Hausten 2014

Page 1

REPERTOAR HAUSTEN 2014


HALDE OPP SPEGELEN …for endemålet, både før og no, var og er å halde ein spegel opp for Menneskenaturen, for å vise Uskulda hennar eigne andletsdrag, Spotten hans eige bilete, og gi det levande livet akkurat no form og uttrykk. Det er Shakespeare som lar Hamlet tale om det som var og er teatret si oppgåve – halde ein spegel opp for naturen. Det er det vi driv med. Vi prøver å gi det levande livet akkurat no ei form. Vi gjer det for å kjenne oss igjen, men også for å erkjenne noko. Han eller ho burde sjå seg sjølv i spegelen, seier vi gjerne, og vi meiner ikkje då at dei skal stå og beundre seg sjølve, men at dei burde realitetsorientere seg, sjå seg sjølve slik andre ser dei. Ikkje noko skodespel er så rikt som Hamlet. Ikkje noko skodespel handlar heller meir om teater enn det. Prins Hamlet talar til skodespelarane og fortel dei korleis dei skal spele – ikkje overdrive, men halde seg til det naturlege. Men endå viktigare enn denne talen er spelet i spelet. Den vesle framsyninga Musefella avslører kongen og makta hans, gir Hamlet visse og set handlingane i sving for alvor. Frå då av handlar det om liv og død. For teater kan og skal avsløre sanninga. Det er det vi har drive med i to og eit halvt tusen år i teatret, freista å vere ein spegel, prøve å seie noko om livsvilkåra nett no. Det kan vi gjere med ein tekst skriven av Shakespeare for fire hundre og femti år sidan, eller av ein dramatikar frå vår eiga tid, slik som Arne Lygre. Poenget er at det skjer her og no, for auga på publikum. Vi held oppe spegelen saman, vi på og bak scenen og de som sit framfor han.

REPERTOAR HAUSTEN 2014

Vi ser at de vil vere med på det. Vi ser at også det som er ukjent eggjar fantasi og nyfikne. Det var ikkje innlysande at sveitsisk samtidsdramatikk skulle trekkje massane til teatersalen. Tjue tusen sider vart ein publikumssuksess fordi stykket var viktig, og fordi det var godt teater. Vi trur at publikum i vår tid også er nyfikne, at viss vi maktar å «gi det levande livet akkurat no form og uttrykk», ja då kjem publikum også. Vi skal halde fram med det vi alltid har gjort, men tidene skiftar og formene og ideane med dei. Så derfor er det ikkje det same vi gjer. Vi kan aldri kvile på suksess frå i går eller frå ei gyllen historie. Blir vi for nøgde med oss sjølve, då er det best å ta ein titt i spegelen.

Erik Ulfsby, teatersjef

SIDE 2


WOYZECK

– EIT MUSIKALSK MARERITT Av Georg Büchner. I ein versjon av Robert Wilson, Tom Waits og Kathleen Brennan. Omsetjing: Jon Fosse

NOREGSPREMIERE 29. AUGUST PÅ HOVUDSCENEN

REGISSØR Lasse Kolsrud MED Hans Rønningen, Ingrid Jørgensen Dragland, Joachim Rafaelsen, Silje Storstein, Jan Grønli, Morten Svartveit, Pål Christian Eggen, Per Schaanning, Lasse Kolsrud

Skittenvakkert og ekspressivt. Slik blir det når to legender møtest i haustens storsatsing på Hovudscenen. Tom Waits, mannen med den mørke og raspande stemma og Georg Büchner, det unge geniet som i 1837, i ein alder av 23 år, skreiv eit av det mest fascinerande verk i det moderne teatrets historie. Denne versjonen av Woyzeck blei uroppført på Betty Nansen Teatret i 2000, ei storhending som heile teater-Europa følgde med spenning. Robert Wilson hadde regien slik han hadde det da han saman med Waits laga den første såkalla art musical’en The Black Rider for Thalia Theater i 1995. The Black Rider hadde Noregspremiere på Det NorskeTeatret 3 år seinare, med Lasse Kolsrud i hovudrolla – ei framsyning som det framleis blir snakka om. Robert Wilson er ein av verdas mest kjende regissørar, som hadde si første regioppgåve i Noreg da han sette opp Peer Gynt på Det Norske Teatret i 2005. Woyzeck er eit marerittaktig fragment basert på ei sann historie om Woyzeck, ein soldat som drap kjærasten sin i Leipzig i 1821. Med innsikt og sosial harme portretterer Büchner soldatens desperasjon. Det er ei samfunnskritisk historie med innslag av svart humor. Hans Rønningen spelar soldaten Franz Woyzeck som i den daglege kampen for å overleve, sel seg for tvilsame medisinske eksperiment. Fysisk og psykisk øydelagt blir Franz paranoid og da han oppdagar at kjærasten hans er utru, lyttar han til stemmene i hovudet sitt og tek livet av henne. Wilson fortalde meg om denne hundsa soldaten som blei Utsett for medisinske eksperiment og som sakte blei galen av å ete erter. Han finn ut at kona er utru. Han kuttar strupen på henne og kastar kniven i vatnet, hoppar etter og druknar. Seinare blir barnet hans tatt vare på av landsbyidioten. Eg sa, OK, eg er med. Du hadde meg med frå «kutta strupen på henne». Tom Waits

REPERTOAR HAUSTEN 2014

SIDE 3


INGENTING AV MEG Av Arne Lygre

REGISSØR Maria Kjærgaard-Sunesen MED Marianne Krogh, Gjertrud Jynge, Eivin Nilsen Salthe, Hallvard Holmen

NOREGSPREMIERE 5. SEPTEMBER PÅ SCENE 2 Arne Lygre er den norske dramatikaren som nest etter Jon Fosse blir mest spelt, i alle fall utanfor landets grenser. Lygre er ein språkleg perfeksjonist, kjent for å arbeide fram den rette forma, rytmen og det særeigne skiftande forteljarperspektivet før han gir frå seg ein tekst. Gjennom heile forfattarskapen har han forska i teamet identitet i endring. No har han skrive eit poetisk skodespel om liv og kjærleik i noko som liknar eit draumspel. Sjølv om det er mykje som gjer vondt i dette stykket, er det eit ukueleg livsmot i det som skaper ein slags optimisme trass alt. Maria Kjærgaard-Sunesen set i scene i eit landskap som Mie Riis har skapt. Dette danske laget legg vekt på dei poetiske sidene til Lygres tekst og har valt ei form som gjer framsyninga til ei indre mental reise – ei vakker visuell reise.

EIT HAV AV SLIKE SOM KASPAR HAUSER Av Felicia Zeller. Omsetjing: Runa Kvalsund

REGISSØR Hilde Brinchmann MED Charlotte Frogner, Kikki Stormo, Elisabeth Sand

NOREGSPREMIERE 11. SEPTEMBER PÅ SCENE 3 Den litt mystiske tittelen spelar på ei kjend og fantastisk historie om ein tenåring som dukkar opp i gatene i Nürnberg i 1828 og påstår at han har vakse opp i eit mørkt fangehol sidan han var eit spedbarn. Seinare utvikla det seg fantastiske historier om kven denne guten, Kaspar Hauser, eigentleg var og lagnaden hans. Historia frå 1800-talet har inspirert den tyske dramatikaren Felicia Zeller til å sjå nærare på korleis det er å jobbe i barnevernet i dag. Gjennom direkte feltstudium i kontorkvardagen i tysk barnevern samla ho materiale og skreiv eit manus inspirert av språkbruken i saksdokumentadeira. Framsyninga peikar på kor vanskeleg det er å vere menneskevenn når ein er bunden av paragrafar og institusjonelt regelverk. Stykket har fått fleire prisar og har sidan urpremieren i 2011 blitt spelt ved over 60 teater i Europa.

REPERTOAR HAUSTEN 2014

SIDE 4


BRØRNE LØVEHJARTE av Astrid Lindgren Dramatisering og regi: Svein Sturla Hungnes

PREMIERE 3. OKTOBER PÅ HOVUDSCENEN Astrid Lindgrens Brørne Løvehjarte er ei av dei vakraste historiene vi har innan skandinavisk barnelitteratur. Regissør Svein Sturla Hungnes har laga ei nydramatisering av forteljinga om Kavring (Emil Johnsen) og Jonathan Løvehjarte (Oddgeir Thune) – brørne som ikkje ein gong døden kan skilje. Draum og verkelegheit blandar seg med fantasi i eit spektakulært scenerom signert Even Børsum. Fantasieggande lys- og skugge-effektar opnar for meddikting.

MED Emil Johnsen, Oddgeir Thune, Heidi Gjermundsen Broch, Ingeborg Sundrehagen Raustøl, Heidi Ruud Ellingsen, Brit Langlie, Espen Løvås, Sigve Bøe, Niklas Gundersen, Jon Bleiklie Devik, Unn Vibeke Hol, Hilde Olausson, Kadir Talabani, Thomas Bipin Olsen, Espen Bråthen Kristoffersen

HAMLET

Av William Shakespeare. Omsetjing: Edvard Hoem

PREMIERE 10. OKTOBER PÅ SCENE 2

REGISSØR Peer Perez Øian MED Marie Blokhus, Mads Ousdal, Ane Dahl Torp, Frank Kjosås, Vidar Magnussen, Gard Skagestad, Sara Khorami, Judy Nyambura Karanja

«Hamlet er som ein svamp», seier den polske teatermannen Jan Kott, « (…) det syg straks til seg alle problema i vår tid». No går den unge lovande regissøren Peer Perez Øian, som nett gjorde suksess med det sveitsiske samtidsstykket Tjue tusen sider,laus på denne største av alle klassikarar. Han skal vere knyt til Det Norske Teatret dei neste fire åra, så kvifor ikkje begynne på toppen. Eitt av mange tema i Hamlet er motsetjinga mellom røyndom og roller, det som er verkeleg og det som berre synest slik. Dette blir understreka av at Marie Blokhus har rolla som Hamlet og parhesten hennar, Frank Kjosås, som har spelt Hamlet på Hålogaland Teater, no spelar Ofelia. Kvifor er vi i generasjon etter generasjon så fascinerte av dette skodespelet? Kanskje fordi Hamlet har så mange tema. Hamlet hevdar at det er i kunsten sanninga, det ekte og autentiske ligg og set si lit til skodespelarkunsten for å avsløre sviket.

REPERTOAR HAUSTEN 2014

SIDE 5


JEPPE av Lothar Trolle. Etter Ludvig Holbergs skodespel

REGISSØR Uwe Kramer MED Kyrre Hellum, Hallvard Holmen, Ellen Dorrit Petersen, Nina Woxholtt, Trini Lund, Øyvin Berven

URPREMIERE 16. OKTOBER PÅ SCENE 3 Da Ludvig Holberg skreiv komedien om Jeppe på Berget i 1722, var det politiske systemet like kriseramma som Europa er i dag. Tyranni, hykleri, menneskeforakt, undertrykking, kunnskapsløyse og heimlause soldatar nyleg attkomne frå krigen, og sist men ikkje minst, rusen, dette suget etter ein døyvande rus. Alt dette finst framleis. Den tyske dramatikaren Lothar Trolle har flytta konflikten og kjernespørsmåla til vår tid. Versjonen vart skriven ein gong tidleg på åttitalet for Volksbühne (den gong Aust-Berlin i staten DDR). Stykket vart stansa. Ikkje så rart når Holbergs Meister Erik vart til «Onkel Erich» (Honecker). No får det kuriøst nok urpremiere på Det Norske Teatret. Kva slags Jeppe er det vi møter? Ein stranda representant for ei ny underklasse: arbeidslaus, kunnskapslaus, retningslaus og utan utsikt til eit betre liv. Den einaste som held han fast, er kona.

KALVØ Av og med Are Kalvø

REGISSØR Erik Ulfsby

URPREMIERE 31. OKTOBER PÅ SCENE 2 Er vi som lever her og no i stand til å gjere noko stort? Eller har vi rett og slett for mykje anna å gjere? Dette er noko av det Are Kalvø prøver å finne ut i den første soloframsyninga si. Han bruker skamlaust seg sjølv som eksempel på folk som lever her og no, og leitar etter teikn til store tankar i oppveksten, vennekretsen, kvardagen, nyheitene, politikken, idretten. Noko må det vere vi som lever her og no er skikkelig gode til, betre enn nokon andre i menneskeslektas historie. Men kva? Finn han svaret? Ikkje godt å seie, men han har tenkt å ha det morosamt medan han leitar. Og han har tenkt å bryte ut i song og digresjonar om alt frå plukkfisk til pubquiz, og kanskje – viss alt anna slår feil – i dans.

REPERTOAR HAUSTEN 2014

SIDE 6


SENSURERT Av Kim Atle Hansen

REGISSØR Kai Johnsen MED Eivin Nilsen Salthe, Emil Johnsen, Oddgeir Thune, Charlotte Frogner, Siren Jørgensen

URPREMIERE 20. NOVEMBER PÅ SCENE 3 Ytringsfridomen er uproblematisk så lenge han ikkje blir tydeleg utfordra. Det gjer Kim Atle Hansen i sitt vinnarbidrag til Dramatikarforbundets konkurranse om refleksjonar rundt Paragraf 100 i Grunnlova, «Ytringsfrihed bør finde Sted». Han har laga eit tankeeksperiment, der hendingane ikkje finn stad på scenen, men blir grundig omtalte og lufta. I ei rettssak blir spørsmål om religionsfridom, kunstnarleg fridom og det tolerante fleirkulturelle samfunnet endevende og fillerista. Dei juridiske, etiske og personlege førestillingane vi trur vi har eit avklart forhold til blir sette på prøve, slik at vi ser kor skjøre nyansane i ytringsfridomen er.

SKAFF MEG EN SYNDER

PRØYSENS PERLER

Gjestespel Manus og regi: Morten Joachim

Eit Prøysenprogram med Ragnar Dyresen

FRÅ 12. SEPTEMBER 21. OG 22. OKTOBER PÅ SCENE 3 I framsyninga følgjer vi ungdomane Ragna, Ingeborg, Pær og Hjalmar på sveitte danselokale. Det blir tvilsame måneskinsturar, «hembrent» og dagen derpå. Skaff meg en synder er basert på noveller og viser av Alf Prøysen og handlar om draumar, lidenskap og sterke kjensler – på godt og vondt.

Skodespelaren Ragnar Dyresen har i mange år formidla Alf Prøysens forfattarskap i heile sitt mangfald på mange ulike scenar; viser, stubbar, noveller og Teskjekjerringas hendingsrike liv. No har han samla ein del av favoritttekstane sine med og utan melodi i eit times program.

MED Kristine Welde Tranås, Anne Bolette Stang Eng, Ole Christian Gullvåg og Tom Styve Gjestespel frå Teater Innlandet

REPERTOAR HAUSTEN 2014

SIDE 7


I REPERTOAR

SPELEMANN PÅ TAKET Av Joseph Stein. Songtekstar: Sheldon Harnick Originalmusikk: Jerry Bock

HELD FRAM FRÅ 15. AUGUST «Traditzie» står framleis sterkt på Det Norske Teatret, og vi dristar oss til å seie at det er bevist at «Spelemann» høyrer heime på vårt tak. Det kunstnarlege teamet har grave djupt i den jiddiske tradisjonen og den særeigne jødiske klezmer-musikken for å få inspirasjon til eit både fargerikt og samtidig uttrykk som kler Spelemann på taket. OMSETJING Hartvig Kiran REGISSØR Erik Ulfsby MED

Pål Christian Eggen / Paul Ottar Haga, Herborg Kråkevik / Gjertrud Jynge, Ingeborg S. Raustøl, Heidi Ruud Ellingsen, Ingvild Sivertsen, Zoe Weissman / Elvira Horvei, Tuva Bjørnskau / Kajsa Mørk Moe, Iren Reppen / Ingrid Jørgensen Dragland, Svein Roger Karlsen, Espen Bråten Kristoffersen, Niklas Gundersen, Jon Bleiklie Devik, Morten Svartveit, Unn Vibeke Hol, Marius Næss, Paul Åge Johannessen, Grethe Ryen, Gard Skagestad / Espen Løvås, Ragnar Dyresen, Halvor Aurlien, Morten Bjørn-Hansen / Erlend Olaisen

TROST I TAKLAMPA Av Alf Prøysen. Dramatisert av Kristin Auestad Danielsen

HELD FRAM FRÅ 15. AUGUST Trost i taklampa i nydramatisert versjon av Kristin Auestad Danielsen er eit skikkeleg lyskespark både på storbønder frå bygda og på åndsmenneska frå byen. Dette er romanen og ikkje den kjende musikalen, men det følgjer med eit umiskjenneleg musikalsk ekko frå visediktaren Alf Prøysen. REGISSØR Marit Moum Aune MED

Charlotte Frogner, Marte G. Christensen, Hallvard Holmen, Sigurd Myhre, Marianne Krogh, Joachim Rafaelsen, Sigve Bøe, Bernhard Ramstad, Jan Martin Johnsen, Hilde Olausson, Kikki Stormo, Eivin Nilsen Salthe

REPERTOAR HAUSTEN 2014

SIDE 8


I REPERTOAR

HAUGTUSSA Av Arne Garborg

HELD FRAM FRÅ 22. AUGUST Ane Dahl Torp og ektemannen Sjur Miljeteigs rocka versjon av Arne Garborgs Haugtussa har vist seg å vere ei suksess oppskrift. Deira musikalske forteljarteater kastar nytt lys på den mystiske og synske Veslemøy, undermedvitet og villskapen i menneskesinnet. MANUS Ane Dahl Torp MUSIKK Sjur Miljeteig REGI Ane Dahl Torp og Erik Ulfsby

OKSE OG ESEL Av Norbert Ebel. Omsetjing: Carl Morten Amundsen FRÅ 14. NOVEMBER Alt er klart til jul i stallen hos punkaren Okse med naseringen og den politisk korrekte Esel med alle jakkemerkene. Men plutseleg oppdagar dei at nokon ligg midt i matfatet deira; Eit lite barn. Med humor, musikk og leik formidlar stykket ein varm julebodskap om omsorg og kjærleik. Passar for barn frå fire år.

REGISSØR Kim Sørensen MED Morten Svartveit og Hans Rønningen

REPERTOAR HAUSTEN 2014

SIDE 9


I REPERTOAR

DET MERKELEGE SOM HENDE MED HUNDEN DEN NATTA Av Mark Haddon. Dramatisert av Simon Stephens

HELD FRAM FRÅ 28. OKTOBER Emil Johnsen har fått svært god omtale for hovudrolla som guten som er litt annleis i dramatiseringa av Mark Haddons bestseljarroman. Når han finn naboens hund brutalt drepen, bestemmer han seg for å finne ut kven som er mordaren. Men han finn ut mykje meir enn han hadde tenkt. OMSETJING Jon Fosse REGISSØR Trine Wiggen MED Emil Johnsen, Ingunn B. Øyen, Espen Reboli Bjerke, Marie Blokhus, Britt Langlie, Jan Grønli, Ingrid Jørgensen Dragland, Geir Kvarme

HAV Teatersalen i BUL

URPREMIERE PÅ JON FOSSES NYE STYKKE 22. mai er det urpremiere på Jon Fosses nye stykke Hav, som blir lansert når Festspillene legg fram programmet sitt i februar. Men Det Norske Teatret kan lette såpass på sløret at vi kan seie at det blir ein samproduksjon mellom Festspela i Bergen, Det Norske Teatret, Hordaland Teater og Bondeungdomslaget i Oslo. Nokre av landets beste kunstnarar står på scenen i regi av Kai Johnsen. Urpremieren blir i Bergen, før framsyninga blir spelt i Teatersalen i BUL frå 4. oktober. I Hav vender Fosse tilbake til nokre av dei ideane som har danna viktige orienteringspunkt i forfattarskapen hans. Stykket utspelar seg mogelegvis på ein båt på eit hav. Her møtast ulike menneske som delvis er ukjende for kvarandre, delvis står svært nær kvarandre. I ein overgangsfase mellom liv og død opplever dei livssituasjonar om att, dei som førte til tap og til vinning. Menneska ser seg sjølve utanfrå og innanfrå. Det er eit symbolladd univers, men samtidig prega av Fosses leikande og forsonlege «små menneske» som får eit stort lys over liva sine. REPERTOAR HAUSTEN 2014

SIDE 10


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.