Kommunikasjonshandbok

Page 18

Brub yggja konsePt

3.5 KonSeptBilete og KonSeptorD SaMan

her syner vi bilete som er valt i kombinasjon med konseptorda. konseptbilete kan brukas på powerpoint, annonser, nettstaden, brosjyrer og i anna informasjonsmateriell.

Legg merke til dei tre variantane av måten bilete og tekst er sett saman på. det er særskilde krav til kvalitet som avgjer om eit bilete kan brukast som konseptbilete. det er omdømeansvarleg som tek denne avgjerdsla. under ser de gode døme og nokre retningsliner for bruk av konseptord og konseptbilete i informasjonsmateriell. ein del av konseptet til Øygarden er bruken av ovale bilete. dette ser de i variant to og tre, medan variant ein syner konseptbilete brukt som plansje/oppslag.

Variant ein med kombinasjon av ord og bilete

Med hjartet på rette staden

vi har hjartet på rette staden - fordi vi bryr oss om kvarandre, om den gamle handelstanden og om naturen vår.

Med hjartet på rette staden

tekst og bilete skal syna eit ope og raust sinnelag hos eit folk som ønskjer å ta vare på tradisjonar. Besøkjande, næringsliv, turistar og nye innbyggjarar skal kjenna seg velkomen i vårt lokalsamfunn.

Vilt og ekte - slik vil vi ha det

Vilt og ekte

naturen i Øygarden er vill og ekte - slik vil vi ha det også i framtida.

- slik vil vi ha det

Øygarden som reisemål er blitt ei merkevare med konseptordet vilt og ekte som salsargument.

Produsert 2011


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.