STUDVEST ONSDAG 5. MARS 2003 - NR. 7 - ÅRGANG 58 - WWW.STUDVEST.NO
VEKE 10
Ikkje ei veke utan Mikrokosmos
Studentsenteret Bergens sprøyterom – Alle menn oppfører seg annleis mot meg når eg er kledd ut som dame, påstår Benjamin Aas. Sjukepleiaren med dei enorme brysta har gjort seg klar til karneval saman med venninna Claire Philippoteaux (bak). Vi har overnatta på Fantoft ei helg. SIDE 9, 10 OG 11
Foto: SKJALG EKELAND/ skjalg@ekeland.net
Fingerleik
Pianisten Jørgen Larsson vart lei av å spele piano. Defor byrja han eksperimentere med instrumentet. No leikar han seg med talemaskinar frå Telenor og improviserer fram filmmusikk til stumfilmar. I kveld spelar han til «Asphalt» på Cinemateket. SIDE 13
Nær døden: I år har det alt vore eit overdosedødsfall på Studentsenteret. Tove May Stensland jobbar i bygget og har fleire gongar redda liv. Mannen på biletet var ein av dei heldige som ho oppdaga i tide. – Om dette skjer ofte? Dumt spørsmål, det er jo her dei er! Difor kjem alltid ambulansen med ein gong me ringer, seier vektaren Eirik. I 2002 hadde ambulansene ved Bergen Brannstasjon 62 registrerte utrykkingar til Nygårdshøyden.
Strid om sprøyterom: – Sidan vi ikkje har noko kommunalt sprøyterom i byen er det bra at Studentsenteret er på Nygårdshøyden, det gir rusmisbrukarane eit meir verdig liv, meiner Thor Brekkeflat, bystyrerepresentant frå Arbeidarpartiet. Regjeringa har åpna for prøveordningar med sprøyterom i dei største norske byane. Brekkeflat var ein av dei hardaste forkjemparane for sprøyterom i Bergen, men tapte kampen i bystyret. Oslo og Stavanger har sagt ja.
SiB vil skru opp leiga
SIDE 6 OG 7
Anders Heffernan (biletet) meiner at hybelen på Fantoft ikkje er verd meir enn 1.800 kroner, som han betaler i dag. SiB diskuterer å leggje om til marknadsbasert husleige. SIDE 4