Presseskriv Repertoaret våren 2014

Page 1

REPERTOAR

VÅREN 2014

REPERTOAR VÅREN 2014

SIDE 1


FART OG SJØLVTILLIT Det er ei stor glede å kunne presentere dei første framsyningane i det Det Norske Teatrets neste hundre år! Vi er i ferd med å legge bak oss eit fantastisk jubileumsår, som nådde klimaks med den store folkefesten her 6. oktober. Om lag 10.000 menneske stilte seg i lange køar for å feire teatret. Det gjorde oss ekstremt stolte. Mottoet for jubileumsåret var 100 år og like stri! Det var med referansar til historia vår, og den kampen det har vore å få etablert, bygt og styrka dette teateret til det fantastiske huset det er i dag. No er vi her, og når vi no tek fatt på dei neste hundre åra, gjer vi det under eit nytt motto, lånt frå den sterke og modige Tonje Glimmerdal; nemleg fart og sjølvtillit! Kulturpolitikk blir diskutert på mange arenaer for tida. Det er bra, og Det Norske Teatret deltar aktivt i debatten. Dessverre blir det ofte ein diskusjon om tal, og sjeldnare om kvalitet. Ein kan gjere eit poeng av at Kulturløftet ikkje har ført til høgare besøkstal, og slutte av det at løftet har vore utan verknad. Det blir for enkelt. Både for norsk teater generelt, men ikkje minst for dette teateret spesielt, er bildet eit anna. Utover at vi har hatt ein markant auke i besøket, bør det vere vel så relevant å sjå kva for andre effektar løftet har gitt. Vi skal i det neste halvåret bli evaluert av Kulturdepartementet. Det ser vi fram til. Det er ei evaluering som skal fokusere på kvalitet. Sjølv om besøkstala våre er aldri så gode, så må vi insistere på at det er andre gyldige parameter som må bli tatt opp til vurdering når ein diskuterer verdien av et teater.

er i helgene folk har tid til å ta med familien på teater. Etterspørselen etter laurdagane er mange, mange gongar så stor som i vekedagane. No får fleire mulegheit til å sjå denne fine framsyninga, i det som er ei gradvis innføring av teater på søndagar. Teatret er til for publikum, og vi, som andre kulturinstitusjonar, må kunne tilby framsyningane våre når folk faktisk ønskjer å sjå dei. Ingen kan sjå for seg stengde museum eller kinoar på ein søndag. Det er på høg tid at også teatera opner dørene. Å tilby teater på søndagar handlar også om å kunne oppretthalde eller auke inntektene utan å måtte kommersialisere repertoaret. Søndagar aukar talet på seter vi har ute til sal, og dermed også kapasiteten. Når det i tillegg er ein attraktiv dag, kjenner vi oss trygge på at det vil bidra positivt til teaterets inntekter, og at vi på den måten både sikrar drifta og forbedrar tilbodet til publikummet vårt. Dei færraste vil juble over å jobbe på søndagar. Vi er i samtalar med tilsette og organisasjonane om arbeidstidsordningar og andre forhold. Eg er uansett trygg på at innføring av søndagsope teater vil vere eit viktig bidrag i kampen for å styrke Det Norske Teatret ytterlegare. For vi treng eit enda sterkare Det Norske Teatret i dei neste 100 åra! Erik Ulfsby, teatersjef

Det Norske Teatret har dei siste åra satsa tungt på å nå yngre målgrupper. Vi har langt på veg lykkast med det, og har i dag eit yngre og på alle nivå meir mangfaldig publikum enn vi hadde for berre nokre få år sidan. Det er vi veldig glade for. Likevel er det slik at desse gruppene er mindre kjøpesterke enn andre. Derfor har vi gode rabattordningar, t. d. ungdomskortet, som gir ungdom opp til 25 år teaterbillettar for berre 85 kronar. Og dei sluttar opp om teatret, dei kjem! Men så er det også slik at dette har påverkar egeninntekten til teateret. Og da er vi fort midt oppe i en debatt som spør kvifor vi ikkje gjer meir for å få opp egeninntektene. For å seie det enkelt: vi kan ikkje både nå eit ungt og meir mangfaldig publikum, og samstundes ha ein veldig høg eigeninntekt. Det går ikkje i hop. Snart speler vi dei første framsyningane av Tonje Glimmerdal på søndagar. Vi har i lang tid sett at det

REPERTOAR VÅREN 2014

SIDE 2


MENS VI VENTAR PÅ GODOT av Samuel Beckett. Omsetjing: Åse Marie Nesse OSLOPREMIERE 9. JANUAR PÅ SCENE 3

«En lysende Beckett-oppsetning», skreiv Aftenposten etter Bjørn Sundquists debut som regissør

REGI Bjørn Sundquist MED Jan Grønli, Stein Grønli, Trond Høvik, Harald Brenna, Robert Skjærstad

I Riksteatret og Det Norske Teatret sin versjon har skodespelarbrørne Jan og Stein Grønli hovudrollene, og tredje bror Pål er inspisient. I mange år har dei ønska å reise på turné med Godot og ha Bjørn Sundquist som regissør. Med seg på scenen har dei òg Duc Mai-The, Sigmund Sæverud og Robert Skjærstad.

TJUE TUSEN SIDER av Lukas Bärfuss. Omsetjing: Ragnar Hovland NOREGSPREMIERE 10. JANUAR PÅ HOVUDSCENEN

Samtidssatire som vekslar mellom fiksjon og dokumentar Det Norske Teatret opnar Hovudscenen med eit dristig prosjekt. Peer Perez Øian har fått med seg scenograf Etienne Pluss (Det gode mennesket frå Sezuan) og er klar for si første Hovudscene-oppsetjing. Tjue tusen sider er skrive av ein av Europas leiande dramatikarnamn, Lukas Bärfuss. Kort fortald handlar det om Tony, ein ung mann som kjem over ein containar og ser en gammal lydavspelar som han vil plukke opp. Ein ask med bøker som er meint for containeren, treffer han i hovudet. På mirakuløst vis lagrar desse sidene, tjue tusen i talet, seg i hjernen hans. Tekstane er ein historisk sannings rapport om den rolla Sveits spela under andre verdenskrigen, og inneheld opplysingar mange ikkje er interesserte i at omverda skal få innsyn i. Dei syner korleis Sveits behandla flyktningar frå Nazi-Tyskland, og korleis bankane fekk kloa i krigsprofitt og jødiske formuar. No går Tony rundt som eit levande vitne, men ingen vil høyre på han. Denne kunnskapen fører han inn i underlege og komiske situasjonar. Det er både morsamt, utfordrande og avslørande. For tekstane Tony siterer, er frå ein faktisk rapport. Som rapporten i stykket blei også den tagd i hel.

REPERTOAR VÅREN 2014

REGI Peer Perez Øian MED Mattis Herman Nyquist, Charlotte Frogner, Marianne Krogh, Emil Johnsen, Nina Woxholtt, Per Schaanning, Jon Bleiklie Devik, Svein Roger Karlsen, Niklas Gundersen, Jan Martin Johnsen, Kikki Stormo, Bernhard Ramstad, Marte Germaine Christensen

SIDE 3


DEI UGUDELEGE Tekst og musikk av Asklepios Hane PREMIERE 17. JANUAR PÅ SCENE 2 Asklepios Hane er eit uavhengig teaterkompani som blei starta av avgangsklassen ved Teaterhøgskolen på KHiO i 2010. No er dei aktuelle på Scene 2 med ei fysisk krevjande og energisk framsyning som blandar element av dans, nyskriven musikk og tekst. I Dei ugudelege møter vi Jon, ein heilt vanleg mann, som lever i eit heilt uvanleg samfunn. Eit samfunn der religion ikkje lengre er tillaten. Der gudar og det å tru på noko, er forbode. Når Jon mistar sonen sin i ei fiskeulykke, finn han ingen stad å bearbeide sorga. Dei ugudelege er ein samproduksjon mellom Asklepios Hane og Det Norske Teatret.

REGI Caroline McSweeney MED Marie Blokhus, Ingeborg S. Raustøl, Sigurd Myhre, Marius Næss, Herman Bernhoft, Janne Heltberg

AV MÅNESKIN GROR DET INGENTING av Torborg Nedreaas. Dramatisert av Ragnhild Hilt. Omsetjing: Halldis Moren Vesaas

REGI Terje Mærli MED Ragnhild Hilt

PREMIERE 13. FEBRUAR PÅ SCENE 3 Av måneskin gror det ingenting er ei vakker historie om kjærleikssorg, pengemangel, erotikk, ekteskapsbrot og mykje meir. Det handlar om å få brukt seg sjølv og si kjærleiksevne og lengten etter eit verdig liv. Ragnhild Hilt speler denne monologen for tredje gong her på teatret. Ho dramatiserte romanen og spelte han første gong i 1982, andre gong i 1996, og altså no i 2014. — Det er eit privilegium å få arbeide med ein slik tekst i ulike livsstadium; som 30-åring, som 50-åring og no når eg nærmar meg dei 70, seier Ragnhild Hilt. — Alt blir annleis, sjølv om teksten er den same. Det kjem inn ein større aksept med åra, noko lysare, lettare – og kanskje klokare, kanskje friare?

