Osterøy i soge og samtid 1989

Page 1

0



Osterøy i soge og samtid Sogeskrift for Osterøy

Utgjevarar: Osterøy museum Osterøy Sogelag Hosanger Sogelag Osterøy 1989


Føreord I 1985 og 1986 gav kulturvernnemnda i Osterøy ut «Osterøy i soge og samtid». Dette var meint å skulla vera eit sogeskrift med drag frå samtida. Seinare er kulturvernnemnda lagd ned, slik at nokre år no har det ikkje kome ut noko hefte. Men i år kjem «Osterøy i soge og samtid» ut att på nytt. Denne gongen er det Osterøy museum, Osterøy Sogelag og Hosanger Sogelag som står bak utgjevinga. Me meinte at når her finst så mykje verdfullt stoff frå Osterøy ville det vera naturleg å halda fram med sogeskriftet, for elles er det ikkje så mange høve til å gje ut lokalhistorisk stoff. Tanken bak denne utgåva av «Osterøy i soge og samtid» er mykje den same som låg attom dei førre utgåvene. Me vil freista finna fram til stoff frå ulike kantar av øya og vonlegvis få fat i stoff som vil interessera flest mogleg. Om me har lukkast med det er ei anna sak. Planen er at «Osterøy i soge og samtid» skal verta årviss. Om me greier det, lyt venta å sjå. Men skal dette lukkast, er me avhengige av å få nyss om stoff som kan ha interesse. Difor er me takksame for tips om emne som bør takast med i seinare utgåver. Me vonar mange vil ha glede av sogeskriftet. Bladstyret for «Osterøy i soge og samtid». Randi Andersen Osterøy museum

Olav Meltvik Hosanger Sogelag

Geir Kleiveland Osterøy Sogelag


Innhald: Eivind Karl Rundhovde: Osterøy kommune gjennom 25 år ...................4 Anna Kleiveland:

Laksafiskje på Kleiveland frå eldre tider og til no...................................................10

Kristine Flesland:

Nytt skuleår...................................................22

Olav Meltvik:

Fjerdingsvegsmerkje mellom Bergen ............23 og Bolstad .....................................................23

Randi Andersen:

Gjennom tusen år på tre timar ........................25

Monrad Solberg:

Garving på gamlemåten .................................30

Geir Kleiveland :

Teglverket på Votlo .......................................37

Signe Mjelde Nordås:

Hesjedalsfabrikken på Bruvik ........................40

Geir Kleiveland:

«Istida» på Raknes.........................................43

Anna Østerbø Kåstad:

Namnebruk i Hjevvik-krinsen på 1700- og 1800-talet .................................54

Av Mons R. Mjelde:

Kaustølen ......................................................58

Av Olav Meltvik:

Amerikabrevet...............................................60

Av Sigurd Løtveit :

Utvandrarar frå Osterøy til Amerika ..............64

Kristine Flesland:

Fråflytting .....................................................68 Henrikkes hushaldningsbok ..........................69

Ole Nilsen Mjøs:

Vigslingstale i Mjøsdalen 1891 ......................71

Kristine Flesland:

Poeng for omsut ............................................72

Randi Andersen:

Osterøy museum - ein livskraftig ....................... institusjon i sitt 70.de år ...........................73 Sogelaga på Osterøy ......................................78


OSTERØY KOMMUNE GJENNOM 25 ÅR Av Eivind Karl Rundhovde Osterøy kommune er i år 25 år. I alle desse åra har Eivind K. Rundhovde vore rådmann i kommunen. No ved årsskiftet takkar han av som øvste administrative leiaren i kommunen. - I denne artikkelen ser han attende på korleis det var då Osterøy vart eigen kommune og kva for utvikling kommunen har gjennomgått i denne perioden.

Osterøy kommune vert skipa Osterøy kommune har ikkje noka lang soge bak seg. Som kjent vart kommunen skipa frå 1. januar 1964, der delar av dei gamle kommunane Bruvik, Haus, Hosanger og Hamre vart slegne saman til ein kommune. Som rimeleg er utløyste delinga av dei gamle kommunane til dels sterke kjensler hjå folket. Band som i uminnelege tider hadde halde folket i dei ymse bygder saman, vart slitne. For mange kjendest det som at røtene vart skorne bort, og at det var noko dei miste. Grunnlaget som var lagt for desse kommunane frå gamalt, var samferdselsåra, nemleg sjøen. Denne «vegen» var open for alle og trong ikkje noko vedlikehald. Etter kvart som den moderne samferdsla utvikla seg med vegbygging og invasjon av bilar og bussar, syntest fjorden rundt Osterøy for mange meir å vera eit stengsel enn sambinding. Den nye kommuneinndeling som gjekk over landet i byrjinga av 1960-åra, gjorde såleis sitt inntog også på Osterøy. Eitt spesielt trekk ved denne inndelinga var at den nye fastlandskommunen Vaksdal, som på ein måte var framhaldet av Bruvik kommune, framleis skulle ha eit stort område av den kommunen sine areal på Osterøy. Den kommunale administrasjonen I dei gamle kommunane var kommuneadministrasjonen dels på Osterøysida og dels på fastlandet. Hosanger kommune hadde såleis administrasjonen i kommunehuset på Hosanger, og Hamre kommune hadde administrasjonen i kommunehuset på Hamre. Bruvik kommune derimot hadde sin administrasjon på Dale, medan kommuneadministrasjonen for Haus heldt til i Indre Arna. Eit sentralt spørsmål var korleis den nye kommunen skulle byggja opp sin administrasjon. Løysinga vart å dela administrasjonen på 3 stader, nemleg Haus, 4


5

Det fyrste heradstyret i Osterøy kommune, 1964–67. I 1. rekkja sit som nr. 3 f.v. ordførar Gerhard Bøe, t.v. for han sit varaordførar Sigvald Hauge. Heilt t.h. står rådmann Eivind K. Rundhovde. Utlån: Osterøy kommune.


Hosanger og Valestrand. Formannskapskontor, teknisk kontor, landbruk/skogbrukskontor var i Haus, kommunekasserar, likningskontor og folkeregister i Hosanger, og skulekontor, sosialkontor og elektrisitetsforsyning på Valestrandsfossen. Då dette berre var ei førebels ordning, vart spørsmålet snart teke opp kvar det nye kommunesenteret skulle liggja. Etter intense drøftingar vart det til slutt vedteke at Lonevåg skulle verta kommunesenter med bygging av eige administrasjonsbygg.

Næringsgrunnlaget for den nye kommunen Ved skipinga av den nye kommunen var det mange som var opptekne av korleis den nye kommunen ville greia seg økonomisk, om det i det heile var sterkt nok næringsgrunnlag å byggja på. Det viste seg snart at Osterøy- folket her verkeleg hadde noko å stilla opp med. Eit sterkt jordbruk i delar av kommunen saman med livleg aktivitet i dei mange små og større verksemder som ein etter kvart «oppdaga», viste seg å vera eit så allsidig og sterkt næringsgrunnlag som kanskje få kommunar i same storleik har. Eit karakteristisk trekk ved dette næringsgrunnlaget er at alle har starta i det heilt små med berre seg sjølv å lita på. Fagleg innsikt og trottugt arbeid var her eit grunnleggjande element. Med båe bein alltid på fast grunn og med eit ukueleg pågangsmot, arbeidde ostringane seg stendig framover til eit sterkare næringsgrunnlag og vart på mange måtar eit føredøme for andre. Elles er det velkjent frå gamalt at handverkarar frå Osterøy var mykje nytta til dei store byggjearbeid i Bergen. Det seiest og at dei tidleg starta såkalla ferdighusproduksjon av hus. Det vil seia at dei skar materialane til heime slik at det på byggjeplassen berre var å montera dei. Når det brann i Bergen, seiest det at ostringane var mykje nytta til oppattbygginga. Elles er vel Petter Dass sine ord velkjende når han skreiv at «lad os af Osterøen hente de striele der ere vante med Økse og bile.» Betre utdanningstilbod Med eit næringsgrunnlag som nemnt hadde Osterøy kommune eit godt utgangspunkt å starta på. Etter kvart som den nye kommuneadministrasjonen kom i gjenge, tok ein fatt på dei mange oppgåver som venta. Oppstarting av 9-årig skule i nytt bygg på Hatland kom i gang i 1967. Seinare kom nye skulebygg og utbetring av eksisterande skular rundt i dei ymse krinsar. 6


Eit viktig framsteg i skulesektoren kom i 1978 då den vidaregåande skule starta opp om hausten med 4 klassar, 2 for maskin/mekanikar og for husstell/forming. Osterøy Rådhus stod då ferdig på Hatland, og mangel av anna lokale vart klassane plassert delvis i rådhuset og delvis paviljongar tett ved. Frå skuleåret 1984/85 vart det skipa allmennfagleg klasse plassert ungdomsskulebygget på Hatland, og frå 1.1. 87 vart Osterøy Vidar gåande Skule skipa som sjølvstendig skule med eigen rektor. Til då hadde skulen legje under Arna Yrkesskule. Det er no utsikter til at det om ikkje lenge kan reisast eit eige bygg for den vidaregåande skulen, slik at undervisningstilbodet då kan verta monaleg utvida.

Samferdsla Når det gjeld samferdsla, så har Osterøy hatt ei rik utvikling. Med ferjesamband til det omkringliggjande fastland har døra opna seg for ei kontakt som har ført til stendig auka trong for vegsamband. Fleire c fleire har oppdaga Osterøy som attraktiv anten det gjeld utvikling næringsgrunnlaget og i reiselivssamanheng. Ei gradvis betring vegstandarden har skapt eit betre grunnlag for ei slik utvikling. Eit viktig punkt i denne utvikling er fastlandssambandet som ein ventar 1993. Aukande folketal Eit gledeleg trekk når det gjeld busetnaden er at stendig fleire utflytta ostringar søkjer tilbake til sine røter for å slå seg ned de Saman med andre innflyttarar har dette ført til ein jamn auke folketalet som ved utgangen av 1989 nærmar seg 7.000. Med eit så stort folketal har det ikkje vore mogeleg å skaffa no arbeidsplassar på Osterøy. Talet på ostringar som pendlar til fastland< på arbeid, er difor høgt og er for så vidt noko over 700, eit framhald a tilhøva i dei gamle kommunane. Ein må rekna med at dette ve] permanent, sjølv om målet er å skaffa nye arbeidsplassar innan kommunen. Ny prestegjeldsordning Når det gjeld kyrkjesektoren, så kom den nye Osterøy kommune i < heilt spesiell stoda. I den første tida heldt dei gamle prestegjelda fram slik at sokneprestane alle budde på Osterøy, nemleg på Bruvik, Haus, Hosanger og Hamre. Der var og dei 4 «hovudkyrkjene», slik at ein me tillegg av Gjerstadkyrkja hadde 5 kyrkjer i den nye kommunen. 7


Frå 1.10.67 vart Hosanger prestegjeld nedlagt slik at Osterøy-delen vart lagd under Hamre prestegjeld. Frå 1.1.68 vart det nye Haus prestegjeld skipa av dei 3 soknene Haus, Gjerstad og Bruvik. I 1975 vart det så eitt prestegjeld med sokneprest i Haus og residerande kapellan i Hosanger. Dermed var den kyrkjelege inndeling komen over i meir permanente former.

Store endringar i kommunalt styre og stell Dersom ein skal ta eit attersyn når det gjeld korleis Osterøy-folket har opplevd den nye kommunen, så må ein vel seia at hovudinntrykket er positivt. Dei gamle kommunegrensene sette eit skilje som mange stader var noko unaturlege. Difor skapte den nye kommunen mykje betre samkvem mellom folket, og dei ymse bygdelag har kome mykje nærare kvarandre. Ein må vel med god grunn kunna seia at Osterøy-folket no kjenner seg meir som ein ”familie" enn før. Dette gjeld ikkje minst ungdomen som er Osterøy si framtid. Når det gjeld den politiske og administrative styringa av kommunen i desse 25 år, så har det foregått eit stort omskifte. Nye oppgåver og utvida arbeidsfelt har ført til større og større krav til leiinga, slik at arbeidsdeling og arbeidsmåtar har vorte endra. Medan heradsstyret i den første tida måtte handsama dei fleste saker av noko omfang, så har den nye ordninga med hovudutval og delegering ført til at avgjerdsmynde i stor grad er overført til sektorstyret. Ein kan kanskje seia at heradsstyremedlemmene har gått over til sektorpolitikarar. Om dette er rette forma for kommunalt styre og stell lyt tida visa. For administrasjonen har dei nye hjelpemidlane som har pressa seg fram, skapt ein heilt ny arbeidsmåte. Dette har ført til ei betre utnytting av dei ressursar som er stelt til rådvelde, samstundes som ein har vorte meir avhengig av spesialistar på dei ulike felt. Ein kan vel seia at leiinga av kommunen har vorte noko meir innfløkt enn før, og at politikarar og tilsette frå 1964 har vanskeleg for å kjenna seg att i det nye systemet. Me lyt vona at denne utviklinga har vore til føremun også for dei som byggjer og bur i kommunen. Kva med framtida for Osterøy? Ein kan så stilla spørsmålet korleis framtida vil verta for Osterøy-kommunen. Når ein skal prøva å svara på det, må ein ta utgangspunkt i den innstilling som alltid har vore karakteristisk for Osterøy-folket, gjennom trottugt og hardt arbeid stendig finna nye utvegar til å skaffa seg det naudsynte til livets opphald og å greia seg sjølv. Denne innstilling som har synt store resultat fram til i dag, vil nok vera eit godt grunnlag for vidareutvikling av næringsgrunnlaget som framleis vil vera tufta på nøktern og solid planlegging og disponering. 8


Med sine særmerkte kulturminne som Havrå-tunet, Osterøy museum, Ole Bull sin heim og Hamre-kyrkja m.m. vil Osterøy verta stendig meir attraktiv for fleire og fleire. Dertil er naturen på øya så mangslungen og interessant at ein i reiselivssamanheng nokså sikkert kan utvikla nye næringar som kan vera med og betra inntektsgrunnlaget og trivnaden i dette lokalsamfunnet. Som eitt av Bergen nærområde må ein rekna med at Osterøy vil verta eit attraktivt område som kan gje ein positiv effekt båe vegar. Konklusjonen må verta Osterøy-folket og dermed Osterøy kommune må ha grunn til å sjå framtida i møte med optimisme. Når den vanskelege tida som samfunnet no er inne i, er overvunnen må ein ha lov å rekna med at Osterøy-folket vil hevda seg med glans i konkurransen om dei verdiar som skapar framgang og dermed trivsel i bygdene. Måtte lukka og signing fylgja Osterøy-folket i tida som kjem.

9


LAKSAFISKJE PÅ KLEIVELAND FRÅ ELDRE TIDER OG TIL NO Av Anna Kleiveland Ein gong i 1550-åra kom han Tyke roande og siglande inn Osterfjorden. Han gjekk i land på Klefueland, no Kleiveland. Han såg laksen siga inn med land og busette seg der. Sagnet seier at kona hans var frå Austerrike.

Laksarettane på Kleiveland. På garden Kleiveland er 5 gardsbruk og 2 mindre bruk. 5 bruk hadde laksarettar. Laksarettane er knytte til dei 2 plassane Nøvi og Innåpå, og begge desse er delte i fire partar, slik at det til saman vert 8 partar på deling. Støla-tunet selde sin fjerdepart til Ole Nilsen Urdal i 1865. Bakka-tunet eig berre ein fjerdepart. Dei Nere eig ein halvpart i Nøvi og Innåpå. Dei Oppe eig ein halvpart i Nøvi og Innåpå. Dei Nor eig ein halvpart i Nøvi og Innåpå. Laksaretten til Stokken miste dei Nor då Ole H. Kleiveland kjøpte Dalen. Laksaretten deira Nere fekk Smiviki. I 1938 delte dei Nor og Urdal Bakko, laksaplasset. Dei Nor sit i 2 år, eitt år innum og eitt utum Nøvi. Dei Bakko hev sin fjerdepart, Urdal sin fjerdepart. Dei Nere delte i 1952, eitt år Nøvi, eitt år Innåpå. Dei Oppe delte og fekk 2 år som skifter. Etter delingi eig dei heile Neset i 2 år, og i 2 år er dei utan nes. Laksafiskarar. Det eg veit um laksafiskje er frå 1840-åra, då han Ola på Nora-tunet var laksafiskar. I 1872 gifte Haldor Olsen Tøsse gardjenta Anna på Noratunet. Han var laksafiskar fram til 1907, då far min Anders H. Noratunet vart laksafiskar. Dei bruka sitjenot og kilenot. Olav Avar så frå 1946, Agnar O. frå 1964 og no 1988. På Oppe-tunet hev ymse fiskarar dreve laksafiskje. Eigaren Andreas Jakobsen reiste til Amerika, og Martinus A. Askildsnes fiska i 3 år. Anders Haukøy kjøpte garden og vart fiskar. Olai A. kom frå Amerika og overtok etter far sin. Jakob 0. er no i 1988 fiskar på bruket. Nere-tunet. Eirik J. Padøy gifte gardgjenta i 1866, og sonen Nils tok over etter han. Om han er å seia: 1921 var eit storår av laks. Nils rodde til Bergen um natti med ein fullasta båt laks, heldigvis var det stilt på sjøen. Han selde laksen til 10


11


Kleiveland. Haugen midt i biletet er Brokhøjen.

oppkjøpar Giertsen, rodde heim att og fiska meir. Elias N. var laksafiskar etter han. Då han gifte seg med gardgjenta på Elvik, overtok sonen Norvald, og Erling N. sat saman med far sin då han vart vaksen.

Fyrebuing til laksafiskje. Um vinterkveldane fyrebudde dei seg på laksafiskjet. Alle nøtene den tid var av grå hamp. Dei sat um kveldane og batt not, smidde flæ av kork og smidde nota-nåler m.m. Tidleg um våren når snjoen var faren av marki, strakte dei nøtna utyver marki. Nye bolkar skulle setjast i, hola i nota bøtast, flæ setjast på, bægjegarn fellast og alt måtte sjåast yver. I slutten av april kunde dei setja uti nøtene. Barking av nøtene. Når alt arbeid med nøtene var ferdig, vart dei køyrde til naustet. Naustberget var barkeplassen. Ein kopar-tunnekjel bruka dei å koka borken i. Borke-lurane knusa dei små og koka til brunfargen var komen i. Dei hadde nota i ein stor barkeså. Logen slo dei varm yver, og den stod til brunfargen kom på. Mange år 12


seinare farga dei nøtene myrkeblåe, då hadde dei funne ut at det var betre og meir fiskeleg nøter. Den tid dei bruka hampenot, måtte dei um sumaren når manet kom, barka kvar 14. dag med blåstein, elles ville nota rotna på eitt elle to år. Nylon-nota dei i dag brukar, er mest usliteleg og kan liggja våt båten, men sola må ikkje skina på ho. Hampenøtene hengde dei til tørk på hengje. Jonsoktid, når sevja var komen i bjørka, var det løsting. Fyrst skar dei nævri av og la ho i knippe med press og stein på. Borken skar dei av og laga lurar. Dei rulla han saman og tørka han til neste års barking. Nævri bruka dei til tekking av husa, under torva som vart lagt uppå. Borken vart og bruka til farging av skinn, til tetting av mjølkebytta og meir.

Utisetjing – stengjer til landfeste. Frå knappen og mot Båtastø bruka dei stengjer. Dei var av pisker med borken på, og dei var tørka. Tjukna var som 3 fingrar. Selja, older, hattel, bjørk kunne brukast. Det er meg fortalt at dei rekna med at olderstreng var den beste veden til stengjene. Dei låg til tørking eitt år. Alt skulle sparast på. Dei bora hol i dei og batt dei i hop med vidjer. Kanskje dei frå eldre tider bruka berre stengjer surra i hop med vidjer til all utisetjing. Far min, Anders H. Kleiveland, fortalde at etter 1920-åra var det streng dei bruka til all utisetjing etter laks. Vidja vart og bruka til hamleband i alle robåtar, seinare vart det hamlepinnar. Kaggane var av trevyrkje med eit hol i botnen og ein orpinne i. Um sumaren i varmen gisna kaggane, og dei tappa vatnet av. Dei fatla dei med streng, batt sekkjestrie rundt der nota skulle festast og tjørebredde dei. Seinare tok dei til å bruka blekkfat, dei smurde dei med steinkol-tjøra. Flake. Flake bruka dei i sitjenøtene fyr i tidi. Den var kvitmåla, 16-17 alen lang. Breiddi på den var 6-7 fjøler, og der var ein opning millom fjølene på sirka 6-7 cm og ein lang, tjukk stokk langsetter midten. Flaken sekkte dei ned i nota 5-6 famnar frå gavla-tunna, den tjukke stokken på flaken var festa i land. Alt var nedsekkt med stein. Flaken måtte halla mot gavlen so den ikkje skremde fisken når han nærma seg flaken. Det var eit arbeidsleg og tungt arbeid å få alt i fiskeleg stand. Seinare slutta dei å bruka flake, i staden bruka dei ein streng der. Dei hadde den under nota. I usyne såg dei fisken når han fløytte seg og snudde.

13


Planskisse av enkel sitjenot, med berre eitt oppdrag (gjere). Teikning: Ågot Gammersvik. Frå Vaksdal bygdebok bd. 4.

Sjølvdrag. Dei hadde sjølvdrag for å stengja nota. Det var ei høg stong som stod uppi bakken med ein tung stein i tauet på toppen av stongi. Når fiskaren såg laksen med same han kom innum gjeren, slo han laus. Nota-gjeren kom upp i ein fart, med litt draging attåt. Steinen i toppen av stongi datt ned, so mange laksar vart redda på denne måten. På fjøli der drottetaua var festa i orpinnane, låg der alltid stein. Når fisken snudde og ikkje gjekk fram, måtte dei kasta stein bakum, då hende det stundom dei fekk han fram på nota so dei kunne sleppa laus taua. Under golvet på gilja hang stein for kvart drottetau. Steinane datt ned når dei løyste taua i orpinnane. Dette var ein fortare måte til å få upp nota på gjeren so laksen ikkje kom seg ut att. Der var botn i nota, og det hende ikkje laksen hoppa yver flædna. Når nota var 14


tørka framme i gavlen, tok dei flædna framme høgt upp, elles ville han hoppa yver der.

Laksafiskar i eldre tid. No går me tilbake i tidi. Nesa er ikkje delte. Med nistetina, graut og surmjølk i eit spann går fiskaren til naustet på Kleiveland, set seg i robåten ein tidleg morgon, no skal han Innåpå. Det knirkar i vidja som er homleband, i bakskøten ligg det heimesmia ausfatet. Rundskorne med halm i er varme, likeins vadmålsklærne, skinnhuva og halskluten. Komen fram set han seg på krakken, kastar ut dragetauet og nota sig ned. Heile dagen sit han trufast og stirer ned i sjøen etter den blanke laks. Mykje laks var der i eldre tider, det var sjeldan dei fekk ein fisk um gongen. Å vera laksafiskar i eldre tid var ikkje slik som no i 1988. Dei sat på ein krakk, han stod på kanten av berget slik at drottetauet vart festa til ei breid fjøl. Dei var godt kledde fiskarane i dei dagar. Ullklær under, vadmålsklær, i kalde dagar snjosokkar og vottar, på føtene rundskor med halm i sokkane, tjukke og gode, dei rakk under kneet, og so leistar som var godt tøvde. Treskostyvlar hadde dei når dei var i båten og tørka inn fisk.

Frå laksaplassen på Nøvi. Bak t.v. Mons Kleiveland, mannen til Anna. Born Bjarne og Inger, medan foreldra deira Inga og Olav Kleiveland står framme bror til Anna. Biletet er teke i 1958. Utlån: Anna Kleiveland.

15


Når dei kvila, låg dei på marki eller i regn under helleren, litt burtum der dei sat. Fraus dei når det var kalde dagar, sa far min Anders H., at dei gjekk upp til ho Gamle-Nesa og fekk varma seg. Bles det for mykje når dei skulle heim, fekk dei liggja i løa der. Hytta på Nøvi kom ikkje før i 1922. Den hytta dei sette upp Innåpå, var tømra og var uppsett av Johs. på Pønten. To senger, eitt bord til maten og eitt til kokemaskina. På betane kunde dei ha klærne sine. Etter den tid fekk dei det godt. Laksebriller hadde ingen den tid, dei kom i 1939. Det var mykje fisk då og meir i stimar. Fiskarane som sat på Nøvi, meinte ei gilja der skremde laksen, so den fyrste kom upp i åra kring 1930. Før dei fekk briller, stod dei i båten på utkanten av nota. Då såg dei fisken når han fløytte seg framum flaken. Framum sessen var det ei liti to, og der sat dei i solagitle. På Nøvi var so vanskeleg å sjå fisken i solagitle middagstid.

Overtru og merke på godt fiske. I eldre tid var det sterk overtru millom fiskarane. Eg minnest at bles det ikkje nordavind langfredag, reis dei ikkje upp. Nordavinden førde laksen innnmot kysten og fjordane, og dei rekna med eit godt lakseår. I 1940-åra var det ein langfredag Mons Kleiveland, som budde på Askildnes, han reis ikkje upp, for han var so overtruen med den nordavinden. Kom møshomla tidleg, kom laksen tidleg inn i fjordane. Fiskeplassane. På Nøvi hadde dei kilenot utum sitjenota. No brukar dei laksegarn av nøylon der dei før hadde kilenota. På Båtastø som høyrer til Nøvi, hev dei og laksegarn dei som sit på Nøvi. På Nøvi er kaggar og utisetjing for kilanot, soleis og for laksegarnet som dei no brukar. Ja so vart det andre tider med laksefiske på Nøvi. Laksen minka, og dei set stundom laksegarn der laksenoti stod. Det høver ikkje med garn der, so fangsten vert då liten. 1987 seiest å vera eit godt lakseår på Nøvi. Harald med sonen Reidar Bakka-tunet fiska sers godt. Stokka-neset: Med nausti der stod gilja, mange bruka den, men der fekk dei berre fiska på inntak, for ikkje å fiska den fisken som kom innpå Boge-bukta. Gudmund Kleiveland sat aldri på gilja med nausti. Han sette upp gilja på Flædna, nærare verkstaden. På Stokken fekk dei den fisk som snudde, og dei på Nøvi vilde ikkje få den. På Smivik forsøkte John Bogen eitt år med kilenot. Det vart berre nokre få fiskar. På Sjobuneset, Lyrhelleren, sat dei og eitt år og skulle 16


Fiskeplassen Innåpå, laksegilja og tømmerhytta. I bakgrunnen innover mot Heimvik.

forsøkja, men der og vart det berre nokre få laksar. På Honskjeften sette dei upp gilja og fiska der i mange år. Der fekk dei sume år mykje fisk, i kilenota var det jamnast lite fiske. Dei hev forsøkt å sitja etter laksen på gilja på Neset innum Flua. Grunnen til at dei forsøkte der, var at dei meinte at fisken gjekk betre fram då. Dei fann ut at den gamle fiskeplassen var best. Her hev dei sjølvdraget under huset på gilja. To store steinar dreg nota upp, med litt hjelp av dei som dreg med hand. Kilenot bruka dei ikkje her. Eitt år forsøkte Anders H. med kilenot på Neset inni Juviki, der vart berre 4-5 laksar. Einar Kleiveland fekk setja upp gilja utum den vanlege sitjeplassen, han skulle forsøkja å få den fisken som kom utum nota innum den vanlege sitjeplassen. Det vart ikkje so mange fiskar han fekk. Året etter flytta dei og sat der. Dei fekk eit drag på 30 laks. Dei fann ut at den beste plassen var den gamle, som dei no brukar.

Brokhøyen – samlingsplassen. Tidleg om våren samlast fiskarane på Brokhøyen, ein berghaug på Oppe-tunet sin eigedom. Der var so fint å sitja. Dei kom saman for å fretta nytt, ingen radio på Kleiveland den tid. Det var karar som sat der, difor sa dei 17


Frå Nøvi i dag. Hytta kom opp her i 1922, den fyrste gilja vart sett opp kring 1930.

Brokhøyen. Dei sat der i rundskor, treskor eller treskostyvlar. Praten var um laks. Den tid, før 1920-åra, budde der store huslydar på alle husmannsplassar inn med landet, dei høyrde til gardbrukarane på Kleiveland. Husbonden på plassane reiste ut på ymse stader på laksafiskje. Tenk um praten på Høyen hadde vore uppteken på band, slik det no kan gjerast, mangt um livssoga til dei som ikkje er meir, um deira slit og strev for å livberga seg, um matbomma som enno finst i husa; i den låg «færa-nista» – tørka kjøt, flatbrød, ein smørklatt og krusa til kaffiskvetten. Etter kvart kom nyare tider, men på Høyen var samlingsplassen. Telefon og radio vart allemannseiga.

Jonsok var høgdepunktet. Ein skikk hadde fiskaren, særleg dei som sat før, ja no og. Alltid koka dei ei panna aure når nokon kom eller dei fekk «spikjeørje». Det var ofte der kom folk som ville kjøpa fisk eller sitja på gilja og sjå når fisken kom inni nota. Jonsokafta var det særleg dei hadde det koseleg. Konene til laksafiskarane kom alltid med kvar sitt spann rjomegraut um kvelden. Jonsokbål laga dei på Høyen. Der samlast dei alle frå båe nesa. Dei kom frå Padøy og Stokken. Ei stor panna laks eller helst aure (ørje seier me her) koka dei og bar upp. Medan bålet 18


brann, smaka det godt med grauten og ørjen. I ruskever samlast dei i stova mi på Neset. Torvald Våg spela trekkspel, enkelte år spela Irene Kleiveland. Denne kvelden såg fiskaren alltid fram til.

På laksafiskje i Sunnhordland og Ryfylke. Etter delingi på Neset reiste fiskarane andre stader for å fiska, det var dei 2 åra dei ingen nes hadde. I eldre tider reiste mange til Etne, det heiter at ostringen lærde dei fiskemåten med gilja og sitjenot. Kilenot var den vanlege fiskemåten andre stader. Dei som reiste på laksafiskje til Ryfylke i 1930-åra, var Mons Kleiveland, Anders J. Dalen, Olav A. Kleiveland og fleire. Reisemåten var tungvint. Med dampen frå Kleiveland tok dei med seg robåt, sitjenot og kilenot, sjømannssekk med sengklær, gongklær og meir. I Bergen tok dei alle varene sine om bord i Stavangerbåten. Frå Stavanger med fjordabåten til Jorvik, Marvik og Sand. Same reisemåten heimatt. Anders J. Kleiveland vart verande som laksafiskar på Sand i Ryfylke til sin døyande dag i 1988. Storfangstar. På Stokken fekk dei ein gong 90 stykkjer laks, tart og aure. Det var det største draget eg veit um. Dette var hjå Johs. Padøy d.e. Året var storåret 1921. På Nøvi

Huset på Askildsneset i dag, t.h. grunnane av floren.

19


Mannen til Anna, Mons Kleiveland, med ein rusk av ein laks, fiska på Skårabogen i 1940. Fisken vog 28 kg, og Anna sat på gilja då han drog for denne store laksen. Utlån: Anna Kleiveland.

veit eg um 63 laks, tart og aure i eitt drag, innpå 30 laksar. Den største fisken eg veit um, var fiska av Anders H. og Kristian Bakka-tunet. Den fisken vog 32 kg og var fiska før 1920-åra.

Størjefangst med dynamitt. Størja var det mykje av, og då var det liv. 2-3 um gongen fekk dei på Nøvi. Størja var ein merkeleg fisk. Var den i nota og innestengd, for ho anten i gjennom nota med det same, eller så forsøkte ho ikkje sidan på å koma seg ut. I juli månad var det vanleg at «kvalen» kom inni fjorden. Laksafiskarane var glade for at han alltid kom midtfjords, for elles ville han ha ødelagt fiskenoti og reidskap. Ein gong kom der 7 størjer. Dei 2 rende gjennom noti i gavlen med ein gong, 3 av dei fekk dei. For å ta livet av ei størja måtte dei ha både dynamitt og størje-jern. Dynamitten og lunta festa dei i eit band, so hengde dei det på ei trova og heldt det framfor størja. Størje-jernet stod ein mann klar med, og eit langt tau (lina) var 20


festa i det. Eit fæla vassprut høgt til vers når dynamitten small. Sjøen vart farga av blod. Med størje-jernet i seg og tau slepa dei størja til lands og gjorde ho upp. Dei fekk alltid selja kjøtet som var god pris på etter då-tidi. Ei stor kveita fekk dei ein gong. Ein stor hummar drog dei, for han såg ut som ein laks då han kom innpå nota. Nisa fekk dei, spekkjet bruka dei til mangt når det vart oppløyst som olja.

Fiskeoppkjøparar. Oppkjøpar av laksen var Johs. Vike, han rodde og henta fisken. I gode fiskedagar låg han i båten på Neset og venta på fisken, etterpå rodde han på Vassneset etter deira fisk. Prisen på laks var då 1,25 kr for kiloet, i Ryfylke. Ei tid var der oppkjøparar frå Sogn, dei reiste rundt Osterøy, det var Gjertås og Bjørnestad. Frå Stamnes kom og Bjørkheim. Den siste som reiste, var A. Grøsvik. Dei borda ogso dampen og sende til Kvinge og Gjertsen i Bergen. Lars Padøy henta laks på Neset og Vassneselia. Proviant til fiskarane kom han og med. Norvald Kleiveland, Elias, Osvald, Sverre og Anfinn Kleiveland reiste rundt Osterøy og var fiskekjøparar for Sætveit. Det vart slutt på fiskeruter i nyare tid. Ferjeruta var komen, ferja kom uppum Kleiveland og tok fisken med til Stamnes Handelslag. Attende med laksefisket. Den gamle tida kvarv. Hampenota gjekk inn i historia. Radio hev laksafiskaren med seg på gilja no, laksenota er lettare og større, 21-23 famnar mot tidlegare 16-17 famnar. Ingen ser i sjøen etter laks utan laksebriller. No år 1988 hev det minka på vill-laksen. Drivgarnfiskarane fiskar upp laksen uti havet, difor kjem der mindre laks inn til kysten. Laksefiskarane seier dei får mykje skadd fisk i nøtna. Det seiest der var ein heil del oppdrettslaks som dei hev mist i oppdrett av laks. Den fisken er litt annleis og hev blanda seg med villfisken. Fisketidi er nedsett, den tek til 1. juni og varer til 4. august. I elvane får dei og kortare fisketid. På Nøvi og Innåpå er det ikkje lenger slik det eingong var med laksafiskje. På Nøvi hadde dei berre laksegarn i 1988, og det er ikkje fiskeleg der slik som sitjenot og kilenot, som var den vanlege fiskemåten før. Dei seinare åra hev dei bruka laksagarn i staden for kilenot, og utum sitjenota var garnet fiskeleg. Innåpå sat dei i 1988 med sitjenot, so der fekk dei litt laks og tart, men lite aure. Før i tidi rekna dei laksefiske som ei god attåtinnkoma til garden. Den store tilgang på oppdrettslaks gjer at prisane ligg for lågt. På vill-laksen er prisen for den største 60 kr. Kostnaden med utisetjing av streng og reidskap er mangedobla 21


dei siste åra. Der vert store endringar for å bevara den norske laksen som er rekna for den finaste og beste vill-laksen. Eg hev no skreve ned ein del av laksasoga på Kleiveland. No i 1988 er der ikkje so mange som sit på Brokhøyen, samlingsplassen i eldre tid.

Kristine Flesland:

NYTT SKULEÅR Borna har gått på skulen. Fleirtalet tykkjer opp. Attom står alle mødre, ein unemnd tenande tropp. Attom står tusen mødre slik som dei stod i fjor. Framleis i same klassen, trugne mot dei som for. Nei, dei bed ‘kje om opprykk. Står så gjerne på post. Men ei stjerne i boka, ei rose kunne dei fått. Framfor det nye året heider til denne stand, som i stovene våre ber sut for det unge land!

22


Fjerdingsvegsmerkje mellom Bergen og Bolstad Av Olav Meltvik I vår tid, der me for det meste køyrer med privatbil eller buss, hev ikkje fjerdingsvegsmerkja langs Osterfjorden lenger noko å seia i vårt daglege liv. Skal me over fjorden går det med ferje, cabincruiser eller plastbåt med påhengs. Me som bur langs fjorden minnest nok den tida då rutebåtane trufast fann vegen inn i kvar ei vik og våg. Dei førde oss trygt til Bergen og heimatt, me sat i varme salongar og hadde det triveleg. Men me skal ikkje så svært langt attende i tida til forfedrene våre før ei byferd var både strevsam og tok lang tid. Ja fjorden kunne taka liv og når dei kollsigla. Var vinden lagleg, bruka dei segl, men ofte var det med årane dei laut slita seg fram, kan henda i motvind og straumsjø. Den tida kjende dei fjerdingsvegsmerkja, då visste dei kor langt dei var komne og kor langt det var att. Ved fjerdingsvegsmerkja var der ofte byte ved årane eller ei lita kvild. Ei fjerdingmil skulle vera 2,8 km. Det var den tid fjorden var den vanlege byvegen for vossingane. Frå Bolstad til Bergen var der eit drygt fjordstykke. Ikkje alle vossingane var like sjøvande heller. Her går endå soger på folkemunne om vossingane, men dei får me ta ein annan gong. På baksida av eit skriv frå presten Jersin om skulestellet i Bordalen, Voss, 1796 er skrive ei namneliste over dei vanlege rekna fjerdingsvegsmerkja mellom Bergen og Bolstad. Lista er funnen i Bordalen i 1935 av Sigv. Tveiten. Ein kopi kom til Ola Tveiten og hamna såleis i Hosanger Sogelag sitt arkiv. Kartet på neste side syner kvar fjerdingsmerkja var, teikna opp att etter det originale kartet i sogelaget sitt arkiv.

23


1. Fra Træangelen og i Hægernæset 2 Fra Hægernæset og i Helden 3. Fra Helden og i Dannemarksnæset 4. I Steenen 5. Fleyteskalden 6. I Kløvenæset 7. I Fogden 8. I Hammers brygge 9. I Garsenden 10. I Raknessteenene 11. I Hosanger Hovden 12. I Bernestangen

13. 14. 15. 16. 17. 18. 19. 20. 21. 22. 23. 24.

I Aatter Helden I Tyve Bierget I Huuns Kiæften I Biskops Kiælden I Vossenæset I Sværigstuen I Roteneset I Stabnæs Helden I Hake Skiæret I Stadern Standeren I Tysseknappen Til Bolstadøren

Kart som syner kvar fjerdingsvegsmerkja låg langs leia frå Bergen til Bolstad.

24


GJENNOM TUSEN ÅR PÅ TRE TIMAR - eller ein lokalhistorisk tur i oktober Av Randi Andersen Du er omgjeven av lokalhistorie, der du bur eller der du arbeider. Vi snublar i spor etter fjern eller nær fortid kvar dag. Men oftast treng vi hjelp til å tolka spora, finne vegen attende til tida før oss. Og det er mange vi kan spørja, folk som har budd ei tid der vi ferdast, folk som sjølv har spurd, snakka med eldre eller undersøkt litt på eiga hand. Nokre av dei tilsette på Osterøy museum rista støvet av seg ein dag og reiste mot Hamre. Det var ikkje heilt tilfeldig og spontant - nokre hadde planlagt turen, snakka med kjensfolk. I strålande solskin og med ti minutt til overs, fann vi vegen opp til Skår først, utan vegvisar og tolk. Her var vakker utsikt, og fine gardar. Men vi sto att med mange spørsmål som ikkje fekk svar. Men på Eikeland venta kjentmann Lars Eikeland. Han førde oss rundt i innmark og utmark, fortalde og svara på spørsmål. Han streka under at det han visste frå før si eiga tid hadde han fått fortalt av andre. Vi tok til i tunet hjå Lars. Han peika ut kor det gamle tunet låg før utskiftinga i 1920-åra. Frå fellestunet flytta folka på dei fire bruka ut husa sine, slik at det i dag ligg fire driftseiningar med kvart sitt tun. På vegen opp mot utmarka fylgde vi steingarden - fin og stor mange stader, andre stader mest nedriven. Dette er ikkje eigedomsgrense, fortalde Lars Eikeland. Dette er gjerde for å halde dyra vekke frå innmarka. Men vi laut heilt til topps, på grensa mot øyjorda for verkeleg å sjå kva vi hadde passert. Derifrå bretta gardshistoria seg ut. Vi har fylgd geila, eller den inngjerda fegata som gjekk frå det gamle fellestunet opp til utmarka. Gjennom geila vart beista førte frå floren opp til beite. Geila går over i bøgarden som var skiljet mellom innmark og utmark, vern mot at beista kom inn på åker og bø. Dette mønsteret kjenner vi att frå folkevandringsgardane på Jæren. Og i motlyset frå den låge oktobersola let vi berre steingardane trengje inn i medvetet. Dei nye gardshusa vert borte og noko lågt, langt veks fram for augo. Det må vera garden slik han var for tusen år sidan! At garden er gamal fortel gardsnamnet. Endinga -land pla ein tidfesta til dei første århundra av vår tidsrekning. Og garden fekk namn etter naturen, etter

25


I Geila. På bildet ser vi steingarden som går frå gamletunet lengst til høgre opp gjennom bakkane til han svingar utover og vert bøgarden - skiljet mellom inn- og utmark. Den næraste delen av geila kan ein berre sjå som svake spor i terrenget.

eikene som veks her. Ein gong for lenge sidan fann dei mellom anna eit sverd i jorda då dei rydda åkeren. Sverdet var så dårleg at det datt frå kvarandre, fortel Lars Eskeland. På grunnlag av opplysningar frå eldre folk, er det laga ei teikning av sverdet. I ein gamal mur i tunet fann dei eingong ein runestein. Denne er nå på Historisk museum i Bergen. Steinen er noko skada, så berre deler av teksta er lesande. I bøgarden - om vi kan kalla han det - ligg steinhus, nokre er det berre grunnane att av. Eitt av dei er i full stand. Det vart restaurert av bestefaren, fortel Lars Eikeland, og dette kalla dei skjenaflor. Han har fått fortalt at når beista fekk brems på seg og tok til å skjena, vart dei stengde inne i skjenafloren. Slike florar har kanskje vore sommarflorar eller vårflorar også? På ein av grunnane har det stått eit lammehus, her kan lemminga ha gått for seg på vårparten. Men vi skal vidare, her er meir å læra. Lars Eikeland fortel at han har høyrt det finst spor etter ein gard frå før Svartedauden litt lenger borte. Vi er høgt over tunet, godt over det eldste skiljet mellom inn- og utmark. Og på ei flate peikar Eikeland ut tydelege spor etter murar. Nokre må vera restar etter ein steingard, dei er for store til å vera hustufter. Men vi er godt i gang og finn nokre murar vi

26


EIN MELLOM GARD? Lars Eikeland (bak) og museet sine folk står som markørar ved ein gamal mur ovanfor Eikeland. Kan dette vera restar etter ein gard frå før Svartedauden, slik Lars har hørt? Vi veit det har vore fleire gardar i området, gardar som har vorte nedlagde etter 1350 og ikkje teke opp att seinare.

meiner kan vera grunnar etter hus. Vi lettar på gras og mose og finn stendig fleire. Det er mange av dei! Lars kjøler gjestane sine ned og fortel om berggrunnen ssom er så spesiell i dette området. Her står fjellet oppned og kan visa fram mange slike tufter for eit ukritisk og ivrig auga. Det er området til bergensbogane vi er inne i - det som går gjennom Osterøy med retning nordvest og gje dei store variasjonane mellom fruktbare dalar på mjuk steingrunn og magrare strok med hardt fjell. Mellomaldergarden vil museumsfolka likevel ikkje gje seg på. Det vart rydda mange nye gardar i tida før 1350, og nyryddinga fann gjerne stad i utmarka til gamle gardar. Her skulle ein ha vore arkeolog med trena auga for gamle kulturspor og kunnskap om korleis ein kan få jorda til å tala!

27


Denne teikninga er ein rekonstruksjon av ein jernaldergard på Jæren. Slik kan det også ha sett ut på Eikeland på 600-talet. Fellestrekka er først og fremst geila og bøgarden. (Teikning: Alf Næsheim/Hå kulturkontor.)

Namnet på denne staden er heller ingen nøkkel, det heiter Vårbrekka her, fortel Lars Eskeland. Det var så tidleg og godt fôr til beista her oppe. Altså ikkje noko retteleg gardsnamn som kan setja ein på sporet etter mellomaldergarden. Men det er ikkje uvanleg at namn på mellomaldergardar gjekk tapt og i gløymeboka i seinmellomalderen då gardane vart liggjande øyde. Eit stykke bortafor renn bekken gjennom eit naturleg søkk i lendet. Her har gardsfolka på Eikeland i fellesskap mura ei stor stemme i gråstein. Før kvernene lengre nede skulle setjast i gang, stengde dei for vatnet og samla seg opp eit lite magasin. Når magasinet var fullt, opna dei stemma - og alle fekk nok vatn til å mala kornet sitt. Det viser at dei fire bruka som har vore på Eikeland i fleire hundre år, både har hatt behov for og vilje til samarbeid. Lars visste ikkje kor gamal stemma kunne vera. Kverner drivne med vatn var ikkje vanleg før på1500-1600-talet, sjølv om ein kjenner til dei første alt i mellomalderen. Dette anlegget må skriva seg frå ei seinare tid. Som på mange andre gardar på Osterøy auka folketalet på 1600-1700-talet. Nytt land vart rydda, og den gamle inngjerda innmarka vart for liten. Også dette

28


fortel landskapet om. Bøgarden som går som ei vifte frå geila, er avbroten og riven ned på yste bruket, der delar av innmark og utmark nå tilsaman utgjer ein fin bø. Den nære fortida møter vi samstundes med bildet av den eldste garden. Lars Eikeland og bror hans bygde ein løypestreng frå øvste beitet ned til garden. Her sende dei mjølka ned kvar dag. Løypestrengen sparde mykje arbeid, dei slapp henta kyrne heim til mjølkinga. Men frakta var ikkje alltid like vellukka. Lars mintest ein gong dei gløymde setja bremsene på, og hundre liter mjølk susa nedover mot eika strengen var festa i - utan kontroll. Det skvatt ut mykje mjølk i den sendinga, ja! Så enda rundturen - både i tid og rom - heime hjå Lars Eikeland. Han viser fram ting han og slekta før han har teke vare på. Og turdeltakarane kan takke for seg og reise vidare med planar om nye turar. Og med råd til alle som er interesserte i lokalhistorie: Be med deg nokon på tur ein stad dei er godt kjende! Ta med deg fotoapparat og papir, eller berre godt minne. Og tenk på at denne måten å få kunnskap på, frå menneske til menneske, set deg i samband med fortida på same vis som menneska gjorde for lenge sidan. Til slutt: haust og vår er gode tider for slike utfluktar, då ligg landskapet nakent og er lettare å lesa. GOD TUR!

29


GARVING PÅ GAMLEMÅTEN Av Monrad Solberg I 1964 lyste Nasjonalforeningen for Folkehelsen ut ei minnetevling for folk over 70 år. Monrad Solberg (1894 - 1965) deltok i tevlinga og skreiv mest 100 maskinskrivne sider om ulike sider ved bygdalivet slik han mintest. Her tek me med det han skreiv om den gamle garvemåten, slik far hans, Jakob J. Solberg, dreiv.

Jakob Jonson Solberg var oppvaksen på garden Solberg. Dei var ein syskinflokk på 12. Han gjekk til lærar Johannes S. Solberg, og det var omgongsskule. Han byrja å ganga på skulen på lemmen hjå Mons Lone, og dei gjekk ogso ei tid til Byrkjeland. Det kom skulehus på Solbergshaugen kring 1876, der han gjekk resten av skuletidi. Han vart konfirmert av presten Roggen i Haus.

I garvarlære på Revheim Då han var 16 ½ år, byrja han i garvarlære hjå Johannes J. Revheim. Garveriet stod på Kalvebrotet på Revheim. Ein liten sillebekk rann forbi, og han kjem ned eit stykke sør for Revheimsbrui ved Borgavatnet. Han byrja arbeidet klokka 6 om morgonen. Dei hadde 1 1/2 time middag og arbeidde om kveldane til klokka vart både 8 og 9, og stundom 11. Løni medan han var i lære, var hus og maten. Maten var det ogso smått med. Læretidi var 3 ½ år, og han var utlærd i 1886. I denne tidi skulle dei ogso halda han med sengtøy, men det var lite av det i sengi, so han fraus ofte om vintrane. For å få det varmare tok han stundom sekker med seg heim frå garveriet og la på sengi, men so snart husmori fann sekkane, reiste ho med dei og han hadde lika lite i sengi. Utlærd garvar Etter han var utlærd, arbeidde han som svenn hjå den same kring 2 år. Løni var då 80 øre dagen og hus og mat. Han var deretter i arbeid hjå Ola J. Borge kring 1 1/2 år. Det var frå april 1888 og til og med september 1889. Dei hadde eit lite skur ned med Borgavatnet, og der tok dei kjøtet og håri av hudene og barka dei. Derfrå vart dei tekne heim i stovehuset på Borge, der dei bereidde dei til overgangslêr eller feittlêr, som dei ogso kalla det. Fyrst heldt dei til i småstova, seinare lemmen. Dei skulle liksom vera saman om dette. Han var so 30


Familien til Jakob og Kari Solberg. Jakob var fødd 1866 og døydde i 1968, 102 år gamal. Kari var fødd 1869 og døydde i 1941. Dei fekk 13 born, 1 døydde som spedbarb. Ein så stor barneflokk i det vesle huset som vert fortalt om i artikkelen, må ha sett store krav til alle, ikkje minst til kona i huset. Monrad Solberg, som skreiv om far sin, sit til venstre. Utlån: Mons Solberg.

ei kort ti( arbeid på Rundhovda, reiste derfrå til garvar Nils Ytre Arna og var d kring eit halvt år.

