Turprogram 2023 Sogn og Fjordane turlag

Page 1

TUR2023

1
TURPROGRAM FOR SOGN OG FJORDANE

DET FINS EIN STAD

Sogn og Fjordane Turlag dekker heile gamle Sogn og Fjordane og består av 14 lokale turlag. Dei lokale turlaga arrangerer turar, driv hytter og undergrupper. Totalt har vi 24 Barnas Turlag, 6 seniorgrupper, 3 Fjellsportgrupper og 26 hytter som vert drifta av frivillige i alle krikar og krokar av Sogn og Fjordane.

I 2023 er eitt av DNT sine prosjekt«det fins ein stad», og kva stad er vel betre eigna enn Sogn og Fjordane til det? Vi har raudmerka turar og aktivitetar i kvar ei bygd , og i rundt alle dei flotte fjordane våre. Kor hen du dreg finn du eldsjeler som står på for å ta vare på- og gjere friluftslivet, og verdas flotteste natur tilgjengleg for akkurat deg! Ta ein kikk på turprogrammet vårt, og la deg bli inspirert og fascinert av turane våre, hytter og naturområde! Bli med oss på fellestur, eller besøk UT.no for inspirasjon til aleinetur. I årets turprogram finn du QR-kodar som sender deg rett til turlaga sine heimesider, der finn du oppdatert info om turar og aktivitet. Og hugs, turen starter med T.

God tur, helsing Sogn og Fjordane Turlag

MEDLEMSFORDELER

Som medlem av DNT støtter du dei frivillige, og alt dei gjer for å gjere friluftslivet tilgjengleg for deg. Vi arbeider etter DNT sin visjon som er enkelt, allsidig og naturvennleg friluftsliv. Som medlem får du blant anna medlemspris på alle DNTs 550 hytter, rabatt på turutstyr, medlemsbladet Fjell og Vidde, tilbud om turar og kurs over heile landet, og ei rekke gode medlemsrabattar. Sjekk www.dnt.no/medlem for prisar og innmelding.

Unge turgårar på oppdagelsesferd på Askorva, Skaret. Foto: Merete Borgundvåg Pettersen

KURS OG FJELLSPORT

DNT fjellsport er ein av Noregs størtste arrangør av klatrekurs, brekurs, kajakk og andre aktitivtar som krev spesiell kompetanse. Kurs og Fjellsport har tilbod til alle- frå nybyrjar til instruktørar. Sogn og Fjordane Turlag si fjellsportgruppe arrangerer kurs på etterspørsel frå våre medlemmer og lokallag. Du finn lokale fjellsportgrupper i Indre Sunnfjord Turlag, Indre Nordfjord Turlag, og Årdal Turlag, som arrangerer lokale turar og aktivitetar! Her ser du kva kurs du kan vera med på i løpet av 2023!

Skredkurs

Kva: 3 dagar NF godkjent skredkurs

Kor: Jostedalen, 3–5. februar

Kven: For alle med interesse for vinterferdsel, krevjer randoneeutstyr.

Når: 3.–5. februar 2023

Dagskurs skred

Kva: 1 dag

Kor: Nordfjord, Sunnfjord, Sogn

Kven: For ungdom som er intressert i å ferdast i vinterfjellet, nybegynnar.

Når: Mars 2023

Turleiar

Kva: Grunnleggande Turleiar

Kor: Sunnfjord/ Nordfjord

Kven: Du som ynskjer kompetanse til å halde korte dagsturar.

Når: vår/sommar 2023

Stimerkekurs

Kva: 3-timars teorikurs

Kor: Teams

Kven: Ope for alle

Når: 8. mars 2023 kl 17–20

Sjå meir info om kursa våre på https://www.sftur.no/kurs--og-fjellsport/

3
Storehesten
Litjehesten
og
Foto: Jannicke Aven
Skredkurs. Foto: Marius D. Sætre.

BASECAMP FOR UNGDOM MELLOM 12-17 ÅR!

Sjå for deg ei lita veke utan straum, mobildekning og mas om prestasjonar, til fordel for ein primitiv kvardag der sosiale aktivitetar, meistring og der vill natur står i fokus! BaseCamp tilbyr ei slik oppleving for ungdom på Fivlehyttene, Tungestølen eller i havgapet på Værlandet. Tek du utfordringa?

BaseCamp Vinter

Når: 2. april–5. april

Kor: Fivla i Jostedalen, Luster kommune

Kva: Frikjøring, Topptur, Skredkurs og påskekos!

BaseCamp Sommar

Når: 19. juni–23. juni

Kor: Tungestølen i Luster kommune

Kva: Brevandring, klatring og leirliv!

Sjå meir info om BC på www.sftur.no

BaseCamp Kyst

Når: 7. august - 11. august

Kor: Værlandet i Askvoll kommune

Kva: Fridykking, kajakk og kystliv!

BLI MED AURLAND TURLAG PÅ MIDTSUMARTUR!

Øvre Stigen har blitt ein populær tur, rundt midtsumar for aurlendingane. I år går turen den 12. august! Det er alltid rift om plassane for å vere med. Ein må først i båt frå Undredal. Det er ein middels lett tur å gå til Øvre Stigen. Stien er luftig og bratt, med flott utsikt utover fjorden. Nokon stoppar på Øvre Stegen, nyt utsikta og helsar på vertskapet. Andre går vidare opp på Åsen og ut til Beitelen. Turen dit blir rekna som krevjande. Frå Beitelen er det magisk utsikt inn Nærøyfjorden, inn Aurlandsfjorden og utover Sognefjorden. Ned igjen, på Øvre Stigen er det matservering i tunet.

4
BaseCamp Kyst, Bremanger 2021. Foto: Marie Sørum Aurland Turlag på tur, her frå Vidmesnosi. Foto: Kristoffer Ullern Hansen

LUSTER TURLAG ØNSKJER VELKOMMEN TIL TUNGESTØLEN TURISTHYTTE,

SOMMAR SOM VINTER!

Hytta ligger i den vakre landbruksbygda Veitastrond i Luster kommune i Sogn, ved foten av den karakteristiske Skyttarpiggen. Fjellet som deler Langedalen og Austerdalen, rett inn mot Jostedalsbreen. Hytta er betjent frå midten av juni til oktober. Det er og ei ubetjent hytte, Austerdalshytta, med innlagt straum som kan nyttast

resten av året. Området er snøsikkert, og det vert tråkka skiløyper innover mot Tungestølen kring påsketider.

For meir info: www.tungestolen.dnt.no, www.ut.no eller ta kontakt med Luster Turlag!

5
Velkommen til Tungestølen i praktfulle naturomgjevnader. Foto: Jan M. Lillebø

DEI TRE SELA I GRAVDALEN, ÅRDAL TURLAG

På 850 moh ligg ei gamal stølsgrend i Gravdalen, ein sidedal av Utladalen, der Årdal Turlag har restaurert tre sel, Avdals-, Trondteigenog Svalheimselet. Desse er tilgjengelege, sjølvbetjente DNT hytter. Her kan du oppleva stillheit og ro i fantastisk natur med prektige Austabotntind, Ringstindane og Stølsmaradalstind som nærmaste ”nabo”.

Til stølen kjem ein lettast frå Hjelle i Utladalen. Følg grusvegen mot Vetti og ta av på god sti mot Avdalen gard og Gravdalen. Dette er normalt ein fottur på 2 – 3 timar.

I tillegg til sela i Gravdalen vert eit stabbur i Avdalen disponert som ei sjølvbetjent DNT-hytte utanfor sesongen til Avdal Gard.

SOGNDAL TURLAG PÅ TUR

TIL JORDALSNUTEN!

Sogndal Turlag har kvart år sidan opprettinga av verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap i 2005, arrangert ein tur til ulike stader i verdsarven. Søndag 3. september går turen til Jordalsnuten (937 moh) i Nærøydalen. Det er ein bratt tur, men ein kjem tett innpå det eineståande landskapet i verdsarvområdet slik det er forma av brear og vatn! Besøk heimesida vår for påmelding, og meir info om turen.

6
Nydeleg utsyn til dei majestetiske fjella frå stølane. Foto: Jorunn Frivik Utsikt over Nærøydalen. Foto: Tom Dybwad

BARNAS TURLAG I SOGN OG FJORDANE!

Barnas Turlag arrangerer turar for barn og barnefamiliar både i nærområdet der du bur og på fjellet! Barn fra 0 til 12 år kan vere med i Barnas Turlag. I Sogn og Fjordane Turlag si foreining er det 24 aktive Barnas Turlag. Alle kommunane i Sogn og Fjordane har eit tilbod. Barnas Turlag arrangerer turar og aktivitetar som fengjer både liten og stor. Sjekk ut ditt lokale BT-lag si FB side!

DNT UNG SOGN OG FJORDANE

DNT ung er eit tilbod for deg mellom 13 og 26 år. Vil du dra på tur, sove i snøhole, ta eit klatre- eller kajakkurs? Her kan du bli kjend med andre ungdommar! BaseCamp er eit av dei faste arrangementa Sogn og Fjordane arrangerer kvart år! Vi har også lokale turlag med aktive DNT ung-grupper: DNT ung Sogndal, DNT ung Keipen, DNT ung Midtre Nordfjord, DNT ung Luster, DNT ung Aurland, DNT ung Vik, DNT ung ytre sogn, DNT ung Årdal.

7
Foto: BT Årdal

MIDTVEKETURAR

Ti lokale turlag har ‘midtveketurar’, enten på dagtid eller ettermiddag. Dette er ofte turar kategorisert som grøn, blå eller raude. Sjå på heimesida eller facebook til ditt lokale turlag for meir info. Disse turlaga har turar midt i veka:

PÅ TUR MED STAD GÅLAG

Aurland Turlag

Balestrand og Høyanger Turlag

Flora Turlag

Indre Nordfjord Turlag

Indre Sunnfjord Turlag

Årdal Turlag

Midtre Nordfjord Turlag

Sogndal Turlag

Vik Turlag

Ytre Nordfjord Turlag

I 2022 oppretta Midtre Nordfjord Turlag Stad Gålag med stor suksess! Det blei gjennomført 16 turar med over 70 deltakarar melom 40 og 75 år! Avgang frå Nordfjordeid rutebilstasjon kl. 16.30/17.00 på onsdagane. Turane har gått i områda Eid, Bryggja, Stad og Selje, men også i Bjørkedalen og i Vågsøy.

I 2023 blir det tur til m.a. Haugsvarden i Gloppen, turar rundt om i Stad kommune og kanskje samarbeidsturar med INT. Det er m.a. ynskje om at vi set opp att tur til Barmenøya. Fullstendig terminliste kjem når det nærmar seg påske. Turskildring av dei einskilde turane vert kunngjord på facebooksida vår, i tillegg til heimesida til MNT. Her er alle velkomne, bli med oss på tur då vel!

8
Frå Rambjørga i Ervik. Foto: Midtre Nordfjord Turlag

VELKOMMEN TIL HYTTENE I BREMANGER!

Keipen Turlag er stolte over å drifte to eigne DNT-hytter, Moldahytta og Knekkevasshytta. Begge hyttene er godt utstyrte med fleire soverom, solceller, vedfyring, velutstyrt kjøkken, kokemuligheiter på gass, triveleg uteområde med bålfat og benkar. Det er kort gåavstand til begge hyttene. Dei ligg som eit utgangspunkt i område med flotte turmuligheiter.

I Keipen Turlag sitt område er det unik natur; frå «bre til hav». Det er verdt å nemne: Ålfotbreen, som Noregs vestlegaste isbre, sjøklippa Hornelen som er Europas høgste, Ålfoten

landskapsvernområde med det unike hyllelandskapet, og i ytre delar av kommunen finn vi eit av få store graskledde sletteområde høgt til fjells. Frå høgfjellet Gjegnen med sine 1670 moh, og ned mot storhavet med flotte sandstrender og rullestein-fjærer. I dette landskapet skaper turlaget aktivitet gjennom året med attraktive ski-, fot-, klatre- og sykkel-turar.

For å sjå meir om turane, og hyttene våre, sjekk heimesida vår!

9
Moldahytta står klar og ventar på besøk av deg! Foto: Jannicke Brenden Frøyen

HYTTER VELKOMEN INN

PÅ HYTTENE VÅRE

Ubetent hytte

Dette er som regel små hytter. Hyttene er utstyrt med senger og dyner, kokemoglegheiter med kjeler, dekketøy og ved. Hyttene er opne eller låst med DNTs standardnøkkel.

Sjølvbetent hytte

Som ubetent hytte, men med eit matvarelager med middagsrettar, pålegg, knekkebrød og liknande, som kan kjøpast på hytta. Hyttene er opne eller låst med DNTs standardnøkkel.

Betent hytte

Desse er drivne av eit vertskap. Servering av måltid (ofte treretters middag samt vin/øl) og overnatting på rom eller sovesal. Dei fleste hyttene har enkel, god standard med straum, dusj og tørkerom for turkle. Fleire av dei betente hyttene har eit ubetent eller sjølvbetent tilbod utanfor sesong.

10
Vona Nip assbu Gjegnabu Blåbrebu yt ta Florø keneset Kinn ongenes f yr Moldahyt ta Br ydalseter Solrenni Norddalshytten Vardadalsbu Stordalen Fjellstove Måløy Dale Høy Førde Naustdal Sognefjorden Nordfjord E39 15 5 elgen Halsøyra Grøndalen 4 6 Årebrot Gjeng 6 21/2 Mark Stongfjorden Sula Solund Rutledal Reksta orpa Vågsøy 614 614 Laukeland Riv 57 609 Kråkenes fyr 57 57 Or tnevik 55 92 5 E39 Ålfotbreen Ask voll Lavik Nordeide Må Rysjedalsvika Ytre Oppedal Børabu Olavsbu

Jostedalsbreen

11 ona Årdal Av g Gravdalen Øvre Årdal Longev Vetledalseter Gjegnabu Sandane Nordfjordeid Tungestølen shaugbu Sylvarnes Fuglesteg Fivla ta Str yn Kaldhusseter Reindalseter Sota Sæter Nørdstedalseter Fannaråkhytta alen Tyssenaustet Loen Briksdalsbre Fjellsove Flatb Lunde turiststasjon Høyseth Jostedal Hotell Nigardsbreen Gjestheim dastøl Fast Arent zbu Sprongdalshytta Slæom Grotli Høyfjellshotell Danskehytta Veltdalshytta Skridulaupbu Stølsdalen tagrø Hotell Skagastølsbu Vatnane Åsedalen enningen Vikøyri Sogndal Lærdalsøyri Årdalstangen Balestrand anger Hermansverk Grødes
E39 15 Hope gestøylen ngedalsstøylen 7 E39 ik 13 7 Fresvik A urland s fjo r den 5 E16 53 tti Gard Navarsete Nes gard 3 Vigd Luster 5 Hjelle 15 E39 13 gnaeen 4 Flatsteinbu Sulebu Kyrkjestølen Nystuen Hotel Slettningsbu Tyinstølen Turisthytte Skogadalsbøen Tyinholmen Høyfjell Fondsbu Olavsbu Leir va Fjellst Sognefjellshytta Krossbu Turiststasjon Bøver tun Sk ysstasjon Trulsbu Medalsbu Tyink fjells F st Ingjerdbu Skei Måren 6 Indre Kandal Kollsetestølen Austerdalshytta

Ta med deg Norges beste reiseforsikring på fjellturen!

Vi er kåra til best i landet på omdømme for 4. året på rad.

EPSI Rating, 2022

Med Frende si reiseforsikring er du dekka frå du reiser heimanfrå og heilt til du er tilbake. Den er til og med like god om du mistar telefonen i bakken på veg til butikken.

God tur!