REPERTOAR VÅREN 2014

SIDE 4


FEDRA av Jean Racine. Omsetjing: Halldis Moren Vesaas PREMIERE 14. FEBRUAR PÅ HOVUDSCENEN

REGI Sigrid Strøm Reibo MED Gjertrud Jynge, Paul-Ottar Haga, Gard Skagestad, Nicolai Cleve Broch, Jorunn Kjellsby, Ane Dahl Torp, Hildegun Riise, Siren Jørgensen

Fedra er ein av verdsdramatikkens mest kjende og aller mest gripande tragediar. Til våren blir Fedra sett opp på Hovudscenen i Halldis Moren Vesaas’ prislønte gjendikting frå 1960. Regien er ved Sigrid Strøm Reibo. Trass sin unge alder har ho utmerkt seg med eigenarta og kunstnarleg sterke iscenesetjingar ved store scenar både i Noreg og i Russland, der ho er utdanna. To gonger er ho Hedda-nominert og vann prisen for beste regi i 2012 for regien for Misantropen på Rogaland Teater og Black Rider på Hålogaland Teater. Ho har eit sterkt skodespelarlag med seg når ho gjev seg i kast med Racines meisterlege stykke. Fedra (Gjertrud Jynge) er kvinna som forelskar seg i stesonen sin Hippolytos (Nicolai Cleve Broch), medan mannen hennar, kong Tesevs (PaulOttar Haga), er i utlandet og kjempar i krigen. Ane Dahl Torp spelar Arisia og Jorunn Kjellsby har si siste rolle som fast tilsett på Det Norske Teatret som Oinone. Kjellsby hadde si første rolle som 15-åring i 1959, men blei tilsett i 1977 og har hatt 37 innhaldsrike år ved teatret.

RØVARANE Av Friedrich Schiller. Omsetjing: Ragnar Hovland PREMIERE 21. FEBRUAR PÅ SCENE 2 Jonas Corell Petersen går i gang med nok eit tysk klassikarmateriale. Sist var det Goethes Werther, no er det Schillers ungdomsstykke Røvarane som er utgangspunktet for Petersens innfallsrike regi. Med seg som scenograf har han Nia Damerell, som er ein sentral medspelar i Petersens oppsetjingar. I vår fekk dei Heddaprisen for årets barne- og ungdomsframsyning for eg/ik/Ich/I. Deira vågale omgang med Goethes Unge Werthers lidingar i 2010 gjorde stoffet tilgjengeleg for eit yngre publikum og var utgangspunkt for ein større teaterdebatt. Vi er spende på om Røvarane av Schiller kan skape same engasjement blant publikum.

REGI Jonas Corell Petersen MED Nils Johnson, Kyrre Hellum, Eivin Nilsen Salthe, Silje Storstein, Joachim Rafaelsen, Oddgeir Thune, Thomas Bye, Gaute Tønder

I Røvarane møter vi den unge filosofistudenten Karl Moor, som har ei ubekymra studietid med kompisane; farens formue sikrar likevel framtida. Broren Franz er sjalu og lykkast både i å vende faren mot Karl og i å stikke av med kjærasten hans. Karl blir desperat, samlar ein bande røvarar som kjempar for fridom og rettferd. Men ikkje alle i røvarbanden har gode formål.

REPERTOAR VÅREN 2014

SIDE 5


DEN MERKELEGE HENDINGA MED HUNDEN DEN NATTA av Mark Haddon. Dramatisert av Simon Stevens. Omsetjing: Jon Fosse PREMIERE 13. MARS PÅ SCENE 3

REGI Trine Wiggen MED Emil Johnsen, Ingunn B. Øyen, Espen Løvås, Marie Blokhus, Britt Langlie, Jan Grønli, Ingrid Jørgensen Dragland, Geir Kvarme

Mark Haddons bestselgar frå 2003, Det merkelege som hende med hunden den der natta, er dramatisert og blitt den store teatersnakkisen. Vi er stolte av å ha noregspremiere på stykket som har fått heile 7 Olivier Awards i Storbritannia og som for tida går for fulle hus på Betty Nansen Teatret i Danmark. Det er ei vakker teaterhistorie om ein gut som er annleis, men med kjensler og draumar som alle andre. Her er ingen skurkar, berre vaksen tankeløyse og uforståelege handlingar gjort i beste meining. Christopher er ikkje som andre 15 åringar. Han har Asbergers syndrom, han likar ikkje at folk tar på han, seier alltid sanninga og går på spesialskole. Men han er uvanleg god i matematikk, veldig opptatt av stjernehimmelen, har ei rotte som heiter Toby og er svært glad i hunden til fru Shears. Ikkje rart at han blir heilt ute av seg da han ei natt finn hunden død på plenen utanfor huset hennar, spidda av eit hagegreip. Han bestemmer seg for å etterforske drapet og kjem på sporet av sanninga om sin eigen familie.

SPELEMANN PÅ TAKET av Joseph Stein / Jerry Bock / Sheldon Harnick

OMSETJING Hartvig Kiran

PREMIERE 21. MARS PÅ HOVUDSCENEN

REGI Erik Ulfsby MED Pål Christian Eggen, Herborg Kråkevik / Gjertrud Jynge, Ingeborg S. Raustøl, Heidi Ruud Ellingsen, Iren Reppen / Ingrid Jørgensen Dragland, Svein Roger Karlsen, Niklas Gundersen, Espen Bråten Kristoffersen, Jon Bleiklie Devik, Morten Svartveit Shandel, mor hans Unn Vibeke Hol, Marius Næss, Grethe Ryen, Paul Åge Johannessen, Ragnar Dyresen

Verdas vakraste musikal? Det Norske Teatret er ikkje i tvil om at Spelemann på taket kan reknast som det. Den 21. mars, nøyaktig 47 år etter den første premieren på Det Norske Teatret, står Spelemann på taket igjen på repertoaret. Musikalen har nærast ikonisk status i repertoaret vårt og det er ingen små sko Pål Christian Eggen skal fylle når han trer inn i rolla som Tevje. I to rundar er den jødiske familiefaren levandegjort av Lasse Kolstad – mannen som omtrent har einerett på strofa «Om eg var ein rik mann». Kona Golde blir spelt av Herborg Kråkevik, medan Ingeborg S. Raustøl og Heidi Ruud Ellingsen skal spele to av døtrene. Iren Reppen er tilbake på teatret etter ein åremålsperiode som teatersjef på Hålogaland Teater. Teatersjef Erik Ulfsby har regien. Spelemann på Det Norske Teatret Spelemann på taket har vore sett opp på Det Norske Teatret to gonger, i 1968 og 1987. 1968-versjonen blei ein av dei største publikumssuksessane i Det Norske Teatrets historie med 284 framsyningar og 130 906 besøkande. På turné i Noreg året etter fekk blei framsyninga vist 51 gonger og ytterlegare 25 802 fekk oppleve Lasse som Tevje.

REPERTOAR VÅREN 2014

SIDE 6


TROST I TAKLAMPA av Alf Prøysen Dramatisert av Kristin Auestad Danielsen PREMIERE 28. MARS PÅ SCENE 2 I høve 100-års jubileet for Alf Prøysen kjem Trost i taklampa no i ei ny dramatisering av Kristin Auestad Danielsen. Trost i taklampa er Alf Prøysens einaste roman og den var ein enorm salssuksess.

REGI Cecilie Mosli MED Charlotte Frogner, Marte Germaine Christensen, Hallvard Holmen, Sigurd Myhre, Marianne Krogh, Per Schaanning, Sigve Bøe, Bernhard Ramstad, Jan Martin Johnsen, Hilde Olausson, Kikki Stormo

Dramatiseringa av romanen frå 1952 blei også ein hit og redda teatrets økonomi. Men det er ikkje musikalversjonen som står på repertoaret på Scene 2 i vår. Boka er ei sjeldan kraftfull skildring av dei kompliserte prosessane som driv konflikten mellom by og land. Trost i taklampa har blitt satt opp som teater og musikal, og den har og blitt filmatisert. Det er midt i blåklokkevikua, sola skin nesten døgnet rundt, neper skal plukkast, rygger sveitter, planar for laurdagen skal leggjast. Gunvor Smikkstugun (Charlotte Frogner) har flytta til byen og fått seg jobb. No kjem ho heim til bygda på ferie, og ho gler seg til å sjå att familie og gamle vener og uvener. På same tog sit òg Lundjordet (Hallvard Holmen), tidlegare tenar på Smikkstugun, no kjend diktar. Han skal halde foredrag om «flukta frå bygda».

