Page 1

VILT OG

OYGARDEN

Turtips og kart Klatreklipper, dykkeeldorado og adrenalinkick Lokalmat og oppskrifter Kystkultur og opplevingar Fiskelykke og badeplassar

EKTE


2-

Oygarden

Vilt og Ekte Øyriket ligg eit ”flyndrekast” vest for Bergen, ca 40 minutt kjøretur med bil, buss eller båt frå sentrum. Naturen er vill og ekte med eit vakkert kulturlandskap. Vi tilbyr eit eldorado av opplevingar, på eiga hand eller med konsepta: Øygarden på 24 timar og Øygarden på langs. For deg som kun har nokre få feriedagar i Bergensregionen foreslår vi to opplevingspakkar. Vi serverer idear som kan inspirera til å setja saman ei unik reiseoppleving langs holmar og skjær i havgapet. Undervegs vil du finna aktørar som kan hjelpa deg å utforska, også dei meir ekstreme draumane dine. Sidene 6 og 7 presenterer Øygarden på 24 timar der du kan rekka over 550 øyar, holmar og skjær: Eit opplevingsmuseum med båtutleige og badestrand, eit visningssenter for laks, rolege turar i lyngheier ut mot havet, rorbuovernatting, havsafari, dykking og øyhopping. På side 8 og 9 syner vi deg Øygarden på langs med mogelegheit for fart og spenning, 12 ulike turstiar i fredfulle lyngheier som strekkjer seg heilt ut mot havet eller klatring i fantastiske klipper og bergveggar, djupe og tronge juv. Uansett kan du møta eit sterkt skiftande vêr og storhavet frå Nordsjøen som somme tider kastar seg inn over øyane. Her står opplevingane i kø og vi lovar deg ein ferie du vil minnast for livet. Bergen – Øygarden med buss Til Øygarden kjem det folk frå heile verda. Det er enkelt å koma hit. Via Bergen får vi besøkande med fly frå over 30 av dei mest sentrale destinasjonane i Europa. Nokre kjem også med cruisebåt frå hamner i fjerne strok. Uansett, på mindre enn ein time med

buss frå Bergen er du framme i kystkulturens hjarte og kan vassa i bøljene som kjem drivande inn frå Nordsjøen. Rutebuss 445/450/460 går frå busstasjonen perrong G eller frå Olav Kyrresgate stopp E, via Straume terminal på Sotra. Her er det bussbyte til 471/474/479. Enklare enn dette vert det ikkje! Meir informasjon om buss finn du på side 10. Sykkelsafari ut mot Nordsjøen Landevegens eventyr på sykkel, langs med kystkulturens naust, holmar og skjær ligg og ventar på deg som likar ein aktiv sykkelferie. Øygarden har vore og skal vera vertskap for mange store sykkelritt (les meir på side 38 og 39). Du treng ikkje frykte lange oppoverbakkar eller harde utforkøyringar. Høgste punktet i Øygarden ligg 72 meter over havet og på klare sommardagar ser du like til øya Fedje med det populære Hellisøy fyr. Syklar du i Øygarden, er det ikkje langt mellom plassane der du kan raste, bade, telte eller kvile deg på andre måtar. Øygarden rundt med båt Den ytre farleia som var ferdavegen til kystfolket vest for Bergen, dannar ei unik ramme for båtfolket. Øyane yttarst i havgapet er ei barriere mot Nordsjøen og vernar Bergen og omegn mot det barske havet. Her finn båtfolket ly blant dei mange sunda som strekkjer seg mellom øyane og heilt inn til Hjeltefjorden og Byfjorden ved Bergens hamn.


3 - Øygarden - Vilt og ekte

Den ytre farleia er teikna inn på kartet midt i brosjyren. Ferie i kystkulturens rike Øygarden har på mange måtar vore vilt og ekte lengre enn vi kan hugsa tilbake til. Naturen, livet og folket her ute er forma av ver og vind gjennom 10.000 år. Denne utviklinga kan du oppleva på Kystkulturmuseet i Ovågen som er eit levande museum utan sidestykke på Vestlandet. Informasjon om Kystmuseet finn du på sidene 30 og 31. Kulinariske rettar: Lokalt og nasjonalt Matentusiasten Cindy Bibow har gjort lidenskap til jobb. Matinteressa starta som ein hobby og no driv ho kurs, undervisning og produserar nokre lokale produkt. Frå side 22 kan du lesa om Cindy og nokre av hennar gode mattips til sommaren. Besøk Hellesøy Ytterst i Øygarden, der du kun kjem vidare med skyssbåt, ligg Hellesøy. Du kan vitja ein sjarmerande landhandel og kjøpa nista di der.

Ordføraren

Å feriera i Øygarden utfordrar til eigenaktivitet og oppleving; fiske, båtliv, kajakk, dykking, fjellklatring, fuglesafari, havrafting, rorbuferie og mykje meir. Det er lagt til rette for flotte turar frå sør til nord i kommunen. Lyngheiane dominerer det opne kystlandskapet. Dei eldste er kring 5000 år gamle. Ormhillaren på Rong og Lislevika på Tjeldstø har tilrettelagte badeplassar og Kjøpmannsvågen er ein ynda plass å fiska. Om vinteren finst det knapt ein finare stad å dykke – krystallklart vatn og flotte tilhøve. Frå Knappen i sør til Hernar i nord, frå Hjeltefjorden i aust til skjergarden i vest, det er opp til deg å finne kvar du trivst best. Me er stolte over øyriket i vest, og gler oss over alle som kjem og finn meining i å bruka fritida si på ulike aktivitetar. På vårt opplevingsrike museum vert fiskarbondens historie knytt saman med notida, der kan du til og med reise ut til eit visningsanlegg for laks og aure. Mange kjem til Øygarden for å fiske. Turistar frå inn – og utland stortrives på rorbuferie. Mange kjem att år etter år. Somme kjøper seg hytte og bur her i periodar, medan andre til slutt blir fastbuande! Øygarden byr på ekte naturopplevingar med alt frå ekstremsport til kultur, ro og harmoni. Korleis du vel å nyte øyriket vest i havet, er opp til deg. Velkomen skal du vera!

Børge Haugetun Ordførar


4 - Innhald

02 03 06 08 10 11 12 14 16 17 18 20 22

Vilt og ekte Ordføraren 24 timar i Øygarden Øygarden på langs Reiseinformasjon Ferie i Øygarden Klatreklippane ved havet Eit dykkeeldorado Torsvikhuset Team X

Kulturminne: Vern og arv

Næringslivet i kommunen Lokal mat

24 26 28 29 30 32 34 36 38 40 41 42 44

Kart Turglede med 12 merka løyper Kvernepollen Rorbuer Kysteventyret Museum- kystkultur og opplevingar Nærkontakt med laksen Hyttefolket i Øygarden 5334 Hellesøy Sykkel-VM 2017 Padling

Fugleliv Badeplassar Fiskeplassar

Utforming: Snitt Reklamebyrå AS

Foto: Øygarden kommune, Egil Olsvold, Øystein Skålevik, Jan Hanchen

Redaksjon: Øygarden kommune, Øygarden Media, Eva Olsvold, Egil

Michelsen, Nautnes fiskevær, Team X, Julian Bell, Blom fiskeoppdrett,

Olsvold, Gunhill Sæle Bjørkhaug og Ian Mounteney.

Morten Wanvik, Bård Henriksen, Kai Svellingen Flatekvål, Gaute Hatlem, Ove Kristoffersen, Eva O. Brakstad, Hellesøy Pub & Kafe, Øygarden Media,

Trykk: ADverts

Steinar Engelsen, Kysteventyret, Kenneth Bruvik, Kystmuseet i Øygarden,

Opplag: 8000 Norsk / Engelsk

John Kenneth Aase, Stefan Chmel, Sjur Meling.

Papir: G-print

Kystlandskap

Opplevingar

Kystkultur

Lokalmat

Informasjon


5 - Innhald

24

TIMAR

I ØYGARDEN

Skal du verkeleg få oppleve denne vakre, langstrakte kystkommunen må du ta med deg minst ei overnatting og 24 timar i Øygarden.

06

Opplegget er laga slik at du kan reisa til og frå med vanleg rutebuss og rutebåt HEILE ÅRET.

Dykk i 14

Sykkel - VM

• Svelgensundet • Ulvsundet • Rongesundet

38

Kystkultur 30

Race to celebrate! - Eit av verdas største sportsarrangement kjem til Bergen og Øygarden.

Kvifor ikkje krydra dagen med museumsbesøk og kystkultur som kan kombinerast med naturopplevingar, padling og action.

Mett og god - Kurs i matglede

22

Matentusiasten Cindy Bibow har gjort lidenskap til jobb. Matinteressa starta som ein hobby og no driv ho kurs, undervisning og har etablert sitt eige firma Mett og God.

5334 Hellesøy At the end of the road

36


6 6- -Kystkultur på sitt beste

24

TIMAR I ØYGARDEN ÅRET RUNDT

Skal du verkeleg få oppleve denne vakre, langstrakte kystkommunen må du ta med deg minst ei overnatting og 24 timar i Øygarden. Opplegget er laga slik at du kan reisa til og frå med vanleg rutebuss og rutebåt HEILE ÅRET. Du kan velja å bu i telt, camping eller i rorbu.

SJEKK VÊRMELDINGA OG PLANLEGG Øygarden er vilt og ekte i ordets rette forstand. Sjøen kjem rullande inn frå Nordsjøen og kastar seg hardt over svaberga inn mot lune hamner i tronge sund. Veret kan skifte fort, og meir enn ein gong har vi høyrt folk oppleve dei fire årstidene på ein og same dag. Denne opplevingspakken du no får servert bør difor tilpassast etter veret, snuast opp ned eller plukkast frå som eit herleg fruktfat. Det er berre å forsyna seg av det beste vi har å by på frå kystkulturen her i havgapet vest for Bergen. Vi rår deg å ta litt tid til å planlegga turen og gjerne kontakta Servicetorget på rådhuset eller Kystmuseet i Ovågen.


DAG 1 KYSTMUSEET – EIT LEVANDE MUSEUM Øygarden er ein ung kommune, kun 51 år. Men historia går langt tilbake.

Her kan du faktisk trakke i fotspora til dei første menneska som kom til Noreg. Kystmuseet har kart over turar til Blomvåg og andre attraksjonar i kulturlandskapet. Kva med å sjå korleis isbreane frå istida forma landskapet her gong etter gong? Utstillingar med illustrasjonar og modeller kan syna deg dette. Etter den siste istida var det nemleg vestkysten som først kom til syne då isen trekte seg tilbake. Eller kanskje ein stille tur i robåt eller kano i vågen rundt museet. Vert du svolten, så har kafeen forfriskingar. Er du god til å planleggja, kan du ta deg ein piknikk der du garantert får kvit sand mellom tærne, på stranda ”The hidden Paradise” like ved. Leigar du deg ein sykkel rår me deg til å ta turen rundt Breivik, og sykle langs sundet på Herdlevær. Du finn og eit nydeleg turterreng utover Skogsøy, på godt merka stiar.

VISNINGSSENTERET FOR LAKS OG AURE På fjordsida i Ovågen har Blom Fiskeoppdrett AS opna dørene for alle som vil sjå korleis Noreg sitt sprellande, raude gull blir produsert. Her ute på fjorden flyt det ein stor driftsbygning, med kontor, laboratorium og mannskapsrom. Er du klar til å ta alle sansane i bruk vil du få sjå, høyra, kjenna, smaka, lukta og førestilla deg korleis havbruksnæringa har utvikla seg både i Noreg og lokalt i Øygarden. Dei samarbeidar med Kystmuseet, og du bestiller billettar via museet

MATENTUSIASTEN INVITERER I Blomvåg inviterer Cindy Bibow til kurs i matlaging som er ei kjelde til inspirasjon i kvardagen. Skulle været visa seg frå den vrange sida, er det ikkje mykje som kan måla seg med å sitja i det lune bakstehuset hos Cindy i Blomvågen. Her kan du læra deg kunsten med sushi, tapas med lokale variantar frå Øygarden, lefsebaking eller flatbrødbaking. Det er berre å ta kontakt på 413 11 790, eller e-post: cindy@mettoggod.no.

DAG 2

RORBU MED HAVSAFARI Vidare mot nord ligg Nautnes Fiskevær, eit vakkert og maritimt rorbusenter med røter tilbake til stolte handelstandstradisjonar på 1800 talet. Du kan framleis puste inn atmosfæren frå den gamle handelstanden i sjøkanten. Her finn du ro, fred og harmoni – om det er det du treng. Rorbuene er velutstyrte med gode fasilitetar. Kven kan vel motstå ein havsafari ut mot Nordsjøen og dykke ned i solnedgangen og samstundes vera garantert fiskelukke? På under eit minutt er du faktisk direkte ute i havgapet – ein sjeldan muligheit for eit fiskeeventyr du vanskeleg finn maken til i Noreg. Ønskjer du eit litt rolegare sjøeventyr, kan du leige deg båt eller kano og ro eller padla innaskjers. Gode kart og råd får du med deg. Kanskje du er heldig å sjå ei av dei mange havørnene som held til på dei mange småøyene rundt Nautnes.

OYHOPPING OG HISTORIEFORTELJINGAR Ved Øygardens ende, på Hellesøy, kan du velja mellom fleire aktivitetar. Du kan vandre på turstiar mot Gamle Hjelme kyrkje eller ut mot ei av dei mange små fyrlyktene. Øyhopping med rutebåten til Lyngøy, Hernar, Sanden og Nordøysund. Om du vil kan du bruka dagen til å ”øyhoppe”. Hugs berre å avtala returen med båtføraren. Ta med mat frå Hellesøy, for her er ingen butikkar. Gjer ein avtale med Kystmuseet om historieformidling og ein guida tur på øyane. Øya Hernar har vore eit knutepunkt for ferdsel til Vesterhavsøyane i norrøn tid og ein viktig handelsog gjestgjevarstad dei siste hundreåra. Under turen frå sundet der vikingskipa la ut, og opp til vollen med bautasteinar, får du høyra om bragdene til lendmannen Aslak av Hernar, om dramatiske hendingar i kapertida og om nordsjøfarten frå ”Englandskaien” under den andre verdskrigen. Forteljinga kan tingast på engelsk og tysk. For å få med deg ei forteljing, må du møta opp i god tid på staden. Der får du kjøpt ein billett hos forteljaren. Etter ein lang dag vert du nok svolten. Finn roen i naturen og handla på landhandelen på Hellesøy.

Bussruter Rutebussen (460/479) går frå busstasjonen i Bergen (perrong G) eller frå Olav Kyrresgate (Perrong E). Detaljert rutetabell finn du på side 10 i magasinet. Ruteopplysning tlf: 177 Rutebåten frå Hellesøy tlf: 47 97 83 13 (M/S “Øyrosa” Gulenskyss.no)

OP P L EV ING A R

7 - Kystkultur på sitt beste


øy ho p 9.

pa

y/

g y o

F

! s g n la

n e d ar

He ll es ø

e eri

pi n g

8-

1

Øygardens langstrakte øyar frå Turøyvarden

Svelgen bru over til Toftøy er inngangsporten til Øygarden og ved busstoppet er eit flott informasjonsskilt. Rett over vegen startar Turøyvegen. Du kan gå, sykla eller køyra bil mot Turøyvarden. Sjå etter skiltet merka ”Turøyvarden”. Du kan ta turen vidare til Turøybjørnen og Heller mot Turøytoppen. Informasjon om turane i området finn du på: www.nordsjoloypa.ivest.no Ein SPREK applikasjon til mobilen kan lastast ned fra appstore. På YouTube finn du også ein kortfilm, minutt for minutt mot Turøyvarden.

2

Toftestallen - der havet knuste miljøkrafta

Det øydelagde havkraftverket ved Toftestallen er eit skode verdig. Du kan anten tinga ein guida tur via Torsvikhuset eller gjera dette til din eigen heilt spesielle fotosafari. Kjem du med buss går du av ved Vik der det går ei bru over hovudvegen. No skal du kryssa nokre lokale vegar: Vaskanthaugen og Vestvegen før du kjem til bølgekraftvegen som du følgjer heilt fram. Søk etter Øygarden Bølgekraftverk på YouTube.

3

Ormhilleren - Badeplass, camping og fiske

Ved Raudhammaren på nordenden av Rongesundsbrua finn du Ormhilleren som er ein del av

Bergen og Omland Friluftsråd sitt ansvarsområde. Området har parkering, godt opparbeid gangveg, toalettfasilitetar, rasteplass, fortøyingsboltar til båtfolket og her er redningsbøye. Vi tilrår å ta med badetøy, fiskestong, grillutstyr og fotoapparat. Andre badeplassar i Øygarden som BOF driv er: Lislevika, Langøy og Skogsøy. Meir informasjon finn du på: http://www.bof.no http://www.godtur.no http://tur.bt.no/tur/217

4

Toftøy Adrenalinkick, sommarfest og sjøaktiviteter

Tre aktørar innan reiseliv, oppleving og arrangement har slått seg saman og har felles base på Torsvikhuset. Torsvikhuset og Team X er røynde aktørar og kjenner landskapet og strandsona i den langstrakte kommunen som si eiga bukselomme. Du kan velja mellom guida turar, klippe og juvvandring, havsafari, water balls, zip line, villmarkspark og mykje meir. Du kan lesa meir om desse tre aktørane på side 20-21.

5

Servicetorget på Rong

Kommunesenteret i Øygarden er på Rong. Her får du alt du treng: Du kan shoppe på kjøpesenteret, hjelp til turplanlegging ved Servicetorget i Rådhuset, flotte turområde og arrangement og tilstellingar i Kulturhuset. Informasjon om dette finn du i lokalavisa eller på kommunen sine heimesider.

6

Kystmuseet eit opplevingssenter

7

Fuglesafari

Kystmuseet er eit opplevingssenter der du kan vandra i historia heilt tilbake til dei fyrste menneska som kom til Noreg for mange 10 tusen år sidan. Historia er godt dokumentert med utstillinga Hav og vind – Jord og eld, og dette til trass for at kommunen så vidt er passert 50 år. Her finn du både faste og rullerande utstillingar. I tillegg kan du leige kano, sykkel eller ein privat guide. På Kystmuseet kan du oppleve laks på ein unik måte. Bli med på ein fartsfylt båttur og omvising på eit moderne fiskeoppdrettsanlegg i Øygarden. Du får oppleve Noregs raude gull, laksen på nært hald.

Nærare eit kvart tusen ulike fugleartar er observerte i Øygarden. Året rundt er det alltid noko nytt å sjå for hobbyornitologar, anten dei ferdast med båt langs kysten, vandrar i lyngheiane – eller rett og slett tek ein tur på det rike fuglereservatet ved Tjeldstø. Vår lokale hobbyornitolog Julian Bell tilbyr guida turar på bestilling.


se t hu

af e rs

en ar ur øy v 1. T

3.

Or

mh

de

n

ill

er

5.

en

Se

2.

rv

To

ice

ft

to

es

rg

ta

et

ll

4.

7.

To

Fu

gl

Lu

vik

xk

es af ar

i

6.

Ky st mu

se e

t

8.

He

ll es øy

OP P L EV ING A R

9 - Legg ferien til Øygarden

8

Hellesøy

Hellesøy er endestaden heilt nord i Øyriket, for deg som køyrer med, bil, buss eller sykkel. Vidare kjem du kun med båt. Gled deg; Her ventar merka turløyper gjennom lyngheier og tett kratt ut til fyrlyktene, eller ei vandring gjennom kystkulturen til Hjelme gamle kyrkje og naustmiljøet rundt. Ein av landets finaste landhandel finn du og.

9

Hellesøy/Øyhopping

Etter ein time og 17 bruer frå Bergen sentrum er du på Hellesøy, siste stoppet på bussturen frå Bergen. Hellesøy er eit ferieparadis for båtfolk, bussturistar, syklistar og folk på dagstur. Ein kort båttur nord for Hellesøy finn du dei idylliske øyane Lyngøy, Hernar, Sanden og Nordøysund. Du kan velje å ta ein rundtur med

rutebåten, eller ”øyhoppe”. Herifrå går det direktebuss tilbake til Bergen. På sommeren er det åpna rute frå Hellesøy - feie tur-rettur. Sjå www.gulenskyss.no for tider.


Reiseinformasjon Bil frå Bergen

Reisa er 60 km (1 time) frå Bergen sentrum. Følg veg nr 555 frå Bergen vestover mot Sotra. Når motorvegen sluttar, og etter nokre tunellar kjem du over Sotrabrua. Turen går vidare mot Straume. Følg vegen 555 igjennom Kolltveittunellen. I rundkjøringa etter tunellen tek du til høgre og følgjer så veg nr 561. Forbi Kolltveit kjem du til Spjeld og deretter til Ågotnes. Køyr rett fram i rundkøyringa på veg nr 561. Svelgen bru er inngongsporten til Øygarden. Her ventar 12 bruer før du kjem til Hellesøy yttarst i Øygarden.

Buss frå/til Bergen Busstasjon Ring 177 for ruteopplysning

Detaljerte rutetider For rutetider, sjå www.skyss.no eller bruk Skyss Reiseplanleggjar, applikasjonen kan lastast ned gratis i App Store eller Android Market ved å søkje på “Skyss”. Ruteopplysning 177.

Båt frå Hellesøy (Sommar 1.mai - 31. august) Ring 177 for ruteopplysning

Detaljerte rutetider For rutetider, sjå www.gulenskyss.no.

Viktige nettstader www.oygarden.no www.visitbergen.com www.bibvest.no www.kystmuseet.museumvest.no

Legevakt 116117

Legesenter (dagtid) 56382110

Ambulanse

Brann

Politi

113

110

112


11 - Kommunen informerer

Ferie i Øygarden

Fakta om kommunen Øygarden kommune sitt servicetorg Telefon: 56 38 20 00 måndag til fredag mellom kl 08.00 og 15.30 Epost: postmottak@oygarden.kommune.no Besøksadresse: Øygarden rådhus, Ternholmvegen 2, 5337 Rong Ordførar: Børge Haugetun (TVØ) Folketalet pr 30.06.2017: 4891 Areal: 64,2 km2 Næringsareal: 1500 dekar (Naturgassparken Vest) Industri ca 1100 dekar (Kollsnes og Sture)

Fiske, dykke, padle, gå, klatre, få ny kunnskap, meditere, kvile, sitje i ro, reflektere. Gjere ingenting. Å feriere i Øygarden utfordrar til eigenaktivitet. Øygarden kommune har lagt til rette for flotte turar frå sør til nord i kommunen. Lyngheiane dominerer kystlandskapet. Dei eldste er kring 5000 år gamle, og på rask veg til å forsvinne. Å ta vare på det gamle kulturlandskapet for ettertida, er ei viktig oppgåve for kommunen. Øygarden kommune er stolt over dei rike ressursane som finst, og gler seg over alle som kjem og finn meining i å bruka fritida si på ulike aktivitetar. Spenninga mellom nye aktivitetar og gammal kultur gjer det ekstra utfordrande: å utvikla gode tilbod som tek vare på både stolte tradisjonar og spanande nyvinningar! Og det kjekkaste er om turisten likar seg så godt at dei med glede kjem att saman med vener og familie og seier: « Du må berre vera med til Øygarden og oppleva den flotte kommunen»!

Tilsette i kommunen: 412 årsverk Elevtal ved skulane: 667 Antal ungdomsskular: 1 Øygarden Ungdomsskule Antal borneskular: 4 Tjeldstø skule, Blomvåg skule, Rong skule, Toftøy skule Born i barnehage: 296 Antal barnehagar: 3 kommunale / 3 private Kommunale: Tjeldstø barnehage, Terna barnehage, Breivik barnehage Private: Toftøy barnehage, Spurven familiebarnehage, Knappen familiebarnehage. Born i kulturskule: Om lag 100 Anlegg: 2 fotballstadion med krøllgras: Rong Stadion og Nesemyra Stadion Symjehall i Kulturhuset Terapibasseng i Øygarden rådhus


12 - Klatring

Klatreklippene Fisketurar, bading, padling, dykking, fugletitting og fotografering er aktivitetar eg ser føre meg når eg tenkjer på Øygarden. Men fjellklatring… det er jo ikkje fjell der ute i havgapet, tenkte eg når instruktør Tor Åge Grødem i Bergen Base Camp fortalte at han skulle til Øygarden på klatretur. Høgaste punkt er jo 73 moh, men eg tok grundig feil. - Her kan du padla frå klatrevegg til klatrevegg, fiska, finna blåskjel og driva fridykking. – Øygarden har alt, ikkje minst ein fantastisk vill og vakker natur. Det er rett og slett Noregs klatreparadis, seier Tor Åge Grødem i BBC. Det unike med Øygarden er at øyane har både boltar og naturlege sikra ruter. Steinkvaliteten er god, og klatrerutene ligg tett i tett med ei blanding av vanskegrad frå heilt lette- til ekstremt vanskelege ruter i same området. Vår nye folkesport Saman med instruktøren frå BBC og sju klatreungdomar frå Åsane nord for Bergen, drog vi til Storskora. Gjengen fortel at fjellklatring er vår nye folkesport. Klatring er den aktiviteten som aukar mest både i Bergensområdet og i resten av Noreg. Noregs Klatreforbund har over 15 000 medlemmar. Klatring for alle generasjonar – I klatreveggen møtest alle generasjonar. Klatrarar i alle aldrar kan hengje side om side i veggen og ta seg opp og ned i eige tempo. Her er det ikkje førstemann til topps som gjeld, men at alle kjem seg trygt opp og ned, fortset den erfarne klatreinstruktøren. Stien, frå vegen der vi parkerte, førte oss til toppen av klatreveggen på Storskora. Tor Åge fortel at dei ofte reiser frå regnvêr i Bergen

til strålande solskin her ute ved storhavet i Øygarden. Medan klatrarane gjorde utstyret klart for å rappellera nedover klippeveggen, ser vi at på platået under klatreveggen er ei anna klatregruppe i gang med å ta seg opp klippen. Etter kvart kjem endå to grupper for å boltre seg i den bratte fjellveggen. Her er menneske i alle aldrar, med ulik røynsle, men med ei felles interesse. Vending i veggen Instruktøren har teke seg ned eit lite stykke og set seg til i veggen for å instruere ungdomane om korleis dei skal vende midt i veggen. Me ser at ein etter ein klatrar opp til instruktøren og får nøyaktig og god instruksjon i å snu, for så å klatra ned igjen. Nede på platået er det tent bål. Det er eit hyggeleg skode. Nokre titals menneske gamle og unge, har funne seg ein klatreplass på det yttarste berget mot storhavet, ein arena som naturkreftene har brukt år tusen på å forma. Eit minne for livet Det vanskelegaste denne kvelden er å bryta opp for å reisa heim. Ungdomane frå Åsane fortel at dette har vore ei heilt utruleg oppleving, rett og slett eit minne for livet. Instruktørane smiler. Å få slike tilbakemeldingar varmar godt for dei som brukar av fritida si på å gje ungdom gode opplevingar.


ved havet

Kontakt www.bergenbasecamp.com post@bergenbasecamp.no 55 32 55 00

OP P L EV ING A R

- Noregs klatreparadis


14 - Dykking

Illustrasjonsfoto

Oygarden - eit


dykkeeldorado Det bognar av liv i dei ulike straumane som går mellom øyane. Du kan difor vera med på ei heilt spesiell dykkeoppleving som du skal leita lenge etter å finna andre stadar.

Svelgensundet – straumdykk for avanserte Inngangssundet til Øygarden er Svelgensundet. Like over brua finn du informasjonsskiltet om Øygarden. Sundet er kort, trongt og smalt. Her må du vera budd på kraftige straumar og vi rår deg til å ha med kjentfolk. Sundet kan by på opplevingar du kanskje ikkje finn andre stader i verda. Er du heldig kan du møta ein heil stim med steinbitar som kjem symjande. Ulvsundet – eit paradis Mange meiner at dette er det flottaste sundet i Øygarden. Her møter du ei jamn djupne på 20 meter, med kvit sandbotn som gjev fantastiske lysrefleksar og eit vakkert fargespel for dei som likar å fotografera. Du vil oppleve ein fin, lett og

einsretta straum og inga bakevje. Her kan du oppleve veggdykking med anemonar, og tareskog. Er du heldig får du føle nærvær med flyndrefisk, raudspette, stimar av lyr og sei, hummar, krabbe, breiflabb og steinbit. Det populære Rongesundet Gamlekaien på Rong har gode parkeringsforhold. Den fine vika inn mot gamle Rong kai er eit flott utgangspunkt. Vika er brei og har sandbotn som skråar gradvis utover mot sundet til 30 meters djupne. Du kan enten bli verande i den rolege vika, eller symja ut i straumen under Rongesundsbrua. I sundet under brua kan du oppleve stimar med opp til 1000 fisk av makrell, sild eller pale (småsei). Havet frå Nordsjøen og sunda ligg og ventar på deg.

Hugs!

1. Meld alltid frå heime eller til andre når du kan ventast tilbake frå turen 2. Dykk alltid saman med andre, minimum to personar i lag 3. Marker med alfa-flagget på overflata, anten i bøye eller på båt 4. Kontroller utstyret ditt på eit dykkarsenter med jamne mellomrom

5. B  ruk avtalte signal til kommunikasjon under dykka 6. Avtal alltid kva som skal gjerast dersom de kjem vekk frå kvarandre under dykka 7. Det er alltid tilrådd å ha med ein følgjebåt som markerer at dykking pågår 8. Vi tilrår å ta med ekstra oksygen 9. Sjekk med dykkepedia.com for gode dykketips!

OP P L EV ING A R

15 - Dykking


16 - Ekstremsport

Torsvikhuset Torsvikhuset var ein gong eit trelastlager, men har sidan 2008 utvikla seg til å bli eit aktivt hus med eit mangfald av aktivitetar og positive opplevingar for både born og vaksne. Maritime lokale Ein halv times køyretur frå Bergen kan gjestene tre inn i fleire maritime lokale i Torsvikhuset, der nokre av dei har fått namn etter stadnamn i Øygarden : her kan du kosa deg i «Vikavågen» «Toftøyna» «Lanterna» og «Øybaren samt «Speilsalen». Og frå «byssa» blir det trylla fram gode rettar. Vi på Torsvikhuset ønskjer å skapa høg trivselsfaktor for gjestene vår gjennom tilbod som barnedisco, dans, karate, slutta lag, Quizkveldar, underhaldning eller open bar med god mat. I tillegg arrangerer vi kurs og konferansar. Skreddarsydde pakkar Ved eit besøk på Torsvikhuset, ynskjer vi at du skal ha med deg positive opplevingar frå teambygging, aktivitetsparken vår eller kanskje har du utforska litt av alt det Øygarden har å by på? Torsvikhuset ligg sentralt i Øygarden, og er eit godt utgangspunkt for ein vellukka dag med mange positive opplevingar for store og små. Kanskje vil du vera gjest hos oss? Vi ynskjer deg velkommen som gjest hos oss, og skal gjera det vi kan for å leggja til rette for ei god oppleving i Øygarden.

Strilafestivalen Den første helga i september ønskjer vi velkommen til Strilafestivalen.

Fakta • Lokale for kurs, konferansar og hygge • Tilrettelegging for fagdagar, blåturar og anna • Vi skaffar foredragshaldarar, musikk og underhaldning • Skreddarsyr pakkar med fleire aktørar • Open bar og servering av mat www.torsvikhuset.com torsvikhuset@mail.com 920 11 719


OP P L EV ING A R

17 -

TeamX Vi skreddarsyr pakkar som passar for ditt firma eller lag: teambuilding, utdrikkingslag, gebursdagar eller familiesamlingar. Flyboard Stadig fleire har oppdaga den siste, heftige trenden innan vassporten: flyboard! Flyboard, også kalla Jetpack, er eit brett som koplast til ein vasscooter og vert halde oppe av vasstrykket frå denne. Dette gjev ei kjempekraft som kan føre deg over vatnet i varierande grad, til og med fly deg høgt opp i været eller stupe ned under vatnet som ein delfin! Det kan gje eit ordentlig adrenalinkick! Med instruktør tek det ca 5 – 10 minutt å koma i gang, utan instruktør noko meir. Men flyboarding er ein svært enkel sport som alle kan meistre med litt øving. Havsafari / rafting Om du skal ha sommarfest, kickoff, konferanse eller gje kundane dine ei flott oppleving dei vil hugse i lang tid – anbefalar vi ein RIB-tur i havgapet. Dette er ein aktivitet som passar for alle og som kan tilpassast den enkelte gruppe. Flott lokale i naustmiljø Nyt maten i det fine naustmiljøet vårt. Firma og lag kan ta mat med seg eller bestilla rykande ferskt skaldyrsbord frå lokale fiskarar, eller nyte ein grilltallerken frå våre beste

kokkar. Paintball i eigen holme Kva med å få ein heil holme for seg sjølv? Dette er den perfekte forma for teambuilding for både firma, lag, klassar og kameratgjengen. Vi kan ordne med arrangement etter dine ønskjer.

