Advertisement
The "Teater Vestland" user's logo

Teater Vestland

Teater Vestland er eit nynorsk institusjonsteater lokalisert i Førde i Sunnfjord, og er eit regionteater med turnéverksemd i Vestland fylke. Teateret vart etablert i 1977 med namnet Sogn og Fjordane Teater. 1.1.2020 endra teateret namn til Teater Vestland i samband med ny regionreform. Teater Vestland er ein del av det nasjonale, kulturpolitiske målet om at alle i Norge skal ha tilgang til scenekunst av høg kunstnarisk kvalitet. Teateret nyttar nynorsk som målform og vestnorsk som scenespråk, og var det andre nynorskteateret som vart etablert i Norge.

Publications