WILLIAM I LYST OG LAST Sonettar av William Shakespeare PREMIERE 23. APRIL PÅ SCENE 3 I 2014 er det 450 år sidan den største dramatikaren i verda vart fødd – kjøpmannssonen frå Stratford-upon-Avon, William Shakespeare. Verdas mest spelte dramatikar veit vi lite om, han har gøymt seg godt bak alle dei fantastiske rollefigurane sine. I sonettane derimot finst det spor av privatlivet hans. I tillegg til å vere vakre og ofte grusame kjærleiksdikt, kan ein òg lese dei som ei hemmeleg dagbok frå livet hans i London, langt borte frå kone og barn i småbyen Stratford. På Det Norske Teatret feirar vi Shakespeare med ei framsyning på Scene 3 der Ola B. Johannessen , Ingrid Jørgensen Dragland og Oddgeir Thune tek for seg sonettane hans. Framsyninga er sett saman av Ola B. Johannessen og er ein samproduksjon mellom han og Det Norske Teatret. Ny musikk er komponert av Gisle Kverndokk, og ein nyttar gjendiktingar av André Bjerke, Erik Bystad, Per Olav Kaldestad, Åse Marie Nesse og Ragnvald Skrede.

REPERTOAR VÅREN 2014

REGI Ola B. Johannessen MED Ola B. Johannessen, Ingrid Jørgensen Dragland, Oddgeir Thune

SIDE 7


FORGET ME NOT Gjestespel på Hovudscenen OSLOPREMIERE 23. APRIL PÅ HOVUDSCENEN

Prestisjefylt teaterkompani besøker endeleg Oslo Framsyningane til Compagnie Philippe Genty utspelar seg i eit leikent og poetisk univers i kryssingspunktet mellom teater, dans og illusjonar. Regissøren, Phillippe Genty, opererer med det same laussleppte forholdet til logikk og dramaturgiske lovar som regissøren av dei nattlege draumane våre. Forget Me Not starta som hovudproduksjonen til 2012-kullet ved Teaterhøgskolen i Nord-Trøndelag. Hausten 2012 tilsette Compagni Philippe Genty avgangsstudentane, og arbeidde vidare med framsyninga. Sidan har den turnert Europa rundt. Etter turneen i Skandinavia i april 2014 går turen via Moskva til Asia og Australia. Det norskfranske samarbeidet er venta å vare fram til hausten 2015.

HAV Under Festspillene i Bergen URPREMIERE PÅ JON FOSSES NYE STYKKE 22. mai er det urpremiere på Jon Fosses nye stykke Hav, som blir lansert når Festspillene legg fram programmet sitt i februar. Men Det Norske Teatret kan lette såpass på sløret at vi kan seie at det blir ein samproduksjon mellom Festspela i Bergen, Det Norske Teatret, Hordaland Teater og Bondeungdomslaget i Oslo. Nokre av landets beste kunstnarar står på scenen i regi av Kai Johnsen. Urpremieren blir i Bergen, før framsyninga blir spelt i Teatersalen i BUL frå 4. oktober. I Hav vender Fosse tilbake til nokre av dei ideane som har danna viktige orienteringspunkt i forfattarskapen hans. Stykket utspelar seg mogelegvis på ein båt på eit hav. Her møtast ulike menneske som delvis er ukjende for kvarandre, delvis står svært nær kvarandre. I ein overgangsfase mellom liv og død opplever dei livssituasjonar om att, dei som førte til tap og til vinning. Menneska ser seg sjølve utanfrå og innanfrå. Det er eit symbolladd univers, men samtidig prega av Fosses leikande og forsonlege ”små menneske” som får eit stort lys over liva sine.

REPERTOAR VÅREN 2014

SIDE 8


I REPERTOAR

SHOCKHEADED PETER av Julian Crouch og Phelim McDermott Originalmusikk The Tiger Lillies Omsetjing: Are Kalvø

REGI Erik Ulfsby MED Espen Beranek Holm og Vidar Magnussen m. fl.

Shockheaded Peter held fram med å formane ungane om å lytte til foreldra sine. Kritikarane hylla framsyninga for sin leikne og heilt atypiske form. Shockheaded Peter er eit herleg ukorrekt pusterom. Her går det riktig ille for barn som ikkje oppfører seg. Ein etter ein møter dei sin lagnad på hovudscenen – til vill jubel frå publikum.

I REPERTOAR

STORT OG STYGT av Olaug Nilssen Olaug Nilssen har skrive ei sår, varm — og ikkje minst humoristisk — framsyning om kor angstfylt og lite glamorøst det kan vere å vente barn eller å ha små barn. Det handlar også om korleis barnet ein set til verda ikkje alltid møter forventningane foreldra har. «Om ikke Olaug Nilssen allerede spilles på all verdens scener, kommer hun til å bli det med Stort og stygt», skreiv Aftenpostens kritikar.

REGI Marit Moum Aune MED Charlotte Frogner, Kristin Grue m. fl.

I REPERTOAR

FAUST av Johann Wolfgang von Goethe i ein versjon av Jon Fosse Kva er det som gjer Faust til eit så viktig stykke, som får det til å kjennest så moderne? Er det fordi vi kjenner oss igjen i tomheitskjensla hos mannen som har all verdas kunnskap, men manglar glede?

REGI Regi Eirik Stubø MED Lasse Kolsrud, Svein Tindberg m.fl.

Eirik Stubø har ei stø hand om klassikarane. Denne gongen inviterer han og eit leikent ensemble publikum til å bli med på Fausts søken etter det sanne, og til å forstå Faust.

REPERTOAR VÅREN 2014

SIDE 9


I REPERTOAR

HAUGTUSSA av Arne Garborg Omarbeidd av Ane Dahl Torp Musikk Sjur Miljeteig

REGI Ane Dahl Torp / Erik Ulfsby MED Ane Dahl Torp, Sjur Miljeteig

Ane Dahl Torp har klipt og limt i Arne Garborgs Haugtussa. Ektemannen og komponisten Sjur Miljeteig har laga ny musikk til. Resultatet er eit musikalsk forteljarteater som flørtar med mørkret frå rockescenen.

I REPERTOAR

TONJE GLIMMERDAL av Maria Parr Dramatisert av Ivar Tindberg

REGI Ivar Tindberg MED Heidi Ruud Ellingsen, Nils Sletta m. fl.

Glimmerdalens vesle dunder tok både kritikarar og publikum med storm i haust og no forlenger Det Norske Teatret speleperioden utover våren. Stykket er basert på den prisløna barneromanen av Maria Parr og har bevist at det går an å lage fartsfylt og koseleg barneteater som samstundes tek barns moral og sans for rettferd på alvor.

I REPERTOAR

ABRAHAMS BARN av og med Svein Tindberg Omsetjing av utvalde tekstar Ola E. Bø

REGI Kjetil Bang-Hansen

Svein Tindberg står framleis stødig åleine på scenen i framsyninga Abrahams barn som er ein dialog mellom kristne, jødiske og muslimske tekstar og som har gitt religionsdebatten nytt liv. I Abrahams barn blir over tusen år gamle tekstar meir levande og aktuelle enn nokon gong.

REPERTOAR VÅREN 2014

SIDE 10


I REPERTOAR

FUCK MY LIFE av Per Olav Sørensen og Pol Heyvaert I Fuck my life fortel 10 ungdomar om kvardagen, om livet og om draumane sine. Etter premieren hausten 2012 har den gått jamnt og trutt for fulle hus på Scene 3. Engasjementet, nerven og livsmotet hos dei unge har fengja eit stort publikum og framsyninga blir med oss inn i våren 2014.

REGI Per Olav Sørensen MED Ti ungdomar

BIKUBEN FOAJESCENEN I 2. HØGDA

Innsikt, engasjement, debatt

BIKUBEKVELD Den nye scenen i publikumsområdet held fram med teaterkonsertar, gjestespel, open mikrofon, Bikubejazz og nachspiel med ensemblet frå dei ulike framsyningane. Fast Bikubekveld kvar fredag kl. 22.30. Open bar.

BAKSNAKK – Publikumstreff med panel i forkant av framsyning

LUNSJ & LYRIKK Vi held fram på 27. året med kunstpause i lunsjtida. Skodespelarar les dikt og noveller, dei syng og fortel. Måndag – laurdag kl. 12.

PÅ SCENEKANTEN – Publikumstreff med aktuelle skodespelarar umiddelbart etter framsyning REGISSØRTREFFET – Møt regissøren etter framsyning

EVENTYRFORTELJETEATERSTUND For dei aller minste. Laurdagar kl. 12.00

REPERTOAR VÅREN 2014

SIDE 11


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.