagar. Dersom avdeling/skole ønsker det kan det lagast notat knytt til fråværet om omfang. Melding til Lønnsgruppa - økonomiseksjonen om ev. lønnsendring. Elles registerering av periodar, heile- eller halve dagar fråvær. Føring av fråvær i samband med tillitsvaldarbeid (gjeld ikkje frikjøp) på heile eller halve dagar. Kan brukast til å halde styr på tal på dagar til valde medlemmar av vedtektsfesta organ i org. (gjeld ikkje undervisningspersonale) Jf. pkt. 6.3 i perm.regl. Inntil 10 dagar pr. år jf. perm.regl. pkt. 6.1. Avrundig til heile og halve dagar. F.eks. perm. for å ta anna stilling eller velferdspermisjon utan lønn. Fråværet avrundast til heile eller halve dagar. F.eks. omsorgspermisjon etter løna fødselspermisjon.

48


Personalhandbok for Askvoll kommune

5.

Avtale om elektronisk kommunikasjonsteneste i arbeidsforhold

Det er i dag inngått følgjande avtale om elektronisk kommunikasjonsteneste mellom Askvoll kommune (arbeidsgjevar) og arbeidstakar. Viser til reglement om elektronisk kommunikasjonsteneste i arbeidsforhold. Arbeidstakar sitt namn: ___________________________________

Personnr:

________________________

Avdeling/driftseining: ___________________________________

Arbeidsgivar har tilbydt følgjande alternativ som arbeidstakar har godtatt (set kryss ): 3. 2 Hovudregel - lønshonorarmodellen:

Arbeidstakaren eig telefon og abonnement sjølv, men kan inntil kvart 3.år få tilskot etter rekning, inntil kr.1500,-, for kjøp av telefon. Honoraret vert innrapport som løn. A. Høg sats:

kr.3000,- pr år

B. Låg sats:

kr.1000,- pr år Arbeidstakar som har noko reiseverksemd eller er mobile i arbeidssituasjonen og

Arbeidstakar i leiande stillingar, til dømes rådmannen si leiargruppe, kommunen si kriseleiing, som har stort reiseomfang og/eller som har særleg stort krav om å vere tilgjengeleg, og som må pårekne mange utgåande samtalar.

som må vere tilgjengelege utanom ordinær arbeidstid, til dømes vaktmeistrar. Arbeidstakar som er mobile i arbeidssituasjon og som må vere tilgjengelege, men som har avgrensa med utgåande samtalar der fasttelefon eller anna kommunikasjonsutstyr på arbeidsplassen ikkje kan nyttast, til dømes kontaktlærarar, rådgjevarar og andre lærarar/førskulelærarar med særskilde behov for kontakt med foreldre/føresette

Tillegg for breiband Tillegg breiband: kr.1000,- pr år

Arbeidstakar som har særleg behov for å kunne utføre feilrettingar på kommunen sitt datanett direkte frå si eiga datamaskin heime eller av anna grunn har fått høve til å arbeide med heimekontorløysing. Arbeidstakar ber alle kostnadar til utstyr og abonnement.

Godtgjeringane blir innrapportert som løn. 3. 3 Kommunen held mobil og betaler fakturaen. Innkjøp av mobil og faktura blir dekka av kommunen, inkl. privat bruk. Ordninga følgjer dei nye skattereglane for elektronisk kommunikasjon og gir ein skattemessig påplussing av inntekta med inntil 4.000 kr/år (eit abonnement) eller inntil 6000 kr/år (to el. fleire abonnement). Beløpa er basert på skattesatsar for 2007. Denne avtalen gjeld frå ____________ til __________Ved endringar og opphøyr, sjå elles reglementets pkt. 6. _______________________________ Arbeidsgivar

_____________________ Tilvisar

__________________________ Arbeidstakar

49


Personalhandbok for Askvoll kommune

11.Erklæring om teieplikt Eg stadfestar med dette å ha motteke kopi av forvaltningslova § 13, og at eg kjenner til innhaldet i reglane om teieplikt. Eg er klar over at eg i mi teneste i Askvoll kommune, eller på vegne av Askvoll kommune, pliktar å hindre at andre får tilgang til eller kjennskap til det eg i samband med tenesta får vite om nokon sine personlege tilhøve og/eller tekniske innretningar og framgangsmåtar og driftsog forretningsforhold som det har konkurransemessig betydning å halde hemmeleg av omsyn til den som opplysninga gjeld. Eg er kjend med at teieplikta også gjeld etter at eg har slutta i tenesta i Askvoll kommune. Vidare er eg klar over at brot på teieplikta kan medføre straff i samsvar med straffelova § 121 eller med oppseiing av stillinga. Eg stadfestar vidare at eg har motteke eit eksemplar av personalhandboka for Askvoll kommune og gjort meg kjend med dei retningslinene som gjeld for tilsette i Askvoll kommune.

………, den ………………………..

--------------------------------------------Underskrift

50

Personalhandbok for Askvoll kommune  

Sist oppdatert 2012

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you