1 minute read

HATTEBERGSKATTEN

Vikingskatten frå Hatteberg er eit vakkert fortidsminne og reknast som eit av dei finaste funna frå vikingtida på Vestlandet, og ei uerstatteleg informasjonskjelde om vikingtida.

Advertisement

Dei tre gjenstandane, draktspennet, sølvhalsringen og gullarmbandet er kvar for seg svært verdfulle, og draktpennet som har vore stilt ut i storbyar verda over, er eit av Noregs mest utstilte kunstgjenstandar. Smykka har ei nordisk utforming mest truleg laga på 900 talet av ein norsk kunsthandverkar, der ornamentikken syner irsk påverknad.

Skatten vart funnen av Johannes Sigfusson Hatteberg som 21. desember i 1932 rydda ny åkerjord i Lindalebrotet på garden Hatteberg i Rosendal. Korleis og kor tid desse gjenstandane havna i jorda i Lindalebrotet, veit vi ikkje, men truleg har dette skjedd langt tilbake i tid då Lindalebrotet var langt ute i utmarka. Sikkert er det at den som har eigd dei tre gjenstandane, har ikkje vore nokon kven som helst.

I 2017 forsvann Vikingskatten frå Hatteberg frå Bergen museum, noko er kome til rette, og noko manglar. I 2021 tok Rosendalstiftinga initiativ til å gjenskapa dei tre gjenstandane, som detaljrette kopiar produsert av arkeolog Ørjan Engedal på same vis som dei vart laga for over 1000 år sidan. Gjenstandane vil i særskilte høve bli å sjå i Steinparken i Rosendal.

Rosendalstiftinga nyttar høvet til å takka alle andelseigarane som bidrog til gjenskapinga av dette fine kulturminnet.