4 minute read

75 ÅR MED FRUKT

I 2021 har det bugna med moreller, plommer, pærer og eple frå fjord til fjell i heile Hardanger. Eit skikkeleg rekordår, noko som var kjærkome etter uåret i 2020.

Slike variasjonar er på mange måtar sjølve livet for ein fruktdyrkar. Vår Herre styrer været, nedbør, vind og temperatur. Sjølv om fruktbøndene stadig blir flinkare og meir kunnige, så er det ikkje godt å forutsjå korleis sesongen vert. Difor må frukt- bonden førebu seg på så mangt. Vi kunne sikkert få vita mykje om det meste, hos dagleg leiar Maria Kristi Strand på Ullensvang Fruktlager, men ein samla sum av alt i kortversjon, er at fruktdyrking er ein uforutsigbar bransje.

Advertisement

Ullensvang Fruktlager har den største produksjonen av pærer i landet, i år vart det 165 tonn. På fruktlageret tok dei i 2021 i tillegg mot 50 tonn moreller og 422 tonn plommer, før dei avsluttar sesongen med ca. 1800 tonn epler. Samla nær 2 500 000 kilo med godsaker, eit ufatteleg tal. Hardanger står for omlag 40 % av epleproduksjonen i heile landet.

I seinare år er det blitt satsa mykje på moreller. I dag vert moreller dyrka i plasttunellar som vernar bæra mot nedbør og gjev drivhuseffekt slik at morellene vert tidlegare modne. All frukta bøndene leverer vert sortert og pakka på fruktlageret med unnatak av moreller, som vert pakka hos kollegaen på Utne, Hardanger Fjordfrukt. Fruktlageret er eigd av bøndene. Ca. 100 bønder frå Brimnes i nord og til Espe i sør. Bøndene leverer frukta på Ullensvang Fruktlager. Etter mottak blir frukta kvalitetskontrollert og sett på kjølerom i vente av sortering. Fruktmengdene har auka mykje dei siste åra og fruktlageret har investert i moderne pakkemaskiner, utstyr og nye kjølerom for å ta imot ein større produksjon i åra framover. Grunna større produksjon ynskjer ein å fordele mengdene over større tidsrom, difor er me byrja å levere Juleeple i desember.

-Vi såg at det begynte å bli knapt om lagerkapasitet, seier Maria. Me har i år bygd 4 nye kjølerom som kvar har lagerkapasitet på 75 tonn. Med ein samla kjølekapasitet på 300 tonn bygd saman med tidlegare byggmasse, gjev oss no god plass til over 1200 tonn eple samtidig.

Frukta blir pakka til butikk i Ullensvang og levert til grossist. Coop 90 % og resten til Norfresh, som leverer til Bunnpris-kjeda. I tillegg leverer vi frå Ullensvang Fruktlager direkte til lokale butikkar.

Vår eigen butikk sel og frukt både i kassar og mindre kvanta. Butikken leverar i tillegg alt som medlemene treng til produksjonen sin. Har og mykje til privatkundar, både til husdyr og hage. Me kan i tillegg bestilla inn mange ulike produkt frå mange leverandørar, bare å snakka med oss, seier Maria. Kvalitetsfrukt sortert i kassar og forbrukarpakning blir transportert med trailer til heile landet. Det aller meste til austlandet. Hovudlager for Coop på Gardemoen, der er eit sentrallager og eit transitlager, der frukta går vidare til heile landet. Slik du finn gjerne eplene våre i Tromsø.

På Ullensvang Fruktlager er det 5 fast tilsette. I sesongen frå juli til slutten av november er vi i tillegg opp til 30 sesongarbeiderar, folk frå heile verda. Frå Bosnia kjem ein gjeng som har vore her heilt opp i 15 år. Vi har tilsette frå Polen og frå Filipinane, og fleire andre land. Eit lite internasjonalt samfunn som saman med dei lokale gjev oss ei god blanding som fungerar heilt optimalt.

Maria Kristi Strand er dagleg leiar, Birgit Eiken er rekneskapsførar, Kari Opedal drifts- og produksjonsansvarleg. Sissel Eidsvik styrer butikken og har kontakten ut mot bøndene. Olav Smestu er teknikar og tek seg av vedlikehald og held styr på alle maskinane.

-Ein god gjeng, seier Maria, som er sjefen og heilt sikkert veit kva ho snakkar om.

Ullensvang Fruktlager har sjølvsagt eple til siderproduksjonen. Det er stor etterspurnad etter pressepler, fyrste sortering pressepler går ut til saft- og siderprodusentar. "Eplejuice frå Hardanger" til Tine som har vore produsert i over 20 år og som ein finn i butikken kvar haust, kjem av eple frå mellom anna Ullensvang Fruktlager. Sideren har hatt ein enorm positiv vekst så me leverer veldig mykje til siderproduksjon også. Press-eple av lågare kvalitet går til saftfabrikken på Aga og blir kokt til konsentrat. Det er viktig og fint å kunne nytte det meste av råvarene. Me har i år og laga konsentrat av plommer som ein ikkje får sal på gjennom vanlege kanalar. Dette kan nyttast i matlaging og anna produksjon, svært smakfullt.

Ullensvang Fruktlager fyller i 2022 75 år, ein frisk og sprek jubilant som er rigga og budd for dei neste 75 år!

DAGLEG LEIAR MARIA KRISTI STRAND

ULLENSVANG FRUKTLAGER vart skipa av nokre få fruktbønder i 1947, etter krigen var det stor positivisme og satsing i fruktbransjen. Sidan den gong har det skjedd mykje på "Grynno" der lageret står, og det er store forandringar ute i frukthagen med nye dyrkingsteknikkar og fruktsortar. Men det same positive pågangsmotet blant produsentane er det ikkje forandring på! ULLENSVANG FRUKTLAGER har 5 faste tilsette, rundt 30 personar i høgsesong. Lageret omset for rundt 60mill kvart år. 90% vert levert til Coop, 10% til Norfresh og lokale butikkar.