Tempo 1 2025

Page 1


Magasinet

Stian Skarheim Magelssen

Dagleg leiar Fikse Næringsforening

«Alle»

har ein draum om å bu her

Ein plass som både kan skryte av verdas vakraste natur, og eit levande og framoverlent næringsliv som ropar etter meir arbeidskraft er sjeldan vare. Etne og Vindafjord er ei slik perle! Ein i kontorfellesskapet har ein teori om at «alle eigentleg vil bu her». Og det trur eg stemmer. Likevel er det nokre barrierar som sjølv ikkje ein fin fjelltopp eller ei ledig stilling løyser.

Fråflytting er ei utfordring dei fleste kommunar i Noreg møter på. Det blir rett og slett ein kamp om å vere den mest attraktive kommunen. Ein stor del av det ansvaret ligg på politikarane. Lokalt må dei sørgje for best mogleg rammevilkår for at kvar enkelt bedrift kan vekse. Dei må spele på lag med næringslivet, og la bedrifter kunne omstille seg i takt med marknadsendringar. Det må vere gode oppvekstvilkår og fritidstilbod så folk både vil bli verande, og ønskjer å flytte heim att. I tillegg er vi heilt avhengige av eit mangfaldig bustadmarknad. Her opplever eg at både Etne og Vindafjord kommune ønskjer å vere ei drivkraft. Dei ser kor viktig næringslivet er for lokalsamfunnet og vi må finne løysingane saman framover.

Næringslivet har òg eit eige ansvar. Vi må vere ei tydeleg og konstruktiv stemme om våre behov, gjerne før behovet oppstår. For at politikarane skal ta dei beste avgjerslene for bedriftene må vi òg vise dei kor skoen trykkjer. Der skal Fikse Næringsforening kjenne vår besøkelsestid og vårt ansvar. Vi må òg vere aktive for å tiltrekkje oss dei kloke hovuda og dei som er ekstra nevenyttige. Vise at graset faktisk er grønast på denne sida av kommunegrensa. Det er ikkje lenger slik at arbeidstakarar kjem med lua i handa for å trygle om ein jobb. Men vi skal vere med på å vise Noreg at bedriftene våre er verdt å satse på.

«Du får ikkje meir moro enn du lagar sjølv!» blir det sagt. Og det stemmer. Ei av dei viktigaste tinga du som Etnesbu og Vindafjording kan gjere er å vere med på å lage den moroa. Bruke lokale bedrifter, men kanskje spesielt viktig at du deltek på arrangement og aktivitetar som skjer i bygda. For livet er meir enn jobb. Folk treng eit tilbod i tida etter at dei har stempla ut frå jobb og før dei går til sengs. Om vi ikkje bruker tilboda og heiar fram engasjement for å skape eit betre lokalsamfunn så kan det forsvinne.

Så det er berre å brette opp ermane, og i god gammaldags dugnadsånd, vere med på å bidra til at fleire får oppfylt nettopp den draumen me ber på: å få lov til å bu og leve i Etne og Vindafjord.

Magasinet om å jobba og bu i Etne og Vindafjord

Utgåve nr. 1 2025

Ansvarleg utgjevar: Fikse Næringsforening

Ansvarleg redaktør: Stian Skarheim Magelssen

Dagleg leiar

Redaksjon:

Omega 365 Design:

Astrid E. Hjelmeland

Hanna Maria van Zijp

Inga K. Wangensteen

Judith Sørhus Litlehamar

Jonas Sandsgård

Design:

Omega 365 Design

Foto:

Hanna Maria van Zijp

Kristian Risanger

Jonas Sandsgård

Framsidefoto:

Hanna Maria van Zijp

Annonsesal:

Kristian Risanger og Eirik Odin Salmo Pedersen

Opplag: 4 200

Trykkeri: H.B.O Grafisk AS

Magasinet blir fulldistribuert i kommunane, til husstandar og bedrifter i Etne og Vindafjord.

Elles på messer og strategiske stadar i distriktet.

Reklameguri

— Mange unge veit ikkje kva moglegheiter som finst i denne regionen, seier Jenny Henriksen Leite (30), etter fem år i kommunikasjonsbransjen på Haugalandet.

— Næringslivet her går så det susar, og alle seier «me treng folk». Rekruttering er den store problemstillinga bedriftene er opptatt av nå. Då må dei kommunisera kva dei faktisk driv med og kven dei er før dei går inn i detaljane.

Det seier teamleiar for digitale kommunikasjon i TADA, Jenny Henriksen Leite (30). Ho jobbar med digital marknadsføring for store og små kundar både på Vestlandet og nasjonalt. For at bedriftene skal nå sine mål, går Leite inn som rådgjevar før ein byrjar å snakka om korleis nettsidene skal sjå ut eller kva kunden faktisk treng.

— Mange sender ut bodskapen utan å tenkja på kven som tar imot. Men det er ei stor digital verd du konkurrerer i. Då er det viktig er å kommunisera tydeleg, tilpassa målgruppa. Kva er det du skal rekruttera til? Kva får kandidaten? Seier Leite.

Derfor må ofte bedriftene finna seg sjølv først. Kjempespennande, seier Leite om rolla som prosjektleiar.

— Eg elskar å gå inn ei bedrift og bli kjende med dei, snakka om verdiane deira og kva historie som sit i veggene – samla innsikt og finna kjernen. Me får dei i snakk og lyttar til dei, stiller mange spørsmål og kva som er viktig for dei. Viss du ikkje høyrer på kunden, så vil du ikkje treffa med kampanjen heller. Du kan laga noko som ser dritbra ut, men det er ikkje sikkert at kunden vil ha det, seier Leite.

Jobb og bu

At andre forstår historia og bedrifta sin identitet, trur Leite er spesielt viktig på Vestlandet, med mange tradisjonsrike bedrifter. Samarbeid og samhandling har ofte gjort at dei har vakse over mange tiår.

— Det er den bygdeånda eg har vakse opp med i Sandeid. Du kan få til mykje om du vil starta noko, viss du har ein idé. Her finst alltid ressursar og folk som vil hjelpa. Folk får til ting ilag – og det er det mange bedrifter som har gjort óg, seier Leite.

– Her er det mange bedrifter som spring ut frå kvarandre, på grunn av mykje ressursar og personar som har starta opp noko. Dei gitt så mykje tilbake til bygda, med både arbeidsplassar og investeringar. Tenk å starta i vasskanten her inne, og så ekspan dera globalt! seier Leite.

– Det er superinspirerande, og eg har så mykje respekt for arbeidet som er lagt ned.

Ho vil utfordra, lytta, og laga noko som passar bedrifta og der dei er.

– Det er utruleg kjekt og inspirerande å jobba med, fordi du møter dei som brenn for bedrifta, seier Leite.

Derfor jobbar Leite også mykje med strategien bak. For å nå bedrifta sine mål, blir kommunikasjonstiltaka baserte på bedrifta sin strategi. Etter å ha sparra med kunden om mål og visjonar, jobbar Leite tett med kunden for at dette skal sam svara med kommunikasjonsarbeidet, og utarbeider konsept ut frå det. Stadig oftare gjeld dette rekruttering.

— Då er det kjempeviktig å vita kva som skil bedrifta frå konkurrentane. Viss ein klarer det, får du rekruttert meir og breiare, fordi ein ser at denne kulturen samsvarar med meg, at «her vil eg jobba», seier ho.

Her må bedriftene vita kven dei snakkar med, ifølgje Leite. — Er det studentar eller folk som vil flytta til hit? Er det folk som ikkje kjem frå Vindafjord? Dette er heilt forskjellige prosessar fordi folk er i heilt ulike fasar, seier Leite.

Dessutan kan det vera litt tilfeldig iblant. Det verkar lenge sidan nå, men mange hugsar flyttestraumen i 2020, som gjekk i uventa retningar. Som hjå mange andre, var det eigentleg ikkje planen at Leite skulle flytta tilbake til Vindafjord – iallfall ikkje i dei glade 20-åra. Arbeidsplassen i Oslo blei råka av pandemien, og Leite skaffa raskt jobb i eit Sandeid-firma. Ho heiv seg rundt saman med sambuar Martin Berge jr. Derifrå var vegen kort til kommunikasjonsbransjen, og jobb i Omega 365 Design. Etter kvart blei ho head hunta til oppstartsselskapet Superclub, som sprang ut frå TADA, før ho i haust gjekk over til moderskipet TADA.

— Eg kom jo frå reklamebransjen i Oslo hadde lyst til å fortsetja med det. Det var kjempekjekt, og eg har fått mange kontaktar og eit stort nettverk blant anna i Vindafjord, seier Leite.

Leite veit ein god del om kva type stillingar som skal fyllast i næringslivet på Haugalandet framover.

— Det er så mykje ein kan jobba med her! Mange unge trur det kun er elektrikarar som jobbar i Helgevold og datafolk i Omega. Men her er så mange andre typar stillingar i tillegg –bedriftene har behov for mykje forskjellig, seier Leite.

Sjølv nyttar Leite høvet til å søkja utover regiongrensene når ho kan. Ho likar kontrastane mellom yrande byliv globalt og roleg landliv til fjells. Ja, ho jobbar i ein by, men her er det tettleiken som tel.

— Du har mange fleire moglegheiter til å reisa når du bur billegare. Eg reiser mykje meir nå, enn det eg hadde gjort om eg hadde budd i Oslo. Etter det er det godt å komma heim og finna roen. Og så ut igjen!

Tekst: Hanna Maria van Zijp Foto: Haakon Nordvik

FAKTA

Jenny Henriksen Leite (30)

• Kjem frå Sandeid, bur i Ølensvåg og arbeider i Haugesund

• Teamleiar digital i kommunikasjonsbyrået TADA

• Tidlegare prosjektleiar i oppstartsselskapet Superclub og i kommunikasjonsbyrået Omega 365 Design

• Utdanna marknadsførar frå BI

• Studerte skodespel ved New York Film Academy og moderne prosjektleiing ved Emergence School of Leadership

Kortreist kvalitet

Hele spekteret av banktjenester. Halve reisetiden. Sving innom di nærmeste Haugesund Sparebank-kontor og opplev fordelene med en ekte lokalbank. Personlig service fra lokalkjente medarbeidere med korte beslutningslinjer betyr at vi – i motsetning til de store bankene – o e kan møte deg på halvveien.

Lokal, nær og personlig haugesund-sparebank.no

Elin Randi Grethe Siri
Ølen
Benedicte Martin
Wenche Helen
Lars Olav
Geir Kenneth Marit
Landbruk
Siren (permisjon)
Johannes
Etne
Skjold

Forventar auke i dataangrep mot næringslivet

Olav Espedal, tryggleikssjef it-selskapet EMP Secure, trur ikkje han blir arbeidsledig med det første. — Små og mellomstore bedrifter blir angripne på same måte, seier han.

Frå kontoret i Nedre Vats fortel Olav Espedal om det digitale trugsmålsbiletet for lokalt næringsliv. Espedal, som både er it-ingeniør og politibetjent, har lang erfaring frå feltet, blant anna ti år som leiar for cyberkriminalitet i Sør-Vest politidistrikt. I jobben som tryggleikssjef i det Hatteland-eigde it-selskapet EMP Secure, har Espedal sett ei kraftig utvikling i dataangrep mot bedrifter dei siste åra.

— Lever me i skumle tider akkurat nå eller verkar det berre sånn?

— Det er mykje som skjer, men når det gjeld datatryggleik, har det har vore aukande trugsmål over tid. Det er ikkje nokon veldig auke akkurat i 2025, men det er eit konstant trykk som er den nye normalen. Det er ikkje alle bedrifter som har tatt det innover seg, seier Espedal.

EMP Secure, som lagar it-løysingar for datatryggleik til bedrifter, har kundar over heile Vestlandet. Selskapet avvergar digitale innbrot dagleg, ifølgje Espedal, som ser stadig meir sofistikerte metodar. Han forventar ytterlegare auke i dataangrep framover.

— Dei kriminelle utviklar seg så raskt teknologisk at bedrifter som ikkje tar dette innover seg, blir hengande etter, meiner Espedal.

Risikoen er stor, og akkurat kva som er verste scenario, vil variera frå bedrift til bedrift. Cyberkriminelle kan stela og låsa data slik at produksjonen blir lamma – og det kan bli svært dyrt.

— Ofte er det snakk om lausepengevirus. Nedetid får direkte økonomiske konsekvensar og vil påverka innteninga. Bedrifter som kan få låst data, mistar tilgang til teikningar, patentar eller dokument – anten mellombels eller tapt for alltid, seier Espedal.

Lausepengane finansierer organisert kriminalitet, som stadig vil skaffa seg meir teknisk avanserte metodar. Andre aktørar kan vera etterretningsverksemd frå land som Russland eller Kina, eller grupper på oppdrag frå styresmaktene. Dei driv gjerne industrispionasje, på jakt etter sensitive dokument, patentar eller anbods-informasjon som prising.

— Kor førebudde er lokalt næringsliv på desse trugsmåla? — Eg opplever stor variasjon blant bedriftene – nokon er veldig bevisste og jobbar godt førebyggjande. Andre selskap tenkjer kanskje at ‘me har ikkje noko som er verdt å stela, me er så små at ingen veit om oss’. Det er ikkje tilfelle, seier Espedal. Det er nemleg ikkje den vegen cyberkriminelle kjem, via bedrifta sine nettsider eller googlesøk på brøyting. Espedal forklarer:

— Før gjekk ein og kjende på dører, og dersom det var eit hus som ikkje var låst, er neste steg kva du kan ta frå det huset. Det har ingenting å seia kva hus det er. Cyberkriminelle finn ut kor det er lettast å bryta seg inn – og dei veit ikkje kor dei er før dei er der, seier Espedal.

— Små og mellomstore bedrifter blir angripne på same måte dersom dei har gjort ein dårleg jobb på informasjonstryggleik. Det er mykje vanskelegare for elektrikarar å gjera jobben sin dersom dei ikkje veit kor dei skal, kva kunden har bestilt, kva dei skal fakturera eller om ein har fått betalt, seier han.

For bedrifter som ennå ikkje har byrja arbeid med datatryggleik, har Espedal råd om kor ein kan byrja.

— Det er nyttig for eitkvart selskap å setja seg inn kva du gjer dersom e-post, Teams og filer blir borte. Det er ei god skrivebordsøving å tenkja på kva du ville gjort dersom du ikkje har it-system. Det er mykje rimelegare og meir fornuftig å investera i førebyggjande tiltak. Ofte blir det veldig hektisk og mykje dyrare å rydda opp enn å førebyggja, seier Espedal.

— Kanskje du oppdagar at du må gjera noko meir for å sikra deg. Eg trur det er mange selskap som ikkje innser kor avhengige dei er av it-systema sine.

Tekst: Hanna Maria van Zijp Foto: Haakon Nordvik/EMP Secure

Olav Espedal er tryggleikssjef for EMP Secure, som leverer tenester innan datatryggleik til bedrifter. — Målet er å stoppa alle angrep og minska konsekvensane for selskapa, seier Espedal.

Vi er en global kompetansebedrift som leverer løsninger, ekspertise og personell for å effektivisere prosjekter og drift.

Bli en del av vårt team!

• Spennende kundeoppdrag • Lokale og nasjonale jobbmuligheter

• Sterkt kompetansemiljø • Løsningsorienterte team

• Engasjerende arbeidsmiljø • Inspirerende teambuildinger

• Fantastiske feriehus • Unikt velferdsprogram

omega365.com/jobs

Satsar på lærlingar

Lærling Simen Håland Sørheim meiner det er viktig å få utvikle seg både personleg og fagleg gjennom læretida.

Simen Håland Sørheim (18) er snart halvvegs i læretida si som industrimekanikar i MCE. — Eg likar meg godt her, og veks både fagleg og som person, seier han.

Eigentleg var det elektrikar Sørheim hadde planar om å bli, kanskje aller mest sidan faren hadde same fagbrevet og yrket såg kjekt ut. Likevel valde han litt annleis til slutt.

— Eg fann ut at eit fagbrev som industrimekanikar gir meg ei breiare utdanning, og noko som trefte meg endå betre.

Dermed vart det Teknologi- og industrifag på Ølen VGS, i begge skuleåra var Sørheim utplassert i praksisperiodar hjå MCE, dermed fekk han teste ut bedrifta han til slutt valde å søkje læreplass i.

— Eg var faktisk utplassert her kvar fredag i eit heilt år, då fekk eg godt innsyn i korleis dei jobba. For meg virka det veldig interessant å jobbe med å bygge påbygg, det er det eg gjer i dag også som lærling.

MCE i Etne tilbyr industri-løysingar innan industri, offshore, bygg- og anlegg, samt påbygg til lastebilar. I bedrifta jobbar dei med både stål, rustfritt stål og aluminium. MCE tar på seg både små og store konstruksjonar, og dei tilbyr påbygg for lastebilar, inkludert plan- og kranløysingar samt livdyrskap, som er skreddarsydd etter kunden sine ønsker og behov.

Ein heilt vanleg arbeidsdag for Sørheim som lærling byr på varierte arbeidsoppgåver, og han veit ikkje alltid kva dagen bringer av utfordringar. Han møter stort sett på jobb ti på sju på morgonen, der tar han kontakt med fadderen i bedrifta som har ansvar for å fylgje han opp som lærling.

— Då høyrer eg med han om det er noko eg kan jobba med denne dagen, og det kan vere alt frå å bygge skåp til å montere underkøyringshinder på bilar. Det er veldig variert.

— Kva eigenskapar bør ein ha for å jobbe med dette?

— Du må vere god til å snakke for deg, sidan det blir ein del kundekontakt. Ein må vere engasjert og lyttande til kundane. Eg trur og det er viktig å vere frampå og gjerne stille desse spørsmåla som me ofte gløymer, seier han og skryt over ein arbeidsplass der han som lærling får kjenne både på meistring og utfordringar.

