6 minute read

TIL BØMLO FOR Å LUKKAST

På Bømlo arbeider næringsliv, kommune og skule i lag for at ungdom, etablerarar og bedrifter skal lukkast. Tusenvis av dyktige fagfolk og ingeniørar har starta ut på vidaregåande skule på Bømlo, og er nøkkelpersonar i den enorme teknologiske utviklinga på Vestlandet.

Advertisement

Unitech kasta sine auge på Bømlo – Gründer- og innovasjonskulturen, og den kompetansen som er så tett på kvarandre i Sunnhordland og Bømlo, er grunnen til at me valde å plassera teknologisenteret på Rubbestadneset, fortel Bernt Hellesøe i Unitech, – tett på industrien og Noregs beste vidaregåande skule. I teknologisenteret er målet at fagarbeidarar, ingeniørar og forskarar skal arbeide saman med å løyse konkrete problemstillingar for kundar. – Me ventar oss store ting av dette senteret, fortset Hellesøe. – Tenk å få setja saman kreativ ungdom under utdanning med ingeniørar og forskarar i eit sydande innovasjonsmiljø! Det blir ein dynamikk me truleg ikkje har sett før!

Teknologisenteret vil vere ein prototypingsverkstad for bedrifter som treng areal, utstyr og kompetanse til å utvikle konsept fram til eit kommersielt produkt. Senteret vil vere ein unik samlingsplass for dei som driv teknologiutvikling innan maritim industri, havvind og havbruk – særleg med fokus på energieffektivisering og elektrifisering.

LOS Gruppen blir ein del av teknologisenteret LOS Gruppen har sidan starten i 1983 vakse frå ei kjellarbedrift til eit konsern med mange selskap. Konsernet tel i dag nærare 450 tilsette, og er eitt av dei største privateigde elektroselskapa på Vestlandet. Gründerane, Martin Lønning og Jakob Særsten, var lærarar på det som den gongen heitte Rubbestadnes yrkesskule. Dei er begge levande opptatt av å skapa framtidsretta lærling- og arbeidsplassar for elevar som går ut frå denne skulen, og ryggrada i LOS Gruppen er sett saman av ungdom som kjem derifrå.

Innovasjon, nytenking og driftig satsing har gjort at selskapet i dag har både skipsverft og eigarskap inn i fleire grøne teknologibedrifter, i tillegg til elektroverksemda. – Me må invitere ungdommen med inn i dette arbeidet, så tidleg som mogleg, og då er det flott at dei får gå på skule i teknologisenteret.

Bømlo er pilot – her blir framtidsskulen forma For no ser Noreg noko heilt nytt stiga fram. Den nyutvikla, spennande «Bømlomodellen» der elevane får tettare kontakt med bedriftene. Bømlo vidaregåande skule og Rubbestadnes vidaregåande skule vert slått saman frå hausten 2022. Og no kjem skulen enno tettare på bedriftene. Det skjer m.a. gjennom meir hospitering, spesialiserte opplæringsstasjonar ute i verksemdene, og ikkje minst auka motivasjon gjennom meir relevant praksis tett på arbeidslivet, uavhengig om en går på yrkesfag eller studiespesialiserande. Nytt frå skuleåret 2022, er ei naturbrukslinje, der ein kan gå vidare på akvakultur frå hausten 2023. – Me er med på laget i etableringa av ei akvakulturlinje ved Bømlo vidaregåande skule, fortel utviklingssjef i Bremnes Seashore, Simon Nesse Økland. – Her vil me etablere eit heilelektrisk oppdrettsanlegg, og ein elektrisk lokasjonsbåt. Det vil vera klasserom på fôrflåten og undervisning med moderne teknologi rundt elevane.

–Me ser føre oss at fleire vil kunne få tilgang til desse fasilitetane ved teknologisenteret, som til dømes bedrifter som driv teknologiutvikling retta mot oppdrettsnæringa, og at elevar frå skulen blir invitert med på å løyse utfordringar me har, legg Økland til. – Olav Svendsen sr., som i si tid grunnla Bremnes Seashore, var berre 14 år då han starta. Eg er viss på at det finst mykje god problemløysingskompetanse hos elevane som går på Bømlo vidaregåande skule òg.

Skulen vil vera lokalisert på Svortland og på Rubbestadneset, og skal bygga vidare på den suksessen som gjorde at han blei kåra til Noregs desidert beste i 2016. – Me trur denne modellen vil tilføra ein ny, vitaliserande måte å tenkja utdanning på, der me samstundes fører vidare høg grad av fullføring for elevane og stor inspirasjon innan ungt entreprenørskap, seier den nye rektoren

UNITECH Teknologisenter

I 2022 vil UNITECH Teknologisenter stå ferdig på Rubbestadneset. Senteret vil vera ein unik samlingsplass for dei som driv teknologiutvikling innan maritim industri, havvind og havbruk – særleg med fokus på energieffektivisering og elektrifisering.

Yrkesfag innan industri, elektro, automasjon, maritime fag og akvakultur, vil vere samlokalisert med industrien i dette senteret

Bømlo vidaregåande skule

er frå hausten 2022 både Bømlo og Rubbestadnes vidaregåande skule. Skulen tilbyr følgjande utdanningsprogram frå hausten 2022:

Studiespesialisering (ST) • Vg1 Studiespesialiserande • Vg2 Realfag og Språk, samfunnsfag og økonomi • Vg3 Realfag / Språk, samfunnsfag og økonomi

Teknologi og industrifag (TIF) • Vg1 Teknologi og industrifag • Vg2 Industriteknologi • Vg2 Maritime fag Elektrofag og datateknologi • Vg1 Elektrofag • Vg2 Elenergi • Vg2 Automatisering • Vg3 Automatiseringsfaget

Helse- og oppvekstfag (HO) • Vg1 Helse- og oppvekstfag • Vg2 Helsearbeidarfag • Vg2 Barne- og ungdomsarbeidar

Naturbruk (NA) • Vg1 Naturbruk • Vg2 Akvakultur (frå hausten 2023)

Skulen tilbyr òg påbyggjing til generell studiekompetanse, klasse for tilrettelagt opplæring, HTH-gruppe, og kombinasjonsklasse.

Laila Mehus. Ho leier arbeidet med å sy dei to skulane saman. – Knytinga mellom utdanning og næringsliv er viktig, og der må eg seia at nærings- og arbeidslivet på Bømlo er gode medspelarar.

– Velkommen til Bømlo! – På Bømlo vil me vidare, heile tida. Nye, spennande bedrifter ser dagens lys. Produkt blir utvikla, patentar kjem på plass og ungdommen lukkast med si utdanning. Det er ein stolt ordførar Sammy Olsen som fortel at for kommunen har det vore svært viktig å leggja til rette for at næringslivet kunne få areal å utvikla seg på. Rubbestadneset har vore viktig for ungdommen på Bømlo, og utdanninga her har trekt elevar frå heile regionen. – Det syns me er veldig kjekt, og me ynskjer ungdom som ynskjer å lukkast hjarteleg velkommen til Bømlo!

2022 blir eventyret sjøsett! – Neste haust flyttar me inn i teknologisenteret, kan Bernt Hellesøe fortelja. – Det blir ein frisk, ny start for oss alle som skal inn i senteret, både bedriftene, skulen og forskarane. Me trur summen av det desse aktørane kan få til ilag er mykje større enn det dei kan få til kvar for seg. – Me gler oss veldig til å komma i gang, avsluttar Hellesøe.

Norwegian Marine & Energy Complex

NMEC er ei foreining som består av 21 bedrifter, i hovudsak lokalisert i og rundt teknologisenteret på Rubbestadneset.

Medlemsbedriftene til NMEC er aktive samarbeidspartnarar for den vidaregåande skulen, og arbeider tett saman for å sikre nok og rett kompetanse til næringslivet på Bømlo.

Medlemsbedriftene har høgt fokus på nytenking og nyskaping, innehar praktisk erfaring med problemløysing og produktutvikling, har brei fagleg kompetanse, og er gode på samarbeid.

Bømlomodellen

På Bømlo vidaregåande skule arbeider ein etter den nye Bømlomodellen. Det betyr at elevane får tettare kontakt med bedriftene.

Elevar på yrkesfag vil til dømes få opplæring på utstyr ute i bedrift, i tillegg til grunnleggjande opplæring i skulen, slik at dei får mest mogleg oppdatert og relevant kompetanse innan deira fagområde før dei skal ut i lære.

Elevar på studiespesialiserande vil hospitere ute i bedrifter, slik at dei kan få meir innblikk i kva ulike yrker går ut på, før dei skal gjere val om vidare utdanning på høgskule/universitet.

Gjennom dette tette samarbeidet er målet at elevane skal få auka motivasjon og auka kompetanse om det dei lærer i skulen, og bli betre førebudd til livet som møter dei etterpå.