Eg er i går, programblad

Page 1

S O G N

O G

F J O R DA N E

T E AT E R



KJÆRE PUBLIKUM! I Sogn og Fjordane bur det 110 266 menneske. Fylket strekk seg frå Byrknesøy i sør til Stadt i nord og er 18 619 kvadratkilometer stort. Vi, Sogn og Fjordane Teater, har reist i Sunnfjord, Nordfjord og Sogn og ­intervjua 12 eldre frå fylket vårt om livet deira, refleksjonar om oppvekst og levemåte – då og no. Som de forstår, «Eg er i går» er inga vanleg teaterframsyning, det er ­ingen ­forfattar som har dikta opp ei historie. Vi skal berre ­gjen­fortelle historier ­fortalt av vanlege folk, om vanlege folk, som sjølvsagt er uvanlege for dei er jo som folk flest, temmeleg spesielle. Med oss på scena har vi fire skodespelarar og seks dansarar som skal formidle historiane til desse 12, som også har bidratt med autentisk fotomateriale frå livet dei har levd. Eg ønskjer deg og dine ein hyggeleg kveld saman med oss her i ­teateret. Velkommen!

Bodil Kvamme Teatersjef


PÅ SCENA MARIT ØSTBYE debuterte som skodespelar på Nationaltheatret i 1971. Sidan den gong har ho vore tilsett ved ei rekke teater, blant anna Den Nationale Scene, Fjernsynsteateret, Nationaltheatret, Rogaland Teater og Riksteateret. Østbye har også medverka i fleire TV- og filmproduksjonar. I 2016 vart ho også nominert til Heddaprisen for Helen Bastion i fram­ syninga «Fravær» ved Oslo Nye Teater. På Sogn og Fjordane Teater har Marit medverka i «Dama i luka». Marit debuterte som regissør på Sogn og Fjordane teater i 2016 , med framsyninga «Miriam si forteljing». Ho har også hatt regi på «Maria Magdalena – Jesu Virke» på Sogn og Fjordane Teater.

Foto: Espen Nyttingnes

I «Eg er i går» fortel ho historiane til Alvhild Stafsnes, Ragnhild Lægreid, Sarah Thingnes og Magnhild Lie. CLAUS SELLEVOLL kjem frå Alversund, bur i Bergen og livnærer seg som artist og skodespelar. Han har markert seg i ei årrekkje i ulike s­ amanhengar, aleine eller saman med andre. Dei siste åra har han vore knytt til Hordaland Teater, Den Nationale Scene og Sogn og ­Fjordane ­Teater. Vi har sett han i «Singel og sand», «Vestlandsrevyen», ­«Bikubesong» , «En ­julefortelling» ­ og «Heim». På Sogn og Fjordane Teater har han medverka i «Tyl», «Ivar ­­Medaas - Dar kjem dampen» og «Evig Ung». I «Eg er i går» fortel han historiane til Kjartan Leirpoll og Christen ­Knagenhjelm.

Foto: Eilif Stene

ANNLAUG BØRSHEIM er musikar og låtskrivar frå Ulvik i Hardanger og jobbar innanfor eit vidt spekter av musikk og sceniske uttrykk. Ho er utdanna folkemusikar frå Høgskulen i Telemark og Ole Bull Akademiet på Voss og har reist med musikken sin i både inn og utland. Det har blitt fleire ulike produksjonar og turnear for DKS og Rikskonsertane og ho har jobba som musikalsk konsulent og pedagog i Fargespill. Annlaug debuterte som soloartist i 2010 med plata «November» og har gjeve ut fleire plater etter dette. Ho har tidlegare vore engasjert ved Sogn og Fjordane Teater i f­ ramsyninga «Ivar Medaas - Dar kjem dampen».

Foto: Agurtxane Concellon

I «Eg er i går» fortel ho historiane til Halldis Svidal, Mari Hjelle, Audny Nigardsøy og Aud Gunvor Lægreid. KYRRE EIKÅS OTTERSEN kjem frå Jølster og er utdanna ved Bergen ­Teaterskole. Han har vore fast tilsett ved Sogn og Fjordane Teater sidan 1996. Han har også hatt engasjement ved Det Samiske Nasjonalteatret Beaivváš og Teater Innlandet. Kyrre har medverka i blant andre fram­ syningane «Saman skal vi leve», «Mikael Hetles siste ord», «Få meg på for faen», «Kjærleikens ferjereiser», «Så vakker du er», «Fugle­tribunalet» og klassikarane «Dødsdansen», «Vildanden» og «Privattimen» og ­«Kinna­spelet». I «Eg er i går» fortel han historiane til Ola Nyhagen og Magnus Øvrebø.

Foto: David Bowen


MANUS OG REGI Bodil Kvamme BASERT PÅ INTERVJU AV Janne Karin Støylen og Bodil Kvamme KOREOGRAF Hilde Sol Erdal FOTO OG VIDEODESIGN Johan Moen LYSDESIGN Krystian Myska KOSTYME Anna Wingård MUSIKALSK TILRETTELEGGING Harald Dahlstrøm REKVISITØR Synnøve Ringdal KOREOGRAFASSISTENT Miriam Førde LYD Robert Tomkiewicz INSPISIENT/SUFFLØR Karoline Solbakken TURNÈLEIAR Halldor Horne LYD Robert Tomkiewicz LYS/INSPISIENT Krystian Myska TEKNIKAR Kjell Furevik TEKNIKAR Tore Eide TEKNIKAR Karoline Solbakken TEKNIKAR Kenneth Røsandahaug Takk til Sogn og Fjordane fylkesarkiv, Møre og Romsdal fylkesarkiv og Nasjonalbiblioteket sitt bildearkiv.


Manuset til «Eg er i går» er basert på intervju med 12 av fylkets seniorar

Mari Hjelle 93 år, Øvre Årdal

Ola Nyhagen 86 år, Sandane

Magnus Øvrebø 82 år, Sande i Sunnfjord

Kjartan Leirpoll 84 år, Dale i Sunnfjord

Halldis Svidal 87 år, Vassenden

Audny Nigardsøy 80 år, Bremanger/Førde

Alvhild Stafsnes 101 år, Florø

Aud Gunvor Lægreid 84 år, Årdalstangen

Christen Knagenhjelm 71 år, Kaupanger

Ragnhild Lægreid 86 år, Årsdalstangen

Magnhild Lie 87 år, Årdalstangen

Alle foto: Johan Moen

Sarah Thingnes 81 år, Vevring


DANSARAR: Sarah Thingnes, Kolbjørn Bergset, Tollef Årdal, Elin Grytting, Arne Fossøy, Kjersti Marie Imerslund, Gunvor Grov, Marit Aafedt Fjærestad, Erling Berge, Sigrun Vigdal, Marit Helgheim, Else Tystad, og Anne Karin Olsen. Ikkje til stades på bilde: Solfrid Helgheim


- Å danse er litt som å sykle, det ligg i kroppen. Det seier 76-åringen Tollef Årdal. Saman med Kolbjørn B ­ ergset (81), Sarah Thingnes (81) og Kjersti Marie Imerslund (76) er han blant dei 14 seniorane frå fylket som er dansarar i framsyninga «Eg er i går». - Eg har dansa heilt sidan eg var ung gut, så eg kjenner mange av dansane frå før, som til dømes reinlenderen. Det er litt som å sykle, det ligg i kroppen, smiler Tollef. Både Kjersti Marie, Kolbjørn og Tollef er med på seniordans på f­ ritida, og det var slik dei fekk sjansen til å bli med som dansarar på «Eg er i går». Men ikkje alle var heilt sikre på at dette var noko for dei: - Nei, han Tollef, han måtte overtalast. Eg prøvde fleire gonger, men han sa s­ tadig nei, fortel Kolbjørn, før Tollef skyt inn: - Ja, nei, eg synest kanskje ikkje at det var noko for meg. Men ein fredagskveld så sa kona mi: «Kva om du angrar etterpå?» Det var eit godt poeng. Og då takka eg ja. Og eg angrar ikkje på det, forklarar Tollef. SCENEDEBUTANTAR Både Kolbjørn og Sarah er vande med å stå på scena, og dei har ­begge vore ­involvert i høvesvis amatørteater og dans. - Eg elskar å danse. Eg vaks jo opp i New York, i storheitstida. Det var jazz og musikk overalt. Så dans har eg alltid halde på med. Det er jo så utruleg kjekt, fortel Sarah engasjert. Men for dei fleste av seniordansarane vert dette den store ­scenedebuten: - Eg er jo vande med å prate for folk, til dømes har eg leia møter og slikt, men å stå på scena på denne måten, nei, det har eg aldri gjort før.


Men eg gler meg, seier Tollef. Også Kjersti Marie er scenedebutant, og ho får storfint besøk: - Trur du ikkje dottera mi kjem køyrande frå Rogaland eins ærend for å sjå på mora si danse? Det er jo nesten for gale å køyre i timevis for slikt. Men ­samtidig er det utruleg kjekt, smiler Kjersti Marie. DEI ER SPESIELT DEDIKERTE På danseøvingane har dei med seg koreograf Hilde Sol Erdal. Ho seier at det er inspirerande å jobbe med seniorane: - Dei har med seg så mykje meir enn berre dansetrinn og dei er heilt spesielt dedikerte. Vi lærer mykje av kvarandre og det er svært livgjevande. Dei er ein viktig del av framsyninga, fortel ho. Dette er første gong Hilde Sol jobbar med berre seniorar og ho fortel at det gjev meirsmak: - Dansarane våre kjem frå ulike dansemiljø og dette pregar ­framsyninga ­positivt. Dei er gode på kvar sine uttrykk, noko som gjev ekstra kvalitet til h ­ eilheita. Vi skal innom både folkedans, tango og meir moderne uttrykk. P ­ ublikum kan berre glede seg, seier ho. NERVAR FØR PREMIEREN Med berre to veker til premiere er det mykje som skal på plass: - Ja, det er jo ikkje berre trinna vi skal hugse, veit du. Det er jo ei ­samansetjing av alt. Kortid skal vi vere der og der, og kortid skal g ­ jere slik og sånn. Det er k ­ revjande, men veldig kjekt å halde både hovud og kropp i gang, forklarar ­Kolbjørn. På spørsmål om dei kjem til å vere nervøse på premieredagen, kjem det kontant frå Sarah: - Nei, ingen problem! Vi skal jo lage show!



Rykker det i dansefoten etter å ha sett både reinlender og tango på scena? Etter framsyninga «Eg er i går» blir det nemleg arrangert gratis dans for publikum og andre som har lyst å svinge seg på dansegolvet. Alle er v ­ elkomne til ­denne dansen som vil gje ein triveleg avslutting på ­kvelden. Dei fl ­ este stadane varer dansen i ein times tid, med unntak av Førde der dansen varer i ca. 1,5 time Her får du ei oversikt over stadane det vert dans: FØRDEHUSET 27. oktober Vi går over i «Festsalen» i Førdehuset ca. kl . 20:45 der Andreas Ramstad med orkester har rigga til for ei kjekk danseoppleving på ein og ein halv time. Kontaktperson: Kjell Mjelleli, tlf. 91832085 FLORA SAMFUNNSHUS 31. oktober Etter framsyninga som er ferdig ca. kl. 21:15 går vi over i ­«Speilsalen» i Flora samfunnshus der Florø seniordans har rigga til med eigen musikk. ­Kontaktperson: Bjørg Holme, tlf. 57 74 30 25 DALE 2. november Etter framsyninga som er ferdig ca. kl. 21:15 går vi over til kantina på Dale vidaregåande skule, like ved. Der har Andreas Ramstad med orkester rigga til for ei flott danseoppleving. Kontaktperson: Harry Stendal, tlf. 905 71 136 HØYANGER SAMFUNNSHUS 6. november Etter framsyninga som er ferdig ca. kl. 21:15 går vi over i «Festsalen» i ­Høyanger samfunnshus der Kyrkjebø seniordans har rigga til med eigen ­musikk. Kontaktperson Oddborg Klævold, tlf. 901 85 662 ÅRDAL KULTURHUS 13. november Etter framsyninga som er ferdig ca. kl. 21:15 går vi over i «Eldresenteret» i Årdal kulturhus der Årdal seniordans har rigga til med eigen musikk. Kontaktperson: Julia Bruheim, tlf. 916 44 783. STRYN KULTURHUS 17. november Etter framsyninga som er ferdig ca. kl. 20:15 går vi over i «Heimskringla» i Stryn kulturhus der Vikane seniordans har rigga til med eigen musikk. Kontaktperson Randi Bjørnset, tlf. 913 34 086.


SPELEPLAN FØRDEHUSET 27. oktober kl 18.00 28. oktober kl 15.00 FLORA SAMFUNNSHUS 31. oktober kl 19.00 DALE, FJALERHALLEN 2. november kl 19.00 HØYANGER SAMFUNNSHUS 6. november kl 19.00 VIK, BLIXHALLI 7. november kl 19.00

AURLAND SAMFUNNSHUS 10. november kl 18.00 ÅRDAL KULTURHUS 13. november kl 19.00 SANDANE, TRIVSELSHAGEN 14. november kl 19.00 ÅHEIM, OLIVINHALLEN 15. november kl 19.00 STRYN KULTURHUS 17. november kl 18.00

SOGNDAL KULTURHUS 9. november kl 19.00 Speletid 2 timar og 15 minutt, inkludert pause. Vi gjer merk­sam på at alle mobiltelefonar må vere slått heilt av. Det er ikkje lov å gjere lydopptak, filme eller ­fotografere under framsyninga. BLI MED PÅ DANS! Etter fleire av f­ ramsyningane vert det dans! Sjå førre side i programhefte for meir ­informasjon.

ANSVARLEG UTGJEVAR Bodil Kvamme PROGRAMREDAKSJON Bodil Kvamme, Lene Grande og Charlotte Prydz Ottesen ALLE FRAMSYNINGSFOTO Johan Moen UTFORMING AV PROGRAM Rein Design TRYKK E. Natvik Prenteverk AS, Florø

BILLETTAR: www.softeater.no/billettar *med atterhald om endringar.

FØLG OSS PÅ:


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.