— Og så har eg ein veldig snill fadder, han tar godt vare på meg. Dessutan er det to kollegaer som er nesten like gamle som meg, det er og veldig kjekt.

Han trivs veldig godt med å bygge og skape noko i bedrifta. Framover er planen å ta læreprøven på seinsommaren neste år. Etter det blir det truleg studiar, enten som ingeniør eller på fagskule. Då er det slett inga ulempe å ha med seg eit fagbrev i botn.

— Det har eg fått råd om at er lurt, seier Sørheim.

Dagleg leiar i MCE, Erle Mærland Aasheim er opptatt av at lærlingane i bedrifta er ein av dei aller beste måtane dei kan rekruttere rett arbeidskraft på.

— Det er full rulle i bedrifta, og me har store ordrereservar framover. Då veit me og at me treng flinke folk framover, seier

ho og viser til at taktikken er å kome i tidleg kontakt med dei som er interessert – og då allereie på ungdomsskulen.

Bedrifta treng i hovudsak mekanikarar, plate- og sveisearbeidarar, noko det er tøff konkurranse om i regionen.

— Me ynskjer å vise oss fram tidleg til ungdomsskuleelevane, me inviterer elevar til omvising og presenterer bedrifta. I fjor køyrde me og ut lastebil slik at dei fekk prøve å styre krana. Det er likevel viktig for oss at me ikkje har for mange utplassert på ein gong, det er betre med kvalitet enn kvantitet.

Allereie i desse praksis-vekene byrjar dei ansvarlege hjå MCE å finne ut kven som kan passe inn som lærling. Like så viktig som fagkompetanse er pågangsmotet, om kandidaten har lett for å stille på jobb tidsnok, og om han tar initiativ til å finne

arbeidsoppgåver han kan løyse.

— Me tar som sagt berre inn så mange me trur me kan gi ei god oppfølging og interessante arbeidsoppgåver, både i praksisperiodar og som lærlingar.

— Me prøver jo i tillegg å vere der ute, og rekruttere mekanikarar, plate- og sveisearbeidarar som er det me treng aller mest. Men konkurransen er veldig tøff.

Aasheim fortel at bedrifta har ein fagansvarleg som fylgjer opp kvar enkelt lærling. I samarbeid med Opplæringskontoret på Haugalandet blir det gitt tilbakemeldingar og sikra at alle lærlingar er innom krava i opplæringsplanen.

— Her må kandidaten sjølv gi vurderingar på arbeidet og fagansvarleg må gjere det same. Mange av desse som kjem til oss er ikkje meir enn 16-17 år gamle, og det kan vere skummelt

Simen Håland Sørheim stortrivst som lærling hjå MCE. Dagleg leiar Erle Mærland Aasheim meiner lærlingar er eit godt rekrutteringstiltak.

Du må vere god til å snakke for deg, sidan det blir ein del kundekontakt. Ein må vere engasjert og lyttande til kundane

Simen Håland Sørheim

å vera utplassert starte opp som lærling. Eg passar på å informere dei godt om kven som skal vere med dei og kva dei kan forvente å oppleve. Nokre hoppar ut i det, medan andre treng litt meir tid, fortel ho.

— Ein av dei store fordelane med å ha lærling er at me får lov til å lære dei opp, og me får ei god variasjon i alder med både unge og litt eldre i bedrifta. Me ynskjer jo å kunne tilby fast jobb etter dei har fått fagbrev.

Ho er også veldig godt nøgd med Sørheim og læretida hans så langt.

— Me er veldig godt nøgde med jobben han har lagt ned så langt, og han viser god utvikling, seier ho.

Tekst: Judith Sørhus Litlehamar

Foto: Kristian Risanger

200 års erfaring i en ny bank du allerede kjenner

Sparebanken Vest og Sparebanken Sør er nå Sparebanken Norge, og sammen bygger vi en bank for fremtiden. Liten nok til å være til stede i nabolaget ditt, stor nok til å påvirke de avgjørelsene som betyr noe for deg.

Vi gleder oss til å være til stede for deg!

sbnorge.no

HTH Showroom Etne design

MODERNE

& kvalitet nærare enn nokon gong

HTHs nyhet – Reflection har klare holdninger til god design og en fornuftig pris med svanemerkete fronter, skap og benkeplater. Alt samlet i et lyst uttrykk med dører i en beigefargetone og sandstensfarget benkeplate.

Her er det plass til livets små og store refleksjoner.

Opplev Reflection hos HTH, der du alltid kan diskutere din kjøkkendrøm med våre kjøkkeneksperter. Du kan lese mer på hth.no

Vi har flere HTH kjøkken utstilt i vårt showroom i Ljoshallbygget i Etne.

Ta gjerne kontakt på 52 81 47 47 for en hyggelig kjøkkenprat og avtale om et uforpliktende møte.

Nordic Roots er inspirert av den nordiske jorden og skapt ut fra et ønske om å designe et mer bærekraftig kjøkken. Fronter, benkeplate og skap, med unntak av vitrineskap, er alle sertifisert med Svanemerket.

Her samles varme jordfarger og elegante naturmaterialer. Det gir et moderne design og et kjøkken med en avslappende atmosfære. Du kan lese mer på hth.no

— Eg har tatt sjansane eg har fått

Rita Kristine Aaker (37) blir motivert av resultat og nøgde kundar. No får den erfarne butikkdrivaren nye utfordringar i Etne.

— Gratulerer med ny jobb! Korleis er det å bli ny eigar av Møbelringen- og Princess-butikkane i Etne?

— Takk – og dette er stas! Møbelringen i Etne er ein stabil og trygg arbeidsplass som har eksistert i mange år. Her er det ein god gjeng på jobb, og det er spanande arbeidsoppgåver. Eg gler meg til dette, og har jo jobba her nokre år allereie. Ole Strømø har lagt ned ein fantastisk jobb her i mange år, eg skal ikkje snu opp ned på noko – men drive vidare i same ånda tenkjer eg.

— Det var tilfeldig at det skulle bli Møbelringen?

— Ja, det stemmer. Eg fekk ein førespurnad om eg var interessert i jobben som interiør – og stylingansvarleg, men eg takka faktisk nei. Då hadde mannen nett byrja på ein reisejobb og eg ville ha meir tid heime. Men det tok ikkje så lang tid før eg ringte opp igjen og sa eg angra. Som mannen min sa: «du kan ikkje seie nei til dette, det er jo dette du elskar å drive på med». Etter nokre fine samtalar både med dei heime og med Ole så fann me fram til ei god løysing, og for familien min. Ole er god på folk!

— I dag har du kjøpt butikk saman med mannen din?

— Eg og Steffen har kjøpt dette saman ja, eg hadde ikkje gjort dette utan han. Han er både dyktig og fagleg sterk, eg er god på butikken, han er god med tall. Eg må klype meg litt i armen over at me faktisk har gjort dette, det har vore mange rundar før me landa heilt.

— Kva fortel CV-en din om yrkesretning?

— Då eg gjekk på vidaregåande hadde eg lyst til å studere moderne kunst og arkitektur. Eg likte meg godt som student i Bergen, men visste ikkje heilt kva eg ville bli. Då tok eg eit friår og jobba på Coop i Vikedal for å tenkje på kva eg skulle gjere vidare. Etter det prøvde eg og å studere anatomi i Haugesund, det var

då eg fekk den første jobben på H&M. — Og dei har vore viktige for deg gjennom karrieren?

— Absolutt! Eg har fått fleire sjansar i den kjeda – og til å bli avdelingsleiar. Det har vore så givande, det er ei sterk merkevare og ein spanande arbeidsplass der eg fekk utvikla meg mykje. Etter nokre år som avdelingsleiar i Stavanger fekk eg lyst til å flytte til Bergen der kjærasten min var, då tok eg berre ein telefon til H&M der oppe og fekk jobb med ein gong.

— Mantraet er at ein bør våge å ta den telefonen?

— Ja, absolutt. Det kan det kome mykje godt ut av! Du får ikkje noko verre svar enn eit nei i så fall. Etter 11 år i H&M så kom tanken om at det alltid er godt med ei utdanning, og eit fagbrev som og gir høgare lønn. I 2017 tok eg fagbrev i sal og service, alt er jo enklare når ein ikkje treng å tenkje på praksisdelen, då er det berre eksamen og kveldskurs ein må gjennom.

— Kva blir du motivert av?

— Eg blir veldig motivert av resultat, og at ein alltid er i utvikling. Ein må ikkje kvile i resultata ein har fått til, og tenkje at ein er i mål. Eg har lett for å engasjere meg og gi litt ekstra, sjølv om eg absolutt ikkje er den som ropar høgast. Eg har fylgt magekjensla og har heile tida jobba med noko eg trivest med. Vegen har blitt til medan eg har gått, det er viktig at ein ikkje treng å sikte seg mot høgare utdanning for å lukkast.

— Kva trur du overraskar på CV-en?

— At eg faktisk har jobba på sjukeheim ei veke før eg innsåg at det ikkje var noko for meg. Og det er heilt greitt.

CURRICULUM VITAE

Utdanning:

• 2017-2018

Salg, service og sikkerhet ved AOF Haugesund, fagbrev i salgsfaget

• 2007-2008

Anatomi og fysiologi ved Sirius institutt Haugesund

• 2006-2007

Moderne kunst og arkitektur ved Universitetet i Bergen

• 2003-2006

Teikning, form og farge ved Ølen VGS, generell studiekompetanse

Arbeidserfaring:

• 2025- dd

Dagleg leiar Strømø Møbel & Interiør AS

• 2022-2024

Interiør- og stylingansvarleg Møbelringen Etne

• 2020-2021

Butikkmedarbeidar Europris Etne

• 2019-2020

Butikksjef Nille Etne

• 2018-2019

Avdelingsleiar H&M Oasen Haugesund

• 2018 Ringevikar Vats skule

• 2014-2017

Butikkmedarbeidar H&M Lagunen Bergen

• 2012-2014

Avdelingsledeiar H&M Åsane Bergen

• 2010-2012

Avdelingsledeiar H&M Kilden Stavanger

• 2008-2010

Butikkmedarbeidar H&M Amanda Haugesund

• 2007-2008

Butikkmedarbeidar Coop Vikedal

• 2006-2008

Servitør Vikedal Vertshus

• 2005-2008

Reinhaldar Vikedal Mur & Anlegg

• 2005-2006

Avløysar Vindafjord Avløysarlag

• 2003-2004

Reinhaldar Vikedal barnehage

• 2001-2004

Avisbod Haugesunds Avis

Tekst: Judith Sørhus Litlehamar

Foto: Kristian Risanger

I serien Min CV fortel lokale profilar om eigne vegval og bakgrunn.

SIKTAR MED PRESISJON

Øystein Matre (64) er i sitt ess når han går inn i si eiga boble – anten djupt inne i intrikate flytskjema eller gjennom siktet på skytebanen.

Det er sein kveld på Gardermoen. Øystein Matre har fordjupa seg i sudoku. Hjernetrimmen, der målet er å unngå like tal både loddrett og vassrett, er så engasjerande at Øystein snart forstår at siste flyet vestover er gått – utan han.

— Då måtte eg ringe dotter mi og be om overnatting. Det er slikt som skjer når eg forsvinn inn i bobla, dotter mi berre lo, seier han og vippar litt på stolen i lunsjrommet til Westcon i Ølensvåg.

— Det var jo på grunn av det eg var sein til dette intervjuet og. Eg sat i eit møte og gløymde alt anna. Det er ikkje ein konsernsjef i dress og blankpussa sko som møter oss. Øystein serverer kaffi i papp-koppar og snakkar seg varm om energiutfordringar, industriutvikling og framtidsretta teknologi. Kleskoden er piquét-skjorte og dongeribukse, og tilsynelatande er Øystein alltid i godt humør.

Øystein smiler ikkje. Han gliser. Og han gliser ofte.

Øystein er ikkje som toppleiarar flest. Inne på verftsområdet til Westcon Yards syklar han mellom avtalane som ligg like tett som kulehola i innertiaren på skytebanen. Han påstår at han jobbar mindre enn folk trur, og tar skikkeleg fri når pc-en blir lukka igjen på ettermiddagen.

— Eg er nok på når eg først er på jobb. Eg elskar å grave meg ned i detaljar, kanskje meir enn det som er vanleg for ein leiar. — Men reiserekningar har eg slutta å levere for lenge sidan. Det har eg berre gitt beskjed om internt, seier han og ler. Westcon Group er eit komplekst konsern. I tillegg til Yards, består det av Power & Automation, Løfteteknikk, Geo, Inspectio og Design Polen. Dei leverer løysingar til offshore, energi og maritim industri. Hexacage, eit selskap for lukka sjøanlegg for lakseoppdrett, høyrer også til. Øystein er konsernsjef, dagleg leiar i Westcon Yards og styreleiar i Hexacage. Ifølgje Proff.no har han 46 roller i næringslivet.

— Eg er ikkje så opptatt av pengar eller suksess slik sett. Eg vil skape noko, det er det viktigaste. Eg vil spele dei tilsette gode og gi ros og tilbakemeldingar når det trengst. Det er viktig å motivere folk til å sjå langsiktig, det er ikkje alltid like enkelt, seier Øystein.

I konsernet har Øystein ansvar for fleire hundre tilsette, og i 2023 hadde Westcon Yards ein omsetnad på nesten 1,9 milliardar, opp frå 1,7 milliardar i 2022.

— Du står bak mykje av veksten?

— Eg har kanskje pusha litt i nokre retningar, men mykje er òg tilfeldig, og handlar om å ta moglegheitene som byr seg og som passar inn i konsernet, seier Øystein.

— Er det tilfeldig, eller har du gripe sjansane?

— Tja, kanskje begge delar. Ytre faktorar som du ikkje påverkar sjølv, kan vere avgjerande for at noko blir geni-forklart eller framstår som dumt. Uansett må ein ha et godt lag med dyktige medarbeidarar som klarer å løfte oss fram til å bli gode på det me held på med.

Mange vil hevde det låg i korta at Øystein skulle bli sjef i Westcon.

— Eg vaks opp på verftet og vart nok «miljøskadd» tidleg. Eg har nok alltid likt tal og butikk meir enn bokstavar og dikt-analyse. Det har kome med åra, så guten i meg har tatt tid å modne, seier han.

Som barn laga han og kameratane cowboybyar av tankbåtrederi med avskorne oljefat som tankfarm. Den tida bygde ein framleis store supertankarar lokalt på verftet på Stord.

— Me måtte jo òg ha bank for å ha noko å rane. Pengane brukte me til å betale olje eller sand-tankarane, så økosystemet var på plass. Då tankkrisa kom, gjekk naturlegvis òg vår lokale flåte i opplag. Det er ei tid for alt. Den dag i dag er min gode talknusar Thorvald Becker og eg skjønt samde om at talet er ei større oppfinning enn hjulet, seier Øystein.

Gründerånda går i arv. Bestefaren dreiv sanduttak, faren starta med sandfrakt og bygde opp verkstaden og verftet – etter kvart kalla Ølen Skipsindustri AS – i Ølensvåg i 1963. Kontoret til faren var lenge ved kjøkkenbordet heime, og mora var ein av dei første catering-leverandørane i bygda sidan alle samarbeidspartnarar og kundar sjølvsagt måtte ha mat.

— Me høyrde historiene rundt bordet og fekk tidleg prøve oss. Sommarferiane gjekk med til å stå på lageret, køyre truck

Øystein Matre veit å utnytte timane på ein god måte. Mange timar på skytebanen har lært han å gå inn i konsentrasjonsbobla når det trengs.

Eg er ikkje så opptatt av pengar eller suksess

slik sett. Eg vil

skape

noko, det er det viktigaste

Øystein Matre

Det er mogleg det låg i korta at Øystein Matre skulle ta over Westcon-drifta. Sjølv meiner han oppveksten og alle timane med leik på verftet var med på å legge grunnlaget.

og kran. Eg hugsar godt då dei fekk hydraulisk grabb på båtane, noko som var eit teknologisprang. Etter kvart kom gravemaskiner som me var den første i verda til å montere på ein sandbåt. Me lærte at ein kan få til mykje viss ein jobbar for det. Etter far min trappa ned var det dei eldre brørne mine Noralf og Arne som tok over stafettpinnen i Skipsen, som verkstaden gjerne blei kalla lokalt.

Øystein tok økonomiutdanning på skipsfartlinja og fekk sin første jobb i Westcon, som blei etablert med tanke på delta i den første Kårstø-utbygginga ut på 1980-talet. Etter ei tid som midlertidig leiar, fekk han jobben fast som 22-åring, og det utan å søkje på den. Øystein tyr ikkje til sjølvskryt av den grunn. — Mogleg dei ville ha ein dei kunne forme. Eg mangla masse erfaring og hadde mykje å lære. Eg fekk god støtte frå dei rundt meg, seier han om den saka.

Øystein leia konsernet fram til 2012, då det blei omorganisert og han tok over som leiar i Westcon Yards.

I dag er Westcon Yards ein leiande aktør innan skipsbygging av ferjer, offshore- og fiskefartøy, reparasjonar, skip og boreriggar, med verft i Ølensvåg, Karmsund, Florø og Helgeland. Øystein ynskjer å vere ein leiar som er tett på drifta, og prøver å reise rundt på verfta så ofte han kan. I Florø er han gjerne eit par gonger i månaden, der verftet spesialiserer seg på reparasjonar og vedlikehald av skip. Ei avdeling byggjer subsea-konstruksjonar.

— Der har me utvikla fantastisk flott verft med to tørrdokker, der éin er overbygd. Det er store verkstadhallar som er eigna for subsea-produksjon, slår han fast.

— Eg likar godt å følgje med i dei større prosjekta, sjølv om eg kan bli litt utolmodig nokre gonger når kompliserte prosessar med dei beste hensikter blir prosjektet sin største fiende. Men slik er det vel i mange samanhengar, og så går ting seg

til etter kvart som ein lærer kvarandre å kjenne. Får ein gode relasjonar kjem dei igjen, tillit er avgjerande.

Øystein ynskjer å halde ting enkelt, det er nok av dei som vil komplisere ting, meiner han.

— Me har en palett av ulike kundar og prosjekt som krev ulik tilnærming. Det er lett å bli reven med, me må ikkje gløyme at me er i service-bransjen, me må vere lettbeinte når det trengst og ha evne å snu oss kjapt rundt, seier han.

— Og det er heile tida ein kamp for å kunne levere med det høge kostnadsbiletet me har her i landet, me kan aldri konkurrere på timekost med eit utanlandsk verft, slik er det berre. Skal me hevde oss, må det vere på kvalitet og leveringsevne. Då er engasjement frå våre tilsette i alle ledd like viktige.

— Forsvaret er veldig viktige for oss framover, det er eit av fleire satsingsfelt, slår Øystein fast.

Westcon har inngått fleire rammeavtalar med Forsvaret, særleg knytt til Kystvakten og Sjøforsvaret. I 2020 blei ein avtale for sju kystvaktskip fornya med sju år, og i 2024 kom ein ny kontrakt på vedlikehald av 16 fartøy; 12 kystvaktskip og nå sist fire fregattar. Fregatt-avtalen har perspektiv over 17 år og vil over tid bety milliardar i omsetnad for Westcon.

— Det er prestisje for oss å gjere ein god jobb. Å ha Kongsberg Gruppen som samarbeidspartnar, gir tryggleik. Dei leverer systemintegrasjon, våpen og sensorsystem, medan me tek oss av mekanisk, teknisk og strukturelt arbeid.

— Me vaks opp med skipsservice, medan rigg og offshore kom etter kvart. Me vart føretrekte fordi det var lett å få utført jobbar hos oss, det må me ikkje gløyme etter kvart som me veks og verksemda blir meir samansett. Igjen må ein halde ting så enkelt som mogleg.

Og det rører seg mykje aktivitet som skaper vekst i konsernet. Westcon Subsea har i dag store oppdrag for Equinor, Aker BP og Vår Energi. Westcon Power & Automation leverer

løysingar til el-baserte skip og hydrogenferjer.

— Det grøne skiftet kjem, og er viktig for oss. For skip og riggar handlar det mest om energi-effektivisering med blant anna batteriløysingar, men me har vore med i pilotar som hydrogen og brenselceller. Men olje og gass vil vere relevant lenge enno, for andre drivstoff-moglegheiter ligg endå langt framme for maritim sektor.

Noko anna som vil vare i lang tid, er kampen om bestetid på Haukelirennet. Den årlege konkurransen mellom far og dei to sønene står ved lag, sjølv håpar Øystein at han er å finne i skiløypene også som 90-åring.

— Det må jo vere eit mål. Det handlar om å halde seg aktiv, eg likar det. Når skisesongen er over blir det turar med fjellsko, fiske i fjorden og jakt.

Øystein er konkurransemennesket som sjølv meiner han er middelfarar i det meste. Han ser lite på TV, men får til gjengjeld igjen tid til dugnadsinnsats på skytebanen eller ein treningstur før jobb. Aller best likar han seg på skytebanen. Det er nemleg her han finn den største roen, konsentrasjonen og pusteteknikken, det er her han kjem i bobla. Når han har lagt seg ned på skytematta finst ingenting anna rundt han – berre han, våpenet og blinken.

— Heile greia skjer mentalt i hovudet. Viss du klarer å ha kontroll på kroppen og puste rett vil du og skyte betre, det er ekstremt god fokustrening. Eg har skytebane i kjellaren og står ofte der og skyt luftgevær om igjen, og om igjen. Atter ein gong handlar det om detaljar. Slik er det også i næringslivet, meiner Øystein. Ein må ha fokus på det viktigaste for å bli best.

— Eg forstår jo at ikkje alle er lika gira på det alltid. Eg skulle lære barnebarna mine å slutte å ploge svingar i slalåm-løypa. Svaret eg fekk var «bestefar, du er så irriterande. Me renn jo berre rett ned». Det same skjer når eg skal forklare sol- og månefasar, då seier dei: «bestefar, me har høyrt nok». — Ikkje så enkelt å vite kva ein skal svare då. Men eg kan òg slappe av, eg likar lange helgefrukostar, eg òg. Det er godt å kunne søle vekk tida somme gonger. Livet er som ein karusell der åra går fortare og fortare fram til sentrifugalkrafta kastar deg ut i all æve for å sortere i skrifta. Då gjeld det å ta vare på dei stundene der du mest av alt ynskjer at tida skal stå stilt.

Namn: Øystein Matre (64)

Bur: Ølensvåg

Les: Mest nyttig og unyttig vitskap, historie og humor. Gode dikt i ny og ne, Olav H. Hauge frå Ulvik får sagt mykje med få ord. Har og samla eit bibliotek med mange av dei store norske klassikarane som eg skal kose meg med når eg blir pensjonist. Så langt må eg vedgå at det stort sett avgrensar seg til ymse hefter av «Lucky Luke» som er lest frå perm til perm.

Høyrer og ser på: Vitskap, historie og høyrer mykje på NRK som har mange gode podkastar, og så blir det mykje musikk ut på kvelden.

Høyrer ikkje på: Politikarar med ideologi som skuggar for å setje dei «gode» hensiktene i ei større samanheng på godt og vondt.

Førebilete: Alle dei gode tenkarane opp igjennom tidene som har stilt spørsmål og undra seg over dei store samanhengane andre ikkje såg, og som var konfliktfylte i forhold til religion og den tids lære. Prega av vår tid, kjem ein ikkje utanom Albert Einstein som til slutt beviste (det alle visste); nemleg at alt heng saman med alt. Gjennom relativitetsteorien gav han oss innsikt i universet- og energien si verd.

Øystein Matre går ikkje av vegen for adrenalin-rush og ei utfordring. Her heng han tett i veggen.
Øystein Matre er alltid på veg mot noko nytt. Han trivst med ein travel kvardag.
Tekst: Judith Sørhus Litlehamar
Foto: Hanna Maria van Zijp

«Hemmeligheten» bak sterk avkastning:

– Som forvalter er jeg motstander av alt som er kult!

Stjerneforvalter Sigurd Klev leverer fremdeles god avkastning, nå med aksjefondet Heimdal Utbytte. Selv er han mest opptatt av å gi kundene jevn, risikojustert avkastning.

Norske investorer velger Heimdal Forvaltning. På to år er forvaltningskapitalen mer enn femdoblet til 10,3 milliarder kroner.

Den enorme interessen skyldes delvis en imponerende avkastning for fondene, bedre tilgjengelighet og ikke minst en sterk tro i markedet på filosofien til det Stavanger-baserte forvaltningshuset.

Klev leverer

For litt over to år siden hentet Heimdal Fondene Sigurd Klev, etter at han i ni år hadde forvaltet ett av Norges beste aksjefond (basert på sharpe ratio).

Klev har levert også hos Heimdal, med 17,6 prosent avkastning i 2023 og 25,8 prosent i 2024. Fondet hans, Heimdal Utbytte, har passert to milliarder kroner, bare to og et halvt år etter etablering.

– Filosofien vår er tydelig: Oppnå best mulig risikojustert avkastning. Slik mener jeg fondssparing bør være: Ikke gamble på trender eller på å slå markedet, men plassere pengene i solide selskaper som har god kontantinntjening, forklarer Sigurd.

I Heimdal Utbytte fokuserer han på selskaper som har en viss størrelse, er lønnsomme og likvide på børsen.

– Kontantinntjening går aldri av moten! Ved å unngå risikable selskaper, reduserer vi verdisvingningene.

Fordeler i syv kategorier

Sigurd Klev er en erfaren forvalter. Hans forrige fond, Landkreditt Utbytte, vant eller ble nominert til Morningstar Awards flere år på rad.

– Som forvalter er jeg motstander av alt som er kult! Det er rasjonelt å handle aksjer i selskaper som faktisk tjener penger, har en god ledelse og er lett omsettelig. Jeg fordeler midlene på syv ulike kategorier som aldri går i takt, for å redusere svingningene, forklarer han.

Har du også satt penger i eget fond?

– Selvsagt! Jeg har faktisk plassert alle mine pensjonsmidler i Heimdal. Vi tror jo på det vi holder på med!

– Filosofien vår er tydelig: Oppnå best mulig risikojustert avkastning. Slik mener jeg fondssparing bør være: Ikke gamble på trender eller på å slå markedet, men plassere pengene i solide selskaper som har god kontantinntjening.

Fondet passer for deg som ønsker å ta del i avkastningen fra primært norske utbyttebetalende aksjer og egenkapitalbevis.

Mer enn to milliarder i forvaltningskapital (april 2025).

Fondet forvaltes av Sigurd Klev.

Heimdal Forvaltning er Stavanger-basert, har kontorer i Oslo og kunder over hele landet.

Denne informasjonen er utarbeidet i markedsføringsøyemed. Dette dokumentet / innholdet er distribuert til kunder i verdipapirfond under vår forvaltning ellerpersoner og foretak i kontakt med forvaltningsselskapet. Vi gir ingen anbefalinger om kjøp eller salg av verdipapirer. Historisk avkastning er ingen garanti for fremtidig avkastning. Avkastningen vil bl.a. avhenge av markedsutviklingen, forvalters dyktighet, verdipapirfondets risiko, samt kostnader ved tegning, forvaltning og innløsning. Avkastningen kan bli negativ så vel som positiv. I forkant av investering i verdipapirfond anbefaler selskapet å lese nøye fondets prospekt, vedtekter og nøkkelinformasjon. Prospektet, vedtekter og nøkkelinformasjon bør leses i sammenheng for å få et komplett bilde av verdipapirfondets risiko- og investeringsprofil.

Les mer:
Om Heimdal Utbytte
Sigurd Klev, leder av Heimdal Utbytte

Vi søker tømrere med fagbrev! LEDIGE STILLINGER!

BYGGEPLANER?

32 dyktige medarbeidere, kan vi sammen få realisert dine planer fram til ferdig bygg.

dommersnesoglarsen.no

BLI EN DEL AV WESTCONS

SPENNENDE FREMTID westcon.no/karriere

Større mangfald gir betre avgjersler

Omega 365 og Omega 365 Solutions er to av bedriftene som no har fått nye likestillingskrav til styresamansetjing. — Utelukkande positivt, seier både styremedlemmer og konsernsjefen i Ølensvåg.

Jorunn Wathne Løhaugen er ei av kvinnene som gjekk inn i styret i Omega 365 Solutions. Ho skulle i utgangspunktet ønskje at eit slikt krav ikkje var nødvendig, men ser at utviklinga ikkje er kome så langt som ein ønskjer.

—  Det er mange dyktige kvinner i Omega 365-selskapa og fleire stader er det god likestilling også i leiinga. Samstundes ser ein at utviklinga ikkje har gått like raskt på styrenivå i næringslivet generelt.

Ho takka ja til vervet grunna fagleg interesse og eit ønskje om å bidra i utviklinga av selskapet.

—  Eg jobbar i Consulting, og me og Solutions har felles kundar. Det er nyttig å veksle erfaringar, eg har nokre nye pers-

pektiv med meg inn i styrearbeidet og noko å bidra med. Marianne Andersen er tilsett i Omega 365 Solutions i det daglege, og takka ja til å gå inn i konsernstyret i Omega 365 i fjor.

—  Eg takka ja fordi eg har eit sterkt engasjement for Omega 365 - både som globalt selskap, for programvara me utviklar og leverer, og ikkje minst for Omega 365 som er ein fantastisk arbeidsplass å høyre til. Etter tjue år i Omega 365, har eg også fått brei innsikt i ulike delar av selskapet. Det er viktig for meg å vere ein representant for dei som jobbar tett på både kundane våre og systemløysinga, samt kunne løfte desse perspektiva inn i styret.

Jorunn Wathne Løhaugen tykkjer Omega 365-selskapa er gode på likestilling, men ser samstundes at utviklinga ikkje har gått like raskt på styrenivå i næringslivet generelt.

Styrearbeidet har så langt vore lærerikt og inspirerande.

—  Styret består av utruleg dyktige personar med ulik bakgrunn. Samarbeidet i styret er prega av openheit, respekt og gode diskusjonar. Det kravde ei viss omstilling å tenkje meir strategisk enn operativt, men det har vært utviklande for meg både personleg og fagleg. Eg har også fått stor respekt for kor mykje grundig arbeid som ligge bak avgjerslene vert tatt på dette nivået.

Både Løhaugen og Andersen ser på verva som ei tillitserklæring som dei er stolte over å ha fått. Dei håpar fleire kvinner tek utfordringane om dei vert spurte om styrearbeid.

—  Tørr å seie ja når moglegheita byr seg – sjølv om du ikkje kjenner deg 100 prosent klar. Ein lærer undervegs. Det er også viktig å stole på eigen kompetanse og erfaring, understrekar Andersen.

—  Det finst fleire tilbod om styrekurs men ein får også god opplæring og stønad når ein går inn i eit slikt verv. Om ein ønskjer å vise interesse for å ta på seg styreverv, finst det mellom anna fleire styrenettverk på Haugalandet som ein også kan oppsøke. Dette er også ein god stad å leite for bedrifter som er på jakt etter kvinnelege styrekandidatar, påpeikar Løhaugen.

Begge er samde om at alle styrer treng mangfald. Ikkje berre i kjønn, men også i erfaring, fagleg kompetanse og kulturell bakgrunn.

Petter Aalvik, konsernsjef i Omega 365, ser på dei nye krava som ein positiv pådrivar.

—  I Omega arbeider me for inkludering, likestilling og mangfald. Arbeidet med å auke kvinneandelen i styra var allereie i gong før dei nye lovkrava kom, men dei nye krava sette fart i prosessen og vart ein viktig pådrivar.   Han meiner også at mangfald i styra hever kvaliteten på styrearbeidet.

—  Erfaringane er at auka kvinne-delen i styra bidrar til at me får belyst problemstillingar frå ulike innfallsvinklar. Me får dermed eit betre grunnlag å ta avgjersler på. Eg håper at auka kvinnedel også bidrar til at fleire kvinner søker jobb i Omega, og at fleire kvinner går inn i leiarstillingar hjå oss.

Tekst: Inga Klokkerstuen Wangensteen

Foto: Kristian Risanger og Jonas Sandsgård

FAKTA

• 1. januar 2024 vart det innført ei rekke nye endringar i føretakslovgivinga for å betre kjønnsbalansen i norske styrer.

• Reglane vert trinnvis innført fram til 2028, og vil til slutt gjelde om lag 20 000 norske selskap.

• Har eit styre minst tre styremedlemmer, skal maksimalt 60 prosent av styremedlemmene ha same kjønn. Dette vil skape behov for nesten 13 000 nye styrerepresentanter – dei fleste av dei kvinner.

Dei nye krava sette fart i ein prosess som allereie var i gong hjå oss, seier Petter Aalvik, konsernsjef i Omega 365.
Marianne: Marianne Andersen jobbar i det daglege i Omega 365 Solutions, men har no også plass i konsernstyret.

Mange stader på Vestlandet leverer vi både internett og TV-tenester.

Opplev lynraskt internett og førsteklasses

TV-underhaldning, uansett kvar du er.

Med vår teneste kan du nytte Altibox i Tysnes og Etne - Utforsk ei verd av moglegheiter med oss!

Les meir på enivest.no/tysnes-etne

Utbjoa Armering og Sveis AS Utbjoa Industriområde Saltnesvegen 25, 5584 Bjoa Telefon +47 950 68 249 terje@armeringogsveis.no

Utbjoa Armering og Sveis AS Utbjoa Industriområde Saltnesvegen 25, 5584 Bjoa Telefon +47 950 68 249 terje@armeringogsveis.no

www.armeringogsveis.no

Utbjoa Armering og Sveis AS Utbjoa Industriområde Saltnesvegen 25, 5584 Bjoa Telefon +47 950 68 249 terje@armeringogsveis.no www.armeringogsveis.no

www.armeringogsveis.no

Åpningtider

Mandag-fredag

07:00–15:30

Åpningtider

Mandag-fredag

07–21

CELSA –

CELSA –BÆREKRAFT FRA NORGE

BÆREKRAFT FRA NORGE

Åpningtider

CELSA Steel Service produserer og selger høykvalitets armeringsprodukter og tjenester til norsk byggenæring. Våre produksjonssteder i Oslo, Drammen, Kristiansand, Bergen, Ålesund, Trondheim og Tromsø ligger nær kundene i de mest aktive og befolkede områdene i Norge.

CELSA Steel Service produserer og selger høykvalitets armeringsprodukter og tjenester til norsk byggenæring. Våre produksjonssteder i Oslo, Drammen, Kristiansand, Bergen, Ålesund, Trondheim og Tromsø ligger nær kundene i de mest aktive og befolkede områdene i Norge.

Mandag-fredag

07–21

CELSA leverer armeringsløsninger og tjenester som gjør dine prosjekter mer effektive og bærekraftige. Våre eksperter hjelper deg å velge de mest konkurransedyktige armeringsløsningene for fremtidens bygg.

CELSA leverer armeringsløsninger og tjenester som gjør dine prosjekter mer effektive og bærekraftige. Våre eksperter hjelper deg å velge de mest konkurransedyktige armeringsløsningene for fremtidens bygg.

CELSA –BÆREKRAFT FRA NORGE

CELSA Steel Service produserer og selger høykvalitets armeringsprodukter og tjenester til norsk byggenæring. Våre produksjonssteder i Oslo, Drammen, Kristiansand, Bergen, Ålesund, Trondheim og Tromsø ligger nær kundene i de mest aktive og befolkede områdene i Norge.

CELSA leverer armeringsløsninger og tjenester som gjør dine prosjekter mer effektive og bærekraftige. Våre eksperter hjelper deg å velge de mest konkurransedyktige armeringsløsningene for fremtidens bygg.

CELSA –BÆREKRAFT FRA NORGE

CELSA Steel Service produserer og selger høykvalitets armeringsprodukter og tjenester til norsk byggenæring. Våre produksjonssteder i Oslo, Drammen, Kristiansand, Bergen, Ålesund, Trondheim og Tromsø ligger nær kundene i de mest aktive og befolkede områdene i Norge.

CELSA leverer armeringsløsninger og tjenester som gjør dine prosjekter mer effektive og bærekraftige. Våre eksperter hjelper deg å velge de mest konkurransedyktige armeringsløsningene for fremtidens bygg.

Ølen Apotek tilbyr:

• Reseptekspedering og rådgivning om riktig legemiddelbruk

• Salg av hudpleie, kosttilskudd og egenpleie

• Alltid gode kampanjer

• Vaksinering for private og bedrifter

• Levering til privatpersoner, bedrifter og bønder

ØLEN APOTEK

Dreganesvegen 34, 5580 Ølen

Tlf. 56 90 15 00

E-post: olen@dittapotek.no

Opningstider: man-fre 09-16, lør 10-14

Skift dekk hos oss. Vi har også dekkhotell!

Et trygt valg av bilverksted!

Vi står for riktig utført og prisgunstig verkstedsarbeid. Alt arbeid utføres med reservedeler av originalkvalitet, og selvfølgelig gjelder alle bilens garantier fortsatt når bilen har vært hos oss.

auto-pluss.no Sentralbord: 48 88 46 66

Ditt lokale Meca verksted for alle typer bil i Sandeid og Haugesund!

Meistring i kvart tak

— Eg prøver å legge vekt på at det skal vere kjekt. Samstundes skal det vere god kvalitet på det me gjer, seier Tor Kalleklev engasjert. Når det er ei tydeleg meining med det me gjer, er svømmarane meir villige til å ta seg ut fysisk.

Det er konsentrerte øyrer som lyttar når den erfarne instruktøren forklarar.
Gjennom svømming får ein allsidighet og uthaldenheit

Svømmetrenaren for Elitegruppa veit kva han snakkar om. Han er ein av mange trenarar i svømmegruppa i Ølen idrettslag. Kvar veke glir over 200 born og unge gjennom vatnet i bassenget ved Ølen skule. Svømmetilbodet som starta som eit opplæringstilbod for flyktningar på 2000-talet, er i dag blitt eit tilbod for alle frå barnehagealder til vaksne.

Det er ikkje tilbod heile året, men frå oktober til påske. Filosofien til idrettslaget er at alle skal kunne gå på alt, og då er svømmetilbodet eit godt tilbod i vinterhalvåret når fleire andre idrettar har pause.

— Medlemstala viser at eit svømmetilbod er etterspurt. Det kjem deltakarar frå Bjoa, Etne, Ølensvåg, Sandeid og Ølen, og det er veldig kjekt. I sum har kommunane eit særs breidt tilbod

innan fritidsaktivitetar og ungane får sosialisert seg på tvers av bygdene. Svømminga er eit viktig tilskot, fortel Bjørn Alvseike, leiar for svømmegruppa.

Han understrekar at dei har hatt gode folk som har gjort det mogleg.

— Tommy Nilsen, Kjersti Nøkland og Tor Kalleklev har vore sentrale i alle år, fortel han. Utan dei hadde ikkje dette vore mogleg. Men det er Tor som kan det. Me andre berre latar som, ler han.

Kalleklev har stor lidenskap for svømmesporten.

— Det å kunne svømme er først og fremst kjempeviktig. Mars månad var første gong i noregshistorien utan ei drukningsulykke, seier Kalleklev.

Tor Kalleklev og Bjørn Alvseike er særs glade for at svømming tiltrekk seg aktive unge frå heile distriktet.
Sina Nøkland kjem frå ein familie med stor interesse for svømming.

— Gjennom svømming får ein allsidighet og uthaldenheit. Ein behersker vatnet på ein heilt anna måte og blir sterk i kroppen.

Det er han eit levande bevis på. Med sine syttiåtte år, er den innflytta bergenseren i uforskamma i god form.

— Sentralbadet i Bergen vart bygd i 1960 og med det vart svømming ein stor idrett i byen. Det var internasjonale og profesjonelle trenarar, og eg byrja med ein gong svømmebassenget opna.

Etter kvart var det trening kvar dag etter skuletid. Det gav utteljing. Før han la opp som aktiv svømmar, rakk han å få lagmedalje i gull i junior-NM og senior-NM på 4 x 200m fri, samt 3. plass i juniormeisterskap på butterfly og 5. plass på seniormeisterskap.

Fram til i dag har han trent svømming kvar veke og han har fortsett å konkurrere i mastersklassen, som er nivået for «eldre» seniorar. Litt av treninga tek han i svømmebassenget til Ølen skule, som er betalinga hans for trenarjobben. Også dette bassenget har han fylgt frå byggestart.

— Då eg flytta til Ølen som nyutdanna lærar i 1973 var teikningane til dette bygget akkurat ferdig. Skulesjefen viste meg teikningane, men det tok fem år før det vart bygd.

Det som skulle bli eit lærarvikariat i eitt år, vart til eit heilt arbeidsliv og han har vore rektor i til saman tjue år i Ølen og Etne. 1. januar 2009 vart han pensjonist.

— Eg har hatt samanhengande ferie i drøyt seksten år, ler han.

Han har mykje å bruke energien på, som vaktmeister på eige hus og hytter. I tillegg er han ein av initiativtakarane bak ei treningsgruppe som med åra er blitt del av idrettslaget sitt tilbod.

— Det starta som eit nyttårsforsett om å komme i gong med jamleg trening i 1990. Me var nokre kompisar som sette oss same mål. Me starta 2. nyttårsdag i 1990 og har møtt kvarandre to gonger i veka for jogging og styrketrening etter det. No er me 12-13 stykk og me har halde på i 35 år. Ein del av suksessoppskrifta er at det er sosialt når me trener, og dette vil eg ikkje gi slepp på, smiler han.

Svømmetilbodet til born og unge, skal han heller ikkje gi slepp på med det første, og det er Sina Nøkland (18 år) nøgd med.

— Ho har vore med i så mange år at ho knuser meg i bassenget. Ho er meget god, bryt Kalleklev ut.

Jenta som no går på vidaregåande, framhevar engasjement heime og svømming som ein konkurransesport som nokre av nøklane til at ho har halde på så lenge.

— Eg starta allereie i barnehagen. Mor mi svømte aktivt som ungdom og har vore trenar. Det er ein veldig kjekk idrett og eg har konkurranseinstinkt, så det passar godt, smiler ho.

Tekst: Inga Klokkerstuen Wangensteen Foto: Kristian Risanger

Tor Kalleklev fekk sjå teikningane av svømmebassenget då han flytta til bygda i 1973. Etter det stod ferdig fem år seinare, har han vore ivrig brukar som lærar, rektor og svømmeinstruktør.

Dette er Knapphus Kjøkkensenter:

TIGNE er et konsept som leverer alt fra kjøkken, bad, garderobe og vaskerom, til ulike møbler og «interiør».

Frid er Knapphus Kjøkkensenter sitt eget merke hvor vi designer, utvikler og produserer selv.

Strai Kjøkken er en heleid norsk familiebedrift med stolte tradisjoner tilbake til 1929.

Hvorfor velge Knapphus Kjøkkensenter?

Vi har folk som vet hva de snakker om.

1.

2.

3.

Som skal gi deg gode råd og levere noe du virkelig er fornøyd med.

3 ulike kjøkken- og møbelkonsept

Vi har noe for alle, også de som ønsker å innrede hele boligen i samme stil.

Vi gjør hele jobben. Fra tegning, rivning og fjerning av det gamle, nytt gulv, nytt tak, elektrisk, rør osv. Du lager maten på stormkjøkkenet en uke, og deretter nyter du din nye investering.

4.

Knapphus: 52 76 70 70

5.

Vi er en familiebedrift

Vi gjør virkelig det aller beste for at du og dine skal oppleve «dei gode stundene». Og skulle noe ikke bli som forventet, så ordner vi opp.

Vi har stor utstilling

Det gjør det lettere for deg å se hva du ønsker og hva du ikke ønsker.

Du får en løsning du er stolt av Hele slekten og hele nabolaget gleder seg. Du kan lett ta en inngangsbillett på kr 850,- pr. person:) 6.

Avdeling Karmøy (Bygnes): 52 76 70 70

knapphus-kjokkensenter.no

Avdeling Odda: 52 76 70 70

Lokale i studentbyen Stavanger

Kvifor Stavanger?

25 000kr årleg trekk på studielånet? 1 2 3 4

Kva er planen din etter studiane?

Kva skal til for å flytte heim?

Kva tenker du om forslaget i statsbudsjettet om å gi studentar som flyttar til distriktskommunane (Etne og Vindafjord inkl.)

Aurora Aarekol 22 år

Lektor i nordisk

Grunnen til at eg valgte å studere i stavanger er fordi eg flytta fekk på vidaregående når eg var 15, og tenkte meg å flytte nærare heim. Då var det passe avstand til Stavanger, berre ein to timars køyretur heim eller gode båtmoglegheiter til Sandeid. I tillegg møtte eg sambuaren min på vidaregåande, som er frå Stavanger.

2. Etter studia er planen å jobbe nokreår i Stavanger, for å få meir erfaring og kompetanse ved større skular.

3. Planen min har heile tida vore å flytta heim igjen til Ølensvåg når eg skal etablere meg fast med familie. Når eg får familie, ska barna få vekse opp i det gode og trygge miljøet eg har hatt sjølv gjennom oppveksten. I tillegg håper eg at når eg er ferdigutdanna er det jobb å få, med gode arbeidsplassaer, som passar i feltet eg utdannar meg til! I tillegg hjelper det at typen har blitt veldig glad i Ølensvåg!

4. Syns forslaget om å kutte ned på studielånet er eit stort pluss! Iallefall når eg hadde tenkt meg heim igjen i utgangspunktet! Også er det jo eit godt pluss, med tanke på at etter masteren så sit eg igjen med ein del hundre tusen i studielån.

Petter Hus 24 år

Bachelor i barnevernspedagogikk, UiS

1. Det virka som ein spanande by som hadde gode tilbod for studentar.

2. Det står mellom å byrje i jobb eller begynne på masterstudie.

3. Eg har ikkje tenkt så mykje over det men det forslaget i statsbudsjettet hjelper på.

4. Det er et bra tilbod som vil hjelpe mange og returnere til heimstaden og kan føre til bra vekst innan samfunnet.

Jane Hustoft 20 år

Sosionom

1. Ein for det er nærme, to for det er passeleg stor by, og tre alt er veldig samla. Ting er veldig sentralt.

2. Eg skal iallefall ikkje heim med ein gang. Eg må oppleve litt kulare ting enn det Etne og Vindafjord har å by på. Jobbmessig får eg oppleve meir unaturlege situasjonar her enn i Etne og Vindafjord. Det blir noko heilt anna, det er to heilt forskjellige miljø. Det er kontrasten bygd og by.

3. At eg får eit bra jobbtilbod. Og at sosionomar i Etne og Vindafjord ikkje berre jobbar på NAV, men at dei får tilbod ander plasser. Litt breiare jobbtilbod.

4. Det er jo bra. Eg trur absolutt at det kan få folk til å flytte heim. Men det er ikkje på grunn av det at eg flyttar, men det hjelper. Det er eit bra forslag. Og eg trur det kan fungere i mange kommunar, inkludert Etne og Vindafjord.

Marius Matre Stople 20 år

Markedsføring ved

Handelshøyskolen BI

1. Eg valde Stavanger fordi det er ein spanande og framoverlent by med mange moglegheiter, både innan studiar, arbeidsliv og sosiale aktivitetar. Byen har eit rikt næringsliv, og eg likar at det er kort veg mellom studentmiljø, natur og sentrum. I tillegg er det ikkje altfor langt frå heime, noko som gjer at eg kan kombinere bylivet med nærleik til vener og familie.

2. Etter studia ønskjer eg å sjå kva moglegheiter som opnar seg. Eg held dørene opne både for å bli verande i Stavanger, men og for å flytte heim til Ølen. Det finst mange spennande jobbar innan marknadsføring her i byen, men eg veit og at det i Ølen og Vindafjord er ein rekke interessantebedrifter og arbeidsplassar der eg kunne ha jobba. Det viktigaste for meg er å finne ein jobb der eg kan bruke det eg har lært, og samtidig kjenne på ei viss meining med arbeidet.

3. For min del skal det eigentleg ikkje så mykje til, sidan eg trivst veldig godt i Ølen og kjenner at det er her eg høyrer til. Men for at fleire unge skal ønskje å flytte heim etter studia, meiner eg at kommunane må bli flinkare til å aktivisere ungdommen frå tidleg av.

Foreldra og besteforeldra våre snakkar ofte om kor kjekt dei hadde det då dei drog på dans i ungdomstida, kvifor er det ikkje fleire som satsar på slike tiltak no? Me ser jo at når det først skjer noko, som jule- og påskequiz, så dukkar det opp folk i alle aldrar. Og Old River Saloon i Etne er eit godt døme på ein plass der ungdom faktisk møtest for å ha det kjekt i helgene.

Eg meiner kommunane burde støtte opp om slike sosiale møteplassar, og gjerne blåse liv i den gamle «dansetradisjonen». I tillegg er det viktig å oppretthalde og styrke dei ulike kollektivtilboda. Ei sak som ikkje gjeld meg, men fleire vener er hurtigbåten mellom Ølen og Bergen. Når slike tilbod blir redusert eller lagt ned blir det både dyrare og vanskelegare for folk å reise heim. Dette kan føre til at fleire blir verande i byane i staden for å vende tilbake til heimkommunen i feriar eller helger.

4. Eg synest dette er eit godt forslag, og eit konkret tiltak som kan motivera fleire til å flytte heim etter studietida. Det viser at distriktskommunane blir verdsett, og at det faktisk er ei vilje til å satse på oss unge.

Taletta Reimers 22 år

Økonomi og administrasjon ved Handelshøyskulen BI

1. Stavanger vart eit naturleg val for meg sidan eg allereie hadde budd her i nokre år då eg gjekk på vidaregåande. Eg har alltid føretrekt Stavanger, det er ein koseleg by som tilbyr eit godt studentmiljø utan at det blir for stort.

2. Eg har fått meg jobb som økonomikonsulent i eit rekneskapsfirma som heiter View Group. I august byrjar eg i fast stilling på kontoret deira i Stavanger. Etter nokre år i arbeidslivet planlegg eg å byggje vidare på utdanninga mi med ei mastergrad.

3. Det kjem nok litt an på livssituasjonen eg står i når det blir aktuelt. Per i dag ser eg ikkje føre meg å flytte heim til Bjoa med det første. Spesielt sidan eg har fått meg jobb og planlegg å utdanne meg vidare. Om eg skulle flytte heim når eg blir eldre, må politikken kommunen vår fører endrast drastisk. Vindafjord sine politikarar har dei siste åra snudd ryggen til dei små bygdene som er med på å halde kommunen i live. Det å til dømes betale ein eigedomsskatt som er over gjennomsnittet i ein kommune der dei ikkje eingong har eit tilstrekkeleg tilbod for skulegang til born, er slik det står i dag, heilt uaktuelt. Sjølv om eg skulle ønskje å flytte tilbake ein dag, gjer politikarane det stadig mindre attraktivt å flytte til kommunen.

At Vindafjord har vald å leggje ned mellom anna Bjoa barneskule, er den største årsaka til at eg ikkje ønskjer å flytte heim. Kvifor skal eg betale skatt til ein kommune som heilt tydeleg ikkje høyrer på miog fleire andre sine stemmer? Skulen er no nedlagt utan ein plan for korleis dette skal løysast. Alt me får høyre, er at elevane skal flyttast til Ølen og Ølensvåg – når det er vist fleire gonger at desse skulane så vidt har ressursar til å ivareta dei elevane som allereie går der.

4. Tanken er god, men det verkar som å putte gaffateip på ein øydelagt demning. Kvifor skal staten bidra til at unge menneske flyttar til kommunane når kommunen sjølv fører politikk som ikkje berre hindrar folk i å flytte til Vindafjord, men òg driv ut dei som allereie bur der?

Reduksjon i eigedomsskatt, reversering av skulenedleggingar og fokus på fritidstilbod for barn og unge er langt meir effektive tiltak enn å tilby årleg trekk i studielånet.

læreplass

Last ned Finnfag-appen i

AppStore eller Google Play for å registrere deg og motta varslar om aktuelle stillingar.

Bli sett

Synleggjer bedrifter og arbeidsplassar

• Ny E134

• Meir næringsareal

• Forenkla byråkrati

• Betre kommune- og fylkesvegar

• Samhandling skule og næringsliv

• Utarbeiding av lokalt havneforvaltningsprosjekt «Gul stripe»

Bli høyrt

Bedriftene sitt talerøyr

• Gir ut næringsmagasinet Tempo

• Arrangerer møteplass for lokale bedrifter og jobbsøkarar i 5 byar

• Arrangerer møteplass for bedrifter og jobbsøkarar i Etne og Vindafjord koplar bedrifter og jobbsøkarar

Bli med Faglege nettverk og møteplassar

• NæringsGIV på Olalia

• Bransjekoordinator

• Fagseminar

• L.Ærling – for lærebedrifter

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.