Dnt bakteppet 2017 01 web

Page 1

Stjerne­ regissør

BAKTEPPET

Robert Wilson er ­tilbake i Noreg og set sin ­signatur på Edda.

Goksøyr & Martens

Tar kvardagens drama til Hovudscenen med 11 ÅR.

RE PERTOA RMAGASIN

Vår 2017

Bygdeguten Pål Christian Eggen er på heimebane i Kan nokon gripe inn basert på Stein Torleif Bjellas musikalske skildringar frå livet i utkant-Noreg.


PREMIERAR:

JAKOB OG NEIKOB

RØFF

OVERFØRING

EDDA

AV Kari Stai

AV Samuel Beckett

URPREMIERE 22. februar på Scene 2

I EIN VERSJON AV Jon Fosse

DRAMATISERT AV Paul-Ottar Haga

OMSETJING: Bjørn Endreson

MANUS: Tyra Tønnesen

URPREMIERE 4. mars på Hovudscenen

URPREMIERE 13. januar på Scene 3

PREMIERE 21. januar på Scene 2

Jakob seier alltid ja til alt, Neikob seier alltid nei. Men tjuven bryr seg ikkje om kva nokon av dei meiner. Ei framsyning om å setje grenser, men likevel vere ein god venn. Og Kari Stais fargeglade og karakteristiske strek er også med. For barn frå 3 år.

Poetisk, humoristisk og djupt tragisk om livet. Bjørn Sundquist går med respekt og kjærleik nobelprisvinnaren Beckett etter i saumane. Si tredje Beckett-oppsetjing karakteriserer han som svart humor over ein avgrunn.

Korleis har psykoterapien påverka oss dei siste femti åra? Eit forskingsprosjekt, der 13 erfarne psykologar deler raust frå sin lange praksis, er utgangspunktet for denne teaterframsyninga; med seks meritterte skodespelarar i rollene som aldrande psykologar som reflekterer over både liv og yrke.

Den verdskjende amerikanske regissøren Robert Wilson har fått i oppdrag å setje sin karakteristiske signatur på den norrøne mytologien. Det blir eit visuelt og sterkt møte med fortidas menneskelike gudar, som vi er i ferd med å gløyme, men som enno snakkar fornuft.

KAN NOKON GRIPE INN

DET ER ALES

ÅSTADDIKTING

BASERT PÅ Jon Fosses roman

AV Eirik Fauske

EG HATAR PERSISKE TEPPE!

BASERT PÅ songar av Stein Torleif

DRAMATISERT AV Maria Sand​

URPREMIERE 25. februar på Scene 3

AV Sara Khorami

Bjella

NOREGSPREMIERE 28. januar​på

URPREMIERE 5. april på Scene 3

MANUS: Lasse Kolsrud

Scene 3. (Urpremiere i Italia 9. september 2016.) Jon Fosses kritikarroste meisterverk dramatisert for scenen. Det er Ales er ei lita, men stor forteljing om det å gjennomleve gode og vonde minne etter å ha mista nokon ein er glad i.

Augeblikket livet tar ei heilt anna retning. I ein vinterskog fyk åttiseks hjarte gjennom lufta før det smeller. Kva gjer dei? Kva tenkjer dei? Ei dramatisk hending opnar for tankar rundt dei store spørsmåla, og viser kor skjørt livet kan vere.

URPREMIERE 14. januar på

Hovudscenen Stein Torleif Bjellas kvardagspoetiske låtar er som små noveller med karakterar dei fleste både kan kjenne igjen og kjenne seg igjen i. I Kan nokon gripe inn blir personane og historiene levande, med fullt band og Bjellas låtar i ryggen.

2

|| VÅR 2017 ||

Sara Khorami er ifrå Bærum, men har fleire kulturar og personlegdomar i kroppen. Vi møter mellom andre Michael Jackson, som ho eingong trudde ho var. Ein som var både svart og kvit og song og dansa som ein gud.


I REPERTOAR:

PÅFUGLEN – EIN URETTFERDIG MUSIKAL

ETTERLYST: JESUS

AV Tyra Tønnessen og Jovan Pavlovic

FRÅ 21. januar på Hovudscenen Saman med Svein Tindberg og det faste bandet sitt prøver Bjørn Eidsvåg å finne ut om vi treng ein Jesus i dag. I så fall: Kva for ein Jesus? Og kven er eigentleg den Jesusen vi held oss med? Ein Jesus for vår tid blir etterlyst!

OMSETJING: Runar Gudnason, Tyra

Tønnessen og Ola E. Bø SISTE FRAMSYNING 15. januar på

SOM LAUVET I VALLOMBROSA

DRAKE-ZOO

AV Lars Norén

AV Dieserud/Lindgren

OMSETJING: Marit Tusvik PREMIERE 25. mars på Scene 2

Komisk om det tragiske ved å leve. Norén er ein meister i å skildre den dysfunksjonelle familien. Her observerer han samtida med humorisktisk svartsyn på ein familie i fire generasjonar som møtest i eit sommarhus ved havet og slepper frustrasjonane laus.

URPREMIERE 6. april på Scene 2

Dieserud/Lindgren har tidlegare hatt suksess med babyteater, og inviterer no dei frå 0 til 3 til å bli nærare kjende med drakar. Dei tre drakane bur i ein sanseleg jungel med planter, røyk og merkelege lydar.

Hovudscenen Ei fargerik, humoristisk og musikalsk fengande familieframsyning om kor vanskeleg det kan vere å tole kvarandre og å leve saman. Vi følgjer ei fattig påfuglmamma og som reiser frå ungane sine for å tigge pengar i Hundeland.

11 ÅR

AV Brit Bildøen

AV Goksøyr/Martens

URPREMIERE 1. april på Scene 2

URPREMIERE 23. mai på Hovudscenen

Korleis leve vidare etter å ha mista sitt einaste barn 22. juli? Korleis forheld dei næraste seg til den som har mista? I løpet av ei veke opplever ekteparet Sofie og Otto fleire små ulykker. Held alt på å falle frå kvarandre, eller er det ei større livskatastrofe som ikkje er skikkeleg gjennomlevd?

Ei historie om kjærleik, einsemd og fråskriving av ansvar. Publikum sit på stillas rundt scenen, får på seg øyretelefonar og blir vitne til eit møte mellom ein lærar, rektor og foreldra til ei jente som er utsett for ei skjebnesvanger hending.

I SAMARBEID MED Bjørn Eidsvåg

SONGFUGLEN

ROMEO OG JULIE

AV Jan Roar Leikvoll

AV William Shakespeare

DRAMATISERT AV: Demian Vitanza

OMSETJING: Edvard Hoem

MUSIKK: Sandra Kolstad

Jakoba er ikkje som andre barn; han er forkledd som gut. I denne verda er mennene drivne bort for fleire generasjonar sidan, og er no i ein slags konstant geriljakrig med kvinnefellesskapet.

FRÅ 14. mars på Scene 2 Romeo og Julie handlar kort og godt om kjærleiken som overvinn alt. Også døden. Maren Bjørseth var nominert til Heddaprisen for sin friske og ungdommelege regi, som er krydra med sofistikert housemusikk, discolys og konfetti.

INKOGNITO

HAUGTUSSA

AV Nick Payne

AV Arne Garborg

OMSETJING: Gunstein Bakke

MANUS: Ane Dahl Torp

FRÅ 5. januar på Scene 3

MUSIKK: Sjur Miljeteig

Kan hjernen fortelje oss kven vi er? Tre samanfletta historier undersøker tema som identitet og minne – eller kva det vil seie å vere menneske.

FRÅ 3. mars på Scene 3 Ei forteljing om lengt, ung kjærleik og svik. Ane Dahl Torp og ektemannen Sjur Miljeteig har laga rocka og musikalsk forteljeteater som på fjerde året tar oss med inn i verda til den mystiske og synske Veslemøy.

FRÅ 3. januar på Scene 2

SJU DAGAR I AUGUST

AV Bjørn Eidsvåg

|| VÅR 2017 ||

3


I REPERTOAR:

LESINGAR: BAKTEPPET

Kvar fredag frå 13. januar i Bikuben Fredagar kl. 22.30 inviterer vi til kveldsshow og bar-miljø i Bikuben. Du kan få servert ein konsert, eit gjestespel, open mikrofon, eller musikalsk nachspiel med ensemblet frå ein av framsyningane våre – eller noko heilt anna! Cc: 100,- Du finn programmet på detnorsketeatret.no

DET MERKELEGE SOM HENDE MED HUNDEN DEN NATTA

SVIKNE DAGAR

AV Mark Haddon

FRÅ 3. januar på Scene 3 Om moderskap, ekteskap, svik og åleineliv. Napoli-trilogien av pseudonymet Elena Ferrante har gjort furore i det lesande Noreg, både hos kritikarar og bokelskarar. Dette er ein av dei tidlegare romanene til den hylla forfattaren.

DRAMATISERT AV Simon Stephens OMSETJING: Jon Fosse FRÅ 10. januar på Scene 3 Når Christopher bestemmer seg for å etterforske drapet på hunden til naboen, kjem han på sporet av sanninga om sin eigen familie. Ei gripande forteljing om å tore møte livets utfordringar, korleis handlingane våre får konsekvensar for andre - og om å vere annleis og eksepsjonelt god med tal.

AV Elena Ferrante OMSETJING: Kristin Sørsdal

ABRAHAMS BARN

SIGD

AV OG MED Svein Tindberg

AV Ruth Lillegraven

FRÅ 13. januar på Scene 2

FRÅ 17. januar på Scene 3 Ei dikt-forteljing. Om eit enkelt – men samstundes storslått – liv, om dei universa bøkene kan opne, og korleis ein mann som er bunden til senga, kan ta del i oppdagingar i land langt borte.

Svein Tindberg ser nærare på dei verdiane og førestillingane som er felles for alle truande i dei tre store verdsreligionane. Over 100.000 har alt sett framsyninga, og folk strøymer framleis til for å oppleve at når alt kjem til alt er vi alle ganske like, også når det kjem til trua vår.

GJESTESPEL:

REPERTOARMAGASIN

VÅR 2017 ANSVARLEG UTGJEVAR DET NORSKE TEATRET, ERIK ULFSBY REDAKTØR IDA MICHAELSEN I REDAKSJONEN ÅSNE DAHL TORP, ERLEND TÅRNESVIK DREIÅS REDAKSJONSADRESSE DET NORSKE TEATRET, KRISTIAN IVS GATE 8, 0164 OSLO

Før framsyning i Bikuben Vi byr på eit breitt sideprogram for deg som er interessert i bakgrunnsstoff og utdjuping av repertoaret. Som oftast er arrangementa knytte til kveldens framsyning, og det kan vere introduksjonar, samtalar eller aktuelle debattar. Gratis inngang! Du finn programmet på detnorsketeatret.no

Lunsj&Lyrikk er eit populært, litterært pustehol og har blitt ein fast møtestad for mange. Her blir det servert smørbrød, kaffi og heimebakte kaker frå kl. 11.00 kvar vekedag. Lyrikken blir servert kl. 12.00. Her stiller kunstnarar frå teateret med korte opplesingsprogram. Gratis inngang! Du finn programmet på detnorsketeatret.no

PRODUKSJON 07 MEDIA OPPLAG 20 000 FRAMSIDEFOTO SIREN HØYLAND SÆTER SPONSORAR

BILLETTBESTILLING DETNORSKETEATRET.NO ELLER TLF. 22 42 43 44 OPNINGSTIDER BILLETT-TELEFON: MÅNDAG: 10.00 – 17.00 TYS.-FRE.: 10.00 – 19.00 LAURDAG: 11.00 – 17.00 SØNDAG: 2 TIMAR FØR FØRSTE FRAMSYNING OPNINGSTIDER BILLETTLUKA: MÅN. – LAUR: KL. 11.00 SØNDAG: 2 TIMAR FØR FØRSTE FRAMSYNING GI EI TEATERGÅVE KJØP GÅVEKORT PÅ DETNORSKETEATRET.NO ELLER I BILLETTLUKA. FÅ TEATERINFO MELD DEG PÅ NYHEITSBREVET VÅRT! DETNORSKETEATRET.NO

TEATERPODDEN

Kvar veke leverer vi ny innsikt, uhøgtidelege samtalar med folk som jobbar på huset eller reportasjar frå innsida av teateret. Abonnér på teaterpodden her:

PARKERING SENTRUM P-HUS, INNKØYRING VED MUNCHS GATE OG HAMMERSBORGTUNNELLEN (RING 1). PARKERING FOR FUNKSJONSHEMMA VIS-À-VIS NASJONALGALLERIET I UNIVERSITETSGATA. FØLG OSS

Det Norske Teatret/Teaterpodden

KALVØ AV OG MED Are Kalvø FRÅ 27. januar på Scene 2 Kva nyttar du timane i livet ditt til? Are Kalvø har saumfare tala i Statistisk Sentralbyrås Tidsbruksundersøking for 2012, og funne fram til dei raraste ting vi bruker utruleg mykje tid på. Burde vi nytta tida vår annleis?

4

DUS – DEN UNGE SCENEN Nasjonal festival 11. – 13. mai Eit landsdekkjande ungdomsteaterprosjekt med nye scenetekstar skrivne for ungdom, framførte av ungdom.

FACEBOOK.COM/ DETNORSKETEATRET TWITTER: @DETNORSKETEATRE INSTAGRAM: DETNORSKETEATRET SCAN QR-KODEN FOR MEIR INFORMASJON OG BILLETTBESTILLING

BIKUBEBARN

Også denne sesongen vil vi tilby verkstader og eigne teateraktivitetar for barn. Følg med på detnorsketeatret.no || VÅR 2017 ||


DET NORSKE OG DET INTERNASJONALE DET NORSKE TEATRET har dei siste åra brukt avgjerande ressursar på å redefinere «det nor-

ske». Det har vore naudsynt. Slik kan vi ta namnet vårt på alvor i ei ny tid. Det skal forplikte å heite Det Norske Teatret. Vi er glade og stolte over at Norsk Publikumsutvikling i fjor kåra oss til vinnar av publikumsutviklingsprisen, i skarp konkurranse med andre dyktige aktørar i kulturfeltet. Og i grunngjevinga vart det særleg lagt vekt på at teateret tar konsekvensane av samtidas demografiske kompleksitet, og at Det Norske Teatret redefinerer seg som eit moderne storbyteater i prosessen. Slikt er kjekt å høyre. VI HAR SATSA på å vere synlege nasjonalt og lokalt. Teaterutdanninga vår, Det Multinorske, er halvvegs i det andre kullet, og vi samarbeider med BUL og Noregs Ungdomslag om barne- og ungdomstilbodet Den Mangfaldige scenen. Vi er òg stolte over at vi på 13. året er administrativt vertskap for ungdomsteaterprosjektet Den Unge Scenen (DUS) der bortimot 80 teatergrupper over heile landet får bryne seg på spesialskrivne stykke av profesjonelle forfattarar. I mai inviterer vi på ny til nasjonal festival der 12 produksjonar av desse tekstane blir vist. VI LEVER I EI VERD som blir mindre og mindre, det gir oss både utfordringar og moglegheiter.

Dei neste åra vil Det Norske Teatret i større grad enn tidlegare vende seg ut over landegrensene. Mange av framsyningane våre er etterspurde internasjonalt, og vi vil strekke oss langt for å kunne vise fram noko av det beste i norsk scenekunst på den internasjonale scenen. Eirik Stubøs versjon av Sorga kler Elektra vart vist under Bergman-festivalen i Stockholm sist haust, og skal no i april vidare til MITEK-festivalen i Budapest. Vårens storsatsing Edda, i regi av Robert Wilson, skal til Århus og Reykjavik, og suksessen frå nokre år tilbake, Shockheaded Peter, står framleis på speleplanen til Staatstheater Hannover i vår regi. VÅRT SVAR på den meiningslause terroren vi har opplevd også her i Europa må vere å styrke det internasjonale samarbeidet. Gjennom teaternettverket ETC (European Theatre Convention) vil vi dei neste to åra delta i to store samarbeidsprosjekt med sentrale europeiske teater. Det eine tar opp ein av vår tids store trugslar; radikaliseringa blant ungdom. Det andre handlar om bruken av ny teknologi i teateret, både på og utanfor scenen. Begge desse samarbeida er omfattande, og vil prege teateret dei neste åra. VI HAR LAGT BAK OSS EIT ÅR med ei imponerande rad med urpremierar. Det har vore fint å

sjå at dette ikkje har skremt publikum. Snarare tvert imot. Vi har aldri hatt større inntekter enn i 2016. Publikummet vårt set heldigvis pris på nye perspektiv, nye stemmer og nye innfallsvinklar. Denne bevisste innrettinga mot ei ny verkelegheit og nye stemmer held fram i vårsesongen 2017. Vi byr på 12 nye premierar. Heile 10 av dei er urpremierar. Det er med andre ord eit offensivt Det Norske Teatret som byr på ein ny spennande sesong. Velkommen i teateret!

INNHALD 6

MELANKOLI, MARIMBA, BLEIER OG TESTOSTERON Pål Christian Eggen er på heimebane i Stein Torleif Bjellas bygdeunivers.

9

HALLVARD HOLMEN Aktuell som Hevnaren i Kan nokon gripe inn.

10 GRYTTEN OG BJELLA Frode Grytten og Stein Torleif Bjella i samtale om livet, musikk og teater. 12 KONTROLL OG KAOS Bli med Edda-regissør Robert Wilson på prøve. 15 FRODE WINTHER Aktuell som den norrøne guden Tor. 16 OVERNATURLEGE DRAUMAR Indiebandet CocoRosie om ­musikken til Edda. 18 GUDAR, JOTNAR OG EIT SKRAVLETE EKORN – Ein kort introduksjon til norrøn mytologi. 22 GJERTRUD JYNGE Trer inn i Robert Wilsons estetiske verd for andre gong. 24 EIT MØTE MED BECKETT PÅ CAFE LILLA Regissør Bjørn Endreson knytte nære band mellom Beckett og Det Norske Teatret. 26 KVARDAGSDRAMA Kunstnarduoen Goksøyr&Martens tar kvardagens drama til scenen. 29 JULIE MOE SANDØ Hugsar korleis det var å vere 11 år og ikkje alltid passe inn. 30 KVA YRKESVALET HAR HATT Å SEIE FOR LIVET Toralv Maurstad og Britt Langlie om eit langt liv på scenen. 34 BANEBRYTARAR I ­PSYKOTERAPIEN Ein forskingsrapport er bakgrunnen for stykket Overføring. 35 EIRIK FAUSKE Skriv teater med utgangspunkt i konkrete stader – åstader. 36 FABULERANDE FOR DEI MINSTE Kan det bli ei god forteljing med to karakterer som berre seier JA og NEI? Ja! 40 SORGARBEIDAREN Da Brit Bildøen ga ut Sju dagar i august, spurde mange om kvifor.

Erik Ulfsby

42 EI TID SOM IKKJE FINST Regissør Alan Lucien Øyen har vakse opp i teatret.

teatersjef

45 EIN NÅDELAUST ÆRLEG ­DRAMATIKAR Om Lars Noréns forhold til Det Norske Teatret. || VÅR 2017 ||

5


KAN NOKON GRIPE INN BASERT PÅ Songar av Stein Torleif Bjella MANUS/REGISSØR Lasse Kolsrud URPREMIERE 14. januar på Hovudscenen MED Hans Rønningen, Hallvard Holmen, Hil-

degun Riise, Joachim Rafaelsen/Lasse Kolsrud, Kjersti Dalseide, Pål Christian Eggen Stein Torleif Bjellas kvardagspoetiske låtar er som små noveller med karakterar dei fleste både kan kjenne igjen og kjenne seg igjen i.

I vår er Pål Christian Eggen aktuell som Optimisten i framsyninga Kan nokon gripe inn bygd over tekstar og musikk av Stein Torleif Bjella. Sjølv er Pål Christian ein jordnær type, med mange ­prosjekt også utanfor scenerommet. 6

|| VÅR 2017 ||


Melankoli, marimba, bleier og testosteron Pål Christian Eggen leikar på jobben. Heime er det på alvor.

O

TEKST KIRSTI ELLEFSEN TIL NYNORSK VED ARNE TORP FOTO SIREN HØYLAND SÆTER STYLING OSKAR ANDREAS PASK/YME/PALEET

m natta, altså, det er viktig å presisere. Pål Christian Eggen snakkar om grunnen til at han er litt sliten. Bleieavvenning. Eldstemann på fire er midt i ein prosess som held foreldra vakne, og etter ein lang prøvedag på teatret begynner energien å nærme seg eit slags nullpunkt for skodespelaren – og tobarnsfaren. Pappapermisjonen med yngstejenta er over, og skodespelaren frå Enebakk er i gang med prøver på ei framsyning som ikkje liknar på noko han har gjort før.

sen» og blei kjærast med ein av dei kule eldre gutane. At ho set seg inn i rånebilen med han fyren og viser fingeren til oss andre, det er som tatt ut av ungdomstida mi i Enebakk – så å seie ordrett! – Kven var den unge enebakkingen Pål Christian? – Hm. Eg var nok ein streiting. Eg drakk jo karsk og sånn på fest som alle andre, men eg hadde ikkje med meg kniv på skolen, for eksempel. – Hadde dei andre det? – Somme, ja.

FRIE TYGLAR

KLASSAS ENTERTEINAR

– I dag har eg spelt marimba. Det var utruleg kult! Eggen smiler. Det han og resten av ensemblet driv på med, er nybrottsarbeid. Dei skal skape ei teaterframsyning av Stein Torleif Bjellas tekstar og musikk, og har fått roller, eit stort live– band å samarbeide med, ein togstasjon som scenografi, men elles ganske frie tyglar. – Vi byggjer karakterane frå botnen av, og prøver å skape eit univers som speglar Bjellas musikk. Den er jo både mollstemt og testosteronfylt, meiner Eggen. At handlinga skal gå føre seg på bygda og mykje knytast opp mot livet og relasjonane på ein liten stad, ligg alt i Bjellas tekstar. Berre ein halvtimes busstur utanfor Oslo ligg Enebakk. Ein kunne tenkt på det som ein forstad. Men det er bygda.

Pål Christian var han fyren i klassa som tulla og showa og imiterte læraren. Heime hadde dei alltid spøkt med at «denna gutten burde blitt skuespiller». Men at han skulle gjere alvor av det, låg ikkje i korta. Og det skulle ta mange år og fleire omvegar før namnet Pål Christian Eggen stod på lista over fast tilsette ved Det Norske Teatret. Ettersom dette ikkje er ein biografi, men eit intervju med avgrensa plass, kan åra fram mot dagen han kan kalle seg skodespelar, oppsummerast slik: Ti år gammal drar Pål Christian til Oslo med foreldra og får si første store og ugløymande musikal–oppleving med Les Miséra­ bles. Pål Christian jobbar som kinomaskinist på Flateby kino. Pål Christian begynner på Blindern, der han studerer sosialantropologi, men kjenner seg ganske lost. Han drøymer om å bli yrkesdykkar, og droppar eksamen for å dra til Egypt. Tilbake i Noreg kjem mor hans med eit avisutklipp der det står «Søk Bergen teaterskole». Han søker. Kjem inn. Blir eitt år på skolen før han blir nedlagd. Får

RÅNEGUTANE I ENEBAKK

Da eg høyrde Stein Torleif Bjellas tekstar første gongen, kjende eg meg veldig godt igjen. For eksempel låta «redningsmann», der han syng om jenta i klassa «som vart tidleg vak-

|| VÅR 2017 ||

jobb i marknadsavdelinga på Bergen kino. Blir sivilarbeidar på Norsk filminstitutt. Tek mot til seg. Søker statens Teaterhøgskole. Kjem ikkje inn. Jobbar som vestibyle-vert på Nationaltheatret. Søker Teaterhøgskolen igjen. Kjem inn. Da er han 26 år gammal og eldre enn mange av klassekameratane. Ferdig utdanna går ferda til Trondheim og Trøndelag Teater, der han blir i seks år, blir eit heitt namn og får mange store roller. Flyttar til Oslo. Får jobb på Det Norske Teatret. Giftar seg med dramaturgkjærasten Ingrid. Får to barn. Voila 2017; skodespelar og familiefar Pål Christian Eggen. For nettopp det å vere noko anna enn skodespelar er viktig for han. HANDYMANN OG PAPPA

– Livet er meir enn teater. Eg er ein jordnær type og vil ha eigne prosjekt utanfor teatret, seier Eggen. Han og familien har nettopp kjøpt seg sommarhus – med stort oppussingsbehov. Eg er ein som likar å snikre og halde på med noko som er litt meir handfast enn teater. Men ikkje misforstå, altså! Eg elskar jobben min, og kjenner meg privilegert som har fast jobb, trygg inntekt, gode kollegaer og stadig nye utfordringar. For meg er dette ein ideell situasjon, ha tryggleiken ved ein stabil jobb og sjansen til bli godt kjend med folk som jobbar her. Eg er jo der eg drøymde om å vere. – Hender det du spør deg kvifor du driv med dette? – Gjer ikkje alle det? Same kva dei jobbar med? Jau, det hender eg går forbi ei gravemaskin og ser på han som sit der inne, og tenkjer at det hadde vore fint å ha den jobben. Kunne sitje der, høyre på radioen og grave eit 7


Pål Christian var den som skulle fylle skoa etter Lasse Kolstad i Spelemann på taket, noko han klarte med glans i følgje både publikum og kritikarar.

- Det ideelle er å få jobbe med ein musikal som samtidig er eit himla bra teaterstykke, seier 40-åringen som har fått bryne seg på fleire store roller i musikalsjangeren.

hol, og gjere noko veldig konkret. – Du hadde kanskje blitt litt lei på sikt? – Ja, det er fare for det. Og feit. EIN SAMFUNNSNYTTIG JOBB?

Men Pål Christian Eggen har tru på at det han gjer betyr noko, om enn indirekte. – Eg håpar at eg gjer ein samfunnsnyttig jobb og er med på å gi folk kulturelt påfyll i kvardagen. Kanskje får ei framsyning dei til å reflektere over dei store spørsmåla. Livet. Verda. Samfunnet? – Når eg ser godt teater, tenkjer eg: Dette trong eg! Jamvel om det handla om noko eg visste frå før, så kan 8

Eg er ein som likar å snikre og halde på med noko som er litt meir handfast enn teater. teatret minne oss på ting det er viktig å tenkje over igjen og igjen. Pål Christian lurer ein slurk kaffi inn gjennom det kraftige store skjegget. At han hadde || VÅR 2017 ||

betre songrøyst enn dei fleste, visste ikkje Pål Christian. Heller ikkje at han skulle bli ein etterspurd musikal–skodespelar. Cabaret, Chicago, Rockeulven og Spelemann på taket, er dei framsyningane der Eggen har briljert. Og no er det klart for nok ei musikalsk framsyning. – Kva slags forhold har du sjølv til musika­ lar? Er du ein musikal–elskande mann? – Nokre musikalar er heilt fantastiske med god musikk og innhald som loddar djupt. Men det finst også lettvektarar innanfor sjangeren som det kanskje ikkje er like moro å jobbe med. Det ideelle er jo å få jobbe med ein musikal som samtidig er eit himla bra teaterstykke, seier skodespelaren, som vedgår at kompisar og menn på hans eigen alder nok ikkje er dei som fyller salen når det er musikkteater på programmet. Kor Pål Christian og resten av ensemblet hamnar etter prøveperioden på Kan nokon gripe inn, er uvisst. Men at det blir ein slags musikal, og at både musikk og tekst er av høg kvalitet, er det ensemblet held seg til. – Bjellas tekstar er jo noko alle kan kjenne seg att i: Du legg ein plan, men så går alt i dass. – Men for deg har jo ting gått etter planen? Og lite i dass? – Hehe. Jau, når det gjeld dei store tinga har du nok rett i det. Eggen ser på klokka. Det er snart på tide å dra heim. Familien ventar. –Kva med sonen din – forstår han kva pappa jobbar med? – Ja. Han veit at jobben min er å kle meg ut og late som.


A K T U E L L

HALLVARD HOLMEN SKODESPELAR Aktuell som Hevnaren i Kan nokon gripe inn? Det blir ei slags underfundig, melankolsk rock´n´roll-oppleving med seks mann sterkt band på scenen. Eg vil kalle det ein teaterkonsert. Handlinga er eit skråblikk på livet og korleis det kan vere. Ulike personar og skjebnar kryssar kvarandre. Tittelen er ei verselinje, eit slags rop om hjelp til å fikse sorga, kjærleiken – sjølve livet. Men det er ingen hjelp å få. Alle slit med sitt, men må fikse det sjølve. Som all god kunst er dette noko alle kan kjenne seg igjen i. Stein Torleif Bjellas poetiske, men konkrete betraktingar over livet er noko heilt spesielt. Musikken og tekstane er varme, humoristiske og kloke. Bjella nytter bygda og folka som bur der som motiv for å seie noko ålmeint. Når det kjem til stykket, er jo Oslo også befolka av veldig mange med bakgrunn frå bygda. Byen er ikkje så veldig urban. Hevnaren er i djup sorg fordi kjærleiken har gått sund. Han og kona Sorgfrid har mista eit barn og har sklidd ifrå kvarandre. Ho har gravd seg ned i sorgkjensle, går i det destruktive sporet og forsvinn i seg sjølv. Han har er blitt forbanna på alt og alle, men prøver å gå vidare på sitt vis. Hans måte er å hemne seg på samfunnet ved å hamstre og skaffe seg ting. Han vil ha henne tilbake, ho vil dra ifrå alt. Han står på gyngande grunn og må heile tida skape eit breiare fundament for å halde balansen. Jordsjuk, er tittelen på ein av låtane. I vår framsyning kan dette ha ei dobbel tyding – både sorga ved å ha lagt det kjæraste han eig i jorda, og besettelsen etter å karre til seg mest mogleg jordeiendom, kjøpe seg bil, fikse huset. Det å opne blikket, sjå deg sjølv gjennom andre og sjå at du ikkje er åleine, det trur eg på. Det positive i mennesket og fellesskapet. Alt handlar ikkje om deg. Du må forsone deg med livet som det har blitt før du kan gå vidare. Det er det dette Hevnaren må finne ut av. FORTALD TIL ÅSNE DAHL TORP FOTO SIREN HØYLAND SÆTER STYLING OSKAR ANDREAS PASK/YME/PALEET

|| VÅR 2017 ||

9


For meg er det musikken som sorterer, set på plass og viser veg Frode Grytten har sjekka lampefeberen hos den folkekjære songsmeden frå Øvre Ål. Her er deira epost-­ utveksling nokre fine dagar i desember.

E

TEKST FRODE GRYTTEN FOTO SIREN HØYLAND SÆTER

in januardag i 2017 kjem Stein Torleif Bjella til å setje seg i bilen, kjøre dei 22 mila til Oslo, ta på seg findressen, trimme skjegget og gå inn dørene på Det Norske Teatret. Bygdisen skal bli musikalstjerne i byen. Nydelig vinterdag her. Er du heime, eller ute på vegen? Heime på kjøkenet i dag. Prøver å ordne opp litt. Reiser til Oslo i kveld. Vidare til Lyngdal, Stavanger, Haugesund og Bergen. Kva tenker du om at du no skal bli musikalstjerne? Mistar du all kred ved å bli tatt inn i varmen på Det Norske Teatret? At eg skal bli musikalstjerne er absurd spennande. Eg har jo laga desse songane for lengst. Og sjøl skal eg jo ikkje vera med. Berre nyte det frå salen. Det er også stort å følgje prosessen til det blir teater. Trur forresten ikkje at Lasse Kolsrud kallar det musikal. Han kallar det teater, ser eg. Og kredsanking er stussleg bisniss. Men burde ikkje Det Norske heller spele Lars Norén der karakterane drikk seg kanon og skrik forferdelige ting til kvarandre, eller Jon Fosse, der dei ikkje seier noko som helst til kvarandre. No har Dylan fått Nobelprisen, og songane dine blir sunge på hovudscena midt i Oslo. Då eg gikk på skulen, las vi artiklar av Andreas Skartveit om kor forferdelig det ville gå om populærkulturen tok over. Det er sant. Det er mange undergangsteikn om dagen. Frå høg BMI til låge vekttal. Kanskje Skartveit får rett. Er det forresten popkultur eg driv med? Tippa Norén og Fosse har betre årsløn enn eg. Endetida er her. Aftenposten fortel at nordmenn ligg lågt på samleie-statistikkane, unge menn går på Viagra og bare eitt polar10

brød får toppkarakter i ernæringstestane. Godt vi har songen. Kva kan songen gjøre i slike tider? Hei, vart litt borte. Køyrde Ål til Oslo, frå Oslo til Lyngdal, spelte, rigga, utladning. Jo, låta har alltid vore der. I ei kaotisk tid ordnar låta opp. Perfekt i lengde og form. Fiks ferdig som ein sirkel. Noko oversikteleg å forhalde seg til. Innimellom får låta deg til å sjå skamfull ned i bordplata. Andre gongar er det bensin på bålet. Den gir den usympatiske kjensleliv og den sympatiske ein vekkar. For meg er det musikken som sorterer, set på plass og viser veg. Morrissey syng om låtar som kan redde liv, og du snakkar om songar som kan stanse tid. Skapar det eit litt for stort press, både på songen og songaren? Eg er glad for alle tilbakemeldingar. Nokre få kan vere koko. På ein spelejobb på Nordvestlandet for ein del år sidan var det sitjande publikum med småbord. Litt ut i låta «Psykisk kan du vera sjøl», reiste ei kvinne seg brått, kasta vinglaset i golvet i tusen knas og gikk rett ut. Ein person ringte nyleg og fortalde at han hadde høyrt meg på radioen, og at han eigentleg arbeidde i all hemmeligheit for PST, og at han sat inne i radiolyttestasjonen i eit fjell i Trøndelag. Så då songen min kom, «Alt rundt er det samma», ville han berre ringe og seie at no var det berre å setje i gang. Ko meiner du? spurde eg. Det veit du godt, sa han. Høyrde aldri meir frå han. Det er rart og fint korleis songane dine har tatt til å verke for fullt ute i den verkelige verda. Eg har fått nokre konkrete og fantastiske tilbakemeldingar som eg vil ha for meg sjølv. Dei mest rørande handlar om at folk synest || VÅR 2017 ||

eg ser det som har skjedd med dei. At dei ikkje er åleine med tankar og trøbbel, og at det er trøyst i akkurat det. Eg føler ikkje noko press om korleis songen skal vera eller verke. Der forsøker eg berre å følgje mi eiga lyst. Det er berre då det vil bli bra. Eg er snart på båten til Odda. Så det blir ingen konsert på meg i morgon. Dessverre. Rart med gamle foreldre. Konstant dårlig samvit. Ferjetur her no. Frå Stavanger til Haugesund. Du har jo utvida rommet for kva som kan skrivast i songtekstar her heime. Det er bare å ta eit utval av ord du har putta inn i tekstane: «bygdebøgen», «arbeidsdeling», «pleieassistent», «sjølstyr», «oppfølgingsprat», «tapserfaring», «trygdebygdeharrya», «sjølstyr», «tilstandsrapport». Det er nesten eit readymade-dikt om Norge anno 2016. Er det eit ord som aldri kjem til å dukke opp i songane dine?


KAN NOKON GRIPE INN BASERT PÅ songar av Stein Torleif Bjella MANUS/REGISSØR Lasse Kolsrud URPREMIERE 14. januar på Hovudscenen MED Hans Rønningen, Hallvard Holmen, Hil-

degun Riise, Joachim Rafaelsen/Lasse Kolsrud, Kjersti Dalseide, Pål Christian Eggen Karakterane frå Stein Torleif Bjellas låtar blir levande i vårens store musikalske framsyning på teateret.

Stein Torleif Bjella på Ål stasjon i heimbygda. Kanskje er det her handlinga i vårens musikalske storsatsing føregår?

Vil ikkje utelukke nokre ord, med kjenner at «autentisk» sit langt inne.

Så no skal du hylle utegubben? Trudde dei vart hylla ved å skildre innegubben …

No er du vel snart i Haugesund, men korleis ser Norge elles ut frå Øvre-Ål? Norge ser vellykka ut. Komfortabelt og velfungerande, for dei fleste då. Overraskande mange med problem, likevel. Forståeleg nok. Snart lever me berre mentale liv. Kombinert med destruksjon av gudsbilde er det solide endringar på gang. (Kan utbrodere her om du vil ha meir).

Sant nok. Men eg hugsar at eg blei intervju om Tom Waits ein gong, og intervjuaren insisterte på at eg skulle seie at Tom Waits song om regnhundane, fyllikane, dei prostituerte, altså dei andre. Eg sa at han syng om meg, om oss. Slik tenker eg om dine songar også. Sjølv om eg er fødd på Ål og Tom i California, har han alltid sunge om meg, og til meg. Musikken til Waits verkar på meg fordi han rommar alt. Akkurat som med Cohen. Sjøl er eg vel forresten ingen innegubbe, håpar eg, men eg kjenner på det og ser ein del av dei rundt meg. Er jo glad i dei, berre me slepp å bu under same tak.

Ja, kjør på! Eg er i Odda snart! Åleineliv bak gardina og isolering kan umulig vera bra for flokkdyr. Trur me må på pub, på konsert, teater, fjelltur, besøk, møte kvarandre og snakke om det som rører seg, både inni skallen og der ute i verda. Klarer ein det, kombinert med eit så bærekraftig liv som mulig, ja, då dett mykje på plass.

Er du heime igjen? Skal vi forsøke å komme i mål? Far min hamna på sjukehus. Det var surrealistisk. Han fall ned i hagen til naboen. Men han kom seg opp igjen, og vi fikk i han nokre glas vin. Vart hektisk på turnéavslutning her. Bil og || VÅR 2017 ||

hengar skulle til Oslo. Bandet tok fly. Eg køyrde. Så vart det ekstra overnatting i Oslo til måndag. Men no er eg heime. Godt å føle at ein er til nytte. Så du må kjøre bil og hengar, resten av bandet tar fly. Eg las i biografien til Springsteen at han hadde som regel at han skulle vere konge ute på vegen, aldri heime. Du er altså ikkje konge ute på vegen ein gong? Dei andre har ikkje forstått at førarsete er det beste i bilen. Og den 14. januar sit du i setet på Det Norske Teatret? Veldig spent. Synest det har vore fascinerande å høyre Lasse Kolsrud snakke om stykket. Scenane. Karakterane. Tilhøvet dei har til kvarandre. Kva jakke dei skal ha på, og korleis dei snakkar. Ikkje minst var det stort å følgje korleis Siri Langdalen bygde opp scena. Og orkesteret som skal lage musikkforteljinga. Er det i det heile tatt mogeleg? 11


EDDA I EIN VERSJON AV Jon Fosse REGISSØR Robert Wilson URPREMIERE 4. mars på Hovudscenen MED Henrik Rafaelsen, Gjertrud Jynge, Sigve

Bøe, Frode Winther, Eivin Nilsen Salthe, Marianne Krogh, Paul-Ottar Haga, Joachim Rafaelsen, Ola G. Furuseth, Renate Reinsve, Tiril Heide-Steen, Jon Bleiklie Devik, Unn Vibeke Hol. Vår norrøne kulturarv får den verdskjende regissørens karakteristiske visuelle signatur.

KONTROLL OG KAOS Når Robert Wilson lagar teater av den norrøne gudeverda, møtest minimalisme og overraskande innfall.

F

TEKST BÅR STENVIK TIL NYNORSK VED ARNE TORP FOTO SIREN HØYLAND SÆTER

jerde mai, 2016: Idet Robert

Wilson kjem inn i Prøvesal 1, hoppar skodespelar Joacim Rafaelsen paradis. Tenksamt og metodisk hinkar han bortover, stoppar og let det eine beinet henge kokett i lufta. Lenger bak øver Frode Winther på sine nøye koreograferte rørsler, han går som ein robot med ein papp-hammar i handa. Golvet under føtene deira er delt inn i eit rutenett, kvart steg og kvar rørsle skal 12

gjerast på eit fast punkt på scenen, og det heile blir filma på video, så skodespelarane kan sjekke rørslene sine og øve etter at Wilson har dratt frå landet, før han kjem tilbake om åtte månaders tid. Da skal alt sitje. Desse to vekene i mai er Stage 2 av produksjonsprosessen med Edda, og alle snakkar om Wilson og metodane hans i korridorane og utanfor. Nokre fortel at berre dei næraste tør å snakke med han. Andre seier han er ein triveleg og raus kar. Eg får både høyre at han || VÅR 2017 ||

styrer alle detaljar og at han er flink til å sleppe andre til. Kanskje er det slik med alle som er så kjende og har så lang karriere som Wilson, at mytane veks i alle retningar. Før Edda-laget kom til Noreg, hadde dei alt hatt ei arbeidssamling i Wilsons eige «laboratorium» Watermill, i New York, saman med Det Norske Teatrets sjefdramaturg Carl Morten Amundsen, der dei valde ut materiale frå Jon Fosses gjendikting av dei norske gudedikta i Edda. Etter prøvane spør eg Wilson om det er sant som eg har høyrt, at han har som prinsipp å aldri lese tekstane, men får andre til å gjenfortelje dei for seg. – Eg aner ikkje kor du har det frå, svarar han. – Eg arbeider kollektivt, og vi snakkar ope om tekst, bilete, lyd, musikk, lys og fargar. Saman med eit kreativt lag jobba han fram visuelle forslag og skisser til alle scenane,


Frå dei tidlege prøvane på Edda i april 2016.

inspirert av alt frå bilete av bombenedslag i ­Beirut til kvalfangst, fotorealistiske heste­ måleri og vikingskipmodellar frå London. – Edda fasinerte meg fordi det var ei gammal nordisk forteljing, ei verd som var ukjend for meg. Med seg til Oslo i mai hadde Wilson og laget hans eit vakkert kompendium med visuelle referansar til koreografi, scenografi og kostyme. UNATURLEG TEATER

Dei første skodespelarane ut på golvet i prøvesalen er Marianne Krogh og Frode Winther, presenterte av Sigve Bøes stemme over høgtalarane: «Sjå der Odins kone, ho som kjenner lagnaden like godt som Odin (…) Tor er den sterkaste guden, Tor med hammaren Mjølne. Du har vel høyrt tora skralle?»

Tor rører seg stivt, som ei action-dokke, han smiler breitt og slår med hammaren, mens Frigg skrik lydlaust. Begge følgjer rutenettet på golvet nøye, og ser mest ut som mekaniske figurar i eit klokkespel. «With thunder there,» seier Wilson. Ein torelyd kjem over anlegget. «Nei, ikkje torelyd – den er for naturleg,» seier han. Ein meir syntetisk smell lyder gjennom rommet. «Meir som ein gammal lydeffekt, da dei laga uvêr med blekkplater. Det må vere skikkeleg gammaldags. For da er det morosamt.» Dei prøver scenen igjen. «Crash!» roper Wilson. «Crash!» Han snur seg mot pianisten og fiolinisten som speler ein nesten orientalsk melodi. «Kan du gjere det meir dramatisk?» Pianoet får fart på seg, og dramatiske triller raser opp og ned tangentane. «Enda meir dramatisk, super over-the-top!» Så til lydmannen: «Crash! Crash!» I løpet av få minutt har scenen endra seg frå noko som kunne minne om japansk minimalist-teater til meir i retning av ein parodi-lego-actionfilm. Wilson er ikkje redd for å tulle med førelegga sine. – Om du ikkje har det artig når du lager ei framsyning for teatret, så burde du ikkje gjere det. Det er derfor vi kallar det eit spel. Det er berre leik og spel. Som tilskodar på teatret i meir naturalistiske || VÅR 2017 ||

Foto: Inga Aleknaviciute

stykke endar ein ofte opp med å spørje seg: Trur eg på dette? Er det realistisk? Flyt det naturleg? Og når det som skjer på scenen grip tak, er det reint så ein er redd for at noko skal skurre i neste augeblikk, så ein kjem ut av det. Derfor er Robert Wilsons framsyningar så avslappande. For der er slike sorger heilt fråverande. Vi treng ikkje vere det minste redde for at scenane ikkje skal vere truverdige. Vi veit at dei aldri kjem til å vere truverdige. Med Wilson er alt kunstig og stivt og rart. Og det er akkurat sånn det skal vere. – For meg er ikkje det å vere på scenen noko naturleg, forklarer Wilson. – Det er noko kunstig, og om vi aksepterer at det er slik det er, kan vi vere meir ærlege om kva vi gjer. Stemma vår er annleis. Måten vi går på er annleis, måten vi sit og står på er annleis. TALANDE RØRSLER

Wilson stamma sjølv som barn, men då han var 17 år, greidde han å overvinne problemet med hjelp frå ei 70 år gammal ballettlærarinne. Etter det blei han svært opptatt av rørsler, og arbeidde seinare med elementære øvingar for å hjelpe pasientar med hjerneskade. Seinare jobba han mykje med eldre og barn for å hjelpe dei å oppdage sitt eige «rørsle-vokabular». Han hadde ord på seg for å ha ei spesiell evne til å få kontakt med folk og få dei til å opne seg for nye tankar. Skodespelaren Robyn Anderson fortel om ein av dei første gongene ho var på ein workshop med Wilson. Ho var den einaste som 13


I februar 2005 sette Robert Wilson opp Peer Gynt i eit samarbeid mellom Det Norske Teatret og Den Nationale Scene. Dette var første gongen Wilson arbeidde i Noreg og framsyninga vart vist i New York påska 2006.

dukka opp, og i tjue minutt sat han berre heilt stille på stolen sin. Akkurat da ho lurte på om han dreiv gjøn med henne, begynte han å reise seg. Svært sakte. Han brukte femten minutt frå sitjande til oppreist stilling, og «uttrykte dusinvis av ting på same tid,» ifølgje Anderson. Ei viktig innsikt for Wilson kom da han oppdaga arbeidet til psykiateren Dan Stern. Stern studerte spelet mellom mødrer og små ungar ved å filme dei i sakte kino. Wilson oppdaga alle dei skjulte nyansane i små rørsler som når mora plukkar opp ein unge som skrik. Det som i vanleg tempo berre var ei kjærleg handling, skilde seg i ulike delar. I sakte tempo kunne dei sjå at mora i den første delen av rørsla formeleg kastar seg mot ungen, så han rykkjer bakover i skrekk. Så, i neste augeblikk, roar både ho og ungen seg. Slike kontrastar er det mange av i Wilsons arbeid, og dei kjem til syne i spelet mellom tekst, rolle og rørsle. Joachim Rafaelsens paradishoppande smågut viser seg å vere stridsguden Ty, som oftast blir framstilt som stor og barsk. I Wilson-Edda står den leikande ungguten i kontrast til teksten som blir lesen opp om den «Modige Ty». På spørsmål om kva som ligg bak dette valet, seier Wilson: – All stor kunst har eit barn i hjartet sitt. Baudelaire sa: «Genialitet er barndom henta fram etter eigen vilje.» APOLLON OG DIONYSOS

Wilson studerte økonomi og arkitektur, men vart snart fanga opp av avant-garde teateret i etterkrigstida og samarbeidde med folk som John Cage og Merce Cunningham. Han arbeider også med måleri og skulptur, og scenebilda hans hentar inspirasjon frå både biletkunst og ekspresjonistiske stumfilmar, mens sminka og kostyma kan minne om ein minimalistisk versjon av Tim Burtons vampyr-estetikk. 14

I prøvesalen til Det Norske Teatret er scenografien førebels, men ikkje desto mindre er alle skodespelarane kledde i einsfarga svarte kostyme. Til og med assistentane som ber rekvisittar inn og ut, har fått same framtoning. På golvet set guteguden Ty seg i lag med dei andre gudane, og Wilson ber om «happy, happy music». «Alle rundt bordet burde ha ein slags reaksjon her,» seier han tankefullt. «Kanskje alle skulle lage ein dyrelyd eller noko?» På oppmoding frå Wilson kjem alle skodespelarane med ulike lydar. Eivin Nilsen Salthe sin Loke mjauar, Marianne Krogh som Frigg bjeffar, Paul Ottar Haga rautar som ei ku. Han speler havguden Njord, så kanskje det skal vere ei sjøku? Dei begynner å konkurrere, og all slags lyd kjem som ei skur: Papegøye, sau, esel, ulv og slange. Samstundes byrjar musikarane å spele barnslege melodiar. Det høyrest ut som om fiolinisten freistar å få ein kjend melodi til å passe med akkordane, og når ho endeleg klarer det, fell alt på plass, i hop med dyrelydane. Old MacDonald had a farm. I prøvesalen blir dei fleirtydige mytane om Wilsons autoritet og rausheit som instruktør meir forståelege. Han er streng, men skaper samstundes ei fri stemning, blir det sagt. Og nett slik ser det ut under prøvane på Edda. I det eine augeblikket er salen eit kaos av lydar etter at han har bede om «ein dyrelyd eller noko». Så, i neste scene instruerer han ei enkelt handrørsle, i noko som fortonar seg som fleire minutt med andelaus konsentrasjon. Wilson trur noko av det mest utfordrande for skodespelarar som er mest vane med naturalistisk stil, er denne vekslinga. || VÅR 2017 ||

– Dei må gå inn i arbeidet med eit ope sinn og vere i stand til å assosiere fritt med tekst og bilete. Samstundes er det formelt. Det er ein konstruksjon i tid og rom, som krev mange timar med repetisjon for å bli heilt fri. I neste scene sit Gjertrud Jynge og Henrik Rafelsen i minimale kvite kostyme og rører seg berre så vidt. Ei lita vending med hovudet, handa som senkar seg ei aning. Kvart moment har sitt nummer, og Wilson ber om nummer ein, nummer to, forbi seksten og tjue. Og frå starten igjen. – Eg trur handa må litt opp, og så rører ho seg over, som om ho flyt, seier han. Han står stille og betraktar skodespelarane. – Nei, det er for mykje rørsle, seier han. – Det er for naturleg.

Robert Wilson Robert Wilson, fødd 1941, er ein av dei mest kjende og prislønte teaterregissørane i vår tid. Han arbeider også med skulptur, scenografi, video og lyskunst. Det store internasjonale gjennombrotet hans kom med operaframsyninga han gjorde med Philip Glass i 1976, Einstein on the Beach. Han har arbeidd med folk som Tom Waits og Marina Abramovic, og mange av oppsetjingane hans har turnert verda rundt i fleire tiår. Det førre prosjektet hans med Det Norske Teatret var Peer Gynt i 2005. Den eldre Edda er ei samling gudedikt som vart attfunne på 1600-talet og inneheld mellom anna Voluspå, Vavtrudnesmål, Grimnesmål, Trymskvida, Loketretta og Balders draumar. Nokre av dikta er gudesegner og forteljingar, mens andre skildrar den norrøne mytologien og gir råd om moral og leveregler. Jon Fosse har gjendikta tekstane for Det Norske Teatret på grunnlag av ulike omsetjingar.


A K T U E L L

FRODE WINTHER SKODESPELAR Aktuell som Tor i Edda. Regissøren Robert Wilson sa ein gong at han berre kunne jobbe ut ifrå stille. Det er ei heilt spesiell stemning på prøvene, nesten meditativ. Når han kjem inn i prøvesalen, blir alle heilt tause medan han går og set seg, kippar av seg mokasinane og sit heilt roleg. Lenge. Gjerne i fleire minutt, før han seier «Good morning». Dette skaper ei konsentrert stemning som speglar seg i det vi lagar på scenen, som er eit heilt eigenarta, estetisk og visuelt uttrykk. Men dei gamle æsenes livsstil er tilsynelatande ikkje så gudeleg og vakker. Dei likar å fråtse, ta seg ein fest og leve livet. Vikingstil. Dei gamle norrøne gudane i Edda lever i ei ganske speisa verd. Det er litt sånn drikke, pule, slåst. Dei er på ingen måte nokre dydsmønster eller opphøgde førebilde. Og Tor? Haha. Han er ein gud som veivar rundt med ein hammar. Hammaren Mjolne, eller Mjølner, er som ei forlenging av han sjølv, som han er heilt avhengig av. Derfor går det heilt i svart for han når hammaren blir stolen. Han er ein levemann, machomann - og familiemann. Det er jo den moderne mannen det; både mjuk og macho. Han er «hot-headed», impulsiv, likar å få viljen sin og turar fram utan å tenkje på konsekvensane. Han er menneskeleg, og er nok ikkje den skarpaste kniven i skuffa. Arbeidsfilosofien til Wilson er «la publikum komme til deg». Vi jobbar mykje med energiar og konsentrasjon. Dersom du som aktør på scenen har konsentrasjon og energi i det du gjer, vil publikums merksemd bli trekt mot deg. Han set først opp eit strengt rørslemønster og er pertentleg oppteken av korleis vi ter oss, kroppshaldning og slike ting. Paradoksalt nok gir han oss mykje fridom til å fylle inn etter at dei ytre rammene er lagde. Han jobbar også mykje med kontrastar og å bryte forventningane våre. På prøvane til no har Tor hatt ei litt lys og kvinkande stemme og rører seg litt sånn lett på fot med ein papphammar som Mjolne. Vi har ledd ein del, for å seie det slik! Men det er nok litt slik han er. Verkar veldig macho, og så er han ikkje så tøff likevel. FORTALD TIL ÅSNE DAHL TORP FOTO SIREN HØYLAND SÆTER

|| VÅR 2017 ||

15


I

mange år har Robert Wilson vore kjent for å samarbeide med musikarar og komponistar innan samtidsmusikk, rock og pop. Philip Glass, Tom Waits, Lou Reed og David Byrne har alle laga musikk til oppsetjingane hans. Til Edda har han fått med seg Coco­ Rosie. Gruppa opererer i området mellom kunst, musikk og performance, og vart grunnlagt av dei to søstrene Sierra og Bianca Casady. I 2003 var Sierra i Paris for å utdanne seg til operasongar, og da Bianca kom på besøk etter lang tid utan kontakt, starta dei straks band. Dei spelte inn den første plata på badet i leilegheita til Sierra. Begge systrene speler fleire instrument, og Bianca har òg bakgrunn frå biletkunst. På konsertar set dei seg sjølve i scene med både manne- og dameklede, og blandar hiphop-stil med mote og bruktklede. Tidlegare har dei spelt inn musikk på Island, og dei er glade i å arbeide med norrønt stoff, forklarer Bianca. – Å arbeide med overnaturlege tema, som gudar og troll, set fantasien vår i sving på nye måtar. Som del av arbeidsdokumentet frå den første workshopen hadde CocoRosie fått utdelt ei liste med musikalske referansar, frå Björk til Valkyrien Allstars.

Har de bestemt dykk for å bruke norske folketoneklangar, eller halde dykk bevisst unna dei? – Førebels har vi ikkje fordjupa oss i det, men vi har berre så vidt starta den kreative prosessen for dette stykket, og det kjem mykje meir.

ordlaus duett på golvet. – Vi skaper på ein spontan og blind måte, forklarar Bianca seinare. – Vi respekterer dei første lydane og orda som kjem ut av munnane våre. Så gir vi dei til skodespelarane og musikarane rundt oss og ser eit vilt kjemieksperiment utfalde seg.

EKSPERIMENT

SAMSPEL

Under Edda-prøvene på Det Norske Teatret gjer dei to seg sterkt gjeldande i utviklinga av stykket. På eit tidspunkt speler Marianne Krogh «den døde mora», som vandrar stivt rundt som ein zombie, med bølgjande blekksprut-fingrar framfor seg. – Ooh, spooky, seier Robert Wilson, frå scenekanten. Han snakkar med Bianca om skummel musikk og theremin, maskina bak dei syntetisk syngjande tonane som introduserte spøkelse og romvesen i filmar på femtitalet. Men det er ikkje ein synthesizer som begynner å spele. Mellom alle dei svartkledde skodespelarane kjem Sierra ut på golvet i ei romsleg rosa selebukse, med den eine bukseselen nonsjalant slengt bak seg, som ein hale, medan ho syng klagande melodiar. Tonane bølgjer opp og ned, Krogh hermar, og dei står ei stund og syng fram og tilbake, før Sierra vinkar Gjertrud Jynge nærmare og instruerer dei to gjennom song og gestar til å ha ein

Seinare kjem Sierra også ut på golvet for å demonstrere dans og rørsler, så energisk at selebuksa dett av henne. – Bob liker å byrje med rørsler. Når vi møtest, har vi berre nokre få idear og prøver ting med heile teatergruppa i eit slags labo-

«Når vi møtest, har vi berre nokre få idear og prøver ting med heile teater­ gruppa i eit slags laboratorium.»

OVERNATURLEGE DRAUMAR Edda har inspirert CocoRosie til å skape ny musikk i «eit vilt kjemieksperiment» på Det Norske Teateret. TEKST BÅR STENVIK TIL NYNORSK VED ARNE TORP FOTO LEX VAN ROSSEN/MAI/CONTRIBUTOR

16

|| VÅR 2017 ||


ratorium. I vårt eige arbeid begynner vi ofte med ein visuell idé eller eit poetisk bilete, og vår eigen musikk er ei utforsking av desse bileta. Når vi lagar musikk, tenkjer vi ikkje på musikk, men mediterer over stemningar og dei føringane vi får. Mens Sierra er ute på golvet under prøvene, held Bianca seg mest bak med musikarane, der ho stadig må ta imot meir og mindre konkrete utfordringar frå Wilson: – Romantic music, love! Så, litt seinare: – Play as fast as you can! Og seinare igjen: – Bianca, whatever you guys can think of to

do, try something, anything! Bianca og musikarane hennar er der kvar prøvedag og improviserer, med piano, trommemaskin, song og fiolin, etter Wilsons instruksjonar. På kveldane komponerer dei tekst og musikk til neste dag, og skodespelarane vaknar kvar morgon med ei ny mp3-fil i innboksen sin, som dei må høyre på, og lære seg tekst og melodi på trikken til jobb. – Noko av materialet kjem frå det som skjer spontant under prøvane, men det blir filtrert igjen og igjen gjennom oss når vi arbeider i vårt eige rike. Vi er djupt innkapsla i denne verda, vi drøymer ho, vi vaknar i ho. Det er ikkje noko skilje mellom arbeid og fritid

– sinna våre held fram å syngje. Bianca forklarer at dei skriv ned notar nokre gonger, men dei er avhengige av å ha med seg musikarar som er villige til å arbeide fort og lære musikken berre med å høyre på dei to syngje. – For melodiane kjem i augeblikket, og dei må leikast med i det same augeblikket. Alle i rommet er del av det. Sånn liker Bob å arbeide. Alt skjer i augeblikket. – Korleis er det å samarbeide med Wilson om musikken? – Av og til blir han veldig involvert. Men om noko fungerer, seier han ikkje mykje, da begynner han berre å koreografere og danse rundt i rommet. Og det er sånn vi veit at det fungerer.

CocoRosie CocoRosie, som består av Bianca «Coco» og Sierra «Rosie» Casady, har gitt ut seks album, laga filmmusikk, og musikken deira er blitt brukt i oppsetjing av Hamlet på Dramaten i Sverige. Dei samarbeidde først med Robert Wilson om Peter Pan i Paris i 2013. Under prøvene på Edda i mai hadde dei med seg tre ekstra musikarar: Vokalperkusjonisten Vincent Garlantezec, Takuya Nakamura på piano, mellotron og trompet, og fiolinisten Asia Sorshneva.

|| VÅR 2017 ||

17


Guden Tor laga torevér når han var ute med hammaren Mjølner og vogna, som kunne flyge over himmelen når han blei trekt av dei to bukkane Tanngnjost og Tanngrisne. Tors strid med jotnane (1872), måla av Mårten Eskil Winge.

Gudar, jotnar og eit skravlete ekorn – ein kort introduksjon til norrøn mytologi. TEKST CARLINE TROMP TIL NYNORSK VED ARNE TORP 18

|| VÅR 2017 ||


Høyr meg no, høge, låge, alle ætter, Heimdalls søner. Soger vil du, Valfar, eg seier, dei første eg minnest frå fjerne tider.*

S

lik opnar Edda-diktet Voluspå: ei forteljarrøyst, som viser seg å komme frå ei volve, ei som har evna til å sjå inn i fortid og framtid, og ho innleier ei forteljing om det første ho minnest frå fjerne tider. Det er også ein god start på ein tekst om den norrøne mytologien. Før ein gir seg i kast med Odin, Tor og Frøya, er det greitt å minnast at alt vi veit om dei og universet dei er en del av, er basert på minne og attforteljingar som går over tusen år attende i tida. Det finst ikkje nokon «bibel» for den norrøne mytologien, som forklarer alt frå opphav til ende. Det vi har, er fragment av forteljingar frå ulike kjelder. Dei viktigaste er eddadikta (ei rad dikt om norrøne gudar og legendariske heltar) og Snorre Sturlasons Edda, men mytologiske referansar finst også i sagalitteraturen og skaldedikt. I tillegg finst det spor etter den gamle religionen i bilete og symbol, på runesteinar og gjenstandar, i stadnamn og i graver. Snorre var ein lærd kristen forfattar, som ville setje den gamle gudelæra i system. Men framstillinga hans stemmer ikkje alltid overeins med dei andre kjeldene. Av og til er historiene sprikande, og somme ting blir aldri heilt klare for oss. Men kanskje det ikkje gjer så mykje? «Mytens hjul er ikke noe i seg selv, spilenes sang gjør hele jobben», skriv forfattaren Erling Kittelsen i boka Freds­ slutning. Samtale med Edda, og slik er det. La oss sjå nærmare på nokre av spilene.

Odin som gudekonge på trone flankert av ramnane Hugin og Munin; tanken og minnet, og ulvane Gere og Freke, som tyder grisk eller grådig. Illustrasjon frå 1880-åra av Carl Emil Doepler. Foto: akg-images /NTB scanpix

ÆSENE

Mange ulike vesen lever i det mytologiske universet. Æsene er den gruppa søkjelyset ofte er retta mot. Tor og Odin, Frigg og Heimdall er blant æsene. Dei lever i Åsgard, den høgste verda. Ei anna gudeætt er vanane, og ein gong låg dei to gruppene i ein krig som var så alvorleg at han berre kunne endast ved utveksling av gislar. Æsene fekk Njord og hans barn Frøy og Frøya, som blei buande i Åsgard. Vanane fekk Høne og den kloke Mime – eigentleg ein jotun, som var klokare enn nokon annan. JOTNANE

Av eit heilt anna slag er jotnane, som er knytte til sjølve jorda, til steinane og fjellet og havet. Det finst mange jotnar i mytane, og det er stadig bråk mellom dei og gudane. Det er likevel ikkje så enkelt som å seie at jotnane er «vonde» og gudane «gode». Eit kjenneteikn || VÅR 2017 ||

ved den norrøne mytologien er at figurane er tvitydige og tvilrådige – menneskelege, kan ein seie. Dessutan er alle dei ulike gruppene nødvendige for å halde verda oppe. Mytane fortel både om krigar, konfliktar, samarbeid og ekteskap mellom gudar og jotnar. ULIKE SKAPNINGAR

Edda-dikta fortel også om dvergar og alvar. Det finst også mange andre skapningar som det er vanskeleg å kategorisere; t.d. nornene, tre kvinnelege figurar som vev lagnaden til alle andre, og valkyrjer, som Odin sender til slagmarkene for å avgjere kven som skal døy i krigen. Det er også en heil mengd dyr, frå det skravlete ekornet Ratatosk, som spring opp og ned på verdstreet Yggdrasil med nyhende og ein kvartett med hjortar som et på det same treet, til Odins ramnar Hugin og Munin.

19


MENNESKA

Kva så med menneska? Ja, dei finst også. Voluspå fortel korleis menneskeparet Ask og Embla blir funne og blåsne liv i av æsene Høne, Lodur og Odin. Men menneska har elles lite å bestille i dei kosmiske dragkampane som mytane fortel om. ODIN

Mange av desse historiene involverer Odin, sjefsguden eller «den Høge», som Snorre kallar han. Odin er ein krigargud som rår for siger og tap og samlar falne krigarar heime hos seg i Valhall. Men han er også guden for kunnskap og magi. Diktet Håvamål fortel korleis Odin hengde seg i eit tre, i ni netter, «ofra seg sjølv til seg sjølv», for å få hemmeleg kunnskap. Ei anna historie, som blir fortald i ulike versjonar, handlar om at Odin la det eine auget sitt som pant i Mimes brønn for å få innblikk i ting som vanlege dødelege ikkje får sjå. VOLUSPÅ

Diktet Voluspå gir enda eit døme på Odins grenselause tørst etter kunnskap. Her vitjar han ei volve, ei kvinne som kan sjå inn i både fortid og framtid. Odin får henne til å fortelje om korleis verda vart til frå ingenting: Først var det berre Ginnungagap, ein tom stad, utan gras, sand eller sjø. Andre kjelder fortel at Yme oppstod, ein tvikjønna urskapnad av jotunætt. Odin, Vilje og Ve drap Yme og skapte verda av kjøttet hans. Volva fortel så om korleis gudane etter kvart skapte dvergane og menneska. Ho ritar opp eit bilete av eit samansett kosmos: Det finst ni verder, mellom anna Midgard, der gudane og menneska bur, og Utgard, verda til jotnane. I midten står verdstreet Yggdrasil, som har røter i underverda og strekkjer seg heilt opp.

TOR, LOKE, FENRISULVEN OG MIDGARDSORMEN

Det finst mange historier om møte mellom gudar og jotnar. Særleg Odins son Tor, som flyg rundt i ei vogn dregen av to bukkar så tora gjallar, er stadig ute og slåst med dei. Tor er rå kraft, ikkje alltid den luraste, men er der når han trengst. Hans rake motsetning er halvguden Loke, ein usætande type med eit sjarmerande vesen og nokså uviss kjønnsidentitet. Loke er far (eller mor!) til ei mengd mytologiske monster: Med hesten Svadilfare avla han Odins åttebeinte hest Sleipner, med jotunkvinna Angerboda fekk han Fenrisulven, dødsgudinna Hel og Midgardsormen, ein orm så lang at han buktar seg rundt heile Midgard. Ein gong på fisketur fekk Tor Midgardsormen på kroken og drog så hardt i snøret at verda rista. 20

Verdstreet Yggdrasil var ei ask eller ei barlind som breidde greinene sine over heile verda. Treet var alltid grønt, og dogg draup ned på jorda frå det. Røtene gjekk ned til æsenes rike. Illustrasjon av Finnur Magnússon. Foto: Mary Evans Picture /NTB scanpix

FRØY, FRØYA, FRIGG OG BALDER

Vanene Frøya og Frøy er knytte til fruktbarheit, vekstane i naturen og avlingane på markene. Frøya rådde også i spørsmål om kjærleik, fødsel og død. Ho køyrer i ei vogn som blir dregen av to kattar og som går lydlaust. Frigg er gift med Odin og veit liksom han alt om framtida både for verda, gudar og menneske. Ho er ei av fleire åsynjer, kvinnelege gudar, men dei fleste av dei veit vi dessverre lite om. Frigg er mor til Balder, den vakraste av gudane, godt likt av alle. Den mest dramatiske hendinga i gudeverda er når Balder på grunn av Lokes list blir drepen i ein leik. Gudane sende bod for å hente han ut av Hel, men til inga nytte.

konfliktar og gamalt agg som veks seg større. Så gjallar Heimdals horn, «lagnadstungt»: Det er signalet for den store vinteren, for ein krig der alle slåst med alle, bror mot bror: Ragnarok. Fenrisulven slit seg laus frå lenkjene og sluker Odin, Tor og Midgardsormen drep kvarandre, verda blir lagd i øyde. Sola sloknar, jorda sig i havet. Og stig så opp att, med ein ny generasjon av gudar. Lyder dette kjent? Vi kan seie at kristne førestellingar hos dei som skreiv dette om undergang og atterføding blir blanda saman med gamle, og ganske universelle tankar om at verdshistoria er syklisk og dømd til å gå i ring. For å seie det, igjen, med volva sine ord: Veit de nok, eller kva?

RAGNAROK

Det er byrjinga på slutten for gudane, slik det er skildra i Voluspå. Gjennom heile diktet blir det sådd frø til ein katastrofe som skal komme. Det er strid om gull og makt, det er || VÅR 2017 ||

Sitata frå Voluspå er frå Edda-dikt, Gjen­ dikting og kommentarar av Knut Ødegård, Cappelen Damm 2014.


T N A R U A T i hjartet S d a t E s e t R ø E rmell m teret o f V u n i E Ø L å tea p n e e j a o f av R A &B

sseri fransk bra , d ø r b r ø ursdagen ntale sm b e n e ti ir n fe o å k n d så a y me sitje uforDet går og gsrik men il . n v is fa r e p d m o lv m a in o h du e kale n til alv porsjo y eigne lo kveld finn h lb t in ti e e t s d l re r ti e j te s n a bar n te Frå lun la carte. Til ring! For grupper ka à d li o s tn ve og bo og matser g n! in n y s m a e til pause k ik med fr r d e ll ti gs å bes styrra. Hu

BORDBESTILLING OG PAUSEDRIKKE POST@KAFELOVE.NO ELLER RING 22 47 39 70

GRUPPER, BURSDAGAR OG ARRANGEMENT KIRSTI.ERVIK@DETNORSKETEATRET.NO ELLER RING 22 47 38 20

|| VÅR 2017 ||

21


Han bad meg lese teksten som ein atten månader gamal baby Gjertrud Jynge fortel om møtet med Robert Wilson.

F

ørste gongen eg møtte Robert Wilson, bad han meg lese eit tekstutdrag frå Peer Gynt. Først skulle eg lese som ein tenåring, så som ein fireåring og til slutt som ein atten månader gamal baby. Eg hadde nummerlapp på brystet, det var audition til Peer Gynt i Jon Fosse si gjendikting og vi var i ein av prøvesalane på Det Norske Teatret. Året var 2004. Til slutt ville han sjå meg som Marilyn Monroe syngjande Happy Birthday to you, Mr President, med eine handa på hofta. Bak langbordet i salen sat Bob med mikrofon og lytta og såg. Djupt konsentrert. Til stades. Eg kjende meg sjeldan sett. Eg fekk rolla som Den grønkledde i tillegg til nokre av dei andre karakterane i Peer Gynt. Mykje av arbeidet var å sjå på Bob. Sjå denne vakre, store, lette mannen trylle

FORTALD TIL IDA MICHAELSEN FOTO LESLEY LESLIE-SPINKS

fram karakterar. Det bur uendeleg mange kroppar inne i den store texanaren. Troll, småungar, rasande gamle gubbar, poetiske elskande, sexy manneetarar. Han har uendelege variasjonar av fysiske uttrykk for kjensler, alder og tyngde. I Prøvesalen nede i kjellaren blei golvet teikna opp i rutemønster. Så måtte vi skodespelarane opp på golvet og prøve å gjenskapa rørslene til Bob. Han gjekk opp alle rørslene først, viste oss korleis det skulle gjerast. Nokre gonger kunne vi få instruksjonar av Bob gjennom mikrofonen, som i eit sjakkspel frå rute til rute på golvet - og vips hadde han laga ein spiraldans av møtet mellom Den grønkledde og Peer. – Silence! Absolute silence! Wilson var nådelaus og kravde full konsentrasjon og stille. Teksten la vi på til slutt. Vi arbeidde ikkje

med psykologi eller analyse. Det var rørsler i rommet. I tid. I stille. Så falt teksten på plass av seg sjølv til slutt. Heilt magisk. Vi hadde knapt rørt ved teksten og allikevel stod den krystallklart fram. Teksten blei tolka av rørslene i rommet, av kroppane våre, av koreografien til Bob. Det var heilt spesielt å få spele karakterane han hadde skapt for oss; rasande, spyttande, bannande, krokete gammal sunnmørsk kjerring med burka på veg til bryllaup, med ei høg, tynn flirande jentunge i armkroken. Dansande bryllaupsgjest. Den grønkledde med lange neglar, tunge augelokk og slangetunge. Pennen i Galehuset, som ei Marlene Dietrich i oransje fjørkappe, med korsett og ein diger kniv. Det var så moro! Eg kjem aldri til å gløyme Harald ­Heide-Steen jr. i rolla som Dovregubben. Sonen min, som var fem år gamal den gongen, sat hypnotisert i salen på alle laurdagsprøvene, 4 timar kvar veke. Favoritten var Dovregubben. No i sommar var eg på Berlinerensemble med begge ungane mine. Sonen min som no er blitt 16 år gamal og dottera mi på ni år såg Faust I og II i regi av Wilson, fire timar på tysk. Dei var begge to heilt oppslukte av rørslene, fargane, lyset, leiken og musikken oppe på scenen. Og no skal vi spele Edda i Jon Fosses gjendikting. Vi har vore gjennom Stage A i april. Dette er første delen av arbeidet der Bob legg koreografi og prøver ut dei scenografiske løysingane. Bob som no er 75 år, og like lett i kroppen, har leika fram uendelege troll og gudar for oss. Vi har rutemønster på golvet igjen og videoopptak av rørslene våre i tid og rom. Eg er Volva, ei spådomskvinne. Eg veit mykje om rørslene mine og lite om teksten så langt. Men eg veit at det blir visuelt, leikent, musikalsk og poetisk. Det blir ei framsyning med mange overraskingar.

Gjertrud Jynge saman med Robert Wilson under prøvane til Peer Gynt i 2005. 22

|| VÅR 2017 ||


ANNONSE

Ein smak av Napoli Smaken av Napoli ligg berre nokre få minutt frå teatersalen. Det Norske Teatret og Paleet er gode naboar i sentrum. Ønskjer du å utvide teateropplevinga kan Pizza Crudo lokke med ein rikhaldig italiensk meny. Berre ein kort spasertur unna teatersalen finn du nokre av byens beste pizzakokkar – i kjellaren på Paleet.

V

isste du at den orginale pizzaen kjem frå Napoli? Det blir sagt at den aller første pizzaen skal ha blitt laga på den gamle restauranten Antica Pizzeria Port’Alba i Napoli så langt tilbake som i 1738. Etter den tid har vi sett ei rad variantar: Tjukke kveitemjølsbotnar, salatar på toppen, bearnés, rømme – eller den feite amerikanske varianten med pommes frites på toppen. Men korleis lagar ein eigentleg den orginale pizzaen? Tomatane må vere frå San Marzano i regionen Campana. Olje er ikkje tillate. Mjølet må vere av den ekstra finmalne typen «tipo 0» eller «tipo 00». Deigen må formast med hendene etter heving – utan å bruke kjevle. Pizzaen skal steikjast i 60-90 sekund, helst på 485 gradar Celsius, i en vedfyrt steinomn. Reglane er mange og rigide. I 1984 blei foreininga «Associazione Vera Pizza Napoletana» etablert. Ho

TEKST OG FOTO ANDERS HUSA

føreskriv eit definert sett med reglar som skildrar dei heilt korrekte handverkstradisjonane. Ein såkalla «master pizzaioli» vil nok likevel leggje til enda fleire krav. Framfor ein vedomn i kjellaren på Paleet står soussjef Francesco De Palma (41) frå Siena, Antonio Barbuto (32) frå Salerno og Federico Maltese (29) som opphavleg er frå Sicilia, og preparerer kjøkkenet på Pizza Crudo. Førebuingane til dagens pizzabaking starta tidleg. Det finst berre tre offisielle variantar av napolitansk pizza, jamvel om det er lov å eksperimentere noko med toppingen. Ekte Pizza Margherita blir laga med rå puré av San Marzano-tomatar, «fior di latte» som er mozzarella laga av kumjølk, frisk basilikum og extra virgin olivenolje. Om ein nyttar Mozzarella di Bufala – av mjølk frå vassbøffelen som er oppfostra i Campana eller Lazio – så har du laga den område-verna Pizza Margherita

DOP (Denominazione di Origine Protetta). Om du tek bort osten og erstattar med kvitlauk og oregano, så sit du att med den tredje og siste varianten som er kalla Pizza Marinara. Dette er dei tre offisielle napolitanske pizzaene. Botnen er tynn og sprø, men samtidig mjuk og elastisk – akkurat slik ein ekte napolitansk pizza skal vere. På grunn av den høge temperaturen har kanten bobla opp og det har laga seg små forkola flekker som er med og skapar eit fantastisk angande sluttresultat. En napolitansk pizza bør gjerne etast med kniv og gaffel. Den tynne botnen er ikkje så god å halde i handa, men om du vil, så er det lov å brette stykket i to så det blir enklare å handtere. Antonio skyt inn at italienarar som kjøper pizza som frå gatekjøkken, gjerne brettar heile pizzaen i fire for å kunne kose seg med han på vegen. Om italienarar gjer det, så er det lov.

|| VÅR 2017 || P I Z Z A C R U D O . N O / T L F

2 3 8 9 8 7 2 6

Denne sausen har eg jobba med lenge, det tek fleire dagar å førebu han. Francesco De Palma

23


Eit møte med Beckett på Cafe Lilla Når Bjørn Sundquist no presenterer sin tredje Beckettproduksjon på like mange år, akslar han ein solid tradisjon på Det Norske Teatret, som både set ein standard og inspirerer. TEKST BJØRN ENDRESON (artikkelen blei publisert første gong i 1982) FOTO ROSEMARIE CLAUSEN/ULLSTEIN BILD/GETTY IMAGES

D

en såkalla «Beckettgjengen» på DNT, med omsetjar og regissør Bjørn Endreson i spissen, produserte med velsigning frå meisteren sjølv ikkje mindre enn 10 oppsetjingar av dei viktigaste større stykka hans og ulike samansetjingar av småstykka, i åra frå 1970–1991, og med eit lite etterspel så seint som i 1996. Dette var mogleg fordi Endreson fekk til eit personleg og nært samarbeid med Beckett. I artikkelen under fortel han om ein kveld saman med meisteren på ein stamcafe i Paris heilt på slutten av 1970– talet. Her står det svart på kvitt at Endreson der og da fekk rettane til tekstar som til da ikkje var framførte – nemleg Teater I og Teater II, begge er med i sesongens Beckettframsyning Røff; Eit svar på eit visittkort, 23 ord: Kom når du vil. Heime i heile haust. «Cafe Lilla», 139 Boulevard Montparnasse, halv åtte. Mildt yr, ho–regn som indianarane seier. Blanke gater. Eg gjekk og nynna på nokre liner han hadde laga for tretti år sidan. Eg ønskjer at min kjæraste døydde Og at regnet fall på kyrkjegarden Og på meg som går i gatene Og sørgjer over ho som elska «Lilla» med stort vindauge der svarte humrar kraup rundt i vatn mellom to glasruter blant steinar og tang. Var det laga til ære for stamgjesten? Eller kanskje han hadde sete der inne ved vindauget og skrive historia Dante og hummaren? Hummar på land, levande kokt. – «Well thought Belaqua, it’s a quick death. God help us all. It is not.» Han stod der med ryggen til. Men eg visste det var han: Det smale hovudet, det tettgrodde, gråstrie håret, kortklipt ved dei store øyra bret24

ta litt framover, som på ein som har lydd mykje. – Mr. Beckett? Han snudde seg. – Oh yes, there you are. Pause. Taus vandring til bord som ein kveld for ti år sidan eller i går. Kelner. Beckett sa noko og såg på meg. Cola–vodka, sa eg. Eg hadde ikkje kome for å spørje om noko. Han hadde svart nok. Det var helst han som spurde. Om oppsetjingane heime, og om det vi skulle gjera. Like låg røyst som eg hadde tenkt, lik rollene hans. Like knapp og presis i formuleringane. Mild i måten. Sjølvsagt. Og pausane like sjølvsagde. Til ein av oss braut. Tett. Interessert. Ingen tolkingar og synsmåtar. Konkrete detaljar: Vladimirs lommerusk, Clovs pigg, Arsenal – Ipswich 2–0, pappmånen i Godot som vi gjorde med berre lys. OK. Vindauga på bakveggen i Sluttspel–rommet som vi let vera i veggen mot salen. Bra. Enda så nøye han er med sceneskildringane. Som om vi spela sjakk. Plutseleg ei anna brikke enn venta. Av og til i London. Nei, ikkje på teater. På cricketmatch. Drinkane kom. Kelneren gjekk. Høgt glas med whisky og store isbitar. Han samla dei lange fingrane til eit hegrenebb som han stakk ned i glaset, fekk tak i isbitane, lyfte handa høgt og sende innhaldet i parketten med ein piskesnert så spruten stod. Kva var det eg såg? Stumme Gløggs pisk i eit høyrespel, rolege Krapp som plutseleg riv rullane av bandspelaren og hiv dei siste dagboksorda i golvet. Roleg vende Beckett seg mot meg og sa: Merkeleg at ikkje folk skjønar kva eg seier. – Skjønar betre no, sa eg. For tjue år sidan gjekk folk midt under Sluttspel og smelte med dørene. I dag kan stykket stå på plakaten i fleire månader. Det måtte ha vore ein ny kelner. Han kom bort for å byte drinken. – No, no. It’s allright. Ice gone. Eg høyrde sidan at irlendingar sjeldan vil ha whiskyen kald. || VÅR 2017 ||

– Kor lang tid tok Not I? Nesten førti ­minuttar i Berlin. Ufyseleg heilkveld. – Atten. – Bra. Må vera ein stad mellom femten og tjue. Folk skal ikkje gjespe seg heim. Eg sa vi tenkte å bruke Pust som siste nummer av ein kveld med einaktarar (varer tretti sekund). Men nei. Folk kunne tru det var det siste han hadde skrive. Mindre og mindre. – Bruk det før og etter og mellom dei andre. Pust er i alt eg har skrive. Trekte det tilbake da det vart misbrukt som forspel til Oh Calcutta. Der brukte dei nakne lår blant alt rasket. Det finst ikkje kroppar i Pust, berre uorganiske restar, andedrag og skrik. Pause. Seia noko her og no. Ikkje om noko. Omsnakking vart han ferdig med på skulen. Slutta som lærar fordi han kjende at ingenting av det han sa var sanning. Gjekk ut og leita og fann ut at det å ha «meiningar» er umogleg. Kan ikkje kjenne seg sjølv, derfor heller ikkje andre, derfor heller ikkje noko i det heile. Prøver å seia så presist som mogleg at det å seia noko endeleg om noko ikkje er menneskeleg mogleg. Krakken blir sparka vekk frå ørkenvandraren i Spel utan ord i det han skal setja seg. Kan ikkje seia noko, vil ikkje, tør ikkje, må. Og for å vri litt på vennen Descartes: Veit ikkje, altså er eg. Har det vondt, ergo er eg. Og så le litt, vera klovn. Ingenting er så morosamt som det ulykkelege, seier Nell i søppelkassa mens ho ventar på døden eller nirvana. Men Miltons utkasta Adam og Eva fann hendene til kvarandre. Vera saman i elendet, lik Didi og Gogo, Nell og Nagg, alle para i Becketts verd, ber ein over så mykje. Og varmen, der han måtte finnast. Eit dragspel ute på gata. Musikk? – Ja, musikk er alt eg har laga. Nokre urtonar. Om att og om att. Med varia­sjonar. Bur rett borti gata her. Arbeider helst i hytta ved


RØFF AV Samuel Beckett OMSETJING Bjørn Endreson REGISSØR Bjørn Sundquist PREMIERE 21. januar på Scene 2 MED Per Schaanning, Sigmund Sæverud, Kyrre

Hellum, Frank Kjosås, Øyvin Berven Poetisk, humoristisk og djupt tragisk om livet frå nobelprisvinnaren Beckett.

Seinen, utanfor byen. Vinteren i Marokko. Du finn meg om du vil. Eg har funne eit par småting i skuffen. Teater I og Teater II. Dei kan du få spela. Som dei første. Kvelden blir lang. Brune sigarettar med svart tobakk. Og i sløret av røyk dette andletet meisla i marmor, teikna i honning på same tid, slite ned til sirlege fòrer, brunt som pensla med lys tjære. Malmfuru. Like dei urokkelege grunntema hans, og forma. Utan tvil, utan nåde, stein ved havet reinska for mose, slam og sniglar. Rom utan tapet og nips, inne ved den inste kviskring der vi alle er stakkarar i filler og tap og anger og uvisse. Han tok vennleg farvel med kelneren med isen. Vi vart ståande ei stund utanfor mellom ei østersbu og hummarvindauget. Lufta var framleis yr og det berre hovudet hans fekk perler. Høghalsa genser, ru lang skinnjakke med saueragg til fòr, hadde ikkje tatt han av inne. – Hels alle som arbeider for meg der oppe, sa han. Skriv eg meir før eg fer, skal eg sende det til deg.

SAMUEL BECKETT PÅ DET NORSKE TEATRET

Mens vi ventar på Godot (1970), Sluttspel (1971) Seks Beckett (1975), Pust og Fire (1980), Beckett 75 (1981), Vera saman (1983), Katastrofe av og til Havel (med tekstar av Beckett, Václav Havel, Arthur Miller og Eugène Ionesco, 1984), Glade dagar (1986), Trass i alt (1991) og Ein sørgeleg time med TT eller TD (1996). I 1976 fekk Endreson Kritikarprisen for ei heil veke med Beckettprogram.

|| VÅR 2017 ||

25


KVARDAGSDRAMA

– Det må mange sanne historier til for å skape ein ­endeleg fiksjon, seier kunstnarduoen som i vår skal reise eit stillas på ­Hovudscenen. Fire meter over scene­ golvet skal publikum få kikke ned på skolegarden. Ein stad vi alle trur vi kjenner.

I

TEKST IDA MICHAELSEN FOTO UNA LINE REE HUNDERI

11 ÅR handlar det om kvardagen; dei dagane det er flest av. Vi er i skolegarden, men ved hjelp av øyretelefonar kan publikum samstundes følgje dialogen i eitt av klasseromma på skolen.

TVINGA SEG FRAM

– Har barna våre det bra? Og er dei snille mot dei andre? Spørsmål som alle foreldre stiller seg er utgangspunkt for framsyninga 11 ÅR som pressa seg fram hos Toril Goksøyr og Camilla Martens under arbeidet med eit anna prosjekt. Til slutt la dei bort arbeidet dei satt med og gjekk i gang med ei større undersøking rundt kvardagen til barn som står midt i den brytningstida 11–årsalderen representerer. Goksøyr og Martens har gjennom snart to tiår markert seg som viktige teaterfornyarar i det norske scenekunstmiljøet. Stillferdige og 26

tenksame har dei bevisst brukt og utnytta potensialet frå fleire kunstformer. Sjølv om dei hadde bakgrunn frå teateret, lova dei kvarandre da dei gjekk på Kunstakademiet at dei ikkje skulle produsere teaterframsyningar. Det heldt ikkje lenge. I studietida kontakta dei like godt teatersjefen på Nationaltheatret og || VÅR 2017 ||

debuten endra retninga på det ­kunstnarlege prosjektet deira for alltid. DOKUMENTARTEATER

– Den første produksjonen vår på Nationaltheatret var Biografi med Monna Tandberg og Jon Øigarden. Han spelte student hos den


11 ÅR

AV OG I SAMARBEID MED Goksøyr & Martens URPREMIERE 23. MAI PÅ HOVUDSCENEN MED Kjersti Dalseide, Julie Moe Sandø, Jon

Beliklie Devik, Agnes Kittelsen, Oddgeir Thune, Benjamin Haug Haugen Ei historie om kjærleik, einsemd og forskyving av ansvar.

«Vi pleier å under­streke at det har alltid vore ein stor fordel å vere feilplassert, anten det er som regissør i bilde­kunstfeltet, eller som bildekunstnar i teateret.»

eldre læraren og skulle mellom anna sitere frå Hamlets monolog. Den vi alle kjenner så godt. Det var eit slags forsøk på å utforske korleis ein kan gjere seg sjølv udødeleg. Lars Wikdahl som var del av prosjektet hadde gjennom sine 48 år ved teateret stort sett berre gjort statistroller. Han skulle fortelje om

korleis han hadde opplevd dette og undervegs i prosjektet tredde historia hans fram som mykje meir relevant enn alt anna. Der og da fekk vi stadfesta verdien av det dokumentariske, seier Camilla. Det er nesten blitt signaturen til det vesle kunstnarkollektivet; vekselbruken av kunst, || VÅR 2017 ||

verkelegheit og teater. Og heile vegen har dei utfordra vinkelen som publikum får. Dei har bevisst tatt med seg gallerierfaringa inn i teaterrommet. Ved hjelp av snedige, i dag kanskje meir opplagde, brot med konvensjonen har dei utforska dei store drama i vanlege folks liv. Dei som går føre seg på foreldremø27


It would be nice to do something political, Venezia - biennalen, den nordiske pavilliongen, 2007.

Hva må gjøres?, Galleri UKS, Oslo, 27. November 1998. Foto: Are Carlsen.

ta, i omsorgsbustaden til gamle foreldre eller i parken. Kva veit vi eigentleg om livet vårt. Om livet til dei vi treffer i dei nære relasjonane? Oppsetjingane til Goksøyr og Martens er baserte på grundige undersøkingar av menneske og miljø og kastar med sine nærstudium lys over både samfunnsproblem og mellommenneskelege relasjonar, og koplar ofte det djupt private med eit større bilde på samtida. Gjennom denne forma belyser dei utfordringane moderne menneske møter på ein tankevekkande og modig måte. AVTRYKK FRÅ EIGNE LIV

– I all hovudsak forblir arbeidet vårt ei undersøking av eige liv. Dersom vi kan komme nærmare sanninga om kvardagen vår, om livet vi lever, så har det langt større verdi for oss, enn oppskrifta på korleis vi burde leve livet vårt, seier dei. – Vi veit korleis det er å ha barn på 11 år. Utan den erfaringa hadde vi aldri laga denne produksjonen. Men samstundes er det viktig å understreke at dette 28

Foto: Stefano Campus.

ikkje handlar om våre barn, eller andre sine barn for den saks skyld. Det er ei historie som er skriven på bakgrunn av ei grundig undersøking. Vi har snakka med psykologar, med foreldre og med lærarar, og vi har lese mykje om temaet. Dette har ført oss vidare, vi har knytt nye kontaktar, og ut av dette nøstet har vi vove saman ei forteljing som går føre seg på skolen. Det er på ein måte veldig konkret og realistisk, men vi insisterer på å oppheve det sanne i den. Det er fiksjon som mange nok vil kjenne seg igjen i, ettersom vi alle har vore innom denne plassen.

ved hjelp av ukonvensjonell plassering av publikum, i dei siste produksjonane ved hjelp av høge stillas, vil publikum sjå prosjekta våre i fugleperspektiv og flata dei observerer liknar den frå yr bildekunsten. Dette er ein ksø o G Toril strategi vi bevisst har tatt med oss inn i teaterarbeidet vårt. Ei djup interesse for det offentlege rommet har óg vore viktig, og har ført til framsyningar som OMsorg, Fri og no 11 ÅR, der stillasa og fugleperspektivet har danna ramma rundt opplevinga. Kjensla av å vere i teateret blir utfordra. Publikum får ein slags kikkarplass der dei kan observere daglegdagse hendingar som likevel er styrte frå regi­pulten. Dialogen, spelet, samhandlinga mellom karakterane og det tilsynelatande normale i alt som skjer, forstørrar livet sjølv. Og plasseringa langt over bakken, gjer at det er umogleg å bryte inn. – Det er ikkje til å kome unna at dette prosjektet også er eit resultat av frykt. Det er frykta for at det verste kan skje med barna våre som tvinga fram dette arbeidet. Frykta var ein føresetnad, kan du seie, avsluttar dei to. Så kanskje er ikkje det dokumentariske utgangspunktet for 11 ÅR så vanskeleg å spore.

«Vi veit korleis det er å ha barn på 11 år. Utan den erfaringa hadde vi aldri laga denne produksjonen.»

NYTTIG FEILPLASSERING

Samanblandinga av bildekunsten, teateret og den særskilde forskyvinga av perspektiv, som kjenneteiknar duoens arbeid, har også ført til nye måtar å presentere teaterfram­syningar på. – Vi pleier å understreke at det har alltid vore ein stor fordel å vere feilplassert, anten det er som regissør i bildekunstfeltet, eller som bildekunstnar i teateret. Bakgrunnen frå bildekunsten gjer at vi alltid har kopla bildeflata med scenerommet. Og i staden for å vise scenebilde i rekkefølgje, om du vil, slik ein normalt gjer i teateret, har vi vendt blikket i ei anna retning og || VÅR 2017 ||

OMsorg, Nationaltheatret, premiere 24. oktober 2013. Foto: Gisle Bjørneby.


A K T U E L L

JULIE MOE SANDØ SKODESPELAR Aktuell som mora i 11 ÅR. Eg speler mora til ei jente på 11 år. Det har skjedd noko tragisk på skolen, og eg og faren skal på skolen for å snakke med læraren og rektoren. Hendingar i skolegarden har blitt ­ hand­sama katastrofalt av skolen. No treng mora at dei tek ansvar, seier at «dette var det som skjedde, og det var vår skuld». Kva gjer det med deg som mor å oppleve at ungen din ikkje har det bra, og at du ikkje kjenner henne så godt som du trudde? Tematisk arbeider Goksøyr/Martens grundig med mykje dokumentarisk materiale. Dei har utvikla ei form der publikum sit i eit fugleperspektiv og ser ned på ein spelarena, og med høyretelefonar får dei lyden. I denne forma kan du bygge opp komplekse, parallelle handlingar, og som publikum får du ei kjensle av å vere veldig nært. Som skodespelar kan eg også spele på ein annan måte, nesten filmatisk. Eg ønskjer å gå like djupt inn i tematikken som dei gjer og vere like kompromisslaus som dei er i sitt arbeid. Og det er krevjande! Vi hadde eit forprosjekt der vi improviserte fram mykje, og eg kjende det sat hardt i magen. Eg drøymde om det om natta og tenkte på det heile tida. Eg hugsar godt korleis eg var da eg sjølv var 11 år. Det var ei brytingstid, på veg inn i ungdomsåra. Eg begynte å bli meir sjølvbevisst, tenkje på korleis verda ser på og oppfattar meg. Eg skreiv lister i dagboka mi: «Ting eg må hugse», til dømes ei liste over ord eg ikkje måtte bruke. Framandord som eg innsåg var for vaksne, som fekk meg til å verke overlegen eller arrogant. Eg begynte i den alderen å tilpasse meg. Begynte å lage ein versjon av meg sjølv som eg trudde folk ville ha. Og det er ein pågåande prosess. Ein blir jo til i møte med andre. FORTALD TIL ERLEND TÅRNESVIK DREIÅS FOTO SIREN HØYLAND SÆTER

|| VÅR 2017 ||

29


Regissør Tyra Tønnessen (t.h.) på prøvane til Overføring med skodespelarane Kai Remlov, Erik Hivju, Toralv Maurstad og Britt Langlie. I stykket spelar dei pensjonerte psykoterapeutar.

Kva yrkesvalet har hatt å seie for livet

Dei har stått på scenen i 50 og 67 år. Der har dei, i tillegg til applaus, hausta yrkes- og ­livserfaring. I vår speler Britt Langlie, 71, og Toralv Maurstad,90, to psykoterapeutar med så solid livs- og yrkeserfaring at dei kan sjå seg tilbake over aksla og tenkje gjennom kva yrket har gjort med livet og kva livet har gjort med yrket. TEKST ASTRID SLETBAKK TIL NYNORSK VED ARNE TORP FOTO SIREN HØYLAND SÆTER

30

|| VÅR 2017 ||


OVERFØRING

BASERT PÅ Intervju av Marit Råbu TIL TEATER VED Tyra Tønnessen I SAMARBEID MED Nationaltheatret URPREMIERE 22. februar på Scene 2 MED Wenche Elena Medbøe, Britt Langlie, Gret-

he Ryen, Kai Remlov, Toralv Maurstad, Erik Hivju Seks meritterte skodespelarar innehar rollene som aldrande psykologar som reflekterer over liv og yrke.

D

ei to fann plassane sine i skodespelaryrket ut frå svært ulik ståstad. Britt Langlie voks opp i Trondheim, ein sjenert og innovervend jentunge som berre kjende seg heime i song og musikk. Eit sceneliv ville ho aldri ha mot til å velje. Toralv, son av dei namngjetne skodespelarane Tordis og Alfred Maurstad, stod på scenen alt som barn, men skodespelar var ikkje eit sjølvsagt yrkesval. – Barndommen og ungdommen var morosam og spennande. Det var Nordfjord og det var Oslo. Det var krig og det var Sverige. 18– åringen som møtte freden i 1945 visste ikkje kva han skulle gjere med livet sitt. Da var det skodespelaren Johan Fillinger som foreslo teaterskole i London, fortel Toralv Maurstad og held fram:

– Det tende eg på. For London var både spennande og morosam, og alt morosamt og spennande var tiltrekkande. Men eg kom ikkje inn på første forsøk, og det gjorde noko med meg. Eg begynte å arbeide. Å FINNE RETNINGA

– Og eg søkte aldri på nokon teaterskole. Eg var stille og hadde dårleg sjølvtillit. Som dyslektikar hadde eg problem på skolen, problem med å lære så mykje som eit salmevers utanåt. Men musikken hadde eg, og etter at eg begynte i koret ved Trøndelag Teater, vart eg også hospitant ved elevskolen på teatret, seier Britt Langlie. Ho fortel at da ho ein gong fekk ein lang monolog – som skulle lærast utanåt – forma tankane seg rundt korleis det skulle gjerast, korleis ho skulle røre seg og kva ho såg som viktig i teksten. Det gav retning og form til presentasjonen. || VÅR 2017 ||

– Da situasjonen stod klart for meg, losna det. Arbeidet med monologen gav eit fantastisk løft til ein spinkel sjølvtillit. Da oppdaga eg at eg kunne bidra med noko som ikkje var mine eigne ord. Dei første stega langs ein nyvald yrkesveg kan vere vanskeleg. Nokre nye kodar må knekkast før vi innser og forstår kva yrket inneber. Britt Langlie og Toralv Maurstad vel begge dei same orda når de fortelle om dei tidlege opplevingane sine av faget skodespelar: – Eg var sikker. Det var her eg ville vere. MÅ VERE MODIG

I dag er begge mellom dei mest erfarne scenekunstnarane i landet. Britt kom til Det Norske Teatret i 1967 der ho mellom anna har vore sentral i satsinga på musikkteater ved teatret. Det går gjetord om hennar tolking av tittelrolla i Piaf, og ho har også 31


Skodespelarane Kai Remlov, Erik Hivju, Toralv Maurstad og Britt Langlie har alle lang fartstid frå norske teaterscenar.

utmerka seg i framsyningar av Tsjekhov, Strindberg, Brecht, Duun, Ibsen – og mange, mange fleire. Da Toralv Maurstad kom ferdigutdanna frå London, førte han med seg ein friare, meir vital spelestil som var eit klart brot med den noko tyngre spelestilen i det vi kallar gullalderen i norsk teater. Komedien passa perfekt for han, og han blei heile Noregs Toralf da han i 1968 gjorde ein formidabel prestasjon som konferansieren i musikalen Cabaret på Centralteatret. Men han har også utmerka seg m.a. i roller av Ibsen, O`Neill, Shakespeare og Beckett. I tillegg har han regissert og vore teatersjef ved Oslo Nye Teater og Nationaltheatret – ein karriere der det tidvis har vore stormver i kasta. – Mot, slår han fast. – Å vere skodespelar vil seie å byggje på seg sjølv. – Du må alltid finne klangbotnen i deg sjølv når du arbeider 32

med ei rolle. Grip du etter det du trur er ei allmenn løysing, blir det vekeblad. Dersom du vil lage noko du vil skal fungere, må du ha mot. Mellom anna mot til å gå mot instruktørens løysingar. Etter kvart lagrar du erfaringar som gir deg resursar du ikkje visste du hadde. ER DEI PREGA AV YRKESVALET?

– For meg har kvar rolle vore å begynne heilt på nytt. Etter kvart har ein jo samla ei viss erfaring, men i kvar ny tekst må eg leite etter nye vegar for å finne fram til det rolla inneheld for meg. Med forståinga av rollefiguren kjem utforminga. Kvar rolle er ei reise, seier Britt. Nærkontakt, lesing og refleksjon over essensen i teksten kan gi god grobotn for innsikt, også når framsyninga er over, teppet har falle, og skodespelarane går ned av scenen og ut i det vi kallar verkelegheita. Tek dei kunnskapen med seg ut dit? || VÅR 2017 ||

– Scenisk intelligens treng slett ikkje vere det same som intelligens i eins eige liv, meiner Toralv. – Det kan sjølvsagt vere slik, men det trur eg kjem meir av personlegdomen enn av yrkeskunnskap. Eg kjenner skodespelarar som er opne, tolerante og rause kollegaer, men privat påhaldne og gjerrige. Eg har kjent skodespelarar som har eit utruleg godt grep på kva som fungerer på scenen, men slett ikkje alltid er kloke privatpersonar. – Privat er eg tilbakehalden, held meg gjerne for meg sjølv. På scenen har eg spelt ei mengd galne, utettervende damer utan at det på nokon måte har verka inn på min eigen levemåte eller mitt eige livssyn. Ein lærer seg jo etter kvart som åra går korleis ein skal opptre sosialt imøtekommande, men djupast sett er eg i dag like reservert og sky som eg var da eg begynte ved Trøndelag Teater, seier Britt Langlie.


SCENE­VETERANANE Overføring er eit samarbeidsprosjekt mellom Det Norske Teatret og Nationaltheatret. Framsyninga byggjer på ein forskingsrapport av psykolog Marit Råbu. Ho har vore med i et prosjekt der 12 erfarne psykoterapeutar er intervjua om tema som «Korleis har yrkeslivet verka inn på livet ditt?» «Kva har yrket gitt deg?» «Kva har det kosta?» I overføringa frå forsking til dramatikk er 12 terapeutar blitt til seks. Dei blir spelte av seks av dei mest erfarne skodespelarane i norsk teater, både når det gjeld fartstid og krevjande oppgåver.

TORALV MAURSTAD 90 ÅR Utdanna ved Royal Academy of Dramatic Art. Debuterte 1947 ved Trøndelag Teater, flytta til Det Nye Teater i Oslo i 1951. Har hatt mange og varierte roller på teaterscenen og i film. Han har arbeidd som skodespelar, regissør og teatersjef (Oslo Nye og Nationaltheatret). Kommandør av St. Olavs Orden.

WENCHE ELENA MEDBØE 76 ÅR Utdanna ved Statens Teaterhøgskole. Starta ved Fjernsynsteatret, begynte ved Nationaltheatret i 1966 og var der fram til 1969 da ho gjekk over til Det Norske Teatret, der ho arbeidde fram til pensjonsalder. No har ho sitt eige kompani, Medbøe Produksjoner, som m. a. har skapt ei framsyning om Rolf Jacobsens liv og dikting.

BRITT LANGLIE 71 ÅR Utdanna ved Trøndelag Teater, tilsett ved Det Norske Teatret i 1967-2015. Ho har vore ei leiande kraft i satsing på musikkteater ved Det Norske Teatret, men er også en veletablert drama-skodespelar. Ho har også vore med i film og fjernsyn og har gitt ut mange plater. Fekk Kritikarprisen for musikalen Piaf.

KAI REMLOV

ERIK HIVJU

GRETHE RYEN

70 ÅR

69 ÅR

67 ÅR

Utdanna ved Statens Teaterhøgskole og var tilsett ved Nationaltheatret frå 1973-2016.

Utdanna ved Trøndelag Teaters elevskole og Statens Teaterhøgskole.

Utdanna ved Statens Teaterhøgskole.

Han har arbeidd med over 100 rollefigurar og fekk Skandinavisk Nasjonalteaterpris for rolla som Elias Rukla i Dag Solstads Genanse og verdighet.

Han debuterte på Nationaltheatret i 1968 der han har gjort nærmare 90 roller.

Han er mykje brukt i film og fjernsyn.

I tillegg har han gjesta dei fleste norske teater og medverka i ei rad fjernsynsseriar og filmar.

|| VÅR 2017 ||

Har vore knytt til Riksteatret, Teatret Vårt i Molde og frå 1977 har ho vore fast tilsett ved Det Norske Teatret. På film har ho m.a. fått stor merksemd for rolla i Den sommeren jeg fylte 15. Har også spelt i fleire TV-seriar. I tillegg er ho leiar for Lilleborg teatergruppe. 33


Banebrytarar i psykoterapien Tema knytte til psykisk helse og psykoterapi er av interesse for eit langt større publikum enn dei som leser forskingsartiklar. Overføring har utgangspunkt i eit forskingsprosjekt som handlar om erfaringar frå eldre terapeutar.

V

i lurte på korleis det å arbeide meir enn 40 år som psykoterapeut verkar på livet til terapeuten. Kva har det gitt? Og kva har det kosta? Var det verdt innsatsen? Og vi lurte på kva for tankar terapeutar som kan sjå tilbake på eit langt yrkesliv, har gjort seg om psykoterapi som praksis i møte med menneskes liding og strev. Desse terapeutane er del av ein generasjon der det å studere på universitetet var på langt nær så vanleg som i dag, og dei har praktisert psykoterapi i ei tid der både fag og samfunnsøkonomi har vore i enorm vekst. Samla er livet og forteljingane til desse terapeutane uttrykk for viktige straumdrag i Noreg i etterkrigstida: Nazismen var slått tilbake, og utviklingsoptimisme og humanistiske verdiar fekk plass. Dei har vore pionerar i ein æra prega av stor fagleg fridom og godkjenning. Psykologifaget var nytt, og psykoanalysen var på frammarsj. Individa skulle frigjerast frå undertrykkjande ideologi, religion og normer, og tabu måtte brytast. Etter kvart er det allment erkjent kva barndommen har å seie og at barn har ein eigenverdi. Gjennomgåande formidla terapeutane at dei gjennom livet hadde fått ein større toleranse for menneskeleg mangfald, audmjukheit ved å erkjenne at ikkje alt kan lindrast eller reparerast, og at moderate resultat også har verdi. Generelt uttrykte dei at det å vere terapeut hadde vore med til å gjere livet deira meiningsfullt. Ganske unisont var dei uroa over vår tids hang til standardisering, rapportering, kontroll og auka «produksjon». Å arbeide som terapeut inneber å involvere seg personleg og kjenslemessig i livet og lidingane til andre menneske. På eit overordna nivå handle terapisamtalar om å prøve å forstå det klienten strevar med, og å skape rom for utvikling. Terapeuten er i posisjon til både å bidra til og å vere vitne til denne utviklinga. Nokre av utfordringane og dilemma som terapeutar møter, kan samanliknast med dei skodespelarar står overfor: Ein må bruke all den kunnskapen, dei erfaringane og den innlevingsevna ein har, for å setje seg inn i livsverda til eit anna mennes34

TEKST MARIT RÅBU TIL NYNORSK VED ARNE TORP

ke. Samtidig som ein går inn i ei rolle, må ein vere absolutt genuin for å nå fram og røre andre. OVERFØRING

Overføring er eit av dei mest sentrale omgrepa i psykoanalysen, og det hendler om korleis fortid og notid (og framtid) blir vovne saman. Tidlige og grunnleggjande erfaringar, særleg i relasjon til viktige omsorgspersonar, formar forventningane våre i møte med nye menneske. Slike forventningar bidrar til gjentakingar og mønster i relasjonar, og kan hindre oss i å oppfatte og vurdere røyndommen omkring oss. Dersom ein har mange, tidlige og vanskelege erfaringar, kan oppfatninga av nye personar og situasjonar bli svært forstyrra. Det kan bli vanskeleg å gjere nye erfaringar, og å utvikle gode relasjonar. For eksempel kan ein komme til å tru at andre menneske har føremål dei ikkje har, og det kan oppstå konfliktar. Slike fenomen er allmenne og oppstår i større eller mindre grad i alle nære relasjonar. Overføringa er umedveten, og ikkje utan vidare tilgjengeleg. Når ein klient kjem til ein terapeut, vil ho eller han ha forventningar som rommar både håp og frykt. Korleis forventningane hos klienten blir oppfatta av terapeuten og korleis forholdet mellom dei to utviklar seg på nye måtar, kan vere med på å setje klienten betre i stand til å bryte destruktive mønster og utvikle seg på nye og betre måtar. Det å ta stilling til fortid handlar ikkje om «å grave i gamle problem», men om å forstå korleis erfaringar frå fortida kan skape hindringar i notid, slik at mønster kan brytast. I framsyninga ligg det sjølvsagt også fleire andre tydingar av overføring: Det er overføring av erfaring frå ein generasjon til ein annan, og overføring av forsking til teater. FRÅ FORSKING TIL TEATER

Historia om korleis eit forskingsprosjekt kunne finne vegen til teateret, var slik: Eg var på ein forskigskonferanse om kvalitativ metode i Vancouver i 2009. Der gjekk eg på ein workshop som handla om formidling av forskingsresultat gjennom teater. Sidan festa eg meg ved ein kommen|| VÅR 2017 ||

tar frå ein skotsk kollega, John McLeod, som er ein internasjonal nestor innanfor kvalitativ forskingsmetode: Han meinte at dersom vi skal fornye kvalitativ metode, må vi invitere kunstnarar inn i fortolkinga av forskingsmateriale. Eg kjende Tyra Tønnessen, og fordi eg er psykolog, har eg nokre gonger vore invitert av henne for å diskutere forståinga av karakterar med skodespelarar, og eg kom til å tenkje på å om en kunne invitere henne inn i prosjekta mine. Tyra har både forskarkompetanse (PhD frå Kunsthøgskolen i Oslo), og ein unik kompetanse til å lage teater av tekstar som ein ikkje skulle tru kunne formidlast på ein scene. Saman med kollegaene Christian Moltu frå Førde og John McLeod sette vi i gang med det internasjonale og interregionale forskingsprosjektet The art and science of psychotherapy: How collaborative action between client and therapist generates and sustains produ­ ctive life change, der Tyra Tønnesen deltek med sitt perspektiv og sin kompetanse saman med sju psykologar. Prosjektet som handlar om erfaringar frå eldre terapeutar, er ein forløpar for det store prosjektet, men det blir den første iscenesetjinga av materiale basert på forsking. Tretten terapeutar er intervjua. Råmaterialet består av hundrevis av sider med tekst. Vi har skrive to forskingsartiklar og eit bokkapittel som formidlar noko av det vi fann da vi analyserte materialet. Den kunstnarlege tolkinga får fram ny meining og nye nyansar. Erfaringane som kjem til uttrykk, er henta frå forskingsmaterialet, men dei seks karakterane i stykket Overføring, er fiktive nyskapningar, og stoffet er omarbeidd og dikta om. REFERANSER: Råbu, M. & McLeod, J. (in press) «Wisdom in professional knowledge: Why it can be valuable to listen to the voices of senior therapists». Psychotherapy Research Råbu, M., Moltu, C., Binder, P.-E. & McLeod, J. (2016). «How does practicing psychotherapy affect the personal life of the therapist? A qualitative inquiry of senior therapists’ experiences,»Psychotherapy Research, 26, 737-749 Råbu, M. (2014). «Ettertanke: Hva har det å være terapeut gjort med livet mitt?» I von der Lippe, A.L.; Nissen- Lie, H.A. & Oddli, H. (red.) Psykoterapeuten. En antologi om terapeutens rolle i psykoterapi. Gyldendal Akademisk, s. 291-306


A K T U E L L

EIRIK FAUSKE TEATERMAKAR OG REGISTUDENT Aktuell som dramatikar og regiassistent for Åstaddikting Utgangspunktet var Åstaulykka, men teksten har utvikla seg litt bort frå den konkrete ulykka og blitt meir ei togreise der vi følgjer ein skokk med menneske i eit landskap der det skjer ei dramatisk ulykke. Eg har skrive heilt sidan eg avslutta skodespelarutdanning i Verdal i 2004, men starta for alvor i 2008-2009. Mitt første stykke var Gullalðurir som tok for seg dei siste 40 000 åra. Ein slags lausrivingshistorie, spedd med kvasiislandske gloser og ursuppeskildringar. Under barnehagen, som òg er eit tidleg stykke, handlar om ein gravlagt fugl som hadde kollidert med vindauget i ein barnehage. Eg har tidlegare jobba her ved teateret da eg var ein av fem leverandørar til Bibelen i regi av Stein Winge i 2013. Da skreiv eg om Moses, det var eit utfordrande oppdrag. Eg har i mange år arbeidd med eit sorgarbeid-prosjekt som munna ut i Live-Sorgarbeid, som hadde premiere på Black Box i fjor haust. Det begynte som ein 15 minuttars performance for nokre år sidan. der eg sat og skreiv mens publikum følgde teksten på eit lerret bak meg. Det fungerte såpass bra at eg ville utvikle det vidare, inn i store tablå. Sorgarbeidet har utvikla seg til reiser i ulike landskap, ei slags visjonsreise, som i Draumkvedet. Men òg meir virtuelle reiser, som i Minecraft. Tekstane mine er ofte knytta til konkrete stader; under ein barnehage, ute i skogen, heimbygda Lindås i Nordhordland. Når eg synest tekstane mine fungerer, så er eg ofte ein bestemt plass, i noko romleg. Det at eg går regi­ linja på Kunsthøgskolen i Oslo gir meg sjølvsagt ein del regierfaring med eigne prosjekt. Det gir meg høve til utprøving og refleksjon på ein heilt annan måte. Sorgprosjektet tar eg med vidare, det blir ein del av eksamensarbeidet saman med ein avsluttande produksjon. Men på Åstaddikting er eg assistenten til Kai Johnsen, som eg har samarbeidd med fleire gonger før. Hans fortolking av teksten blir interessant. Han vil arbeide med denne flaumen av menneskelagnader og fragment på ein fin måte.

FORTALD TIL OLA E. BØ FOTO YLVA CATODOTTER FYLLINGSNES

|| VÅR 2017 ||

35


Svein Roger Karlsen skal spele Jakob, medan Geir Kvarme er Neikob. Eit umake, men bra par.

36

|| VĂ…R 2017 ||


JAKOB OG NEIKOB

AV Kari Stai Dramatisering REGISSØR Paul-Ottar Haga URPREMIERE 13. januar på Scene 3 MED Svein Roger Karlsen, Geir Kvarme, Kaia

Varjord Om å setje grenser, men likevel vere ein god venn, for barn frå 3 år.

FABULERANDE SPRÅKLEIK FOR DEI MINSTE Går det verkeleg å lage ei god forteljing om JAKOB som berre seier JA, og NEIKOB som berre seier NEI? Blir det genialt eller gale? Fire bøker, seks prisar og ti språk seinare er svaret eit rungande JA! TEKST RAGNFRID TROHAUG FOTO SIREN HØYLAND SÆTER

N

Jakob og Neikob bur saman i eit hus på ein bakketopp. Dei er gode vener sjølv om dei er veldig forskjellige. Ja­ kob seier JA til alt og Neikob seier NEI til alt

okre gongar kjem forfattarar med så ville idear at ein stakkars redaktør ikkje veit kva fot ein skal stå på. Kari Stai kom inn på redaktørkontoret mitt med ein slik vill idé i 2007. Ho var illustratør og enno ikkje forfattar, og ho hadde ein språkleg assosiasjon ho ville prøve på meg: Når det går an å heite Jakob måtte det då gå an å heite Neikob? Og tenk viss, var neste tanke, tenk viss Jakob berre seier JA og Neikob berre seier NEI? Kva skjer då? Og om ein berre seier det eine eller det andre, så må jo det visast utanpå på noko vis? Korleis ser ein ut når ein alltid seier JA eller alltid seier NEI? Ut av denne språkleiken voks det fram eit heilt univers: ein bakketopp, to hus og to venner som står side om side, men er heilt ulike. Dei høyrer saman, dei står skulder mot skulder på første oppslag i alle fire bøkene, men er heilt forskjellige likevel: JAKOB er gladfjotten som har høg, blå topplue, oppovermunn og er på tilbodssida, mens Neikob er meir samantrykt og tynga under den raude hatten sin og med

munnviker som går nedover, slik det ofte blir om ein er ein person som ofte seier nei. Med eit språkleg utgangspunkt, ja-et og nei-et, som er så sentrale i språket vårt, blei både eit distinkt visuelt og språkleg uttrykk fødd: Kari Stai fann ei form i ord og strek som er både leiken og stram samstundes. Det stiliserte, visuelle uttrykket og den sterke, men kresne fargebruken støttar opp under ja-et og nei-et, og viser at dei høyrer saman som motpolane natt og dag, Yin og Yang, to motsetnader som samstundes er avhengige av kvarandre. ABSURD OG OVERRASKANDE

Alle fortellingane om Jakob og Neikob opnar likt, og minner soleis om eventyrets «det var en gang» standardopning. Når ein les: «Jakob og Neikob bur saman i eit hus på ein bakketopp. Dei er gode vener sjølv om dei er veldig forskjellige. Jakob seier JA til alt og Neikob seier NEI til alt», veit ein at no kjem noko kjent, men samstundes noko heilt nytt. Det er trygt å vite at ein kjenner strukturen i fortellinga; JA-et

|| VÅR 2017 ||

37


Det er logisk at seier du JA til trommeselja­ rar, tjuvar som vil stele bilen din, blir du sitjan­ de utan bil og med ein haug med trommer.

og NEI-et ligg som eit fast premiss, men kva som elles kjem til å skje, er heilt ope, for kvar forteljing har heilt ulike retningar. Kva er det som fengjer både store og små i møte med desse to typane? I tillegg til den kjente språklege strukturen som fungerer som ein kontrakt mellom lesar og tekst, kjem det absurde og overraskande; for Jakob og Neikob lever i eit absurd univers med heilt eigne logiske samanhengar. Slik blir møtet med Jakob og Neikob både eit møte med konsekvenslogikk og eit møte med det absurde. Det er logisk at seier du JA til trommeseljarar, tjuvar som vil stele bilen din, blir du sitjande utan bil og med ein haug med trommer, mens seier du NEI til både nabobesøk og fiskebollar, blir du verken mett eller kjent med naboen. Det absurde skjer mellom anna når Jakob og Neikob blir slukt av Krokodillen som ein annan Jonas i Bibelen, fordi Jakob ikkje klarer å seie NEI, og Tjuven klarer å få Jakob til å bli fengsla, fordi Jakob seier JA til å bli måla i fargane til tjuven, og politiet tar feil av desse to. MODERNE KLASSIKAR FOR BARN

Då Kari Stai først presenterte ideen, var eg som redaktør redd for at det ikkje kunne skje noko, for den som berre seier NEI til noko, skapar jo ikkje handling, og utan framdrift og handling, inga bok. Faren for at Neikob skulle sabotere alle oppspel til handling, var 38

absolutt tilstades. Det hadde forfattaren sjølv ei elegant løysing på, ei løysing som attpåtil gir lesaren innføring i avansert språkbruk, nemleg den dobbelte nektinga «du seier vel ikkje nei til?». Jakob grublar ei heil natt før han kjem fram til den lyse ideen og spørsmålet som får Neikob ut i handling, utan at han må gi opp det trygge «nei-et» sitt; «du seier vel ikkje nei til ein biltur?», «Nei,» svarer Neikob, og slik legg dei to gode vennene ut på eventyr der det skjer ein heil masse ting, og det viser seg at det er lurt å både kunne seie JA og NEI for å klare seg her i verda. Med Jakob og Neikob har Kari Stai skapt eit vakkert og absurd rom for både språkleik og fabulering, og lesaren sitt igjen med at det er bra å kunne seie både JA og NEI i det verkelege livet. For ein vil jo verken bli slukt av krokodiller eller aldri få smake bollar. Sjølv er eg jammen glad for at eg sa JA til å få dette absurde universet ned på papiret og ut i bokverda, for Jakob og Neikob er blitt noko så sjeldan som moderne klassikarar, og dei lever på så ulike språk som mellom anna fransk, engelsk, hindi og sør-samisk. At desse to karane også vil gjere seg godt på teaterscenen, er eg viss på, fordi dei treffer oss rett i planeten med språkleiken og absurdismen. Artikkelforfattaren er seniorredaktør for barn og ungdomslitteratur i Samlaget.

|| VÅR 2017 ||


BIKUBEBARN Barnearrangement i Bikuben våren 2017.

FUGLANE – DEN MANGFALDIGE SCENEN

URBAN ART ATTACK FOR KIDS

MINI-TEATER­ VERKSTAD JAKOB OG NEIKOB

Laurdag 11. mars kl. 12-13

Laurdag 29. april kl. 12.00-15.00

Laurdag 6. mai, kl. 11.00-14.00

Fuglane er ei framsyning med bakgrunn i forteljingar frå barn sjølve, sett saman med tekstar av Jon Fosse, Ruth Lillegraven og Sarah Camille. Skodespelarane er elevar frå Den Mangfaldige Scenen, og etter visinga blir barna i publikum inviterte til verkstad.

Vi har invitert danse-Noregs beste folk for å lage ein magisk dag med breake-verkstad, musikk, heftige rytmar, lysshow, battling og rein danseglede!

No kan barna prøve seg på å lage ei mini-teaterframsyning på berre tre timar! Dei får lære å lage kostyme og scenografi, teatersminke og får opptre på scenen framfor eit publikum.

For dei mellom 6-12 år PRIS: 100 kr per barn

For dei mellom 6-12 år PRIS: 100 kr per barn

For dei frå 5 år og oppover PRIS: 50 kr for barn, 20 kr for vaksne

|| VÅR 2017 ||

39


Sorgarbeidaren Det finst så mange forteljingar om å jobbe seg gjennom sorg og kome styrka ut på andre sida. Brit Bildøen synest det er meir interessant med dei som ikkje gjer det. TEKST GERD ELIN STAVA SANDVE FOTO LINDA CARTRIDGE

Å

ret er 2019. Åtte år er gått sidan Sofie og Otto miste tenåringsdottera si på Utøya. Rundt dei har alle for lengst gått vidare, sørga ferdig, lagt rosetog og Mitt lille land bak seg. 22. juli 2011 er stadig fjernare historie. Men ikkje for hovudpersonane i Sju dagar i august. I april har teaterstykket basert på Brit Bildøen sin roman med same tittel urpremiere på Det Norske Teatret, med Bildøen sjølv som manusforfattar. KONFRONTERANDE TEATERVERSJON

len i verda, men det var uuthaldeleg å vere den forutan», tenker Sofie. – Vi lever heile tida med spørsmål vi aldri har fått svar på, alle saman. Men nokon held det nesten ikkje ut, det dei ikkje veit. Det kan vere veldig traumatisk, same kva tapet gjeld, seier Bildøen. Forsvinning og spørsmål utan svar er ein av dei raude trådane gjennom forfattarskapen hennar, heilt sidan debuten på tidleg nittital. I det nydelege, hermed sterkt anbefalte, mor– dotter–portrettet Mitt milde vesen handlar det til dømes om ein far som forsvann, og ei mor og ei dotter som har vidt ulike svar på kva som eigentleg skjedde. I Sju dagar i august vekslar perspektivet mellom Sofie og Otto. Også i teaterversjonen vert publikum kjent med kva dei begge tenker. Ser klarare og klarare sprekkene som har oppstått mellom paret. Sjølv om alt ser fint ut på overflata. Dei held framleis saman, åtte år etter katastrofen. Har fått nye, gode jobbar dei skjøttar bra – ho på Munch–museet i Bjørvika, han i ein ideell organisasjon som i sceneversjonen arbeider for afghanske flyktningar sine rettar.

Då eg melde boka for Dagsavisen, rosa eg henne for den fine og truverdige utforskinga av sorg og parforhold, og for å balansere det mørke mot intelligente observasjonar og lun humor. Andre kritikarar skreiv like fine ting, og nokre månader seinare fekk Bildøen P2– lyttarane sin romanpris, etter grundige radiosende diskusjonar. – I teaterversjonen er 22. juli–tematikken blitt endå tydelegare enn i romanen. Det er råare og meir konfronterande, fortel Bildøen. Sorga er løfta opp, ein del andre av dei mange temaa i boka tona litt meir TØFT FOR RELASJONEN ned. Men noko er gått tapt – Ikkje å vite er noko av ekteparet imellom. det verste. Å miste nokon, – Det har utvikla seg men mangle svar. Sofie og ei glipe mellom Sofie og Otto veit alt dei kan vite Otto, i korleis dei opplever om det som skjedde på sorga. Det er så mykje dei Utøya. Dei kjenner kvart ikkje seier til kvarandre, Illustrajon bokomslag: Stian Hole steg mordaren tok, veit mykje dei verken torer nøyaktig kva skadar dottera døydde av. Men eller klarer å snakke om. Og så har dei ulike tankane hennar dei siste minutta ho levde vil måtar å stille seg til denne glipa på. Då utvidei aldri kjenne. dar ho seg. Strategien deira funka ei stund, men ikkje no lenger, seier Bildøen. «Sorga er noko ein deler berre ei kort UUTHALDELEG UVISSE stund. Sidan lever alle vidare aleine i si sorg», Kvar dag saknar Sofie dottera si. Også åtte år skriv ho. seinare. Kvar dag lurer ho på kva ho tenkte «Bildøen er sterk på relasjonar, på å avrett før ho vart drepen. Kvifor ringde ho ikkje dekke dei mange laga av meining, oppleving, heim i dei siste minutta, slik mange andre tankar og kjensler som held oss saman – og gjorde? «Den verst tenkelege telefonsamta40

|| VÅR 2017 ||

som pressar oss frå kvarandre», skreiv eg i avismeldinga. – Det finst så mange forteljingar om å gjennomleve sorg. Den vanlege forteljinga er liksom at ein går gjennom sorga, og så kjem ein sterkare ut på den andre sida. Men alle gjer ikkje det! Det same kan gjelde parforhold. Vi er vane med å høyre at dei anten vert øydelagde av å oppleve ei katastrofe som å miste eit barn, eller så vert dei sterkare. Men det må då finnast fleire mellomstadium? Sofie og Otto er der. Og der, har Brit Bildøen funne ut, er dei ikkje aleine. – Noko av det eg får mest respons på i Sju dagar i august, er at mange kjenner seg igjen i Sofie. I dagane og vekene rett etter terroren følte ho seg berre utanfor den store, kollektive sorga. Åtte år seinare reagerer ho på alle som meiner å vite best korleis ho skal og bør takle smerta. – I staden for å snakke ærleg, har Sofie lært seg til å svare at «det går opp og ned» når folk spør korleis ho har det. Sanninga er at ho gjenopplever dagane etter 22. juli igjen og igjen. At ho stadig blir kasta tilbake til marerittet, seier Bildøen. «Det er sant at sorga blir mindre med tida. Det er også sant at sorga blir større», skriv ho. FORVENTNINGAR OM Å GÅ VIDARE

Men på jobben syns folk at ho snart burde slutte å spele sørgande. Dei har vore tolmodige med Sofie lenge. No burde det då vere nok? – Vi kan vere hjelpelause i møtet med andre si sorg. Men den maska Sofie tek på seg for å møte andre sine forventningar hjelper ikkje. Den skapar også gliper, seier Bildøen. Ho har reist mykje rundt i landet og prata om Sju dagar i august. Ofte saman med fagfolk frå andre disiplinar. Ein psykolog, ein traumeekspert, ein filosof, ein 22.juli–forskar. Alle har gitt ulike innspel på boka. – Psykologen meinte bestemt at Sofie burde gått i terapi! ler forfattaren. – Eg veit ikkje heilt om eg er einig i det, men… Sofie sjølv avviser det i alle fall bestemt. Romanversjonen sluttar ope. Det er uklart korleis det vil gå mellom Sofie og Otto.


SJU DAGAR I AUGUST AV Brit Bildøen REGISSØR Morten Borgersen URPREMIERE 1. april på Scene 3 MED Ingunn Beate Øyen, Geir Kvarme, Nina

Woxholtt, Øyvin Berven Korleis leve vidare etter å ha mista sitt einaste barn 22. juli?

Britt Bildøen gav ut Sju dagar i august i 2014 og vann P2-lyttaranes romanpris. Ho har sjølv dramatisert romanen for Det Norske Teatret. Lågmælt og klokt skriv Bildøen om ein kvardag prega av sorga over å ha mista sitt einaste barn på Utøya.

– Folk les sine eigne erfaringar inn i romanen, tolkar slutten som optimistisk eller pessimistisk alt etter kor dei sjølv står. Teaterversjonen blir kanskje klarare. Folk har spurt meg om det er noko bibelsk med desse sju dagane handlinga strekker seg over. På eit vis har eg skrive ei slags omvendt skapingsforteljing, der dei sju dagane står for ei nedstiging, eit fall. Sofie og Otto må finne livet på nytt. FORBODNE KJENSLER

Men kanskje er det ikkje noko mål at ting alltid må gå så fort. Heller ikkje sorgarbeidet. Ein av dei store styrkane til Sju dagar… er at det er ei forteljing som opnar for ein ærleg diskusjon også av kjensler ein liksom ikkje «bør» ha. – Om litteraturen, teateret, kunsten generelt kan spele noka rolle i minneprosjektet etter 22. juli, så er det gjennom å halde samtalen gåande, ved å halde såra opne.

Psykoanalytikaren og traumeforskaren Felix de Mendelsohn skriv klokt om det han kallar «false closures», falske avslutningar. Folk ventar og ønsker avslutning. Gjerne raskt. Men for Sofie går ikkje det. For raske avslutningar er sjeldan bra. Ikkje for nokon. Då vert slutten, sjølve konklusjonen, ofte usann. FRIGJERANDE Å SKRIVE TEATERMANUS

Då ho gav ut Sju dagar… i 2014, spurte mange om kvifor. Om det ikkje var for tidleg. No har dei spørsmåla stilna. Og framleis er vi ikkje komne fram til 2019, til dei sju augustdagane då handlinga på scenen utspelar seg. – Før eg starta å skrive teatermanuset, var eg redd for at eg ikkje skulle klare å endre på noko frå romanen. Men faktisk merker eg kor enormt frigjerande det er å kutte. Det er herleg å sleppe å forklare så mykje. Å berre gå rett inn i dramaet, der ting skjer. Det hjelper at eg tenkte kammerspel også då eg skreiv || VÅR 2017 ||

boka. Handlinga går over kort tid, det er få personar og mykje dialog. Dessutan mykje humor. Ofte av det lett sarkastiske, overberande intelligente slaget. Som då Sofie i eit middagsselskap får utdelt ein bordkavaler av det slaget alle kvinner under hundre kjenner godt igjen: «Eg kan sjå når nokon ber på løyndommar. Og sorger. Kva er løyndommen din, Sofie? Sofie kjende korleis det prikka bak panna. Denne selskapsleiken hadde ho vore med på før. Herren spør kva du skjuler. Herren fortel deg kva du eigentleg tenker. Herren meiner du ser trist ut. Og så foreslår han at du må smile meir, sleppe deg litt meir laus.» Bildøen smiler lurt. – Det vert middagsselskap også på Scene 3, lovar ho. Gerd Elin Stava Sandve er journalist og ­bokmeldar i Dagsavisen. 41


SOM LAUVET I VALLOMBROSA

AV Lars Norén OMSETJING Marit Tusvik REGISSØR Alan Lucien Øyen PREMIERE 25. mars på Scene 2 MED Gard Skagestad, Heidi Gjermundsen

Broch, Ingrid Jørgensen Dragland, Jan Grønli, Svein Roger Karlsen, Morten Svartveit, Kyrre Hellum, Niklas Gundersen, Marie Blokhus Komisk om det tragiske ved å leve.

42

|| VÅR 2017 ||


EI TID SOM IKKJE FINST Alan Lucien Øyen er ein høg og slank mann med store karakteristiske briller og pannelugg. Han er travel.

H

an rekk så vidt innom Oslo og teateret i ein liten helgepause på Den Nationale Scene, der han set opp Olaug Nilssens store suksess frå Det Norske Teatret i 2013, Stort og stygt. Før det var han i Göteborg og koreograferte på operaen der, og så hadde han ei framsyning på Dansens Hus. Det er sanneleg ikkje mange opphalda mellom oppgåvene til 38-åringen frå Bergen. Hedda-prisar har det blitt, og i dei siste åra har Alan bevega seg frå dans og såkalla fri scenekunst til klassisk teater. – Eg er vel litt gammaldags, seier han med eit smil. Og det er her samtalen mellom oss byrjar. For vi har nokre felles referansar, Alan Lucien og denne artikkelforfattaren. Frå Den Nationale Scene, Noregs eldste teater. Det var der eg sjølv var på teater første gong som toåring, og det var der eg byrja å arbeide. Men Alan er oppvaksen der. Bokstaveleg tala. Han var på teateret med far sin. Yngvar Øyen heiter han og er ein institusjon i bergensk teater. Han var påkledar. Påkledar av den gamle skolen. For Øyen var ein slags tenande ånd; stille og sjølvutslettande kom han med reine sokkar, strokne skjorter, nyvaska kostymebukse, og alltid så diskret at ein ikkje merka at han var der. Det vil seie, skodespelarane visste at han var der. Dei kunne stole på Øyen. Han tente kunsten på ein måte som kunne vere nærast provoserande. – Eg syntest det fekk vere grenser på servilitet, seier eg til sonen no fleire tiår etterpå. – Ja, men eg tenkte ikkje på det sånn. Det var sånn det skulle vere, seier Alan. Vi lærte det, søstera mi og eg, og så gjorde vi som far. Han instruerte oss aldri, trur eg, men vi visste at når ei av dørene på herregangen gjekk opp, så måtte vi reise oss. Vi reiste oss, klappsetet vi sat på gjekk opp, og så såg vi ned. Såg i golvet. Det var ei eigenarta stemning der på herregangen, der Øyen stod med senka blikk. Også sonen blir hugsa, ein pjokk på 10-11 år, som

TEKST CARL MORTEN AMUNDSEN FOTO SIREN HØYLAND SÆTER

stod der i stram giv akt ved sida av. Det var så stille der, og litt mørkt. – Ja, smiler Alan, – det var eit eige alvor. Far tente kunsten. Han tenkte slik på det. Det finst ikkje så mykje av slikt no. Ærefrykt for kunsten. – Du finn litt av den same stille stemninga inne på sceneområdet i dag, sjølv her som vi verken har herre- eller damegang, men berre vanlege korridorar med neonlys. – Ja, seier Alan, – huset på Engen (DNS) var delt, herreside og dameside, sånn har dei det på mange gamle teater, Nationaltheatret til dømes. Og der på herregangen på scenenivå, der var det dei mannlege skodespelarane med høgst ansiennitet hadde garderobane sine. Ikkje minst sat Lothar der. Lothar Lindtner (1917 – 2005) var ein av Noregs største skodespelarar i siste halvdel av førre hundreåret. Alt som kjuagutt debuterte han i Nederlaget av Nordahl Grieg i 1937 og tok farvel med teateret med Som lauvet i Vallombrosa i 1996, nesten 60 år seinare. – Lothar var kongen. Han kunne verke som han var ein sur og grinete gubbe, men eg forstod allereie som ganske ung at det bak den grumpy fasaden var eit stort hjarte og mykje varme. Så på ein måte var dei talsmenn for same epoken, far og Lothar, ein epoke som svann då dei slutta. Og etter ein ganske lang omveg kjem vi inn på stykket Alan skal sette opp, Lars Noréns Som lauvet i Vallombrosa. Det er eit stykke om opplevinga av at ei gammal verd går under. Og her som på herregangen i Bergen er det teateret det handlar om. Norén viser i sin tur til Tsjekhov; desse referansane har han ikkje lagt skjul på eingong. – Det er Noréns oppgjer med si eiga teaterform også, seier Øyen. – Det realistiske familiedramaet har vore erklært dødt mange gonger dei siste førti åra. Og det er jo også sant at det har blitt mange andre måtar å lage teater på, mange måtar å skrive dramatikk på enn den Lars Norén stod og står for. Dei to dramatikarane i dette stykket kan ein sjå || VÅR 2017 ||

som den unge og den eldre Norén. Den unge (Samuel) snakkar nett som Konstantin i Må­ ken om fornying av teateret og om kor dødt og tomt det er, at han sjølv skal fornye det. Den eldre (Olof ) er djupt desillusjonert og hevdar at han ikkje kan skrive og aldri har kunna det. Så sit dei der då, i den svenske sommarnatta ute i skjergarden utanfor Stockholm, privilegerte, men kjærleikslause eller frustrerte og kjenner på kjensla av undergang, av ikkje å vere med lenger, for ikkje å ha fått levd. Det er litt av kvart å kjenne seg igjen i. – Sjølv om det handlar så mykje som det gjer om teater? – Ja, men det er på overflata dette handlar om teaterfolk. Eg trur det har overføringsverdi, stor overføringsverdi. Samstundes har det gått 25 år sidan stykket vart skrive, og 20 år sidan det blei spelt i Bergen. Jo, tida går. Ein merkar det på teksten sjølv. Det er ikkje mobiltelefonar der, avisene er sterke og mektige, AIDS-spøkelset lurer i skuggane, muren har nettopp falle, Jugoslavia-krigen har nett teke til. Så sjølv om det er nært og lett å kjenne seg att, så er denne tida også ganske langt borte. Det er interessant å sjå på kva det var som forsvann, kva det var som gjekk under. – Det er jo eit stykke metateater? – Ja, det er klart, det er jo ikkje verkelegheit, det er teater. Sjølv det realistiske og psykologiske teateret er konstruert. Det var den siste rolla til Lothar. Han spelte den gamle i solstolen. John i stykket er omtrent like bjeffande og sarkastisk som Lothar sjølv var. – Ville han ha funne seg til rette i det teateret som vi har i dag tjue år seinare? Alan ler litt. – Det er vanskeleg å svare på slikt. Han ville heilt sikkert hatt ein del å utsette på utviklinga, ja, det er eg ganske viss på. Det teateret han og far min stod for er jo borte. Norén sitt teater er ikkje det same det heller. Tida og verda er ikkje den same. Vi reiser oss ikkje og ser i golvet når det kjem skodespelarar forbi. Det er trist og fint. 43


Bu godt på Scandic Hotels i Oslo og kos deg i teateret O

slo er hovudstaden som byr på seg sjølv! Kultur, historie, natur, shopping og natteliv – same kva for ei av dei fire årstidene du vel å vere gjest i byen, har du eit mangfald av moglegheiter rett utanfor døra. Vi tilbyr gode pakker med hotell og teaterbillettar på Det Norske Teatret til ein særs hyggjeleg pris.

VAKN OPP TIL NOREGS BESTE FRUKOST Alle hotella våre har sin eigen unike personlegdom og atmosfære. Men visse ting kan du vere sikker på når du vel å bu hos oss: Hos oss får du den beste hotellfrukosten – det er bevist! Stå opp litt tidlegare, så du får ekstra god tid til å nyte

ein variert, næringsrik og smakfull frukostbuffé. Et så mykje du vil frukost er inkludert i prisen når du overnattar hos oss! Som Nordens største hotellkjede serverer vi flest fullverdige frukostar i løpet av eitt år, og vi legg sjela vår i å servere den beste frukosten. Kan du tenkje deg ein betre start på dagen enn ein

rikhaldig hotellfrukost? Som gjest på Scandic får du alltid ein variert og energirik frukost med eit komplett utval økologiske produkt og glutenfrie alternativ. Vakn opp til over 100 framifrå ­frukostprodukt – same kva for ­Scandic-hotell du bur på.

Det er fleire av hotella våre i Oslo sentrum som ligg i nærleiken av Det Norske Teatret. SCANDIC KARL JOHAN • SCANDIC ST. OLAVS PLASS • SCANDIC SOLLI • SCANDIC VICTORIA 44

SHOWPAKKER.NO 01654 || || VÅR 2017


L

ars Norén var ein av dei mest ettertrakta, omdiskuterte og kontroversielle dramatikarane i Europa rundt tusenårsskiftet. Til våren er det tiande gongen eit stykke av han blir sett opp her. Cecilia Ölveczky, tidlegare dramaturg ved teateret, har æra for Noréns nære forhold til Det Norske og skriv her frå den tida da den svenske forfattaren debuterte som regissør i Noreg.

JANUAR 2001, Lars Norén har urpremière på Det Norske Teatret. Tittelen på stykket er November. Det er ikkje første gong ein av Europas mest spelte og omtykte dramatikarar gir vårt teater retten til ein verdspremière. Men det er første gong han sjølv kjem til Oslo for å setje opp det nye stykket. Hans renommé som dramatikar er uomtvisteleg, men personen Norén blir ofte utsett for angrep. Han har eit dårleg tilhøve til pressa, gir svært sjeldan intervju, og visse journalistar som står på svartelista hans, får aldri audiens. Derfor syntest eg at informasjonssjefens ønske om å få Norén til å stille på ein pressekonferanse, var å kaste bort krefter Men nei, så feil kan ein ta. Svaret var eit vennleg ja. EIN FULLSETT SAL på ein pressekonferanse på eit dramatisk teater er mildt sagt eksepsjonelt. At fleire tv-team, mange fotografar, journalistar, litteraturvitarar, teaterfolk frå heile Skandinavia, til og med tysk- og engelskspråklege teaterinteresserte ventar på ein mystisk utilgjengeleg svensk forfattar på ein nynorsk scene var teater i seg sjølv. Det nære tilhøvet mellom den svenske språkkunstnaren og eit nynorskteater var kuriøst for de fleste journalistane. Norén svarer avslappa på spørsmål som krinsar mest rundt hans opphald i Oslo. Kvifor vil ein så ettertrakta dramatikar og regissør arbeide på Det Norske Teatret? Er det ein flukt frå Sverige? Er det første gong han set opp eit av sine eigne stykke i utlandet? Kvifor velje Oslo framfor Paris og Berlin? – Eg kjem hit fordi eg trivst her, eg likar atmosfæren, skodespelarane er kjempegode, frie, sjølvstendige, det nynorske språket er kraftfullt og vakkert…

Om lag slik lydde svara hans, vennleg, men bestemt for å unngå eventuelle provokasjonar. Pressekonferansen var sikkert ein skuffelse....for nokon… ingen skandale! OG HAN TREIVST verkeleg her på teateret, og han syntest det var spennande å instruere sin eigen tekst på eit framandt språk. Han var svært takksam for at Jon Fosse tok seg tid til å omsetje November. Men ein dag kom han likevel litt bekymra inn på kontoret mitt. – Omsetjinga er svært bra, seier han, men eg likar ikkje ordet «kvifor» ... nej, nej! Kan vi gjere noko med det..? Eg måtte halde meg frå å le. Derfor føreslo eg straks att han burde kontakte vår utmerkte nynorskekspert Ola E. Bø. Eg veit ikkje korleis diskusjonen om det stakkars «kvifor» slutta. Eg veit berre at han syntest at Ola var ein klok og sympatisk mann, og til slutt anklaga han seg sjølv for å bruke ordet «varför» alt for ofte, iblant heilt unødvendig. «Kvifor» vart ståande. OLA E. BØ OG EG fekk i stand eit møte mellom Lars Norén og Jon Fosse, for det ville jo vere interessant å høyre dei to spennande og særeigne personlegdommane, Nordens leiande dramatikarar, setje kvarandre stemne. Dei fann straks tonen, men samtalen vart litt annleis enn vi hadde sett for oss. Den fåmælte Jon Fosse prata mest medan Lars Norén tok på seg vår jobb og stilte spørsmål til Fosse. Samtalen stod på trykk

i dette magasinet (vår 2001) og blei sitert i fleire skandinaviske aviser og tidsskrift. Jon Fosse fortalde at det var ei framsyning av Lars Noréns Nattvarden som endra hans negative syn på teater. Takk for det. Norén hadde mange godord om Fosses dramatikk og språk og synte si verdsetjing med ei framifrå omsetjing av Nokon kjem til å komme. Dette møtet var ei teaterhistorisk hending. LARS NORÉNS KJÆRLEIK, som han sa, til

Det Norske Teatret var gjensidig. Det Norske Teatret hadde nemleg synt stor interesse for Noréns forfattarskap heilt frå byrjinga av, sjølv om det kunne vere kontroversielt. Da han fekk sitt gjennombrot i norsk teater vart det sagt at nynorsk og det urbane norénske språket ikkje passa saman, og at hans overveldande suksess med Natta er dagens mor ville bli kortvarig . Men kritikken stilna etter at teateret presenterte den eine gode oppsetjinga etter den andre. I alt ti skodespel av Norén, med vårens Som lauvet i Vallombrosa, har publikum fått oppleve, fire av desse har vore urpremierar. – Eg skriv berre om menneske som eg elskar, seier han ofte. Det er ein nøkkel til å forstå persongalleriet hans. Skaparverkets største under er ikkje ein enkel skapning hos Norén. Mennesket er uutgrunneleg, kaotisk, vondt, og godt, i same kropp. Men sjølv når vi ser deira verste sider i ein norénsk avkledningsscene, anar vi deira lengsel etter å forandre seg, og forfattarens solidaritet med og kjærleik til dei. Lars Norén overraskar oss alltid. Han vart utropt til genial poet alt i attenårsalderen og forventningane var store. Men han slutta plutseleg å skrive dikt og blei kalla ein ny Strindberg. DA 68-GENERASJONEN heldt på med sine

sympatiske, men ofte flate, politisk engasjerte teateroppsetjinar, skreiv Norén om relasjonar i familie og parforhold. Og seinare da sjølvransakinga vart mote i litteraturen, da skreiv han skakande verk om offera for velferdsamfunnet; uteliggarar, narkomane, sjuke, gamle, osb. Her blir vi åtvara mot at vegen er svært kort frå å vere framgangsrik og vellukka til å ligge bottenlaust fornedra i rennesteinen. Verka hans frå dei seinaste åra er kortare og meir og meir innovervende og meditative. Dialogens stormeister held no på å avslutte eit nytt stykke - utan ord. ­Premièren på Stille liv står på planen til våren på Dramaten i forfattarens eigen regi.

EIN NÅDELAUST ÆRLEG DRAMATIKAR TEKST CECILIA ÖLVECZKY FOTO JESSICA GOW/NTB SCANPIX || VÅR 2017 ||

45


AXEL GHERKEN BØYUM

KJERSTI DALSEIDE

CHARLOTTE FROGNER

OLA G. FURUSETH

AMELL BASIC

ØYVIN BERVEN

MARIE BLOKHUS

HEIDI GJERMUNDSEN BROCH

SIGVE BØE

JON BELIKLIE DEVIK

INGRID JØRGENSEN DRAGLAND

RAGNAR DYRESEN

PÅL CHRISTIAN EGGEN

BJØRN EIDSVÅG

JAN GRØNLI

NIKLAS GUNDERSEN

KYRRE HELLUM

ERIK HIVJU

SKODESPELARAR VÅR 2017

46

PAUL-OTTAR HAGA

TIRIL HEIDE-STEEN

PREBEN HODNELAND

UNN VIBEKE HOL

HALLVARD HOLMEN

PAUL ÅGE JOHANNESSEN

GJERTRUD LOUISE JYNGE

KATHRINE THORBORG JOHANSEN

JUDY NYAMBURA KARANJA

ARE KALVØ

SVEIN ROGER KARLSEN

SARA KHORAMI

AGNES KITTELSEN

FRANK KJOSÅS

LASSE KOLSRUD

MARIANNE KROGH

|| VÅR 2017 ||


GEIR KVARME

BRITT LANGLIE

TRINI LUND

TORALV MAURSTAD

WENCHE ELENA MEDBØE

DANIEL RODRIGO NILSEN

HILDE OLAUSSON

SONDRE PETTERSEN

HENRIK RAFAELSEN

JOACHIM RAFAELSEN

BERNHARD RAMSTAD

INGEBORG SUNDREHAGEN RAUSTØL

RENATE REINSVE

KAI REMLOV

IREN EPPEN

HILDEGUN RIISE

GRETHE RYEN

ANNE RYG

HANS RØNNINGEN

EIVIN NILSEN SALTHE

ELISABETH SAND

MARIA SAND

AUDUN SANDEM

JULIE MOE SANDØ

PER SCHAANNING

KATJA HENRIKSEN SCHIA

GARD SKAGESTAD

MORTEN SVARTVEIT

SIGMUND SÆVERUD

ODDGEIR THUNE

SVEIN TINDBERG

ANE DAHL TORP

KAIA VARJORD

ELLEN BIRGITTE WINTHER

FRODE WINTHER

NINA WOXHOLTT

INGUNN BEATE ØYEN

|| VÅR 2017 ||

47


hovudscenen PÅFUGLEN – EIN URETTFERDIG MUSIKAL REGI TYRA TØNNESSEN (TOM. 15. JANUAR) KAN NOKON GRIPE INN REGI LASSE KOLSRUD (FRÅ 14. JANUAR) ETTERLYST: JESUS REGI ERIK ULFSBY (FRÅ 21. JANUAR) EDDA REGI ROBERT WILSON (FRÅ 4. MARS) 11 ÅR REGI CAMILLA MARTENS & TORIL GOKSØYR (FRÅ 23. MAI)

scene 2

scene 3

SONGFUGLEN REGI PEER PEREZ ØIAN (FRÅ 3. JANUAR) ABRAHAMS BARN REGI KJETIL BANG-HANSEN (FRÅ 13. JANUAR) RØFF REGI BJØRN SUNDQUIST (FRÅ 21. JANUAR) KALVØ REGI ERIK ULFSBY (FRÅ 27. JANUAR) OVERFØRING REGI TYRA TØNNESSEN (FRÅ 22. FEBRUAR) ROMEO OG JULIE REGI MAREN BJØRSETH (FRÅ 14. MARS) SOM LAUVET I VALLOMBROSA REGI ALAN LUCIEN ØYEN (FRÅ 25. MARS) DRAKE-ZOO REGI CHRISTINA LINDGREN (FRÅ 6. APRIL)

INKOGNITO REGI PEER PEREZ ØIAN (FRÅ 5. JANUAR) DET MERKELEGE SOM HENDE MED HUNDEN DEN NATTA REGI TRINE WIGGEN (FRÅ 10. JANUAR) JAKOB OG NEIKOB REGI PAUL-OTTAR HAGA (FRÅ 13. JANUAR) DET ER ALES REGI GIANLUCA IUMIENTO (FRÅ 28. JANUAR) ÅSTADDIKTING REGI KAI JOHNSEN (FRÅ 25. FEBRUAR) HAUGTUSSA REGI ANE DAHL TORP/ERIK ULFSBY (FRÅ 3. MARS) EG HATAR PERSISKE TEPPE! REGI CARL MORTEN AMUNDSEN (FRÅ 5. APRIL) SJU DAGAR I AUGUST REGI MORTEN BORGERSEN (FRÅ 1. APRIL)

D E T N O R S K E T E AT R E T K R I S T I A N I VS G AT E 8 , 0 1 6 4 O S LO BILLETTBESTILLING K J Ø P B I L L E T T PÅ D E T N O R S K E T E AT R E T. N O E L L E R PÅ T L F. 2 2 4 2 4 3 4 4 W W W. D E T N O R S K E T E AT R E T. N O


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.