12 minute read

ULLENSVANG

Ordførar Roald Aga Haug er øvste sjef i kommunen som no skal leggja til rettes for å vidareføra kvalitetane i Friluftshovudstaden Ullensvang.

Den største industri-investeringa i fastlands Noreg er sjølvsagt heilt fantastisk, men set likevel krav til dei som skal leggja til rettes for at investeringa på 7 milliardar skal bli vellukka.

Advertisement

Ullensvang og Roald skal og ta mot kanskje meir enn 1000 gjestearbeiderar på det meste. Dei skal ha mat og ein stad å bu. Seinare skal alle dei ny-tilsette på Boliden og i andre bedrifter ha ein permanent stad å bu.

Industrien i Ullensvang er på veg inn i blømande tider. I tillegg blømer frukt og siderbransjen i sterk aukande grad. Noko som og fører med seg at turistnæringa vil auka mykje.

Skal dette bli ei god oppleving for alle må mykje infrastruktur betrast og mange ting må leggjast til rette slik at å vera i Ullensvang og Hardanger blir ei god oppleving.

Vi kjenner på ansvaret, seier Aga Haug, men eigentleg er det berre luksusproblem. Fyrst og fremst er dette ein enorm sjanse for oss og framtida. Vi må berre gripa den med begge hender.

Her kan du lesa kva ordføraren sjølv, Roald Aga Haug tenkjer om framtida, utfordringane og ikkje minst moglegheitene.

Ekte Synleg Berekraftig Inkluderande Attraktiv

NÆRINGSLIVET I ULLENSVANG

Det er stor skaparlyst og gjennomføringskraft i det private næringslivet i regionen. Me ser dette særleg godt innanfor landbruk/sider, industrien og reiselivet.

I slike tider er det viktig at kommunen kan jobbe godt med tilrettelegging. Dette gjeld sjølvsagt innanfor dei kommunale tenestene, men òg i høve planlegging og tilrettelegging av areal og infrastruktur.

I desse dagar ser me eit stort trykk på bustadmarknaden. Difor jobbar me aktivt med å få klarert areal for vidare bustadbygging.

Den positive utviklinga gjer det ekstra motiverande å jobbe i kommunen. Me har medvind når me no saman utviklar og bygger nye Ullensvang kommune.

Kristian Bondhus-Jensen

Kommunalsjef for kultur, næring og samfunn

Investering på Boliden 7 000 000 000

VI TRENG MEIR FOLK!

Største industri investering i fastlands – Noreg – 7 milliardar

Boliden konsernet si største investering nokon sinne, så dette er ei stor sak, seier ordførar Roald Aga Haug.

Det viser at vi er best i verden. Boliden satsar ikkje i Odda for å vera snill med Noreg, eller noko.

Gjennom dei 10 siste åra har bedrifta på Eitrheimsneset kvalifisert seg for dette, dei har rett og slett gjort ein kjempejobb.

Alternativet ville vera at bedrifta i Odda vart eit haustingsverk. At produksjonen ville gått så lenge dei tente pengar, så her har Boliden i Odda trekt det lengste strået.

Konsernet hadde fleire ulike prosjekt som konkurrerte om denne investeringa. I Sverige og Finland er dei misunnlege.

Det aller viktigaste med denne investeringa er at dei 330 tilsette no veit at jobbane deira har ei ljos framtid. Boliden i Odda vil bli det mest miljøvennlege og effektive zinkverket i verda. 50 - 60 nye årsverk vil gje robuste arbeidsplassar. Når Boliden aukar produksjonen med 70 prosent gjennom etablering av 50-60 nye arbeidsplassar, betyr det ein høg grad av effektivisering. Kompetansearbeidsplassar innan automatisering og digitalisering vil gjera arbeidsplassane på Boliden svært attraktive.

Vi ser fram til ein tett dialog med Boliden. Eigentleg har vi hatt ein jamn og god kontakt med bedrifta heile tida. Men no går vi inn i ein meir intensiv fase, der vi skal samarbeide om alt mulig av tekniske utfordringar. Frå behovet for å deponera store mengder stein til å leggja til rettes for å ta i mot inntil 1000 gjestearbeiderar som skal ta del i utbygginga i den perioden som ligg framfor oss. Vi skal og leggja til rette for kva dei kan gjera i den vetle fritida dei har. Her kan det bli gode synergiar for næringslivet lokalt. Mange ulike oppdrag for underleverandørar og for både butikkar, restaurantar og kva det måtte vera. Så er vi opptekne av at gjestearbeidarane må få augo opp for Hardanger-regionen og bruka tida si her.

Nokre utfordringar vil vi heilt sikkert få. Då er det viktig at vi er gode på samhandling, slik at flest mogleg av utfordringane vert positive og minst mogleg negative. Men det vil sjølvsagt merkast i lokalmiljøet, både anleggsarbeidet og alle dei som skal vera her i tillegg til befolkninga.

Vi vonar aktiviteten skal føra til at fleire vil investera i området, både i overnatting og kva det måtte vera. I tillegg vil det bli mykje arbeid til lokale firma. Det vil bli kamp om ulike typar fagfolk i området, så rekruttering er eit stikkord. Det å hjelpa kvarandre både i privat næringsliv og det offentlege, vil vera heilt grunnleggjande for å lukkast. Så vi treng fleire hender vi no, seier ein entusiastisk ordførar. Difor er det berre å koma til Ullensvang og leva det gode livet her. Byggja seg hus, kjøpa seg hus, pussa opp hus.

I Ullensvang vil det bli rike muligheter framover til å få seg eit spennande arbeid. Boliden si investering er eit kjempepositivt prosjekt som og gjev oss nokre utfordringar som vi ynskjer å vera i forkant på.

Ekte Synleg Berekraftig Inkluderande Attraktiv

FOLK TRENG EIN STAD Å BU!

Vi har kartlagt fortsetjing på eksisterande bustadprosjekt. Vi måtte for så vidt hatt det uansett denne utvidelsen. Men det er klart at bustadmarknaden no vert heilt eksistensiell. Ullensvang kommune legg i desember fram eit forslag. Det skal byggjast ganske mange leilegheiter i Odda i åra no framover. Vi har eit prosjekt på smelteverkstomta, vidare er det to prosjekt nede med sjøen.

Fleire prosjekt som går på leilegheiter er i emning. På Domusbygget har dei planar om leilegheiter i nye etasjar. Vi kjenner og til fleire andre som vil byggja i høgda på eksisterande kontorbygg. I tillegg trur eg vi skal om-regulera litt og leggja til rette for fleire bustader sentralt i Odda. Så har vi ei svær sak som er omstendeleg. Det er å rassikra og byggja ut Freimslia der det er regulert for bustader. Her er plass til 100 einingar om ein nyttar området optimalt. Ei blanding av einebustader, rekkehus og terrasse-bygg vil gje ein stad mellom 70 til 100 einingar alt etter kva type som blir valt. Ei blanding blir nok sikkert resultatet.

Men eit større arbeid må til med ras-sikring. Bonusen blir at vi då og vil ras-sikra eksisterande bustader. Det er strengare krav til ras-sikring i dag. Samstundes med tilrettelegging av bustader i sentrum er det viktig at vi legg til rette for å sikra tilgang på bustader og byggjefelt i alle bygdene i kommunen.

Både i Odda og nabobygdene er det god kapasitet på skular. Kan vera vi treng fleire plassar i barnehage. Men bygningsmasse har vi her og. Det er færre elevar i dag som for 30-40-50 år sidan. Vi har gode skular og oppvekstsenter som vi får mykje skryt for. Vi har potensiale som kan utnyttast.

Difor er det no om å gjera at folk finn kreativitet til å satsa både i bygdene og i byen vår. Alt det som no skjer rundt industrien i Odda, og i landbruket i heile kommunen vår med frukt og sider er spennande. Ei fantastisk utvikling som gjev reiselivet vårt rike muligheter til vekst. Vi må ta den muligheten som no er der. Satsa på Ullensvang og satsa på Hardanger. Då må folk sjå muligheter og ikkje fokusera på problem. Det er no ting skjer, og vi må gjera ein heil del ting samtidig.

FOTO: GUNN ELTON

FJORDVEGEN RUTE 13 /H. SUNDBØ.

FRÅ STYRET I FJORDVEGEN RUTE 13 KRISTOFFER AMDAL (VALD FRÅ ROGALAND FYLKESKOMMUNE) OG BJØRN LAUGALAND (ORDFØRAR I HJELMELAND), SÅ CHRISTIAN ALTMANN OG JON-TERJE EKELAND FRÅ NYE VEIER, DESSUTAN LITT AV GUNNAR MOLAND, (VARAMEDLEM FRÅ VESTLAND FYLKE TIL STYRET VÅRT).

FJORDVEGEN RUTE 13 /H. SUNDBØ.

FJORDVEGEN RUTE 13 /H. SUNDBØ. FOTO: GUNN ELTON

FOLK TRENG GOD INFASTRUKTUR!

Kvinnherad og Ullensvang er dei to kommunane på vestlandet som har dårlegast infrastruktur. Så her må det no gjerast noko.

Vi trur at Seljestad-Røldals-tunellen no kjem raskt. Kvinnheradpakken helsar vi velkomen, den er og positiv for Ullensvang. Riksveg 49, ny tunell mellom "podlane" i Mauranger må vi få på plass. Folk kjem gjerne via Flesland når dei skal til Ullensvang. Då kjem dei enten via Jondal eller over Årsnes og blir sjokkert. Dei forstår ikkje at vi kan ha ein slik kjerreveg mellom flotte tunellar.

Riksveg 13 dei ras-sikrings prosjekta som er komne langt og vegen mellom Kinsarvik og Bu må no utbetrast. Vegtarmen gjennom Odda-dalen held ikkje mål korkje i høve til næringstrafikken eller ras-sikring. Vi har utfordra Nye veier på at her må vi ha strakstiltak. I tillegg må vi jobba vidare mot neste NTP med hovudvegen gjennom Odda-dalen.

Riksvegen 13 gjennom heile Ullensvang har eit enormt etterslep. Både på ras-sikring og vegstandard. Eg brukar dette aktivt ved eit kvart høve overfor myndighetene, seier Aga Haug. Vi har ingenting å skjemmast over, vi ligg på topp når det gjeld verdiskaping pr. hovud. No må dette visa att på infrastruktur for det er ingen tvil om at vi er blitt forbi-køyrt når det gjeld veginvesteringar. Det må no absolutt vera vår tur. Det kan ikkje alltid vera slik at dei som har det verst, skal få minst.

Så vi gler oss over det som skjer mellom Folgefonntunellen og Rosendal. Triangelet og framkomsten mellom Husnes/Rosendal – Norheimsund/Øystese og Odda er heilt avgjerande for å ha ein felles bu og arbeidsmarknad her i regionen.

No er det mange bedrifter frå Kvam, Kvinnherad og Stord som har oppdrag her inne. Så på ein måte er det industrimessig eit lite klondyke om dagen. Vi må berre få mest mogleg synergieffektar ut av det lokalt.

FOTO: GUNN ELTON

FOTO: GUNN ELTON

FOTO: GUNN ELTON

FRAMTIDA VÅR!

Ekte Synleg Berekraftig Inkluderande Attraktiv

Så er jo dette bare begynnelsen. TiZir og Hardanger Hub. sine framtidsplanar er eit formidabelt prosjekt. Dei to tinga heng saman og vil gi ei investering som er enno større enn Boliden. 10 milliardar er eit estimat. Vi heiar på dette og kommunen bidrar sjølvsagt gjerne med å legga til rette. Fornybar samfunnet som heile Noreg no snakkar om, ligg det veldig godt til rette for her.

Med Statkraft, "Kongsberg-miljøa" og den lokale industrien på lag, er vi veldig optimistiske. Denne muligheten må vi bare nytta. Handlekraft låg i botnen då Stavanger vart olje-hovudstad. Vi treng eit sterkt regionalt initiativ med å leggja til rette. Samstundes som vi krev hjelp frå statlege myndigheter, gjennom statsforvaltaren og av fylkes-kommunale myndigheter. Til nye bustadtomter og næringsareal. Vi har rasfare, vi har nasjonal-parker og verna vassdrag. Likevel har vi framleis nokre områder vi kan utvikla, men då treng vi at storsamfunnet er med oss.

Alt heng saman med alt. Vi har stor maritim aktivitet i Ullensvang med fiskeoppdrett i Jondal-regionen. Vi har eit bra landbruk med moderne driftsbygningar mange plassar. Vi har Noregs frukthage, med produksjon av sider og andre edle varer. Vi har ei reiselivsnæring som kan veksa mykje om forholda blir lagt til rette for det. Vi har ein kraftsektor som i åra framover må gjera store investeringar. Ordføraren vil og ha andre prosjekt som til dømes pendelbane til Rossnos eller badeland. Poenget mitt er at den type ting bør skje samstundes som industrien ekspanderer, for du treng komplementære arbeidsplassar som det heiter. Vi har snakka opp og fram regionen vår lenge no, og vist til dei muligheter som finnest her. Både i sentrum av Odda men og i resten av kommunen.

Ting må ikkje venta fordi industrien har stor aktivitet, nei andre initiativ bør skje samstundes. Så må vi leggja til rette og tilpassa dei kommunale tilboda under vegs.

Etter mitt syn er det berre å gi gass. Inspirerande og kjekt når ting skjer. Utfordringane våre er eigentleg berre luksusproblem. Det er sikkert ting vi ikkje får til, men vi får til meir om vi er optimistar. Heile Noreg slit med rekruttering av arbeidskraft, distrikta opplever at sentraliseringa er stoppa, men problemet er høg gjennomsnittsalder som gir lav ny produksjon av born. Vi må ha tilflyttarar. Det er heilt naudsynt for å skaffa nok arbeidskraft til næringslivet.

Vi har spennande arbeidsplassar å tilby, både innanfor det offentlege og det private. I tillegg må vi jobba optimalt for å korta ned avstanden mellom sentera i regionen, det er viktigare enn folk trur. Det gylne triangel, Husnes/Rosendal, Norheimsund/ Øystese og Odda som ein felles bu- og arbeidsarena med god infrastruktur vil gi oss ein fantastisk region. Industrien vår må vera best i verda. Både på dei store smelteverka og på underleverandørane. Du overlever ikkje utan du er på topp. Difor har vi mange interessante arbeidsplassar å tilby.

Det må vera mykje meir spennande for ein ingeniør å koma her å jobba i industrien enn å sitja i eit kjedeleg kontorfellesskap i byen. Her får du spennande jobbar med stort ansvar og tilsvarande utviklingspotensiale. Distrikta har nokre fordelar i å tiltrekkja seg unge som ynskjer seg brei erfaring tidleg i yrkeslivet.

Så var det naturen, kulturen og alt det som vi som bur her er glad i. Det skjer meir på kulturfronten enn du skulle tru. – Det er min påstand seier Aga Haug, at det er klin umogleg å få med seg alt av det som skjer av kultur i kommunen. Det er mi kjensle at urban-kvalitetar blir brukt meir her enn i byane. Vi må berre bruka rett fokus og ha på dei rette brillene i vurdering av "byaktivitetar" seier ordføraren. - og tenk på kor mykje meir du kan påvirka kommunen og lokalsamfunnet ditt her enn i ein stor by. Vi som bur her, er fornøgde og stolte av å bu her vi bur. Vi må kanskje bli enno flinkare å fortelja andre om alt som er bra. Fordi vi rett og slett – treng fleire folk!