1 minute read

ELISABETH HATLEHOL SAIROSI

Next Article
AILÈN MARI OLSEN

AILÈN MARI OLSEN

O my body, make of me always a woman who questions.

“O my body, make of me always a man who questions” er henta frå boka Black Skin, White Masks, av legen og filosofen Frantz Fanon (1925-1961). I prosjektet utforsker eg blant anna korleis kroppane våre er teikn på noko anna enn oss sjølve, og det viktigste for meg er å ha rom til å stille krevande spørsmål og arbeide med desse spørsmåla visuelt.

Advertisement

Fanon skriv blant anna om “the White Woman”, og det å vere kvit og kvinne er ideen og utgangspunktet som eg arbeider ut frå. Som kvit kvinne har ein privilegier knytt til hudfarge, men ein kan òg oppleve diskriminering på grunn av kjønn. I dette prosjektet utforsker eg den doble erfaringa av diskriminering og privilegier gjennom materiala nylonstrømpe, gips og varene sukker og kaffi.

Eg synest det er spennande å arbeide i mellomrommet mellom korleis materiala påverkar meg og det eg lagar, og korleis eg påverkar materiala, formene og installasjonen. Vala eg tek i prosessen er ut frå kva materiala og formene seier til meg, korleis eg ser dei ut frå eigne erfaringar, og korleis eg les dei i ein historisk og samtidig kontekst. Deretter er det opp til kvar enkelt kva dei ser, opplever og tenkjer i møte med verket.

This article is from: