Studvest nr 25 2015

Page 8

8

14. oktober 2015

STUDVEST

NYHET

PHD-FALL. Jakob Aure, president i ANSA, er skuffa over å ikkje finne stipend til doktorgradstipendiater i utlandet i regjeringa sitt statsbudsjett for 2016. Dei siste 13 åra har talet på PhD-studentar i utlandet falt med 30 prosent.

Ingen støtte til norske forskarar i utlandet – Statsbudsjettet er ei satsing på kunnskap og forsking i Norge. Då er det for dårleg at 3,3 millionar til norske doktorstipendatar i utlandet er utelatt, seier ANSA. Tekst: MALENE INDREBØ-LANGLO mil@studvest.no Foto: TORIL S. APELTHUN tsa@studvest.no

– Språkstipend og tettare samarbeid mellom kunnskapsnasjonar som Brasil, Russland, India, Kina, Sør-Afrika og Japan er bra, men her manglar framleis ei satsing på studentar som ønsker å ta doktorgraden utanlands, seier president i Association of Norwegian Students Abroad (ANSA), Jakob Aure. Onsdag førre veke la regjeringa fram forslag til statsbudsjett 2016. Og heller ikkje i år var det studentane sin tur å stå att som budsjettvinnarar. Kravene frå Norsk studentorganisasjon

(NSO) til fordelingen av statsbudsjettet blei berre halvhjarta oppfylt (sjå faktaboks). Studiestøtta auka med 316 kroner i månaden, 11 månadar studiefinansiering såg ein ikkje noko av, og det blei lovd 2200 studentbustader. Språkstipend For utanlands-studentane var der eit lite lysglimt i statsbudsjettet. – Vi er sjølvsagt veldig fornøgde med regjeringa si prioritering av språkstipend til ikkjeengelskspråklege land. Det vil

eller norsk. Denne ordninga kan styrke norske studentar sine sjansar for å lukkast i ikkjeengelskspråklege land og er noko ANSA har jobba mykje for, forklarar Aure. Dyrt å bli doktor Men det var ikkje språkstipend som stod øvst på ønskelista til ANSA. Høgst oppe stod støtte til doktorgradsstudentar i utlandet. – I dag får norske PhDstudentar i utlandet skulepengestøtte berre som lån, medan ein som doktorstipendiat i Norge får lønn frå institusjonen

3,3 millionar er småpengar i eit statsbudsjett der regjeringa seier dei satsar på forsking Jacob Aure, president i ANSA

gjere det lettare for norske studentar å tørre og reise til meir utradisjonelle studieland, seier Aure. Forslaget går på å utvide dagens tilretteleggingssemester frå eit til to semester. – I dag studerer ni av ti nordmenn på engelsk, skandinavisk

ein er tilknytt. Det gjer terskelen svært høg, og dyr, for å legge forskarutdanninga si utenlands. Kravet frå ANSA til neste års statsbudsjett var at PhD-studentar likestillast med masterstudentar og på denne måten får stipend, seier Aure, og viser til ein stupande graf på doktorsti-

pendater i utlandet sidan 2003. 30 prosent mindre Då finansminister Siv Jensen (FrP) la fram budsjettet på Stortinget førre onsdag lovde ho 35 milliardar til kunnskap og forsking. Stipendordninga til dei 188 norske PhD-studentar i utlandet ville hatt ein prislapp på 3,3 millionar. – Vi har forstått det slik at regjeringa er einige med oss når det gjeld PhD-stipend, med dette blei ikkje prioritert i år. Norge har i dag eit lite forskarmiljø, og skal vi halde tritt med resten av verda er det viktig at ein legg betre til rette for forskarspirene som vil reise ut, seier Aure. Medan talet på stipendiatar i Norge har dobla seg frå 4000 til 8000 sidan 2002, har talet på norske PhD-studentar i utlandet falt med 30 prosent i same tidsrom. Under framlegginga av statsbudsjettet sendte Aure denne twittermeldinga til kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen: «Veldig fornøgd med språk-

stipend, men kva skjedde med PhD-stipendet?» Det hadde kunnskapsministeren berre eitt svar til: «Ein kan alltid ønske meir, men dette (les: språkstipend) var ANSAs viktigaste sak i år..» – Vi ønsker å få flere studenter innom, sier Stalheim.

DETTE KAN STATSBUDSJETTET BETY FOR DEG

• Sjansen for at du får bu i studentbustad auker litt. Regjeringa vil bygge 2200 nye bustader i 2016. • Som student får du 316 kr meir å rutte med i månaden. • Maksgrensa for BSU-sparing aukast frå 200.000 til 300.000 kr. • Det blir dyrare å fly. Momsen på flyreiser auker frå 8 til 10 %. •Satsing på innovasjon, forsking i næringslivet og gründerskap intensiverast med 634 mill kr. • Norsk studentorganisasjons hovedkrav er 3000 studentbustader, og at studiestøtta skal bindast til grunnbeløpet i folketrygda (G) på 1,5 over 11 månadar


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Studvest nr 25 2015 by Studvest - Issuu