1 minute read

LILLIAN KARIN BJØRNDAL

Med Bordsete ynskjer eg å synleggjere røtene våre. Linjene som går mellom generasjonane, og som overfører alt; godt og gale. Sjølv om me i det moderne samfunnet synes løyst frå dei, så er dei der.

“Ho les seg heim att”

Advertisement

På sunnmørsk betyr det at ein ser kvar ho kjem frå, kva gard eller familie ho liknar. Men kva med det indre og dei traumene som lever i familiene? Eit bordsete kan, når det dreg ut, vere ein plass ein helst vil kome seg frå, men så klarer ein ikkje å rive seg laus.

“Bordsete” seier noko om korleis heimen kan sluke individet. Bordet sluker stolane, held dei fast. Dei er fanga, og kjem seg ikkje laus.

Kva er det med desse banda som knyter oss saman? Kvifor held folk i lag sjølv om dei eigentleg vil gå frå kvarandre? Kvifor vert me verande i familierelasjonar som øydelegg oss, og står på pinne for dei som igjen og igjen skadar oss?

This article is from: