Page 1

Nyhende magasinet Nr. 3 - 2012

Dale oen experience inn i skulen Side 14

Indisk minister vitja Øygarden Side 4-5

Kalla til rådmann og eininga s. 6 50 årsjubileet vert planlagt s. 11 Vinnar av turstikonkurransen s. 12

– brubyggjaren


Innleiing og kortnytt Innhald 2 Gode lesar 2 Donasjonsdagen 2012 3 Blomvåg skule vert internasjonal! 3 Kortnytt 4 Indisk minister vitjar Øygarden 6 Kalla til rådmannsgjerninga 7 Nytilsette 7 Småbarnstreff på helsestasjonen 8 Fotominner frå Øygarden på nettet 9 Konseptet Vilt og ekte 10 Kommuneplanarbeidet 10 Krinsmøte 11 50 års jubileum i 2014 11 Ny kulturplan på høyring 11 Kulturprisen 2012 12 Vinnarane av turstikonkurransen 12 Trening for vaksne 13 Nybegynnarkurs i Quilting 13 Turstiarbeidet 14 Startar samarbeid med DOE 15 5 på servicetorget

Redaksjonen Bernt Hjørnevik Liv Edel Mikkelsen Ingunn Teigen Silvia Haugland Eva Olsvold Thor Witthil Tekstredigering: Egil Olsvold Ansvarleg utgjevar: Øygarden kommune ved Bernt Hjørnevik, kulturleiar Ide, utvikling og produksjon: PCG Bergen Trykk: Clarks grafiske formidling Papir: Nyhendemagasinet er trykt på Cyclus offset papir. Det er eit 100% resirkulert naturkvitt papir. Opplag: 2000 stk., og Nyhendemagasinet vert distribuert til alle husstandar i kommunen.

24

1

0 Trykksak 7

7

M

Ø M E R KE T ILJ

Desse har medverka Frå kommunen: Otto Harkestad, Åse Vik, Siri Fahlvik Pettersen, Bernt Hjørnevik, Liv Edel Mikkelsen, Christel Møvik-Olsen, Silvia Haugland, Jarle Kåre Oen, Bente Guntveit og Ingunn Teigen. Foto framside: Terje Haugen Lie Foto bakside: Per Lande 2 Nyhendemagasinet NyhendemagasinetØygarden Øygarden

Gode lesar! I denne utgåva tar nyhendemagasinet oss ut i verda med m.a. oppslag om vitjing av innanriksministeren frå India og Blomvåg skule sitt spanande skuleprosjekt. I byrjinga av september hadde me vitjing av innanriksminister Deo m/følgje. Dei hadde teke den lange turen frå India for å oppleve og lære Øygarden betre å kjenne. Me frå Øygarden kommune som møtte dei hadde ei god oppleving av møte, i ettertid har kommunen fått stadfesta gjennom brev frå gjestane at også for dei var vitjinga i Øygarden vellukka. Takk til Blomvåg fjordhotell, Kvernepollen, Kystmuseet og Visningsanlegget som alle ”leverte” ved dette høvet. Foto: Øygarden kommune

Vil også gratulere Blomvåg skule som ein av åtte skular som skal vere med i skuleprosjektet “save animals – save the world”. Å gje elevane på denne måten nærkontakt med verda der ute, er framtidsretta og visjonært. Er sikker på at dette er med å gir Blomvåg skule eit løft, lukke til! 11. sept. byrja Siri Fahlvik Pettersen som rådmann i Øygarden kommune. Du møter henne i dette magasinet. Eg gleder meg over at ho endeleg er på plass i Øygarden. Utfordringar med budsjett, kommuneplan, drifta frå dag til dag, det er nok av arbeidsoppgåver å ta fatt i for den nye rådmannen. Eg ynskjer henne varmt velkomen og ser fram til å samarbeide med henne. Nyhendemagasinet fortel lesaren om aktuelle saker frå Øygarden kommune. Bladet har funne ei form som gjer at eg gler meg til eg får det i hendene. Det vonar eg at du og gjer. God lesning!

Helsing Otto Harkestad Ordførar

Donasjonsdagen 2012 – på Rong Senter Dei fleste av oss vil takka ja til å ta imot eit organ frå ein annan dersom det kan redde livet vårt. Men er det annleis om vi må ta stilling til å gje bort eigne organ? Hundrevis av nordmenn ventar i kø for eit nytt, livreddande organ. Mange dør i køen. Stiftelsen Organdonasjon arrangerer Donasjonsdagen 2012 laurdag 20. oktober. Kom innom vår stand på Rong senter kl. 11-16. Informasjon om stiftelsen og donorkort finn du på nettsida deira: www.organdonasjon.no. Stiftelsen har også laga fleire filmar om organdonasjon. Organdonasjon, det me gjer for kvarandre. Ei gåve for livet – historiar om organdonasjon Filmane kan bestillast hos stiftelsen.


Blomvåg skule vert internasjonal! Comenius er eit internasjonalt samarbeid mellom grunnskular i Europa, og no er og Blomvåg skule med!

Arbeid på Toftøy

Kommunalsjef for tekniske tenester melder til Nyhendemagasinet at arbeidet med infrastruktur frå Torsvik til Toftøy skule er i gong. Diverre har me møtt grunntilhøve ein ikkje var førebudd på, og difor må ein skifta ut massar. Dette fører til ekstra kostnader, og truleg til endring i tidsplanen. Første fase i arbeidet er rekna ut å vera ferdig til 31. desember i år, og andre fase til juni 2013.

Skulestart

Desse elevane skal jobba med skular i sju andre land over to år i Comenius prosjektet. Foto: Øygarden kommune Tanken bak Comenius partnarskap er å styrka den internasjonale opplæringa. Målet er meir kunnskap om, og forståing for det kulturelle og språklege mangfaldet i vår verdsdel. Rektor Arne Petter Solberg fortel til Nyhendemagasinet at kollegiet ved Blomvåg skule bestemte seg for å søkja Senter for Internasjonal Undervisning (SIU) om å få ta del i eit skuleutviklingsprosjekt mellom åtte skular i Europa. Gladmeldinga kom. Skulen vart plukka ut til å delta i eit prosjekt som skal gå over to skuleår. Det er 3. og 7.klasse som skal vera med. Dei andre sju skulane ligg i Murcia i Spania, Istanbul i Tyrkia , Kalisz i Polen, Memmelsdorf i Tyskland, Fasano i Italia, Baia Mare i Romania og Nove Mesto i Slovakia. Temaet dei åtte skulane har valt er «Save animals- save the world». Våre elevar skal få kunnskap om dyr me har i vårt land, og kunnskap om dyr og

forvaltninga av dyrelivet i dei andre landa. Sameleis skal dei andre borna få kunnskap om korleis vi forvaltar og ser på dyrelivet i Noreg. Temaet kan skulen arbeide med i mange fag, og skulane skal kommunisera via skypeoverførde møte i klasseromma minst ein gong i året. All kommunikasjon mellom skulane og elevane vert på engelsk. Prosjektet startar opp denne hausten. I september reiser tre frå personalet ved skulen til eit oppstartseminar i Tyskland for å møta lærarar frå dei andre skulane. Her skal dei panleggja arbeidet. Dei skal velja ut ein felles logo for prosjektet, frå utkast laga av borna ved dei åtte skulane spreidde rundt i Europa. Skulen får tilført € 22.000 ( om lag kr 165.000) frå SIU til arbeidet. I vår region er tre andre skular med i liknande prosjekt. Tranevågen ungdomsskule og Landro skule i Fjell, og Ravnanger ungdomsskule på Askøy.

Kommunalsjef for skule og oppvekst, Øyvind Strandheim, fortel til Nyhendemagasinet at skulestarten har gått greitt. Til saman 57 elevar tok til i første klasse på dei fire barneskulane. Elevtalsutviklinga er god, og viser auke for første gong på fleire år. Det er først og fremst Blomvåg som får fleire elevar. Skulefritidsordninga (SFO) er populær. Dei fleste 1.-4. klassingane går i SFO. Prosentdelen er mellom dei høgaste i landet. Øygarden har eit stabilt lærarkorps. Nokre lærarar flyttar mellom skular. Eit fåtal byter kommune. Dei aller fleste av lærarane i Øygarden har godkjend utdanning.

Ris og ros til redaksjonen

Redaksjonen i Nyhendemagasinet har ansvar for kommunen si heimeside. Her skal du finna det meste om kommunen sine tenester, og korleis innbyggjarane kan få tilgong til tenestene. Bruker du denne sida er me glade for tilbakemelding. Kom gjerne med framlegg til endringar slik at sida kan verta betre. Send gjerne ein e-post til: redaksjonen@oygarden.kommune.no.

Kommunalsjef

Tor Kleppestø vikarierar i stillinga for tekniske tenester til ny kommunalsjef er tilsett.

Nyhendemagasinet Øygarden 3


Det politiske hjørnet

Indisk minister

vitjar Øygarden

Måndag 11. september kom ein indisk delegasjon med innanriksminister Shri V. Kishore Chandra Deo i spissen til Øygarden. Sjølv om språkbarrierar var utfordrande innimellom, vart det ei god utveksling av synspunkt og røynsler mellom politikarar og administrasjon på båe sider. Det var og lagt opp til ei omvising på Kystmuseet med filmvisning. Her fekk gjestane informasjon om Øygarden si utvikling frå steinalder til olje og gassalderen Det var tydeleg at dette gjorde inntrykk på gjestane. Filmen og omvisinga i etterkant fekk gode tilbakemeldingar. Etter ein framifrå lunsj på museet med norsk laks på menyen, gjekk turen til Visningssenteret for lakseoppdrett. Kenneth Flåten gjorde greie for lakseoppdrett i Noreg og i Øygarden, med vekt på kor effektiv denne produksjonen av mat er i dag.

Øverst:Innanriksministeren frå India saman med ordførar Otto Harkestad og varaordførar Anne Grete Solbakk. Venstre: Her har Aud Karin Oen samla heile delegasjonen frå India til fotografering på Kvernepollen Rorbuer. Høgre: Kommunestyresalen var eit av mange samlingspunkt. Gjestinga var ei gjenvitjing etter ordførar Otto Harkestad og Aud Oen sin tur til India sist haust. Hovudtemaet var «kvinner i politikken». I Øygarden har ein gjennomført eit prosjekt for å auka kvinnedelen i lokalpolitikken. Det har ført til at kommunestyret i Øygarden no har vel femti prosent kvinnedel. Dette har skapt interesse i India, og reidd grunnen for vidare kontakt mellom Øygarden og ministeren sin heimstad.

4 Nyhendemagasinet Øygarden

Måndag og tysdag fekk gjestane gode presentasjonar av ulike sider ved kommuneorganisering i Noreg generelt, og Øygarden serskilt. Tema var kvinner i politikken, politisk organisering, økonomi og velferdsordningar i kommunen vår. Utviklinga i kommunen frå fiskeri og jordbrukskommune til olje og gassalderen vart vektlagt, og sameleis utfordringane med å ta vare på dei gode sidene ved det «gamle Øygardssamfunnet» i ei moderne tid.

Både den indiske ministeren og ordføraren understreka at dei hadde mykje å læra av kvarandre. Ordførar Harkestad uttrykte ynskje om at det vidare samarbeidet måtte ein utvikla saman. Den indiske delegasjonen drog attende til Oslo. Vitjinga i Noreg inkluderte og ein tur til Finnmark. Minister Deo ville serskilt få med seg korleis Noreg har lagt til rette for minoritetar, som India har mange av. Ministeren og fylgjet hans såg serskilt fram til å snakka med samiske representantar, og vitja Sametinget.


Over: Rådmann Siri Fahlvik Pettersen saman med ein av delegatane frå India. Venstre: Innanriksminister Shri V. Kishore Chandra Deo er oppteken av lokalhistorie og omvisninga på Kystmuseet gjorde inntrykk. Her på kystmuseet blei det både film, vandring i utstillingane og lunch.

Visste du at?

Indias flagg er også kjent som Tiranga som betyr trikolor (trefarget) på hindi. Det har tre horisontale stiper i fargane; safrangult, kvitt og grønt. Midt på flagget finst eit marinblått hjul med 24 eiker som kallast chakra. Den djupe safrangule fargen i flagget symboliserer mot, den kvite sannhet og fred og den grøne tru og framgang. Nyhendemagasinet Øygarden 5


Kommunen informerer

Kalla til rådmannsgjerninga i Øygarden! «Øygarden ropar på deg» sa besteveninna til Siri då stillinga som rådmann vart lyst ut. «Når kjem du heim?» spurde gamle far hennar! Ynskje om å koma nærare familie og vener vart avgjerande då Siri valde å søkja den ledige stillinga som rådmann i Øygarden. For ho hadde slett ikkje tenkt å flytta på seg. Ho og mannen var godt etablerte, med hus og gode stillingar i Suldal og Sauda. Eg har vore fire år i Suldal som rådmann, treivst godt og hadde tenkt meg nokre år til, fortel ho. Saman med flinke medarbeidarar og godt samarbeid med organisasjonane og politikarane opplevde ho ei god utvikling i kommunen.

Røynsle med omstillingsprosessar

Eg vonar å kunna overføra den positive røynsla eg fekk frå rådmannstillinga i Suldal til den nye jobben min, seier ho med eit smil. Suldal er ein kommune som Øygarden, med gode inntekter. Men det var naudsynt med ei tilpassing av drifta for å forvalta inntektene på ein god og tenleg måte. Me reduserte drifta med 36 årsverk og 25 million kroner. Med eit team med representantar frå administrasjon, tillitsvalde og politikarar identifiserte me 7 felt innan organisasjonen som det skulle arbeidast med. I gruppene sat innbyggjarar, politikarar, leiarar og tillitsvalde. Driftstilpassinga førte mellom anna til betre arbeidstilpassing, betre vurdering og val av verdiar i organisasjonen, og betre bruk av IKT. Med ekstramidlar på kr. 500.000 til tiltak vart endringsprosessen eit arbeid heile organisasjonen tok del i, utan politisk omkamp. Siri er kjend med at det er byrja ein prosess med driftstilpassing i Øygarden. Ho er oppteken av den gode samtalen og dialogen med brukarar og tilsette. Ho meiner det er viktig å få fram innbyggjarane sine forventningar til kommunen, mellom anna gjennom brukarundersøkingar. Men

6 Nyhendemagasinet Øygarden

brukarundersøkingane er ikkje verd mykje utan høg svarprosent, kombinert med betring og vedlikehald av resultata. I kommunar med god økonomi er det lettare å nå fram med ynskja sine, og det kan vera vondt å erkjenna at me ikkje kan tilfredsstilla alle forventningane. Kommunar med dårlegare økonomi enn oss har ikkje same forventningspresset på seg, seier ho. Men det er ikkje alltid det er økonomiske midlar som skal til for at tenester og andre ytingar skal bli betre. Kvalitet og kunnskap kan ofte gje betre løysingar. For små kommunar er det store utfordringar å meistra komplekse og krevjande oppgåver. Fagmiljøet vert fort lite, og me vert sårbare om me ikkje klarar å halda på kvalifisert arbeidskraft. Difor er eg glad for det interkommunale samarbeidet. Eit godt døme er samhandlingsreforma. Den vil styrka barnevern, helse- planarbeid og byggesaker, meiner ho.

FAKTA: Namn: Siri Fahlv ik Pettersen Alder: 54 år Stilling: Rådman n Sivilstand: Gift Bur: p.t. Øygarden

Bakgrunn

Siri er vaksen opp på Kalfaret og er ein ekte Bergenser. Likevel likar ho seg på landet og mellom strilane. I 1978 kom ho heim frå Danmark etter avslutta Idrettshøgskule. Ho tok til som ferievikar i Bergen kretsfengsel det året, og vart der i 30 år. Siri har hatt mange ulike rollar og arbeidsoppgåver. Frå avdelingsleiar med ansvar for drift av to opne avdelingar, til underdirektør og vikarierande direktør. Ho har i mange år sete sentralt i opptaksnemnda til fengselsskulen, og har gjennomført 2-3000 opptaksprøver! Undervegs har ho studert administrative fag på Noregs handelshøgskule.

Korleis var det å gå frå arbeid i fengselet etter så mange år og møta det kommunale systemet? Det var lettare enn eg trudde. Då eg byrja som rådmann i Suldal var eg klar for

nye utfordringar. Dessutan er det ikkje så stor skilnad på ein fengselsorganisasjon og ein kommune. Båe organisasjonane er verdi- og kunnskapsorienterte. Me har med menneske å gjera, og det administrative systemet skal leggja til rette for at dei som treng det får god kvalitet og høg kunnskap.

Dine visjonar for rådmannstillinga i Øygarden?

Gjennom media har eg fått vita at Øygarden kommune har vore gjennom ei vanskeleg tid. Men eg las ikkje ein einaste rapport før eg tok til i jobben. Eg er ikkje skremd, berre spent på alle utfordringane! For Siri har mange års røynsle med omstillingsarbeid innafor økonomi, organisasjon og kunnskapsbaserte tenester. Ho er klar på at betringsarbeid


og driftstilpassing er noko ein må arbeida med heile tida. Å gjennomføra omorganiseringar er ikkje alltid til det beste for organisasjonen. Men ho er mellom anna oppteken av kva utviklinga innan IKT gjev av nye moglegheiter for effektivitet og kommunikasjon med innbyggjarar og tilsette. Me må ikkje verta oss sjølve nok. Kommunen er ein viktig samfunnsaktør, og me må utvikla samfunnet i lag. Eg trur på samarbeid, at det er godt for alle aktørar. Det halverer dine sorger og doblar dine gleder, siterer ho. Eg ynskjer meg innbyggjarar som er nøgde, glade og stolte av kommunen dei bur i! For Siri har forventingar til å kunna bu i eit lite samfunn. For å leva det gode liv i ein kommune krev det at folk bidreg til fellesskapet. Alle har noko å bidra med, seier ho. Med gode møteplassar, frivillige lag og organisasjonar, kan folk finna styrke, knyta band og vera saman. Men alle må vera med. Innflyttarar og dei som er fødde og vaksne opp i Øygarden. Kvar må ta ansvar for livet sitt. Kommunen skal vera bidragsytar i periodar der dei treng hjelp til å meistre livet, seier ho alvorleg.

Dei tilsette

Øygarden kommune har ein etikkplakat som eg sluttar meg til, seier Siri. Å vera RAUS, ÆRLEG og LOJAL er grunnleggjande verdiar som me kvar dag må arbeida for å skapa om til konkrete handlingar. Elles vert det berre fine ord utan meining. Det kan vera vanskeleg å endra seg. Hjelper me kvarandre til å bli merksame på betringsområde, personleg og i arbeidet, trur eg me vert både betre og tryggare arbeidstakarar.

Personleg ynskje

Eg ynskjer å vera ein synleg og god rådmann for Øygarden kommune! Eg har eg eit sterkt ynskje om å ha mine siste arbeidsår i Øygarden. No gler eg meg til å ta fatt på arbeidet, og verta kjend med organisasjonen, innbyggjarane og denne fantastisk flotte kommunen! Me ynskjer Siri lykke til – og ser med glede fram til det gode samarbeidet!

Nytilsette

Inger Lande Danielsen Kommunelege Trine Nergård Barnevern Familiens hus

Øygarden kommune

Småbarnstreff på helsestasjonen

Annik Solberg PPT Familiens Hus

Annan kvar torsdag kl. 10.30-12.00 er det småbarnstreff på helsestasjonen denne hausten. Born og foreldre kjem i lag for å ha det kjekt, og for at dei vaksne kan treffa andre i same situasjon og dela erfaringar og utfordringar. I haust har me og starta opp med babysong. Det har vore to samlingar fram til no, og samlingane går fram til jul. Nyhendemagasinet får opplyst at det har vore svært kjekke samlingar med mellom sju og ti småborn med foreldre kvar gong. Dei fleste borna har vore i første leveåret, men og born opp til fire år har vore med. Mat tek du med, kaffi, te og juice held helsestasjonen. Opplysningar om treffa finn du og på kommunen sine heimesider under overskrifta Barn og familie/ helsestasjonen.

Nina Karin Lie SFO-leiar Alvheim/Bakken

Babysong Torsdag 11 oktober 10.30-12.30

Marianne Beheim Sønnesyn Barnevernskonsulent Familiens Hus

Babysong Torsdag 25 oktober 10.30-12.30

Chris Møller Kulturkonsulent

Babysong Torsdag 8 november 10.30-12.30

Petter Jakob Fredriksen Prosjekt Teknisk plan og forvaltning Bente Cecilie Foss Fagleiar barnevern Familiens Hus Jon Ivar Friborg Einingsleiar Teknisk drift og service Erling Teig Byggesak Teknisk plan og forvaltning

Tina Beate Hjellbakk Flyktningkonsulent. NAV Øygarden Hege Marie Aksnes Skaug Psyk. Sjukepleiar Familiens Hus Marte Sjøvold Eikås PPT-rådgjevar Familiens Hus Anita Golten Finsås Barnevernkonsulent Familiens Hus

Babysong Torsdag 22 november 10.30-12.30 Juleavslutning Torsdag 6 desember 10.30-12.30 Annakvar torsdag

SMÅBARNSTREFF


Kultur

Fotominner frå Øygarden på nettet innom med bilete. Frå 1.november vert det kontortid kvar tysdag frå klokka 1419. Ring gjerne og avtal tid for avtale. Vi kan og kome heim til deg for å skanna bileta dine.

Tilgjenge

Biblioteksjef Ritha Helland understrekar at kommunen si historie er viktig å ta vare på, og at den vert lett tilgjengeleg for alle. Det er mange føremoner med å gjera historia digital. Bilete og anna materiale kan lagrast trygt over lang tid.

Viktig historie

Leiar i Øygarden sogelag, Ivar Schjetne, er glad for at bileta no skal koma ”online”. - Dette er både fortid og framtid, meiner Schjetne og held fram: Vi hadde to databasar å velja mellom. Biblioteket sin database er sers brukarvenleg. Difor valde vi den.

Bruk av Internett og Facebook

Frå venstre: Thora Vik, Ivar Schjetne og Ritha Helland. Tekst/Foto: Øygarden Media

Øygarden Sogelag og Øygarden bibliotek si satsing «Øygarden i bilete» er komen i gong. I ein nettbasert biletdatabase kan du bla deg gjennom bilete knytt til Øygarden, og få kunnskap om nærmiljøet. Laurdag 20.oktober frå kl.11-16 kan du koma med bilete for registrering og skanning til sogelaget sin stand på Rong Senter.

Kontortid på Biblioteket

Eg er godt nøgd med denne satsinga, seier styremedlem i Øygarden Sogelag,

8 Nyhendemagasinet Øygarden

Thora Vik. Dette er noko eg har arbeidd for lenge. Sjølv har eg samla inn rundt to tusen bilete. Dei fleste av desse har ein kvalitet som gjer dei eigna for databasen. Eg må berre få på plass dei naudsynte løyva. Biblioteket har kome med tilbod om kontorplass. Då kan vi ha kontortid for dei som ynskjer å koma

- Øygarden Sogelag er oppteken av å nå ut til publikum med bileta, seier sogelagsmedlem Vidar Andersen. Internett er ein ideell kanal for massepublisering av foto. Føremålet med nettstaden er å formidla kunnskap om Øygarden si historie og kulturarv, og styrkja den lokale identiteten. Mange fleire kan no få innsyn i korleis kommunen har utvikla seg. Det kan og sjå ut til at fleire og fleire ser verdien i dei gamle bileta. Mange lokale Facebookgrupper har dukka opp i det siste. Mange medlemar har lagt inn bilete, med og utan informasjon. Det går ikkje lang tid frå eit bilete er lagt inn til dei første tilleggsopplysningane kjem. Vi vonar alle som har skanna bileta sine for Facebook vil vera med i denne kulturelle dugnaden. Biletdatabasen er viktig og naudsynt. Mykje av Øygarden si historie kan ein best ”lesa” frå bilete. Difor vonar vi mange møter opp på Rong Senter 20.oktober, oppmodar Andersen.


Visjonar

VILT OG

OYGARDEN

EKTE

Naturen, historia, kystlandskapet og havet er vilt og ekte i Øygarden

– slik vil me ha det også i framtida. Rått og brutalt har istida forma kystlandskapet over øyrekkjene. Korleis dette har gått til kan opplevast på Kystmuseet i Ovågen. Museet syner korleis isbreane rulla over øyrekkjene, trekte seg tilbake, tinte opp og kom attende. Ei utvikling som gjekk over fleire titusen år. Truleg kom nokre av dei første menneska i Norge til Øygarden for 10-12.000 år sidan. Landskapet vårt er dramatisk, om ikkje ruvande med høge fjell som i nabokommunane. Høgste punktet er kun ca 72 moh. Hos oss er det Nordsjøen og istida som har forma knivskarpe klipper der storhavet har kasta seg innover i tusenvis av år. Kor vilt, brutalt og kraftig naturkreftene er, kan synast ved bølgjekraftverket ved Toftestallen.

Me høyrer at klatreentusiastar meiner at våre klipper og berg er blant dei vakraste i Norge. Skogen vert vakta av vakre hjortedyr, havets ulvar (spekkhoggaren) sym langs med øyane våre når dei jaktar sild og makrell. Me har eit bølgjande kulturlandskap med beitande villsau og fuglekledde torvmyrar, blomstrande lyngheier, tjern og vatn med yrande fugleog dyreliv; Hos oss er det registrert over 230.000 ulike fugleartar. Sund og viker er tumleplass for delfinar, oter og sel. Sunda våre er eit eldorado for dykkarar frå heile verda. Blod, sveitte og tårer i generasjonar har forma vårt ville kystlandskap og ein ekte kystkultur. Hardt arbeid, både på sjø og

Foto fra turistmagasinet Vilt og Ekte. Fotograf: Jon Magne Fjeldstad

land, tronge kår for fiskarbonden og dei som busette seg her, har vore med å leggja grunnlaget for vår eventyrlege olje- og gassindustri. Øygarden er vilt og ekte. Olje, gass, naturlandskap og eldgamal historie går hand i hand. Hit til Øygarden kjem det folk frå heile verda for å oppleva samspelet mellom oljeeventyr og kystkultur. Vi har plass til hjort og beitande villsau, fiskarar, detaljhandel, gardbrukarar, rullande svaberg, bortgjømte viker og tronge sund. Rorbuer og fjordhotell tek vare på både atmosfære, bygningar og historie. Vi kan tilby eit eldorado av opplevingar til både innbyggjarane våre og tilreisande, heile året. Sjøen, klippene, lyngheiane er vår tumleplass. Slik vil vi ha det også i framtida.

Nyhendemagasinet Øygarden 9


Tema

Kommuneplanarbeidet Arbeidet med å revidera kommuneplanen er i gong. Målet er å gjera vedtak i kommunestyret i juni 2013. Alle kommunar er pålagde å planleggja for kommunen som samfunn og som organisasjon. Kommuneplanen er eit omfattande dokument som skal gje føringar for mål, og kva retning politikarane ynskjer utviklinga i Øygarden skal ta. Kommuneplanen er delt i to bolkar, ein samfunnsdel og ein arealdel.

Samfunnsdelen av kommuneplanen

Samfunnsdelen vil femne om kommunen som tenesteytar og arbeidsgjevar. Sentrale problemstillingar vil og vera næringsutvikling, folketalutvikling og levekår for dei ulike gruppene i kommunen vår. Visjonar, mål og strategiar for arbeidet dei neste åra vil vera tufta på historisk utvikling og analysar av korleis livet for øygardværingane er no, m.a. gjennom levekårgranskingar. Samfunnsdelen er eit uttrykk for politiske ynskje for utvikling på mange samfunnsområde.

Arealdelen av kommuneplanen

Ofte er det arealdelen av planen som fører til mest debatt i lokalsamfunnet. Korleis skal me bruka kommunen sine areal for å oppnå det me ynskjer i samfunnsdelen? Kor skal me ha næringsareal? Kor skal me ha bustadar og landbruk? Kor skal folk få ha hytte, og kva område skal me setja av til fritidsaktivitetar, idrett, osb? I motsetnad til samfunnsdelen er arealdelen eit juridisk dokument, og difor bindande for kommunen når den er vedteken. Arealdelen er og underlagt overordna lover og føresegner, og må halda seg innafor dei grensene som er sette. Difor er det mange som skal uttala seg om denne delen. Innbyggjarane, fylke og stat skal ha eit ord med i laget før kommuneplanen kan vedtakast i kommunestyret. 10 Nyhendemagasinet Øygarden

Arealdelen av kommunedelplanen vil seie korleis dei flotte naturområda våre skal brukast og ivaretakast i framtida. Foto: Per Lande.

Prosessen

Planframlegget vart fremja for Planutvalet i septembermøtet, og er no lagt ut til offentleg høyring. Alle som ynskjer det kan koma med innspel eller endringsframlegg. For å få ein så god prosess som mogeleg for innbyggjarane vil ein frametter hausten halda krinsvise møte for å informere, og for å få reaksjonar på framlegget. Tid for møta vil verta gjort kjend gjennom pressa og på kommunen si heimeside.

Rong

Kommunestyret har vedteke at ein skal laga ein eigen plan for Rong og utviklinga der som eit sentrumsområde i kommunen. Denne planen vil og verta lagt ut til offentleg høyring.

Krinsmøte i samband med høyring om kommuneplan og kommunedelplan for Rongøy Det er sett opp følgjande førebels datoar i samband med høyring om revidert kommuneplan og kommunedelplan for Rongøy: • 29. oktober kl 1800 - krinsmøte for Toftøy • 30. oktober kl 1800 – krinsmøte for Blomvåg og Breivik • 31. oktober kl 1800 – krinsmøte for Alvheim, Hatten, Bakken og Hernar • 01. november kl 1800 – krinsmøte for Rongøy Alle møta vert i kantina, rådhuset på Rong. Det kan verta endring i desse datoane. Møta vert annonserte i Vestnytt, og på heimesida www.oygarden.kommune.no


50 års jubileum i 2014 Øygarden kommune

Arbeidsgruppa og referansegruppa har gjennomført ein «workshop» knytt til fire ulike tema for jubileet. Det kom inn mange kreative framlegg til kva vi kan presentere. Tema ein har valt er: • Festen • Synleg • Historia • Staden

Rundt desse fire tema skal det byggjast gode opplevingar for innbyggjarane våre. På heimesida til kommunen vil det innan utgongen av oktober koma ei informasjonsside om jubileet. Der kan alle til ei kvar tid følgja prosjektet.

«Den raude tråden» i dei ulike tema synest å vera:

•B  ruk av lokale krefter. Korps, kor, idrett, kultur, kyrkjer og anna. Det er viktig å inkludere born og unge. •E  it ønskje om å trekkja til seg nasjonale/internasjonale aktørar som kunstnarar og politikarar frå kommunar med tilknyting til Øygarden. • Trong for felles identitet, profilering og marknadsføring knytt til jubileumsåret. • Tiltak og tilrettelegging som

Kulturpris 2012 Øygarden kommune skal i år dele ut ein kulturpris på til personar, lag eller grupper med tilknyting til Øygarden. Kulturprisen vert gjeven for aktivt, friviljug kulturarbeid over lengre tid, eller for særleg fortenestefulle einskildtiltak. Personar, lag eller grupper kan sende skriftleg og grunngjeve

konkurransar, bruk av gassflammen, rasteplassar, pynting av kommunen på ulike stader, bøker, hefter. • Ulike arenaer: Kollsnes og bruene.

Her er nokre av framlegga som er komne inn:

Ny kulturplan på høyring

• Fakkelstafett gjennom heile Øygarden. • Fotobok – «Mitt Øygarden» • Ønskjer dei kongelege velkomne til Øygarden. • Eigen sydvest frå Øygarden. • Felles 17.mai feiring. • Konsertopplevingar på Kystmuseet og andre stader i kommunen.

Kulturplan for perioden 2013-2023 er lagt ut på høyring. Kommunen har von om at kulturplanen vil vera ein god reiskap for innbyggjarar, administrasjonen og politikarar dei neste ti åra. Kulturplanen inneheld 17 ulike tema, og over 140 ulike framlegg.

Vil du hjelpe til med noko for fellesskapet i 2014?

Frist for å koma med merknad eller andre framlegg til kulturplanen er sett til 27. oktober 2012. På ei eigen Facebookside finn du ”Kulturplan 2013-2023”, med informasjon om arbeidet.

Kommunen er avhengig av at du deltek, og vil rekruttera ei gruppe frivillige. Frivilligsentralen vil ha ansvar for dette arbeidet. Du som vil vera med kan ta kontakt med Christel eller Liv Edel på frivilligsentralen. Tlf.: 56 38 20 00 Du kan og melda deg i Servicetorget på Rådhuset.

framlegg på kandidatar. Ein kan sjølvsagt kome med forslag på lag/ personar som har vore føreslått tidlegare. Informasjon om kulturstipend finn du på www.oygarden.kommune.no Forslag på kandidatar skal vere skriftleg og frist er sett til 1.november 2012.

Nyhendemagasinet Øygarden 11


Frivilligsentralen Vinnarane av turstikonkurransen 2012

Frivilligsentralen Frivilligsentralen er med på ulike aktivitetar og arrangement saman med andre frivillige organisasjonar i Øygarden. Denne kalenderen gjeld fram t.o.m desember (ikkje helgedagar). Kvar måndag KUL-TUR, turar med lokale guidar Kl. 13.00

Vinnar av klassen for born var Marta-Elise Flåten Fjeldstad. Foto:Øygarden kommue

Vinnar av ungdomsklassen Tobias Hamsund og vinnar av vaksenklassen Reidar Vik..

I år var det 60 personer som leverte inn klippekorta i konkurransen. Me hadde laga ei ekstra utfordring ved å leggja postane utanfor turløypa slik at dei måtte leita litt. Før var det to vinnarkategoriar, men i år valde vi å skilja mellom born og ungdom.

Dei heldige vinnarane

Klasse born Marta-Elise Flåten Fjeldstad Klasse ungdom Tobias Hamsund Klasse vaksen Reidar Vik Vi har fått ulike tilbakemeldingar på konkurransen i år. Nokre tykte postane var lette å finna, medan andre strevde. Det var færre som leverte inn klippekorta denne gongen.

Mange mista nok motivasjonen då dei ikkje fann postane. Vi merkar oss tilbakemeldingane. Neste år brukar vi postkassane igjen, og legg merkeklipparane der. Vi leikar oss med tankar om ein type kryssord-spørsmål som kan liggja i postkassane. Har du ein idé om korleis DU vil ha turstikonkurransen, så send ei melding til post@oygarden. frivilligsentral.no Vi ynskjer at turstikonkurransen skal vera motiverande for alle, og at nye grupper vert freista til å delta. Vonar vi ser deg i løypa i neste konkurranse!

Kvar måndag saman med Frisklivsentralen Turgruppa; opp og stå, lett og gå Kl. 11.00-13.00 Kvar tysdag saman med U.L Stølen Zumba på Nautnes Kl. 20.00-21.30 Anna kvar tysdag saman med Handikapplaget Handiklubb på Tjeldstø Kl. 18.30-21.30 Den første tysdagen kvar månad Strikke- og heklekafe på Tednebakkane omsorgsenter Kl. 18.00-21.00 Kvar onsdag saman med Frisklivsentralen Opp og gå lett å gå trening i sal på Peak Fitness Kl. 11.00-12.00 Første onsdagen i månaden Middagsklubb på Rong barneskule Kl. 17.30-20.30 Den andre onsdagen kvar månad Quilting for nybegynnare på Rong ungdomsskule Kl. 18.00-21.30 Kvar torsdag saman med U.L Stølen Trening for 40+ på Torsvikhuset Kl. 17.00-18.00 Annankvar fredag saman med pensjonistlaget og eldrerådet Seniortreff på Rong Senter Kl. 11.00 -13.00

Trening for 40+ Ønskjer du å koma i gong med trening for eigen del? Ser du nytte av inspirasjon i kvardagen? Bli med denne trivelege gjengen og tren! Tysdag kl. 20 – 21.30 Zumba på storskjerm i Ungdomshuset på Nautnes. Torsdag kl. 17 – 18.30 Yoga, styrketrening, sirkeltrening, pilates m.m på Torsvikhuset.

12 Nyhendemagasinet Øygarden

Frivilligsentralen og U. L Stølen samarbeider om trening for dei som treng ein dytt. Bli med, det er inga påmelding.

Etter bestått kompetansekurs mottar ein glad gjeng kursbeviset sitt. Kompetansekurset har vore i regi av Hordaland Idrettskrets. Foto: Øygarden kommune


Nybegynnarkurs i Quilting

Quilting - Kanskje noko for deg?

Kurset startar onsdag 14. november og går over 5 kveldar, ein gong kvar månad. (onsdag 12. desember, onsdag 9. januar, onsdag 13. februar og onsdag 13. mars) kl. 18-21.30 på Øygarden Ungdomsskule.

Kurset er for dei som er heilt ny på lappeteknikk. Me prøver oss på Crazy quilting første gongen; ta med restestoff i bomull i alle mønstre, stoffet bør ha same farge. Alle må ta med seg sin eigen symaskin og kunne bruka den. Ta også med saks og sytråd. Solfrid Stigen er kursleiar, ho tar med seg Quilte- boka si, slik at me saman kan sjå på kva me har lyst skal vera tema dei komande gongane.

Om du kan teknikken frå før, så er du hjarteleg velkommen til å dele dine erfaringar med oss andre. Vi ønskjer å starta eit Quiltelag etter kvart, kor me kan utveksle gode idear, erfaringar og la oss inspirere av kvarandre. Skynd deg, vi har plass til 10 stykker, meld deg på til Frivilligsentralen på telefon 56 38 20 00

Turstiarbeidet

I sommar har Frivilligsentralen, Kulturkontoret og Nav samarbeida om vedlikehald av turistane i kommunen. Det har vore ei fin blanding av frivillige og folk i arbeid som har jobba med å merka stiane, vedlikehalde kulturminna, bygt bruer og sett opp informasjonskilt. Dei har kost seg i finver og ruskever.

Brubyggjing på Skogsøy. Sveinung Rong (bak) og Jarl Danielsen. Foto: Norvald Vik

Restaurering av kulturminne Kim Vatne, Emil Reiten og Sveinung Rong Foto: Norvald Vik

Nyhendemagasinet Øygarden 13


Næringsliv

Startar samarbeid med The Dale Oen Experience

Illustrasjon fra heimesida til Dale Oen Experience. Design: Sommerseth Design

Dei neste tre åra skal Robin Dale Oen og organisasjonen Dale Oen Experience vera på skulane i Øygarden ein dag kvar veke gjennom heile skuleåret. - Dette er eit uttrykk for ein sterk vilje frå kommunen til å vera med på satsinga. The Dale Oen Experience har sers mykje å tilby Øygarden kommune, seier ordførar Otto Harkestad. Øygarden kommune har tidlegare løyvd 100.000 kroner til verksemda, og bidreg med kontorlokale i rådhuset. Kommunestyret har no vedtatt å støtta Robin og DOE i ein periode på tre år med til saman 1,6 millionar kroner. Robin Dale Oen er styreleiar og aktiv i det daglege arbeidet med å gje born og unge utfordringar og opplevingar for livet i naturen. Gode verdiar og samfunnsnytte står sentralt i satsinga slik Alexander Dale Oen ville ynskt det. 14 Nyhendemagasinet Øygarden

Skal inn i skulen

Planen er at DOE skal inngå som ein del av undervisninga der Robin arbeidar for og saman med skulen ein dag i veka. Det er skulane sjølve som “tingar” tilbod dei ynskjer. Rektor på skulane har hatt møte med Robin. Nokre skular har gjeve signal om at dei vil spesialisera seg på kajakk/padling, medan andre ynskjer eit breitt tilbod. Kommunen ser på symjeopplæring som ein viktig del av arbeidet Robin og hans team skal starta opp med.

To-delt

The Dale Oen Experience er to-delt. Eine delen disponerer eit fond på

Robin Dale Oen har samla ungdom frå Øygarden til turopplevingar i Jotunheimen. Foto: Terje Haugen Lie

mellom to og tre millionar kroner. Det skal gå til å gje born og unge opplevingar i naturen eller oppfølging vinkla mot idrett. Andre delen er eit kommersielt driftsselskap som skal selja tenester til næringsliv og det offentlege. Tanken er å sjå samfunnsnytten i det ein driv med. Eit eventuelt overskot skal gå attende til fondet. The Dale Oen Experience arrangerte første turen i byrjinga av september. 12 ungdomar deltok blant dei 3 frå Øygarden ungdomskule, dei hadde fire flotte dagar saman på Hardangervidda.


Faktainformasjon om Øygarden kommune Øygarden kommune har 5 kundevertar på Servicetorget: Ingunn Teigen, Torill Hellesund, Silvia Haugland, Inger Helen Hellesund, Astrid N. Rustad og Kjersti Breivik Telefon: 56 38 20 00 mandag til fredag mellom kl 08.00 og 15.30 Ordførar: Otto Harkestad (AP) Rådmann: Siri Fahlvik Pettersen Folketalet pr 1.1.2011: 4500 Areal: 64,2 km2 Næringsareal: 1500 dekar (Naturgassparken Vest) Industri ca 1100 dekar (Kollsnes og Sture) Tal nye bustadar i 2011: ca 30 Ledige tomtar hus: om lag 800 Ledige tomtar hytter: om lag 10 Tilsette i kommunen: 379 årsverk Elevtal ved skulane: 613 Antal ungdomsskular: 1 Øygarden Ungdomsskule Antal borneskular: 5 Alvheim skule, Bakken skule, Blomvåg skule, Rong skule, Toftøy skule Born i bornehage: 248 Antal bornehagar: 3 kommunale / 4 private Kommunale: Tjeldstø barnehage, Terna barnehage, Breivik barnehage Private: Havly barnehage, Spurven familiebarnehage, Knappen familiebarnehage, Brum familiebarnehage Born i kulturskulen pr jan-12: om lag 180 Anlegg 2 fotballstadion med krøllgras: Rong Stadion og Nesemyra Stadion Symjehall i Kulturhuset Terapibasseng i Øygarden Rådhus

5 på servicetorget

1. Brukar du heimesida til Øygarden kommune? 2. Kva råd har du til betringar? Evy Larsson

-Eg er ingen surfar, men nyttar heimesida for å finna naudsynt informasjon. Eg finn det eg treng. -Skriv tekst som er lett å skjøna, og unngå framandord og engelsk tekst.

Bjørnar Fjeldstad

-Heimesida er grei. Eg finn det eg treng, men det kan stundom vera litt «knotete» å finna fram! -Oppdatering av endringar i einingane kan bli betre. Legg og ut meir nyttig og brukarvenleg informasjon.

Marte Tolo Hernar

-Heimesida er grei, og eg finn det eg leitar etter. -Eg ønskjer raskare oppdatering av informasjon om aktuelle hendingar i kommunen.

Nicole Katharina Eikanger Arrana

-Eg finn det eg treng, og brukar søkeord i staden for å leita. Det går fint. -Få inn meir ungdomsstoff! Noko av informasjonen bør vera meir presis.

Therese Monsen

-Den er oversiktleg og fin, og informasjonen eg leitar etter finn eg raskt. Eg likar å sjå attende på tidlegare saker, til dømes byggesaker. -Eg følgjer med på postlistene, og sjekkar ofte om det er noko nytt. -Eg ønskjer betre oppdatering om t.d. vanskar med vassforsyninga. Oppdatering av heimesida bør verta betre.

Nyttig kontaktinformasjon Sentralen: 56 38 20 00 Øygarden Bibliotek: 56 38 22 20 Kystmuseet i Øygarden: 56 38 50 50 Viktig kontaktinformasjon: FAX: 56 38 22 31 Legesenter dagtid: 56 38 21 10 Legesenter ettermiddag/kveld: 56 38 93 00 Viktige nettstader www.oygarden.no www.godesirklar.no www.naturgassparken.no Send oss e-post til: postmottak@oygarden.kommune.no Organisasjonsnummer: 938 766 223 Besøksadresse: Øygarden Rådhus, Ternholmvegen 2, 5337 Rong Postadresse: Øygarden kommune, 5337 Rong

Eit flott bilete frå arbeidet med turstiane. Her ser du frå venstre, Sveinung Rong, Norvald Vik og Jarl Danielsen. Foto: Øygarden kommune

Nyhendemagasinet Øygarden 15


Nyhendemagasinet

ei heil rekkje øyar og eit ope samfunn knytt saman av bruer himmel og hav med vill og ekte natur ein stad for gamal og ung

eit stolt folk der framtid og historie gĂĽr hand i hand ein stad der arbeid og fritid skaper gode dagar her vil vi bu

– brubyggjaren

Profile for Snitt Reklamebyrå

Nyhendemagasinet 2012 nr. 3  

Periodisk nyhendemagasin for Øygarden kommune

Nyhendemagasinet 2012 nr. 3  

Periodisk nyhendemagasin for Øygarden kommune

Profile for pcgbergen
Advertisement