Røde Kors-avisa 2/2018

Page 1

INFORMASJONSAVIS FOR SOGN OG FJORDANE

RØDE KORS-AVISA NR. 2 2018 ÅRGANG 29

Fekk turven

gjennom Røde Kors RØDE KORS-AVISA


INFORMASJONSAVIS FOR SOGN OG FJORDANE

RØDE KORS-AVISA NR.2 2018 ÅRGANG 29

På tur med

besøksven RØDE KORS-AVISA

Røde Kors-avisa Sogn og Fjordane ANSVARLEG UTGJEVAR: Sogn og Fjordane Røde Kors, Langebruvegen 28, 6800 Førde. Tlf. 57 72 31 30. REDAKTØR: Dag Hovland. REDAKSJONSSJEF: Henning A. Hellebust. ANNONSAR: Faktureringsservice Sør AS. FRAMSIDE: Aud og Astrid i Eid LAYOUT/PRODUKSJON: Rein Design. TRYKK: Sogn og Fjordane Avistrykk. OPPLAG: 46 500. TAKK TIL ANNONSØRANE I AVISA! De gjer det mogeleg for oss å nå ut til alle husstandane i fylket med denne informasjonsavisa.

Vinterferie for alle NYE VENER, UTRULEG HØGE FJELL, EIN METER MED SNØ, BRATTE AKEBAKKAR OG SKITUR MED FAMILIEN. – VINTERFERIE FOR ALLE ER VELDIG GØY, OPPSUMMERER ALAN.

2 2018

– Vi to vart jo vener med ein gong vi kom. Det var gøy, seier Alan til Einar. – Ja, det var det, svarar Einar. Dei to har prata, spelt, stått på ski og hange saman sidan dei kom på Vinterferie for alle for eit par dagar sidan. No går dei natursti saman med fedrane sine. – Kven som blir den neste kongen i Noreg? – Kong Harald er no, er han ikkje? – Jau, den neste kongen vert kong Haakon.

HØGT AKTIVITETSNIVÅ

Dei kryssar av i skjemaet og hastar vidare på ski. Føret er skarpt, frosten bit litt i kjakane. Ei bleik vintersol sender lange skuggar i lysløypa, høgt over nordsida av Nordfjorden. Etter å ha svart på alle spørsmåla er det tid for lunsj. – Her kan de ete nista. Bruk ein av spadane til å lage dykk ein benk å sitte på. Så håpar eg at de har lyst til å leike dykk i snøen, her er ein veldig fin bakke, seier Einar Dons Brath ved Stryn fritidssenter, som husar deltakarane og er ansvarleg for aktivitetstilbodet. Dei er om lag femti personar, ti familiar, som har fått tilbodet om ei langhelg, ein ekte

vinterferie, i regi av Røde Kors. Tilbodet er til familiar som har låg inntekt over tid, som elles ikkje har høve til å unne seg noko ekstra, som ferie. Det er kommunale tenester, som skulehelsetenesta, barnevernet eller Nav, som gjer behovsprøvinga og søker om opphald på vegner av familiane.

MOT UTANFORSKAP

– Det er viktig for å kjenne seg som ein del av resten av samfunnet. Viss vi aldri har ferie, så kjenner vi oss litt utanfor, seier frivillig leirsjef i Røde Kors, Berit Flæthe Arntsen. Opphaldet skal gje ungane og familiane kjekke opplevingar saman, opplevingar dei kan vekse på, gode minne. Det sosiale er viktig, deltakarane skal få høve til å danne nye venskap. Aktivitetane skal gje meistring, erfaringar der dei skal få prøve å klare nye ting. – Vi må passe på at alle har det kjekt, at alle trivst og er i aktivitet, ingen skal kjede seg, seier frivillig ferievert i Røde Kors, Magnus Zaza. Han tykkjer det er veldig gjevande å vere med menneske og gje hjelp til dei som treng det.

DELTA PÅ VINTERFERIE FOR ALLE! Er du i målgruppa for Ferie for alle, eller jobbar du med nokon som er det? Vinterferie for alle er 20.–23. februar 2019. Søknadsfrist er 15. januar.

LES MEIR PÅ WWW.RODEKORS.NO/FERIELEIRANE


Ein stad å møtast

Side 6

Kalla inn til konferanse Side 8–9

Tør du bruke den?

Side 17

3 2018

NOKO AV DET KJEKKASTE Alan veit, er å gå på ski. På vinterferie for alle står skiopplevingane i kø. EINAR DONS BRATH ved Stryn fritidssenter syner gode skitips. MAHMOUD, MAGNUS OG ANA, frivillige på Vinterferie for alle. BERIT FLÆTHE ARNTSEN er leirsjef og leiar i Sogn og Fjordane Røde Kors Omsorg. ALAN (T.V.) OG EINAR diskuterer spørsmål på naturstien. I bakgrunnen Alan sin pappa, Miroslaw.


KEN HEINE BAKKE OG VILJAR BAKKE NESSE tykkjer det er kjekt å ta i eit tak for lokalsamfunnet gjennom å vere klar til å hjelpe dei som treng det.

Sikrar opptur

4 2018

DET SLUDDAR SIDELENGS PÅ RAUDMELEN, 970 HØGDEMETER OVER BALESTRAND. NEDE VED KVIKNES HOTELL STÅR EIT 70-TALS LØPARAR KLARE TIL Å SPRINGE OM KAPP MOT TOPPEN, MEDAN EIT PAR HUNDRE MOSJONISTAR ALT ER PÅ VEG. RØDE KORS HAR ANSVAR FOR TRYGGLEIKEN. Det er sundag morgon klokka 08.30, det bøttar ned i Balestrand. Nedanfor den såkalla Ja-steinen slamrar det i bildører. Store sekkar blir løfta ut av bagasjeromma. – Det er vel berre å ta på seg Gore-Texen med ein gong, seier sambandsleiar Reynir Svansson i Balestrand Røde Kors. Han myser mot det låge skydekket over Sognefjorden og trekker hetta over hovudet.

ein som vi tek med på toppen, seier Bakke. Planen er å ha tre sanitetspostar i løypa med to førstehjelparar på kvar. Det skal vere maksimalt ein halv times «utrykkingstid» mellom kvar av dei. Alle skal vere utstyrte med førstehjelpsutstyr og bobleplast og redningsfolie mot nedkjøling. Og sjølvsagt ein god dose kunnskap.

DET FINST IKKJE DÅRLEG VÊR

– Det har vore ein del erfaringar med hjarte­ stopp i motbakkeløp, så hjartestartar er obligatorisk å ta med. Elles så har vi hatt svært lite skadar på Balestrand opp. Det verste er vel ein broten finger, stua anklar og gnagsår, seier Bakke. Følgjet på seks personar beveger seg sakte oppover stien. Det gjeld å ikkje bli våt, korkje frå innsida eller utsida. Det er vanskeleg å hjelpe folk dersom ein sjølv frys. Dei første mosjonistane er alt i løypa, men målgang for dei er flytta litt lenger ned i fjellet, til Buråsi, fordi det er våtare og kaldare på toppen enn kva ein ønskjer å utsette folk for.

Uansett vêr, mosjonsklassen på motbakke­ løpet Balestrand opp byrjar å gå om ein halv time. Klokka 12.30 startar konkurranse­ klassa. Balestrand Røde kors Hjelpekorps har tatt på seg ansvaret for sanitet og trygg­leik. Så no er det berre å komme seg av garde. – Kan du ta spjelkesettet i sekken? spør operativ leiar Ken Heine Bakke og held opp ein sekk med utstyr ein kan bruke ved brot. – Ja, det kan eg. Har vi hjartestartar og førstehjelpssekk? spør Viljar Bakke Nesse. – Ja, vi har ein hjartestartar i bilen som skal følgje løparane det første stykket, og

HJARTESTARTAR OBLIGATORISK

– Eg har med meg ein presenning, så eg skal lage til ein gapahuk, seier Svansson. Han og Tommy Sværen Ese har stoppa opp ved Orrebenken, ein stad der balestrendingane går for å nyte utsikta over eiga bygd. Her er første sanitetspost – med tak over hovudet. Dei sjekkar at dei har radiosamband før resten av følgjet held fram oppover. Turen går i godt merkte løyper, forbi Appelsintreet, over kloppelagde myrer, drikkepause på Klukshaug, vidare oppover «skvisje-våte» stiar til Buråsi. Dei første mosjonistane er alt der, men dei ser ikkje ut til å lide anna naud i regnet enn at dei har raude kjakar og store smil. Nokon vil visst halde fram til toppen i alle høve, for å sjå konkurranseklassa komme i mål.

RIKELEG MED BYTEKLE

– Har de masse heite ting med dykk no? spør Bakke dei som skal stå att. – Eg har med rikeleg med tørre bytekle, men hadde ikkje rekna med at det var så mykje folk her alt, seier Terese Solvorn og


SOM SANITETSVAKT lærer ein fort å ta i eit tak for arrangøren. Her lagar dei til telt til sekretariatet. REYNIR SVANSSON (frå venstre), Ken Heine Bakke, Viljar Bakke Nesse, Tommy Sværen Ese, Terese Solvorn og Kari Bolstad klare for sanitetsvakt på Balestrand opp. KARI BOLSTAD OG TERESE SOLVORN passerer Appelsintreet. MÅLGANG er rett inn i den oppvarma dagsturhytta Baly. Litt surt utanfor, men råd å få skifta til tørre klede inne. SAMBANDSLEIAR REYNIR SVANSSON (t.v.) skal halde stand på Orrebenken. Her testar Ken Heine Bakke sambandet.

ser seg rundt medan ho latar som ho vrir av seg kleda på overkroppen. – Vi snakkast på sambandet når vi er oppe, seier Bakke. Han og Nesse skal ta vakta på toppen, og etterlet seg Solvorn og Kari Bolstad til å ta seg av mosjonistane som kjem i mål på Buråsi. Ein time før starten på konkurranseklassa når Bakke og Nesse toppen. Det ryk frå pipa på dagsturhytta Baly, og dugnadskar­ ane Einar Målsnes og Jørgen Hundseth jobbar med å sette opp målseglet. Medan arrangørane prøver å få høgtalar­ anlegget og tidtakarteknikken til å verke i budleregnet, førebur hjelpekorpsarane seg på mogelege oppgåver dei kan få. – Vi får vere lett tilgjengelege samtidig som vi ikkje går i vegen. Er det nokon som er meir alvorleg skada, må vi helst kunne skjerme dei, seier Bakke, og avtaler med arrangør at i så fall må dei kunne ta folk inn i hytta.

FØRSTEHJELPSUTSTYR

Han tek ut førstehjelpssekken og går over utstyret. – Langstrekkbandasje, pustemaske, tape, gnagsårplaster, spjelk, ekstra batteri, varmepose, kompress, plaster, is ... kanskje ikkje det mest aktuelle i dag. Bakke og Nesse pakkar seg inn med det dei har av vasstette klede, vottar, huer. Då starten på konkurranseklassa skal gå, vekslar det mellom snødrev og lett yr. Tåke­ bankane driv forbi mellom toppen av fjellet og fjorden. Trimmarar som alt har kome opp og ventar på konkurranseklassa, står og

– VI FØLER OSS VIKTIGE NÅR VI GJER DETTE. VI HJELPER TIL DER DET TRENGST, MEN HAR FØRST OG FREMST ANSVAR FOR SANITET OG TRYGGLEIKEN FOR DEI SOM ER MED. Ken Heine Bakke, operativ leiar Balestrand Røde Kors Hjelpekorps

trippar for å halde varmen. – Ja, her oppe er det lett vind no, lite grann yr i lufta, ikkje så gale. Her strøymer trimmarar oppover. Nokon har vore inne og varma seg og gått ned att. Akkurat no er det fine forhold her, seier den evig positive speaker Einar Målsnes på samband ved startområdet. Starten går. Bakke og Nesse nyttar ventetida til å fylle på med varm drikke og litt mat. Det tek ikkje lange tida før Svansson på Orrebenken melder at førstemann har passert dei. Eit kvarter seinare høyrer dei det same frå Buråsi. Etter knappe 40 minutt dukkar leiar av løpet, Øyvind Sundby, opp i bakken nedanfor, berre iført ei tynn t-skjorte og kortbukse. – Berre eit lite stykke att no. Vi heiar han i mål, ropar speaker Målsnes.

LITE Å GJERE – MEN VIKTIG

Så kjem dei, den eine meir tynnkledd enn den andre, heseblesande over målstreken. Gjennomvåte og innsmurte av gjørme opp-

etter beina. Eit lite, men entusiastisk publikum heiar på desse nokon og 70 mest ivrige løparane. Og førstehjelparane har lite eller ingen ting å gjere. Etter at dei har fått att pusten, er deltakarane berre store glis, som har fått på seg tørre klede dei har hatt med seg i den obligatoriske sekken. Så folk har vore godt budde og forsiktige. – Vi føler oss viktige når vi gjer dette. Vi hjelper til der det trengst, men har først og fremst ansvar for sanitet og tryggleiken for dei som er med. Eg reknar med at slike løp ville vere vanskeleg å halde utan oss. På slike dagar er det ikkje alltid det kjekkaste oppdraget, men det gjev viktige inntekter til hjelpe­korpset, slik at vi til dømes kan kjøpe nytt utstyr eller ta fleire kurs, seier Bakke.

FAKTA • Eit ukjent tal idrettsturneringar, mot­ bakkeløp, skirenn, konsertar og festivalar leiger inn Røde Kors Hjelpekorps som sanitetsvakter til å ta seg av skadar som oppstår når mykje folk er samla for å utøve idrett eller feste. • Frivillige i Røde Kors Hjelpekorps har minimum 33 timar kursing i førstehjelp, i tillegg til øving, repetisjon og erfaring. • For å bli hjelpekorpsar må du bestå ein teoretisk og praktisk test i førstehjelp – kvart tredje år. • Sanitetsvakt er eit viktig inntektsgrunnlag for drift av hjelpekorpsa.

5 2018


INGEBJØRG ØREN, KARI BLÅFLAT OG JWAD ALTAIR diskuterer livet i Lærdal. KJEKK MØTEPLASS, tykkjer Hassan Saleh Alaajam (t.v.), John Bøthun Liøen og Dawit Weldekidan Manna, dei to sistnemnde er flyktningkonsulentar i Lærdal. SHKAR ER MED PAPPA Lokman Abolmohamadi på kafé. Bak pratar Marianne Øren og Shadan S. K. Abdalla.

6 2018

Ein stad å høyre heime ANNANKVAR ONSDAG SAMLAR INNFLYTTARAR OG INNFØDDE I LÆRDAL SEG I EIT LITE, KVITT TREHUS PÅ ØYRI FOR Å BLI BETRE KJENDE. Det luktar nybakt eplekake. Kari Blåflat står bak disken og deler ut rause stykke til gjestene. – Eg har bakt med eigne summer redeple. Det ser ut til å vere populært, smiler ho, og skjenker kaffi til ein gjest. Det vesle lokalet rommar lærdølar, kurdarar, syrarar og fleire andre nasjonalitetar. Det er ikkje så mange møteplassar mellom flyktningar i introduksjonspro­ grammet og lokalbefolkning – i Lærdal er dette den einaste. Oppskrifta er enkel – ein open møteplass med ein gratis kaffikopp og noko å bite i. Fast opningstid. Inkluderande frivillige som syter for at du kjem i prat, uansett kva bakgrunn du har.

SKAL FØLE SEG VELKOMNE

– Det er viktig at vi tek godt i mot alle som kjem hit, at dei finn seg til rette hjå oss og føler seg velkomne. Dei skal jo bu her, nokon kanskje resten av livet, så då må dei jo bli ein del av bygda, seier Blåflat. Ho er flyktningguide i Røde Kors, og frivillig kafévert på det nystarta tiltaket.

Det byrja med at Røde Kors hadde eit møte med flyktningtenesta og frivilligsentralen, der det kom fram at behovet for eit sosialt tilbod, spesielt for flyktningar i introduksjonsprogrammet, var stort. – Vi fann ut at vi skulle starte kafé, så ein har ein stad å møtast av og til. Både flyktningar og bygdefolk, seier flyktningguide­ koordinator i Lærdal Røde Kors, Bjørn Skalle, noko som vert stadfesta av flyktningkonsulent i Nav Lærdal, John Bøthun Liøen. – Vi er sosiale dyr. Ein møteplass er viktig for tilhøyrsle, integrering og trivsel, seier han.

KJEND MED NYE FOLK

På barkrakkane ved disken sit lærdølen Ingebjørg Øren og syraren Jwad Altair i tett samtale med Kari Blåflat. Ingebjørg er innom for første gong. Altair har delteke sidan det opna. Han set stor pris på tilbodet. – Fredag er det konsert, då skal Ingebjørg og eg synge med koret. Det er veldig kjekt om du kjem, seier Blåflat.

Han nikkar og smiler og takkar for tilbodet. Han trur han veit kvar det rosa samfunnshuset er. – Det er veldig bra og snille folk i Lærdal, men det er jo sjølvsagt veldig forskjellig frå Syria. Det vanskelegaste er at ein møter så lite folk her, samanlikna med det eg er van med, seier han. – Det er hyggeleg at me har slike møteplassar, då. Det er veldig koseleg at folk kjem i hop, blir kjent med nye folk og lære seg nye ting, seier Øren, som seier at ho nok kjem til å komme tilbake.

SPRÅK AVGJERANDE

Også kurdaren Lokman Abolmohamadi har teke turen innom kafeen med familien sin. Ungane leikar på golvet, medan han tek seg ein kaffi. – Det er bra for språkpraksisen å komme her. Eg trur det er litt kjedeleg for norske å snakke med dei som kan lite norsk, så det er viktig å lære seg språket skikkeleg. Det er avgjerande for oss når vi skal finne jobb og vere sjølvstendige etter introduksjonsprogrammet, seier han.


DISTRIKTSTILLITSVALDE I SOGN OG FJORDANE RØDE KORS LEIAR:

LEIAR

SYNØVE SANDE Svelgen 907 26 012 sysande@enivest.net

SYNØVE SANDE Distriktsleiar i Sogn og Fjordane Røde Kors

NESTLEIAR: ARVE SANDAL Førde 481 67 060 arve.sandal@enivest.net

SIGURD STRAND

EIT SYNLEG RØDE KORS

Olden 915 97 871 sigurd.strand@enivest.net

Vår jobb er å avdekke, hindre og lindre menneskeleg naud og liding. For å klare det, må innbyggarane kjenne til kva vi står for, kva vi gjer, og kven vi er til for på deira heimstad. Gjer vi det ikkje kjent, stoppar rekrutteringa, samarbeid med styresmakter og sponsorar vert meir krevjande, og dei vi er til for, kan gå glipp av viktige tilbod.

MARIANNE LOFTESNES Sogndal 416 33 016 mloftesnes@gmail.com

Synlegheit handlar om veldig mange ting, som leiarar som står fram, frivillige som snakkar varmt om føremålet vårt til vener, å stå på stand, selje lodd, bruke uniform, oppdatere Facebook-sida, ringe lokalavisa. Det du held i handa, Røde Kors-avisa, er også eit slikt tiltak.

MARIT KVALEN Luster 950 02 065 ma-kvale@online.no

Etter at vi gjekk i trykken første gong i 1989, er medieverda revo­ lusjonert. Ifølgje medienorge.no er 90 prosent av innbyggarane innom nettet dagleg, færre og færre les papiravis. Det er ein av grunnane til at vi har stilt oss spørsmålet om to papirutgjevingar årleg er det som gjev størst synlegheit og humanitært utbyte. Svaret er nei.

RUTH F. FOSSEN Gaular 91 64 46 21 ruthff@online.no

PER I. RIMMEN

No kan vi nå konkrete målgrupper på nett med bilete, tekst og levande film kvar dag heile året – ikkje minst dei som skal sikre vår langsiktige utvikling: dei yngre. Vi har difor valt å prøve ei stund der vi vrir meir ressursar over på å gjere akkurat det. Dessutan skal vi hjelpe lokalt Røde Kors å bli endå meir synlege i sitt lokalmiljø, forhåpentlegvis også i di lokalavis. Er du ein av våre medlemmer, kan du dessutan vente deg eit årsmagasin på vårparten.

Flora 97 17 64 79 per.i.rimmen@gmail.com

DISTRIKTSRÅDSLEIAR OMSORG: BERIT FLÆTHE ARNTSEN Lavik 481 28 842 berit.arntsen@gmail.com

Då vil eg berre få invitere deg inn på våre nettsider, Facebook, Twitter og Youtube-kanal. Vi sjåast der!

DISTRIKTSRÅDSLEIAR HJELPEKORPS: ANITA KRISTIN VIK Stryn 902 20 299 anit-vi@online.no

Synøve Sande

DISTRIKTSRÅDSLEIAR UNGDOM: JON ATLE RISE

rodekors.no/sfj

youtube.com/sfrodekors

@sfrodekors

@sognfjordaneRK

Svelgen/Bremanger 902 83 890 jonatle@hotmail.com

TILSETTE VED DISTRIKTSKONTORET

DAG HOVLAND Dagleg leiar 908 94 974 dag.hovland@ redcross.no

IRENE GRØNENG Prosjekt­ medarbeidar 953 00 131 irene.groneng@ redcross.no

THOR ERLEND MEHAMMER Ungdom 971 48 908 thor.mehammer@ redcross.no

HENRIETTE SOLHEIM Omsorg 915 99 415 hensol@ redcross.no

BRITT TJØNNELAND Hjelpekorps 916 62 513 britt.tjonneland@ redcross.no

HENNING A. HELLEBUST Kommunikasjon 900 58 669 henhel@ redcross.no

PÅL DAHL Lokalforeining, beredskap 907 26 095 pal.andreas.dahl@ redcross.no

VEBJØRN STURE Lokal kapasitet 924 16 527 vebjorn.sture@ redcross.no

JON LANGELAND THOMSEN Migrasjon 482 48 184 jon.langeland.thomsen@ redcross.no


DET FINST HÅP FOR ALLE DEI UNGE SOM SLIT MED PSYKISKE VANSKAR. PÅ KONFERANSEN «SMERTA EIN IKKJE SER», FEKK BÅDE DEI SOM TRENG HJELP, OG DEI SOM SKAL HJELPE, GODE RÅD.

Håp og løysingar for unge som slit JULIE ER PROFF ved Forandringsfabrikken, og er opptatt av at folk i hjelpeapparatet må møte dei som treng hjelp, med hjartet først.

8 2018

– Kva er eigentleg problemet? spurde leiar i Røde Kors Ungdom, Jon Atle Rise, dei om lag 300 frammøtte i Sogndal kulturhus. Så la han fram statistikk frå ungdata.no om nokon av problema unge slit med i trivselsfylket. • 11 prosent av ungdomsskuleelevane i fylket er plaga av depressive symptom. • 17 prosent kjenner seg einsame. • 9 prosent seier at dei ikkje har ein nær ven dei kan stole på. • 8 prosent seier at dei vert mobba. • 14 personar tok sjølvmord i fylket i 2016, truleg prøvde tidobbelt så mange (fhi.no). • 1600 ungar veks opp i familiar med varig låg inntekt (bufdir.no). – Det heiter seg at ein god oppvekst varer livet ut. Kva med desse som eg nemner her? Skal dei ikkje ha ein god oppvekst? Vi må handle raskt og rett, for å sikre at alle kan få ein god barndom og eit godt liv, sa Rise, før han gav ordet til Inge Nordhaug ved

Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS).

KVA ER BAK MASKA?

Nordhaug snakka om kva vi ser og gjer i møte med unge som slit, kva som er bak maska. Han minte om at ingen får til dette livet perfekt. Alle har ei psykisk helse, og jobbar med å handtere tankar og kjensler rundt det som skjer, åtferd og kropp. Psykisk uhelse handlar om vanskar med å handtere dette. – Tankearbeidet kan ofte vere vår fiende. Ein viktig kunnskap er at de ikkje er lik tankane dykkar. Prøv å ta eit steg til side, sjå på tankane og spør: Kva er det eg tenkjer no, tru? Veldig mange finn god hjelp i den måten å tenke på rundt tankekøyret, så tanke­køyret ikkje blir farleg, forklarte han. Kva seier dei unge sjølv? I over ti år har Forandringsfabrikken henta inn kunnskap frå barn om korleis hjelpesystem og skula­r vert opplevd for dei. Over 7000 barn er

spurde, og deira svart vert summerte som kunnskap frå barn. Nokon av desse vert såkalla proffar. Ein proff er ein som har erfaring frå hjelpesystema, som på det grunnlaget deler erfaringar og gjev råd.

HELSEMINISTER FOR EIN DAG

– Eg vart spurd om kva som var bra, og kva som burde endrast på, store spørsmål, som kva eg ville gjort viss eg var helseminister for ein dag. Forandringsfabrikken såg på meg som ein rådgjevar, ein ressurs. Vi treng kunnskap frå fagfolk og forsking, men det er veldig tynt med kunnskap frå barn og unge. Det treng vi for å lage gode tenester, seier Julie, proff for Forandringsfabrikken. – Svara våre vert brukt i utviklingsarbeid, til dømes korleis BUP skal vere i Norge. Det er sterkt å samarbeide med fagfolk, at dei tek vår kunnskap på alvor. Det er heilt sykt, kven skulle tru at ungdom sit og jobbar med å få endre lova? spør ho, og legg ikkje skjul på at ho har fått eit nytt syn på seg sjølv, frå

INGE NORDHAUG ved RVTS gav publikum innsyn i kva som kan vere bak maska. FORANDRINGSFABRIKKEN saman med arrangørane frå Røde Kors.


VIL DU ENGASJERE DEG LOKALT? TA KONTAKT!

ASKVOLL

LINDA KARIN SOLHEIM 975 92 327 l-ka-sol@online.no

BALESTRAND

ANITA HJØNNEVÅG 412 34 039 anhjoen@icloud.com

GAULAR

SVELGEN-BREMANGER

JAN BØRGE MONSEN 401 64 662 janbmonsen@gmail.com

GULEN

FJALER

JOFRED ÅSNES 911 72 164 joaasnes@online.no

HORNINDAL

FLORA

BJØRN SVARDAL 948 12 675 bjosvar@online.no

HYLLESTAD

AURLAND

GUNNAR SKAHJEM 913 74 994 gskah@online.no

FØRDE

NORVALL NØRINGSET 950 38 575 norvalln@gmail.com

HØYANGER

9 å vere ein med ei diagnose, til å vere ein som har kunnskap. Saman med fire andre ungdomar som har erfaring frå barnevern, psykisk helsevern eller andre hjelpesystem, gjekk ho framfor publikum og snakka om sine erfaringar, og gav råd til korleis ein kan møte og hjelpe unge som slit.

KUNNSKAP FRÅ BARN

Ungdomane hadde ulik bakgrunn og ulike møte med hjelpeapparata, men alle var opptatt av at personar som hadde møtt dei som medmenneske, som hadde vågd å spørje dei korleis dei eigentleg har det, som hadde gitt uttrykk for at dei brydde seg, det var dei som gjorde ein forskjell. Nokon av hovudsvara frå proffane dreier seg om at: • Det er viktig å bli møtt som med­menneske, ikkje som ei diagnose. • Det er viktig å bli møtt med kjærleik, med hjartet. • Anerkjenn barn sine kjensler, sjølv om dei er store og uforståelege. • Vaksne må vere modige og stille dei vanskelege spørsmåla, ikkje gje opp. • Openheit og audmjukheit er viktig for tillit. • Samarbeid og medverknad er skaper tryggleik.

SJÅ VIDEOKLIPP

frå «Smerta ein ikkje ser» på nettsida www.rodekors.no/seis_sogndal

LEIF BELL 917 17 741 leifbell@hotmail.com

JØLSTER

MARGRETHE SKÅDEN 481 20 586 margresk@online.no

LUSTER

ANN-HELEN LUNDAL Jølster Røde Kors 415 88 941 ah.lundal@yahoo.no

LINDA GOLDMANN 470 13 690 mailtogoldmann@ yahoo.no

OLDEN

SOGNDAL

SIGURD STRAND 915 97 871 sigurd.strand@ enivest.net VÅGSØY

OLE MIDTGÅRD 900 52 994 o-mid@frisurf.no

ODD RUNE VIKHEIM 908 91 217 odd.rune.vikheim@ nortura.no GLOPPEN

MERETE MINDRESUNDE 473 03 240 mmindresunde@ gmail.com

KRISTI MULDSVOR 991 68 595 kristi.muldsvor@ hotmail.com LÆRDAL

MONIKA LYSNE 905 16 686, 57 66 62 48 monika.lysne@ laerdal.kommune.no STRYN

PER EILERT OMMEDAL 900 68 647 post@essostryn.no

LEIKANGER

KNUT HENNING GREPSTAD 958 00 153 khgrepstad@gmail.com

JAN ARVID STØYVA 908 77 410 jan.arvid.stoyva@ enivest.net NAUSTDAL

GRO HAUGNES 951 60 408 grohaugnes@ hotmail.com

VIK

DARIUSZ HAUDEROWICZ 411 04 713 post@rkvik.no SELJE

ARNE HELGE SELJEN 975 41 398 ahseljen@enivest.net

GAUTE PEDERSEN HAUGEN 404 75 012 gaute.haugen@ rodekors.org EID

ARE HAAVARD FAGERLI 913 69 244 are.fagerli@rodekors.org

VIKANE

GRETHE G. HILDE 994 28 109 grethe.hilde@enivest.net

ÅRDAL

PATRICIA SEGLEM LÆGREID 918 79 729 patriciasl1951@ gmail.com

2018


ASKVOLL

BREMANGER Bremanger Hamn

Granden 6723 SVELGEN Tlf. 57 79 63 00 Røyset 6988 ASKVOLL Tlf. 57 73 07 00 askvoll.kommune.no

Askvoll Veterinærkontor Sentrum 6980 ASKVOLL Tlf. 481 27 075

Evas Naturterapi

Påskehaugen 1 6986 VÆRLANDET Tlf. 57 73 12 01

6721 SVELGEN Tlf. 57 79 63 00

bremanger.kommune.no

Kaia Mat og Service AS Kalvåg Amtskaia Tlf. 57 79 10 10

Knut Kjørslevik Erlevegen 15 6723 SVELGEN Tlf. 905 06 929

Spar Bremanger O. Håvardstun AS

Joker Bulandet 6987 BULANDET Tlf. 57 73 21 44

10

6727 BREMANGER Tlf. 57 79 13 08

FJALER

2. etg Dale Senter

6963 DALE I SUNNFJORD

Tlf. 476 77 900

Fjaler kommune

Fjalerhuset

6961 DALE I SUNNFJORD

Tlf. 57 73 80 00

Hafs Betongbygg 6963 DALE I SUNNFJORD

Tlf. 906 21 968

Hauge Shipping AS 6968 FLEKKE Tlf. 416 22 253

6734 RUGSUND Tlf. 57 79 60 40

6963 DALE I SUNNFJORD

Tlf. 992 29 248

Joker Grytøyra

6967 HELLEVIK I FJALER

Aurland Bil og Maskin AS

Alsaker Hytteutleige

Rådgivande Agronomar AS

2018

Verpevika 3 6908 FLORØ Tlf. 976 65 590

Høgebakkane 11

Tlf. 57 73 75 01

6770 NORDFJORDEID

Tlf. 57 86 02 09

Folkestad 6964 KORSSUND Tlf. 57 73 77 90

Bil og Hydraulikk AS

Ingolf Viken AS

Øyane 4

6770 NORDFJORDEID

Professor Gjelsvikveg 20

6900 FLORØ Tlf. 57 75 66 60

Marø Havbruk AS

6914 SVANØYBUKT Tlf. 57 74 87 41

NBN elektro AS Markegata 63 6901 FLORØ Tlf. 57 75 28 00

Sjøtjenester Florø AS Krokåsen 17 6908 FLORØ Tlf. 976 75 889

Tlf. 902 05 061

Tlf. 57 86 13 71

6770 NORDFJORDEID

Tlf. 57 86 28 51

FLORA

6917 BATALDEN Tlf. 57 74 54 22

Byggservice AS

BALESTRAND Kviknes Hotel

6898 BALESTRAND Tlf. 57 69 42 00

Midtnes Hotel 6898 BALESTRAND Tlf. 57 69 42 40 post@midtnes.no www.midtnes.no

Øyane 12

6770 NORDFJORDEID

Tlf. 57 86 47 60

Eikås Tannlegesenter AS

6771 NORDFJORDEID

Tlf. 57 86 06 71

6899 BALESTRAND Tlf. 57 69 48 00

Sæle Sag A/S

Sæle 6899 BALESTRAND Tlf. 57 69 29 40

Storehagen 7 6800 FØRDE Tlf. 57 82 62 09

Førde gjestehus og camping Kronborgvegen 44 6813 FØRDE Tlf. 468 06 000

Førde kommune

Øyrane 4 6800 FØRDE Tlf. 415 34 245

Førde Sementvare AS Tlf. 57 74 55 20

6802 FØRDE Tlf. 57 83 09 00

6770 NORDFJORDEID

Ytrehornsvegen 6763 HORNINDAL Tlf. 57 87 98 00

Byggmester

Gloppen Camping og Fritidssenter A/S

Pe Be Klær A/S

Stølsvik AS Flatene 1 6814 FØRDE Tlf. 57 82 90 50

Hamregata 34 6900 FLORØ Tlf. 57 74 07 30

ANONYM STØTTE

Naustdalsvegen 1 B Tlf. 57 83 71 00

Steinav. 10 6802 FØRDE Tlf. 57 82 26 30

Brendeholten 64 6800 FØRDE Tlf. 992 60 962

Tilbygg, Nybygg, Ombygging, Vedlikehold og Kjøkkenmontør

Sunnfjord Betong A/S

Hafstadvegen 31 6800 FØRDE Tlf. 57 82 24 33

Sanderplassen 7 6813 FØRDE Tlf. 57 72 18 00

Fjærevegen 9 Tlf. 57 72 38 50

Mobil: 907 82 527 www.arki.no

Firdavegen 5 Tlf. 904 06 622

Fjordane Varmepumpeservice AS

Langebruvegen 19 Tlf. 57 82 62 35 www.arnesfrisor.no

Systaddal

Brulandsvegen 150 6813 FØRDE Tlf. 57 72 22 90

Væreide 6823 SANDANE Tlf. 57 86 80 40

Sandane Gjestehamn

Grandavegen 9 6823 SANDANE Tlf. 57 88 38 00

Halbrendsøyra 6 6800 FØRDE Tlf. 57 82 01 76 www.bilpleiehallen.no

GULEN

Langebruv. 22 Tlf. 57 83 07 40

Flora hamn KF Fugleskjærskaia 6901 FLORØ Tlf. 913 18 000

Hafstad Trevare A/S

Sanderplassen 4 6813 FØRDE Tlf. 57 82 18 82

Flovegen 4 6800 FØRDE Tlf. 57 72 55 90 www.comfort.no

Bjørkhaug Maskin AS 6947 LAVIK Tlf. 906 66 540

Førde 5962 BJORDAL Tlf. 57 71 01 24

hoyanger.kommune.no

Byrknes Landhandleri AS

Høyanger vidaregåande skule

Søre Garden 4 5970 BYRKNESØY Tlf. 57 78 22 02

6991 HØYANGER Tlf. 57 71 15 00

Hjetland 1 6993 HØYANGER Tlf. 57 63 78 00

Hans Hygensgate 13 6993 HØYANGER Tlf. 975 05 780 Sløvågen 2 5960 DALSØYRA

Tømrer Ole Arve Indrebø

ANONYM STØTTE

Hafstadv. 49, 6800 FØRDE Tlf. 57 63 75 00 - www.hafstad.vgs.no

Tlf. 57 86 04 44

HØYANGER

Lihaugen 14 5960 DALSØYRA Tlf. 57 78 31 55

5966 Eivindvik

Alt innan Tømrerarbeid.

482 37 782

Skjerjehamn As Skjerjehamn 5977 ÅNNELAND Tlf. 954 22 033

Tveita Mat

Eivindvikvegen 1054 5966 EIVINDVIK Tlf. 57 78 40 00

Wergeland Holding AS

6770 NORDFJORDEID

Tlf. 976 62 531 -din lokaltømrar

Transportforretning

Magnar Brosvik

Folk Frisør AS

Vadheimsvegen 19 6973 SANDE I SUNNFJORD Tlf. 459 78 785

Opningstid 08:00 - 15:00

Coop Mega Førde

6953 LEIRVIK I SOGN

Egil Førde

Tlf. 970 94 716 www.halsvik-sos.com

Vadheimsvegen 55 Tlf. 478 16 000

Markeg 65 6900 FLORØ

Tømrer

Nordfjord Folkehøgskule SA

Mårvegen 3 6973 SANDE I SUNNFJORD Tlf. 948 02 298

Sjøgata 21

6777 STÅRHEIM Tlf. 57 86 14 79

Krånavegen 15 6823 SANDANE Tlf. 57 86 56 66 www.mobelringen.no

GAULAR

Sjøkanten Cafè

Stårheim Bygg AS

HYLLESTAD

O D Bygg AS

Arnes Frisørhjørne

Bruland Pallefabrikk AS

6763 HORNINDAL Tlf. 57 87 95 05

Møbelringen Sandane AS

ARKI arkitektar AS

Tannlegekontoret Heggernes/Lunde AS

Tlf. 57 75 73 00 www.firdaposten.no

6823 SANDANE Tlf. 57 86 62 14

Hornindal kommune

RuneSundBygg

Storehagen 2, 6800 FØRDE Tlf. 57 83 40 50

6770 NORDFJORDEID

Andor Hovden AS

6823 SANDANE Tlf. 57 86 61 35

Storehagen 2 Tlf. 57 83 40 00

Førde SPA og Helse AS FØRDE

Hornindal

6761 HORNINDAL Tlf. 57 87 84 10

Evebø Blikkenslagerverksted

Trapp Ned

Hopen 6940 EIKEFJORD Tlf. 57 75 25 90

6826 BYRKJELO Tlf. 57 86 73 49

HORNINDAL

Scandic Sunnfjord Hotel og SPA

Førde Motorsport AS

Espe

Tlf. 57 86 23 11

Firdav. 6 6800 FØRDE Tlf. 57 83 24 00

Steinvik Fiskefarm AS

Bjarne Espe Trevarefabrikk

Tlf. 57 86 20 90

Nessemaskin A/S

Tannlege

Terje Fjellestad

Byrkjelo Bygg og Snikkarverksemd

Førde Stål as

Brødrene Havbu Sønnerheim A/S Eid Betong AS Batalden Store Batalden Skulevegen 51 5745 AURLAND Tlf. 57 63 34 74

Firdavegen 12 6800 FØRDE Tlf. 57 83 33 00

Nils J. Nordang Bygningsingeniør

Hornnes Næringspark 6803 FØRDE Tlf. 57 82 25 00

Moengården

6770 NORDFJORDEID

Storehagen 4 Tlf. 57 72 50 00

GLOPPEN

Hafstadv. 42 Tlf. 57 72 20 00

Chatlet Sport Helabrotet 1 Tlf. 57 63 26 00

ANONYM STØTTE

FØRDE

6900 FLORØ Tlf. 57 74 09 30

6961 DALE I SUNNFJORD

Tlf. 57 86 08 88

FØRDE

Innvandrar-senteret i Flora KF

Advokatene

EID

Rådhuset 5745 AURLAND Tlf. 57 63 29 00

Geir`s Trafikkskole AS

Maskinentreprenør K. Strømmen A/S Atle og Arild Standal Lakseoppdrett A/S Kåre Haaland Magnus Thingnæsg. 20 Håland

AURLAND Onstadvegen 5 5745 AURLAND Tlf. 57 63 35 10

FLORA

Aase Landbruk AS

Halbrendsøyra 7 Tlf. 57 83 08 50

6973 SANDE I SUNNFJORD Tlf. 57 71 64 40

Gulafjordvegen 75 5960 DALSØYRA Tlf. 57 78 18 00

Wergeland Holding AS

Gulafjordvegen 75 5960 DALSØYRA Tlf. 57 78 18 00

Per A. Øren Transport AS

6993 HØYANGER Tlf. 57 71 45 00

JØLSTER ARKO

6847 VASSENDEN Tlf. 57 72 84 80

Skei i Jølster Ospene 12 Tlf. 57 72 81 22

ANONYM STØTTE Skei Servicenter AS 6843 SKEI I JØLSTER

Tlf. 57 72 82 34


LEIKANGER

Leikanger kommune Skrivarvegen 7 6863 LEIKANGER Tlf. 57 65 56 00

leikanger.kommune.no

Sognefjord Hotell AS

NAUSTDAL

SOGNDAL

Maskinentreprenør

Bruhaug El-Service ANS

Arve Hogne Bjørkelund Kvame 6817 NAUSTDAL Tlf. 918 59 933

Naustdal Elektro AS

Tunavegen 1 6817 NAUSTDAL Tlf. 57 81 93 69

Bordvegen 3 6854 KAUPANGER Tlf. 57 67 26 50

SOGNDAL Meny Sogndal Hovevegen 8 Tlf. 57 67 69 50

Byggmeister Tore Hovland AS Vangestadvegen 11 6854 KAUPANGER Tlf. 57 67 84 86

Tunavegen 6 6817 NAUSTDAL Tlf. 57 81 61 00

Reiakvam Rørservice

Reiakvam 6817 NAUSTDAL Tlf. 57 81 95 70

Sogn AS Audun Hundere A/S Nordbohus Bordvegen 17 6851 SOGNDAL Tlf. 57 62 79 79

6854 KAUPANGER Tlf. 57 67 23 44

Capilli Frisør Sogndal AS

Roald Øen AS

Hovevegen 10 6856 SOGNDAL Tlf. 56 53 06 20

Ingemar Lending Bygg og Vedlikehold

Alternativ Bil as

Hardbakke Hamn

6896 FRESVIK Tlf. 57 69 83 00

6859 SLINDE Tlf. 916 38 368

Solund Rorbuferie AS

Esso Stryn Tlf. 57 87 14 11

Fjordstova

6876 SKJOLDEN Tlf. 57 68 67 44 Mobil 976 55 147

Rådhusvegen 6868 GAUPNE Tlf. 992 06 110 www.gaupnetunet.no

Jostedal Hotell

Jostedalsvegen 3055 6871 JOSTEDAL Tlf. 57 68 31 19

Luster Tannklinikk AS Øyagata 7 6868 GAUPNE Tlf. 57 68 10 00

6740 SELJE Tlf. 57 85 65 45

Selje Auto AS

Einar Dalaker

Selje Taxisentral

6740 SELJE Tlf. 57 85 64 86

StadSurfing AS Hoddevik 6750 STADLANDET Tlf. 57 85 69 44

6870 ORNES Tlf. 57 68 39 30

1-2-3 Opplæring AS Granden 4 6856 SOGNDAL Tlf. 982 23 456

Fimreite Bergboring AS Tlf. 465 81 000

Ta kontakt for GRATIS synfaring og tilbod!

