__MAIN_TEXT__
feature-image

Page 1

Magasinet om ĂĽ jobba og bu i Etne og Vindafjord

31

LĂŚretid sikrar rekruttering

6 Tveit Regnskap

Jubilant i utvikling

19 Portrettet

Synnøve Matre


10

6

16

26

18 31

INNHALD 2

Innhald

16

Realistisk yrkesval

31

I lære på Westcon

5

Leiar

18

Enquete: kva gjer du etter russetida?

35

Kortnytt

6

Jubilant gir gode råd

19

Portrett: Synnøve Matre

Vekst i Etne-handel

25

Karate & sosial møtestad

10 2

1 • 2019


Kva type bedrifter og stillingar som finst hos oss er ein vesentleg faktor for kor attraktive me er for flinke folk som vurderer å jobba og bu her.

Magasinet om å jobba og bu i Etne og Vindafjord

Utgåve nr 1 2019 Ansvarleg utgjevar:

ve

it

Ansvarleg redaktør:

foto: Fotogra

fN

or

dt

Fikse Næringsforening

Asbjørn Moe

Asbjørn Moe Fikse Næringsforening

Redaksjon: Asbjørn Moe, Fikse Næringsforening Judith Sørhus Litlehamar, Omega Design Maria Djuve Vågen, Omega Design Astrid E. Hjelmeland, Omega Design

Våre handlingar er vårt omdøme Ein får det omdømet ein fortener, er det noko som heiter. For kommunar, næringsorganisasjonar og bedrifter som jobbar med rekruttering av arbeidskraft, samarbeidspartnarar og kundar, er eit godt omdøme eit viktig fundament for å vera eit attraktivt alternativ for målgruppene ein ønskjer å nå fram til. Mange ressursar blir brukt på kommunikasjonsarbeid, digitalt og trykt materiell som skal visa oss fram frå vår beste side, slik at du skal få lyst til å bli med på laget vårt. Kva type bedrifter og stillingar som finst hos oss er ein vesentleg faktor for kor attraktive me er for flinke folk som vurderer å jobba og bu her. Det same er tilgangen på og utvalet av tomter og hus. Det er blitt eit munnhell at majoriteten av ledige stillingar i næringslivet ikkje blir lyst ut, men internt rekruttert frå det etablerte nettverket til den som skal tilsetja. Ein slik praksis har minst to uheldige konsekvensar; distriktet vårt framstår mindre attraktivt for jobbsøkjarar og busetjarar, og bedriften som søkjer etter arbeidskraft går glipp av gode kandidatar som kan vera med å heva konkurransen til stillingane og kompetansen i bedriften. Me jobbar kvar dag for å synleggjera alle dei spennande jobbane som finst i dei ulike bedriftene våre, med over 200 ulike fagområde å jobbe med. Arbeidsgjevarane blir stadig betre og meir bevisste på å lysa ut stillingar, også dei der ein tenkjer ein allereie kjenner ein brukande kandidat. Me har alltid hatt bedrifter som er flinke å ta i mot alt frå barnehagar, til elevar i praksis og lærlingar. Dette er god og langsiktig rekruttering. Slik får ein betre omdøme som bu- og arbeidsregion. Me vonar du vil prøva ut Etne og Vindafjord, eller fortelja nokon du kjenner om oss.

Formgjeving: Omega Design Foto: Svein Egil Økland Foto Astrid E. Hjelmeland, Omega Design Framsidefoto: Svein Egil Økland Foto Opplag: 6 000 Trykkeri: Haugesund Bok & Offset Magasinet blir fulldistribuert i kommunane til bedrifter i Etne og Vindafjord.Elles på messer i Haugesund, Stavanger, Bergen, Trondheim og Oslo og strategiske stader i distriktet.

God lesning!

Hovudsa ma rbeidspa rtna r



1 • 2019

3


Omega Design

Inngangsparti, støttemur, terrasse eller hage? KR

2,50

PARKSTEIN Vekt pr stk: ca 3 kg Mål: 20 x 10 x 6 cm (L x B x H) Parkstein grå ................................................. kr 2,50 pr stk / 125,- pr m2 Parkstein farget (bl.a.koks, rødmix) ................... kr 2,70 pr stk / 135,- pr m2

KR

HELLER 30x30, 40x40 eller 50x50 cm Vekt pr stk: fra 11 til 30 kg Fra kr. 14,50 pr stk / 160,- pr m2

14,50

KR

KANTSTEIN TIL PLEN, INNGANGSPARTI ELLER ANNET Vekt pr stk: fra 12 til 29 kg Fra kr 21,25 pr stk / 425,- pr. m2

21,25

MINI TRØNDER STØTTEMUR Vekt pr stk: fra 12 til 26 kg Mini trønder ....................kr 26,45 pr stk / 635,- pr m2 Mini trønder rustikk .........kr 28,33 pr stk / 680,- pr m2

FORSKALINGSBLOKK Vekt pr stk: fra 25 kg Mål: 60 x 20 x 20 (L x B x H) Kr 19,90 pr stk / 166,- pr m2

KR

19,90

KR

28,33

Ølensvåg Tlf 53 77 52 00 – Haugesund Tlf 52 72 65 90 mail@olenbetong.no – www.olenbetong.no

Er framtida di spikra? Jørgen og Roar byggjer gjerne huset ditt Me tek gjerne ein prat og ein kikk på dine byggeplanar. Det kan vera: • nytt hus • tak • kledning • påbygg • næringsbygg • garasjar

Vigor Bygg - dersom noko skal spikrast!

KONTAKT KJETIL NEDRESKÅR I DAG +47 481 15 880 // kjetil@vigorbygg.no

Vinnarskalle.no

Be om huskatalog


Tveit Regnskap feirar 50 år og er på veg inn i ei ny tid. Digitalisering gir rom for å utvikle rådgjevingsdelen i bedrifta.

50 ÅR MED GODE RÅD

– Eg har jo vokse opp i denne bedrifta, seier Jone Tveit og ler godt. Han har opna dørene til hovudkontoret i Skjold. I lyseblå og korrekt Tveit-skjorte viser han veg inn til den vitale 50-åringen Tveit Rekneskap som stadig legg nye utviklingsplanar for å styrke posisjonen sin som ein strategisk rådgjevar for bedrifter. Auka digitalisering gir ikkje berre mindre jobb for rekneskapsførarar, det gir også rom og sjanse til å bli ein endå tettare sparringpartnar for kundane. – Gründerane våre som eg kallar dei, det er jo dei som er drivarane og får ting til å skje. Det er det som er motiverande for oss, at me kan få vere med på deira reise og bidra med rådgjeving og tenester som gir dei vekst, slår Jone fast. – Det er jo dei same som sel kaffi på fotballbanane og som

stiller som trenarar, det er ein gjeng med folk som vil noko. Me utviklar kundane, men dei utviklar også oss. Han er truleg i same kategorien sjølv som kundane han snakkar om. På nettsidene til bedrifta blir han omtala som ein engasjert trebarnsfar med beina godt planta på jorda, og at han brenn for nærmiljøet, næringslivet og ei framtidsretta regionutvikling. Jone er son til Jarle og Marit Tveit som starta opp Tveit Regnskap i 1969, det var ikkje planlagt at han skulle inn i familiebedrifta, men etter militæret spurte far Jarle om han kunne tenkje seg å prøve. – Etter det har eg blitt verande, og har ikkje angra på det, eg likar å vere ute hjå bedriftene, og eg likar at me kan bety ein forskjell for dei. 

1 • 2019

5


Kvardagen som rekneskapskontor er i endring, i dag blir rådgjevingsrolla stadig viktigare, seier HR-leiar Irene Buran Haraldseid, økonomisk rådgjevar Kjell Larsen og dagleg leiar Jone Tveit.

Me starta opp i ei gylden tid. Jarle Tveit

FA K TA Tveit Regnskap vart stifta av Jarle og Marit Tveit i 1969. I dag har firmaet 215 tilsette ved hovudkontoret i Skjold og dei 19 avdelingskontora. Jone Tveit er dagleg leiar, og i 2018 hadde bedrifta ei omsetnad på 190.878.000 kroner.

6

1 • 2019


Eg likar å vere ute hjå bedriftene, og eg likar at me kan bety ein forskjell for dei. Jone Tveit

Etter kvart vart det økonomisk utdanning på HSH og Høgskolen i Stavanger. Som 28-åring vart han dagleg leiar i bedrifta, sidan far Jarle trakk seg tilbake som styreleiar og byrja jobbe meir med taksering av eigedommar. Då Jone tok over drifta var det 35 tilsette i Tveit, i dag har dei 215 tilsette fordelt på 19 avdelingskontor i tillegg til hovudkontoret i Skjold. – Grunnlaget var der og sjela til Tveit var godt planta både hjå dei som jobbar her og kundane våre då eg tok over. Det var mykje me kunne byggje vidare på, meiner Jone og peikar på at Tveit er ein arbeidsplass der få sluttar og der mange har vore med i mange år. – Far min var flink til å sleppe folk til, og ikkje stå i vegen for utvikling sjølv. Det er mange suksessfaktorar her som eg og trur blir viktige framover. No satsar bedrifta på å kunne gi kundane eit breiare og meir komplekst tilbod av rådgjevingstenester, i tillegg til meir tradisjonelle basistenester på rekneskap. Tveit har 4000 unike kundar som er fordelt på dei fleste bransjar, sjølv om landbruksnæringa som var grunnlaget i oppstarten, også framleis er ein plattform i bedrifta. – Landbruket går ofte andre vegar, då olja gjekk ned gjorde bøndene til dømes det greitt økonomisk. Me spreier også risikoen vår når me er inne i så mange ulike bransjar, nedgangstider og oppturar vil alltid variere mellom bransjane, meiner Jone. – Tida der ein brukte arbeidstida på å punche billag er i nedgang, i dag har rekneskapskontoret sine oppgåver og ansvarsområde utvikla seg. Økonomisk rådgjevar vil det alltid vere behov for, meiner Kjell Larsen som har jobba i Tveit Regnskap i 2 år, etter ein periode som rådgjevar er han no leiar for rådgjevingsavdelinga. – Eg har ansvar for at me leverer bra på rådgjeving og at me utviklar oss og veks som rådgjevarar. Me har eit mål om å auke kvardagsrådgjevinga vår innan alle felt, fortel Larsen. Hausten 2017 starta bedrifta opp eit kompetansehevingsprosjekt der om lag 100 personar deltok for å kunne gi rådgjevingstenestene i Tveit eit løft.

– Bakteppet var at me ynskte å utvikle dei tilsette, me har utruleg mange flinke folk, og no byrjar me å sjå resultat av dette kompetanseløftet. I hausten i fjor opplevde me vekst i rådgjeving. Første kvartal i 2018 selde me like mykje rådgjeving som me gjorde første halvåret i 2017, fortel Kjell Larsen engasjert. – No har me organisert oss, funne gode verktøy som me har gjennomført intern opplæring i og er klare til å styrke tilbodet vårt ute til kundane. Det er tydeleg at me har stort potensiale i å auke denne delen av tenestetilbodet vårt. I Tveit er det sterkt fokus på å rekruttere ny og rett kompetanse. Digitalisering, nye arbeidsmetodar og kompetansefelt gir nye utfordringar og moglegheiter. Dei siste åra har også Tveit bygd opp si eiga IT-avdeling som tilbyr kundane gode systemløysingar for deira drift. – Det er viktig for oss å passe på at kunden har gode styringsverktøy. Me må tilby økonomiske rapportering som gir innsikt, og me må tilby effektive løysningar for ulike bransjar, som transport, varehandel og bygg og anlegg, fortel Kjell som blant anna jobbar med å utvikle nye system som gir kunden betre og meir oppdatert informasjon om eigen økonomi. – Me har utvikla eit skybasert system som gir deg liveoppdatert informasjon om tala dine, for mange små og mellomstore kundar vil dette fungere veldig godt. For andre med spesielle ønsker vil me skreddarsy løysningar. I den digitale kundeportalen til Tveit kan også kunden dele dokument og billag direkte med rekneskapsføraren, i tillegg til at dei får tilgang til ei digital oversikt som kan gi live informasjon om til dømes inntekter, kva som er uteståande eller korleis salet i bedrifta er nett no. Tveit har ein sterk distriktsprofil i bedrifta, med heile 19 avdelingskontor, til dømes i Bergen, Oslo, Haugesund eller Sauda. Jone Tveit legg vekt på at intensjonen er at ein gir kundane betre tenester dersom ein er tett på folk der dei bur. Gjennom åra har dei også kjøpt opp mange rekneskapskontor, Jone meiner det er viktig å opptre skikkeleg i slike oppkjøpsprosessar. Det er folk det er snakk om som skal ha det greitt på jobben, også etter at dei er komne innunder Tveit sin paraply. No har dei også utvikla selskapet Front Regnskap som er retta 

1 • 2019

7


Det er viktig for oss å passe på at kunden har dei rette styringsverktøya for å vere ute i felten. Kjell Larsen

mot frisør-og velværebransjen, eit selskap dei håpar kan få nasjonalt nedslagsfelt. – I nokre bransjar kan me kome ned på dette nivået, at det er spesialiserte tenester me tilbyr kun til dei bedriftene som er aktuelle. Me må skilje på kva me tilbyr generelt, og kva som er spesielt, meiner Kjell. – Me leverer alle våre basistenester i alle avdelingar, nokre av spesialistane våre sit også i Skjold, men mange jobbar utifrå avdelingskontoret der dei høyre til, slår Jone Tveit fast. Rekruttering av rett kompetanse og utvikling av dei tilsette har også gitt rom for å tilsetje eigen HR-leiar. Irene Buran Haraldseid har hatt jobben i snart tre år, Tveit hadde tidlegare personalsjef, men frå 2016 blei rolla endra til HR-leiar. Irene er opphavleg sjukepleiar, men har jobba som leiar i mange år, blant anna som HR-leiar i ulike verksemder i 12 år, ho har og utdanning innan HR og rekruttering. – HR står for Human Resources, omgrepet er mangfaldig, men kort fortalt handlar det om alle prosessane i ei verksemd som omhandlar dei menneskelege ressursane, altså dei tilsette. – Frå tidlegare har ein gjerne kjennskap til personalavdelinga som ein administrativ gjennomførar av det som har med tilsette-forhald å gjere. Det noko meir moderne omgrepet HR handlar i større grad om fokus på endring, utvikling og strategi, i tillegg til dei personaladministrative driftsoppgåvene, fortel Haraldseid. – I norsk samanheng er jo HR-omgrepet ganske nytt, eg er med i strategiske prosessar i bedrifta, sit i konsernleiargruppa og har tett kontakt med avdelingsleiarane. Leiargruppa jobbar til dømes med rekruttering, slår Irene fast. Ho er klar på at menneska i bedrifta er den største verdien ein har, og den viktigaste kapitalen for å oppnå vekst og utvikling. – Me jobbar mykje og breitt med rekruttering, og har ein god prosess med intervju, arbeidspsykologiske testar og fokus på kva kompetanse som passar inn i Tveit sin profil. Sjølvsagt er 8

1 • 2019

me på jakt etter dei som er utdanna innan rekneskap og økonomi, men det kan også vere andre bakgrunnar som kan vere like interessante for oss i somme jobbar. IT er eit godt døme på det, meiner ho. Far Jarle er ofte innom i gangane på kontoret i Skjold, han drøymde aldri i oppstarten om at rekneskapseventyret kunne bli så stort som det er blitt. Det at han og kona Marit tok dei sjansane som kom, la grunnlaget for den veksten me ser i dag. Ekteparet Jarle og Marit var gode lagspelarar på arbeidsplassen dei skapa saman. – Me starta opp i ei gylden tid, det var høgt skattetrykk og innføringa av moms gjorde at stadig fleire hadde eit behov for å kjøpe seg hjelp til rekneskap. Me såg jo at likningskontora som hjelpte bøndene ofte gav dårlege råd. Ein bonde som hadde kjøpt seg to traktorar fekk nei til å føre den siste som utgift. Likningskontoret meinte nemleg han klarte seg fint med den første, seier Jarle og ristar på hovudet. – Det var mange som vart glade for at me kunne bidra, og hjelpe dei med å finne fram i regelverket. I dag jobbar Jarle som styreleiar i Tveit og som takstmann. Han saknar den tette kontakten han fekk med kundane i rekneskapskontoret. – Eg vart godt kjend med kundane og snakkar framleis godt med dei. Slik er det ikkje i takstbransjen, her gjer me ein jobb, og så er me ferdige. Det er noko Jone kan skrive under på. – Det kjekkaste med jobben vår er å fylgje bedriftene så tett som me gjer, me får tillit hjå kundane og innsyn i det aller meste. Dedikerte medarbeidarar er vårt største fortrinn, meiner han. Av Judith Sørhus Litlehamar Foto: Svein Egil Økland, Økland Foto


Bli en

del av teamet Vi er over 1300 medarbeidere som jobber for at kundene våre skal få gjennomført sine prosjekter på en effektiv måte. Vi leverer programvare, konsulenttjenester og produkter til en rekke ulike bransjer, og opplever nå vekst i

Norge og internasjonalt. Våre leveranser er basert på lokal tilstedeværelse og global rekkevidde fra våre 15 avdelingskontor verden over. Hovedkontoret vårt er i Ølensvåg. Vi ønsker å styrke teamet vårt med flere medarbeidere innen områder som: • Arkitekt- og ingeniørtjenester • Areal- og samfunnsplanlegging  • Nettsider og applikasjoner • Programvareutvikling  • Grafisk design, logo og reklamemateriell • Innhold- og kommunikasjonsarbeid • Regnskap  • Administrasjon  • Subsea og marine operasjoner  • HMS, KS og risiko  • Prosjektstyring og prosjektkontroll • Dokumentkontroll • IT-ledelse • Konstruksjon • Mekanisk ferdigstillelse og idriftsettelse • Operasjoner og vedlikehold • Læreplasser i kontor og administrasjon, IKT Se ledige stillinger på omega.no/jobs

omega.no

Big enough to deliver - small enough to care


Folk vil handle lokalt dersom butikkane er betre enn alternativa, ein må gi kunden ein grunn til å bruke det lokale tilbodet. Marie S. Håheim, Leiar Etne Sentrumsforeining.

HANDELSVEKST I

ETNE Samarbeid, service og god plassering gir handelsnæringa i Etne positiv utvikling.

Etne Senter har hatt auke i omsetnaden kvart driftsår frå oppstarten i slutten av 2006. I 2016 nådde dei ei dobling av omsetnaden frå første året, på 200 millionar, i 2018 var omsetnaden 207 millionar. – Det er ikkje så mange andre kjøpesenter som kan skilte med auke kvart einaste år, seier senterleiar Ester Osvåg. Ho har hatt senterleiarjobben i halvanna år og meiner lokalbefolkninga, pulsen i Etne som sentrum og alle dei som reiser gjennom bygda legg grunnlaget for den positive utviklinga i økonomien. –Eg trur absolutt folk i Etne er blitt meir bevisste på å bruke dei lokale butikkane, og så ser me ein tydeleg trend på god handel når det er typiske ferie- eller fridagar. Mange reiser forbi her til hytta og handlar både mat, drikke og det dei treng til hytteturen her, held ho fram og viser til at lokalmiljøet også er større enn sjølve Etne. Hovudtyngda av besøkjande til senteret kjem frå Etne og Vindafjord. Utover det kjem det tilreisande frå heile distriktet, både Røldal, Odda, Sauda og Haugesund, noko som senterleiaren meiner vitnar om at Etne har posisjonert seg som ein god stad å handle. Sjølv om det dei siste åra har vore nokre butikkar på senteret som har lukka dørene meiner Ester Osvåg pila peikar oppover for attraktivitet og utvikling. 10

1 • 2019

– Det skjer spanande ting også framover, slår Ester fast. Det er Ole Strømø og Morten Helland som er arkitektane bak Etne Senter, som i år kan markere 13 år med drift. – Eigentleg starta dette med at me ville bygge nye lokale til oss sjølve. Morten Helland dreiv Monter i Etne, og eg leigde lager av han, fortel Ole Strømø som både den gongen og i dag driv møbelbutikk i Etne. – Det var slik me kom i kontakt og slik dette prosjektet starta. Me hadde begge behov for meir areal, og betre plassering av butikkane våre. Etter kvart såg me at dette kunne bli så stort at også fleire kunne få plass. Dermed var sentertanken etablert, fortel Strømø. Resten er kjent suksesshistorie om eit senter som gav eit supplement til å styrke handelen i Etne. Strømø legg vekt på at dei var heldige med plasseringa på eit tomt som ligg tett opp mot resten av sentrum, i tillegg til E134 som for mange er ei populær ferdselsåre. I 2017 selde dei to grundarane sine seksjonar av Etne Senter til Berg Eigedom Haugland AS. Eigedomsbedrifta i Haugesund eig 130.000 m2 tomteareal, fordelt på 12 bygg. Ole Strømø er framleis dagleg leiar ved Møbelringen Etne som har butikken

sin i senteret, medan Morten Helland i dag jobbar i Medvind Næringshage. – Det er mykje arbeid i å drive eit senter, i tillegg til å drive eigne bedrifter. Det tar mykje tid og krefter, og ikkje minst er det eit fag i seg sjølv. Me er trygge på at dei nye eigarane kan dette med senterutvikling og kan ta godt hand om utviklinga her på senteret. Det var viktig for oss å få inn ein proff aktør med godt nettverk, slår Ole Strømø fast. Også Ester Osvåg er klar på at den viktigaste oppgåva framover er å ta vare på kundemassen og å kunne utvikle seg slik at kundane er nøgde med tilbodet. Området rundt Etne Senter har også opplevd vekst dei siste åra. Våren 2016 flytta Felleskjøpet inn i nye og romslege lokale saman med Coop Extra. – Det har vore ei markant auke i omsetnad og kundar sidan me flytta. Me har hatt vel 25 prosent auke i butikkvarer. Større og betre lokale og parkeringsplass kloss i europavegen, og synergieffekten med Coop gir utteljing. Lett tilgjengeleg og betre eksponering av vareutvalet er også stikkord. Me har mange gode kundar frå eit stort oppland, og det kjem fleire til. No bygger me nytt gjødsellager ved butikken så det og skal bidra til ein enklare kvardag for kundar og tilsette.


Dagleg leiar av Møbelringen, Ole Strømø, meiner dei i si tid var heldige som fekk bygd Etne Senter så nært resten av sentrum.

Senterleiar Ester Osvåg fortel at hovudtynga av besøkande på Etne Senter kjem frå Etne og Vindafjord.

Me ser lyst på framtida, fortel butikksjef, Felleskjøpet Etne, Jon Oddvin Moe. Blant andre utviklingsprosjekt i Etne er ombygginga av Meieriplassen, som er i gong for å få Europris inn. Huseigar Kjetil Nedreskår håpar Europris er på plass i nye lokale tidleg haust i år.

eininga. 30 prosent av handelen i Etne står tilreisande og turistar for. – Me hadde aldri klart å halde oppe dette breie og varierte tilbodet utan dei som handlar her når dei er på reiseveg.

Trass i at Etne har kort veg til handelstilbodet i Haugesund, samt ei stadig auke i tilbodet av nettbutikkar, så aukar likevel varehandel per innbyggar i Etne kvart år. Etne har klart å etablere seg som ein attraktiv handelsstad i ein større region. – Før senteret kom på plass var handelstilbodet i Etne tilpassa kundegrunnlaget lokalt. Då avgjersla om Etne Senter vart tatt og dei litt hårete måla om å bygge handlesenter kom på bana byrja det ei ny utvikling i Etne, det er interessant å sjå på, meiner Marie Håheim som er leiar i sentrumsforeininga og som driv Diamanten Frisør i sentrum av Etne. – Eg trur det er viktig at butikkane ikkje speler på dårleg samvit hjå dei lokale kundane. Folk vil handle lokalt dersom butikkane er betre enn alternativa, ein må gi kunden ein grunn til å bruke det lokale tilbodet, meiner ho. Dei store bedriftene viser gjerne veg, medan dei små er krydderet som gjer staden interessant, trur leiaren av sentrumsfor-

Audun Stene er dagleg leiar på Fugl Fønix Hotel som i år kan feire 20-årsjubileum. Etter mange år i klassisk oppstartsfase og med ei bratt læringskurve viser Audun til at ein dei siste åra har stabilisert økonomien og fått drifta i god balanse. – Eg trur me har gode resultat, samanlikna med mange andre bygdehotell, me har ein gjennomført urban stil som eg trur treff mange i målgruppene våre. Me har sjølvsagt tilpassa oss marknaden gjennom åra, men har heile tida hatt ein klar profil, den har me ikkje tulla så mykje med, fortel Audun. Hotellet i Etne har fleire målgrupper, både for dei som er interessert i uteliv, restaurant, mat og drikke, samt hotell og til slutt kurs og konferanse. På ei veke skiftar hovuddrifta mellom business på dagtid og fritid i helgene. Første kvartalet i 2019 har omsetnaden på Fønix auka med 35 prosent samanlikna med same perioden i fjor. – At me har så mange målgrupper gjer oss også mindre sårbare. Og dei som bur

her og eigentleg på heile Haugalandet er flinke til å bruke oss. Det heng igjen ein kafekultur her i bygda frå 1970-talet, slik at ein slapp å bygge den opp igjen frå botnen av. – For oss er det enormt viktig at det er ein god puls i resten av samfunnet rundt oss, at det finst butikkar, attraksjonar og aktivitetar. Det igjen fører til at fleire av gjestene våre blir lengre i Etne, alt dette heng saman, slår Stene fast. Under festivalen i mai lanserer hotellet sitt eige øl på flaske, og snart kan gjestene deira også få vere med i sjølve brygginga i renovert pubb-bryggeri. – Handelen i Etne er bra, det vil alltid vere slik at det går betre med somme bedrifter enn med andre. Men det er fantastisk å sjå korleis bedrifter held ut og prøver å halde liv i handelsnæringa. Det er kjekt å sjå nye butikkar bli til, og alltid trist å sjå når andre stenger dørene, seier Marie Håheim vidare. Ho meiner kvar butikk i bygda er unik, om det er daglegvare, klede, bakst eller blomar så klarer kvar og ein å yte den servicen og kunnskapen ein treng for å bli lagt merke til, fortel ho. – Personleg service trur eg er nøkkelordet. Me har jo alt me treng, det er sett meir fokus på å handle lokalt, og det 

1 • 2019

11


Marlene Lye er godt nøgd med pågangen av både gamle og nye kundar til butikken Søstrene Lye i sentrum i Etne. Hjå Søstrene Lye får du både flotte blomsterdekorasjonar, interiør, garn og matprodukt. – Me har eit breitt utval av butikkar i Etne, og me har mange unike butikkar, det trur eg trekk mange kundar, også dei tilreisande.

For oss er det enormt viktig at det er ein god puls i resten av samfunnet rundt oss, at det finst butikkar, attraksjonar og aktivitetar. Audun Stene, Hotellsjef Fugl Fønix

Leiar i Etne Sentrumsforeining, Marie Håheim, meiner det er interessant å sjå på utviklinga i Etne sidan avgjerda om å bygge Etne Senter blei tatt.

er tydeleg at det fungerer. Håheim er leiar av sentrumsforeininga og meiner foreininga er ein fin arena for samarbeid på tvers av butikkane. – Eg har alltid meint det er viktig å ha ein felles plass for å kunne stå sterkare i lag. Mange butikkar består av få tilsette, og det kan vere tungt å dra lasset åleine. Her ynskjer Etne Sentrumsforening å bli betre på felles arrangement. Det er kjekt når det er liv og røre frå Meieriplassen og opp til Felleskjøpet og Extra, fortel ho og viser til at kåring av Årets Servicebedrift er ein pris som heng høgt blant medlemmene i sentrumsforeininga. Ho meiner opprusting av sentrum er ei viktig oppgåve i åra framover, og viser til at sentrumsforeininga saman med Etne kommune og Etnesjøen Grendelag no skal få på plass nye benker i Etne sentrum, produsert av Hamre AS. – Eit mål for sentrumsforeininga er å vere ein støttespelar for kvar enkelt bedrift, men også jobbe mot nokre store utfordringar, som til dømes kva ein gjer når vegen E134 vert lagt utanfor sentrum? Etne Senter har jo gitt handelen 12

1 • 2019

i Etne eit kraftig løft. Sjølv om fleire var skeptiske, så har det jo berre vist at det er mykje kvalitet i Etne. Eg meiner at me alle løfter kvarandre. Det er alltid kjekt å høyre frå kundar at dei har blitt sendt rundt frå butikk til butikk med tips om kva dei bør handle hjå andre. Det vitnar om at me passar på kvarandre på bygdene, meiner Håheim. Også senterleiar Ester Osvåg er optimist med tanke på framtida. – Me prøver å ha jamne aktivitetar som kan freiste fleire kundar, alt frå barnas dagar til prikkedagar. Det er ein stor effekt av å drive felles opplegg og felles marknadsføring. Me er eit godt team, saman med sameigestyre og senterleiinga, meiner Osvåg. Ho seier senteret framleis har mål om å vekse, og om å bli endå større med fleire butikkar. – Personleg syns eg det hadde vore kjempebra med fleire butikkar som kan tilby barneklede i Etne, det har me ikkje så mykje frå før, meiner senterleiaren. Av Judith Sørhus Litlehamar Foto: Astrid Eidhammer Hjelmeland

Audun Stene meiner det store spennet i tilbod i Etne er viktig for at fleire av gjestene blir lengre.

FA K TA Etne Senter: Omsetnad 2007: 114 millionar Omsetnad 2018: 207 millionar Etne sentrum: Omsetnad 2004: 150 millionar  Omsetnad 2018: 340 millionar


Etnekommune kommune Etne gjere de’ i de’ Etne! i Etne! meme gjere

MEKTIGE OG MINNERIKE NATUROPPLEVINGAR • TRYGG OG GOD OPPVEKST • RIKELEG MED BARNEHAGEPLASSER OG FLOTTE BUSTADAREAL • RIKT KULTURLIV • NÆRINGSLIV I VEKST

Etne kommune er omringa av flott og variert natur og ligg sør i Hordaland fylke. Kommunen grensar til Kvinnherad, Odda, Suldal, Vindafjord og Sauda, der dei tre siste ligg i Rogaland. Dei fleste innbyggjarane bur rundt tettstadene Etne og Skånevik. Kommunen er eit godt utgangspunkt for å nå stader som Haugesund, Bergen, øyriket i

Sunnhordland, Hardangerfjorden og Ryfylkefjordane. I Etne kommune kan du busetje deg i landlege omgjevnader med det du treng av butikkar og andre servicetilbod i nærleiken. Det er gode og velorganiserte kommunale tenester for innbyggjarane. Etne kommune har eit stort mangfald i lokalsamfunnet, der livskvalitet for alle står i sentrum.

Me ynskjer deg velkommen til kommunen vår! ETNE KOMMUNE

Sjoarvegen 2, 5590 Etne • Tlf. 53 75 80 00

trygg • raus • engasjert

post@etne.kommune.no www.etne.kommune.no


BU I VINDAFJORD

Vindafjordingar drøymer om så mangt – også når dei er langt borte...

Har livet ditt blitt slik du drøymde om? Kor me bur og veks opp vil sjølvsagt prega oss.

Dette er noko av det Vindafjordingar kan gleda seg over:

· · · · · · · · ·

Imponerande antal lokale og internasjonale arbeidsplassar Skular med lærarar som verkeleg kan og bryr seg Eldreomsorg som viser handlekraft og respekt Natur som inviterer til mangfaldige opplevingar Folk som kan bli ein god ven berre du gir dei tid Kultur i ulike former og nivå Moglegheiter for mykje for dei som vil Eit kommunalt apparat som kvar dag arbeider for å yta på sitt høgste nivå Levande bygder – der den enkelte er særs viktig

1 • 2019 vindafjord.kommune.no

14

• • • • • • • • •

Trygg plass å veksa opp Snille barnehagar Lærerike skular Kjekke og inkluderande aktivitetar Framtidsretta næringsliv Varm omsorg Gode kommunale tenester Brukarvenleg natur Kort veg til heile verda

Det er mange som meiner at Vindafjord er ein slik «draumeplass». Me ynskjer Vindafjordingar – og alle andre, ein god sommar og gode dagar.

VITAL OG SENTRAL

Vinnarskalle.no

Det viktigaste er kanskje dette:


Omega Design • Øyvind Sætre

BLI EN DEL AV WESTCONS SPENNENDE FRAMTID westcon.no/karriere

Ølen

Karmsund

Florø

Kurskalender 2019

Sandeid

Kurskalender 2019

Sand i Suldal & Aksdal

YSK - Vår Helg

Uke 21 & 22

25, 26, 31 mai + 1, 2 juni

Uke

Uke 26

24, 25, 26, 27, 28 juni

YSK - Sand i Suldal Helg

I N FO : : Ta YSK i nnt i l 6 mn d før u tløp u te n å miste ko mp e ta n s e ti d

YSK - Høst

westcon.no

Helgeland

Uke 34 & 35

25, 26, 31 mai & 1, 2 juni

YSK - Aksdal Helg

Uke 24 & 25

15, 16 & 21, 22, 23 juni

Uke

Uke 33

12, 13, 14, 15, 16 august

Helg

Uke 38 & 39

21, 22 & 27, 28, 29 sept.

Uke

Uke 37

9, 10, 11, 12, 13 sept.

Helg

Uke 41 & 42

11, 12, 13 & 19, 20 okt.

Uke

47

18, 19, 20, 21, 22 nov.

Uke

Uke 43

21, 22, 23, 24, 25 okt.

Helg

Uke 45 & 46

8, 9, 10 & 16, 17 nov.

Helg

49 & 50

6, 7, 8 & 14, 15 des.

Uke

Uke 50

9, 10, 11, 12, 13 des.

Lunsj ser ver es på al l e vå re s ku rs B ussdag set t es opp et te r b e h o v

INFO:: Ta YSK inntil 6 mnd før utløp uten å miste kompetansetid Lunsj serveres på alle våre kurs Kurssted:: Sand i Suldal (Garaneset) & Aksdal næringspark

www.instruo.no - post@instruo.no - tlf: 4680 5000

www.instruo.no - post@instruo.no - tlf: 4680 5000


YRKESVAL OG UTDANNING

Realistisk yrkesval – Eg hadde ikkje berre valt utdanning utifrå hjarta. Ein må vera litt realistisk i vala og gjerne tenke at ein skal kunne jobbe både i ein by og ei bygd, seier Erle Mæland Aasheim.

– Eg trur det er viktig at me som foreldre gjer borna våre bevisste på at vala me tek for utdanning påverkar framtida vår. Aasheim seier foreldra hennar gjorde dette, men at dei ikkje la føringar på at ho skulle bli lærar som mora eller boresjef som faren. – Erle Mæland Aasheim har snart 9 månadar bak seg i jobben som leiar av eininga Areal og forvaltning i Vindafjord kommune. Etter 16 år i Stavanger, der 10 av desse var i jobb for Oljedirektoratet (OD), tok ho saman med mannen Nils Olav Aasheim og borna ei avgjerd om å flytta heim. Den nye epoken starta med at dei kjøpte seg bolig på Silda i Etne. For heim har mest alltid vore Etne for Erle, sjølv om ho har budd mange år vekke frå bygda. – Allereie då eg reiste til Kopervik for å gå på idrettslinja som femtenåring var tilknytinga til heimbygda sterk, fortel ho. Bussturen heim til Etne for å gå på turn midt i veka var like naturleg som at ho skulle vera heime i helgene. Her var alle venene og familien. Etterkvart har sysken og vener etablert seg i heimbygda og borna trivst godt i nærleiken av resten av familien på begge sider, då både Erle og Nils Olav er vaksne opp i Etne, så avgjerda var ikkje så hard å ta. Sjølv om ho stortrivs heime må ho medgje at det ikkje berre var enkelt å gje slepp på jobben ho hadde hatt dei siste ti åra i Oljedirektoratet. – Det var tøft å skulle slutte. Men det er ikkje ideelt å jobba desentralisert i den stillinga eg hadde, og det er viktig å kjenna at ein høyrer til og er del av ein arbeidsplass, understrekar ho. Erle følgde nøye med på jobbmarknaden heime i fasen før ho flytta heim, og erfarte at det nok er ein del stillingar som ikkje blir lyst ut. – Eg opplevde å sjå folk i nye stillingar, som eg ikkje hadde sett utlyst. Då er det ikkje lett å finne ut kva som rører seg i ein arbeidsmarknad, seier ho. I den nye jobben inngår blant anna forvaltning av areal og landbruk, byggesakshandsaming, kart og oppmåling. Så her er eit breidt område, og Erle fortel at læringskurven så langt har vore bratt men spennande og at det er eit godt miljø. – Hadde dette vore ein større plass hadde kvar av avdelingane hatt sine eigne einingsleiarar, smiler Aasheim. Men ho likar ei utfordring og set pris på at ein ved å ha dei ulike einingane samla får kortare veg mellom fagområde og tettare samarbeid og dialog rundt avgjersler som skal tas. Som ungdom staka Erle tidleg ut ei retning som innebar eit sterkt interesseområde, nemleg realfag. – Eg har alltid likt naturvitenskap, teknologi og matematikk, fortel Erle. Det å få eksperimentere på laboratoriet og sjå teori i praksis gjorde til dømes kjemi og fysikk enda kjekkare. 16

1 • 2019

Etter VGS og generell studiekompetanse tok ho eit år på privatgymnaset Sonans i Stavanger der ho fekk fordjupa seg ytterlegare i matte, fysikk og kjemi som gav ho spesiell studiekompetanse. Ho fortel og det var særs motiverande med dyktige pedagogiske lærarar både på Sonans privatgymnas og på Universitetet i Stavanger og Aberdeen. – Eg kunne valt å ta forkurs ingeniør, men nå fekk eg eit år til å tenkja meg om på før eg søkte meg inn på ingeniørstudiene, master i industriell økonomi. Ho valgte bachelorgrad i kjemi og miljø og fekk endra masteren til teknisk miljøvern. – Eg innsåg tidleg at eg ved å velja kjemi, miljø pluss petroleum ville stilla sterkare som jobbsøkjar i Stavanger. Realfag får ein alltid bruk for i mange av utfordringane i samfunnet. Erle meiner at realfaga gav henne ei solid grunnkompetanse, og verdfull kunnskap som er nyttig uansett yrke i framtida. Som del av masteren tok Erle eit år utveksling i Aberdeen. Det var ei heilt anna oppleving enn å studere i Noreg. – Krava undervegs i studieåret var mykje høgare enn me er vane med her i Noreg, her alt mest står og fell på sjølvstudium og avsluttande eksamen. Men ho meiner ho har fått bruk for begge måtar å jobba på i arbeidslivet. Både med tett oppfølging og der ein har forventningar knytt til at ein leverer på eiga hand. Aasheim har alltid vore målretta og medan ho studerte jobba ho i helger og nokre dagar i vekene i ei servicebedrift. Men målet om endeleg arbeidsstad var Oljedirektoratet. Og timinga var bra. Då ho tok kontakt med dei på ein yrkesstand var dei i ferd med å lyse ut ei ny stilling som ho søkte på og fekk. Her fekk ho jobba med oppfølging av oljefelt i drift og oppfølging av bygging av nye plattformer. I starten jobba ho i prosjekta, men dei siste åra leia ho prosjekta. – Målet for OD er heile tida å syta for at oljeselskapa vel dei beste løysingane som gir langsiktig og god utvikling og avkastning for Noreg AS, fortel Aasheim. Her fekk ho testa ut å møta ulike personar og interesser og ofte var det fleire mannlege representantar med grått hår enn damer på hennar alder i møta. Men så lenge eg representerte myndighetene så opplevde eg å bli tatt seriøst, og eg vaks i desse situasjonene. Og erfaringane opp gjennom åra er gull verdt å ta med seg inn i den nye arbeidskvardagen i Vindafjord kommune. I tillegg til å velje retning med hjarta og hjerne oppmodar Aasheim både unge og ferdig utdanna til å våge å søka ny kunnskap og hiva seg utpå når sjansen byr seg. Både ein sjølv og arbeidsgjevar vil vera tent på at ein er uredd og svolten på og tileignar seg ny kunnskap, avsluttar ho. Foto og tekst: Astrid Eidhammer Hjelmeland


Eg innsåg tidleg at eg ved å velja kjemi, miljø pluss petroleum ville stilla sterkare som jobbsøkjar i Stavanger. Erle Mæland Aasheim

CV Erle Mæland Aasheim Alder: 35 Status: Gift og to born Jobb: Einingsleiar areal og forvaltning, Vindafjord kommune Utdanning: Bachelor i kjemi og miljø (UIS, 20032006), Master i Offshoreteknologi, teknisk miljøvern (UIS, 2006-2008) og energy futures (Universitetet i Aberdeen, 2007-2008), Prosjektleiing (BI, 2013), Leiarutviklingsprogram (OD, Bjørnson, BI, Speaklab m.fl. 2017-2018) Erfaring: Prosjektleiar og sjefingeniør, Oljedirektoratet 2008-2018 Laboratorieassistent, M-I SWACO Norge AS (nå Schlumberger Norge) 2006-2008 Kundebehandlar, Madla postkontor, Posten Norge, 2003-2008 Del av det Nasjonale prosjektet Rollemodell, som var retta mot ungdomsskulen og der målet var å fremme realfag og å stimulere fleire unge og særskilt jenter til å velge realfag.

Erle Mæland Aasheim, einingsleiar for areal og forvaltning i Vindafjord kommune, meiner det er viktig at unge vel både med hjarta og hjerne når dei skal velja utdanning- og yrkesretning.



1 • 2019

17


YRKESVAL OG UTDANNING 1. Kva skal du til hausten? 2. Kva påverkar yrkesvalet ditt?

Lundaneset VGS

Laila Greenwood Karstensen, 18 år

Jens Emanuel Hjemdal, 18 år

1. Til hausten skal eg gå på ein folke- 1. Til hausten skal eg studere i høgskule i Oslo som heiter Rønningen, på ei danselinje.

Bergen, og ta dei nødvendige faga eg må ha for å søke til dataingeniør.

2. Eg er ikkje heilt sikker på kva

2. Trur eg vil bli dataingeniør

eg skal bli enno, men har vurdert grunnskulelærar, som eg trur er på grunn av interesse for ungar og at eg likar tanken på å lære vekk. Eg trur uansett at eg kjem til å velje yrke etter eigen interesse, at eg vel noko eg syns høyrest spennande ut.

fordi det er det som fristar mest.

Caroline Lunde, 19 år

Mathias Brekkå, 18 år

1. Til neste år skal eg på lærar-

1. Til hausten skal eg gå på Fjell-

skulen på Stord (5. - 10. klasse).

2. Det som påverkar valet mitt er

at eg vil jobba me menneske og ha ein variert jobb.

haug Bibelskule i Oslo. Der skal eg gå på linja TEFT og reise 5 månadar til Kenya og oppleve arbeidet NLM driv der.

2. Det som påverkar yrkesvalet

mitt mest er nok interesser, familie og venner.

Ølen VGS

Aleksander Vae Haaland, 18 år

Aslaug Nordtveit, 19 år

Magnus Djuve Vågen, 18 år

Helena Bøthun, 19 år

1. Til hausten skal eg til Stavanger

1. Til hausten skal eg gå på folke-

1. Eg skal på folkehøgskule for å ta

høgskule, og det gleder eg meg veldig til!

1.

for å ta bachelor i Datateknologi på UiS.

2. Yrkesvalet mitt er påverka

2. Det som påverkar yrkesvalet

av mi enorme interesse for teknologi, det at eg har fått prøvd meg i yrket og at det vil bli stadig fleire jobbar innan for dette området. Moglegheitene er mange.

18

1 • 2019

mitt er kva jobbar som eg har sjans til å få tak i framtida, men det er mine interesser og familien min som påverkar meg mest.

eit friår. Etter det veit eg ikkje heilt kva eg skal, men sannsynlegvis skal eg studera i Bergen.

2. Det verkar som det er eit kjekt studentmiljø i Bergen.

Til hausten skal eg så og seie ha eit friår der eg skal jobba litt, reisa og ta nokre nye fag før eg søker meg vidare på universitet eller høgskule.

2. Det skal vere noko eg kan trivast med og at det yrket på ein eller annan måte kan hjelpe andre, men det mesta er grunna tilfeldigheiter. Tilfeldigheiter som at ein alltid utviklar seg, får nye interesser og ulike hendingar pregar ein. Dette er med på å påverke kva yrke eg vil jobbe med og kva val eg tek i framtida.


PORTRETT

LEVER UT ROBOTDRAUMEN Synnøve Matre (49) lener seg sjeldan tilbake i stolen. Ho blir motivert av å løyse tekniske og komplekse gåter. Aslaug Olden Mala (76) og mannen Olav Mala (81) trivest godt på jobb. Old River Saloon er blitt ein populær møteplass for mange.



1 • 2019

19


PORTRETT

Arbeidsmiljøet hjå AutoStore er særs godt, meiner Synnøve Matre. Her saman med elektroutviklar Anders Østevik (28) og t.h. systemtestar Christian Boltfjord (28)

Me er attende til midten av 1990-talet. Synnøve Matre er nyutdanna innan informasjonsteknologi frå Høgskolen i Telemark og lysten på nye utfordringar. Ho hadde jobba som systemutviklar i Hatteland-gruppen sidan ho fekk sommarjobb der i 1990, og Hatteland er på denne tida blitt den største distributøren av elektroniske komponentar i NordEuropa. Det er då teknisk direktør i Jakob Hatteland Electronic, Ingvar Hognaland kjem opp med ideen som seinare skulle bli eventyret AutoStore. – Eg hugsar veldig godt at Ingvar sa: du må finne kaffi, eg trur eg har ein god ide. Då kaffien var komen på bordet stilte Ingvar spørsmål om kva det er mest av på eit lager. Varer, svarte eg. Nei, sa han, det er luft. Det var starten på heile ideen, korleis kunne ein drifte eit lager på ein meir effektiv og mindre plasskrevjande måte, fortel Synnøve. Ho møter oss i testlokala til Autostore, med svarte joggesko, dongeribukse og ein mørk AutoStore-hettejakka viser ho engasjert rundt på denne avdelinga der kvar minste komponent og kvar einaste robot blir kvalitetssjekka og testa med 20

1 • 2019

alle moglege verkemiddel. Her er både mursteinar og bowlingkuler i aksjon for å teste korleis dei ulike robotane oppfører seg når dei møter hindringar. Synnøve sjølv er blitt kalla Ingvar Hognaland si høgre hand i den tekniske utviklinga av bedrifta. Sjølv meiner ho dei to er ulike, men nettopp difor har utfylt kvarandre så godt. – Det er han som er arkitekten bak dette, eg var på rett plass til rett tid og fekk sjans til å vere med på heile eventyret. Han var tenkjaren, den som tenkte langt og høgt. Eg var blant dei som bidrog til å utføre oppgåvene og løyse utfordringane etter kvart som dei dukka opp. – Me måtte nok vere litt sta for å klare å bygge opp dette frå grunnen av. Eg drøymde iallfall ikkje så langt då ideen kom, eg trur nok Ingvar meir våga å gjere det. Me jobba tett saman i mange år, og var viktige sparringpartnarar for kvarandre, på mange måtar fungerte han som ein mentor og læremeister for meg. I lag grov me oss ned i utfordringane. Det var ei fin tid. I følgje Finansavisen selde Jakob Hatteland AutoStore i 2017 til det

nordiske oppkjøpsfondet EQT for 4,5 milliardar kroner. Etter kvart har det blitt 29 år med erfaring for Synnøve. Mange av dei i AutoStore der ho i dag leiar testsenteret, som går på tvers av dei fem avdelingane i bedrifta og sikrar at alt som blir sendt ut til kunde faktisk fungerer. Ho er oppteken av detaljar, og kan grave seg ned i timevis med ein rapport som viser feil eller unormalitetar på eit anlegg. Tekniske gåter er til for å bli løyste, og det skal mykje til for å stoppe Synnøve. Ho blir motivert av menneske som vil noko, og som aldri gir opp. Sjølv lener ho seg sjeldan tilbake i stolen, og veit lite om kva som rører seg på TV-skjermen. Synnøve bur i dag på heimgarden i Sandeid saman med mannen Sigbjørn. Dei to barna er vaksne og begge to er ute av reiret. Medan sonen Anders (23) studerer økonomi og administrasjon har dottera Ida (21) byrja på historiestudiar. Sjølv om det har blitt større plass i huset, og færre rundt det daglege middagsbordet så ynskjer Synnøve seg aller mest fleire timar i døgeret. Fleire timar ho kan bruke på å trene hundar. Mange


Eg kom inn på rett tid og fekk sjans til å vera med på heile eventyret. Synnøve Matre

veit at Synnøve driv med hundetreningsforma agility på høgt nivå, nett no vart ho også ferdig utdanna som dommar. Det er ikkje nødvendigvis så viktig å vinne med hundane, men kjekt å sjå utvikling i eigen innsats. Likevel tronar både NM-gull og landslagsdeltaking blant trofea. – Det handlar om å få hundane til å lystre og dra i same retning som eg som trenar vil. Det er nok ein parallell til det eg jobbar med, men her treng eg ikkje tenkje på robotar som ikkje fungerer eller utfordringar ute hjå kunde. Hundane er alltid der, dei lyttar, er med deg ut i frisk luft og er gode venner når alt kjem til alt. Gleda ved å ha dyr har ho med seg frå oppveksten i Sandeid, då var det hestar som sto ungjenta nærast. I dag paktar ho og mannen vekk jorda på garden. Døgeret har også for få timar til at ein kan bli bonde. – Det hadde ikkje gått, og ein må vel vere skikkeleg idealist skal ein drive som bonde i dag. At systemutviklaren likar å strikke og er ein habil hobbyfotograf er heller noko få veit om, at ho gjerne baker kake klokka 2 på natta for få alle dugnadsjobbane

unna, at ho har vore fotballoppmann eller at ho sjeldan eller aldri seier nei til noko er vel meir kjent. – Ein klarer det ein vil klare, det handlar berre om å prioritere, og om å velje rett, seier ho medan ho taktfast rullar av garde på sparkesykkelen. Ho brenn for jobben sin og tel sjeldan arbeidstimar, ein må finne tid til å løyse problema ein står oppi nett her og nå. – For ei fagleg utvikling det har vore i bransjen, i jobben min i dag treng eg ingenting av det eg lærte på studiane. Det er nesten som to heilt ulike tidsaldrar. Eg er glad jobben har gitt meg rom og tid til utvikling og kompetanseheving undervegs. Me har jobba oss framover og bygd stein på stein, seier Synnøve som er ein av dei som ofte tek imot gjester hjå AutoStore som ynskjer å vite meir om kva dei kan tilby. AutoStore si løysing er basert på eit system der robotar organiserer kassar med varer i eit skinnesystem, det heile blir ofte samanlikna med Rubiks Kube. Til no har dei selt over 300 anlegg, og har heile verda som marknad. Synnøve trur heller ikkje dei har noko å frykte i

FA K TA Namn: Synnøve Matre (49) Aktuell: Leiar av testavdelinga hjå AutoStore i Vats. Les: Krim! Henning Mankell, Stieg Larsson, Kepler Høyrer på: Det er variert, for tida har eg stor sans for flinke norske jenter som Sigrid og Astrid S. Men både Springsteen, U2 og Kaizers Orchestra er godt representerte i spelelistene. Og så Pakkers så klart! Stolt Toalettmatros (for dei som hugsar så langt tilbake) Førebilete: Det er mange folk å sjå opp til, men eg må nemne Ingvar Hognaland som har betydd så mykje for både meg og heile bedriftseventyret i Åmsosen. Takk for striskapen!



1 • 2019

21


PORTRETT

Testlaget til Synnøve testar alt av komponentar og robotar som går ut frå bedrifta. Her er ho saman med Ansgard Grindheim som også er ein del av det viktige teamet.

kinesisk konkurranse, sidan dei har 20 år med forsprang og ein avansert software å vise til. XXL og Komplett er døme på norske bedrifter som brukar lagersystemet. Verneskoprodusenten Victoria AS uttalte til Bergensavisen i fjor at systemet no fungerte så godt at dei ikkje hadde behov for å tilsette fleire på lageret, likevel hadde ingen mista jobben på grunn av omlegginga. – Me ser at mange treng å organisere lagra sine på ein betre måte, mange av kundane våre driv med nettbutikk og er heilt avhengig av eit effektivt og feilfritt system. Å finne dei tekniske løysingane var enklare enn å kvalitetssikre og sikre god driftstryggleik. Me legg stort press på oss sjølve for at dette skal fungere så godt som mogleg. Slik er det når ein utviklar sjølv, me tar imot både ris og ros, seier ho og fortel at AutoStore har snitt driftstryggleik på 99,6 prosent, noko som er særs bra. Dei første prototypane på robotane vart klare for 20 år sidan, no er ein ny generasjon robotar klare. Desse er kraftigare og sterkare robotar med høgare akselerasjon. I staden for å lade seg opp, går roboten til base for å byte batteri. 22

1 • 2019

Dei svarte robotane er dei nyaste som blei lanserte i februar i år. Desse er kraftigare og sterkare robotar med høgare akselerasjon.

Sjølve komponentane blir masseprodusert i Polen, og distributørar tek seg av sal og installasjon ute hjå kunde. No skal AutoStore også byggje om testhallen i Vats, dei om lag lag 3000 m2, skal romme både testsenter og opplæringssenteret for distributørar frå heile verda som kjem til Åmsosen for å bli kursa i AutoStore. Synnøve har funne fram sin eigen sparkesykkel på testsenteret. Etter at ein kollega dukka opp med sparkesykkel og fleire såg kor raskt og effektivt han flytta seg rundt har no alle som jobbar her kvar sin sparkesykkel, og det med namn. – Arbeidsmiljøet her er fantastisk, det er nesten som ein liten familie. Mange har jobba her lenge, og er veldig lojale mot bedrifta. Eg set veldig pris på fleksibiliteten, eg kan jobbe ein kveld, og så reise til Haugesund dagen etter viss eg må. Me treng å ha det slik når me jobbar mykje. På facebook-sida si har ho lagt ut ein film der både kornsernsjef, salssjef, ho sjølv og serviceteknikar står side om side på samleband når dei pakkar saman etter ei av AutoStore si messer, denne gongen

i Chicago. Under har Synnøve skrive: «AutoStore spirit når me ryddar etter veldig vellykka messe». – Det er ein eigen kultur som seier mykje om arbeidsmiljøet. Her er alle i sving og mange, spesielt i utlandet, stussar når direktøren hiv jakka og blir med., fortel ho og smiler. Hjå AutoStore er ideane til utvikling mange, og vegen frå ide til å gjennomføring er ikkje lang. Dei tilsette har til og med bygd sin eigen brusautomat, men namnet Vendy, på fritida. Som betaling bruker dei ID-korta. – Me ser det også når nokon blir langtidssjuke, det er alltid rom for at dei kan kome innom på besøk. Her tar ein vare på folk, me veit at dei tilsette er det viktigaste me har. – Kanskje har me ein region som er litt unik på å skape spanande og attraktive arbeidsplassar, me treng iallfall å rekruttere flinke folk. Eg trur det er ei viktig målgruppe med dei som vil flytte heim, og ikkje minst den dei ofte har med seg, slår Synnøve fast. Av Judith Sørhus Litlehamar Foto: Svein Egil Økland, Økland Foto


hei@omegadesign.no

Synleg med godt innhald • Tekstar og godt innhald • Nettside og nettbutikk • Grafisk profil og logo • Profileringsmateriell • Magasin, brosjyre • Rådgjeving • PR-arbeid

På tide med service på bilen? Spar tid og penger: Ta den hos Etne Bilservice! Våre dyktige mekanikere hjelper deg gjerne! Astrid

Judith

Terje

Maria

omegadesign.no

Irene

Erich

Christine

Frode


HAR DU EN HUSELLER HYTTEDRØM?

FERDIG HYTTE

HUS

HYTTE

FERDIG BOLIG

BYGGFORNYELSE

TOMTER

BERGE SAG

Går du med planer om å bygge nytt hus, eller er du kanskje en av dem som ønsker å flytte rett inn i et ferdig prosjekt? Muligens går du også med en drøm om å anskaffe deg en egen hytte? Valgene er mange og vi vet det er mye å ta stilling til når hus- eller hyttedrømmen skal gjøres til virkelighet. Vi kan gi deg gode råd og gi svar på det du måtte lure på. Kontakt oss på bergesag.no eller ring oss for en hyggelig prat!

TELEFON: 53 77 54 00 | E-POST: bergesag@bergesag.no ADRESSE: Haukelivegen 676, Ølensvåg | Berg senteret, Longhammarvegen 36, Haugesund bergesag.no

24

1 • 2019

#bergesag


KARATE

& sosial møteplass

Sidan oppstarten i 1982 har Etne vore ein aktiv karateklubb med medlemmer frå heile distriktet. I dag tel klubben vel sytti medlemer i alderen 6 til 62 år.



1 • 2019

25


Frode Haaland (over) og Odd-Inge Berge (midten) er to av fleire aktive som bidreg som trenarar i klubben. Treningane til Etne Karateklubb samlar barn og vaksne i alle aldrar. Frå nybyrjargruppene der vaksne ofte trenar saman med barn til treningar for dei med 2-4 belte og oppover.

FA K TA Etne Karateklubb Starta opp av Geir Havreberg i 1982. 73 medlemmer registrert i 2019. Frå 6 år og oppover. Medlemer frå Etne og Vindafjord. Har og medlemer frå Sauda. Blei i 2018 den mestvinnande klubben i landet og internasjonalt. Arrangerer årleg Kyokushin Winter Camp i Etne. Størst i landet med over 200 utøvarar. Belte/graderingar: Kvitt- alle startar med kvitt 2 oransje 2 blå 2 gule 2 grønne 2 brune 10 svarte

26

1 • 2019

– Kvifor har me farge på beltene? Kva er klokka? Me kan ikkje digital klokke. Nokre har meir på hjarta under trening enn andre, men heng likevel med når Odd-Inge Berge (17) tek dei gjennom fleire parti som vil vera til hjelp for dei som skal gradere seg nå i mai. Inger Sofie Håland (2. Oransje belte) og Liv Sofie Queiros Fosse (1. blått belte) syns det kjekkaste med karate er å få byta belte. Dei fortel at dei trener omlag tre gonger i veka, og av og til heime. Solfrid Haaland (9) frå Ølensvåg skal gradere seg til gult frå sitt 2. blå belte. Odd-Inge er ein av dei konkurrerande trenarane i klubben som òg er trenar i DoJo-en, eller treningsrommet. – Fargen på beltet fortel kva du kan medan karatedrakten er kvit for at alle skal kunne delta uansett bakgrunn, fortel han. Sjølv har Odd-Inge trena karate i nærare 8 år, og med brunt belte, ein NM tittel i 2018 og siger i internasjonalt stevne på hausten i fjor og med sølv i kata (kampsport) og gull i fight i NM nå i mars, er han blant klubben sine tre mest aktive kampsportutøvarar saman med Hans Kristian Havreberg og Beathe Hegerland. For Odd-Inge var karaten til god hjelp

i ungdomsåra. Han trur karate kan gjera godt for mange som er litt rastlause og ønsker å få trent opp litt disiplin og sjølvkontroll. – Eg var ikkje den mest populære frå mellomtrinnet, fortel han. Karaten hjalp meg med å få venner via klubben. Her blei eg kjent med fleire på tvers av ulike aldrar. Brått hadde eg vener og folk rundt meg eg som eg kunne forhalda meg som var både ti, atten og førti år. I tillegg så gjer det godt å kjenne på meistringkjensle og auka styrke i kroppen, smiler han. Klubben har opp gjennom åra fostra opp meistarar og har i dag aktive medlemer som utmerkar seg på nasjonalt og internasjonalt nivå. – Det har vore ein stabil medlemsmasse, fortel stiftar og leiar Geir Havreberg. Her møtest barn og vaksne frå Vats, Sandeid, Skånevik og Ølen. Me har til og med medlemer som køyrer frå Sauda, Haugesund og Stord. Dei siste åra har me merka ei auke i større barneparti. Havreberg trur mykje av årsaka til den stabile medlemsmassen er det solide trenarteamet dei har i alderen sytten til femtiåtte år. Og dei som er ute og konkurrerer er og med på lik linje med dei andre og


trenar dei ulike gruppene. – Det vankar ikkje fleire fordeler enn at ein får støtte i klubben for dei som gjer det godt på konkurransenivå. Her må alle bidra med å trena, understrekar Havreberg, Han er stiftar, trenar og leiar i Etne Karateklubb. Sjølv har han oppnådd tittelen Shihan 5.DAN, som inneber at han er ekspert og senior gradert med 5 gullstriper på svart belte, der høgaste oppnåelege grad er 10 striper. I mai reiser han til Belgia der han skal vera trenar på den største treningsleiren i Europa. Geir har og 10 år som som landslagstrenar i bagasjen og er for tida og klubbutviklar for Norge Kampsportforbund, der han reiser rundt i landet for å bidra til å betre drift og utvikling av laga. Dette syns han er givande. I tillegg driv han og sonen Kristian mykje med coaching for utøvarar rundt om i landet, og Geir fortel at planen er å ta dette eit steg vidare og stifte eit eige firma, Havreberg Coaching. Etter lang tids pause frå karaten pussa Frode Haaland (46) frå Ølensvåg støvet av karatedrakten for 3-4 år sidan. Han tok fyrst med sonen og seinare dottera på karatetrening. I dag er det han og dottera som framleis er aktive. I tillegg til

å trena er Frode ein av fleire vaksne trenarar. Frode meiner og har alltid meint at det må vera eit alternativt treningstilbod til dei mest etablerte aktivitetane i eit lokalsamfunn. Som ung nådde han kvartfinalen i NM. Han erfarte raskt at dette var noko anna enn fotball, som han og var med på i tillegg til orientering, volleyball og litt friidrett når det falt seg slik. – Fotball var kjekt i helgene og på skulen, smiler Frode Haaland. I karaten er det rom for alle, det er ein individuell idrett i eit fellesskap. Har du problem med rygg eller fot i fotball eller volleyball er du eit svakt ledd og havnar på benken. På karate kan ein trene sjølv om ein har ein skade, det er eigeninnsatsen som tel. Belte og gradering motiverer og kan sjølvsagt virka demotiverande på dei som ikkje klarar krava. Samstundes unngår ein negative tilbakemeldingar frå «laget» når du har nådd alderen der du framleis ser på idrett som leik medan lagkameratane dine er meir målretta i sin treningsinnsats. – Fotball er blitt ein institusjon, seier Haaland, medan dei andre laga og organisasjonane er meir avhengige av enkeltpersonar som legg mykje tid i

dette. Stemninga i karateklubben er god, og Frode meiner det er lettare å koma inn i karatemiljøet enn andre stader. Her er eit hierarki i sjølve treninga, men mellom øktene går praten lett. Men ein er avhengig av stabile krefter i klubben, og Frode meiner klubben ikkje hadde vore der den er i dag om ikkje Geir Havreberg hadde vore så stabil og aktiv i klubben både lokalt og internasjonalt.

Det vankar ikkje fleire fordeler enn at ein får støtte i klubben for dei som gjer det godt på konkurransenivå Geir Havreberg

Foto og tekst: Astrid Eidhammer Hjelmeland



1 • 2019

27


ANNONSE

Innhold av Iversen Skogen, for Haugaland Kraft.

Haugaland Kraft har selv tatt i bruk solcelleanlegg og batteri med smartstyring på sitt nye bygg på Heiane i Stord kommune, og inviterer andre bedrifter til å gjøre det samme.

Ny kraft til næringslivet Siden Haugaland Kraft lanserte Solkraft tidligere i år, har folk vist stor interesse for å få tilbud på solceller på hustaket. Kan et kraftverk på taket være en god investering også for bedrifter?


ANNONSE

Gjennom lanseringen av Solkraft, har

investeringen. Et solcelleanlegg til

Haugaland Kraft gjort solcelleanlegg

næringsbygg kan produsere strøm til

tilgjengelig og lønnsomt for folk flest.

en kostnad på 30-40 øre per kWh ved

Miljøvennlige kraftverk på taket i de

gunstige forhold, og kan ofte nedbetales

tusen hjem er ikke bare et ordentlig

over kortere tid enn private anlegg.

krafttak for miljøet, det er også en flott investeringsmulighet for kraft-

Haugaland Kraft kjøper strømmen som

selskapets kunder med lav risiko og

måtte bli til overs, så driften trenger

mulighet for høy gevinst.

ikke være energiintensiv for at det skal være lønnsomt med Solkraft, men

Dessuten er solceller på taket et synlig

dersom du kan bruke strømmen selv,

signal på at du tar miljøet på alvor. For

sparer du mest.

Mengden solenergi som treffer Jorden, er om lag 15 000 ganger større enn hele verdens forbruk.

bedrifter er en troverdig miljøprofil snart helt nødvendig for å hevde seg i

– Det betales ingen nettleie på egen-

et konkurransepreget marked.

produsert strøm, kun på den mengden energi du må supplere med via strøm-

– Bedrifter blir mer og mer miljøbevisste

nettet. Hvor strømmen din kommer

i takt med at kundene deres blir det.

fra styres selvsagt automatisk og

Det grønne skiftet er for alvor i gang,

sømløst til enhver tid, så det slipper

og solceller har nå alle forutsetninger

du å tenke på, sier Jakobsen.

Hvordan fungerer et solcelleanlegg?

for å bli en ledende grønn teknologi her på Vestlandet, sier John H. Jakobsen,

Økt eiendomsverdi, mindre solsvinn

direktør i Haugaland Kraft Energi.

Vi har kommet så langt i bevisstgjøringen

Nær uansett vær

av miljøsaken, at det nå kan være direkte

Solceller lager elektrisk likestrøm fra sollyset.

lønnsomt å profilere seg som en miljø-

Det trenger nemlig ikke være strålende

bedrift. Solceller på taket er en strå-

solskinn og 20 grader for at solcelle-

lende måte å vise initiativ og ansvars-

paneler skal produsere strøm. Da hadde

følelse, samtidig som det faktisk vil

ikke Haugalandet vært stedet for en

utgjøre en forskjell. En bieffekt er at

satsing som Solkraft. Solcellepaneler

det også vil øke verdien på bygnings-

fungerer selv på dager med et tynt til

massen betraktelig.

moderat skydekke, og gradestokken spiller ingen rolle. Private husholdninger

– Kundene har som regel ikke noe forhold

som kjøper Solkraft fra Haugaland

til om bedriftene eier eller leier sine

Kraft vil typisk dekke 15–20 % av sitt

lokaler, så Solkraft vil være en god

årlige strømforbruk med egenprodu-

investering både for selveiere og

sert strøm. For bedrifter blir regne-

utleiere. Selveiere vil få profilering, økt

stykket mer komplisert, grunnet stor

eiendomsverdi og lavere strømregning,

variasjon i forbruk og takstørrelse,

mens utleiere får et mer attraktivt og

men mulighetene for et ordentlig

verdifullt bygg, sier Jakobsen.

Vekselretteren lager vekselstrøm til strømnettet.

Strømmen brukes i bygget, overskuddsstrøm går på nettet.

effektivt anlegg er faktisk enda større på bedriftsmarkedet.

Det finnes mange fantastiske takflater i regionen som kunne produsert store

Kristian L. Gautesen

– Forretningsbygg har som regel mye

mengder strøm, men som i stedet lar

Salgs- og forretningsutvikler,

større takflater enn boliger. Investerings-

de verdifulle solstrålene gå til spille.

Solcelleanlegg

vant til å tenke inntjening i motsetning

– Å redusere svinn er en effektiv måte

Tlf. 920 15 077

til kun sparing i sine profesjonelle

å spare kostnader for enhver bedrift.

kristian.l.gautesen@hkraft.no

roller. Vi skreddersyr alle anlegg til

Nå er solcelleteknologien så moden og

bedrifter for å oppnå høyest mulig

bestillingsprosessen så enkel at vi kan

effekt på alle tilgjengelige takflater,

se på solskinn uten solcelleanlegg som

sier Jakobsen.

solsvinn. Vi har et fantastisk spennende

viljen er også høyere, og folk er mer

næringsliv i vår region, og vi er klare til Energikrevende bedrifter med store

å hjelpe alle som vil redusere solsvinnet

takflater (helst sør-, vest- eller øst-

og utnytte solenergien i sin bedrift,

vendt) vil få aller mest igjen for

avslutter Jakobsen.

hkraft.no/solkraft


Mathias Bjelland Abelseth (18) har snart vore eit år i lære på Westcon og er klar for fagprøve hausten 2020. Fagansvarleg for platefaget er Jørn Eikjeland.

Det viktigaste for dei som får læreplass er å møta på jobb og å ta initiativ. Jørn Eikjeland Jon Ola Ramsvik (19) er klar for fagprøve i røyr allereie i juni. Han vurderer å ta eit år til for å få eit fagbrev til i mekanisk. Fagansvarleg for røyrfaget er Sjur Lunde.

30

1 • 2019


LÆRLINGEN OG GAMLINGEN

LÆREPLASSER sikrar rekruttering – For oss i Westcon har det alltid vore ein overordna tanke å rekruttera via lærlingar, fortel Gunnlaug Habbestad som er ansvarleg for lærlingane i Westcon Yards.

FA K TA

I Westcon Group er det nå rundt 25 lærlingar og av desse skal halvparten ta fagbrev i 2019. Ved Westcon Yards Ølen har dei for tida lærlingar i faga sveis, mekanisk (2), Røyr, Plate og IKT-servicefaget og i Westcon Power & Automation elektro (5) og automasjon (2). Sidan oppstarten av lærlingeordninga Westcon Group er leverandør av for vel tredve år sidan har det vore den viktigaste løysingar og produkt innan offsho- rekrutteringsplassen, fortel Gunnlaug. Og mange av re, energi og maritim industri. Har dei som arbeidar ved verftet i dag, har hatt si læretid anlegg i Ølen, Karmsund, Florø og nettopp her. på Helgeland. Konsernet består av Både fagansvarleg for plate, Jørn Eikjeland (36) selskapa Westcon Yards, Westcon og fagansvarleg for røyr, Sjur Lunde (32), starta som Power & Automation, Westcon lærlingar i Westcon og har vore tilsett sidan dei fullOlvondo, Westcon Geo og Westcon førte læretid og fagbrev. Jørn har nitten år bak seg i Løfteteknikk. bedrifta sidan læretida frå 2000-2002, medan Lunde tok fagbrev som industrirøyrleggar i 2006. Eikjeland Tilbyr læreplassar i faga elektro, har dei siste 8-9 åra hatt ansvar for lærlingar i plate automasjon, mekanisk, røyr, plate, medan Lunde har ansvar for lærlingar i røyr. Det sveis, logistikk, IKT-service og kokk. kan vera ei brå overgang frå skule til læretid for mange og Jørn meiner dei som kjem i lære stort sett Har for tida 25 kandidatar i lære i er flinke. ulike fag, i tillegg til nokre som tek – Det viktigaste for dei som får læreplass er å fagbrev nummer 2. møta på jobb og å ta initiativ og vise ei nokolunde interesse, seier Eikjeland. Det er god aktivitet på kaien til Westcon i Ølensvåg for tida og for for plate-, sveis- og røyrarbeidarane i hallane på kaien på verftet er det mykje å henga fingrane i. Ferjer som skal byggast om til å gå på batteri, båtar i dokk, ferdigstilling av nybygg, prefabrikasjonsarbeid og reparasjonar av båtar, ferjer og riggar. Lærlingane får ta del i pre-fabrikasjon av stål- og røyrkonstruksjonar som skal monterast om bord eller offshore. Lærling Mathias Bjelland Abelseth (18) får rettleiing av fagansvarleg Jørn Eikjeland i hallen der han mellom anna jobbar med prefabrikasjon av stål som skal nyttast i fartøya som ligg til kai. Mathias starta med eit år på elektro før han tok eit kryssløp til VG2 industriteknologi ved Ølen vidaregåande skule. Han starta læretida si som platearbeidar hausten 2018 og skal ta fagbrev hausten 2020. Interessa for plate-

og sveisearbeid blei vekt då han var utplassert hjå Westcon for å testa ut kva det gjekk i. – Eg syns det er kjekt at dei prioriterer lokal ungdom når dei tek inn lærlingar, og så er det ein fordel at eg får bu heima, seier han. Det var ikkje heilt planlagt at eg skulle velja denne retninga. Mathias ser og for seg å ta eit ekstra år etter endt læretid for å få eit sveisefagbrev i tillegg. Etter endt læretid har han lyst å søkja seg vidare på teknisk fagskule om han ikkje jobbar nokre år fyrst. I den nye hallen for prefabrikasjon av røyrkonstruksjonar basert på kaldbøying er det store forskjellar i dimensjonane dei jobbar med. Her jobbast det med røyr på 6 millimeter i diameter og andre gonger røyr som er så store at ein person kan stå inne i dei, fortel Sjur Lunde. Han er fagansvarleg for Jon Ola Ramsvik (19), som er klar for å gå opp til fagbrev i røyr før sommaren. Jon Ola tok TIP og Industriteknologi på Ølen VGS og starta læretida si hjå Westcon i juni 2017. Når det gjeld vidare valg er han ikkje heilt i mål med planane, men han er klar for å bygga på med eit år til og gå opp til eit fagbrev nummer to i mekanisk. – Eg tek ein ting om gangen, smiler han. Lunde meiner fagkompetansen ein opparbeider seg som lærling i røyr og plate i Westcon er brei og at det alltid vil vera behov for fagfolk uansett kor roleg det kan vera i enkelte periodar. Han meiner det vil ta litt tid før robotar tek over all jobben, og nokre må uansett driva vedlikehald av robotar når dei erstattar handarbeidet og alle robotar vil ha behov for operatørar med fagkompetanse. Jon Ola meiner det er ein variert kvardag der han får erfaring innan bøying av røyr og får sette saman deler, lesa teikningar og opparbeida seg kunnskap om ulike deler av dei ulike områda. Det skal målast, planleggast, produserast og monterast. I tillegg skal det systema trykktestast og køyrast. Lunde seier det er lite samlebandarbeid, sjølv om det og må til nokre gonger som når ein jobbar med prefabrikasjon og 

1 • 2019

31


Torbjørn Olden Tveit (18) har varierte dagar i lærling i IKT-servicefaget hjå Westcon, der han har Jorunn Bringeland Berge som fagansvarleg.

Mathias Bjelland Abelseth Alder: 18 Oppvekst: Sandeid Skule: Ølen VGS VGI Elektro VG2 Industriteknologi Lærling Plate sidan august 2018.

får ferdige teikningar for bøying av røyr til mellom anna offshoreinstallasjonar. Presisjon er viktig i faga det blir jobba med i verkstadane, og her krevs det at hovudet er med for å rekna ut vinklar og kappmål. Det kan fort bli høge kostnadar om ein reknar feil, smiler Lunde. Jon Ola nikker samd. – Det skal jo trass alt passa. Jon Ola Ramsvik Alder: 19 Oppvekst: Etne Skule: Ølen VGS VGI TIP VG2 Industriteknologi Lærling røyr sidan august 2017.

Torbjørn Olden Tveit Alder: 18 Oppvekst: Tysvær Skule: Karmsund VGS VG1 Elektro og VG2 Dataelektronikk. Lærling IKT sidan juni 2018. 1 • 2019

Inne på IT-avdelinga i brakke D14 er Torbjørn Olden Tveit (18) frå Tysvær i gong med å gjera server-maskinane klare for back-up system. Han har vore lærling i IKT-servicefaget sidan juni i fjor med Jorunn Bringeland Berge som fagansvarleg. Planen var å ta fagbrev i data og elektronikk, men han måtte byte om til fagbrev i IKT då det ikkje var tilbod om dette på Westcon, og ta eit ekstra år før han kan ta fagprøve i 2020. Torbjørn blei kjend med Westcon via faren som jobbar i bedrifta. Han var og utplassert hjå Westcon medan han gjekk på Karmsund VGS der han tok VG1 Elektro og VG2 Dataelektronikk. – Eg har planar om å studera i Bergen etter endt fagprøve og målet er å få jobba med telekommunikasjon på sikt, slik at eg ikkje berre treng sitte på kontor, smiler han. Berge fortel at dei har tatt inn lærlingar i IKTservice og IKT-drift på det jamne sidan 2009. Me er ein liten IT-avdeling, men me har prøvt ha ein lærling til ei kvar tid, fortel Berge. Ho vil gjerne at det skal vera relevante oppgåver for ein lærling å få ta del i og det skal vera rom for å få følgt opp kandidaten dei har inne. Arbeidsstaden er i utgangspunktet i Ølensvåg, men av og til blir det rundtur til dei andre Westcon-avdelingane. Arbeidsoppgåvene er knytt til servarar, nettverk, support og helpdesk for heile konsernet. Så her her mykje ein kan ta del i etterkvart som kompetansenivået aukar. Habbestad understrekar og at samarbeidet dei har hatt over tid med Ølen VGS har vore viktig for deira tilbod. – Det startar ofte med eit godt samarbeid med

Ølen VGS og utplassering via skulen for så å kunne få ungdommane tilbake som søkjarar som lærlingar, fortel ho. Ho understrekar at det er ei viktig samfunnsrolle bedriftene lokalt har med å legge til rette for at ungdom som vel yrkesfag får høve til å få læreplasser. Målet hennar er at Westcon kunne stilla med læreplasser til ei kvar tid. Det avheng og av mengda på søkjarar og at det er nok arbeid til å gi lærlingane det grunnlaget dei treng. Westcon har og erfart at mange unge har søkt seg offshore for læreplass, men Gunnlaug meiner fordelen til dei som får læretid hjå dei er at får ta del i mykje ulikt i læretida si. Her er ein tett på både reparasjon og nybygg av båt og rigg, både nytt og gamalt. Det blir lite serieproduksjon ved verfta til Westcon. Gunnlaug fortel at dei som kjem inn i Westcon og har moglegheiter for å utvikla seg vidare som arbeidslærarar, og Westcon tilbyr tilskot til dei som ønskjer å ta ei vidareutdanning som er relevant, som til dømes ingeniør via teknisk fagskule.

Det startar ofte med eit godt samarbeid med Ølen VGS og utplassering via skulen. Gunnlaug Habbestad

Av Astrid Eidhammer Hjelmeland Foto: Svein Egil Økland, Økland Foto


Omega Design

NYBYGG - TILBYGG - REHABILITERING VI UTFØRER: - TILBYGG - REHABILITERING VI BYGGERNYBYGG FOR ALLE Tømrerarbeid Totalentreprisere Brannisolering og NGER VI TRE R! E fuging TØMR er nye

VI BYGGER FOR ALLE

bygger barebygg store for detmarked, offentlige marked, men Vi Vi bygger ikke ikke bare store for bygg det offentlige men også bygg til det også byggmarked.Vi til det private marked private skilter med bred erfaring og tar totalentrepriser for hele prosjekter.

Vi skilter med bred erfaring og tar totalentepriser for hele prosjekter

ett Ser du inger? utfordr ! kt oss Konta

Fasadeplater Stillas VI UTFØRER: NYBYGG - TILBYGG - REHABILITERING Tømrerarbeid VI BYGGER FOR ALLE Næringsbygg Totalentreprisere Vi bygger ikke bare store bygg for det offentlige marked, men også bygg til det private marked Systemvegger Brannisolering og VI UTFØRER: Vi skilter med erfaring for hele prosjekter NYBYGG - TILBYGG - REHABILITERING Tlf. 53bred 76 91 55 og tar totalentepriser VI UTFØRER: fuging Tømrerarbeid VI BYGGER FOR ALLE Systemhimlinger Tømrerarbeid • Brannisolering og fuging • Fasadeplater • Stillas • Systemvegger Post@bdl.no Totalentreprisere

Vi bygger ikke bare store bygg for det offentlige marked, men også FasadeplaterBrannisolering bygg til det marked Systemhimlinger • private Totalentrepriser • Næringsbygg • Eneboliger / hytter og www.bdl.no Vi skilter med bred erfaring og tar totalentepriser for hele prosjekter Eneboliger/hytter fuging Stillas

Fasadeplater

NæringsbyggStillas Næringsbygg Systemvegger Tlf. 53 76 91 55 Systemvegger Tlf. 53 76 91 55 Systemhimlinger Post@bdl.no Systemhimlinger Post@bdl.no www.bdl.no Telefon 53 76 91 55 post@bdl.no www.bdl.no Eneboliger/hytter Eneboliger/hytter

www.bdl.no

Stort utval til heile familien. Velkomen til oss!

! E E L N L T E A R N E O K F K I O T K U O N R FK B A H ME Landbruk, hus, hobby, hage, kjæledyr, jakt, leiker og mykje meir...

FK ETNE

TLF. 53 77 11 30 Opningstider: Mandag - fredag: 0800-1800 laurdag: 0900-1500


Binders, Sprayboks, Kunstgjødsel, AutoStore. CUBE STORAGE PIONEERS autostoresystem.com 34

1 • 2019

Bli med på en av Norges største oppfinnelser. Sjekk ut .våre ledige stillinger.

Norsk robotinnovasjon


KORTNYTT

ARRIVA SHIPPING Arriva Shipping har for fyrste gong i rederiets historie bestilt eit nybygg. Dette for å tilby kundane enda betre logistikk og eit grønt fotavtrykk på konkurransedyktige vilkår. Skipet skal bli utstyrt for operasjon i segmentet for sjølvlossarar i nordeuropeisk fartsområde, og skipet er forventa ferdig levert frå verftet i andre halvdel av 2020. Nybygget blir på 120 meter og skal byggast ved eit kinesisk verft, men skal utstyrast og ferdigstillast i Noreg. I tillegg til nybygg aukar Arriva Shipping sin operative flåte med innleige frå Peak Group AS.

KNUDSEN DØRFABRIKK Melder om travle tider og at dei aukar kapasiteten på sal, og har tilsett Turid Straumsøy frå 1.4. i nyoppretta stilling innan administrasjon og sal.

ØLEN BEGRAVELSESBYRÅ BREMNES SEASHORE

I år er det 35 år sidan Ølen begravelsesbyrå starta opp og 5 år sidan dei tok over Suldal Gravferdsbyrå.

Anlegget på Trovåg er i ferd med å bli ferdig utbygd. Alle hallane er nå ferdig utvendig og tre av dei er tatt i bruk utanom hall 3, som startar opp i juli 2019. Selskapet melder om at dei allereie har produsert og levert ca 7 millionar smolt. Den siste smolten vart levert 15 mars og den hadde ei snittvekt på ca 500 gr, som også er målet vårt. Og meir fisk er på gang. Etter 1 år i sjø så vil desse fiskane liggja som SALMA-lions i butikkane. Talet på ansatte har og auka jamnt og trutt og me er nå 21 stk i arbeid her på Trovåg.

HELGEVOLD GRUPPEN Helgevold Gruppen melder om eit aukande behov for fleire programmerere med spisskompetanse til å styrke vårt team ytterligere innan framtidsretta styringssystem på smoltanlegg innan fiskenæringa. Etter at vi ekspanderte til Sunnhordland i 2018, har vi dessuten fått tilgang på verdifull kompetanse innen ventilasjon, prosjektering og rådgivning, tilgang på nye markeder, og står enda bedre rustet til å ta større prosjekt også utenfor Haugalandet og Vindafjord.

FISKÅ MØLLE Markerer 100-års jubileum i år. Tidligare Etne Bygdemølle, som blei stifta i 1919 av lokale bønder. 100 år etter stiftinga er anlegget i stadig utvikling og produksjonen av kraftfor stadig aukande. I 1923 starta produksjonen opp på Håfoss. Fiskå Mølle kom inn på eigarsida i 1992 og i 1994 blei det nye anlegget på Tongane sett i drift. Bønder i Etne kommune er fortsatt eigarar av 49 prosent av «Møllo» gjennom Etne Bygdemølle Eigarlag.

Anita Larsen er frå 1. januar tilsett kundeoppfølgar og kontormedarbeidar i Fiskå Mølle i Etne. Anita er agrotekniker og har lang erfaring som nøkkelrådgjevar og avlsrådgjevar i TINE.

MEDVIND24 Medvind24 Næringshage opnar avdeling i Etne Sparebank sine lokale i Etne. Her er det kontorplassar klare til alle som ønskjer og vil bli del av fellesskapet.

SPAREBANK1 SR-BANK Bjarte Dagestad starta i ny stilling som finansrådgjevar hos SpareBank1 SR-Bank i Ølen 1. april. Han har fartstid i finansbransjen frå Sparebanken Vest og Etne Sparebank.



1 • 2019

35


Omega Design

Bli sett

Bli høyrt

Bli med

Synleggjer bedrifter og arbeidsplassar

Bedriftene sitt talerøyr

Faglege nettverk og møteplassar

• Ny E134 • Meir næringsareal • Forenkla byråkrati • Betre kommune- og fylkesvegar • Samhandling skule og næringsliv • Utarbeiding av lokalt havneforvaltningsprosjekt «Gul stripe»

• Gir ut næringsmagasinet Tempo • Arrangerer møteplass for lokale bedrifter og jobbsøkarar i 5 byar • Arrangerer møteplass for bedrifter og jobbsøkarar i Etne og Vindafjord koplar bedrifter og jobbsøkarar

/ EtneVindafjord

• NæringsGIV på Olalia • Bransjekoordinator • Fagseminar • L.Ærling – for lærebedrifter

etnevindafjord.no

Profile for Omega Design

Tempo Næringsmagasin 1 2019  

Magasinet om å jobba og bu i Etne og Vindafjord. I denne utgåva kan du lesa om Tveit Regnskap som rundar 50, Synnøve Matre i AutoStore, Etne...

Tempo Næringsmagasin 1 2019  

Magasinet om å jobba og bu i Etne og Vindafjord. I denne utgåva kan du lesa om Tveit Regnskap som rundar 50, Synnøve Matre i AutoStore, Etne...

Advertisement

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded