Røde Kors-avisa 1/2016

Page 14

1) PLANLEGG TUREN OG MELD FRÅ KVAR DU GÅR. Planlegg turen etter kva evner gruppa har, og ha alltid fleire alternativ. Sørg for å ha informasjon om turområdet og forholda du skal på tur i. Lytt til erfarne fjellfolk. Sørg for å ha kunnskap og ferdigheiter som trengst for den aktuelle turen. Ta omsyn til naturen. Med god planlegging legg du ikkje igjen spor etter deg. Lag avtalar som ikkje er avhengige av mobildekning og presise klokkeslett.

2) TILPASS TUREN ETTER EVNE OG FORHOLD. Vurder forholda jamleg, og tilpass planane dine etter det. Vis respekt for vêret! Å vere på tur saman med andre gir auka sikkerheit, og nokon å dele opplevingane

med. Er du på tur åleine, ver ekstra varsam. Ikkje legg ut på langtur utan erfaring, du må vere i stand til å ta vare på deg sjølv og dei andre i gruppa. Vis omsyn til andre turgåarar. Kjenn allemannsrettane og pliktene som følgjer med. Sørg for at turgruppa har ein kultur for open og direkte kommunikasjon.

4) VER FØREBUDD PÅ UVÊR OG KULDE, OGSÅ PÅ KORTE TURAR.

3) TA OMSYN TIL VÊROG SKREDVARSEL.

5) TA MED NØDVENDIG UTSTYR FOR Å KUNNE HJELPE DEG SJØLV OG ANDRE.

Bruk alltid vêr- og skredvarsla, og set deg inn i kva det inneber for deg i det området du skal ferdast i. Nytt deg av råda som er knytte til det aktuelle varselet, og vel enkelt terreng når forholda er krevjande. Turvarsla finst her: yr.no, storm. no og varsam.no.

Kle deg etter vêr og forhold. Hugs at vêret skiftar raskt i fjellet. Ta med både ekstra klede, og det utstyret som turen og terrenget krev. Ekstra mat og drikke kan hjelpe både deg og andre dersom du bruker lengre tid enn planlagt eller må vente på hjelp.

På vintertur treng du vindsekk, underlag, sovepose og spade for å klare deg ei natt ute. Vindsekk kan redde liv. Ta med deg noko, som gjer at du lettare blir funnen dersom uhellet er ute, for eksempel refleksvest eller hovudlykt Ha med førstehjelpsutstyr. Det gjer at du kan hjelpe både deg sjølv og andre.

14 2016

2016

Fjellvettreglane


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.