Eg kom ikkje heim før det vart natt

Page 1

Eg kom ikkje heim før det vart natt
Eg kom ikkje heim før det vart natt Roman
Solum Bokvennen 2023 Arne Ruset

© Solum Bokvennen 2023

Printed in Latvia by Livonia Print, Riga 2023

Boken er satt med 11,5/16 p. Minion Pro

Omslagsdesign: Grim Erland Lyng Svingen

ISBN: 978-82-560-2783-5

ISBN: 978-82-560-2784-2 (ebok)

E-post: post@bokvennen.no

Internett: www.bokvennen.no

Alt eksisterer, også det som berre finst i ditt eige sinn.

John Lennon

Du og eg har ride i årevis, men vi er framleis berre ei dagsreis heimanfrå.

Robert Bly

Agnar

Tankane er gneistrande klare. I det siste har dei hatt det med å fløkje seg til, gjere meg til offer for ver og vind. Men denne dagen skal bli god. Eg startar kvar morgon med å tenkje slik, prøver på det viset som best eg kan å krumme nakken mot livet.

Slik ligg eg no og tvingar tankane dit eg vil ha dei, spenner musklane i takt med tankegangen, bøyer og strekkjer i anklane, som kjennest ledige nok. Verre er det med knea og olbogane. Men så er eg også ein gamal mann blitt, fødd i 1951, berre seks år etter at Hitler ei vårnatt gjorde ende på seg sjølv i bunkeren.

Stadig oftare finn eg det vanskeleg å tolke hendingar kring meg. Under søvnen er alt som før, draumane er like meiningslause som dei alltid har vore. Men tolking og feiltolking av draumelandet går for det same. Og det er i kveldsskumringa og morgongryet eg gong etter gong blir narra. Kanskje er det skuggane kring meg som gjer alt så vanskeleg?

Mykje av tida mi går med til leiting. Som regel finn eg noko heilt anna enn det eg leitar etter. Det tek eg ikkje så tungt, veit godt at min misjon er ein heilt annan enn den til billyktene – når dei leitar etter vegane ser dei aldri anna

9

enn det dei søkjer. Slik går dei glipp av så mangt. Alt menneskja leitar etter er allereie funne, for lengst fortært. Eller forkasta. Gleda finst oftast ein annan stad enn der vi leitar.

Kvar dag kjenner eg meg heldig – det er ikkje lenger så mykje som går inn på meg. Det kan eg takke minnesvikten min for. Andre får tru kva dei vil, sjølv meiner eg at eg klarar meg godt, gløymselen er berre ein annan måte å huske på. Og gløymselens slør blir slepa etter så mang ei brud.

Eg dreg gardinene til sides. Ser ut. Demringa kjem dragande med si handkjerre og lempar dagen stillfare av. Mine barndoms fjell får lysande ryggar – fjella dei andre hevdar slettes ikkje er mine barndoms fjell. Dei om det, eg ser det eg ser.

Ein flokk baktunge fuglar med halsane bøygde mot bakken vaggar borte på jordet ved skogbrynet. Dei er som klipte ut av ei eventyrbok, eg ventar berre på at Tyrihans skal dukke opp og følgje flirande etter dei. Eg har aldri sett slikt fjørfe før, rett digre er dei, kanskje høyrer dei til ein framand art. Kanskje har dei kome hit frå ein annan galakse.

Sola tek seg god tid på morgonrunden sin. Eg set meg til rette på sengkanten. Radioen står på nattbordet, Liv har teipa over alle knottane, så nær som on-off. Peikefingeren min finn målet, den vesle boksen får liv.

Morgonsendinga er alt i gang. Har eg hamna i Sodoma og Gomorra? Radiovertane ber nemleg lyttarane ta kontakt og for open mikrofon fortelje om sine største synder. Litt av ein måte å starte dagen på!

Ikkje for det, eg kunne godt ha ringt inn og underhalde i timevis om temaet. Mangt har hendt meg, og mangt har

11

eg gjort i livet som ikkje er så mykje å vere stolt av. Men det får liggje, det er ikkje på morgonkvisten eg kjenner størst trong til å skrifte.

Oppmodinga får mager respons i lyttarskaren, ingen melder seg. Det heile blir på grensa til det pinlege. Til sist må programleiarane sjølve fortelje om sine private bragder på feltet. For ordens skuld flirer dei godt av eigne historier, hikstar av latter.

Eg har aldri makta å kome i humør av anstrengt humor, aldri hatt trua på det krampaktige. Den slags moro får meg til å tenkje på overlessa lasteprammar med sjøgang heilt opp til ripene, på nippet til å vende baugane bratt nedover. For så å forsvinne i djupet, dragande slepebåtane med seg. Ofte slår det meg at det finst fleire komikarar enn vitsar i verda.

