2 minute read

BORGHILD BRYGGER S

Borghild brygger

eggelikør

Advertisement

Smak: søt, litt som eggedosis BORGHILD BRYGGER med ein ekstra punch Lukt: sterk sprit, men ikkje la deg lure, smaken er betre Prosent: ca 20% Utsjåande: pastellgul

dette treng du:

- 0,5 l heilmjølk, eller bland kremfølte og ekstra lett mjølk om det er alt du har i kjøleskapet - 300g sukker - 5 eggeplommer - 1ss vaniljesukker - 0,5l sprit

slik gjer du: - kok opp melk og sukker til kokepunktet - skil eggeplommene ut frå eggekviten (gjerne ta vare på eggekvita og bruk seinare) - visp eggeplommene og vaniljesukker i ein bolle - avkjøl melk-og-sukker blandinga - bland melk-og-sukker blandinga inn i eggeplommene og visp godt - sil over i kjelen, eller berre hell det over i kjelen om du ikkje har sil - varm alt opp over svak varme til det tjukner, rør heile tida - avkjøl gryta i isvatn i vasken, rør for å unngå snerk - bland i spriten og rør godt - hell over i aske

MARS 2022

O jul med din glede og festlige BORGHILD BRYGGERlyst. Jada, jula er over for lengst, og godt er kanskje det. Men, rett før julefreda som hadde senka seg skulle forstyrrast att med festlige lag den andre juledag var eg i bryggeslag. Og fordi det jul var kunne eg ikkje begi meg ut på noko anna enn eit klassisk julebrygg i håp at den skulle bli drikkbar. Heilagdag som det også var måtte eg ta til takke med kjøkken- og kjøleskapets innhald, då eg sjølvsagt ikkje hadde planlagt brygginga i meir enn eit par minutt før start. Heldigvis er alle ingrediensane i dagens brygg vanlige matvarer, så eggelikør kunne det likevel bli. Ein knapp time før gjestenes ankomst starta dermed likørlaginga. Nokre seier dei presterer betre under press, og det trur eg det kan vere sanning i. Fordi med knapp tid var det berre å helle både sukker og melk oppi. Betre tid vart det ikkje av at mobilen ringte titt og stadig, men med mobilen i eine handa og gryta balanserande i den andre såg det ut til å bli bra likør. Men det blir også sagt at menneske ikkje er like gode til multitasking som me sjølv trur, og også dette er det nok litt sanning i. Fordi det å røra i ei full gryte som ligg og flyter i kaldt vatn mens ein held telefonen kunne jo ikkje gå bra. Gryta tippa litt for mykje til sida og vatn fløyma over i det gule brygget. Heldigvis vart det ikkje så mykje, og etter rask nedkjøling stod det akkurat klart til gjestene ankom. Nå er jula over, men eggelikør er også kjend som ein klassisk påskedrink, så ta vare på oppskrifta, kanskje multitask litt mindre enn meg, og imponer gjestene i påsken med eigenlaga likør om du tørr;)

kiwivinoppdatering

Til dei som tvilte: det vart kiwivin til slutt på tross av at oppskrifta ikkje vart følgt til punkt og prikke. Slik vart den: Prosent: mellom 15 og 20, så ja, litt sterkare enn vanlig vin Smak: ein sterk kvitvin med på den søtare sida med kiwi ettersmak. (Har fått svært gode tilbakemeldingar frå dei som har smakt) Lukt: svak vinlukt med eit dryss kiwi Utsjåande: frisk og klar lysegrøn farge

Tekst: Borghild Kvæven

This article is from: