6 minute read

VOLDA I VERDA S

Next Article
BORGHILD BRYGGER S

BORGHILD BRYGGER S

4

KONSERT

Advertisement

LOUI & LEXUS

17

EVENT

OPEN MIC 10

KONSERT

06 BOYS 11

SHOW

KONTRABASS BALALAIKA

19

SLIPPFEST 24

KONSERT

DOKFILM SKAMBANKT

25 EVENT 31-3

FESTIVAL

KARAOKE X2-FESTIVALEN

Volda i verda

Ei evigvarande tromming på vindauget, lystette gardiner trekt over himmelen, skrikande varseltrekantar på yr. Det var det Volda serverte oss dei første vekene av 2022, som om slutten av fjoråret ikkje helte ned nok millimeter i måla her på Vestlandet. Med snøen inngjekk me eit ustabilt av og på forhold, skia vart ståande i boden mens sydvesten måtte pakkast ut. Med slike vêrforhold er det inga overrasking at studentane slutta seg til trekkfuglane og drog til meir stabile strøk. Her er ein liten kikk ut i den store verda:

LondonEngland

MogánGran Canaria

Underteikna prøvde å halde ut, men med ei venninne som studerer i London og dermed gratis stad å bu og sol på vêrmeldingane vart fristelsen for stor. Flybilletane vart booka to dagar før avreise, så det var berre å pakke kofferten. Det å seie at heile turen var høgdepunktet er vel kanskje litt klisjé, så då droppar eg det. Men så original er eg likevel ikkje, så høgdepunktet mitt har nok dei fleste sett før, enten på skjerm eller i røynda, nemleg Nothing Hill. Fargerike hus gjer meg overraskande glad, og med eit eiget scones bakeri på hjørnet kunne det ikkje betre blitt. Alle turar har likevel sitt botnpunkt, mitt kom allereie andre dag i storbyen, og det var kun grunna eigen staheit. Fordi kvifor sjekke kvar ein befinner seg på maps når ein berre kan halde fram å gå? Med gode joggesko kunne det gått veldig fint, men etter 15 265 skritt var ikkje vinterskoa optimale lengre, og gnagsåra godt etablert. Dette fører meg også til mi første av 3 anbefalingar:

1. Gnagsårplaster: reddar liv, eller i alle fall dagen. Ha det med overalt, du veit aldri når det trengs.

2. Musikal: er det noko London kan så er det musikalar. Her er det flust av mogelegheiter, så for all del, ta turen. Og ja, for ei studentlommebok er det litt dyrt, men likevel absolutt verdt det.

3. Pick n weight: bruktbutikk der prisen er basert på kledas vekt. Relativt dyr bruktbutikk, men verdt å ta turen sjølv om du ikkje handlar, då interiøret er svært kult. Du kan også finne mykje unike klede.

Johannes Havig-Gjelseth tok turen til varmare strøk enn London, nemleg Mogán på Gran Canaria.

>>Eg reiste fordi eg vart invitert av besteforeldra mine. Dei skal vere der i fem veker og ville ha litt besøk. Då var det vanskelig å takke nei til ein gratis ferie når me uansett hadde skule over zoom.<<

Høgdepunktet hans med turen forteller han var varmen, ikkje overraskande etter været Volda serverte i januar, og å treffe på to gode venner som også ferierte der. Møtet resulterte i bading, båttur og dagsfylla. Men også Havig-Gjelseth møtte på motstand på turen:

>>Det vart litt for mykje sol for ein kropp som ikkje har sett dagslys sidan august. Eg endte opp med å få litt soleksem og måtte avslutte turen med genser på…<<

MARS 2022

Dette bringer han rett til 3 anbefalingar:

1. Man skal ikkje undervurdere sola! Hjelper ikkje å vere «tøff» og ikkje smøre seg med solkrem om man skal ende opp med soleksem og genser!

Lisboa Faro Albufeira Portugal

2. Det var mykje bra restaurantar i Mogán, så anbefaler å dra ut og ete der.

3. Øya er relativt liten og det er mange fine stader. Eg vil absolutt anbefale å ta nokre dagar med ekspedisjon.

Som nemnt over bestod heile januar av digital undervisning noko som opna mogelegheitene for utanlandsreiser. Ei som verkeleg nytta sjansen var Emma Oline Mastad, fordi kvifor ikkje ha nettundervisning i syden ein månad i staden for i kalde Norge?

>>Eg har tenkt i mange år at eg berre burde rømme landet på vinteren for å sleppe å få vinterdepresjonen, og nå kom ein gylden mogelegheit.<<

For Mastad var høgdepunktet det å sjå sola att, føle den varme, og endeleg skaffa seg nokre nye frekner. Men freknene var ikkje det einaste ho skaffa seg, fordi mot slutten av turen fekk ho også korona. Denne utforutsette hendinga var likevel ikkje turens største nedtur, det var nemleg eit ikkje-begått-tjuveri:

>>Den eine AirBnB hosten beskylte meg for å stela eit teppe og sendte meg krav på 340kr for nytt teppe. Eg har aldri sett dette teppet, og heller ikkje stelt det. << (Etter mykje om og men slapp ho heldigvis å betale)

Mastad fekk oppleve mykje på sine fem veker i Portugal, og kjem med 3 gode anbefalingar:

1. Pastel de nata: eit slags wienerbrød, men lite og fylt med eggekrem. Blir solgt overalt. Heilt magisk god!

2. Finn nokre små strender, ikkje dei som står på Google maps, men det finns 100vis av små skjulte perler. Det er berre å gå litt lengre enn andre turistar så finn du garantert nokre fine strender du kan nyte heilt for deg sjølv.

3. LxMarket: eit sted i Lisboa med både resturanter, mykje kul gatekunst, små butikkar og mykje meir. Verdt å sjekke ut!

BerlinTyskland

Selma Høgås Røen tok seg turen til storbyen Berlin då også ho vart lei av Volda og rastløs på å komme seg ut i verda. Då det plutselig kom nye korona restriksjonar følte ho det som eit kall å dra ut i verda og bestilte billetter berre eit par dagar før avreise.

>>Berlin er ein heilt sjuk by. Den er vill og full av personligheit. Å traske rundt i Kreuzberg og Friedrichshain var som å gå rundt i ei levande utstilling.<<

Røen besøkte bestevenninna si, så det å endeleg få besøka ho var sjølve høgdepunktet med turen samt å tilbringe tid i storbyen. Sjølv om Berlin leverete både kunstverk, barer og bruktbutikker var det også eit stressmoment på kvar plass ho skulle inn:

>>For å komme inn på barer, caféer og alt anna gøy må du framvise coronasertifikat. Om du ikkje har tatt tre doser, noko eg ikkje har, må du i tillegg visa fram ein negativ hurtigtest. Så litt stress men verdt det.<<

Det å måtte ein hurtigtest kvar dag stoppa ikkje Røen frå å få testa ut fleire ulike barar, og her er nokre av dei i hennar 3 anbefalingar:

1. Dachkammer: om du saknar stemninga av å vere på heimefest, men vil ut på byn, er Dachkammer stedet for deg. I første etasje er det veldig tradisjonelt, men om du flytter deg oppover er det der det skjer. Det finnes så mange bittesmå rom som alle er dekorert som stuer. Lamper, stuebord, sofa, you name it. Det er ein helit eigen atmosfære her og eit perfekt sted å starte kvelden med.

2. Tempelhof: Dette er ein nedlagt flyplass. Langsmed rullebanen er det ikkje fly, men folk på rulleskjøter, skatebord, sykkel eller til forts. På gresset er det samla folk i gjenger som nyter sola med ein øl i handa mens de lytter til musikk frå høyttalerne sine.

3. Vintagebutikker: haha you’re ugly. Ein relativt liten butikk med mykje karakter. Her henger plagg i taket og på veggane. De ier sære, kule og gøye. Fargerike og nokre litt vågale. Alle plagga er også handplukkea av eigaren. Ein annan vintagebutikk er humana. Den er fleire etasjer høg. Kanskje ikkje like morosam, men om du leter litt kan du verkeleg finne nokre skattar.

Tekst: Borghild Kvæven Layout og illustrasjon: Cosmina-Elena Ivan

SJÅ BILETA PÅ NESTE SIDE->

This article is from: