
1 minute read
BLI MED PÅ BJØRN WEST-MARSJEN!
Den tradisjonsrike Bjørn West-marsjen går av stabelen nest siste sundagen i august kvart år, arrangert av Ytre Sogn Turlag. Marsjen går i flott fjellterreng mellom 400 og 750 moh til minne om motstandsgruppa Bjørn West som kjempa her på slutten av andre verdenskrig. Datoen i år er 20. august, så set av denne dagen no!
Du kan velgje mellom kort og lang løype. Begge alternativa går gjennom områda der motstandsgruppa Bjørn West kjempa harde kampar mot dei tyske troppane som kom opp frå Matre og/ eller Bjordal/Førde. Same kva alternativ du vel, så vert du teken godt i mot ved målgang ved Stordalen fjellstove. Her vert det servert middag og smårettar heile dagen. Det vert også konsert og friluftsgudsteneste frå kl. 14.30, og kl. 16.00 er det minneseremoni over dei falne i Bjørn West.
Advertisement
Lang tur: Bjørn West-marsjen lang (15 km) startar på Matre med registrering, og bussavgang mellom kl. 07.00 og 10.00 til Godbotn med marsj forbi Litlematrestølen til Stordalen Fjellstove.
Kort tur: Bjørn West-marsjen kort (6 km) startar i Stordalen (på parkering ved NAF) med registrering og bussavgang mellom kl. 10.30 og 12.00 til Nystølen i Sogn med marsj til Stordalen Fjellstove.
Ved gjennomføring vert det utdelt merke og t-skjorte! Meld deg på turen, og bli med på ein faktastisk tur med sterke historiar. Sjå meir info om tur og påmelding på YST si heimeside!
LÅNE RANDONEESKI ELLER KANO I STRYN?
Indre Nordfjord Turlag har turar for alle alder, i alle nivå. Treng du låne noko tururstyr til ditt neste eventyr? I dette området er det høge og utfordrande fjell, som for mange berre er nok å sjå på. Har du lyst til å teste fjella i Nordfjord på ski? Indre Nordfjord Turlag har 12 par Rando- neski med sko, feller og staver for utleige. Du kan også leige truger! Det er utlån av kanoar og sup-brett ved Jostedalsbreen Nasjonalparksenter i Oppstryn. Ved «naustet» er det etablert grillplass og sitteplassar. Info om korleis du leiger utstyr finn du på heimesida vår!