Heimatt til Solberg Derfrå reiste han heim og bygde eige hus og heim på farsgard( Solberg. Det vart eit sjeldan hus. Alt dette var under eitt og same tak: I kjellarhøgdi var 4 barkekar, 2 vatnekar, 1 kalkekar, 1 kar for pyren, 1 bana 3 x 2 meter som bommane stod på når dei tok hår og kjøt av hudene, 1 grisagarde, 2 smalagardar, 1 potetrom, 1 vassturbin til barkekverni. I fyrste høgdi var stova, kjøk og halvtekkje tilbygd med to soverom, arbeidsrom for verkstaden med turkerom og rom for kverni ved sida gangen. Øvst på lemmen var 1 klækammers, lager for malen og umalen bor og 31


turkeplass for barka huder. Høystålet var ogso her. Bøndene kom med borken om hausten og selde til far. På baksida av huset var rom for 1 til 2 kyr og møkhus og vedrom. Det var overgangslêr, feittlêr, han laga og arbeidde, og framgangsmåten var slik:

Bløyting av hudene Det var mest huder frå Sør-Amerika (kips), turka huder, han bruk. Fyrst vart hudene kløyvde etter midten av ryggen og hivde i vasskari til bløytings. Der måtte skiftast vatn på dei fleire gonger før ein fekk dei mjuke. So vart dei hivde ned i kalkekaret. Det var vatn med nyleska kalk. Der var dei kring 4 veker til håri vart so lause at ein nesten kunne sopa dei av. I denne tidi måtte dei opp av karet 1 gong om veka for å hava meir kalk i karet. Hår og kjøt vart skrapa vekk Når dei loste håri, var det å håra dei, det fyregjekk slik: Hudene vart lagde på ein bom med håri opp. Bommen var ein avrunda planke eller bordhun, som stod på golvet med den eine enden medan eit kryss heldt den andre enden, kring ein meter oppfrå. På den lagde ein hudene og med ein avrunda stor kniv med handtak i båe endar skrapa ein håri av. Dette var eit svinaarbeid, for kalken brende hol på fingrane kor ein for åt. Ein bruka skinnvottar og tretjøra på alle fingertuppar, men hol fekk ein, og dei svidde og gjorde vondt. Hudene vart kasta i vatn etter kvart som ein fekk håri av dei. Vatnet måtte skiftast fleire gonger. Hudene vart so tekne att og lagde på bommen med kjøtsida opp. No skulle alt kjøt skrapast av, og det gjorde ein med same kniven som ein bruka på håri. Det kjøtet som ikkje loste med denne kniven, vart skavd av med ein lang, kvass kniv med skaft i båe endar. I pyren Når kjøtet var kome av hudene, vart dei hivde i pyren, som me kalla. Karet hadde ei væska blanding av hønsegjødsel og vatn. Denne væska trekte kalken or hudene. So vart hudene tekne att på bommen, og ein la fleire huder oppå einannan, med narven opp. Den bua kniven vart no bruka over heile hårsida, og var der hårstubbar att, vart dei no tekne. No måtte dei att i vatn for å trekkja kalk og pyrvæska or dei. Vatnet vart skifta fleire gongar.

32


Biletet syner i framgrunnen Skistad og bakanfor Solbjørg. Det er frå før utskiftinga på Solbjørg, som, var ferdig i 1927. Huset som Jakob Solberg sette opp, er eitt av dei husa som ligg til høgre i biletet.

4 månader i borkelog Dei var no ferdige til å barka, men fyrst vart dei havt ned i ein len borkelog, fargen som me sa. Når dei hadde lege der nokre dagar, vart det skifta ny borkelog på dei. Dersom bork og log ikkje vart skifta samstundes i karet, tok ein borken opp med ein tettmaska håv med ei lang stong på. Hudene måtte opp av barkekari eit par gonger for veka. Då skulle borken rotast godt om og hudene hivast ned att ei og ei om gongen. Dei måtte hivast slik at der ikkje kom luft under dei. For å sjå om dei var barka, skar far i kanten av ryggen der hudi var tjukkast. Var der ei kvit rand i midten, var dei ikkje barka. Dei måtte liggja til dei var heilt gjennombarka, og det tok kring 4 månader. Falsing Når dei var ferdigbarka, vart dei tekne opp og hengde til vindturking. Dei måtte ikkje hanga lenger hell at dei var halvturre. No skulle dei falsast på kjøtsida, slik at dei var reine for kjøt. Falsebukken stod på ein firkanta platning, og når ein 33


falsa, stod ein ogso på denne platningen. Falsebukken var ein oppståande planke på ein meter, med pålagd mahogniplank som var festa til planken på framsida av øvre enden og ned til halve lengdi av den andre. Falsen som ein falsa hudene med, såg ut som ein stor T med eit tverrstykke i eine enden og eit handtak i den andre. Mellom desse var eit jarnbeslag der ein kunne setja inn eit stålblad på kvar høgkant av falsen og skrua dei fast. Eggi på falsen vart slipt på skrå frå ei sida av kvart blad. Dei vart deretter dregne over ein rund stålsyl med talg på slik at eggi vart svegd bakom. No vart stålsylen med litt feitt på dregen etter eggi frå båe sider, og på denne måten heldt dei eggi ved like.

Feittsmurning Deretter vart hudene lagde på eit stort bord med sinkplata på. På sinkplata vart smurt eit tunt lag med feittsmurning og kjøtsida av hudi var ned. No vart dei plattstøytte på narven so dei vart slette og fine og mest frie for rukker og lagde i saman til ein hadde ein heil del til smurning. So vart kjøtsida lagd opp og mange huder oppå einannan. Det vart smurt eit jamt lag med tunn feittsmurning på heile kjøtsida og hengt opp på stokkar i turkerommet Smurningen var av tran og talg som bøndene kom med og selde. Svarting Når hudene var turka, vart dei svarta på narven. Svarta vart koka av vatn med blåspon og soda. Svarta måtte vera varm når ein bruka ho, for at ho skulle løysa opp feittflekkar som var komne på narven, elles beit ikkje viktrolsvarta på, som ein smurde på etter blåsponsvarta. Viktrolsvarta var laga av viktrol som var oppløyst i væska av tunt øl eller folkeurin som stod og gjæra i ein stamp full av gamalt skrapjarn. Det siste bruka far. Etter at hudene var svarta, vart dei lagde på bordet att med narven opp og smurde med eit tunt lag lyse (tran), so at dei ikkje skulle brenna i narven av svarta. Den gamle innturka smurningen på kjøtsida vart no skrapa av med slikkaren. Det var eit trehandtak med eit tunt stålblad i kanten av trehandtaket på langs. Narving Dei hudene som hadde tett og god narv, hadde ein att på bordet med narven opp. Dei vart då plattstøytte og vart slette og fine i narven. Dei andre hudene som ikkje var so gode i narven, og alltid mest av, vart sette kunstig narv i med ein stålrull med mynster på. For at det skulle visa etter denne rullen, so måtte der eit sterkt press på den. Då dette var eit tungt arbeid når det skulle gjerast med hand, 34


fann fader Jakob på dette: Han hadde ei stong under taket som gjekk i same retning som bordet. Denne stongi vart festa til fjører i kvar ende. Han hadde ei bevegeleg stong frå den i taket og ned på bordet, og i enden på den hadde han stålrullen og fekk godt press på rullen. Med denne arbeidsmåten fekk han fint mynster i narven på hudene. Hudene vart no smurde att. Dei med krusa narv, vart smurde på kjøtsida, og dei med glatt narv, på narven. Dei vart so hengde opp til turking. Deretter vart den utanpåliggjande smurningen som låg att, teken av med slikkaren.

Siste finpuss For at hudene skulle vera so ljose som mogeleg på kjøtsida, vart dei falsa over heile kjøtsida. Hudene som var glatte, vart lagde på bordet att og gjorde reine for gamal smurning. Var der kome smurning på dei krusa hudene, vart den knika bort med ein koste med stive børstar. Hudene vart no skorne reine i kantane med ein kvass kniv. For at kjøtsida skulle vera so kvit og fin som råd, vart dei knika inn med ein tøypose som var delvis fylt med talkum. Narven vart sett glans i med dette: Hornlimplater vart sette i vatn og løyste godt opp. Dei vart vermte opp til ein fekk eit tunt limvatn med tilsetjing av farin. Dette vart knika inn i narven med ein svamp i tunt lag og ein fekk ein fin glans. Dei vart hengde opp til turking for at glansen skulle halda seg. No var hudene ferdige for sal. Jakob sa at han fekk godord for at han hadde fint ler, og difor fekk han det betre betalt. Alt dette skreiv eg ned etter far for mange år sidan. Denne arbeidsmåten i garveria er slutt for mange år sidan og kjem aldri att.

35


36


Teglverket på Votlo Av Geir Kleiveland Mange stussar når dei høyrer om teglverk på Votlo. Eldre folk i bygda veit sjølvsagt om det, men elles er det få som kjenner til at det vart brent teglstein her i si tid.

Jebsen starta Teglverket på Votlo kom i gong i samband med reisinga av Arne fabrikker, som vart skipa i 1846 av Peder Jebsen. Då vart det fyrste bomullsveveriet bygt. Mest år for år no vart det sett opp nye bygg: spinneri, pakkbu, ullvarefabrikk, bustader åt arbeidarane m.m. Når me i tillegg veit at bygningane fleire gonger var herja av brann, er det lett å forstå at det trongst store mengder med byggjevyrkje. Dei fyrste bygningane var tømmerbygg oppå gråsteinsmurar. Frå fyrst av henta dei stein nær fabrikkområdet, men etter kvart søkte dei over til liene på Votlo og Rivenes, der dei fann mykje veleigna storstein. Så vart dette frakta over fjorden og vart nytta til grunnmurane i fabrikkbygningane. Men Jebsen sine planar var store, og også lettare handterleg byggjevyrkje var det bruk for. På Votlo var det mykje leire, og denne kunne nyttast til dei store byggjeprosjekta i Arna. Alt i 1849 kjøpte Peder Jebsen ein part av Votlo hjå grunneigarane, kalla «Votleviken». Området vart på folkemunne kalla Leirtveitane, seinare berre Tveitane, som er brukt i dag. Kjøpesummen for dette stykket var 225 spesiedalar. Men Peder Jebsen stod ikkje så lenge i spissen for teglverket. Alt i 1850 skøytte han verket over til broren, Johan, for 600 dalar. Johan var komen til Noreg og gjekk seinare inn som kompanjong med broren. Mykje tyder på at teglverket på denne tid må ha vore i god drift, for eit halvt år etter at Johan kjøpte det, lånte han 2.000 dalar hjå ein annan bror som var att i Danmark, mot pant i teglverket. Konkurs og tvangsauksjon No dreiv heller ikkje Johan Jebsen verket så lenge, for alt i 1852 selde han til premiereløytnant Wollert Müller. Det er truleg slik at Jebsane såg seg best tente med at andre dreiv teglverket, medan dei sjølve var sikra den teglstein dei trong. Müller må ha utvida drifta, for han kjøpte meir grunn hjå 37


Votlo-bøndene. Men likevel hadde han ikkje nokon stor økonomisk suksess som teglverkseigar. Utetter i 1850-åra lånte han fleire tusen dalar og var til slutt pantsett til langt over skorsteinen. Enden på Müller si tid på Votlo vert difor at panthavarane gjer krava sine gjeldande, slik at skipsbyggmeister Jens Gran i 1860 kjøper teglverket på tvangsauksjon i 1860 for 2.000 dalar, som så vidt dekkjer krava. Gran driv teglverket i 5 år, men i 1865 selde han alt saman for skarve 180 spesiedalar til Anders Mikkelsen Hausvik. Dermed var teglverkseventyret på Votlo over.

Produksjonen Dette var dei snaue data over eigedomstilhøva kring teglverket. Kva så med sjølve produksjonen ? Me veit ikkje nøyaktig korleis teglverket såg ut, men etter kva som elles var vanleg, må det ha vore eit lite anlegg med enkelt utstyr. Mest truleg var det ein enkel omn, slik teglomnane er kjende langt attende i tida. Her vart leira forma til steinar og stapla inn i omnen. Så vart fyringa sett i gong, og etter om lag tre veker kunne den ferdigbrende steinen takast ut. Slike enkle omnar kunne difor ikkje produsera så svært mykje. Frå Votlo veit me lite om produksjonsmengd, einast er frå 1860 då Gran opplyser at det vart «fabrikeret» ca. 250.000 stein og brent 420 tunner med kalk. Eit vanleg farty på denne tida ser ut til å ha lasta ca 26.000 stein, m.a.o. skulle årsproduksjonen på Votlo tilsvara om lag 10 skipslaster med stein. Farefullt å frakta teglstein Å frakta steinen over fjorden var tydelegvis ikkje alltid så enkelt. M. Revheim fortel i si bok om fabrikkstaden Ytre Arna at ein gong skulle dei føra stein over i ein båt som lak. Steinen drog vatn i seg, slik at lasta vart tyngre og tyngre med det resultat at båten sokk. Folk på land fekk berga båtfolket før båten gjekk ned. Om det er denne skuta som ligg eit stykke frå land ved Tveitane, er uvisst. I alle fall fortel folk at ei sokken skute er å sjå der. Ein annan gong under ein storm sleit ei jakt seg medan dei dreiv og lasta. Ein Lars med Vågen i Haus såg at mennene om bord var hjelpalause og rodde ut saman med sonen sin for å berga dei. Men robåten deira vart kasta rundt, og berre sonen kom seg opp på kvelven. Han fekk fat i faren fleire gonger, til sist hadde han tak i trøyekragen, men han rivna av slik at Lars drukna. Folk på jakta vart derimot berga.

38


Pengar og arbeid Kva betydning hadde så all denne byggeaktiviteten for Votlo-bygda? Både uttaket av gråstein og teglsteinsbrenning gav folk i bygda arbeid. Når det gjeld betaling for gråsteinen, er det særleg bøndene på Askeland, Rivenes og Votlo som er å finna i rekneskapane. Så for dei må berre dette ha vore viktig. Sjølve teglverket gav også arbeid til mange i ei lita bygd. I 1860 er det opplyst at det frå mai til oktober var 10 mann frå bygda som hadde sitt daglege arbeid her, attåt ein verksmeister. Frost gjorde det vanskeleg å arbeida om vinteren, men like fullt må det vore ein svært viktig måte både for bøndene og andre å skaffa seg kontantar på. Anna lønsarbeid var det lite av, og skulle dei arbeida i fabrikkane i Arna, laut dei bu der i vekene. Slutt på Vatle Teglverk I ettertid kan ein sjølvsagt lura på kvifor teglverket var i drift så kort tid. Ein grunn var at det minka på leira på Votlo. Eldre folk har fortalt at dei på resten også henta leir på Garnes og frakta over til brenning. Ein annan grunn var likevel viktigare. I slutten av 1860-åra kom det i drift ein ny omnstype for teglverksbrenning. Desse omnane hadde ein langt større kapasitet, men krov samstundes større investeringar. Dermed vart mange slike små anlegg som det på Votlo, lagde ned. 11885 gjorde tre bønder på Rivenes og Votlo i 1885 avtale med P.A. Giertsen om å ta leire på deira grunn. Men denne leira skulle fraktast til det teglverket som Giertsen då dreiv på Hjelmås. Dette er det siste me høyrer om som på nokon måte minner om teglverksarbeid på Votlo.

39


HESJEDALSFABRIKKEN PÅ BRUVIK Av Signe Mjelde Nordås Bruvik Fabrikker - eller som bygdefolket sa, Hesjedalsfabrikken, er ikkje meir. Bygningen står der, men dei store vevane er stilna. Dei som har si daglege gange til butikken, posten eller kaien høyrer ikkje lenger den jevne tunge duren frå dei store vevstolane. Frå 1987 har det vore stilt i fabrikklokala til Konrad O. Hesjedal. Det var han som starta tekstilfabrikken på Bruvik. Han vart fødd i 1894 på Dalekvam. Då han var i 20-års alderen reiste han til Sverige på veveriskule. Etter utdanninga si der reiste han heimatt og var ei tid ved tekstilfabrikken på Eidsvåg. Den neste arbeidsplassen han prøvde var ein fabrikk på Minde. Der var han veverileiar. I denne tida gifta han seg og flytta til Bruvik der kona hans var i frå. Og det vart langt og stritt å reise frå Bruvik til Minde kvar dag. Kvifor ikkje starta noko sjølv? Utdanninga hadde han, og evner og interesse for arbeidet. Han fekk leiga ei gamal smia der han starta opp med ein vevstol. Året var 1918 og han var 26 år gamal. Etter kvart trongst det utviding. Den gamle smia vart for liten og i 1946 stod den nye fabrikken ferdig. Det var egentlig ei brakke etter tyskarane som han bygde om og på. Den store gule bygningen ligg like bak handelslaget. På det meste var det 8 store vevstolar i drift. Fabrikken hadde si glanstid i 50-åra. Og det skuldast for ein stor del møbelstoffet som dei laga i den tida. Dette var det ikkje så mykje arbeid med i produksjonen, som det var med ullteppa. Forutan møbelstoff og ullteppe laga dei også flanellsteppe og pledd. Men det mest populære produktet opp gjennom åra var ullteppa. Ullteppa frå Bruvik var så ettertrakta at folk som arbeidde på Dale fabrikker, der dei også laga ullteppe, kjøpte seg ullteppe på Bruvik. Teppa var kjende for å halda seg mjuke og gode lenge. Før fabrikken slutta av var det mange gode gamle kundar som sikra seg ullteppe for lange tider. Fabrikken hadde knytt til seg fleire seljarar. Dei reiste rundt og selde på Osterøy, inni Hardanger og i Arna-distriktet. Dei reiste stort sett heile året, men hausten var «god-tida». Det var då dei hadde den travlegaste tida. Ann-Magritt Kallekleiv fortel om ein dyktig seljar dei hadde ein gong. Det var om sommaren. Han kom til ein stor gard for å selje ullteppe. I tunet traff han bonden som stod og kløyvde ved. Seljaren fortalde at han var ute og selde

40


Bruvik 1955. Tekstilfabrikken er den store bygningen mest nede ved kaien, noko t.h. i biletet. Foto Widerøe’s Flyveselskap A/S. Frå Vaksdal bygdebok, bd. 1.

ullteppe. «Så du er begynt å tenkja på vinteren du» sa bonden. «Ja, men det er no det du gjer og» svara seljaren. Det høyrer med til historia at bonden vart ein trufast kunde hjå denne seljaren. Bruvik fabrikker var ei rein familiebedrift. I 1968 overtok Johan K. Hesjedal etter far sin. Og både kona og dotter hans arbeide i fabrikken. Det var ikkje så mange arbeidsplassar på Bruvik så bygdefolket var glade for fabrikken sin. På det meste var dei sju stykker som arbeidde der. I starten var vevstolane slik at det måtte vera ein person ved kvar vevstol. Etterkvart kunne ein mann styra to vevstolar. Men vevane vart sidan så modernisert at ein person klarde å halda i gang dei 6-7 vevane. Og den som klarde det var dotter til Johan K. Hesjedal, Ann-Magritt. Ho arbeide der i åtte år og styrde arbeidet med sikker hand. Det var ikkje noko lett arbeid, ho hadde hendene fulle dagen lang. Mor hennar, Ingeborg, arbeide også i fabrikken. Ho tok seg av all ekspedering, nuppa og sydde teppe og tok seg elles av alt forefallande arbeid. Johan K. Hesjedal la ned fabrikkverksemda i 1987. Dei seinare åra var det tungt å driva veveriet og helsa byrja svikta. Og der var ingen til å overta. No står

41


fabrikklokala tomme for vevstolar. Bygningen vert brukt til lager og øvelseslokale for skyttarlag og musikkgruppe. Ann-Magritt Kallekleiv fortel at det er ho som no eig fabrikklokala. Og dei skal takast vare på. Ho har eit stort ønskje om å sjå ny industri etablera seg i den gamle fabrikken. Alle med initiativ og gode idear tek ho meir enn gjerne imot. Lokalet står der, og med det rette produktet kan ein kanskje igjen få høyra den gode, jevne duren frå Hesjedalsfabrikken.

42


«ISTIDA» PÅ RAKNES Av Geir Kleiveland Det er vanskeleg å førestilla seg at det kunne vera ei viktig attåtnæring å skjera is. Dei fleste kjenner til at meieria dreiv med isaskjering, men færre veit truleg at det også vart drive i stort å skjera is som vart levert til fiskeflåten. Frå gamalt var det handelen med turrfisk frå Nord-Noreg som hadde spelt størst rolle for fiskehandlarane i Bergen. Men kring hundreårsskiftet vart det vanleg å levera meir fersk fisk, og etter 1. verdskrigen skaut salet av ferskfisk veldig fart. Dermed vart det skapt stor etterspurnad etter is, og slik vart det mest storindustri å skjera is. I Kleppsvågen mellom Tysse og Fotland var ein slik stad der dei dreiv med isaskjering, ein annan stad var Raknes. Og det er glimt frå soga om isarbeidet på Raknes me her skal sjå på. Dei som var mest aktive i isarbeidet på Raknes lever ikkje meir, men mange hugsar enno dette arbeidet. Her har eg fått opplysningar hjå Ole E. Raknes, Olga Abedissen, Tormod Raknes, Guttorm Raknes og Nils Lillejord. I tillegg har eg hatt høve til å gå gjennom rekneskapsbøker for Raknes Iskompani.

Frå kassaspikring til isaskjering Den fyrste spede start til isarbeid på Raknes kom i gong like etter hundreårsskiftet. Det var ungdomsgenerasjonen på Raknes som gjekk i lag om dette, dei aller fleste var i 20-årsalderen, og det var dei som seinare kom til å ta over dei 9 gardsbruka på Raknes: Erik A. Raknes, Magnus M. Raknes, Ole O. Raknes, Jakop E. Raknes. Alle desse høyrde til Oppegarden (Øvre Raknes). På Nedregarden var det: Andreas J. Raknes, Magnes E. Raknes, Guttorm Raknes, Johannes E. Raknes og Johannes O. Raknes. For å skaffa den fyrste isen bygde dei fyrst Småstemma, heilt nede ved sjøen i Johavn. Så svært mykje vart det ikkje av dette. Men ved Raknesvågen hadde kjøpmann Martens frå Bergen sett opp eit sværa hus for å spikra kassar for fiskeflåten. Det fortelst at ei tid spikra mest heile Raknes kassar når det var i verste sesongen. Verkeleg fart i isarbeidet var det nettopp Martens som stod bak. Han føreslo for brukarane på Raknes, at dei måtte starta med isknusing, og han tilbaud dei at dei kunne få kjøpa det store huset ved Raknesvågen til isalager. Slik vart Raknes Iskompani skipa i 1919. Johannes O. Raknes starta etter ei tid med isaskjering for 43


Kartutsnitt over Raknes som viser kvar stemmene og dei andre anlegga for isaskjeringa l책g. Dei oppstreka omr책da viser omtrent kor mykje som var demnt opp av stemmegardane.

44


seg sjølv, slik at dei 8 andre brukarane på Raknes stod som parthavarar i Iskompaniet.

Fleire stemmer vert bygde Til starten lånte dei den for si tid uhorvelege kapital av 7.759,32 kr. Mesteparten av denne summen gjekk med til å betala Martens. Elles hadde dei store utlegg på stemmegardane og trerennene dei sende isen i. For å skaffa meir is bygde dei 3 nye stemmer, 2 på Oppegard, Oppegardsstemmene, som låg ned mot Raknesvågen og 1 på Nergarden, Nergardsstemma, eller Guttormsstemma som ho helst vart kalla, sidan grunneigaren heitte Guttorm. Denne stemma låg ned mot Lonevågen. Arbeidet med desse stemmegardane krov stor innsats, for det var store mengder stein som trongst til ein solid mur med jordfylling innanfor for å tetta stemmegarden. Oppegardsstemmene har kravt mest arbeid, men Guttormsstemma demde opp mest flate, i alt 6-7 mål. I tillegg til stemmegardane må dei ha hatt mykje arbeid med å byggja opp trerennene som dei brukte til å senda isen i, anten det var rett i skutene eller i ishuset. Også ishuset vart mykje påkosta, for her sette dei på dubbelkledning og fylte mellomrommet med sagarubb til isolasjon.

Den synste Oppegardsstemma slik ho står i dag. Endå så kraftig stemmegarden er, så heldt han på å rasa ut for dei midt i 30-åra. Då måtte dei byggja ein støttemur framanfor, han kan skimtast til venstre i biletet.

45


Raknes kring 195O. Det store, kvite huset er butikken, og det store grå huset bak er ishuset. Oppegardsstemmene låg til høgre for biletet. Utlån: Tormod Raknes.

Alt tidleg sette dei også opp lysstolpar og bygde isakai ved Lonevågen, der skutene kunne leggja til for å ta inn isen frå Guttormsstemma.

Sesongarbeid Arbeidet fylgde sjølvsagt årsrytmen. Ein sesong starta i september/ oktober med nokre dagars arbeid med å reparera renner og anna og stengja lukene i stemmegardane. I botnen på stemmegarden gjekk store røyr, og oppdemminga skjedde med ei treluke med ein sekk føre for å tetta. Slik var alt klart når frosten kom. I heldige år kunne dei levera dei fyrste skutelastene alt i oktober, men vanlegast laut dei venta til godt uti november. Den fyrste kjøren var då å lasta rett i skutene. Då kunne dagane verta lange, både 12 og 15 timar kunne dei stå, for skutene måtte lastast opp når dei fyrst var der. Når denne runden var unna, fekk dei litt ro på seg, og no kom vanlegvis turen til å fylla ishuset. Neste hardøkt var så når skutene kom att etter ny last. På nytt vart det så stilt ei tid, før dei fekk nye leveransar frampå vårparten og faktisk utpå sommaren. Desse leveringane gjekk helst til Grønlands-flåten, og dei måtte oftast ungpøykane ta seg av, for då hadde gamlekarane reist på laksafiske. Var det gode vintrar og fisket slo til, kunne det sjølvsagt gå meir i eitt, men helst var det slik at arbeidsøktene kom i bolkar på kanskje 14 dagar og veksla så 46


Nils Lillejord med «mærræ» som bestefar hans, Nils Bysheim, lagde til Iskompaniet i 1926. På dei to stokkane stod motoren med sagblad til, tv. er meiane som dei kunne regulera høgda på skurden med og t.h. er stonga med piken som dei sette ned i den førre skurden for å få jamt breie klakar.

med ei rolegare tid. Om våren vart så stemmene opna og det neddemde området vart nytta til beite om sommaren.

Frå handsaging til «mærræ» Frå fyrst av skar dei isen for hand. Dei hadde ein kasse med eit bitjern gjennom som dei brukte til å rissa opp skurden. Så var det å saga langs streken med issagene, store, lange blad med grove tenner. Dei kunne gjerne vera 7-8 mann som då stod slik og nikka og skar, dagen lang. Men Nils Bysheim tykte dette såg for åvbakleg ut. Dei fortel at han gjekk og klødde seg i hovudet for å finna på noko lurare enn denne handsaginga. Etter ei tids spekulering hadde han alternativet klart, «mærræ». Dette var ein revolusjon og var ein snedig patent. På 2 langsgåande stokkar vart sett ein motor med sagblad til. Framme på «mærræ» var det ei stong som kunne heva eller senka frammeiane, slik at dei kunne regulera kor djupt dei skulle skjera. Bak stakk ei bøygd røyr ut slik at dei kunne setja piken på ho ned i den førre skurden og slik fekk dei isklakane akkurat så vide som dei ville, og dei skulle helst vera 1 alen i kvadrat. 47


Isen frå stemma til kverna Når dei sagde is, tok dei fyrst eine vegen og deretter på tvers. Begge vegane gjaldt det å unngå å skjera heilt gjennom, for då fekk dei vatn opp og då fraus klakane lett i hopa att. Etterpå var det så å gå og dunka i klakane så den siste isen brast. Deretter laut dei få isstykka bort åt rennene og så dei kunne segla dei ned til iskvernene. Her vart isen malen opp før han gjekk rett i skutene. Etter ei tid fekk dei automatisk opptrekk av isblokkene or vatnet. Kjettingar med krokar på gjekk rundt eit hjul slik at når blokkene vart skuva bortåt opptrekket, hukka krokane tak i dei og halte dei opp i renna. Den isen som vart stua i ishuset, vart lagd inn i blokker. Dei fylte helvta av huset i slengen, og då gjekk det kring 240 klakar i kvar flo. Under brukande arbeidstilhøve tok det dei om lag ei veke å fylla ishuset. Denne isen vart vanlegvis malen når han vart teken or huset og lasta i skutene. Men ein god del av leveransane frampå vårparten var gjerne i blokker, for då heldt isen seg betre. Frå fyrst hadde dei berre ei lita iskvern. Seinare kjøpte dei 2 større kverner, slik at dei hadde kvern både ved ishuset og ved isakaien ved Guttormsstemma. Stygg ulukke Den tida isaskjeringa var driven, skjedde det berre ei stygg ulukke. Ved isakverna var det ein trommel med piggar som drog isklakane ned i kverna. Så var det ein gong dei hadde hatt ein voldsom kjør og stått langt utover natta. Dei var trøtte og kanskje uoppmerksame. Guttorm Raknes stod ved isakverna og hadde bortåt. Så skjer det at eine piggen slær rett gjennom handffiven og dreg handa med. Han veit at neste pigg vil ta tak høgare oppe på armen. Eldsnautt rykkjer han så handa til seg og slit ut piggen. Handa er øydelagd. På føremiddagen laut dei så av garde til doktar på Valestrand, og han må då skjera av armen ovanfor handleden. Iskalde dukkertar Den isen som var best å arbeida med var 7-8 tommar tjukk. Det hende dei tok is som var mest 20 tommar, men det vart ofte mykje slit med så tjukk is. Enkelte gongar hende dei tok is på berre 2-3 tommar på Guttormsstemma. Då skar dei han laus i store flak og slepte han bort på ein stad dei kalla «Jæveløynæ», like ved isrenna. Det gjaldt å få litt sig i isflaket slik at det rende oppå holmen og brotna sund der. Ved slik istaking hadde ein mann fast jobb å stå der og passa på. Ved ei lita feilrekning vart han lett sopt uti og vart ståande med iskaldt vatn midt oppå magen. 48


Også elles hende det sakte at ein og annan fekk seg ein ufrivillig dukkert. For ungane var dette stor stas, for frå eit isflak var det rett ned så berre hatten låg og flaut før mannen kom oppatt. Men dei hadde alltid båt med for å få den uheldige raskt oppatt og i hus.

Ungane med som isapøtarar Når skutene seig inn fjorden, samla folk seg. For ungane var dette sjølvsagt store ting. Og dessutan kunne dei gjera nytta for seg. Dei var nemleg med somsisapi_ dei hadde med andre ord til jobb å skyva isklakane bort til renna og gjerne vera med og skyva isen vidare. Ole E. Raknes hugsar godt at det hende dei kom på skulen på Hjellvik om morgonen, og så kom det melding heimifrå om at dei måtte koma og vera med og pøta is. Då kunne dei glade springa frå skulearbeidet medan dei andre sat misunnelege att. I tillegg til det litt spennande så fekk dei også nokre Øre i betaling for isapøtinga, så dei fleste ungane på Raknes tente seg sine fyrste pengar på isarbeid. Ei historie om isarbeidet og ungar syner godt kor sentralt isaskjering stod for brukarane. Sonekona til ein av parthavarane skulle ha barn, og då det frettest at barnet var kome, spurde einkvan gamlekaren om det vart gut eller jente. «Da vart ein isapøtar» var svaret. Isen gav mange arbeid Sjølv om isarbeidet i høgste grad var sesongprega, så gav det like fullt arbeid til mange den tida det stod på. Og særleg i den vanskelege mellomkrigstida gav dette arbeidet kjærkomne kroner, då det elles ikkje var så lett å skaffa seg inntekter. Dei som arbeidde med isen, var sjølvsagt fyrst og fremst parthavarane i Iskompaniet. Dinest kom sønene deira med etter kvart som dei voks til, fyrst som isapøtarar, seinare som fullvaksne arbeidsfolk. Utover dette var det ikkje så mange å få fat i til isarbeid på sjølve Raknes, for andre arbeidsfolk hadde anna arbeid, fyrst og fremst ved Raknes Møbelfabrikk. Slik var den vanlege arbeidsstokken på 15-16 mann. Men når det verkeleg var travelt, kunne det vera eit mylder av folk her, og då laut dei henta folk også frå andre gardar. Viss me ser på ein av desse hektiske periodane, så skjønar me meir kva for liv dette arbeidet skapte i ei lita bygd. Årsskiftet 1931-32 starta isaskjering 18. desember. Då er 14 mann i sving med å lasta skuta til Tvedt. For det meste er det parthavarane og deira eigne som er med. Dagen etter arbeider 26 mann 11 timar dag med å fylla Giertsen sine skuter, og no er det med folk både frå Hjellvik, 49


Isskute ved isakaien, klar til å verta lasta. T.v. kjem renna ned, på stillaset på kaien står iskverna. Utlån: Tormod Raknes.

Tepstad og Mjelstad. 2 dagar deretter kjem Hausvik og hentar ei skutelast som 16 mann ekspederer. Veslejulafta kjem 2 av Giertsen sine skuter etter ny forsyning, og no står 27 mann 11-12 timar for å gjera ferdig lastinga. Også no er her mange utabygdarar med. Den 28. er ei ny skute der att, og vidare går det slag i slag med lasting, så ein dag eller to fri, før nye skuter er der att. I perioden frå 18/12 til 13/1 hadde dei dette året 11 arbeidsdagar, alle dagane gjekk det på skutelasting. Då hadde dei ekspedert i alt 13 skuter og levert mest 2.000 tonn is. På det meste hadde 27 mann vore til stades på ein og same dag, men alt i alt hadde 36 mann vore med på lastinga i denne perioden. Ein del var kanskje ikkje med meir enn eit par dagar, men like fullt fortel dette om eit yrande liv på Raknes slike dagar. Isaskjeringa skapte eit særeige miljø i bygda. Mange var dei skoser som vart fortalde i pausane. For sjølv om timane kunne verta mange, så tok dei seg tid til turvande prat. Og for ikkje å gløyma skråtobakken. Han gjekk det friskt på, og ikkje sjeldan fraus det også fast gode klyser i isklakane som i neste omgong skulle brukast til å kjøla fisken. Elles var det middagen alle såg fram til. Då kom ei eller fleire av konene med

50


glovarm middagsmat, som helst vart servert i butikken, men stundom berre i ein verkstad eller eit av nausta. Dette var høgdepunktet i løpet av arbeidsdagen, og då gjekk praten om laust og fast.

Pengar å tena Når me ser på kor omfattande isaskjering var på Raknes, er det ikkje vanskeleg å forstå at dette arbeidet gav sårt tiltrengde kroner. Til vanleg låg timeløna munaleg høgare enn det som elles var vanleg. I dei vanskeleg 30-åra låg’ løna jamt over på O.90 - 1 kr for timen, og når me veit at folk som gjekk på naudsarbeid berre tente 2,50-3 kr dagen, så viser samanlikninga at dette var godt tente pengar. Ulempa var sjølvsagt at det var ikkje alltid det vart så mange timar totalt sett. For året kunne det verta betalt ut frå 3.000 til 5.000 kroner i arbeidsløner. For kvar som hadde vore med heile tida vart det kanskje 2-300 kroner for året. For parthavarane hadde dei eit særskilt oppgjer. Dei fekk same timeløn som andre arbeidsfolk, men ved årsoppgjeret fekk dei også utbytte, i vanlege år kanskje 2-300 kroner for kvar. Dei som åtte grunnen der stemmene låg, fekk dessutan stemmeleige, til saman 150-200 kroner for året. Dette verkar ikkje til å vera så eventyrleg, men sett i høve til samtida, gjorde dei bra pengar på dette arbeidet. Sjølve utbetaling gjekk føre seg slik at arbeidarane fekk oppgjer for heile sesongen ved påsketider. Då fekk også isapøtarane skuva bortåt seg dei skinande 10-øringane. For is som vart levert frametter våren og sommaren, betalte dei ut tidleg på hausten. Iskjøparane Dei fyrste åra dreiv dei både med isaskjering og kassaspikring for Marg. Men også andre kom etter is. Dei som oftast var til Raknes med skuter og henta is, var Giertsen og Co, Brødrene Tvedt, E. Hausvik og L. Fotland. Men også mange andre fiskeeksportørar henta is her. Når det var på det mest hektiske, kunne det vera fleire skuter for dagen på Raknes. I gode vintrar var det kanskje over 40 skuter som vart lasta ved Iskompaniet. Men Raknes Iskompani leverte også mykje is til meieri som ikkje hadde nok is, m.a. gjekk det mykje is til meieri på Radøy og i Øygarden. Til vanleg var det kamp mellom fiskeeksportørane for å sikra seg is, for slo fisket godt til, laut dei ha rikeleg å ta av. Ofte kom dei då så tidleg at isen berre så vidt hadde lagt seg. Fyrst ute var vanlegvis Tvedt, og dei minnest endå til at det hende han kom så tidleg, at islastene hans bråna vekk når det kom vêromslag. 51


Johannes O. Raknes med eiga isaskjering I tillegg til Raknes Iskompani dreiv også Johannes O. Raknes (1881–1974) med isaskjæring på Raknes. Han hadde frå fyrst vore saman med dei andre på garden, men han byrja for seg sjølv fyrst i 20-åra. Han overtok Småstemma, som låg på hans eigedom, og bygde Dalsstemma. Småstemma låg like bak Raknes Møbelfabrikk, stemmegarden syner godt enno mest heilt nede ved sjøkanten. Frå denne stemma var det enkelt å få isen ned til skutene. Dalsstemma låg litt lenger oppe frå sjøen. Sjølve stemmegarden er murt i eit trongt glyp og vart brukt også til gangveg før det kom skikkeleg veg. Frå denne stemma var rennene til å få isklakane ned til sjøen bygde som reine viadukter. Kring 1930 bygde han så ei tredje stemma, Nyastemma. Ho var noko nord for Dalsstemma, ned mot Lammeneset. Denne stemma er det ikkje mykje att av i dag, for i dette området vart alt under krigen dei fyrste hyttetomtene selde. Denne stemma var difor ikkje i bruk særleg lenge. Frå fyrst av rende Johannes O. Raknes isklakane rett ned i lasteskutene. Etter ei tid bygde også han ishus ved sjøkanten for å lagra isen så han kunne levera frametter våren og sommaren. Då fekk han også iskvern, som var driven med diesel. Med iskvern var det også lettare å få levera til fiskeeksportørane, m.a. tok Giertsen imot mykje is. Denne ishustomta er også godt synleg enno, like ved stemmegarden for Småstemma. For Johannes O. Raknes, som for dei andre, var isarbeidet ei viktig attåtnæring. Men han kunne ikkje driva dette åleine. I den mest hektiske tida kunne dei vera opp til 10 mann som dreiv hjå han. Dei måtte saga isen for hand, og det krov mange mann til å stå med isasagene og pøtekrokane for å segla isklakane nedetter isrennene til skutene. Sidan dei fleste andre på Raknes-gardane var med i Iskompaniet, hyrte Johannes O. Raknes folk utanfor garden, både frå Hjellvik, Børtveit og Birkeland. Dagslyset vintersdagen regulerte arbeidsdagen, og det gjaldt å nytta det vel. Såleis var det ungane sin faste jobb å gå med middagsmat, så ikkje dei sløste vekk for mykje åv tida. Matstunda tok dei helst under tak i møbelfabrikken. På resten han tok is fekk han straum, og då var det å stå langt utetter kveldane i lysskimmeret og lasta skutene til dei var fulle. Johannes O. Raknes dreiv fyrst og fremst med isarbeidet før krigen. Lite vart skore under krigen, og etter krigen tok han berre nokre få stemmer, som dotra uttrykkjer det. Og kring 1950 var det slutt på isaskjeringa til Johannes O. Raknes.

52


«Istida» tek slutt Glanstida for Iskompaniet var mellomkrigstida. Aller best dreiv dei midt i 20-åra, då leverte dei mykje is til svært god pris. Leveransane kunne sjølvsagt variera mykje alt etter vêret, men fram til krigen vart isaskjeringa driven godt. Under krigen var det mest stillstand, og nokre år vart endåtil ishuset brukt til kol-lager for Indre Nordhordland Dampbåtlag. Etter krigen kom arbeidet i gong att, og kring 1950 hadde dei på nytt store leveringar. Men det hadde byrja skje nye ting innan fryseteknikken. Alt midt under krigen stod eit fryseanlegg ferdig i Sandviken, og i 1954 var Bontelabo ferdig, det største fryseanlegget i sitt slag i Europa då det var nytt. Men enno nokre år vart det teke is på Raknes, for fiskeeksportørane føretrekte naturisen, då dei meinte kunstisen var så kvass at han skar sund fisken. Så seint som i 1960 vart det teke is på Raknes, etter bøkene å døma, men då er det ikkje mange skuter som vert lasta. Det ser ut til at Tvedt var han som lengst henta isen sin på Raknes. Om det altså vart levert litt is like til 1960, så var det likevel klårt at «istida» på Raknes gjekk mot slutten. Alt midt i 50-åra kjøpte Einar Raknes ishuset til nedriving. På slutten vart også mykje anna utstyr og reiskapar selde ut. Dermed var det slutt på ein 40-årig periode som hadde skapt stor aktivitet i ei lita bygd. Ei lita utkantnæring hadde vorte innhenta av moderne teknikk, og dei naturressursane bygda hadde utnytta, var det ikkje lenger bruk for.

53


NAMNEBRUK I HJELLVIK-KRINSEN PÅ 1700- OG 1800-TALET Av Anna Østerbø Kåstad Når ein arbeider med historiske kjelder og leitar etter opplysingar om fortida, hender det ofte at ein stoppar opp for ting ein eigentleg ikkje er på leiting etter og som ein får lyst til å sjå nærare på. Slik var det med meg då eg gjekk gjennom kyrkjebøker, skifte og folketeljingar frå 1700-og 1800- talet. Det eg vart oppteken av denne gongen var namn på personar. Eg fann ut at eg hadde lyst til å sjå litt meir systematisk på kva folk heitte i Hjellvik-krinsen i denne tida, kva som var vanlegast, og om det var nokon skilnad frå 1700-talet til 1875. Namn som var i bruk på 1700-talet:

Namn brukte i folketeljinga i 1875:

Gutenamn:

Gutenamn:

Amund Anders Arne Askild Baste Berge (utt.Berje) Besse Einar Ellef (utt Øiløf) Elling (Edling) Erik Fuse Gregorius Guttorm Haldor Hans Håvar Ivar Jakop

Amund Anders Andreas (utt. Andrias) (Andreas Olai) Askild Baste Berge Ellef Elling Erik Gudmund Gullak Gustav Guttorm Halldor Håvard Johan Johannes John

54


Jens Johannes (utt. Joans) Jon Jørgen (Jørn) Knut Lars Magne Mons Nils Ole (Ola) Per Rasmus Simon Sjur Steffen Sæbjørn Vemund

Jørgen Karl Knut Lars Magne Martin Martinus Mattias Mons Nils (Nils Johan, Nils Olai) Olai Ole, Ola Peder Rasmus Sevre (Sevre Johan) Sjur Steffen

Jentenamn Agate (utt Ågeta) Anna (utt. Adna) Barbru (Barbu) Boel (av Bodhild, Bothilde) Borni Brita Dordi (Dorthea) Eli Gunhild

Jentenamn: Agate Andrina Anna (Anna Bertina, Anna Nilsina, Anna Martine) Barbru Berit (Berit Maria) Berta (Berta Helena) Bertolina (Bertolina Anna) Boel Borny Brita Dordi (utt. Dørdi) Dortea Eli Elisabeth (Lisbet) Gia Oline Guri Ingeborg (Ingeborg Antonia, Ingeborg Maria)

Guri Helene (Helena) Helga Herborg Inga Ingeborg (utt Injeber) Kari Kristi Magdali (Magli) (Maila)

55


Marta (ofte skrive Marita, utt: Maita) Ingrid Johanna (Johanna Emilia) Ragnhild (Raila) Karen (Karen Malena) Siri Kari Sygni Karina Synneva (utt. Sydneva) Karolina Åse Katrina Kornelia Kristi Magdali Maila Malena (Malena Bertina) Maria (Maria Klaudine) Marta Olina Ragnhild Randi Secilie (utt. Sissela) Sigrid Sina Sygni Synneva På 1700-talet budde det mellom 150 og 190 personar i bygda. Det var i bruk 36 ulike gutenamn og 24 ulike jentenamn. Det vanlegaste namnet var Ole, eller Ola, som dei nok har sagt. Andre vanlege namn var Johannes, Jon, Lars, Mons og Nils. Ein del heller uvanlege namn vart også brukt, t.d. Fuse, Gregorius og Sæbjørn. Desse var i bruk berre heilt i byrjinga av 1700-talet, og vart seinare borte. Det var færre jentenamn i bruk, berre 24. Det vanlegaste jentenamnet var Brita, andre vanlege var Anna, Marta, Ingeborg og Kari. Desse namna er tekne frå kyrkjebøker o.l., og det er presten og andre øvrigheitspersonar som har skrive dei slik dei har funne det for godt. Det vil seia at uttalen av namna har vore heilt annleis enn skrivemåten. Namnet som i bygdemålet har vore uttalt Maita, har presten skrive enten Marta eller Marita. På 1700-talet var det lite rom for nye namn, då reglane for oppkalling var svært strenge.

56


Går ein fram til 1875 har folketalet i bygda auka sterkt til 330 personar. Talet på gutenamn som har vore i bruk, er det same, og mange av dei same namna som var i bruk tidlegare, var framleis i bruk. Det same gjeld jentenamna. Vanlegaste namnet var framleis Ole. Ein del nye namn som Olai, Martinus, Mattias har kome til. Vanlegaste jentenamnet var Marta, andre vanlege namn i 1875 var Brita, Anna, Ingeborg og Kari. Det nye når det gjeld jentenamn, er at dei har teke til å bruka namn med endingane -ina eller -ine, t.d. Bertina, Nilsina, og endinga -ia som i Antonia for å gjera mannsnamn om til jentenamn. Dette var ein mote som kom frå byen. Med desse namna kunne dei framleis kalla opp foreldre og andre, men dei fekk likevel høve til større variasjon. Eit anna nytt fenomen var at vanlege folk gav borna sine fleire namn. Tidlegare var det berre finare folk som hadde denne skikken. Namnebruken i Hjellvik-krinsen skil seg ikkje mykje frå det som var vanleg andre stader på Osterøy og i Nordhordland. Dei nye namneskikkane som dukkar opp, er eitt av teikna på eit samfunn i endring. Dei gamle, faste reglane var ikkje så sjølvsagte lenger, korkje når det gjeld namn eller andre tilhøve i samfunnet.

57


KAUSTØLEN Av Mons R. Mjelde Kaustøl var støl (seter) til Garmannsgodset i Nedre Mjedla. Året 1817 selde dåverande eigar Christopher J. Garmann Kaustølen til Ivar Olson Revheim. Ivar hadde lang soldatteneste bak seg, og han var skarpskyttar 1811 - 16. Ivar tok truleg til med rydding våren 1817, og det fortelst at han heldt til under ein heller fyrste sumaren medan han rydja seg gard. Skylddelingsforretning vart halden i 1818, og der er det nemnt at det på «plassen fødes 4 Kreaturer og avles 2 Tønder Poteter, Sæd fraregnet». For å byggja hus brukte Ivar det som det frå naturen si side var mykje av, stein. Men trematerialar måtte han skaffa seg andre stader frå, truleg frå Lono eller Hatland. Ivar var ein av dei fyrste her omkring som skaffa seg hest. Bestefar min fortalde at Ivar køyrde trematerialane på vinterføre over Rolland/øvste-Mjelde - fjellet gjennom Skitnaskaret. Forbi Kronasætret og til Kaustølen var det ikkje framkomeleg med hest og lass. Her måtte han laga veg, Kleivavegen. Vegen er godt synleg i dag, sjølv om han hev rasa noko ut nærast Rana-bekken. Som

Grunnane på Kaustølen i dag. Nærast ser me våningshuset, lenger oppe i bakken florsgrunnane. Alt saman er mura stein.

58


Grunnane av våningshuset sett ovanfrå, Mjeldalen i bakgrunnen

smågut hugsar eg at vegen var so og seia intakt. Trevyrket, tak, delvis vegger og golv, er for lenge sidan rotna burt, men dei store, tjukke gråsteinsmurane står og minner om pågangsmot og slit. Ivar var gift med Berta Eriksdotter Gjerstad. Dei ol opp ein stor barneflokk, 9 born. I 1848 skøytte Ivar bruket til sonen Ole, gift med Kristi Monsdtr. Øvste-Mjedla. Dei dreiv bruket til 1881. Det var i deira tid eit bra bruk. Dei hadde 8 born. Siste bonden på Kaustølen var Fabian Mikkelson Vevletveit. Han selde bruket attende til Nedste-Mjelds-bøndene i 1894, og Kaustølen kom på ny under fefot. Ole heitte eitt av borna til Ole og Kristi. Han reiste til Stavanger og vart sjef for Norsk Gjær- og Spritfabrikk der. Han hadde ein son som heitte Konrad Olsen, og han var sakførar i Oslo. I 1960 fekk han av Nedste-Mjelds-bøndene kjøpa ca. 5 da. av Kaustølen, det området som ruinane står på. Hans tanke var å restaurera husa, men han døydde før han fekk sett arbeidet i gang. Tida får no seia om neste generasjon, Konrad sin son, som også er sakførar i Oslo, får interessa for tanken til faren? Kaustølen har eige gardsnr. 55 og bruksnr. 1.

59


Amerikabrevet Av Olav Meltvik Også Osterøy har si utvandringssoge. Det var mange som utvandra til Amerika, også frå våre bygder. Her hentar me fram minnet om nokre av dei som forlet gamlelandet med von om ei betre framtid. Olav Meltvik presenterer eit Amerikabrev som gjev oss ein glytt av korleis ein ungdom kunne oppleva det nye, medan Sigurd Løtveit fortel om ein familie som reiste over og etter mange år vende attende.

Me som driv med sogelagsarbeid hev nett avslutta eit innsamlingsarbeid for Utvandrarmuseet. Dei ville ha opplysningar om heimvende emigrantar. No er det slik at me veit litt om korleis det gjekk vidare i livet med dei fleste av dei som kom heimatt. Men eg kom til a tenkja på alle dei som ikkje vende heimatt nokon gong. Sume av dei gjekk det bra med i det nye heimlandet. Dei tente pengar og arbeidde seg oppover, som det heiter. Etterkomarar av ostringar som emigrerte til USAkan me finna som dugande forretningsmenn eller i høge administrative stillingar. Sume var flinke til å skriva brev og heldt god kontakt med gamlelandet. Andre høyrde dei lite eller ingenting frå. Ikkje alle som drøymde om lukka og rikdom da dei reiste, var like heldige. Far min fortalde om ein kamerat her frå Tysse som reiste til USA. Dagen før han skulle reisa, kom her eit lite sigøynarfylgje til bygda. Dei selde m.a. noko dei kalla spåkort. Han som skulle reisa, var ein av dei som kjøpte spåkort. Han gjekk bak ei sjøbu og las kortet sitt. Etterpå sa han til far: «Dette ser ikkje bra ut.» Far fekk lesa, der stod: «Du skal dø ensom og alene i fremmed land.» Slik gjekk det og mange år seinare. Slekta fekk brev om at han var død.. Han budde aleine og hadde vore død ei stund då dei fann han. Mange hev vel gjerne liggjande gamle amerikabrev. Eg gjekk til det gamle bestefarskrinet og leita fram det eldste brevet som er i mi eiga. Det er datert 3. mai 1879. Brevet er til bestefar min frå ein kamerat her frå Tysse. Han var syskinbarn til bestemor mi. Eg skal her taka med eit utdrag frå brevet.

Meridean May 3 de 1879. Gode Ven Ole Askildson ! Endelig har jeg nu Manet et brev ud af din Haand, Vilket jeg her for samme vil takke paa det Hjerteligste. Din Skrivelse har jeg motaget for omtrint fjorten dage siden. Men paa grund af at jeg var 60


lit Sløvaktig har jeg ikke sendt dem brev. Men nu tror jeg at det skal blive, for min Haand er Meget inde for Skriving idag. Vel, gode Ven, dit Brev var mig Meget interesserende da jeg saa af samme at de alle lever Vel der hjemme og at alt Gaar som Sedvanlig, Vilket er mig meget i Mødekommende. Vad som angaar her hos os saa er alt Vel. Vi Lever Vel allesammen og ere Ved et godt AmeriCanskt mod i alle Bestandele og det ønskes af mig at i Ogsaa Vel Vere, og ikke lade Svensken faa rane de Norske flag saa at Normendenes ære bliver Haanet og Traat under fode. Ver Tapre gutter og Verne for den sag. Da det høres gjennom blade at det staar farlig til med Norges Frihed nu, saa de tror at der vil blive Krig mellom Broderfolkenes Vel. Gode Ven, af Nyheder ved jeg kun lidet at fortelle dig. Jeg har Arbeidet som før berettet i Skoven i Vinter, og nu Arbeider eg paa Sagemøllen igjen. Men om jeg bliver her i Sommer er jeg ikke Vis paa. Jeg vil ikke vere ved dette slags Arbeide lenger nu. Jeg vil høre mig om efter Plas paa en Melmølle for det er min Største Lyst. Magne Kvammen Arbeider her Ogsaa. Vi vare Sammens ute i Skoven og nu ligedan paa Møllen. Ivar Bjørndal kom til Eau Claireden samme dag som jeg kom fraa Skoven og da samledes vi alle Fanterne der. Nemlig Ole Kleveland og Rasmus og Ole Andreson Langenes og Rasmus Nesbøe af Myking og Magne og Ivar Bjørndal og jeg holdt Jul sammen. Ivar Knudson har Arbeidet paa et Tren i hele Vinter. I fjor Sommer reiste han fra Eau Claireden den 22de July for at gaa Harvesten hos Farmerene og siden var han ikke til Eau Claireden før nu sist af March da han kom. Nu har han vist for en lang tid siden Skrevet til Norge. Han har veret ved god helse hele tiden og liker sig Udmerket Godt i det Nye land. Naar du skriver saa maa du Fortelle mig om Vordan det er med smaa Mons og ligedan med Dyrdal samt alle mine Fordums Kamerater, for jeg har ikke faat brev fra dem paa lenge. Jeg vil bede dig hilse dem alle paa det Venligste fra mig at jeg Tenker ofte paa dem. Jeg synest at her er ikke lenge siden jeg forlod eder, men her bliver snart 2 aar. Ligedan maa du hilse alle de andre Bekjendte, Foreldre og Søskende. Gode Ole, jeg vil derfor slute min Skrivelse for denne gang Haabende at du Sender mig brev tilbage naar Leilighed gives dig. Hils din gamle Fader Askild og din Stemoder Anna. Men selv er du paa det Kjerligste hilset fraa mig din altid forblivne Ven Ivar Anderson. Min Adresse er Merideane Po Dunn Co Wisconsin USA.

61


62


Han førde ein høfleg penn denne unge tysseguten, sjølv om brevet var til ein god ven. 22 år var han då han i 1877 drog over havet til USA. Det var ei lita bygd han reiste frå, men ei bygd som var i vokster. I 1866 vart Tøsse Mølle bygd. Her tok dei til å mala bygg og rug. Etter kvart vart her mange arbeidsplassar og folk flytta til Tysse. Truleg hev og Ivar Anderson vore i arbeid på mylna. Han skreiv at han lika seg ikkje på sagbruket, men vil prøva få jobb på «en melmølle, for det er min største lyst». Elles merkar me oss at nasjonalkjensla er sterk hjå ungguten. Han bed om at dei må verna det norske flagget og fryktar krig med svenskane. Les me i historiebøkene frå denne tida, ser me at det var ei uroleg tid på fleire måtar. Stortinget vedtok lovframlegg gong etter gong som svenskekongen nekta å sanksjonera. Mellom anna ville mange ha unionsmerket vekk frå det norske flagget. Ein av dei fremste i striden for det reine flagget var Bjørnstjerne Bjørnson. Og Stortinget vedtok at merket skulle bort, men kongen nekta å sanksjonera lova. Stortinget gjorde same vedtaket 3 gonger, og då var det i samsvar med grunnlova gjeldande lov sjølv om ikkje svenskekongen godkjende det. Det var i Johan Sverdrup si glanstid dette. Der var stortingsval i 1879 og ei pressgruppe fekk i stand ein aksjon for det reine norske flagget, så pressgrupper er ikkje av nyare dato. Nokon skikkeleg fare for krig går det ikkje fram av historiebøkene at det var i 1879. Men avisene overdreiv vel litt då som no. Ivar Anderson var ein av dei som ikkje vende heimatt. Han vart gift der borte og der lever vel gjerne etterkomarar. Eg ser far min hev notert at Ivar kom bort ved ei ulukkeshending. Formuleringa i brev til slekt og vener hev endra seg mykje desse 110 åra. Det hev sanneleg levemåte og livsmiljø og. Særleg etter siste krigen hev her vore ei eksplosiv utvikling. Eg ser på det gamle gulna amerikabrevet i mi hand og finn ein plass til det i mitt brannsikre skap.

63


Utvandrarar frå Osterøy til Amerika Av Sigurd Løtveit Ein av dei som reiste frå Osterøy til Amerika, var Jonas Gatland, og det som her vert fortalt om han, er etter dei opplysningar som er komne frå etterkomarane til Jonas. Ein del har Jonas sjølv fortalt. Elles har etterkomarane til bror til Jonas, som er busette i Minnesota, gjeve opplysningar. Jonas vart fødd 6. november 1879 på garden Gatland på Osterøy, der foreldra då budde. Far til Jonas, som bar namnet Ole Rasmussen Myking, kjøpte so Mykingtræet, som var ein gamal husmannsplass og som høyrde til gardsbruka på Nord-Myking. Han bygde på huset, og til det kjøpte han furumaterialar heilt inne på garden Moen som ligg millom Kleiveland og Gammersvik. Det var eit slit og eit hardt arbeid å få desse materialane fram til Mykingtræet fordi dei lange strekningar måtte berast på ryggen. Elles rydda han skog og dyrka opp mykje av den jorda han hadde kjøpt. Jonas var den eldste av borna til Ole Rasmussen, og han hadde 2 brør og ei syster. Desse 2 brørne og systera hadde etternamnet Myking slik faren hadde, men Jonas tok namnet Gatland etter garden han vart fødd på.

Frå Mykingtræet i dag.

64


Utsyn frå Mykingtræet, Storavatnet i bakgrunnen.

Det var lite å leva av i Mykingtræet, og det var vanskeleg å skaffa seg arbeid. Jonas fekk av og til småjobbar i heimetraktene men arbeidde og ei tid i Bergen. Der vart han kjend med ei gjenta frå Manger på Radøy. Namnet hennar var Brita, og ho og Jonas var einige om at det måtte koma fram til eit giftarmål. Det å stifta familie var ikkje so enkelt og likefram slik tidene med stor arbeidsløyse var. Jonas hadde teke godt vare på dei kronene han hadde tent på småjobbane han fekk. Giftarmål kunne det likevel ikkje verta på dette, og han og Brita vart so einige om at Jonas skulle bruka sparepengane sine til å koma over til Amerika for å prøva å få arbeid der borte. Dersom dette lukkast, skulle han koma tilbake når han hadde spart seg opp ein liten kapital, - og då skulle dei gifta seg. Brita hadde lova å venta på han dei åra han måtte vera borte. Året 1902 reiste so Jonas med båt frå Bergen. Han var då 23 år gamal. Første etappen var å koma seg over til England, og so vidare med båt derifrå. Grunnen til denne reisemåten var at der var ingen Norsk Amerikalinje den gongen. Turen frå Norge til Amerika tok 14 dagar, men han kom då fram og hamna i ein stor skog i Minnesota. Han fekk arbeid i denne skogen, og han kom so langt at han kjøpte seg ein stor skogteig, og han fekk ogso bygt seg hus i dei fem første åra. Etter fem år reiste han tilbake til Norge i 1907. Då gifta han seg med Brita Dalland, og etter bryllupet gjorde dei seg klar for å

65


reisa tilbake til Amerika og busetja seg der. Huset var bygt langt inne i skogen, og der slo so dei nygifte seg ned. Familien auka på. Dei hadde no 2 born, og den tredje var ventande når som helst. So kom der då brev frå den eine broren - han Andreas som var heime - om at han kom over til Amerika, og at Jonas måtte koma til møtes med han for å losa han heim til seg. Det var langt å gå, og Jonas fann ingen Andreas slik avtalen var. Når Jonas var ute på leiting etter broren, var tida komen då den tredje av borna skulle koma til verda. Ho Brita, kona hans, vart sjuk og var åleine langt inne i skogen. Det var langt til folk og ingen telefon, og dermed ingen hjelp å få. Det viste seg so at Andreas hadde kome til Amerika noko tidlegare enn avtalt, og han hadde fare i det vide og breide og spurt folk og fenge hjelp. På den måten fann han fram til huset medan Jonas var ute og leita etter han. Då han kom inn i huset, fann han Brita liggjande i senga, og fødselen var kome godt i gang. Den som då laut vera jordmor, var han Andreas. Det gjekk då godt, og alt var over då Jonas kom heim. Åra gjekk, og dei fekk 6 bom. Utan å kunna seia noko fast årstal, so vart det bygt ei jernbana som skulle gå frå Duluth til Cloquet. Denne jernbana kom då til å gå gjennom den skogen som Tonas hadde kjøpt. Han fekk god erstatning for dette, og sidan so selde han heile skogen. Han hadde no lagt seg opp ein nokolunde god kapital som han let stå inne i fleire bankar. Grunnen til dette var at mange bankar hadde gått konkurs. Slik gjekk det og med nokre av dei bankane han hadde pengar ståande i, slik at han tapte ein god del. Verre var det med Andreas. Han nytta berre ein bank. Denne banken gjekk konkurs, og han miste dei pengane han hadde spart opp. Året 1918 braut det ut ein stor skogbrann. Det skal vera den største brannen som nokon gong har vore i Minnesota. Det var gneistar frå eit tog som gjekk millom Duluth og Cloquet, som tok fyr i den knuskturre skogen. Skogen brann og hus brann, ja heile landsbyar brann opp og mange menneskje miste livet. På grunn av den knuskturre skogen og sterk vind var det uråd å sløkkja. Huset til Jonas brann ogso, og folk strøymde til og hoppa på toget for å koma seg bort. Alt måtte skje i hu og hast, og minsteguten til Jonas - han Malvin - som då var eitt år gamal, hadde vorte gløymt att heime. Jonas greidde so vidt å springa etter han og koma tidsnok attende for å koma seg med toget. Både Jonas, Brita og dei 6 borna hadde no fenge plass på toget som køyrde i full fart gjennom den brennande skogen. Varmen var fæl, og etter ei tid tok det ogso fyr i den siste vogna på toget. Denne vogna var full av folk som då vart stuva

66


saman i vognene framanfor. I hu og hast vart so denne vogna kobla frå, og den vart ståande att på skinnegangen. Den kunne ikkje reddast, og toget køyrde so for full fart vidare. I toget framanfor - og som køyrde bort - sat Jonas med heile familien som kom seg velberga ut. Seinare bygde Jonas hus att for andre gong og denne gongen i Cloquet. Tanken var å busetja seg der for godt, men slik vart det likevel ikkje. I åra 1919 og 1920 rasa den sokalla «spanskesykja» i Europa og sameleis i Amerika. Det var ei vondarta influensa som gjekk over til lungebetennelse, og det fanst lite eller ingen middel mot den. Ein høg prosent av dei som fekk denne sjukdomen, strauk med. Kona til Jonas vart smitta, og ho døydde 3. februar 1920. Ho var då 36 år gamal. Ho vart gravlagd i Cloquet frampå våren. Grunnen til at det vart vår før ho vart gravlagd, var at frosten gjekk so djupt i jorda at det ikkje kunne gravast om vinteren. Difor vart det grave opp ein god del graver om hausten. Normalt skulle dette vera meir enn nok, men når denne pesten kom, vart det for lite. Jonas vart no sitjande att åleine med 6 born i alderen 3 til 12 år. Borna vart då sende og spreidde rundt om i andre heimar, og det er sagt at dei fekk mykje juling. Etter dette selde Jonas huset han hadde bygt for andre gong, og han og dei 6 borna reiste so med båt tilbake til Norge. Dette var i juli 1920, same året som kona døydde. Saman med dei 6 borna vart han no buande i Mykingtræet hjå foreldra sine, og han overtok farsgarden kring 1926. Jonas var no ikkje arbeidsfør, og garden var liten og brattlendt og gav f6r berre til 2 - 3 kyr, nokre sauer og ein del geiter. Med det som garden gav, og det han hadde spart i Amerika, levde han i Mykingtræet til han døydde året 1950 og vart gravlagd på Gjerstad kyrkjegard. Sidan har det ikkje butt folk i Mykingtræet. Her sluttar då historia om Jonas, men etterkomarane etter Andreas vart verande og er busette i Cloquet. Dei har besøkt Norge og heimetraktene av og til om sumaren. Malvin, den yngste av borna til Jonas og Brita og som berre var 1 år då toget redda dei frå brannen, var ein tur til Cloquet i 1981. Han fekk sjå stadene der foreldra hadde slite i mange år, og der dei som born hadde havt det både godt og vondt. Huset var der ikkje lenger, men slektningar etter Andreas fortalde at toget som redda dei, vart gåande millom Duluth og Cloquet like fram til 1960. Han fekk sjå og ta på dette lokomotivet som no berre stod der. Det var ei oppleving han seint vil gløyma.

67


Kristine Flesland:

FRÅFLYTTING Eg saknar lyset i grannestova, livsteiknet vinterstid Mørk og audsleg er staden no, der skinande lyspunkt stod Eg saknar liv opp i grannetunet, ser ikkje nokon der. Ansa vel lite del for kring nov, men merkar dei ikkje fer. Best å akta på lys som brenn og helsar i grannelag. Dei er stjerner me alle treng, men sløkte er saknad og tap. Best å verdsetja liv ein ser, og samspel i lita verd ikkje gløyma me syskin er, i fylgje på same ferd.

68


Henrikkes hushaldningsbok

Henrikke Landstad var prestefrue i Haus frå 1873 til 1887. Ho var gift med Wilhelm Magnus Landstad som hadde heile si prestegjerning i Haus. I prestearkivet som kom til Osterøy museum, låg ei lita skrivebok som ber Henrikkes namn. Dette er nærast ei hushaldsbok, som inneheld oppskrifter både på mat og klær. Henrikka Landstad gav også opp kven som hadde gjeve henne dei ulike oppskriftene. Nokre av oppskriftene ei daterte, og vi ser at prestefrua heldt seg orienter om rett skrivemåte etter kvart som den vart endra. Her fylgjer nokre av oppskriftene hennar.

69


SPEGEPØLSE 1903 6 1/2 Mark Oxekjød 3 1/2 Mark Fleskekjød noksaa fedt, malet to Gange og hakket godt med Rullekniven. En snau Mark skjært Flesk til Terninger maa helst lagt i Salt et Døgn. 5 Lod grovt finstødt Salt 1/2 Lod Peber og 1/2 Lod Nellik, 1 Muskatnød 1 toppet Theske Saltpeter 1/2 Pægle Sirup. Godt halvt Glas Rødvin og Cognac. Knader godt.

vand tilsidst. lidt Citronsskal er meget godt. Formen smøres og sættes straks i ovnen. EAU DE COLOGNE (ægte) Paa 1 Pæl Spiritus haves Bergamotolje, Lavendelolje og Citronolje, for 8 skilling af hver Sort, rystes vel om og staar til Det bliver klart.

ØLSUPPE 2 liter Melk, 2 strøgne Skeer Mel, 1 SÆBE TIL ULDVASK 1/2 pund guul Stangsæbe 1/4 pund Glas Baierøl. Sirup i Farin førend det Soda udkoger i 2 Potter Vand, til det er hvispes. Sættes over sterk Ild og hvispe vel smeltet, i Regnvand eller Elvevand. fra det er kaldt Brøndvand duer ikke. Af hvid Sæbe tages det halve af Sodaen, men er ikke OMELET saa god. 1 1/2 pægl god, lidt sur fløde vispes til skum; deri haves 4 æggeblommer, en spiseske hvidt sukker, lidt citronAMERIKANSK KAGE (Fru Krohns) 4 æg, 2 kopper dråber og carde- momme, 4 lod sukker, 2 kopper mel, 1/4 kop kogende hvedemel og så de stivslagne hvidde vand, 2 theskeer bagepulver, der haves tilsidst. Steges 3 kvarter. i den sidste halve kop mel; det kogende

70


VIGSLINGSTALE I MJØSDALEN 1891 Av «gamleklokkaren» Ole Nilsen Mjøs, 1844–1934 Ole Mjøs gjekk først Balestrand Lærarskule og vart lærar i Seim i 1866. I 1870 vart han konstituert i faren sin lærarpost i Hosanger. I 1880 tok han eksamen ved Stord Seminar, og frå 1. januar 1889 vart han også sett til klokkar ved Hosanger kyrkje. Han hadde klokkar- og lærarposten til 1915. – Denne talen heldt han ved vigsla av skulehus nr. 2 i Mjøsdalen i 1891. .

«I det vi idag træde ind i vårt nye skolehus, maa vi vel sige, at det har sine fordele fremfor det gamle. Men vi bør ikke glemme at huset kun er et middel til opnaaelse af et maal. Hvad er da maalet? Maalet er det samme som for folkeskolen i det hele, nemlig at medvirke til Børnenes kristelige opdragelse og meddele dem den almende dannelse, som bør være fælles for alle samfundets medlemmer. Skolen skal medvirke til barnenes kristelige opdragelse, og spørge vi hvem skal deri virke sammen med, saa er svaret: Den skal virke sammen med hjemmet. Her forudsættes altsaa, at der i hjemmene er en kristelig opdragelse, at børnene i husene bliver opdragne til gudsfrygt, sædelighed og arbeidsomhed. Hvor der hjemme i huset ikke øves nogen opdragende virksomhed, der overlades barnet til sig selv og man nøies med kun at sørge for det legemlige behov ved at give det mad, drikke og klæder, men forøvrigt ikke bekymrer sig om dem - eller istedetfor at opdrage dem, nedbryder ved ord og exempel hvad skolen søger at opbygge, der har skolen ikke noget at støtte, og slige hjem er heller ikke, som det skulde være - en støtte for skolen. Naar livet hjemme søger at nedbryde, det skolen skal opbygge, da siger jeg, skolen har saare kummerlige udsigter. Vi har sagt at barnet skal faa en kristelig opdragelse, dertil hører først og fremst en sand kristelig oplysning. Skolen skal fremstille den kristelige lære saa, at den kan gribe hjertet og bære frugt for livet. De kristelige sandheder maa gjøres tiltalende for de unge, saa de faa lyst til at leve efter dem. Dette er det første og fornemste skolen skal stræbe til baade ved ord og gjerning, thi det maa vel indrømmes af alle, selv om man altfor lidet leve i overenstemmelse hermed, at det nytter lidet for et menneske, om han vinder den hele verden, men tager skade paa sin sjæl. Det er til lidet gavn, om Vi har nok saa mange kundskaber og færdigheder, naar vi ikke har hjerte til at bruge dem ret i Guds tjeneste, til hans ære og i den kristne oplysnings tjeneste, naar vi kun søge vor egen ære eller grave os ned i verdens tjeneste og glemmer det ene fornødne. Men ved siden af denne oplysning skal skolen ogsaa meddele barnet saakaldt

71


verdslige kundskaber og færdigheder, t.ex. skrivning, regning, geografi, kjendskab til naturen og til vort folks historie. Disse fag har man hidtil lagt altfor liden vægt paa. Men dog er denne oplysning ogsaa nødvendig for os, dersom vi skal være nyttige medlemmer for os selv og andre i det samfund, som Herren har sat os i her paa jorden. Og gaar der en kristelig aand gjennem lærernes undervisning, da vil barnet faa se at ogsaa dette er en udstraaling af det evige lys.»

Kristine Flesland:

POENG FOR OMSUT Du får poeng for di omsut, det er vedteke no! Var det ‘kje det du visste, du tok den sak så med ro? Du fekk poeng med det same, noko du gøymde i barm. Kjensla å vera til nytte gjorde deg rik og varm. Difor er nemnder seine med lovnad om omsut-poeng. Mange har fått dei, åleine i vaking ved barneseng. Mange har fått dei i slitet hjå hjelpelaus, sjuk og arm, fått dei som takk og lovord for leitande velgjerdsarm. Det er poeng for omsut, trengst ikkje vedtak for. Det de har gjort for dei minstei finare bøker står.

72


OSTERØY MUSEUM - EIN LIVSKRAFTIG INSTITUSJON I SITT 70.DE ÅR Av Randi Andersen Osterøy museum fyller 70 år i 1990, og soga om museet er like lang. Her skal vi berre rissa opp nokre hovudpunkt: Gjerstad fråhaldslag tok initiativ til museet, som vart skipa i 1920. Forntun, som museet vart heitande, fekk kjøpt seg eit stykke på Gjerstad og laget gjekk i gang med å samla inn bygningar og gjenstandar. Det skulle gå mest 10 år før det første huset sto ferdig. I 1930 vart arbeidet med Solbjørstova avslutta, og laget hadde nå både hus og samlingar. I løpet av dei neste 20 åra vart dei aller fleste husa som står på tunet i dag sette opp, alle tilflytta frå andre gardar. Eitt av dei store krafttaka var Fjellskålnesloftet. Dette huset som opphavleg var sett opp på Seim i Lindås i 1656, har ei omflakkande historie. Loftet vart flytta til Fjellskålnes berre ein mannsalder etter at det var ferdig. Her sto det i vel 300 år til Fortidsforeininga fekk tak i det og sette det opp på Bergensutstillinga i 1898. Så fekk huset kvila i 50 år i ein kjellar på Historisk museum, til det endeleg kom på plass på Gjerstad i 1950. Fram til 1975 vart museet drive ved innsamla midlar, dugnadsarbeid og kommunal støtte. Dette året vart eit skilje; museet kom med på tilskottsordninga for halvoffentlege mus, og var sikra ei jamn årleg løyving. Drift og løner til dei fast tilsette vert nå dekka av Hordaland Fylkeskommune, men framleis er dugnadsinnsats ein viktig faktor for museumsarbeidet, tilliks med kommunal støtte. Byrjinga av åttiåra var prega av arbeidet med Revheimstova som sto ferdig i 1983. Denne store lemstova frå Revheim vart planlagt og bygd med brannsikker kjellar som inneheld magasin, arkiv, verkstad, kontor og konserveringsrom. Dette var eit økonomisk løft museet aleine ikkje var i stand til å bera. Norsk Kulturråd og Hordaland fylke sto for dei største tilskotta. Osterøy kommune skaut inn midlar til arkivrom for kommunearkivet. Nybygget var eit stort steg framover. Ein tur inn i magasinet og arkivet viser den store innsatsen som er gjort, både med dokumentasjon, ordning og konservering av gjenstandane. Men det er inga enkel kunst å planlegge for framtida, særleg ikkje når ein må ta omsyn til økonomien. Alt få år etter at huset

73


Frå museet på Gjerstad. Hesa i framgrunnen vart sett opp i samband med «Liv i gamle stover" i 1987. Bak Fjellskålnesloftet.

var reist, viste det seg at plassen var for liten. Arbeidstokken har auka dei siste åra. Museet har i dag fire faste stillingar, tre på heiltid (to handverkarar og ein museumsstyrar) og ei på halv tid (museumsassistent). Hausten 1988 vart eit lite kontorbygg med to arbeidsplassar sett opp. Dei siste åra har også arbeidsoppgavene vorte utvida. For nokre år sidan fekk museet Garverimuseet på Valestrand i gåve hjå Fortidsforeininga. Osterøy museum har også teke over det daglege administrative og faglege ansvaret for drifta av StiftingaHavråtunet. Alle tilsette på museet arbeider såleis også for Stiftinga. Her står oppgavene i kø; bygningar treng ettersyn og det same gjer landskapet. I år har slått og rydding vore høgt prioriterte oppgåver. Ei viktig tilvekst til samlingane er smia hjå Magnus Mjelde i Mjeldalen. Denne smia, som er like gamal som Magnus, vart sett opp av faren, Mons Mjelde. Smia er like velutstyrt og i stand som då faren dreiv her fram til 1970.

KVA GJER FOLK SOM ARBEIDER PÅ MUSEET? Dette spørsmålet får museumsfolk rett som det er. Særleg lurar mange på kva me driv med når museet er stengt. At hus vert reiste er konkrete og tydelege oppgåver, det andre arbeidet er ikkje alltid så lett å få auga på. 74


Museumsarbeid er som ein primstav - med ei sommarside og ei vinterside. Sommaren går med til omvising, slått, vøling/bygging av hus - i det heile det som er tydeleg for alle. Vinterarbeidet er meir skjult, men like viktig. Muse har generelt ei tredelt oppgåve: ta vare på og dokumentere, forske og formidle. Eller sagt på ein annan måte: muse skal ta vare på ting og samla inn opplysningar om dei, leita fram ny kunnskap gjennom målretta innsamling og forsking, og gjera samlingar og kunnskap knytta til samlingane kjent for ålmenta. Dei fleste museumsfolk finn det vanskeleg å fylla alle desse oppgåvene. Oftast vert dokumentasjon og vedlikehald prioriterte, dette er tilbakevendande arbeid som ein sjeldan kjem ajour med. Og det er viktig arbeid. Museet skal vera eit minne både for i dag og i morgon. Formidlinga er eit viktig felt; berre gjennom denne kan ein visa kva som vert gjort og kvifor. Formidlinga skal helst tilpassast brukarane også. Og kven er så dei?

KVEN GÅR PÅ MUSEUM? Osterøy museum er først og fremst eit sommarmuseum, vinterstid er det lite kjekt å gå inn i dei råkalde husa. Dei mest trufaste brukarane er skuleelevane som kjem vår og haust. Museet har då også eit undervisningshefte utarbeidd av Leif Vatle retta mot denne brukargruppa. Frå i år av har museet eit skuletilbod også vinterstid. I juni i år sto skulehuset frå Kleiveland ferdig på Gjerstad, med varme og lys og fullt utstyr. Dette er eit steg på vegen til å verta heilårsmuseum. Sjølv om skulen høver godt for elevane, er det eit fint lokale også for andre. Ein del lag og organisasjonar er også flittige brukarar, sjølv om museet gjerne såg dei nytta oss meir. Som tidlegare år har museet hatt besøk av folk som reiser i grupper. Det er tydeleg at Osterøy er eit attraktivt turmål. Det er elles gledeleg å merke at stendig fleire av ostringane finn vegen til museet - ein søndags ettermiddag eller ein annan dag i veka. Og når ostringane får besøk frå inn- eller utland, tek dei gjerne besøket sitt med på museum. Mange søkjer til museet ikkje for å få omvising, men for å få opplysningar. Særleg i år har kommunearkivet vore flittig brukt av folk som vil veta meir om skulane rundt i krinsane. Museet oppbevarar også anna lokalhistorisk arkivmateriale, som lags- og organisasjonsarkiv. Andre brukarar kan vera ute etter opplysningar om enkeltgjenstandar, bilete eller gode råd for konservering og bevaring.

75


Gamle hus med torv og mose på taket skapar ei trollsk stemning. Frå Osterøy Museum.

EIT KULTURELT MANGFALD «Liv i gamle stover» er museet sitt største formidlingstiltak. I samarbeid med Osterøy Husflidslag og Osterøy dans- og spelarlag har dette vorte halde annankvart år. I år var kommunen og skulekontoret ein aktiv deltakar og arrangementet gjekk inn som ein del av den offisielle skulefeiringa. Vel 1500 menneske var innom museet dei to dagane. Den første dagen var særleg høgtidleg. Då vart omgangsskulen avvikla og den nye skulehuset opna av ordførar Erling Raknes. «Liv i gamle stover» vender seg til store og små. I kvar høgd og kvar krok i husa sit det folk som viser korleis gamalt og nytt handverk- og husflidsarbeid kan gjerast. Det er mat å få kjøpt, det er kunnskap og leik som vert formidla. Ikkje rart det dreg til seg folk også frå andre stader! Slike einskildtiltak står det ei mengd av frivillig innsats og arbeid bak. Dette kan ikkje verta anna enn høgdepunkta for museumsarbeidet. FRAMTIDSPLANAR Det er nok av ynskje og oppgåver som ventar i framtida. Alt kan ikkje gjerast, og noko må prioriterast framfor andre ting. Museet vil måtte arbeide for å løysa plassbehovet i dei næraste åra. Dette vil likevel ikkje stenge for anna arbeid. 76


Museet vil også måtte tenkja gjennom kva ein skal satsa på av minne frå fortida - med tanke på at alt vert historie ein gong. Her er ein alt godt i gang. Med trygg grunn i det arbeidet som er gjort tidlegare med å attskapa eit gardsmiljø på Gjerstad, har museet dei siste åra vendt seg mot handverk- og småindustri. Det varierte næringsgrunnlaget på Osterøy i dag har rot i fortida. Mest alle stader i bygdene finst spor etter desse aktivitetane som anten var hovudnæringa eller attåtnæring til eit gardsbruk. Låsefabrikken, Sme-Nils-smia og smia i Mjeldalen er eit resultat av slik målretta arbeid. Museet har alltid vore avhengige av folk si interesse og velvilje. Så godt som alt som finst i samlingane er gåver. Når ein står framfor eit jubileum, vonar ein sjølvsagt at denne interessa må halde fram. Men kontakta med folk flest er - trass i alt - det einaste som kan halde museet levande i lengda. Det største ynskje for dei komande åra må verta at folk tek museet i bruk.

77


HOSANGER SOGELAG Hosanger Sogelag vart skipa 28. sept. 1935 og hev såleis vore meir eller mindre aktive i over 50 år. Dei siste åra hev i kring 50 personar vore med i laget. Dei høyrer heime i tidlegare Hosanger kommune sine område frå Bysheim til Kleiveland, nokre også frå nordsida av Osterflorden. I 1950 gav laget ut boka «Hosanger kyrkje og prestegjeld gjennom 200 år». Denne boka kom ut i nytt opplag i 1982, då med eit tillegg om dei siste 30 år. I 1967 var «Ættabok for Hosanger» ferdig og kom ut i 2 store bind med til saman 1398 sider. Bøkene vart utselde og kom i nytt oppdatert opplag i 1988. No i 1989 hev laget gjeve ut «Skulesoga for tidlegare Hosanger kommune» av Edvard Halvorsen. Ættebøkene kostar kr. 400,- pr. sett. Boka om Hosanger kyrkje kr. 100,- og Skulesoga for tidlegare Hosanger kommune kr. 100,-. De kan få kjøpa bøkene hjå Aasmund Tveiten, Hosanger, tlf. 39 30 15 eller hjå Helga Hjellvik, Fotlandsvåg, tlf. 39 50 89 eller hjå Olav Meltvik, Tyssebotnen, tlf. 39 52 27. OSTERØY SOGELAG Osterøy Sogelag vart skipa i 1986 og har såleis ikkje så mange år bak seg. Føremålet til laget er m.a. å vekkja interesse for lokalhistoriske tiltak og arbeida for å sikra historisk kjeldestoff, føra vidare arbeidet med gards-og ættebøker og gje ut lokalhistoriske skrift. Førebels har ikkje laget kome så langt i alt dette, men laget har gjennomført ei innsamling av munnleg tradisjon. Det har vorte teke opp intervju på kassett med utvalde, eldre ostringar som har særskild kunnskap om ulike lokalhistoriske emne. Dessutan er me i gong med å føra dei gamle ættabøkene for Haus kommune fram til i dag. Det vert gjort slik at den gamle boka for Gjerstad sokn vert trykt opp att slik ho låg føre kring 1950. Dei som har kome til etter den tid, vert førte opp i ei tilleggsbok som både vil ta for seg Gjerstad sokn og Haus sokn. Slik vert den gamle Haus kommune på Osterøy ført fram til i dag. Innsamlingsarbeidet skal gjerast vinteren 1989-90, og vel 40 personar er med på dette arbeidet. Elles har sogelaget vedteke å gje ut ein skriftserie der me vil gjera kjent lokalhistorisk stoff frå Osterøy; minnestoff, arkivtilfang m.m. Fyrste hefte er i arbeid og vil liggja føre neste år. Osterøy Sogelag har kring 40 medlemer og har plass til fleire.

78


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.