__MAIN_TEXT__
feature-image

Page 1

Magasinet om ĂĽ jobba og bu i Etne og Vindafjord

Gjenbruk med HIM

10

18

Portrettet Annelise Sjurseike Grundertips Nina Haugen

28


4

14 10

28

24

30

18

INNHALD 2

Leiar og kolofon

14

Sommarjobb-satsing

28

Gründer med erfaring

4

Garasje og spylarslange

18

Portrett: Annelise Sjurseike

30

Populær aktivitetspark

Lidenskap for miljø

24

Finnfag med ny app

34

Korona og næringsliv

10

2

1 • 2020


Me ligg langt framme i digitalisering og automatisering, og me har ei høgt utdanna og kompetent befolkning.

Magasinet om å jobba og bu i Etne og Vindafjord

Utgåve nr 1 2020 Ansvarleg utgjevar: foto: AEH

Fikse Næringsforening

Nils Einar Steinstø Fikse Næringsforening

Ansvarleg redaktør: Nils Einar Steinstø Redaksjon: Nils Einar Steinstø

Den nye kvardagen Dette året har vore heilt spesielt. Koronaepidemien har gitt oss tøffe tider for næringslivet. Mange bedrifter har snudd seg raskt rundt med tanke på nye måtar å drive på, om det handlar om korleis ein leverer varer på døra eller korleis ein gjennomfører møter og kurs. Etne og Vindafjord er flotte kommuner, med eit konkurransedyktig næringsliv. Me ligg langt framme i digitalisering og automatisering, og me har ei høgt utdanna og kompetent befolkning. Saman med tilgang til naturressursar, rein energi og sterke næringsklynger står me sterkt rusta for å møte morgondagens utfordringar. Og utfordringane er mange framover. Me ser at fleire bedrifter også her i regionen har måtta permittert og mange har frykta for økonomi og tryggleiken til kundar og tilsette. Heldigvis er me gode på dugnad i dette landet, og kanskje spesielt her ute i distrikta. Me veit at me må stille opp, fylgje reglane til Folkehelseinstituttet og ha gjensidig respekt for både kundar, besøkjande og bedriftseigarane. No er det viktigare enn nokon gong at me handlar lokalt og tenkjer på korleis naboen har det! Hadde me vore i krig hadde me visst kven fienden er, det veit me diverre lite om no. Sjølv om me kom oss vel gjennom første runde, ser me no at smitten er på veg opp igjen, og me er framleis sårbare. For mange bedrifter vil ei ny nedstenging av landet føre til katastrofe, og kanskje kroken på døra. Me må gjere det me kan for å unngå nettopp det. Målet vårt må vere at bedriftene får forutsigbare månadar framover, der ein ikkje minst får på plass dei krisepakkane og støtteordningane som trengs. Ei bekymring som også er blitt forsterka i koronatida er tilgang til arbeidskraft med den rette kompetansen. Fikse Næringsforening vil aktivt vere med på å rekruttere flinke hovud til å flytte heim, noko som bidreg på alle plan i samfunnet. Eg ynskjer å oppmuntre alle til å skape ein levande og konstruktiv debatt om framtidas Distrikts-Noreg, om det er i over middagsbordet, i politiske diskusjonar eller i ein avisartikkel. Her har me alle eit ansvar, og eg skal gjere mitt for å lytte, diskutere og ta med meg alle gode idear vidare. Nyskaping og gründerskap er truleg viktigare enn nokon gong, i ei tid der ein må tenkje annleis også om næringslivet.

Astrid E. Hjelmeland, Omega Design Judith Sørhus Litlehamar, Omega Design Elin Sørheim, Omega Design Design: Omega Design Foto: Svein Egil Økland Foto Elin Sørheim, Omega Design Astrid E. Hjelmeland, Omega Design Kristian Risanger, Omega Design Framsidefoto: Økland Foto Annonsesal: Christine Rødne Brataas Opplag: 6 000 Trykkeri: Haugesund Bok & Offset Magasinet blir fulldistribuert i kommunane til bedrifter i Etne og Vindafjord. Elles på messer i Haugesund, Stavanger, Bergen, Trondheim og Oslo og strategiske stader i distriktet.

Hovudsa ma rbeidspa rtna r



1 • 2020

3


Jobb og bu

Dess lengre me bur her, dess meir får me augene opp for kva som skjer og kva me kan ta del i. Lasse Åsbø

Klar for garasje og spylarslange Ei utlyst stilling på Westcon fekk siste brikka i puslespelet til å falle på plass då familien Åsbø Hundhammer flytta til Etne. Familien Lasse Åsbø og Torunn Hundhammer og Åmund (2) flytta inn i ny romsleg bolig mest på toppen av det nye feltet, Fitja, i Etne i juni i år. Dei har begge alltid sett for seg å flytte tilbake til distriktet, men spenninga er jo alltid stor for om ein kan få seg ein relevant jobb. For Lasse var det litt tilfeldig at han fann Westcon Yard si stillingsutlysing innan skipsreparasjon på finn.no då han var heimom i Etne på pappaperm. – Ein er jo alltid usikker på om ein er relevant for ei stilling og om ein skal søkja, seier Lasse. Men ein må våga å tenka; dette fiksar du og drita litt i dei tankane og berre søkja. Då han vart kalla inn til intervju av rekrutteringsbyrå såg han at det var ein sjanse. Etter å ha sjekka litt rundt og han fekk tilbodet om jobb hjå Westcon var han ikkje vanskeleg å be. – Eg trivs godt og får brukt fleire sider av kompetansen min. Her er alt frå reparasjon til vedlikehald og ombygging av skip, fortel han. Åmund (2) tar i mot oss i døra. Undrande på kven som kjem på visitt ein fredag ettermiddag, men det tek ikkje lang tid før smilet brer seg i andletet på sjarmøren. Det er helg og roen kan senke seg. Ein liten tur ut i grushaugen til gravemaskina, for fotografen si skuld må til. – Han elskar å vera ute. Åmund er glad i store maskinar og likar å grava, smiler mamma Torunn. Og så er han ein liten entertainer, skal det raskt vise seg. Sjølv om tomta var på plass, starta dei ikkje med husbygginga før dei flytta til Etne våren 2019. – Det vart ei heseblesande heimreis, smiler Torunn. Flyttelasset kom torsdagen og søndagen skulle vesle Åmund døypast.

4

1 • 2020

Men god hjelp frå familien gjorde sitt til at dagen blei fin trass i flyttesjauen. Dei flytta inn i huset der besteforeldra til Lasse budde før, i Sæbøbrekka. Der budde dei til dei flytta inn i det nye huset i juni i år. Valet om tomt sto ei stund mellom Osnes og Fitja. Men ein god prosess der dei sparra og teikna saman med Anders Molland, som då jobba i Nordbohus, gjorde at valet fall på tomta med panoramautsikt over Etne. Her har dei og lett tilgang til sentrum og framtidige fritidsaktiviteter for Åmund. – Men me hadde ikkje tatt høgde for den lange vegen opp til tomta, smiler Torunn. Dei var kjøpar nummer to av tomtene som blei lagt ut av Tomteselskapet i Etne. Huset ligg mest på toppen av feltet, og sjølv om det er fleire hus rundt dei er det mest som dei ikkje merkar at dei har naboar, når dei sit i stova eller på kjøkenet. Der har dei ein utsikt over heile etnebygda og etnefjorden mange kan misunne dei. Ønsket om å flytta heim forsterka seg då dei venta Åmund. Dei ønskte begge å kunne ha besteforeldre nærare, og Lasse, som sjølv vaks opp på Åsbø i Etne var klar for garasje, gardstun og eigen spylarslange. Torunn kjende på litt blanda kjensler då det gjekk opp for ho at dei nå skulle flytta frå Bergen. Ho treivst godt i byen, i miljøet og moglegheitene ein har der. Samstundes set ho pris på å ha fleire i familien tettare på. Fram til nå har det gått mykje i husbygging og dei gler seg begge til å engasjere seg meir i lokalsamfunnet og ta del i det som føregår. – Dess lengre me bur her, dess meir får me augene opp for kva som skjer og kva me kan ta del i, seier Lasse. – At me har eige bakeri er ein stor pluss, smiler dei. Og at




1 • 2020

5


Roen har senka seg i heimen ein fredag kveld. Familien på tre trivs godt i den nye heimen på Fitja.

det er mogleg å kunne handla barneklede og klede til oss sjølve lokalt er veldig bra. Torunn meiner ein får tak i det meste til jul lokalt og ikkje treng å reise til byen. Medan Lasse har hatt Bergen som base for utdanning og yrkesmilitær sidan 2007 har Torunn studert i Stavanger. Det er fem år mellom dei og på Etnemarknaden i 2015 møttes dei for fyrste gong på eit vorspiel hjå Stian Åsheim. – Alle var jo der, ler Torunn. Og sidan dess har det vore dei. Torunn var då sjukepleiarstudent i Stavanger medan Lasse var yrkesmilitær i Bergen. Etter endte studier søkte Torunn seg til Bergen, der ho fekk seg jobb i heimesjukepleien på Landås. – Valet av utdanning innan helse Torunn Hundhammer og omsorg har eg vore sikker på heile vegen, og eg trivs godt i heimesjukepleien, fortel Torunn. Sidan ho var 17 har ho hatt jobb som helgevikar i Ølen. – Eg har alltid vore trygg på at det ville vera jobb å få om eg skulle flytte tilbake. Ho gjekk helse- og sosial på Ølen VGS, 2. året tok ho ambulansefag ved Sauda VGS. Etter det vart det påbygg for å kunne gå vidare på sjukepleiarstudiet. I heimesjukepleien får Torunn brukt mange sider av seg sjølv både som sjukepleiar og omsorgsperson. Ho meiner den største skilnaden ho opplever med heimesjukepleien i Bergen og Ølen er at familiane til bebuarane her er nærare og at mange ikkje er så aleine, som ho ofte opplevde i jobben i byen. – Eg likar godt å jobba med eldre. Det brenn eg for, fortel Torunn.

Eg har alltid vore trygg på at det ville vera jobb å få om eg skulle flytte tilbake.

6

1 • 2020

– Ho er ein omsorgsperson, og passar til yrket sitt, skyt Lasse inn. Lasse har tretten år med utdanning og yrkeserfaring frå militæret bak seg. Etter vidaregåande i Ølen søkte han seg inn på befalskulen i 2007. Sidan dess har han utdanna seg både som flyteknikar i luftforsvaret og fått opparbeida seg erfaring med internasjonale oppdrag. Frå 2012-2015 gjekk han sjøkrigsskulen og fekk utdanning som maskiningeniør i sjøforsvaret. Sistevalet var og med tanke på ein jobb i det sivile livet. Bestemor Grete er innom ein svipp før ho vender nasa mot hytta på Vågslid. Det har blitt mange familieturar i fjellet oppigjennom. Lasse og Torunn er begge glade i fjellet, friluftslivet og jakt og den tida dei budde i Bergen blei det mest helgependling til Haukeli for å vera på hytta der. – Me har hatt mange timar i fjellet og fått mange gode opplevingar saman i fjellheimen både haust og vinter, fortel dei. Våren i år vart amputert grunna korona, for dei som dei fleste hytteeigarar, då fjellet vart koronastengt. Torunn fortel at Lasse er ein ihuga jaktmann, og at ho ofte har vore med for å dela opplevinga. Men det var før vesle Åmund kom til verda. Nå håpar dei på ein fin vinter, slik at Åmund og kan få teste korleis det er å køyra i pulk. – Det gjorde godt å få redusert køyreturen til fjells frå fire til to timar, smiler Torunn. Haustmørket har senka seg ein fredagsettermiddag. Lasse sine smarthus-innstillingar har gitt oss både dempa belysning og varmande flammar i peisen. Minstemann i familien har dansa og er klar for finne puta. Det er helg. Tekst: Astrid Eidhammer Hjelmeland Foto: Elin Sørheim


Jobb og bu

Familien Torunn Hundhammer, Lasse Åsbø og Åmund (2), er i ferd med å bu seg inn i ny bolig på Fitjafeltet og finne seg til rette i Etne.



1 • 2020

7


HAR DI BEDRIFT OVERSKOT OG KRONER PÅ KONTO? - Då bør du sjekka Heimdal Høyrente Frå Krokavatnet på Bordfjellet i Etne. Foto: Økland Foto

Heimdal Høyrente gir stabil avkastning

BESTE HØGRENTEFOND SISTE 3 ÅR* 2017 + 5,3% 2018 + 4,7%

2019 + 6,4% 2020 + 6.5% hittil i år, 22. oktober

LA PENGENE TENE PENGER FOR DEG

Heimdal Høyrente er rangert som beste norske høgrentefond av analysebyrået Morningstar* Det gir låg avkastning å ha penger ståande på ein driftskonto. Høgrentefond er eit godt alternativ i dagens lågrenteklima. Men husk, fondet vil også svinga og passar dei som har ein viss sparehorisont.

Erik Hagerup - Fondsforvalter Snakk med Mats Østenstad i Etne Sparebank på 53 77 15 28, eller Erik Hagerup i Heimdal på 40 45 33 68 om Heimdal Høyrente. Du kan lesa meir om investering i fond og risiko på heimdalfondene.no Historisk avkastning er ingen garanti for framtidig avkastning, og fondets verdi kan gå ned så vel som opp. I forkant av investering i verdipapirfond anbefaler me å lesa nøye igjennom fondets prospekt, vedtekter og nøkkelinformasjon i samanheng, for å få eit komplett bilde av verdipapirfondets risiko- og investeringsprofil.

Vinnarskalle.no

*Morningstar kategori rente, norske kroner, high yield


SAMAN SKAPAR ME STORE TING

Me søkjer tømrar! Grunna auka arbeidsmengd søker me no erfaren og allsidig tømrar.

Litt om deg: •

Fagbrev som tømrar

Pliktoppfyllande og punktleg

Kvalitetsbevisst og nøyaktig

Sjølvstendig

Effektiv og løysingsorientert

Gode samarbeidsevner

Utadvendt og positivt innstilling

Beherskar norsk skriftleg /munnleg

Me tilbyr: •

Konkurransedyktige vilkår

Hyggeleg og uformelt arbeidsmiljø

Varierande arbeidsoppgåver

Moglegheit for servicebil

Gode og trivelege kollegaer

Me leverer alt innan bygg på Haugalandet og i Sunnhordaland; Bustad, hytte, næringsbygg, landbruksbygg, rehabilitering og påbygg m.m.

Omega Design

Send din søknad til: linda@vigorbygg.no

Drøymer du om hus eller hytte? Ring Linda for ein uformell prat tlf: 99500412

Omega Design

På jakt etter gode hovud og flinke hender ? Få stillingsannonsa på medvind24.no ! Nyhetsportalen for og om eit næringsliv i medvind. 6 500 lesarar i månaden 8 500 i rekkevidde på sosiale medium Kontakt oss på: post@medvind24.no Eller sjå: medvind24.no/annonsering

medvind24.no


Skattkammeret er ein populær stad å stikke innom for å finne noko som kan leve videre i ein ny heim.

GRØNT FOKUS

Lidenskap for miljø Det har vore eit travelt år hjå miljøstasjonane til HIM. Svært mange har brukt koronatida til rydding og oppussing i heimen. I tillegg kan dei melde om at gjenbruk er i vinden som aldri før.

10

1 • 2020


Magne Vik har tatt turen frå Vikebygd for å levere mellom anna batteri, bildekk og metall. Han synest det er kjekt å ha eit mottak lokalt.

STØTTEORDNINGAR • Brukt tøylevering til utlandet: Sponsing • Strandryddeaksjonen: Sponsing av utstyr • Ulike kompostløysingar: Eingongsstøtte 1000,• Tøybleier: Eingongsstøtte 1000,• Loppemarknad og boksal: Annonsering og innlevering av rester

Alexander Dahl er til god hjelp for alle som kjem og leverer avfall på miljøparken hjå Toraneset.

– Det er viktig å sjå dette som ressursar og me brukar ikkje ordet søppel lenger, det har blitt eit fy-ord, fortel administrerande direktør hjå HIM Gro Staveland. På Toraneset tek dei i mot det meste. Her lagar dei kompostjord av matavfallet, sorterer næringsavfall, handterer farlig avfall. Dei har eit deponi for avfall det ikkje finnes gode måtar å behandle. Det er i dag strenge krav for alt som vert levert inn til miljøstasjonar. Det vert nøye sortert og mest mogleg vert levert vidare for gjenvinning. Det er ekstremt viktig at avfallet vert sortert rett. Det skal ikkje vera gipsrestar på trevirke. Ein skal heller ikkje ha noko EE-avfall i restavfallet. – Til og med bursdagskort med lyd eller blinkesko til borna skal leverast inn som EE-avfall, fortel Håvard Kallestadbakken som er arbeidsleiar på Toraneset og Etne. Him (Haugaland Interkommunale Miljøverk) vart etablert i 2007 og er eigd av Haugesund, Bokn, Tysvær, Vindafjord og Etne kommune. I Tillegg til hovudkontoret på Toraneset har dei ein anlegg på Årabrot i Haugesund og ein mindre miljøstasjon i Etne. Dei er 40 tilsette og HIM eig dotter selskapet HIM Transport som er 18 personar- desse tek seg av innsamling av avfall frå alle 5 kommunane. Det er mykje avfall som skal handterast i vår tid og det har dobla seg frå då Ole A. Svendsen (personal- og driftsleiar) sjølv

starta i bedrifta i 95. Likevel kan ein skimte ein forsiktig optimisme. Dei meinar toppen er nådd og kurven så vidt peikar rett veg. Papiravfallet har det vorte stadig mindre av dei siste åra. EE-avfallet minkar i vekt. Sjølv om det sikkert blir kasta like mange datamaskiner no som tidlegare har størrelsen på utstyret blitt vesentlig mindre. Hushaldingsavfall vert det berre mindre og mindre av. Korleis har det siste året vore hjå HIM? – Det har vore eit travelt år hjå HIM. Dei heldt stengd i 4 veker mellom 12 . mars til påske, og då dei opna portane var det lange køar med privat personar som ville levera avfall. – Det var tydeleg at mange hadde hatt tid til å rydda og pussa opp både hus og hage i denne perioden, fortel Svendsen. Dei kan sjå på mengda avfall generelt at folk har vore mykje meir heime dette året, då det var blitt levert inn litt meir av alt vanleg avfall. Det er stort fokus på gjenvinning og det kjem stadig nye krav. EU har satt som mål at innan 2025 skal minimum 55% av alt avfall resirkulerast. – Hjå oss vert 47 prosent av avfallet levert vidare til gjenvinning og me skal starte med å senda behandla trevirke til Ikea, dette vil bli gjort om til sponplater til mellom anna kjøkeninnreiing. Etter at Him i 2018 sendte ut dunkar til glas og metall har



1 • 2020

11


Det er viktig å sjå dette som ressursar. Me brukar ikkje ordet søppel lenger. Gro Staveland

Den engasjerte trioen viser gjerne fram alle delar av miljøstasjonen. Frå venstre Håvard Kallestadbakken, arbeidsleiar, Toraneset og Etne, Ole A. Svendsen, personal- og driftsleiar og Gro Staveland, administrerande direktør.

dei sett ei auka innlevering av desse resursane medan mengda restavfallet har gått ned. – Terskelen for å gjera sorteringsjobben er no mykje lågare enn når du måtte oppsøka ein eller annan glaskonteinar i kommunen, fortel Staveland. Dei legg vekt på at det kun er glas og metall emballasje dei tek i mot i dunkane, eit knust mjølkeglas skal i restavfallet. Dette er ikkje er så lett å formidla til kundane. – Me ser mange kreative løysingar her, for sjølv om dunken har avgrensa opning, har me funne både parabolantenner og tørkestativ trykka ned i den litle opninga, fortel Svendsen med eit smil. Hjå HIM er dei opptekne av å formidla kunnskap. Dei har opplegg for skuleklassar der dei kan koma på besøk og få omvising. Dei er opptatt av å lage rom for lærlingar og det er ikkje først og fremst med tanke på eigen rekruttering, men dei ønskjer å hjelpe til og lære opp dei unge som er interesserte i faget.

12

1 • 2020

– Etter ei læretid hjå oss har dei mange ulike moglegheiter på jobbmarknaden, fortel Staveland. Og interessa er stor, for det er mange i dag som ønskjer å jobba i ei miljøbedrift. Ein kan søke støtte til ulike prosjekt hjå HIM og dette er fordi dei ønskjer å hjelpe prosjekt som har ein nytteverdi for miljøet. På miljøstasjonen har dei hatt fokus på gjenbruk lenge. Både hjå Toraneset og Etne har dei eit eige skattkammer, her kan ein setja frå seg alt mogleg som ein tenker kan få leve vidare i ein annan heim. Hjå Årabrot i Haugesund opna dei allereie i 97 ein bruktbutikk som ber namnet Affir. Dei ser nå at gjenbruk vert meir og meir populært hjå folk flest, i alle aldrar.

Tekst og foto: Elin Sørheim


Flytt til Etne kommune! - Kort veg til alt!

Tomteselskapet Etne har salgsklare, sentrumsnære tomter fleire stader i Etne og Skånevik

Hjemmefra, men ikke alene!

Salgsklare tomter Omega Design

PRESTALIO

FITJA

KAMBE

PMS uncoated

Epost: post@tomteselskapet-etne.no

Telefon: 458 65 508

Lundeneset VGS er en kristen internatskole i Ølensvåg. Vi tilbyr - IT og medieproduksjon - Salg, service og reiseliv - Studiespesialisering - Påbygging til generell studiekompetanse

Din lokale

varmepumpeleverandør! kontakt oss

bjarte@lauareid.no www.panasonicvarmepumper.no

976 05 432 52 71 35 10

I tillegg til en god skolegang gir vi deg et trygt miljø, varierte fritidstilbud og venner for livet! Les mer om oss på www.lvs.no


Omega Design / Foto: Istoria Omega Design / Foto: Istoria

d

is k

Nina Kristin Haugen er

e

Ko tisk

sj uk

e ia r

e sm

pl

n du Nå ka e time bestill e på direkt a mi. nettsid

m o t ol og

Hei Treng du hjelp til å ta vare på huden din? Bestill ein gratis konsultasjonstime hjå meg, der du får rettleiing om dei beste produkta og behandlingane. Informasjon om prisar og behandlingar finn du på www.etnehudhelseklinikk.no Følg meg gjerne på Instagram og Facebook.

Klem Nina

Dermatologisk sjukepleiar mob 911 13 304 • hei@ninakristinhaugen.no Etne Hudhelseklinikk, Haugen, Etne

etnehudhelseklinikk.no

Medvind Næringshage og Fikse Næringsforening inviterer bedrifter i Etne og Vindafjord til å bli med på sommarjobb-rekruttering for å synleggjera og skapa blest rundt lokale kompetansarbeidsplasser.

Inspirerte av Sildicon Valley-satsinga på Haugalandet i fjor, har Vindafjord Arbeidsgiverforening (VAF) engasjert dei to næringsaktørane for å bygga opp eit eige program for bedriftene lokalt som skal starta opp allereie sommaren 2021. Medvind Næringshage og Fikse Næringsforening inviterer bedrifter i Etne og Vindafjord til å bli med på sommarjobbrekruttering for å synleggjera og skapa blest rundt lokale kompetansarbeidsplasser. – Målet er å visa fram Vindafjord og Etne som både ein attraktiv plass å jobba og bu. Me har bedrifter som konkurrerer og leverer på skyhøgt nivå både nasjonalt og internasjonalt. Bygd opp av lokale gründarar og eigarar, og drive vidare i samarbeid med flinke hender og hovud. Den breidden og det nivået me kan tilby av arbeidsplassar i Vindafjord er heilt unikt, og nettopp dette vil me løfta fram i sommarjobb-prosjektet, seier Merete Vårvik Matre, Dagleg leiar i Medvind Næringshage.  Det kortsiktige målet med sommarjobb-prosjektet er å hente inn kompetent og relevant arbeidskraft til lokale arbeidsplasser. I denne runden er det studentar på bachelor- og masternivå som er målgruppa for prosjektet. Næringslivet i Etne og Vindafjord kan skilta med kompetansearbeidsplasser og ei årleg verdiskaping på meir enn 5 milliardar årleg. Samstundes er det for mange studentar, som


Rekruttering

SOMMARJOBB SATSING Merete Vårvik Matre, Dagleg leiar i Medvind Næringshage og Nils Einar Steinstø, Dagleg leiar i Fikse Næringsforening er klar for lokal variant av sommarjobb-prosjekt.

både er frå distriktet og utanbygds, som ikkje er godt kjende med kva kompetansearbeidsplasser som er tilgjengeleg i Etne og Vindafjord kommune. Dette gjer og at det ikkje blir like naturleg å oppsøkja sommarjobbar som er relevante i forhold til studiene når ein reiser heim for å jobba i feriane, og då særskilt om sommaren. – Det er eit behov for å synleggjera kva kompetansearbeidsplassar som fins lokalt og kva aktørar som tilbyr dette i Etne og Vindafjord, seier Nils Einar Steinstø, dagleg leiar i Fikse Næringsforening. Det som er viktig og som me ser etter er flinke hovud, studentar og arbeidssøkjande som er sjølvstendige og som likar å tenka utanom boksen. I tillegg bør dei vera flinke på å bygga nettverk. Målet er å få med minst 10 større bedrifter og kommunane som til neste år vil stille med aktuelle kompetansearbeidsplasser for sommaren. Dei bedriftene som deltek forpliktar seg til å stille med 1-5 sommarjobbar der studentane kan få relevant praksis knytta til utdanninga dei er i ferd med å ferdigstille. Det langsiktige målet med prosjektet er at ein får knytta til seg kompetanse. Når kandidaten er ferdigutdanna og klar for å koma tilbake til lokalsamfunnet, så har ein allereie knytta kontakt til ei aktuell kompetansebedrift. Dei sosiale og økonomiske ringverknadane av rekruttering og lokal busetjing er store, understrekar Vårvik Matre. Det påverkar lokalmiljøet, oppveksttilboda og boligmarknaden, for å nemne noko. Nils Einar understrekar at det for bedriftene er positivt at studentar får koma og bli kjent med dei slik at dei får gjera seg erfaringar og sjå potensiale i ein framtidig jobb. Mange har høve til å velge masteroppgåve-tematikk knytta til utfordringar

og løysingar for den lokale bedrifta dei går inn i sommarjobb hjå. For studentane vil det bli lagt opp til eit nettverk, der ein har sjans til å bli kjend med andre studentar som er del av programmet, fortel Steinstø. Det vil bli lokale samlingar og digitale samlingar, og det vil bli lagt vekt på å vera tett på – både studentane og bedriftene. Planen er å starta opp sommaren 2021 og invitasjon blir sendt ut i næraste framtid. Tekst: Astrid Eidhammer Hjelmeland Foto: Kristian Risanger

FA K TA Eit sommarjobb-program i Vindafjord/Etne vil styrke rekrutteringa til lokale bedrifter, og auke attraktiviteten for studentar til å flytta tilbake til bygdene våre. Med eit stort rekrutteringsbehov, framoverlente og attraktive bedrifter er grunnlag for å køyre eit eige sommarjobb-program lokalt. Programmet vil vere eit samarbeid mellom VAF, Medvind Næringshage og Fikse Næringsforening.



1 • 2020

15


Vindafjordingar drøymer_annonse A4_2020.qxp_Layout 1 30.10.2020 13.46 Side 1

BU I VINDAFJORD

Vindafjordingar drøymer om så mangt – også når dei er langt borte...

Har livet ditt blitt slik du drøymde om? Kor me bur og veks opp vil sjølvsagt prega oss.

Dette er noko av det Vindafjordingar kan gleda seg over:

· · · · · · · · ·

Imponerande antal lokale og internasjonale arbeidsplassar Skular med lærarar som verkeleg kan og bryr seg Eldreomsorg som viser handlekraft og respekt Natur som inviterer til mangfaldige opplevingar Folk som kan bli ein god ven berre du gir dei tid Kultur i ulike former og nivå Moglegheiter for mykje for dei som vil

• • • • • • • • •

Trygg plass å veksa opp Snille barnehagar Lærerike skular Kjekke og inkluderande aktivitetar Framtidsretta næringsliv Varm omsorg Gode kommunale tenester Brukarvenleg natur Kort veg til heile verda

Det er mange som meiner at Vindafjord er ein slik «draumeplass».

