2 minute read

Folkehelsekonferansen

FOLKEHELSEKONFERANSEN «KLIMA OG BÆREKRAFTIG FOLKEHELSEARBEID»

Folkehelsekonferansen vart arrangert i Trondheim i regi av Folkehelseforeningen og i samarbeid med fylke, FHI, kommunen og NTNU. Munnhelsa var «representert» ved meg, saman med tannhelsefolk frå Vestland.

Advertisement

Av Hilde Aga, leiar NTpF

Ca. 400 deltakarar kjente på den gode stemninga av endeleg å kunna vera saman fysisk, og om eit viktig tema. Hovedfokus på konferansen var å understreka viktigheita av å sjå samanhengar mellom folkehelse og dei sentrale utfordringar som endringar av klima gir oss. Folkehelse og klima har gjensidig avhengigheit, og kan ikkje skiljast, i flg. direktøren i FHI, Camilla Stoltenberg, men vi treng meir forsking på denne gjensidigheita. Tap av naturmangfold påverkar eksempelvis folkehelsa. FN sine bærekraftmål, som gir ein plan for å skapa berekraftig utvikling og klimaendring, må bli ein del av omgrepet helsesamskaping. Direktør i Cicero, Kristin Halvorsen, viste til ulike undersøkingar, og dei unge har ein viss optimisme. Dei unge er trendsetjarar og er med på å skapa felles haldningar i samfunnet. Det er med på å gi optimisme på vegne av klima, i flg. direktøren. Det er viktig at virkemidla blir forklart, gir meining og tru på at tiltaket verker. Bompengar er eksempel på krevjande samanheng å forklara!

Det helsefremmande og førebyggande arbeidet er sektorovergripande, og skal vera ein del av innsatsen på alle samfunnsområder. Det var nyttig for konferansen å ha med sterke forskingsmiljø som NTNU, som har etablert senter for helsefremmande forsking og oppretta 42 PhD-stillingar på området. Trøndelagsmodellen er ein modell med strukturert samarbeid med mange instansar for å fremma folkehelsa. Modellen vart ofte vist til på konferansen. Vi må ha eit robust system for folkehelsearbeidet, og det er nødvendig med revisjon av Folkehelselova. I arbeidet med å utjamne sosiale forskjellar, er tilrettelegging for sunne val eit av satsingsområda. Samtidig som politikarane ønskjer eit friskt folk, er folkehelsearbeid langsiktig arbeid, og det politisk liv ofte kort. Difor blir tiltak lett mange prosjekt som er «korte» pengar.

Det må utviklast betre arbeidsmetodar innafor folkehelsearbeid. Ved sentrale utfordringar må det skapast felles forståing av problemet på tvers av sektorar, korleis sektorar/enkeltmenneska kan medvirka og det viktigaste,- forankring av ansvar og tydleggjera aktørane si rolle. Prof Jacob Blix frå Danmark understreka viktigheita av samskaping og få folket med. Han stilte spørsmål ved New public management, NPM, foretningsmetode som inspirerar offentleg sektor, og at den lett skapar forenkling av komplekse diagnosar. Hybrid løysing og samspel mellom NPM og NPG, New Public Governance, der bl a brukarane blir involvert, «buttom-up», legg grunnlag for betre resultat i folkehelsearbeidet.

Som konsensus av konferansen kan ein sei at folkehelse og klimahelse gir friske folk og frisk klode, men nøkkelen til suksess, er systematisering av dette viktige arbeidet.

This article is from: