BAKTEPPET - Det Norske Teatret

Page 34

RØVARANE Av Friedrich Schiller Premiere 21. februar på Scene 2 Innfallsrik regi møter tysk klassikarmateriale når den omdiskuterte regissøren Jonas Corell Petersen går laus på Schiller.

Selfien er kanskje det mest dominerande ungdomsuttrykket idag. Her ved Oddgeir Thune, Joachim Rafaelsen og Kyrre Hellum som gjer eit anna type opprør mot det beståande i «Røvarane».

Ungdomsopprøret som forsvann Friedrich Schillers stykke Røvarane skildrar eit typisk moderne ungdomsopprør. Det begynner med ein far/son-konflikt, og endar med eit forsøk på å styrte det beståande samfunnet. Har ungdommen i dag noko å lære?

A

lle samfunn står overfor utfordringa å «temme» ungdommen: syte for at dei får seg jobb, pensjonspoeng, bustad, bustadlån, ektefelle, barn og barnehageplass. Men ungdommen har gjerne andre planar. Dermed er det duka for generasjonskonflikt og ungdomsopprør: «dei unge» mot «dei gamle». Vi har ein lang tradisjon for ungdomsopprør i etterkrigs-Noreg. Gerhardsen-generasjonen reagerte på klasseforskjellar og byggverket velferdsstaten. 68’arane reagerte på autoritære institusjonar og reiv ned hierarki på arbeidsplassar, skolar, universitet og i familien. Endeleg gjekk ironigenerasjonen til åtak på dei to føregåande generasjonane sine «store» redde-verda-prosjekt og erstatta dei med eit mylder av «små» individuelle livsprosjekt.

34

av

gunnar Colbjørnsen aakvaag

Dagens unge, fødde på 1980- og 1990-talet, er den første etterkrigsgenerasjonen som ikkje gjer opprør. Dei gjør heller som mor og far seier. Dei drikk mindre, røykjer mindre, bruker mindre narkotika, trenar meir, stemmer i mindre grad på dei politiske fløypartia og tar meir og «fornuftigare» utdanningsvegar enn generasjonane før. Derfor har eg kalla dei Generasjon Lydig. Det er lett å skjøne at dei unge i dag ikkje gjer opprør. Dei har arva økonomisk tryggleik frå Gerhardsen-generasjonen, antiautoritære institusjonar frå 68’arane og livsstilsfridom frå ironigenerasjonen. Dei har slik sett all grunn til å vere nøgde. All fridommen gjer også at dei opplever eit sterkt sjølvrealiseringspress: Dei må fikse trening, kropp, kjærastar, venner, skole og sosiale medium. Dette legg beslag på tid og energi. Og dei veks opp i ei meir truande verd der finanskrise, miljøproblem og trugsmål mot || vår 2014 ||

velferdsstaten gjer det lurare å vere streit enn opprørsk. Mangelen på ungdomsopprør er likevel eit problem for dagens unge, som ikkje får sett sitt preg på samfunnet. Det er også eit problem for demokratiet, som treng impulsar og engasjement frå ungdommen. Og det er eit problem for samfunnet, ettersom det er dagens ungdom som skal handskast med utfordringane i det 21. hundreåret: global oppvarming og velferdsstatens uvisse framtid i møte med eldrebølgje, migrasjon og tomme oljefat. Vi treng derfor meir opprørsk ungdom med eit kollektivt generasjonsprosjekt. Forsking viser at vi menneske angrar meir på det vi ikkje har gjort enn det vi har gjort. Det ligg an til tidenes 40-årskrise når Generasjon Lydig blir vaksne og ser tilbake på ungdomsopprøret som forsvann.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.