
1 minute read
Minne om Gunnar Ottne
Eg vart kjend med Gunnar gjennom arbeidet i Fritt Norden Norge (FNN) og Bevegelsen for Sosialisme (BfS), der vi satt saman i styra. Spesielt aktiv var han i Fritt Norden, og Folkeriksdagen i Neiden i Finnmark i 2018 må seiast å vera Gunnars verk. Dei andre i rørsla, også i dei danske og svenske avdelingane, var veldig skeptiske til at det var mogleg å lokke folk heilt opp til Varanger i Aust-Finnmark. Og kva for føredragshaldarar ville dra heilt dit, ‘nord og ned’?
Så viste det seg at folkeriksdagen, i byrjinga av august, vart ein formidabel suksess. Det skorta ikkje på gode innleiarar, og enda fleire deltakarar reiste opp enn til den førre folkeriksdagen året før, som var halden utafor København.
Advertisement
Gunnar hadde reist opp alt sommaren i førevegen og hatt langse møte med sentrale folk i Kirkenes, som ordførar Rune Rafaelsen og folk i norsk-russiske vennskapssamband, og ordna med konferanse-hotell. Så vi skeptikarane laut berre gje oss (eg var også litt skeptisk).
På toppen av det heile vart eg kjend med den finlandssvenske føredragshaldaren, Birgitta Gran frå Vänsterförbundet, som Gunnar hadde gjeve så mange lovord om på førehand, og som seinare vart mi hustru!
Gunnar var ei sann drivkraft i desse rørslene, og mesta kvar veke måtte eg svara på mail eller telefonar frå han om framdrift og planar i BfS og FNN. Mykje takka vera Gunnar så har begge rørslene, til trass for den blygsame medlemsmassen, heldt oppe eit relativt høgt aktivitetsnivå.
Gunnar var ein sann sosialist og folkeven. Fred over hans minne!
Edvard Mogstad