#NULLSTRESSJOGGEDRESS
Lag deg di beste og mest chille pause!
Visste du at å ta gode pauser er noko av det luraste du kan gjere i eksamenstida?
Lag deg ei god pause på #nulljoggedress-området i kantina. Vi har gratis snacks, drikke og avslappande aktivitetar og muligheit for ei hyggeleg samtale. Kom aleine, eller saman med andre. Bli så lenge du treng, kom og gå som du vil!
Her er du og all prokrastinering hjarteleg velkomen!
Måndag-Torsdag 13.00-17.00
BK kantina, nedre del GRATIS
EKSAMENSYOGA
I desse yogatimene skal vi jobbe med å opne og tøye område av kroppen som vert stive av stress, stillesitting og eksamenslesing; skuldre, nakke og hofter.
Alle kan vere med, om du har gjort mykje eller lite yoga frå før. Ta på klede du kan bevege deg i. Alt av utstyr kan du låne.
Anne Natvig er yogalærar med utdanning i vinyasa, yin og restorative yoga frå Oslo Yoga
Måndag 8.mai 16-17
Onsdag 10.mai 16-17
Rom: SAA 225
GRATIS
MAT OG PRAT + IS
Vi markerar Bygdepride med «Mat og prat + is»! Då møtast vi i kantina på BK og et gratis mat og har ein hyggeleg prat saman. På borda ligg det samtalekort med tema og spørsmål som kan vere fint å snakkast om; kjærleik, likeverd, solidaritet, mangfald, identitet, fridom og stoltheit.
På menyen står pølse, fries og is, og det er sjølvsagt vegansk alternativ Det er mat så lenge det rekk, og om du kjem og ser kortdokumentaren «Bygdehomo» i auditoriet på BK kl. 16.30 kjem du fyst i køa til maten. Det blir også servert isbuffét med mykje godt og fargerikt tilbehør.
Vi har bestilt sol og mogelegheit for å bruke uteområdet ved BK og ha «kubb» og anna uteleik for dei som vil vere med på det. Brettspel vil også vere tilgjengeleg. Ta deg ei velfortent pause frå eksamensarbeidet og bli med! �� Arrangementet er i samarbeid med Bygdepride.
Meny: Pølse, fries og is Måndag 17.00-19.00
BK Kantina GRATIS
"BYGDEHOMO" FILMVISNING
Velkomen til gratis kortfilmframsyning av den prisbelønna dokumentaren «Bygdehomo»! Filmen introduserast av voldastudent og medlem i Bygdepridestyret Tare Reklev Øverbø .
Dei som har vore med på filmframsyninga blir fyst i køa til å få seg gratis middag på Mat og prat i kantina etterpå.
Filmen er laga av Julia Dahr og Julie Lunde Lillesæter (2018) og handlar om BjørnTore som flytta frå Volda for å leve eit fritt og opent liv som homofil mann. Han kunne aldri ha førestilt seg at han ein dag ville kome tilbake og gå nedover gatene i heimbygda si i ein Bygdepride-parade! I filmen får vi også innblikk i dei ulike perspektiva som eksisterar, og at det fortsatt er ulike syn på homofili og pride i bygdesamfunnet.
Arrangementet er eit samarbeid med Bygdepride.
Måndag 8.mai 16.30-17.00
Rom: Store auditoriet
Berte Kanutte GRATIS
RETTLEIINGSSKRANKEN
Her kan du få hjelp med litteratursøk og kjeldebruk (APA). Vi gir også enklare oppgåvehjelp Du er velkomen med både små og store spørsmål.
Det er berre å stikke innom i opningstida, du treng ikkje avtale tid. Rettleiingsskranken finn du i 1. etasje i biblioteket.
Tysdag–torsdag
Kl. 11.30–14.00
Fyste etasje på biblioteket GRATIS
REBOOT
Varmt velkomen til ein behageleg og avslappande time med mindfulness
Dette er ein stressreduserande time for deg som ønskjer å roe ned kropp og sinn i ei travel eksamenstid. Mindfulness- og mindful yogainstruktør, Line Katrin Moe, vil guide deg inn i djup avspenning på yogamatta.
Ta gjerne på varme kle eller ta med et pledd så du hels deg varm under avspenninga.
Line Katrin Moe er barnevernspedagog, illustratør, mindfulness- og yoga instruktør
Ho er kreativ og glad i friluftsliv, og brenn for at andre mennesker skal finne svara dei søker i seg sjølv. I sine timar ønskjer ho å skape eit trygt rom der den enkelte kan roe ned og bli bedre kjent med seg sjølv.
Tysdag 9. mai kl 16-17
Rom SAA 225 GRATIS
FINN FOKUS
Treng du å finne konsentrasjonen til eksamenslesinga eller eksamensoppgåva di? Kom å få nokon tips til studieteknikk, med fokus på eksamenstida.
Du rekk både yoga og Mat og prat i kantina.
Onsdag 10. mai
Kl. 15-15.45
Rom BK 171 i biblioteket
GRATIS
MAT OG PRAT
Vi møtast i kantina på BK og et gratis middag, og har ein hyggeleg prat saman. På borda ligg det samtalekort med tema og spørsmål som kan vere fint å samtale om.
På menyen står pastasalatbuffet og sjølvsagt vegansk alternativ, det er mat så lenge det rekk.
Ta deg ei velfortent pause frå eksamensarbeidet og bli med! ��
Meny: Pastasalatbuffet
Onsdag 17.00-19.00
BK Kantina GRATIS
BEAT SABER TURNERING
TANKESKRIVING
På dette korte skrivekurset vil instruktør Line Katrin Moe veilede deg til å skrive deg nærmare di eiga ro. Gjennom enkle skriveøvelsar vil du kunne bli betre kjent med deg sjølv, lære deg å stresse ned og oppnå indre klarheit Velkommen til ein koselig og stressreduserande skrivestund.
Line Katrin Moe er barnevernspedagog, illustratør, mindfulness- og yoga instruktør Ho er kreativ og glad i friluftsliv, og brenn for at andre mennesker skal finne svara dei søker i seg sjølv. I sine timar ønskjer ho å skape eit trygt rom der den enkelte kan roe ned og bli bedre kjent med seg sjølv.
Torsdag 11.mai kl 16-17
Rom SAA 225
GRATIS
STUDENTKINO
"Corsage er rett og slett en særegen, sterkt spilt, skrevet og formidlet historie om en kjent personlighet, ilagt egenskaper og styrker så alt for mange kvinner kanskje skulle ønske de hadde mer av, før i tiden. Samtidig ga ikke tid, sted og kultur rom for dette, noe filmen også spiller sterkt på. Men opplevelsen filmen her gir, er å skape bilder av hvordan dagens frihet, kvinner, kjønnstyper, med mer, stiller seg i skarp kontrast til datidens kvelende normer og etikette."
www.filmfront.no (5)
Torsdag 11. mai
Kl. 20.00–22.00
Volda Filmteater GRATIS
PAUSEAKTIVITETER
Treng du ei lita pause? I biblioteket finn du mellom anna sudoku, puslespel, aktivitetshefte, fargelegging med meir. Det er berre å kome innom for eit lite avbrekk.
Kvar dag
Kl. 07.00–24.00
GRATIS
SAMTALETILBOD
Treng du nokon å snakke med om stress og angst knytt til eksamen, eller kanskje noko anna som opptek deg i livet ditt akkurat no?
Då kan du avtale ein til ein-samtaler med dei tre samtaletilboda på Høgskulen i Volda.
Vi har tid og lyst til å møte deg.
Berre ta kontakt på SMS eller e-post så finn vi ei tid som passar ��
Sjå nettsida til HVO om studentvelferd for meir info om samtaletilboda.
Studentrådgjevar Eli Anne, eli@sivolda.no/99237980
Studentprest Ruth Eva, studentprest@hivolda.no/98059751
Studenthumanist Lone, lone.knutsen@human.no/99295480