








Har du nokon gong kjøpt billett til ein tur der du ikkje var heilt sikker på kva som kom til å skje, men du visste at du gledde deg? Den kjensla ønskjer me i Telemarkfestivalen å gi deg kvart einaste år!
I år skal me i tillegg sende ein tanke til nokre som heilt bokstavleg reiste ut i det ukjente. Det er 200 år sidan den fyrste Amerika-båten med utvandrarar drog frå Noreg. Kva for musikalske møte oppstod i kjølvatnet? Kva opplevde dei? Kva vidareformidla dei av sine norske kulturelle røter? Kva tok dei med seg tilbake til opphavet?
Me kjem alle frå ein stad der me har røtene våre, og i utviklinga av oss sjølve som menneske og som kulturbrukarar, kulturforvaltarar og kulturformidlarar finn me stadig nye element som me tar med oss i amerikakofferten vår og viser fram både til dei der heime og til nye me møter på vegen. Folkemusikken er òg på ei evigvarande reise. Folkemusikken kjem frå ein stad og skal ein plass som ingen helt veit, men på vegen dit skjer det fantastiske ting –til dømes på Telemarkfestivalen 2025.
Eit flunka nytt element til reisesekken din i år er eit tingingsverk i skjeringspunktet mellom klassisk musikk og folkemusikk – ein strykekvintett der alle instrumenta har understrengar. Og me håpar du har stor koffert og snippeske + trillebag og store lommer i tillegg, for på årets pakketur får du for fyrste gong ei konsertoppleving oppe på Slettelibergja i høve friluftslivets år; du får opningskonsert med Knut Reiersrud som kaptein; fredagsfolk på Kroa der ULD med fleire sørgjer for høgt trykk i dampmaskineriet; du kan melde deg på kurs; du kan høyre på små og store konsertar på små og store scener; og du kan danse heile laurdagskvelden – heilt til du går i dørken. Med deg på turen i år får du dermed noko gamalt og noko nytt, noko roleg og noko rått, noko for dei mange og noko for dei få. Ein kulturell seilas av dei sjeldne!
Me håpar du tar sjansen på å kjøpe deg ein einvegsbillett til ei musikalsk verd der du ikkje er heilt sikker på kva som møter deg – men der du veit at du vil kjenne deg heime!
Kristoffer Mosfjeld, festivalsjef Evy Beate Stykket, styreleiar
Festivalen sin første dag byr på urframføring av tingingsverket «Istem» og konsert med Ragnhild
Hemsing Trio i ein splitter ny festsal.
Torsdag 7. august blir Telemarkfestivalen 2025 opna med eit heilt nytt tingingsverk i eit heilt nytt bygg.
– Dei fleste har fått med seg det nye staselege bygget som har reist seg ved Bø hotell, og i lag med hotelleiinga er me glade for å kunne fylle det nye bygget med heilt nye tonar, seier dagleg leiar og festivalsjef, Kristoffer Mosfjeld. Musikalsk verdspremiere
Ikkje bare er det premiere på eit flunkande nytt tingingsverk. Verda har heller aldri sett eller høyrd ein strykekvintett der alle instrument har understrengar. Det får ein oppleve på Bø hotell. Tingingsverket «Istem» blir framført av ein flott bukett utøvarar frå skjeringspunktet mellom kammermusikk og folkemusikk. Hovudkomponist er Vegar Vårdal, medan Ottar Kåsa er solist.
– I tingingsverket ønskjer me å vise likskap og kontrastar i dei to sjangrane ved å skape eit breitt uttrykk som ein kan oppleve at høyrer heime både i det klassiske og det folkemusikalske uttrykket, fortel Vårdal og Kåsa. Dei har med seg Nora Taksdal på hardingbratsj, Sivert Holmen på hardingfeler og hardanger d’amore - og ikkje minst Johannes Martens som skal spele på ein splitter ny hardingcello som Ottar Kåsa har laga.
I tingingsverket vil det vere både nykomponert og nyarrangert musikk, med hovudvekt på slåttemusikk og i særleg grad lydarslåttane frå Telemark. Solist og instrumentmakar
I tillegg til å vere solist er Ottar
STJERNESPELAR: Ragnhild Hemsing har ei høg stjerne nasjonalt og internasjonalt. FOTO: Cathrine Dokken
Kåsa sterkt involvert i tingingsverket på fleire måtar. Han har nemleg laga hardingfelene, hardingbratsjen og hardingcelloen som blir nytta i framføringa.
– Me er heldige som har ein innovativ instrumentmakar i internasjonal toppklasse som bur i kommunen vår. Det er veldig flott å kunne vie tingingsverket til ein konsert med instrumenta som Ottar har laga, seier Mosfjeld, som gleder seg til tre premierar.
– Det blir jo verdspremiere for sjølve tingingsverket, verdspremiere for strykekvintett der alle instrument har understrengar og verdspremiere for konsert i den nye festsalen, seier han.
Vinterlege tonar i august Etter tingingsverket blir det konsert med Raghild Hemsing Trio.
Hemsing er kjend som ein allsidig og leiken artist, med stor formidlingskraft. Ho er ein meister på både fiolin og
Det blir ein innhaldsrik torsdagskveld på The Bull Inn, med festivalkviss og to konsertar med Suigard og Gill Landry frå USA.
I samarbeid med Bull Inn inviterer Telemarkfestivalen til ein akkurat passe vanskeleg festivalkviss, etterfølgd av to spennande konsertar.
Lett blanding
I Bø er det populært med kviss, og festivalkvissen på Telemarkfestivalen har blitt ein fast post
på festivalprogrammet. Men er det bare spørsmål om folkemusikk?
– Nei, eg vil vel seie at det blir ein kviss med ei god blanding av tema, men kanskje blir det litt meir fokus på musikk enn i andre kvissar, seier kvissmeister Torgeir Gullbekk Hansen. Han har kosa seg med å lage
gode kvisspørsmål, og gler seg til å møte kvissarar i Midt-Telemark.
Når kvisskvelden er over og vinnarlaget er kåra, blir det konsertar med duoen Suigard og den amerikanske gitaristen Gill Landry. Ny folkemusikk-duo Suigard er ein ny duo i spagat mellom tradisjon og nyskaping. Den består av Vegard Hosarøygard frå Lom på gitar og Sunniva Langås-Røiland frå Bø på hardingfele. Begge er studentar ved Noregs musikkhøgskule,
Vegar Vårdal (f.v.), Johannes Martens, Sivert Holem, solist Ottar Kåsa og Nora Taksdal skal framføre tingingsverket, «Istem».
hardingfele, og smeltar saumlaust saman folkemusikktradisjonen og den klassiske musikken.
der dei møttest hausten 2024 og raskt byrja samspelet.
Suigard komponerer musikken sjølv, og repertoaret leiker med kontrastane mellom nytt og gamalt. Ein vil kunne opplever gruppa ved fleire høve under festivalen. Vaskeekte americana Torsdagskvelden på The Bull Inn blir avslutta med vaskeekte americana.
Den Grammy-vinnande artisten Gill Landry er opphavleg frå Louisiana og starta karrieren sin som gatemusikant. Frå
– Hemsing har ei høg stjerne hos mange, og ho spelar i fleire store konserthus i Europa, fortel Mosfjeld.
I Hemsing sitt nyaste album Vetra kombinerer ho igjen ulike musikalske uttrykk, der tradisjonelle slåttar står side
om side med nykomponerte verk. Vetra tyder vinter på valdresmål, og her er det nettopp den norske vinteren som
får skine. Fleire av verka tek oss med inn i norsk mytologi og trolske historier om naturen sine skapningar.
2004 til 2015 gjorde han suksess med det velkjende Nashville-bandet Old Crow Medicine Show.
– Me har prøvd å booke Old Crow mange gonger utan å lukkast, men men nå har me fått tak i ein av dei i alle fall, seier dagleg leiar Kristoffer Mosfjeld.
Landry har spelt med musikalske vener som Justin Townes Earle, Brandi Carlile, Mumford & Sons, Michael Hurley og Nathaniel Rateliff, for å nemne nokon.
VASKEEKTE AMERICANA: Gill Landry, kjend frå superbandet Old Crow Medicine Show, kjem til Bull Inn og Telemarkfestivalen i august.
Den 36. utgåva av Telemarkfestivalen har som før ein opningskonsert med mange flotte og spennande musikalske innslag.
Fredag 9. august har Telemarkfestivalen 2025 avspark med opningskonsert i Storsalen i Gullbring kulturhus. Som vanleg vil publikum få smakebitar frå årets festivalprogram, og kanskje ei overrasking eller to.
Som ei konfekteske
Opningskonserten er kanskje ikkje så langt unna å vere ei konfekteske med mange spennande bitar. Den tradisjonelle konserten vil som vanleg gi publikum nokre smakebitar frå festivalprogrammet.
Gitarist og ven av festivalen, Knut Reiersrud, vil formelt opne årets festival med både ord og tonar, medan skodespelar Hadle Reisæter vil leie konserten med stødig hand.
Det blir òg innslag med dei unge damene i ULD, den nye duoen Suigard med Sunniva Langås-Røiland og Vegard Hosarøygard, langeleikspelar Andra Søgnen og gitaristen
Gill Landry som kjem heilt frå Amerika.
Byting kjem dessutan med eit akustisk trio-format med Per Anders Buen Garnås som gjest.
Gjengen i Folkemusikk fordjuping vil vise seg fram med dans, spel og song, og sist, men absolutt ikkje minst; Spelemannslaget Bøheringen og Bø dansarring kjem òg på scenen.
Tone og familiekompet
Tone Steinstad debuterte på Landskappleiken 2022 i ein alder av 87 år og vann like godt klassa Vokal D.
I 2024 gav ho ut det flotte debutalbumet «Viser frå før» med hennar personlege tolkingar av viser og stubbar som ho har etter oldemora og bestemora si.
I 2025 er det klart for nok ein debut når ho skal synge på Telemarkfestivalen i eit innslag på
FESTIVALDEBUT: Tone Steinstad fekk med seg tingingsverket som barnebarnet Håkon Aase synte fram på Pakkhuset i 2024. I år står ho sjølv på scenen. FOTO:
opningskonserten. Her vil ho få god hjelp frå «familiekompet» i form av dotter Gunn, barne-
barna Eivind, Sigrid og Håkon og oldebarnet Gunhild. Fire generasjonar på scenen med
FREDAG . SEPTEMBER
andre ord, og Tone gler seg. – Det er klart eg gjer. Det er heilt naturleg, det, seier ho.
LØRDAG 20. SEPTEMBER
GULLBRING KULTURHUS - kl. 21:00
PLATESLEPP: ”Som lindi bere lauv” BØ HOTELL - kl. 21:00
TORSDAG . OKTOBER
INGRID OLAVA & ANDERS ULVO: INNLANDET RESJEMHEIA
TORSDAG 16. OKTOBER
GULLBRING KULTURHUS - KL. 20:30
GULLBRING KULTURHUS - KL. 20:30
FREDAG 24. OKTOBER FREDAG 7. NOVEMBER
GULLBRING KULTURHUS - KL. 21:00
GULLBRING KULTURHUS - KL. 21:00
KROA I BØ - KL. 21:00 FREDAG 21. NOVEMBER
BILLETTER OG MER INFO: https://bojazz.no/ https://www.gullbring.no/ OBS! Tidspunktet markerer konsertstart. Dørene åpner 30 min før konsert.
Stolt sponsor av Telemarksfestivalen
ULD, Pumpegris og
Ævestaden & Kanaan
står på menyen for det
som etter alle solemerke blir ein knalltøff fredagskveld på festival.
Kroa i Bø har etablert seg som ein fast scene for festivalen sin fredagskveld. I år som i fjor, og året før der igjen, vil bygda sin største scene vere staden å vere for dei som likar ei litt røffare tilnærming til folkemusikken.
Gruppa alle snakkar om ULD er ein fersk trio som på kort tid har blitt ein av dei store snakkisane i musikk-Noreg. Gruppa blei nominert i tre kategoriar i årets Spellemann-utdeling, og skal spele på fleire store festivalar i sommar.
– Me er glade for at Telemarkfestivalen er ein av dei, seier festivalsjef Kristoffer Mosfjeld, og legg til at mange har ønskt seg ULD til festivalen.
– Aldri før har eg fått så mange ønskje om ei og same gruppe før, og det er jo hyggeleg å kunne innfri, seier han.
I tillegg til å skrive eigne tekstar, er ULD sterkt inspirert av norske lyrikarar som Jon Fosse og Gunvor Hofmo, og trioen prøver å vekkje nytt, moderne liv til dei sterke dikta. Det er knytt store forventningar til debutplata som er venta hausten 2025.
Slåttar og gode vibbar Fredagskvelden fortset vidare med gradvis auke i intensitet i form av kvintetten Pumpegris – eit anna ungt band som fusjo-
nerer folkemusikk med element frå jazz, punk og elektronika. – Gruppa har blitt omtala som eit folkemusikkfenomen, og kjem til Telemarkfestivalen med eit strålande debutalbum i sekken, seier Mosfjeld. Tekstane er brutale, såre og humoristiske, og skildrar skeiv kjærleik, korleis det er å vere ung kvinne og oppveksten sine mange veksesmerter. I ein kon-
sert med Pumpegris blir alt lagt til rette for spinnvill dans med feite låtar, steinharde slåttar og ærlege tekstar, der vokalist Vera Sonne lener seg mot alt frå kveding til rap. Dette er med andre ord det som til ei kvar tid fangar folkemusikken sitt dansande driv.
Uforgløymeleg klimaks Kvelden når sitt musikalske kli-
maks når dei to gruppene Ævestaden og Kanaan avsluttar kvelden i lag.
Ævestaden er kjent for å blande tradisjonell folkemusikk med elektroniske impulsar, medan Kanaan har slått seg fram med psykedelisk progrock. Saman kjem dei til Bø med ein av dei råaste utgjevingane i 2024; «Langt, langt vekk».
Bø bok og papir har etablert seg som bygdas litteraturhus, og vil vere arena for to spennande arrangement under årets festival.
– Me er imponert over Heidi Kjellsen Bærland på Bø bok og papir, og det flotte tilbodet ho presenterer, seier festivalsjef Kristoffer Mosfjeld.
Han fortel at det er heilt naturleg å nytte bygdas litteraturhus i samband med festivalen også.
– Her vil det vere to flotte
arrangement med ord og tonar i fokus.
Doktorgradbad
Bokbad er ganske vanleg, men «doktorgradbad» høyrer ein ikkje så mykje om.
Laurdag 9. august vil hardingfelespelar og forskar Laura Ellestad presentere doktorgraden sin i samtale med Anne Svånaug Blengsdalen. Ellestad er den første folkemusikaren som har disputert for doktorgrad ved Noregs musikkhøgskule, då ho i 2023 fekk godkjent doktorgradsavhandlinga si.
Prosjektet hennar undersøker musikkulturen i norsk-amerikanske samfunn i det øvre Midtvesten i perioden 1900–1970. I samtale med Anne Svånaug Blengsdalen vil Ellestad presentere funna sine, og det er nærliggande å tenkje seg at publikum vil få oppleve ein og annan slått undervegs.
Helland i ord og tonar
I år er det 150 år sidan felemakaren Olaf G. Helland vart fødd i Bø i Telemark. Dette blir markert med eit konsertføredrag med Kjell Christian Midtgaard, som
tidlegare har gitt ut bok om felemakaren. I tillegg vil spelemann Lars Ingar Meyer Fjeld vere med. Han spelar slåttar på feler laga av denne superstjerna blant hardingfelemakarane i Noreg. Føredraget vil kaste lys over den unike instrumentmakartradisjonen som landet vårt har, der Bø har spela ei særskild rolle i halvtanna hundreår, og set Olaf G. Helland inn i denne tradisjonen.
Spelet undervegs blir slåttar frå Telemark og Bø, framført på nokre av dei klangfulle instrumenta hans.
– Dei er briljante kvar for seg, men i lag går dei opp i ein slags høgare einskap som bare må opplevast, seier Mosfjeld. Festivalleiaren legg til at DJ Daeva kjem attende i år for å få fart på dansegolvet i pausane mellom konsertane.
– Eg har stor tru på ein fantastisk festivalkveld på Kroa i Bø med ung og spennande folkemusikk, avsluttar han.
RØYND FELEMAKAR: Olaf G. Helland var ein dei mest røynde felemakarane. FOTO: Telemarkfestivalen
25.–28. september 2025
Edvard Hoem/ Ine Hoem/ Mímir Kristjánsson / Carline Tromp/ Karl Ove Knausgård / Kai Eide / Anna Marie With / SY MRE / Svanhild Amdal Telnes / Gunnar Garfors /Inga Undheim / Leander Djønne/ Helge Kaasin /Arild Torvund Olsen / Sandra Lillebø / Stein Arnold Hevrøy / Ruth Lillegraven / Aasmund Nordstoga / Anne Gravir Klykken /
Sjå fullstendig program og kjøp billettar på nynorsk.no
Bjaaland bygderestaurant
livet i Bø for støtta til festivalen! 7.-10. AUGUST 2025
Det blir servert ein variert konsertmeny i Sandvinparken laurdag kveld. Både etablerte artistar og nykomarar entrar scena.
– Det som skjer i Sandvinparken 9. august er oppskrifta på ein feiande flott festivalkveld, seier festivalsjef Kristoffer Mosfjeld. Han lovar folkefest og god laurdagsstemning i den flotte parken.
Suksess på Sandvin
Etter mange år i Gullbring Amfi, flytta festivalen laurdagskvelden opp til Sandvin att i 2024.
– Me fekk mange tilbakemeldingar om at det var eit godt val, og me var mange som koste oss stort i parken i fjor, seier Mosfjeld.
Han inviterer som vanleg til folkefest og laurdagsstemning, og kan by på eit heilstøypt og flott program for kvelden.
Den ganske ferske duoen Suigard, med musikkstudentane Vegard Hosarøygard frå Lom på gitar og Sunniva Langås-Røiland frå Bø på hardingfele startar festen.
Dei komponerer musikken sjølv, og leiker med kontrastane mellom nytt og gamalt.
Bø-ven kjem attende
Stein Torleif Bjella er ein av landets aller største visesmedar, og har ei rekkje kritikarroste utgjevingar bak seg.
Våren 2025 blei heile Noreg betre kjend med Bjella gjennom deltakinga hans i «Hver gang vi møtes» på TV2. Her leverte han spenstige og flotte tolkingar av låtar frå dei andre deltakarane.
– Bjella har spelt i Bø ved fleire høve, men nå byrjar det
å bli ei stund sidan sist. Det er mange som har ønskt seg Bjella-konsert i Bø att, seier Mosfjeld.
Festmusikk
Neste band ut på laurdagskvelden er Embla & the Karidotters. – Dei er kan hende ikkje så godt kjende for folk i Midt-Telemark frå før, men det vil det nok bli ei endring på etter denne konserten. Dei spelar tøff og fengande country med ein eigen snert som eg trur vil gå rett heim hos publikum, seier Mosfjeld. Bandet vann Spellemann i country-klassa for debutplata «Hello, I’m Embla» i 2022, og var nominert i same klasse for
oppfølgjaralbumet «Off Leash» i 2024.
Lokal lyd
Byting har etablert seg som eit veldig populært band, og spelar store konsertar over heile landet. I Sandvinparken byr dei på ny musikk.
– Med tekstar på klingande bøhering og hardingfela sentralt i lydbiletet er det nærliggande å omtale Byting som sjølve «lyden av Midt-Telemark», seier Mosfjeld.
Byting har vore i studio og er aktuell med ny plate. Vokalist Thomas Hellekås ser fram til å presentere ny musikk på heimebane. – Me har jobba hardt for å bli den beste utgåva av Byting, og me gler oss til å vise fram eit
Torgfestivalen byr på gratiskonsertar, marknad og aktivitetar for store og små.
Laurdag 10. august blir det mykje liv og moro på torget, med marknad, Roheim-parade, aktivitetar og spennande musikkinnslag frå scenen.
Torgfestivalen blei introdusert i 2014, og har blitt eit svært populært arrangement. Festivalsjef Kristoffer Mosfjeld meiner det er ei viktig oppgåve for festivalen å legge til rette for at fol-
kemusikken også kan bli høyrd av dei som kanskje ikkje oppsøker eller har høve til å oppsøke festivalen elles.
– Her er torgfestivalen ein veldig flott og inkluderande arena, seier han.
Torgdagen vil som vanleg innehalde marknad, konsertar og morosame aktivitetar.
Marknadsansvarleg Marita Kristina Valkeinen gler seg.
– Me har rekordstor påmelding, med mange spennande salsbodar, seier ho.
Som vanleg blir det innslag
frå scenen, der barn og unge frå sommarkurset UngFolk vil ha eigen konsert.
Roheim-paraden køyrer dessutan i Bøgata, med påfølgjande spel og dans på torget.
– I år er det valår. Me har derfor invitert dei største partia til ein kulturdebatt som vil ta føre seg aktuelle tema innanfor norsk kulturpolitikk, seier Mosfjeld.
Debatten blir leia av seniorforskar Bård Kleppe frå Telemarksforsking.
Torgfestivalen blir avslutta med konsert av gruppa Suigard.
topptrimma band med full produksjon, seier han.
Konserten er ein del av vokalhelga Kvedarkraft!
Fredag 21. november I Kl. 20.00 - kr 400/350/300 I Billettluka og baren åpner en time før konsertstart
Agnes Buen Garnås gjekk ut av tida i november 2024, og folkemusikken miste med det ein av sine mest sentrale kvedarar, både som utøvar, pedagog og kjelde.
Det er ein enorm mengde kvedarar og musikarar som har henta lærdom og inspirasjon, eller på anna vis nytta godt av Agnes sitt virke og kunstnarliv. Det vera seg på kurs og samlingar, gjennom opptak eller på vitjing heime hjå Agnes og mannen Per i Breskelia. Som sentral
i miljøet rundt Club 7 på 70-talet, var det ho som fekk fleire av dei fremste folkemusikarane inn i varmen der.
Me har i dette høvet samla representantar for familien samt eit utval av profilerte utøvarar av vokal folkemusikk som på ein eller annan måte har knytning til Agnes og musikken hennar. Det vil bli hardingfelespel, og sjølvsagt mykje kveding - både solistisk og saman med eit kompetent band under leiing av bøheringen Audun Rørmark.
Ingvill Marit Buen Garnås - vokal
Magnhild Garnås Haugen - vokal
Per Anders Buen Garnås - hardingfele
Knut Buen - hardingfele
Kirsten Bråten Berg - vokal
Arve Moen Bergset - vokal
Kim Rysstad - vokal
Berit Opheim - vokal
Marit Karlberg - vokal
Audun Rørmark - bandleiar
Konsertlåven til Torgeir
Hefre og Gyrid Kvaale blei introdusert i 2022.
I år er det nye musikalske møte på den koselege plassen.
I fjor lét publikum seg forføre av dei vakre tonane til Kajsa Balto og flott spel frå Lars-Ingar Meyer Fjeld. I år er det to nye konsertar i Konsertlåven. Fredag 8. august møtast Anne Gravir Klykken, Jon Solberg og Anders Røine, og dagen etter er det duka for strengemagi med Mattis Kleppen, Knut Reiersrud og Andrea Søgnen.
To konsertar i ein
Jon Solberg og Anne Gravir Klykken tek utgangspunkt i eldre opptak av ulike folkemusikkutøvarar frå Telemark, som igjen blir lagt til grunn for nyskrive tekstar og melodiar.
I 2022 gav dei ut plata «Et ønske» til strålande mottaking. I år går det rykte om ny musikk frå duoen. Dei vil vere første
par ut i ein konsert som er to i ein.
Jon blir verande på scena og Anders Erik Røine kjem til. Dei er gode spelkameratar, og i år aktuelle med ein heilt ny konsert som trekkjer liner mellom norsk og amerikansk folkemusikk. Jon sine sjølvskrivne tekstar og melodiar er drivkrafta i konserten.
Strengemagi
Langeleik-spelar Andrea Søgnen opnar ein konsert som vil spele på mange strengar – bokstavleg talt. Ho har hatt Anders Røine som mentor og spelar primært slåttar i Hallingdal-tradisjon, men har òg repertoar frå Valdres og Telemark.
Etter Søgnen er det duka for eit realt meistermøte mellom bassist Mattis Kleppen og gitarist Knut Reiersrud.
– Det er faktisk første gong desse musikarane deler scene, og forventningane er naturleg nok høge, seier festivalsjef Kristoffer Mosfjeld.
Mattis Kleppen er kjend for sitt unike slåttespel på bass. Knut Reiersrud er gitarist med tydeleg signatur og særpreg, og som leikar seg med både blues,
rock, folkemusikk og improvisasjon.
– Dette blir ikkje bare ei konsertoppleving, det blir ei musikalsk høgtidsstund, seier Mosfjeld.
MANGE STRENGAR: Mattis Kleppen, Knut Reiersrud og Andrea Søgnen syter for strengemagi.
FOTO: Telemarkfestivalen
Kultur gjør livene våre rikere og f ylket vårt mer attraktivt. Kultur skaper bolyst, kreativitet og arbeidsplasser.
Telemark f ylkeskommune heier på dyktige arrangører som Telemarkfestivalen, som gir kunstnere en scene og publikum flotte opplevelser.
I den tradisjonelle
Borgjakonserten møter me i år Ottar Kåsa frå
Arabygdi i Telemark og Laura Ellestad frå Calgary i Canada.
Borgjakonserten 2025 er ikkje bare eit møte mellom to framifrå hardingfeleutøvarar og formidlarar. Konserten vil òg vere eit møte mellom den norske og den nord-amerikanske hardingfeletradisjonen.
Fela i Nord-Amerika I år er det eit nasjonalt emigrasjonsjubileum som markerer at det er 200 år sidan den første båten med norske emigrantar sette kurs mot Amerika. Emigrantane tok med seg kulturarven sin frå Noreg på reisa, og sjølvsagt var hardingfela med.
I årets Borgjakonsert vil Ottar Kåsa og Laura Ellestad utforske den rike tradisjonen av slåttemusikk, både i Noreg og Nord-Amerika. Dei har eit spesielt fokus på det norske spelet som blei bringa til Amerika av utvandrarar, og korleis spelet har utvikla seg vidare «over dammen».
Amerikansk begeistring Ottar Kåsa er ein av landets mest røynde utøvarar på hardingfele og han er felemakar. Han var nyleg i New York for å overlevere ny hardingfele, hardingbratsj og hardingcello til den røynde gruppa Kronos Quartet. Gruppa framførte eit nytt musikkverk med dei nye instrumenta i sjølvaste Carnegie Hall i mars.
SPELVENER OG KOLLEGAER: Laura Ellestad frå Canada og Ottar Kåsa møter kvarandre i den tradisjonelle Borgjakonserten. FOTO: Telemarkfestivalen
Kåsa fortel om stor interesse for instrumenta etter konserten.
– Publikum blei veldig fascinert av det nye lydbiletet, seier Kåsa, som var litt nervøs for korleis mottakinga ville vere.
Det er ikkje første gong hardingfeletonar fyller Carnegie Hall. – Lars Fykerud spelte utselde konsertar der på 1890-talet, seier Kåsa.
I Borgjakonserten vil publi-
kum få høyre meir om hardingfelespelet i Nord- Amerika frå Laura Ellestad som har skrive doktorgrad om temaet.
Såg spelet på TV
Laura Ellestad bur på Rauland, men kjem opphavleg frå Calgary i Canada. Ho har norske aner frå Valdres, og far hennar hadde stor interesse for si norske arv.
– Han oppdaga hardingfela under opningsseremonien på Lillehammer-OL i 1994. Det er ikkje så lenge sidan eg fann ut at det var Øystein Romtveit han hadde sett, fortel Ellestad. Ho spelte fiolin i oppveksten, men til 21-årsdagen fekk ho ei hardingfele i bursdagsgåve. Då var det gjort. – Eg reiste fram og tilbake til Noreg for å lære meir, og det
Årets festival blir avslutta med ein intimkonsert når den amerikanske visesongaren Dylan LeBlanc spelar hos Bø bakgård og basar.
Dylan LeBlanc har spelt på store konsertarenaer i USA og delt scene med mellom andre Bruce Springsteen, Emmylou Harris og Willie Nelson. Søndag 10. august gjer han ein intimkonsert på Bø bakgård og basar i lag med ven og multi-instrumentalist Freddy Holm.
LeBlanc kjem frå den legendariske musikkbyen Muscle Shoals i Alabama, og gav ut sitt debutalbum «Pauper’s Field» berre tjue år gamal i 2010, med
Emmylou Harris som gjestevokalist. Sidan har han gjeve ut fleire kritikarroste plater, og turnert med både Lucinda Williams og Calexico.
Bø bakgård og basar ligg i lokala som tidlegare husa Meierismuget. Her har Åsne Gotehus Køhn, Marit Lundefaret, Kristoffer Karlsen og Ida Ytreland etablert butikk og kafé med ei lun og hyggeleg atmosfære. I tillegg til kaffi, bollar og anna godt sel dei gjenbruksprodukt,
handverk og lokalproduserte matvarer.
Dagleg leiar for Telemarkfestivalen, Kristoffer Mosfjeld, er alltid på leit etter nye stader å ha konsert.
– Da eg kom inn i kaféen, brukte eg om lag to sekund på å skjøne at her må me ha konsert, seier han.
Kvartetten bak kaféen gledar seg.
– Me blei veldig glade da Telemarkfestivalen ville nytte lokala, og trur det kan bli ei magisk avslutning på festivalen. Me har eit ønske om fleire slike konsertar her, kanskje til og med ute i bakgården, seier dei.
blei klart for meg at hardingfela var vegen vidare, seier ho. Sidan har ho fordjupa seg i folkemusikk, med både bachelor og master. I 2023 blei Ellestad også den fyrste folkemusikaren nokon sinne til å disputere for ein doktorgrad med musikkulturen i norsk-amerikanske samfunn som eit overordna tema. Publikum vil få høyre meir om dette både i ord og tonar i Borgjakonserten.
SPELEMENN PÅ PRÆRIEN: Mange tok med seg hardingfela over til Amerika. Her er ein av dei, men kven denne spelemannen på bildet er, er enn så lenge ukjent. FOTO: Telemarkfestivalen
Telemarkfestivalen markerer det nasjonale emigrasjonsjubileet med temakonserten «Frå Telemark til Amerika», med Halvor Kleppen, Knut Buen og musikalske gjestar.
I fjor markerte Telemarkfestivalen 100-årsjubileet for Bø stasjon, med temakonsert i Pakkhuset på stasjonsområdet.
I år har festivalen tatt tak i eit nytt jubileum, nemleg 200-årsjubileet for norsk utvandring til Amerika.
Frå Telemark til Amerika
I 2025 er det 200 år sidan første båt med norske emigrantar sette kurs mot Amerika. Denne
emigrasjonen bar med seg Noregs rike kulturtradisjonar over Atlanteren.
– Emigrasjonsjubileet er ein perfekt moglegheit til å reflektere over innverknaden norsk kulturarv har hatt på Amerika, særleg med fokus på hardingfelespelet, seier festivalsjef Kristoffer Mosfjeld. Dette har gitt inspirasjon til fleire konsertar under årets festival.
– Det er veldig givande å kunne jobbe med ei tematisk tilnærming og eigenproduserte konsertar som eit tillegg til dei «vanlege» konsertane me bookar. Det gir festivalen meir djubde og substans, seier Mosfjeld.
40 000 telemarkingar Festivalen inviterer til temakonserten «Frå Telemark til Amerika» laurdag 9. august, i splitter nye lokale på Bø hotell. I år som i fjor har festivalen alliert seg med Halvor Kleppen, som igjen har fått med seg spelemann og historieforteljar Knut Buen. Den kjende duoen skal med humor og alvor sjå på utvandringa til Amerika med
folkemusikalske auge, og vil ta for seg meir eller mindre kjende spelemenn frå Telemark som tok med seg instrumentet og emigrerte.
– Mellom anna får me høyre om bestefar til Knut som reiste til Amerika og blei cowboy.
Om lag 40 000 telemarkingar utvandra til Amerika før 1920, og fleire av dei var spelemenn. Nokon kom fort heim att, andre, som Anund Roheim, blei verande, seier Kleppen.
Ikkje berre prat
Historiene til Kleppen og Buen får sjølvsagt tonefølgje, både frå Buen sjølv, og inviterte musikarar med ei felles interesse
for den musikalske kontaktflata til norsk og amerikansk folkemusikk.
Knut Reiersrud og Mattis Kleppen gir eit innblikk i amerikansk påverknad på norsk musikk, og det blir felespel av canadiske Laura Ellestad. Temakonserten blir runda av med ei nytolking av visa «Utvandraren» som Knut Buen og Agnes Buen Garnås gav ut på plate i 1996. Visa blir framført med Anne Gravir Klykken på vokal, Knut Buen på hardingfele, Knut Reiersrud på gitar og Mattis Kleppen på bass. – Det kjem til å bli heilt nydeleg – heilt garantert, seier Mosfjeld.
TORSDAG 7. AUGUST
«Istem»
Ragnhild Hemsing Trio
Suigard
Gill Landry
Anne Gravir Klykken, Jon Solberg & Anders Røine
FREDAG 8. AUGUST
/ 535,- / 795,-
Gullbring, Storsalen
LAURDAG 9. AUGUST
- familiedag med aktivitetar og gratiskonsertar 11.00–16.30
Laura Ellestad i samtale med Anne Svånaug Blengsdalen 13.00
Mattis Kleppen & Knut Reiersrud + Andrea Søgnen 15.00
«Frå Telemark til Amerika»
LaurdagsFOLK på Sandvin - Dørene opnar kl 19:00!
Stein Torleif Bjella
Embla & the Karidotters
Byting ca 23.00 SUNDAG 10. AUGUST
Kulturtur med Suigard
Olaf G. Helland – 150 år:
11.30
Lars-Ingar Meyer Fjeld i samtale med Kjell Chr. Midtgaard 13.00
Borgjakonserten: Laura Ellestad & Ottar Kåsa 15.00
bygdetun
Slettelibergja
Nye Sjodar - Evju bygdetun Dylan LeBlanc & Freddy Holm 18.00
Festivalpass: 2035,-
* Alle billettar til alle arrangement selgast via Gullbring kulturhus. * Alle prisar er ink. bill. avg.
* Born til og med 14 år har gratis adgang. Frå og med 15 år gjeld ordinære prisar. Personer under 18 år må gå i følge med foreldre/foresatte
* Alle tidspunkt markerer konsertstart. Publikum bør kome i god tid før konserten startar.
Takk til sponsorar, samarbeidspartnarar og frivillige!
Bø bakgård & basar