Eit kommunalt apparat som kvar dag arbeider for å yta på sitt høgste nivå Levande bygder – der den enkelte er særs viktig

Ta gjerne kontakt med oss for meir informasjon om det gode liv i Vindafjord.

www.vindafjord.kommune.no - Telefon sentralbord: 53 65 65 65 - Epost: postmottak@vindafjord.kommune.no

Vinnarskalle.no

Det viktigaste er kanskje dette:


Bli en del av team Helgevold Som totalleverandør innen el-fag tilbyr vi elektrikertjenester til bolig, landbruk, næringsbygg og fiskeoppdrett. Vi kan tilby spennende roller i et solid selskap som er i vekst. Hos oss blir du en viktig bidragsyter og kollega. Se ledige stillinger på helgevold.com eller send oss en åpen søknad til rekruttering@helgevold.com og fortell oss hvorfor du vil bli en ”helgevolder”. helgevold.com Vi kobler deg på fremtiden!

Jumlegvaåvermr er so

Tenk globalt - kjøp lokalt Svært godt utval i saueskinn, reinsdyrskinn og andre produkt i fabrikkutsalet vårt - velkommen!

Gode tilbod fram mot jul! MÅN-TORS KL. 10-16

/ FRE. 10-17 / LØR 11-14

BJOAVEGEN 187 5582 ØLENSVÅG TLF. 52 76 50 00 - GRANBERGGARVERI.NO


Portrett

ENERGISK

RIVJERN Bensinstasjon og konsern-utvikling har vore Annelise Sjurseike (57) sin kvardag i over 30 år. Ikkje ein einaste dag har ho vurdert å slutte.

Annelise Sjurseike har ikkje så lett for å gi seg, ho likar seg best i eit lag som vågar å sjå framover. – Det er jo dette som motiverer meg, at folk trivst på jobb, og at me kan skape noko saman. I denne bransjen må ein heile tida tenkje nytt, ein må omstille seg og våge å satse. Det viste svigerfar meg, seier Annelise. Historia bak Knapphus Bensinstasjon er lang og velkjent. Mannen Johannes er født inn i selskapet, og etterkvart vart også Annelise engasjert i drifta på Knapphus. Då var dei småbarnsforeldre og Annelise kom frå jobb i Hatteland. Svigerfar Jarl Sjurseike var tidleg ute i marknaden og satsa allereie på 60-talet då han byrja å etablere bensinstasjon på Knapphus. – Han var nytenkjande og ynskte å vere med på nye ting. Me var den første stasjonen som selde is på 1980-talet. På den tida kom og pølsene på plass i disken, mange lurte på korleis bensin og mat kunne henge saman, fortel ho og ler. På slutten av 90-talet vart me, som den andre stasjonen i landet, ein konseptstasjon i Shell-systemet, det har betydd mykje for oss. Då var det mange som rista på hovudet, og lurte på korleis ein kunne tene pengar på ein kaffemaskin som kosta 90.000. – Det er jo dette det handlar om i dag og, me må henge med. Bensinstasjon handlar om så mykje meir enn drivstoff i dag, no er det pausen og maten som betyr aller mest. For mange sjåførar er me den kafeen dei stoppar på. I dag er Knapphus Bensinstasjon ein del av eit stort konsern på Knapphus saman med bilforhandlar, bilverkstad, gatekjøkken, energiselskap, buss-selskap og Retail-avdeling. Annelise har dei siste åra brukt mykje krefter på Knapphus Retail i konsernet. Ho har leia drift og utvikling for dei sju bensinstasjonane Shell Karmøy, Shell Avaldsnes, Shell Karmsundgata, Shell Norheim, Shell Aksdal, Shell Heiane og Shell Odda, i tillegg til dei to som konsernet sjølv eig i Ølen og på Knapphus. Ho har samla trådane, knekt på tal og grove fram utviklingspotensiale på kvar enkelt stasjon. Men no er

18

1 • 2020

tida komen for å sleppe andre til, Annelise har valt å seie opp avtalen med det finskeigde selskapet ST1 Shell. Framover vil ho konsentrere seg om dei stasjonane dei eig sjølv, og ikkje minst familien. – På fritida ynskjer eg å vere meir farmor og mormor, og bruke tida mi litt annleis. Det er ei tid for alt. Eg gir meg med Knapphus Retail medan me er på topp, seier ho og smiler. Vel vitande om at toppresultata har kravd mange timar og seine kveldar. – For meg har det vore viktig å få dei tilsette med på laget og kunne motivere, utan dyktige medarbeidarar har me ingenting. Så enkelt er det, meiner ho. Annelise er kjent for å bygge Knapphus-kulturen, det handlar om at alle skal vere med på eit lag. Ho samlar troppane, tar med seg gjengen på tur, arrangerer kåringar på middagar med dei tilsette og skaper god stemning i kvardagen. – Det er viktig at me kan dele desse opplevingane, då har me noko å prate om på jobb dagen etterpå, det bind oss saman. – Folk skal vere stolte over jobben sin og kjenne at dei er viktige brikker, sjølv om dei jobbar i fulle stillingar eller deltid, det har ikkje noko å bety, alle speler ei rolle. Dei siste månadane har vore spesielle, no er det ingen sosiale samankomstar på jobb, det er ingen som deler ut ein klem eller eit handtrykk. No er det kome spritstasjonar og plastikk-deksel framfor disken, også på Knapphus. 12.mars har brent seg inn i minnet til Annelise for godt. – Eg kjem aldri til å gløyme den dagen, eg var på Karmøy på ein av stasjonane me driv. Plutseleg kom ein kunde inn og kunne fortelje meg at det var kaos på vegane, at skulane stengde ned og at folk hamstra på butikkane. Det var ikkje til å tru. Dermed starta ein ny epoke på Knapphus, på bensinstasjonen måtte dei permittere, noko dei aldri hadde prøvd før. – Me måtte snu oss rundt og tenkje raskt, det var fantastisk at dei tilsette var med på alt dette, slik at me fekk ned kostnads-


Me er ikkje alltid samde om alt, men då er det berre å brette opp ermane og finne ei løysing Annelise Sjurseike



1 • 2020

19


Portrett

FA K TA Namn: Annelise Sjurseike (57) Aktuell: Avsluttar no retail-avtalen ho har har hatt med ST1 Shell der ho har hatt ansvar for sju bensinstasjonar i tillegg til dei som Knapphus-konsernet sjølv driv. Framover vil ho konsentrere seg om stasjonane i Ølen og på Knapphus. Les: Har lite tid til å lese, men er glad i faktabøker, og krim når det blir rom for det. Høyrer på: Når eg køyrer bil høyrer eg på nyhendesendingar. Førebilete: Det er mange eg ser opp til, men felles for dei er at det er ekte folk som ikkje er tilgjorte.

Annelise Sjurseike meiner det er viktig å bygge god kultur på jobb, ho er oppteken av å ta vare på alle tilsette

biletet raskt. Dei som jobbar hjå oss er også i frontlinja med tanke på smitte, utan drivstoff stoppar samfunnet vårt raskt opp, slår Annelise fast. – Det viktigaste for oss var å beskytte dei tilsette og kundane våre, det skal vere trygt både å handle og jobbe hjå oss. Ho veit at rolla som leiar var viktigare enn nokon gong, og sette æra si på at folk ikkje skulle vere redde for å gå på jobb. No handla det om å ta vare på kvarandre. Om nokon for 30 år sidan hadde fortalt Annelise korleis Knapphus-konsernet ser ut i dag er det ikkje sikkert ho hadde trudd på dei. Då var ikkje visjonane like sterke eller måla like klåre. På den tida var borna små, og arbeidsdagane lange. – Me hadde farmor rett ved sida her, ho har redda mange ettermiddagar med middag og leksehjelp då me var på jobb. Utan det nettverket hadde aldri dette gått. Me jobba annakvar helg, og me måtte stå på. Rentenivået på den tida låg rundt 16-17 prosent så økonomien var krevjande. I dag er alle tre barna busette i nærområdet, og alle er engasjerte i ulike stillingar i Knapphus-konsernet. Dei lærte tidleg kor viktig det er å arbeide saman som eit lag. – Eg hugsar dei spurte etter vekelønn for å gjere husarbeid då dei var små. Eg tenkte at husarbeidet var eit lagarbeid, dette er noko me driv saman, og så kan me heller unne oss noko når jobben er gjort. Dei forsto det trur eg, fortel Annelise. Jobben kan fort bli tema rundt middagsbordet når familien er samla, og alle kjempar dei for sine avdelingar i konsernet. – Me er ikkje alltid samde om alt, men då er det berre å brette opp ermane og finne ei løysing. Det er jo slik me kjem framover.

