Putsj #04/05

Page 3

6 MYGGEN Blodig alvor

8 KOMMUNER I KAMP Mot klimaendringene – eller?

20 ARKITEKTER I CAMPINGVOGN Løvebakken: Kjøpt og betalt. Så er det i gong igjen. Og denne gongen er det nærare enn nokon sinne. Gasskrafthelvetet. Snart kan vi vere midt oppe i det, både på Skogn og Kårstø. – Det er vel kjent at eg ikkje likar at det blir bygd kraftverk med forureinande teknologi, seier Bondevik til NRK. Likevel vil han ikkje lyfte ein finger for å stoppe det. Og han skal liksom vere Norges mektigaste mann? Kven skal då klare å hindre bygginga av forureinande gasskraftverk i Norge? Ein bergensk arbeiderpartipolitikar gav nyleg 60 prosent av makta til næringslivet og 40 prosent til politikarane i eit intervju med Putsj. Når sjølv sosialdemokratiske politikarar begynner å sei dette, er det skummelt, synast eg. Jo meir makt privat næringsliv får, jo mindre høve får vi til å påvirke, og jo meir hemmeleghald vert det. Jo mindre meining blir det og i ein valkamp, så lenge politikarar på alle sider tenkjer det er greit å gje makta dei får frå velgarane vidare til private hender. Opptakta til høstens Stortingsval har for meg likna meir og meir eit amerikansk valkarneval, meir og meir på eit to-partisystem: Rødgrønt eller blåkristenbrunt? Ulikskaper vert tydlegare, javel, men kva med nyansane og valfridommen? Det var mine klager på verdssituasjonen. Å skrive dei ned hjelper litt, berre det. Dette nummeret av Putsj handlar om klima, og går ikkje berre til medlemmar som vanleg. Opplaget på 25 000 skal sikre at også du som ikkje har engasjert deg politisk før skal få høyre om klimaproblema. Vi vil at du skal gjere deg opp di eiga oppfatning av kva som er gale og rett her i verda. Få lyst til å gjere noko med det. Vi vil gje deg ein mulegheit til å bidra. Fordi miljøpolitikk er altfor viktig til at vi kan overlate det til politikarane. Siri Helle, redaktør for fyrste gong

Byen er din – snakk om den

28 BEDRE OG BEDRE DAG FOR DAG Aktivismetips i skolehverdagen

30 LOV OG RETT I ARKTIS

Med lovbok – mot Bush og klimaendringer

36 BRÅKEBØTTER

The Spectacle vil gjøre hardcore farligere

39 LANGFINGRA

Khonnor rapper det han finner

3


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.