__MAIN_TEXT__
feature-image

Page 1

Globetrottaren Gunnar Garfors er kjent for å ha besøkt alle land i verda. På sine turar har han møtt menneske frå mange ulike kulturar og samfunn. Når Garfors er på reise, er det nysgjerrigheita som driv han. Hans vennlege og opne vesen gjer at han lett blir kjent med folk der han er.

I ei tid prega av konflikt og krig vil forfattaren inspirere oss til å bli kjent med delar av verda som skil seg frå vår eigen, og som mange knapt vågar å reise til. Kanskje vil ei breiare forståing av andre kulturar, trusretningar og verdsoppfatningar gjere noko med deg som lesar og korleis du ser på verda. Kanskje ville vår klode kunne bli ein betre og vakrare stad om fleire reiste utanfor eigne komfortsoner.

Ingenstad tek deg med til nokre av dei mest fasinerande stadene i verda.

ISBN 978-82-7959-290-7 SKALD

ISBN 978-82-7959-2 90-7

INGENSTAD

I Ingenstad tek han deg med til dei 20 landa i verda færrast av oss vel å reise til. Han har vevd opplevingane sine saman til ei lett og ledig bok. Du kjem tett på menneska og møter mellom anna ein særs imøtekomande statsminister, verdas beste sjokolademakar og ein mangobonde frå Jemen.

GUNNAR GARFORS

Korleis er det å vere turist i Afghanistan, Turkmenistan, Nauru eller Mauritania?

GUNNAR GARFORS

INGENSTAD PÅ T U R T I L V E R DA S M I N S T BESØKTE LAND


Forfattaren har fått tilskot frå Det faglitterære fond. G R A F I S K F ORM : Øystein Vidnes O M S L AG S B IL DE : Lexie Alford F ON T: Le Jeune & Neutra K A RT: Øystein Vidnes, basert på kartdata frå freevectormaps.com PAPI R : Magno Natural 100 g T RY K K: Livonia Print A L L E F OTO AV GU NNA R GA RF O RS, med unnatak av: Helena Maria Pestana (45a), Ibrahima N’Gaédé (63d), Claudio Corallo (80a, b, c, e, 81a, b, 82a), Irene Scott (80d), Alessandro Balsamo (166d), Marius Arnesen (210a, c), Justin Jay (248, 259a, b), Wanja Buanes (298c, 299a, b, c), Pierre Selim (298d), Hiba Shalabi (344, 35a, e, 352a, b, 353a, b, c) og Lexie Alford (384-385, 396a, b, c, d, 397a, b, 399a, c, d). © Skald 2019 www.skald.no I S B N 978-82-7959-290-7


Innhald A L L E V I L I N G EN STA D O M DE N N E BO K A

11

23

20 GUI N E A-B ISSAU, A F RIK A 19 MAU R I TANI A, AF RIKA

29

47

18 SÃO TO M É O G PRÍN C IPE , A F RIK A 17 KOMO RA N E , A F RIK A 16 GUI N E A , A F RIK A

65

85

99

15 MI K RON E SIA F Ø D ERA SJO N EN, OSEA NI A 14 SALOM O N ØYA N E , OSEA N IA

113

131

149 12 SO MAL IA , AF RIK A 171 11 T UR K M EN ISTA N, A SIA 193 13 AF GH A N ISTA N, A SIA

10 M AR S HA LLØYA N E , OSEA N IA 9 KI R I BAT I, OSEA N IA

213

2 27

8 EKVATO R I A L- GU IN EA , A F RIK A

24 5

261 6 E R I T R E A , AF RIKA 285 7 SØR- SUDA N, A F RIK A

5 DE N S E N T RA LA F RIKA N SK E RE PU B LI K K E N, A FR I K A

317 3 LI BYA, A F RIK A 3 37 2 NAU RU, OSEA N IA 3 5 5 1 JE ME N, A SIA 375 4 TU VA LU, O SEA N IA

KVA N O ?

401

TABE LL OV E R D E I 2 0 L A N DA

402

V I SUMSTO DA I V ERDA S M IN ST BE SØ KT E LA ND T UR I ST TA L F O R A LLE LA N DA I V ERDA KO N TAKT F O RFAT TA REN T R I L L I O N TA K K

41 3

41 3

B I B L I OGRA F I O G KJELD ER

41 4

40 6

404

301


M AU R I TA N I A

GU I N E A-B I SSAU GU IN E A E KVATO R I A L- GU I N E A

SÃO TO MÉ O G PRÍNC I PE


TUR KM E NISTAN

AF GH AN I STAN

LI BYA

YEMEN ER ITR EA SØR- SU DA N SO MA L I A D EN S E N TR ALA F R I K A NSKE RE PUBLIKKEN

M I K RON E S I AF ØDE RAS JON E N

M A R S H A L LØYAN E

NAU RU

KO MO R AN E

K I R I BAT I

T U VA LU SA LOM ON ØYA N E


RIC HAT FO RMA SJO NEN N OUAD H I BOU

Mauritania Nouakchott

46

KO LUM NETEKST 200 km


19 Mauritania, Afrika I N N BYGGJA RA R : 4 300 000 (Wikipedia) TUR I STAR PER Å R : 39 000 (U NW TO) AR E AL : 1 030 000 kvadratkilometer VI HELD OSS altså på den afrikanske vestkysten. Turen nordover til Mauritania frå Guinea-Bissau tek oss gjennom Senegal, som omringar heile Gambia, der middelaldrande kvinner og menn frå vesten tek føre seg av unge og vakre, men fattige lokale menneske. Mauritania er forresten eit land du for all del ikkje må forveksle med sydenparadiset Mauritius aust for Madagaskar. Mauritania er «alt» Mauritius ikkje er. For det første er landet primært ein ørken – 90 prosent av arealet er sand. Knusktørr Sahara-sand. Det muslimske styret betyr dessutan at landet er tørt også når det gjeld utval av drikke. Det same kan ein ikkje seie om Mauritius med alle sine barar. Begge landa kan skilte med strender, så å seie heile den nesten 600 kilometer lange kystlinja til Mauritania består av dei, men dei er sjeldan eller aldri i bruk. Burkabading har på sett og vis aldri heilt teke av. Mauritius er på den andre sida eit mekka for bading, snorkling, dykking og bryllaupsreiser. Skilnaden på areal er også alfa og omega. Mauritania er gigantisk med sine éin million og tretti tusen kvadratkilometer. Det er nesten tre gonger så stort som Noreg og 505 gonger større enn vesle Mauritius med sine usle 2040 kvadratkilometer. Mauritius blei kalla opp etter prins Maurice van Nassau, av ein nederlandsk admiral i 1598, medan Mauritania fekk namnet sitt frå oldtidskongedømet Mauretania, som eksisterte frå 300 før Kristus og i tusen år. Namnet tyder «vestleg land» og blei ein periode leidd av kong Atlas, som fekk æra for å ha funne opp globusen. Det er kanskje ikkje så rart at han såg behovet for ei slik oppfinning, landet var då endå meir gigantisk enn no og omfatta også det som i dag er Marokko, og Algerie, det største landet i Afrika. Kystlinja i dagens Mauritania er nesten utan busetnad. På strendene i dei få kystbyane er det likevel mykje liv, men nesten alt er relatert til fisk. Også i hovudstaden.

MAUR ITA NIA

47


heilt til anklane. På føtene har folk sandalar, gjerne laga av gaselleskinn. Som i Noreg påverkar temperaturen valet av underklede, og temperaturskilnadene i ørkenen kan vere ekstreme. Og som i Noreg er det stor forskjell på klesdraktene som blir nytta på vidda og ved kysten. Dei side og fargerike draktene til bruk på og ved sjøen hadde ikkje gjort mykje nytte i ørkenen. Uansett temperatur vil du ikkje sjå kvinneleggar i Mauritania. Det er rett og slett uakseptabelt. Utanforståande skal ikkje eingong kunne sjå konturane av leggane til kvinner gjennom kjolane, som blir kalla melahfa, og som ofte er laga av fargerike stoff med kreative mønster. Kjolen er eit langt tekstilstykke som ei kvinne sveiper seg inn i på nøye innøvd og særs elegant vis; det er ikkje berre berre å kle på seg. Vanlegvis har dei på seg to lag, minst, mellom anna for å hindre innsyn frå andre menn enn ektemannen. Men så var det regelunntaket. På sportsarenaer har sjølv konservative krefter gjeve opp, for der går også mauritanske kvinner i shorts. Med desse tradisjonelle draktene er det berre auga og hendene som er synlege på mannfolka. Omsider eit land der menn går i burkaliknande klede, sjølv om dei enkelt og greitt kan fjernast utan konsekvensar. For eit utrent auge ser alle anonyme og nesten like ut, men det kan vere store skilnader i fargekombinasjonar, tilarbeiding og broderi om ein tek ein nærare kikk. Kamelkaravaner har kryssa landet via etablerte ruter i tusenvis av år, med godt kledde beduinar som stolte losar. Den tradisjonelle og stolte klesstilen er effektiv og livsviktig i eit land med nesten berre ørken. Men godt tildekt muslim er ikkje lik terrorist, historiske terroraksjonar eller ei. Biba trudde likevel ikkje at frykta for terror og tildekte menn heldt folk unna landet, åleine. «Den viktigaste grunnen til få turistar trur eg skuldast eit totalt fråvær av fokus på kreativitet i skulen. Her er det taparane, dei som ikkje lukkast med ei tradisjonell utdanning, som blir kunstnarar, songarar, designarar eller forfattarar. Og slik bør det ikkje vere! Ein ting er at vi ikkje har noko spennande å tilby turistar, men kva med oss sjølve?» spurde han retorisk. Han selde ikkje akkurat inn landet sitt, og eg tenkte at han med fordel kunne ha sett mogelegheiter for surfing, kiting og minner frå oldtida. Endeleg kom ein servitør. Han balanserte to porsjonar kongereker på ein uvanleg lang arm. På den andre hadde han funne plass til salt- og peparkverner og grønsaker, ris og pommes frites. Heilgardering når det gjaldt tilhøyret. Ibrahima ensa knapt maten. Som ikkje-kunstnar var han overraskande engasjert i temaet. «I Mauritania blir du sett på som suksessrik om du får deg ein godt betalt jobb og kan sitje på eit kontor med luftavkjøling heile dagen. Det kan vere frykteleg

56

M AURITANIA


PRÍ NCI PE

São Tomé og Príncipe

São Tomé

ROLAS

64

K O L U M N50 E Tkm EKST


18 São Tomé og Príncipe, Afrika I N N BYGGJA RA R : 200 000 (Wikipedia) TUR I STAR PER Å R : 26 000 (UNWTO) AR E AL : 1001 kvadratkilometer DE N AF R I K A N SKE ØYSTAT EN São Tomé og Príncipe ligg sør for Ghana og vest for Gabon i Guinea-bukta, og omfattar ei stor øy som heiter São Tomé, og ei mindre som heiter Príncipe. Den italienske professoren, vitskapsmannen og pyramideeksperten Livio Catullo Stecchini jobba med manuset til boka Sahara, der han hevda at det var São Tomé som hadde vore Atlantis, men han rakk ikkje å få publisert verket før han døydde i 1979. Atlantis eller ei, São Tomé og Príncipe har frå naturen si side så absolutt føresetnader til å bli ein framtidig turistfavoritt, sjølv om det ikkje er så mange som kan ta på seg jobb som turistguide enno. Berre Seychellane har færre innbyggjarar blant dei 55 landa i Afrika. Landet har ei spennande historie, unik natur, talrike strender med sand i ulike fargar, mangfaldig regnskog, særprega fjell og mange aktivitetstilbod både på sjø og land. Enn så lenge er det berre eitt anerkjent vestleg flyselskap som tek deg hit, men av verdas minst besøkte land er det kanskje likevel det med størst potensial på kort sikt. At det ikkje er fleire turistar her, er ei gåte. Å reise hit igjen åleine var med andre ord ikkje eit alternativ. Bror min Øystein og kompisane Asbjørn Havnen og Torgeir Halvorsen kravde å få bli med. At dei ikkje tulla, var tydeleg. Dei kjøpte billettar eit halvår før eg gjorde det. Flyet frå Accra i Ghana var i rute, og vi landa akkurat i tide til middag. Her vil det som oftast seie sjømat, og du driv ikkje restaurant lenge med hell midt i Atlanteren om ikkje varene er ferske. På ei veke prøvde vi ut alle dei beste restaurantane i hovudstaden São Tomé, som har same namn som øya han ligg på, og konkluderte at det var éin som pulveriserte dei andre med tanke på kvalitet og service. 5entidos-Restaurante blir driven i eit bustadhus i eit byggjefelt om lag ein kilometer frå sentrum. Det vil seie at du går dit, og i alle fall derifrå, i stummande mørke. Gatelys er ikkje spesielt utbreidd her, som elles i Afrika, men det er heller ikkje kriminalitet, så vi følte oss aldri verken utrygge eller trua.

SÃO TO MÉ O G PRÍ NC IPE

65


dei gamle bygningane på denne kakaoplantasjen er framleis i bruk.

claudio corallo inspiserer sjølv kvar einaste busk han hentar kakaobønner frå.

det er 13 tilsette ved sjokoladefabrikken til claudio. all sjokoladen er handlaga.

aromaen frå kakaobønner er intenst herleg. og tek du ei neve bønner så luktar handa di ei stund etterpå.

kakaofrukta er knallgul før ho blir hausta. kjernene i frukta er kakaobønnene.

80

SÃO TO M É O G PRÍN CIPE


sjølv det som liknar maskiner på sjokoladefabrikken er handdrivne.

det luktar himmelsk inne på sjokoladefabrikken! smaksprøvane vi fekk varte ikkje lenge.

henrique pinto da costa sin altmogelegmann hjelper til i regnskogen midt på são tomé.

asbjørn (f.v.), øystein og torgeir ved hovudstranda nesten midt i são tomé.

å vise ungar bilete av seg sjølve er ein garantert suksess. øystein held show i ein liten kystlandsby. SÃO TOMÉ OG PRÍNC I PE

81


BAMIYAN

Kabul

H E RAT

Afghanistan

K AN DAHAR

148

K O L U M200 NET EKST km


13 Afghanistan, Asia I N N BYGGJA RA R : 34 700 000 (Wikipedia) TUR I STAR PER Å R : 13 400 (New York Times og UNWTO) AR E AL : 652 864 kvadratkilometer KVEN TRENG VEL luksus når ein heller kan nyte gjestfridom i verdsklasse? Eg er så heldig å ha ein god ven frå eit av dei aller mest gjestfrie landa i verda, Afghanistan. Nathkai Safi bur i Oslo og jobbar som kirurg. Ho kom til Noreg i 1990 og har ikkje vore i heimlandet fleire enn fire gonger sidan sjølv om delar av slekta hennar framleis bur i Afghanistan. På grunn av rykte om ein viss kidnappingsrisiko og ein generelt ustabil sikkerheitssituasjon søkte eg råd frå folk som burde kjenne tilhøva på bakken i Kabul, før avreisa mi dit. Slektningane til Nathkai var ikkje framande for å hjelpe ein gjest på besøk i landet som er nesten akkurat dobbelt så stort som Fastlands-Noreg, men mykje meir kompakt og heilt utan kystlinje. Dei hadde mange kjenningar som hadde kjenningar, og var sikre på at dei skulle finne meg ein god los. Frå Nathkai på St. Hanshaugen blei eg elektronisk sett i kontakt med eit søskenbarn i Kunar, aust for Kabul, og så vidare til Mehdi Yari, som av alle stader bur med si afghanske kone i sjølvaste Drammen. Dit flytta dei for fleire år sidan på grunn av jobb. Eg visste ikkje heilt korleis ein afghanar i Buskerud skulle hjelpe meg, men eg høyrde raskt frå han. Det viste seg at han hadde eit enormt nettverk. «Ein ven av Nathkai er ein ven av meg», sa Mehdi. «Og ein fiende av Nathkai?» vitsa eg. «Hahaha … ikkje prøv deg», flirte han over telenettet. Eg fortalde at eg var interessert i å kome i kontakt med nokon som budde i Kabul, som hadde bil eg kunne leige, og som kunne skaffe meg kontaktar i reiselivsdepartementet. «Du skal snakke med Bilal», svarte Medhi, utan å nøle. «Dei Bilal ikkje kjenner, vil du heller ikkje kome i kontakt med. Han er ein fantastisk fyr som bur midt i Kabul sentrum.» Han sende meg kontaktinformasjon til Bilal Sarwary. Det vil seie fire telefonnummer og ei e-postadresse. Og eit tips:

AFG HA NISTA N

149


kursen mot konfliktområdet i Asia. Eg tok ein kaffi inne i sjølve kafeen, medan Ahmad fortalde. Sjølv ville han ikkje ha kaffi. «Eg har allereie drukke sju koppar i dag», lo han. Kafeen kunne like gjerne ha vore i Berlin, Buenos Aires eller Seoul. Atmosfæren på innsida var roleg, og unge kaffitørste menneske sat ved kvar sine bord. Enkelte sat åleine, andre prata om laust og fast. «Å hente inn ein utlending viste seg å vere eit sjakktrekk. Ikkje berre lærte han opp eit dusin lokale, men berre det at folk visste at hovudbakaren var frå sjølvaste Sør-Afrika, gjorde at vi fekk mange nye kundar. Han blei ein snakkis, så dermed blei kafeen det også. Men etter 14 månader var vi einige om å avslutte samarbeidet. Det var dyrt for oss, og han begynte å få nok av sikkerheitssituasjonen her i Kabul», fortalde Ahmed. Sikkerheitssituasjonen. Ordet, eller ei omskriving av det, blir brukt ofte her i Kabul. Det er forklaringa på alt som ikkje går som det skal. På arbeidsløyse. På økonomisk stagnasjon. På manglande tilreisande. Og sjølvsagt på det openberre: bombene. Sikkerheitssituasjonen er nesten som TIA i Afrika. Bilal hadde allereie vore inne på framtidsmogelegheitene for fleire besøk frå utlandet. «Afghanistan kan bli ein turistmagnet i framtida. Det einaste vi manglar, er tilfredsstillande sikkerheit. Vi har alt. Fjell, innsjøar, øyar, elvar, mat og kultur. Naturen her er storslagen og storarta, og du kan verkeleg oppleve fire årstider på éin dag», sa han, ikkje lite stolt. Men det var denne sikkerheitssituasjonen, då. Sjølv hadde eg kjend meg trygg sidan eg kom, og det var på ingen måte noka trykkande stemning i byen, slik som eg har opplevd i andre krigsområde. Eg måtte spørje. «Er det verkeleg så ille?» «Vi er langt frå å vere Syria, Libya eller Irak. Men vi er ikkje heilt Sri Lanka, Maldivane eller Seychellane heller», svarte Bilal. Heilt alvorleg. Før han flirte. «Vi har jo ikkje noka strand. Og, du veit. Sikkerheitssituasjonen», sa han med eit glimt i auget. Har du ikkje galgenhumor i Afghanistan, bør du verken jobbe som journalist eller politikar. Eller bu her. Sikkerheitssituasjonen gjer også at dei FN-tilsette som jobbar i landet, eigentleg aldri ser noko som helst anna enn det som er på innsida av dei høge og svært godt påpassa murane som går rundt FN-basen. Eg hadde blitt tipsa om ein franskmann som jobba på basen, nokre kilometer frå flyplassen, og han inviterte meg på besøk. Det tok meg 15 minutt berre å kome gjennom dei ulike sjekkpunkta, og kameraet mitt måtte eg leggje ute. Bak det inste sikkerheitsgjerdet stod han og venta på meg. Vi utveksla handtrykk.

158

A FG H ANISTAN


SEYLAC

SOMALILAND PUNT LA ND

Somalia

Mogadishu

170

KO LU M N ET E KST

200 km


12 Somalia, Afrika I N N BYGGJA RA R : 14 300 000 (Wikipedia) TUR I STAR PER Å R : 12 200 (garfors.com) AR E AL : 637 657 kvadratkilometer DET ME ST KORRUPTE landet i verda har også det aller lågaste bruttonasjonalproduktet per innbyggjar. Somalia ligg som eit sjutal rundt austkysten av Afrika og er pitte litt mindre enn Afghanistan. Dei to landa er truleg også dei aller mest kjende blant dei minst besøkte i verda. Dessverre kjem det av krig, terror, bomber og svolt. Men det har ikkje alltid vore slik i Somalia. Etter frigjeringa frå Storbritannia i 1960 utvikla det seg til å bli eit av føregangslanda i Afrika i 1970- og 80-åra, og var prega av stabilitet og økonomisk framgang. Det var perla i verdsdelen. Fleire av dei noverande presidentane i Afrika studerte til og med i Mogadishu. «Vi var løva i Afrika», fortalde guiden min Omar stolt, med eit litt drøymande smil. Han tok ein pause før han heldt fram, med smilet raska vekk. «No er vi hyenen.» Det er mange forferdelege grunnar til at landet på Afrikas horn har vore i nyheitene oftare enn dei fleste andre 54 afrikanske landa. Det braut ut borgarkrig midt i 1980-åra, då ulike klanar gradvis inngjekk samarbeid om å gå mot dei sentrale styresmaktene, og i 1992 gjekk FN inn med militære styrkar som var leidde av USA. Målet til dei ulike klanane har heile tida vore politisk påverknad. Nesten 25 år utan fungerande styresmakter følgde, og Somalia blei ein ikkje-fungerande nasjon. Ulike fraksjonar slost om makta i det som etter kvart blei eit større og større maktvakuum der ingenting fungerte bortsett frå lovløysa. Det gav ulike fraksjonar blod på tann gjentekne gonger. Sidan ei overgangsregjering blei sett inn i 2004, og spesielt sidan ho begynte å få støtte frå militære styrkar frå andre afrikanske land i 2006, har ting blitt gradvis betre. Sakte, men ikkje fullt så sikkert. Omsider rår det ein viss optimisme på ny i Mogadishu, der styresmaktene har klart å få nokolunde kontroll med terrorgruppa Al Shabaab. «Vi har blitt styrte av våpen i mange år. No blir vi i stadig større grad styrte av lova. Det kjennest godt», sa Omar.

SO MA LIA

171


Han hadde anten lagt meir i spørsmålet mitt enn det eg hadde gjort, eller avfeia meg før eg blei for nærgåande. Gjennom tiår med konflikt overraskar det stadig fleire at Somalia klarer å halde ein såpass imponerande uformell økonomi, sjølv utan fungerande styresmakter. Den uformelle økonomien, som det aldri blir skatta av, er med på å forklare kvifor Somalia er på jumboplass på lista over bruttonasjonalprodukt i landa i verda. Det som står att, eller den offisielle økonomien, er basert på jordbruk og husdyr, og dessutan på skogbruk, fiske, telekommunikasjon og pengeoverføringar frå somaliarar i Vesten. Og posten er i ferd med å kome på plass att etter å ha lege nede med brekt rygg lenge. «Det somaliske postvesenet fungerer av og til, men vi forventar at det skal fungere perfekt til neste år. Eg har motteke éin pakke. Éin gong», fortalde Omar i det vi kom fram til bokhandelen. Der var det tydeleg at Mogadishu ikkje er spesielt turistifisert. Dei hadde ikkje eit einaste postkort, men om ikkje anna kom eg over nokre få engelske bøker om Somalia. Dei var nedstøva og kunne ikkje selje spesielt godt. Eg må nesten ta med piratverksemd og meir eller mindre organisert kriminalitet, som ein del av den uformelle økonomien. Ved sida av terroraksjonar er det likevel piratverksemd som har fått mest plass i vestlege media dei siste åra. Ordet pirat er omsett frå burcad badeed, som betyr «havranar». Men ironisk nok identifiserer ikkje piratane seg sjølve med slike titlar – dei kallar seg badaadinta badah, eller «havets redningsmenn». Eller Kystvakta, som vi ville sagt i Noreg. Det høyrest både ut som eit tittelran og tilsniking av status, men deira versjon har ein viss logikk. Dei identifiserer seg som ei kystvakt nærast ut av naudverje. Dette er ikkje med det same spesielt logisk, i alle fall ikkje før ein dreg inn ulovleg fiske utført av vestlege trålarar utanfor Somalia. Dette oppstod i stadig større grad i 1990-åra, då Somalia ikkje lenger hadde styresmakter. For no kunne utanlandske fiskefartøy ta seg til rette og fiske kva, kvar og kor mykje dei ville, utan risiko for verken bøter eller andre disiplinærreaksjonar. Kvart år forsvann verdiar for omtrent 300 millionar dollar i form av sjømat ut av landet, ifølgje Raphael Chijioke Njoku i boka The History of Somalia. Så når Boyah, ein innbyggjar i Eyl, hevdar at han er sjef for kystvakta, og at det han driv med som «pirat», er ei lovleg form for skattlegging på vegner av eit ikkje-fungerande statsvesen som han representerer i ånda, om enn ikkje juridisk, har han kanskje eit halvlegitimt poeng som ikkje kan ignorerast heilt utan vidare. Det er kanskje ikkje så rart at piratane fekk ei viss medkjensle etter Tom Hanks-filmen Captain Phillips, der ein ung pirat tek eit oppgjer med rollefiguren til Hanks.

SOMALIA

183


DØ RA TIL HELVETE TUR KM E NBAS HI

Turkmenistan Ashgabat

192

K O L U M 200 N E Tkm EKST


11 Turkmenistan, Asia I N N BYGGJA RA R : 5 700 000 (Wikipedia) TUR I STAR PER Å R : 7000 (garfors.com) AR E AL : 491 210 kvadratkilometer TURKMENISTAN ER ETTER Afghanistan -stanland nummer to i Ingenstad og det einaste som var ein del av Sovjetunionen. Den bisarre republikken blei lenge leidd av Saparmurat Niyazov, ein einerådande president og diktator som mellom anna kalla opp vekedagar etter slektningar og fekk bygd eit utal gullstatuar av seg sjølv. I ein periode var det til og med forbod mot alle bøker, bortsett frå den eine han sjølv hadde skrive. Ho heiter Ruhnama og er framleis pensum i skulen. Med store gassreservar tener landet godt på petroleumseksport, noko som opnar opp for at leiaren kan bruke mykje pengar på utradisjonelt vis. Og det gjorde altså Niyazov, heilt fram til han plutseleg døydde i desember 2006 og blei etterfølgd av sin eigen tannlege. Eg ser føre meg at tannlegen overtalte Niyazov til å få ta over om lag på same måten som Rolv Wesenlund fekk Harald Heide-Steen jr. til å gå med på at ein Volvo Sonett har seks forgassarar, i den legendariske tannlegesketsjen som gjekk sin sigersgang i svart-kvitt på NRK i 1960-åra. Tannlegen heiter Gurbanguly Mälikgulyýewiç Berdimuhammedov og har sete som president sidan 2008. Han har vunne dei tre vala med 89, 97 og 98 prosent av røystene, sjølvsagt utan reell motstand. Er ein diktator, så er ein diktator, og Berdimuhammedov kunne ikkje vere mykje dårlegare enn ekssjefen. I januar 2018 fekk eg vite at han hadde lagt ned forbod mot svarte bilar, med tilbakeverkande kraft. Eg tenkte på alle dei stakkars eigarane av svarte bilar som gjekk på eit økonomisk tap på tusenvis av kroner over natta: Ingen ville sjølvsagt lenger kjøpe doningane deira, og ikkje kunne dei brukast. Alternativa var å lakkere dei om eller å selje dei utanlands, om dei klarte å lure dei over grensa mot nokre dollar til grensevaktene. Alt i alt var dette eit merkeleg og korrupsjonsfremmande tiltak. Forbodet blei heldigvis litt nyansert då eg kom på ein ny visitt åtte månader seinare, ni år sidan eg sist hadde vore her. Ei lokal kvinne forklarte.