20

1 • 2020

Annelise har ikkje tenkt å gi seg på jobb, men er oppteken av storfamilien og at dagane skal gi rom for gode opplevingar saman med barnebarna. – Vil eg ha ein dag fri som bestemor kan eg ta det no. Eg skal på ingen måte bli pensjonist, men eg kan roe det litt ned av og til. Når Annelise er ute på reis besøkjer ho gjerne andre bensinstasjonar. Ho ser på standard, korleis servicen er og kva dei tilbyr av varer. Blikket for utvikling og nytenking tek ikkje ferie. Ho snakkar gjerne om brytningspunktet mellom politikk og næringsliv, om korleis vegen og E134 er ei sentral livsnerve for verksemda. Utan vegen stoppar utviklinga, slår ho fast. Og like gjerne tar ho tak i temaet om grønt skifte, om kor viktig det er å legge til rette for elbil-ladarar og korleis politikarane godt kan kutte i avgifta på ikkje-fossile energikjelder. – Eg har tillit til at det blir jobba med dette, men me er nok ikkje der at me har produkt som kan erstatte fossilt brennstoff heilt. Det skjer mykje på få år, og me må omstille oss heile tida. – Er det somme dagar du har lyst til å gi deg? – Nei, alle er vel litt leie av og til, men eg har aldri vurdert å slutte. Møter ein motstand må ein berre finne ei anna løysing.

Tekst: Judith Sørhus Litlehamar Foto: Økland Foto


HAR DU EN HUSELLER HYTTEDRØM?

FERDIG HYTTE

HUS

HYTTE

FERDIG BOLIG

BYGGFORNYELSE

TOMTER

BERGE SAG

Går du med planer om å bygge nytt hus, eller er du kanskje en av dem som ønsker å flytte rett inn i et ferdig prosjekt? Muligens går du også med en drøm om å anskaffe deg en egen hytte? Valgene er mange og vi vet det er mye å ta stilling til når hus- eller hyttedrømmen skal gjøres til virkelighet. Vi kan gi deg gode råd og gi svar på det du måtte lure på. Kontakt oss på bergesag.no eller ring oss for en hyggelig prat!

TELEFON: 53 77 54 00 | E-POST: bergesag@bergesag.no ADRESSE: Haukelivegen 676, Ølensvåg | Berg senteret, Longhammarvegen 36, Haugesund bergesag.no

#bergesag


• MEKTIGE OG SPENSTIGE NATUROPPLEVINGAR • TRYGG OG GOD OPPVEKST • RIKT KULTURLIV • NÆRINGSLIV I VEKST

Etne kommune

SKÅNEVIK BLUESFESTIVAL

FOTO: LARS GUNLEIKSRUD

SKAKKESENTERET

FOTO: SONJA FRAFJORD

ETNE OMSORGSSENTER

FOTO: SONJA FRAFJORD

SKÅNEVIK

FOTO: ROAR BÆVRE

FUGL FØNIX HOTEL, ETNE

FOTO: SONJA FRAFJORD

VIA FERRATA, FJÆRA FOTO: ÅKRAFJORDEN NATURE B&B

Etne kommune er omringa av flott og variert natur og ligg sør i Vestland fylke. Kommunen grensar til Kvinnherad, Odda, Suldal, Vindafjord og Sauda, der dei tre siste ligg i Rogaland. Dei fleste innbyggjarane bur rundt tettstadane Etne og Skånevik. Kommunen er eit godt utgangspunkt for å nå stader som Haugesund, Bergen, øyriket i Sunnhordland, Hardangerfjorden og Ryfylkefjordane.

ETNE KOMMUNE

Sjoarvegen 2, 5590 Etne Tlf. 53 75 80 00 post@etne.kommune.no • www.etne.kommune.no

I Etne kommune kan du busetje deg i landlege omgjevnader med det du treng av butikkar og andre servicetilbod i nærleiken. Det er gode og velorganiserte kommunale tenester for innbyggjarane. Etne kommune har eit stort mangfald i lokalsamfunnet, der livskvalitet for alle står i sentrum. VELKOMMEN!

TURISTINFORMASJON:

Fugl Fønix Hotel tlf. 53 77 14 40 Åkrafjordtunet tlf. 53 77 14 80 Skånevik Fjordhotell tlf. 53 77 07 00


Omega Design • Økland Foto

westcon.no

TOTALLEVERANDØR AV

INNOVATIVE LØSNINGER OFFSHORE • ENERGI • MARITIM

JOBBE HOS OSS? westcon.no/karriere YARDS

I

POWER & AUTOMATION

I

OLVONDO

I

LØFTETEKNIKK

I

DESIGN POLEN

I

GEO

Omega Design

Me vøle alt

sving neom då vel! Åpent alle kvardagar kl. 08:00-16:00

Etne Bilservice

post@etnebilservice.no

53 75 60 65

Tongane 65

5590 ETNE

etnebilservice.no


Foto: Kristian Risanger

Yrkesval

Prosjektleiar for app-utvikling i Omega Design, Bente Bakke, med prototypen for finnfag-appen, som skal lanserast på nyåret.

LANSERER LÆRLING-APP Fikse Næringsforening lanserer over nyttår Finnfag-appen som skal gjere det endå enklare å kople bedrifter saman med aktuelle lærlingar. Bjørn Johannessen er dagleg leiar i Haugaland Opplæringskontor. Han er ein av aktørane som arbeidar tett saman med Fikse Næringsforening i arbeidet med Finnfag.no, som blei lansert i 2018. Han gler seg over den planlagde appen som skal gjere det endå enklare for lærlingar å finne attraktive læreplassar. – Noko av det viktigaste med appen er at ein kan få såkalla «push-varslar» dersom det er ledige læreplassar som truleg vil interessere ein, slik klarer ein å halde full kontroll heile tida, meiner Bjørn Johannessen. Tanken bak Finnfag.no er Gunnlaug Habbestad, Westcon at elevar som søkjer læreplass eller praksisplass får god oversikt over potensielle bedrifter som har læreplassar, slik at dei slepp å leite rundt på diverse nettsider, den nye appen skal forsterke dette arbeidet. – Dette er eit verktøy der lærebedriftene har ei eiga profilside og får presentert seg til dei som skal søkje læreplass. Nettsidene

Me ser at me fekk fleire søkjarar på læreplassar frå Karmøy og Haugesund etter at denne nettportalen vart lansert

24

1 • 2020

til bedriftene er ofte retta mot kundar, og ofte er språket engelsk, då treng ein som lærling ein annan stad å hente informasjon i tillegg, legg han til. Appen blir utvikla av Omega Design, som og sto for utviklinga av læreportalen finnfag.no for Fikse i 2018. – Draumen er å få alle opplæringskontor, kommunar og bedrifter med lærling- og praksisplasser til å bruke Finnfag, seier dagleg leiar i Fikse Næringsforening Nils Einar Steinstø Då vil elevane frå alle skular finne alt i ein app. Bente Bakke som er prosjektleiar for app-utvikling i Omega Design viser til at det er eit mål om å lansere appen i App Store og Google Play Store over nyttår, i god tid før søknadsfristane går ut. – Appen har som mål å treffe ungdommen «der dei er», og gjere relevant og oppdatert informasjon lett tilgjengeleg. Ein kan lagre ulike søkekriterier, slik at ein alltid vil få siste nytt direkte i appen, fortel Bente Bakke som er prosjektleiar for app-utvikling i Omega Design. Appen vil tilby funksjonalitet som gjer det enkelt å søkje på ledige stillingar, få informasjon om ulike bedrifter og få varsel om nye praksis- og læreplassar.


Foto: Meister Fotografi

Foto: Fotograf Nordtveit Foto: Meister Fotografi

FINNFAG.no Læreportalen Finnfag.no blei lansert av Fikse Næringsforening i 2018. Målet med portalen er å kople lærlingar saman med aktuelle lærebedrifter og gjera det lett å finne aktuelle praksis- og læreplassar. Foto: Meister Fotografi

På nyåret er planen å lansere Finnfag-appen, for å gjera det lettare å finne relevant informasjon. Push-varslar i appen vil bidra til at ein lett får melding om nye aktuelle læreplassar for dei som har lasta ned appen og registrert seg.

Westcon Yards er ei av bedriftene som brukar Finnfag.no i dag. HR-leiar Gunnlaug Habbestad meiner portalen er oversiktleg. – Me ser at me fekk fleire søkjarar på læreplassar frå Karmøy og Haugesund etter at denne nettportalen vart lansert, meiner Habbestad og viser til at den digitale treffstaden for lærlingar og bedrifter ser ut til å fungere veldig bra. – Lærlingane våre er det viktigaste rekrutteringstiltaket me har, me prøver å ta inn lærlingar heile tida, også gjennom korona-perioden som har regjert den siste tida. Dei aller fleste som søkjer og får læreplass blir verande her i bedrifta, og eg trur at dei som har gått læretida hjå oss har fått god oppfølging og er flinke folk. Westcon Yards har læreplassar som industrimekanikar, industrirøyrleggar, og innan sveisefaget, platearbeidar og IKT- serviceteknikar. Trass i at dei lenge har ynskt seg fleire kokkelærlingar ser det ut til å bli ei lang ventetid, det er særs få unge som tek kokkeutdanning. Også Vindafjord kommune er godt nøgd med læreportalen. Dei har læreplassar i Kontor- og administrasjonsfaget, Institusjonskokkfaget, Helsearbeidarfaget og Barne-og ungdomsarbeidarfaget.

– Lærlingar betyr mykje for rekruttering til kommunen, dei får eit unikt innblikk i korleis ein kommune jobbar og blir kjent med oss. Då er sjansen større for at dei blir, meiner personalrådgjevar og lærling-kontakt i kommunen, Marit Særsten. – Me ser jo at dei fleste lærlingane som kjem til oss har ein form for kontakt til kommunen eller regionen. Talet på ledige læreplassar blir stadig oppdatert, nett no er det 56 ledige læreplassar i 69 bedrifter. Av desse bedriftene er 17 i Etne, og 21 i Vindafjord. – For at læreperioden skal bli ein suksess er det viktig at ein jobbar godt på førehand, slik at lærlingen vel eit fag han eller ho kan meistre og trivast med. Då er det viktig med relevant og god informasjon om ulike fag, og gjennom Finnfag.no får ein ei oversikt over aktuelle lærebedrifter som kan tilby læreplass, slår Johannessen fast.

Tekst: Judith Sørhus Litlehamar



1 • 2020

25


Kontoret i Ølen er nå åpent alle dager fra kl 08.30 - 15.30

Omega Design Foto: Økland Foto

Effektiv opplæring Fornuftige priser Opplæring i de fleste klasser

Tlf. 52 76 20 10 - www.vindtraf.no Kontorer i Ølen, Skjold og Haugesund

Stort utval til heile familien. Velkomen til oss!

! E E L N L T E A R N E O K F K I O T K U O N R FK B A H ME Landbruk, hus, hobby, hage, kjæledyr, jakt, leiker og mykje meir...

NYHET! KLIKK-OG-HENT I NETTBUTIKKEN FK ETNE

TLF. 53 77 11 30 Opningstider: Mandag - fredag: 0800-1800 laurdag: 0900-1500


Bli med på reisen til et selskap i enorm vekst!

Vi har skyhøye ambisjoner og opplever en enorm vekst. Vi trenger nå flere dyktige kollegaer med oss videre på reisen. AutoStore™ er et revolusjonerende, unikt og verdenspatentert lagersystem med roboter som henter varer fra en kubekonstruksjon. Vi er The Cube Storage Pioneers, og vi har store ambisjoner om å redefinere flere bransjer. Vi opererer i et globalt marked, og har kunder i over 30 land. Hovedkontoret vårt ligger i Nedre Vats, og i tillegg har vi kontorer i Oslo, USA, Storbritannia, Frankrike, Tyskland, Polen, Japan og Sør-Korea. I 2019 ble AutoStore Norges første «Unicorn», et teknologiselskap verdt mer enn 1 milliard dollar. Google og Financial Times rangerte oss som en av «Europe’s Top 100 Digital Companies», vi vant «Product of the Year», og den prestisjefylte prisen «European Business Awards». Vi er stolte, og er overbeviste om at dette bare er starten på en spennende reise!

autostoresystem.com

Vi søker nå flere kreative og nysgjerrige personer med skaperglede og engasjement til å drive innovasjon og videreutvikling av teknologien. Nå trenger vi flere dyktige kollegaer til disse områdene: • • • • • •

Mekanikk Software Elektronikk Kybernetikk Robotikk Marketing

Mer informasjon: autostoresystem.com/career

Lean

Transparent

Bold


Gründeren

Ver seriøs i det du jobbar med, bygg opp bedrifta di på ein grundig måte og ikkje gap over for mykje samstundes. Nina Kristin Haugen

Draumen om eiga bedrift – Våg å realisere draumen din og sats på kvalitet framfor kvantitet, er eit av tipsa frå Nina Kristin Haugen til dei som sit med ein gründerdraum i magen.

Nina Kristin Haugen har bakgrunn som sjukepleiar og i 2016 vart ho ferdig utdanna kosmetisk dermatologisk sjukepleiar ved Senzie Akademiet i Drammen. I dag driv ho Etne Hudhelseklinikk, der ho tilbyr både behandlingar og sel medisinske hudpleieprodukt. Mange kjenner også den driftige dama frå tida ho dreiv b.young-butikken på Etne Senter, i tillegg til at ho saman med mannen driv gard med griser og sauer. Ho er klar på at hardt arbeid og god økonomistyring er nøkkelen til suksess. – Noko av nøkkelen for å få ting til er at eg er sjølvstendig, og at eg ynskjer det aller beste for kundane mine, utan kundane stoppar jo alt opp. Eg lar meg sjeldan rive med, det er viktig å halde seg til budsjett. Ein må vite kven kundegruppene er og kunne gi dei eit tilbod dei ynskjer, og vere tru mot konseptet sitt, seier Nina. – Eg ser at menneskekunnskap og omsorg for folk er godt å ha med seg som næringsdrivande. Ein må ha respekt for kundane og dei skal kunne stole på at ein vil det beste for dei. Nina er stolt over at ho har skapt sin eigen arbeidsplass og har mange råd til dei som no sit med ein draum om å realisere eiga bedrift. Ho meiner det er viktig å ha kunnskap om det du jobbar med, og at ein har kjennskap til kva målgruppe ein skal rette seg mot og kva dei ynskjer. – Eg klarer ikkje å selje noko eg ikkje har tru på, eg må vite at behandlinga eller produkta er gode før eg kan selje dei. Det er og noko eg set pris på hjå andre. Konseptet må og vere gjennomført, delikat og ryddig. Folk må få god oversikt over kva du sel eller tilbyr, og det må vere ein fin stil over det, slik at folk får lyst til å kome tilbake, meiner ho.

28

1 • 2020

– For meg er det viktig å skape ei så god oppleving for kundane at dei ynskjer å kome tilbake. Eg som er sjukepleiar i botn er naturlegvis også oppteken av teieplikt og omsorg for dei som er innom, seier Nina og viser til at kundane hennar er varierte i alder og har ulike utfordringar. – Det kan vere alt frå ungdommar som slit med urein hud til eldre eller småbarnsforeldre som ynskjer eit avbrekk med velvære. Her skal det vere rom for alle. Ho har lang og variert arbeidserfaring, både som sjukepleiar og lærar ved Helse- og sosialfag ved Ølen vidaregåande skule, før ho i 2006 fekk spørsmål frå Morten Helland om ho ville starte butikk på det nybygde kjøpesenteret i Etne. Nina tok sjansen. – Eg likar utfordringar, og tenkte at dette kunne kanskje vere noko for meg. Det var veldig kjekt å bygge opp noko frå botnen av. Venner og familie støtta opp om oppbygginga av butikken, det vart seine kveldar og mange arbeidstimar. Ingenting kjem gratis, og skal ein få til noko må ein vere litt sta, meiner Nina. Butikken skulle vise seg å bli ein suksess, og godt tatt i mot av kundegruppa. I 2013 selde Nina butikken, ho ynskte nye utfordringar og byrja å tenkje på kva ho skulle vidare. Det var på tide med eit nytt skifte i kvardag. – Det var på tide å gjere noko anna, eg tok pengane eg fekk for butikken og sette dei i banken. Dei skulle eg investere når eg hadde bestemt meg for kva eg skulle gjere vidare, fortel Nina og legg vekt på at det er viktig å ha økonomiske midlar til å kunne satse, i tillegg til at ein må tenkje seg om korleis ein kan drive åleine og likevel vere rusta for sjukdom eller andre kriser. – Ein må tenkje på forsikringar og korleis ein kan vere sikra inntekt i vanskelege situasjonar også. Det er mange ting ein


NINA SINE GRÜNDERTIPS Våg å satse Gi av deg sjølv Ha god økonomistyring Tenk kvalitet og kunnskap Få hjelp til det du ikkje kan sjølv Bruk profesjonelle bilete i marknadsføringa Ver ærleg og bevar integritet Vis interesse og omsorg for kunden Bruk tid på å bygge opp bedrifta di Hardt arbeid gir resultat

Nina Kristin Haugen driv Etne Hudhelseklinikk og er stolt over å ha bygd opp sin eigen arbeidsplass.

støter på som gründer som kan virke overveldande i starten, då kan det vere godt å søkje hjelp frå apparatet rundt, meiner Nina og viser til at marknadsføring og promotering er tema som kan vere utfordrande for mange. Nina starta nettside og blogg medan ho studerte dermantologi i Drammen. Medan ho var under opplæring byrja ho også etterkvart med behandlingar. – Dette førte til at mange fleire blei kjende med meg og kva eg kunne tilby, og mange av dei som byrja å gå hjå meg på den tida er framleis med meg no. – Og ikkje minst vart eg kjent med kundegruppa mi, og fann ut meir om kva dei ynskte, slår ho fast. Ho meiner bloggen var eit godt utstillings-vindauga for kompetanse og kunnskap om ulike behandlingar og produkt. – Hudhelse og velvære har alltid interessert meg, ikkje fordi at folk skal endre på utsjånaden sin, men for at dei skal få sunnare hud og føle seg vel. For meg er det veldig viktig å kunne ta kunden på alvor. Nina brenn for dei som har hudproblem, og som treng behandling for at kvardagen skal bli lettare. Ho har valt vekk ein del behandlingar som ho meiner stimulerer til usunt fokus på utsjånaden, og fokuserer i staden på behandlingar og produkt som skal hjelpe folk til å kjenne seg vel. – Det var ei viktig etisk vurdering for meg før eg kunne starte opp med behandlingssenter, eg måtte kunne stå inne for det eg tilbyr. Bakgrunnen min som sjukepleiar fører også til at eg kan bistå med rettleiing når ein bør søkje legehjelp og så vidare. Det er verdifullt her. – No driv eg med noko som er fagleg interessant for meg, men heile yrkesvegen min har vore med på å legge til rette for at eg vågar dette. Som lærar lærte eg å formidle og våge å stå

framfor folk, i butikken lærte eg mykje om økonomistyring og som sjukepleiar fekk eg med meg empati for folk og fagkunnskap. Alt er nyttig å ta med seg vidare. Ho ser at folk set pris på tilbodet ho har, og fortel at folk i korona-epoken stilte opp og kjøpte produkt når dei ikkje lenger kunne bestille behandlingar. – Folk er så lojale og flinke, og eg har ikkje har ikkje mål om å selje flest mogleg behandlingar, men derimot tilby det eg kan stå inne for og som eg meiner er bra. Heime på garden Haugen driv Nina og mannen Einar med sau og gris. Nina er fast jordmor i fjøset under grisinga kvar sjuande veke, og i lemminga på våren. No byggjer dei ny driftsbygning for griser. – Du må vere eit arbeidsmenneske for å få det til gå rundt, og ikkje gi deg så lett. Det er same prinsippet uansett kva du held på med. Det er jo kjekt med varierte arbeidsdagar, ein sjukepleiar kan brukast til ganske mykje, seier Nina og ler. – Ver seriøs i det du jobbar med, bygg opp bedrifta di på ein grundig måte og ikkje gap over for mykje samstundes. Ver svolten på ny kunnskap og audmjuk i forhold til kundane dine, er tipset hennar.

Tekst: Judith Sørhus Litlehamar Foto: Astrid Eidhammer Hjelmeland



1 • 2020

29


Oppvekst og fritid

Magnus Aarekol (fremst) og Fillip Hauge Christiansen likar å møte vener for mellom anna å klatre, skate og hoppe på trampoline.

Det er fleire ulike klartrestariv å bryne seg på, her får Niklas Christiansen trena armmusklane.

30

1 • 2020

Johnny Vik legg ikkje skjul på at konkurranse-instinktet i padle-turneringa er stor, sjølv om det berre er for kjekt.


Jan Christan Brataas gir alt på trening mot lagkameraten på den populære padle-bana i Ølen.

EIN PARK FOR ALLE Måndag ettermiddag og i aktivitetsparken utanfor Sjøperlo i Ølen er det god gang både på padle-bana og i klatre- og trampolineparken. Her er både vaksne og barn samla i aktiv leik. Magnus Aarekol (8 år) likar seg velidg godt i aktivitetsparken, der han treff vener og finn på mykje kjekt. – Det kjekkaste er fem ting; trampolinane, klatrestativet, skateparken, padletennis og stupebrettet når det er varmt nok i sjøen. Eg er her mest når det er sommar og fint vêr, fortel Magnus Aarekol. Rita Elin Jektevik er mor til Magnus og flytta til Ølen i 2006. – Det er fyrst nå i sommar eg føler me har ein plass me kan bade i Ølen som er for alle og ikkje er privat, fortel Jektevik Det er tilrettelagt for bading, og ikkje berre for dei som vil hoppe ut frå ein kai. Familien synest det er ein veldig kjekk plassering på parken, i tillegg til at det er noko der for alle. – Padeltennis er nytt for oss og har falt i smak hos alle her i huset, frå far til minsten på 8 år, avsluttar Jektevik. – Tanken har vore at denne parken skal vera til glede ikkje berre for Ølensbuen, men for alle bygdene i distriktet, fortel initiativtakar Magne Christiansen.

– I Omega har me tradisjon for å arrangere ulike sportslige konkurransar internt, men denne gongen ville dei lage det ope og tilgjengeleg for alle. – Det er ekstra kjekt at så mange frå ulike bygder og miljø har meldt seg på, fortel dei to kollegaene frå Omega AS. Turneringa har skapt engasjement både hjå dei som allereie har vore kjend med banen, men og frå mange som aldri har spelt før. – Eg trur denne turneringa gir dei som er ferske ein kickstart. Alle lag spelar ein kamp i veka og til saman 5 kampar før semifinale og finale, fortel Brataas. Dette har vore eit godt tiltak nå som mykje sport for vaksne har vore stengd grunna korona. Mange set opp treningskampar mot kvarandre, dei ivrigaste kan ein til og med sjå på banen tidlig på morgonen for å rekkja ei økt før arbeidstid. – Me blir kjende med nye folk og det er utruleg kjekt. Det einaste problemet er at laga frå Etne er litt for god, så mogleg me må få gjort nokre endringar på det til neste gong, flirer Vik.

I samarbeid med Ølen IL har Johnny Vik og Jan Christian Brataas starta ein padeltennis turnering som pågår i desse dagar. Det er 18 lag påmelde frå Vindafjord og Etne og 21. november er det duka for finalehelg.

Det er vel eit år sidan aktivitetsparken utanfor Sjøperlo i Ølen vart opna. Den har vore brukt gjennom alle fire årstider og vist seg å vera til nytte og glede for mange i lokalsamfunnet. Som banksjef og firebarnsfar med interesse for sport, starta



1 • 2020

31


Trampolinen er populær. Taha Khaled Hajjsleiman har øvd inn nokre kule triks i lufta.

Christiansen saman med nokre privatpersonar arbeidet med å få bygd parken. – Banken har eit ansvar for å gje tilbake til lokalsamfunnet og ønskjer å engasjere seg i samfunnsutvikling, fortel Christiansen. Derfor har banken sponsa bygginga ein god del. Her i Vindafjord slit me med fråflytting og det er viktig for oss å leggja til rette for at folk skal trivast her, fortel Christiansen. – Her er det noko for ein kvar smak og parken er i bruk av mange. Både barnehagen, SFO og skuleklassar brukar anlegget. Om dei treng å dele gymtimen i ulike grupper eller barnehagen i kohortar har parken vore god å ha. Det er klatrestativ, leikeapparat, badestrand, sandvolleyball, og den mindre kjente sporten padeltennis. Lokalbefolkninga har tatt denne sporten til seg for fullt, etter at banksjefen blei kjend med sporten på ferie i Spania. – No har interessa tatt heilt av. Det har vore utseld for padelrackerter i Haugesund og banen er ofte fullboka på kveldstid, fortel Christiansen. Det finnes eit bookingsystem på olen. aktivitetspark.no der kven som helst kan booke tid på både

Det kjekkaste er fem ting; trampolinane, klatrestativet, skateparken, padletennis og stupebrettet når det er varmt nok i sjøen. Magnus Aarekol

32

1 • 2020

padel-banen og Sandvolleybanen. Det er gratis å bruke banane og er tenkt som eit lågterskel tilbod. Kven som helst kan prøve padeltennis, det er ein del enklare enn tennis og gjer god treningseffekt. Padeltennis er ein sport som har sitt opphav frå Mexico og har vore svært populær i mellom anna Spania dei siste 25 åra og er ein blanding mellom tennis og squash. Nå er dette den raskast veksande sporten i Noreg, men då Magne Christiansen ville setja opp ein padelbane i parken måtte dei aller fleste google sporten for å forstå kva det var snakk om. – Me er ofte på ferie i Spania om sommaren og der har dei padelbaner over alt så me byrja å spele det der, fortel Christiansen. I Spania har dei utandørs banar utan tak då dei har vêr til det, men i Noreg og kanskje spesielt på Vestlandet ville det fort bli få bruksdagar om det kun var opphaldsdagar ein kunne nytte sporten. Nokre stadar fins det innandørsbanar, men Christiansen ønskte å lage ein bane der ein var utandørs og kan spele i frisk luft men likevel på nokolunde tørt underlag. Dermed kom ideen om å få laga ein bane med tak over.

Tekst: Elin Sørheim Foto: Økland Foto


Design: Omega Design – Foto: Istoria

JULEGÅVETIPS!

Gåvepakkar med lokalmat! Etterutdanning for yrkessjåfører (YSK) Tlf. 468 05 000 www.instruo.no

Du finner oss i Sandeid!

Velg mellom 7 smakfulle gåvepakkar. Kjekt å gje, kjekt å få! Bestill på:


Tempo har stilt eit utval aktørar i næringslivet i Etne og Vindafjord kommune spørsmålet

Korleis har korona påverka bedrifta di?

Roar Knudsen Dagleg leiar Knudsen Dørfabrikk Salet har gått som det susar! Utfordringa har vore å halda oppe produksjonskapasiteten, m.a. grunna tilsette som har måtta bidra meir på heimebane i samband med stengte skular og barnehage. Me jobbar no med å rekruttera to nye tilsette, så me ser lyst på framtida.

Eldar Tranøy Dagleg leiar MCE Pandemien gav umiddelbare utslag for vår verksemd. Reduserte reisemuligheter og innreisekarantene påverkar mange av våre tilsette, og er ei vedvarande utfordring. Omfattande tiltak har måtte gjerast lokalt for å ivareta dei tilsette sin sikkerhet, og samtidig ivareta produksjonsevna vår. Usikkerhet i marknaden påvirka tidleg både førespurnadog ordremengde, samtidig såg vi forstyrringar i deler av leverandørkjeda vår. Dette har betra seg noko i løpet av sommaren, men vi følger nøye med på korleis situasjonen utviklar seg. Anna Eriksen Eigar Alfee Eg overtok/kjøpte butikken 15. juni, då alt var opna att. Eg var sjøvsagt spent, gjekk nokre rundar med meg sjølv om dette var rette tida og overta butikken. Men fann ut at det var nå eg var klar, så eg heiv meg rundt og investerte i min eigen arbeidsplass. Stortrivs, har verdas kjekkaste jobb. Har fått mykje positiv tilbakemelding etter eg starta. Folk i bygda/ hyttefolk er glade for at butikken fortsatt er - og eg er glad for alle som støttar opp og handlar.

Lars Norekvål Dagleg Leiar Ølen Betong Markedsmessig og økonomisk har det hittil i år gått nokolunde greit. Vi har unngått permitteringar, fått fleire kontraktar. Og fortset som planlagt med investeringer og utvikling av selskapet. Men vi overvåkar ein krevande situasjon dagleg og det er blitt gjennomført fleire tiltak i tråd med gjeldande retningslinjer fra FHI. Korleis Covid 19 vil påverke oss framover er ikkje lett å spå. Ved eit stort smitteutbrot både lokalt og nasjonalt er det klart vi vil bli påvirka ved at vi på kort kan måtte stenge ned produksjonen på ein eller fleire av produksjonsstadane åre. Skulle vi få eit smitteutbrot hos kundar vil det også påverke leveransane våre. Hittil i år har Covid 19 påverka sjukefråveret markant, fleire har vore i karantene og i tillegg har forkjølelse medført fråver der ein i ein normal situasjon hadde gått på jobb. I tillegg merkar vi alle at det er blitt få sosiale arrangement som er en viktig faktor for arbeidsmiljøet. Men det har våre tilsette forståing for med tanke på situasjonen som vi er påvirka av. Jon Oddvin Moe Butikksjef FK butikken Etne Me har fått ein auke i omsetnad etter korona på lik linje med andre butikkar med varespekter retta mot hus, hage og fritid. Pga reiserestriksjonar, og meir tid heime, har folk brukt meir tid og pengar på dette. Ein stor del av omsetninga vår går også til landbruk. Den har og vore stabil og god i 2020. Me er sårbare for smitte, og må heile tida ha fokus på smitteverntiltak. Det har heldigvis gått bra så langt.

Audun Steine Dagleg leiar Fugl Fønix Me var ein av dei fyrste som stengde restauranten og opplevde lock down i mars. Litt overnatting heile vegen. Me heiv oss rundt for å behalda folk på kjøken – etablerte vipps-meny og tilbydde take away. Me har vore i take away businessen før men blitt enda meir tydelege. Det fungerte bra, og me fekk beholda folk på kjøkenet med unntak av ein kort periode i starten. Holdt oppe omsetninga ganske godt. Folk var flinke å bruke oss og hadde behov for mat. Ikkje nok tap til å søka tilskot i mars. Fekk litt tilskot april/mai. Opna roleg oppatt i juni så tok det heilt av i juli/august i den norske marknaden på restaurant og overnatting. Fekk tatt noko att av juni. Etterkvart har det blitt veldig travelt. Me har snudd oss meir i forhold til cateringdelen og jobbar ein del med korleis me skal forhalda oss til koronasituasjonen framover og tilrettelegge i forhold til konferanse og aktiviteter. Utfordrande, men me har fått oppgradert og bygt ferdig bryggeriet, som er ei satsing og investert og klargjort for aktiviteter og turistsatsingar.

Terje Kristiansen Dagleg leiar Utbjoa Armering og Sveis Vår bedrift blir påvirka av at vi har pendlarar frå Litauen og Polen, og det har våre kundar og. Det medfører at drifta går treigare og gir oss store utfordringar i samband med karantenetid. Eg er veldig spent og litt nervøs på kva som skjer etter jul når tilsette frå Polen og Litauen skal tilbake på jobb, med tanke på smittefaren i samband med reiser og karantene med meir. 34

1 • 2020


Hilde Sandsbekken Dagleg leiar Frøken Fryd Kafé og Interiør Det har jo gått veldig opp og ned, frå alle blei permitterte på kafeen fram til sommareferien. Det var kun eg som var på jobb og det var kun for leveranse av ta med mat. Alt som var bestilt til konfirmasjonar og selskap vart avlyst og avbestilt. Heldigvis så har eg mange gode kundar som bestilte lunsj og mat heim og dei handla gåver og garn. Sommaren var travel, men det er den alltid hos oss. Hausten har vore nokså normal med alle tilbake på jobb, men nå vart det ein del avbestillingar på catering igjen. Me har ope i kafeen med halvparten så mange bord og stolar som normalt, og tapaskveldar har me fram til jul, men kun ca 20 stk mot normalt 35-40 stk. Det går mykje tid i vasking og spriting av berøringspunkt, bord og stolar, men sånn er det jo for alle. Det har vore mykje bestillingar og så avbestillingar heile tida, så det er litt strevsamt. Har hatt ein del vondt i magen og søvnlause netter oppi alt dette. Men me håpar på god julehandel og den er allereie starta.

Robert Stråbø Melkeraaen Dagleg Leiar Åkrafjorden Nature B&B Etter ein lang vinter med lite aktivitet såg me fram til å koma i gong igjen til våren. Me hadde mange bestillingar frå slutten av mars og kvar einaste helg til ut i juni. Då meldinga om nedstengninga kom, gjekk det berre nokre dagar før mest alt var avbestilt. Det såg skikkeleg svart ut. Me hadde berekna at det akkurat skulle gå rundt økonomisk om me kom i gong med aktivitetene til våren. Me fekk avdragsutsettelser av banken, og eg fekk ringevikarstilling hjå tidlegare arbeidsgjevar frå starten av mai. Me kom i gang med klatring i små grupper med maks 5 stk frå slutten av april. Etterkvart auka aktiviteten i helgene fram mot sommaren. Fellesferien vart veldig travel med fullt belegg på overnatting og mykje folk på aktivitetene. I august utvida me aktivitetstilbudet med ny familievennleg Via Ferrata-løype og juving. Det ser no ut til å gå mot ei auke i omsetning på omlag 20-25 prosent samanlikna med 2019. Me er ei ung bedrift og er i ein oppbyggingsfase, og ser for oss vekst i 2021!

Andreas Hustveit Dagleg leiar Frisk Treningssenter Korona har vore ei stor utfordring for Frisk, det har gjort at vi har mista mange av våre ellers så trufaste kunder. Færre kundar gir mindre omsetning og med større utgifter til normal drift, for å halde gode smitteverntiltak på samme tilbud som før korona, må me omorganisere og tenke nytt angåande drift. Målet er å kunne komme oss gjennom dette med begge beina på bakken når dette ein gang er over. Det som er gledelig er at dei som er og trener føler seg trygge. Det viser at vi har klart å laga dette til ein trygg plass å vere trass desse omstendighetene.

Siv Bente Vestbø Ølen Frisørsalong 12. mars 2020 er ein dag me kjem til å hugsa. Fekk to timar på oss til å stenga Frisørsalongen utan å ana kor lenge dette kom til å bli. Men samtidig veldig kjekt for oss at kundane var trufaste og etter seks vekers nedstenging var det full fart frå morgon til kveld i salongen. I denne perioden har det vore godt å ha forbundet, NVBF, å støtte seg på. Me får veldig god informasjon/ retningslinjer frå både NFVB og FHI og dei følger me nøye slik at kundane våre skal føle seg trygge. Me fekk ein liten kompensajon for mars og april månad, men er spente på korleis denne til vanlig travle førjulstida blir påverka av denne pandemien. Me ønsker alle våre kunder velkommen til ein trygg salong.

Jonny Einem Dagleg leiar Vindafjord Trafikkopplæring Vi blei stengt ned 13/3-9/5, med 6 stk permittert. Har eigentlig henta oss inn igjen nå, kundane og jobben blir jo ikkje borte. Elevane stod klare for å køyre med ein gong det blei opna. Så med lange dagar heile sommaren og hausten så har vi retta oss opp og får eit år som forventa før korona.

Jarle Haugen Dagleg leiar Tveit Regnskap AS Pandemien gav umiddelbare utslag for vår verksemd. Når vi tenkjer tilbake var mars 2020 ei surrealistisk oppleving. Å gå frå den trygge, vante kvardagen til eit rimeleg uoversiktleg bilete. Det var innkjøp av desinfeksjonmidlar, heimekontor, debet/kredit, bleieskift, permiteringsreglar, årsoppgjer, tidsfristar, telefon frå stressa fortvilte bedriftseigarar, regjeringen sine pressekonferansar, håndvask, støtteordningar, møte på Teams, sløyd, norsk og matte i saleg blanding. Midt i det heile så klarte vi likevel å halda roen. Vi hjalp kundar, fekk familielivet til å fungere, hadde ei ekstrem bratt lærekurve. Dei aller fleste klarte heldigvis å halda seg friske. Med hjelp av utsette fristar frå det offentlege, fekk vi arbeidet i hamn på ein god måte for våre folk. I etterkant er vi blitt mykje flinkare til å ha digitale møte, men dette erstattar ikkje møte mellom menneske. For oss var digitale og oppdaterte rekneskap viktig for å kunne gje god hjelp/støtte til våre kundar i tillegg til at arbeidet kunne utførast frå heimekontor. Kanskje mest imponerande var kor mykje vi klarte å lære om ordningar og digitale verktøy på så kort tid. Vi gleder oss igjen til å vera saman med kundar, kollegaer, familie og vener utan å tenkje på smittevernsreglar.



1 • 2020

35


Omega Design

Bli sett

Bli høyrt

Bli med

Synleggjer bedrifter og arbeidsplassar

Bedriftene sitt talerøyr

Faglege nettverk og møteplassar

• Ny E134 • Meir næringsareal • Forenkla byråkrati • Betre kommune- og fylkesvegar • Samhandling skule og næringsliv • Utarbeiding av lokalt havneforvaltningsprosjekt «Gul stripe»

• Gir ut næringsmagasinet Tempo • Arrangerer møteplass for lokale bedrifter og jobbsøkarar i 5 byar • Arrangerer møteplass for bedrifter og jobbsøkarar i Etne og Vindafjord koplar bedrifter og jobbsøkarar

/ EtneVindafjord

• NæringsGIV på Olalia • Bransjekoordinator • Fagseminar • L.Ærling – for lærebedrifter

etnevindafjord.no

Profile for Omega Design

Tempo Næringsmagasin 1 2020  

Advertisement
Advertisement

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded