Page 1


1


Osterøy i soge og samtid Sogeskrift for Osterøy

Utgjevarar: Osterøy museum Osterøy Sogelag Hosanger Sogelag Osterøy 1990


Osterøy i soge og samtid Sogeskrift for Osterøy 1990 Utgjevarar: Osterøy museum 5250 Lonevåg. Osterøy Sogelag 5240 Valestrandsfossen. Hosanger Sogelag 5256 Tyssebotnen. Trykk: A/S John Grieg. Trykt på 100 gr G-print. Grunnskrift: Dutch 10/12. Framsida: Høgeheimshytta på Høgafjellet. Foto: Einar Hjellvik.


Innhald: Føreord ...........................................................4 Olav Meltvik:

Høgeheimhytta i Høgafjellet. ...........................5

Sigurd Løtveit:

Minne frå mellomkrigstida.............................18

Anna Østerbø Kåstad:

Om mobiliseringa 9. april 1940 og framover ..27 Dagbok frå 1940 – Nils Østerbø.....................35

Jørgen Tveiten:

Frå ei forteljing om livet i tyske tukthus under ... krigen......................................................55

Torvald Stokke:

Tyfoid feber på Osterøy 1864.........................63

Lilly Småland:

Helsestell i Osterøy Frå eldre tider og fram til 1980-åra .................72

Geir Kleiveland:

Svartedauden på Osterøy ...............................83

Signe Mjelde Nordås:

Presten og hagen............................................91

Eivind K. Rundhovde:

Garveridrift på Rundhovde ............................94

Ola Tveiten:

Dannebrogsmannen .....................................103

Gunnar Binningsbø:

Frå dagboka til lærar H. Binningsbø ............105


Føreord «Osterøy i soge og samtid» kjem i år ut med fjerde årgangen, den andre med dei noverande utgjevarane. Som åra før er målsetjinga at dette skal vera eit sogeskrift med trådar fram mot samtida. Også denne årgangen av «Osterøy i soge og samtid» dekkjer mange ulike tema. Men i år har me med mykje stoff frå krigen, då det i år er 50 år sidan krigsutbrotet i Noreg. I det høve har me fått høve til å trykkja bidrag frå to som stod sentralt i den lokale administrasjonen, lensmann Mugaas i Hosanger og ordførar Nils Østerbø i Hamre. Dessutan har Jørgen Tveiten skrive ned minne frå dei åra han sat som fange i Tyskland. Dei gjev frå ulike synsvinklar glyttar av korleis krigen arta seg for vanlege menneske. Det skriftet me sender ut i år, er det mest omfangsrike som har vore gjeve ut. Det viser seg at her er svært mykje lokalhistorisk stoff frå Osterøy, og reaksjonane så langt har vore at folk tykkjer eit slikt skrift har sin plass mellom alle dei bøker og hefte som vert gjevne ut. Å få til eit sogeskrift som «Osterøy i soge og samtid» krev at der finst personar som kan og vil skriva. Skriftstyret vil difor takka alle som har hjelpt til med stoff til skriftet. I fjor fekk sogeskriftet ei overveldande mottaking, og me vonar det også i år vil vera til glede for alle som er interesserte i kva som har skjedd i lokalmiljøet før oss. Skriftstyret for «Osterøy i soge og samtid». Randi Andersen Osterøy museum

Olav Meltvik Hosanger Sogelag

Geir Kleiveland Osterøy Sogelag


Høgeheimhytta i Høgafjellet. Av Olav Meltvik Dei sprekaste ostringane hev vel gjerne teke turen opp på Osterøy sin høgaste fjelltopp, Høgafjellet 869 m.o.h. Då hev de vel og gjerne vore ved den trauste hytta som høver så naturleg heime i terrenget murd av gråstein som ho er. Me frå Tysse, som hev Høgafjellet i vårt nærmiljø, hev ofte hatt den gleda å få koma inn i denne trivelege hytta. Ja, me hev gjerne fenge overnatta der òg. Det kan vera ei ugløymande oppleving ein fin sumarkveld å sita framføre hytteveggen og sjå sola gå ned i havet. Sjå blinkande fyrlykter ljos frå store skip og mindre småbåtar og frå mange bygdelag. Storfelte utsyn kan eg òg lova deg at du får om du ruslar vidare oppover dei gråe svaberga med grøne grasbelte innimellom til du kjem til Høgafjellsvarden. Ein klårffisdag kan du sjå Osterfjorden blank og still som eit speil, med nes og vikar og bygdelag der fjorden før var veg mellom frendar. Lyfter ein augo og ser over fjella utover, ser ein havet, og snur ein seg er der blånande fjell så langt auga rekk. Lengst mot sør kan me sjå Folgefonna.

På Høgafjellet No kvil deg fot, lat augo vandre i storfelt utsyn her frå fjell kring himmelranda til dei andre topp og tindar blånande mot kveld. Lat sjel og sinn få kvila i den sæle ro som slike utsyn gjeva kan der dei fagre landskap til oss smila i vårt kjære fedreland. Sit trygt i ro, lat tanken drøyma og sviva høgt som lette sky. Var vegen tung du snart vil gløyma og verta rein og lett i hug på ny.

Men lat oss venda attende til Høgeheimhytta. Her hev me så mange gonger søkt ly når vind, regn og skodda kjem på sauesankarar eller andre fjellfolk. Lat oss sjå litt på soga til hytta, for ho er ikkje av ny dato, men godt opp i 90-åra.

5


Til Tysse kom det midt i 1860-åra ein som var på leiting etter eit fossefall. Det var Wollert Ludvig Hille. Han sikra seg vassrettar og starta mylnedrift i 1866. Det var sønene til Hille som i 1895–96 fann ut at her oppe i fjellheimen var ein fin stad for ei hytta. Frå Tysse og opp i Høgafjellet er der 3-4 timars gange, og dei tykte det kunne vera fint å ha ein stad dei kunne overnatta når dei først var komne så høgt i fjellet. Den tida var der mykje rjupa og anna småvilt i fjella her, og dei lika å gå på jakt. Kor mange som var medeigarar i hytta frå først av er noko uklårt, men Sigurd Hille (1870–1957) ser ut til å ha vore hovudperson her. Brørne Wollert og Eivind Hille var òg med og kan henda fleire. Det var gardbrukarane på fjellgarden Tyssebotn som murde opp hytta. Ole Nilssen Tyssebotn (1839–1927) og sonen Arne O. Tyssebotn (1865–1958) og svigersonen til Ole, Isak Johannesen (1854–1939). At dei hev gjort eit godt murarbeid, er noko alle kan sjå. Dei måtte nok transportera stein frå områda rundt i kring, og dei hadde lite hjelpemidlar. Trearbeidet, tak og golv, dør og vindaugo, hadde dei mylnesnikkar Anders Olsen Haugen til å gjera. All material utanom gråstein måtte berast opp frå Tysse. Hytta hev truleg vore ferdig i 1897, dette årstalet står på ein gamal vimpel. I Christine Hille Svensson si eiga er ei gamal hyttebok frå 1898.

Her står litt om korleis dei litt etter kvart innreidde hytta. Me kan sjå at dei hev vitja hytta alle årstider. Mest ved å ta «dampskibet» Arne til Tysse og gå opp herifrå, men òg ved å ta tog til Stanghelle og båtskyss til Grøtå. Vinterstid, så tidleg som i januar, kunne turen frå Grøtå til Høgeheimshytta verta «strabasiøs». På andre årstider gjekk turen lettare. Me siterer litt frå ein tur 8. oktober 1898:

6


Reiste fra Bergen med toget kl. 7 morgen og kom til Stanghelle i strålende veir kl. 10. Oppstigningen gikk udmerket, lidt tåge til slutt. Kom til hytten kvart over 2 middag. Til middag fikk vi deilige ryper skutt av Aksel Hille og Arne Tyssebotn. Rundskuet fra toppen av Høgafjellet var storartet. Sørgelig at måtte forlade dette herlige sted."

Ein gjest eit par dagar før skreiv m.a: «Fint veir med en så intens klar luft som vi aldri før har seet mage til.»

Me finn mange både kjende og ukjende bergensnamn i denne gamle gjesteboka, slik som Chr. Mehren, Agnar Salvesen, Claus Gundersen, Jacob Boysen, Tryggve Jersin, Greger Helland, Jan Fasmer og Christian Reusch. Av kvinner hev Emelie Hille hatt med Petrea og Louvisa Bødker. Men ein av dei som hev vore her mest og som hev skrive og ikkje minst teikna mykje, er forfattaren og malaren Johan Christian Koren Wiberg. I Gyldendals leksikon finn me m.a. om Koren Wiberg: Grunnlegger av Bergen Kunsthåndverkskole i 1909 og leder av Hanseatisk Museum, utgav plansjeverk der han i tekst og bilder beskrev det gamle og det nye Bergen.

Me hev fenge lov til å bruka nokre av desse teikningane som gjer denne gamle hytteboka ekstra verdifull. Koren Wiberg var ein barndomsven av Sigurd Hille. Dei vaks opp i same gata, og venskapet varde livet ut.

«Øvregatsgutter». F.v. Fredrik Anthonisen, Sigurd Fasmer Hille og Chr. Koren Wiberg på Tysse i 1943. Utlån: Christine Hille Svensson

7


Høgeheimhytta slik ho stod kring 1900.

Utlån: Christine Hille Svensson.

Arne og Severin Tyssebotn var faste berarar når desse fyrste hytteeigarane med vener skulle til fjells. Dei fungerte òg ofte som kokk i hytta. Mjølk bar dei opp frå fjellgarden Tyssebotn, og «rømmekolle» var ofte på matlista, gjerne

«Jeg stirrer mod Kløfterne, hvor veien kommer fra Dalen. Den 3die Rømmekolle er fortæret. Kl. er 5. Jeg venter Arne. Temperaturen 290 Reamur i Solen. Og sålunde sad jeg som Marius på Karthagos Ruiner.»

8


«Hvem kjenner ikke Arne af oss Høgafjeldsportdyrkere?

fleire gonger for dagen. Arne var òg leiar for «karavanane» når material og utstyr til hytta skulle oppover. Ofte skriv dei at Arne vekte dei med varm kaffi og serverte deilig frukost. Den trauste Arne Tyssebotn er ofte nemnd i hytteboka, me siterer her frå eit avsnitt skrive av Koren Wiberg: Hvem kjenner ikke Arne af oss Høgafjeldsportdyrkere (mig selv iberegnet). Hans elskverdige væsen, hans uomstødelige tro på godt veir, hans utrettelige ben vil vi alle beholde udi takknemlig erindring."

Her kan me lesa om fisketurar til vatna rundt i kring, Øvrebotnavatnet, Fjellbotnavatnet, Strupedalstjønna, Ljosavatnet, Nardalsvatnet. Dei bar fisk i Rundetjønna og andre tjønnar i Ljosavassdalen. Sigurd Hille bar òg fisk i Ljosavatnet i 1897. 3. september 1897 hev hyttegjestane saman med Isak og Arne Tyssebotn vore og reinska utløpet frå Nardalsvatnet mot nord. Elles skriv dei om lange skiturar innover Veafjellet, over Bukksteinfjellet

9


«Kl. 6 skimtedes gjennom Tågen en Karavane. Lydløst skred Toget oppover mod Hytten. Den medbringer Hr. Fasmers solide Veggpapp, rigelig med Proviant samt Skråtobak.»

og ned til Bukksteinvatnet over til Toskedal og utover til Moen og over Kleivelandsvatnet i måneskin til Tysse. Der overnatta dei og for så til Høgeheimhytta att. Litt poesi finn me òg: Til Høgafjellets hytte skjærtorsdag i april 3 mand ville oppflytte til gammen og til hvil. Fra byens røg og søle med «Arne» vekk vi fôr. På Tøsse fikk vi føle en gjestfrihed så stor. Aprilveret oss narret de første dage to. Men derpå vi erfaret lidt solskin kan du tro.

At det var Sigurd Hille som var hovudeigar av hytta skulle gå fram av noko eg her siterer frå hytteboka skrive av Koren Wiberg: «Ved min afreise har Haugen og Arne fået de nødvendige instrukser til den gjenstående del af arbeidet. hytten vil, dersom min plan af Sigurd blir godtaget, mangle: 1. På kjøkkenet: et bord og 6 stoler 2. Dekorationer over panelet, samt 3. gangs maling af veggen og panelet. 3. Et kaminspeil. 4. 2 jernlysarme (tegningen hos Sigurd) 5. En hylle 6. Et pibebord 7. Gardiner.

10


Disse resterende poster fåreslår man herved at blive efterhånden at anskaffe eller udføre af oss, vi mange der har nydt så meget godt på Sigurds gjestfrie høyfjeldssanatorium.

Der hadde i dagane før kome fleire karavanar frå Tysse med ullpapp og ymse material og maling. Isak Tyssebotn murde peis «i det store verelse på søndre tverrvegg». Wiberg: Som bevis på hvilke voldsomme virkninger livet her i fjellet kan have, tør følgende episode tjene. I morges da undertegnede hevede sig fra dynene, trådte Arne frem, bøyede sig ned og iagttog med megen opmerksomhed den mellomste del af min person og udbrød:

«Da va ein styg Maje Du heve.»!

Av dei mange humørfylte historiene frå dagboka tek me med «Skisporten». Skisporten: Rundt om hytten ligger endnu de deiligste bræer, lange og hårde. Man risikerer intet.

11


Sublim ick! Ah, hvilken genial tanke. Men Ski? Man måtte formodentlig ha ski. Det havde jeg ikke tenkt på. Nå ja, to trestykker « kunne gjøre samme nytten. istedenfor den traditionelle »forbinding" anbringes to pumpespigre med fodslengde mellom hver. På veien innover høyderne påtraf man intet af særdeles interesse. To smaler såes i ngen afstand fra den historiske bræ hvor skirendet skulle foregå. Plutselig forsvandt begge smaler. Frygten for at det måske ikkje var smaler begyndte at gjøre sig gjeldende. Måske gauper eller jerv. Det kunde bli lidt ubehageløig. Våpen manglede. En tobakspibe og en slet skrå fra Mohns fabrikk kunde måske anvendes som prosjektiler, samtidig med et «naturlig talt» skudd vilde ubesterne måske fortrekke. Speidende i kikkerten til alle sider nærmede jeg mig stadig bræen.

Snart var toppen nået. Jeg tog ligervis som Moses på Sinai Bjerg mine lauparsko af og takkede Guderne fordi de kjære venner, Sigurd og Agnar og de andre sterke mend var langt borte. Ja, Gud være lovet fordi de ikke så gamle Koren i hans nederværdigelse og dybe skam. Ingen af dyrene var at se. Formodentlig en øyenforblindelse. I den lette fjelluft kan man så lett ta feil og rette smed for bager. Nogle kampesten var der ganske visst, ingen rovdyr. Stillferdig blev skierne satt ned øverst på bakken. Fødderne plasseredes nøyagtig mellom pumpespigrene.

12


Ned-over bar det. Stolt syn" Som en vind nedover nciedes den første afsats på bræen. Plutselig dukkede to hoveder opp bag bræen. Hurtig lagdes skierne om på bagbords side, men ak! At stå på ski kunde vel gamle Koren; men styre? Som om intet var forefaldt ruslede begge skiene side om side nedover den lige vei, mens Koren -

- forsvandt i afgrunden. Der var lidt vådt dernede. Bagdelen (han faldt heldigvis på den) kjendes meget fugtig. Bræerne pleier jo at holde en sån liden myr nedenfor heldet. Der sad han.

Plutselig steg de to hoveder op ved brækanten. Herre Jimini, det var smaler. Da gamle Koren var blit enig med sig selv om hvem af de tre væsener der var den største

13


smalen, gikk han hjem til hytten og reparede skaden i en lun tørdok. Jussom tørken var over, da kom Arne.

Etter kvart som Hille-brørne gifte seg og fekk eigen huslyd, vart det mindre tid til fjellturar. Forretningar og familie opptok tida. Likeins vart det vel òg med dei mest trufaste hyttegjestane. Frå 1910 - 12 og utover vart hytta ståande for det meste tom og utan tilsyn. Ut i 20-åra spurde Hille om Tysse ungdomslag ville overta hytta, men dei

Høgeheimhytta ca. 1928. Anders Herland sagar ved. F.v. vidare Asbjørn og Peder Herland og Tryggve Nilssen. Utlån: Kjell Nilssen.

14


planla bygging av ungdomshus og rekna med at all fritid og dugnadsinnsats ville gå med til dette. Anders Herland saman med sønene Peder og Asbjørn og Asbjørn Boge og Lars og Nils Tyssebotn overtok så hytta. Siste åra hadde hytta vore open, så sauene gjekk inn og ut og v& og vind hadde fare ille med trematerialane. Over fleire år vart så hytta sett i god stand att. Bygdefolka i Tysse-bygda fann no ofte vegen til Høgeheimhytta. Serleg omkring 1930 tok store flokkar av tyssingar sundagstur i Høgafjellet. Dei kunne ha med seg både fela og dragspel på desse turane, som me ser av bileta frå denne tida.

Ved Høgeheimhytta ca. 1927. F.v. Anders Herland, Marta Herland, Alf A. Tysse, Gud Tyssebotn, Askild M. Tysse (med fela) og Harald Magnussen. Utlån: Kjell Nilssen.

Utover i 1930-åra og også etter krigen var hytta oftast full av folk i påskehelga. Var ein først oppkomen, var her oftast fint skiføre på denne tida. I bladet til Tysse ungdomslag, «Ostraguten», finn me eit dikt til Høgafjellet, som er skrive i 1930. Me tek med eit par vers som viser korleis folk nytta Høgafjellet: Ein helgedag i slåtten den kunne vera gild når tyssingane tidleg sette stemne mot Høgafjell - i staden for makleg ro og kvild, det var meir gildt enn her eg kan det nemne. Tri timars tid i annsam gang og strev det kosta nok å nå so høgt opp over det kvardagslege ståk og friske fine høgfjellsyner femne.

15


Spreke tyssingar ved Høgefjellsvarden ca. 1931. F.v. Olav Fossdal, Alf A. Tysse Asbjørn Herland, Klara Magnussen, Ragna Herland, Alf S. Tyssebotn. Utlån: Kjell Nilssen. På Høgafjell stend vår hytte, Høgheimhytta grå so lunt og fritt med flaggstong reist på tun. Å du, det er vel vent ei morgonstund å sjå når soli gyller fjellets vidd og hyttemøn. I takksemd heiser me vårt flagg til topp og lufti skjelv av hurrarop for vårt vene land med fjell og runn.

På slutten av siste krig braut Gestapo seg inn i hytta. Dei skaut sund låsen med ein handgranat, skaut hol i kjelar og kokekar og knuste og øydela. Granatsplintane gjorde òg skade inne. Truleg gjorde dei dette for at ikkje heimefronten skulle kunna bruka hytta. Det var Peder Herland som var drivkrafta til å setja hytta i god stand att etter krigen. Som den allsidige arbeidsmann han var, heldt han hytta godt vedlike og gjorde den trivelegare etter som åra gjekk. Såleis laga han i slutten av 50-åra ei lita ark på eine langsida slik at det vart ljosare og luftigare på hemsen. Seinare bygde han òg eit bislag på framsida. Taubane vart òg oppsett frå Øvrabotnavatnet. Peder stortreivst i fjellet og var alltid gjestfri og imøtekomande med fjellvandrarar. Sigurd Hille budde på Tysse på sine eldre dagar, og det vert fortalt at han av og til tok fram dei gamle hyttebøkene frå Høgeheimhytta og mintest ungdomsdagane. Han drog alltid på smilen når han såg på Koren Wiberg sine enkle teikningar. Interesse for Høgafjellet hadde han like til det siste. Eg

16


Peder Herland ved hytteveggen, 1965. Utlån: Maria Herland.

snakka med han nokre veker før han døydde i 1957. Då spurde han om eg nyleg hadde vore i Høgafjellet. Interessa hjå bygdefolket for fjellturar hev vore ulik opp gjennom dei siste 10 - åra. I kortare periodar hev mange funne vegen til fjells, men i dei seinare år er det færre ein møter på dei gamle stiane. Fjellheimen er den same, utsynet like høgt og fritt. Men om ein no sit framfor hytteveggen i skumringa ein kveld, ser me nok mange fleire ljos utover bygdene enn dei gjorde som sat der ved århundreskiftet. Ryper er her nok mykje mindre av no enn då. Ein kan gå heile dagen utan å sjå ein fugl. No hev ein ny generasjon overteke hytta, og me vil vona at dei i åra som kjem, vil taka vel vare på denne minnerike og verdfulle hytta her i fjellheimen.

17


Minne frå mellomkrigstida Av Sigurd Løtveit Osterøy i Soge og Samtid har bedt Sigurd Løtveit fortelja litt om det han minnest frå mellomkrigstida. Som ventande er, står arbeidsløysa og nødsarbeid sterkt i minnet. Arbeidsløysa er eit problem også for mange i dag. Sjølv om trygdestellet er betre utbygd, er nok kjenslene ved å stendig leita etter jobb dei same. Sjukdom og sjukehusopphald er eit anna sterkt minne. Tida då det kosta å vera sjuk, då mangelen på pengar til dokter og sjukehus var like trugande som sjukdomen, er ikkje langt unna. - Men Løtveit minnest med glede barndomsåra, sjølv om treskoa ikkje var det kjekkaste å gå i.

Ofte har me høyrt orda «Dei harde trettiåra». Lite har det vore av glyttar inn i desse åra, og mange har ikkje opplevd anna enn å høyra «dei harde trettiåra». Når eg no etter mange år som pensjonist stoggar opp og let tankane fara, so går dei ofte tilbake til barne- og ungdomsåra der oppe på Bruvikdalen.

PENSJONISTAR I DAG VAR BARN I 20-ÅRA Om me no gjekk tilbake til året 1920, og nokon tok turen til Bruvikdalen, so ville dei finna oss som i dag er pensjonistar. Dei ville finna oss i tresko, sokkar og leister. Heimespøta leister laut me ha utanpå sokkene, for elles ville treskoene gnaga oppå vristå. Ullsko eller støvlar av ler var dyre, og ettersom det den gongen var mange bom i ein familie, so vart det som regel den eldste av borna som fekk nye sko. Når dei etter ei tid vart for små, gjekk dei i arv til dei andre so lenge dei var brukande. Det var harde tider også i tjugeåra, og alt måtte sparast på. Mange gonger gjekk me inn og spurde far og mor om å få lov til å gå i lêrskoene ein sundag når vêret var fint, men laut ofte gå ut att med eit nei. Treskoene hang på oss seint og tidleg. Dei vart brukt for det meste året rundt, og vart det slik at me fekk nye om vinteren, so lurde me oss på hoggestabben og fjerna hælane. Dermed kunne me skreia på tresko. BERRFØTT 17. MAI-FEIRING Me hadde vår eigen skule med namnet Vassdal skule. Der gjekk me alle våre skuleår. Når våren kom og potetene skulle i åkeren, so vart dette avpassa slik at potetsetjinga alltid var ferdig til middag 17. mai. Noko tilstelling og feiring av dagen var der ikkje, men dei vaksne tok seg fri ettermiddagen og me 18


borna fekk då lov å setja frå oss treskoene, og me sprang berrfot. Då jubla me og feira dagen på den måten. Når me kom fram til konfirmasjonen, fekk me nye klær og sko, og etter konfirmasjonen kunne me gutane få gå med lang buksa. Til då måtte buksa ikkje koma lengre ned enn til kneet. Dette var vel mest for å spara både vask og buksetøy. Det var som regel heimevevd vadmål buksene var laga av. Jentene gjekk alltid med kjole eller skjørt. Det gjorde også yngre koner, medan dei eldre alltid hadde på seg ein svart fotsid stakk som også var heimevevd. Dei eldre gjekk også ofte med valk rundt hovudet, og med kvithuva utanpå. Kvinner brukte ikkje langbukse i tjuge- og trettiåra, men tidleg i førtiåra tok ei og anna langbuksa i bruk. Dette vart ikkje godt motteke av mange. Det var mest eldre mannfolk som gjekk til angrep på slikt.

«MÅ VÅRHERRE SLEPPA EI BOMMA NE I BOKSA PÅ DEI» Eg hugsar frå året 1941, eit møte i eitt av forsamlingshusa på Osterøy. Det var eit kristeleg møte, og ein ven av meg spurde om me ikkje kunne gå inn, når me no var på denne staden, og so nær døra. Me gjekk inn og der var mykje folk - og mange hadde ordet. Ein av dei eldre mannfolka gjekk på talarstolen og sa han hadde sett noko skræmeleg ein av dei siste dagane. Han hadde sett to damer gåande etter vegen i langbuksa. Han heldt ein tordentale omkring dette «usmakelege og usømelege», og når me då hadde krigen tett innpå oss i tillegg, so slutta han talen med å seia på godt osterøyspråk: «Æg vel be om at Vårherre må sleppa ei bomma ne i bokså på dei»-. Dette har han nok ikkje fenge Vårherre med på, som ventande var. STRAUM OG TELEFON TIL BRUVIKDALEN Går me attende til året 1932, so fekk alle på Bruvikdalen elektrisk straum det året. Telefon fekk me to-tre år tidlegare. Bergen Kommunale Kraftselskap (BKK) hadde ei høgspentlina og ei telefonlina frå Grøttå, over Bruvikdalen og til Bruvik. Det var desse stolpane me fekk bruka, og det var me ungdommane som då gjorde dugnad med å setja opp isolatorane, og det å strekkja opp ledningane og setja dei fast. Ein mann frå Televerket var med og rettleidde oss. Me kom rimeleg frå det på den måten. SMÅTT MED NYHENDE UTAN RADIO OG AVIS I åra før 1932 hadde ingen radio, og so langt eg veit var der berre to familiar som abonnerte på avisa. Det var ei Oslo-avis som kom ut berre ein 19


gong for veka, og som heitte «Ukens Nytt». Den var nokså tunn, men det var då noko - om ikkje so heilt nytt - å lesa. Mange fann ut at ei avis vart for dyr å ha, og at levemåten laut vera det fyrste. Før me fekk elektrisk straum, var det ein parafinlampe som hang i stova over bordet, og ein liten lampe på veggen i kjøkkenet. I tillegg hadde folk ei flaggermuslykt til bruk i floren. Lampane og lykta måtte brukast minst mogeleg. Parafinen var dyr, og måtte sparast på. Når dei som hadde «Ukens Nytt» skulle lesa avisa, noko som ofte laut verta om kvelden, so hende det at dei sette seg framfor omnsdøra. Dei opna då trekkholet i døra for fullt, og las avisa i lyset som då kom ut når det brann godt i omnen.

STORE BARNEFLOKKAR - LITA INNTEKT Barneflokkane var som regel store den gongen. Det var far i familien som var forsytar, og det var hans inntekt og det ein kunne få utav gardsbruket som skulle dekka alle utgifter. Mor var alltid heimeverande og hadde nok med husstell, barnepass, matlaging og det å stella floren. Gardsbruka gav ingen inntekt som ein stor familie kunne leva av. Fekk far i huset arbeid, so var det vegarbeid som vart sett i gang, og der hadde familieforsytarar fyrste retten på arbeid. Det vart ikkje mange akkordar som det heitte, for året. Det som var, skulle delast på alle som hadde familie, og det var mange om beinet. Dersom den eine fekk arbeid, kunne han rekna med at det ville vara i 14 dagar, til ein annan då overtok. Når desse 14 dagane var slutt, visste ingen kva tid neste gong vart. Det var inga arbeidsløysetrygd den gongen. Folk fekk berre gå og suga på labben og venta og vona at noko dukka opp, slik at det kunne verta nokre kroner å tena. TRYGDEKASSEN BERRE FOR DEI SOM HADDE RÅD Det var derimot ei sjuketrygdordning som var slik at for å få noko av trygdekassen, so måtte ein vera skriven og betalande medlem. Utan medlemskap vart ingen ting betalt, anten det galdt ei vanleg sjukemelding eller sjukehusinnlegging og operasjon. Dei aller fleste hadde ikkje råd til å stå som medlem i trygdekassen, og laut berre vona og tru at helsa ville halda, og alle vart verande friske. I dei aller fleste høve gjekk det bra, men det hende at folk vart plutseleg sjuke og laut i all hast sendast til sjukehus. LÅNA PENGAR TIL OPERASJON Eg hugsar ein familiefar som plutseleg vart sjuk ein kveld. Dokter vart henta same kvelden, og han fann ut at dette var ein livstrugande sjukdom, og 20


at mannen måtte sendast til sjukehus for operasjon - straks. Som vanleg var heller ikkje denne familien medlem i trygdekassen. I den store arbeidsløysa som då var, kunne det ikkje skaffast pengar til operasjon og opphald på sjukehus. I slike høve var det å gå den lange og tunge vegen til naboar og kjende for å låna - om dei då hadde noko å låna bort. Tida var knapp, og pengane måtte då fylgja sjuketransporten, og ingen visste kor stor sum som måtte til. Det hasta med å koma på sjukehus, og det var ikkje lett å reisa slik på det uvisse.

IS MOT VERKEFINGER Sjølv opplevde eg noko av dette i midten av trettiåra. Eg hadde under arbeid heime på Løtveit, fenge eit sår på fingeren. Etter nokre dagar var det betendelse, og fingeren var både vond og stygg. Eg hadde noko tidlegare høyrt ein gamal mann i Fotlandsvåg fortelja kva han gjorde i slike høve. Det han då gjorde, var å gå til meieriet etter is. Eg fann ut at eg måtte prøva, for «dette var det beste ein kunne gjera hadde han sagt. Eg måtte gjera alt eg kunne for å halda dokteren borte fordi eg var ikkje medlem i trygdekassen. Ettersom dette var om vinteren, var det ikkje vanskeleg å finna is på Løtveit. Eg la godt med is i eit vaskefat og sat med neven ned i isvatnet om dagen, og om natta låg eg på magen i senga - og då hang neven av seg sjølv ned i fatet på golvet. Slik gjekk det 2 dagar og 2 neter. Då gjekk det ikkje lenger. Eg laut reisa til dokter. TIL DOKTEREN LIKEVEL Eg tok med meg portemoneen min, der alle mine pengar var. visste heller ikkje kor mykje der var. Eg gjekk frå Løtveit til Olsnes å få nokon til å ro meg til Vaksdal, der det var dokter. På veger Olsnes rådde folk meg til å reisa til dokter på Dale, og ikkje til han Vaksdal. Eg fann ut at eg måtte reisa til Dale, men tenkte heile tide portemoneen, og at dette vart mykje dyrare enn eg hadde tenkt. Eg 1 til Vaksdal, og mannen som rodde, skulle koma bort att ettermiddagen til eit tog som då kom att frå Dale, for å henta meg. jernbanestasjonen kjøpte eg tur/retur-billett, for det var billegare, returbilletten var gyldig i 4 dagar. «DU MÅ KOMA ATT I MORGON» Då eg kom til doktaren - og han hadde brukt kniven nokså mykje, sa han at eg fekk ikkje reisa heim enno. Eg tenkte på pengane og sa at eg måtte heim. Då sa han: «Du kan ikkje og skal ikkje gå frå Olsnes til Løtveit med 21


dette. Det er alvorlegare enn som so, og du skal koma att i morgon». Det svirra rundt i hovudet på meg, men so kom eg på at ho bestemor og bestefar hadde besøk av eit eldre ektepar nokre år tidlegare, og eg meinte eg hadde høyrt at dei var i slekt med bestemor, og var frå Dale. Eg hugsa fornamnet til mannen, og etternamnet var Bruvik. Med det gjekk eg ned i gata og spurde folk om dei kjende nokon med det namnet. «Ja», var det ein som sa, og han viste meg huset. Der fekk eg koma inn, og når eg kom til dokter neste dag, fekk eg veta at eg skulle koma att dagen etter. Slik gjekk det også fjerde dagen, då det vart sagt at: - i morgon etter du har vore her, kan du få reisa heim. Eg visste då at returbilletten ikkje var gyldig lenger.

VANSKAR MED BETALINGA Då eg den femte dagen skulle reisa, sa eg til dei to eldre som hadde gjort alt det beste dei kunne for meg, at eg ikkje hadde rekna med noko slikt då eg reiste heimefrå. Eg hadde ikkje pengar nok - slik som dette hadde vorte. Eg sa at eg måtte få veta kva dei skulle ha, og so skal eg syta for å senda det til dei, utan å veta kvar eg skulle ta dei frå. Svaret var at dei skulle ingenting ha, og at det berre var kjekt å få gjera ei hjelp. Når eg so var ferdig hjå doktaren, laut eg ta opp att det eg hadde sagt til dei andre, og at eg måtte få veta kva han skulle ha, so skulle eg senda pengane. Han spurde då om eg ikkje var medlem i trygdekassen, og eg laut seia nei. Då ville han veta om eg hadde pengar nok til reisene heim, og dersom eg hadde det, kunne han få resten. Eg talde oppi neven noko, utan å veta kva ein enkelbillett til Stavenes kosta. So spurde han om eg var sikker på at eg hadde nok, og når eg meinte det var nok, so retta han ut eine handa for å ta imot resten. Eg veit ikkje kor mykje han fekk, men det var berre nokre småpengar som han let fara oppi ei lomma utan å sjå meir på dei. NOK PENGAR TIL HEIMREISA? Sjølv var eg mykje nervøs for om eg hadde nok til togbilletten, men eg greidde då og betala den. Eg hadde enno litt att, men eg skulle over fjorden frå Stavenes og. Stasjonsmeisteren på Stavenes hadde motorbåt, og tok ei krona for ein ekstratur over fjorden. På toget såg eg etter kor mykje der var att i portemoneen min, og der var det 82 øre. Då eg gjekk ut av toget på Stavenes, kom ein mann ut frå vogna framfor. Han skulle også til Bruvik, og dermed var det 50 øre på kvar, og litt etter sto eg på Bruvikkaien og hadde 32 øre i lomma, og alle fingrane var også med. 22


Ja, det var harde tider i trettiåra, men eg har høyrt sagt mange gonger seinare at kor gale det var i mellomkrigsåra, so vart det merkeleg nok alltid ei råd. Slik vart det også denne gongen. Det som skulle og måtte gjerast i desse åra laut gjerast med handemakt. Det var frå dei tyngste tak nokon kunne ta, og like ned til det å mala kaffien.

TUNGE TAK FOR SKULEBARN Det var ikkje berre foreldre med store familiar som sleit, og som ofte laut ta so tunge tak at i dag ville dei verta kalla for umenneskelege. Me som var barn den gongen laut tidleg læra å gjera nytte for oss. Me kunne få arbeidsoppgåver som slett ikkje høvde for den alderen me var i. Mange fekk oppleva dette den gongen, men best kjenner ein det som ein sjølv har opplevd, og tankane går då tilbake til rundt midten av 1920-åra. Far hadde då overteke garden etter bestefar. Garden var liten, og der det kunne veksa gras, der likte mosen seg best. Avlingane var små, og det fanst berre to-tre kyr og nokre sauer. Hest var der ikkje. Ein gong når det lei utpå etterjuls-vinteren, vart det høyløysa, og det laut kjøpast høy. Dette vart kjøpt i Bergen, og ein dag so kom der med Dampen 986 kg som me fekk leggja inn i ei løa på Bruvik. BROR MIN OG EG VAR HEST Ettersom far då hadde fenge arbeid på eit bygg som Borge Mølle skulle ha, og me ikkje hadde hest, vart det bror min, han Nils og eg som fekk jobben med å få dei store og tunge høyballane frå Bruvik til Løtveit. Dersom me skulle få nokon med hest til å kjøra høyet for oss, so kosta det den gongen 4 kroner for kvart 100 kg. Høyrekninga var stor nok frå før, og transportutgiftene måtte sparast. Nils var den eldste av oss, og me hadde enno ikkje avslutta folkeskulen. Det som vart kalla småskulen, gjekk over tre år og skuledagane var tysdag, torsdag og laurdag. Bror min og eg gjekk då på skulen måndag, onsdag og fredag. Me hadde fri same dagen. Dei dagane me hadde skulefri, skulle me bera høy frå Bruvik til Løtveit. Når me gjekk heimefrå ein slik dag, tok me med oss ein stor slede eller ei kjerra ettersom der var berr veg eller snø, og desse let me stå på høgaste Bruvikleitet. MED HØYBALLAR PÅ RYGGEN OPP GAMLEVEGEN Når me so kom til Bruvik, vart det først å dela ein høyballe i to, for so å setja strengane attpå. Då var børene klare. På ryggen bar me so desse 23


steinharde og baktunge børene opp gamlevegen frå Bruvik. Mange av høyballane var godt over 90 kg før dei vart delte i to. Vegen gjekk i mange svingar opp gjennom liene attmed der Bruvikelva kjem ned, og den var både bratt og tung, og det var ei veglengde på kanskje 2-3 km før børene kom på kjerra eller sleden. Det vart mange gonger å kvila før me kom so langt, men når børene var komne på sleden eller kjerra, vart me einige om at no fekk me kvila med me gjekk nedatt til Bruvik etter kvar si børa til, for so å dra alt i ein gong desse siste 6-7 km som då var att. Gamlevegen nordover til Løtveit gjekk ikkje der den nye vegen går idag. Det var bakke opp og bakke ned, og den var dårleg. Etter ein slik dag - som det vart mange av, var det ikkje alltid so godt når leksene skulle gjerast til neste skuledag. Ein dag vart også dette slitet slutt, og me var glade den dagen siste høyballen var komen innom løedøra heime.

VASSBERING OG KLESVASK Ingen hadde kjøleskap eller frysar, og ingen hadde vaskemaskin den gongen. Få eller ingen hadde innlagt vatn i huset. Vatnet måtte berast i bøtter frå ei kjelda eller ein bekk, og ei bøtta drikkevatn sto alltid på kjøkkenbenken med ei ausa oppi. Når klesvasken skulle takast, vart det bore vatn og fylt i ein stor koparkjele eller ei gryta som hang i grua i kjellaren, og so vart det fyrt under med ved. Der vart sjølve vankinga gjort, men når skyllinga skulle gjerast, vart klesvasken boren til kjelda eller bekken, for å spara vassberinga. Dette vart gjort vinter som sumar, og det å skylla og vri i iskaldt vatn og med neglebit, var noko ei husmor kjende til den gongen. Eg kan ikkje hugsa å ha høyrt at nokon klaga seg. Dei fann seg i det, arbeidet laut gjerast, - og dei gjorde det. DO-KASSEN OG MØKABERING Når der ikkje var innlagt vatn i huset den gongen, so hadde heller ingen bad eller toalett. Det som i dag kallast klosett hadde me visst ikkje høyrt om ein gong, men på gardane hadde dei store støypte kummar som tok både 10 og 12 kubikkmeter. Dette vart i daglegtale kalla dokassen. Ofte vart det bore ku-land frå ei hola i møkhusgolvet, og det gjekk i denne dokassen også. Då kunne dei stå nærpå fulle. Det å bera desse ut på bøen, og det å bera ut møk frå kyr og sauer, var det arbeidet me som ungdomar kunne få. Dei som hadde hest, og ein gard der hest kunne brukast, gjorde dette sjølv. Der alt måtte berast - i kipa eller ei trebytte på ryggen - der kunne me få arbeid om våren so lenge det varde. Litt potetsetjing og slåttarbeid hende også at me fekk. 24


ARBEID PA FABRIKKEN, I GRUVA OG PÅ VEGEN Jentene fekk seg nok lettare arbeid. Nokon fekk arbeid i Arne Fabrikker, nokon i Janus Fabrikker på Espeland og andre i Dale Fabrikker på Dale. Ein del av den mannlege arbeidskrafta frå Bruvik-stranda og Bruvikdalen hadde arbeid i kalkgruvene på Skaftå. Det vegarbeidet som vart sett i gang, var eit reint nødsarbeid som skulle vera for familieforsytarar som trong det. Det hende av og til at ein som hadde fenge arbeid der, ikkje kunne ta det, og då kunne me som ikkje var forsytarar få plass. For min del gjekk eg til fots mange gonger frå Løtveit til Bruvik og vidare heilt til Vik, for å be om nokre dagar med vegarbeid, men laut gå heim att med eit nei. Ein mann frå Vik skulle fordela arbeidet, men når han ikkje hadde noko, kunne han ingenting gjera. Han gjorde so godt han kunne, for nokre dagar etter at eg hadde fenge eit nei, kom der sendandes opp til Løtveit eit treliters-spann med tjøra, og ein kost. Eg skulle få stryka dette på eit autovern av plank, på vegen mellom Løtveit og Hakanes. Neste morgon i fin sol og fuglekvitter gjekk eg til arbeidet. Det var so fin ein morgon dette, tykte eg. Fuglane song, og med tjørespannet og kosten i nevane kjende også eg trongen til å syngja. Etter to timar var spannet tomt, og arbeidet gjort. Eg var no komen dertil at eg var like arbeidslaus som før, men etter timeløna den gongen hadde eg vorte rundt rekna kr. 1,80 rikare etter denne jobben. IKKJE GJERASLAUS Når det er sagt arbeidslaus so var det ikkje slik at me ingen ting hadde å gjera. Nei, me laut arbeida både tidleg og seint, og alt måtte gjerast for å greia seg gjennom desse vanskelege åra som me ikkje såg nokon ende på. Det var arbeid der me kunne tena oss nokre kroner me ikkje fekk, og når me ikkje fekk slik arbeid, såg me på det som å vera arbeidslaus. Som ungdomar var det so mange ting me ynskte oss og hadde bruk for. Me ynskte oss eit ærleg arbeid so me kunne skaffa oss desse tinga og veta at dette hadde me fenge for arbeid som var gjort med våre eigne hender. BLÅBÆRSAL GAV NY BIBELSOGE Når eg gjekk i skulen, skaffa eg meg ein slik ting ein gong. Eg måtte ha ny bibelsoga til skulen tok til att etter sumarferien, og desse bøkene måtte me kosta sjølve. Spørsmålet var då kvar pengane skulle takast frå. Etter mange 25


tankar att og fram, gjekk eg opp i liene og plukka blåbær. Desse blåbæra tok eg med meg, og gjekk den lange vegen til Bruvik og vidare utover Stranda for å selja dei. I det fyrste huset der eg banka på døra, kjøpte dei bæra mine. På heimvegen gjekk eg innom handelslaget og kjøpte bibelsoga, og den vart betalt med det same. Dermed var det eit problem mindre.

GARDSARBEID I desse åra hende det at ein og annan fekk seg jobb på ein gard som tenestegut eller dreng, som dei kalla det. Det hende at det då vart sett ei fast arbeidstid for drengen. Det kunne vera frå kl 7 om morgonen til kl. 9 om kvelden. Laurdagar var arbeidstida slutt kl. 5 ettermiddag. Ei slik ordning med faste klokkeslett har vorte praktisert, men i dei fleste høve vart ikkje dette gjort. Det som alltid vart gjort, var å fastsetja løna. For det meste gjekk det på kr. 40 for månaden sumarsdag, og kr. 30 om vinteren. Dei som fekk seg ein slik jobb, laut i alle høve arbeida, og det var drengen som laut ta det tyngste arbeidet på ein gard. Han sleit både klede og sko, og det vart ikkje store summen han hadde spart seg opp når året var ute. Utanom pengane han hadde spart, hadde han også arbeidd for mat og hus. Han hadde greidd seg sjølv gjennom året, utan å leggja noko børa på andre. Det hende og at jentene fekk seg jobb som tenestejente hjå ein familie som trong hjelp i huset, og stundom vart det ikkje berre husarbeid, men ho laut ofte også vera med på gardsarbeidet. Månadsløna for slik tenestejente var ikkje noko å skryta av. Den var ofte heilt nede i kr. 15, og det vart ikkje mykje att når klær og sko og ei heimreise av og til skulle betalast. Det var det same her og. Ho hadde greidd seg gjennom året, utan hjelp frå nokon annan. Det som her har vorte skrive er berre nokre glyttar etter ein tur gjennom mellomkrigsåra. Det var vanskelege år for alle, og kanskje ikkje minst for dei som var unge den gongen.

26


Om mobiliseringa 9. april 1940 og framover Lensmann Mugaas sine notatar v/Blanca Mugaas Innleiing v/ Olav Meltvik I Hosanger sogelag sitt arkiv hev me funne ein rapport om mobiliseringa i 1940. Første del er skrive av dåverande lensmann i Hosanger, Brynjulf Mugaas. Fru Blanca Mugaas sende det som Mugaas hadde skrive om dette til Hosanger sogelag i 1946. I tillegg hadde ho skrive litt sjølv, og ho la ved notat om telegram og meldingar som passerte lensmannen i desse april-dagane. Me ser at 9. april var Mugaas tidleg ute og sende varsel til dei mobiliseringspliktige, og han la alt til rette for transport innover fjorden til Stanghelle. Han viste seg her som ein god administrator. Passasjerbåtane til Bergenske frå Englandsruta, «Venus» og «Vega», vart alt i november 1939 lagde i opplag på Mostraumen. Dei var lasta, for det meste med korn. Etter krigsutbrotet vart dette kornet ført til Vaksdal eller fordelt rundt i Nordhordlands-bygdene. Kornet vart ført både på sandfartøy og mindre båtar. Ragnar Mostraum fortel at «Venus» og «Vega» vart forsøkt bomba av engelske fly, ein gong i slutten av mai og i juni og først i juli i 1940. På grunn av høge fjell omkring var det vanskeleg for bombeflya, så dei råka ikkje båtane. Bombene fall på sida av båtane. Siste gongen låg Nils Mostraum utpå og hadde nett gjort eit brislingkast. Flya skaut då på snurpebåten og kulene råka, men ingen vart skadde. Me tek vidare med notatar frå Mugaas frå 16. april og utover. Han hev notert dato og klokkeslett. Desse notatane syner noko om dei problem og den forvirring og uvisse som rådde desse dagane. Der skulle skaffast bensin og olje til bilar og andre motorkøyretøy. Til dette måtte han senda sandfartøy rundt i kring for å samla ledige tomfat. Me ser at medisinane til dr. Gjølberg, som budde i Fotlandsvåg, var undervegs, men på lange omvegar. Vaktmannskap frå Ostereidet vart beordra til Mongstad for å vakta telefon og straumkablar. Styrkane på Voss trong m.a. salt og sild i tønnevis, men det var vanskeleg å få fram. M/S «Prøven», som samla ledige jernfat, vart visstnok seinare seld til Erik Bye. Mugaas greidde å skaffa dieselolje på fat, men kvar skulle den sendast? Der kjem motstridande meldingar om innkalling av nye årsklassar. Først etter at folka var transporterte til Stamneshella kom det fram at innkallinga var feil. 24. april ser me at ein del av styrkane no er i Bolstadfjorden. Her er det m.a. nemnt «Øygar»s kanon. I heftet Bergenske fjordabåtar står der m.a. at 27


«Øygar» vart rekvirert til vaktteneste hausten 1939. 9. april var den saman med andre dampbåtar stasjonert i Klokkarvik i Sund. «Øygar» gjekk inn Sørfjorden, og 22. april kom dei til kamp med eit tysk marinefartøy utanfor Vaksdal. «Øygar» opna eld med si 76 mm kanon og gjorde mykje skade på fienden. Ein torpedo strauk rett framfor baugen på «Øygar», men dei kom seg vekk og for inn Bolstadfjorden. Tyskarane melde etter denne trefninga at dei hadde søkkt slagskipet «Øygar» ved Voss. «Øygar» kom seg ut frå Bolstadfjorden og la seg i Mofjorden ved Langedal. Ei sandskøyta som heitte «Fram» vart visstnok søkkt i Bolstadstraumen for at ikkje tyskarane skulle koma seg inn der. Den 26. april ser det ut til å vera slutt med kampane på Bømoen og Voss. Me finn m.a. i avisa Dagen 27. april 1940 ei melding der det står: «Voss og Bømoen er den 26. april vunnet efter kamp av tyske tropper fra Bergen.»

Mugaas sine notatar: Morgonen 9 april vart ein vekt av sterk skyting over Bergen, og uvanleg flydur. Pressemeldingane me kvelden før hadde fått, sette oss straks på tankar om at det var fiendtleg invasjon, og diverre var det slik. Det vart forsøkt ringt i telefonen til Bergen for å verta orientert. Telefonen var då overteken av tyskarane. Ein stod no heilt utan samband med omliggjande distrikt. Noko mobiliseringsordre var heller ikkje kome. Då eg følte meg heilt viss om at dei vernepliktige måtte mobiliserast, sende eg frå alle telefonstasjonar i distriktet, bod til dei vernepliktige om å gjera seg ferdige til å reisa i hertenesta, slik at dei kunne koma avgårde på kortast mogeleg varsel. Samstundes sende eg bod etter dei motorfarty som låg i fjorden, slik at eg hadde båtar liggjande ferdig for transport so vel på Ostereidet som i Fotlandsvåg. Eg rekna alt den 9. om morgonen med at det ville verta uråd å koma fram med jernbana, og at troppetransporten måtte gå gjennom Osterfjorden over Stamneshella til Voss. Etter denne førebuinga gjorde eg forsøk på å koma i telefonsamband med lensmannen i Haus (over Hosanger-Hausvik). Lensmannen som budde på Garnes kunne eg ikkje få samband med. Eg bad då fhv. lensmann Rongved som bur i Haus, å reisa over fjorden til Garnes for å få greia på om der var komen mobiliseringsordre til Haus. Eg rekna med at der framleis var telefonsamband med Voss, og at ordren i tillegg kunne koma derfrå. K1.11.00 kom Rongved attende med bod om at der heller ikkje var komi

28


Lensmann Brynjulf Mugaas (1890–1944). Han tok til som lensmann i Hosanger i 1930. Under krigen vart han avsett av tyskarane. Utlån: Arne Mugaas.

mobiliseringsordre. Eg nemnde i telefonen for Rongved at eg alt hadde sendt varsel til dei vernepliktige i distriktet om å halda seg klar. Rongved tykte ikkje dette var rett. Ein måtte vente på ordre frå rette vedkomande, sa han. Men på den andre sida var det så mykje som tala for at mogelege ordrar ikkje kom fram. Og eg heldt difor fram med å senda bod rundt i distriktet om mobilisering, men med pålegg om ikkje å reisa før etter nærare ordre. Eg hadde teke alle telefonstasjonar i distriktet i mi tenesta, og det var difor forholdsvis lett å få bod rundt i heile distriktet på kort tid. Dei som var på telefonstasjonane var til det ytterste tenestevillige å hjelpa til. Ut på dagen kom so mobiliseringsordren, og alt kl. 15.00 var fyrste transportbåt som låg på Ostereidet ferdig til å gå. Det var meininga at dei vernepliktige frå Lindås sokn skulle koma til Ostereidet for å ta transportbåten herfrå. Utan å gje bod om det hadde dei frå Lindås teke vegen om Sogn, og båten frå Ostereidet kom av den grunn ikkje av gårde før

29


kl.18.00. Då var der mannskaper frå Hosanger, Myking, Hamre og Haus. (So langt hadde lensmann Mugaas skrive).

Etter stikkord-notatar 9. april: Kl. 10.00. Vart det gjennom alle telefonstasjonar, for vidare kunngjering med bud, meldt at alminneleg mobilisering var befalt. Kl. 10.30. Vart Jonas Veland beordra til kai for troppetransport. Ole A. Bernes og Anders Vikesund vart sende til Ostereidet for å liggja klar til transport. Kl. 11.00. Kom det bod frå lensmann i Lindås at troppane der i frå vil koma over Ostereidet.

Ole A. Bernes førde «Undine». Utlån: Karen Nilsen Kl. 13.45. Vart divisjonssjefens telegram motteke gjennom lensmannen i Haus. Kl. 13.50. Vart telegrammet sendt til alle telefonstasjonar i distriktet med pålegg om vidare kunngjering med bud på alle gardar. Kl. 13.55. Vart det sendt bil bud til Askelandsvåg med telegrammet for å telefonera det til lensmannen i Lindås. Kl. 14.00. Vart telegrammet sendt med «Oster» som leigde motorbåt til Stamneshella for å telefonera det til Eksingadalen. Kl. 18.00. Gjekk Ole A. Bernes frå Ostereidet med troppetransport til Stanghelle. Kl. 20.30. Vart det motteke melding frå lensmannen i Lindås om at troppane derfrå var reist om Sogn. Kl. 20.30. Vart Anders Vikesund sendt til Steinestø for å transportera flyktningar frå Bergen. Kl. 23.00. Vart Villy Fotland sendt til Stanghelle med troppar.

30


«Havgula». Anders Vikesund førde «Havgula» i 1940. Utlån: Ragnar Vikesund.

Slik var fyrste dagen med telefon og bud i aust og vest. Og so alle folki som kom og skulle ha rettleiing. Det vart ikkje tid korkje til mat eller kvil dei fyrste døgri. Attåt alt dette med det militære, kom so arbeidet med matforsyningar og alle flyktningane frå Bergen. Den 11.april var ordførarane i Hosanger, Alversund, Austreim og Hamre, formannen i forsyningsnemnda for Masfjorden, forretningsføraren for nemndene i Hamre og Masfjorden saman med lensmannen i Hosanger for å dryfta spørsmålet om matforsyningane. Det vart då samrøystes vedteke å få noko av kornet på «Vega» og «Venus» male på Risøens si mylna i Fotlandsvåg, og so verta delt på bygdene i Nordhordland. Ein vart og samde om at det måtte innførast streng rasjonering av matmjøl. Av matmjøl, gryn eller erter vart det etla ut til kvar person 2 kg for veka, eller 2,6 kg brød for dei som ikkje kjøpte mjøl. Det matmjøl som staten hadde lagra i Fotland vart delt slik: Austreim 70 sekker, Lindås 100 sekker, Herdla 100 sekker, Hamre 50 sekker. Det vart og lagt beslag på det stråfôr og fôrmjøl som var lagra på Tøsse mølle. I Bjørsvik vart Blaauw sett til å laga fôrblandingar. Og i alt gjekk det visst ut noko slikt som 179940 kg fôrblanding. Likeins vart det delt ut kunstgjødsel frå Tøsse mølle. Her vart sendt forsyningar til Gulen og Sulen og andre stader i Sogn. Til Davik forsyningsnemnd vart det sendt 49000 kg korn til lagring. Alt dette

31


måtte gå over Ostereidet. I alt skal det vera sendt i land på kaien på Ostereidet ca. 60000 100-kg sekker med mjøl. Der vart sendt korn frå «Vega og Venus» og mjøl frå Vaksdal og Boge og havregryn og ris frå Tøsse mølle rundt til alle kommunar for å lagrast. På Herdla var store parti av sild. Der vart rekvirert 1000 tunner sild til dei militære, og ein del salt i nye sildetunner. Silda skulle sendast til Askelandsvåg og derfrå over Ostereidet til Stanghelle, men då var vegen stengt vidare. So den silda vart seldt i fjorden til handelsmenn. Der skulle skaffast olje til motorfartøy og bensin til bilane. Og tomfati skulde passast på, so dei kom til rette att. Innimellom alt dette var det alle flyktningane frå Bergen å ta seg av. Alle kom til lensmannen og skulde ha rettleiding om korleis det skulde koma seg vidare. Folk kom utan klæbyte, reiste frå Bergen som dei stod og gjekk, sume hadde ruska litt med seg i ein ryggsekk kanskje. Alle skulle hjelpast, og eg trur alle fekk hjelp so langt råd var. Dei fleste av dei som kom over Ostereidet var folk som skulle nordover ein eller annan stad. Ein dag kom eit finsk skipsmannskap som skulle til Finnland. Her var mykje spionsoger dei dagane, som ventande kunde vera. Rett som det var kom ein eller annan som hadde eit kvart å fortelja. Dei såg «mystiske» personar, eller so var det ljos signal om nettene. Som regel fekk det si naturlege forklåring. Ein dag kom ein flokk bergensarar som skulde vidare til Voss. Lensmannen måtte koma og ta seg av nokre spionar dei hadde med seg. Då han kom på kaien viste det seg at «spionen» var redaksjonssekretær Høie i «Dagen» og eit par andre. Lensmannen kjende Høie, men dei andre ville ikkje gjeva seg. Og så måtte lensmannen be dei ta «spionane» med seg til Voss, og overlevera dei til Staben, og det vart gjort. Seinare på sumaren høyrde me Høie i radioen på London. Alt samband med Bergen var brote, men folk ville reisa til Bergen, og gjekk her og tigga om lov. Sinte vart dei og, når det ikkje fekk reisa, og mange reiste visst likevel, om ikkje det var so naudsynt. No etterpå kan me tykkja at mykje var helst løglegt i dei dagane, men me såg ikkje det då.

Notater frå 16. april og utover. 16. april kl. 11.30. Telegram til alle stasjonar i Hosanger. Divisjonssjefen hev i dag gjeve ordre om at alle som er mobilisert etter første innkalling og som seinare fekk ordre om å halda seg avventande, no skal møta. Frivillige og dei som etter første innkallinga berre skulle møta etter nærare ordre må ikkje reisa ill Voss. Lensmannen i Hosanger

32


16. april kl. 16.00. Frå Stiegler. De klasser som skal mobiliseres møter etter innkallelse. (Stiegler sier at det er 100% sikkert.) 16. april kl. 19.00. Telefonert til lensm. i Lindås (gjennom lensm. i Alversund) at alle ledige jernfat må samlast og sendast til Askelandsvåg. 16. april kl. 22.00. Fekk M/S «Prøven» ordre til å samla alle ledige jernfat. Fekk melding om at medisin til Dr. Gjølberg var innlevert til Ragnv. Isdal. 18. april kl. 14.45 Frå Voss til kapt. Hellem. Ordre om at oljen skal lossast og liggja for ordre. 19. april kl. 00.35 Frå Isdalstø. Kjeseth melder at transporten frå Voss ikkje vert i natt, men kjem seinare. 19. april kl. 00.45 Frå Voss: Tre av folka på Ostereidet post sendast til Mongstad for å tjenestgjøre som kabelvakter. De tar med seg gevær og full utrustning. Når de er kommet til Mongstad, skal de sette dig i forbindelse med Voss. Stiegkr. 19. april kl. 00.50 Voss: Olsen stadfester Kjeseths melding kl.00.35, og seier at det vil verta gjeve nærare beskjed. 21. april kl. 10.20 Telefonert til lensm. i Lindås om å skaffa 100 nye tønner fylt med salt, og senda til Askelandsvåg til bruk for militære. 21. april kl. 11.30 Marinens intendatur: Eg hev innlasta på motorfartøy dieselolje på fat, og ventar på ordre frå Dem om til hvilke stader desse partier skal sendast. Eg kan nå fram til Sognefjorden over Ostereidet. Lensm. i Hosanger. 21. april kl. 11.40 Gjeve beskjed til Nygård (på Kvinge) om at han må gå til Orheim eller Hjelma for å henta 300 tønner salt i nye sildetønner og dirigera det til Askelandsvågen. 21. april kl. 11.55 Frå Voss: Dieseloljen dirigeres til Dalseidet. Sendt førespurnad med «Luna» om ein annan lossestad. Dalseidet kan ikkje brukast som lossestad. 21. april kl. 12.30 Motteke melding gjennom lensm. i Hamre om at land-vernårsklassen 1926 - 27 og 28 og frivillige er mobilisert, og skal møta på Voss (Bømoen) snarast råd er. Ordren bekrefta frå samlestasjonen Voss kl. 3.00. Kl. 13.10 sendt ordren gjennom alle telefonstasjonar. 21. april kl. 16.40 Telefonerte eg fylgjande melding til samlestasjonen Voss. Er mannskaper av linjeårsklassane, som etter krigstenestekorta først skal møta etter nærare ordre mobilisert no, eller skal det framleis venta på nærare ordre ?. Bed om svar. Lensm. i Hosanger 21. april Beordra «Worchmann» til Ostereidet til kl. 22.00 for transport til Stamnes, og «Harholmen» til Ostereidet for å avventa ordre om transport for militære. 21. april kl. 17.45 Melding frå general Steffens Eksp. av Husø. Alle linjemannskaper som etter krigstenestekortene først skulle møte etter nermere ordre (de med grønne kort) skal møte på Voss snarest råd er. 21. april kl. 18.00 Sendt følgjande telegram til alle stasjonar: Generalen hev i dag kl. 17.45 gitt ordre om at alle mannskaper som høyrer til linjeårsklassane, og som først skulde møta på Voss snarast råd er. 22. april kl. 10.30 D/S «Hamre» frå Fotlandsvåg (om Ostereidet, Tysse og Romarheim) til Stamnes med troppar. 22. april kl. 12.00 Motteke melding frå lensm. Stene om at innkallinga 21/4 om fortsatt frammøte av linjeårsklassane (dei med grønne kort er uriktig. Stene opplyser å ha denne ordre frå Vatne, i det ordren 21/4 k1.17.45 beror på ei mistyding. 22. april kl. 12.30 General Steffens, Voss. Lensm. i Lindås melder i telefon kl.12.00 at meldinga til meg 21.april kl.17.45 om at alle linjeårsklassane som først skulde

33


møta etter nærare ordre, no var mobilisert er feil. Første transport er allereie gått Stamneshella kontrollstasjon må difor underberettast for om mogeleg å stogga vidare reise. Stadfest i telegram til Ostereidet at ordren 21.april er uriktig. Lensm. i Hosanger 22. april kl. 15.50 Frå Distriktskommando Voss: Ordren frå Voss 21/4 kl.17.45 er uriktig. Transportbåtane på Stamneshella må underettast. Voss skal og underetta på Stamneshella. 22. april kl. 14.20 Melding frå Alfred Reigstad om at eintysk trålar går inn Sørfjorden. 22. april kl. 17.30 Sendt melding vidare til vakta på Stamneshella. 22. april kl. 20.15 Tinga los frå Gammersvik med lensm. Stene. Løytn. Eikanger lova å ordna alt for klar seilas. 23. april kl. 12.35 Kapt. Wetre, Stamneshella hev rekvirert 100 L. mjølk dagleg. Johs. Hanstvedt lova å ordna dette. 24. april kl. 11.35 Motteke melding frå Fotland om at det var tyskarar på Løtveit i Bruvik. Truleg er dei komne opp frå Skaftå. 24. april kl. 14.40 Sendt melding vidare til vakta på Stamneshella. 24. april kl. 14.50 Motteke telegram frå Askelandsvåg gjennom lensm. i Lindås: Med dette vert kalla inn til krigsteneste alle øvde soldatar som ennå ikkje hev møtt fram av linjeårsklassane 1929 - 1939 ved Hordaland og Fjordane regiment. frammøte snarast mogeleg på Bømoen. Ta med gevær, varme klør og godt sportsutstyr. Lensmennene skal kontrollera at alle som plikta reisa møter. 24/4 1940 Øverstkomanderande for Vestlandet. 24. april kl. 15.45 Innkalling sendt vidare over alle telefon-stasjonar. 24. april kl. 15.50 Lensm. Mugaas hev motteke kl. 17.50 for vidare beordring: Frå Løytn. Hellem, Stamnes Marinens stabsjef, Stalheim. Løytn. Hellem med fartøy befinner seg i Bolstadfj. Likeså kapt. Lindkorn med en del av den opprinnelige styrke. Ein del av styrkene er avgitt til Kapt. Lunde. Styrkene oppgis å vere kommet over Dale og Dalseide. Ønsker forholdsordre. Forbindelsen med Voss brutt (sendt vidare k1.19.10). Forholdsordre mottas av Lensm. Mugaas, Askelandsvåg. 24. april Frå Lindås, stadfest frå Stalheim kl.23.00 til kapt. Lindkorn. Kapt. Lindkorn overtar kommandoen over Hellem, Drønen og Wåges folk og samarbeider med den stedlige militære sjef. «Øygard»s kanon plasseres overenstemmende med ordre gitt løys. Hellem. «Øygard» benyttes i siste instans til å korke Bolstadstrømmen på høveleg stad. Kanonene må under ingen omstendigheter falle i tyskernes hender. Sporbrudd på Voss, retrett mot Gudvangen. Kystartilleristene betraktes som avgitt til de landmilitære. Underrett løytn. Eikanger eller fenrik Brustøl, 2. sjøforsvarsdistrikt. 24. april kl. 24.00 Lese meldinga for Wetre og diktert meldinga til Stamneshella telefonstasjon for vidaresending med bud til Straume. 26. april kl. 11.45 (Stadfest kl.12.00 av lensm. i Gulen) Motteke sovore telegram: All innkalling og frammøte av soldatar og frivillige til Bømoen fell bort. Hald alle transportar tilbake. Øverstkomanderande på Vestlandet. 26. april kl. 13.10 Sendt alle telegram til alle telestasjonar som ein kjem i samband med frå Ostereidet - Hosanger.

Her er det så slutt på lensmann Mugaas sine merknader desse kaotiske aprildagane.

34


Dagbok frå 1940 – Nils Østerbø Innleiing ved Anna Østerbø Kåstad Nils Østerbø (1892-1980) var lærar ved Hjellvik skule i dåverande Hamre herad i over 40 år. Samstundes var han postopnar og telefonstyrar i bygda. I ein lengre periode var han engasjert i ymse kommunalt arbeid, og då tyskarane okkuperte Noreg i 1940 var han ordførar i Hamre. På den måten fekk han problema som dukka opp ved krigsutbrotet, både i bygda og kommunen, tett inn på livet. Desse fyrste krigsdagane tok han til å notera ned ymse ting, men fyrst i mai tok han til å føra dagboka meir jamleg, og det heldt han fram med dei 5 krigsåra. Her er det gjort eit utval av dagboka for 1940. Dei originale notatane frå 1940 er i dårleg stand p.g.a. ueigna oppbevaringsplass både under krigen og seinare, og er nokså vanskeleg å lesa, men Østerbø har sjølv reinskrive dei på maskin ein gong på 1970-talet. For det meste er det rein avskrift av den originale dagboka, men han har korta inn enkelte avsnitt og ein stad har han gjort ei lita endring. I den maskinskrivne utgåva finn ein ei slags innleiing som fortel om dei første krigsdagane. Dette var frå først av skrive 23. mai, men han har seinare flytta det fram for å få ei naturleg byrjing på dagboka. Når eg har valt ut kva som skulle vera med her, har eg hoppa over ein del av det som har med spesielle kommunale saker å gjera, sameleis reint private notatar i den grad dei ikkje har meir allmenn interesse. Hovudvekta vert dermed lagt på det som vert fortalt om korleis krigen vart opplevd med Hamre kommune og Hjellvikvåg som synsstad. Skrivemåten som er brukt er den Østerbø brukte då han reinskreiv dagboka på 1970 -talet, men det ser ut til å vera liten skilnad frå originalen. Parentesane inne i teksten har eg ført til som forklaringar eller samanbindande kommentarar til teksten.

Noteringar 1940 Den 9. april 1940 klokka 8 om morgonen kom meldinga om at Noreg var dregen inn i verdskrigen. Allereide kvelden før var det opplyst i radio at ein stor tysk flåte var på veg frå Tyskland med ubestemt mål, men ingen av oss ottast at det var til Noreg han skulle. Kan henda det sveiv oss, men det var heller ikkje meir, for vi hadde på alle måtar gjort vårt til å halda oss utanfor. Visstnok var det ymse episodar utspelte utanfor kysten vår, men det såg ut for oss som det var ordna landa imellom og ikkje gav grunn til noko meir. Difor kom meldinga trass alt, uventa på oss, og eg torer seia at det gjekk både kaldt og varmt gjennom oss. Meldinga kom gjennom radio. Eg hugsar endå det kraftige, men heilt overgjevne målet til Hallo-mannen der han melde om kva som hadde gått for seg om natta. Kvamme (lærar Sverre Kvamme) og eg gjekk på skulen som vanleg. Men det er synd å seia at tankane våre var med i arbeidet. Heller ikkje borna var med. Dei såg på oss med store spørjande augo liksom dei meinte vi kunne 35


Nils Østerbø (1892–1980). Kring 1940. Utlån: Anna Østerbø Kåstad

gjera noko frå eller til. Men vi hadde nok med oss sjølve, stod for det meste i telefonen og spurde etter nytt. For kvar gong kom borna og spurde og ville veta. Slik gjekk det fram til middag. Då sende vi borna heim. Bergen var teken om natta. Det hadde vore ikkje liten strid, og tyskarane kom ikkje heilskinna frå det. Elles viste det seg at det var kome inn tyskarar andre vegar enn med krigsskip, og på ein augneblink var så å seia alt over. Dei hadde teke dei viktigaste stader i byen, telegrafstasjonen, jernbanestasjonen og festninga. Som ventande var vart byfolka oppskaka. Dei som kunne, reiste frå byen så snart det vart kjend at byen var teken. Og alt den første dagen etter, var alle vegar fulle av gangande og bilande folk som skulle utover landet og finna seg husrom. Endå til her hjå oss som ligg noko avsides til kom dei køyrande i bil, og det vart ei ferdsle som ein aldri hadde sett maken til. Ein fekk med alt og alle å gjera. Sant å seia stod ikkje telefonen dag eller natt. Jamt måtte ein på ferd. Alle avgjerder måtte takast på eiga hand, då oftast i samråd med Kvamme som var her endå om det ikkje var skule. (Østerbø var ordførar i Hamre og Kvamme heradskasserar). Telefonsambandet med Bergen var borte, så ein kom ikkje i samband med korkje fylkesmann eller

36


lensmann. Lensmannen budde i Salhus. Mobiliseringsordrar kom og vart oppslegne alt første dagen. På Valestrand var det kunngjort kl. 11 fm, hjå oss først kl. 17.40. Folk byrja då å reisa avgarde. Matstoda i heradet var ikkje sers god. Ingen av handelsmennene hadde noko store lager. Difor var det noko med det første ein fekk å gjera, å syta for kjøp av mjøl og korn til heradet. I samråd med forsyningsnemnda i Hamre og lensmannen i Hosanger, reiste Kvamme, Alfred N. Reigstad og eg innetter til Tøsse Mølle den 10. april og kjøpte havregryn og risengryn for noko over kr. 2000. Dagen etter var det på nytt å reisa til Ostereidet etter innkalling av lensmannen og drøfta matsituasjonen. Det som vart drøfta, vart protokollert. Det vart gjort vedtak om å leggja beslag på dei store båtane «Vega» og «Venus» som låg i opplag inne ved Mostraum i Osterfjorden. Vi var elles i den stoda at vi hadde ikkje så lite lagra på Tysse og i Bjørsvik Mølle, og dette kom oss no til nytte. Det vart straks sett i gang med å føra vara frå lagra til dei ymse kommunar og krinsar. Første sendinga var etter opptak av Alfr. N. Reigstad. Han sende sin motorbåt til Vaksdal etter ymse mjølvarer son vart fordelt i krinsane. Eg må her nemna at folketalet i vår krins hadde dobla seg. Det var folk som hadde rømt frå byen då tyskarane kom. Dei hadde lite og inkje med seg av matvarer. Det vesle forretningane hadde, vart snart ende. Slik var det i alle krinsar. Lite kontantar hadde dei og, og ein måtte difor nytta kommunal trygd for desse. Medlemene i forsyningsnemnda fekk ei travel tid. For attåt alt anna skulle dei halda greie på kvar mjølet var lagra og kva beholdning der var att. Forretningane fekk ei hard tid med å syta for vara frå byen. Det var meir enn vanskeleg å få dei fram den første tida. Alt første dagen vart dampbåtferdsla stogga. «Hamre» var den einaste båten som kom avgarde og han gjekk ruta si inn i fjorden, men ikkje til byen att. All varetransport måtte difor gå om Breistein - Valestrand og vidare utetter til Hjellvik. Det same også for vara som skulle innover øya. Mellom Breistein og Valestrand var det jamt ikkje anna enn båtskyss å få. Med omsyn til folkemat såg det ikkje så vonlaust ut. Då var det verre med for til beista. Ingen hadde hug til å levera varer utan kontant betaling og rekvisisjon frå forsyningsnemnda. Men det hende også om ein hadde kontantar men ikkje rekvisisjon, fekk ein det ein trong. Nett på denne tida var løene tomme. Beista såg på forhånd skrale ut, og då dei i tidlegast laget vart slept ut, var det fleire stader dei måtte – om ikkje nett stø dei – så fara visleg åt.

37


(I tida frametter vart det gjeve trygd til fleire gardbrukarar til innkjøp av gjødning og får. Forsyningsnemnda kjøpte inn ymse varer, m.a. hønsemat og fisk, som vart delt ut i krinsane. I heile april månad var det arbeidet med å skaffa forsyningar til fastbuande og evakuerte som tok meste del av tida til ordførarane og andre i formannskap og styre i området. Det vart heile tida samarbeidd over kommunegrensene.)

13. mai 1940: I dag hadde vi besøk av tyske soldatar, d.v.s. det var østerrikarar. Dei kom til Hjellvik k1.6.30 om morgonen. Vi hadde nok venta dei. Hadde fått greie på at dei hadde sett seg fast langs jernbanelina mot Voss, ja, sjølve Voss var teke og lagd i grus. Vakter var sett ut på kvar jarnbanestasjon. Vi visste -Og at dei hadde kome fram i Åsane og utover mot Salhus. Dei hadde og vore på vitjing til Isdalstø og derfrå teke turen nordetter. Flatøy hadde dei okkupert. På Osterøy hadde dei ikkje vore før. Når dei no kom, kan eg ikkje sei anna enn at dei kom uventa likevel, og den oppvakning ein då hadde var nokså dramatisk. Margit Østerbø saman med fleire andre fruer, var evakuerte her hjå oss. Margit var som vanleg tidleg oppe, og då ho kom ned kl. 6.30, stod der to tyske soldatar nede ved butikken og les på eit oppslag på butikkdøra. Det var endå oppslaget om demobilisering av heile 4. divisjon. Ho kom springande opp på arka til Alv (Alv Nepstad ) og meg som endå låg og sov og sa at no kom dei opp. Alv var først på beina. Korleis han hadde fått kleda på seg, visste han ikkje. Eg kom straks etter. Alv, som kunne tala tysk, gjekk ut og tok i mot dei. Det var høflege karar. Dei spurde først om å få telefonera. På det vart svara nei. Dette tykte dei var rart og ville ha greie på kor det hang saman. Alv svara då at lina var øydelagd, og at ein ikkje, i beste fall, kom lenger enn til Valestrand. Det viste seg seinare å vera korrekt. Lina var kappa på to stader: På Votlo var tilknytinga over Sørfjorden kappa, og sameleis lina inne ved Småland. Det vart då uråd for oss i Hamre å koma fram til lensmannen på Ostereidet. Tyskarane såg på apparatet og spurde kor det verka. Så takka dei for seg og gjekk. Med vi stod slik og tala saman, var det ikkje fritt det fælte i oss. For ned frå Knappen frå alle kantar kom det soldatar i full herbunad med maskingevær og granatar. Dei samla seg til slutt på kaien. I alt var det 21 mann. Eg måtte ned på butikken og handla med dei. Av sjokolade kjøpte dei det vi hadde. Dei var venlege å sjå til og gav eit tolleg godt inntrykk. Men så var det som nemnt folk frå Østerrike. Dei gjorde greitt for seg på alle vis. Ein frette og seinare at det samstundes hadde vore herfolk inne på Osterøya. Dei for over Gjerstadsokna og vitja både Hosanger og Fotlandsvåg. Kva dei reiste for går det ymse rykte om. Somme seier tyskarane leitte etter eit

38


batteri som skulle vera her i fjorden, andre seier at dei leitte etter ein norsk torpedobåt som skulle ha gjort stor skade for tyskarane, atter andre fortalde at dei leitte etter nokre fangar som var rømde frå båtane «Jupiter» og «Leda» som låg på Tertnesbukta. Atter andre at dei leitte etter ein radiosendar. Trulegaste er at dei berre var på vanleg rekognosering. At telefonlina var kappa, var mykje til meins, m.a. fordi vi ikkje kom i samband med lensmannen i Hamre som då budde i Salhus. Han var elles reist frå Salhus utan at ein visste kvar han var. Det gjekk elles ikkje meir enn to dagar før lina var i orden innetter. Ein hadde ikkje kontakt med fylkesadministrasjonen så vi måtte greia oss sjølve så godt som råd var. Det gjekk godt. Med omsyn til mobiliseringa var det godt å ha samband med Ostereidet. I dei første dagane etter krigsutbrotet kom det melding snart om mobilisering, snart motsett. Fleire ordrar kom, og folk gjorde seg ferdige og drog av stad, tok båtskyss herfrå til Ostereidet, der lensmannen tok seg av dei og sende dei vidare til Voss. Litt vonlaust var det då folk kom att og fortalde at det var folk nok, men befalet dugde ikkje. Heller ikkje var det greie på nokon ting, korkje mat eller klede. Just mykje imponerte var dei ikkje over det norske herstellet. Men det kunne gjerne vera andre grunnar til dette snakket. Det fortelst at mange soldatar deserterte oppe i Evangertraktene då tyskarane var på veg opp langs jernbanelina. Men ein kan og nemna døme på det motsette. Frå kampen om Vaksdal er det fortalt at ein mann med maskingevær plukka ned kvar einaste tyskar han såg koma fram langs lina, og held det gangande så lenge han hadde ammunisjon, men då var geværet og så varmt at det ikkje var brukande. 18. mai 1940: I går var det 17. mai, ein solrik vakker dag med heilt skyfri himmel. Bjørka hadde fått sitt grøne vårlauv, og marka låg så mosen i solskinet. Vi hadde skule som vanleg. Ingen av oss var i lag til å festa såleis som tilhøva no var. Det blakra ikkje eit einaste flagg over bygda. Men inne i husa gjekk folk nasjonalkledde, og middagsbordet var pynta med grønt og det norske flagget. Eit visst vemod låg over alt og alle, og aldri har vel fridomstanken vore så levande som just no. Og vi eldre som hadde feira så mang ein 17. mai, gjekk med ei underleg kjensle av at vi hadde mist fotfeste, og held på å leita etter ei rivne å setja foten i. Heile hugen trår etter å koma attende til gamle forhold. Men tvilen ligg og gneg og tærer. Den veldige overmakt, det bråe overfall, den snare framgangen for fienden hadde lamslege oss alle, både sivilfolket, soldatane og befalet. Ein kunne knapt tru at ein var midt oppe i verdskrigen, – vi som på alle måtar

39


Fredeleg ved sjøen på Hjellvik.

Utlån: Anna Østerbø Kåstad.

hadde prøvt å halda oss utanfor, og hadde synt det på mange måtar. Ein kan ikkje fri seg for tanken om at han som styrer og rår, har noko han vil læra oss. 19. mai 1940: Strålande vakker sundag. Var etter måten tidleg oppe og ut og såg på dei blømande frukttrea, rota med handa ned i den solvarme åkermolda, og kjende friske angen av spirande liv. Men trass dette,- humøret var borte, smilen sår, vona lita for ei snarleg avgjerd av krigen her i landet. Tyskarane har sett inn ein veldig offensiv mot dei allierte og melder framgang overalt. Sjølv oppe i Narvik der det gong på gong vert meldt at nordmennene og dei allierte var herrar, har dei ikkje greitt å få tyskarane ut. Men det meste folk talar om er kor det skal verta med mat til vinteren. Det nyttar lite å vera idealist så lenge problemet mat er så påtrengjande. Eg har høyrt det sagt at det er det same for oss kven som styrer i landet, Hitler eller Håkon 7., berre me får mat. I grunnen er det karakteristisk det eg høyrde ei jente sa: «Er det ikkje fælt at den norske ungdom og manndom skal forblø berre for fedrelandet.» Ein kan ikkje fri seg for at omgrepet fedreland har vorte noko utviska i den seinare tida. Det er kanskje skjønleg og, særleg om ein tenkjer på at samferdsla mellom bygdene og byen og andre land er god. Dette har gjort folk internasjonalt innstilt. På den andre sida har folket vorte lulla inn i den tilstand at ufred her i landet var heilt urimeleg. Vi vil gjerne vera vener med alle. Vi har nok brukt munn mot kvarandre og på kvarandre her i landet, men likevel ikkje med tanke

40


på å skipla stoda for kvarandre eller dei vilkår dei elles har levt under. Eg ser då bort frå dei reint økonomiske forhold og spørsmål mellom arbeidar og arbeidsgjevarar. Stort sett er alle tilfreds med den styremåten som har vore nytta, og det vil verta uvant å koma inn i andre former, under tvang. 22. mai 1940: Det som er vanskelegast i desse dagar er det økonomiske spørsmål for lønsmottakarane. Arbeidslivet her i Hamre i dei få industrigreiner ein har, er for tida heilt stogga. Garveria på Valestrand er stogga, trevarefabrikken på Raknes er stogga. Arbeidarane går utan midlar til å kjøpa mat til seg og sine. Sjølv lærarar og prestar som så lenge har vore misunt for å ha det serleg romsleg, er no i den situasjon at dei må leva på heradstrygd. All pengesirkulasjon er stogga opp. Det kan gå så lenge forbrukarane av ei vara har pengar å ta av, – men med omsyn til handelsmennene får ikkje desse varer hjå grossistane utan kontant betaling, og heller ikkje på trygd frå heradet. Tilførsla av varer til byen er stogga, og dermed tilførsla av pengar frå byen til landet. Alt kommunalt arbeid ligg nede. Vegvaktarane t.d. må arbeida utan kontant løn, og likeins andre. Den vandaste oppgåva vert å halda det kommunale administrasjonsapparatet i gang, såleis at dei fatige får sitt, dei alderstrygda sitt, og elles alle dei som er avhengige av kommunen. Heradskasserar Kvamme var til byen i går i høve utbetaling av nokre sjekkar. Den eine galdt riks- og alderstillegget til lærarane for 3. kvartal 1939/40. Sjekken lydde på Vestlandsbanken. Han reiste til byen med sjekken, viste han fram i banken og spurde betjenten om han kunne betala ut denne. Betjenten gjekk og var borte 3/4 time, kjem att og seier: at: diverre kan me ikkje betala ut heile, men du kan få 50%. Til det seier Kvamme at det ville han ikkje ha. Eg skal ha alt om eg så skal gå til den tyske overkommando. Betjenten går att. Kontorsjefen kjem, ser på papiret og set namnet sitt på og sjekken vert betalt fullt. Kvamme sa sidan at han var både byrg og glad då han gjekk ut svingdøra med sjekksummen i lomma. Men, seier han, eg hadde aldri gått til overkommandoen. (Her kjem eit tillegg Østerbø har skrive då han reinskreiv notatane.): Sjølvsagt letna forholda litt etter kvart. Vel var det så at båtane ikkje gjekk, men folk kom seg fram likevel, om Valestrand–Breistein. Snart spurdest det at bankane betalte ut nokre kroner på kvar bankbok, og det førde til at dei som hadde pengar i bank, tok turen til byen, eller dei fekk andre for seg. Dette gjorde så mykje at pengesituasjonen ikkje kom til å bli så prekær då det leid litt lenger ut på sumaren. Litt etter kvart kom også arbeidslivet i gang att. Det vart ein veldig etterspurnad etter nær sagt alle slags varer. Mykje av det kjøpte nok vernemakta gjennom norske forhandlarar, men det skaffa arbeid og pengar.

Tala nett med lensmann Mugås om han kunne skaffa kveitemjøl. Heradet

41


har ikkje meir att av den sorten. No må ein kjøpa kontant inne i byen, og endå er det vanskeleg å få. Han nemnde at Stamnes Handelslag hadde eit svært lager. Mugås spurde om Hamre hadde fått noko att av den trygda det hadde gjeve til evakuerte frå Bergen. Hosanger hadde sendt inn til konferanse med «myndigheitene» i Bergen om dette, men endå var ikkje noko avgjort. 29. mai 1940: Måndag ettermiddag hadde vi møte i formannskapet til førebuing av budsjettet. Det var vandare enn noko tid før, med di det kjem så mange ekstrautloger til, og det noverande budsjettet er allereide sprengt. Det heile vert problematisk. Det heiter at budsjettet skal setjast opp så nøkternt som råd er. Alle ikkje reint naudsynlege oppgåver må sløyfast. Likevel må ein halda oppe arbeidsbudsjettet. Det dreg på seg med trygda. Pengesirkulasjonen er endå ikkje komen i gang som før, og inntektene er ikkje store for nokon. Budsjettet formannskapet sette opp hadde eit underskot på kr.32000. Ein kan ikkje rekna med slikt tilskot frå staten. 30. mai 1940: Ved omarbeiding av budsjettet er underskotet kome ned i kr.18000, og deretter ned i kr.11000, men då reknar ein med ein skatteprosent på 19 og eiga 4 promille. Bankinnskota vil truleg svikta. Ein har halde oppe arbeidsbudsjettet -.Det er svært liten hugnad i å arbeida med desse ting no. Til avveksling har eg i dag vore ute og planta og sådd. VCret er vakkert og fuglane syng. Fjorden er heilt still. Alt kunne vore så herleg hadde tilhøva vore som vanleg. Men inst inne græt ein og lengtar. 5. juni 1940: I går var Kvamme og eg til byen og drøfta ymse finans- og budsjettspørsmål med fylket. Alle stader vart vi vel mottekne. Eg hadde med eit råbudsjett, og fylkeskontorist Halvorsen såg på det og gav litt rettleiing. Han nemnde m.a. at ein ikkje måtte rekna med statstilskot. Heradet måtte balansera budsjettet med eigne midlar. Likevel ville ein få det lovbestemte tilskot til skulestellet, vegar o.v. .Ei ordning ville det verta med alle slike tilskot. Kommunane ville såleis koma til å stå noko friare av departementet no enn før, og verta meir sjølvstendige. Kvamme fekk kr. 4500 av statstilskotet til skuleutlogene, så no klarar han alderstrygda og fatigstønaden. Vi var også hjå rådmann Mohr og tala med han om dei evakuerte frå Bergen som var komne til Hamre og måtte få trygd for mat. Ein la også fram eit refusjonskrav. Rådmannen var sers imøtekomen, og vi fekk utbetalt kr. 300. Han sa vidare at med omsyn til dei evakuerte, ville det ikkje verta lagt hindringar i vegen for utbetaling av det desse hadde fått i trygd frå heradet. På vidare spurnad om denne trygda sorterer under fatigstyret, svara han samtykkjande. Det var ein svært varm dag dette. Det gjekk ikkje båt frå byen, og vi tok bil

42


til Breistein, kom over til Valestrand og måtte gå heim. Komne på Bakkamyrane, møtte vi ein bil med tyske soldatar i rasande fart. Vi bar nokså tungt, og med bet og bal kom vi oss opp på Skaret (Tveitaskaret). Elles opplevde vi noko på vegen som vi vil minnast lenge. Tvert over vegen var det strøytt eit band av spikar, toms, med lite hovud. Dei stod til endes ned i grusen. Vi skjøna straks kven som hadde gjort det, tyskarane. Oppe på Skaret råka me på ein flokk born saman med lærarinna. Dei hadde vore til Hamre og sett på kyrkja. Bilen hadde punktert og der stod han. Det var andre eller tredje gongen. No var dei gådde frå han. Det vart sagt at tyskarane hadde vore til Hamre og sett etter ein radiosendar. 10. juni 1940: Spørsmålet om folk som ikkje hadde pengar, har vakt ei veldig røre. Valestrand Handelslag var den første forretning som ikkje ville levera varer til pengelause mot heradstrygd. Dette smitta sjølvsagt straks til andre. På ein måte kan ein seia at det ikkje var så rart. Folk hadde reist frå byen utan å ta med mykje av det dei til dagleg trong om, pengar irekna, tok inn der det var litt husrom, og levde på det som husfolket hadde. Dei spurde ikkje etter om det kosta noko, og var mest ikkje takksame eingong. Heradet var ikkje budd på dette. Det er verdt å nemna at dei 3 første dagane kom det til Hamre omlag 3000 menneske. Handelsmennene sat med etter måten små lager, då dei var vane med å få frå byen etter kvart dei trong. Heradet måtte gjeva trygd. Det skulle vera sikre pengar, sjølv om ikkje heradskassa kunne betala ut med ein gong. Men – så stod handelsmennene der utan pengar til å gjera innkjøp for. Det var bakgrunnen for at Valestrand Handelslag ikkje ville levera varer mot trygd. Desse innvendingane var heradet budd på, men ville likevel ikkje gripa hardare inn før ein såg korleis det ville verta med omsyn til blokaden av Bergen. Det låg nemleg ordre frå kommanderande general om å bryta alt sambandet med byen, også handelssambandet. Trass dette fekk Valestrand Handelslag varer tilført, og snart vart det ei veldig «smugling» av varer mellom Breistein og Valestrand. Ferja gjekk ikkje. Ein måtte nøya seg med robåtar. Det var mange søkklasta båtar over fjorden i desse dagar. Andreas og Sigvald Tveiten køyrde varer til dei fleste handelsmenn i bygdene, ja til handelsmenn like nord i Myking og Lindås. Dei kom då frå Valestrand til Hjellvikvåg med bil, derifrå motorbåt vidare til Eikangervåg, og bil derfrå att. I denne blokadetida var Alfred N. Reigstad oppnemnd av lensmann Mugås som politi, og han hadde sine betjentar som skulle halda ro og orden. Det var turvande så mange slags folk som ferdast. Noko av grunnen til at sambandet vart halde oppe, var den militære stoda

43


åt dei norske. Det var vanskeleg å få mobilisert tidsnok, og med di magasina var i Bergen, vart det umogeleg å få både ammunisjon og klede. Det er og ein av grunnane til at nordmennene måtte trekkja seg attende langs jernbanelinja. Tyskarane fylgde etter, og snart rådde dei heile bana. Dette gjorde folk uvisse. Dei visste ikkje kvar dei «høyrde til». Eit offentleg påbod frå dei norske styremaktene verka derfor med mindre tyngd. Eg vil og nemna at mange reagerte kraftig mot å halda sambandet oppe med Bergen, og meinte at ein måtte sjå seg om etter andre innførselsvegar, t.d. nordfrå. Så kom påbod om demobilisering av heile 4.divisjon, og dermed vart forbodet mot samferdsla teke bort. Men då var tyskarane herrar over heile Sør-Noreg. Ein-ting som gjorde det vanskeleg for varekjøp både for private og heradet, var at alt kjøp var mot kontant. Utan å vilja døma nokon, finn eg likevel at grossistane i Bergen synte ei stivbeint egoisme med dette kravet sitt. Dei sat inne med til dels store lager, og hadde dei vilja levert mot heradstrygd kunne varelagra i heradet vore munaleg større. Av dei mange som ferdast frå og til Bergen dei første vekene, vil eg spesielt nemna sekretær Hodne i Santalmisjonen. Den mannen stod det verkeleg respekt av, og han er vel verd å minnast. Gong etter gong kom han med lass etter lass med varer, tok dei heim til Breistein, rodde dei over fjorden til Valestrand, lasta dei på bil og køyrde dei til Hjellvikvåg, motorbåtskyss til Eikanger, lasta på bil att og leverte vidare til dei ymse handelsmenn. Ein dag kom han med fleire sjuklingar som han hadde henta på sjukehuset i Bergen. Han gjekk med raudekrossbandet på armen. Kontrollen var streng, så det var berre dei som hadde naudsynleg ærend som fekk løyve til å fara. Då eg spurde han korleis han kunne få slikt til,svara han at kvar gong han for, trudde han ikkje sjølv at han kom vel frå det. Tyskarane heldt vakt på Breisteinbryggja. Ein dag han kom saman med kaptein Hans Rød og han hadde fått lasta i båten, stod vakta på bryggja ferdig med børsene. Hodne venta kvar augneblink på å få ei kule i ryggen, men det kom ikkje noko. Det var for mørkt så dei såg ikkje kven som var kven. Også den gongen hadde han sjuke folk med seg. Han var hjelpsam som få. Var det noko ein bad han om , gjorde han det. Han reiste endå eins ærend. Ein dag kom det eit billass med finnar. Dei såg just ikkje vakre ut. Dei hadde vore mannskap på ein finsk båt som 9. april låg i Bergen. No hadde dei rømt. Dei ville anten vera med i krigen eller koma seg heimatt. Vi fekk dei over fjorden til Eikanger. Der tok lensmannsbetjenten seg av dei og sende dei vidare. Skyssbåtane vi hadde her gjekk uavlateleg, og det kan ikkje nektast for at

44


dei vart trøytte. Ein av dei kom ein kveld, trøytt og forkomen, sette ein mann på land og ville fara. Då kom det ein flokk på 7 mann som skulle til Ostereidet. Skysskaren sa at han orka ikkje gå fleire turar, men dei tvinga han til å gå. Dei sa dei var telefonarbeidarar og skulle på arbeid inne i fjorden for å knyta telefonsamband mellom fjorden her og Voss. Fylkesmannen hadde flytt dit. Elles var det sterk otte mellom folk for spionar. Om det var nokon slike har eg ikkje greie på, men det var ymse ting som kunne tyda på at det var spionar også på våre kantar. Ein dag eg var ute med liner, vart eg var ein færing som kom roande, 4 mann for årane og ein sat bak og styrde. Det såg ut som dei hadde hastverk. Eg såg etter båten, og vart vis at dei la til lands i Tepstadhelvetet, – eit mørkt svart gil i berget. «Kva i all verda har dei der å gjera?» tenkte eg. Båten stogga der ca. 10 minuttar, og kom så same vegen attende, og med like stor fart. Og dei var like mange. Sidan var eg borte og såg etter. Det viste far etter nokon som hadde klatra oppetter, men elles ingenting. Truleg har det vore ein til i båten som har lege gøymd. Jamt og samt vart det meldt om mystiske ljossignal. Ein kveld kom ein springande og fortalde at han såg ljos på Mundalsfjellet. Det glimta og blenkte som var det signal. Det vert fortalt at lensmannen måtte jamt og samt avgårde og sjå etter slike ting, men han fann aldri noko. Sume personar var sterkt mistenkte for spionasje. Det galdt slike som bygdefolket ikkje kjende. Serleg var det ei frue med dotter som vart tala noko om. Det viste seg likevel berre å vera mistanke. Lensmannen kom på plassen. Han kjende dei. Ein ingeniør Ornell, gift med ei tysk dame, vart mistenkt, men det var ikkje slik. Valestrand helselag gjorde godt arbeid i den første evakueringstida. Det vart skipa til sjukestova med 10 senger i ein stor sal i skulehuset. Med omsyn til å gjeva trygd til evakuerte, så var her mange slags personar, og mange slags oppfatningar av trygda. Her i vår krins budde frå finaste folk til fant. Dei hadde alle same suta, var mykje godt like i det at dei hadde ingenting fått med seg. Ei frue bad om trygd for vara. Ho fekk tilvising på 10 kr. Det skulle vera nok for henne og dotra ei veke. Då sambandet med byen kom nokolunde i stand att, og ho kom til byen, fekk ho pengar. Då heradet kravde trygda, fekk ein det svar at desse pengane betalte ikkje ho. Det var kommunen si sak å få pengane att hjå hennar kommune. Dette kunne vera rett nok om det var heilt ubemidla folk. Men denne frua kom ein dag til meg og spurde om eg kunne veksla 1000 kroner. Det kunne eg ikkje då, men ho fekk veksla setelen hjå

45


heradskasseraren. Då betalte ho og trygda til han. Stort sett må ein seie at dei evakuerte synte god framferd. Berre eit par tilfelle kjenner eg til at dei ikkje synte den skjønsemd ein kunne venta, m.a. var det ein stad det vart klaga over at koppar og asjett var knuste eller stolne, krystallskål var borte og syltety og mat elles var oppete. Serlege ulokker grunna miner har det ikkje vore. Ein av dei fyrste dagane gjekk eit mjølfarty på ei mine utanfor Hordvikneset og gjekk ned. Folket vart berga. Det same vart mykje av mjølet. Rekminer har det vore nokre av. Ei tok land ved Djupedalen og eksploderte. Ei kom inn til Ranen (mellom Tepstad og Sandalsneset) og gjekk til vers. På båe stader viste det merke etter dei. 13. juni 1940: Noreg har gjeve opp all motstand mot tysken etter at dei har halde det gåande i to månader og gjort sterk motstand, og endå til held på å jaga han over grensa til Sverike. Kongen og kronprinsen og regjeringa er reist til England. Den norske heren er demobilisert og general Ruge teken i forvaring. Det vert fortalt at tyske fly vart nytta til å hindra dei tyske soldatane å koma til Sverike. Ein må seia at forsvarsviljen er god hjå nordmennene, men dei vanta utrusting og ammunisjon. Så var det nok også svik med i spelet. Italia har gått med Tyskland og erklært Frankrike krig. Tyskarane melder om framgang på sin front. Franskmennene og engelskmennene melder at dei held stillingane på sine frontar. Her hjå oss skulle det no vera fred på ein måte, men sjeldan har det vore slik flydur og kanonade som no. Natt til onsdag og torsdag høyrdest det ut for oss som Bergen vart bomba. Folk såg flammar og nedslaga. Ut for prestebryggja på Hamre vart det slept ei bombe i sjøen. Ho eksploderte med svær dun,og vass-spruten stod høgt mot himmelen. Det var skya ver. Ein greip seg uvilkårleg i å tenkja på kva endelykta kan verta for landet vårt. Det er sårt å veta seg ufri. Det er som ei tung bør ligg over dei fleste. Det er ikkje lenger det gode humør som rår, men still resignasjon. «Gud signe vårt dyre fedreland» syng folk, med meir tillit og tru enn nokon gong før. Eg høyrde ei radiosending frå Oslo ein kveld. Dei song «Du Herre som er sterk og stor». Det var bøn i orda og bøn i tonen, og eg gjorde som fordum Josef, gjekk ut og gret. 15. juni 1940: Var til byen i går. Det er rart å gå inne i byen no. Liten trafikk, lite bilar, nærsagt ingen varebilar. Einast dei tyske køyrde. Bensin er det helst lite av. Ein vanleg drosje får 3 liter for dagen, vert det sagt. På hamna er det og stilt og roleg, ikkje bråk av vinsjar, ikkje dei vanlege rop og skrik frå sjauarar i arbeid eller klakking av motorar på vågen og tuting av fløyter. Det er stilt og roleg. Byen tykkjest vera romsleg og fredeleg. Einast det som pregar

46


byen og gatelivet er alle dei uniformerte tyskarane. Ein la merke til dei halvskygge andlet, snart vendt oppover, snart til sides. Ein skjøna dei ottast for fåre. Difor var dei straks på sprang så snart flyalarmen gjekk. Reiste heimatt med «Hamre». Han måtte opp til Flatøy for kontroll. Eg sat inne i postlugaren. Der inn kom offiseren og spurde etter pass. Han handhelsa då han gjekk. Postekspeditøren sa at dette var ein av dei gutane som var oppfostra på Flatøy under og etter 1. verdskrigen. 18. juni 1940: Fekk i går telefonoppringing frå avdelingsingeniør Glambek om heradet kunne skaffa 4 arbeidslag med formann og smed til arbeid på riksvegen Bergen/Granvin. Han nemnde at alt arbeid andre stader skulle stoggast til fordel for dette prosjektet. Eg kunne ikkje gjeva svar på ståande fot, men lova å undersøkja og gjeva melding seinast måndag. 19. juni 1940: Askill Hjellvik var på vegkontoret, fann Glambek og spurde kvar arbeidet skulle taka til. I kring Garnes, var svaret. Gjennom avisene får ein veta at det er dei store sambindingsvegane som skal utbetrast, serleg då Bergen, Kvandal, Kinsarvik til Oslo. 20. juni 1940: Det har meldt seg ein del arbeidarar på vegarbeid, og det ser ut som arbeidet kan taka til om mandag. Ordinær betaling. Noko spesielt kommunalt er her ikkje. Eg arbeider med å gjera ferdig budsjettet som skal sendast inn til fylket. Eg reknar med at det kjem att til ny handsaming. I går kveld tala utriksminister Koht frå London. Han tok til motmæle mot aviser heime i Noreg som klandra riksstyret fordi dei for frå landet. Stoda i landet er elles ikkje så reint ille endå. Ein merkar i grunnen lite til tyskarveldet her hjå oss. Ein merkar seg den veldige bygging av forsvarsverk kring Bergen. Luftvernkanoner er oppsette her og der på bergknattar og hustak. Fretter om ei og onnor flymaskin som er inne og bombar. Ein får elles det inntrykk at luftvernet ikkje svarar til forventningane. 23. juni 1940: Fredag byrja skuleferien for i år. Kvamme var ferdig torsdag. Det er ein lette med ein pust i bakken no. Trøytt av skulen og trøytt av det kommunale, ja nær sagt trøytt av alt. Ein kjenner både otte og ansvar. Otte for kor det vil verta til vinteren om ein skal tenkja så langt. Ansvar for det kommunale arbeidet, om eg verkeleg har gjort kva eg kan til beste for folket. Gleda over arbeidet er borte, og det humør ein omgjev seg med, er oftast påteke. Det er jonsokafta i kveld. Det er forbode å brenna bål står det i avisene. Eg har likevel sett bål. Borna kan trass alt ikkje skjøna kvifor verda med eitt er vorten så onnorleis. Dei byggjer bål, har si tradisjonelle brusflaske og kjekspakke, jublar og ropar hurra trass krig.

47


Ute i verda slæst dei verre enn før. Veka har vore roleg. Ingen engelske angrep på Bergen sidan Nordnes vart bomba og brann ned. Største delen av Tollbua strauk med. Her er lita ferdsle endå. Ein tur til Bergen er besværleg nok. Alle farty skal om Flatøy for kontroll. Ein spør ofte seg sjølv kvifor ikkje denne kontrollen vart lagd til Salhus. Likeins kvifor desse miner som eg elles ikkje trur det er så mange av, ikkje vert opptekne. Eller er det såleis at dei ser ein fordekt engelskmann på kvart farty? 30. juni 1940: Eg er i høgste Knappen og ser utover bygda, og veret er vakkert. Litt skodde ligg i fjella kring fjorden og gjer dei høgare enn dei verkeleg er. I normale tider var det vanleg at båten var her på denne tid full av glade feriefolk. Det siste er det nok av no og, men du for ein skilnad. Før var det jubel og moro, song og spel både ombord og i land. Alle var velnøgde med tilværet. Skjemtsame ord flaug mellom båten og land og låtten ljoma. Det var desse kveldar ein lengta etter heile veka. Og no? Folk vågar mest ikkje å snakka høgt. Samtalar vert helst om vanlege ting. Stort sett er det ingen ting som står på når det gjeld det reint materielle. Kanskje ein råkar det best når ein seier at folk er sjuke på sinnet, nedtyngd av otte for framtida. Bakom det heile ligg ovundsykja og maktsykja frå ein einskild mann, meir og mindre galen. Han var likevel så sløg at han nytta ut dei dårlege tider og arbeidsløysa ved å lova arbeid og god løn. Og folk trudde alt når berre det var noko godt i vente. Ein ting er visst: Vi har hatt det godt her i landet, og vi har ikkje eingong takka forsynet for det. Men, kanhenda vil Vårherre læra oss kva goder vi har hatt ved å ta bort noko av godene? Slike råder har vore nytta før, og det har kome seg. 17. juli 1940: To ting har skaka folk opp i dag og i går: to båtar har gått på miner på Byfjorden. Den eine var ein bergingsbåt «Draugen» frå Ålesund. Den andre var ein fiskekutter som skulle henta sild for U.S.F. På den første kom det bort 4 menneske. På den andre båten vart alle berga. Båe båtane gjekk på miner på same staden utanfor Morvik, midt i leida. Det har sett skræme i ferdafolka. Største ferdsla heretter vil nok koma til å gå over land. Med omsyn til siste båten var det 5. turen han gjekk leida, og han skulle såleis vera kjend. Det er difor lett å tru at det er miner som har skift plass, anten som fylgje av straum som plar vera strid her, eller rett og slett vorte slept lause. Ruteselskapa har spurd om ikkje desse miner kunne fjernast, men har fått nei. Endå er det ljose dagar og netter, men i skodde og myrker stiller det seg onnorleis. Kursen båtane som skal til byen går er: Sunnfjordheimen, Askeneset, langs med Askelandet 3 – 400 meter, så tvers over fjorden til

48


Steinen, og så inn til byen. Aviser og kringkasting har det travelt med å kommentera Kong Håkons avslag på abdisera (etter at presidentskapet har vendt seg til han med spurnad). Det er mot grunnlova vert det hevda, at konge og regjering skal stå under formyndarskap av ei framand makt. Rett eller gale. Konge og regjering har stort rom hjå nordmennene. Ein kan ikkje tenkja seg landet fritt utan desse goder. Det er ingenting folk ynskjer meir enn at den frie forfatning vi hadde, vert røyndom att. Matsituasjonen for vinteren har vore og er framleis viktugaste spørsmålet. Endå har det ikkje skorta på, men etter kvart som lageret minkar, vert rasjonane mindre. Etter det som vert fortalt, er mjøllageret som Hosanger hadde, ført innatt til Vaksdal. Det var lagra på Vikanes, i kyrkja og kommunehuset. Om lagra her i Hamre har vi ingenting høyrt. Klede og skospørsmålet er også aktuelt. Ordet går at tyskarane kjøper opp i mengd og sender til sine folk i Tyskland. Det er vanskeleg for ull- og tekstilfabrikkane å få inn råstoff. Kva det fører til, skjønar alle. Sauen og ulla kan endå koma til «hæder og verdighet» att. Heradskasseraren har vore på skattetur. Det gjekk så medels. Trygdekassen har og vore ute og let ikkje ille. Den vesle industrien vi har i heradet går under høgtrykk. Med omsyn til anna arbeid i heradet, er det smått. Ein stor lette var det at så mange fekk arbeid Hardangervegen. Fleire ventar på å få arbeid antan der eller på Høyland/Vaet. Situasjonen er såleis ikkje heilt umogeleg. 1. august 1940: Har i dag fått innkalling til fylkestinget den 12. d.m., tre månader etter den vanlege tida. 24. august 1940: Dei tre siste vekene har vore nokolunde rolege her i landet, men ute i Europa fører dei striden meir hardsett enn nokonsinne. Veldige luftåtak over Tyskland og England, men såvidt ein skjønar, er ingen komen ein tomme lenger fram. Det ser ut som det er stogg i alle våpenartar. På fylkestinget var vi berre 1 ½ veka. Vi var budde på kortvarig tingseta. Det fylkesmannen, Gjert Lindebrekke, serleg held fram i si opningstale, var at vi ikkje måtte lata svartsynet rå med oss. Vi måtte framleis sjå frametter, finna oss i tilhøva som dei var, men venda synet framover mot den fridom alle sette så høgt. Han mintest i talen sin alle dei som hadde late livet sitt for fedrelandet. Eg trur ikkje det var eit turt auga i salen då han i klåre enkle ord takka for den innsats desse hadde gjort. Heile lyden stod. Arbeidet gjekk elles fort. Alt var så godt lagt til rette, vedtak var forma, det var berre å godkjenna. Ingen diskusjon vart det. Vi hadde ei kjensle av at slik

49


det var tilrådd var det beste. Og så ville vi visa vår kjære fylkesmann at vi sette pris på det arbeidet han hadde gjort. Det var elles i nemndene arbeidet vart gjort. Der kunne humøret vera på topp. Skal eg kalla det galgenhumor. Budsjettnemnda som eg var medlem av, handsama 50 saker, ca. 1/3 av alle sakene. Slutningen av tinget var like høgtideleg som opninga. Tilslutt song vi første verset av fedrelandssalmen, og den ljoma sterkt i salen og ut gjennom dei opne vindaugo. Folk på gata stogga opp og lydde. Så skildest vi for denne gongen med ynskjet om at vi måtte møtast att neste vår under betre forhold. 11. september 1940: Maken til surt haustvêr skal ein leita lenge etter, regn og stilla, regn og regn dag og natt. Det sildrar og renn etter tak og stuprenner så det er heile fossen frå utløpet. Dertil kaldt som seinhaustes. Eple og onnor frukt fer illa. Mykje er alt dotte ned. Etter kvar natt kan ein gå ut og plukka inn fulle korger. Vi har ikkje så mykje. Ein kan tenkja seg til korleis det er i dei store hagar. Ringde til byen i dag og ville vita prisen på salta sild. Ho kom på 70 – 75 kr. for tynna, fem streks. Det er uhørt pris på denne tid. Serleg når det ikkje vert sendt ut noko sild til anna land enn Tyskland. Heller er det lite av kaffi og sukker. Serleg då sukker. Det kan ikkje vera mykje att på kriselagra. Skal tru det ikkje hadde vore betre å plassert desse lagra på bygdene? Føremonen med ein slik skipnad, er lett å sjå. I vårt land som ikkje er så lett å ferdast i, og har alt anna enn lette transportforhold, burde styresmaktene ha sytt for lager og ei betre fordeling av lagra. For ein landsens handelsmann stiller det seg problematisk. Ikkje berre må han kjøpa kontant hjå grossisten, men han må og betala avdrag på tidlegare skuld. Dessutan må han så langt råd er, stetta dei krav til varer som kundane vil ha, og fordela det slik at alle får sin kvote. Misnøgje vil det verta kor ein snur seg. Det er som folk vaktar på kvarandre. Glad kan den vera som har så stor gard at den kan skaffa størsteparten av det ein treng både av matvarer og andre ting. 15. september 1940: Det er ikkje jamt engelskmannen viser seg så langt inne som hjå oss. Han har nok vore inn til kysten, men melding om kva han har gjort saknar ein. Men no sist fredag gjesta han oss med nokre fly, var innom Bergen 3 gonger i alt fortel folk som kom frå byen, men ingenting er nemnt om kva skade dei eventuelt har gjort. Mest interessant var det om ettermiddagen, i 5 tida, denne fredagen. Då vart vi vitne til ein flykamp mellom eit engelsk bombefly og ein tysk jagar. Vi sat inne og drakk ettermiddagskaffe då vi med eit høyrde ein svær dur av fly

50


utan at vi kunne sjå noko gjennom vindaugo. Gjekk så ut gjennom døra, og då vart vi var eit fly med svær fart over høgste Knappen, gjorde der ei snøgg vending og for ut att. Det var noko skodde den dagen. Ein høyrde knitring av maskingevær. Straks etter kom same flyet att, og for no heilt inn til Eldsneset (neset mellom Hjellvikvågen og Raknesvågen). I det same kom eit stort fly gjennom Revskaret, fylgde lia frametter, tok så over høgste Knappen (Hjellvikknappen) og tvers over fjorden. Flya var komne frå kvarandre i skodda, hadde kryssa kvarandre. Det vart eit rasande jag over fjorden. Det engelske flyet gjekk svært lågt, ja så lågt at folka ombord på båten «Hosanger» som nett då var på veg frå Leiknes til Hjelmås, gjekk under dekk då dei var redde for kuler frå flya. Det engelske flyet snudde no og sette rett mot jagaren samstundes som det gjekk høgare opp, og no vart det ei knitring av maskingevær, men ein hadde ikkje inntrykk av at nokon vart råka. Derimot hagla kulene ned over løtaket til Vilhelm Sætre. Kona hans var i floren nett då, og ho vart opp i under over at det hagla frå klår himmel. Ho kom likevel til anna resultat då ho såg flya, og ho var glad for at ho var under tak. Etter som utsegna går, vart det tyske flyet skote ned ved Kvingo i Masfjorden. At det ikkje kom til rette att, kan ein skjøna. Tyske soldatar leitte etter det heile kvelden og natta til laurdag. 20. september 1940: I dag har ein ikkje fått melding frå nokon kant, og ein veit difor ingenting om krigsstoda. Elles er det ikkje særs nytt dei har å fortelja. Berre «sarving» som han seier Kvamme når han sit og høyrer korleis dei øydelegg for kvarandre, den eine mykje dei andre meir. Ein kan no snu det som ein vil,- det er vitløysa som er sett i høgsæte. Eg veit ikkje å årsaka den eine parten meir enn den andre. Og likevel: det var tyskarane som byrja, og dei som historia vil koma til å leggja skulda på. I Noreg er det nokolunde stilt. Av ymse føresegner makthavarane set i verk, må nemnast at landet skal inndelast i soner. Det skal såleis ikkje vera råd å reisa frå ei sone til ei anna utan pass. Desse føresegnene gjeld særleg strekkja Lindesnes/Stad. Tyskarane har ikkje lært nordmennene å kjenna at dei kan omgåst dei utan mistankar. Dei er redde spionasje. Mogeleg dei og vil hindra at nordmenn reiser ut. Mange er allereide reist, og fleire kjem til å reisa. Eg trur ikkje dei oppnår så mykje med denne kontrollen sin. Strengare kontroll med sal av brød og mjøl er på trappene. Rasjonane skal setjast ned med 1/6. Knappare med andre varer vert det og. Ein kan nemna sirup, havregryn og erter. Attåt det er omsetningsavgifta auka frå først 1%, så 2%, så 3%, og så heilt opp i 10%. Siste gongen likevel såleis at det skal inkluderast i vareprisen. Frå London seier dei at det nok vert endå fleire

51


avgifter. Korn og potetrasjonering er og på trappene. Det er henta inn oppgåver over desse ting. Nærare reglar kjem vel seinare. Såpa vantar ein. Også den skal rasjonerast. Kort vil koma i slutten av månaden. 23. september 1940: Fleire dagar har straumen vore borte så vi har ikkje fått meldingar. Det vert aktuelt med pass og «grenseboerbevis». Vi skal møta alle mann og ha med fotografi. 24. september 1940: Om pass: Kravet var at alle skulle reisa til lensmannen i Salhus og få pass. Det kunne likevel ikkje setjast i verk då båtane har så ulaglege ruter. Eg tala med lensmannen om dette og bad han koma hit. Lova det sikkert ville han ikkje, men han drog på det, så kan henda. Eg fekk i oppdrag å varsla folk om å ha foto ferdig. Dessutan skulle han senda skjema i kring til utfylling. Berre 1 foto, storleik 4,6 cm. Kornavlinga er det helst smått med. Potetene vart det meir av. Hjå somme mest dobbelt mot fjoråret. Det vert ikkje greitt å klara seg til vinteren, og såpoteter skal ein helst ikkje tenkja på no. Gjødning vart det smått med. Formannen i jordstyret oppmodar alle å kjøpa det dei kan få tak i av alle gjødningslag. Salpeter vert det truleg nok av, men fullgjødsel vert det smått med. 6. oktober 1940: Tyskarane har halde hausttakkefest i Oslo. Det er gamal tradisjon, vert det sagt. Etter radiomeldinga gjekk det strålande for seg med musikk og leik og moro. Olga Bjoner har halde tale. Eit ord til dei norske kvinner. Det var ein manande appell til norske kvinner om å stå saman i arbeidet for landet og folket – for livet. Det vart sagt med alvor, og kjenslevart som det vart bore fram, verka det sikkert på åhøyrarane. Bjoner er N.S. og under det merket vil ho gå inn for nyordninga. Vi andre går inn under ei nyordning under eit anna merke, og kan endå bruka dei same ordelag som fru Bjoner. Vi kan ikkje med diktatur. Den «folkelukka» trur vi ikkje på. Vi ventar frigjering frå tvangen. 10. oktober 1940: Kuling sudaust. Ikkje kaldt. God håtærre. Høyrde flydur over byen måndag, og skot. Dei som var hepne fekk og sjå ferda etter flya. Dei var høgt oppe. Eksosen fraus, lange kvite striper synte farleia deira. Det var ikkje bombing. Elles er det roleg og stilt i bygdene. Folk tek det med ro. Einast ein viss otte for levemåten gjer seg gjeldande, men folk trøystar seg likevel med potetene. Heilt svelt i hel vert det ikkje. Det var tanken å taka til med vegarbeid no måndag, men overingeniøren skriv at arbeid på bygdevegane ikkje vert sett i gang endå. Han grunngjev det med at ingeniørane har det så travelt med riksvegane. Hordaland politi set

52


også strenge krav med omsyn til sprengstoff. Eg har spurt om det ikkje kan gjerast undantak for anlegg som ikkje straks treng teknisk hjelp, og som vil ta på seg vakthaldet med omsyn til sprengstoffet. Det gjekk ikkje. 11. oktober 1940: Storm i heile går, storstorm i natt. Var på heradskontoret og hjelpte kasseraren med å fylla ut posttilvisingar for alderstrygda, 95 tilvisingar, sum kr. 8.490,80. Det som hadde tyngt mest på heradet, er etter måten den store arbeidsløysa. Den har elles gått gradvis nedetter. Etter nyskipinga med arbeidsløysemeldingane, d.v.s. at kvar arbeidslaus skal melda frå til ombodsmannen eller til eit av heradsstyret godkjent medlem av trygdekassa, ha kort som dei stempla kvar 8. eller 14. dag. Det har elles vist seg at det ikkje er så mange som er konstant arbeidslause. Dei siste meldingane formannskapet har fått avskrift av viser 0 arbeidslause. det er og rimeleg då mange er med i innhaustinga. 28. november 1940: Slikt ruskever som det har vore desse siste 5 dagane skal ein leita lenge etter. Eit regn så voldsomt at bekkene fløymde opp og myrane på Hjellvik låg under vatn. Vegen vart øydelagt på fleire stader. I dag er det tolleg ver og noko kaldare og med nordleg vind. Det var og å venta at stormen reiv laus minene på Sørfjorden. Folk som ferdast fortel at minst 4 låg under Gjerviklandet. Tyske vaktskip har halde på å skyta dei i søkk. Nokon av dei er truleg øydelagde. I alle fall er det utriveleg å ferdast på fjorden etter det har vorte mørkt. For å kunna kontrollera trafikken, er det tysk vakt på Austegard, Flatøy. Det er trist no om kveldane. Mørke og tunge dagar. Ein må blenda kl.19.30. Å sitja om kveldane å stira på svart papir, – ja ein fiksar det då til innanfor med kvite gardiner så ein slepp ha den svarte flekken for augo. Men trass det er det som ein vert kvævd og geispar etter luft. Ute er det sløkt. Alle utelampar er sløkte, vegljos og bryggjelampar sameleis. Skal ein utom døra må ein stå ei heil stund å venja seg til mørkret. Og som det har vore med veret, må ein ha sjøstøvlar på seg. Lommelyktbatteri er det vanskeleg å få, likeins olje på lykta. Difor er også klår himmel med måne og stjerner så uendeleg gildt å sjå på. No gjer dei verkeleg nytte for seg. Båtane har sett ut rutene sine med 1 1/2 time så dei kan gå om dagen. Om morgonen er dei her ved 9 tida, og ettermiddag i 16 - 17 tida. Dette grunna minefåren. Kven skulle tru at Osterfjorden skulle verta blokkert av miner. Det er ingen hugnad å reisa. Skal ein ha noko frå byen, nyttar ein telefonen. Å koma over land er også vanskeleg. Her er inga bilrute no grunna bensinmangel. 18. desember 1940: Sist sundag og måndag var det eit forferdeleg ver

53


med storm og regn. Frå skulehuset kunne ein sjå korleis vinden tok sjøen i fok i fleire hundre meters lengde. Det var å venta at eitkvart måtte spørjast etter dette. Og rett nok: Tyskarane hadde lagra ein veldig flåte tømmer på Arnavågen. Det reiv seg laus og vinden dreiv han utetter fjorden. Og då vinden måndag gjekk seg meir vestleg, tok mykje av trelasta vegen inn Osterfjorden. Og så tett låg stokkane at dampen måtte gå med nedsett fart så han skulle koma uskadd igjennom. I går var alle som kunne ute og berga tømmer. 4. januar 1941: Jolehelga er over, nyårshelga med, og vi er byrja på «vandring» mot ljosare dagar og stutte næter. Vêret har vore godt. Knakande kulde heile helga. Det vert sagt at gradestokken viste torsdag minus 20 grader. Det spørst etter ved i omnane. Kol og koks er det uråd å få tak i for oss som bur på landet. Sjølve helga har vore still. Jolaftan pynta vi joletreet som vi plar gjera. Det vart gjeve nokre presangar. Vi gjekk om treet og song dei vakre jolesongane. Høyrde jolepreik i radio. Vi sakna joleknasket: neter, druer og appelsiner. Men trass det var stemninga bra. Joledag var vi til kyrkje. Presten Bergo var grei. Preika var levande og god. Tida mellom jol og nyår vart nytta til ymse kommunale gjeremål. Måndag den 30. hadde vi heradsstyremøte, kanskje for siste gongen. Som avslutning på møtet, takka eg som ordførar alle innan heradsstyret og den kommunale administrasjonen for godt samarbeid. Eg nemnde og at det kanhenda var det siste møtet etter den gamle skipnaden, og nemnde at for den tida eg hadde vore ordførar hadde eg berre gode minne. Ynskte til slutt alt godt for Hamre i framtida. Varaordføraren takka for godt arbeid desse åra. Vi song til slutt «Gud signe vårt dyre fedreland». Nyårsdag var eg til kyrkja. Det var 11 år sidan det hadde vore preik med Hamre ein nyårsdag. Preika var som vanleg, livfull. Han peikte på at det nye året måtte verta eit Guds år, og sa han, det går ikkje onnorleis enn Han vil, trass i at Han er avsett av dei «mykje gjævare herrar». – Ho gjorde godt denne preika.

54


Frå ei forteljing om livet i tyske tukthus under krigen Av Jørgen Tveiten Jørgen Tveiten vart arrestert av det tyske Geheimliche Staatliche Polizei – Gestapo – 19. november 1941. Den 20. januar 1942, på sin 36. fødselsdag, vart han av ein tysk krigsrett dømd til 6 års tukthus for «Feindbegunstigung». Han vart send til Tyskland i april 1942 og kom attende til Bergen i juni 1945, etter 3 ½ år som tysk fange.

Den fyrste joli i Hamburg i 1942 merkte me ingen ting til. Matrasjonane var dei same, og like knappe som før. Noko jolestemning jolaftan vart det soleis ikkje noko særleg av. Sjølve joledag var fridag, og det var gudstenest i kyrkje-lokalet i tukthuset. Det var sjømannspresten i Hamburg som heldt Gudstenesta, som var berre for dei norske fangane. Då Gudstenesta var ferdig, stelte han seg i døri og handhelsa på kvar mann og ynskte god jol. Det var ei gripande og fin Gudstenesta. Det vart halde Gudstenester av og til. Presten den gongen heitte Huseby, han måtte nok slutta i Hamburg og reisa heimatt, han hadde alt for godt tilhøve til fangane, tykte tyskarane. Det kom 2 prestar att, det var Arne Berge og Conrad Vogt Svendsen. Båe desse fekk me etterkvart god kontakt med, det var heilt igjenom fine karar, som vart til stor hjelp for mange av oss. Vogt Svendsen skreiv ei bok om opphaldet og arbeidet dei hadde som prestar i Hamburg under krigen, i 1948: «Med Guds ord i fiendeland». Dei prøvde so godt dei kunne å kontakta alle dei tukthus og fengsel dei kjende til, og dette fortel han om i boki si. I konsentrasjonsleirane var det vanskeleg for dei å få gjort noko. Bold he eg heime, mange hev lese henne, boki er god. Tidi på Wellingsbiittel vart eldprøven for dei fleste av oss. Då vår kommando vart overført til Schnelsen, var me på ein måte gjenom denne prøven, eller skal me seia: midt i han. Eg kan ikkje segja at det vart nokon særleg skilnad. Vaktmeisteren var den same. Det var ein stor kommando, so der var fleire vakter, og dei var stort sett alle ikkje so verst. Her var det ogso byggjing av barakker og bunkers. Arbeidet her ute veksla noko. Eg arbeidde helst som «handlangar», køyrde murstein og sement på trillebår. Ein dag harpa eg sand saman med Sverre Tveitnes oppe ved hovudvegen, som gjekk framom der. Dette var eit arbeid me likte båe to, me fekk vera åleine og fekk prata litt.

55


Vaktmeistaren gjekk av og til langt burtetter vegen. Ein dag kom ei kvinna på sykkel framom. Ho stogga, byrja å snakka, spurde og grov, – ho vart merksam på kor dårlege me såg ut. Ho fôr vidare, og lenger framme såg me at ho snakka med vaktmeistaren. Dagen etter kom ho att. Ho stogga ikkje, men sykla langsamt framom og kasta frå seg ein del fine eple borti sandhaugen. Dette såg vaktmeistaren. Ho vart stogga, og dei kom i nokso kvass krangel, høyrde me. Me var redde for at han kom til å ta frå oss epli, men det gjorde han ikkje. So dei delte me og åt. Svolten gnog støtt. Då klokka kunne vera omlag ni om morgonen, fekk eg kvar einaste dag «ei bya», det var visst magevæskene som ikkje hadde noko å arbeida med. Då vart eg so slapp, at om eg kunne, måtte eg anten setja meg eller ha noko å halda meg i, for i det heile å ikkje siga ihop. Dette varde heldigvis berre ei stund. Eg fann ein dag i ein jordhaug noko potetskal, som eg delte med nokon. Men dette råe potetskalet var vanskeleg å få ned, og eg måtte gje meg, kor svolten eg var. Ein dag kom Finn Ravn og fortalde at han hadde fenge smugla inn til leiren nokre boksar hermetikk - det var gjenom Sjømannskyrkja. Far hans hadde god kontakt med tyske båtar i Odda. Han spurde om eg ville hjelpa han med å få dette inn i Tukthuset. Eg meinte det var for fårleg og rådde han til å eta det der ute. Men Finn var so innstilt på å eta det inne, kanskje fann han det vanskeleg å halda det løynt og gøymt på Schnelsen. Dessutan lova han meg «provisjon», og dette vart for freistande, so eg gjekk tilslutt med på det. Og før oppstillingi til innmarsjen om kvelden, stakk eg to små boksar sardiner ned i kvart buksebein og tenkte at no får det stå til. Men, det me ottast for hende. Nett denne kvelden. Det vart «flising», – det er kroppsvisitering. Eg hadde stilt meg bakrast i kolonnen men skyna snart at det var det ingi hjelp i. Hauptwachtmeistaren tok kvar mann for seg – heile rekkja nedover, og då han kom til meg og kjende nedover buksebeina, sa han berre: «Aufmachen!». Ja eg løyste opp bandi om buksa, og dei 4 sardinboksane rulla ut og vart liggjande i vegen. Vaktmeistaren plukka dei opp, sa ingen ting, og arbeidde vidare. No hadde Finn mesteparten av boksane i dei tomme matspanni etter middagen, og dei vart ogso fundne, – og tekne. På vegen inn bad eg Finn om å ta skuldi på seg, om han gjorde det, fekk eg ikkje retteleg greie på. Skulle mest tru det, etter det som hende sidan. No gjekk me båe og venta på arrest, - eller verre: flytting til Schülp, som var ein straffekommando. Men dagane gjekk, og me høyrde ingen ting. Det heile var merkeleg og uskynleg.

56


Utanfor tukthuset i Hamburg i juli 1953. Frå venstre Jørgen Tveiten, Kitty Tveiten, Bjørg Tveiten og Odd Tveiten. Utlån: Jørgen Tveiten.

So ein av dagane var Hauptwachtmeisteren ute på Jungfernstig, ein liten arbeidsplass som høyrde til under Schnelsen. Der hadde han teke for seg verktøykassane til arbeidarane. Det synte seg at fleire hadde duble botnar i kassane sine, og hjå muraren Meyer, ein tyskar, fann han m.a. eit heilt brød i dette løynderomet. Han tok det han fann, men Meyer fekk visst heller ikkje straff. Dagen etter vart alle nordmennene kalla opp til vaktbarakka. Me vart alle nokso forfærde over dette, me kunne ikkje skyfla kva som gjekk for seg. Alle var redde. So med eitt gjekk det opp ei luka i veggen, og hauptwachtmeisteren langa ut eit brødstykke med sardiner på til kvar mann. Finn Ravn sine sardiner på Meyer sine brødskiver. Det var utruleg. Og utruleg godt, mest alt for godt for utsvoltne karar. Hauptwachtmeisteren var ein eitel på mange måtar, og me hadde stor respekt for han. Men dette var det ingen i heile Fuhlsbiittel som hadde gjort, andre enn han. Ein del av oss vart ogso sende ut til Jungfernstig for ei tid. Ein dag vart nokre av oss tekne ut for å fylgja ein lastebil til eit lite sagbruk der for å henta nokre materialar. Det var alltid bra å vera med på slike turar, - ein visste aldri, -

57


kanskje kunne det vanka eit eller anna som kunne etast. Og tidi gjekk no med det. Ei liti kvild var det òg. Arbeidsdagen var 12 timar. Og dei kunne vera lange. På dette sagbruket var det våningshus der det budde folk. Og dei hadde kaniner i bur langs ein vegg på løa på garden. Me vart merksame på at der låg ein god del brødskorper som vart kasta inn til dei. Dette var då ikkje kaninmat! Og medan vaktmeistaren var oppteken med styraren av sagbruket, vart dørane til kaninburi opna, og alt som kunne etast, vart plukka opp - og ete. Ein annan stad me var i same ærend, fekk me ein liten sekk poteter, som vaktmeistaren let oss ta med, og som sidan vart kokt i leiren. Tidi på Schnelsen vart fælare etterkvart. Det vart snakka om mat og krigen. Alltid. Temaet var stort og utømande. Me prøvde so godt me kunne å setja mot i kvarandre. Der var alltid nokon faste optimistar, endå desse var vorte spakare etterkvart som den eine tidsfresten etter den andre ikkje hadde halde. Men so var her jamen ogso pessimistar, og dei var verre. Det var igrunnen nokon underlege karar. Dei var ustelte, det låg liksom til innstillingi deira. Dei var dårleg likte, dei fleste ville helst ikkje ha noko med dei å gjera. So var det her ute på Schnelsen, tidleg om våren i 1943, at ein ung tysk fange kunne fortelja at bror hans, som var soldat og hadde vore heime på permisjon frå Austfronten, ikkje kunne koma attende til divisjonen sin ved Stalingrad, fordi denne var omringa av russiske troppar. Då eg høyrde dette, hugsar eg at eg tenkte at no er omskiftet eller vendepunktet der. No trong sjølv ikkje tyskarane tvila på at dei ville tapa krigen. Broren til soldaten som fortalde dette, gjorde det i alle fall ikkje. Han var student og elles ein grei kar. Men livet gjekk vidare. Og ein dag vart ein del av vår kommando sende utover til ein annan liten arbeidsleir, Haverkampf. Der gjekk det på støyping av bunker, og det vart bruk for meir folk. Arbeidet gjekk greidt nok unna, men sementblandingi tok svært på hendene, slikt som arbeidshanskar var berre ikkje å tenkja på. Ikkje var det råd å få vaska seg eller skylja av hendene heller, so hudi for ille og det vart opne sår. Verst var det no med den skuta med murstein på hamnen i Hamburg der me arbeidd utan vottar, og hendene var blodige og fæle før me var ferdige. Og det tok lang tid før slike sår grodde. Ja, det var på Haverkampf. Nokso tett ved der me arbeidde var det ein anstalt for Waffen-SS, det var ein slags skule for unge SS-soldatar. So var det under den sokalla «middagen», me var inne i eit skur og åt. No var det bustadhus med hagar omkring der me arbeidde, og me hadde mange oppdaga

58


ei mengd nedfallsfrukt i ein hage berre eit lite stykke ifrå. I arbeidslaget vårt var det ein belgiar, han heitte Delène. Han hadde i denne matpausen snike seg inn i hagen og var ikkje attkomen då me stilte opp til arbeidet. Dette var alvorleg, det vart teke for røming. Etter å ha venta ei stund, vart det sendt bod til SS-kaserna om hjelp til å finna fat i guten. SS-sjefen, ei lang blæra av ein fyr, skreik og bar seg og gav karane sine ordre om å leita guten opp og skyta han der dei fann han. Gutane la i veg, og om berre ei liti stund høyrde me skotet. Dei fann han i eit skur i ein hage, der sat han roleg og åt eple! Han hadde aldri tenkt på å røma men hadde i tankeløysa gløymt burt tidi. Og epli smaka sikkert. Dei fleste av oss kjende godt guten, ein ung, sympatisk og svært pen kar. Me vart ein mann mindre på innturen. Dette var igrunnen uvandt for oss. Det hende nok sakte at fangar me kjende døydde, men ikkje på denne måten, og me syrgde på ein måte over han. På turen frå og til arbeidsplassen tok me trikk, og det hende mel måtte venta på denne trikken. Det kom av og til ein skuleklasse, gutar på 7-8 år, som ogso stogga der. Dei ville gjerne prata, og det var ein av dei som sette seg ned der eg sat. Me prata ilag, eg hadde etterkvart tileigna meg ikkje so lite tysk, so det vart faktisk litt av ein samtale av det. Eg spurde om han hadde ein penn å gje meg, og det fekk eg faktisk. Ein heilt ny. «Und dann bist du meiner gefangene», sa han. Og det lova eg sjølvsagt. Denne pennen stakk eg inn i nedste spissen på vesten framme, og der var han i heile mi tid der nede, når eg ikkje bruka han. Dei pennane me fekk utlevert til brevskriving var ofte halvt øydelagde. Då bruka eg min eigen. Og brevi, ja. Dei eg fekk frå Kitty kom fast kvar 6. veke. Me fekk ha brevi på cella berre nokre dagar, so skulle me levera dei frå oss til Kammeret, der dei vart lagde til sakene våre. Eg omgjekk tilslutt denne regelen ved å leggja nokre bitar dopapir i konvolutten og so levera denne til vaktmeistaren eller kalfaktoren. Brevet hadde eg so på cella eller i lommen på innsida av jakken. Lommen hadde eg laga av fôret i huva. Brevi var umåteleg viktige. Kitty skreiv uvanleg gode brev, som eg måtte lesa høgt til dei eg arbeidde saman med. Ho skreiv på maskin. Me fekk berre ta imot 1 ark, og ho skreiv då med enkel lineavstand so det vart nokso innhaldsrike brev. Det var utruleg kva ho kunne få med, – og kva det hadde å seia. Når det leid so langt, kunne Audun Telnes spyrja: «Har du fått brev fra Kitty?» Og brevi mine herifrå dei tykte eg var turre og inkje-segjande. Men det kunne vel ikkje onnorleis vera. Her var det sannelegikkje mykje å skriva om.

59


Men dei kunne i alle fall segja at ein var frisk, og det var det viktigaste. Å verta sjuk her, - det skulle ein i alle fall prøva å unngå. Tidi, både på Jungfernstig og Haverkampf, var berre episodar. Det var Schnelsen som var hovudarbeidsplassen. So var det ein dag på etterjulsvinteren i året 1943. Det bles ein isande kald vind gjennom den halvferdige leiren av barakker og bunkers for utbomba huslydar i Hamburg. Arbeidslaget mitt prøvde å halda varmen med å arbeida, - utan å arbeida for mykje. Men det var slett ikkje so einfeldt, svoltne og utmagra som dei (me?) var. Vinden stakk som nåler. Eg var trillebårkjørar og hadde ansvar for å halda murarane i arbeidslaget med murstein og sementblanding. Nett no hadde eg 5 minuttar til eg måtte henta neste trillebårlass. I leiren var det ein hund, det var ein av vaktmeistarane som åtte han. Det var ein bastard, stygg som arvesyndi, som gjekk på 3 bein, det fjerde måtte det vera noko i vegen med, for det heldt han oppe under magen. Han var so feit, at han likna meir ein liten gris enn ein hund, - det var vel kanskje overvekti som hadde gjort han beinsvak. Dei svoltne, forfrosne fangane hata denne hunden, han trong berre å visa seg, so rengde dei augo etter han. Han var alt for feit, han fekk alt for mykje mat. Eg hadde teke oppstilling attom eit barakkehjørna, og plassen var vald særleg med tanke på å lata det sjå ut som om eg arbeidde, i fall ein vaktmeistar skulle koma den vegen, - og so for å koma litt i livd for den fæle vinden. Og nett med det same eg stakk hovudet fram for å sjå etter at alt var roleg, fekk eg sjå hunden burte i gata eit stykke. Der kom han hinkande med noko som såg ut som eit brødstykke i kjeften. Og det var eit brødstykke. Eg vart sjølvsagt med eitt vaken og levande interessert og lurde på kvar hunden skulle av. Eit stykke framme i leirgata låg det ein stor jordhaug, som var kasta opp av ein bunkergrunn, og det var nett dit hunden skulle. Vel framkomen sleppte han brødskalken og gav seg til å grava so moldspruten sto. Eg sto med augo nagla i brødstykket og tenkte med meg at her måtte det vel vera råd å lura hunden. Då hunden hadde grave eit hol som var stort nok, la han brødstykket nedi og grov vel over. Han tenkte nok at «her var den Hellige grav vel forvart». Han fòr hinkande derifrå på 3 bein og vart burte. Eg sto ferdig til å springa til, men Andresen (frå Oslo) sto bak eit anna barakkehjørna, som var mykje nærare jordhaugen. På 1-2-3 var han framme, grov fram brødstykket, stakk det snøgt som lynet innom jakka og luska derifrå. Kven som vart mest skuffa av meg og hunden? Det var eg. Sikkert.

60


Dagane gjekk. Me reiste fram og attende til Schnelsen med trikk. Eg prøvde kvar gong å få plass på den sida av trikken som vende fram til ein brødbutikk me køyrde framom. Der låg det kvar dag brød og kaker framlagde i butikk-vindauga, som det var godt å sjå på. Men dei plassane var det fleire som ville ha. Dei dagane me var på Jungfernstig og Haverkampf, gjekk - eller rettare marsjerte - med 3 i breidden. Me gjekk etter ein veg gjennom eit bustadområde med små hus og hagar. Der var aplar, som bar kolossalt. Og langs vegen var det slengt avtogne kjernehus eller epletugger, og dei vart me etterkvart flinke til å bøya oss ned og ta, i farten medan me gjekk. Kven som hadde ete av desse epli, kom ikkje oss ved. Det spela ingen rolle. Og forutan kjernehus kunne det slengja ein og annan sigarett - eller sigarstump. Dei var mindre og soleis vanskelegare å ta i farten. Men me kom oss til det òg. I det heile var ikkje tobakkmangelen noko problem for meg. Men for mange var han nok det. Det var nok mange som bytte margarin-klattar eller brødstykket dei fekk, i tobakk. Det var nok av tyske fangar som fekk smugla til seg tobakk, og som soleis kunne greia seg bra i matvegen. men med dei som bytte burt maten, gjekk det ofte ille. Det var jamen sveltihel nok, om ein ikkje selde det vesle ein fekk. Det var tydeleg at rustnings- og våpenindustrien etterkvart trong meir og meir folk, og etterkvart minka desse utekommandoane. Eit godt stykke frå Zuchthaus Fuhlsbüttel låg det eit stort industrianlegg: «Hanseatische Kettenwerk», til vanleg kalla «Kjettingen». Og her hamna då etterkvart fleire og fleire frå ute-kommandoane. Eg hugsar ikkje nett kva veke eller månad turen kom til meg, men det var helst tidleg på sumaren 1943. Dette å koma på «Kjettingen» vart rekna for å vera ein stor føremun. Der var alt innearbeid, og for det aller meste - lett arbeid. Det var antitank-granatar som vart laga, og heilt utruleg var det med alle dei store hallane, eg hugsar ikkje no kor mange. Dei var bygde på eit kolossalt område, og hallane kunne vera opptil 40-50 m lange. Sjølvsagt var det i høg grad problem med dette arbeidet, - å laga ammunisjon som skulle brukast mot - gjerne våre eigne soldatar. Og det vart sjølvsagt meir enn nokonsinne om å gjera å arbeida so lite som råd, - utan å verta skulda for sabotasje. No var det slik at ein fekk oftast ikkje noko varsel føreåt når ein bytte arbeidsplass. So siste dagen på Schnelsen vart nett som dei andre dagane. Men i det heile, bortsett frå svolt og frost, var her slett ikkje so verst,

61


arbeidstempoet var overkomeleg og vaktene stort sett rimelege, og det hadde mykje å segja. Men nokre dagar før eg slutta på Schnelsen, vart eg ute for eit merkeleg, men slett ikkje ufarleg tilfelle. Det var ein dag med eit særleg surt og blåsande var. Eg hadde nokre minuttar fri frå trillebåra, og hadde gått inn i bunkeren me heldt på og arbeidde med. Eg sto nett nedanfor fyrste troppa. So kjem Meier, ein tysk fange, som hadde site inne i 12 år for mord. Han stoggar attmed meg og seier at eg måtte gå ut og arbeida. Eg sa at nett no hadde eg ingen ting å gjera. «Å, den som vil arbeida, finn alltid noko å gjera.» Eg vart litt arg, eg bad han passa sine eigne saker, eg skulle alltid passa mine. Då sa han at dersom det var so at eg ikkje ville arbeida, so fekk han snakka med vaktmeistaren. «Ja, gjer det du, so skal eg med det same be dei sjå etter om dei finn noko i bunkeren», sa eg. Eg hadde nemleg høyrt at han same dagen hadde fenge smugla inn ei pakka, som eg gjekk ut frå at han hadde gøymt i bunkeren. Difor ville han ha meg burt. Då vart han so sint at han bråsnudde og tok hakka som sto der saman med noko anna verkty i kroken bak han. Eg vart livredd, tok troppa i eit par byks og sto oppe då han hadde snudd seg og sto med hakka over hovudet. Han var so sinna at det sto skum om munnen hans. Eg skalv i knene og spurde om han prøvde å få eit nytta opphald på 12 år i tukthuset. Han svara ikkje, sette hakka frå seg der han tok henne og luska derifrå. Eg veit ikkje kva han hadde gjort om han hadde fenge tak i hakka tidsnok, – eller at eg ikkje hadde vore so eldande snau, eg veit berre at det tok meg ei god stund før eg vart «normal» att. Når ein har site inne i 12 år, då er ein i alle høve ikkje normal lenger.

62


Tyfoid feber på Osterøy 1864 Av Torvald Stokke For nokre år sia fekk eg i oppdrag frå bygdeboknemnda i Vaksdal å skrive eit kapittel i bd. IV om «Helsetilstand og helsestell frå alders tid til 1940". Det førde med seg at eg måtte gjennomgå rapportane frå distriktslegane til fylkeslegen /departementet frå året 1835 og utover. I ein særstilling sto rapporten frå distriktslege Michael Krohn i Indre Nordhordlands distrikt for året 1864 (ikkje 1863 som det står i Vaksdal bygdebok). Han kom frå Lindås (Ytre Nordhordland) og overtok Indre Nordhordland sommaren 1863. Rapporten for 1864 var for det første lenger enn nokon annan rapport eg har sett. Og der var det ikkje berre distriktslegen sitt arbeid med ei lang rekke av sjukdommar som var omtala. Krohn skreiv også om «Climaets og Veirligets Beskaffenhed» med «Meteorologiske Iakttagelser» av barometerstand og temperatur - «Middel Høiest Lavest» for kvar månad , og dertil eit oversyn over «Fremherskende Vinde» i kvar månad. I rapporten legg han fram mykje av det han hadde sett og høyrt i distriktet. Under omtalen av «de hygieniske forhold» tek han for seg både klær, kosthald, økonomiske forhold, fabrikkarbeidet og enkelte problem med det. Han går også inn på «fattigsygepleien» som han er misnøgd med, og gjev eit oversyn over «sunnhedskommisjonens» (helserådets) arbeid. Heile rapporten var på 36 tettskrivne foliosider. Eg har «transkribert» rapporten og gjort han meir leseleg for oss, og overlate avskrifta til Osterøy museum. I siste halvår 1863 hadde han mest bry med sjukdommen skarlagensfeber, og dernest kom difteri og tyfoid feber. I året 1864 kom tyfoid feber til å dominere som «den sykdom som fornemmelig har lagt beslag på min tid og mine krefter - - og må vel samme på grunn av sin store utbredning sies å ha gitt sykdomskonstitusjonen sin karakter. Den har angrepet et betydelig antall individer og krevet ikke så ganske få offere». (Etter listene 360 sjuke med 40 dødsfall av i alt 285 dødsfall i distriktet = 14 %). Krohn sette alt han hadde av kraft og kunnskap inn på å få bukt med sjukdommen. Men resultatet var vel heller dårleg. Sjukdommen gjekk sin gang - og i dag kan vi seie at det var ikkje anna å vente. Vi skal nå først sjå på 1) kva vi i dag veit om denne sjukdommen, deretter 2) kva dei meinte å vete på 1860-talet. Til slutt kjem 3) avskrift av enkelte

63


avsnitt i Krohns rapport om tyfoid feber i året 1864 - saman med mine kommentarar. 1) Vår oppfatning av tyfoid feber. Denne sjukdommen har vore ei stor plage for menneska så langt tilbake som vi veit. Den er eigentleg ikkje så overlag smittsam, men dårleg hygiene er eit vilkår for at den kan spreie seg. Det er bakterien Salmonella typhi som er den direkte sjukdomsårsaka. Det er ein liten stav (bacille) som kan leve lenge i vått eller fuktig miljø, og blir spreidd med mat og drikke, - vatn og mjølk - . Når bakterien kjem ned i tarmen, kan den gå gjennom veggen og stoppar i ein lymfeknute eller eitel. Der kan den dele seg svært fort, og går vidare med lymfen over i blodet. Dermed spreier sjukdommen seg til alle organ, og det er grunnen til dei mangearta symptoma - også frå sentralnervesystemet - som er så karakteristiske for denne sjukdommen. Alt frå dei første distriktslege-rapportane - frå 1835 - er tyfoid feber nemnd som det største helseproblemet over heile Vestlandet. I dag veit vi at i desse distrikta blei smittestoffet for den aller største delen overført med mjølk. Vi skal her ta eit eksempel på korleis denne smitte-overføringa kunne gå for seg, og korleis det vidare kunne gå med stakkaren som blei smitta. Ei budeie hadde hatt tyfoid feber, og rekna seg ferdig med den sjukdommen. Men det ho ikkje visste, var at i galleblæra hennar levde det tyfoid-bakterier som der hadde ein fristad, dit antistoffa eller immunstoffa i blodet ikkje nådde fram. Bakteriene levde og delte seg der, gjekk med gallen over i tarmen og følgde avføringa ut. Budeia gjekk på do og turka seg kanskje med ein mosedott, - og fekk då litt avføring på fingrane. Ho vaska ikkje hendene - i alle fall ikkje grundig nok - og sette seg til å mjølke. Ho vætte fingrane og spenane med mjølk, som dei ofte gjorde før, og «skitnedråpen» datt ned i mjølkebøtta. Men denne dråpen inneheldt fleire eller helst mange tyfoid-bakterier. I mjølka kunne dei leve, og når transportspannet frå denne garden blei levert til meieriet eller mjølkebutikken og tømt over i eit stort samlingskar saman med mjølk frå andre leverandørar, var grunnen lagt for smittespreiing utanfor all kontroll. I vårt tilfelle enda ein del bakterier opp i eit glas ukokt «konsummjølk», og det var ein vaksen mann som drakk mjølka. Han hadde ikkje hatt tyfoid feber. Det gjekk ei veke eller to uten at han merka noko. - Det var inkubasjonstida -.

64


Så kjende han seg litt dårleg, fekk feber som etter ei vekes tid kom opp i 400, han fekk vondt i hodet og kjende seg trøytt og elendig. - I dette første stadiet kunne sjukdommen vere innleiing til nesten kva som helst. Men så kom han over i neste stadium med sterkare og meir typiske symptom. Feberen var høg, men pulsen var langsam og svak. Leppene var tørre, og på tunga hadde han eit grått til brunsvart belegg. Han var «fjern», snakka tull og såg syner (hallusinasjonar). - Dette har gitt sjukdommen namnet tyfus, som på gresk betyr tåke, og dette er også opphavet til det gamle namnet på tyfoid feber: nervefeber . Avføringa var laus, - likna ertesuppe. På kroppen fekk han rundovale bleikraude flekker. Han hadde ikkje matlyst og blei uttørka, skrinn og mager. Nå var det spennande korleis det ville gå. I beste fall kunne han - etter 2-3 veker - gradvis bli betre. Feberen gjekk trinnvis ned, dei psykiske symptoma gjekk tilbake og matlysten kom att. Og så sterkna han nokså fort. Men det kunne også komme komplikasjonar som kunne vere livstrugande. Sterke blødningar frå sår i tarmane var fårleg nok, og endå verre var det dersom det gjekk hol på tarmen. Då fekk han bukhinnebetennelse, og det var døden for 100 år sia. Eller han kunne få årebetennelse i eit bein med blodpropp som i verste fall kunne gå via hjertet til lungene. Eller kanskje han fekk bronkitt og lungebetennelse, eller 6g betennelse i hjertet. Mellom 10 og 20 % døde av sjukdommen. Rekonvalesenstida kunne bli lang, - det kunne bli tale om månader. Og heilt frå slutten av inkubajonstida til langt ute i rekonvalesensen var han smitteførande med bakterier i avføringa og ofte også i urinen. Dei som har hatt tyfoid feber, har produsert antistoff eller motgift mot bakteriene, og er dermed immune, - oftast livet ut. Gjennom vaksinering kan ein også oppnå immunitet, i alle fall for ei tid - gjerne fleire år. Så utbreidd som tyfoid feber var i førre hundreåret, - på landsbasis 32,000 tilfelle i ti-året 1871-1880 = årleg 1,2 pro mille av det norske folket - var nok kombinasjonen immunitet og frisk smittebærar mykje vanlegare enn vi i dag kan tenke oss. Men når tyfoid feber i dag ikkje er noko problem, kjem det av at all hygiene er lagt opp til å hindre kontakt med smittestoffet. Tilbake til budeia: Er ho basillebærar skal ho ikkje ha noko med matstell å gjere. Og all mjølk blir i dag pasteurisert (oppvarma til 63-700). Og mot sjølve sjukdommen har vi i dag medisin (tetracyklintablettar) som effektivt drep bakteriene. Ønskjer nokon av oss få tyfoid feber i dag, må vi nok helst dra til utlandet, uvaksinerte -, og attpå vere både uforsiktige og uheldige.

65


2) Kva meinte dei om tyfoid feber på 1800-talet? Den bakterien som framkallar tyfoid feber - salmonella typhi - blei identifisert i 1880-talet. Men det gjekk mange år før denne kunnskapen blei akseptert, og endå lengre før den gav seg utslag i praktiske konsekvensar. Den medisinske sakkunnskapen sat fast forankra i tankar som hadde gått i arv heilt frå oldtida og mellomalderen.

I 1890-åra bygde dei ein eigen epidemi-avdeling ved Ullevål sjukehus i Oslo. Den var topp-moderne for si tid, og dei la stor vekt på å få skikkeleg ventilasjon. Det var nok miasma-problemet som spøkte i bakgrunnen. - Frisk luft henta dei 40-50 m frå bygningen. Der bygde dei eit tårn som fekk - og framleis har - namnet miasmatårnet. Frå dette gjekk det ein kanal under jorda inn i kjellaren. Frisk og rein luft vart trekt inn, filtrert gjennom eit tøyfilter, oppvarma og sendt vidare gjennom eit kanalsystem til romma i sjukehuset. Ved det øvste vindauga var det utluftningsventil. Nå er bygningen blitt museum, og heile det innvikla ventilsystemet kan bli demonstrert. Utlån: T. Stokke

66


Dei trudde at smittsamme sjukdommar - og særleg då epidemiar - kom av noko dei kalla miasma. Det var eit svært så uklårt begrep, og miasmaet sjølv var ikkje identifisert. Dei trudde det var «dunster» frå rotnande materiale som kunne ligge i jorda eller bli ført med lufta, og til og med produsert av den sjuke pasienten. Miasma kunne ligge i lufta som ei usynleg sky som blei førd av vinden, eller kunne ligge over myrdrag og tjern. Og miasma kunne sige ned i jorda, blande seg med grunnvatnet og stige oppatt t.d. i ein husgrunn og sette sjukdom på folk som budde der. Vi veit om «tyfushus» og «tæringshus» som blei brende for ein gong for alle å få slutt på elendigheita. Og miasma sette seg fast i klær som den sjuke hadde brukt, og dei måtte luftast både vel og lenge før nokon kunne ta dei på seg. God ventilasjon var viktig for å halde styggedommen under kontroll. I tillegg til miasma var «konstitusjonane» viktige. Dette begrepet omfatta alt som hadde med «miljøet» å gjere. Temperatur, lufttrykk, vindretning og -styrke, årstider, nedbør - alt spela på lag med miasma og gjorde biletet komplisert. I Frankrike la dei i 1850-åra opp eit stort registreringsarbeid som gjekk over ein ti-års-periode og omfatta 3 daglege målingar av barometerstand, temperatur, vindretning og -styrke, nedbør, andre atmosfæriske og fysiske forandringar, - alt dette relatert til sjukdommar og til tal på sjuke og døde. - Som ein kunne vente kom det ingen ting ut av det. Og endeleg var det eit tredje begrep som hadde med kontakt å gjere. Dei skilde mellom kontagiøse og ikkje-kontagiøse sjukdommar, og kontakten kunne vere direkte med den sjuke, eller indirekte med ting som den sjuke hadde vore borti. Miasma sjølv kunne vere ein kontakt. Dei kom så langt som til å tru at smittestoffet kunne vere eit slags partiklar, eller jamvel mikroorganismar. Men for å komme lenger måtte dei ha gode mikroskop, og slike kom ikkje før i siste halvdel av 1800-talet. - Og saman med trua på kontakter og konstitusjonar levde trua på miasma til langt ut i vårt hundreår. 3) Utsnitt av Krohns rapport om tyfoid feber i året 1864, – med mine kommentarar. Rapporten startar slik: «Blant de sykdommer som fornemmelig kom under min behandling eller av meg ble iakttatt, må utheves: 1. Tyfus eller egentlig tyfoid feber, der i slutningen av året 1863 allerede var opptrådt i Arne-Fabrik og på Ostereidet, ): de to steder innen distriktet hvorover den største daglige ferdsel går, og da smittestoffet meget snart førtes til gården Reigstad på Valestrandsreppen, ble disse 3 steder, et i hvert prestegjeld, de foci hvorfra sykdommen senere i alt videre og videre kretser spredte seg. I alt kom under behandling 360 ». Krohn har altså ført opp 360 tilfelle av tyfoid feber i sitt distrikt i året 1864.

67


Var det så mange? - Sikkert ikkje. Det er tydeleg at det samstundes har gått epidemiar av paratyfus (paratyfoid feber) og andre mage-tarmsjukdommar. Ved paratyfus er symptoma dei samme som ved tyfoid feber, men mildare, og smittevegane er delvis dei samme. Inkubasjonstida er kortare, restitusjonen raskare, og dødsraten er ca. 1 % . Når Krohn talar om «abortiv» (avbroten) tyfoid feber, så er det nok paratyfus som har vore på ferde. Like- eins når han har så gode resultat med fosforsyre, og når han skriv om seg sjølv og andre som har fått «recidiv» (tilbakefall) av tyfoid feber opptil 2-3 gonger, så er det nok diagnosefeil. Tyfoid feber får ein berre ein gong. Truleg har talet på ekte tyfoid-feber-tilfelle vore omlag200, og som vanleg har det vore relativt få barn. Dei fleste var mellom 20 og 40 år, og fleire kvinner enn menn. - Det siste har truleg med «kvinnerolla» i matstellet å gjere. At det her har vore ein alvorleg tyfoid-epidemi, det er sikkert nok. Dei livaktige og presise skildringane han gjev av pasientane og av komplikasjonane er symptomatologiske meisterverk. Ta t. d. dette avsnittet: «Så vel m.h.t. extensitet som intensitet er dette den alvorligste epidemi der noensinde er kommet under min behandling, og aldri har jeg i den tyfoide feber observert en så akutt blodforgiftning. De tre som ikke kom under behandling døde etter 7, 9 og 11 dages sykdom, og likeså hurtig forløp sykdommen hos flere som døde under behandling. Meget tidlig i sykdommen inntrådte decubitus (liggesår), blødninger fra nese og tarmkanal, petecchier (små hudblødningar), blodoverfylning av lungene, svekket hjerteakssjon i høy grad, tromboser (blodpropp) i underekstremitetenes blodkar, fullstendig døvhet, tap av stemmen like til full afoni (lydlaus stemme, kviskring), pareser (lett grad av lamming) i over- og under-ekstremitetene like til fullstendig paralyse (total lamming) samt tap av forstandens bruk for resten eller lang tid; mens kjertelsvulster såvel i axilla, ingven (lysken) som submaxillarkjertlene samt fornemmelig i parotis (øyrespyttkjertelen) observertes hyppig, likesom furunkler (kveiser) oftere forekom i rekonvalesensen.» Krohn skriv utførleg om korleis sjukdommen spreier seg i distriktet, og meiner at han kan peike ut både smittevegane og dei smitteførande personane. Det er klårt at Krohn trudde fullt og fast på miasma med alle dei mystiske utslag som høyrer til denne læra. Verre er det å forstå korleis han tenkte seg spreiing frå ein person til ein annan. Her er det tydeleg tale om kontakt, - direkte eller indirekte. Kanskje er det miasma som blir overført på den måten, og overføringa kan skje allereide i inkubasjonstida. Det er nok noko slikt han har hatt i tankane då han skreiv dette: «Sykdommen som spesielt har herjet i Arne-Fabrik like siden min ankomst til distriktet, riktignok med flere måneders mellemrom mellem de enkelte tilfeller -, hadde høsten 1863 nådd en større utbredning og samtidig antatt en alvorligere karakter. I begynnelsen av 1864 hadde flere av fabrikkens arbeidere, - ungkarene nemlig, som ikke i fabrikken kunne erholde den pleie og det tilsyn

68


som trengtes, - straks de merket til illebefinnende, uten å søke legehjelp - begitt seg til sitt hjemsted og derved brakt smittestoffet ut over Haus prestegjeld innnen noen drømte om at der var fare på ferde. Samtidig var sykdommen fra Myking sogn i Lindås ført til Ostereidet og derfra til flere gårder i Hosanger, mens Hamre prestegjeld hjemsøktes såvel fra Arne-Fabrik som fra den store gård Reigstad på Valestrandsreppen, hvorhen sykdommen allerede mellem jul og nyttår førtes ved en soldat fra byen. Han hadde nemlig lagt veien til hjemmet over fabrikken og der mottatt forfriskninger i et av de angrepne hus. Det varte således ikke lenge innen sykdommen var spredt over hele distriktet, og arbeidet i det tungvinte Indre-Nordhordlandnesten uoverkommelig selv for yngre og bedre krefter enn mine." For ei så rastlaus og energisk natur som Krohns’ var det ikkje nok å sjå på at styggedommen breidde seg. Han måtte få gjere noko! Her var han visst ikkje heilt på linje med dei overordna - «det høie Amt» som han kalla dei. Men han dominerte helseråda og fekk dei til samrøystes å gjere dette vedtaket, - «så overbevist var man endelig blitt om sykdommens store smittsomhet». 1. Fra en gård hvor nervefeberen hersker, må intet lik utbæres, ledsaget av flere menn enn absolutt nødvendig for å bringe samme til graven. 2. Liket må om mulig stedes til jorden ved hjelp av den angrepne gårds egne menn. 3. Er det flere oppsittere på samme gård, samles likbærerne i et ikke angrepet hus, og må ved begravelsen ingen andre enn det angrepne hus’ kvinner være til stede. 4. Likfølget adskilles når begravelsen er foregått. 5. Liket begraves om mulig innen 48 timer og under enhver omstendighet snarest skje kan. 6. Kisten nedsenkes om mulig 4 alen under jorden. 7. Intet likskue må foranstaltes så lenge nærværende nervefeber-epidemi varer. 8. Fra de steder eller gårder hvor nervefeber er erklært utbrutt, må ingen syk sendes annetsteds hen enn på sykehus, førenn legens erklæring om sykdommens beskaffenhet er innhentet; heller ikke må noen erklært nervefeberpasient uten legens tillatelse forlate det sted hvor han først er tatt under behandling 9. Overtredelse av disse forskrifter medfører straff etter lov av 16. mai 1860, dens 3. kapittel pg. 26."

Dette ser svært så imponerande ut. Men ein kjem ikkje frå spørsmålet: Kva nytte hadde folk i distriktet av desse forordningane? Dei kjende seg kanskje litt tryggare når dei hadde retningslinjer å gå etter. Og alle såg opp til Krohn som mannen som kunne ordne opp i ein vanskeleg situasjon. Det er vel på dette planet ein kan tale om gevinst. Og så gjekk Krohn eit steg vidare: Han fekk helseråda i Haus, Hamre og Hosanger med på ein søknad til Amtet om: å bemyndige distriktslegen til under den herskende nervefeber-epidemi i Haus prestegjeld om fornødiget å besørge ansettelse av sykevoktere i sådant antall som det måtte utkreves og mot en sådan godtgjørelse som han måtte se seg i stand til å formå noen å påta seg sådant verv. Men dette vart ein fiasko. Her møter han resultatet av sin eigen ukritiske skremselsagitasjon mot kontakt med dei sjuke. Rett nok var ikkje den

69


medisinske kunnskapen kommen lenger enn til uklåre begrep om samspel mellom miasma og kontakt. Men han måtte då kunne sjå et det var forskjel på smittemåten her og ved f.eks. ein influensaepidemi, og han måtte vete at pleiarane på sjukehusa ikkje fekk tyfoid feber når dei måtte ta seg av slike pasientar. Slik kommenterar han fiaskoen med dei leigde røktarane: Gjennem Amtet mottokes sådan bemyndigelse, der imidlertid kun kom til anvendelse en gang, fornemmelig fordi skrekken for sykdommen, mens den sto på sin spiss, var så stor at jeg ikke var i stand til å formå noen til å påta seg tilsynet med og pleien av de syke. Og hertil måtte det nesten komme for at det kunne bli en ende på farsotten. For så lenge den alminne-lige mening var denne: «At den Gud vil bevare, han er uten fare», styrtet man seg blindt hen uti sykdommen og førte den med seg nær og fjernt; inntil det endelig lykkedes å åpne øynene på de mer opplyste blant almuen: at det var å friste Gud, når man uten nødvendighet, men kun av utidig nysgjerrighet, søkte hen til de av sykdommen angrepne. Mottageligheten for smittestoffet kunne ikke på på forhånd beregnes og rimeligheten var altså forhånden for at enhver som kom innen-for smittestoffets område ville bli angrepet. Sin sak satte man først i Guds hånd når man fryktløs ferdes blant de syke forsåvidt nødvendigheten, altså plikten, påbød omgangen med og tilsynet samt pleien av de angrepne. Plikten mot såvel familien som det offentlige fordrer derimot som regel at man holdt seg så fjernt fra de syke som mulig. Det var så menn ikkje lett for folk å leve etter dei direktiva dei fekk frå distriktslegen, og det er tydeleg at han her er i ei lei «kattepine». Men då er det sjølvsagt dei andre som har skulda, og som er dumme og uvitande. Så nokre ord om behandling av sjukdommen. Krohn er bra tilfreds med dei resultat han har. Og det er ikkje så rart når ein tenker på at meir enn 40 % av «tyfoid-pasientane» i realiteten hadde ein annan og ufårleg sjukdom. Hva sygdommens behandling angår, har den ikke avveket fra den i mine tidligere beretninger omtalte. På fosforsyre har jeg lært å sette en ytterligere pris ikke bare som feberstillende middel, men etter min overbevisning som motgift mot det giftstoff som i den tyføse feber ligger til grunn for blodgjæringen. Og så heldt han fram og lovpriste fosforsyra (som heldigvis var nokså uskadeleg). Imot trombosen anvendtes - som jeg tror med hell - terpentininngnidninger med strengt pålegg om aldri å gni nedenfra oppad, og grøtomslag (havremel kokt i «øll» med tilsetning av rømme, sirup og bløtgjørende urter). Bemerkes må det nemlig at den eneste som ikke ville finne seg i denne etter hans mening langtrukne behandling, men etter en kvaksalvers råd brukte vaskninger med sjøvann og koppsetting, mistet sitt ben. Ja, dette var vel den minst viktige delen av behandlinga. Om bruk av fosforsyre har eg funne noko i ei dansk bok frå 1862: «Læren om Lægemidlernes physiologiske Virkninger og therapeutiske Anvendelse» av Dr. T.

70


S. Warncke. Han ser ingen grunn til å bruke fosfor. Grunnen til at fosfor kom i bruk som legemiddel var så enkel som dette: «Nervefeberen» verka skadeleg på hjernen, som normalt inneheld nokså mykje fosfor. Ekstra tilgang på dette stoffet kunne kanskje vere bra når hjernen skulle bli restituert etter sjukdommen. Ingen ting talar for at så er tilfelle. Dansken «foretrekker ætheriske og spirituøse Midler, navnlig Portvin». Men det er ingen tvil om at pasientane hadde stor nytte av Krohn si behandling. Han hadde stor autoritet. Det var litt gromt at han kom på sjukebesøk og at han viste interesse for pasientane sine. Han var optimistisk, stimulerte dei til å få i seg mat og - endå viktigare - drikke, og gav råd og rettleiing om vanleg sjukepleie. Og attåt fekk dei medisin! I dette som eg her har skrive ligg det ingen kritikk av Krohn sine diagnostiske evner eller prestasjonar. I dag ville alt vore svært så enkelt. Men Krohn sto på si tids kunnskapsnivå, og han gjorde sitt beste. Det han gjorde, sette nok sine store krav både til dokteren og til mennesket. Her er det freistande å sitere ein annan distriktslege - i eit anna distrikt som eit par mannsaldrar seinare sa noko slikt: Det er både tragisk og litt komisk å tenke på alt ståhei vi laga om tyfusepidemiane, når vi i dag veit at vi kunne kvele ein epidemi i fødselenved å gi ordre om å koke all mjølk og alt drikkevatn, «og alvorlig henstille til folk å såpevaske hendene grundig når de hadde vært på do eller klødd seg i ræven». Eigentleg er det trist å sjå ein intelligent, interessert, aktiv og godt skolert mann som set eigne og andres krefter inn i heilt verdilause tiltak. Skal vi ta nokon lærdom av det, kan det vere at før ein går til aksjon på eit eller anna felt, må ein sikre seg at kunnskapsnivået er vitskapeleg forsvarleg. Dette er lett å seie, men vanskeleg å etterleve -viser det seg. Krohn var 20 - 30 - 40 år for tidleg ute, og det var hans tragedie.

71


Helsestell i Osterøy Frå eldre tider og fram til 1980-åra Av Lilly Småland Eitt av kjenneteikna på eit velferdssamfunn er godt utbygd helsestell. Våre dagars helsetilbod er tufta på privat så vel som offentleg innsats i tidlegare tider. I denne artikkelen gje Lilly Småland ei oversikt over framveksten av helsestellet på Osterøy. Ho gjer greie for både den offentlege sida, som lege-, jordmor- og tannlegetenesta, og den private - som seinare vart overteke av det offentleg; sjukepleie og alders- og sjukeheimar.

KOSTHALD OG HELSETILSTAND Gjennom tidene har vel folk på Osterøy stort sett levd med dei same helseproblema som folk elles i landet. Fattigdom og mangel på ressursar førte til svolt, knappe matrasjonar og skort på viktige næringsstoff. Folk døydde i ein altfor ung alder, og småbarnsdøden var stor. Jamt over var hygienen dårleg, og infeksjonssjukdomar fekk fritt spelerom og gode vekstvilkår. På 1800-talet kom det ei viss betring i levemåten. Jordbruket si årsavling vart meir stabil, og poteta vart etter kvart ei viktig næringskjelde i kosthaldet. Men kornhausten i Norge var ikkje stor nok til å dekka behovet, og frå Danmark og Tyskland vart det innført korn, av meir og mindre god kvalitet. Men om det norske mjølet var grovt og tungtfordøyeleg p.g.a. utilfredsstillande maling og sikting, og forårsaka magesjukdom, kunne det utanlandske mjølet vera mykje verre. Kornet kunne innehalda giftig sopp som førde til innsnevring av dei perifere blodkar, slik at fingrar, tær, armar og føter døydde. I året 1880 vart det i Osterøy distrikt meldt om 3 slike sjukdomstilfelle. Ferskmaten og mjølka vart selt i byen Mjølkeproduksjonen var liten, og bønder flest såg seg ikkje råd til å bruka mjølk i eige kosthald. Det ferske kjøtet måtte også seljast. Det dei tok salta og røykte dei, på det viset drygde dei det. Ofte vart dette for sterkt for ømtolege magar, og verst var det for barn i første leveår med overgangen frå morsmjølk. Jordbruksprodukta måtte mest mogleg omsetjast i kontantar for innkjøp av andre naudsynte forbruksvarer. Poteter, sild og fisk var rimeleg i kosthaldet, og vanleg brød vart gjerne berre brukt til søndagsmat. Det vart kinna smør, men dette måtte også seljast. Pålegget vart margarin, sirup og sukker, som ofte var tilmålt. Om kosthaldet betra seg etter som åra gjekk og

72


helsetilstand like eins, kan ein trygt seia at for mange var ikkje kosthaldet fullverdig før etter rasjoneringstida i slutten av 1940-åra. Smitta spreidde seg fort Som nemnt var dei hygieniske tilhøva lite tilfredsstillande til langt fram på 1900-talet. Smittsame sjukdomar var mykje utbreitt. I 1908 var ein difteriepedimi på Osterøy så stor at skulen vart stengt i eit halvt år, og dei sjuke internerte. Skarlagensfeber vart meldepliktig i 1860, og hadde då ein høg dødsrate. I året 1872 er det meldt om 163 tilfelle i distriktet med 23 døde. Hardhendt isolering og ein betre hygiene i ettertida førde til at sjukdommen avtok, men den kom ikkje under kontroll før penicillin vart teken i bruk i slutten av 1940-åra. I 1918 herja spanskesykja, ein vondarta influensa som var årsak til mange dødsfall i bygdene. Mot denne hadde ein ikkje botemiddel. Tuberkulosen var likevel den mest alvorlege av alle smittsame sjukdomar. I 1870 vart det i distriktet meldt om 83 tilfelle og 10 dødsfall. Fødselstalet på Osterøy var i dei åra høgt, og det var mykje ungdom. Med ukjent smitteoverføring, dårleg kosthald og hygiene gav resultatet seg sjølv. Legetenesta og frivillige organisasjonar gjorde ein stor innsats. Det vart gjeve opplysning i kosthald og reinsemd som var av stor verd. Men smittemåten vart først kjent då vitenskapelege og tekniske hjelpemiddel vart tekne i bruk. Då tuberkulin kom på markedet, kunne ein skilja ut smitta pasientar. Dei sjuke vart registrerte, smittekjelda isolert og nærmiljøet granska. BCG-vaksinen kom også på markedet og viste seg å gjeva god vern mot sjukdommen. Etter 1945 kom medikament som virka direkte på basillen, og ein har etter kvart fått alle kjende tilfelle under kontroll. Under og etter 2. verdskrig gjekk den mykje frykta poliomyelittepidemien over landet, og sjukdommen kom også til Osterøy med nokre spreidde tilfelle. I dei seinare år har Osterøy, med visse mellomrom, vorte heimsøkt av influensaepidemiar. Verst var den såkalla asiasykja som i 1957 kom frå austen og spreidde seg over store delar av verda. I sitt vesen stod den i klasse med spanskesykja, men forlaupet var mykje lettare, og det var langt færre dødsfall. Vaksiner mot influensa er også framstilt. Førebyggjande helsearbeid Etter at dei økonomiske tilhøva vart monaleg betre kring 195060-åra, har kosthald og hygiene fylgt etter. Helsestasjon og skulebarns-gransking som var skipa i 1930-åra har vorte utbygd etter kvart, og er dermed eit viktig ledd i det førebyggjande arbeidet. Med vaksine har ein fått rydda av

73


vegen fleire barnesjukdomar, og like eins epidemiske sjukdomar. Etter kvart har ein også fått mange lækjande medikament som ein ikkje kan tenkja seg å vera forutan. Oppbygging og utbygging av helsearbeidet på Osterøy har gått jamt framover, og så langt har det betra helsetilstanden og helsetenesta tilfredsstillande.

DISTRIKTSLEGETENESTA 1852 - 1984 Frå gamalt av var det inga legetenesta i distrikta. Folk fekk noko hjelp frå kyrkja då munkane kunne vera flinke med sårbehandling og skader. Men meir allment kjent og tilgjengeleg var kvinner med interesse for yrket, og som etter kvart fekk ei viss røynsle. Det offentlege helsestell har likevel lange tradisjonar attende. På Vestlandet vart det i 1603 oppretta eit offentleg legeembete med stadsfysikat i Bergen. Koppevaksineringa tek til Tidleg på 1800-talet vart Søndre Bergenhus Amt inndelt i legedistrikt, og Osterøy kom inn under Nordhordland. Den første oppgåva i offentleg helsestell var å gjennomføra koppevaksinering etter lova av 1810. Det vart gjeve opplæring til pålitelege legfolk, og skaffa tilveges vaksine. I 1835 vart distriktslegane pålagde å senda inn til amtet årlege rapportar (medisinalberetning) om sitt arbeid i distriktet. Oppdeling i legedistrikt Etter kvart vart dei store legedistrikta delte opp i mindre, og Indre Nordhordland vert nemnd i beretninga frå 1852. Dette distriktet omfatta kommunane Haus (med Bruvik), Hamre og Hosanger. Distriktslege i embetet var Ellertsen frå 1852 til 1861, med bustad i Haus. I den første rapporten nemnde han tyfus «den hyppigst forekommende sygdom i distriktet». Vidare skreiv han: «Folk er hyggelige, sedelige, edruelige og lever enkelt.» I 1862 overtok Michael Krohn. Han fekk tidleg helseproblem, og fekk ein del avlasting av Einar Paasche, tilsett som lege for anlegget av Vossebana. Michael Krohn slutta i 1883, og sonen Vollert Henrik Krohn vikarierte ei tid (V. H. Krohn oppretta seinare privatpraksis i Ytre Arna og skipa ei sjukestove der). Som ny distriktslege etter Michael Krohn kom Carl Jonatan Borge frå 1883 til 1893, bustad Valestrandsfossen (i eit av Ole Bull sine hus, vert det fortalt). Borge hadde nært samarbeid med Krohn i Ytre Arna, og la inn pasientar på sjukestova hans. Borge var den første distriktslegen i landet som skaffa seg eigen dampbåt. Maskina var på 2 1/2 hk. Kor stor båten var, veit ein ikkje. 74


I 1887 vart namnet Osterøen brukt om distriktet, men det ha same omfang som tidlegare. I 1893 overtok Einar Thesen distriktslege stillinga. Han bygde distriktslegebustad i Haldorvika på Valestrandsfossen, og vart verande i 21 år. Distriktslegane var også helserådsordførar, noko som medførte mykje administrasjon. Sjukehus i Indre Nordhordland stranda på økonomien I Thesen si tid herja tuberkulosen på sitt verste, og skaffa han mykje arbeid og sut. Han hadde store problem med å skaffa sjukehusopphald til dei tuberkuløse, og ivra sterkt for å få bygd eit sjukehus i distriktet, men dette stranda på økonomien. I 1887 opna Gudrun Koldrup privatpraksis i Ytre Arna, og i 1900 opna Birger Lærum privatpraksis på Dale. Lærum fekk status jernbanelege og kommunelege i Bruvik (seinare vart han fylkeslege). Desse to legane vart mykje brukt på Osterøy, og vart til stor hjelp for Thesen. Thesen gjekk av i 1914, og distriktet vart då delt i 3, Bruvik, Haus og Hosanger. Til Hosanger høyrde Modalen. Bruvik legedistrikt Den første distriktslege i Bruvik var Jørgen Hvoslef Berner frå 1914–1917. Deretter kom Johan Aas. Han vart verande i 12 år. Etter han kom Torjus Bergen som var i 9 år. Like før 2. verdskrig i 1939 overtok Frithjof Georg Evensen. Under krigen sette han i gang med koppevaksinering som etter kvart var gått i stå, og massevaksinasjon mot tyfus og paratyfus. Evensen slutta i 1959. Ny distriktslege vart Lauris Skorpen. Skorpen hadde kontordag på Bruvik til vegen vart opna mellom Haus og Bruvik i 1966, og Bruvik vart knytta til Osterøy legedistrikt. Haus legedistrikt Til Haus legedistrikt høyrde også Hamre sokn med Åsane. Den første distriktslege var Egenes (1914–1924). Forutan kontordag Valestrand, hadde han kontordag i Eidsvåg, Salhus og på nordsida av Osterfjorden til Eikangervåg. I 1924 overtok Gisle Johnsen. Han fekk skipa ei sjukestova i heimen til Anna og Harald Edvardsdal på Valestrandsfossen. Det vert fortalt at han utførte fleire amputasjonar av fingrar og ein fot. Han tok også ein blindtarmsoperasjon, med godt resultat, på ei eldre kone. Legeskyssen På den tid måtte distriktslegane nytta mykje båtskyss. Alfred J. Reigstad eigde ein solid motorbåt, og var i alle år skysskar for dr. Johnsen. Der det var vegsamband, vart det brukt hesteskyss, men i dei seinare år vart motorsykkel

75


Doktarmotoren som Alfred Reigstad skysste dr. Johnsen med i åra 1924-33. Utlån: Odd Reigstad.

med sidevogn nytta, og det var Markus Halland og Harald Reigstad som tok seg av denne skyssen. Der det ikkje var vegsamband, og det var mange stader, måtte legane gå til fots. Når legen var på sjukevitjing kring om i bygdene, var det ikkje uvanleg at folk møtte opp etter vegen for konsultasjon. I slike høve kunne det henda at tenner vart uttrekt med pasienten sitjande på ein brødkasse hjå landhandlaren. Då dr. Johnsen slutta i 1937 vart Johannes Hazeland Lund tilsett. På den tid vart Åsane skild frå Haus legedistrikt, og bilen var kome i bruk. I 1947 kom Birger A.R. von der Hudt Ellingsen. Han slutta i 1958, og Hamnes overtok. Hamnes slutta i 1968, men var i fylgjande tidsrom fråverande distriktet ca. 1 år. I 1964 kom kommunedelinga, og nemninga vart etter dette Osterøy legedistrikt. I distriktet var då to legar, Per Hamnes, Valestrandsfossen og Karl Grova, Fotlandsvåg. Dr. Grova slutta i 1965, og etter han kom Helge Berg (1965–69), bustad Fotlandsvåg. Utan lege Då Hamnes slutta i 1968 og Berg i august 1969, vart legedistriktet ståande ledig til våren 1970. Dette var ei vanskeleg tid for innbyggjarane, og legegransking ved spebarnskontrollen og den årlege skulebarnsgranskinga fall ut. Som ei naudløysing kom dr. Øvretveit frå Alversund og hadde nokre få

76


kontordagar på Valestrandsfossen. Sjukevitjing vart det lite av, og sjukepleiarane måtte til tider utføra tenester som låg over deira kompetanse. Eit ljospunkt vart det då turnskandidat kom 1/1 1970, Ole Didrik Lærum (no professor og rektor ved Universitetet i Bergen, og soneson til før nemnde Birger Lærum). I 3 mnd. var han åleine som lege på øya og hadde kontinuerleg vakt. Først om våren og sumaren 1970, med Harald Skutlaberg i Fotlandsvåg og Helge Mjelde på Valestrandsfossen, kom legetenesta i normalt gjenge att. Skutleberg slutta i 1973, og etter han kom Erik Clausen (1974–78). I Clausen si tid vart Modalen kommune skild frå Osterøy legedistrikt. Vegen mellom Modalen og Eksingedalen vart opna i 1976. Etter Clausen kom Eiliv Hånes (1979–1983), og vart den siste med nemninga distriktslege som var busett i Fotlandsvåg. 1/1 1984 vart kommunehelsetenesta innført, og frå same dato vart nemninga distriktslege endra til kommunelege. Helge Mjelde vart då tilsett som kommunelege 1. Hosanger legedistrikt, med Modalen Etter distriktsinndelinga i 1914 då Hosanger vart eige legedistrikt, var O. Myklebust vikar eit år før Alf Mathisen overtok som distriktslege i 1915. Mathisen døydde i 1931, og Kjeld Fredrichsen vart tilsett i embetet. Han vart sjuk i 1937, og Bernstein vikarierte. Ny distriktslege Johannes Gjølberg kom i 1939. I rapporten frå det året går det fram at skuletannrøkt var innført i Hosanger. Etter Gjølberg kom Harald Gade (1946–54) og deretter Karl Grova (1954–65). I 1964 opphøyrde Hosanger legedistrikt, og kom med i Osterøy legedistrikt.

JORDMORTENESTA frå 1871 til 1988 Fødselshjelp har alltid vore aktuelt, og jordmoryrket har tradisjonar attende til 1600-talet. I 1714 kom det kongeleg forordning i Danmark om opplæring av jordmødre, og med det ein skule i København. I 1810 kom tilsvarande ordning i Noreg, med skule i Kristiania i 1818, og i Bergen 1861. Utdanningstida var eitt år. Den første jordmora som er omtala i medisinalberetning for Indre Nordhordland, var Gjertrud Gjerstad som budde i Alversund i 1871. Distriktet hennar omfatta også Hamre. I 1875 kom det jordmor i Hosanger og i 1878 i Bruvik. Jordmor i kvart kyrkjesokn Seinare vart jordmordistrikta inndelte etter kyrkjesokn. Distrikta vart då mindre, men avstanden kunne likevel verta lang etter som jordmora måtte gå til fots. Det hende barnet var kome før jordmor nådde fram, men det gjekk som oftast godt. Etter som dei frå før opplærde koppevaksinatørar gjekk av, 77


vart jordmor pålagd å utføra koppevaksineringa. Distriktsinndelinga etter kyrkjesokner heldt fram til 1957. Hauge fødestova I 1956 vart jordmor Edith Hansen tilsett i Gjerstad jordmordistrikt, og etter kvart som dei andre distriktsjordmødrene i Osterøy fall i frå, fekk ho jordmortenesta for heile Osterøy. I 1957 opna ho eiga fødestova i leigde lokale på Hauge. I 1959 flytta ho inn i eige husvære med ei nyoppført fødestova, kalla Hauge fødestova, med plass til 6 fødande. Då Edith Hansen vart pensjonert i 1988 hadde ho teke mot 2200 barn utan vanhell. Ho har fått kongens fortenestemedalje i gull. Trass i sterke protestar frå innbyggjarane i Osterøy, vart Hauge fødestove, etter vedtak av Hordaland fylke, lagt ned i 1988.

TANNHELSETENESTE frå 1930 - 1990 Alt før 1900-talet viste medisinalrapportar til dårlege tenner hjå folk, og tannkaries auka raskt. Det var få tannlegar i landet, og det var distriktslegane og privatpraktiserande legar som måtte trekkja ut rotne tannstubbar når tannverken vart for smerteleg. Eit stort framsteg vart det då den kommunale tannrøkta vart innført i 1935. Men alt i 1930 vart skuletannrøkt skipa i Bruvik. Det var Johannes Hekland som opna praksis med kontor på Vaksdal og Bruvik. I Haus tok skuletannrøkta så smått til i 1936. Det var ved tannlege Aasgaard sitt kontor i Ytre Arna. I søre delen av Osterøy vart skuletannrøkta skipa i 1939, først i Hosanger, seinare i Hamre. Det var ved tannlege Brita Mjøs. Etter henne kom tannlege Nesse. Seinare og i mange år reiste skuleborna i Osterøy til tannlege i Bergen, Arna og Vaksdal. Etter kvart har det vorte skipa tannklinikkar på Osterøy; i Fotlandsvåg 1967, Valestrandsfossen 1976 og i Haus 1984. Distriktstannlegane utfører også privatpraksis i sine respektive tannklinikkar. HELSELAG 1920-1972 - SJUKEPLEIETJENESTE Etter eit landsomfattande opprop som gjekk ut frå Nasjonalforeningen mot tuberkulose (no Nasjonalforeningen for folkehelse) med oppmoding om å ta kampen opp mot tuberkulose, vart det i 1920-åra og fram til slutten av 1930-åra skipa mange helselag på Osterøy. Helselaga representerer ein humanitær organisasjon som må tilde-last mykje av æra for dei nyvinningar som har skjedd på helsefronten. Helselaga var fotfolket som gjekk føre. Ved basarar og utlodning samla dei inn midlar, 78


og gjennom mange år har kvar krone uavkorta gått til helsefremjande arbeid. Sjukepleiarar vert tilsette Den første store oppgåva helselaget tok på seg, var å opprette sjukepleiestillingar. Målet var å få tilsett ein sjukepleiar i kvart kyrkjesokn. Til unge jenter som reiste på sjukepleieskular, gav dei midlar og lån til utdanninga, mot at dei deretter praktiserte i heimbygda. Helselaget skaffa husvære og lønna sjukepleiaren. I tillegg til heimesjukepleie skulle sjukepleiaren også driva med helseopplysning for å betra kosthaldet og dei hygieniske tilhøva. Tuberkulosen var den store folkesjukdom og var det primære, elles kunne det vera andre smittsomme sjukdomar t.d. tyfus og paratyfus, og alvorlege sjukdomar elles. Vidt arbeidsområde Sjukepleiaren sitt arbeidsområde var geografisk spreidd med lange avstandar. Der det var vegsamband kunne dei bruka sykkel, om dei hadde dette, elles gjekk dei til fots, ofte lange vegar i ulendt terreng. Først på 1950-talet fekk sjukepleiaren privatbil. Ein tør vel seia at sjukepleiaren stor sett hadde eit hardt og strevsamt liv. Det var lite fritid og lita løn. Dei kunne vera bufast i heimane i veker og månader, gjerne på same rom som pasienten, og husmorvikaryrket høyrde stundom med til stillinga. Hjelpemidlar var det ofte lite av, og dei som var, var tildels primitive. Folk var jamt over fattige, og dei økonomiske ressursane måtte først og fremst gå til livsopphald. Om stoda betra seg litt etter kvart, førekom det slike tilhøve til bort i mot 1950-åra. Skulebarnsgransking og spebarnskontroll Helselaga gjekk også aktivt inn for skulebarnsgranskinga som tok til i 1930-åra. Dei stod for innkjøp av vekt og målestang og anna naudsynt utstyr. Helselaget sin sjukepleiar utførte tuberkulinkontroll, vekt og høgdemåling, og hjelpte til ved legegransking. Barn som var underernærte var ikkje uvanleg å sjå i 30-åra. Mangel på viktige næringsstoff i det daglege kosthaldet var tildels allment. Middagsmåltidet kunne ofte vera lite variert og appetittvekkjande for barn, difor gjekk det gjerne mest på brødmat der pålegget var margarin, sirup eller sukker. Dette medførte mykje tannrate, og det var ikkje uvanleg at mange unge gjekk med råtne tannstubbar alt i konfirmasjonsalderen. Dei som vaks opp før 30-åra, fekk ingen skuletannlege, og foreldre flest hadde ikkje økonomi til å kosta tannrøkt på barna.

79


Helselaget fekk også sett i verk spedbarnskontroll (som det heitte den gong). Etter 1945 vart det for alvor kontinuitet i dette. Helselaget sin sjukepleiar saman med lege utførte arbeidet. Ei tid løna helselaget også legen ved dette arbeidet. På spebarnskontrollen vart det føreteke legegransking, vekt og lengdemåling, rettleiing om ernæring, og vaksinasjon mot koppar, difteri og stivkrampe. Etter ei tid kom også poliovaksina og andre vaksiner. Helsesøster I 1966 vart det oppretta helsesøsterstilling i kommunen, og helsesøster tilsett. Etter dette vart spebarnskontroll og skule-barngransking ei kommunal oppgåve. I seinare år vart det også gjeve kommunal stønad til helselaget si sjukepleieteneste. I dei ca. 50 år helselaget stod for sjukepleien i Osterøy, vart det også kjøpt inn ein god del sjukemateriell. Helselaget tok på seg også andre oppgåver, m.a. kursverksemd og tiltak for eldre. I 1972 overtok Osterøy kommune sjukepleietenesta, og sjukepleiar vart deretter tilsett i kommunal regi. Som eit apropos til ovanståande bør ein her også taka med at bondekvinne- og husmorlaga ofte var tilskiparar av kosthaldkurs, og har ved fleire høve stått for innsamling av midlar til helsefremjande tiltak.

ALDERS OG SJUKEHEIMAR 1930-1988 I eldre tider og heilt fram på 1900-talet var det på bygdene eit såkalla legdsystem. Hjelpelause gamle vart, med få vekers mellomrom, flytta frå huslyd til huslyd og var prisgitt desse. Dei gamle hadde ein tung lagnad, og det er fortalt at dei kunne omkomma på vegen i vind og uvCr når dei sjølv måtte ta seg fram til neste buplass. Gjerstadheimen Etter kvart vart det innsett at legdsystemet var uverdigt, og tidleg på 1900-talet vart det i kvar kyrkjesokn sett fram tankar om å få reist gamleheim. Haus kommune tok såleis opp gamleheimsaka i 1920. Det vart ofring i kyrkjene, og samla inn midlar på anna vis. I 1930-åra vart gamleheimsaka teken opp i Gjerstad sokn med tanke på å få reist sin eigen heim. Dette førte til at dei innsamla midlane vart delte mellom soknene. I 1933 valde Gjerstad sokn ei nemnd til å arbeida med gamleheimsaka. Fleire byggjetomtar vart vurdert, men valet fall på Ekra på Gjerstad. I 1946 vart ei byggjenemnd og ei innsamlingsnemnd vald, og etter ei tid vart det på eit allmannamøte vedteke å setja arbeidet i gang.

80


Dugnad og gåver Reisinga av Gjerstadheimen vart eit mektig løft for Gjerstad sokn, som det står stor respekt av. Forutan den imponerande dugnadsånd som vart lagt for dagen, hadde ikkje prosjektet vore gjennomførleg. Dugnad og gåver gjekk hand i hand, folk gav meir enn dei hadde råd til. Kring årsskiftet 1954/55 stod heimen ferdig med plass til 20 pensjonærar. Inventar og utstyr vart kjøpt inn, og i mars 1955 vart heimen offentleg opna. I slutten av 1960-åra vart det også bygd styrarbustad. Heimen fekk eige styre, og i mange år var drifta av Gjerstadheimen tufta på private midlar. Seinare vart det etter søknad gjeve ein del kommunal stønad. Osterøy kommune tek over drifta Mellom pensjonærane vart det etter kvart mange sjukeheimspasientar. Dette krov fleire tilsette, og heimen vart svært tung å driva i privat regi. Det enda opp med at styret tok kontakt med Osterøy kommune, og forhandlingar om kommunal overtaking kom i stand. Den 1/1 1973 gav Gjerstad sokn Gjerstadheimen over til Osterøy kommune vederlagsfritt med aktiva og passiva. Det vart også utferda ein avtale i 5 punkt partane imellom. Etter som Osterøy kommune hadde for lite sjukeheimsplassar, vart Gjerstadheimen driven som ein kommunal alders- og sjukeheim fram til Osterøy Sjukeheim kom i drift i 1984. Etter dette vart heimen driven som avlasting til han vart lagt ned 31/5 1988. Dette skjedde mot sterke protestar i Gjerstad sokn. Hosangerheimen Alt i 1930-åra vart det i Hosanger sokn sett fram tankar om å få reist ein gamleheim. Foreningar vart skipa og innsamling av midlar tok til. I 1950-åra tok Hosanger kommunestyre gamleheimssaka opp til realitetshandsaming, og vedtok ei årviss løyving til eit gamleheimsfond. På den tida var ny kommunedeling i emning, og Hosanger kommune såg det formålstenleg å få reist sin eigen gamleheim før dette skjedde. I møte 7. mars 1961 valde kommunestyret ei nemnd som fekk i oppdrag å førebu arbeidet med reising av gamleheim. Det vart vedteke å byggja på tomten som er bygsla av prestegarden på Hosanger. Arbeidsnemnda fekk fullmakt til å tinga arkitekt som skulle laga utkast til ein kombinert alders- og sjukeheim med plass til 24–25 pasientar. Modalen hadde på den tid bede om samarbeid i gamleheimssaka. Då dette seinare vart aktuelt, måtte sjølvsagt sengetalet aukast. Nemnda var ute på synfaring, og rådde til at det vart reist ein liknande heim som i Granvin kommune og at ein eventuelt nytta dei same arkitektane. 81


Samstundes oppmoda kommunestyret Hosanger Helselag med sine krinslag til aktivt å ta del i gamleheimssaka, t.d. ved å samla inn midlar til innbu og utstyr. Ein interkommunal alders- og sjukeheim På formannskapsmøtet 24/1 1963 vart finansieringsplanen for bygget lagt fram. Kostnadsoverslaget var på kr. 960.000. Hosanger kommune hadde då samla inn kr. 435.000 og med Modalen sin andel på 1/4 og dertil det turvande lån, kunne reisinga av gamleheimen ta til. Alders- og sjukeheimen på Hosanger fekk namnet Hosangerheimen, og stod ferdig i 1966. 10. april vart heimen offentleg opna med 17 sjukeheimsplassar og 16 aldersheimsplassar. Heimen var interkommunal og styret for heimen var samansett med ein representant frå Modalen, ein frå nordsida av indre Osterfjorden og tre frå Hosanger på Osterøy. Då sjukehuslova vart sett i verk 19/6 1969 kom sjukeheimsavdelinga sitt budsjett inn under fylkeskommunal administrasjon. Hosangerheimen vert kommunal I 1964 kom kommunedelinga, og nordsida av indre Osterfjorden kom over til Lindås kommune. Det vart likevel ikkje noko brigde i pasientinntak før Knarvik sjukeheim vart opna 15/9 1974. Pasientar som ynskte å flytta fekk koma over til Knarvik, men tre pasientar frå nordsida av fjorden ynskte å verta verande på Hosanger. Avtalen mellom Osterøy og Lindås var avslutta, og den 31/12 1976 løyste Osterøy ut Lindås kommune. Modalen hadde sine pasientar på Hosanger ein tiårs-bolk etter dette. I mellomtida fekk dei reist eigen sjukeheim som vart offentleg opna 1/6 1985, og avtalen mellom Osterøy og Modalen gjekk ut 1986. Osterøy vart då eineeigar av Hosangerheimen, og stod for driftsbudsjettet av aldersavdelinga. 1/1 1988 vart sjukeheimar og sjukeheimsavdelingar overført frå fylke til kommunar, og med løyving frå staten står no kommunen for all eldreomsorg i Osterøy. Osterøy sjukeheim Osterøy sjukeheim vart reist på Hatland i Lonevåg i 1984, med 35 sjukeheimsplassar og 5 dagheimsplassar. Osterøy sjukeheim var fylkeskommunal fram til 1/1 88. Som før nemnt vart alle fylkeskommunale sjukeheimar då overført til sine vertskommunar. Kjelder: Torvald Stokke Magnus Stokke Trygve Reigstad Eivind Karl Rundhovde Jakob Fossdal Lilly Småland Opplysningar frå Statsarkivet i Bergen

82


Svartedauden på Osterøy – ein langvarig katastrofe Av Geir Kleiveland Då svartedauden raste, skudle dar ikkje vera meir heidi to mennesje att her i nåmaste bygdane. Da va ei kona på Gjerstå å eidn mann på Reistå. Da fortelst at desse to skudle gjefta seg ihop; dei fekk badn Og, so da folkast te att mæ tiæ, veit du. – Ja, soleis fortalde no han far, å han hadde haurt da sama fyre seg, han mæ. Etter Mikkjel Kleiveland 1839–1922, fortalt etter faren, Hans, 1806–1905.

Dette er ei av segnene om svartedauden i våre bygder. Ein annan variant er at kona var frå Reigstad og mannen frå Rivenes, og desse var det så som folka oppatt Osterøya. Slike segner finst det i mange bygder. Kor litande dei er, er uvisst, men at dei har ein kjerne av sanning, treng me ikkje tvila på. Og svartedauden må ha vore verre enn alt anna frykteleg sidan han i tilsvarande segner har festa seg så sterkt i folkeminnet. Me kjenner godt til svartedauden frå historiebøkene, men det kan også vera god grunn til å spørja korleis pesten arta seg på Osterøy og kor alvorlege innhogg han gjorde i lokalsamfunna her. I denne artikkelen skal me sjå om det er råd å kasta litt lys over kva som skjedde med folket i våre bygder og ta for oss kva fylgjer denne frykta sjukdomen fekk for samfunna våre.

Kva fortel historiebøkene om svartedauden? I dag veit me at pesten kom frå Aust-Asia. Til Europa kom han då tartarane frå aust drog vestover på sine hærtokter. I 1340-åra hadde dei kome til den livlege handelsbyen Kaffa på Krim ved Svartehavet. Her dreiv italienarane stor handel og hadde forskansa seg bak solide bymurar. I to år kringsette tartarane Kaffa, utan at dei makta å bryta gjennom. Så skjedde det at soldatane i ein av tartarhærane austfrå vart sjuke, mange døydde, ja på nokre veker skal 85.000 soldatar ha døydd. Kringsetjinga av Kaffa var i ferd med å gå i oppløysing av seg sjølv, då ein av leiarane i 1346 fekk den glupe idé å velsigna italienarane innafor dei håplaust kraftige bymurane med sjukdomen. Dungevis med pestbefengte lik vart slengde innover bymurane med kastemaskiner, og då gjekk det ikkje lenge før italienarane vart møyre, for no slo sjukdom og daude ned mellom dei. Italienarane flykta skrekkslegne attende til heimlandet. Men pesten hadde dei uvitande med seg. Og frå dei livlege handelssentra breidde han seg med eksplosiv fart nordover i Europa. 83


Til Noreg kom drepsotta med eit engelsk skip til Bergen eingong på haustparten 1349. Det fortelst ein stad at folk på dette skipet døydde, og etter kvart som lasta frå det kom opp i byen, døydde straks byfolk. Vinteren 1349-50 vart difor ein frykteleg vinter der folk kreperte i hopetal. Frå Bergen spreidde pesten seg vidare til dei fleste stader av landet. Kva sjukdom var så svartedauden, som også vart kalla manndauden eller drepsotta? Pesten fanst både som byllepest og lungepest. Den siste var mest alltid dødeleg og då smitta menneske andre menneske. Truleg var det denne varianten som herja mest, sidan så mange døydde så fort. Dei sjuke fekk svarte utslett, og difor vart namnet svartedauden brukt. I dag veit me at loppa som førde pestbakterien med seg, lever på rotter, og på dei endelause grasslettene i Asia levde enorme rottekoloniar som var vertar for pestloppa. Når så ei rotte døydde, vandra loppa over til ei ny rotte, men fann ho ikkje ei ny vertsrotte, kunne loppa gå på anna levande, m.a. menneske. No må det her leggjast til at svartedauden var ikkje den einaste pesten som reduserte folketalet på 1300-talet. Men han må ha vore den verste. Alt i 1356 var ein ny «manndaude» på ferde i Bergen, og i 1359-60 herja «barnedauden» over heile Norden. I 1370-åra var det pestfarangar både i 1371 og 1379. Og endeleg kom det ein ny pestbylgje i 1391-92 over landet. Med berre ei pestbylgje ville normalt folketalet teke seg tolleg fort opp att. Men alle desse etterfylgjande pestfarangane gjorde sitt til at det gjekk lang tid før folketalet nådde det nivået det låg på før pesten.

Busetnaden på Osterøy før svartedauden Dette var den allmenne skildringa av svartedauden frå verdshistoria. Kva så med folk og samfunn her på Osterøy? No er me diverre ikkje så heldige at me har skrifter som fortel enkelt og greitt kor ille svartedauden råka Osterøy. Me må bruka ymse jordebøker o.l. som fortel korleis samfunnet endra seg etter at pesten hadde rast frå seg. Talet på gardar Det fyrste ein bør prøva å linna ut er kor omfattande busetnaden var på Osterøy i høgmellomalderen, før svartedauden sette inn. Heilt beinkløyvt er det ikkje å fastslå nøyaktig kva namnegardar som fanst før svartedauden. I Osterøy kommune er det i dag 157 gardsnummer Slær me saman delingar av typen nore/søre, øvre/nedre, står me att med 140 namnegardar. Unntak er dei tre Mjelde-gardane og dei tre Bruvik-gardane, dei vert talde for tre, då me ser at dei var delte opp slik alt før 1350. 84


Var så alle desse gardane i drift før svartedauden slo til vinteren 1349/50? Dei aller, aller fleste var det utvilsamt. Enkelt er det sjølvsagt med alle dei gardane der me har opplyst at brukarane svarte jordleige eller dei elles er nemnde i gamle dokument. Til saman er dette 62 gardar, dei aller fleste finn me i ei jordebok frå tida kring svartedauden, Bergens Kalvskinn, og ein del finn ein opplysningar om i Vincens Lunge si jordebok frå 1535, der den gamle landskylda (jordleiga) er teken med. Gardar som ikkje er nemnde før svartedauden var likevel i drift dersom gardsnamnet er gamalt. Namn på -heim (Svenheim t.d.) er eit slikt gamalt namn, likeins er namna på -land (t.d. Burkeland) og -stad (t.d. Gjerstad) frå tida før år 1000. Vidare kan me ta med -tveit-namna og -set. Gardar med alle desse namnetypane var i bruk før 1350. I tida etter svartedauden går det lenge før me får ei tolleg fullstendig liste over gardane på Osterøy, me må fram til ca. 1520. Men dei gardane som er med der, må også reknast til dei eldste gardane. (Meir om dette nedanfor.) Ut frå desse vurderingane kjem ein fram til 113 gardar. Då er også med tre gardar som er nemnde før 1350, men som ikkje har vorte attrydda; øksnaberg, Kljåstad og Narland. Spørsmålet er så kor mange av dei attverande gardane som også var i drift før svartedauden. Når ein vurderer landskyld, plassering m.m. tyder mykje på at dei fleste også av desse gardane var i drift, ja, kanskje er det ikkje meir enn ca 10 gardar som har vorte tekne opp som nye, sjølvstendige gardar etter svartedauden. Dette er dei minste gardane, der me positivt veit kva tid nokre av dei vart rydda. Dette gjeld t.d. Kyrkjeteigen, Edvardsdalen, Kaustølen, truleg dg ‘Fyssebotn, Fjellskålnes og Fugledale. Mykje tyder på at Vinåsen, Koppen, Tirevoll og Mosevoll også er seinare driftseiningar. Etter dette står me att med at kring 130 av dagens 140 namnegardar var drivne som sjølvstendige gardseiningar før svartedauden la mange av dei øyde. Talet på bruk Som nemnt var landskylda det ein leiglending måtte betala for å leiga jord. Den vanlege måleeininga på våre kantar var laupen, då landskylda helst vart betalt eller rekna om i så og så mange laupar smør. Ein laup var ca. 15,4 kg smør. Dersom me tek utgangspunkt i nyare landskyldlister, t.d. frå 1590 eller 1647, og rekonstruerer kva landskylda gjorde seg til kring 1350, kjem me til at det vart betalt kring 1.150 laupar smør i landskyld på Osterøy. Desse ca. 1.150 laupane kan brukast til å gje eit omtrentleg overslag over kor mange gardsbruk, eller for den del bondefamiliar, her var. På våre kantar

85


var nemleg 3 – 3,5 laupar minstemålet for det som kunne reknast som eit gardsbruk. Dette gjev oss ein peikepinn på at på dei 130 gardane var det kanskje kring 350 bondefamiliar. Seier me i medel 5–6 menneske i kvar familie, kunne eit rimeleg overslag tyda på at det levde bortimot 2.000 menneske her. Etter dette må me kunna slå fast at bygdene her på Osterøy var i full drift då pesten skipla alt.

Atterreisinga av bygdene etter svartedauden Spørsmålet er så om me kan få eit bilete av kor stort innhogg svartedauden og dei påfylgjande pestbylgjene gjorde i lokalsamfunna her på Osterøy. Og dessutan: kor lenge gjekk det før skadeverknadene etter drepsottene var overvunne? For å kunna gje svar på dette skal me prøva å finna ut korleis atterreisinga i tida etter svartedauden gjekk, korleis landskylda, kornproduksjonen og talet på gardar og bruk utvikla seg. Fallet i landskylda Landskylda var den leiga ein leiglending måtte betala til jordeigaren, og dermed var ho også eit mål på kva avkastning garden gav. Det hadde vore enkelt viss me sikkert kunne seia at så mykje var landskylda før og så mykje etter pesten. Men slik er det ikkje.Tidlegare har me sett at gardane på Osterøy truleg svarte om lag 1.150 laupar i landskyld før svartedauden. Berre på eit fåtal gardar veit me kva landskylda verkeleg var i høgmellomalderen. Igjen må me gå til Bergens Kalvskinn frå tida kring svartedauden og Vincens Lunge si jordebok frå 1535, som har med både gamal

Nedgangen i landskylda

300 250 200 150 100 50 0 1350

1590

1647

Diagrammet syner landskylda i laupar smør på 35 gardar på Osterøy før og etter svartedauden. Etter svartedauden stabiliserte landskylda seg på eit nivå som var berre ca. 22 % av den gamle skylda.

86


og ny skyld for dei gardane som låg til Lunge-godset. Diverre er det berre 35 gardar på Osterøy der me kan vera tolleg visse på at me får opplyst kva heile den gamle landskylda var; mange gardar har nemleg berre ein del av skylda med. Desse 35 gardane betalte kring 1350 til saman 286 laupar smør. I 1590 betalte dei same gardane 62,3 laupar. Desse gardane betaler altså i landskyld berre 21,8% av det dei betalte 240 år før. Sjølv etter så mange år utgjer altså den nye landskylda berre om lag 1/5 av den gamle. Dette store fallet i landskylda skuldast sjølvsagt at så mange menneske fall i frå, slik at det vart stort overskot på ledige jordepartar til leige. Det vart leigars marknad, slik det vel ville heitt i dag. Me kan godt tenkja oss at ein leiglending faktisk kunne velja og vraka kvar han ville leiga jord. For jordeigarane må difor landskyldfallet ha vore særleg merkbart. Dei miste store delar av inntektene sine, og for fleire av klostera vart stoda spesielt vanskeleg når inntektene svikta. For dei som overlevde krisa og dreiv som leiglendingar vart derimot jordleiga mykje billegare. Så for dei må livstilværet ha vorte lettare, når mindre av det dei produserte gjekk til jordeigarane. Difor er det ikkje urimeleg å tru at levekåra for vanlege folk vart betre etter svartedauden. Talet på gardar og bruk Me må like fram til 1520 før me får nærare opplysningar om korleis Osterøy-samfunnet såg ut. Frå denne tida har me nokre bøte- og skattelister som gjev oss verdfulle opplysningar. I åra før 1520 vart bøndene pålagde fleire ekstraskattar for å finansiera hæren til danskekongen. Skattelista frå 1519 er særleg opplysande. Denne skatten var på to mark som alle skulle betala, og lista over denne skatten ser ut til vera eit manntal over dei som skulle betala, både bønder og tenarar. Frå 1522 har me den såkalla tiendepenge-skatten, som fortel kven som har betalt den pålagde tienddelen av alt «rørleg og urørleg» gods. Desse to listene gjev oss grunnlag for å seia kor omfattande busetnaden var på Osterøy kring 1520. Frametter på 1500- og 1600-talet får me fleire opplysningar slik at me kan danna oss eit bilete av atterreisinga. I 1520 har det gått 170 år frå pestbylgja slo til. Det er lang tid. Og kor mange gardar og bruk fanst det så på Osterøy fyrst på 1500-talet? Som me ser av diagrammet på neste side var det berre 81 gardar det budde folk på kring 1520. M.a.o. var berre vel 62% av dei 130 gardane frå før svartedauden i drift kring 1520. Sidan dette er så lang tid etter pesten, er det ikkje urimeleg å tru at gardstalet kan ha vore endå lågare i periodar etterpå. På dei gardane som var drivne var det 150 brukarar. Dersom vårt tidlegare overslag på 350 gardsbruk i høgmellomalderen er rimeleg, så var altså knapt 43% av

87


Atterreising av gardane på Osterøy

500 400 300 200 100 0 1520

1563

1590

1611

Gardtal

1626

1647

1666

Brukstal

Diagrammet syner korleis atterreisinga av gardar og bruk gjekk føre seg frå 1520 til 1666 på Osterøy. På slutten av 1500-talet var dei aller fleste namnegardane i drift att, men fyrst noko ut på 1600 skaut bruksdelinga fart.

gardsbruka i drift 170 år seinare. Dette er kanskje det tydelegaste målet på kva katastrofe svartedauden må ha vore. Ser me på diagrammet att finn me at utetter på 1500-talet vart stadig fleire av dei gamle namnegardane tekne i bruk att, slik at kring 1600 budde det folk på dei aller fleste gardane. Men talet på gardsbruk auka berre svakt til fram mot slutten av 1500-talet. Dette må bety at bøndene kunne velja og vraka mellom dei beste gardane. Så lenge ubrukte (namne)gardar låg

Gardar som var i drift på Osterøy ca. 1520 132 58 104 119 102 67 9 144 153 152 151 141 27 79 131 138 84 96 78 29 72

Angelskor Askeland Bernes Byrkjeland Byrkjeland Blom Borgo Brakvatne Bruvik, Bruvik, K Bruvik, Y Burkeland Byrkjeland Bysheim Eikeland Ellvika Fjellskål Fotland Geitrheim Gjerstad Grimstad

129 103 34 14 4 71 68 86 197 118 92 88 87 66 5 108 23 100 65 70 81

Hamre presteg. Hanstveit Hartveit Hatland Haugo Haustveiten Havrå Heldalen Herland Hjellvik Holo Holme Hoshovde Hundhammar Kleiveland Kleiveland Kleppe Kleppe Kvisti Langeland Litland

13 15 41 53 54 52 121 89 18 77 154 33 110 145 7 61 48 43 135 139 82

Lono Låstad Mele Mjelde, M Mjelde, N Mjelde, Ø Mjelstad Mjøs Myking Nordås Olsnes Presttun Raknes Reistad Revheim Rivenes Rolland Rongve Rundhovde Ryskeland Røssland

128 30 147 73 120 93 125 137 37 69 49 44 148 64 60 90 63 94

Sanddalen Solbjørg Stokko Svenheim Tepstad Tveiten Tveiten Valestrand Vedo Vemmalvika Veset Vevle Vik Vikno Votlo Øvsthus Åsheim Åsheim

88


ledige, trong dei ikkje kløyva ein gard opp i fleire bruk. I 1590 var det framleis berre 170 brukarar, men frå då og framover aukar talet på gardsbruk sterkt. I 1666 var såleis talet på namnegardar 131, medan det var 432 gardbrukarar. Me ser altså at fyrst vert dei gamle gardane tekne oppatt og folkesette. Når det så ikkje var fleire gamle gardar å ta i bruk, begynte dei å dela gardane mellom fleire brukarar etter som folketalet auka. Kornproduksjonen Når ein så stor del av gardane vart lagde øyde, er det også logisk at all avdrått av gardane minka. Ved å sjå på korleis kornproduksjonen utvikla seg, får ein også eit mål på kva omfang nedgangen hadde. Sidan åkerbruket var svært arbeidskrevjande i det gamle bondesamfunnet, må det ha stått i eit rimeleg forhold til folketalet; tilbakegang i folketal måtte også føra til ein tilsvarande reduksjon i åkerdrifta. Utgangspunktet for å seia noko om kor mykje korn det vart produsert i våre bygder, er korntienda som vart betalt inn til kyrkjene. Tienda skulle betalast med 1/10 av produksjonen, og frå gamalt var tienda delt i fire delar: ein del til kyrkja, ein til presten, ein til bispen og den siste fjerdedelen skulle gå til dei fattige, den såkalla bondeluten, som bøndene sjølve hadde hand om. I Bergen Kalvskinn er oppgjeve anten kyrkja eller presten sin del av tienda. For då å finna kor stor samla kornproduksjon var gongar me fyrst med 4 for å finna heile tienda og så med 10 for å finna heile kornproduksjonen. Etter reformasjonen freista kongen å driva gjennom ei tredeling av tienda,

Kornproduksjonen i Gjerstad sokn

800 700 600 500 400 300 200 100 0 1350

1567

1598

1666

Diagrammet syner kor mange tunner korn som vart produsert i Gjerstad sokn før og etter svartedauden. I 1666 byggjer talet på matrikkelen og soknepresten sitt manntal, elles er tienda grunnlag for tala. Alle tal er rekna om til 162 liters tunner.

89


fattigluten skulle falla bort. Kongen overtok bispen sin part medan kyrkja og prest som før hadde sin part. På 1500-talet brukar eg tiende-oppgåva frå 1567 og 1598. I 1567 var tienda, etter alt å døma, framleis delt i fire; i 1598 ser det derimot ut til at nyordninga med tredeling vart nytta. Tienda har me oppgjeve soknevis. Den sokna som lettast kan samanliknast i ulike tidsbolkar, er Gjerstad-sokna. Difor vert ho brukt for å illustrera utviklinga, men tilhøva var tilsvarande i dei andre soknene. Me ser at den samla kornproduksjonen før svartedauden var på 600 tunner. I den same sokna vart det produsert berre 240 tunner i 1567. Vel 30 år seinare var dette auka til 435 tunner, og tilslutt ser me at kornproduksjonen i 1666, var på 687 tunner. Me ser etter dette at me må eit godt stykke ut på 1600-talet før kornproduksjonen kom opp på det nivået han hadde vore før svartedauden i Gjerstad-sokna. (Samanliknar me med atterreisinga av gardsbruka, ser me at auken i talet på bruk er, logisk nok, nokså tilsvarande auken i kornproduksjonen.)

Svartedauden - ein langvarig katastrofe Etter at me no har sett på nokre viktige sider ved dei materielle grunnvilkåra i lokalsamfunnet vårt, kan me trygt slå fast at svartedauden også for våre bygder var ein katastrofe. Mange gardar vart lagde øyde, og minnet om den fælslege drepsotta brende seg inn i minnet åt folk og har levt fram til våre dagar i manns minne gjennom segnene frå denne tida. Og enno i dag er det gardar på Osterøy som i daglegtale ber namnet øyjoræ (Vevletveit og Litle-Hamre). Sjølv om me i historiebøkene har lese om at svartedauden la landet øyde, så kan me også, til ein viss grad, gje mål på kva omfang den store katastrofen fekk også i eit lokalsamfunn som Osterøy. Når me no har sett på kva fylgjer svartedauden fekk for bygdene våre, så står det klårt at pesten langt på veg slo bygdene her ned. Kor mange menneske som levde att her kan me ikkje seia. Men når atterreisinga tok så lang tid, er det det klåraste vitnemålet om det stort omfanget katastrofen hadde. Ved å sjå på nedgangen i landskylda, utviklinga av gardstal og brukstal og endeleg kornproduksjonen, har me sett at me må fram til midten av 1600-talet før samfunna i bygdene våre var på same materielle nivå som før svartedauden. Då hadde det gått nære på 300 år frå pesten kom til landet. I dette lange tidsrommet ligg det eigentlege omfanget av katastrofen.

90


Presten og hagen - Sanatoriet i Haus Av Signe Mjelde Nordås Bort under fjellet, heilt nedst i Verkane er der ein fin lun stad som eldre folk i Haus kallar for Sanatoriet. Sanatoriet var i si tid ein fin hage, og framleis er det folk i Haus som hugsar hagen slik den var i si «glanstid» . Ei som har førstehandskjennskap til hagen og som kan fortelja mykje om den er Valgerd Vasstrand. Ho er yngste dotter til den gamle Hauspresten Hilmar Anton Severin Vasstrand. På spørsmål fortel ho meir enn gjerne om Sanatoriehagen som ho har gode minne frå.

Presten i Haus bygde hage Det var far hennar, presten Vasstrand, som bygde opp hagen. Han var prest i Haus frå 1912 til 1932. Han kom frå gardsbruk, så jordarbeid var han velkjend med, og særleg interessert var han i hagebruk. Og det var arbeid i frukthagen med poding av frukttre han kom til å driva mest med på fritida. Frukttre hadde han særs god greie på. Bygdefolk spurde gjerne Vasstrand til råds om gode sortar når dei skulle skaffa seg frukttre. Valgerd meiner at han bygde hagen i tida 1914-15. Og ho fortel om korleis namnet på hagen oppstod : «Her er det jo reine sanatoriet», sa han då han kom bort og såg kor lunt og varmt det var der; «- her kan jo alt gro ». - Og sidan vart den lune plassen under fjellet heitande sanatoriet. Frå steinrøys til blome- og frukthage Den lune plassen var ei einaste steinrøys då han starta. Her fekk han den gode mosjonen han trengte. Han hadde til dagleg eit stillesitjande arbeid, så hagestell var for han god mosjon. På øvste sida opp mot Verkane mura han opp fine terrassar. Ein fin steinbenk som han fann plasserte han her oppe i den terrasserte skråningen. Han tok stiklingar av eføy og planta opp mot fjellet.’ Eføyen vaks seg både sterk og stor, den hang i mange år som eit stort og grønt teppe over fjellet og var reine landemerket i Haus. I hagen planta han alle frukttrea sine, plommetre, epletre, pæretre og visstnok også eit aprikostre. Jordbæråkeren sin hadde han også her i sanatoriet. Og her vaks det mengdevis av snøklokker. Og veks framleis. Dei tok løkar frå prestegardshagen og sette bort i Sanatoriet. Der treivst dei godt, om våren var heile hagen dekt av snøklokker. Borna i prestegarden plukka snøklokker 91


Med kvit lommeduk på hovudet, Vasstrand i Sanatoriehagen. Utlån: Valgerd Vasstrand

som dei bunta saman hundre i kvar bunt. Desse selde bror til Valgerd, Endre, på torget for ti øre bunten. Inn under fjellet laga han til steinbord og benker. Frå kjellaren i prestegarden henta dei trebenker som dei plasserte her. For her under fjellet kunne dei sitja «tørrskodd», det var poenget. Kor mykje det regna så sat dei like tørt og godt. Her inntok dei søndagskaffien sin på fine sommardagar. Og her laga dei til kaffibesøk for familie og gjester.

Ein privat hage Sanatoriet var prestefamilien sin heilt private hage. Her var dei i fred, her kunne dei sola seg og skifta klede når dei ville bada. For dei hadde den finaste 92


kvite sandstrand ein kunne ønskja seg like nedfor hagen. I den tid var vatnet reint og fint, i dag freistar det ikkje til bading. Og i hagen hengde borna opp hengekøye og Valgerd fortel at ho hugsa ho ein gong måtte gå å leggja seg der då ho kom for seint heim ein sommarkveld og døra var låst. Rundt hagen var det i den tid nettinggjerde med treport inn til hagen. I dag er det ein fin steinmur rundt hagen. Den kom truleg til i Klaastad si tid. Då Vasstrand gjekk av som prest i Haus, bygde han seg hus på Haushovden «Hillanro». Her fortsette han med hage og fruktdyrking. Han kunne ikkje lenger bruka sitt Sanatorie. Det var den nye presten Klaastad og familien som no fekk nyta godt av hagen. Dei stelte vel med hagen og nytta han mykje. Det var ein freda plass som prestefolket fekk ha for seg sjølv. Det var utenkjeleg for bygdefolket å gå bort i sanatoriet i den tid. Klaastad var den siste av prestane som brukte hagen. Etter den tid vart den ikkje stelt og hagen forfall. Men den høyrer framleis til prestejorda.

Eit sørgjeleg syn Korleis ser hagen ut i dag? I dag er den mest eit sørgeleg syn. Ein skal eigentleg ha god fantasi for å sjå at her eingong har vore ein fin hage. Dei fine terrassane er borte, frukttrea er borte, steinbenker og bord er borte. Ein og annan bærbusk finn ein og kanskje ein surapal. Men snøklokkene har ikkje gjeve opp. Om våren finn ein ennå massevis av snøklokker her. Og eføyen har halde stand. Den er ikkje lenger det store grøne teppet, men den er der. Kanskje har den fått for lite lys, kanskje er det forureining som har tatt den. Både i og utanfor hagen er det overvakse med tett skog. Men staden er framleis like lun og varm som i Vasstrand si tid. Får sola sleppe til, varmar ho jord og vekster like godt no som då. Hagen er ennå ein fredeleg plass. Men den er ikkje lenger triveleg å bruka. Kva med å få sett hagen i stand? Hage på ny? Ein slik lun plass burde vore nytta til noko. Barneskulen ligg på Haushovden ikkje langt i frå. Kanskje elevane kunne nytta den? Kva med spanande eksperiment med sydligare vokster Eller kanskje hausingane kunne nytta den som fredeleg parkområde? Ja, kven si oppgåve skal det eigentleg vera å rusta opp den gamle hagen? Det er så mange lag i bygda hagelag, historielag, ungdomslag, idrettslag etc. Kva med samarbeid? Hansken er kasta, vil nokon ta den opp tru?

93


Garveridrift på Rundhovde Av Eivind K. Rundhovde På Rundhovde har det frå gamalt vore eit aktivt garverimiljø. Kanskje har grunnen vore at det her var gode tilhøve med sjøtomtar der det eig var tilgang på vatn, både til garveprosessen og delvis ogso til drivkraft. Viktig grunn har vel likevel vore at her var folk som var interessert i å læra meir om garvarfaget og å utvikla det til ein leveveg både for seg sjølv og for dei som kunne få arbeid der. På denne sida av vågen frå ferjekaien og utover har det inntil 1983 stått 5 garveri, og i den rekkjefylgja dei vart skipa var det desse: 1. Johannes Eriksen Rundhovde. Starta i 1860. Overteke i 1906 av sonen Edvard J. Rundhovde. 2. Jakob og Mikal Eriksen Rundhovde. Starta i 1875. Overteke i 1926 av Erik og Rasmus Rundhovde. 3. Johannes Revheim. Starta i 1886. Avvikla i 1905. Eigedomen vart i 1905 overteken av Edvard J. Rundhovde. 4. Johannes J. Rundhovde. Starta i 1902. Overteke i 1930 av sonen Jarle Rundhovde. 5. Jakob J. Rundhovde (Jakob Nilsen). Starta kring 1914. Garveri drift nedlagt i 1927. Garveribygget vart i 1936 overteke av Harald J. Reigstad som flytta inn der med si garvarverksemd. Før eg kjem nærare inn på dei einskilde garveri vil eg nemna at utviklingi for dei 2 fyrste garveri, min bestefar Johannes E. Rundhovde og hans 2 brør, Jakob og Mikal, heng nøgje saman, då det ei tid var tale om sameiga både av tomt og delvis bygningar. Timberdalen, som garveriområdet er kalla, høyrde til det bruket som me seinare kalla Vågenes-jordi og som min oldefar, Erik Johannesen (Gjerstad) Rundhovde, eigde. Til å byrja med var det ikkje frådelt noko garveritomt til nokon, slik at alt som vart bygt før oldefar (Erik) døydde i 1892, stod på hans eigedom. Rett nok frådelte han i 1878 ein tomt i Timberdalen som omfata grunnen under dei 2 garveri som står der i dag og grunnen under det våningshuset som vart bygt av Jakob og Mikal og seinare nytta av Anna og Erik Rundhovde. Men eigar var framleis Erik Johannesen Rundhovde inntil hans død i 1892 då dei 3 brørne overtok. I 1927 vart dei dåverande eigarar samde om å dela tomten slik at den austre del skulle tilhøyra Edvard J. Rundhovde og den vestre del Erik

94


Bilete som viser alle dei 5 garveria på Rundhovde like etter 1920. Bygningane tilhøyrer f.v. 1:Jakob J. Rundhovde (Jakob Nilsen) fyrste byggjesteg (seinare Harald J. Reigstad); 2: Mikal E. Rundhovde, fyrste byggjesteg (seinare Erik og Rasmus Rundhovde); 3: Johannes E. Rundhovde, «gamlegarveriet» (seinare Edvard J. Rundhovde); 4: Johannes J. Rundhovde (seinare Jarle Rundhovde); 5: Johannes Revheim, tilbygget med halvtekkje er kome til seinare (seinare Edvard J. Rundhovde). Utlån: Johannes E. Rundhovde.

og Rasmus Rundhovde, noko som eigentleg då hadde vorte praktisert ei tid. Tinglysing av skøyte vart fyrst ordna i 1953. Eg skal so gå over til å omtala dei einskilde garveri. For dei 2 garveri i Timberdalen har far min, Edvard J. Rundhovde, skrive ned nokso utførlege opplysningar slik at det kanskje vert noko meir stoff om desse 2 enn det eg har kunna få for dei andre.

Vedk. nr. 1: Johannes Eriksen Rundhovde Som nemnt framanfor byrja han med garveri i 1860 og er soleis den fyrste garvar på Rundhovde-sida. Men garvarverksemdi i familien er eigentleg mykje eldre, med di det var Edvard J. Rundhovde sin bestefar på morsida, Nils Steffensen Rundhovde, som i 1835 starta med garving på gardsbruket sitt på Rundhovde der Fjelde-bruket i dag ligg. Han reiste i ung alder til Bergen der han ei tid arbeidde hjå far til Ole Bull, apotekar Bull, Kanskje var det i Bergen han fekk ideen til å byrja som garvar? Seinare reiste han heimatt og overtok garden på Rundhovde, der han i 1835 laga nokre garvekar. Huder kjøpte han i Bergen og bygdene ikring, og ved sida av gardsbruket dreiv han med garving av overlêr og solelêr. 95


T.v. Mikal E. Rundhovde sitt garveribygg frå 1903, Husgruppa t.h. er det sokalla «gamlegarveriet». Bygget t.v. i denne husgruppa er det fyrste som vart oppført ved sjøen på Valestrand i 1860 av Johannes E. Rundhovde - med tilbygg i båe endar, bygget i midten er mylnehuset frå 1890 og heilt t.h. er Mikal si kalkabu frå 1890. Bak sistnemnde kan ein skimta litt av taket på «gamleløa/floren». Dei 2 våningshusa bakanfor tilhøyrer Mikal E. Rudnhovde (t.v.), bygt 1878 - og Johannes E. Rundhovde, bygt 1884. Heilt t.v. kan ein sjå Jakob J. Rundhovde (Nilsen) sitt våningshus og ein liten løebygning han hadde (bak Mikal sitt garveri). Utlån: Mikal E. Rundhovde.

Det var likevel svigersonen Johannes E. Rundhovde som for alvor slo seg ned som garvar. Etter å ha gått i garvarlære i Bergen, reiste han heimatt til Rundhovde der han i 1860, 21 år gamal, bygde sitt eige garveri ved sjøen i Timberdalen, på faren sin eigedom. Dette var det fyrste garveri som vart bygt ved sjøen på Valestrandsfossen, og er ein del av det hovudbygget som står der i dag og som me til dagleg kallar «gamleloftet». I underetasjen hadde han då garvekar og i loftsetasjen tørkeloft m.m. Han hadde elles barkekar under open himmel attmed bygget. Kring 1875 bygde han på garveriet i nordre enden. I dette tilbygget, der det er nytta rosemåla bjelkar frå den gamle Mjelda-kyrkja som vart riven i 1866, fekk han i underetasjen plass til fleire barkekar, medan loftet vart innreia til bustad for han og kona, Gjertrud. Der fekk han plass til ei stova, eit kammers og kjøken. Dette var nemleg på same tid som han og kona slutta med gardsdrifti i gamletunet oppe på Rundhovde, og dei flytta då inn i tilbygget i

96


Timberdalen. Etter det me kan finna ut, må dei like etter ha oppført den fjøsbygningen og løa som stod attmed gamleloftet, der dei då hadde kyrne sine og fôr til dei. Det bør her nemnast at pålag samstundes, det vil seia kring 1875, bygde dei 2 brørne til Johannes, Jakob og Mikal, eit tilbygg til garveribygget i søre enden, slik at dei 2 budde i loftsetasjen og hadde garvekar i underetasjen. Dette «gamleloftet» var soleis eit svært innhaldsrikt bygg. Johannes garva den fyrste tidi norske huder til soleler og usmurt overlêr, men då dei oversjøiske huder vart importert, gjekk han for det meste over til garving av sør-amerikanske huder. Spesialiteten hans var det mykje etterspurte bjørkebarka kalkaler, som han til dels kunne ha liggjande på bork opp til 2 år. Etter kvart som produksjonen auka, fekk han trong for utviding av garveriet, og kring 1890 bygde han saman med brørne det sokalla mylnehuset, som står nærast sjøen. Han hadde då noko tidlegare, i 1884, bygt seg eige våningshus på sin eigedom like ovanfor Timberdalen og flytt opp der, slik at det vart betre plass i garveribygget. I 1903 bygde han eit tilbygg på vestre sida av gamleloftet slik at han fekk tak over dei barkekar som var der og ovanpå plass til ein lêrvals som han kjøpte saman med broren Mikal. I 1905, året før sin død, kjøpte han garveriet til Johannes Revheim lenger inne i vågen, då dette var til sals. Dette bygget ominnreia han og moderniserte. Frå 1906, då Johannes døydde, vart garveriet overteke av sonen Edvard J. Rundhovde, som då var 24 år gamal og hadde arbeidt i faren si verksemd. På grunn av den rivande utvikling i garveribransjen måtte han utvida og modernisera verksemdi mange gonger. Produksjonen omfata bindsolelêr og solelêr til skofabrikkar og delvis skomakarar, men aller best kjent var kanskje det bjørkebarka kalkaler som han heldt fram med å laga. Dette kraftige lêret, som var både slitesterkt og vasstett, høvde svært godt for det norske klima. Då krigen kom i 1940 og det vart slutt med import av sør-amerikanske huder, vart det òg slutt med produksjonen av kalkaler. . Arbeidsstokken i garveriet varierte ein del gjennom tidene og var på det meste 5–6 personar. Eldste sonen, Johannes, har arbeidt i garveriet heile tidi frå han var heilt ung. 2 andre søner, Kaare og Eivind, har delvis arbeidt der. Då det i slutten av 1950-åri vart stendig vanskelegare å selja ler til konkurrerande prisar, vart produksjonen trappa ned til den i 1962 vart heilt innstilt. Garveribygningane står der i dag stort sett som då garveriet var i drift.

97


Me som har overteke desse eigedomane etter våre foreldre Karoline og Edvard Rundhovde, tek sikte på å halda garverbygningane vedlike so langt me maktar. Me meiner det er verdfullt at desse bygningane kan stå som eit minne om det slit dei har hatt som har levt før oss i kampen for det daglege brød, samstundes som det kan vera ein tankevekkjar for nyare generasjonar som kan hausta fruktene av våre forfedre sin store innsats.

Barkekvern og stemmegard måtte byggjast Det kan vera på sin plass å nemna kva vanskar det var for garvarane å skaffa vatn og drivkraft til verksemdi. For å kunna nytta bjørkeborken til garving måtte den malast i ei kvern. Far min har fortalt at i den aller fyrste tidi måtte garvarane i Timberdalen transportera borken til Breistein til ei kvern ved utlaupet av Breisteins-elvi. Dette var svært tungvint, og dei såg seg om etter ein betre måte å få borken malen på. Dei 3 garvarane Johannes, Jakob og Mikal, bygde då eit kvernhus på vestre sida av Rundhovde-elvi ved sjøen på ein tomt som Johannes hadde bygsla i 1866 hjå Baste J. Rundhovde på si og kona si levetid. Dei laga rennegang frå elvi og sette opp borkekvern, og der kunne dei då mala borken. Dette var då kring 1875 eller like etter. På grunn av at vassføringi var noko ujamn, var det lange tider dei ikkje fekk mala. Dei 3 gjekk då i lag med Ole S. Rundhovde (far til Åstveit-Steffå) og Steffen P. Rundhovde (Pera-Steffå) om å laga ein stemmegard tvers over Rundhovde-elvi, - den same stemmegarden som er der i dag. Ole S. Rundhovde hadde nemleg i 1878 arvefest eit stykke hjå Baste J. Rundhovde som òg omfata Rundhovde-elvi, slik at vassretten fylgde med dette stykket. Dette stykket er identisk med det sokalla Revheimsbruket som Edvard J. Rundhovde overtok i 1905. Ole S. Rundhovde og Steffen P: Rundhovde, som tidlegare hadde gått i gang med ein tunnefabrikk i elvi, kosta då halvparten av stemmegarden, og dei 3 brørne, johannes, Jakob og Mikal, var saman om den andre halvparten (1/6 på kvar). Stemma var ferdig i 1883. Då litt av stemma kom inn på Eide-garden, vart det ordna med grunnleiga for det. Stemma vart då nytta når dei måtte ha vatn til borkemaling, og dei Eide nytta den dg til eit kvernhus. Dei 3 garvarane syntest det var noko tungvint å transportera borken til Rundhovde-elvi, og i 1887/88 flytta dei borkekverni til Timberdalen, sette opp vasshjul og kammahjul og laga ogso til drivkraft til ICI-vals i tillegg til borkekverni. Etter løyve frå Johannes Revheim, som i 1886 hadde kjøpt det stykket som Ole S. Rundhovde hadde arvefesta, bygde dei 3 ein rennegang frå stemma til Timberdalen, på vilkår av at dei måtte ta denne vassføringi vekk 98


dersom Johannes Revheim krov det, og mot årleg avgift. Då dei kring 1890 bygde mylnehuset ved sjøen i Timberdalen, flytta dei vasshjul og borkekvern ned der. Det var mange gonger knapt med vatn i Rundhovde-elvi, som tek til på Skår. I 1889 var det soleis uvanleg turt, slik at dei Rundhovde måtte ta kyrne or marki og senda dei til fjells til Mæle-sætri. Dei Timberdalen tok då til med å byggja stemmegard ved Skårastemma, og dei lånte kr 1.000 i Haus Sparebank. Stemma vart ikkje ferdig det året og ligg slik enno, stemmegarden ligg på deira Skår sin eigedom. Vasshjulet i Timberdalen var då i bruk til det kom elektrisk kraft kring 1917. Eit anna døme på kva vanskar dei stod overfor, er korleis dei måtte få hudene opp frå sjøen og i garveriet. På grunn av plassmangel vart dei tørre hudene lagde i bløyt i sjøen pålag der Revheimsgarveriet no står og transportert tilbake til Timberdalen med båt. Då det ei tid ikkje var noko heis, måtte hudene berast opp frå sjøen, noko som var svært tungt. I 1931 kom det elektrisk heis i gamlegarveriet, og då var det slutt på bering av huder.

Vedk. 2: Jakob og Mikal Eriksen Rundhovde. Denne verksemdi vart starta i 1875 av dei 2 brørne Jakob og Mikal. Dei starta med å byggja på det bygget som broren Johannes hadde bygt i 1860 og då i søre enden. Fyrste høgdi vart nytta til garveri, medan dei 2 som då var ugifte, budde i andre høgdi. Truleg har dei dg nytta garvekar som låg under open himmel. Kring 1878 bygde dei våningshuset som framleis står på denne tomten og flytta opp der slik at dei fekk større plass til garvarverksemdi. Etter kvart produksjonen auka, vart det trong for meir plass, og kring midten av 1880-åri bygde dei kalkabu med loft på austre del av faren sin garveritomt like ved Nausthaugen. I 1888 skilde Jakob og Mikal lag slik at Jakob vart åleine om garveridrifti. Jakob overtok då Mikal sin part i våningshuset og halvdelen av hans part i garveriet. Frå 1888 til 1895 budde då Mikal hjå bror sin Johannes som i 1884 hadde bygt seg våningshus på sitt gardsbruk ovanfor garveriet. I denne tidi arbeidde Mikal delvis hjå broren i hans garveri, der han dg delvis arbeidde for seg sjølv med garving av eit og anna hudeparti i garvekar han fekk til rådvelde. I 1894 gjekk Jakob konkurs og reiste frå staden, og Mikal overtok då Jakob sin part i våningshus og garveri slik at Mikal då vart åleine om drifti. I 1903 bygde Mikal den fyrste og nedste delen av det bygget som seinare har stått på den vestre del av fellestomten, og truleg like etter vart den midtre 99


del bygt med plass til fleire garvekar og tørkeloft m.m. Mot slutten av 1920-åri vart ny kalkabu bygt på vestre del av tomten. Her bør nemnast at det på grunn av skort på samlingshus i bygdi vart halde politiske møte i garveriet til Mikal, både i 1905 og seinare. I 1926/27 vart garveriet overteke av sønene Erik og Rasmus som då var saman om drifti. Dei føretok ytterlegare utvidingar og moderniseringar av garveriet. Såleis vart det i 1955 bygt på ein heil etasje på det store garveribygget slik at det vart mykje betre plass til drifti. Produksjonen omfata stort sett bindsolelêr og solelêr, og ei tid vart det òg laga det bjørkebarka kalkalêr. Nye maskiner og nytt utstyr vart etter kvart kjøpt inn slik at produksjonen auka stendig. På det meste var det 12 personar i arbeid i denne verksemdi. Produksjonen vart seld til skofabrikkar og skomakarar rundt i landet, og ein del til militært bruk. Erik døydde i 1977, og garveriet vart då overteke av sonen Mikal, som driv det framleis. Men omsetnadsvanskane som hadde meldt seg for fullt i garveribransjen nådde ogso denne verksemdi, slik at produksjonen i slutten av 1970-åri vart trappa ned. Etter 1980 har det ikkje vore teke huder i arbeid slik at salet har gått av dei store lager verksemdi sat inne med. Elles fekk garveriet i 1950 stansemaskin til utstansing av solar, og dette stanseriet er framleis i drift.

Vedk. 3: Johannes Revheim Det har diverre vore vanskeleg å skaffa opplysningar om dette garveriet. Johannes Revheim fekk i 1886 skøyte frå Ole S. Rundhovde på eit hus her og på halvdelen av stemma (stemmegarden), og tilhøyrande torvhus og rennegang. Samstundes fekk han òg skøyte på sjølve grunnen hjå baste J. Rundhovde. Dette bruket oppstod i 1878 då eigaren Baste J. Rundhovde skreiv ut eit arvefestebrev på eigedomen til Ole S. Rundhovde. Eigedomen hadde ved skylddelingsforretning av 5. desember 1878 fått bruksnr. 3. I 1886 har så Johannes Revheim bygt eit garveri på denne eigedomen. Dette bygget inneheld då ei høgd med garvekar og ei og ei halv høgd oppå. Johannes Revheim må ha drive garveri der frå 1886 til 1905, då han slutta drift. Eigedomen (bnr. 3) vart i 1905 overteken av Edvard J. Rundhovde. Vedk. 4: Johannes J. Rundhovde. Dette garveriet vart skipa i 1902 av Johannes J. Rundhovde. Johannes fekk garvarutdaning i Danmark, Tyskland og Sveits. Han arbeidde som garvargesell, og han tok svennebrev hjå garvar Michelsen i Bergen. Der lærde han òg å garva solelêr. 100


Fyrste byggjesteg vart gjort i 1902. Garveriet vart sidan utvida fleire gonger og hadde eit moderne utstyr etter tilhøvi. Garveriet produserte feittlêr av høg kvalitet. I 1930 omkom Johannes i ei arbeidsulukka i sitt garveri, og sonen Jarle tok over drifti. Han arbeidde vidare i faren sine fotspor og tok i bruk nytt utstyr etter kvart som det var aktuelt og tenleg. I åri 1936-40 sysselsette garveriet 8 personar, men på det meste var det i alt 10 personar i arbeid. Jarle Rundhovde slutta drifti i 1953 på grunn av dei vanskane garveriindustrien i Noreg hadde med å driva lønsamt til konkurrerande prisar.

Vedk. 5: Jakob J. Rundhovde (Jakob Nilsen) Jakob utdana seg som garvar i Danmark. Sikkert årstal for skiping av dette garveriet har vore vanskeleg å få, men opplysningar frå familien tyder på at fyrste del av garveriet, nemleg hovudbygget på 4 høgder, vart oppført kring 1914. Seinare kom eit tilbygg mot aust på 2 høgder. Produksjonane var feittlêr/overlêr som vart selt til skofabrikkar og andre. Garveriet hadde etter måten moderne utstyr, soleis ei stor skjæremaskin for huder, noko som ikkje var vanleg i mindre garveri. Jakob fekk diverre ikkje driva garveriet so svært lenge, med di han vart sjuk og døydde i 1927, berre 37 år gamal. Drifti vart då innstilt. I 1938 overtok Harald J. Reigstad denne eigedomen (garveri med maskiner). Harald J. Reigstad sitt garveri Harald J. Reigstad starta si garvarverksemd i 1924-25. Til å byrja med heldt han til i leigde lokale hjå garvarane i Timberdalen. Som råstoff nytta han saueskinn og selskinn og produserte skinn til ullskoprodusentane. I 1936 flytta han heile produksjonen over til garveriet til Jakob Nilsen, der han utvida produksjonen til ogso å omfata feittlêr. På grunn av dei store omskifte det var i marknaden for slike varer, måtte ogso denne verksemdi leggja om produksjonen. Soleis vart det slutt på salet av skinn til ullsko då Korea-krigen starta på grunn av fallet i ullprisane, og som ny artikkel vart teke opp tilreiing av pels av selskinn og porteføljeskinn til skulevesker. Marknadssituasjonen for garvarbransjen førde til at det vart slutt med feittlêr i 1950-åri, og etter kvart som plasten fekk innpass, vart det òg slutt med porteføljeskinn. Same lagnad fekk òg pelsproduksjonen. Arbeidsstyrken har variert noko fram gjennom åri og var på det meste 6–8 personar. Då Harald J. Reigstad døydde i 1977, overtok sonen Johannes verksemdi under firmanamnet Harald Reigstads Eft.flg. Han har sett i gang produksjon 101


av sko til ortopedisk bruk og skinn til køyreposar. Denne verksemdi er framleis i gang.

Sluttord Ser ein tilbake til den tidi alle garveri var i full drift, so lyt ein seia at her har vore store omskifte. Den gongen var garvarverksemdene ein svært viktig del av næringsgrunnlaget på staden, og det var heller ikkje andre arbeidsplassar å springa til. A gå i gang med skiping av eit garveri var ikkje noko lett oppgåve slik tilhøvi var då. Det trongst både pågangsmot,viljestyrke og fagleg innsikt i tillegg til det reint økonomiske. Difor er det grunn til å sjå med stor vyrdnad og takksemd tilbake på dei menn og ikkje minst kvinner som bar byrdene og la eit grunnlag for eksistensen for so mange. Dette var folk som var vane til å leva i tronge kår og vera nøgde med lite, og hardt arbeid var noko som høyrde kvardagen til. Dei hadde berre seg sjølv å lita på, og det var ingen stad å søkja om hjelp dersom noko gjekk gale. Sjølv om garvarverksemdene på Rundhovde er borte slik me hugsar dei frå tidlegare tider, so har våre forfedre her reist seg eit minnesmerke som dei kan vera stolte av. Om dei sjølve er borte, so vil dette merket verta ståande for alltid i soga om garvarane i Valestrandsbygdi.

102


Dannebrogsmannen Av Ola Tveiten Av etterkomarane etter Ola Tveiten (1881–1967) har skriftstyret fått lov å bruka av dei mange stykka som Ola Tveiten let etter seg om ymse historiske emne. I dette heftet tek me med forteljinga om «Danebrogsmand» Johannes Hoshovde.

Danebrogmand Johannes Johannesen Hoshovde d.y. var frå Hoshovde i Hosanger og livde i tidi 1786–1875. Dei var 11 syskind, 6 gutar og 5 jenter, ei av gjentene veit ein ikkje noko om, dei andre syskind vart gifte og buande i bygdi. Johannes d.y. var nr. 5 i syskinflokken, han hadde ein bror som var to år eldre og som heitte Johannes, difor vart Johannes d.y. kalla litle-Joans heilt til han vart heidra med Danebrogsorden. Sidan vart han til vanleg nemnd Danebrogsmannen eller jamnast Danebrokjen.

Fødd med sigerhuva Han litle -Joans var fødd med sigerhuva, ein tunn sjå som låg over hovudet til nyfødingen, og den som var fødd med sovori sigerhuva, ville alltid få siger i dei bardagar han kunne koma bort i. Kunne dei få barnet til å svelja denne sjåen ville han verta skotfri, ingen blykule ville gå gjennom skinnet på han. Nærkonene på Hoshovde i 1786 fann dette so viktugt for barnet at dei hakka sund denne sigerhuva, kokte ho møyr og fekk stappa denne lapskausen i barnet og dermed skulle han litle-Joans vera skotfri. (Eilef Totland 1848–1929) I oppvoksteren og som ungdom var han litle-Joans ein uvanleg sprek kar, han var soleis flink å symja, noko som ikkje var so vanleg i dei tider, han var flink å springa og hoppa og ein sers dugande skyttar. Var i det heile ein staut kar som på fleste umkverve var framom det vanlege. Send i krigen – kulone beit ikkje på han I 1808 måtte dei i krigen både han største og han litle -Joans. Dei vart skrivne ut til Det Midthordalandske Skarpskytter Kompani og vart sende til svenskegrensa der dei var med i krigen i 1808 og 1809. Han litle Joans kom til å stå under major Krebs som snart vart var denne spreke guten og tok han til sin ordinans. Rask og snartenkt som han var, vart det vanleg at han vart send ut i vanskelege oppdrag, det var serleg til å njosna etter svenskane han var nytta. Mange gonger på desse ferder kom han i fåre og det skulle vera fleire gonger at dei svenske kulone nådde han, men gjekk ikkje gjennom skinnet. 103


Men merke er etter desse kuleslagi fekk han hava all sin dag, og serleg når han kom opp i åri hadde han mykje vondt av dei. I 1814 kom han att i felten og det lagde seg soleis at han då og kom til å stå under Krebs, og han vart den gongen og majorens privatordonans. Her og fekk han mange vanskelege oppdrag og var mange gonger i livsfåre, men kom alltid vel i frå det og fekk fleire gonger stor vellæte for den måten han greidde oppdragi på. Det var serleg ein gong han var ute på njosning at han kom for langt inn på fienden, han skaut då ein svensk tambur, det er og sagt at det var ein offiser, det skapte ugreida hjå svenskane og det gjorde so mykje at dei vart seinka so den norske avdeling fekk tid å taka Tyregjerder. Men svenskane sette etter den norske soldaten, han fekk kuler i seg og måtte hoppa på elvi (Tista). Han freista å symja over elva og kom seg inn under ein bakkabard. Forfylgjarane var so nære at dei stakk med bajonettane inn under bakkabarden etter han, men utan at dei nådde han. Svenskane trudde at dei hadde tynt han, at han hadde sett til i elvi og drog seg nokso snart attende. Hoshovden kom seg opp or elvi og attende til avdelingi sin. Det er elles mange sogor om karstykki hans, men denne tilburden stod det mest bragd av.

Heidra med Dannebrog Som påskyning for den gode soldaten han var og for den dugleik han hadde synt i militærtenesta si, vart han heidra med Danebrogs-Krossen, ei æra som skjeldan vart synt bønder. Med denne ordenen fylgde ein liten pensjon, «premie», er han nemnd i rekneskapane. Det var 4 Sp. for fjordungåret og han måtte alltid henta denne premie sjølv hjå futen og måtte då bera ordenskrossen på seg. Han var alltid interessert i det militære og dottersonen hans, Eilef Totland, hev fortalt at etter at han hadde vore med på ein større feltmanøver i Austevold i 1875, måtte han burtom til morfaren på Hoshovde og fortelja frå manØvren. Danebroksmannen fortalde då fleire sogor frå sitt livs store eventyr då han var med i krigen. Når han kom heimatt frå krigen i 1814 gifte han seg og fekk seg gard på Hoshovde og budde der all si tid. Han var i all si ferd ein god mann og var mykje vyrd i bygdi. Han døydde 18.11.1875 og er begraven på gravstaden med kyrkja. Gravi er freda og krossen med namn og data står på gravi. Ved gravferdi gjekk presten Lieske føre gravfylgje og bar ordenskrossen på ein pute. Etterpå vart krossen send til lensmannen som sende han inn til det Danske kanselliet.

104


Frå dagboka til lærar H. Binningsbø Av Gunnar Binningsbø Sume undrast kanskje på kvifor eg skriv berre H. Binningsbø og ikkje namnet Hans Binningsbø, men tida sin stil var at ein nytta ikkje heile førenamnet, berre førebokstaven. M.A. Hauge var ein annan kjend signatur. I våre dagar ser det ut til at etternamnet er i ferd med å gå or bruk i munnleg samanheng. Tidene og modane skifter.

Dagbokskrivaren Før eg tek fatt på sjølve dagbøkene, må eg presentera han som har skrive dei. Hans Binningsbø (1883–1973) var fødd på Binningsbø i Eksingedalen av foreldre Gudleik H. Almelid og Brita O. Mestad. Ein modøl og ein teigdøl slo seg saman og fekk seg gard i Eksingedalen. Seinare skifte dei namn, og kalla seg Borge då dei busette seg her. Slik var skikken. Garden var viktigare enn det tidlegare namnet. Men far som hadde heitt Binningsbø i 15 år då han flytta, ville ikkje skifta namn. I så måte var han på linje med nyfeministane. Ein var den ein var, anten ein no skifte bustad eller fekk seg ein ektemake. Derimot tenkte far ofte på å gje namnet sitt ei norskare form. I talemålet i Eksingedalen heitte garden Binningabø. Den dansk-norske s-en i genitiv var ein torn i auga hans heile livet, for alt skulle vera så norsk som mogeleg. Han prøvde og å norska opp Borge-namnet. Han skreiv Borgo, og dette høvde nok godt med hans barndomsdialekt, men mindre med uttalen her, som er Borgå. Men å-en er villeiande om ein tenkjer språkhistorisk. Far skreiv ættesoga si både på farsida og morsida. I den skreiv han slik: «Eg var glad då eg fekk det fyrste skeiseparet på Binningabø i 7-10 års alderen, og eg har det enno. Eg gjekk fyrst i umgangsskule. Men so vart det til slutt berre i vetlestova hans Helge Bergo. Sokneprest Varholm konfirmerte meg 2. oktober 1898 på Evanger. Vinteren 1898-99 gjekk eg på ein framhaldskule på Brekkhus, våren 1899 reiste eg til Borgo. Vinteren 1901-02 gjekk eg på Nordhordlands amtsskule i Eikangervåg. I 1904 gjekk eg ut frå Stord lærarskule. 1904-05 skula eg i Sauda i Ryfylke. I 1905 vart eg tilsett på Landro i Fjell, og der var eg til 1911. So vart eg tilsett ved Hauge skule i Gjerstad 1916-34, Kappfjelli skule i Grane i Nordland 1940 - 41, Myking skule i Gjerstad 1941-48. Våren 1939 tok eg millomskule-eksamen. Frå våren 1911 har eg havt garden på Borgo.»

Ein kunne sjølvsagt føra til denne stutte vitaen både mangt og mykje. Det var typisk for far at han alltid skreiv stutt, det var ein styrke på den måten at det som står der er reine fakta, men ein veikskap på den måten at mykje

105


Brurebilete av Hans og Sofia Binningsbø 1913. Sofia ber den gamle Borge-krona. Utlån: Berta Gtytås.

interessant stoff ikkje kjem med. Men dagbøkene vil litt etter kvart fylla ut det vita som her er gjeve.

Dagbøkene Det finst i alt 78 notisbøker etter far. Dei fleste er dagbøker med små notat frå dag til dag, ein del er rekneskapsbøker, også førde frå dag til dag. Dessutan finst det ein del notatar frå skulen og gardsdrifta, men dette kjem ein attende til etter kvart. Det kan vera mange måtar å skriva om dagbøker på. Ein kan bruka ein rein vitskapleg metode og granska emne for emne t.d. gardsdrift, møteverksemd, v&et. temperaturen o.s.v. Dette er sjølvsagt det mest solide og oversiktlege, men eg er kome til at eg vil fylgja ein langt meir lausleg metode, taka det heile bok for bok og fylla ut med det som kan falla i tankane, og det kan nok verta mangt. Det heile vert meir som eit kåseri enn ei utgreiing med strenge faglege grenser.

106


1912 Det finst to notisbøker frå 1912: ei dagbok og ei rekneskapsbok. Eg byrjar med dagboka. det er ei lita svart notisbok med bøyeleg perm, ca 16 x 9 cm, ein boktype som var svært vanleg i gamle dagar. Dei fleste dagbøkene er av denne typen, sume litt større, sume mindre. På innerpermen står: H. Binningsbø. Som overskrift på fyrste sida står ordet gjødsel, så tanken har nok vore å skriva opp ting vedkomande gardsdrifta, men med åra utvikla det seg til dagbokskriving.

Våronna 13. marts: 14. « : 15. « :

Sauegare 50 kjipor. Veragare 10 » . Myk 8 lass på bøen.

Med desse notata er vi midt inne i våronna i det gamle jordbruket. Kiper, det er framandt for vår tid. Eg har levt gjennom ein utvikling der ein fyrst bar på kiper, seinare på ryggskker, så vart det finare å bera på vesker. Men best det var kom ryggsekken att. Vil neste steg verta kipa? Kiper var det fleire storleikar av. Størst var lauvkipa. Den kunne ta opp til 5 skjepper, ei potekipe tok 2-3 skjepper og ei møkakipe var omlag av same storleik. Kanskje var det ikkje så viktig å skilja mellom potekipe og møkakipe? Kor mykje var då ei skjeppe? Etter Norsk allkunnebok var det 1/8 tunne = 18 potter = 17,372 liter. Slik kan ein også finna ut kor mykje 8 potter rømme var, ca. 8 liter. Sauegare eller smalagare var det ikkje vanskeleg å bera i kipa. Den møka var heller tørr. Verre var det med kumøka. Då trongst det gjerne ein superfosfatsekk på ryggen. På Borge skulle to mann greia å bera ut ei motting på ein dag. Den 15. mars dreiar det seg om lass. No må ein ikkje tenkja på hestelass, for ingen på Borge hadde hest på denne tida. Men ein hadde små handvogner, og det var gode møkavogner på på flate og i unnabakke, og dersom ein var to, kunne den eine skua på eller halda att etter som det trongst. Og i dei dagar kunne ein kommandera ut kjerringa dersom det var bruk for ho i eit knipetak. - Elles ser me at eit kirsebærtre har fått to kiper møk den 3. april. 28. marts: Motteke og drege heim ein sekk superfosfat.

Eg går ut frå at superfosfaten kom til Valestrand med dampen, og at det er handvogna som har vore i bruke Og det var god trim Valestrand -Borge med ein 100 kg sekk på vogna. Men den 30. mars har L.G. (Jo-Lars Greve) køyrt ein kalisekk. Men våren var ikkje berre ei tid for gjødsling. Det var og såtid. Kjøpt hjå Mohrs enke, Kalmerhaven, Bergen 16. marts 1912: Frø m.a. Trondhjemsk kålrabi 0,50 Halvlange Nantes gulerøter 0,20 Græskar 0,07

107


Garden til Hans Binningsbø på Borge, kornstaur på Langerova. Åkeren Langerova held fram stykkevis lenger sør på dei andre bruka, jfr. s 116. Den påbyrja vegen kan ein sjå nede t.v. på biletet. Biletet er teke midt i 1920-åra. Utlån: Gunnar Binningsbø.

Far var svært interessert i hagebruk og dyrka fleire slags grønsaker, også andre sortar enn dei mest vanlege. 23. marts: Sått i kasse i stova: kjempeløk, tomat, græskar.

Elles viser dagboka at han har planta bærbuskar. 13. april: Kjøpt 50 kg dansk gullregnhavre saman med han Sjura - Knut. Pris 22 kr pr. 100 kg. Frakt 30 øre, sekk 50 øre.

Sidan går resten av april/mai med såing og planting, og då våronna var slutt, summerer han opp slik: Korn Poteter

1668 kvm. 107 kvm.

Kålrabi Nybrot

928 kvm. 460 kvm.

Desse tala fortel ein del om åkerbruket på dei små gardane, og kanskje mest om kor glad far var i å rekna med stor grannsemd. Åkrane er teikna opp som rektangel, trekantar, trapes, målsette og rekna ut.

Sundagsskule og kveldsskule Etterdi dette sikkert var tenkt som ei dagbok for gardsbruket, sluttar den 31. mai, og boka hoppar ut til sundagsskulen 1914, der han har ført namn og frammøte. Sundagsskulen går frå 11/1 til 26/4 og har truleg vore halden i stova vår, for borna er frå Borge, Greve og Skår, frårekna 2 frå Børtveit. Det ser ut til at dei

108


fleste borna, kanskje alle, har gått på sundagsskulen, og har vore flinke til å møta fram. I våre dagar kan ein undra seg over dette, men kanskje heng det saman med ein eldre tradisjon. Kring århundreskiftet var det vanleg at husbonden samla huslyden i 11-tida dei sundagane det ikkje var preik. Så las han ei preik frå ein huspostel. Ungane måtte då slutta av leiken og koma inn og høyra på. Gudsordet høyrde med ein sundag. Så kjem det mange blanke blad i dagboka. Det neste er ei namneliste over dei som møtte opp på kveldsskule i 1914. Kveldsskulen varde frå 14. januar til 16. mars, i alt 30 kveldar. Faga har truleg vore norsk og rekning. Det var det vanlege. Lærehugen var stor i dei dagar. Kveldsskulen hadde 20 elevar, 15 gutar og 5 jenter i alder 15 - 22 år. Eg finn namnelista litt interessant og gjev den att i full lengde: Mikal Vevle (slutta etter 3 kveldar) Olav Loftås Erik Rundhovde Ragna Hartveit Kaia Hartveit Ragnvald Småland Johannes A. Hannisdal Johannes Birkeland Johannes Koppen Olav Rundhovde

Johannes Greve Einar A. Hannisdal Synneva Vevletveit Svanhild Vevle Ragnhild Vevle Mons S. Hauge Olai Småland Martines Loftås Ingvald Hartveit

Den relativt store deltakinga er vel eit vitnemål om at ungdomen på den tid hadde tankar om at skulelærdom var viktig, ja, eg trur nok dei treivst med norsk og rekning òg . Det er vel og eit uttrykk for den optimismen som rådde i tida, for den var stor både hjå elevar og lærarar. Samfunnet stod i sentrum. Noreg skulle bli stort og rikt, og alle måtte yta sin skjerv. Det var vanleg at lærarane heldt kveldskule.

Kvardagsøkonomi Resten av boka handlar om gardsdrift og økonomi, oppgjerd frå meieriet for fleire månader, fôreiningar for dei ulike sortar f6r, o.l. Far las og studerte nøye bladet Vestlandsk landbruk heile sitt liv, og var svært oppteken med å driva eit jordbruk i samsvar med dei teoriar som då fanst, difor vart fôring og f6rtabellar eit viktig stoff i dagboka ved sida av sundagsskule og kveldskule. Far førde og ei rekneskapsbok for 1912. Der finst m.a. prisar på ymse varer. Den gjev eit godt bilete av kva folk handla i dei dagar, for endå om far var lærar, levde vi stort sett som bønder flest. Visse ekstrautgifter førde det likevel med .seg å vera lærar. Ein finn fleire postar på kragar og stivetøy. Ein skulle representera sin stand og ikkje øydeleggja omdømet med å gå utan stivetøy.

109


Eg tek berre med nokre postar frå rekneskapsboka, slike eg sjølv finn interessante. 18.mars har han vore til Arne (han skriv Arne, ikkje Arna. Folk sa Arne). Tur - retur kosta 25 øre. Det vanlege var at dei nytta dampen, oftast Johan Jebsen. Heimatt med seg kjøpte han: 1 kg kveitemjøl 1,5 kg sirup 1,2 kg løssukker

0,331 0,30 0,32

Langebrød Småbrød

0,35 0.10 1,37

Ei vanleg dagløn på denne tida var kr 2,-. Utfrå den kan ein vurdera prisar og kostnader. - Bladet dei heldt var Vestlandsposten. 2. kvartal er betalt med 75 Øre. 10. april: Kjøpt 213 kg høy hjå N. Reigstad, 11 øre pr kg.

Dette var sikkert hjå han Toris - Nils, for han brukte å selja høy. Her vil eg gjera eit sidesprang og ta med ei av dei mange historiene etter Nikolai Greve om høykjøp hjå han Toris - Nils. Det var stor rift om høy eit år og han Toris Nils bestemte at kvar kjøpar skulle få kjøpa ei børa høy, ikkje meir, men kvar kunne laga seg så stor børa som han ville. Han Smed - Andrias Burkeland, stor og herdebrei, var 6g komen med eit tog og skulle laga seg ei børa. Då den skulle vegast, var den 103 kg. ei vanleg bør vog ca. halvparten. Det fylgde mange slags utgifter med gardsdrifta. Ein grisunge vert kjøpt for kr 8. «Vetla-Skauta» til foreningsoksen kosta ei kr. Seinare kan ein sjå at hjå gardsoksen kunne same tenesta utførast for 80 Øre. Før ein fekk elektrisk vart det nytta oljelampar i heimehus og lykt i fjøset. 11. april er det kjøpt 6 linjers lampeglas 0.12.

På aktion 16. april var det kvinneforeningsaktion på Hauge. Vi undrast kanskje på at det var aktion (auksjon) og ikkje basar, som vart vanleg seinare, men sume av dei gamle pietistane meinte at alt lotteri var synd, og at det ikkje var rett å samla inn pengar til Guds rikes arbeid gjennom loddsal. Pengar skulle vera tente gjennom ærleg arbeid. Ein skulle vakta seg for mammon. På auksjonen kjøpte far eit kjevle til 80 øre og eit leistepar til 1 kr.

Stamping av veven 1. mai: Stamping av ein vev, Iversen, 0,70.

Det var vanleg at dei vov heime på gardane, kvitlar med farga render, og vadmål til bukser og trøyer. Mor sette opp vev kvart år. Eg dreg meg til minnes fyrste gongen eg eg bar ein vev til Valestrand til stamping hjå Iversen. Det var ein lang rull, og eg bar han på tog. Eg hugsar eg gjekk over Smålandsskaret og at veven var i tyngste laget og litt vanskeleg å balansera på ryggen. Men livet var ikkje berre arbeid i dei dagar heller. 3. mai er det fest på

110


Valestrand, truleg ein eller annan misjonsfest. 17. mai er det fest i Hauge skulehus. Det førte med seg ei utgift, på 60 øre. 16. juni er det fest på Teigland. Kostnad: 50 øre.

Vassleiting 18. juni: O.KBorge 2 dagsverk a kr 2,- = 4 kr.

15. juli var nok ein stor dag. Dagboka fortel: Ivar Falkanger funne vatn. Etter det eg har høyrt brukte han ønskjekvist, og fann vatn midt oppe i dei turraste bakkane hjå dei Per, hjå dei Sjur og dei Mongs. Brunnar vart gravne opp og vatn fann dei. Dei heldt ikkje vatn alltid, så det var godt at det fanst ein rett for alle til å ta vatn i den gamle Storakjelda, der det aldri var vasslaust. 31. juli: Gjester hjå Myking 0,10.

Eg lurde litt på ordet gjester, men det var nok ordet dei gamle nytta for gjær til brødbakst. Det ser ut til at det er 4 handelsmenn som var aktuelle når det galdt daglegvarer: Rolland (Valestrand), Myking (Lonevåg?), Johs. Kalleklev (Lonevåg), Johannes Vevle (Vevle).

Garving på Borge 22. oktober: Seldt bork til 0. Borge kr. 15,-.

Dette er eit litt spesielt notat. Kjøparen kan vera anten Ola K. Borge eller Ola J. Borge (Gamle-Søgarden). Men kva skulle dei bruka borken til?. Det mest nærliggjande er å tru at dei skulle bruka han i barkhusa til å barka (garva) skinn. For det var tidleg garveridrift på Borge, både nede i Botnen og i Sandvika. Enno finst barkhusgrunnen i Botnen, og nett bortom elva låg barkamylna. Eg trur eg må ta med ei lita soge som knyter seg til denne verksemda. Ola K. Borge hadde barkhuset sitt i Botnen. Vegen (stien) opp til garden var styggeleg bratt. Men Ola var svært sterk så han la på store bører med ler (skinn). Ein dag kjem han strevande opp med ei tung bør, og i bratta var nasetippen nesten i marka. Komen så vidt opp til kanten av bakken (Båsleitkanten) møter han nabokona, ho Marta. Ho var liten og lett på foten, og kjapp i munnen. Då ho ser denne mannen med nasa nesten i bakken, dreg ho seg til minnes ein setning frå barnelærdomen (Kain og Abel) og ho helsar han Ola med desse orda: «Har du godt ihu, kan du fritt se opp». Jau dei kunne barnelærdomen sin, dei gamle, og visste å bruka han.

Skatten er betalt Det var ikkje skattefritt å driva jordbruk i dei dagar heller: 13. oktober: Betalt joraskatt Brannskatt Smaatiende

22,61 2,40 0,04

Tiende Presteskyss

0,83 0,40 26,28

Dette har han «bringa» med Sygni Borge venteleg til lensmannen i Haus.

111


Han har og betalt herredsskatt 1. desember med 20,07. Den gongen var 7 øre viktige for kommunen. Kor nøyereknande dei var i pengesaker går fram av ein post 2. des., der Mons Hauge har betalt tilbake 12 øre. Kanskje var det eit lån på ein fest eller ein basar?

Dyra på garden Elles har Bjøllesauen, Vetlesauen og Svartesauen vore til Ellingv&en i oktober, men dette har ikkje medført utgifter. I samband med at kyrne har vore til okse i oktober får vi veta namnet på kyrne: Blireid, Blilokk, Vetlaskauta. Det siste namnet vitnar om at eigaren kom frå Eksingedalen. På Osterøydialekt hadde namnet vore Litla-Skauta. Det seier vel og litt om kyrarasen. Etter Ivar Aasens ordbok vert skautad bruka om dyr som «have hvid farve paa hovedet». Namnet Skauta kom av skaut, som var namnet på hovudlinet kvinnene bar. Boka held fram med rekneskap for 1913. Men bak i boka er det ført serskilde rekneskap for turar til Bergen. Eg tek med ein slik. Den viser kva byærender dei hadde i dei dagar. Til Bergen 9. mai 1912: 7 skjepper poteter 1 sekk ved 1,75 kg smør å kr 1,80

7,00 1,25 3,15

11,40 Pengar medtekne 53.06 64,46

Eg går ut frå at poteter og ved, kanskje og smør, vart levert til private kundar i Bergen. Dei gjekk rundt på husa til folk og hadde faste kundar. Slik var det og i Arna. Men byturen gjekk ikkje av seg utan utgifter: 1/4 kg kaffi (Samuel Ellingsen) 0,40 Gjester 0,05 2 maaler snøre å 1,30 2,60 2 buntar hesjestreng å 0,90 1,75 1 tunne vaarsild (tunna med) 3,00 Frakt for sekkjer frå Mj. til Lonevåg 0,60 Tils. 18,75

Betalt Mjelde 8,80 Tur og retur fraa Valestr.0,95 (dampen) Logi hjå Vasdal 0,30 Sporvogni 0,15 23,95

1914 Det finst inga dagbok frå 1913, men i rekneskapsboka frå 1912 er det ført ein del rekneskap for 1913. Desse rekneskapstala omfatar vesentleg daglegvarer frå denne tida, og tilfører lite nytt. For året 1914 finst det ei rekneskapsbok, men ikkje dagbok. Eg tek berre med postar som tilfører nye opplysningar.

Veving og heimefarga ull 18 februar: Iversen for varp 7,70. Varp er vel òg eit ord som er heller ukjent i vår tid, men når dei vov, måtte dei ha to typar tråar, ein på langs i veven og ein på tvert, desse vart kalla varp og veft. Summen 7,70 er relativt stor, nesten 4

112


dagløner, det viser at det var ikkje små vevar det dreia seg om. Dei ikkje berre vov og spøta, dei farga dg heime. 26 febr. finn vi: 1 pakke svart let (farge). Svart var vel den mest brukte fargen til m.a. vadmol, men dei brukte andre fargar òg . Det fortelst om ein gut som skulle på sesjon at han hadde heimefarga blå sokkar. Men så hadde han sveitta på føtene og heile foten var vorten meir eller mindre blå. Det fann militærlækjaren svært mistenkjeleg. Med ein slik fot kunne han vanskeleg vera før til å gjera herteneste for konge og fedreland, og dermed slapp han heile eksisen.

Lærarvikar 16. februar: For 4 veker skule på Dale kr 96,00. Ved sida av garden tok far seg vikarjobbar i skulen. M.a. skula han i Salhus, Eikangervåg og på Dale. Av eit brev går det fram at det vart skipa ein «serskule» for elevar frå Dale i Hamre (Hjellvik) etterjulsvinteren 1914. Skal ein få greie på kva dette eigentleg var, må ein studera skulestyreprotokollen for Hamre skulestyre. Det var ikkje så mange elevar på Dale, men eg kan tenkja meg at dei fekk eigen skule fordi det var for langt å gå til krinsskulen vinterstid i snø og kulde. Far gjekk fram og tilbake dagleg dei 10-12 km Borgo-Dale. Lærarløna har vore kr. 96:4=kr. 24 for veka, kr. 4 pr. dag. Det heldt knapt til ein ny regnhatt kjøpt i mars hjå Knutsen på Torget for kr. 4,50.

Hjå bygdesmedane Det var mange smedar på Gjerstad i gamle dagar. Ein stor del av medlemmene i Gjerstad avholdsforening var knytte til smedyrket anten som smedar eller læregutar. Det ser ut til at far serleg har hatt kontakt med tre av dei: han Nils i Vågen, Mons Vevletveit (Mons Øyjord i daglegtale) og smed Småland: (Ole R.). 28. februar: Mons Vevletveit: 1 ljå 1,40, 1 hØykniv 4,00.

Dette viser og kor sjølvhjelpne dei var. Bygdesmeden laga det som trongst av jern og stål. Høykniven finst på garden enno. Den vart bruka til å skjera høystålet opp i lange remser når ein skulle fôra kyrne. Ein annan reidskap var høykroken som ein stakk inn i stålet og drog ut høy med. Den for meir sparsamt med høystålet, men var sein og arbeida med. Det ser ikkje ut til at det ha vore noko samarbeid om. prisar, men heller fri konkurranse. I juli 1916 har det vore kjøpt nye ljåar til slåtten. Prisane varierte slik: Smed I : Smed II :

Stuttorv Stuttorv

kr. 0,65 kr. 0,70

Smed I : Smed II :

Langorv kr. 2,60 Langorv kr. 3,40

Brislingsteng i Lonevågen Gardane på Borge grensar til sjøen i Lonevåg, og i juli 1916 har det vore betalt landslut for steng med brisling eller spir. Landsluten har truleg vorte delt etter

113


skylda på bruka slik: kr. 60,45: 13,43= kr.4,50. På vårt bruk vart det kr. 4,50 x 1,82= kr. 8,19. Same dag har det vore kjøpt spir, 15 stk til pris tre for 10 øre. Der har vore gjort eit steng til den 31. juli, der den samla landsluten for heile stenget var kr. 91,08, ein bra sum i dei dagar. Kjøp av tre onglar til kr. 0,03 kan eg lenkja meg heng saman med ein gamal skikk at når slåtten var ferdig, kunne ein ta fri ein dag til ein fisketur i Lonevågen. Alle hadde båt der «med sjødn», som det heitte i daglegtale. Elles har det tidt og ofte vore lagt ut 10 øre til porto på brev til Olav Bjørkum på Frekhaug. Han var då styrar på Nordhordland ungdomsskule og til ungdomssskulen var det knytt eit småbrukarkurs, der far var formann i styret ei tid. 17. juli er det kjøpt 1/2 skjeppe bladsild hjå Gudmundsen i Lonevåg og ei kanne salt hjå J. Kallekleiv.

På Torget med bær Ein ung gut, Ingvald Strømsnes, var dreng hjå oss den sumaren. Han hadde eit sers godt lag til å stå på torget og selja bær. Det var ein kunst å kunna prata med bykjerringane, slik at det vart sal. 30 august vart han sendt til Bergen med bær. Handelen gav dette resultatet: 15 kanner grøne stikkelsbær a kr. 40 øre 7 kanner raude vinhams a kr. 40 øre 5 kanner små raude a kr. 20 øre 7 kanner vinbær a kr. 25 øre

kr. 6,00 kr. 3,15 kr. 1,00 kr. 1,75 kr.11.90

Turen var ikkje heilt utan utlegg: Dampfrakt Mat

kr. 1,00 kr. 0,30.

Så fekk han litt provisjon for vel utført handel: kr. 1,25 (ei halv dagløn). Dette med bærdyrking og sal på Torget i Bergen var ein tradisjon som varde heilt inn i min barndom kring 1930. Eg kan hugsa at far, Berta og eg bar bærkassar i ulike storleikar, merkte «Mustad margarin», til sjødn, rodde dei til Vågen og sende dei med dampen til bydn. Vi bar dei på tog og dei firkanta kassane fall ikkje særleg godt inntil ryggen. Morgonen etter reiste far med båten frå Hjellvik kl. 6 til Bergen og selde bæra på Torget. 24. august har far vore til Frekhaug, sikkert på styremøte. Han tok dampen heimatt til Hamre og gjekk heim. Ein fottur frå Hamre til Borge var ikkje noko å skriva heim om i dei dagar. Det var «kun dagligdags». 29. september har far vore i byen, og vi finn posten Lånt handvogn 25 øre. Han hadde med seg 6 1/2 skjeppe poteter og 1 skjeppe kålrabi. Dette var tungt å bera rundt til evt. kundar. Men det let seg gjera å låna ei handvogn, venteleg på Bryggen, der fjordabåtane la til kai. Slik kunne livet veksla frå lærar til hest, men det var

114


slik i dei dagar. Ein lærde å streva og å finna hugnad i strevet.

Typisk vestlending 29.sept.: Menneskevennen 4. kvartal 0,75 Skolebladet 4. kvartal 0,75.

Far heldt Menneskevennen så lenge han levde. Fråhaldssaka var ei hovudinteresse. Ei anna interesse var målsaka. Vestlandsposten vart bytt ut med Gula Tidend. Elles var Norsk misjonstidende og Vennehilsen fast lesnad ved sida av Vestlandsk jordbruk. For så vidt kan ein seia at bladhaldet spegla av mannen. Småbrukar, lærar, målmann, fråhaldsmann, misjonsmann, vinstremann frå den tida dei skreiv Vinstre men i. Typisk vestlending. Skulle ein peika ut noko som sto mest i framgrunnen, måtte det vera garden og misjonen. 29.sept.: Mikal Rundhovde 114 kg bork kr. 17,10.

Denne posten viser at så seint som i 1916 var det aktuelt å selja bork til garveribruk.

Dyrtid 8.okt.: Dyrtidstillegg kr. 32,50.

Frå hausten 1916 var far tilsett som lærar i Hauge krins. denne posten viser at no var det på grunn av krigen (1914-1918) vorte dyrtid slik at lærarane måtte ha dytidstillegg. Eit rekneskap for kjøp av daglegvarer viser oss kva som var dyrtid i 1916: 3 kg sirup 1,89 1/4 kg kaffi 0,75

10kg løssukker akr 0,93 1 langebrød

9,30 0,60

Stikke 0,35 Gjester 0,20 16.okt.: Skulekritt 0,30. Eg tek med denne posten fordi det gjev meg høve til å fortelja ei historie lærar Ragnvald Vikesund fortalde. I gamle dagar var det vanleg at lærarane heldt seg med kritt sjølv. På eit møte i Hosanger skulestyre var det kome eit brev frå ein lærar som spurde om ikkje kommunen kunnen overta utgiftene med kritt. Men då reis det opp ein representant som i ærleg harme forkynte at no gjekk det for vidt når ikkje ein gong lærarane ville halde seg med kritt. Eg veit ikkje om far krov att pengane for skulekrittet. Rekneskapen fortel ingen ting om det. Men han var nett tilsett og ville vel ikkje verta rekna mellom dei kravstore. 29. nov. har han lånt Ljoshall til avhaldsmøte. Husleiga var kr. 1,50 (som han fekk att).

Juleførebuing 1. desember: Ingeborg Greve: 2 dagar baking, 1 dag klypping å kr. 1,00, kr. 4,00.

Det ser ut som her er ein reknefeil, men det er ikkje det som er interessant. Ei karadagløn var minst kr. 2,00, men det ser ut til at ei kvinne berre fekk halvparten. Klypping av sauer var eit tungt arbeid, særleg å setja ein sau på «rævæ» når han skulle klippast under vomba. Bakedagane var lange og

115


onnige, men det var ein eigen atmosfære i huset når den store bakstehella vart plassert i gruva i kjellaren og det loga og brann lysteleg; det meir enn 2 meter lange bakstebordet vart sett på plass og det song av rullande kjevle når ho mor og ho Ingeborg dreiv på. Med bakstefløyen vart leivane plasserte på hella og det lukta nysteikt flatbrød over heile huset. Vi merkar oss at dyrtidstillegget for 2. kvartal 1916/17 er auka frå kr. 32,50 til kr. 80,-. Jau, det var vorte dyrt å leva når eitt og eit halvt kilo fisk kosta kr. 1,20, ei halv dagløn. Men Ingvald fekke seg ei flaske brus til 25 øre. Til jul trongst det litt ekstra lesestoff og julehefta til Bud og hilsen vart kjøpt til 25 Øre. Øksane vart ikkje kasta når dei tapte seg. Mons Vevletveit har aalagt 2 Øksar for kr. 6,- (lagt inn nytt eggstål). 10 kg klippfisk var nok til mange gode middagar og kosta berre kr. 9,33. 28.desember (fjerde juledag) var det barnefest i Hauge skule, så den tradisjonen er gamal. Ungdomslaget på Solbjørg heldt fest 31. desember. Det er òg dagen for avslutning av den daglege rekneskapsføringa. Boka heldt fram med mjølkerekneskap frå Lonevåg meieri for kvar månad i 1916. Uppgåva til skatten 1916. dagbok for kvar dag i 1916.

Alltid på farten 15.januar. Reist til Bergen. Brann i Bergen.

Dette er den store Bergensbrannen då mesteparten av sentrum vart lagt i grus. Far skriv ingenting om kva han såg den dagen. Som eit døme på kor lite kvidafulle dei var for å gå til fots i dei dagar, tek eg med eit notat frå 26. mars. Då hadde han fyrst skule i Valestrand (vikariat), og gjekk begge vegane, ca 15 km. Om kvelden var han til Haus på avhaldsog ungdomsmøte, ca. 30 km. Dagsgonga vart 45 km. 28.mars var det skule og deretter skulestyremøte i haus, så formen vart halden ved like. 3. april: 4. april: 5. april: 6. april: 7. april: 8. april: 9. april: 10.april:

Skula på Valestrand. På møte i Hausviki. Skula på Valestrand. På møte på Halland. Skula på Valestrand. På møte på Vevle. Bore smalagare og anna myk Frå Hamre til Frekhaug. Avslutningsfest. Til Bergen. deretter heim um Valestrand. Til kyrkje. I vågen på møte med Aksnes. På skulestyremøte på Haus.

Dette utdraget er typisk for far sin måte å leva på. Alltid på farten oppteken med eitt eller anna.- Vi kan merka oss at før bedehuset kom vart det halde møte rundt på gardane i stover der (Halland, Vevle, Borge osb). Dette var før fjernsynsalderen. 17.april: Saat korn i Langeroo (Langerova).

Her får vi eit gamalt åkernamn. Og Langerova er eldgamal. Før utskiftningen

116


gjekk den frå oss og på Flekkleitet og var 200 m lang, men berre 3-10 m brei, så han bar namnet sitt med rette. Etter utskiftningen (1899) vart han delt opp i fleire delar mellom 3 bruk. Minst 6 åkrar kan eg minnast var delar av Langerova. Såtid 17.april er òg typisk for Borge. Rette sådagen var eigentleg 14. april. 7. mai: Med smalen til sjøen.

Sauene gjekk på heimebøen til fyrst i mai, deretter vart dei slepte i austre-marka (med sjøen). Kyrne gjekk i vestramarka.

Husavask i juni Juni månad har gått med husavask, maling av golv, ugraspitling og brakariving. Husavask var eit stort arbeid. Dei gamle stovene var umålte og utan tapet. Det var vedovn i alle stover, og røyken kunne nok skitna litt, serleg under taket. Eg kan hugsa at mor gjekk vestom i Hauadalen og fann sandstein i elva der. Den vart knust og nytta til å skura tak og vegger med. Det hende nok at karane måtte hjelpa til å skura oppunder taket, elles var husavask som anna vask eit kvinnfolkarbeid som sume karar aldri nedlet seg til å ta del i. Merk elles at der står pitla ugras. Ordet plukka var eit finord som vi aldri tok i vår munn. Vi pitla blomster, bær, pote, men plukka aldri. Pitlajor var eit mildt bannord som og kvinnfolk kunne bruka når dei ville streka under det som var sagt.

Slått 3. juli: Slipt ljå, arb. river og langorvskaft.

Dette vitnar om at slåtten sto for døra, og dagen etter byrja han. Den gamle datoen for å byrja med slåtten var 10. juli. Den dagen vart kalla «Han Knut med ljådn». Ein måtte ikkje byrja for tidleg. Då vart det for lite f6r. Det var fyrst når dei lærde byrja å skriva om at høyet vart meir næringsrikt når ein slo tidleg, at folk byrja å slå tidlegare. Men det var ikkje alle som trudde på slike nymotens lærdomar. Ein kunne då ikkje kontrollera det sjølv. Kvar slåtteteig hadde sitt eige namn. Vi får høyra om Botnen, Brekka, Botsleitet (Båssleitet), øvrebødn, Urdalen, Steinbrekkena. På kvar teig sto det ei eller fleire hesjar. Ein fann att same staurholet år etter år. Hesjane var heller korte. Det, var vel noko som hang att etter tidlegare tider då dei hadde trehesjar som sto ute frå år til år. Det var fyrst med ein ny generasjon at det kom på moten å ha lange hesjar. Då kunne det sjå ut som ein dreiv litt stort på dei små gardane og. På vår gard var det mykje skrapaslått i liene oppover mot Turrkletten (Torrkletten). 26. juli var dei kome i Hjellane og så bar det oppover i Bergrondi, Storatonæ, Nyhjellane og til slutt i Ednet der det knapt var gangande for folk. Men høy vart det av det; ca 20 bører som vart lagt i eit stål for seg i løa. Det var smalahøystålet. Og så kunne sauane kosa seg med

117


Hans Binningsbø og Harald, sonen til dotra Berta, med langorven i utslåtta i Hjellane, kring 1960. Utlån Berta Grytås.

allslags velluktande blomstergras gjennom vinteren. Annan medisin hadde dei ikkje bruk for. 2. august var dei ferdige med slåtten. Den hadde då vart ca. ein månad. 3. august: Male havre. Vølt på kvernhuset.

Dei fire gardsbruka i Nordgarden hadde kvart sitt kvernhus nede ved elva. Eg går ut frå at dette var ein av dei siste gongane det vart male på vår kvern. 4. august: Lauva i Hjellane. Breitt høy.

Eg har ikkje høyrt at det var vanleg å lauva på våre kantar. var det ein skikk frå Eksingedalen? Elles går august månad med ymse slags gjeremål, særleg kornskurd, så dette må ha vore ein drivande sumar. 28. august tek håslåtten til. September byrjar med potetak og bærpitling. Så kjem vidare handsaming av kornet.

118


Treskinga 13.september: Treskt korn hjå meg. 21.september: Treskt hjå Sjura-Knut og noko hjå Andrias. 22. september: Treskt hjå Andrias og Johannes.

Det står ikkje noko om korleis dei treskte, men venteleg var det med treskjemaskin som dei snudde for hand. Det trongst då 4 sterke karar til å snu. Det ser ut til at det er Ingvald Strømsnes som har møtt frå oss. Treskjing var eit storarbeid der det trongst mykje folk, difor gjekk fleire bruk saman om arbeidet. Nokon måtte vera i kornstålet og «løysa opp», det mest ærefulle arbeidet var å mata maskina med oppløyste kornband. Han skulle passa på at dei fire som snudde hadde det passeleg tungt. Slepte han inni for mykje eller dårleg oppløyste band, sleit dei seg mest forderva, og maskinduren dabba av. Då måtte han gje maskina tid til å ta seg oppatt. Nokon måtte «raka tå» halmen som kom utav maskina. Det var rekna for kvinnfolkarbeid. Då galdt det om å ikkje stikka riva for langt inn i maskina. Då traspa trommelen rivehovudet så tinnane berre fauk som eit uv&. Men slikt var ikkje profesjonelt. Så måtte nokon vondla halmen, nokonmåtte frakta vondlane vekk, sume tider opp på skukken. 10-12 personar kunne vera i funksjon, og borna kunne brukast til å løysa opp og frakta vondlar. Det andre var vaksne folks arbeid. Og alt føregjekk i ein maskindur så ein knapt kunne høyra mannamål, og i ei dumbesky som ein kunne studera når ei solstrime kom inn løgluggen. Dersom ein snytte seg, vart lommeduken svart, men det vart helst tolka som eit heidersteikn,eit merke på at no var ein med og gjorde gagns arbeid. At det var forurensa luft ein arbeidde i, kom aldri opp i tanken. Di meir dumba, di hardare gjekk arbeidet, og sveitten sila og laga strimler i andletet på dei som snudde. 26. september vart kornet dryfta. Avlinga var 4 1/2 tunna (ei korntunna sa 140 1). 23. september: Med Blilokk og Pomma på utstilling på Molskaret.

2. oktober ser ut til å ha vore fyrste skuledagen til far i Hauge krins, og venteleg den fyrste for skuleborna om hausten. 24.november: Hogt lorter.

Eg er ikkje viss på kva dette tyder, men eg meiner å ha høyrt at det var vanleg at dei «losta» bjørk om våren, dvs tok av never og bork medan trea stod på rot, og så hogde dei bjørka til ved om hausten. Kanskje hadde det ein viss samanheng med barkhusdrifta, eller med nevra som trongst for å halde alle tak tette, eller kanskje selde dei never og bork. Det finst sikkert nokon som veit meir om dette. Elles gjekk hausten med ymse førefallande arbeid som vøling av gjerde, vedhogst og bering av ved frå vestramarki. Om kveldane var det lesing i blad

119


og bøker eller det var møte ein eller annan stad. Sundagane var det kyrkjegang.

1917 I boka for 1916 er det og teke litt dagbok og rekneskap for januar 1917. 6. januar: Rott til Breistein, paa lærar-møte i Y. Arne. Heim att. 9. januar: Gjort vidjor, sett band i skiene.

Far hadde eit par heimelaga ski med vidjebindingar. Dei var heller breie og hadde store hav. Dei vart plasserte under taket i skytja, men eg kan ikkje hugsa at han brukte dei. Har høyrt at han brukte dei når han gjekk over fjellet til Dale den vinteren han skulte der. Boka sluttar av med m.a. ei oppgåve over salmevers som borna lærde i skulen i 1916. For 1917 finst det ei svart notisbok der fyrste delen er nytta til rekneskap, førd frå dag til dag, og siste halvdelen til dagbok.

Dyrtid, høgare løner Mykje av rekneskapen gjeld innkjøp av daglegvarer. Prisane er stort sett dei same som tidlegare, samleis vareutvalet. Men dagløna ser ut til å ha stige: Knut fenge for arbeid 5 dagar å kr 3,00, bore myk, kr. 15,-.

11. april hadde kaffien stige frå 75 øre morki til 80 øre. Einkalv vert betalt med kr.1,30 pr. kg. Leiga for Ljoshall til mållagsmøte har stige frå kr. 1,50 til kr. 2,-. Det er ein viss stigning i kvinneløna. Ingeborg Greve har fått kr. 1,50 for vask av stova, men framleis er det halvparten av det Knut fekk for å bera møk. Oksen tek seg og betre betalt. Taksten er no kr. 1,50 mot kr. 1,- tidlegare. Berre sporvogni i Bergen køyrer billegare enn før, 10 Øre mot 15 tidlegare, men i juni har sporvogni (trikken) og kosta 30 øre for to turar. Det vert kjøpt inn gjødning til garden; kali, salpeter, 1 sekk av kvar og 2 sekker superfosfat. Kostnad kr. 70,68, svarande til ca 2 månaders mjølkepengar frå meieriet. Det ser ut til at dagløna stig: Johannes A. Borge gjort arbeid 1 dag, kr. 6,- (26. juni). Andrias vølt sjønaustet 1/2 dag kr. 3,-. Marta S. Borge spunne 4 merk garn å kr. 0,35 = kr. 1,40.

Det kan sjå ut som det har vore ein viss fast pris på å spinna, og den gamle vekteininga merk var stendig aktuell. 27. september: Andrina for visking med treskinga kr. 1,-.

Eg brukte ordet vondla for dette arbeidet, men ein snakka og om å viska. Martines Greve for sinkting av skaaler og fat kr. 1,00. Når eit fat hadde fått ein sprekk eller gått sund, kunne det reparerast ved at ein kunnig person «sinkla» det saman att. Det skulle stor skade til før ein kasta ein ting. «Bruk og kast» var ein ukjend livsstil.

120


27.sept.: Provianteringssukker 6 kg å 98 øre, kr. 5,88.

Ein kan ikkje vita visst kva dette var, men den store krigen vart langvarig og eg kan tenkja meg at dette var sukker husstandane vart pålagde å kjøpa inn. Det vart og gjeve eit frådrag på kr. 2,05. Dyrtidstillegget er stige til kr. 130,for 1. kvartal, mot kr. 80,- året før. Dette var vel ikkje ei indeksregulering, men sett etter eit skjøn av eit lærarvenleg Storting. Prisen på ei stuttorv har gått kraftig opp hjå smeden (M.V.), kr. 1,25 mot kr. 0,65 året før.

Kramkaren kjem 14.september: Kjøpt ein barberkniv hjå Johan Atterås 1,00.

På denne tid og langt fram i 30-åra hende det at det kom kramkarar til gards. Atteråsen var ein av dei, halvt kramkar, halvt splint. Og som Jakob Sande skreiv: «Den fyrste gongen eg såg den karen han var kje nettopp i helgaskurd». Mor fortalde at det hende han overnatta hjå oss, og han var visst ikkje heilt åleine heller. Kvitlane måtte vaskast og luftast vel etterpå, for som Peter Dass skreiv: «Fremmed rytteri på flibytteri skjulte sig deri»-. Likevel var det interessant når desse karane kom og opna kuferten sin på stovegolvet. Der glinsa det i lommeknivar og beltespenne og anna gildt, og lukta fin såpe så ein mest kunne dåna. Eg kjøpte den fyrste barberkosten min hjå ein slik kramkar, og han garanterte den for livstid, men alt fyrste gongen den kom i kontakt med varmt vatn, fall busta av. Samstundes fall det ein bit av den grenselause tiltrua eg hadde til det som folk sa -. Ein kramkar av eit noko anna kaliber enn Atteråsen var Nils Hermelin. Han skulle vera av godt folk, vart det sagt, og han var godt kjend med Nikolai Greve. 29. sept.: Johs. Borge for ein dag mining, kr. 5,-.

No var dagløna stige frå kr. 2,- i 1912 til kr. 5,- i 1917.

Nyrydding Dagboka for 1917 inneheld lite nytt. Den fortel om livet på garden frå dag til dag, og gardsdrifta er den same frå år til år. Så er det kyrkjegang og ofte møte om kveldane i misjonslag, avhaldslag og mållag. Ikkje så reint få festar rundt i bygda, i lærarlaget og på Frekhaug. Eit nytt tiltak var oppdyrkinga av Stykket og byggjing av løa der. Etter det eg har høyrt, var det pålegg om dyrking av korn på grunn av matsituasjonen under krigen. Når far gjorde såpass mykje av denne nydyrkinga, hang det nok saman med hans interesse for jordbruk og hans tru på at dyrking av jord kunne svara seg. Men både oppdyrkinga av Stykket og løebygginga var svære investeringar for si tid og kunne vel berre finansierast fordi han var lærar. Sameleis var det med oppdyrkinga i Urdalen, som han dreiv med då han var 70-80 år. Det kunne ikkje løna seg, men kvar rutemeter dyrka jord var «ein

121


Elevar og lærarar ved Hauge skule ca. 1925. 1. rekkje f.v.: Hjalmar Hauge, Andreas Vevle, Artur Skår, Sigmund Revheim, Odd Revheim, Sverre Loftås, Ingvald Skår, Sverre Vevletveit 2. rekkje: Einar Halland, Magnus Småland, Ragnvald Vevle, Lars Greve, Birger Halland, Laurits Greve, Åsmund Vevle, Olav Vevletveit 3. rekkje: Asbjørg Hauge, Agnes Loftås, Gunnvor Hauge, Valborg Hauge (Horgar), Astrid Borge (Gjerde), Berta Binningsbø (Grytås), Ingeborg Kleiveland (Rød), Gunnhild Loftås, Solveig Halland (Pedersen), Lilly Hauge (Hovden). 4. rekkje: Marta Hauge, Borghild Vevle, Sigfrid Borge (Berg), Marta Loftås (Koppen), Agnes Halland (Borge), Anna Småland (Litun), Dagmar Loftås (Koppen), Maria Loftås (Hannisdal), Annlaug Hauge. 5. rekkje: Bernt Hannisdal, Olav Revheim, Sverre Småland, Sverre Hauge, Ivar Revheim, Norvald Revheim, Anfinn Revheim, Ole Kleiveland. Lærarar er tv. Magnhild Kvale og th. Hans Binningsbø.

provins til landet lagt», og det var viktig for generasjonen frå 1905 som hadde vokse opp i eit straumdrag av nasjonal idealisme. Dette kan ein lesa seg til, ikkje minst i minneboka frå amtskulen i Eikangervåg 1901-1902. 2. desember (1917): Til kyrkje. Heilnorsk gudsteneste innført i Gjerstad. Dette har han sett strek under. Eit notat i slutten av boka viser at 27 av skuleborna i Hauviki har betalt kr 1,50 for Norsk Barneblad for 1918. Det vil seia at Norsk Barneblad truleg fanst i alle heimar der det var skuleborn i Hauviki. Det var ein viktig del av barnekulturen.

1918 For 1918 finst det berre ei bok, og planen er den same som året før: fyrste delen er rekneskap, siste delen er dagbok, og til slutt finn ein ein del notat som har med skulen å gjera.

Lærararbeidet På innerpermen finn vi timeplanen for storskulen på Hauge. Planen er ein 6 dagars plan som gjekk over 2 veker med 36 timar. Fyrste timen er vigd til

122


kristendomskunnskap, 4 timar bibelsoge og 2 timar forklaring. Andre timen var det 2 timar rettskriving, 1 time stil, 1 time lesing og 2 timar skriving. Tredje timen var timen då ein rekna, 6 timar i alt. Fjerde timen var delt mellom 3 timar lesing, 1 time song, 1 time teikning og 1 time rekning. Siste timen var delt mellom jordkunna 2 timar, kyrkjesoge i time, song 1 time og 2 timar grammatikk. 10. januar: Løn for 1012 veke å 30,90; 324,45.

Lesetida var 36 timar veka og 6 timar dag. Deler vi vekeløna på 6 får vi kr 5,15. I tillegg kom dyrtidstillegg og alderstillegg for dei som hadde ansiennitet. Sjølve dagløna er som for ein vanleg arbeidsmann. - Det har òg eksistert eit leselag. 3. februar har han betalt aarspengar med 1,50. Årspengar i mållaget var 50 Øre. 21. februar er det selt eit kalvaskinn til O.J. Borge for kr 3,00. Det ser ut til at garveriet på den tid òg har kjøpt skinn lokalt. 5. mars: Andrias kvesst mineborar å 15 øre, 1,95. Lodda ei vassbytte 0,25.

Ting vart naudleg kasta om dei kunne vØlast, og Andrias utførde ymse arbeid i gardssmia si. 16. april: Bertin Revheim for harving 1 dag.

Dagboka viser at dette har vore på Stykket. Etterpå vart det sått korn. Det var ikkje vanleg at ein leigde harving av heimeåkrane. Dei spadde ein, vanlegvis med greip når det var kornåker. Bertin Revheim fekk kr. 15,00 for hest og kar.

Løypestrengen på Borgaskaret 20. april har det kome landslut or Vågen att, men no berre 43 øre. Same dag: Laant til strengkasse kr 12,25. Denne strengkassa galdt vedlikehald av ein løypestreng som gjekk frå Borgaskaret og i Lonevågen. På den løypte heile Borgagarden mjølka til meieriet i Lonevåg. Dette var kontrollert løyping. Det er litt vanskeleg å forklara korleis det var bygt opp. Det var ein stålvaier, snora, som gjekk rundt to store trehjul, eit på Skaret og eit i Lonevåg. Snora var festa til to tjukke løypestrenger med krokar som det var hjul på som trilla på løypestrengen. Mjølka vart boren i ryggspann som var flate mot ryggen. Som regel løypte ein om morgonen i 8-tida. Då kunne ein sjå ein liten karavane av folk med mjølkespann på ryggen på veg til Skaret. Det var fast kvileplass i Stegane. Den syner enno. Denne karavanen var ei blanding av vaksne karar, kvinnfolk og litt store bom. Dpt kunne vera opp til 20 liter mjølk i spanna. Spanna vart hengde på strengen i ein krok, og så rusla dei og gjekk i ein viss avstand nedover til Lonevåg på den eine strengen og oppover kom tomspanna frå førre firing sigande oppover etter kvart som snora gjekk rundt hjulet. Var det mykje mjølk nedover, hende det ein måtte strika, var det skummamjølk i spanna oppover, måtte ein hala og dra i snora. Dramatisk vart

123


det ender og då når snora slitna. Då fôr spanna nedover med stor fart, rende ofte saman så mjølkespruten stod høgt til vêrs, og dei fleste spanna bar merke etter harde samanstøyt og loddingar her og der. I Lonevåg tok ho Marta (uttala Maita i Vågen) mot spanna og trilla dei til meieriet, og ho hengde på tomspanna som skulle oppatt til Borge. Dette var ei teknisk oppfinning for mjølketransport som Borge var åleine om på våre kantar.

Fleire utlegg - men òg inntekter 26. juni har far betalt kunstgjødning til Gjerstad landmannslag (kali og Norgessalpeter og 50 kg bygg til såkorn). At lønene no (1918) har gått kraftig opp viser dette notatet frå 11. juli: Andrias for 18 1/2 dag arbeid på Stykket å kr 10 = kr 185,00. Dette var bygningsarbeid. Gardsarbeid ser ut til å ha vore betalt med kr 8,00 pr. dag. (Martinus Greve skore korn.) Kornet har dei no fått male i Mjølkerå Mylne. Seldt 4 kg travar å 1,30. Travar var eit vanleg brukt ord for filler. Eg kan hugsa at ein fekk ein trave rundt fingeren når ein hadde skore seg. Ei jenteløn var kr 30 for månaden, og tenestegjenta, Marta (Skår?), har fått løn for 6 månader. Sannsynlegvis har det vore vanleg at ein tente ei godstund før ein heva løn. Det var eit anna system for pengestyring den tid. 5. oktober: Dyrtidstillegg. 1. kvartal 1918/1919 kr 250,-.

Dette har no stige frå 130,00 året før. Mjølkepengane er berre 4,60. Det var vanleg at alle kyrne fekk kalv om hausten. Ein snakka om haustbera. Bork vert det framleis selt til Mikal Rundhovde: 175 kg til 25 øre kiloen. 22. oktober: Martines Kleiveland: 1 vakse skinn kr 4,00, 1 lammeskinn 2,50.

Eg kan godt hugsa at han Tines Kleiveland kom og kjøpte skinn om hausten, så seint som i slutten av 20-åra. Det gamle bondesamfunnet hadde eit sterkt variert arbeidsliv med mange oppgåver som vart løyste innafor bygdesamfunnet etter dei behov som var tilstades. Frå dagboka tek eg med ein del notat som fortel om sermerkte ting frå den tida. Elles gjev dagboka eit detaljert bilete av arbeidet på garden frå dag til dag.

Isarbeid 7. januar: Knut på isarbeid i Vågen. Kvar vinter vart det teke is til kjøling av mjølka på meieriet. Det var bygt eit eige hus for isen. Det låg ca. 100 meter oppe i Vågen, og så vart isen frakta ned til meieriet etter kvart som det trongst. Kring 1935 var eg på isarbeid til Valestrand meieri. Isen vart skoren opp i ruter vel ein hald meter i firkant, vart så frakta opp av vatnet i ein slisk og lest på sledane til dei som køyrde isen til ishuset på Valestrand. Det låg der det no er parkeringsplass. Alle mjølkeleverandørane hadde pliktdagar på isarbeid. 19.januar har det vore så stor snjo at borna kom ikkje fram til skulen.

124


Dagen etter, sundag, var det ikkje preik av same grunn. 3. februar var det årmøte i leselaget i samband med preika, så det må ha vore eit leselag for heile Gjerstad. 17. februar: Til kyrkje. Norsk mål innført med 124 røyster mot 77 røyster.

Det hadde vore ei gudsteneste på nynorsk 2. desember 1917, truleg som ei prøvegudsteneste. Den har ikkje falle heilt i smak for alle. Dei var glade i gudsteneste slik ho var. 3. mars har det vore offer i Gjerstad til «bibelumsetjingi», og den 16. mars har det vore basar på Solbjørg til same føremålet. Dagboka fortel at kviga har kalva same dagen, så her går målsak og fjøsdrift hand i hand. Bibelumsetjinga har fått ei kraftig understriking, men det har ikkje kviga. Det fortel litt om kva som var det viktigaste.

Vårslepp 3. april: Laga til drivbenk.

Far dyrka m.a. kålplantar, og ei liste i dagboka viser at han har selt plantar til mange ibygda. Prisen var ikkje urimeleg høg, 1 øre stykket. Måldyrking og kåldyrking var begge nasjonale oppgåver. 28. mai: Løyst kyrne. Dette var og ein av året sine dramatiske dagar. Det var bratt frå fiøset og ned i botnen frå alle på nordre Borge, og det var ikkje spøk å leia ei kyr i unnabakken. Stort sett gjekk det i tanande sprang. Kyra føre, våryr og galen,karen hangande etter på slep, med skohelane planta fast i bakken. Kalvane som trudde jorda var like flat som båsen, snubla seg fram mot tuver og steinar og gjorde formålslause tverrkast berre av kjæte. Litt etter litt roa det seg ned, og dei eldste og vitugaste kyrne byrja leita etter gras. 13. august vart både far og mor sjuke av spanskesykja. Dei var då på tur i Teigdalen og Eksingedalen og vart liggjande på Binningabø i 5 dagar. 6. dagen kom dei seg over til Evanger att og med toget til Garnes. Eigentleg kom dei vel lett frå denne farlege influensa, der mange miste livet. 11. september finn vi eit notat: Afid garni. Ei tid utover hausten har det vore sett garn i Borgevatnet nesten kvar kveld. Fangsten ser ut til å ha vore liten, 3-4 fiskar kvar natt, men uti november vert det òg fiska røyr, og fangstane kjem opp i 20. Det var faste garnplassar rundt vatnet, og slik hadde det tuleg vore frå gamalt av. Som i dei tidlegare dagbøkene er her òg nokre sider med oppgjerd frå mjølkelevering gjennom året, liste over kva tid sauene var til ver: Svartesauen, Svartegimbri, Utrive øyra, Storesauen. Utrive Øyra må ha fått namnet etter merket vårt, som var styvt tå høgra, hol i vinstra, så har vel holet i vinstra øyra vorte utrive ved eit uhende. Elles finn ein ein del notat som gjeld

125


skulen. Karakterar var svært viktige på den tid, og for å få dette så rettferdig som mogeleg, noterte far karakterar kvar dag. Borna hadde heimelekser til kvar dag, som dei skulle kunna utanåt, og så fekk dei karakter etter kor godt dei kunne leksa, etter ein skala frå 1 til 4. - Også i 1918 er det samla inn kontingent til Norsk Barneblad. 30 bom er førde som tingarar. Årspengane er no 2,40. Elles er det ei arbeidsliste over arbeid utført på Stykket. Desse arbeida ser ut til å ha pågått i 1917, 1918 og 1919. Fyrst i 1919 ser det ut til at vegbygging, oppdyrking og løebygging er fullførde. Ved sida av leigefolk har heile huslyden delteke meir og minder. Men både mor (Sofie), tenestegjenta, Hilda, og bestemor er oppførde på lista. Det finst òg ei liste over stiloppgåver. Eg tek med nokre: Katten vår; Hunden vår; Sauerne våre; Ein dag i skreitlebakken; Ute i blautsnjoen og søyla; Ein dag på skogplanting; Ein joletrefest. På siste bladet er ført ei liste over bøker om elektrisitet: «Elektrisitetens praktiske andvendeise», «Elektroteknik». Dette vitnar nok om at ei ny tid er i kjømdi. Snart vil elektrisk kraft frå Herlandsfosen koma med mykje lys og varme. Ein lærar bør ha litt fagkunnskap når han skal ta del i den almenne diskusjonen.

1919 Dagboka frå 1919 er ordna på same måten som dei tidlegare. Saman med lærarløna i januar er det kome eit tilskot til skuletarvende på 11,88. Det må vel vera slikt som far får tilbakebetalt, men løyvinga til dette føremålet var vel heller ikkje så stor. 3. mars har Mons Vevletveit lagt jarn under ei krubba kr 6,00. Før kjelken kom på marknaden hadde vi krubber, store og små. Å skreia seg var ein avhalden sport. Ein drog jamvel krubba med seg på skulen, for Hauvikbrekka var som skapt til å skreia på krubbe. Dyrtidstillegget for 3. kvartal er auka til 375,00. Dette viser at dyrtida (inflasjonen) berre auka på også etter krigen var slutt. Hilda fått løn frå fyrr jol til Vassmess kr 120,-. Dei gamle nemningane for tidsrekning var i fullt bruk. Vassmyss, som det heitte i daglegtalen, var vel brukande som ein merkedag for lønsutbetaling. 7. mai er det betalt Mons Vevletveit for 1 greip 1,50. Dette tyder på at smeden var istand til å laga greiper òg. Heller ikkje dette var innkjøpt industrivare. Stykket krev ustanselege pengeutlegg: 24. mai: Henrik Borge 176 timar å kr 1,20 = 211,00. Knut 0. Borge d.æ. 169 timar å 1 kr = 169,00. Dette er fyrste gongen arbeidsføn vert utbetalt som timeløn. Andre stader går det fram at 126


arbeidstida pr. dag har vore 10 timar, så 1,20 kr pr. time gav ei dagløn på kr 12,00. I 1919 er det kjøpt kunstgjødning hjå noko som kallar seg Haus næringsnemnd. Dagløna stig til 12,50 i august (bygningsarbeid). Dyrtidstillegget for 2, kvartal 1919-20 er kome oppi 555,00. Det ser ut til at far har tinga fleire nynorske blad: Ung Norig, Den 17. Mai,,Stille stunder. Målsaka står i sentrum i Gjerstad. Frårekna nokre misjonsbøker er også bøkene han kjøper privat på nynorsk. Martines Greve får kr 54,- for å hogga ved i 6 dagar, kona Marta S. Greve fekk kr 6,00 for å raka lauv i 2 dagar. Dei fekk vel det dei forlangt og var truleg fornøgde begge. Ho Marta hadde ikkje lese noko om likestilling. Det var vanleg at ein sa kor mykje ein ville ha i løn, men det var ikkje god tone å vera storforlangande. For å gje eit inntrykk av levekostnaden i 1919 tek eg med eit innkjøp som er gjort hjå V. HI. (kan det vera Valestrand handelslag som no er kome til?) Elles er det private handelsmenn som dominerer handelen, frårekna eit handelstiltak kalla «foreningen». Innkjøpet er gjort 22. desember og er gjerne litt merkt av at jula nærma seg: 1 kg sukker 2 kg maisgrynmjøl 1/2 kg kaffi 20 appelsiner 1 kg exportsmør 1 hg kakao Pomade ovnsverte 1 kost 5 kg salta fisk

1,40 0,96 2,60 2,50 3,30 0,55 0,75 0,15 5,50

1 bosbrett 1 dokke 1 lommeduk The 1/2 kg raffinade 2 wittenberger 3 langebrød 3 kg sirup

1,60 2,00 0,40 0,45 0,90 2,70 2,10 4,05

Som åra før handlar dagboka mest om gardsdrift, møte, festar, reiser. Eg tek med ei heil side frå dagboka, den gjev eit inntrykk av korleis livet gjekk frå dag til dag i mai: 1. 2 3. 4. 5. 6. 7. 8. 9. 10. 11. 12. 13.

127

Skula. Saat grasfræ og rulla paa Stykket. « Snø. Sett garni (0). Gjort grind i Hjellarne. « Til kyrkje. Sofia med. Skula. Sett pote i Langeroo. Tines med. Skore trei. « Sett pote i Haugen. « Planta 172 dag hjaa meg. Sett resten av pote. «f Klappa paa Stykket. « Klappa paa resten. « Til Valestr. - Haus paa lærarmøte - heim. Uppbyggjingsmøte i Hauviki kl. 11. Lærarmøte hjaa meg. Skula. Sett opp hesjar. « Sett opp hesjar.


14. 15. 16. 17. 18. 19.

« « « « Med mj. «

Sett opp hesjar. Til Frekhaug. Styrem. for smaabr.skulen. Til Sellevold. Sett opp hesjar. Halde festtale kl. 3 3/4. Til Hatland paa fest,heim. Til kyrkje (alters). Møte i nemnda for avh.stemna. Kv.skula.

Denne boka har dg dei vanlege notata om bladpengar til Norsk Barneblad, stiloppgåver, salmar, karakterar og smånotat, m.a. om kva tid skuleborna har sett den fyrste staren om våren. I 1919 har Olav Borge vore fyrst. han såg staren 15, mars, men Bjarne (Hauge?) har sett ein flokk 17. mars.

Etterord Vi har no sett på dagbøkene frå 1912 til 1919. Ein kan spørja om denne kronologiske måten var den beste metoden å skriva på. Kanskje skulle ein teke emne for emne, t.d. møte- og festverksemd, korndyrking frå år til år, kva dei handla av daglegvarer o.s.v. Det heile kunne ha vorte meir systematisk og samanhangande. Slik det er blitt no, er det mykje hopping frå deteine til det andre, men livet frå dag til dag er ikkje så serleg systematisk, og gjort er gjort.

Hans Binningsbø dreiv garden til siste sumaren han levde. Frå dagboka 12. juni 1971: «Sol, bore inn 4 bører turrhøy.» Biletet er truleg frå denne sumaren. Utlån: Astrid Elvik.

128

Osterøy i soge og samtid 1990  

Sogeskrift for Osterøy, årgang 1990.

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you