T URK MENISTA N

193


kvinner som jobbar for det offentlege må gå i tradisjonell folkedrakt på jobb.

luksushotellet ýyldyz er nesten aldri fullt. det ser flott ut, men ligg aude til litt utanfor det marmortunge sentrumet. der kryr det av nær tomme høgbygg som har blitt bygd av dei to diktatorane for å imponere andre. 208

TUR KM E NISTAN


får ein ikkje turistvisum kan forretningsvisum vere ei løysing for å kome seg til turkmenistan.

på hatten skal fintfolk kjennast. eg fekk prøve ein av dei tradisjonelle store og runde kvite hattane.

saman med ein av dei lokale konferansearrangørane fekk eg prøve tradisjonelle turkmenske instrument.

like utanfor oguzkent hotel der fleire andre konferansedeltakarar budde. det var litt utanfor mitt budsjett. men så må dei vel tene inn litt av det all marmoren må ha kosta. T URK MENISTA N

209


gassen har brunne sidan 1971 i det 30 meter djupe krateret. vi overnatta i telt eit lite steinkast unna. den knitrande lyden frå flammane var søvndyssande.

marius arnesen ser på det brennande krateret som har ein diameter på 70 meter.

asbjørn havnen føre døra til helvete. på den første turen til landet var marius, asbjørn og øystein med.

flyplassterminalen i asjkhabad er verdas største fuglestatue. naturlegvis i marmor. får du ikkje marmoroverdose i turkmenistan så er du immun. 210

TUR KM E NISTAN


sjølv verdas største innandørs parisarhjul er delvis dekt av gull. i hovudstaden er alt lov for å imponere, koste kva det koste vil.

bygget i bakgrunnen brukast mellom anna til bryllaupsfestar. elles står det som regel tomt.

den nye presidenten i gull. på gullhest. med gulldue.

den gamle presidenten i gull.

taxisjåføren poserer villig vekk midt i vegen. trafikk er det uansett lite av.


TA BUA ERA N BUTAR ITAR I JULEØYA

South Tawara

Kiribati

226

KO LU M N ET E KST

200 km


9 Kiribati, Oseania IN N BYGGJA RA R : 110 000 (Wikipedia) TUR I STAR PER Å R : 3600 (garfors.com) AR E AL : 811 kvadratkilometer LANDET MED NAMNET som blir uttalt «Kiribass», vil vere eit av dei første landa som «søkk» dersom vasstanden stig vesentleg mykje meir, og dette er noko den tidlegare presidenten Anote Tong har brukt mykje tid på å få banka inn i skallen på resten av leiarane i verda. Saman med landa Tuvalu, Nauru, Maldivane og New Zealand-øygruppa Tokelau har Kiribati oppretta eit eige forum for å gjere det ein kan mot auka vasstand som følgje av global oppvarming. Tong stod mellom anna i spissen for eit kjøp av 20 kvadratkilometer land på Vanua Levu, den nest største øya på Fiji. I første omgang blei det gjort for å sikre dyrkbar matjord, men på sikt kan det bli ein drastisk beredskapsplan for å flytte delar av befolkninga. Den nye presidenten Taneti Maamau, som har sete sidan 2016, er noko meir pragmatisk med tanke på dommedagsprofetiar som kan gjere landet til eit nytt Atlantis. Han har halde ein mykje lågare profil på området og lagt vekt på å optimalisere livskvaliteten frå dag til dag i staden for å krisemaksimere, sjølv om også han er fullstendig klar over utfordringane med stigande vasstand. Grunnen til at Kiribati blir uttalt Kiribass, er at bokstaven s ikkje finst i alfabetet, sjølv om lyden s gjer det. Løysinga er å skrive «ti» eller «tu» når noko skal uttalast s. Som ein konsekvens blir namnet på den største byen Beso, sjølv om det blir skrive Betio. Og Juleøya, eller Christmas Island, som ligg i aust, heiter eigentleg Kiritimati, men blir uttalt Kirismas, som er nær nok Christmas til at øya blei døypt om til nettopp det av nokon med forenklingsbehov. Det er verdt å merke seg at det i tillegg finst ei anna Christmas Island, men ho ligg i Indiahavet og er eigd av Australia. Endå eit aldri så lite stykke austover frå den kiribatiske juleøya ligg ei mindre kjend øy som er den første i verda inn i kvar einaste dag, månad, kvart år og kvart millennium. Øya heitte fram til nyleg Caroline Island, men har no fått eit nytt og kanskje meir passande namn: Millennium Island. Derifrå er det ikkje meir enn eit halvdårleg steinkast i retning mot Amerika før

K I RIBAT I

227


etter delfin- eller tunfiskstimar. Ved å bruke rotorblada riktig kan piloten piske opp havoverflata og på den måten lokke dei leikne delfinane til overflata. Han kontrollerer dermed tunfisken på ein betre og mykje meir effektiv måte enn ein gjetar kontrollerer sauene sine, sjølv med god hjelp frå topptrente gjetarhundar. «Det er forkasteleg og så langt frå berekraftig som det kan kome. Når piloten har kontroll på fiskestimen og leikar med han, legg fiskebåten ut den opptil 1,5 kilometer lange nota rundt fisken. Han har aldri ein sjanse, og dei tømmer område etter område for fisk», fortalde verdsbankmannen meg. Det einaste som hindrar komplett overfiske, er at båtane går relativt sakte og blir fylte raskt opp. «Men kva med dei lokale kontrollørane?» spurde eg. Han nærast fnyste. «Ha! Dei blir smurde etter alle kunstens reglar av helikopterpilotar og fiskebåtkapteinar som har fått romslege budsjett til slikt av reiarlaga. Kontrollørane tener nesten ingenting, så det å få bu på hotell saman med fiskarane og jamt gå på fylla med dei er stor stas. Dei blir påspanderte øl. Mykje øl. Og somme tider damer også, berre for å sikre ekstra lojalitet. Om reiarlaget veit at dei har hatt seg med prostituerte, så er det temmeleg sikkert at kontrollørane ikkje snakkar negativt om dei. Og skulle dei likevel gjere det, så får konene full rapport. Som du kan rekne deg fram til, rapporterer dei aldri inn at noko gale skjer. Berekraftig meg i ræva!» fnyste mannen. Men det er ikkje berre suspekt kontrollørverksemd som stinkar når det gjeld tunfisk her i området. Verdien av tunfisk frå Kiribati og Tuvalu er minst tre gonger høgare enn det totale bruttonasjonalproduktet i landa. Korleis det er mogeleg? Fordi det meste av fisken blir henta opp og seld vidare av utanlandske fiskefartøy. Lokale fartøy i Kiribati og Tuvalu hentar berre opp ein fjerdedel av tunfisken som blir fiska i dei såkalla eksklusive økonomiske områda som landa «kontrollerer». Likevel tener landa litt på utanlandske fartøy gjennom fiskelisensar og handel, og potensielt gjennom skatt frå eventuelle lokale tilsette på dei utanlandske fartøya. Utanlandske fiskeselskap hentar også mykje tunfisk i internasjonalt farvatn, som igjen reduserer tilgangen på fisk i dei respektive eksklusive økonomiske sonene. Dei sju landa i Stillehavet med dei største tunfiskfangstane står for mellom 17 og 53 prosent av all tunfisken som blir henta opp av Stillehavet, ifølgje Statistisk årbok for Asia og Stillehavet 2015. Internasjonale fiskekontrollørar har det vanskeleg her på fleire måtar, og det er store mørketal, så derfor dei sprikjande prosentsatsane. Resten blir fiska opp i andre land eller i internasjonalt farvatn. Etter nokre netter i bungalowen over Stillehavet bestemte eg meg for å reise til Betio, den største byen i landet, som ligg 30 kilometer unna, langs hovudvegen. Det er aldri meir enn eit par hundre meter frå vegen til sjøen. Somme stader slår

234

K I R I B AT I


Malabo

UR E CA

CI UDA D DE LA PA Z

EkvatorialGuinea

244

KO UMNETEKST 50L km


8 Ekvatorial-Guinea, Afrika IN N BYGGJA RA R : 1 200 000 (Wikipedia) TUR I STAR PER Å R : 2400 (garfors.com) AR E AL : 28 050 kvadratkilometer D ET E I NA ST E S PA N S KS P R Å K L E G E landet i Afrika har mykje olje, men slit med enorme skilnader mellom fattig og rik. Om ein berre ser på tala, har kvar av dei 1,2 millionar innbyggjarane meir pengar å rutte med enn det som er tilfellet i noko anna land i Afrika, bortsett frå i ferienasjonen Seychellane. Men som så altfor ofte lyg statistikken. Det store fleirtalet ser aldri ein einaste oljedollar. President Teodoro Obiang Nguema Mbasogo, eller berre Obiang som dei lokale kallar han, er dyktig til å bruke pengar på sine eigne. Han har leidd landet sidan 1979, så det er berre presidenten i nabolandet Kamerun som har sete lenger som statsoverhovud. Med mykje pengar blant nokre få på toppen er landet ikkje overraskande blant dei mest korrupte i verda, ifølgje Transparency International. Men det meste må setjast i perspektiv. «Dei fleste er for unge til å hugse nokon annan president, og dei som er gamle nok, hugsar ein president som var langt verre!» fortalde Justin Jay. Eg trefte den mørkeblonde amerikanaren i trettiåra på ein restaurant i hovudstaden Malabo. Trass i alt ein kan seie om Obiang, var det han som styrta det som verkeleg var ein tyrann, attpåtil ein slektning av han. Macías Nguema var onkelen til Obiang og styrte landet frå sjølvstendet i 1968 til han blei fjerna og deretter avretta. Då hadde Nguema, som høyrde til den dominante fangostammen, styrt med jarnhand i elleve år, og 20 prosent av innbyggjarane hadde flykta frå landet. Det var ikkje alle som kunne det – mange hamna i det vidgjetne Black Beach Prison. Det har lite med strand å gjere – det meste innebar brutal handsaming av innsette, inkludert tortur og ekstremt små matrasjonar. Mange meinte etter kvart at Nguema hadde blitt sinnssjuk. Stormannsgalen, i alle fall. Skjønt, det nasjonale mottoet han innførte året før han blei avretta, tilseier kanskje det første: «Det er ikkje nokon annan gud enn Macías Nguema.»

EKVATO R I A L- GUI NEA

245


der om ikkje politimannen hadde hoppa ut i ekte kamikazestil framfor bilen. «Men eg klarte om ikkje anna å forhandle meg fram til å betale berre 40 dollar i bot, ikkje 250, som han opphavleg hadde bede om», sa Justin, og strekte frustrert ut hendene. Politimannen skal ha for kreativitet. Men slik korrupt oppførsel har ein tendens til å spreie seg raskt i eit samfunn og kan plutseleg slå tilbake på politimannen i den vesle landsbyen vi hadde passert. Men han hadde truleg uansett lært tankegangen frå politisjefar høgare oppe i hierarkiet. Malabo er ein delvis svært moderne by, eine og åleine på grunn av minst 8 milliardar dollar i årlege oljeinntekter over lang tid. Den tidlegare kolonimakta er framleis synleg gjennom innslag av spansk arkitektur i område der ikkje dei moderne bygga i mur, metall og med svære vindauge har teke over. Dei fleste av dei har blitt bygde av kinesiske arbeidarar, og mange er heil- eller delfinansierte av kinesiske pengar. Kina satsar milliardar på milliardar av dollar i Afrika og er i ferd med å setje varige spor i verdsdelen. I retur sikrar dei seg lukrative kontraktar for fordelaktig tilgang til naturressursar. Kor tungt verdas nest største økonomi satsar, la eg mellom anna merke til kvar gong eg tok fly internt i Afrika. Som regel var mellom 10 og 20 prosent av passasjerane kinesiske. Mange av bygningsarbeidarane frå midtriket har no fortlate landet, men det seier kanskje sitt at ein lokal gut på cirka åtte trudde eg var kinesisk. «Ni hao!» sa han til meg. To dagar seinare møtte eg på Joseph, ein lokal forretningsmann, på gata i sentrum av hovudstaden. Eg såg truleg litt bortkomen ut, og 25-åringen spurde kva eg leita etter, og kva eg gjorde i Malabo. «Ingenting spesielt. Eg er turist.» «Ikkje kødd, då! Her er det nesten ingen turistar. Men du ser no ikkje ut som sveisar heller.» Om det var meint som ein kompliment, er eg usikker på. Eg fortalde han at eg gjerne ville reise rundt Bioko, og spurde om han kjende ein sjåfør. Nokre telefonsamtalar seinare var sjåføren på plass og pris avtalt. Joseph ville sjølv bli med og lova at dei skulle plukke meg opp etter frukost neste morgon. Same kveld prøvde eg å praie taxi utanfor ein restaurant. Eg skulle heim att til Ibis-hotellet mitt. Den franske billegkjeda hiv hotellrom etter deg til nokre tohundrelappar ved 3499 hotell rundt i verda. Men ikkje i Malabo. For eit ekstremt standardisert og kjedeleg rom med modulbasert bad fire kilometer frå sentrum skulle dei ha 1350 kroner. Og det for eit enkeltrom. Jaggu bra eg reiste åleine. Eg hadde gått dei 4–5 kilometrane til sentrum, men tenkte å droppe å gå attende i mørket – eg hadde høyrt om ein del ran og valdsepisodar. Dermed

EKVATO R I A L- GUI NEA

249


Eritrea Asmara

DA HLA K- ØYA NE MA SSAWA

A DIGRAT

284

K O L U M N E T E K200 S T km


6 Eritrea, Afrika IN N BYGGJA RA R: 5 000 000 (Wikipedia) TUR I STAR PER Å R : 2000 (garfors.com) AR E AL : 117 600 kvadratkilometer N O K E I N G O N G går turen til eit diktatur. Reint bortsett frå styresettdetaljen er det utruleg at så få besøkjer Eritrea. Det eminente kjøkenet, den eksepsjonelt varierte naturen og dei langt over snittet gjestfrie folka gjer at alt bør liggje til rette for oss turistar. Eg gleda meg til å returnere til det undervurderte landet med det hyggjeleg folkeslaget, som fram til slutten av 2018 var ganske utilgjengeleg. Eritrean Airlines tok meg dit frå Khartoum i Sudan. Det var ingen andre vestlege passasjerar i det fulle flyet, men enorme mengder handbagasje. Størstedelen var nyinnkjøpte klede, elektronikk og mat frå eit land med langt betre vareutval enn Eritrea. Kven skulle ha trudd det om Sudan? «No får familien omsider litt variasjon i matvegen», fortalde ei mager og senete dame i førtiåra. Eg hjelpte henne med å finne plass til tre overfylte plastnett i bagasjehyllene. Ho reiste med tre born, og eg var imponert over alt småbarnsmora klarte å få med seg. På toppen av alt trilla ho med seg ein svart koffert som eigentleg var for stor til å gå som handbagasje. I tillegg hadde borna kvar sin fargerike trillekoffert. Også dei var visst fylte med mat. Sjølv putta eg ryggsekken min under setet framfor meg på den korte flyturen til hovudstaden Asmara. Den vesle og umoderne flyplassen ligg nokre få kilometer utanfor sentrum. Eit lokalt reisebyrå hadde ordna det slik at eg skulle få visum på flyplassen, men prosessen tok ein god time. Då eg hadde kome meg gjennom tollen, var det ikkje lenger verken bussar eller drosjer utanfor, og eg bestemte meg for å spasere til hotellet. Om lag halvvegs fekk eg tilbod om å sitje på med ein mann på drygt 50. Han hadde stoppa hundre meter føre meg, rygga attende og opna vindauget. «Kva er det du driv med? Har du gått heilt frå flyplassen? Ein kunne jo tru at vi ikkje likte besøkjande. Hopp inn», tilbaud Russom, ein handverkar i ein minst 20 år gammal raud Mazda. Han tok meg like godt med på synfaring rundt heile

E RIT REA

285


Tripoli

TO BRUK LEP TIS MAGNA

Libya

336

K200 O L Ukm MNETEKST

BENG HA ZI


3 Libya, Afrika IN N BYGGJA RA R : 6 300 000 (Wikipedia) TUR I STAR PER Å R : 200 (garfors.com) AR E AL : 1 759 541 kvadratkilometer Å REISE TIL Libya som turist er nesten umogeleg, med mindre du uoffisielt er forretningsmann eller -kvinne. Dei libyske styresmaktene har nemleg lagt ned forbod mot turistar. Dette har dei gjort trass i at det er så mange som 6000 tilsette i reiselivsdepartementet i landet, og då sjølvsagt også ein eigen reiselivsminister, som eg blei invitert til å treffe. Khitar Bashir Malek hadde neppe ekstremt mykje anna å gjere. Dessverre blei invitasjonen trekt attende då det kom fram at eg skreiv bok. Det er visstnok berre journalistar styresmaktene mislikar endå meir enn turistar. «Førre gong ministeren trefte turistar her, blei han avhøyrt i mange timar av etterretningstenesta. Sidan turistar ikkje har lov å kome hit blei dei mistenkte for å vere spionar og han for å vere kontakten deira på innsida. Slikt vil han nok ikkje risikere igjen», fortalde Salem, som sjølv jobbar i reiselivsdepartementet. «Skjønt, jobbar og jobbar», sa han og flirte. «Men eg er no tilsett og får løn, så då klagar eg ikkje så mykje på manglande oppgåver.» Dermed brukte Salem tida som sjåfør og omsetjar for Yousef og meg. Yousef er ein godt utdanna mann på rundt 50. Han er særs interessert i historie og skriv bøker om turistattraksjonar i og rundt Tripoli. Med ei nærast ikkje-eksisterande kundegruppe går ikkje salet spesielt godt. I tillegg jobbar han som omsetjar og guide for Sherwes Travel, igjen utan fulle ordrebøker. Turistvisum har ikkje blitt skrive ut sidan 2011, offisielt fordi den politiske situasjonen i Libya er sårbar, og fordi sikkerheitssituasjonen kan vere uoversiktleg og til tider risikofull. «Det kan vere ein farleg jobb, for vi har ikkje lov å drive med dette. Så om vi blir stoppa av sikkerheitsstyrkar eller politi, så la meg stå for snakkinga. Og hugs at du er forretningsmann!» proklamerte Yousef. «Forretningsmann på tur?» spurde eg. «Sjølv hardbarka forretningsmenn som deg treng av og til eit kulturelt avbrekk mellom møta», smilte omsetjaren. Det viste seg at den låge mannen med det

LIBYA

337


seg Messi-, Alexis- eller Müller-skjortene sånn heilt frivillig. Helteplagg går tilsynelatande ikkje til u-land. Då er det sjarmerande at ungane sjølv tek grep, som Murtaza Ahmadi i Afghanistan, det 13. minst besøkte landet i verda. Seksåringen laga si eiga Messi-drakt frå plastposar og skreiv 10-talet bakpå med penn. Biletet av guten gjekk viralt, og han fekk til slutt treffe sin store helt i Qatar. Eg såg mange liknande heimelaga drakter i begge landa. No er Libya nesten tre gonger så stort som Afghanistan og rett og slett gigantisk. Med sine 1 759 541 kvadratkilometer er det verdas 16. største land. I Afrika er berre Sudan og Algerie større. 90 prosent er ein del av Sahara, men for titusenvis av år sidan var området svært grøderikt med innsjøar, skogar og eit variert dyreliv. Det finst spor av menneske frå rundt 10 000 år sidan, då det budde jordbrukarar langs kysten. 500 år før tidsrekninga vår blei Kartago, med hovudstad i noverande Tunisia, eit viktig senter med så mange som 700 000 innbyggjarar. Dei styrte også delar av det som no er Libya før jordbruksfolket punarane tok over. Med 22 bokstavar i alfabetet sitt, men ikkje ein einaste vokal, skreiv dei Kartago som Qrthdst. Namnet tyder Nybyen. «Punarane oppretta kystbyane Sabratha, Oea og Leptis Magna. Området dei låg i, blei etter kvart kalla Tripolis, eller ’Tre byar’, som sidan gav namn til dagens hovudstad Tripoli», fortalde Yousef. Han kan si historie. For ein guide er det truleg tryggare å halde seg til den enn til potensielt sensitive opplysningar frå notida. Libya var under islamsk styre i 850 år før spanjolane styrte i nokre tiår. Deretter blei det ein del av Det ottomanske riket før det var Italia sin tur til å okkupere området. Libya blei uavhengig julaftan 1951. Timinga var ikkje galen. Dette var eit fattig land heilt til det blei funne olje nokre få år seinare. Det passa Gaddafi godt. Han tok makta som 27-åring etter eit kupp i 1969. Deretter gjorde han landet til ein republikk som han sjølv styrte gjennom Det revolusjonære kommandorådet. Hans ord var lov, noko som førte til mange impulsive og kanskje mindre gjennomtenkte ordrar og lover. Mellom anna introduserte den unge leiaren sharia som eit utgangspunkt for det juridiske systemet, men sjølv såg han på seg som ein muslimsk modernist. Stadig veksande oljeinntekter gjorde at han fekk råd til å styrkje militæret, byggje hus til folket og forbetre helse og skular. På «fritida» skreiv han bøker der han lanserte politiske teoriar. Men etter terroraksjonar som kunne sporast til Libya, mellom anna ei nattklubbombe i Berlin i 1986 og flyeksplosjonen over Lockerbie i Skottland i 1988, blei Libya meir og meir isolert frå den vestlege verda. Gaddafi blei på si side meir og meir paranoid med åra og kjend for ein del spesielle vanar. Han omringa seg med godt trente og vakre kvinnelege livvakter som offisielt blei kalla dei revolusjonære nonnene eller amasonegarden. Dei skulle vere jomfruer, og alle blei handplukka

LIBYA

345


Sana

Jemen

SO COT RA

ADEN

374

KO LU M N ET E KST

200 km


1 Jemen, Asia IN N BYGGJA RA R: 27 600 000 (Wikipedia) TUR I STAR PER Å R : 60 (garfors.com) AR E AL : 527 968 kvadratkilometer «I JEMEN TYGG dei fleste mannfolka kat», sa eg ein gong eg heldt reiseforedrag for Sunnfjord folkehøgskule i Førde. Ein elev rakk med det same opp handa. 17-åringen såg skremd ut. «Noko så forferdeleg! Kva har vel dei stakkars søte kattepusane gjort?» spurde ho, nærast på gråten. Eg klarte på uforklarleg vis å la vere å le, og forklarte skilnaden på kat og katt. Nytingsmiddelet kat er i ferd med å gjere eit av verdas aller jævligaste land endå jævligare. For den narkotiske planta krev enorme mengder vatn, noko som er svært dårleg nytt i eit land som nesten er utan vatn. Når 90 prosent av mannfolka er katavhengige, blir matproduksjon kjapt prioritert vekk, og dette bidreg til hungersnaud i Jemen. Den store etterspurnaden, kombinert med at planta veks så raskt at ho gjev avling tre gonger i året, gjer det langt meir lukrativt å dyrke kat enn korn, kålrabi eller kiwi. Og då gjer bøndene det. At nokon i det heile teke dyrkar matplanter, kjem av at kat krev enorme mengder vatn , og H2O er mangelvare i store delar av landet. Dei grøne blada frå planta fører til ein roande rus, visstnok som ein sterk dose koffein eller mild amfetamin. Katbruk døyver vidare matlysta, og med matmangelen her er det dermed kanskje ikkje så rart at populariteten har gått i vêret. Då eg besøkte hovudstaden Sana i 2009, såg eg to gutar på fem eller seks år. Ikkje berre togg dei kat, begge røykte vasspipe samstundes. Ein skal tidleg krøkjast – og så bortetter. Men no er det ikkje berre utstrekt katdyrking som truar matforsyninga. Borgarkrigen som har rasa sidan 2015, har ført til at både luftrommet over landet og dei aller fleste hamnene tidvis er og har vore stengde. Det har igjen bidrege til akutt og prekær mangel på mat og naudhjelp, som har skapt ein av dei verste

J EMEN

375


svarte kappa, men ho følte at det ikkje blei heilt riktig. Eg gnei avgjerda hennar inn etter at eg sprang ned sanddyna, kasta av meg alt utanom boksershortsen og vassa inn i Neptun sitt rike og la på svøm. For ein vasstemperatur! Eg svømde 200 meter til Tårnet og vurderte å prøve å klatre heilt opp, men berrføtt var det eit tapsprosjekt. Eg nøydde meg med å gå rundt toppen før eg stupte ut att i det herlege vatnet. At dette faktisk var krigsherja Jemen kjendest heilt surrealistisk. Etter lunsj frakta Nashed oss attende til landsbyen, og derifrå køyrde vi til ein eldre kamelbonde. 63 år gamle Naib fortalde at han hadde drive med det same sidan han var ein halvmeter høg. Tidlegare hadde han hatt 5–6 gonger så mange dyr, og no på sine gamle dagar nøydde han seg med 10 kamelar. «Det er nok for ein gammal kar som meg», sa han, og lo i det kvite 14-dagarsskjegget slik at heile den store magen rista. Lexie fekk ta bilete av han, og han spurde om å få eit av dei tilsendt. Eg foreslo å gjere det elektronisk. «Hæ? Kva er Facebook? Kva er Whatsapp?» spurde han i villreie. Adel lova å printe ut biletet og ta det med neste gong han skulle kjøpe kamelmjølk. Denne gongen plukka vi opp to liter, vinka og køyrde vidare. Kamelmjølk smakar litt meir bittert enn kumjølk, men framleis ganske søtt. Eg meinte at det ville bli til ein god kaffi latte. Dessverre visste ikkje Adel om kafear med espressomaskin i byen, så det må testast ved eit seinare høve. 45 minutt i bil seinare stod vi utanfor ein mangogard i utkanten av landsbyen Al Makhshabah med 80 husstandar. 50 svære mangotre med tjukke greiner og grøne blad gav oss skugge. Dei mange fruktene gjorde at enkelte greiner hang tungt ikkje langt over bakken. Rundt kvart tre hadde dei grave små runde groper, slik at fruktene ville samle seg rundt stammen når dei datt ned. Det letta innsamlinga. På den eine sida av mangoskogen var det ein djup brønn. Ein gammal og velbrukt dieselmotor var kopla til ei pumpe som somme tider blei nytta til nødvendig vatning. Bonden ønskte oss velkomne og bad oss smake på nokre små mangofrukter. Dei var så å seie modne, medan dei større fruktene framleis var grøne og harde. Smaksprøvane smelta i munnen – det var dei ferskaste og beste mangoane eg har smakt. Eg spurde, igjen via Adel, kva bonden heitte. Begge to flirte. «Ali Abdullah Saleh», sa dei nærast i kor. Som om namnet trong omsetjing. «Kvifor ler de?» lurte eg. «Han heiter akkurat det same som eks-presidenten i Jemen», forklarte fiksaren. «Og det er det ikkje mange som gjer.» At mangobonden var ein tilhengar av ekspresidenten, var ikkje så rart. Og han hadde til og med eit bilete av han inne i huset sitt. Det var kanskje ikkje så lurt. «Om det kjem ut, lever han farleg», sa Adel.

390

JEMEN


Globetrottaren Gunnar Garfors er kjent for å ha besøkt alle land i verda. På sine turar har han møtt menneske frå mange ulike kulturar og samfunn. Når Garfors er på reise, er det nysgjerrigheita som driv han. Hans vennlege og opne vesen gjer at han lett blir kjent med folk der han er.

I ei tid prega av konflikt og krig vil forfattaren inspirere oss til å bli kjent med delar av verda som skil seg frå vår eigen, og som mange knapt vågar å reise til. Kanskje vil ei breiare forståing av andre kulturar, trusretningar og verdsoppfatningar gjere noko med deg som lesar og korleis du ser på verda. Kanskje ville vår klode kunne bli ein betre og vakrare stad om fleire reiste utanfor eigne komfortsoner.

Ingenstad tek deg med til nokre av dei mest fasinerande stadene i verda.

ISBN 978-82-7959-290-7 SKALD

ISBN 978-82-7959-2 90-7

INGENSTAD

I Ingenstad tek han deg med til dei 20 landa i verda færrast av oss vel å reise til. Han har vevd opplevingane sine saman til ei lett og ledig bok. Du kjem tett på menneska og møter mellom anna ein særs imøtekomande statsminister, verdas beste sjokolademakar og ein mangobonde frå Jemen.

GUNNAR GARFORS

Korleis er det å vere turist i Afghanistan, Turkmenistan, Nauru eller Mauritania?

GUNNAR GARFORS

INGENSTAD PÅ T U R T I L V E R DA S M I N S T BESØKTE LAND

Profile for Skald forlag

Ingenstad – på tur til verdas minst besøkte land  

Gunnar Garfors er kjent for å ha reist verda rundt. Når han er på reise, er det nysgjerrigheita som driv han. Hans vennlege og opne vesen gj...

Ingenstad – på tur til verdas minst besøkte land  

Gunnar Garfors er kjent for å ha reist verda rundt. Når han er på reise, er det nysgjerrigheita som driv han. Hans vennlege og opne vesen gj...

Advertisement

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded