Presseskriv våren2015

Page 1

REPERTOAR VÅREN 2015


MANGFALD OG KVALITET Det er alltid ei stor glede å presentere ein ny sesong og eit nytt repertoar. Eit heilt hus, med landets sterkaste ensemble i spissen, står klar til å kaste seg over nye oppgåver. Våren 2015 har vi framsyningar som utfordrar fordommar, utvidar horisontar, morar og underheld. Heile 11 nye framsyningar i tillegg til 7 vi tar med oss vidare, og ein Bikube som byr på 13 unike Bikubekveldar, over 100 føremiddagar med Lunsj og Lyrikk og ein rikhaldig formidlingsaktivitet. Dei som besøker Det Norske Teatret har aldri hatt meir å velje i. Ambisiøst, fornyande og utfordrande Det Norske Teatrets har alltid hatt som mål å tilby scenekunst med høg kvalitet, på nynorsk og dialekt, og å femne like breitt med repertoaret som alle dei andre til saman. Ein konsekvens av dette ambisiøse målet er at vi har bygd ein svært allsidig kompetanse både på og rundt scenane. Eg vil våge påstanden at repertoaret på Det Norske Teatret i dag er landets mest innhaldsrike og mangfaldige; variert musikkteater, ambisiøse og spektakulære barneframsyningar i fleire format, fornyande klassikarar og utfordrande samtidsdramatikk. Vi er òg leiande når det gjeld å presentere ny norsk dramatikk.

REPERTOAR VÅREN 2015

Vi på Det Norske Teatret trur på den energien som oppstår når så mange gode og ulike kunstnariske krefter eksisterer side om side i eit teaterhus. Den aukande publikumsoppslutninga fortel oss at det smittar. Kulturdepartementets evaluering av kvalitet og effektivitet ved institusjonane legg vekt på at Det Norske Teatret dei siste åra har auka talet på framsyningar med 24%, publikumsbesøket med 29%, eigenproduksjonane med 76,5% og eigenkapitalen med 100%. Evalueringa kallar oss eit føredøme. Vi er stolte av det vi har fått til på Det Norske Teatret, men i 2015 vil vi strekkje oss enda lenger.

Vel møtt til ein ny sesong! Erik Ulfsby, teatersjef

SIDE 2


BRAND av Henrik Ibsen Gjendikting til nynorsk: Edvard Hoem

PREMIERE 9. JANUAR PÅ HOVUDSCENEN Svein Tindberg og Kjetil Bang-Hansen arbeider saman igjen. Det handlar framleis om gudstru, men denne gangen møter vi ei tru så sterk at ho blir til fanatisme. Trua på kjærleikens Gud krev så store offer at ho øydelegg livet. Presten Brand blei av Ibsen sjølv framheva som eit ideal. Brand er mig selv i mine bedste øjeblikke, skreiv diktaren om karakteren. For Brand er sjølve motstykket til den kjernelause Peer Gynt som Ibsen skapte på same tida. Peer kjenner ingen konsekvensar, han flyktar frå realitetane, lyg for seg sjølv og andre, mens Brand aldri går utanom. Han tek avstand frå alle kompromiss og all pragmatisme. Kravet er alt eller ingenting. For sanninga er enten eller.

REGISSØR Kjetil Bang-Hansen MED

Svein Tindberg, Agnes Kittelsen, Mads Ousdal, Britt Langlie, Jon Bleiklie Devik, Marie Blokhus, Per Schaanning, Paul-Ottar Haga, Ingunn Beate Øyen, Iren Reppen, Svein Roger Karlsen, Espen Løvås, Øyvin Berven, Morten Svartveit, Grethe Ryen, Hilde Olausson

Mads Ousdal er Einar og Agnes Kittelsen spelar rolla som Agnes. Så langt har samarbeidet mellom Tindberg og Bang-Hansen resultert i m.a. Evangeliet etter Markus, Apostlenes gjerninger og Abrahams barn, framsyningar som har skapt reine folkevandringar til teatersalane.

REPERTOAR VÅREN 2015

SIDE 3


RYTMAR FRÅ VERDSROMMET av Carl Morten Amundsen og Peter Baden

URPREMIERE 16. JANUAR PÅ SCENE 2 På Scene 2 skal vi engasjere og utfordre barn gjennom heftige rytmar, utanomjordisk spenning og ei kul heltinne. Vi er i eit land der rytmar er forbode, berre einstonig musikk er tillatt. Rådsformannen, som har makta i landet, er livredd for å miste kontrollen, og med musikk veit ein jo aldri, ein kan bli bergtatt, kan begynne å danse, improvisere, tøyse, sleppe kjenslene laus. Alt dette og meir til skjer i denne visuelle teaterleiken der bilete og rytmar tar heilt av.

REGISSØR Audny Chris Holsen MED Heidi Ruud Ellingsen, Randolf Walderhaug, Marius Næss, Peter Baden, Geir Kvarme, Ingrid Jørgensen Dragland

I samarbeid med Peter Baden Productions

LUCKY HAPPINESS GOLDEN EXPRESS Av Noah Haidle Omsetjing: Margunn Vikingstad

REGISSØR Jesper Berglund MED Jan Grønli, Frode Winther, Nina Woxholtt, Heidi Gjermundsen Broch, Unn Vibeke Hol

NOREGSPREMIERE 23. JANUAR PÅ SCENE 3 Scene 3 opnar med eit stykke som har gjort stor lykke på amerikanske og tyske scenar, Lucky Happiness Golden Express, av den unge amerikanske dramatikaren Noah Haidle. Han er kjent for sine innsiktsfulle skildringar av vanlege middelklassemenneske med vanlege middelklasseutfordringar. Med varme og ein god porsjon svart humor legg han òg for dagen viktig kunnskap om samfunnsutviklinga. I denne familiesoga ønskjer Haidle å vise at kanskje sjølve illusjonen om lykka er med på å gjere oss meir ulykkelege. Regien er ved Jesper Berglund, som med denne oppsetjinga legg sin eksamen ved Dramtiska Institutet i Stockholm til Det Norske Teatret.

REPERTOAR VÅREN 2015

SIDE 4


MOR COURAGE OG BARNA HENNAR av Bertolt Brecht I ei omsetjing frå 1986 av Arnljot Eggen Omarbeidd av Lars-Ole Walburg og Mari Moen

REGISSØR Lars-Ole Walburg MED Ane Dahl Torp, Therese Slob, Joachim Rafaelsen, Oddgeir Thune, Eivin Nilsen Salthe, Pål Christian Eggen, Kaia Varjord

PREMIERE 13. FEBRUAR PÅ HOVUDSCENEN Med hovudrolla i Mor Courage og barna hennar får Ane Dahl Torp si andre store Brechtrolle på få år. For rolla som Shen Te i Det gode mennesket frå Sezuan fekk ho Heddaprisen i 2012, og innsatsen blei omtalt som den beste sceneprestasjonen hennar nokon gong. Sist Det Norske Teatret sette opp Mor Courage, hadde Liv Ullmann tittelrolla (1986). Lars-Ole Walburg er teatersjef ved Hannover Staatstheater og kjem til DNT med sin faste kunstnarlege stab for å setje i scene ein av Brechts aller største teatersuksessar. Stykket blei til i 1939/40 då Brecht levde i skandinavisk eksil på flukt frå naziregimet i Tyskland. Mor Courage gjer pengar på krigen, det kostar henne dyrt. Handlinga er lagt til trettiårskrigen (1618-48). Fordi krig er støyande og bråkete, har Walburg hyra den norske black metal-gitaristen Teloch (Morten Bergeton Iversen) til å lydlegge framsyninga.

I EINSEMDA PÅ BOMULLSMARKENE av Bernard-Marie Koltès Omsetjing: Sylfest Lomheim

REGISSØR Tormod Carlsen MED Hallvard Holmen og Lasse Kolsrud

PREMIERE 20. FEBRUAR PÅ SCENE 2 Bernard-Marie Koltès er ein av dei mest særeigne røystene innan for europeisk samtidsdramatikk. Han blei født i den franske byen Metz i 1948, og døydde berre 41 år gamal i 1989 av AIDS. Tekstane hans handlar ofte om utanforskap, om det å kjenne seg som ein framand, om å ikkje passe inn i den etablerte, europeiske samfunnsordenen. Stykka er gjerne fulle av lyrikk og dramatisk spenning. Slik er også teksten som blir sett opp på Scene 3 i vår. Det er noko mystisk ved han. To menn møtest for å utveksle noko, selje noko, kjøpe noko. Koltès var oppteken av å undersøke maktkampen i dialogen dei imellom. Oppsettinga er diplomoppgåva til registudent Tormod Carlsen og scenografistudenten Heidi Dalene. Han er knytt til regilina ved Kunsthøgskolen i Oslo og ho til Akademi for Scenekunst ved Høgskolen i Østfold.

REPERTOAR VÅREN 2015

SIDE 5


VI SOM FØLER ANNLEIS Inspirert av Øivind Eckhoffs bok av Carl Johan Karlson og ensemblet

REGISSØR Carl Johan Karlson MED Ola G. Furuseth, Gard Skagestad, Paul-Ottar Haga, Ingunn Beate Øyen, Bernhard Ramstad

URPREMIERE 21. FEBRUAR PÅ SCENE 3 I 1957 vart Øivind Eckhoff ein pioner innafor den norska homorørsla då han gav ut opplysingsboka Vi som føler annerledes under pseudonymet Finn Grodal. På den tida var homoseksualitet enno straffbart. No vender vi tilbake til denne klassikaren og spør kvifor homsar framleis blir sveitte når dei skal fortelje det til mamma, kvifor dei får juling i skulegarden og enno har seg i parkar. I denne framsyninga blir det nytta ulike tekstar med denne tematikken. Det blir ein leik rundt kjønnsidentitet og seksualitet. Kor frigjorte er vi i 2015? Kor trygge er vi på oss sjølve og kven vi er?

BU BETRE av Mungo Park med fleire

REGISSØR Catrine Telle MED Agnes Kittelsen, Espen Reboli Bjerke, Hilde Olausson, Per Schaanning

NOREGSPREMIERE 14. MARS PÅ SCENE 3 BO BEDRE er Nordens største interiørmagasin og har i fleire tiår inspirert og realisert husdraumar over heile Skandinavia. Det danske teaterkompaniet Mungo Park gjort stor suksess i København med framsyninga der dei har grave djupt i årgangane med magasin. Med ironisk snert og lun humor går dei laus på heimen vår og sjølve fenomenet bu betre, og spør seg kvifor vi aldri gir opp håpet om ein gong å kunne bu endå betre.

Faksimile

REPERTOAR VÅREN 2015

SIDE 6


SWEENEY TODD Musikk og songtekstar: Stephen Sondheim Manus: Hugh Wheeler Omsetjing: Ragnar Hovland

PREMIERE 20. MARS PÅ HOVUDSCENEN

REGISSØR Erik Ulfsby MED Frank Kjosås, Charlotte Frogner, Silya Nymoen, Jon Bleiklie Devik, Geir Kvarme, Vidar Magnussen, Heidi Gjermundsen Broch, Morten Svartveit, Heidi Ruud Ellingsen, Nina Woxholtt, Hans Rønningen, Espen Løvås

Hemnaren som helt er ein klassisk figur, også i musikalar, men det er sjeldan han går så handgripeleg og barbarisk til verks som den bloddryppande barberaren Sweeney Todd. Glattbarbert får ei heilt ny meining, og etterpå blir ein glatt levert som råvare til heller tvilsame bakarvarer. Stephen Sondheim er ein meister i moderne musikkteater, tekstforfattar i West Side Story, men mest av alt ein allsidig komponist som DNT mange gonger har kunna glede publikum med. Denne gongen gjer vi det med å følgje opp ein musikalsk og teatral stil som har gjeve suksessar som Black Rider, Shockheaded Peter og Woyzeck.

FUGLETRIBUNALET av Agnes Ravatn Dramatisering ved: Ingrid Weme Nilsen

REGISSØR Marit Moum Aune MED Marie Blokhus, Niklas Gundersen, Ingrid Jørgensen Dragland, Marianne Krogh, Frode Winther

URPREMIERE 21. MARS PÅ SCENE 2 Med Fugletribunalet vann Agnes Ravatn P2-lyttaranes romanpris i 2013 og fekk Ungdommens kritikarpris i 2014. Boka er ein psykologisk thriller om historikar og tv-kjendis Allis Hagtorn og hennar flukt frå ein pinleg kjærleiksskandale med påfølgjande offentleg skittentøyvask. Ein flukt, skal det vise seg, frå vondt til verre. I eit forsøk på å reinse seg sjølv frå skamma og begynne eit nytt liv, søker ho jobb som hushjelp i heimen til ein mann som bur for seg sjølv i eit gammalt hus langt unna sivilisasjonen. Men det enkle, reine livet i pakt med naturen viser seg å vere mykje meir komplisert enn ho hadde trudd, og ho viklar seg inn i eit farleg drama.

REPERTOAR VÅREN 2015

SIDE 7


FRÅ LANDEVEGEN av og med Gjertrud Jynge

Gjennom tekst, song og bilete ønskjer Gjertrud Jynge å røre ved denne historia på nytt. Ei historie om rasehygiene på norsk. Hennar og vår nære historie.

URPREMIERE 17. APRIL PÅ SCENE 3 Gjertrud Jynge er oppkalla etter farmora og oldemora si, Gjertrud Louise. Farmora var stolt av slekta og hadde ein heil vegg med familiebilete over senga. Då ho døydde, arva Gjertrud alle desse bileta. No har dei fått plass på veggen i feriehuset i Sverige. Der heng dei, Gjertrud og Louise i alle livsfasar. Der heng òg tippoldefaren hennar, Jakob Walnum, ein vakker mann, soknepresten frå Leikanger i prestekjole og med St.Olavs orden på brystet. Mannen som i 1897 skipa «foreningen til motarbeidelse av omstreifervesenet», også kalla omstreifarmisjonen, ein sosial misjon som skulle arbeide med å «bringe hedningefolket taterne fra landeveien tilbake til de hjem, de har forlatt». Eit arbeid som omfatta barneheimar der taterbarn skulle bu frå dei var eitt år til konfirmasjonsalder for å «skape fasthet i deres karakter» og arbeidskoloniar for dei vaksne der ein skulle «vekke lyst og trang til et rolig liv og forstå arbeidets velsignelse».

DET MULTINORSKE: AVGANGSFRAMSYNING PREMIERE 28. MAI PÅ SCENE 3 Det er ei historisk hending når det første kullet ved Det multinorske er ferdig med tre års teaterutdanning ved Det Norske Teatret. Utdanninga er heilt unik i norsk samanheng, og med denne framsyninga vil vi sjå kva for nye stemmer som kjem til å prege norske teaterscener i åra som kjem. Prosjektet for eksamensframsyninga er

REPERTOAR VÅREN 2015

enno ikkje bestemt, men ein kan vente seg at husregissør Peer Perez Øian vil gi dei noko å bryne seg mot med sitt formsterke regigrep. REGISSØR Peer Perez Øian MED Judy Nyambura Karanja, Thomas Bipin Olsen, Sara Khorami, Kadir Talabani

SIDE 8


I REPERTOAR

BRØRNE LØVEHJARTE av Astrid Lindgren Dramatisering og regi: Svein Sturla Hungnes

FRÅ 2. JANUAR PÅ HOVUDSCENEN Brørne Løvehjarte er ei av dei vakraste historiene i skandinavisk barnelitteratur. Astrid Lindgrens klassikar rommar tema som søskenkjærleik og mot, men her er også ein god porsjon eventyr! I eit teaterrom fylt av florlette silkestoff blir det gitt rom til barns og publikums meddikting: «Stil og form, scenografi og musikk - alt smelter sammen i et eventyrlig og ofte magisk uttrykk», skreiv Aftenpostens kritkar. Regissør Svein Sturla Hungnes´ nydramatisering av boka er sett opp med ein modig scenografi signert Even Børsum og med filmatisk musikk av Eirik Myhr. For vaksne og barn frå 7 år

MED

Emil Johnsen, Oddgeir Thune, Unn Vibeke Hol, Hilde Olausson, Heidi Ruud Ellingsen, Ingeborg Sundrehagen Raustøl, Heidi Gjermundsen Broch, Jon Bleiklie Devik, Espen Løvås, Sigve Bøe, Britt Langlie, Niklas Gundersen, Espen Bråten Kristoffersen, Marius Næss, Thomas Bipin Olsen, Kadir Talabani

HAMLET av William Shakespeare Omsetjing: Edvard Hoem

FRÅ 2. JANUAR PÅ SCENE 2 Når Hamlet ikkje får lov til å sørgje over sin døde far, rasar alt rundt han. I husregissør Peer Perez Øians Hamlet ber alle den same maska; andletet til Hamlet - eller skodespelar Marie Blokhus. Rollene blandar seg, som i eit mareritt. Kva er skodespel, og kva er sant? Kven er Hamlet? Er vi alle Hamlet? Eller er alt saman berre falskheit og rollespel, berre teater? REGISSØR Peer Perez Øian MED Marie Blokhus, Mads Ousdal, Ane Dahl Torp, Vidar Magnussen, Gard Skagestad, Frank Kjosås, Kaia Varjord, Judy Nyambura Karanja

REPERTOAR VÅREN 2015

SIDE 9


I REPERTOAR

HAUGTUSSA Av Arne Garborg

FRÅ 13. JANUAR PÅ SCENE 3 Ane Dahl Torp og ektemannen Sjur Miljeteigs rocka versjon av Arne Garborgs Haugtussa har vist seg å vere ein gylden formel. Deira musikalske forteljarteater kastar nytt lys over den mystiske og synske Veslemøy, det undermedvitne og villskapen i menneskesinnett. MANUS Ane Dahl Torp MUSIKK Sjur Miljeteig REGISSØRAR Ane Dahl Torp og Erik Ulfsby

SHOCKHEADED PETER av Julian Crouch og Phelim McDermott Originalmusikk: Martin Jaques/Tiger Lillies Omsetjing: Are Kalvø

FRÅ 17. JANUAR Shockheaded Peter held også neste år fram med å formane ungane om å lytte til foreldra sine. Kritikarane har hylla framsyninga for sin leikne og heilt atypiske form. Shockheaded Peter er eit herleg ukorrekt pusterom. Her går det riktig ille for barn som ikkje oppfører seg. Ein etter ein møter dei sin lagnad på hovudscenen – til vill jubel frå publikum.

REGISSØR Erik Ulfsby MED Vidar Magnussen, Espen Beranek Holm, Unn Vibeke Hol, Ingunn Beate Øyen, Marie Blokhus, Frank Kjosås, Jon Bleiklie Devik, Marianne Krogh, Niklas Gundersen, Silje Storstein

REPERTOAR VÅREN 2015

SIDE 10


I REPERTOAR

STORT OG STYGT Av Olaug Nilssen

FRÅ 24. JANUAR PÅ SCENE 2 Olaug Nilssen har skrive eit sårt, varmt – og ikkje minst humoristisk - stykke om kor angstfylt og lite glamorøst det kan vere å vente barn eller å ha små barn. Det handlar også om korleis barnet ein set til verda ikkje alltid møter forventningane foreldra har. «Om ikke Olaug Nilssen allerede spilles på all verdens scener, kommer hun til å bli det med Stort og stygt», skreiv Aftenpostens kritikar etter premieren i 2012. REGISSØR Marit Moum Aune MED Ellen Dorrit Petersen / Kristin Grue, Niklas Gundersen, Charlotte Frogner, Pål Christian Eggen, Ola G. Furuseth

DET MERKELEGE SOM HENDE MED HUNDEN DEN NATTA Av Mark Haddon. Dramatisert av Simon Stephens Omsetjing: Jon Fosse

FRÅ 11. FEBRUAR PÅ SCENE 3 Mark Haddons bestseljar-roman har hatt enorm suksess på teaterscener i Storbritannia og i Danmark – no også i Noreg. Når den litt annleise guten Christopher finn naboens hund brutalt drepen, bestemmer han seg for å finne ut kven som er mordaren. Men han finn ut mykje meir enn han hadde tenkt. REGISSØR

Trine Wiggen

MED Emil Johnsen / Frank Kjosås, Ingunn Beate Øyen, Espen Reboli Bjerke, Marie Blokhus, Britt Langlie, Jan Grønli / Svein Roger Karlsen, Ingrid Jørgensen Dragland, Geir Kvarme

REPERTOAR VÅREN 2015

SIDE 11


I REPERTOAR

KALVØ av og med Are kalvø FRÅ 9. JANUAR PÅ SCENE 2 / HOVUDSCENEN Kva nyttar du timane i livet ditt til? I Are Kalvøs solodebut handlar det om nettopp kva vi nytter tida vår til. Han har saumfare tala i Statistisk Sentralbyrås Tidsbruksundersøking frå 2012, og funne fram til dei raraste ting vi bruker utruleg mykje tid på. Han nyttar skamlaust eksempel frå eige liv og oppvekst, frå venner, kvardagsmenneske, politikarar, idrettsstjerner og andre kjendisar. Nyttar vi tida vår på dei rette eller dei gale tinga? REGISSØR Erik Ulfsby

REPERTOAR VÅREN 2015

SIDE 12


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.