Eg held ut den enerverande fnisinga i påvente av Dagsnytt, som plar kome på denne tida. Brukar ventetida på å leite etter kleda mine. Ei dør står på gløtt inn til eit rom med taklyset tent. Der ligg bukse, skjorte og sokkar på strykebrettet attmed toalettskåla.

Tilbake ved radioen, høyrer eg at nyhenda heller ikkje denne morgonen er av det oppløftande slaget – den nye svartedauden blir måla med brei pensel og NATO er i hardt ver. Kvar har det blitt av Gro Harlem Brundtland? Eg lar straumen av preik, visstnok kalla informasjon, passere. Det vedkjem meg ikkje. Har eit visst håp om at Meteorologisk institutt kan få meg i betre humør. Så feil kan ein ta, der byr dei på ekstremvarsel. Eit uhorveleg uver er visst på veg, ei atmosfærisk elv.

Eg kan ikkje minnast å ha høyrt om atmosfæriske elvar før. Derimot veit eg godt kva vanlege elvar kan føre med seg, i oppveksten min drukna tre kjenningar i nettopp elvar. To brør drukna i nabobygda, og Eldrid som begynte i gymnasklassa mi, drukna kort tid etter at vi hadde starta på skuleåret.

Atmosfære kjenner eg også til. Eldbjørg snakka av og til om dårleg atmosfære, særleg i dei periodane eg var litt for

13

glad i det sterke, og det ikkje var så lett for oss å leve i lag. No er ho her ikkje lenger, ein dag var ho ikkje meir. Eg klarar ikkje heilt å gjenkalle når det var ho forsvann, mangt er blitt så fjernt, særleg det som før var nært. Eit innramma bilete av henne heng over fjernsynsskjermen, som eg ikkje lenger ser på. Ser heller på biletet. I det siste har eg hatt inntrykk av at Eldbjørg ikkje lenger liknar seg sjølv, har begynt å tvile på om fotografiet verkeleg er av henne. Kan det vere portrettet av ei anna kvinne som heng der?

Liv

Gjennomborande pling frå mobilen grip tak i meg, halar meg sakte ut av draumen om noko uskjøneleg. Eg løfter overkroppen opp i sitjande stilling, murringa i veikryggen er der med ein gong. Kunne gjort godt med ein pause no, nokre fridagar ledige til å dra bort, helst så langt unna det gjekk an å kome seg.

Lenge blir eg sitjande slik, betraktar fotografiet på kommoden ved fotenden av senga. På det smiler far min om kapp med sola, mor mi er bleik og bunadskledd. Ho har parykken på skakke, solbrillene gøymer blikket som til vanleg romma ei heil verd. Biletet knipsa eg etter barnetoget i fjor – vi sat utanfor kyrkja og venta på festgudstenesta. Ikkje mange vekene seinare var vi tilbake på den same staden. Då med mamma i kvit kiste.

Kvar morgon møter eg ho slik, kvar morgon angrar eg på at eg ikkje bad henne ta av seg solbrillene denne maidagen. Kunne eg berre krype inn i biletet og skrelle dei av, møte blikket hennar utan omsveip. Heldigvis finst det album fulle av andre bilete, eg får nøye meg med det eg har.

Etter runden på badet og skåla med kornblanding, tek eg fram mobilen og ser over avtalelista for dagen. Det er personalmøte alt klokka ni – då har eg som vanleg dårleg

15

tid. Kanskje kan eg droppe besøket hos pappa denne morgonen, nøye meg med ein prat på telefonen og slik forvisse meg om at alt er i orden?

Eg tastar nummeret hans, det ringjer heilt ut, ingen svar. Då må eg likevel sjå innom Syrinvegen. Sjølv om forklaringa, som så ofte før, sikkert er at han ikkje rakk å ta telefonen i tide.

Dette med pappa er blitt meir og meir utfordrande. Det starta då mamma låg på det siste: Stadige forvekslingar og merkelege utsegner om saker han brukte ha stålkontroll på. Til liks med Bjørn, slo eg meg til tols med at det heile skuldast uvissa og sorga vi alle levde i. At forvirringa såleis var forbigåande. Og då mamma endeleg fekk sleppe, og sørgedagane kom med alle sine tårer, var pappa tilbake på plass, gjennomtenkt og handlekraftig. Sjølv om sorga låg tungt velta også over han.

Men så snart blomane hadde visna i vasane etter gravferda, var han atter i det omskapte landskapet. Meinte seg oppsøkt av personar både frå innland og utland, fleire av dei for lengst døde. Etter kvart fekk eg han motviljug med til fastlegen, som han på sedvanleg vis sjarmerte med sine mange anekdotar og underfundige historier. Moderat kognitiv svikt var konklusjonen. Men framleis var mange funksjonar intakte, meinte legen, vi fekk halde kontakten og vone at utviklinga ikkje skreid altfor fort fram. For ordens skuld sende han kopi av notatet sitt til omsorgskontoret.

Eg skuvar tankane på framtida unna. Festar setebelta. Finn plassen min i morgonrushet inn mot sentrum.

16

Agnar

Dørklokka varslar, i same sekund høyrest klikket av nøkkel som blir vridd rundt. Eg går Liv til møtes i entreen, ho luktar nydusja, seier at ho har hastverk. Før ho rekk å spørje, skundar eg meg å forsikre om at eg har det så bra eg kan ha det. Som forventa strenar ho rett bort til kjøleskåpet, opnar det, sjekkar at eg har tømt salatbollen ho med mange formaningar sette der til meg sist ho var her. Det har eg, huskar at maten smaka sommargrøn eng, hint av hesjer med halvtørka høy.

Eg forventar ei viss anerkjenning for at eg har ete opp alt. I staden er det understraum av klander i røysta hennar.

– Kvifor i Herrens namn ligg mobilen din i kjøleskåpet?

Så det er der han har gøymt seg! Eg kjenner trong til å forsvare meg, i det minste har eg merka at telefonen var borte, i det minste har eg leita. Eg er ikkje heilt på jordet, er då ved mine fulle fem. Finst det nokon på vår vide jord som ikkje frå tid til anna forlegg mobiltelefonen sin?

– Eg har høyrt at batteria har godt av å liggje kjøleg om natta.

Ho svarar ikkje på det, rister berre på hovudet. Antakeleg kjem det fleire påpeikingar. Sidan ho er seint ute og har det travelt, måtte det vel vere best om ho drog

17

vidare på arbeid straks. Men no set ho seg likevel i gyngestolen, vil ikkje leggje dødt dette med telefonen – kva om nokon prøvde ringje meg for å varsle noko viktig? Kva om eg vart akutt sjuk og sjølv måtte varsle? Og så låg telefonen i kjøleskåpet. Kva om? Kva om?

Eg har som vanleg ikkje så mykje eg skulle ha sagt. Men nektar å gje meg.

– Og her sit vi begge to i beste velgåande. Lenge sit ho med augo festa på meg. Jentungen min. Dette underfundige uttrykket ho har hatt heilt sidan ho for første gong greidde å løfte nakken. Eit smil stryk over ansiktet hennar. Liv, mi dyrebare Liv. Så fell minespelet attende til bekymring.

– Korleis skal det gå med oss to, pappa?

Etter at Liv har gått, legg eg meg nedpå og tenkjer ut nokre aforismar:

Skal ein overleve, må ein vende vonde vanar med den største varsemd.

Ein bør heller lytte til svara ein får når ein ropar i skogen, enn til megafonane på torga.

Sjølv den tjukkaste boka les seg sjølv, når ho ligg oppslått på hagebordet i kveldsbrisen.

Eg burde sikkert ha notert dette ned før eg gløymer det. Det er berre det at eg er blitt så tiltakslaus, både til lesing og skriving. Skrivinga er det ikkje så farleg med. Men eg som var så glad i å lese, burde avgjort ha halde fram med det. Likevel skammar eg meg ikkje over at tida med lesing av bindsterke verk er forbi – same kor mykje eg gjerne ville, får eg det ikkje til lenger. Alderens visdom skal derimot ingen få ta frå meg. Og den ber i seg så mykje meir enn å harve gjennom den eine hyllemeteren etter den andre.

Utanfor vindauget har dagen kledt seg i dyster mine. Sommaren er for lengst over, den kom ikkje til avtala tid og vart borte før eg fekk sukk for meg. No ser eg fram til at lyset skal kome tilbake, at varmen igjen skal omfamne meg

19

og mine barndoms fjell, at det på nytt skal bli sommar med bringebærvind og dovne solnedgangar. Her eg står ved vindauget med gardinene trekte frå, kan eg allereie kjenne neste sommars sol varme meg. Eventyrfuglane beiter på det våte jordet. I vest har tunge skybankar samla seg. Er det den atmosfæriske elva som kjem?

På nytt får eg liv i radioen. For ein gongs skuld er det fengande musikk å høyre på den einaste kanalen eg har til rådvelde: Rørande tonar frå den grøne øya vest i havet –The Dubliners syng om The Black Velvet Band. Eg kjenner songen frå før, men teksten er borte for meg. Klarar heller ikkje å oppfatte orda dei syng, det engelske språket eg tidlegare meistra til fulle har forlate meg. Snart har eg berre att dialekten eg snakka i min barndom.

Men såpass skjønar eg at songen handlar om eit svart band. Kanskje er det eit sørgjeband dei syng om, kanskje er det ei gravferd som blir skildra. Uansett oppmuntrar musikken meg. Tenkje seg til å kome i humør av noko så dystert som ei gravferd!

Middagsnyhenda dreg meg ut av den gode stemninga, det ventande uveret blir via stor plass. Eg vonar verkeleg det kan dryge ennå ei stund, heile livet er ei stri og styrlaus elv, stor nok som den er, eg treng ikkje meir syndeflod nett no. Håper berre at taket på huset mitt er tett. Heilt frå oppveksten har eg bekymra meg for at taket over meg skal ta til å lekke.

Eg har ei forklaring på denne fobien. Farbror min dreiv gardsbruk med støl inne på heia. Ein maisøndag på sekstitalet vart eg med far min dit, vi skulle sjekke om den

20

gamle seterbua hadde overlevd vinteren. Sjølv på lang veg kunne vi sjå at mønet var blitt merkeleg salrygga, taket hadde rett og slett ramla ned på midten. Eit endå styggare syn møtte oss då vi fekk pressa opp døra og kom oss inn i bua. Haugar av never og torv låg på golvet i dammar av issørpe. Rå lukt av mygl slo mot oss.

Det verste var likevel bileta av dei kongelege på veggane – med blasse blikk stirde dei på oss, blaute og i full oppløysing. Som drukna lik henta inn til land etter fleire år på havsens botn.

Liv

Lunsjpausen er akkurat lang nok til telefonsamtalen med leiaren for omsorgstenesta. Kvinna eg etter fleire rundar blir sett over til, spør først etter fødselsnummeret til pappa. Eg les tala opp. Ho ber meg så å vente, må søkje på skjermen om det finst opplysningar om pasienten i datasystemet.

– Jau, her har vi epikrise frå fastlege Knagenhjelm, etter konsultasjon sist november. Pasienten samtykka til at opplysningane blei oversendt oss, så vi har han på lista vår. Er det du som er næraste pårørande?

Eg svarar bekreftande på det.

– Og no meiner du at sjukdomen hans har utvikla seg i negativ retning? At han er blitt verre?

Om han er blitt verre? Kanskje er han ikkje det, kanskje er alt som før. Men bekymringane mine har iallfall auka i styrke. Dei stadige rare historiene og bortforklaringane hans har eg rett nok lært å leve med – dei møter eg best med å ta dei imot utan vidare kommentar. Heller ikkje har det skjedd uhell eller ulykker så langt. Men slikt kan kome, det ligg i løypa, så å seie. Og så dette at han må fylle det meste av dagane sine med ingenting, han som er så sosial

i alt sitt vesen. Det er ikkje slik alderdommen burde arte

22

seg for ein person som han. Ja, ikkje for andre heller, for den del.

Dette får eg sagt inn i den sveitte telefonen. At far min i periodar er forvirra som før, at han framleis søv tilsynelatande godt om nettene og stadig meistrar mykje i leilegheita. Men angsten for at noko kan skje, ligg heile tida på lur, angst for at den daglege einsemda til sist kan føre til noko forferdeleg.

– Som kva då?

– Som at han forvillar seg utandørs om natta – ved juletider var det fleire som observerte han vandrande i nabolaget seint på kveld. Heldigvis kom han seg kvar gong heilskinna i hus att. Og etter det store snøfallet kom på nyåret, har han halde seg inne, iallfall på kveld og natt. Men snart ligg gatene snøberre att, då er det ikkje utenkjeleg at nattevandringa vender tilbake. Gudane veit kva som då kan skje. Han treng meir stimulering på dagtid, det er no mi meining. Mamma er død, og dei fleste kjenningane hans har anten gått bort eller er sjukdomssvekka blitt. – Er det ikkje andre i familien som kan stille opp og avlaste deg?

Foreldra mine flytta hit frå Sunnmøre før vi ungane vart fødde. Så alt vi har av slektningar bur der. Bror min er til liks med meg einsleg, og han oppheld seg for tida i utlandet. Eg er lessa ned i jobb. Og sjølv om eg stiller opp så godt eg kan, føler eg heile tida at det blir for lite, at far min ikkje får forsvarleg hjelp og omsorg.

Du har sikkert mykje rett i bekymringane dine, far din høyrest ut til å vere ein perfekt kandidat for dagsente-

23

ret vårt. Men der er det smekkfullt med ventelister lengre enn vonde år. Det einaste vi kan få på plass straks, er daglege besøk av heimetenesta. Eg skal ordne det slik at nokon av folka våre stikk innom han alt i ettermiddag og avtalar nærare. Eg skal også forme ein søknad som du og far din må signere.

Eg takkar for samtalen og den lova hjelpa. Sekretæren viser fjeset sitt i døra til pauserommet, minner meg om at neste klient sit klar i resepsjonen.

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.