
2 minute read
Det var ein gong eitt menneskje
Eg minnast når eg var eit born, djupt inne i fjordlandskapet, at eg sat fjetra foran TV-en og såg ein gråhåra, lankskjegga mann som vart krympa ned, reiste inn gjennom huda til eit menneskje, og der vart konfrontert av alt det menneskjkroppen er i ei besjelt form: Raude blodlekam som bar oksygen på ryggen, kvite blodlekam i jagerfly, bakteriar som ulma og sneik – spesielt minnast eg den episoden der sigarettrøyken gjekk ned over halsen og beit av flimmerhår på sin veg. Seinare – i mitt minne – so kom episodar der den same mannen reiste i tid og til verdsrommet, og kvar gong so stod han der som ein utanforståande og observerte, fortalte, og syna oss gjennom den franske animasjonsserien Det var ein Gong eit Menneskje av Albert Barillé, akkurat kva det var å vera eit menneskje i alle formar, fargar, og idear. Det var ein Gong eit Menneskje kom til i 1978, då med ein sesong som fokuserte på verdihistoria, men hadde fleire oppfølgarar fram og inn på nittitalet, der i blant ein sesong om kroppen som bergtok ein yngre meg.
Og spørsmålet ein kan stilla seg no, er kvifor: Kvifor les eg om ein fransk animasjonsserie i katalogen for Ytre Kunstfagskule? Kva kan den serien ha med ti studentar som har gått gjennom to år med kunstfagleg utdanning? Det korte svaret vil vera alt. Av di om ein går inn i kvar av dei ti studentane sine arbeid, so ser ein at på eitt eller fleire nivå so stilles dette spørsmålet: Kva er eit menneskje. Dette kan virka som eit veldig enkelt spørsmål, men på same måte som animasjonsserien veksla mellom kropp, verdsrom og verdshistoria, so kan ein i kvar av prosjekta sjå kompleksiteten av det å vera menneskje: Kan ein arve eit traume, korleis påverkar landskapet kroppen min, vaskerommet som heterotopi, angst og heim, mugg som overtek kropp og liv, kolonialisme og kvinnekroppen, det digitale si påverknad på idear om vakkerdom og styggedom, kan eit kunstverk omfavna deg og korleis, kan norrøne mytologiar uttrykka samtidige idear om depresjon, må det gode vera vakkert og visa versa?
Advertisement
Og når eg ser på dei spørsmåla, so ser eg dei gjennom arbeida til ti individuelle syn, idear og tankar om menneskjet og verda. Dei syner oss idear som kan virka framande, nokon gonger skremmande, og ikkje minst utfordrar dei vår eigen ide om kva ein skal tenkje kring menneskja og samtida. Og likeins som me Det var ein Gong eit Menneskje, som vart gitt ut på søtti-, åtti-, og nitti-talet, under skuggen av den kalde krigen, skapar dei ti studentane her, no, i ei tid fylt med utryggleik om naturens framtid, geopolitiske fraksjonar, krig, og ikkje minst denne uroa om å vera eit menneskje i denne verda. Denne situasjonen, dette no-et som me er i vil derfor også krevje ei form for gransking av ikkje kun det som er kring oss, men kva det er som er oss.
Når eg ser på verka som studentane har arbeida fra, når eg kallar attende orda som dei har nytta, so er det dog ikkje noko som fyllar meg med eksistensiell angst, men i staden for so vert eg her, og no, lika fjetra som då eg såg det fyrste raude blodlekamen bera oksygen på ryggen, og antistoffet slå eit virus med ein pinne: Eg byrjar å tenkje på kva det er å vera eitt menneskje, og i det, gjennom arbeida til studentane, so ser eg vakkerdom, håp, og stemmer som alltid vil spørja, utforska, og skape verda på nytt foran våre auger.
Gratulerer alle saman.
Marius Moldvær
Billedkunstnar og teoretikar