Tempo Næringsmagasin 1 2020

Page 28

Gründeren

Ver seriøs i det du jobbar med, bygg opp bedrifta di på ein grundig måte og ikkje gap over for mykje samstundes. Nina Kristin Haugen

Draumen om eiga bedrift – Våg å realisere draumen din og sats på kvalitet framfor kvantitet, er eit av tipsa frå Nina Kristin Haugen til dei som sit med ein gründerdraum i magen.

Nina Kristin Haugen har bakgrunn som sjukepleiar og i 2016 vart ho ferdig utdanna kosmetisk dermatologisk sjukepleiar ved Senzie Akademiet i Drammen. I dag driv ho Etne Hudhelseklinikk, der ho tilbyr både behandlingar og sel medisinske hudpleieprodukt. Mange kjenner også den driftige dama frå tida ho dreiv b.young-butikken på Etne Senter, i tillegg til at ho saman med mannen driv gard med griser og sauer. Ho er klar på at hardt arbeid og god økonomistyring er nøkkelen til suksess. – Noko av nøkkelen for å få ting til er at eg er sjølvstendig, og at eg ynskjer det aller beste for kundane mine, utan kundane stoppar jo alt opp. Eg lar meg sjeldan rive med, det er viktig å halde seg til budsjett. Ein må vite kven kundegruppene er og kunne gi dei eit tilbod dei ynskjer, og vere tru mot konseptet sitt, seier Nina. – Eg ser at menneskekunnskap og omsorg for folk er godt å ha med seg som næringsdrivande. Ein må ha respekt for kundane og dei skal kunne stole på at ein vil det beste for dei. Nina er stolt over at ho har skapt sin eigen arbeidsplass og har mange råd til dei som no sit med ein draum om å realisere eiga bedrift. Ho meiner det er viktig å ha kunnskap om det du jobbar med, og at ein har kjennskap til kva målgruppe ein skal rette seg mot og kva dei ynskjer. – Eg klarer ikkje å selje noko eg ikkje har tru på, eg må vite at behandlinga eller produkta er gode før eg kan selje dei. Det er og noko eg set pris på hjå andre. Konseptet må og vere gjennomført, delikat og ryddig. Folk må få god oversikt over kva du sel eller tilbyr, og det må vere ein fin stil over det, slik at folk får lyst til å kome tilbake, meiner ho.

28

1 • 2020

– For meg er det viktig å skape ei så god oppleving for kundane at dei ynskjer å kome tilbake. Eg som er sjukepleiar i botn er naturlegvis også oppteken av teieplikt og omsorg for dei som er innom, seier Nina og viser til at kundane hennar er varierte i alder og har ulike utfordringar. – Det kan vere alt frå ungdommar som slit med urein hud til eldre eller småbarnsforeldre som ynskjer eit avbrekk med velvære. Her skal det vere rom for alle. Ho har lang og variert arbeidserfaring, både som sjukepleiar og lærar ved Helse- og sosialfag ved Ølen vidaregåande skule, før ho i 2006 fekk spørsmål frå Morten Helland om ho ville starte butikk på det nybygde kjøpesenteret i Etne. Nina tok sjansen. – Eg likar utfordringar, og tenkte at dette kunne kanskje vere noko for meg. Det var veldig kjekt å bygge opp noko frå botnen av. Venner og familie støtta opp om oppbygginga av butikken, det vart seine kveldar og mange arbeidstimar. Ingenting kjem gratis, og skal ein få til noko må ein vere litt sta, meiner Nina. Butikken skulle vise seg å bli ein suksess, og godt tatt i mot av kundegruppa. I 2013 selde Nina butikken, ho ynskte nye utfordringar og byrja å tenkje på kva ho skulle vidare. Det var på tide med eit nytt skifte i kvardag. – Det var på tide å gjere noko anna, eg tok pengane eg fekk for butikken og sette dei i banken. Dei skulle eg investere når eg hadde bestemt meg for kva eg skulle gjere vidare, fortel Nina og legg vekt på at det er viktig å ha økonomiske midlar til å kunne satse, i tillegg til at ein må tenkje seg om korleis ein kan drive åleine og likevel vere rusta for sjukdom eller andre kriser. – Ein må tenkje på forsikringar og korleis ein kan vere sikra inntekt i vanskelege situasjonar også. Det er mange ting ein


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.