Fakta

• Skalldyrbuffet i flott naustmiljø • Skreddarsydde aktivitetspakkar • Sertifisert og godkjent iht. passasjerforskrifter • Opplev rått hav ved vår populære havrafting eller havsafari www.teamx.no 934 53 816


18 - Kulturminner

Kulturminner er i følgje kulturminnelova alle spor etter menneskelege verksemder i vårt fysiske miljø, her under lokalitetar det knyter seg historiske hendingar, tru eller tradisjon til. Slike kan mellom anna vera hus, industribygg eller fartøy. Kulturminner kan og vera i utmark eller under dyrka mark. Kulturminner og kulturmiljøet representerer samfunnet sine felles verdiar. Dei er unike og uerstattelege kjelder til kunnskap og opplevingar og kan gi grunnlag for lokal utvikling og kulturell, sosial og økonomisk verdiskaping.

Kulturminneloven I Noreg er alle kulturminne frå før 1537 (reformasjonen), ståande bygg frå før 1650, samt samiske kulturminne og skipsfunn eldre enn 100 år, automatisk freda i kulturminnelova. Kulturminner før 1537 kan også verta kalla fornminner. I lovhierarkiet står kulturminnelova over blant andre plan- og bygningslova, slik at det ved konflikt mellom desse er kulturminnelova sine avgjerder som gjeld. Kulturminnelovens § 2: «Alle spor etter menneskelig virksomhet i vårt fysiske miljø, herunder lokaliteter det knyter seg historiske hendelser, tro eller tradisjon til. Med kulturmiljøer menes områder hvor kulturminner inngår som del av en større helhet eller sammenheng.»

Vern ved bevaring Kommunen kan gjennom plan- og bygningslova regulera verneverdige enkeltbygg eller miljø til omsynssone bevaring. Vernerestriksjonane knytter seg til bygningar sitt eksteriør og interiør, utan laust inventar. Dei vert handheva av kommunen sjølv og gir eit svakare vern enn fredning, då det er langt enklere å endre ein reguleringsplan enn å oppheva eit fredningsvedtak. Kulturminner og kulturarv Kulturminner vert ofte omtala som ein del av den norske kulturarven. Denne har oppstått ved nyskapning som ved at impulsar er motteke utanfrå, innlemma i norsk kultur og til ein viss grad blitt gitt eit eige uttrykk/versjon. Ut frå denne forståinga spenner dette vidt, og omfattar kulturelement frå dei eldste tider så vel som frå vår eiga tid, frå alle sosiale lag og


19 -19 - Kulturminner

KULTURMI NNE frå alle etniske grupper, så vel som dagligdagse bruksgjenstandar, materielle og immaterielle kulturelement. Kulturminnevern I Noreg vert kulturminna eigd både av private eigarar og av frivillige organisasjonar som Fortidsminneforeningen, tilslutta Norgs kulturvernforbund, musea og kommunar, fylke og stat. Staten sin andel av finansieringa er for ein stor del kanalisert gjennom Riksantikvaren, musea og Norsk Kulturminnefond. Det offentlege kulturminnevernet vert i Noreg leia av Riksantikvaren, som er eit eige direktorat under Miljøverndepartementet. Den regionale kulturminneforvaltning er lagt til fylkeskommunen og Sametinget for samiske kulturminner. På lokalt nivå er det kommunane som har ansvaret.

Nothengjo på Hellesøy, restaurert landemerke i Øygarden Hengjo er ei nothengje frå 50 tallet som er eineståande i størrelse og utforming. Den er eit unikt landemerke og ein sentral kulturberar for Øygarden kommune. Stiftinga Kystmuseet i Øygarden eig og disponerer bygget. Museet har inngått avtale med Hengjos Venner om utvikling og drift av kulturminne. Ferdig utvikla vil Hengjo både vera eit kulturbygg og eit attraktivt aktivitetssenter samstundes som det med si særeigne historiske utforming og plassering vil vera eit unikt landemerke for regionen.


20 - Næringslivet i kommunen

NÆRINGSLIVET I KOMMUNEN - Frå fiske og fangst, til industri og det moderne Øygarden JORDBRUK Folk langs kysten blir ofte kalla fiskarbønder. Fiske var sesongbasert, og jordbruket gav mat på bordet i vanskelege tider. Kystlandskapet er karrig med lyngheier, berg og ulendt terreng. Dei små åkerlappane blei tidlegare utnytta til fulle. I dag ser me mengder av sau i Øygarden. Mange av dei er utegangarar som tåler vinter og hardt ver. No er det ikkje matauk som motiverer for sauehald. Det er å ta vare på det gamle kulturlandskapet som er viktigast. Tidlegare gav fiskarbøndene buskapen lyng og tare som fór. Om våren blei det kokt rognkjeks som ekstra tilskot. I dag nemner me fiskarbøndene som løysingsorienterte og kreative. Dei visste å finna løysingar på utfordringar som livet gav dei. Øygarden er ingen jordbrukskommune, men enno har vi ein storgard i drift. På Breivik finn du eit vakkert og vidstrakt landskap. På garden driv dei og med storproduksjon av egg. Dei andre som driv jordbruk har sauehald som hobby. Nokre eldsjeler produserer lynghonning av bier frå lyngheiane.

FISKE Nærleiken til havet og dei rike matressursane har vore grunnlaget for busetjing i Øygarden i fleire tusen år. Det som i dag er ein attraktiv hobby for turistar frå inn- og utland, var ein gong den viktigaste inntektskjelda for folk langs kysten. No har det stilna på kvalstasjonen i Blomvåg, men det er mange som minnast det yrande livet der. Andre tider I Øygarden har oljealderen teke over for fisketradisjonane. Likevel er det mange som har mykje kunnskap om fiske, fangst og reiskap. Denne lærdomen kan overleverast til dei unge. I tråd med utviklinga er fisketradisjonen vidare utvikla gjennom store, moderne oppdrettsanlegg for laks og aure, som blir eksportert til heile verda.


OLJE OG GASS I 1984 kom15.000 anleggsarbeidarar til Øygarden. Det førde med seg 22 milliardar kroner i investeringar, og varige endringar i landskap og infrastruktur. Øygarden blir aldri den same etter at olje og gassindustrien etablerte seg på Kollsnes og Stura. Før var det ei dagsreise til Bergen. I dag tek det 40 – 60 minuttar. Rutebåten er erstatta av bruer og nye vegar som raskt og effektivt opnar Øygarden for omverda. Øygarden er eit av Noregs viktigaste senter for eksport av energi. 1,5 % av verdas totale oljeproduksjon renn inn frå oljefelta i Nordsjøen og vert lagra i grunnfjellet på Stura. Store tankbåtar lastar olja for eksport. 50 millionar europearar i 6 forskjellige land blir dagleg forsynt med gass frå Kollsnes.

HANDVERKARAR Øygarden har ingen store handverktradisjonar. Folk var nøysame og laga det meste sjølv av det dei hadde trong for til hus og heim. Stundom fekk dei hjelp av naboen og andre som var spesialistar innan sitt område. Fiskereiskap og enkle jordbruksreiskap laga dei sjølv. Tønner til å oppbevara silda i henta dei frå Fusa. Kvinnene i Øygarden spøta heime og selde produkta sine i Bergen. Dei spann og vov, strikka og sydde. Øygarden har no dyktige spesialistar innan moderne industri, bygg og anlegg, olje og gassindustri.

HANDEL Før i tida var det ein liten butikk mest på kvart nes og kai. Med storfisket kom sesongarbeidarane, med ønskje om mat og husly. Pengar kom i omløp og erstatta naturalhushaldet. Handel mellom Øygarden og Bergen med levering av fisk på Torget har lange tradisjonar heilt fram til våre dagar. Eksport av sild, hummar og annan sjømat har vore ein viktig del av næringsgrunnlaget for Øygardsfolket i generasjonar. I dag eksporterer Øygarden laks frå oppdrettsanlegg i Ovågen til heile verda, og gass frå Kollsnes til Europa. Men me har framleis landhandelen på Hellesøy. Det er me stolte av!


22 - Mett og god, Lux Kafé

LOKALMAT

Mett og god

- få matkurs hos Cindy

Ønskjer du en dag i naturen med eit lite matlagingskurs i tillegg? I Bakstehuset i Blomvågen held Cindy Bibow kurs for hyttefolk, verksemder, lag og andre matglade. Deltakarane kan velja ulike kurs, mellom anna tapas-, sushi-, og kurs i lefsebaking. Kursleiar har lang røynsle i arbeid med lokal mat og andre spesialitetar. Matglede er i fokus, difor firmanamnet Mett og God - Kurs i Matglede. Tekst/foto: Øygarden Media

Noko for einkvar smak Det er variasjonen, frå lefse- og flatbrødbaking til kreative sushirettar, som kjenneteiknar kursa til den sprudlande matentusiasten. Det er overveldande stor respons på kursa i Bakstehuset, smiler ho. Fleire har teke turen frå Bergen for å få ei annleis matoppleving. Kursdagane blir alltid varierte, tilpassa deltakarane, forklarer Cindy. Showkurs heime hjå deg Siste året har ho og halde “showkurs”. Deltakarane ser, lyttar, spør og smakar, medan ho demonstrerer. Vi går gjennom oppskrifter, snakkar om maten, og ingrediensane. Sushikursa blir meir og meir populære. Sidan førre utgåve av ”Vilt og Ekte” har eg hatt mykje å gjera. Eg har mellom anna arrangert lagbygging med store firma som Tryg, DnB og NextGenTel Plassdyrka urter På matkursa kan du få kunnskap om urter. Eg dyrkar mange typar urter. Desse vert mykje brukt på kursa. Krydderurter er enkle å dyrka i vinduskarmen eller på balkongen. Dei er dekorative og smaker godt. Eg brukar og eigenproduserte råvarer frå Blomvågen.

Matkurs for born Mannen min og eg har eit samarbeid med kulturskulen om KulMat. Vi har ansvar for undervisning, materiell, og sponsoravtalar. Elevar frå grunnskulen i Øygarden og Fjell har delteke. Det er unikt å oppleva borna si matglede og entusiasme.


Lux Kafé

- få mat hos Oliver Grunderen Oliver Torsvik er utdanna kokk og starta Lux Kafe’ på Rong i mars 2017. Dermed har han nådd ein av draumane sine, berre 23 år gammal. Han har laga mat sidan han var liten gut, og visste tidleg kva han skulle bli. No drøymer han om å klara å leva av bedrifta si, skapa fleire arbeidsplassar i Øygarden og på sikt, etablera fleire kafe’- og cateringselskap andre stader på Vestlandet. Catering Ved sida av ordinær kafe’drift, leverer Oliver mat til alle anledningar. Han lagar tradisjonellelle koldtbord, tapas og snittar. Kan du ikkje hente maten sjølv, får du den levert på døra. Skal du ha selskap og treng kokk til å laga maten og hjelp til servering, stiller Oliver med sitt team. Han kan og arrangera lukka selskap til deg i kafe’lokala sine, etter stengetid. Dersom du må jobba overtid med møter og gjester ut over ettermiddag og kveld, stiller Oliver med mat til deg og gjestene dine. Han leverer både i Øygarden og i dei andre nærliggande kommunane. Kundeorientert Det viktigaste for grunderen av Lux Kafe’ er å ha nøgde kundar. Menyen følgjer årstidene og vert endra kvar tredje månad, slik kan han nytta dei råvarene den enkelte sesong har å by på. Kafeen er open alle dagar. Sjå heimesida for opningstider: www.luxkafe.no. For bestillingar, ring Oliver, mobil 0047-90728958.

LOKALMAT

23 -


rd

Su

øy R

TU

lo r

ps

p na

tk

r Ko

St

n Sa

a

kk

Ky

y

rsø

Ho

n de y sø

na

H

ern

ar

2

rkj

e

øy

R L

ot

åt

rb

je as

s

s Pa

ar

eg

b ub

y

øy

H

n

e ing

ell

Sv

eik

Bl

R

2

ken

Bak

x 0 4

49

o

elm

Hj

Kj

le sku

Se

en

eø F

y

Ho

de rei

olm sh det k La sun E

RADØY

ret

T

kjæ

s øg

H

n Åd

Eid

en

Ba

Os

M

4

e

La

MELAND

y hø

ng

en

Al

n de

ka

i alv

Kv

y

o reh

Stu

d

jol

Sk

stø

et

im vhe

eld t. Tj

v

te

Ro

ule

sk

Sa

eim

ar Hj

y No

en

Te

R

Natur, vandring / Nature, Hiking

TU

Verdt å sjå / Sight

5

olm

Ge

iti

n

R

TU

Utkikkspunkt / Viewpoint Tursti/Hiking trail

o Sk

x

ø gs

R

TU

Bank / Bank

Butikk, kiosk /Shop, Kiosk

Fuglekikking / Bird-watching

Båtutleige / Boat hire

Industri / Industry

Kai / Quay

Postkontor / Post Office

Dykking / Diving

Rasteplass / Lay-by

Segling / Sailing

Bensinstasjon / Petrol Station

Fiskeplass / Fishing

Politi / Police x 71

Symjehall / Swimming Pool Fotballbane / Football Ground

Paintballbane / Paintball Arena

40

y

12

Kulturhus / Arts Centre

Butikk (senter) / Shopping Centre

Leirdueskyting / Clay Pigeon Shooting

r

Øksekasting / Axe Throwing

Serveringsstad / Restaurant

Toalett / WC Aktivitetspark / Activity Park

Pil og boge / Archery

Rorbuer / Fisherman´s Cottage

Padling / Kayaking

le erd

B

Havrafting / Sea Rafting

Camping / Camping

Fjellklatring / Climbing

6

n

Vassport / Water Sports

Overnatting / Lodging

Badeplass / Beach

n ge H

Museum / Museum Sykkelsti / Bicycle Path

Horsøy

Høgdepunkt, m / Height, m Høgdekurve / Contour Ekvidistanse: 20m / C. interval: 20m Myr / Marsh Naturvernområde / Preservation area Nordsjøløypa / North Sea Trail Tursti / Path Den ytre farleia, kai / Waterway, Quay 0

1

2

3 km

St

se

eo

r rd

h ist

Servicetorget / Tourist Information

y

Str

FJELL BERGEN SENTRUM

ika lev s i L tad s ke r Ha

vh

Al

en

lm

et

ll Tro et Eid

tn va

Al

ASKØY

va

ra

Sto

øy

tu

ra Stu

v

Ho

et

es

y pø

UR

3

y

le

ng

vli

ø en

et

nd

su

e ell

A C D

ØYGARDEN

R

TU

lle

He

TU

1

R

øy

g yn

tå ns

m-

No

au

ne

ka

k Na


Hellesøy

Hellesøy Brygge

Øyhopping

A

JO

R

D

E

sun

n

Oe

GT h

H

e

Br

O

en

L

ø jøs

K

ika

Klyva aktivitetssenter

s

s ne

lls

Ko

øy

x Lu

le ule Sæ g sk å v lom

B

t.

B

ale

åg

mv

Blo

K

r

lom

x

inv

y llsø

s ing

o m le B l 71 Da

1 56 Ste

ta

uk

Ko

ne

rk

pa

y

Ljø

D kje r ky

g

m

ik

rv

Blo

a Kn x

n

ge

u ha

k

To

47

R ng

g Ron

n

O

On y

r ka

Ro

ng

øy ull

le sku

n R o x 32

ge

e

os

8

le hil

m

Or

ing

eip

N

O

R

D

S

E

N

10

Kx

a vik

9

T

f To

60

y Husk å endre “stroke” tykkelsen rundt X’en, i forhold til hvordan den skaleres. Det er i alle fall så tykk som dette den skal se ut, men dette vil du også se ut i fra hvordan laget “Reflection”, som hører til X’en, matcher med kantlinjen.

1 ule 56 øy sk t Tof ft To

en

g

te

f To

UR

ik

v ein

T

ren

R

TU

L

st or L

J

fte

Gr

Torsvikhuset

t

n su

n Ro

no n

To en

7

de

y gø

ng

Ro

R

TU

na

r

Ro

pe

ap

I

Ka

Jo

g te on sen

5 x4

n ek

S

H

J

ise

sb

øy

s oll

Ov

dd

ad

TeamX

I

e sn

Osundet

k ivi

i eH

r Pa

Kystmuseet

G

Øygarden rådhus

N

et

øy

nd

F

esu

E

D

Øygarden Visningssenter

F

Ulv

T

t

m au

L

de

r

Hjelme gamle kyrkje

E JE

C

B

Nautnes Fiskevær

H

Butikken på Hellesøy

k

Vi

a

vik

ge

Ste 5

x5

n be

b

Klu

R

Sk

TU

11 R

TU

or

a ag

vle

y

Tu

n

en

elg

Sv

sje

Mi

© Adachi Map Jan Hanchen Michelsen, Steinar Engeland,Roald Atle Furre, Jon Fjeldstad,Kystmuseet, TeamX, Eva O. Brakstad, kystmuseet, Øygarden kommune


26 - Populære turar

Turglede

1

Røbbeganståna på Hellesøy

2

Seløy, frå gravplassen på Bakken

3

Startpunkt: Sprengsnesvegen. Turløypa er ca 4 km og tek ca 1,5 time t/r. Vanskegraden er middels og du bør ha med godt fottøy då det her er tidvis vått.

Startpunkt: Gravplassen på Bakken. Her må du rekne med å bruke ca 1 time på den 3,5 km lange turstien t/r. Middels vanskegrad og tidvis vått terreng gjer at du må ha godt fottøy. Flotte fotomotiv.

Nordsjøløypa Hjelme - Bakken – Hellesøy Startpunkt: Hjelme gamle kyrkje. Ta med fotoapparat! Turløypa er 6, 5 km t/r og vanskegrden middels. ”Den vanlege trimmaren” vil bruka 2 timar i denne turløypa.

4

Nordsjøløypa Nautnes – Trollavatnet

5

Nordsjøløypa Tjeldstø – Hovden

Startpunkt: Nautnesvegen ved Havforskningsinstituttet. Dette er ei av dei lettaste turløypene på 3 km og du brukar ca 40 minutt. Her er vått så ta med godt fottøy og hugs fotoapparatet.

Startpunkt: 100 meter nord for Tjeldstøkrysset. Den lengste turen på 9 km t/r og du må rekne med 3 timar dersom du er i bra form. Vi tilrår å ta med både niste og fotoapparat. Godt fottøy er sjølvsagt.

Grøn: Lett tur og kan gjennomførast av alle. Blå: Middels vanskeleg tur for vanlege “trimmarar”.

Sprengsnesvegen 4 km 1,5 time Periodvis vått Blå

Gravplassen på Bakken 3,5 km 1 time Periodvis vått Blå

Hjelme gamle kyrkje 6,5 km tur retur 2 timer Periodvis vått Blå

Ved Havforskningsinstituttet 3 km 40 minutter Periodvis vått Grøn

100 meter nord for Tjeldstøkrysset 9 km t.r 3 timer Vått Blå

Alle turane kan lastes ned og printast ut på www.godtur.no


6

Skogsøy

7

Dethloffhytta

8

9

Startpunkt: Starten av Skogsøy ved brua over til Herdlevær. Turløypa er ca 8 km og tek ca 2 timar t/r. Her er periodevis vått så ta med godt fottøy. Ver forsiktig i dårleg vêr. Middels vanskegrad.

Startpunkt: Rett før snuplassen i Onevegen. Turløypa er ca 4 km og tek ca 1 time. Her er periodevis vått så ta med godt fottøy.

Ormhillleren med Kyststien og Kystvaktstien Startpunkt: Rongesundet kai. Ta med fotoapparat og badetøy om sommaren i fint ver! Turen tek 1,5 time og du går ca 5 km. Stadvis vått med ein middels vanskegrad.

Anekletten på Toftøy Startpunkt: Ved Torsvik elektriske. Ein lett tur som kan gjennomførast av alle. Rekn med 1 time på dei ca 4 km. Også her kan det vera vått, så ta med gode tette sko/støvlar.

10

Vikåsen på Toftøy

11

Storskora

12

Startstad

Startpunkt: Toftøy vassverk. Lengda på turen er 5 km t/r og tek ca 1,5 time for deg som er vant med å gå tur. Vanskegraden er middels. Vått terreng krev godt fottøy

Startpunkt: 100 meter før parkeringsplassen før Turøybrua. Sit av 1 time til denne turløypa over 4 km t/r. Vanskegraden er middels. Vått terreng.

Steinsvatnet Startpunkt: Baksthuset i Blomvåg. Turen tek ca. 1-1.5 time og er 4.8 km lang. Turen er lett å gå men du treng gode tursko. Turen passar for alle.

Ca. distanse

Tidsbruk

Starten av Skogsøy 8 km t.r 2 timer Periodvis vått Blå

Rett før snuplassen i Onevegen 4 km 1 time Periodvis vått Grøn

Rongesundet kai 5 km 1,5 time Periodvis vått Blå

Ved Torsvik elektriske 4 km 1 time Periodvis vått Grøn

Bommen ved Toftøy vassverk 5 km t.r 1,5 time Periodvis vått Blå

100 meter før parkeringsplassen 4 km. t.r 1 time Periodvis vått Blå

Bakstehuset i Blomvåg 4,8 km. t.r 1.-1,5 time Periodvis vått Grøn

Terrengtype

Vanskelighetsgrad (Grøn/Blå)


28 Rorbuferie - Kvernepollen Rorbuer

K Y S TK ULTUR

Kvernepollen Rorbuer

- kurs og konferanse, selskap, fiske og ferie

Kvernepollen Rorbuer er godt etablert i kystkulturens rike med mangfald av natur, opplevingar, aktivitetar og eventyr i Øygarden. Vertskapet har årelang røynsle med å skreddarsy opplegg som inkluderer mat, fasilitetar, sosialt program og transport frå Bergen til Øygarden. Menyen i “Naustet” på Kvernepollen byggjer på det beste regionen har å tilby. Vertskapet set si ære i å servera ein selskaps- og konferansemeny med utgangspunkt i kortreist mat og oppskrifter med røter i dei lokale tradisjonane. Du får smaka det beste som kan hentast frå havet og andre rettar frå eit allsidig kjøkken. Særskilde ønskjer frå gjestane vert ofte laga på bestilling. Moderne og velutstyrte rorbuer Vertskapet har satsa på komfort og trivsel i rorbuene som har frå eitt til tre soverom, kvar med fullt utrusta kjøkken og bad med dusj. I tillegg er rorbuene praktiske og funksjonelle og nokre er tilrettelagt for brukarar av rullestol. Alle rorbuene har terrasse med sjøutsikt. Felles vaskerom med vaskemaskiner og tørketrommel. Velutstyrt konferansesal Med Hitachi Starboard kan du kombinera powerpoint, video og internett med whiteboard tavle. Du kan merka, skriva eller filme heile framsyninga for å levera til deltakarane. Tavla har full multitouch slik at du kan operera den med fingerbevegelsar. Dette i tillegg til trådlaus mygg / mikrofon gjer at du enkelt kan kommunisere med deltakarane på konferansen. Konferanseromma har kaffe- og tebar.

Sosialt program Kvernepollen har samarbeidspartnarar som kan leggja til rette for guida turar i godt oppmerka løyper, fuglesafari, havsafari, ekstremsport som fjellklatring, klippe og juvvandring. Moglegheit for leik og moro med paintball, leirdueskyting eller pil- og bogekonkurransar.

Fakta - 80 personar overnatting - 2 godt utstyrte konferansesalar - Største salen rommar 60 personar - den minste 32 personar i klasseromsoppsett. - Mindre møterom - Utleige av båtar, fiskeutstyr og overlevingsdrakter. - Bustadtilbod til verksemder med kortare eller lengre opphald i Øygarden eller på Sotra Kontakt:

www.kvernepollen.com / Tel.: 909 92 542


K Y S TK ULTUR

29 -29 - Kysteventyret så ut i det fri, så nær byen

Først ein padletur i havgapet

– så kaffibar i byen

Spennande byliv og fantastiske naturopplevingar! Få stader i verda kan du få begge delar slik som her. Berre ein halvtimes kjøring frå Bergen ventar Kysteventyret – ein enorm «fornøyelsespark»! Steinharde klatreveggar, fiskerike havdjup, vindskeive sjøhus, enorme bølgjebasseng og mykje meir vilt, vågalt og ekte som kajakkpadling og stivandring. Kysteventyret er namnet på destinasjonen Sotra og Øygarden. Eit eventyr for barnefamiliar, vener og firma på leit etter spanande fellesopplevingar. Det er daglege båtavgangar til Restaurant Cornelius på Holmen frå Dreggekaien i Bergen. Her kan du utfordre smakssansane med sprellande fersk sjømat. Over lyngheiene i Kolltveitmarka haglar det golfballar på fine dagar - Kobbeltveit Golf og Naturpark er populært. Tek du Russarstegen opp til Fjell festning vert du belønna med ei utsikt som tek pusten frå deg. Opplev den underjordiske krigslabyrinten med historisk sus. Lenger sør, i Sund kommune, finn du Nordsjøfartmuseet som fortel historia om Gestapo si grufulle hemn over bygda som spela ei stor rolle i motstandsrøsla under 2. verdskrigen. Gløym Landrover over tørre savanner - sjå havørna på nært hold i open båt! Opplev Glesvær kafe – ein gamal handelsstad som osar av sjarm - eller unn deg ei natt på Panorama Konferansehotell.

Til Øygarden kjem folk frå heile Europa for å dykke og klatre. Paradiset byr og på bølgjeriding, og overnatting i flotte rorbuer, paintballskyting, helikoptertur i skjergarden, havfiske, klippeklatring, steinalderbesøk, omvising på ein sprellande laksefarm og mykje meir. På Fiskarbondens Marknad samlar vi alt det beste av kortreist mat- og handtverksprodukt frå regionen fleire gonger i året. Guida Vestlandsforteljingar er unike opplevingar som gjev deg ein kombinasjon av lokal kultur, natur, historie og mosjon.

Les meir Les meir om dei mangfaldige aktivitetane på www.visitbergen.com. Her finn du oppdatert informasjon om konsertar, marknad, kortreist mat og kulturarrangement.


30 -

Kontakt K Y S TK ULTUR

www.museumvest.no kystmuseet@museumvest.no 56 38 50 50

Midtvegs i Øygarden ligg Kystmuseet, lunt nede i Ovågen, og er ein naturleg møtestad for reisande gjennom øyriket. Opplev tradisjonsrik kystkultur og spanande utstillingar i eit autentisk sjøbruksmiljø. Her midt i det moderne oljeeventyret kan du sjå korleis menneska i Øygarden har levd og overlevd ved å bruka naturen og naturressursane rundt seg. Få eit innblikk i fiskeri- og havbruksnæringa, olje og gasseventyret.

Opplev 10.000 år på ein dag Få stadar er tidslina så synleg som ved Kystmuseet i Øygarden. Dette kan du sjå med eigne auge i den nye utstillinga som opnar mai 2016. Bli kjent med eit levande kystsamfunn med hav, vind, jord og eld som naturleg ressursgrunnlag gjennom 10 000 år.


31 -31 - Kultur og eit levande museum

M Museum

kystkultur og opplevingar Kvifor ikkje krydra dagen med museumsbesøk og kystkultur som kan kombinerast med naturopplevingar, padling og action i Øygardens brattaste klippevegg? Eller kva med strandliv på ei nydeleg kvit sandstrand,som på folkemunne vert kalla ”The hidden Paradise”? Uslåeleg!

Engasjert og levande Kystmuseet legg vekt på å vera eit engasjerande og inspirerande museum, og tek mål av seg å vera ein vegvisar til kystlandskapet og kystkulturen. Gjennom utstillingar, filmvising, guida utflukter, båtutleige og sykkelturar får du ta aktivt del i historia til øybuarane. Du kan også ta ein båttur ut til visningssenteret for laks og aure i Ovågen.

Fotosafari i sjøbruksmiljø Det særeigne sjøbruksmiljøet som museet er omgitt av, viser tider med færing og segl, ulike fiskerier og salting av sild knytt til sildefiske. Folket berga livet med det dei fanga opp av sjøen og sjøhusa var fiskarane sin driftsbygning.


32 - Kultur og omvisning

K Y S TK ULTUR

Nærkontakt med Øygarden Visningssenter byr på ei unik lakseoppleving. Kystmuseet og Visningssenteret i lag formidlar fiskeri- og havbrukshistorie. La eit besøk her få verta eit høgdepunkt for ditt besøk i Øygarden.


3333 - - Kultur og omvisning

Opningstider Visningssenteret Kvardagar og søndagar i hovudsesong: Enkeltbesøkjande kl 13 og 14. Besøk for grupper vert avtalt særskilt seinast ei veke på førehand. Besøk utanom sesong er mogleg på forespørsel. De tingar billettar via Kystmuseet: 56 38 50 54 kystmuseet@museumvest.no

laksen Ta sansane i bruk På fjordsida i Ovågen har Blom Fiskeoppdrett AS opna dørene for alle som vil sjå korleis Noreg sitt sprellande, raude gull blir produsert. For her ute på fjorden flyt det ein stor flåte, med utstilling, kantine, møterom, kontor, laboratorium og mannskapsrom. Er du klar til å ta alle sansane i bruk vil du få sjå, høyra, kjenna, lukta og førestilla deg korleis havbruksnæringa har utvikla seg både i Noreg og lokalt i Øygarden. Omvisninga er i samarbeid med Kystmuseet og visningsturen startar i naustmiljøet inne på kaien ved museet. Historie og identitet Næringar knytte til sjøen og havet er naturleg i Øygarden og har klare band til identitet, historie og tradisjonar. Her ute i havgapet var det fiskarbonden som dreiv sjøen og eit enkelt småbruk for å skaffa familien det den trong for å leva. Slik er det ein historisk samanhang mellom denne gamle og strie levemåten og eit moderne anlegg for storproduksjon av mat. Dette vil også vera avgjerande for dei som vert buande i Øygarden i framtida. Ei familiebedrift med stolte tradisjonar Blom Fiskeoppdrett AS er ei familiebedrift som vert driven av andre og tredje generasjon. Selskapet vart stifta i 1971 av oppdrettsveteranen Andreas Blom;

ein av pionerane i Noreg innan oppdrett av laks og aure. Familiebedrifta er ei av få små bedrifter som overlevde frå nybrottstida og fram til dagens moderne havbruk. Det er i denne tradisjonen at etterkommarane no arbeider og har som oppdrag å vidareføra og vidareutvikla arven etter Andreas. Kom i nærkontakt med laksen Visningsanlegget er eit moderne kommersielt fullskalaanlegg med 6 stk. 120 m merder. Her får du møta dei tilsette, vera med på foring av 100 000 aure, inspeksjon av merdane og ikkje minst koma i nærkontakt med laksen. Via eit undervasskamera plassert 15 meter ned i merden kan du med eigne auge sjå korleis laksen har det. Bestilling via Kystmuseet Øygarden Visningssenter samarbeider med Kystmuseet i Øygarden om formidling av lokal fiskeri og oppdrettssoge. Du kontaktar Kystmuseet for å tinga omvisning ved oppdrettsanlegget.


34 - Hyttefolket

K Y S TK ULTUR

«Her ute i Øygarden blir ein konfrontert med stilla. Det er den mektige naturen og det gode tilværet som møter meg. Så liten ein blir, men likevel bevisst på seg sjølv og sitt eige liv. Her kan du finna kjelder til påfyll i kvardagens stress og trivialitetar.»

Slik uttrykkjer ein av hytteeigarane seg som har funne sitt ferieparadis i Øygarden. Ein annan fortel: «Når eg har kjørt gjennom Kolltveittunnelen og snur nordover mot Øygarden, då syng hjarta mitt!» Landskapet opnar seg og breier seg utover. På vegen får ein glimt av hav og himmel som går i eitt. Fargane i naturen skifter etter været, frå intenst blått i havet til fargesprakande solnedgang i vest. I reklame frå Hellas les vi om verdas vakraste solnedgang på Santorini, men Øygarden kan reklamera med det same. Dei som har sett båe delar vil hevda det er Øygarden som har verdas vakraste solnedgang. Ein tredje fortel om den intense gleda over stilla ein tidleg morgon. Får ein og eit glimt av havørna er morgonen fullkomen.

Hyttebuarane kjem til Øygarden av di dei finn det meiningsfylt å ha fritida si midt i ein skiftande natur. London, Paris og New York er spanande nok det, men den enkle gleda over å kunna fiska sitt eige måltid, bruka kroppen i turløypene eller finne vener med same interesser, er for mange ein viktig del av hyttelivet sine gleder. Mange hyttefolk og fastbuande vert kjende med kvarandre. Dei som ein gong vaks opp i Øygarden, men reiste ut, kjem no attende til heimbygda og slekta si for å nyta «det gode liv» på fritida Før bruene kom var det tungvint å “dra på landet” med båt. I dag kan hyttefolket pendla til byd’n på jobb. 40 – 60 minutt gjennom det vakre landskapet i Øygarden er for mange ei stor glede.


35 - Småsaker

Fritidsfiske

I brosjyren ”Kysten er din” frå Fiskeridirektoratet finn du reglane som gjeld for fiske, fangst og ferdsel langs kysten. Bestill brosjyren og få den gratis tilsendt frå Fiskeridirektoratet. Meir informasjon om fritidsfiske Tlf: 03495 e-post: info@fiskeridir.no

Nordsjøløypa

Allemannsretten Einkvar skal opptre omsynsfult og varsamt, så det ikkje vert volt skade eller ulempe for eigar, brukar eller andre. Allemannsretten gjeld i utmark og inneber at du også har plikter når du er ute i naturen. Hugs å lat att grinda etter deg og vis omsyn til dyr på beite. Har du hund, respekter bandtvangen heile året, for i Øygarden er det sau på beite. Ver varsam med eld. Respekter forbodet mot å tenne bål i nærleiken av skogs mark i tida 15.4 – 15.9. Dei fleste stadar kan du plukke bær, sopp og blomar. Med telt kan du fritt overnatta same stad i utmark og på Friluftsrådets område, inntil 2 døgn i låglandet, utan å spørja grunneigar. Men hugs at du aldri skal setja opp teltet nærare enn 150 m frå hus eller hytte der det bur folk. Ver nøye med å rydda når du dreg. Utmark er udyrka mark, og omfattar det meste av vatn, strand, myr, skog og fjell i Noreg. Udyrka, mindre areal i dyrka mark vert ikkje rekna som utmark.

I Hordaland går Nordsjøløypa frå Sveio i sør til Fedje i nord. Her er 180 km med blåmerka turløyper i det særeigne landskapet med Nordsjøkultur. Å vandra til fots i dette kystlandskapet er ei oppleving for sjel og sinn. Du kjem så langt ut mot havet at du kjenner den salte havbrisen og skumdrevet mot panna, eller så høgt opp mot åsar og rindar at du ser ut over eit mektig havpanorama. Nordsjøløypa i Øygarden finn du på Hernar, Tjeldstø, Blomvåg og langs vegen frå Skogsøy til Herdlevær. Her går det også ein tursti ut til Tuva på Skogsøy, men denne er endå ikkje merka som Nordsjøløype. Alle desse turstiane er merka i kartet midt i magasinet. Meir detaljert infomasjon www.nordsjoloypa.ivest.no/oygarden.htm www.godtur.no All ferdsel i Nordsjøløypa skjer på eige ansvar.

Innmark er all dyrka jord; åker, eng, kulturbeite, hage og i tillegg yngre plantefelt, gards plass, hustomt og industriareal.

Ordensreglar √ Dersom du lagar bål i strandkanten i vinterhalvåret, ikkje legg bålplassen rett på sva berg slik at berget sprekk opp. √ Tenn ikkje eingongsgrillar på bryggjer eller anna underlag som er brennbart. √ Sløkk eingongsgrillane forsvarleg etter bruk og ta dei med heim eller set dei ved søppelkonteineren. √ Ver vennleg å la livbøyane hengja i fred, slik at dei er i god stand om det vert bruk for dei.


K Y S TK ULTUR

5334 Hellesøy at the end of the road

Ein times køyretur frå Bergen sentrum og 17 bruer seinare finn du bygdene Hjelme, Sæle og Hellesøy, med postnummer 5334 Hellesøy. Slik kan ein dag nord i Øygarden bli: Dra til Hjelme og nyt gamalt kulturlandskap mot Hjeltefjorden i aust, frodig og vakkert med Hjelme gamle kyrkje frå 1875 og eit fint, restaurert naustmiljø. Her kan du nyta stilla.

Legg turen mot vest til Sæle og vandre gjennom Nordsjøhagen. Her blømer eit stort utval lyng heile året, saman med rododendron og asalea. Egil Sæle tek deg med på rundtur i hagen, syner deg Adnestova, og gjev deg vestlandsforteljingar om korleis det var å bu i ein typisk fiskarbondeheim på 1800-talet. Er du heldig, kjem kona Anne Lise og syng gamle folketonar saman med han.

Attende på hovudvegen køyrer du nordover til Hellesøy Landhandel. Her får du kaffi og ferske bollar hos Gunta frå Latvia. Du kan kjøpe lokale kunsthandverk eller kortreiste matsuvenirar. På landhandelen får du internettilgong, informasjon om alle lokale tilbod og kven du kan kontakta, dersom du treng det.

På Hellesøy er du nær naturkreftene, med lukt av salt sjø, syngjande havbrus og vakker utsikt mot Nordsjøen. Vil du overnatte, finst det rorbuer og leilegheiter for leige. Ynskjer du deg ein tur på havet, kan du leiga båt og fiskeutstyr for ein dag, med eller utan guide. Ove hos Destination Hellesøy tek seg av deg, eller Kjell Åge på Nautnes fiskevær.


37 -

5334 Hellesøy

“Bli med til Øygarden ein sommardag», står det i Øygardsongen. Og heilt nord, der vegen sluttar, finn du folk som skapar liv i bygdene for alle som bur og vitjar dei, enten det er ein solskinsdag eller vinterstorm! Kanskje vil du dra vidare på eiga hand med den lokale båten til øyane? Hernar ligg og ventar på å fortelja soga frå Snorres tid. Du kan dra dit med eller utan guide. I tillegg kan du dra på øyhopping på eiga hand. Gjer avtale med skipparen på rutebåten som går mellom øyane.

i Øygarden. Den blei bygd på 1950-talet av lokale fiskarar som var med i det eventyrlege fisket langs norskekysten. Formålet med bygget var å vaska, tørka og reparere nøtene når det var naudsynt. Nothengja var i bruk fram til midten av 1970-talet. No er planen å laga eit fleirbrukshus for folk i Øygarden.

Før du dreg på øytur, kan du studera den gamle nothengja ved rutebåtkaien, eller «Hengjo» som den blir kalla. «Hengjo» er eit freda bygg som no blir restaurert av bydefolket på dugnad i samarbeid med Kystmuseet

Vil du vandre på turstiane ut mot havet, fotografere, studere fuglelivet og nyta tilværet, finst det tre fine stiar som er tilrettelagt og merka for den som er glad i å vandre.

Foto: Sjur Meling

Etterpå ser du sola gå i havet og stjernene blinka muntert til deg. Her ute ved storhavet blir du eit lite menneske i den store verda som gjev deg kraft og glede frå det beste i natur og opplevingar på 5334 Hellesøy – at the end of the road.

Kontakt Destination Hellesøy

Web: www.hellesoy.no E-post: ove@hellesoy.no Tlf.: 56 38 86 00 / 472 52 665

Post: Postboks 477 5323, Kleppestø


38 -

SYKKEL-

BERGEN 2

017

VM

16-24. september 2017 vert det arrangert VM i landeveissykling i Bergen og bergensregionen (Askøy, Fjell og Øygarden). Dette er eit av verdas største idrettsarrangement, og blir det største arrangementet som har funne stad i Hordaland og på Vestlandet til dags dato.

EIT AV VERDAS STØRSTE

SPORTSARRANGEMENT 9 dagar 12 øvelsar 80 nasjonar 1150 utøvarar 2000 friviljuge 1000 presse og media 500 000 publikumarar 300 000 000 TV-sjåarar

Race to celebrate Vi skal skape ein stor folkefest og eit meisterskap som byggjer på det beste av det norsk idrett står for. Sykkel-VM Bergen 2017 skal vera eit arrangement for alle. Ved sida av sykkelritta blir det fleire publikumsarrangement og eit omfattande kulturprogram slik vi kjenner det frå dei store byfestane. Visjonen er å arrangere eit spektakulært, populært og inspirerande sykkel-VM som kan styrke norsk sykkelsport generelt, idretten og sykkelsporten på Vestlandet spesielt. Her blir det opplevingar for alle. Dette blir eit historisk arrangement! Øygarden er vertskap for avslutningshelga 23. 24. september. Besøk vår nettside www.sykkelivest.no for meir informasjon.


KYSTLANDSKAP

39 - Sykkel-VM

Øygarden har hatt folkefest før. I 2013 dansa 700 skuleborn på Rongesundet bru, med “brudansen”. Bli med på vår nye folkefest i 2017!


40 -

Padling

Padling med havkajakk vert stadig meir populært og potensialet er stort for at du finn di eiga skjærgardsperle i Øygarden. Mellom øyane og sunda her ute er det mange idyllar. Områda gir gode muligheiter til å finna godt eigna padleruter avhengig av vindretning. Dei ytre delane av sunda kan likevel vera utsett for mykje sjø og vind og det er viktig å velje rute etter forholda. Øygarden kommune arbeidar med kart for padleruter i skjergarden. Informasjon om kart og ruter får du ved å venda deg til Servicetorget eller til Kystmuseet. Gode stader å setja ut kajakk eller kano er: Rongesund kai Parkering på kaien og her er det båtopptrekk og difor veldig lett å få kajakken ut. Nedanfor kommunesenteret på Rong er det også mogeleg å setje ut kajakken. Blomvåg Ved Blomvåg fjordhotell. Parkering ved Blomvåg kyrkje. Hotellet har flytebryggjer og lett tilkomst til sjø.

Oen Parker på Kystmuseet sin parkeringsplass. Ca 40 meter å bere kajakken ned til strand. Tjeldstø Parker ved anvist parkering til badeplass i Lislevikja. Ca 60 meter å bere kajakken på brei sti frå parkering til stranda. Hellesøy Yttarst i Øygarden er det ei hamn med molo og herifrå er det lett å hive ut kajakken. Hugs alltid å sjekka veret før du padlar ut. Meir informasjon om fine padleruter finn du på kommunens heimeside: www.ut.no


KYSTLANDSKAP

41 - Fugleliv

Eit eldorado

for fuglar Nærare eit kvart tusen ulike fugleartar er observerte i Øygarden. Året rundt er det alltid noko nytt å sjå for både turistar og hobbyornitologar, anten dei ferdast med båt langs kysten, vandrar i lyngheiene – eller rett og slett tek ein tur på det rike fuglereservatet ved Tjeldstø.

- Øygarden er eit vegkryss for fuglar, ein naturleg stoppestad både for trekk langs kysten, for fuglar som kjem over havet frå vest, og for trekkfuglar frå Sverige, Finland og Russland i aust. Svært mange av artane samlar seg på nettopp dette reservatet, fortel Øygardens hobbyornitolog Julian Bell. Han har teke oss med til Tjeldstøreservatet ein tidleg vårmorgon i mars. Offisielt er det her 120 artar, men Julian Bell har loggført 180. Når morgontåka letta, skimta vi stor aktivitet på myra av både grågås, vadefuglar som storspove, tjeld, rødstilk og enkeltbekkasin. Vi ser og fleire måkeartar enn vi visste fanst: gråmåke, svartbak og sildemåke pluss terner. I tillegg kunne Julian peika ut: Gressender som knekkand, snadderand. Han fortel og at skjeand er sett fleire gonger i trekktida. Svarthalespove og tundralo er også observert. Gråhegre er ein annan flittig gjest i området og den ser vi fleire av. Andre arter som er observert er horndykker, myrhauk, sivhauk, kornkråke, svartkråke, sotsnipe, lappspove, stillits og lappspurv. Garantert å sjå ørn Fire–fem ørnepar hekkar i det kronglete skoglandskapet lenger nord for Tjeldstø, for her har dei stabil mattilgang. Julian peikar på reiret nokre hundre meter unna der vi har laga oss ein liten leir. Etter nokre sekund får han auga på ein svart prikk i den kraftige kikkerten. Ørn! I kikkerten får prikken former, vi kan så vidt skimta dei lange fjøra ytst på vengjetuppane, der ørna glir elegant på oppstigande luftstraumar, søkjande etter bytte. Helst åtsel, ler Julian, og fortel at havørna et det

meste, men tek som regel ikkje jobben med å drepa byttet sjølv. Og ørnepara kjem att år etter år. Milde vintrar og ideell natur Ei av årsakene til at mange artar oppsøkjer Øygarden, er dei milde vintrane. Vatnet frys ikkje så ofte. På beitelandet og gardane finn fuglane mat, og sidan dette er eit reservat, får dei vera i fred. Dessutan er det kome til ein oter bestand som jagar eggplyndrande mink. Men kva då med det store anlegget for ilandføring og utskiping av olje på Stureterminalen, forstyrrar ikkje det fuglane i reservatet undrast vi? - Nei, merkeleg nok, det bryr ikkje fuglane seg om, seier Julian Bell. Også på øyane litt unna busetnaden er det mange artar å sjå. Julian sjølv har til dømes vandra mykje på den folketomme øya Skogsøy utanfor Kollsnes, og han meiner at endå fleire artar vil bli oppdaga av ornitologar . For sjølv om entusiastar som Julian Bell brukar mesteparten av fritida på å farta vidt omkring, er det fleire hundre øyar i kommunen, og mange av dei er enno ikkje metodisk kartlagde. Øygarden er den kommunen i Hordaland med flest registrerte fugleartar. Ønskjer du ein guida tur i Øygardens fuglerike, tek du kontakt med Julian Bell på: jules@naturalbornbirder.com www.naturalbornbirder.com


42 -

KYSTLANDSKAP

Badeplassar


43 - Bading

Skjergarden i Øygarden og Hordaland er kanskje den mest mangfaldige vi har i Noreg. Lett tilgjengeleg finn du blankskura svaberg med storhavet i vest, kvite strender med skjelsand lunt skjerma i kystlandskapet, grøne, lyngkledde øyar og sund som strekkjer seg innover mot Bergen og fastlandet. På kartet til Øygarden i midten av magasinet viser vi deg fem flotte badeplassar. Bergen og Omland Friluftsråd har sikra og lagt til rette fire bade- og friluftsområde i Øygarden. Dette er plassar for ålmenta til rekreasjon og inspirasjon for alle som bur i regionen og alle besøkjande. 1. Ormhilleren - perfekt for telting og båtliv Ormhilleren ligg ved Rongesundet, på nordsida av brua. Kjem du frå Bergen må du altså køyre over Rongesundsbrua og ta til venstre. Det er god gangveg (500 m) frå parkeringsplassen til badefjøra, som er tilrettelagt med skjelsand. Utfold deg på eit romsleg område med stor barnevenleg badefjøre grassletter og fine svaberg. Badefjøra ligg mot ein stor dam med sjøvatn, som får friskt vatn når det flør. Det er også plass til å fiska med stong langs svaberga. Landskapet er karakteristisk med hallande terreng med buskfuru, gras og lyngvegetasjon. Området er eigna for telting over fleire dagar. Tursti gjennom friluftsområdet og vidare langs strandlinja under Rongesundbrua. Også mulig å parkere på den gamle ferjekaien ved Rongesundet. Ved kaiområdet er det også offentleg utsettingsrampe for småbåter. Besøk gjerne turboksen i Ormhilleren, ei av 16 geocacher som BOF har lagt ut i ulike friluftsområde. 2. Skogsøy - sjå fugl på trekk Badeområdet på Skogsøy har adkomst på kyststi frå Herdlevær. Frå brua før Herdlevær er det omlag 45 minutt gange på sti fram til friluftsområdet og Skogsøytuva. Godt fottøy er naudsynt. Parkering langs vegen før brua til Herdlevær, der det og er informasjonstavle med kart. Her er sau på beite heile året. Så hugs bandtvang. Friluftsområdet har viker med fin badefjøre og svaberg som ligg i ly for vind og vêr frå nord og vest. Gode tilhøve for fiske og gode fortøyingstilhøve i søndre del av området. Utanfor ligg ei rekkje holmar, sund, viker og grunne sjøområde. Skogsøytuva er og rekna for å vere ei av dei beste plassane for å observere fugl på trekk langs kysten nord for Bergen. Ta ein kikk på Julian Bell sine nettsider. Han har fotografert mykje fulg frå Skogsøy. Meir om dette på side 39.

Skogsøy har fleire fornminne og restar av gamle buplassar. Les meir om fornminna på Norsjøløypa sin nettstad. 3. Badeplass ved Kystmuseet The Hidden Paradise er ei strand som ligg i Ovågen ved Kystmuseet. Den har sand som er omtrent like kvit som sanden på Bahamas. Svaberga går skrått ut i sjøen og du kan oppleva eit yrande båtliv i vågen. Ved kaien på motsatt side av stranda er det offisiell plass for å setje ut kanoar og småbåtar. Dette er ein perfekt plass for aktivitetar og avslapping. Vert du rastlaus kan du leige sykkel eller kano på Kystmuseet. Med sykkel føl det kart som viser vei til kulturskattar i naturen innover mot Herdlevær. Kystmuseet er eit levande museum med tilbod om mange gudia turar. Du kan velja mellom visningstur til olje- og gassanlegga på Kollsnes, båttur ut til visningssenteret for laks og aure i Ovågen eller ekstremsport og action i havkanten saman med eventbyrået Team X. 4. Lislevika med sandfjøre og grasslette Du kjører til Tjeldstø. Det er atkomst med bil via rundkjøring og attende langs hovudvegen til parkeringsplass i bakkant med gangveg fram til området. Badeplassen har sandfjøre og fin grasslette. Her er toalett og stupebrett. Området er tillaga med baderampe for rørslehemma. Du finn bord, benk og fast grill. Dette er eit fint utgangspunkt for telting og padling med kajakk på vestsida av Øygarden. 5. Langøy friluftsområde frå sjøvegen Badeplassen ligg i Langøysundet, vest for Alvheim og er kun tilgjengeleg med båt. Uthamn, bade- og friluftsområde med fine badeviker og svaberg. Midt på øya er det ein dam på ca. 100 x 50 m som inneheld sjøvatn. Vassflata er ca. 2 m høgare enn toppflo i sjøen. Ved uvêr blir nytt vatn vaska opp i dammen. Vatnet i denne blir varmt etter eit par fine dagar. Toalett og fortøyingsboltar. Området er eit fint utfartsmål med kajakk, tildømes frå Lislevika friluftsområde eller Nautnes fiskevær. På øya er det og fine teltplassar om du ønskjer å overnatte.


4444- - Garantert fiskelykke

Fisketips

KYSTLANDSKAP

Dei beste fiskeplassane i Øygarden finn du under ei av dei mange bruene. Her er både mangfald i fiskeartar og stor sjanse for fangst.

• • • • • • •

Fisken bit best når sjøen flør. Sjansen for å lukkast med fiske i kald nordavind er dårleg. Tren på å kastet: Slepp bremsen på snøret i det stonga peikar nesten rett fram, der skal du og stoppa kastet. Veret er skiftande i Øygarden. Er veret dårleg, finn ein annan dag å fiska på. Utstyret har mykje å seia for fiskelukka, både fangsten og for kjensla av fiskeopplevinga. Fisken bit i all slags ver, minus nordavind. Er det for mykje drag i sjøen, er fiskeforholda dårlege. Kom tilbake ein annan dag. Sjekk området for andre aktivitetar: Båtutleige, bading, grilling og høve til å campe.

Favorittplassar å fiska i Øygarden - Du kan kasta snøret ut, nesten kvar som helst i Øygarden. Her er så mange fine stader med svaberg, kaiar og bruer, så det er berre å velja seg ein favorittstad. Mange fritidsfiskarar finn sine favorittstader under bruene, og særleg er Svelgensundet og Rongesundet populære stader. Ved Rongesundet kan du velgja å fiska anten frå kai eller svaberga. Straumtilhøva under bruene gjer at fisken er lett å fanga på desse stadene. Men over alt i Øygarden finn du gode fiskeplassar. Somme er lette å koma til via dei mange etablerte turstiane. For havfiske, må ein ha tilgang til båt, enten leige sjølv eller dra på guida tur. Avhengig av årstida, kan du få dei fleste atlantiske fiskeartar på kroken i Øygarden. Torsk, sei, lyr steinbit kan ein få under bruene. Er du heldig kan du dra opp ei kveite på fleire kilo. Breiflabb, hyse ( kolje), lange og brosme er djupvassfiskar og krev at ein dreg ut i båt på vestsida av Øygarden. Om sommaren kan ein få så mykje makrell som ein ynskjer og sei er og lett å fanga. Nærare jul går torsken inn på grunna og er lett å få. Garantert fiskelykke - I Øygarden er du garantert fiskelykke, sjølv om du ikkje får fisk. Naturopplevinga og nærleiken til storhavet, utsikta inn i fjordarmen og dei tronge sunda, gjer at kvilepulsen og roen

senkar seg til eit svært behageleg nivå, men lykkekjensla er også avhengig av at du har noko lunde bra utstyr med deg. Alt for mange får ei dårleg fiskeoppleving fordi dei kjøper det billegaste utstyret til den første fisketuren. Investerer du nokre få kroner meir, kjem den gode kjensla og meistingsevna opp på eit heilt nytt nivå. Har du born med deg, er det avgjerande for den vidare fiskeinteressa, at dei får ei god oppleving heilt frå starten. Det avgjerande er ikkje om dei får fisk, men den gode kjensla av fiskestonga i handa. Utstyret Erfarne fiskeentusiastar rår deg til å ha ei solid sjøstong og snøre med frå 0,35 gram til 0,40 gram. Slukane bør vera ein plass mellom 40 til 60 gram. I Øygarden er det ikkje lurt å ha for tunge krokar fordi dei set seg lett fast i grunne forhold der djupna ikkje er så stor. Det er heller ikkje dumt å bruka nokre kroner ekstra på ei god snelle med skikkeleg brems. Eit godt tips er at du bør sjekka ut bremsen på snella slik at du veit korleis den fungerer når du har fått fisken på kroken. Det er dumt å få napp og seinare mista fisken pga at du ikkje kjenner utstyret. Hugs at alt utstyr bør skyljast i ferskvatn når du er ferdig.


45 - Garantert fiskelykke

Fiskestader Rongsundet Svelgesundet Ormhilleren Kaien på Kystmuseet Kaien på Hellesøy

Tryggleik og trivsel • • • • • •

Fisk alltid saman med nokon Meld frå kor du går Ha alltid redningsvest til både vaksne og born Sjekk ALLTID vêrmeldinga. For mykje vind og bølgjer, kom att ein annan dag. Trena på å kasta ut snøret Ha med deg god kniv til å sløya fisken

• • • • • •

Førstehjelpsutstyr Matpakke Sitteunderlag, badetøy og evt. campingstol Myggolje og solkrem Godt fottøy Gode klede


Ă… Vestland,Vestland! Lokal kunnskap & spisskompetanse pĂĽ design og kommunikasjon


Snitt Reklamebyrå er eit designbyrå som leverer alt innan marknadskommunikasjon. Vi jobbar tett mot det lokale næringslivet og er stolte av å seie at våre hjarte bankar for Vestlandet og Øygarden. www.snittreklame.no


VILT OG

OYGARDEN

EKTE

Profile for Snitt Reklamebyrå

Vilt og ekte 2017  

Turtips og kart - Øygarden Klatreklipper, dykkeeldorado og adrenalinkick. Lokalmat og oppskrifter. Kystkultur og opplevingar. Fiskelykke og...

Vilt og ekte 2017  

Turtips og kart - Øygarden Klatreklipper, dykkeeldorado og adrenalinkick. Lokalmat og oppskrifter. Kystkultur og opplevingar. Fiskelykke og...

Profile for snitt
Advertisement