Presseskriv Vår 2016

Page 1

REPERTOAR VÅREN 2016


PENGER, POLITIKK OG IDEAR Det Norske Teatret skal overraske, vi skal skape engasjement og vi skal gi publikum opplevingar dei knapt trudde var moglege. Dette har vi ikkje tenkt å endre på i det kommande året. Tvert i mot. Vi skal strekkje oss enda lenger og vere enda meir risikovillige. I vår tar vi mål av oss å gjere ei umogleg oppgåve. Vi skal dramatisere Andre verdskrigen. Vi har tidlegare hatt suksess med arbeidet med dei «store forteljingane». Å gjenskape krigen på scenen blir ei storhending, ei totaloppleving frå kveld til morgon – bokstaveleg talt! Framsyninga vil starte ved midnatt og avslutte om morgonen – eit kraftfullt bilde på krigen som ei «natt i verda» og håpet som stig ved morgongry. Men vi byr òg på anti-krigsdramatikk på Scene 3 som etter 5 år i ny innpakning verkeleg har markert seg som ein stad for utforsking og skapertrang. Gjennom desse åra har det kome gode framsyningar som har begeistra eit større og større publikum. Det Norske Teatret insisterer som alltid på å lage nytt og godt teater for dei minste. Vi skal vere det føretrukne teatret for familien og vi skal kunne tilby ein variert meny. Også i vår skal vi gi dei yngste ei storslagen og minnerik oppleving. Vi dramatiserer historia om Kvitebjørn Kong Valemon og setter den inn i ei påkosta ramme på Hovudscenen. Institusjonsteatra blir stadig skulda for å spele for få og for tradisjonelle barneteaterstykke, no seinast av den nye byregjeringa. Dette har Det Norske Teatret gjentatte gonger forsøkt å kome unna og har bevisst styrt unna dei meir tradisjonelle vala.

kraftig, utan å kommersialisere repertoaret. Desse omfattande grepa er anerkjent av både departement og media, men utan at det er mogleg å se nokon effekt på den offentlege støtta teatret mottar. Dei siste åra har vi søkt om konkret støtte til ideen om å få fleire av framsyningane våre ut på turne. Dette ville ha utnytta teatrets produserte framsyningar enda betre, og også gitt publikum over heile landet eit enda betre teatertilbod. Dette er framleis berre ein god ide. 19 oppsetjingar, Lunsj og lyrikk, Bikubekveld, Innsikt og open restaurant frå morgon til langt på natt fortel om eit teater som vil vere ein viktig møteplass i byen vår. Kunstnarleg, politisk og sosialt. Velkommen i teatret!

Erik Ulfsby, teatersjef

Kvar er dei gode ideane, spør politikarane våre og diskuterer heftig kvar det er blitt av det kulturpolitiske engasjementet. Dei vil ha retning, verdiar og mål. Og først når dei store kulturinstitusjonane er tydelege, skal pengane følgje. Økonomiske løft er berre naudsynt for å få til viktige satsingar, blir det sagt. Vi på Det Norske Teatret er slett ikkje tomme for gode idear. Og vi vil påstå at vi har vore både tydelege, vågale og djerve i satsingane våre dei siste åra. Berre dei siste fem åra har Det Norske Teatret etablert prosjektet Det multinorske, bygd om publikumsområdet og opna restaurant for å auke både trivsel og eigeninntekter, vi har betra kapasiteten og tilbodet til publikum ved å innføre søndag som speledag og – ikkje minst – vi har lagt om til repertoarspel og på den måten auka både talet på framsyningar, premierar og talet på publikumarar

REPERTOAR VÅREN 2016

SIDE 2


TENK OM av Brian Yorkey og Tom Kitt Omsetjing: Erlend Loe og Ola E. Bø

EUROPAPREMIERE 16. JANUAR PÅ HOVUDSCENEN

REGISSØR Marit Moum Aune MED Heidi Gjermundsen Broch, Frank Kjosås, Pål Christian Eggen, Jon Bleiklie Devik, Morten Svartveit, Julie Moe Sandø, Silje Lundblad, Tiril Heide-Steen, Judy Nyambura Karanja, Hans Rønningen, Paul Åge Johannessen, Jonas Fugelvik Urstad

Vi opnar vårsesongen med ein ny musikal frå duoen bak suksessen Next To Normal. Også denne gongen er det Heidi Gjermundsen Broch som har hovudrolla. Kan ein tru på skjebnen? På ekte kjærleik? Eller på at noko stort skal skje? Musikalen viser kva for ulike retningar livet kan ta når tilfeldigheiter og samantreff spelar inn i uventa situasjonar, og vi får sjå to ulike versjonar av hovudkarakterens liv. Musikalen hadde urpremiere på Broadway våren 2014, og dette er første gongen den blir vist utanfor USA. New York historia er no flytta til Oslo, og i den aktuelle rammeforteljinga finn vi miljøaktivistar, byplanleggarar, legar utan grenser, vanlege og uvanlege byfolk.

≈ [TILNÆRMA LIK] av Jonas Hassen Khemiri Omsetjing: Maria Tryti Vennerød

REGISSØR Peer Perez Øian MED Thomas Bipin Olsen, Sara Khorami, Amell Basic, Marianne Krogh, Agnes Kittelsen, Bartek Kaminski, Espen Reboli Bjerke

NOREGSPREMIERE 30. JANUAR PÅ SCENE 2 Den kritikarroste svenske forfattaren og dramatikaren Jonas Hassen Khemiri fekk i oppdrag å skrive med utgangspunkt i myten om Frankenstein, og endte opp med å lage eit humoristisk, intelligent og samfunnskritisk teaterstykke om eit anna menneskeskapt monster; kapitalismen. Kva er det med oss som gjer at vi berre vil ha meir og meir? Kva gjer pengar med oss? Korleis påverkar pengar og økonomi våre relasjonar? I ≈ [Tilnærma lik] møter vi eit mylder av menneske som på ulikt vis strevar med å tilpasse seg det økonomiske systemet. Framsyninga er både komisk og brutal og strevar etter å gi publikum maksimal underhaldningsverdi for pengane. Kva skal eigentleg til for at eit teaterstykke skal vere verd pengane?

REPERTOAR VÅREN 2016

SIDE 3


JOHNSEN OG JOHNSEN I LIVE av Will Eno Omsetjing: Marita Liabø

REGISSØR Anders T. Andersen MED Per Schaanning, Marit Andreassen, Svein Roger Karlsen, Ulrikke Hansen Døvigen

NOREGSPREMIERE 23. JANUAR PÅ SCENE 3 Stykket om dei to ektepara Johnsen er eit vittig og melankolsk drama plassert i eit kvardagsleg miljø. Vi møter altså to nabopar som ikkje berre deler etternamn; dei har òg heilt like heimar og eit heilt vanleg liv. Rutineprega samtaler og kvardagsleg sosial omgang er kjernen i dette naboforholdet. Johnsen og Johnsen i live er eit episodisk, samansett og rytmisk drama med springande, vittige og uventa dialogar. Korleis kan vi lære å kjenne kvarandre gjennom det vi seier? Er det som slepp ut av munnen vår det vi faktisk tenker? Kommunikasjon er meir enn språk. Med humor, vidd og fordreide portrett av to tilsynelatande vanlege ektepar peikar stykket på korleis vi menneske på ulikt vis taklar motgang, det som ikkje blir snakka om og korleis vi rett og slett må ta livet som det er.

FRUKOST I DET GRØNE av Fernando Arrabal Omsetjing: Odd Jan Sandsdalen

REGISSØR Catrine Telle MED Eivin Nilsen Salthe, Jan Grønli, Hilde Olausson, Nina Woxholtt, Elisabeth Sand, Øyvin Berven

NOREGSPREMIERE 20. FEBRUAR PÅ SCENE 2 Medan bombene regnar ned over slagmarka, får ein ung soldat besøk av mor og far sin. Dei tenkte det ville vere hyggeleg med ein piknik. Dei dukar seg til med god mat, vin og musikk. For krig er jo keisamt i lengda, og dessutan er det slik ein herleg søndag. Når ein soldat frå fiendens rekker kjem, blir han invitert med. Dei har det riktig så triveleg saman, og hugsar ikkje lenger kvifor dei er fiendar. I denne absurde komedien flyt det meningslause ved krig til overflata. Om fienden ikkje vil krige, og du ikkje vil krige, kvifor krigar vi da?

REPERTOAR VÅREN 2016

SIDE 4


ANDRE VERDSKRIGEN – NATT I VERDA av Lukas Bärfuss, David Grieg, Oleg Bogaev og Maria Tryti Vennerød Omsetjing: Carl Morten Amundsen, Maria Tryti Vennerød og Ingrid Weme Nilsen

REGISSØR Erik Ulfsby MED Svein Tindberg, Renate Reinsve, Paul-Ottar Haga, Gjertrud Jynge, Kyrre Hellum, Geir Kvarme, Joachim Rafaelsen, Kaia Varjord, Oddgeir Thune, Frode Winther, Grethe Ryen, Unn Vibeke Hol, Kadir Talabani

URPREMIERE 28. FEBRUAR PÅ HOVUDSCENEN Det Norske Teatret arbeider igjen med dei «store forteljingane». Teatret gir seg i kast med Andre verdskrigen og den umulege oppgåva det er å gjenskape han på scenen. Den andre verdskrigen var ikkje ei historie – ikkje ein krig. Krigane i Europa og Asia likna knapt på kvarandre. Noreg, Frankrike, Nederland og Belgia var okkuperte, men Sverige og Sveits heldt fram som nøytrale, bombeflya slepte lasta si over sivile, Island blei uavhengig, 6 millionar jødar vart myrda. Folk blei råka på så ulike måtar. Men dei fleste har ei historie å fortelje, anten ein opplevde krigen eller ikkje. Nokre historier er dramatiske eller blodige. Andre er kvardagslege og handlar om alt anna enn drap eller bomber, konsentrasjonsleirar eller torpedoar. Send oss gjerne di historie frå Andre verdskrigen til andreverdskrigen@detnorsketeatret.no Framsyninga vil òg bli spelt på dagtid og er rekna til å bli rundt åtte timar inkl. tre pausar. Det blir ei lengre pause og to korte. Det vil bli høve til å kjøpe drikke, enkle rettar og varm mat i løpet av natta/dagen.

REPERTOAR VÅREN 2016

SIDE 5


ROMEO OG JULIE av William Shakespeare Omsetjing: Edvard Hoem

PREMIERE 5. MARS PÅ SCENE 2

REGISSØR Maren E. Bjørseth MED Axel Gherken Bøyum, Kjersti Dalseide, Preben Hodneland, Audun Sandem, Bernhard Ramstad, Niklas Gundersen, Gard Skagestad, Ingunn Beate Øyen, Janne Heltberg, Sigve Bøe

Verdas mest berømte og tragiske kjærleikshistorie. I Veronas lyse by har familiane Capulet og Montague lege i krig så lenge nokon kan hugse. Ingen veit lenger kvifor. Midt i valden og blodsutgytinga finn to ungdomar kvarandre; Romeo av huset Montague og Julie av huset Capulet. Forelskinga blir redninga deira - ei flukt frå den harde og uforståelege verkelegheita. Men ei tragisk misforståing får fatale følgjer og snur kjærleiksrus til ulykke. Lagnaden har valt dei unge elskande ut til å skape forsoning mellom familiane. Shakespeares Romeo og Julie byr på nokre av dei vakraste og mest kjende passasjane i vestleg drama og poesi. Denne gongen er det Axel Gherken Bøyum og Kjersti Dalseide som skal gestalte dei unge elskande. Regien er ved Maren Bjørseth, som er utdanna i Nederland og kjem til å lage ei ung, frisk, visuell og humoristisk framsyning.

REPERTOAR VÅREN 2016

SIDE 6


HERR MARMELADE av Noah Haidle Omsetjing: Gunstein Bakke

REGISSØR Glenn André Kaada MED Marie Blokhus, Ola G. Furuseth, Ulrikke Hansen Døvigen, Sara Khorami, Amell Basic, Bartek Kaminski, Espen Reboli Bjerke

NOREGSPREMIERE 9. APRIL PÅ SCENE 3 Lucy er fire år. Ho er mykje åleine medan mor er på byen. Lucy har to venner; Herr Marmelade og Bradley. Herr Marmelade er ein arbeidsnarkoman forretningsmann med ein usunn livsstil. Han har lite tid til Lucy og mange dårlege unnskyldingar. Bradley er assistenten hans og får stadig unngjelde for sjefens labile humør. Mor til Lucy kjem ofte seint heim med forskjellige menn. Ho har aldri møtt Herr Marmelade. Ikkje så rart, for både Bradley og Herr Marmelade er produkt av fantasien til eit barn som har fått oppleve dei mørkare sidene ved vaksenlivet alt for tidleg.

KVITEBJØRN KONG VALEMON Av Ola E. Bø og Mari Moen Etter norske folkeeventyr

REGISSØR Ingrid Weme Nilsen MED Silje Lundblad, Morten Svartveit, Iren Reppen, Per Schanning, Hans Rønningen, Jonas Fugelvik Urstad, Judy Nyambura Karanja

URPREMIERE 16. APRIL PÅ HOVUDSCENEN Eventyr om å følgje hjartet. Med utgangspunkt i den kjende historia om kvitebjørnen som er menneskeprins om natta, har Det Norske Teatret laga ei ny, dramatisk forteljing for barn på Hovudscenen. Vi møter ei jente som speler ein magisk melodistubb på strengeleiken sin, men ho kan berre litt av han og får han ikkje ut av hovudet. Ein dag møter ho kvitebjørnen og saman finn dei heile melodien; sjølve livets melodi. Men bjørnen er ein fortrolla prins, ei trollkjerring vil gifte seg med han. Jenta må gjennom mykje motgang og strabasiøse hendingar, men ho gir seg ikkje. Til slutt klarer dei med ein listig plan å setje trollkjerringa ut av spel. Og lykka smiler.

REPERTOAR VÅREN 2016

SIDE 7


GJESTESPEL ODIN-veke

26.-30. april er det Odin-veke ved Det Norske Teatret. Da inviterer Teater Prospero i samarbeid med Det Norske Teatret, Danse- og Teatersentrum og det norske scenekunstmiljøet til konferansen Kunstneren på stedet - kan scenekunst forandre en by? Tre nordiske eksempel frå den danske provinsbyen Holstebro, Alby i Stockholm og Stamsund i Lofoten blir presenterte under konferansen. I tillegg blir det arrangert debatt rundt teatrets rolle i samfunnet. Kunsten påverkar utviklinga i byen. Korleis kan ein nytte kunstnarlege ressursar for å få ein meir dynamisk kulturpolitikk?

VIDAS EXTREMAS - EIN DANS PÅ LIVETS YTTERKANTAR Det Samiske Nasjonalteatret Beaivváš og HættaLopez, i samarbeid med gruppene Sotz’il og Guatemaya (begge frå Guatemala) URPREMIERE 6. FEBRUAR Manus: Tekstar av Sigbjørn Skåden, Veronica Salinas, Rosa Chávez og Angel Canas «Kame», sett saman av Jon Tombre. Ein rå og poetisk hyllest til kor vakkert det er å leve. Kva bind moderne urfolk saman? Kan scenekunst bli kombinert med hiphop og maya- ritual? Kan beatboxing, joik og poesi gå opp i ei høgare eining? Vidas Extremas er eit uredd og unikt kunstprosjekt. Det er eit samarbeid mellom kunstnarar frå Kautokeino og Guatemala City som har som mål å foreine urban storbykultur og moderne urfolkskunst. Kunstnarar frå hip hop, scenekunst, maya og samisk kultur samarbeider på tvers av barrierar og grenser. Dette er ein samarbeidsproduksjon av Det Samiske Nasjonalteatret Beaivváš og HættaLopez, i samarbeid med gruppene Sotz’il og Guatemaya, begge frå Guatemala. Med stønad frå Dramatikkens hus, Fritt Ord og Den Norske Ambassaden i Guatemala.

REGISSØR Jon Tombre


I REPERTOAR

HALVE KONGERIKET Norsk politikk – The musical av Are Kalvø og Ingrid Bjørnov

Både publikum og kritikarar har latt seg forføre av den litt tøysete politiske musikalen til Are Kalvø og Ingrid Bjørnov om kva som eigentleg hende den dagen da Mette-Marit og Haakon Magnus skulle gifte seg. Om kor dampande heitt det går føre seg i Stortingets Kontroll- og konstitusjonskomité, og kor romantisk politikken eigentleg er. REGISSØR Marit Moum Aune

TONJE GLIMMERDAL av Maria Parr Dramatisert av: Ivar Tindberg

Det Norske Teatret etablerte laga ein ny barneklassikar med Tonje Glimmerdal, og jenta full av fart og sjølvtillit turar fram på Hovudscenen ut over våren. Tonje Glimmerdal byr på latter, drama, tårer og musikk – mykje å gle seg til for både store og små. REGISSØR Ivar Tindberg

REPERTOAR VÅREN 2016

SIDE 9


I REPERTOAR

SOLARIS KORRIGERT av Øyvind Rimbereid Tilrettelagt for scenen av Ane Dahl Torp Musikk: Sjur Miljeteig

Ane Dahl Torp, Sjur Miljeteig og det kunstnarlege laget bak Solaris korrigert har lykkast med å gjere Øyvind Rimbereids framtidsdikt til eit storstilt kunstprosjekt på Hovudscenen. Lysdesign og røykeffektar, hologram, musikk, rørsle og tekst flyt saman til noko som er i grenselandet mellom teater og konsert. Ei oppleving ganske utanom det vanlege på Det Norske Teatret. REGISSØR Peer Perez Øian

KALVØ av og med Are Kalvø

Kva nyttar du timane i livet ditt til? Dette er kva Are Kalvø har undersøkt i framsyninga som no går inn i sin tredje sesong. Han har saumfare tala i Statistisk Sentralbyrås Tidsbruksundersøking frå 2012, og funne fram til dei raraste ting vi bruker utruleg mykje tid på. Nyttar vi tida vår rett eller gale? REGISSØR Erik Ulfsby

REPERTOAR VÅREN 2016

SIDE 10


I REPERTOAR

FULLE FOLK av Ivan Vyrypajev Omsetjing: Sigrid Strøm Reibo

Regissør Strøm Reibo og ensemblet på Scene 2 har funne både humoren og sårheita som ligg i denne tilsynelatande rølpete teksten. Her møter vi eit knippe vidt forskjellige menske som under ei real fyllekule prøver å komme nærare kvarandre, og å løyse livets store gåter. Det vil dei halde fram med ut over våren, og dei vil stadig vere stup fulle. REGISSØR Sigrid Strøm Reibo

KVEN ER REDD? av Carl Frode Tiller

I Tillers første heilaftans teaterstykke møter vi Bjørn, ein middels god skodespelar midt i livet. Han har ei fin kone, to utfordragelege tenåringsbarn og ein svigerfamilie som ikkje synest han er god nok for dottera deira. Med humor og drepande replikkvekslingar skildrar Tiller den moderne mannens midtlivskrise. REGISSØR Lasse Kolsrud

REPERTOAR VÅREN 2016

SIDE 11


I REPERTOAR

FUGLETRIBUNALET aav Agnes Ravatn Dramatisert av: Ingrid Weme Nilsen Marie Blokhus fekk Heddaprisen i vår for beste kvinnelege hovudrolle for si tolking av den skampletta og avgådde suksessprogramleiaren Allis. Det er både pirrande, provoserande og skummelt når ho flyktar frå byen og langt frå sivilisasjonen viklar seg inn i eit farleg drama med den mystiske Bagge. REGISSØR Marit Moum Aune

ABRAHAMS BARN av og med Svein Tindberg

Det Norske Teatret og Svein Tindberg hadde eigentleg lagt framsyninga ifrå oss. Men nyheitsbildet gjer at denne framsyninga ikkje mistar sin aktualitet. I haust rundar Abrahams barn eit publikumstal på fantastiske 95.000, og folk strøymer framleis til for å oppleve at når alt kjem til alt er vi alle ganske like, også når det kjem til trua vår. REGISSØR Kjetil Bang-Hanssen

REPERTOAR VÅREN 2016

SIDE 12


I REPERTOAR

SOGA OM EGIL SKALLAGRIMSSON I ein versjon av Morten Cranner Omsetjing: Erik Simensen, Leiv Hegstad og Ola E. Bø

Med vilter teaterleik og skamlaus bruk av enkle teatereffektar formidlar eit sprekt ensemble forteljinga om livet til Egil på 900-talet, frå fødsel til død, gjennom himmel og helvete, krig og kjærleik, og gjennom Egils eigne kvad. Her blir det ikkje spart på dramatikken, og regissøren sjølv kallar det ein viking-actionkomedie-kvad-musikal. REGISSØR Morten Cranner

DET MERKELEGE SOM HENDE MED HUNDEN DEN NATTA av Mark Haddon Dramatisert av Simon Stephens Omsetjing: Jon Fosse

Mark Haddons bestseljar-roman har hatt enorm suksess på Scene 3, og går no inn i enda ein ny sesong. Vi møter den litt annleise guten Christopher, ein gut som er litt annleis, som finn naboens hund brutalt drepen, og bestemmer seg for å finne ut kven som er mordaren. Men han finn ut mykje meir enn han først hadde tenkt. REGISSØR Trine Wiggen

REPERTOAR VÅREN 2016

SIDE 13


I REPERTOAR

HAUGTUSSA av Arne Garborg Manus: Ane Dahl Torp Musikk: Sjur Miljeteig

Ane Dahl Torp, ektemannen Sjur Miljeteigs og ein rocka versjon av Arne Garborgs Haugtussa har vist seg å vere ein gylden formel. For tredje året på rad skal deira musikalske forteljarteater kaste nytt lys over den mystiske og synske Veslemøy, det undermedvitne og villskapen i menneskesinnet. REGISSØR Ane Dahl Torp og Erik Ulfsby

REPERTOAR VÅREN 2016

SIDE 14


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.