Tempo Næringsmagasin 1 2020

Page 18

Portrett

ENERGISK

RIVJERN Bensinstasjon og konsern-utvikling har vore Annelise Sjurseike (57) sin kvardag i over 30 år. Ikkje ein einaste dag har ho vurdert å slutte.

Annelise Sjurseike har ikkje så lett for å gi seg, ho likar seg best i eit lag som vågar å sjå framover. – Det er jo dette som motiverer meg, at folk trivst på jobb, og at me kan skape noko saman. I denne bransjen må ein heile tida tenkje nytt, ein må omstille seg og våge å satse. Det viste svigerfar meg, seier Annelise. Historia bak Knapphus Bensinstasjon er lang og velkjent. Mannen Johannes er født inn i selskapet, og etterkvart vart også Annelise engasjert i drifta på Knapphus. Då var dei småbarnsforeldre og Annelise kom frå jobb i Hatteland. Svigerfar Jarl Sjurseike var tidleg ute i marknaden og satsa allereie på 60-talet då han byrja å etablere bensinstasjon på Knapphus. – Han var nytenkjande og ynskte å vere med på nye ting. Me var den første stasjonen som selde is på 1980-talet. På den tida kom og pølsene på plass i disken, mange lurte på korleis bensin og mat kunne henge saman, fortel ho og ler. På slutten av 90-talet vart me, som den andre stasjonen i landet, ein konseptstasjon i Shell-systemet, det har betydd mykje for oss. Då var det mange som rista på hovudet, og lurte på korleis ein kunne tene pengar på ein kaffemaskin som kosta 90.000. – Det er jo dette det handlar om i dag og, me må henge med. Bensinstasjon handlar om så mykje meir enn drivstoff i dag, no er det pausen og maten som betyr aller mest. For mange sjåførar er me den kafeen dei stoppar på. I dag er Knapphus Bensinstasjon ein del av eit stort konsern på Knapphus saman med bilforhandlar, bilverkstad, gatekjøkken, energiselskap, buss-selskap og Retail-avdeling. Annelise har dei siste åra brukt mykje krefter på Knapphus Retail i konsernet. Ho har leia drift og utvikling for dei sju bensinstasjonane Shell Karmøy, Shell Avaldsnes, Shell Karmsundgata, Shell Norheim, Shell Aksdal, Shell Heiane og Shell Odda, i tillegg til dei to som konsernet sjølv eig i Ølen og på Knapphus. Ho har samla trådane, knekt på tal og grove fram utviklingspotensiale på kvar enkelt stasjon. Men no er

18

1 • 2020

tida komen for å sleppe andre til, Annelise har valt å seie opp avtalen med det finskeigde selskapet ST1 Shell. Framover vil ho konsentrere seg om dei stasjonane dei eig sjølv, og ikkje minst familien. – På fritida ynskjer eg å vere meir farmor og mormor, og bruke tida mi litt annleis. Det er ei tid for alt. Eg gir meg med Knapphus Retail medan me er på topp, seier ho og smiler. Vel vitande om at toppresultata har kravd mange timar og seine kveldar. – For meg har det vore viktig å få dei tilsette med på laget og kunne motivere, utan dyktige medarbeidarar har me ingenting. Så enkelt er det, meiner ho. Annelise er kjent for å bygge Knapphus-kulturen, det handlar om at alle skal vere med på eit lag. Ho samlar troppane, tar med seg gjengen på tur, arrangerer kåringar på middagar med dei tilsette og skaper god stemning i kvardagen. – Det er viktig at me kan dele desse opplevingane, då har me noko å prate om på jobb dagen etterpå, det bind oss saman. – Folk skal vere stolte over jobben sin og kjenne at dei er viktige brikker, sjølv om dei jobbar i fulle stillingar eller deltid, det har ikkje noko å bety, alle speler ei rolle. Dei siste månadane har vore spesielle, no er det ingen sosiale samankomstar på jobb, det er ingen som deler ut ein klem eller eit handtrykk. No er det kome spritstasjonar og plastikk-deksel framfor disken, også på Knapphus. 12.mars har brent seg inn i minnet til Annelise for godt. – Eg kjem aldri til å gløyme den dagen, eg var på Karmøy på ein av stasjonane me driv. Plutseleg kom ein kunde inn og kunne fortelje meg at det var kaos på vegane, at skulane stengde ned og at folk hamstra på butikkane. Det var ikkje til å tru. Dermed starta ein ny epoke på Knapphus, på bensinstasjonen måtte dei permittere, noko dei aldri hadde prøvd før. – Me måtte snu oss rundt og tenkje raskt, det var fantastisk at dei tilsette var med på alt dette, slik at me fekk ned kostnads-


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Tempo Næringsmagasin 1 2020 by Omega 365 Design - Issuu