ssf.no/reiseforsikring

TURPROGRAM 2023 Dato Gradering Type Tur/Aktivitet tur Turlag Gruppe
5.2. ski Snøleik på Vatnahalsen - Kom deg ut dagen Aurland Barnas 5.2. ski Måneskinstur - med ski Sogndal Felles 5.2. ski KDU-dag i Stordalen skisenter Gulen-Barnas Barnas 25.2. ski Sletterust - Frostdalen Lærdal Felles 16.3. ski Skarsteinsfjellet Indre Nordfjord Vaksen 18.3. klatring Klatredag i Førde Hyllestad-Barnas Barnas 25.3. ski Sluppen- Bleia Aurland Vaksen 1.4. ski Berdalseken Årdal Felles 2.4. ski Årdal- Nes Indre Sunnfjord Felles 6.4. ski Grovabreen Indre Sunnfjord Fjellsport 15.4. ski Sluten - Oftedalen Lærdal Felles 22.4. ski Klakegga, Troda, Raudalskammen Keipen Felles 22.–23.4. basecamp Camp Vasskarevatnet, sykling, telting, klatring mm. Keipen Ung 29.4.–1.5. ski Fyre-Grindaflethytta-Flenjaeggi-Grindaflethytta-Fyre Aurland Fjellsport 30.4. ski Havren Vik Vaksen
VINTER-VÅR
Dato Gradering Type Tur/Aktivitet tur Turlag Gruppe
QR-koden for å komme direkte til den komplette digitale turkalenderen SOMMAR 1.5. ski Keipen Keipen Felles 3.5. fottur OPPTUR Lærdal Felles 3.5. fottur OPPTUR Ytre Sogn Ung 6.5. ski Skåla Midtre Nordfjord Fjellsport 7.5. klatring Krukla Luster Barnas 13.5. ski Veslefjelltind 2157 og Veslebreatinden 2092 i Jotunheimen Sogndal Vaksen 14.5. ski Ålfotbreen, samarbeidstur (Keipen, Flora og MNT) Keipen Felles 18.5. fottur Tveiteskardet Ytre Sogn Vaksen 18.5 ski Sandfjellet Indre Nordfjord Felles 21.5. ski Storebjørn Luster og Sogndal Vaksen 21.5. fot/båt Øyane Over, samarbeidstur (Flora og IST) Flora Felles 27.5. ski Bukkenibba og Høgefjellet Keipen Felles 27.5. fottur Hest Balestr. og Høyanger Vaksen juni fottur Blåfjellet 823 moh, om Inngardsstølen Balestr. og Høyanger Vaksen 04.6. fottur Vetvika Ytre Nordfjord Felles 04.6. fot/båt Alden - Værlandet/Bulandet Flora Felles 11.6. fottur Håstein, samarbeidstur (Flora og IST) Flora Felles 18.6. fottur Steindalsegga Indre Nordfjord Vaksen 18.6. fottur Trollebotn rundt Balestr. og Høyanger Vaksen 24.–25.6 fottur Saksa Urkeegga Indre Nordfjord Vaksen 25.6. fottur Ormelidtunga Luster Felles 25.6. fottur Blægja frå Rørvika Indre Sunnfjord Felles
Scann
Dato Gradering Type Tur/Aktivitet tur Turlag Gruppe SOMMAR Juli fottur Stolhyrna Midtre Nordfjord Felles 15.7. fottur Fannaråken Lærdal Felles 16.7. fottur Skyttarpiggen Sogndal og Luster Vaksen 19.7. fottur Bøafjellet Midtre Nordfjord Felles August fottur Munthemarki Sogndal Felles August fottur Jubileumstur Årdal Felles August fottur Troda Midtre Nordfjord Felles 5.8. fottur Høyseth-Oldeskaret-Blåfjellet Indre Sunnfjord Felles 5.8. fottur Aurlandsfjellet (Flotvatnet)-Nedbergo-båtskyss Undredal Aurland Vaksen 6.8. fottur Grindsdalen Vik Vaksen 12.8. fottur Jølstraegga Indre Sunnfjord Fjellsport 12.8. fottur Strynekåpa Indre Nordfjord Vaksen 14.8. fottur Hornindalsrokken Ytre Nordfjord Felles 19.8. fottur Topptur til 1822 Årdal Felles 19.–2.8. fottur Hjelledalen-Vettismorki Lærdal Felles 19.8. fottur Lunde-Fjærland Indre Sunnfjord Fjellsport 26.8. fottur Ceciliekruna Indre Nordfjord Vaksen Elvetorget -ein tur som passar for alle 10-20 (16) elvetorget.no Kjøpesenter • Førde • 38 butikkar • Gratis parkering # møtast påtorget Vookal Vi spelar på lag med idretten
Dato Gradering Type Tur/Aktivitet tur Turlag Gruppe HAUST 20.8. fottur Slogen frå Engeset Ytre Nordfjord Felles 20.8. fottur Skålefjellet og Hornfjellet Flora Felles 20.8. fottur Vestre Holåtind-Topptrim Luster Vaksen 20.8. fottur Kvandalsleitet Vik Vaksen 25.–27.8. fottur Vikjadalen Vik Vaksen 27.8. bretur Blåistur i Haugabreen Midtre Nordfjord Fjellsport 27.8. sykkel Terrengsykling Heggmyrane Luster Ung 27.8. fottur Steindalen, Fagernipa, Storenipa og Høydalsnipa med retur til Steindalen Flora Felles 27.8. fottur Høyanger-Viksdalen (med IST) BoH/ IST Vaksen SEPT fottur Blæja i Syvde Ytre Nordfjord Felles 3.9. fottur Fagerdalsnipi/Torskanesgluvra Vik Vaksen 3.9. fottur Verdsarvtur til Jordalsnuten 937 Nærøydalen Sogndal Felles 3.9. kano KDU-dag kajakk i Solund Solund - Barnas Barnas 3.9. fottur Bulyststien Vassbygdi - Kom deg ut dagen Aurland - Barnas Barnas 9–10.9. fottur Tyin-Fleskedalen-(Skogadalsbøen/Vettismorki)-Hjelle Årdal Felles 10.9. fottur Tjugatoten Balestr. og Høyanger Vaksen 10.9. fottur Hornelen Ytre Nordfjord Felles 1.10 fottur Steindalsegga Indre Nordfjord Vaksen 7.10. fottur Soleieberg Årdal Felles

BESØK EI HYTTE UTANFOR ALFARVEG!

Indre Sunnfjord Turlag (IST) dekkjer område frå Alden vest i havet til Jostedalsbreen i aust. Dette pregar også turprogrammet vårt med turar ved kysten, og på høgfjellet! IST har to fantastiske hytter som kan spegle naturen i vårt område! Ei av hyttene, Nipebu, er omringa av snilt og lettgått turterreng i ytre strøk. Den andre Longevasshytta, ligg langt inn ein dal, omringa av høge fjell og snørike toppar.

Nipebu ligg på 500 moh i Askvoll kommune. Hytta er fullt utstyrt med det du treng og reknast som ei sjølvbetjent hytte, med matlager. Det er sju sengeplassar, pluss seng i bod og madrassar på hemsen. Det er båt-, kano og fiskemoglegheiter kring hytta!

Longevasshytta ligg i fjellområda på grensa mellom Naustdal og Jølster i Sunnfjord kommune. Hytta er sjølvbetjent med matlager og elleve sengeplassar. Hytta ligg i Naustdal-Gjengedal vernområde. Du vil oppleve storslått, urørt natur. Det er båt og fiskemoglegheiter kring hytta.

Du finn meir info om begge desse hyttene, og Massbu (ei tredje hytte), på UT.no eller på heimesida vår. Dersom du ønskjer, kan du bestille overnatting på førehand! Hugs lakenpose, og å sjekke vermeldingane.

16
Nipebu ligg i eit flott turterreng, kom gjerne på besøk! Foto: Line Hårklau

FRILUFTSLIV TILRETTELAGT UTVIKLINGSHEMMA

Friluftsliv tilrettelagt for utviklingshemma (FTU) er eit tilbod for utviklingshemma, deira familie, venner og støtteapparat.

Gjennom felles aktivitetar som er tilrettelagt for alle funksjonsnivå, ynskjer vi i DNT å skape ein felles arena for å ha det gøy saman.

I Sogn og Fjordane er det tre lokale turlag som har dette tilbodet. Årdal Turlag, Luster Turlag, Sogndal Turlag og Indre Sunnfjord Turlag.

TRENG DU EIT STOPP MELLOM VOSS OG SOGN?

Da må du ta deg ein tur på Målsethytta. Denne flotte tømmerhytta ble bygd i 1936 og er eigd av Vik Turlag. Ho ligg på nordsida av Målsetvatnet på Vikafjellet. Sommarstid er det bilveg heilt fram til hytteveggen og det er rullestol-tilkomst. På vinteren må ein gå frå Vikafjellsvegen (RV13), 1,1 km. Det er lett terreng med ski eller trugar. Det er to hytter; Hovudhytta (Målsethytta) og Vetlehytta (sikringsbu).

Til saman er det sengeplass til 30 personar, med godkjend sengestorleik. Det er gode mobiltilhøve.

Hytta ligg i eit fint turområde, med turstiar. Terrenget er også eit svært fint skiområde, spesielt nordover frå hytta. Målsetvatnet er flott fiskevatn. For meir info sjekk ut UT.no.

Velkomne til Målsethytta!

17
Ei hytte du kan nytte heile året! Foto: Karen Wichert FTU Indre Sunnfjord på tur hausten 22 Foto: Marie Sørum

NYASTE TILSKOTET I HYTTEFAMILIEN

Børabu er ein ny hytte drifta av Flora Turlag. Den gjer at Flora Turlag no kan tilby medlemmane våre fire forskjellige, men flotte hyttealternativ. Vi har hytter i krevjande høgfjellsterreng, nye Børabu i middels terreng, og ei hytte ved sjøen med enkel tilkomst. Her er noko for einkvar smak!

Børabu ligg idyllisk til 515 meter over havet, midt i mellom Børavatn og Grisebotsvatnet.

Her er 6 sengeplassar, utedo og mogelegheiter til å lage eit godt måltid på gassgrillen på kjøkkenet. Hytta ligg ved foten av majestetiske Haukåbøra, som er eit flott turmål og lett å kjenne igjen frå alle kantar. Mange gode dugnadstimar er lagt ned for å få hytta klar for ein flott sesong! Du er hjarteleg velkommen til å sjekke ut det nyaste hyttetilbodet!

Børabu i solnedgang. Foto: Sigbjørn Stenseth

BLI MED PÅ BJØRN WEST-MARSJEN!

Den tradisjonsrike Bjørn West-marsjen går av stabelen nest siste sundagen i august kvart år, arrangert av Ytre Sogn Turlag. Marsjen går i flott fjellterreng mellom 400 og 750 moh til minne om motstandsgruppa Bjørn West som kjempa her på slutten av andre verdenskrig. Datoen i år er 20. august, så set av denne dagen no!

Du kan velgje mellom kort og lang løype. Begge alternativa går gjennom områda der motstandsgruppa Bjørn West kjempa harde kampar mot dei tyske troppane som kom opp frå Matre og/ eller Bjordal/Førde. Same kva alternativ du vel, så vert du teken godt i mot ved målgang ved Stordalen fjellstove. Her vert det servert middag og smårettar heile dagen. Det vert også konsert og friluftsgudsteneste frå kl. 14.30, og kl. 16.00 er det minneseremoni over dei falne i Bjørn West.

Lang tur: Bjørn West-marsjen lang (15 km) startar på Matre med registrering, og bussavgang mellom kl. 07.00 og 10.00 til Godbotn med marsj forbi Litlematrestølen til Stordalen Fjellstove.

Kort tur: Bjørn West-marsjen kort (6 km) startar i Stordalen (på parkering ved NAF) med registrering og bussavgang mellom kl. 10.30 og 12.00 til Nystølen i Sogn med marsj til Stordalen Fjellstove.

Ved gjennomføring vert det utdelt merke og t-skjorte! Meld deg på turen, og bli med på ein faktastisk tur med sterke historiar. Sjå meir info om tur og påmelding på YST si heimeside!

19

LÅNE RANDONEESKI ELLER KANO I STRYN?

Indre Nordfjord Turlag har turar for alle alder, i alle nivå. Treng du låne noko tururstyr til ditt neste eventyr? I dette området er det høge og utfordrande fjell, som for mange berre er nok å sjå på. Har du lyst til å teste fjella i Nordfjord på ski? Indre Nordfjord Turlag har 12 par Rando-

neski med sko, feller og staver for utleige. Du kan også leige truger! Det er utlån av kanoar og sup-brett ved Jostedalsbreen Nasjonalparksenter i Oppstryn. Ved «naustet» er det etablert grillplass og sitteplassar. Info om korleis du leiger utstyr finn du på heimesida vår!

20 Full
aktivitet
på Oppstrynsvatnet. Foto: Olav Auflem

BLI MED LÆRDAL TURLAG PÅ SKITUR TIL BLEIA!

Den 29. april 2023 går turen til Bleia. Du har kanskje sett fjellet frå vegen mellom Sogndal og fergekaia? Det ser frykeleg bratt ut, men frå baksida er det ein flott skitur! Lærdal Turlag tek deg meg på tur frå Vardahaug bru forbi Modlaugsvatnet og heilt inn Modlaugsbotnen, mot Nord og til Daumannsvatnet. Vidare går turen ned i Bleiaskaret før me byrjar på vegen opp fjellet og toppen på 1717 moh. Nokre plassar er det bratt, me legg ruta utenfor utløpssona til hengeskavlen. Etter det bratte partiet flatar det

litt ut, og etter ei lang og slak stigning skimtar me toppen.

Utsikta er fenomenal i alle himmelretningar!

Turen ned att går unna, og dei som nyttar randoneski har det svært morosamt! Eit lite parti kan vera litt kronglete, men ikkje vanskeleg. Siglinga ut Modlaugsbotnen er ein draum, ein må berre passa på å halda rett høgde så farten vert passe. Meir info om turen finn du på heimesida og FB!

21
På ein tidligare tur til Bleia! Foto: Rolf Engløkk
JØLSTER
Tlf: 47 46 30 83 jolster.resepsjon@olavthon.no

RUNDTUR LÅNEFJORDEN-BRUDALEN- ERIKSDALEN-HØYANGER

Balestrand og Høyanger Turlag arrangerer denne flotte fotturen 5. august 2023. Bli med! Den er berekna som ein heildagstur, sjølv om dei raskaste sikkert vil klare turen på få timar.

Utgangspunktet for turen er på 20 moh i Lånefjorden, og den endar opp på 120 moh innerst i Dalen i Høyanger. Ruta startar på stølsvegen, som i 1905 vart sprengt ut for å bli meir framkommeleg. Turen fortset opp frodige og vakre Brudalen, der vi kan sjå restar av tidlegare tiders stølsdrift. Etter ei litt bratt oppstigning opp Dyreskardet, openberer det flotte Kaldosvatnet seg på andre sida. Vi er no på turens høgste punkt på 860 moh.

Langs sørsida av vatnet går det tydeleg sti, som passerer dei velhaldte Lånestølane. Ruta fører oss vidare over den heilt nye demningen og brua, til vi kjem inn på anleggsvegen på nordsida av ‘Kaldosen’. Resten av turen på fjellet går på grusveg i omlag 7 km. Her ligg det flotte fjellvatn som perler på ei snor: Blankevatn, Høgsvatn og Roesvatn. Vatna har godt med fisk, og eignar seg svært godt til bading!

Anleggsvegen stoppar på Nova, der eit anna underlag ventar: ca 2500 trappetrinn i tre. For deg med høgdeskrekk eller redsel for gangsperr, er stien langsmed trappene eit godt alternativ.

22
Utsikt frå Håvardhammaren ned mot Lånefjorden og Sognefjorden. Foto: Anita Taftø Se våre trapper på stryntrappa.no

HJÅ YTRE NORDFJORD

TURLAG KAN DU BESØKE TO FLOTTE FYR!

Ytre Nordfjord Turlag held til lengst nordvest i Sogn og Fjordane. Truleg det einaste DNT-laget som har eit surfetilbod for barn gjennom BT Stadlandet! Å bu ved kysten stiller spesielle krav til erfaring med vatn og sjø, og det er god HMS å bli godt vand med dette elementet tidleg i livet. I tillegg er det superkult og veldig moro!

Flaggskipa i YNT er fyra våre. Vi har to fyr som kan ta i mot overnattingsgjester: Kråkenes Fyr og Skongenes Fyr. Kråkenes Fyr er mest tilgjengeleg, der ein kan køyre heilt fram. Til Skongenes Fyr er det om lag ein times gange. Begge fyra har overnattingsmoglegheiter, og utstyr du treng for å lage ein god middag. Ta ein tur på eit fyr og kjenn på nærleik til vær og vind, velkommen!

Kråkenes fyr står stødig i all slags vær Foto: Line Hårklau

Drøymer du om nye utsikter?

Foto: Skongenes
Marleen Blålid
DU FINN DRAUMEHYTTENE PÅ UT.NO vookal.no
fyr,
Hodne
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.