ANONYM STØTTE

Kloppavegen 4 6854 KAUPANGER Tlf. 952 21 050

Valeberg 6854 KAUPANGER Tlf. 57 67 84 46

Fossetunet 4 6856 SOGNDAL Tlf. 57 67 18 85

Tang Hyttegrend 6869 HAFSLO Tlf. 57 00 41 24

6893 VIK I SOGN Tlf. 57 69 57 55

6718 DEKNEPOLLEN Tlf. 476 80 100

Bøabakkane 3 Sætre 6783 STRYN Tlf. 412 06 006

Tistel Camping og Feriehytter

U N U A/S

6893 VIK I SOGN Tlf. 57 69 54 79

Rema 1000 Sogndal

Vik Bil A/S

6893 VIK I SOGN Tlf. 57 69 84 00

SOLUND

Stedjevegen 37 Tlf. 57 67 31 27

LÆRDAL Kjørnes Camping AS

Hansegardsvegen 1 6887 LÆRDAL Tlf. 57 66 79 00

Joker Ljøsne

Lærdalsvegen 1140 Tlf. 57 66 91 05

Kjørnes 6856 SOGNDAL Tlf. 975 44 156

Arkitektkontoret 4B AS

Kyrkjev 6, 6856 SOGNDAL Tlf. 57 62 77 50 post@arkitektkontoret4b.no

Gate 1 nr 64 Tlf. 57 84 50 00

ÅRDAL

Bordvegen 6 6854 KAUPANGER Tlf. 57 67 11 11

Sogndal Taxisentral

Almenningen 6856 SOGNDAL Tlf. 57 67 10 00

Joar Solberg Trafikkskule Parkvegen 5 6856 SOGNDAL Tlf. 57 67 16 19

Bjørkanveien 6854 KAUPANGER Tlf. 916 87 383

Stil Frisør og Velvære AS

Parkvegen 13 - 1. etg.

6856 SOGNDAL Tlf. 57 67 10 10

Vik Fengsel 6793 INNVIK - Tlf. 57 87 49 90

Kjenndalstova AS 6789 LOEN Tlf. 905 34 087

Nordfjord Elcom Tømmergata 3 6783 STRYN Tlf. 932 89 346

6854 KAUPANGER Tlf. 57 67 66 66

ANONYM STØTTE

Fjordavegen 1 6893 VIK I SOGN Tlf. 57 69 82 00

STRYN

ANONYM STØTTE

Stryn Elektro A/S Tonningsg. 24 6783 STRYN

STRYN Olden camping Gytri 6788 OLDEN Tlf. 57 87 59 34 oldencamping.com

Olden Rør AS 6788 OLDEN Tlf. 57 87 31 85

Traktøren/ Sogndal Glasmagasin Amfi Sogning Hovevegen 6-8 Tlf. 57 67 18 80

Uglum Maskin AS

6856 SOGNDAL Tlf. 57 67 28 95

Lutev 8 6856 SOGNDAL Tlf. 57 67 15 02

Årdalsvegen 3 Tlf. 57 66 48 58

Tonningsgata 4 Tlf. 57 87 47 00 - stryn.kommune.no

Bøavegen 5 6787 STRYN Tlf. 57 87 11 15

Tlf. 57 64 85 10

Prosess-Elektro A/S Meierig. 1

6885 ÅRDALSTANGEN

Tlf. 57 64 85 00

Tyinvegen 3 6884 ØVRE ÅRDAL Tlf. 57 66 58 80

Farnesvegen 67 6884 ØVRE ÅRDAL Tlf. 990 09 524

Årdal Energi KF Utladalsvegen 1 6884 ØVRE ÅRDAL Tlf. 57 64 86 00

Visnesv. 15, 6783 STRYN Tlf. 57 87 69 00 www.tenden.no

Statsråd Evensensveg 4 6885 ÅRDALSTANGEN

Toyota Nordfjord og Førde AS Faleide 6783 STRYN Tlf. 57 87 28 80 www.pretre.no

Stryn Bilverksted Grandevegen 4 Tlf. 481 95 555

Hegrevegen 16 6783 STRYN Tlf. 57 87 60 00

Vinsrygg VVS Svarstad 6783 STRYN Tlf. 916 26 586

VÅGSØY

Tlf. 57 66 50 00 ardal.kommune.no

Kystbedriftenes helsetjeneste

Domsteinbygget, Sjøgata

6700 Måløy Tlf. 57 85 20 34

Årdal Taxi

Måløy Smie & Mek Verksted AS

Tlf. 901 18 007

Gate 1 nr 92 6700 MÅLØY Tlf. 57 85 15 40

11

Statsråd Evensensveg 8 5875 ÅRDALSTANGEN

Tya Bryggeri AS

Stryn Vinterski AS STRYN

Kiwi Øvre Årdal

Sitla Hotel AS

Tlf. 57 87 29 20 www.strynelektro.no

Jan Knut Einarsen AS

2tal elektro AS

Gate 2 nr 1 6700 MÅLØY Tlf. 57 84 88 00

Sentrumsgata 2, Vikøyri

6893 VIK I SOGN Tlf. 57 69 65 00

Sogn Rekneskaps- Hofslundsengen Toyota Sogn AS Trafikkskule kontor A/S Skarpeteigvegen 1 6868 GAUPNE Tlf. 57 68 10 18

Team Aut. Nummedal AS Gravferdsbyrå AS Trafikkskole Måløy Stormarked

Sogn Kjøleservice AS

Solheim og Hjelleflat Steinar Foss AS Transport AS

SOGNDAL

Ombygging, reparasjon og vedlikehald av fartøy i tre, stål, aluminium og plast. Nybygg i tre.

6854 KAUPANGER Tlf. 57 67 86 72

Perhusvegen 1 Tlf. 57 87 68 50

Graving og Transport

Ornes Båtbyggeri AS

http://pelagia.com/

Sogndal

Parkvegen 4 6856 Sogndal Tlf. 57 67 77 87

6740 SELJE Tlf. 57 85 65 45

STRYN

ANONYM STØTTE

SELJE Bunnpris Selje

Sentrumsgata 44 6893 VIK I SOGN Tlf. 926 21 272

6924 HARDBAKKE Tlf. 406 07 198

6928 KOLGROV Tlf. 57 78 67 90

VÅGSØY

Lunnamyri 12 6856 SOGNDAL Tlf. 57 67 14 79

Slinde Eigedom

LUSTER

VIK

SOLUND

6924 HARDBAKKE - Tlf. 57 78 62 00

Byggsenteret

Sognefjordvegen 20 6863 LEIKANGER Tlf. 57 65 11 00

SOLUND

Varetaxi magne_brun@yahoo.no

2018


Førde på 6. plass i NM for hjelpekorps NYBYRJARLAG – SOM IKKJE VAR HEILT NYBYRJARAR – SLO TIL MED SJETTEPLASS I NM FOR HJELPEKORPS. ulykker og sjukdomar med førstehjelp, men også hjelpekorpsoppgåver som å sette opp terminal for nødnett, bruke kasteline, orientere og anna. – Vi prøvde å løyse det best mogeleg som eit lag. Gjennomgåande var vi rundt sjuande beste lag på dei ulike postane, men på den siste hadde vi høgast poengsum av alle lag. Der var det ein mann som hadde kappa av seg foten med motorsag, veldig realistisk, for markøren mangla eit bein på ekte. Det var stor bløding som vi lykkast med å stoppe fort. Då hadde vi fått dagen på oss til å øve saman, så vi hadde også blitt godt samkøyrde, seier ho.

Dei hadde berre øvd saman som lag tre gonger. Tre av deltakarane vart godkjente hjelpekorpsarar i sommar, to av dei er 18 år gamle. Likevel klarte lagleiar Tine Hjelseth Larsen å lose gjengen på fem inn til ein sterk sjetteplass i noregsmeisterskapen for hjelpekorps. – Med så lite erfaring samanlikna med mange av dei andre laga, tykte eg det var veldig bra med ein sjetteplass. Dette var kjekt, seier Larsen. Sjølv har ho delteke i NM to gonger tidlegare, og jamvel vunne NM saman med Sør-Trøndelag i 2015. Så ho visste kva konkurransen kravde. Ein må vere veldig tydeleg, seie høgt alt ein gjer og gjere grundige undersøkingar. Så om over halve laget var uerfarent, så var lagleiar ikkje det. Som NM-vinnar har ho representert Noreg i EM.

12 2018

NATTORIENTERING

NM for hjelpekorps er delt opp i to, først ei nattorientering. Der kom laget frå Førde i mål som nummer to. – Eg og ein annan på laget driv litt med orientering utanom. Eg tykte løypa var litt i enklaste laget. Då gjaldt det mest å halde oppe farten. Undervegs var ein av postane vi skulle innom, søk etter sakna person. Vi sette fort i gang med såkalla sti-søk med flanke, og fann den sakna rimeleg raskt. Vi låg om lag likt med Hordaland inn mot mål,

Totalleverandør av sikringstenester - Vakthold - Alarm - Kamera/ITV - Adgangskontroll Kontakt oss i dag på 908 60 275

Halbrendsøyra 9 6800 FØRDE Tlf. 57 83 08 00 www.fordevulk.com

MOTIVASJON TIL Å ØVE MEIR

LAGET MØTER MANGE krevjande scenario, og må samarbeide tett for å løyse oppgåvene rett. Foto: Adam Dean. LAGET TIL FØRDE RØDE KORS HJELPEKORPS, frå venstre: lagleiar Tine Hjelseth Larsen, Milad Dean, Daniel Høyer Iversen, Robert Risnes og Are Bødal. Foto: Adam Dean

men sprang i frå dei på oppløpet. Det var kjekt, seier ho. Dag to av NM er ei ringløype med ti postar, oppgåver med førstehjelp og hjelpekorpsfag. Først og fremst å handtere ulike

Sløvågen 2 5960 DALSØYRA Tlf. 57 78 38 24 www.halsvik-sos.com

Joker Bulandet 6987 BULANDET Tlf. 57 73 21 44

Ho tykkjer det er kjekt å konkurrere, men først og fremst er slike konkurransar god øving, førebuing på verkelege hendingar. Slik gjev NM motivasjon til å trene meir. – Dei som var med på vårt lag, har blitt betre på førstehjelp ved å delta, meiner ho. I år hadde ikkje Sogn og Fjordane Røde Kors distriktsmeisterskap for hjelpekorps. DM fungerer som ei uttaking til NM. Førde Røde Kors Hjelpekorps undersøkte difor om dei kunne representere fylket under NM, og det kunne dei. – Vi har allereie snakka om å stille lag til NM neste år, men då hadde det vore kjekt om Sogn og Fjordane klarte å arrangere eit DM først. Då får vi øvd oss endå meir, seier ho.

Vik Fengsel Visnesstranda strynbaatforeining@gmail.com Tl. 412 06 006

Nordbohus Sogn AS

Bordvegen 17 6854 KAUPANGER Tlf. 57 67 23 44 www.nordbohus.no/sogn

6893 VIK I SOGN Tlf. 57 69 65 00 Fax. 57 69 65 01


Dramatisk auke i barn frå låginntektsfamiliar KVAR MORGON VAKNAR 1600 BARN I SOGN OG FJORDANE TIL EIN NY DAG DER FORELDRA SIN ØKONOMISKE SITUASJON ER VANSKELEG. DET ER EIN TREDJEDEL AUKE FRÅ 2013 TIL 2016. KVA KAN VI GJERE FOR DEI? Av: Synøve Sande, leiar Sogn og Fjordane Røde Kors

Av: Berit Flæthe Arntsen, omsorgsleiar Sogn og Fjordane Røde Kors

Statistikken som syner at 7,6 prosent av ungane i Sogn og Fjordane lever under fattigdomsgrensa, er henta frå Barneungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), og vart publisert i juli. Utviklinga frå 2013 til 2016 syner ein auke på 400 barn. Desse familiane har mindre enn 60 prosent av medianinntekta samanhengande i minst tre år. Det betyr at dei over tid manglar ressursar til å delta i aktivitet og ikkje har ein levestandard som er vanleg i samfunnet rundt seg. Negative sosiale og helsemessige konsekvensar er veldokumenterte. Det går ut over framtidsutsiktene til barna det gjeld, i tillegg til alt det vi som fellesskap går glipp av grunna nokre sin vanskelege start.

AUKE SIDAN 2001

Trass i store mål, pengepottar og ei rekke tiltak og strategiar frå regjeringar av ulik fargevalør, har barnefattigdomen i Noreg auka heilt sidan 2001. Heile denne tida har alle sektorar, inklusive frivillige organisa­ sjonar, jobba for å førebygge fattigdom eller hjelpe dei som er råka. Likevel veks talet. Kvar veke får Sogn og Fjordane to nye barn som kanskje vil få færre mogelegheiter i livet enn klassekameratane. Nasjonalt har vi passert 100000 barn. Det som ofte går att med desse familiane, er at foreldra er utanfor arbeidslivet. Mange har hovudinntekta frå ulike offentlege overføringar. Utdanningsnivået er lågt, mange er immigrantar. Ei stor gruppe er familiar med éin forsørgjar. Uansett korleis vi snur og vender på det, er det ikkje ungane si skuld at foreldra slit med økonomien. Men ungane må på eit vis ta konsekvensen. Det er dei som ikkje får delta på fritidsaktivitetar fordi det kostar for mykje, eller fordi foreldra ikkje har bil. Det er dei som ikkje kan nåast på telefon. Det er dei som ikkje kjem i bursdag fordi dei ikkje har råd til gåver. Det er dei som

KARTET SYNER at barn i familiar med varig låg inntekt varierer frå fire til elleve prosent i kommunane i Sogn og Fjordane. Sjekk tala for din kommune på www.barnefattigdom.no

ikkje får seg ei skikkeleg vinterjakke. Det er dei som aldri får boble over av spennande ferieopplevingar å formidle. I staden får dei kjenne på avstanden til dei som har. På foreldre si skam, si eiga skam.

SLÅ RING RUNDT DEI SOM STREVAR!

Vi oppfordrar til å slå ring rundt og inkludere desse ungane og familiane deira. Vi oppfordrar til det fordi vi trur at kjensla av å stå utanfor for nokon, skamma for andre, kan vere nett like øydeleggande som dårleg råd i seg sjølv. Kva har du att viss du misser trua på deg sjølv? Oppfordringa er enkel, men å praktisere inkludering er krevjande. Ein må byrje med å erkjenne overfor seg sjølv at ein del barn har hatt uflaks i livet, at barnefattigdom finst, og at handlingane til oss andre kan gjere ein forskjell. Ein kan til dømes stille seg spørsmålet om det er nødvendig å vektlegge gåver i barnebursdagar? Må det verkeleg vere kontingentar på trening? Kan ein ta initiativet til litt meir samkøyring? Vi trur på å velje inn fleire menneske i liva våre, heller enn å køyre på med konsum. Det kan korte den opplevde avstanden, dei negative kjenslene om seg sjølv. Ja, vi må gje på med tiltak for å avdekke, hindre og lindre fattigdom. Røde Kors har hatt behovsprøvde ferietilbod til familiar som slit økonomisk, i over 15 år. Vi har gratis barneaktivitet utan krav til utstyr gjennom Barnas Røde Kors og Røde Kors førstehjelp og friluftsliv. Vi har behovs­ prøvde «julegleder for barn». Vi har møte­ plassar og integreringstiltak som flyktningguide og språktrening. Hundrevis av

frivillige i Sogn og Fjordane prøver å ta vare på dei som har ekstra utfordringar.

13

SJÅ FOLK – FÅ DEI MED!

Det ser ikkje ut til at korkje frivilligheita eller styresmaktene sine tiltak klarar å snu trenden. Då er det kanskje medkjensla til den einskilde av oss som står att. At vi erkjenner at andre sine problem kan opp­ levast større eller mindre, alt etter kva eg som nabo, kollega eller klassekamerat gjer for å inkludere dei. Oppmodinga vår er difor å sjå folk og få dei med!

BARNEFATTIGDOM • Definisjonen av fattigdom er personar som manglar ressursar til å delta i aktivitet og ikkje har ein levestandard som er vanleg i det samfunnet. (Bufdir) • Statistikken inkluderer alle barn som lever i hushald med ei inntekt som er lågare enn 60 % av medianinntekta i Noreg lenger enn tre år. • Medianinntekta er det inntektsnivået der nøyaktig 50 prosent av innbyggjarane tener meir og 50 prosent tener mindre. • 7,6 prosent av barna i Sogn og Fjordane le­ ver i barnefattigdom, det vil seie 1633 barn. • 101300 barn i Noreg lever i barnefattigdom. Det svarar til 10,3 prosent. • Tala er henta frå Bufdir si side om barne­ fattigdom, og vart sist oppdatert i sommar, med statistikk frå utgangen av 2016.

2018


Takka ja til besøksven HO VILLE HELST VERE SJØLVHJELPT, MEN BEHOVET FOR Å VERE SAMAN MED FOLK GJORDE AT ASTRID HENDEN BRAUT TABUET OG TAKKA JA TIL TILBODET OM EIN BESØKSVEN FRÅ RØDE KORS.

14 2018

ASTRID HENDEN ØNSKTE seg nokon å gå tur med. Besøksvenn i Røde Kors, Aud Kragseth, ville gjerne.


VIL DU BLI BESØKSVEN ELLER FÅ BESØK? GÅ INN PÅ WWW.RODEKORS.NO/ TILBUDENE/BESOKSVENN OG FINN UT MEIR ASTRID HENDEN OG AUD KRAGSETH har gode diskusjonar når dei går tur.

Eit tungt skydekke heng over Nordfjordeid. Regnet piplar og plaskar ned takrenner og sluk. Tunet ved omsorgsbustadane er stille. Dører og vindauge stengde. Ein dag for inneliv. Einsemd, kanskje. Men så rundar Aud Kragseth hushjørnet med energiske steg. Ho ringer på hjå Astrid Henden, som opnar døra med eit stort smil. – Hei, halloen! Så kjekt at du kom, seier ho. – Hei, ja, eg lurte på om vi skulle ta ein rusletur? spør Aud. – Ja, det er fint, eg har ikkje vore utom døra i dag, eg.

KOPLA AV HEIMESJUKEPLEIEN

Dei to har ikkje eit heilt «vanleg» utgangspunkt for venskap. Det byrja med eit initiativ frå Astrid, då ho budde ei tid på sjukeheimen i samband med sjukdom. Ho trong verkeleg å komme seg ut litt, mosjon og frisk luft. Det var vinter, glatt, og ho hadde ingen å gå tur med. Ingen som hadde tid, i alle fall. Så ho spurde på sjukeheimen, ho spurte om dei kunne finne nokon ho kunne gå med. Det kunne dei, og etter eit par rundar med litt mellombelse turkame­ rat­ar, foreslo heimesjukepleien å kontakte Eid Røde kors Besøksteneste. – Leiaren vår, Inger Johanne Brekke, spurde om eg kunne tenke meg å besøke Astrid. Ho ville ha nokon å gå tur med, nokon å prate med. Då tenkte eg at eg hadde veldig lyst til å prøve. Eg ringde ho først, og tykte vi fekk kontakt med ein gong. Det viste seg at vi hadde mykje å prate om, minnest Aud, eit halvt år etter det første møtet. For Aud byrja det då ho vart pensjonist for nokre år sidan. Ho bestemte seg for å gjere noko meir ut av livet enn å gå heime. Røde Kors hadde alt spurt ho om å vere med i besøkstenesta, endeleg var det dags. Ho byrja å stille opp på arrangement på sjukeheimen, men så kom altså førespur­naden om å gå på besøk, ein til ein, som dei seier i besøkstenesta. Sidan har dei hatt ei ståande avtale om å møtast til fast tid og stad kvar veke. – Så fin du var på håret! Kvar klipper du deg, spør Aud.

UT I REGNET

Astrid smiler, låser døra og tek eit godt tak i rullatoren, skyv han ut i regnet. – Det er ein ny ein, smiler ho, og myser

BROWNIES, KJEKS OG KAFFI er godt grunnlag for ein prat. Blomar også.

opp mot skyene. – Det blæs i alle fall ikkje. Kvar skal vi gå? spør Aud. – Eg hadde lyst innom biblioteket, men eg veit ikkje om det er opent, seier Astrid. Dei kryssar Skulevegen og ruslar nedover alléen mot skulen. Dei siste ungane vert henta frå SFO, elles er det stille. Biblioteket, det er visst stengt. Dei stoppar ved den nye hallen, der Astrid fortel at ho har planar om å vere med på trim for eldre. Dei passerer basketballbana, einige om at ein også kan kalle det korgball. Trafikken hastar forbi, heim til middag. Opp att ein siste bakke og heim, litt kortpusta. – Ja, då må du ha takk for turen, seier Aud då dei rundar hushjørnet. – Ja, men du må no bli med inn! – Ja, eg må jo det. Eg må jo kvile før eg går heimatt, hehe.

HAR DET BRA I LAG

I gangen vert dei ståande og sjå på veggar fulle av familiebilete. Astrid fortel stolt om barn og barnebarn som gjer det bra ute i verda. Og har det travelt. Ho byr på kaffi og noko attåt. Nei, det får no vere nok med kaffi, meiner Aud, men det er det ikkje, meiner Astrid, som byrjar å dekke kjøkenbordet med både koppar og fat. – Eg tykkjer vi har det bra i lag eg, Astrid, seier Aud, medan vertinna hentar fram ei øskje med brownies. – Ja, og vi har litt felles interesser, ikkje heilt framande for kultur, seier Astrid, men ein latter som smittar over på Aud. – Det er sant, he he. – Vi går ikkje og sladrar på folk. – Nei, vi driv ikkje med det, vi har så mykje anna å snakke om, seier Aud. Dei kan tulle og le og snakke om trivialitetar, som kaffigruten si evne til å få potteplanter til å vekse frodig, men i botnen ligg det alvor. Alvoret handlar om einsemd, om å aktivisere seg, om meining i livet. Heile livet. Det at ein held seg godt, at ein framleis køyrer bil – slik Astrid gjer – ja, har ein bra fasade, treng ikkje bety at ein har nokon fortruleg. At ein har noko som vil og kan vere saman, gå tur, dele tankar, krevje litt av deg, få litt av deg. – Det å vere åleine, det har eg hata tanken på. Eg har kanskje eit veldig stort behov for å vere saman med folk. Når ein er midt i livet og har ungar rundt seg, kan ein betale

for å vere åleine ei stund, men når ein no får vere åleine heile tida, så er det ikkje noko stas. Eg har behov for nokon å kaste ball med, seier Astrid, og smiler mot Aud. – Var kaffien god? – Ja, etter min smak. Eg likar han litt sterk, kvitterer Aud.

BRA Å SKRAVLE

Dei har sett det begge to, kor lett det er å bli passiv når ein er åleine. Når sansane blir litt reduserte, ein vert mindre førleg og det vert mindre folk rundt ein, er det alt for lett å ende med fjernsynet som stimuli. Både Aud og Astrid snakkar om kor skadeleg det er. Det å berre få servert ein masse, men ikkje få bruke seg sjølv, uttrykke sine tankar og meiningar. – På sjukeheimen har eg sett på dei som berre sit stumme og stirer ut i lufta. Eg har oppdaga at dei kan snakke, ein må berre gje seg litt tid. Dei har tankar og meiningar og dårleg stemme. Eg er litt opptatt av at vi skal trimme stemma også. Viss ho ikkje vert brukt, forsvinn ho ganske fort. Difor seier eg det er veldig bra å skravle, humrar Astrid. Ho prøver å vere nysgjerrig på nye ting. Dei seier det er viktig for å halde seg ung. Og så kunne ho ønske seg quiz-kveldar. For det er så uhorveleg mykje kunnskap hjå eldre, som held på å forsvinne. Så meiner ho at mange karar er interesserte i stadnamn. Stadnamn-quiz, det hadde vore tingen. Ho har nemnt det på biblioteket, at dei tek eit initiativ der. Og data, ja, det sit kanskje litt langt inne for ein del, men sjølv er Astrid usikker på kva ho skulle gjort utan smarttelefonen sin, å kunne følgje litt med på Facebook, til dømes. Men Facebook. Det er ikkje nok. Ein treng ein fortruleg. Fire auge. Venskap. Men når ein er einsleg, er det ikkje så lett å ta initiativ. Det er kanskje kjernen, at ein klarar, torer å spørje. Slik Astrid gjorde, å be om noko å gå tur med. Prate med.

GJER LIVET MEININGSFYLLT

– Det er vel tabubelagt å innrømme at ein treng nokon. Ein vil jo helst vere sjølv­hjelpt. Men det å ha fått Aud har vore veldig godt. Ein besøksven er med å gjere livet meiningsfylt, seier Astrid. – Det å vere besøksven gjer også livet meiningsfullt, kvitterer Aud.

15 2018


Nesholmen Drift AS Nesholmen 6829 HYEN Tlf. 57 86 96 54 Mobil: 909 24 500

Røyrleggaren AS ARKI arkitektar AS Mobil: 907 82 527 www.arki.no 6871 JOSTEDAL Tlf. 57 68 31 11

www.bfl.no post@bfl.no

Halbrendsøyra 4 6800 FØRDE

Kviknes Hotel

Alt innen røyrleggararbeid! Nybygg/rehabilitering Baderom Varmeanlegg Servicearbeid

6898 BALESTRAND Tl. 57 69 42 00

Per Tore Meier Mobil: 415 05 600

E-mail: per.tore@royrleggaren.no

Fjaler kommune

Einar Dalaker 6854 KAUPANGER Tlf. 57 67 86 72 Mobil: 926 66 314

Reint AS Onstadvegen 25 5745 AURLAND Tlf. 907 49 388 E-post: post@reintas.no www.reintas.no

Fjalerhuset 6961 DALE I SUNNFJORD

Arnes Frisørhjørne Langebruvegen 19 6800 FØRDE Tl. 57 82 62 35

Tlf. 57 88 58 00 www.fjaler.kommune.no

Firda Billag Buss AS Storehagen 4 6800 FØRDE

Tl. 57 72 50 00 www.firda-billag.no

Bremanger Hamn Granden 6723 SVELGEN

Maskinentreprenør

Kåre Haaland A/S Håland 6963 DALE I SUNNFJORD Mobil 992 29 248

Maskinsenteret A/S

Mini Maskin AS Bøavegen 37 E 6783 STRYN Mobil 996 69 692

avd. Sogndal 6851 SOGNDAL Tlf. 57 67 16 22

avd. Førde

Fjærev 15, 6800 FØRDE Tlf. 57 83 70 90

Stryn Elektro A/S

Tlf. 57 79 63 00

Tonningsg. 24 6783 STRYN Tlf. 57 87 29 20 www.strynelektro.no

Sygna Transport AS

16

6973 SANDE I SUNNFJORD

2018

Jølster Rekneskapslag

Sitla Hotel A/S

6843 SKEI I JØLSTER Tlf. 57 72 78 50

Tlf. 57 66 58 80 www.sitlahotel.no

Brødrene Dahl A/S

Tyinv 3 6884 ØVRE ÅRDAL

Flov 3 6800 FØRDE 6700 MÅLØY

Tlf. 57 82 99 40

Tl. 952 40 487 www.ulvesundfyr.no

Byggsenteret Audun Hundere A/S 6851 SOGNDAL Tlf. 57 62 79 79

Maskinentreprenør

Magne Hafstad AS Hafstad 6800 FØRDE Tlf. 57 82 40 30 Mobil 913 95 900

Tannlege

Grunnmurer, Våtrom, Betongarbeid og tørkearbeid

Steinavegen 10 6800 FØRDE Tlf. 57 82 99 00

Tlf. 958 98 084

E-post: oad@opusas.no www.opusas.no

Blomdals Opelhøgg AS

Eid Servicesenter AS

Kjempeutvalg av Opel-deler!

6070 NORDFJORDEID

Tlf. 55 24 03 40 - 55 24 25 55

Tlf. 57 86 13 13

Aurland & Flåm taxi Helabrotet 1 5745 AURLAND

Sørsida Sag AS - Bygg og Anlegg

sorsag@online.no

Tlf. 57 71 64 32 Fax. 57 71 65 10 Mobil 970 53 000

Storaneset Indre Område 5660 INDRE ARNA www.opelhugg.no

Tlf. 901 30 808

Terje Fjellestad Storehagen 7 6800 FØRDE Tlf. 57 82 62 09

Fimreite Bergboring AS Fireite 6856 SOGNDAL Tl. 465 81 000

Stiftinga KRISESENTERET i Sogn og Fjordane - Døgnopne bu- og støttetilbod til kvinner utsett for mishandling/voldtekt. - Du kan ta med barn på senteret. - Du kan nytte vår gratis advokatteneste - Råd og rettleiing på telefon heile døgnet tlf.

57 74 36 00 www.krisesenteret.sf.no


HJARTESTARTARAR er til for å brukast, også av dei som aldri har sett ein før. Hjartestartarar kostar frå 10000 kroner på www.rodekorsforstehjelp.no

Tør du bruke hjartestartar? STOPP OPP LITT NO, OG TENK IGJENNOM KVA DU VILLE GJORT DERSOM DU FANN EIN LIVLAUS PERSON! VISSTE DU AT DEI HUNDREVIS AV HJARTESTARTARANE SOM HENG RUNDT I KOMMUNANE, ER TIL FOR Å BRUKAST AV DEG OG MEG?

– JO RASKARE ein får brukt hjartestartar på ein person med hjarte­stans, dess større sjansE er det for at personen overlever, seier Are Fagerli, førstehjelpsansvarleg i Sogn og Fjordane Røde Kors.

Sjå for deg at du kjem over ein person som ikkje pustar – på jobben, heime, i gata. Du skjønar at du må handle. – Det første du må gjere, er å syte for at personen har frie luftvegar. Bruk ti sekund på å sjekke om han pustar. Om vedkommande ikkje pustar, han er livlaus, så rop på hjelp, seier Are Fargerli, førstehjelpsansvarleg i Sogn og Fjordane Røde Kors.

TID VESENTLEG FOR OVERLEVING

Anten du då får hjelp eller du er åleine, ring straks medisinsk naudtelefon 113, samtidig som du byrjar snarast råd med gjenoppliv­ ing. 30 hjartekompresjonar og to innblås­ ingar. For at den livlause skal overleve, er tid avgjerande for oppstart av hjarte-lungeredning.

Når du har ringt 113 og ambulansen er på veg, får du også vite kvar næraste hjartestart­ar er, viss du ikkje alt veit det. Forhåpentlegvis har du nokon som kan springe og hente han, eventuelt kan AMK ringe andre som kan komme til hjelp. Det er viktig å ikkje stoppe med hjarte-lungeredninga. – Jo raskare ein får brukt hjartestartar, jo større sjanse er det få ein person som over­ lever, seier Fagerli. Hjartestartaren finn ein ofte i eit grønt skåp, i ei veske som inneheld alt du treng. Han er lukka med borrelås, glidelås eller trykk-knapp. Hjartestartaren har teikningar som syner kvar du skal trykke, og han byrjar å snakke til deg når du slår han på, du får beskjed om kva du skal gjere. Elles kan også AMK rettleie deg. – Det er viktig å ikkje stoppe med hjartelunge-redning medan ein monterer hjartestartaren.

HJARTESTARTAREN RETTLEIER DEG

Hjartestartarane er litt forskjellige, men det grunnleggande er at ein klistrar ein «pad» på framsida av brystkassa, og ein på sida under armen etter tilvising frå startaren. Når det er gjort, vil startaren fortelje deg at han analyserer, altså at han sjekkar tilstanda på hjartet. Akkurat då skal du ikkje røre pasienten. Når analysen er gjort, skal pasien-

ten få impuls – straum – frå hjartestartaren. Impulsen skal då enkelt fortalt bidra til at hjartet finn att rytmen sin og byrjar å slå att. Dersom det ikkje hjelp skal ein halde fram med hjarte-lunge-redning. Hjarte­ startaren fortel deg kor lenge, så analyserer han på nytt, og gir ein ny impuls. – Ein hjartestartar kan ha straum til 500 støyt, men forhåpentlegvis kjem hjelpa før det, seier Fagerli. På nettsida sida til hjartestartarregisteret, www.113.no, oppmodar ein den som driv førstehjelp, om å halde på til ambulansen kjem. Ein treng ikkje opplæring for å bruke ein hjartestartar, men det er alltid positivt å ha øvd seg på prosedyrar og samspel. Røde Kors held slik opplæring.

HJARTESTARTARREGISTERET • Du finn registeret på www.113.no • Gjev AMK oversikt, for å vise til næraste hjartestartar når innringar har mistanke om hjartestans. • Alle som har ansvar for ein hjartestartar, blir oppfordra til å registrere han i registeret. • Registrering tek fem minutt og er gratis. • Drifta av helsestyresmaktene.

17 2018


18 2018 JOHANNA KVAMMEN, JOFRID FARSUND OG LEON ÅRSETH tek ein drøs. FJELLKLANG spelemannslag. ERNA KLAKEGG har kokt ei 20-literspanne med rømmegraut. KJELLAUG GRIMSBØ er konferansier på sommarkaféen på Skei.


PETRA FELDE SKREDE jobbar effektivt så ingen treng å vente for lenge på kaffien.

INGER LIND ÅSEN OG OLAV GRIMSBØ spelar og syng opp til «Mellom bakkar og berg».

ELSE DRAGESET skjenker kaffi. Ho leier lokalråd omsorg i Jølster Røde Kors.

Ein jølsterdag til å bli glad av – EG SKAL VERE MED SÅ LENGE EG GREIER DET, SEIER JOHANNA KVAMMEN (93). FOR HO ER KAFEANE SOM JØLSTER RØDE KORS BESØKSTENESTE OG PENSJONISTLAGET STELLER I STAND, EIT AVBREKK OG HØGDEPUNKT I KVARDAGEN. Dei kjem til kvite dukar og dekte bord, eldre frå heile Jølster, i sommarkjole og nystrokne skjorter. Frivillige med varme smil frå Røde Kors og Pensjonistlaget ønskjer velkomen, syner veg til bordsete. Fyller opp kvar einaste stol. Kjellaug Grimsbø i Røde Kors pratar seg veg fram til scena, slår på mikrofonen. Ho trekker fram eit ark med ord frå diktaren Halldis Moren Vesaas. – Dette: å vera i livet, open for alt ikring … var det som gav meining til ferda di og let deg få kjenne deg rik … lar deg få kjenne, når alt blir gjort opp, at meir enn du gav, fekk du att. Det er stille i salen. 50 seniorar sit rette i ryggen og lyttar. Kjenner litt på høgtid. – Så då ynskjer eg dykk alle velkomne, då er det graut, og den er sikkert ferdig. Vi syng bordverset, seier ho. «Gud signe maten på vårt bord …» fyller salen i misjonshuset heilt oppunder det trekvite limtreet.

RØMMEGRAUT MED ALT

Ute på kjøkenet står grautkokar Erna Klakegg og auser rømmegraut i store skåler. Ivrige nevar balanserer dei rutinert ut i salen. Fat med fint opplagt spekeflesk, speke­ kjøt, spekepølse og flatbrød følgjer med. Muggar med lyseraud saft. – Ja, det var kjekt å få rømmegraut au. Dette kan dei, seier Johanna Kvammen, som forklarar at grauten er heilt perfekt. Ikkje for feit, passeleg fast. – Kvifor er du her? spør vi. – Det er ikkje så mykje vi får vere med på for tida, når vi er komne opp i denne alderen, men her kan vi vere med. Det er litt forandring i kvardagen. Det er kjekt å sjå att folk du har kjent tidlegare, sjå at du ikkje er åleine om at åra set merke. Eg er med på kafeen kvar månad, det betyr veldig mykje. Eg skal vere med så lenge så eg greier det, seier ho.

DEN GODE DRØSEN

Etter at servitørane har servert gjestene både to og tre gonger, set Inger Lind Åsen seg ved pianoet og slår ein velkjend akkord i A-moll. Heile forsamlinga stemmer i på

«Mellom bakkar og berg», Ivar Aasen sitt tonesette dikt frå 1863. Songen går over i drøs, samtale om stort og smått over bordet. Om den gode grauten, om den tidlege sommaren, om dei som ikkje er med lenger. Så kjem det ut kaffi og brett med minst tre forskjellige kaker. Kjellaug Grimsbø og dei andre frivillige går rundt og passar på at alle har nokon å prate med. – Det er godt for alle med litt merksemd. Eg går rundt og pratar med folk og seier at du er fin i dag, og sånn. Det betyr litt, smiler Grimsbø. Ho fortel at dei er 14 frivillige som byter på å arrangere kafé ein gong i månaden – men sommarkafeen er alle med på. Det er høgdepunktet i året.

HØGTIDSSTUND

– Dei har tatt på seg bestekleda og er skikkeleg oppussa alle saman. Dei ventar på denne dagen dei har ein gong i månaden. Eg veit at dei snakkar om det på arbeidsstova, eg trur det betyr ganske mykje, seier Grimsbø. – Kvifor stiller du opp? spør vi. – Eg gjer det fordi det er kjekt når dei er glade, smiler Grimsbø, som også tykkjer det er godt å ha noko å halde på med, ein stad å møte andre og gjere noko verdifullt saman med. Så opnar dørene seg, og inn marsjerer eit heilt spelemannslag, Fjellklang. Opp på scena, fem felespelarar, ein på fløyte, ein trekkspelar og ein kar med gitar. Dei dreg i gang med skikkeleg reinlender som får gjestene i salen til å løyse på smilebanda. For den som bøyer seg ned og kik under borda, vil ein sjå tær og hælar som trampar takten. – Den var ein reinlender som heiter Vesle-Mari. No skal vi ta ein slått, seier Jofrid Aardalsbakke Djupvik, fele­ spelar i Fjellklang. – Dette var stas med slik flott musikk, smiler Kvammen. Og slik går dei to timane med sommarkafé til endes. God musikk, god mat, gode samtalar. Gjensyn, oppdatering sidan sist, eit par timar då ein får kjenne på fellesskap. Takk til dykk som stiller opp med denne gåva til dei som treng det.

19 2018


Toyota Sogn AS

Skarpeteigvegen 1, 6854 KAUPANGER Tlf. 57 67 66 66 - www.toyotasogn.no

Bygstad Taxi 6977 BYGSTAD Tlf. 57 71 72 01

Brendøya, 6900 FØRDE Tlf. 57 74 22 33 - www.kyst.museum.no

- Maxitaxi - Handicap-drosje - Førde Lufthavn

Høyanger videregående skole Hjetland, 6993 HØYANGER Tlf. 57 63 78 00 - www.hoyanger.vgs.no

Førde gjestehus og camping

Sogn Kjøleservice AS

Halbrendsøyra 9, 6800 FØRDE Tlf. 57 83 08 00 - www.fordevulk.com

Bordvegen 6 6977 BYGSTAD Tlf. 57 67 11 11 www.sognkulde.no

Førde Elektro og Rør AS

Kronborgvegen 44, 6813 FØRDE Tlf. 468 06 000 - www.fordecamping.com

Grandamo 19 6868 GAUPNE Tlf. 479 09 578 - 922 54 577 www.lustertrening.no

Firdavegen 16, 6800 FØRDE Tlf. 57 72 39 90 - Fax. 57 72 39 99 post@forde-elektro.no www.fordeelektro.no

Hamregata 34 6900 FLORØ Tlf. 57 74 07 30 www.123hjemmeside.no

20

Hafstadveien 49, 6800 FØRDE Tlf. 57 63 75 00 - www.hafstad.vgs.no Hafstadvegen 25, 6800 FØRDE - Tlf. 57 72 04 40 - 976 79 662

2018

Roald Øen AS Lunnamyri 12 6856 SOGNDAL Tlf. 57 67 14 79 www.roaldoen.no

-

Åreknutebehandling - Småkirurgi Sterilisering / vasectomi - Kosmetisk plastisk kirurgi Kvinnelig gynekolog - Injeksjonsbehandling Laserbehandling For meir informasjon: www.klinikkforde.no

Pasienter kan bestille time direkte uten tilvisning fra primærlege Tirsdag - onsdag - fredag 10-16

Gyn.dag: Man. 10-16

Havhesten

Sprek365 Måløy AS Ulvesundvegen 4 6718 DEKNEPOLLEN Tlf. 480 36 579

Sunnfjord Betong A/S Hornnes Næringspark Tlf. 57 82 25 00 www.sunnfjordbetong.no

Kaia Mat og Service AS Kalvåg Amtskaia, 6729 KALVÅG - Tlf. 57 79 10 10

Firdavegen 52, 6900 FLORØ

E-mail: kundeservice@havhesten.no www.havhesten.no

KF Innvandrarsenteret i Flora Professor Gjelsvikveg 20, 6906 FØRDE Tlf. 57 75 66 00 - innvandrarsenteret@flora.kommune.no

Sogn Skisenter AS Heggmyrane, 6869 HAFSLO Tlf. 57 68 45 11 Epost: post@sognskisenter.no www.sognskisenter.no


Sogndal

Sogningen Storsenter, 6852 SOGNDAL Tlf. 57 67 90 70 2. etg Dale Senter 6963 DALE I SUNNFJORD Tlf. 476 77 900 E-post: support@avans.no www.avans.no

6847 VASSENDEN Tlf. 57 72 75 50 www.jolsterskisenter.no

Thon Hotel Måløy

Gate 145 6700 MÅLØY Tl. 57 84 94 00 Sanderplassen 4, 6813 FØRDE Tlf. 916 45 340 Service og reparasjoner av bobiler, campingvogner og tilhengere. Velkommen! www.fjordanecaravan.no

Perhusvegen 1, 6783 STRYN Tlf. 57 87 68 50 Fax. 57 87 68 60 E-post: post@hs-bygg.no www.hs-bygg.no Entreprenørforretning Kranutleige

Nordfjord Havn IKS 6701 MÅLØY Tlf. 57 85 26 20

21 2018 Markeg 65 6900 FLORØ Tlf. 57 75 73 00 www.firdaposten.no

Helabrotet 1 5745 AURLAND Tlf. 57 63 26 00 aurlandsparebank.no

Leikanger kommune Skrivarvegen 7 6863 LEIKANGER Tlf. 57 65 56 00 leikanger.kommune.no

Flovegen 4 6800 FØRDE Tlf. 57 72 55 90 firmapost@dale-ror.no www.comfort.no

Førde Sandane Sogndal

- tlf. 57 72 50 70 - tlf. 57 72 50 90 - tlf. 57 72 57 50

www.fjordanereisebyra.no

Stryn Trelast A/S Grandev. 4, 6783 STRYN Tlf. 57 87 16 80 www.btkjeden.no


Jølster kommune

Sanderplassen 7, 6813 FØRDE Tlf. 57 72 18 00 - www.xl-bygg.no/farsund

Ospene 1 6843 SKEI I JØLSTER Tlf. 57 72 61 00 www.jolster.kommune.no 6991 HØYANGER - Tlf. 57 71 15 00 www.hoyanger.kommune.no

Firdav. 12, 6801 FØRDE Tlf. 57 83 33 00 - www.firda.no

Avd. Førde - tlf. 57 83 71 00 * Adv. Thomas Chr. Jarning * Adv. Roar Berge * Adv. Merete Tollefsen * Adv.fullmektig Arnt Erik Nordheim

Kommunehuset, 6806 NAUSTDAL Tlf. 57 81 60 00 - www.naustdal.kommune.no

Rådhuset, 5745 AURLAND Tlf. 57 63 29 00 - www.aurland.kommune.no

Røynesgrandane 3 - 6868 Gaupne Tlf. 57 68 10 55 / 951 67 540 www.ovreborargehandel.no / post@ovrebofargehandel.no

Havhesten Firdavegen 52, 6900 FLORØ

www.harris.no E-mail: kundeservice@havhesten.no

22

www.havhesten.no

6852 SOGNDAL www.meieriet.no

2018 -RØRLEGGERFORRETNING-

Alt innen varmepumper

Åpen: man.-fre. 08.00-16.00 avd.Høyanger avd.Florø avd.Førde

Tlf. 950 43 918 Tlf. 971 99 685 Tlf. 918 22 115

Sletteland 6963 DALE I SUNNFJORD tlf. 57 73 63 40 - fax. 57 73 63 80

www.skaar-vvs.no


Jorunn Ringstad til minne DEN UTLØYSANDE REPLIKKEN FOR GODE VEDTAK I DISTRIKTSSTYRET, LANDE KREVJANDE FORHANDLINGAR UTANLANDS, LEIE ORDSKIFTET PÅ LANDSMØTE. JORUNN RINGSTAD VAR EIN TRYGG, SAKLEG OG KUNNSKAPSRIK HJØRNESTEIN. Vår kjære nestleiar og internasjonale pådrivar over mange år, Jorunn Ringstad, er gått bort. Det er eit stort tap for Røde Kors i Sogn og Fjordane og dei Røde Kors er til for. Det var kort tid etter at ho gav seg på Stor­ tinget, at vi var så heldige å få Jorunn Ringstad frå Askvoll inn i styret til Sogn og Fjordane Røde Kors. Frå 2008 vart ho vald til nestleiar. Samtidig tok ho eit viktig linjeval for sin innsats for organisasjonen: å leie internasjonalt utval. Ho sette straks i gang med å bygge ein organisasjon som skulle etablere eit samarbeid med eit Røde Kors-distrikt i eit anna land. I 2009 fall valet på Brcko distrikt i Bosnia-Hercego­ vina. Jorunn brukte si lange erfaring med internasjonale relasjonar til å legge godt til rette for eit samarbeid som skulle gje stor utteljing for begge partar. I dag har Brcko Røde Kors bygd opp ei redningsteneste som tener som modell i sitt land. Mange titals frivillige her i fylket har fått erfaring med internasjonalt samarbeid, vi har styrkt oss som organisasjon. I sitt kondolansebrev skriv leiarane i Brcko at Jorunn aldri slutta å imponere dei med sin inspirasjon og utømmelege energi. Hennar gode innsats var nok også utslagsgjevande for at ho vart trekt inn som ein ressursperson då ein nasjonalt jobba med å utvikle rammevilkåra for framtidige internasjonale distriktssamarbeid. Jorunn var også ein pådrivar for å utvikle samarbeidet mellom Røde Kors og Røde Kors

Nordisk United World College i Fjaler. Gjennom sitt engasjement mellom anna i kontaktgruppa mellom Røde Kors og RKNUWC la ho vekt på at elevane der skulle få eit grunnlag for å gå ut av skulen som ambassadørar for Røde Kors seinare i livet. Som nestleiar i Sogn og Fjordane Røde Kors frå 2008 til 2014 var det tydeleg at Jorunn ønskte å gjere ein innsats for Røde Kors og våre verdiar. Ho var ei kjelde til orden og ryddigheit i prosessar. Var alltid tydeleg på at om grunnlaget for vedtak var for dårleg, ja, så måtte det bli betre. Vi skulle ikkje komme i den posisjonen at vedtaka ikkje skulle stå seg. Opplevinga til dei som jobba tett med ho i styret, er at Jorunn var svært seriøs og grundig. Når ho landa på ein konklusjon, var han godt forankra i tilgjengelege fakta. På same vis stilte ho store krav til andre: at sakene var godt førebudde. At ein heldt seg til sak, at ein leverte innanfor det som var bestemt. Jorunn var ordstyrar på dei fleste årsmøta til Sogn og Fjordane Røde Kors i denne tida og fram til 2016. Ryktet om hennar evne til å ha ro og oversikt i viktige stunder, gav ho også tilsvarande rolle på to landsmøte for Røde Kors. I 2016 vart Jorunn Ringstad tildelt Norges Røde Kors fortenestemedalje for sitt langvarige og viktige arbeid for Sogn og Fjordane Røde Kors og dei Røde Kors er til for. Vi minnest Jorunn med djup respekt.

23 2018


Rørande å vere på sommarfest NÅR GAMLE VENER OG KJENTE MØTEST, HEILE FAMILIEN DUKKAR OPP, ORKESTERET SPELAR TIL DANS OG RØDE KORS SERVERER GRILLMAT, KAN EIN BLI REINT RØRT.

24 2018

Det er ein stor dag på Askvollheimen denne knallblå forsommardagen. I sansehagen driv Marit Klausen og Askvoll Røde Kors Omsorg og set ut stolar og benkar. Dei dreg ut bord, ein grill. Tre musikarar frå Fjaler, som kallar seg RamSkogÅs, kjem berande med instrumentkassar. Fele, trekkspel, gitar. Riggar note­stativa på plass i le for ein litt kjølsleg bris frå nord. – Eg håpar på 100 menneske. Eg har kjøpt inn 360 pølser vi skal grille, ler Marit, som veit at ho siktar høgt. – Kan du ta deg av loddsalet? spør ho Anja Grov Johnsen. Ho er leiar i Folkeakademiet Askvoll og viktig samarbeidspartnar.

LOTTERI GJEV SPENNING

Marit fyller eit bord med gevinstar, mellom anna eit langtreisande sjal frå Roma. Klart dei må ha loddsal. Det er litt spenning, og det gjev inntekter til arrangementet, som elles er gratis. Men mest av alt skal gjestene få høve til å treffe andre, ete god mat, nyte vêret, høyre på musikk, nokon vil kanskje ta seg ein svingom. – Når kvelden kjem, har dei nokre gode minne frå dagen, seier Marit.

Ein treng ikkje oppleve einsemd for å delta på festen, men Røde Kors veit at einsemda er til stades i Askvoll. Både på heimen og spesielt hjå dei eldste som framleis bur ute på øyane og i utkantane i kommunen. Difor legg dei mykje i å få til gode arrangement kvar månad heile året. Ved å samarbeide med Folkeakademiet får dei ofte besøk av profesjonelle utøvarar frå turnetilboda deira. Også Nærmiljøsentralen er avgjerande for gode arrangement. Men sommarfesten er kanskje høgdepunktet.

MUSIKK VIKTIG INGREDIENS

– Eg var med på festen i fjor også. Ein kan ikkje sitte på rommet når vi får eit slikt tilbod – der sit vi nok, seier Borgny Heggøy, ein bebuar på Askvollheimen som takkar ja til å slå av ein prat med oss. Ganske fort fyllest hagen opp. Mange av dei eldste frå bygda og frå heimen, i rullestol, med rulla­ tor, stokk, krykkjer, ei støttande hand. Svært mange er rørslehemma. Nokon får samtidig besøk av barn og barnebarn. Ein god del av bebuarane som dei tilsette hjelper ut, forstår nok ikkje heilt kva dei går til, men rødekorsar­


BORGNY HEGGØY OG ELSE RINGSTAD er gamle vener. Det er kjekt å møtast og slå av ein prat på Røde Kors sin sommarfest.

ane veit at dei kjem til å lyse opp når musikken set i gang. Dei veit at slike arrangement bidreg til deira livskvalitet også. Det stadfestar seksjonsleiar Marit Erikstad ved Askvollheimen: – Musikk er viktig, og når det skjer noko, vil ein gjerne vere med. Festen gjev stimulans til å helse på folk, snakke med nokon, eit positivt avbrekk. Det påverkar både den mentale og den fysiske helsa når dei kjem seg i sving, når ein må komme seg ut av stolen. Det har også positive ringverknader for personalet, dessutan betyr det mykje at pårørande kjem. Då er det på tide for Marit å ta mikrofonen og opne festen. – Velkomen, velkomen, seier Marit, og introduserer musikarane. RamSkogÅs dreg i gang ein vals som straks løyser på fleire nye smileband. Som tergar ein del skotuppar til å gå opp og ned i takt med musikken. Samtidig jobbar grillgutane Gunnar Sølvberg og Arne Klausen på spreng for å få klar serveringa. Snart har dei fylt opp fleire brett med pølse i brød. Besøksvenene går rundt og serverer, passar på at alle får forsynt seg.

PÅRØRANDE ER GJESTER

– Hallo, Alfred! Her kjem eldste barnebarnet mitt! Eg visste ikkje at dei kom. Det er aldeles oppmuntrande og kjekt, seier Borgny. Det nesten som ei familiesamkome, med søner, dotter og barnebarn til stades. Dei benkar seg rundt ho på denne strålande dagen. – Det er veldig hyggeleg. Det er nesten så tårene kjem. Dessutan er eg no så glad i slik musikk, det gjev meg noko når dei kjem og spelar. Sjølv har ho spelt mykje trekkspel, jamvel i bryllaup saman med bror sin. No er det ikkje så ofte ho spelar lenger. Det er litt for tungt. – Men, eg har masse minner i den musikken, seier kvinna, som har levd mesteparten av sitt vaksne liv som del av ein fiskarfamilie på Atløy. Ho tykkjer det er spesielt å ha kome i denne livs­ fasen, å bu på ein sjukeheim. Det er mykje ein lyt høyre og ta imot og sjå, forklarar ho. – Men, det har gått bra. Dei er flinke og gjev godt stell og pleie her. Og slike samlingar, det gir meg noko, det er ei glede i det. Det må de halde fram med, av­ sluttar ho.

MARIT CLAUSEN (t.h.), leiar i Askvoll Røde Kors Omsorg og Linda Karin Solheim, leiar i Askvoll Røde Kors, gler seg over oppmøtet på sommarfesten. TILSETT TURID HÅLAND ØLMHEIM og Arve Kaland (pårørande) tok seg like godt ein svingom. HER ER DET ELSE RINGSTAD som har vunne eit blomsterband i lotteriet. ORKESTERET RAMSKOGÅS, som består av Gunnar Skoghei, Andreas Ramstad og Atle Åsnes, spelar gamle slagerar, og fortel historier om Ivar Medaas og gamle prestar. ARNE KLAUSEN song ein song om Klara. Atle Åsnes på gitar.

25 2018


Røde Kors’ arv etter Christian Bekker I 1980 ARVA SOGN OG FJORDANE RØDE KORS EIGEDOMEN HAUGLAND MED EIT ØNSKE OM Å GAGNE BARN OG UNGE. RESULTATET AV VISJONEN ER RØDE KORS HAUGLAND REHABILITERINGSSENTER OG RØDE KORS NORDISK UNITED WORLD COLLEGE. Sakførar Christian Bekker på Haugland i Fjaler ville at verdiane etter han skulle komme andre til nytte. Så, i 1976, skreiv han sitt testament. Alt han let etter seg, skulle gå til Sogn og Fjordane Røde Kors, med ønske om at organisasjonen kunne bruke verdiane til nytte for barn og unge.

REHABILITERING

26 2018

Røde Kors såg potensialet i eigedomen, og starta med å bygge eit ferie-, fritids- og aktivitetssenter. Det opna i 1985. Utbygginga heldt fram, og i 1992 opna H.M. kong Harald Helsesportsenteret på Haugland, som året etter fekk status som rehabiliteringssenter. I 2018 er Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter av dei viktigaste leverandørane av rehabiliteringstenester til Helse Vest. Senteret tek imot om lag 1300 pasientar årleg, og har ein stab på over 60 årsverk. Senteret har vektlagt langsiktig fagleg utvikling, og har spesielt mange pasientar med muskel- og skjelett-diagnosar. Kreft­ rehabilitering både til vaksne og ungdom har lenge vore eit satsingsområde for senteret. Frå 2017 har rehabiliteringssenteret også fått starta opp med tilbod til barn.

RØDE KORS NORDISK UWC

Samtidig med at dette helsetilbodet kom på plass, starta eldsjeler ein dialog med United World College. UWC vart etablert i 1962, og er eit internasjonalt skuletilbod der kjernen er å føre folk frå heile verda saman. I 1995 var Røde Kors Nordisk UWC på Haugland i Flekke i Fjaler eit faktum. Dronning Sonja opna skulen med 104 elevar frå 65 nasjonar. I 2018 har skulen i Flekke 201 elevar frå 16–19 år. Dei er valde ut av 85 nasjonale UWC-komitear rundt i verda, og kjem ofte frå mindre privilegerte eller konfliktråka område. Funksjonshemma elevar er inkludert i studentmassen. Statuttane til skulen

– JEG TESTAMENTERER HERVED ALT HVA JEG VED MIN DØD MÅTTE ETTERLATE MIG TIL SOGN OG FJORDANE DISTRIKT AV RØDE KORS [...] 'TIL GAVN FOR MER ELLER MINDRE HJELPESLØSE BØRN' OG 'TIL OPPMUNTRING, GLEDE OG INSPIRASJON FOR ANDRE UNGE MED TRANG OG EVNE TIL SENERE SELV Å YDE NOGET AV VERDI' ber i seg ein klar referanse til Christian Bekker om humanitær utdanning av unge, der vern om natur og miljø også er ein viktig dimensjon. Skulen vektlegg også si nordiske plassering. Ein kjerne i Røde Korssamarbeidet er at elevane får eit grunnlag til å gå ut av skulen som Røde Kors-ambassa­ dørar. Grunnlaget for dette er ei samarbeidsavtale mellom skulen og Røde Kors.

OVERLEVANDE ETTER KONFLIKT

Eit viktig samarbeid mellom dei to institusjonane er prosjektet «Survivors of conflict». Skulen tek årleg inn to elevar som har alvorlege skadar og traume etter krig eller konflikt, samtidig som dei får helsemessig oppfølging på Rehabiliteringssenteret. Eit hovudmål er at studentane returnerer til sine heimland og bidreg med sine ressursar i lokalmiljøet etter ferdig utdanning. Ei utdanning frå United World College opnar i tillegg mange dører for vidare akademiske studium. Haugland internasjonale forskingsog utviklingssenter (Hifus), har hatt ansvar for forsking knytt til prosjektet.

FERIELEIRANE

På 80-talet vurderte Røde Kors at det var ulike grupper av barn som trong å få utvida

sitt fritidstilbod. I 1985 starta difor Røde Kors Barnehjelpen å arrangere barne­leir med frivillige hjelparar. Seinare kom det til funksjonshemma ungdom og vaksne, og på byrjinga av 2000-talet starta Ferie for alle opp. I 2018 gjev Sogn og Fjordane Røde Kors eit ferietilbod til 200 personar frå familiar som er råka av svak økonomi over tid. Om lag 30 frivillige nyttar ei veke av ferien sin som frivillige ferievertar. Ferieleirane vert gjennomførte i samarbeid med Røde Kors Nordisk UWC sitt leirskuletilbod, UWC Connect, men der ein også får nytte seg av fasilitetar ved Rehabiliteringssenteret.

EIGARMELDING

Dei første 15 åra etter at Røde Kors tok over eigedomen, vart det investert om lag 155 millionar kroner for å bygge senteret og skulen. Pengar frå staten, Norges Røde Kors, Lions, TV-aksjonen, fylkeskom­munen og ei rekke andre bidragsytarar, legat og fond, i tillegg til enorm dugnadsinnsats, gjorde det mogeleg. Både skulen og senteret har vore og er i konstant utvikling. Stadig nye prosjekt, bygd på arven etter Bekker, forma av Røde Kors sitt verdigrunnlag, tek form. Det er Sogn og Fjordane Røde Kors som eig Rehabiliteringssenteret, gjennom eit eige eigedomsselskap. Skulen vart etablert mykje med grunnlag i Røde Kors sitt engasjement og støtte. Den er ei sjølvstendig stifting som festar grunn på Røde Kors sin eigedom, forankra i Bekker sitt testament. I si eigarmelding vedteken i 2018 slår distriktsstyret i Sogn og Fjordane Røde Kors fast at det vil legge til rette for ei framtidsretta og berekraftig utvikling i selskapa og på eigedomen, og at det kjem barn og unge direkte eller indirekte til gode, slik Christian Bekker ønskte.

TIDSLINJE: 31. JANUAR 1980 Røde Kors arvar Christian Bekker.

30. MAI 1985 Hauglandssenteret A/S opna.

1. MARS 1988 Avtale med United World College.

Christian Bekker døyr og Sogn og Fjordane Røde Kors arvar eigedomen hans med bygningar og 1200 mål jord og skog på Haugland.

Eit ferie, fritids- og aktivitetssenter for personar med eller utan funksjonshemmingar, i tillegg til leirskule, var på plass. Dei eldre bygningane var re­ staurerte, hytter til leirskule var bygde og bygging av resepsjon, matsal og overnattingsrom byrja.

Sogn og Fjordane Røde Kors og United World College gjorde avtale om å bygge ein skule på Haugland – med ein evigvarande leigeavtale.


ÅRLEG FÅR 200 PERSONAR vere med på Ferie for alle på Haugland. Tubekøyring er eitt av mange populære tiltak. DISTRIKTSLEIAR SYNØVE SANDE i Sogn og Fjordane Røde Kors og ny rektor på Røde Kors Nordisk UWC på Haugland, Guðmundur Hegner Jónsson. INGER JOHANNE OSLAND er administrerande direktør ved Rehabiliteringssenteret. KVAR SOMMAR bidreg eit 40-tals frivillige for å gjennomføre våre humanitære ferietilbod på Haugland.

27 2018

24. OKTOBER 1992 Helsesportsenteret opna.

1. JUNI 1993 Røde Kors Haugland rehabiliteringssenter.

1. SEPTEMBER 1995 Røde Kors Nordisk United World College opnar.

H.M. kong Harald opna Haugland Helsesport­senter. Utvida kapasitet til 50 senger det neste året. Inves­ teringar på til saman 85 millionar kroner så langt.

I 1993 vart institusjonen godkjent som rehabilite­ ringssenter gruppe 1, og fekk namnet Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter. Institusjonen hadde 8500 kvm bygningsmasse til rådevelde, og dekte for det meste etterspurnad frå Vestlandet.

104 elevar frå 65 nasjonar byrja på «verds­ gymnaset» då det opna. Det hadde kosta 70 millionar kroner å bygge. Dronning Sonja er skulen sin høge beskyttar.


APRIL 2018. Representantar frå Sogn og Fjordane Røde kors, saman med sentrale representantar i Brčko distrikt Røde Kors og eit tjuetals ungdommar, som deltok på kurs same stad. På ungdomskurset informerte Jon Atle Rise om aktivitetar i Sogn og Fjordane. INTERNASJONALT UTVAL deltok på samling for distriktssamarbeid hjå Norges Røde Kors og fekk god rettleiing i arbeidet med å velje nytt samarbeidsdistrikt. Frå venstre: Marit Kvalen, Einar Målsnes, Pål A. Dahl og Anne Brit Sande.

Leitar etter nytt samarbeid ETTER TI ÅR SAMARBEID MED BRCKO RØDE KORS I BOSNIA HERZEGOVINA ER SOGN OG FJORDANE RØDE KORS PÅ LEIT ETTER EIN NY INTERNASJONAL PARTNAR.

Mange nye land og prosjekt har vore oppe til vurdering sidan Sogn og Fjordane Røde Kors sette punktum etter ti års samarbeid med BrČko sist vår. Internasjonalt utval har ambisjonar om å ha klar ein ny samarbeidspartnar innan årsmøtet i mars. Sidan eit slikt samarbeid har så høg verdi for dei som er med, har utvalet lagt vekt på å involvere fleire i organisasjonen når nytt prosjekt skal bestemmast. På frivilligheitskonferansen Kveik 2018 bidrog mellom andre nokre av lokallagsleiarane til å av­ klare forventningar til neste distriktssam­ arbeid. Ein er einige om at det er viktig med god lokal forankring, informasjon og at både hjelpekorps, omsorg og ungdom er delaktige i eit framtidig samarbeid.

anerkjent aktør i lokalsamfunnet. BrČko har kring 70 aktive medlemmar, 50 av dei er knytt til hjelpekorps, i tillegg til fem tilsette. – Det er mykje her i BrČko som viser at dette har vore eit svært vellukka samarbeid, seier distriktssekretær Denis Šehanovic´ og framhevar oppbygning av redningstenesta og den materielle standarden dei har no, som mest konkrete og målbare resultat. Meir indirekte, men også eit resultat av samarbeidet, er positiv påverknad på ungdom som har delteke, mellom anna på leir i Norge. – I tillegg har vi den kompetansehevinga vi har fått og respekten vi har bygd opp i lokalsamfunnet, som også er knytt til samarbeidet med Sogn og Fjordane, seier han. Šehanović meiner at det også ligg god læring i det ein ikkje har kome heilt i mål med.

HAR SETT SPOR I BOSNIA

TI LÆRERIKE ÅR

Av Anne Brit Sande

Kva betyr eigentleg eit slikt samarbeid for dei frivillige, organisasjonen og dei Røde Kors er til for? Sist april reiste ein delegasjon til BrČko for å oppsummere og evaluere. Gjennom dei ti åra som har gått sidan vi besøkte dei første gongen, har BrČko Røde Kors bygd seg opp til å bli ein robust og

I Sogn og Fjordane gler ein seg over dei gode resultata i begge land. – Vi har auka opp instruktøraktiviteten, vi har bygd kapasitet og kunnskap hos dei som har vore med, prosjektet har fremja einskapstenking og heile organisasjonen har modnast på det internasjonale samarbeidet,

sa dåverande leiar for Internasjonalt utval, Jøril Hovland. Ungdommar frå begge land har delteke på leirar og kurs i Sogn og Fjordane. Dei har mellom anna hatt eit felles fokus på konflikthandtering. – Vi har kursa dei i «Stopp valden»-aktiviteten, som dei no jobbar vidare med, og det er veldig kjekt å sjå korleis dei har tilpassa vårt opplegg til sitt behov, sa Jon Atle Rise, leiar i Røde Kors Ungdom i fylket.

STYRKT HJELPEKORPS

Kursing og kompetanseheving i søk og redning i vatn og på land har vore hovudtema for hjelpekorpsa, som har arrangert kurs og oppfølging av instruktørar ei rekkje gonger i heile perioden. Leiar for hjelpekorpssamarbeidet, Lucas Iversen, er stolt over det dei har fått til i BrČko og heime. – Vi har lært å jobbe med nye samarbeidspartar i nytt land, med anna kultur, språk og med andre føresetnader når det gjeld økonomi og utstyr. Vi kartla og tilpassa til lokale forhold og har måtta tenkje på ein annan og ny måte for å gjennomføre. Det har gitt oss mange positive erfaringar, seier Iversen.

Sogn og Fjordane Røde Kors Langebruvegen 28, 6800 FØRDE Telefon: 57 72 31 30 E-post: dk.sognogfjordane@redcross.no Organisasjonsnummer: 983 198 422 Bankkonto: 3700.20.27616 Les meir på: www.rodekors.no/sfj rodekors.no/sfj

youtube.com/sfrodekors

@sfrodekors

@sognfjordaneRK

RØDE KORS-PRINSIPPA: HUMANITET, UPARTISKHEIT, NØYTRALITET, UAVHENGIGHEIT, FRIVILLIGHEIT, EINSKAP, UNIVERSALITET


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.