__MAIN_TEXT__
feature-image

Page 1

Magasinet om ĂĽ jobba og bu i Etne og Vindafjord

4

Trainee i Arriva Shipping Med verda som marknad

24 18

Portrettet Kari Aakra


4 11

14

31

d vi n

Fo to :

Øy

24

Sæ tre

18

INNHALD

2

2 • 2019

2

Innhald

11

Blømer i næringshagane

24

Med verda som marknad

3

Leiar

14

Enquete Medvind

31

Livet i strandkanten

4

Trainee i Arriva Shipping

18

Portrett: Kari Aakra

34

Kortnytt


Fleire bedrifter i distriktet har over tid halde jamnt høgt trykk på rekruttering av ny arbeidskraft.

Magasinet om å jobba og bu i Etne og Vindafjord

ve

Ansvarleg utgjevar:

it

Fikse Næringsforening

foto: Fotogra

fN

or

dt

Utgåve nr 2 2019

Asbjørn Moe Fikse Næringsforening

Ansvarleg redaktør: Asbjørn Moe Redaksjon: Asbjørn Moe, Fikse Næringsforening Astrid E. Hjelmeland, Omega Design Judith Sørhus Litlehamar, Omega Design

Eit næringsliv i Medvind treng flinke folk

Maria Djuve Vågen, Omega Design Elin Sørheim, Omega Design Formgjeving: Omega Design

Å starta og driva små og store bedrifter kan bety både store gleder og bekymringar, anten det siste er renta som går opp eller oljepris som går ned. Sjølv om vårt næringsliv i Etne og Vindafjord er litt meir stabilt og har ei armlengdes avstand til sentrum av dei største opp- og nedturane, blir me også her påvirka av ustabilitet og svingingar i nasjonal og internasjonal økonomi. Ser me oss eit par år og litt meir tilbake var uroen og usikkerheten i næringslivet relativt stor også her lokalt. Det var tilsettingsstopp, folk mista jobben og nokre flytta for å finna arbeid andre plassar.

Foto:

Nå har vinden snudd frå mot- til med- i næringslivet og fleire av bedriftene som i ein periode opplevde kunde- og oppdragstørke, har nå høgare omsetning, betre resultat og fleire tilsette enn nokon gong. Bedriftene har brukt trange tider til å trimma organisasjonen, utvikla nye produkt og etablert seg hos nye kunder og i nye marknadar, noko som gir grunn til å tru at ein har kome styrka ut av dette.

Opplag:

Fleire bedrifter i distriktet har over tid halde jamnt høgt trykk på rekruttering av ny arbeidskraft, noko som gjer oss til ein enno meir attraktiv plass å jobba og bu. Faktisk har me så mange interessante arbeidsplassar at me har netto innpendling av arbeidskraft frå nabokommunane og inn til vårt distrikt. Det er ganske uvanleg for distriktskommunar. For blant anna å bidra til nyetableringar og ettervekst bak dei store lokomotiva i næringslivet, har ein etablert Medvind Næringshage som ein plass å samlokalisera bedrifter, og bidra til vekst og utvikling av desse. Etter opning av nyaste avdeling i Etne, har næringshagen nå fysiske lokaliseringar i avdelingar i Etne og Sandeid, og hovudsete i Ølensvåg. Her blir det skapt meirverdiar i møtet mellom små nyetablerte bedrifter, avdelingar, og lokal kompetanse i bedrifter utanfor distriktet, med heimekontor i næringshagen. Dette er godt nytt for vidare utvikling og fornying av næringslivet.

Svein Egil Økland Foto Elin Sørheim, Omega Design Framsidefoto: Svein Egil Økland Foto

6 000 Trykkeri: Haugesund Bok & Offset Magasinet blir fulldistribuert i kommunane til bedrifter i Etne og Vindafjord.Elles på messer i Haugesund, Stavanger, Bergen, Trondheim og Oslo og strategiske stader i distriktet.

God lesning! Hovudsa ma rbeidspa rtna r

2 • 2019

3


Yrkesval og utdanning

SKAL SKAPE FLYT I BEDRIFTA Logistikk og supply management er viktigare enn nokon gong, ikkje minst sidan verda stadig blir meir globalisert og kompleks, seier Mari Klokkerstuen Kjellesvik (24). Logistikkstudenten er no godt i gang med sin trainee-periode i Arriva Shipping.

Perioden skal resultere i ei oppgåve der eg ser på kor mange skip bedrifta bør eige, og kor mange dei bør leige. Mari Klokkerstuen Kjellesvik

4

2 • 2019

Mari Klokkerstuen Kjellesvik kjem frå Etne, ho studerer no til master i logistikk og supply chain management i Århus i Danmark. Internshipet i Arriva Shipping utgjer 15 studiepoeng og er ein del av utdanninga hennar. Som bakgrunn har ho språkfag frå Universitetet i Bergen og ein bachelorgrad i økonomi og administrasjon frå Høgskolen i Bergen. – Eg ser jo at eg har nytte av utdanninga mi her, men likevel er overgangen til arbeidslivet stor. Eg kan ikkje lese meg opp til denne jobben, eg må lære undervegs, det er først ute i jobb ein ser korleis ting faktisk blir gjort, fortel Mari og legg vekt på at logistikk og supply chain management i det store og heile handlar om å skape flyt på arbeidsplassen, alt heng saman med alt, og det er mange detaljar som skal passe inn i kvardagen. Tre månadar skal ho vere trainee i Arriva Shipping. Her skal ho ta del i alle

prosessar, frå planlegging til analysearbeid og sjå korleis det praktiske logistikkarbeidet blir utført. – Perioden skal resultere i ei oppgåve der eg ser på kor mange skip bedrifta bør eige, og kor mange dei bør leige. Det er ei stor oppgåve, og mange faktorar som speler inn, så det blir spanande, fortel Mari. No i byrjinga handlar mykje om å få oversikt over kundar og korleis selskapet arbeider, både nasjonalt og internasjonalt. Arriva Shipping eige seks frakteskip i reiarlaget, i tillegg leiger dei inn åtte frakteskip. Fram til 2013 heitte selskapet Sandfrakt, i dag fraktar dei mykje meir enn sand, både tømmer og industrivarer som kol og gips er store import- og eksportvarer. Arriva Shipping har om lag 130 tilsette. Tidlegare i år kom også nyhenda om at dei har bestilt eit nytt skip som skal byggjast i Kina med levering


CV Mari Klokkerstuen Kjellesvik Sivil Status: Kjærast Utdanning: MSc in Logistics and Supply Chain Management v/ Århus Universitet 2018-2020 Bachelor i Økonomi og Administrasjon med fordjuping i logistikk v/ Høgskulen på Vestlandet, avdeling Bergen 2015-2018 Årsstudium i tysk v/ Universitetet i Bergen 2015-2016 Erfaring: Internship hos Arriva Shipping September 2019-November 2019 Markedsføringsmedarbeider og kundebehandlar hos Clearhaus August 2018-juli 2019 Resepsjonist v/ One Subsea Horsøy 2016 (sommarjobb) Guide på tysk, norsk og engelsk v/ Det Hanseatiske Museum i Bergen 2015 (sommarjobb) Fylkestingsmedlem og fylkesutvalsmedlem v/Hordaland Fylkesting 2015-2019 Leiar i AUF i Hordaland 2015-2016

Mari Klokkerstuen Kjellesvik er no i gang med internshipet i Arriva Shipping.

2 • 2019

5


Yrkesval og utdanning

Trainee-perioden til Mari skal avsluttast med ei oppgåve der ho kartlegg kor mange skip Arriva skal eige, og kor mange dei skal leige. Her er ho saman med Odd Tore Sønstabø og dagleg leiar Sindre Matre.

Då Mari kontakta oss om dette, syns eg det høyrdes kjempespanande ut. Sindre Matre, Dagleg leiar Arriva Shipping

første eller andre kvartal 2021. Dagleg leiar Sindre Matre meiner trainee-perioden er nyttig både for bedrifta og for Mari. – Då Mari kontakta oss om dette, syns eg det høyrdes kjempespanande ut. Me hadde nokre samtalar og fann ut at dette må me prøve å få til. Det er jo også ei interessant problemstilling ho tar opp i oppgåva si, slår Sindre Matre fast. – Dei siste åra har me opplevd ein vekst, sjølv om talet på frakteskip me eig er vorten færre dei siste åra, blant anna på grunn av auka bruk av innleigd tonnasje. Dermed skal det bli ekstra spanande å sjå kva Mari finn ut, om kor balansepunktet finst og kor mykje det eigentleg er å spare på dette, seier Matre og viser til at færre skip også gir ei lettare og meir oversiktleg drift. – Ikkje minst slepp ein unna vedlikehald, reparasjonar og andre finanskostnadar på skipet, så det er eit interessant reknestykke. – Det er spanande å få prøve arbeidslivet, ein kan sitje så lenge ein vil på skulebenken og lære seg verktøya ein treng, men det er her, ute i arbeidskvardagen ein får prøve det ut.

6

2 • 2019

Økonomiutdanninga er også god å ha med seg, ikkje minst når ein skal gå gjennom avtalar og kontraktar for å sjå om alt er som det skal vere. Det handlar mykje om kostnadar og analysar der ein må brekke ned tala og forstå dei, fortel Mari. Shipping og internasjonalt farvatn har alltid interessert 24-åringen, som etter at utdanninga er ferdig håpar å få ein jobb heime på Vestlandet, og aller helst i nærleiken av heimstaden Etne. Vestlendingen er sterk i henne, samstundes som ho håpar å kunne jobbe med internasjonalt perspektiv. – Eg har alltid vore interessert i shipping, eg likar det puslespelet som utspinn seg her, alle risikofaktorane ein må ta omsyn til. Her er det ingenting som er A4 eller rett fram, det fascinerer meg. Mari fortel at det også i denne bransjen er auka fokus på kostnadseffektivitet, ting må gå fortare og koste mindre. – Det er klart det også her i framtida kan vere aktuelt at våre oppgåver også blir digitaliserte. Men enn så lenge trur eg det trengs folk for å ta avgjerslene, ein må sjå dei store linjene og samanhengande, då må ein også forstå dei


Odd Tore Sønstabø viser Mari rundt på skipet «Norvind» som denne dagen ligg til kai i Sauda for å laste «slagg» hjå Arriva sin kunde, Eramet Norway Sauda.

menneskelege ressursane til dømes. Forsyningskjeden skal vere kostnadseffektiv, men også stabil. Ho understrekar at ein må få dei varene ein treng til den tid ein skal og den kvalitet ein treng. Marginane er små, og det er viktig å kunne avdekke dei flaskehalsane som får ting til å stoppe opp, og der dei store kostnadsdrivarane ligg. – I dag kan du ha leverandørane dine i Kina, fabrikken i Polen og kundane i Noreg. Det handlar om å skape flyt i bedrifta og god oversikt over alt som går inn og ut, seier Mari. Sindre Matre er klar på at å ha ein trainee kan vere spanande som rekrutteringstiltak, også ved seinare høve. Han meiner bedrifta treng folk med rett kompetanse i åra som kjem, og er overbevist om at ei av dei enklaste gruppene å rekruttere er dei som allereie har band til regionen, og som ynskjer å busetje seg her. Mari er truleg midt i denne målgruppa, ho leverer masteroppgåva 1. juni, ei oppgåve ho i løpet av sommaren skal forsvare. Til hausten er ho klar for nye oppgåver, då i arbeidslivet. Med eit utvekslingsår i Tyskland, og no studiar i Danmark i bagasjen vitnar det om ei sterk glede av å kunne vere ein del av det internasjonale samfunnet. Samstundes er ho aktiv Ap-politikar, og ynskjer å kunne engasjere seg i

Her er det ingenting som er A4 eller rett fram, det fascinerer meg. Mari Klokkerstuen Kjellesvik

den nasjonale og lokale samfunnsdebatten. – Verda blir stadig meir globalisert, avstandane mellom oss blir kortare, og verdsbiletet meir komplekst. Då blir også logistikk og supply chain management som fag viktigare, det har aldri vore fleire studentar som fordjupar seg i logistikk enn no, det fortel ein del, meiner Mari. Ho vedgår gjerne at ho ofte er den i vennegjengen som organiserer hytteturar og handlar inn. – Eg likar system, lister og å fikse ting, det er heilt sant. Det heng nok saman alt dette, seier ho og ler. Tekst: Judith Sørhus Litlehamar Foto: Økland Foto

2 • 2019

7


Hos Vindafjord trafikkopplæring setter vi eleven i fokus. Effektiv opplæring gir fornuftige priser. Vi tilbyr opplæring i de fleste klasser. Omega Design Foto: Økland Foto

Vi har kontorer i Ølen, Skjold og Haugesund, men henter deg der du vil.

Bestill opplæring:

Tlf. 482 24 453 - www.vindatraf.no

Stort utval til heile familien. Velkomen til oss!

! E E L N L T E A R N E O K F K I O T K O N R FK BU A ME H Landbruk, hus, hobby, hage, kjæledyr, jakt, leiker og mykje meir...

FK ETNE

TLF. 53 77 11 30 Opningstider: Mandag - fredag: 0800-1800 laurdag: 0900-1500


Omega Design / Foto: Istoria Omega Design / Foto: Istoria

Bli en

del av

e ia r

Ko

er

is k

d

Nina Kristin Haugen m o t ol og

Grualtatsjoisns-

Vi ønsker å styrke teamet vårt med flere medarbeidere innen områder som:

kons

• Arkitekt- og ingeniørtjenester • Areal- og samfunnsplanlegging  • Nettsider og applikasjoner • Programvareutvikling  • Grafisk design, logo og markedsføring • Innhold- og kommunikasjonsarbeid • Regnskap  • Administrasjon  • Subsea og marine operasjoner  • HMS, KS og risiko  • Prosjektstyring og prosjektkontroll • Dokumentkontroll • IT-ledelse Omega Design

• Konstruksjon • Mekanisk ferdigstillelse og idriftsettelse • Operasjoner og vedlikehold

tisk

sj uk

pl

e sm

Vi er over 1400 medarbeidere som jobber for at kundene våre skal få gjennomført sine prosjekter på en effektiv måte. Vi leverer programvare, konsulenttjenester og produkter til en rekke ulike bransjer, og opplever nå vekst i Norge og internasjonalt. Våre leveranser er basert på lokal tilstedeværelse og global rekkevidde fra våre 15 avdelingskontor verden over. Hovedkontoret vårt er i Ølensvåg.

e

teamet

time

Hei Treng du hjelp til å ta vare på huden din? Bestill ein gratis konsultasjonstime hjå meg, der du får rettleiing om dei beste produkta og behandlingane. Informasjon om prisar og behandlingar finn du på www.etnehudhelseklinikk.no Følg meg gjerne på Instagram og Facebook.

Klem Nina

Kosmetisk dermatologisk sjukepleiar

• Læreplasser i kontor og administrasjon, IKT

mob 911 13 304 • hei@ninakristinhaugen.no Etne Hudhelseklinikk, Haugen, Etne

omega.no Big enough to deliver - small enough to care

etnehudhelseklinikk.no


Flytt innovasjonen opp på taket

Ofte foregår omstilling og innovasjon i det stille og ute av syne. Gjennom Solkraft fra Haugaland Kraft forstår flere og flere bedrifter at de har et konkurransefortrinn de ikke har tenkt på, fordi det er nesten banalt — de eier store tak. Grønt og lønnsomt Det finnes vel knapt et synligere bevis på innovasjon og bærekraft enn solcellepaneler på taket. Det er i seg selv attraktivt for bedrifter, som i årevis har lurt på hva de skal gjøre for å oppfylle kriteriet «innovasjon» i strategidokumentet sitt.

Og når private boliger kan dekke opptil 20 % av strømforbruket sitt med solcelleteknologi, vet vi at potensialet i store næringsbygg er enormt. Mange bekker små Så redder vi ikke klimaet ved at en enkelt bedrift installerer solcellepaneler. Men på samme vis som med vannkraft, gjelder prinsippet «mange bekker små» også her. Jo flere solcelleanlegg, jo lavere belastning på nettet, og det reduserer behovet for både tapping av vannmagasiner og import av strøm.

Les mer om Solkraft fra Haugaland Kraft på hkraft.no/solkraft

For bedriftene selv fører det til lavere strømkostnader og en grønnere profil. I Haugaland Kraft er troen på solcelleteknologi styrket. Gode resultater i egne bygg og hos kunder betyr at en bærekraftig energifremtid er i sikte. Vestlandet er i alle fall hektet på solkraft.


VEKST I NÆRINGSHAGEN

Thomas Rullestad og Anders Mæland i Brødrene Mæland og Ingrid Anette Børretzen Pedersen frå AF-gruppen er glade for å vera del av ein næringshage.

2 • 2019

11


Medvind-lokala i Etne vart offisielt opna i august, og Merete Vårvik Matre, dagleg leiar i Medvind Næringshage (t.v) fortel at det har blitt veldig godt mottatt både av næringslivet, kommunen og fylkeskommunen. Her frå opningsdagen saman med Thomas Rullestad, Brødrene Mæland, Erling Åsheim, SpareBank 1 SR-Bank og Asbjørn Moe i Fikse Næringsforening.

Anders Mæland oppmodar Etnesbuen til å kasta seg rundt og skaffa seg eit kontor i Medvind si nye avdeling i Etne.

Me ser at aktivitet fremmar aktivitet. Merete Vårvik Matre, Dagleg leiar i Medvind Næringshage

Sjølv var dei raskt ute med å kapra seg eit kontor i dei nye lokala som held til i lokala til Etne Sparebank midt i Etne sentrum. – Me hadde kontor på Meieriet tidlegare, men då dei starta oppussinga der flytta me inn på loftet her i februar, fortel Anders Mæland. Brødrene Anders og Ole Eirik Mæland er begge er utdanna tømrarar og for ganske nøyaktig 10 år sidan starta dei å samarbeide med kvar sitt enkeltpersonsføretak. Då leigde dei seg ut som kontraktørar til Berge Sag i starten, men etterkvart vart det meir og meir private oppdrag. Då såg dei nytten av å spesialisera seg innan betong og å kunna gjera heile jobben sjølv og i 2013 vart dei eit AS. – For oss har det å få kontorplass her vore veldig positivt. Me kjem ofte i prat med folk som er innom her av ein eller anna grunn, fortel Mæland. Dei har blitt kjende med bedrifter som held til i næringshagen i Ølen og dei tenker at det er ein god synergieffekt av å dele kontorlandskap på denne måten. – Reint økonomisk er det jo og ein fordel seier Anders. Desse kontorlokala er billige å leige. Medvind lokala vart offisielt opna i august, då var alt ferdig oppussa med nye møbler på plass og dagleg leiar i næringshagen Merete Vårvik Matre er

12

2 • 2019

godt nøgd så langt. – Det har blitt veldig godt mottatt både av næringslivet, kommunen og fylkeskommunen, fortel Vårvik Matre. Ho meiner at Hordaland fylkeskommune viser stor interesse etter samanslåinga til Vestland. Dei er ekstra på vakt i forhold til utkantkommunane no og bidrar med økonomisk støtte. Til nå er det 6 bedrifter som er på plass i dei nye lokala i Etne, men det er plass til fleire. Det optimale er å få ein jamn aktivitet på huset og å skapa eit godt og sosialt arbeidsmiljø. – Me ønskjer å skapa ein møteplass, og er det andre bedrifter som ønskjer å bruka eit møterom hjå oss er dei velkomne til det. Me ser at aktivitet fremmar aktivitet, seier Vårvik Matre. I dag tilbyr Medvind Næringshage kontorlandskap i Ølensvåg, Sandeid og Etne. Nå som Medvind og Næringsforeining samarbeider i Etne ønskje dei å vera ein naturleg plass å koma for bedrifter i oppstartsfasen, men og større bedrifter i vekst som kanskje er i ein krevjande periode. – Ei viktig oppgåve for Medvind er å ha tilgang til eit stort og sterkt nettverk der me gjer vårt beste for å kobla aktørar, ha opne dører og bidra til å skape synergi og moglegheiter. Og då er utvidinga til Etne


Reint økonomisk er det jo og ein fordel Anders Mæland, Dagleg leiar Brødrene Mæland

Det er positivt for bedrifter å vera del av ein næringshage meiner Thomas Rullestad (t.v) og dagleg leiar i Brødrene Mæland, Anders Mæland.

også ei god utviding av vårt nettverk, fortel Vårvik Matre. I tillegg er dette eit tilbod som har mangla i Etne i dag, noko dei nå har fått bekrefta gjennom positiv mottaking frå både bedrifter og kommune. Levande og rause kontorfellesskap er hovudmålet med Medvind sine næringsklynger, og det verkar best når ein er tett på, kort avstand til heim og er for mange eit betre alternativ til heimekontor eller pendling. – Næringshagene er først og fremst virkemiddel for distrikta, og då ser me viktigheita av å vera tett på og ute i dei ulike bygdene, legg Vårvik Matre til. Medvind tilbyr både pendlarplassar til sporadisk bruk og faste kontorplassar for dei som ønskjer det. Er ein pendlar har ein ikkje nødvendigvis same plassen kvar gong, men i tillegg har dei tilgjengeleg skrivar, wifi og møterom. Ein pendlarplass kostar berre 1050 kroner i månaden. – Me ønskjer at terskelen skal vera låg for å skaffa seg ein kontorplass, fortel Vårvik Matre. – Etne Senterprati gjekk til val på å tilby gründer tre månadar gratis kontorplass hjå Medvind, så dette er ei ordning me gler oss til å komme i gong

med. I tillegg er Ølen, Sandeid og Etne del av ein felles arbeidsmarknad, med felles arbeidskultur og felles utfordringar, og her håpar me å kunne vere ein bidragsytar og ressurs på tvers av bygdegrenser, kommunegrenser og fylkesgrenser, avsluttar Vårvik Matre. Anders Mæland vil ikkje berre anbefala andre bedrifter å skaffa seg kontor i næringshagen. Han meiner at det ikkje er nokon grunn til å sitje på gjerdet å vente, her er det berre å hiva seg rundt. –Det er jo litt typisk at ein ventar for lenge. Det er ikkje uavgrensa med kontor her så det er nok lurt å skaffa seg eit før det vert fullt, avsluttar Mæland. Tekst: Elin Sørheim Foto: Elin Sørheim / Maria Djuve Vågen

Medvind Ølensvåg Kai Hansen Trykkeri Nordbohus Haugaland Omega Hus Legria AktiMed Tveit Regnskap Oland Medvind Næringshage Vindafjord Arbeidsgiverforum Skånevik Ølen Kraftlag Vinnarskalle Vindafjord Tomteselskap Roa Tomteselskap Fikse Næringsforening Økland Foto Deloitte Haugaland Bygg & Betong DAP Solution PF Consulting Haugaland Opplæringskontor Chainco Tveit Maskin Infoskjermen Etne Sparebank Bokn Tomteselskap Instruo Berge Sag Statens Vegvesen Ølen Handel Medvind Sandeid AdmMit BioVind Appex Lærdal Maskin Riggutdanning Daikin Nor-Log Gruppen/Suldal Transport 3D Consulting Odda Boligutleie SeaTank Chartering Medvind Etne Brødrene Mæland Eurojuris Fikse Næringsforening Medvind Næringshage Eiendomsmegler A AF Gruppen Statens Vegvesen


FOLK I MEDVIND 1. Kvifor vel dykkar bedrift å ha kontor i ein næringshage? 2. Har de merka ein effekt av å vere her fram til nå?

Tore Solberg, Appex Medvind Sandeid

Morten Lærdal, Lærdal Maskin Medvind Sandeid

Øyvind Oland, Oland AS Medvind Ølensvåg

1. Eg kjem frå Sandeid og har ho-

1. Alternativet ville vore å ha

1. Alternativet for meg er heime-

2.

2. Ja, kan stikke innom i dørene til dei andre og få råd. Bruker fleire av de andre her som leverandørar. Mange utanfor bygda kjenner til miljøet her og det styrker mitt omdømme.

vudarbeidsplass i Haugesund, men brukar kontoret her i Sandeid nokre dagar for å sleppa reising kvar dag, men og for å komma nærar kundar i distriktet.

2. Ja, med å ha kontor her kjem me

tettare på kundar og potensielle kundar.

Svein Egil Økland, Økland Foto Medvind Ølensvåg

Torleiv Åreskjold, Inforskjermen Medvind Ølensvåg

1. Me har opna kontor her i Etne

1. For meg var det heilt avgjerande

1. Det er to viktige grunnar for oss.

2. Ja absolutt! Me ser positive

ringverknadar allereie etter berre tre månadar. Både i forhold til samarbeid med Medvind og det å kunne snakka med dei andre bedriftene her på huset. Me held og på å planlegge juridiske kurs her lokalt i samarbeid med Fikse Næringsforeining. 2 • 2019

For vår del trur eg ikkje at det har generert noko så langt men me har funne tenestar hos andre bedrifter innan næringsklynga t.d. med trykking av reklame.

kontor, det blir litt vel stusseleg og veldig lite effektivt.

Ove Kahrs Wangensteen, Eurojuris Medvind Etne fordi me ser at det skjer utruleg mykje spanande på indre Haugalandet som me vil ta del i. Me har og eit inntrykk av at befolkninga her er opptatt av å handla lokalt og me håpar på at det å vera til stades i bygda vil senke terskelen for å ta kontakt med oss og at me kan komma inn tidlegare i prosessen.

14

heimekontor, det er jo billigare men mindre profesjonelt. Her har me det me treng, møterom, skrivar og i tillegg kjem me i kontakt med andre bedrifter.

for å starte opp at eg kunne driva firmaet mitt i ein næringshage, og då Medvind i Ølensvåg. Her har eg sosial omgang med andre og kan få gode innspel på mine tenester og produkt. Å sitje heime på eit kontor hadde ikkje passa meg. Eg er vel litt sosialt anlagt.

2. Ja eg har fått både direkte og indirekte oppdrag frå bedrifter i Medvind av å vere her. Og så kjem eg mykje nærare næringslivet i Vindafjord. Eg blir lettare kjent, og får snakka med fleire.

Det eine er at det er gode fasilitetar her med mellom anna fine og reine kontor, møterom og kaffimaskin. Den andre grunnen er nettverket og miljøet me er ein del av. Det er fint at me er så mange som held til her i hagen. Alternativet for oss ville vore enten heimekontor eller eit lokale leigd for oss to i bedrifta som held til her, dette er mykje meir sosialt.

2. Ja, me ser at me knyttar kontaktar og utvidar nettverket sidan me blir kjend med andre bedrifter og kundar her. Det er og positivt for oss at me kan ta del i kurs og andre ressursar som næringhagen tilbyr.


• MEKTIGE OG SPENSTIGE NATUROPPLEVINGAR • TRYGG OG GOD OPPVEKST • RIKT KULTURLIV • NÆRINGSLIV I VEKST

Etne kommune

SKÅNEVIK BLUESFESTIVAL

FOTO: LARS GUNLEIKSRUD

SKAKKESENTERET

FOTO: SONJA FRAFJORD

ETNE OMSORGSSENTER

FOTO: SONJA FRAFJORD

SKÅNEVIK

FOTO: ROAR BÆVRE

FUGL FØNIX HOTEL, ETNE

FOTO: SONJA FRAFJORD

VIA FERRATA, FJÆRA

FOTO: ÅKRAFJORDEN NATURE B&B

Etne kommune er omringa av flott og variert natur og ligg sør i Hordaland fylke. Kommunen grensar til Kvinnherad, Odda, Suldal, Vindafjord og Sauda, der dei tre siste ligg i Rogaland. Dei fleste innbyggjarane bur rundt tettstadane Etne og Skånevik. Kommunen er eit godt utgangspunkt for å nå stader som Haugesund, Bergen, øyriket i Sunnhordland, Hardangerfjorden og Ryfylkefjordane.

ETNE KOMMUNE

Sjoarvegen 2, 5590 Etne Tlf. 53 75 80 00 post@etne.kommune.no • www.etne.kommune.no

I Etne kommune kan du busetje deg i landlege omgjevnader med det du treng av butikkar og andre servicetilbod i nærleiken. Det er gode og velorganiserte kommunale tenester for innbyggjarane. Etne kommune har eit stort mangfald i lokalsamfunnet, der livskvalitet for alle står i sentrum. VELKOMMEN!

TURISTINFORMASJON:

Fugl Fønix Hotel tlf. 53 77 14 40 Åkrafjordtunet tlf. 53 77 14 80 Skånevik Fjordhotell tlf. 53 77 07 00


TSAL FABRIKKU 6 n-tors 10-1

ma lau 11-14 fre 10-17 :

Har du sett oss på Eventyrlig Oppussing på TV3? Interiørdesignar Halvor Bakke stylar sjølvsagt med skinn frå oss. Vi er Norges einaste garveri - og du finn oss i Ølensvåg! Saueskinn • Reinsdyrskinn • Hjorteskinn Elgskinn • Rådyrskinn • Lær • Møbelhud

Omega Design • Foto: Eventyrlig Oppussing, TV3

100 % naturleg - kvalitet sidan 1951

Bjoavegen 187 : 5582 Ølensvåg Tlf 52 76 50 00 : granberggarveri.no


Etne Sparebank inviterer til

sparekveld Torsdag 24. oktober kl. 19.00 - 21.00

Å forvalta verdiar rett er viktig.

Denne kvelden set me fokus på korleis du kan forvalta dine økonomiske verdiar på beste måte.

Program:

• Etne Heimdal - Kvifor Heimdal? • Pensjon - Kva får ég? • Heimdalfondene - Presentasjon av Heimdalfondene

- Ikkje alt veks av seg sjølv...

Informasjon om arrangementet: Når: Torsdag 24. oktober, kl. 19.00 - 21.00 Kor: Litlesalen Skakke Påmelding: post@etne-sparebank.no eller telefon 53 77 15 00 innan 21. oktober

- med heile vegen

Vinnarskalle.no

Ved spørsmål kontakt Mats Østenstad på mats@etne-sparebank.no eller 53 77 15 00


Det var rett på pc og telefon i hytta mellom sankeøktene - 4G kom svært godt med. Kari Aakra

18

2 • 2019


PORTRETT Kari Aakra er også bonde, sjølv om ho gir mykje av æra for drifta til faren og broren.

Kari i vinden Kari Aakra (35) trivst best når det kokar rundt henne. Skal ho slappe av bakar ho kanelbollar, gjerne mange i slengen.

I følgje ein presentasjon hjå den tidlegare arbeidsgivaren Medvind24 produserer faktisk Kari om lag 750 kanelbollar i året. Noko som både familie, venner og kollegar kan gle seg over, det går nemleg gjetord om gjærbaksten til Kari. – Det er min yoga det, å bake. Då roar eg det heilt ned, og ein god deig kan vere like god terapi som ei boksepute, slår Kari fast medan ho sit med kjøkkenbordet. I bakgrunnen durar den urbane lyden av kaffemaskina, på bordet blir det servert heimelaga scones, spekemat og eggesalat. På veggen heng klokka med det passande sitatet: «Whatever, I`m late anyway». Ute i gangen står skohylla, som gir ein liten smakebit av kva som finst i heimen, her ligg også eit par knallraude finsko tilfeldig plassert ved sida av svarte arbeidsklogger, det er to kvardagar som treffest. 63 par med høge hælar kan Kari slå fast at ho eig, i tillegg til 10-15 andre par sko. Ho kjenner igjen ein lidenskap når ho ser han, og veit at skodilla er hennar greie, men no har ho kjøpestopp. – Den sprakk her ein dag, det skal seiast, men kanskje eg klarer det frå i dag? I valkampen reiste eg rundt med ein koffert med klede og ein berepose med sko, slik er det berre. Frå den kvitmalte slagbenken ved kjøkkenbordet har ho utsikt utover dei grøne ekrene, og ikkje minst gravemaskina som plassert midt i tunet og som har lagt grunnlaget for det nye grisefjøset som er under bygging. Kari er fylkessekretær i Hordaland Sp, men ho er og så mykje meir. Meir om alt dette seinare, nett no, her rundt kjøkkenbordet er det nemleg lite matro, telefonen ringer i eitt sett. Kari er i vinden som aldri før, no er det ein lokal partileiar som treng råd. Kari meiner noko om kven som bør bringe saka på banen, ho gir råd om kva veg leiaren bør ta og ynskjer lukke til. I sommar, rett før valkampen slutta ho som redaktør i næringsportalen Medvind24 for å ta over jobben som fylkessekretær i Hordaland Sp. Ein jobb ein som regel ynskjer å få tid til å vekse seg inn i, Kari derimot gjekk rett frå læretid til eksamen på snaue to månadar. – Læringskurva har vore bratt, men eg må jo få skryte av alle dei kunnskapsrike og dyktige menneska eg har med meg i fyl-

keslaget og i alle lokallaga. Eg byrjar å bli godt kjent rundt om kring. Slik sett er det jo glimrande å byrje midt i valkampen, det er jo det kjekkaste ein kan arbeide med i denne jobben. Ho fortel levande om å turnere mellom vestlandsbyane, om å stå på stand og møte alle former av veljarar, og om dei nye og grøne jakkene der det står Vestland Sp på armen. Ein epoke er snart over, og det er tid for nye rammer. – Eg trur det kan bli bra, eg var jo i grunn skeptisk til regionreforma, men ein kan vel seie at eg har kome på lag etter kvart. Som etnebu, der me har ein fot i Rogaland, skulle eg nok gjerne også sett at Rogaland vart med inn i det nye fylket når det først blei samanslåing, seier Kari og ser tankefullt ut i lufta. Mange gonger er det bra å endre meining etter som tida går, og nye vegkryss dukkar opp. Valnatta var ho i Bergen saman med fylkesleiinga i partiet, då dei historisk gode tala var klare blei ho med rett inn nattlege samtalar og forhandlingar. Som sekretær følgde ho med frå sidelinja, ei utruleg lærerik oppleving. På morgonkvisten rusla dei heim, trøtte, men likevel nøgde. Forhandlingane haldt fram utover veka. Sjølv har ho også fått plass i kommunestyret i Etne, dermed skal ho jobbe både lokalt og tett, samstundes som ho skal sitja tett på prosessane på regionalt nivå. Ho takkar sjeldan nei, i grunn er ho dårleg på det. Somme gonger kan det bli for mange oppgåver og for få timar i døgeret, også for Kari. Ho påstår ho har søndagar der ho berre søv, og berre det. Likevel, frå utsida kan det vere vanskeleg å forstå. – Eg blir jo trøtt somme gonger eg og, og eg tar ferie. Men eg blir meir sliten av å vite at det hopar seg opp med e-post eg ikkje har lese, då er det betre å svare gjennom ferien. Då finn eg lettare roen, seier ho som har ein arbeidskapasitet dei aller fleste berre kan drøyme om. I tillegg til jobben på partikontoret i Bergen er ho tekstforfattar for det lokale revylaget i Etne, her skriv ho tekstar for scena, og gler seg over dei som står der og innfrir under rampelyset, sjølv meiner ho at ho er for bunden til å slå seg laus på scena. Kari er også stadig brukt som toastmaster, bokbadar og debattleiar, i tillegg til den allereie nemde rolla som bonde. Foreldra 2 • 2019

19


PORTRETT

Kjøkkenbordet er dekka og kaffelukta breier seg i huset. Når ho har tid kosar Kari seg med husarbeid.

hennar har kvar sin gard dei tok med seg inn i ekteskapet, av Kari og hennar tre søsken er det no ho og broren Sjur som driv gardane vidare. Medan ho driv farsida sin gard på Ljusnes i Stordalen, har Sjur satsa på heimegarden til mora i Etne. I 2008 flytta ho heim igjen til Etne, og budde i ei leilegheit i sentrum. Då kom tanken om at skulle ho først bu her i bygda skulle ho no iallfall ha eige tun. I dag har ho pussa opp våningshuset og faren har flytta inn i leilegheita på løa, der Kari først budde. – Eg bur her, og eg trivst med gardsarbeidet, men du kan ikkje kalle meg bonden her. Eg har verdas beste drengar, rådgjevarar og sparringpartnarar i far min og bror min, som begge er drivne gardbrukarar. Eg er med når eg kan, men eg hadde aldri klart å drive her åleine, slår ho fast medan faren Einride kjem køyrande ned i tunet med siloballar på hengaren. Rett etter kjem broren Sjur køyrande med traktor. Familien arbeidar godt saman, og søskena deler på det meste av maskinar og arbeidsinnsats. – Det er mat på kjøkkenet, de må berre ete, ropar Kari til faren. Eg kan iallfall brukast til å lage mat, seier ho og ler godt medan ho finn fram ein Kiwi-pose med kraftfor og set kursen mot sauene som er komne heim frå heia. I god Senterpartiånd la ho sauesamlinga strategisk til berre nokre dagar før kommunevalet slo til med styrke. – Det var rett på pc og telefon i hytta mellom sankeøktene - 4G kom svært godt med. Det vart ei god opplading til sjølve valdagen. I dag har ho 120 vinterfora sauer på garden, i tillegg til 100 20

2 • 2019

slaktegris. Grisen kjøper ho frå broren Sjur og no satsar ho på å bygge nytt grisefjøs. Ho bygger for framtida, og set lettare løysingar høgt i kurs, ho veit så altfor godt at den riggen ho har til å hjelpe henne no ikkje vil vare evig. Kari set dyra og dyrevelferda høgt. – Eg brenn for dyra, så kan dei andre ta seg av maskiner og jord, seier ho og ropar på sauene som lett lar seg freiste av lokkeorda og ristinga frå Kiwi-posen. Dei samlar seg rundt henne og legg ikkje skjul på at matmor står høgt i kurs. Det var ikkje sjølvsagt at Kari skulle bli journalist. Men menneskehistorier gjennom tidene har alltid interessert henne, alle har ei historie, og mange har ei historie som fortener å bli fortalt. Etter studiar i religionsvitskap, språk og politikk tenkte Kari plutseleg ein dag: «nei, dette går ikkje, eg kjem til å utdanne meg til arbeidsløyse». Då gjekk vegen til Stavanger, og bachelorgraden i journalistikk. Det var handfast og noko ein kunne tru på for eit framtidig arbeidsliv. Etter jobb som journalist i Grannar og kommunikasjonsrådgjevar i Omega vart det jobb som redaktør for Medvind24. Kari fekk jobben med å utvikle næringsnettstaden for lokalt næringsliv i Vindafjord, ei redaksjonell satsing som er styrt av næringshagen Medvind24 og som har hausta økonomisk støtte frå VAF. – Det vart eit barn for meg, der eg fekk byggja opp noko frå scratch saman med eit team med utruleg dyktige folk. Eg er veldig glad for åra eg jobba i både Omega og Medvind24, det er eit næringsliv med høg puls og mange gode historier. Eg er glad


Kvardagen er fleksibel, og oppgåvene er mange. Kari likar seg best når dagane er travle.

FA K TA Namn: Kari Aakra (35) Aktuell: Starta nyleg som fylkessekretær i Hordaland Sp Les: Ikkje mykje. Fagstoff og aviser, blir lite tid til anna. Høyrer på: P3 og P2, og elles ein særdeles allsidig spotify-konto. Førebilete: Eg har mange av dei, men gjerne to som stikk seg fram: Mamma – eit rivjern av ei dame som alltid har gjort så mykje for så mange rundt seg. Ho var lærar i over 40 år, og for henne har alltid familien og skuleelevane gått føre alt anna. Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim stødig, kunnskapsrik, tydeleg, raus og alltid blid – heil ved, rett og slett.

eg fekk vere med å bygge dette opp, men det er eit tid for alt. Og no var tida komen for å sleppe andre krefter til der, og for å prøve noko nytt. I tida etter at Medvind-jobben var over har dei rosande orda hagla over Etne-kvinna. Effektiv, ryddig, målretta og dedikert er berre nokre av dei. Sjølv er ho lite glad i å stå i sentrum, ho kan gjerne stille opp i ulike samanhengar, men å snakke om eigen person og vinning, det får andre ta seg av. Ho likar - seg aller best i kulissane. I det heile ligg det og ei lita redsel for å bli ein av dei som «er over alt». – Ja, det tenkjer eg ofte på. At ikkje folk skal lese lokalavisa og tenkje «der er ho der igjen». Det ligg djupt i meg, samstundes er det jo så kjekt å kunne engasjere seg. Noko av det viktigaste ho tar med ut i vidare arbeidsliv er språket. – Eg får jo bruke kommunikasjonsbakgrunnen min der eg eg no også. Det handlar om å formidle politisk bodskap og historier frå samfunnet rundt. Men det skal vere sagt, politikken er mindre litterær i sine grep. – Det er ikkje til å kome frå, det er eit anna språk ein brukar her, slår Kari fast. På skulen likte ho ikkje faga der ein kunne setje to strekar under svaret, sjølv i dag meiner ho at ho vil slite med å rekne ut eit reknestykke med brøk. Språk, historie og samfunnskunnskap derimot, det engasjerte og sette djupe spor i oppveksten. – Språket er jo alt, me kommuniserer gjennom heile livet.

Ho likar godt å reise, men har innsett at skal ho arrangere jenteturane blir det truleg ikkje noko av før neste kommunestyreperiode, ho ser sine avgrensingar og lar andre booke både reise og overnatting. Sosiale treff blir det generelt for få av, og venner er noko av det ho gjerne skulle dyrka meir. – Og så veit eg jo at dette livet eg lever no, hadde nok ikkje vore så lett å få til å gå i hop med eit familieliv. Eg er jo fri til å gjere nett det eg vil, seier ho og lar temaet om framtidige kjærleiksprosjekt henge i lufta. I stova ligg husets to kongar, kattane Hansen og Jensen ligg og kviler i kvar si sofapute, og berre lettar på augnelokka av at matmor har besøk. Dyregleda stoppar ikkje i fjøset, den kjem tydeleg til sin rett også her, midt i sofaen. – Det blir fortalt at du og har starta på Vinterlandbruksskulen? – Ja, det der må me kanskje ikkje skrive så mykje om, seier Kari og legg hovudet på skakke medan ho ler godt. Eg har vel allereie toppa statistikken på fråvær, så veit ikkje om eg klarer å gjennomføre midt opp i alt anna. Men når Vinterlandbruksskulen først dukka opp i Ølen tenkte eg at eg måtte kaste meg på, den sjansen kjem ikkje igjen med det første. – Og eg må jo ruste meg for ei tid her på garden der eg står meir åleine, for det er her eg vil bu. Resten av livet. Av Judith Sørhus Litlehamar Foto: Elin Sørheim

2 • 2019

21


Start dagen på

medvind24.no Me gir deg godsaker frå både store og små bedrifter i Vindafjord.

Nyhetsportalen for og om eit næringsliv i medvind.

Synleg med godt innhald • Tekst og design med godt innhald • Nettside og nettbutikk • Grafisk profil og logo • Profileringsmateriell • Magasin, brosjyre • Sosiale medium • Rådgjeving •PR-arbeid • Film

omegadesign.no

Tips oss! post@medvind24.no


GÅR DU MED BYGGEPLANAR?

www.br-meland.no • Anders Mæland: 909 66 711 • Thomas Rullestad 417 80 450

Omega Design

arrivashipping.no

Lokal havn – internasjonalt farvann flexible and reliable maritime transport services

Arriva Shipping AS l Bjoavegen 389 l 5582 Ølensvåg l tlf 53 76 60 00 l post@arrivashipping.no

Kai Hansen Trykkeri Haugalandet

Me hjelper deg fra idé til ferdig bygg


SATSAR INTERNASJONALT Mange bedrifter i Vindafjord og Etne opplever sterk internasjonal vekst. Me har møtt nokre av dei som har verda som sin marknad.

– Den internasjonale satsinga vår aukar stadig, sjølv om hovudmarknaden vår framleis er i Noreg, fortel dagleg leiar i Granberg AS, Ole Marthon Granberg. Hanskeprodusenten har hovudkontoret sitt på Bjoa, og er ein skandinavisk leiande produsent av vernehanskar for ulike bransjar, blant anna oljesektoren. I produktporteføljen er det over 220 ulike typar vernehanskar. I tillegg til utviklingsarbeid og design på Bjoa skjer mykje av produktutviklinga på avdelinga i Litauen. Lageret i Sverige er også viktig, det server blant anna den europeiske marknaden. Granberg har underleverandørar i 25 land og hanskeinteressa er spesielt stor i olje - og gass-sektoren. – Det er viktig for oss å ha lager tett på kundane, slik at kunden raskt kan få det dei ynskjer levert. Granberg har blant anna utvikla ein spesiell serie med fleksible og slitesterke hanskar spesielt retta mot denne bransjen oljebransjen, vedlikehaldsarbeid og mekanisk industri. Det er også med denne hanskeserien bedrifta har vunne den gjeve industridesignprisen «Red Dot Award» to gonger. Granberg er klar på at dei stadig må utvikle nye produkt og ny teknologi for å halde følgje med marknaden. Me er no i den aller øvste divisjonen i verda med tanke på produktutvikling og innovasjon innanfor vernehanskar. – Det er viktig å ha eit høgt nivå på eit design og produktutvikling, her kan ein ikkje kopiere frå ein annan aktør, fortel Granberg som har leia den historietunge bedrifta dei siste 25 åra. Hanskeeventyret på Bjoa starta på 1960-talet, då far til Ole Marthon, Paul Granberg fekk ideen om å skape arbeids24

2 • 2019

hanskar som kunne gjere arbeidskvardagen lettare for både sveisarar, stålarbeidarar og fiskarar for å nemne nokre. Nede i kjellaren heime starta arbeidet, og der laga Paul det som skulle bli Granberg sin aller første skinnhanske. I dag leverer bedrifta hanskar til kundar over heile verda, og er stadig på jakt etter ny kompetanse og betre løysingar for å kunne gi trygge og solide produkt. Bedrifta har 45 arbeidsplassar i Noreg, 10 ved lageret i Sverige og 10 ved forsknings- og utviklingsavdelinga i Litauen. – Gjengen i Litauen er kjempeviktig for oss. Dei har også utvikla eit heilt nytt tekstilstoff for oss med svært gode, ballistiske eigenskapar, som me blant anna brukar som for i hanskar som skal beskytte mot kutt- og punkteringsskadar. – Rekruttering av rett kompetanse er og sjølvsagt utfordrande når me har hovudkontor på Bjoa, men me har vore heldige, og har eit godt team. Næringslivet i regionen er heilt spesielt, det er ei fantastisk gründerånd i bedriftene, og mange vågar å satse – Eg trur det smittar, når nokon får det til vil andre også prøve. Det er positivt, meiner Granberg . Det er dagleg leiar i SMV, Lars Hovda, heilt samd i. – Me har ein del flinke folk som aldri gir seg, og som ikkje let seg stoppe. Mange har bygd opp bedriftene stein på stein over mange år og har ein fantastisk stayer-evne. Sjølv i vanskelege tider er det mange som klarer å snu skuta og kjem seg vidare. Sjølv byrja han i bedrifta som ingeniør i 1994, berre tre år seinare tok han over jobben som dagleg leiar. Bedrifta som held til i Skånevik i Etne kommune har 44 tilsette, der om lag 10 prosent til ei kvar tid er lærling. Hovda legg vekt på at han


Dagleg leiar i Granberg AS, Ole Marthon Granberg kan gle seg over at hanskane deira har hausta fleire internasjonale prisar. Foto: Medvind24

er glad for at det finst lokale utdanningstilbod som er gode alternativ for ungdommane i regionen. – Det er grunnlaget for å drive denne type bedrifter. Me må tenkje rekruttering heile tida, spesielt når me ligg slik plassert som me gjer. Me ser jo aller best resultat når me rekrutterer folk som er rundt oss, og som har tilknyting her, dei blir ofte verande, fortel Hovda. Den mekaniske bedrifta er alltid på hogget for å få tak i nye kundar, både nasjonalt og internasjonalt. – Me arbeidar innan ulike bransjar og område, som olje og gass, vasskraft og smelteverksindustri. Spesielt innan smelteverk har me utvikla mange ulike produkt, med eige design og eigen teknologi. Me er ei ingeniørtung bedrift som stadig treng rett kompetanse på rett plass. Mange smelteverk har planar om å bygge ut eller fornye seg, spesielt då er heile verda marknaden vår, fortel Hovda og viser til at miljøet innan smelteverksindustri er forholdsvis lite og oversiktleg, eit miljø der det er viktig å vise igjen som ein stabil leverandør. Han fortel om spanande kulturelle møtepunkt, som også kan vere utfordrande. Bedrifta leverer teknisk utfordrande utstyr, som krev at ein kommuniserer godt og sikrar seg at mottakaren har god kompetanse og forståing om korleis utstyret skal brukast. – Me har ei bok i business-etikette som me førebur oss godt med før me reiser ut. Ein skal vere lydhøyr når ein bevegar seg ut i verda, det er mange kulturelle ulikskapar ein bør ta omsyn til. Ofte vil potensielle kundar internasjonalt bruke lang tid på å bli kjent med oss, det er mange innleiande rundar, og ofte fleire middagar før me byrjar å snakke meir konkret om avtalar. Me som kjem frå Noreg og Norden vil nok ofte gå raskare fram.

Det er viktig å ha eit høgt nivå på eit design, her kan ein ikkje kopiere frå ein annan aktør. Ole Marthon Granberg, Dagleg leiar Granberg AS

2 • 2019

25


Werner Thorsen (t.v) og Svein Erik Hovda i SMV held på med ferdigstilling av ein spesialmaskin, badtappe-maskin, til Hydro Husnes. Foto: Øyvind Sætre

Mange smelteverk har planar om å bygge ut eller fornye seg, spesielt då er heile verda marknaden vår. Lars Hovda, Dagleg leiar SMV

Marknadsføring internasjonalt blir som regel gjennomført på messer, der mange kundar er samla. Også SMV er opptekne av det gode internasjonale ryktet, der nøgde kundar er nøkkelen til både meirsal hjå eksisterande kundar og for å få nye namn på blokka. –Me reiser ofte saman med andre bedrifter ut på messer. Ofte er 6-8 norske eller nordiske bedrifter samla på ein felles stand. Det har vist seg å vere ein god måte å gjere det på. Johnny Vik er avdelingsleiar i Omega PS , selskapet som leverer programsystemet Pims, som tek mål av seg på å effektivisere prosjektgjennomføringa i både mindre og store bedrifter. Omega har over 25 år med erfaring i systemutvikling og har over 400 kundar som brukar Pims-systemet. Vik er ansvarleg for både å følgje opp eksisterande kundar i Noreg og 26

2 • 2019

internasjonalt, og få inn nye kundar. – Me har så godt som ikkje målretta salsarbeid internasjonalt, den viktigaste salskanalen vår er nøgde kundar som jobbar i miljøet og som framsnakkar oss, fortel Vik. Ofte blir me kontakta av potensielle kundar i nisjemarknaden vår, som går ut til 5-10 bedrifter i bransjen for å høyre kva me kan tilby. For oss er det viktig å vere audmjuk, og fokusere på å levere gode produkt, slik at fleire også vil kjøpe inn systemet, seier Vik. Han legg vekt på at dei som jobbar i ulike prosjekt, innan olje- og gassnæring, byggverksemder eller andre bransjar også ofte går vidare til nye prosjekt der dei gjerne introduserer leverandørar og system dei kjenner godt frå før. Omega har kontor mange stadar i verda, som i USA, Canada, Australia, Litauen og Singapore. Konsernet Omega har fleire heileigde dotterbedrifter og har om lag 1400 tilsette totalt. Johnny Vik


Ove Ivesdal, Ida Ekornsæter (t.v), Ingeborg M. Johannessen og Johnny Vik (t.h.) jobbar med Pims-systemet som har over 400 kundar over heile verda. Foto: Maria Djuve Vågen

Granberg Hanskeprodusenten Granberg AS har hovudkontoret sitt på Bjoa, og er ein skandinavisk leiande produsent av vernehanskar for ulike bransjar, blant anna oljesektoren. I produktporteføljen er det over 220 ulike typar vernehanskar. I tillegg til utviklingsarbeid og design på Bjoa skjer mykje av produktutviklinga på avdelinga i Litauen.

Det er viktig for oss å forstå kulturen der me kjem. Me må vere audmjuke slik at me lyttar til kundane våre i deira kvardag. Johnny Vik, Avdelingsleiar i Omega PS

har som avdelingsleiar om lag ei reiseveke i månaden, no er han nett komen heim frå eit opphald i Nigeria. IT-selskapet opna nyleg også avdelingskontor i Frankrike. – Sjølv om verda er blitt globalisert og digital ser me likevel at me ofte treng å ha eit kontor i nærleiken for å få dei store prosjekta. Ofte er det dyktige Omega-tilsette som iallfall i første omgang reiser ut til desse kontora for å få arbeidet i gang, i tillegg er det viktig for oss å rekruttere lokale og dyktige personar lokalt. – Det er viktig for oss å forstå kulturen der me kjem. Me må vere audmjuke slik at me lyttar til kundane våre i deira kvardag, fortel Johnny som sjølv i ei jobbreise til Indonesia vart rekna for å vere ein del av eit diplomatfølgje, og plutseleg vart invitert på middag for diplomatar. – Det var jo litt festleg, eg prøvde iallfall å

FA K TA

unngå å lage diplomatisk uro, seier Johnny og ler, før han legg til at kulturelle ulikskapar også kan skape utfordringar. – Me såg det i Houston, når me skulle rekruttere nye medarbeidarar der. Kandidatar frå USA var mykje flinkare til å selje seg sjølv enn me var vane med frå Noreg.

Tekst: Judith Sørhus Litlehamar

SMV Den mekaniske bedrifta SMV held til i Skånevik i Etne kommune, og har 44 tilsette. Dei leverer produkt til ulike bransjar, som olje og gass, vasskraft og smelteverksindustri, både nasjonalt og internasjonalt. Omega Omega PS leverer programsystemet Pims, som skal effektivisere prosjektgejnnomføringa i både mindre store bedrifter. Omega har over 25 år med erfaring i systemutvikling og har over 400 kundar som brukar Pims-systemet. Omega har kontor mange stadar i verda, som i USA, Australia, Litauen og Singapore. Konsernet Omega har fleire heileigde dotterbedrifter og har omlag 1400 tilsette totalt.


Ut på tur_Vindafjord_A4_04.2017.qxp_Layout 1 06.04.2017 09.47 Side 1

BU I VINDAFJORD

Kariann Eide har hatt fast jobb som feiar i Vindafjord kommune sidan 2014. Er frå Yrkje i Tysvær, men har tatt med seg mann og kjøpt hus i Skjold.

Dette er noko av det Vindafjordingar kan gleda seg over:

· · · · · · · · ·

Imponerande tal lokale og internasjonale arbeidsplassar Skular med lærarar som verkeleg kan og bryr seg Eldreomsorg som viser handlekraft og respekt Natur som inviterer til mangfaldige opplevingar Folk som kan bli ein god ven berre du gir dei tid Kultur i ulike former og nivå Moglegheiter for mykje for dei som vil Eit kommunalt apparat som kvar dag

I mange år har Vindafjord kommune sendt ut brosjyre til alle innbyggerane med «kommuneturar». Til stor glede for mange. Det er rart med det, men me kjenner ikkje alltid miljøet me bur og lever i. Å bli godt kjent med oss sjølve, dei me bur saman med, naboen, bygda, kommunen... Det er mykje godt å finna for den som leiter seier dei. Vindafjord har svært mykje å by på.

Ut på tur frå Vindafjord

Granberg reiser til Dubai med hanskar, Westcon tek turar til Polen, Omega til kontorer i Amerika, Kaldheims Auto på kurs i Oslo, Knapphus Energi leverer til Stavanger... Mange store og små bedrifter og tilsette i stat og kommune reiser dagleg frå og til Vindafjord i ulike ærend. Det gjer kommunen både vital og sentral. Dei som arbeider i Vindafjord kommune vil gjera sitt beste for at alle skal ha ein god plass å bu og «tura på» med det dei likar best.

arbeider for å yta på sitt høgste nivå

Dei kan sjå lyst på det dei som bur i Vindafjord.

Levande bygder – der den enkelte er særs viktig

God tur.

vindafjord.kommune.no

VITAL OG SENTRAL

Vi n n a r sk a l l e .n o

Ut på tur i Vindafjord


MANGE GODE

ÅPNINGSTILBUD Fre 25. okt 12:00 – 20:00

Omega Design

Lør 26. okt 10:00 – 16:00

FREDAG 25 & LØRDAG 26 OKTOBER

NYÅPNING PÅ LIAHEIA Vi flytter butikken vår fra Tysvær til Liaheia Kom innom for faglig drøs, enkel servering og mange gode tilbud

Aase Landbruk AS • Liaheia • Haukelivegen 357

Telefon: 480 18 765 • Epost: olav.veggeberg@aase-landbruk.as

www.aase-landbruk.as


KJEKT Å GJE, KJEKT Å FÅ!

Omega Design

Kva med ei kortreist og smakfull gåve? La oss pakka inn ei øsja stolte tradisjonar frå fjord og fjell! Våre spesialitetar er ein super presang å gje, uansett om du vil gleda eit familiemedlem, ein ven, tilsett, kunde eller samarbeidspartnar. Flott gåveøsja er inkludert i prisen.

Ferdigbetong • Blandeverk i Suldal, Vindafjord, Tysvær og Stord • Transport og pumping av erfarne sjåfører

Bygg, mur og hage • Elementer for bolig, nærings- og landbruksbygg • Legoblokk og Big Block støttemur (produseres i Tysvær) • Mini Trønderblokk og Forskalingsblokk • Heller, belegningsstein og kantstein

Vann og avløp • Kummer, ig-rør, kabelkanaler, slamavskillere, sandfangskummer, lokk og rister

Telefon 5377 5200 mail@olenbetong.no

olenbetong.no

Ferdigbetong

Betongvarer

Betongelement

Frå kr.

100,-

eks. mva

www.firmagåver .no


JOBB & BU

Livet i strandkanten Ho ville bu i by og byggje karriere, han ville heim til bygda, men begge er dei samde om at livet som smĂĽbarnsforeldre pĂĽ draumeplassen i Sandeid ikkje er noko dei ville ha byta vekk.

2 • 2019

31


I 2017 overtok Leif og Siri Vestbø draumeplassen i Sandeid. Her er dei tett på sjøen og har familien nær.

– Mamma, eg må ha plaster med Elsa og Anna på, seier Sophia (4) ivrig til mamma Siri Vestbø medan ho klenger seg til eine beinet hennar. Ho har nemleg fått ei lita skrape på kneet då ho tidlegare på dagen gjekk fjelltur til Hovda saman med pappa Leif Vestbø og litlebror Noah på 10 månadar. – I barnehagen syng dei ein song om Hovda og at ein kan sjå heilt til Stavanger når det er fint vêr. Det er litt artig, for det heiter jo avdelinga di i barnehagen, ikkje sant Sophia, seier pappa Leif. Sophia nikkar ivrig, og nærast sprett bortover terrassen og graset mot trampolinen for å vise fram triks. Trampolinen og leikestativet er plasserte i hagen, litt til sida for huset slik at dei ikkje skjemmer panoramautsikten mot Sandeidsjøen. I 2017 overtok dei draumeplassen i Sandeid etter besteforeldra til Leif. Når me fekk sjansen til å kjøpe dette huset av besteforeldra mine var valet lett på kva bygd me skulle bu i her lokalt. Her ligg me tett på sjøen og har familien nær, fortel Leif og peikar mot nabohuset der besteforeldra bur og forklarar at foreldra hans også er like rundt hjørnet. Siri som eigentleg er etnesbu nikkar samd i at tomta og nær32

2 • 2019

leik til familie var avgjerande for kvar dei skulle slå rot. – Eg vil ikkje byte noko mot det me har i dag. Her er familien og barnehage nær. Det er nærleik til besteforeldre, tante og onkel i kvardagen. Det er og nærleik til naturen, og ikkje minst har me høve til å gå å finne skattar i strandkanten – det er veldig verdifullt, seier Siri som trass i at ho er nøgd med livssituasjonen deira, ikkje eigentleg såg føre seg å flytte tilbake til bygda. – Eg var eigentleg ikkje så gira på å flytte heim. Eg var i eit karriereløp der eg ikkje såg for meg å flytte til bygda igjen. – Kva var det som gjorde at du endra meining? – Me kan vel kalle det eit ultimatum, ler ho og ser mot Leif. – Ja, eg var heilt klar på at eg ville til bygda etter nokre år i Oslo, ler han med og fortel at han gjekk på fengselshøgskulen i Oslo, litt med tanke på å flytte heim for å jobbe ved fengselet i Sandeid der han nå er fengselsbetjent. – Er det noko de saknar i kvardagen frå bylivet? – Eg saknar å kunne ta ein tur på restaurant og ta ei øl med kompisar utan å måtte køyre, men det hadde nok uansett ikkje latt seg gjere med kvardagen me er i nå, ler Leif og ser på Noah som sit godt i armkroken hans.


Det hjelper alltid godt med Elsa og Anna-plaster når ein har slått seg.

Det er full fart med 10 månadar gamle Noah i heimen.

Eg vil ikkje byte noko mot det me har i dag. Her er familien og barnehage nær.

Siri Vestbø

Siri fann tidleg reiselysten, og etter vidaregåande var ho blant anna eit år i Stockholm og eit i Birmingham der ho både jobba og tok årsstudium. – Eg visste ikkje heilt kva eg ville, men verden freista og eg måtte prøve noko anna enn bygda, fortel ho. I Oslo enda ho med å ta ein bachelor innan reiselivsleiing ved BI, og jobba etter det som resepsjonssjef ved Radisson Hotell i hovudstaden. Ho innrømmer at det var medan ho jobba i resepsjonen på Fugl Fønix Hotel på ungdomsskulen at ho fann interessa for hotellbransjen. – Det var spennande å jobbe med kundeservice og i hotellbransjen, det la på ein måte grunnlaget videre for utdanninga innan reiselivsleiing. Med bakgrunnen innan reiselivsleiing fekk Siri jobb i bank då dei flytta heim, og er i dag finansiell rådgjevar i SpareBank 1 SR-Bank i Ølen, noko ho trivs godt med. Noah er aktiv og kravlar rundt. Han har fått auge på robotplenkløpparen og er i full fart på veg utover plenen. Pappa Leif er snar med å springe etter og snappe han opp før han når målet. Han spør Sophia om ho ikkje skal bade slik som dei tenkte

tidlegare når dei var på fjelltur. – Jo! Men då må eg ha symjeringane mine, seier ho og spurtar inn i huset for å hente dei. Nede ved stranda er dei rosa symjeringane komne på og det går i vassing før det etter kvart utviklar seg til å omfatte både hårvask og plasking. Siri står klar med handkle når Sophia kjem opp frå vatnet. Sophia har fått bade mykje gjennom somrane og kan nesten symje allereie, seier Siri stolt medan ho pakkar Sophia inn. Ho er spent på kva fritidsaktivitetar borna ønskjer å halde på med når dei veks til. – Det er jo ikkje sikkert dei passar inn i fritidsaktivitetane fotball, ski eller teater som er her i Sandeid, seier ho og viser til at det ofte er større breidde i tilboda i kommunesentera Ølen eller Etne. Leif nikkar samd, og legg til at han ikkje syt med å køyre eit stykke om det kjem til at fritidsaktivitetane er i nabobygdene. Av Maria Djuve Vågen Foto: Elin Sørheim

2 • 2019

33


KORTNYTT

SPAREBANK 1 SR-BANK Melder om at dei har bygd om lokala sine i Ølen for få plass til alle tilsette, etter bankkontoret på Sand har flytta saman med Ølen. Det skal tilsettast 1 person til.

DOMMERSNES OG LARSEN AS Dommersnes og Larsen markerer 25 års jubileum i år. I dag er det 28 tilsette i bedrifta, og av desse er 3 stk lærlingar i tømrarfaget. Bedrifta held til på Dommersnes industriområde i Vikebygd med kontor og lagerbygningar. I tillegg har dei kontorplass i Haugesund.

STEINSLAND NÆRINGSPARK Det blir satsa på Steinsland næringspark i Sandeid. Suldal Billakering utvidar, Kaldheims bildeler har utvida og ei ny bedrift er komen på plass.

OMEGA AREAL Areal har nyleg sikra seg rammeavtale med Karmøy kommune innan rådgivande ingeniørtenester bygg. Frå før har dei rammeavtale med Karmøy kommune på rådgivande ingeniørtenester arkitekt. I tillegg har dei rammeavtalar med kommunane Suldal, Stavanger, Odda, Etne og Sunnhordland sitt interkommunale samarbeid. Dei har og bidratt med prosjektering og byggeteikningar til den nye gang- og sykkelstien til Trovåg.

AASE LANDBRUK Aase Landbruk som i dag held til i Førresfjorden er klar for å flytte inn i det tidlegare Kabas-bygget på Liaheia Næringspark i Skjold i slutten av oktober. Olav Veggeberg i Aase Landbruk er klar for å få god plass til stor utstilling og god lagerkapasitet for å gjera leveransar meir effektive.

ØLEN BETONG Elementfabrikken til Ølen Betong i Sandeid har levert element til ei rekke større bygg på Haugalandet og i Sunnhordland. Dei to siste bygga som nå er ferdigstilt denne sommeren er Stord sjukeheim (Engelsen Bygg AS) og Teinevikjo leilighetsbygg ved Leirvik (Engelsen Entreprenør AS). Her står Ølen Betong for leveranse av alle betongelement, hulldekk, søyler og dragarar, i tillegg til Ferdigbetong fråØlen Betong si avdeling på Stord.

OMEGA AREAL Silje Berge (24) er tilsett i Omega Areal, Ølensvåg i planavdelinga og skal der jobba med skal med vatn og avløp.

34

2 • 2019

OMEGA DESIGN Omega Design har fått Elin Sørheim (37) med på laget. Sørheim har over 10 års erfaring innan tv-produksjon, og kjem til Omega Design med gode kunnskapar om filmfotografering. Med Elin på laget kan bedrifta nå tilby filmtenester til store og små bedrifter.


KORTNYTT

KNUDSEN DØRFABRIKK Knudsen Dørfabrikk melder om travle tider på dørfabrikken i Skånevik, og kan melde 25% auke i omsetnad så langt i år. Dei ser lyst på framtida og planlegg å tilsetja minst ein ny operatør og har nye investeringsplanar på blokka.

AUTOSTORE Blei i år kvalifisert som Noregs fyrste fyrste Unicorn, som vil seia at dei er ei privateigd teknologibedrift som er verd meir enn ein milliard dollar, etter salet av bedrifta for rundt 16 milliarder kroner. (Autostore blei seld av Hatteland til EQT i 2017 for ca 4 mrd, og i juli solgt til et nytt private equity selskap THL for ca 16 mrd, så dobbel unicorn). Autostore er i dag rundt 100 tilsette i Noreg, der hovedvekta er RnD. Dei er midt i oppussing i Vats, for å gjera klar til 94 nye kontorplasser og ein stor LAB før jul. Vi er stadig på jakt etter de riktige hodene! Vår R&D-avdeling består av over 75 dyktige ansatte innen disiplinene mekanikk, software, elektronikk, firmware, test, prosjektledelse, compliance, dokumentasjon, m.m.

HAAKULL&ERSLAND Haakull & Erslang har nyleg motteke byggeskikkpris for ei hytte dei har bygt i Tysvær. Elles melder dei om at dei har bedrifta fått to nye store oppdrag som sikrar arbeid i vinter til ein samla ordreverdi på 26 millioner kroner. Arbeidet med Skjold skule for Vindafjord kommune er starta opp og til vinteren skal dei i gong med Tysvær tekniske bygg for Tysvær kommune.

DIAMANTEN FRISØR Sunniva Berge (24) har tatt svennebrev i frisørfaget og vil fortsetta som frisør hos Diamanten Frisør i Etne. Diamanten Frisør har hatt 3 lærlingar, som alle har bestått fagprøven. To av desse er framleis i jobb hjå Diamanten, som i dag tel 3,8 årsverk.

OMEGA Jobbar for tida med større leveransar av personell og programvarer til områda olje og gass, energi, bygg og industri, og samferdsel. Informasjonssystemet HMSREG, som bidreg i kampen mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet, har nådd forbi landegrensene og er nå i bruk hjå blant anna København kommune. Konsernet er i vekst og er stadig på utkikk etter dyktige folk som ønskjer å bli med på utviklinga. Spesielt er det innan IT at behovet er størst.

BERGE SAG Ellef Kvalvågnes (35) tilsett som ny selgar frå mai i år. Han er busett i Etne og har tidlegare helsefagleg utdanning.

Asbjørn Bakken (54) starta som driftsleiar i rehabiliteringsavdelinga. Han er busett i Gismarvik i Tysvær og kjem frå Saga Bygg, der han har vore prosjektleiar i 19 år. Bakken har og bakgrunn som sjølvstendig byggmeister innan han starta i Saga Bygg.

2 • 2019

35


Omega Design

Bli sett

Bli høyrt

Bli med

Synleggjer bedrifter og arbeidsplassar

Bedriftene sitt talerøyr

Faglege nettverk og møteplassar

• Ny E134 • Meir næringsareal • Forenkla byråkrati • Betre kommune- og fylkesvegar • Samhandling skule og næringsliv • Utarbeiding av lokalt havneforvaltningsprosjekt «Gul stripe»

• Gir ut næringsmagasinet Tempo • Arrangerer møteplass for lokale bedrifter og jobbsøkarar i 5 byar • Arrangerer møteplass for bedrifter og jobbsøkarar i Etne og Vindafjord koplar bedrifter og jobbsøkarar

/ EtneVindafjord

• NæringsGIV på Olalia • Bransjekoordinator • Fagseminar • L.Ærling – for lærebedrifter

etnevindafjord.no

Profile for Omega Design

Tempo Næringsmagasin 2 2019  

Magasinet om å jobba og bu i Etne og Vindafjord. Les om Mari Klokkerstuen Kjellesvik, som er trainee hjå Arriva Shipping, vekst i næringshag...

Tempo Næringsmagasin 2 2019  

Magasinet om å jobba og bu i Etne og Vindafjord. Les om Mari Klokkerstuen Kjellesvik, som er trainee hjå Arriva Shipping, vekst i næringshag...

Advertisement

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded