Page 1

NÆRINGSMAGASIN | NR 2:2019

MITT RYFYLKE | SULDAL

Tema

Suldal & Hjelmeland

Smoltanlegg

Portrettet

Kunstprosjekt skal

i vekst

Siri Fisketjøn Indrebø

gi bulyst


Omega Design Foto: Kari Aarhus Dolmen

Naturlegvis.

facebook.com/hjelmelandkommune hjelmeland.kommune.no

griegseafood.no

TUSEN TAKK til alle våre annonsørar. Les magasinet digitalt

mittryfylke.no mittryfylke

Stort utvalg i Rogalandsbunader og tilbehør

Steinkargata 29, 4006 Stavanger

www.nordakerbunader.no


3

MITT RYFYLKE

INNHALD

4

11

Redaktør Judith Sørhus Litlehamar

Prosjektleiing Astrid Eidhammer Hjelmeland

Annonsesal Christine Rødne Brataas

Design Irene Landa

Design Erich Monteiro

Design Terje Hodne

Redaksjon Maria Djuve Vågen

Fotograf Jan Nordtveit

18

Lakseeventyr på land.........................................................................

4

Frukt og laks.......................................................................................

11

Portrettet: Siri Fisketjøn Indrebø...................................................

14

Liv på Nes...........................................................................................

18

Med døden tett på...........................................................................

26

Enquet Hjelmeland kommune ....................................................

34

Ryfastløpet ........................................................................................

35

Magasinet Mitt Ryfylke er produsert av Omega Design. Besøk oss på: omegadesign.no Framsidefoto: Fotograf Nordtveit Opplag: 4200 Fulldistibuert i temakommunane. I tillegg blir magasinet distribuert fleire stadar i Ryfylkekommunane, Nord-Jæren og på Haugalandet. Sjå mittryfylke.no for fullstendig liste. Trykk: Haugesund bok & offset Tips oss: judith@omegadesign.no Annonsere: christine@omegadesign.no Les Mitt Ryfylke på nett: mittryfylke.no

Ryfylke er ein unik region som representerer eit stort mangfald på alle måter og byr på flotte opplevingar som kan måle seg med det meste, også i internasjonal samanheng. Skal ein utnytta desse fortrinna enda betre i arbeidet med å utvikla regionen, krevs det ein stor grad av samarbeid på tvers av både bransjar og marknadar. I ei tid med store endringar, er dette spesielt utfordrande, og skal eg få driste meg til eit sitat, så må det vera; bli endå betre på å spele på lag og unn kvarandre suksess i heile regionen! Per Øystein Sandvin, Forretningsutvikler Ryfylke Næringshage

|

Følg oss på Facebook: facebook.com/mittryfylke

Foto:Privat


4

>

MITT RYFYLKE | HJELMELAND

TYTLANDSVIK AQUA Det nye postsmoltanlegget i Tytlandsvik produserer mellom 2000 og 3000 tonn postsmolt, når utbygginga er ferdig er kapasiteten på 15.000 tonn smolt. Familien Viga har no også søkt om konsesjon for å bygge eit nytt postsmoltanlegg, også dette landbasert, i Årdal i Hjelmeland.


MITT RYFYLKE | HJELMELAND

5

Under oppsyn blir smolten overført til vasskara på ein trygg og god måte. På kvar bil kjem det om lag 30.000 fisk kvar gong, alt etter kor stor den er.

Lakseeventyr på land Tytlandsvik Aqua er eit av dei største landbaserte smoltanlegga i landet. Eigarane, med laksefamilien Viga i spissen, er allereie i gang med å planlegge eit nytt og endå større anlegg. TEKST: JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR | FOTO: FOTOGRAF NORDTVEIT

– Det handlar mykje om å ha dei rette personane på plass, det er akkurat som å setje saman eit godt fotballag, seier dagleg leiar, eigar og opphavsmann til Tytlandsvik Aqua, Nils Viga. Viga-familien har saman med Grieg Seafood og Bremnes Seashore investert om lag 300 millionar kroner i det nye smoltanlegget i Vormedalen i Hjelmeland. Den store investeringa ser ikkje ut til å prege dagleg leiar. Nils Viga trør lett over kaien i de nedlagde sanduttaket i Tytlandsvik denne seinsommardagen, sola skin høgt på himmelen og heile lakseanlegget får eit nasjonalromantisk preg der det ligg innerst i fjorden. – Det er ingenting som slår denne utsikta seier han og viser veg opp i kontorbygget, der møterom og kontorlokale ligg side om side, alle med laksefolie på vindauga. Me fann ut at me ikkje treng bilete på veggene her,

når naturen kjem rett inn, seier han og ler. Han viser veg forbi eit moderne og høgteknologisk kontrollsystem, og vidare ut i produksjonshallane der smolten hoppar og dansar i store basseng. Nils Viga kan det meste om lakseoppdrett, i 2014 slutta han som regionsjef for Marine Harvest region sør, selskapet som i dag er kjent som Mowi, for å konsentrere seg om familiebedrifta Fister Smolt der han og søskena har aksjar. I dag eig dei ein tredjedel av Tytlandsvik Aqua gjennom selskapet Vest Havbruk AS, der også Lars Andre Frønsdal, Even Søfteland og Ragnar Joensen er eigarar. Frønsdal er også med i drifta i Tytlandsvik som produksjonssjef i tillegg til Roger Viga som er prosjektleiar for utbygginga. I byrjinga av januar starta drifta ved Tytlandsvik Aqua gradvis opp. Til no er det første


6

MITT RYFYLKE | HJELMELAND

Det er ikkje farleg å våge, nokre likar best å ha det trygt, me er ulike, meiner Nils Viga.

byggetrinn som er gjennomført med to produksjonshallar. Når anlegget er ferdig er det bygd ytterlegare fire hallar. – Dersom me byggjer ein hall i året er me ferdige om lag i 2024 eller 2025, slår Nils Viga fast. Det gjenstår å sjå om me klarer det, men så langt har me faktisk klart å halde budsjettet i byggeperioden. No produserer ein mellom 2000 og 3000 tonn postsmolt i Tytlandsvik. Når utbygginga er ferdig er kapasiteten på 15.000 tonn, så langt har dei konsesjon på 5000 tonn smolt. Bygget i Tytlandsvik er høgteknologisk og bygd med resirkuleringsteknologi. I tillegg blir det gjort grep i vassbehandlinga som fjernar CO2 og nitrogen, noko som fører til ein minimal bruk av ferskvatn. Store deler av investeringa har gått med til vassbehandlingsanlegget der råvatn frå borebrønnar blir brukt før det blir reinska for partiklar og aluminium. Nils Viga er tydeleg stolt og forklarar prosessen medan vatnet sirkulerer gjennom store filter. Han kan ikkje snakke nok om kor viktig det er med

Smoltanlegg på land gir friskare fisk, og mindre sjukdom.

gode fagfolk på alle felt, det gjeld både driftskompetanse, oppdrett, kunnskap om resirkulering (RAS) og teknisk personell. Halvparten av dei som jobbar på anlegga har teknisk utdanning som ingeniør, mekanikar og/eller automasjon, og ho som er ansvarleg for vasskvaliteten er utdanna veterinær med hovudansvar for at smitte- og sjukdomsrisikoen på fisken er så låg som mogleg.

– Det er ikkje farleg å våge, nokre likar best å ha det trygt, me er ulike. [Nils Viga]

– Landbasert produksjon av postsmolt i resirkulert sjøvatn gir friskare fisk, mindre lusepåslag og lågare dødstal, meiner Nils Viga og slår fast at dette er til gode for både næringa og sjølve fisken. – Ein meir føreseieleg produksjon gir betre resultat, og mykje mindre risiko. Målet er å halvere tida fisken er i sjøen, på grunn av alle dei ytre faktorane

som speler inn på helsa og livet til fisken der. I følgje reglane kan ein vente til smolten er opp mot 1 kilo før ein set den ut i sjø, fortel han. Laksegründeren er også oppteken av berekraftig utvikling, og korleis ein i framtida kan bruke avfallet som denne teknologien gir til noko fornuftig. Utslepp frå oppdrettsnæringa har høgt innhald av nitrogen og fosfor og kan til dømes brukast til biogass eller gjødsel. I dag er det renovasjonsselskapet IVAR som hentar desse avfallsprodukta frå Tytlandsvik. – Me har ikkje areal her i Tytlandsvik til å gjere noko med dette avfallsproduktet sjølv, men det er absolutt interessant å sjå på løysingar. Det kan bli aktuelt i det planlagde smoltanlegget i Årdal, meiner Nils Viga. For investeringsviljen og motet til familien Viga stoppar ikkje i Tytlandsvik. Dei har no søkt om konsesjon for å bygge eit nytt postsmoltanlegg, også dette landbasert, i Årdal i Hjelmeland. Planen er at dette nye anlegget skal ha kapasitet til å produsere 15000 tonn, og at bygginga kan kome i gang i 2021,


MITT RYFYLKE | HJELMELAND

7

Denne dagen ligg lasteskipet Ronja Tind til kai for å laste fisk som skal vidare til lokalitetar i sjø.

med ei økonomisk ramme på om lag 400 millionar kroner i fyrste omgang. – Her kan det bli aktuelt å sjå på bygging av eit anlegg for biogass, eg trur det blir stadig viktigare framover å sjå på behov rundt oss, kven kan ha nytte av det som for oss er avfallsstoff. Då kan ein gjere ein betydeleg miljøinnsats, slår Viga fast. Men først og fremst må ein sikre at me får nok straumkapasitet til å kunne starte opp med byggeprosjektet i Årdal. Det er kritisk for oss om ikkje Lyse klarer å bygge ut nettet slik at me får tilstrekkeleg med kapasitet, det gjer oss sårbare, meiner Viga. I dag er det 12 arbeidsplassar ved smoltanlegget i Tytlandsvik, som er eit av dei største av sitt slag i landet.

På sikt reknar Nils Viga med at talet på arbeidsplassar kan kome opp i 25–30, i tillegg til ringverknadane bygginga og produksjonen gir det lokale næringslivet. Denne dagen er det stor aktivitet i Tytlandsvik, det kjem smolt både inn og ut av anlegget. Medan veterinær held oppsyn med at smolten blir overført til vasskara på ein trygg og god måte, ligg lasteskipet Ronja Tind til kai for å laste fisk, som skal vidare til lokalitetar i sør. Smolten som kjem inn til Tytlandsvik kjem delvis frå Fister Smolt og delvis frå eit av settefiskanlegga til Bremnes Seashore. På kvar bil kjem det om lag 30.000 fisk kvar gong, alt etter kor stor den er. Alarmen går

jamleg inne i kontorbygget, og varslar om store og små utfordringar i drifta som må sjekkast opp. I vinter opplevde dei til dømes eit utslepp i Jøsenfjorden av dei små plastbitane som blir brukt til resirkulering av vatnet, såkalla biomedier. Då gjekk bedrifta tidleg ut med ei pressemelding der dei lova å rydde opp så raskt dei kunne. – Det er alltid nokre barnesjukdommar i ein slik oppstart, me finn heldigvis ut etter kvart kva som trengs og som må på plass, fortel Viga. – De er ikkje redde for å satse? – Det er ikkje farleg å våge, nokre likar best å ha det trygt, me er ulike, meiner laksegründeren.


Har du møtt Egil? Ja, du har vel sett Egil i det siste? Eller ikkje? Då må du bli kjent med Ryfylke sin eigen ambassadør, sauen Egil. Egil brenn for Ryfylke, for lokalsamfunnet, næringslivet, barnehagen og nærbutikken. Lurer du på noko om Ryfylke? Kor det finst ledige jobbar, tomter eller fritidsaktivitetar? Då kan du spørja Egil – han kan Ryfylke! Følg Egil på ryfylke.no, på Facebook – «Ryfylkealliansen» og på Instagram – «Ryfylkesauen Egil». Han kan også kontaktast på mail – egil@ryfylkeiks.no.

RYFYLKE.NO #ryfylke


Omega Design Foto: Fotograf Nordtveit

Me vil løfta Ryfylke opp og fram

Forsand kommune

Strand

Hjelmeland

Suldal

Sauda

RYFYLKE.NO kommune kommune #ryfylke kommune kommune

Ryfylke, nord-aust i Rogaland, byr på fjell- og fjordperler, by- og bygdaliv. Regionen er ein viktig leverandør av mat frå hav- og landbruk. Næringslivet er kjenneteikna som nyskapande med solid drift, både for store og små bedrifter. Ryfylkingen bidreg til lokal utvikling og er stolt leverandør av kvalitetsprodukt- og tenester.


Catering

Deilige rettar med lokale råvarer og grønnsaker i sesong. Velg mellom heimebaka skjever med rikesleg med pålegg, heimelaga supper, hønsefrikassé, lammegryte og angusgryte. Sjølvsagt med ein søt avslutning. Me leverer både med bil og båt i Ryfylke.

Kaker

Sjokololademoussekake med mandelbotn, gulrotkake, eplekake, marsinpankake til suksesskake. Me leverer kaker i to størrelsar: 8 personar eller 12 personar.

Koldtbord Ryfylkekokken «Ei smaksreise i Ryfylke»

Suldal blandeverk Tlf. 488 89 958

Ferdigbetong

Transport og pumping med erfarne sjåfører. Blandeverk i Suldal, Vindafjord, Stord og Tysvær.

Betongvarer

ig-rør, kummer, kabelkanaler, lokk og rister. Støttemursblokk, forskalingslokk, kantstein og beleggning. Haugesund tlf 48 95 95 91

Elementer

For bygg til bolig, næring og landbruk.

Tlf. 5377 5200 mail@olenbetong.no www.olenbetong.no

Deilige kalde rettar og søte ting med lokale råvarer etter sesong.

Ryfylkekokken på Landahuset, Steinnesvåg

I våre selskapslokal på kaien i Steinnesvåg tar me imot store og små grupper inntil 60 personar. Bedrifter, private, lag og foreiningar. Roleg møtelokale med eller utan servering.

Omega Design

Ta gjerne kontakt for eit uforpliktande tilbud. Me kan også hjelpe til med organisering av transport, aktivitetar og underhaldning. cathrine@ryfylkekokken.no tlf 90 53 66 73 Følg oss på sosiale medium: ryfylkekokken

@ryfylkekokken #ryfylkekokken

www.ryfylkekokken.no

Norsk Stein AS har Europas største anlegg for produksjon av tilslag til asfalt og betong, veibygging og offshorekonstruksjoner. Vi er lokalisert i kommunene Suldal, Strand, Forsand og Larvik. Vi er 255 tilsette og 17 lærlinger med en årsproduksjon på opp mot 15 mill. tonn. Se: www.mibau-stema.com


MITT RYFYLKE | HJELMELAND

>

11

NORSK FRUKT- OG LAKSEFEST Norsk Frukt- og Laksefest har som mål å vere ein festdag for heile familien, der matglede og kultur står i sentrum. Viktige og tradisjonsrike ryfylkenæringar som fruktdyrking, havbruk, landbruk og kunsthandverk står sentralt. Årets festival går av stabelen 6.–8. september.

Satsar på mat og kultur Norsk Frukt- og Laksefest satsar framleis etter 23 år med festivalhistorie. Dei vil setje Hjelmeland på kartet som ein frukt- og havbrukskommune.

TEKST: JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR | FOTO: STRAND MEDIA


12

MITT RYFYLKE | HJELMELAND

Mat og aktivitetar for barn er populært under Norsk Frukt-og Laksefiske.

N

orsk Frukt- og Laksefest har som mål å vere ein festdag for heile familien, der matglede og kultur står i sentrum. Viktige og tradisjonsrike ryfylkenæringar som fruktdyrking, havbruk, landbruk og kunsthandverk får sjansen til å presentere seg, og på scena kjem det både lokale og nasjonale artistar. Årets festival går av stabelen 6.-8. september, og kan freiste med eit varierande program for både yngre og eldre. – Festivalen er jo den største hendinga på Hjelmeland og i kommunen, så klart den har betydning, og det er klart det er noko folk ser fram til kvart år. Dei fleste bygder har gjerne liknande arrangement, der folk kjem heim for å treffe kjende. Mange av dei lokale næringslivsaktørane er med som utstillarar, og me har mange lokale sponsorar, seier festivalsjef Vidar Lund. Han viser til at eit av høgdepunkta under årets festival er konsert og bryggedans med Admiral P. Elles blir det også underhaldning og aktivitetar, både

Bryggedansen trekk alltid folk, her speler både lokale og internasjonale krefter.

ting folk har sett før, og sjølvsagt nye attraksjonar. Årets opningstale står rådmann i Hjelmeland, Wictor Juul for. – Kokkelauget Rogaland har vore med ein del år no, dette er nokre av dei aller beste kokkane i regionen, og dei serverer mat av særs høg kvalitet. Det er eit populært innslag, meiner Vidar. Nytt av året er open dag på Helgøy, der innbyggarane viser fram kva som rører seg på den aktive øya. – Festivalen har funne ei fin form, der ting sklir veldig bra kvalitetsmessig og økonomisk. Men me ser likevel at tida er moden for ei utvikling. Dette er noko som må jobbast med framover, og målet er å kunna skape nye aktivitetar og innslag. Me vil gjerne få næringslivet, oppdrettarar, bønder, fruktdyrkarar med på ein felles innsats, slår festivalsjefen fast. Festivalen har lagt 22 år med historie bak seg. Det heile starta då Helge Kjellevold fekk ein god idé på veg til jobb ein dag. I 1996 jobba han som reiselivs-


MITT RYFYLKE | HJELMELAND

13

– Me visste jo ikkje kva me sette i gang, men festivalen har vist seg å bli ein suksess. [Helge Kjellevold]

Festivalen er eit krysspunkt mellom kunst, kultur og mat.

konsulent i det som då heitte Hjelmeland Næringsutvikling. Han budde på Jørpeland og pendla inn til Hjelmeland. – Eg hugsar så godt eg køyrde til jobb ein dag, og tenkte på kva me kunne få til her inne. Eg hugsar eg kikka ned på oppdrettsanlegget på Hundsnes før eg såg fruktgarden til Terje Pundsnes, og plutseleg sto det klart for meg. Det er jo laks og frukt som er spesielt for Hjelmeland, seier Helge og smiler. Han hugsar det like godt som det skulle vore i vår han tok den køyreturen. I dag er han dagleg leiar i Lysefjorden Utvikling og har som jobb å utvikle eit av landets mest attraktive reiselivsprodukt. – Me arrangerte festival første gong allereie den hausten, og eg hugsar korleis me snakka om at «tenk om det kjem 500 personar». Det kom 1000 og det gjekk veldig bra, sjølv om me var litt i sjokk, fortel han. – Me visste jo ikkje kva me sette i gang, men festivalen har vist seg å bli ein suksess, me ynskte

å setje Hjelmeland på kartet, og få fram næringane som me er stolte av. Det føler eg at me klarte. No har ein også fått til ei organisering som gjer at ein ikkje slit ut bygdefolket på dugnad, for det er klart det er krevjande å arrangere så store arrangement, meiner Helge Kjellevold. Styreleiar Geir Ims er også klar på at dette er det største som hender i Hjelmeland i løpet av året. – Me har og ei sakte auke i talet besøkjande kvart år, no ligg det på om lag 5000 personar. Me blir litt fleire og litt betre kvart år, meiner Ims som til dagleg jobbar i Ryfylke IKS. – Me ynskjer også å utvikle oss vidare, ikkje minst ved å styrke samarbeidet med næringsliv og kommune. Me skal bygge vidare på det som er grunnlaget vårt, nemleg kunst, handverk og mat, slår styreleiaren fast.


14

MITT RYFYLKE | SULDAL


MITT RYFYLKE | SULDAL

15

Siri Fisketjøn Indrebø er oppteken av å sikre innbyggarane god beredskap i bygdene.

Portrettet

Siri Fisketjøn Indrebø

PÅ RETT VEG Siri Fisketjøn Indrebø (44) er aller mest oppteken av å dra lasset saman med gode kollegaer. TEKST: JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR | FOTO: FOTOGRAF NORDTVEIT

Siri Fisketjøn Indrebø er midt i sommarferien. Dei siste dagane har ho og familien vore på hytta i Suldal, utan mobildekning. – Det er ganske herleg, seier politileiaren. Sjølv om jobben hennar er krevjande klarer ho og logge av når det er ferie. – Eg er nok rastlaus på mange måtar, men og tolmodig når det er tid for det. Eg brenn for jobben min og for det me kan skape saman som eit team. Det viktigaste for meg er at me klarer å få til ei god politiordning ute i distrikta, meiner Siri som no er politileiar for den geografiske driftseininga i Sauda, Suldal, Etne og Vindafjord, såkalla GDE-leiar. Ho møter oss i lokala politiet leiger på Sand, her er det ingenting som minner om at romma blir brukt til utarbeiding av politisk strategi, etterforsking eller avhøyr. Siri har kledd seg i uniformskjorte og serverer rause koppar med kaffi. Utan hatten på hovudet må fotograferinga gjennomførast inne, slik er reglane. Og reglar er til å fylgjast, meiner Siri. – Det ligg djupt i meg, dette som politiet står for, om å fylgje loven, og gjere det som er rett. Siri Fisketjøn Indrebø skulle eigent-

leg bli lærar. Som 15-åring reiste ho til Bryne for å gå på idrettslinja på vidaregåande, og for å spele fotball for elitelaget til Klepp. Etter lærarutdanninga jobba ho eit år som lærar i Hå kommune. – Eg likte godt læraryrket, spesielt å kunne vere der for dei ungdommane som skal ut i livet, og som skal rustast. Men det var noko med rammene som var lagde, det vart kanskje for forutsigbart. Eg vart freista av spenninga i politiarbeidet, arbeidsdagen der ikkje alt var planlagt. Politiyrket hadde alltid interessert henne, rettferd og lik fordeling av gode var viktig for henne. Dermed pakka ho med seg pedagogikken og starta på politiutdanning i Oslo, før det bar vidare til jobb i Telemark. Seinare har det også blitt leiarutdanning, noko som blant anna gjorde henne aktuell for jobben ho har i dag. Siri smiler, let fingrane gli gjennom håret og sklir litt ned i stolen. Ho vedgår at ho likar å ha full kontroll, og gjerne bidreg til kakebaking, som fotballtrenar eller i det lokale idrettslaget. – Eg har tru på bygda, og på beredskapen som ligg der, eg likar å bidra i lokalsamfunnet, slår Siri fast. Ho snak-

kar seg varm om kor viktig det er med bestemte og tydelege foreldre, foreldre som ikkje gir seg, men som står trygt planta i eigne avgjersler. – Det at «alle andre får» er jo som regel berre tull, borna har godt av å ikkje få lov til alt dei ynskjer. Det er ei tid for alt, og dei har godt av å vente på noko, ynskje seg noko, og vite at somme ting kjem når ein blir eldre. Eg heiar på aldersgrensene, det er ein grunn til at dei finst, meiner trebarnsmora. – Me pressar oss sjølv, og barna får ikkje sjans til å vere barn før dei plutseleg er blitt ungdommar. Kvifor hastar alt slik? Sjølv er ho engasjert mor til Bjørnar (16), Mari (14) og Lina (12). Ho veit at ho som mor må våge å vere den som set grensene. Nett no er ho foreldrepresentant på ungdomsskulen. – Det er jo ein viktig del av samfunnsansvaret, å kunne delta og vere der for ungdommane. Det gir meg også mykje kompetanse, meiner Siri. Politiet har vore gjennom mange endringar dei siste åra, mange meiner at nærpolitireforma har gjort avstanden mellom publikum og politi lengre enn før. Siri er ikkje samd.


16

MITT RYFYLKE | SULDAL

Siri Fisketjøn Indrebø

(44)

Sivil status: Gift, tre barn Aktuell: GDE-leiar for Suldal, Sauda, Vindafjord og Etne Drøymer om: Neste tur, og neste fjellområde eg ikkje har oppdaga endå. Førebilete: Mor og far som gav meg alle moglegheiter, og let meg ta del i både arbeid og aktivitetar. Les: Krim! Eg blir ikkje lei av krim sjølv om eg jobbar i politiet, men eg kan desto lese med eit kritisk blikk korleis dei har løyst oppgåvene, og også bli imponert når eg ser forfattaren har gjort eit skikkeleg forarbeid. Les også mykje aviser. Høyrer på: Podkast, spesielt Utakt, den må eg ofte ha med meg. Elles er eg altetande i forhold til musikk, og blir gjerne påverka av det borna høyer på. Eg kan høyre på alt frå Maria Mena, Sigrid, Vamp, Ingebjørg Bratland og Bjørn Eidsvåg.

– Tida var komen for endring, og reforma var naudsynt. Reforma gir oss likare polititeneste i forhold til geografi, noko som gjer at om vanskelege og større saker hender i bygda eller i byen så er det automatikk i at ein hentar inn dei ressursane ein treng. Me har fått innpass i ein større fagleg fellesskap og er betre rusta til å gjere ein god jobb, seier Siri som og peikar på at den digitale utviklinga ofte gir meir komplekse saker enn ein gjerne hadde før. Ho meiner mykje om sakene der mange etterlyser meir engasjement frå politiet, ho skulle gjerne sagt meir om korleis politiet prioriterer saker, om at ein må skilje mellom akutte og viktige saker, og saker ein kan ta tak i dersom ein har ressursar til det. Men ho veit også at det ikkje alltid ligg i hennar

rolle å skrike høgast og rope mest. Ho skal i første rad sikre tryggleiken til dei som bur her og vere ein leiar for dei som jobbar i politidistriktet. Somme gonger saknar Siri å vere etterforskar, tida der ein kan få lov til å grave seg ned i ei sak, utelukka noko medan ein avdekker noko anna. Ho brenn for at alle skal bli møtt på ein skikkeleg måte hjå politiet, alle er like mykje verdt, uansett kva dei har gjort. – Eg tenkjer ofte: «korleis ville eg ha likt å blitt møtt her». Det er klart nokre saker går meir inn på ein enn andre, ein møter ulike skjebnar, og alle skal bli møtt på ein skikkeleg måte, det fortener dei. Det seier seg vel sjølv kva saker som rører mest med ein, spesielt når born er involvert. I dag er arbeidet hennar strategisk

og langsiktig, ho stoppar opp når ho ser ting som ikkje fungerer, og prøver å finne gode løysingar. Ho er glad i å brekke detaljar og fakta ned til analyser, og ho håpar sjølv ho er ein god leiar. Det handlar heile tida om å sjå eit større bilete, og om å dra alle i same retning. – Eg trur me treng eit breitt samarbeid mellom etatar og instansar for å bidra best mogleg i samfunnet. Ein finn gode løysingar dersom ein kan dele på kompetansen ein sit med. Mannen Torbjørn er fengselsbetjent i Sandeid fengsel. Dei snakkar ikkje mykje jobb rundt middagsbordet, men engasjementet deler dei. – Det viktigaste heime er å fylgje opp barna og kvardagen. Det er nokre få år i livet barna bur heime, og det er det


MITT RYFYLKE | SULDAL

17

Eg trur me treng eit breitt samarbeid mellom etatar og instansar for å bidra best mogleg i samfunnet [Siri Fisketjøn Indrebø ]

Somme dagar kan Siri sakne jobben som etterforskar, men ho likar godt å arbeide strategisk for å utvikle politiet, både som arbeidsplass og samfunnsapparat.

viktigaste. Eg håpar jo dei blir trygge og sjølvstendige individ. Engasjementet er utømeleg. Den timeslange køyreturen til og frå hovudkontoret i Sauda gir henne rom og tid for å kople av mellom slaga. – Jobben gir meg enormt med energi, slår ho fast. Siri har røynd livet på fleire måtar. Då ho var gravid med eldstemann fekk ho lymfekreft, ho fekk behandling, nokre år etterpå frykta legane sjukdommen var komen tilbake, noko som skulle vise seg å vere falsk alarm. Ho er takknemleg og takkar helsevesenet som ho kallar fantastisk. Midt oppe i alt kvilte ho i barnetrua ho fekk med seg heimanfrå som liten. Siri er alltid på veg vidare, ofte er

målet neste fjelltur. Kartet som ligg oppslått på bordet, kompasskursen og pakkinga av sekken er minst halve turen. – I morgon har eg lyst til å ta gjengen med meg på Hardangervidda, det hadde vore kjekt. Men veit du: det er ledige billettar til Peer Gynt-førestillinga på Gålå og, me får sjå kva det blir. I kveld blir det uansett konsert med Sigrid i Haugesund, seier ho like lettvint som om det var gullrekka på NRK ho lista opp. – Er du impulsiv? – Tja, eg er nok det, så lenge eg slepp å risikere noko, det likar eg ikkje.

Eg er nok rastlaus på mange måtar, men og tolmodig når det er tid for det. Eg brenn for jobben min og for det me kan skape saman som eit team. [Siri Fisketjøn Indrebø ]


18

MITT RYFYLKE | SULDAL

Slik skal kunstverket på sentrumsbygget på Nesflaten bli sjåande ut. Illustrasjon: Jeppe Hein Studio

LIV PÅ NES Nesflaten har omlag 200 innbyggarar, men likevel både hotell, kafé, nærbutikk, gåve- og kunstbutikkar samt eige drivstoffanlegg. No er målet at kunstprosjektet «Views» skal ta bygda til nye høgder. TEKST: ASTRID EIDHAMMER HJELMELAND/ JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR | FOTO: FOTOGRAF NORDTVEIT

– Det er ingen før som har gjort eit liknande prosjekt i Noreg, trur me, seier kunstfagleg leiar for «Views», Gunhild Moe. Ho er kunstnar og kurator, og driv Energihotellet på Nesflaten saman med ektemannen Olav Lindseth. Det brennande engasjementet handlar om fleire barn i barnehagen, ein levande barne- og ungdomsskule, fleire turistar som er innom butikkane, drivstoffanlegget og hotellet i Øvre Suldal. Det er fredag ettermiddag. Gunhild har sett seg i kaffekroken på nærbutikken på Nesflaten, her sit også bonde Jacob Vetrhus som har handla mat til helga. Samtalen går om kva som rører seg i bygda,

og om kva helga skal brukast til. Nærbutikken gir ikkje berre mat på bordet, den gir også rom for samtale og drøs. Søster til Jakob, Åshild Vetrhus er også innom. Åshild er prosjektleiar for «Views», til dagleg er ho frilans folkemusikar og avdelingsleiar ved Folkemusikkarkivet for Rogaland ved Ryfylkemuseet. No har ho kjøpt seg ein is i varmen og er klar til å vise fram prosjektet ho og Gunhild har jobba saman om sidan 2012. Kunstprosjektet «Views» skal skape eit levande sentrum på Nesflaten. Prosjektet er nyskapande i form, prosess og metode. Målet er å gjere sentrumsbygget, der både nærbutikken og Skattkammeret på


MITT RYFYLKE | SULDAL

Gunhild Moe og Åshild Vetrhus har jobba saman sidan 2012 for å realisere prosjektet "Views".

Nes held til i dag, til eit heilt spesielt kunstverk. Tanken er at taket på sentrumsbygget skal bli ein skulptur av aluminium der ein også kan gå på taket og nyte utsikta frå ulike punkt. Prosjektet omfamnar også ei fontene på kaien og ein portal på kaien ved Suldalsvatnet. Det er den danske samtidskunstnaren Jeppe Hein som står bak verka, medan arkitektfirmaet Snøhetta har sikra at bygget får dei funksjonane som trengs inn- og utvendig, for å kunne utnytte sentrumsbygget på den beste måten. – Foreininga Liv på Nes skal arbeide for å skape ei positiv utvikling i Øvre Suldal, noko me har jobba med i mange år. Det heile starta med eit møte me hadde med kunstformidlingsinstitusjonen Artconnexion som jobbar med kunstmodellen New Patrons i 2012. Me vart fengsla av metoden, der føremålet er å sikre at bygda og lokalsamfunnet får eigarskap til både gjennomføring og styring av kunstprosjektet, fortel Åshild. – I ettertid har gruppa endra samansetning, ikkje minst for at me ynskte å sikre at alle deler av bygda vart representert. Dette er ikkje ovante- og ned-prosjekt, dette eig dei som bur her. No har Artconnexion valt Nesflaten som arena for eitt av sine internasjo-

19

Jacob Vetrhus har handla til helga, nærbutikken på Nesflaten er hjarta i bygda.

nale New Patrons-prosjekt, i ettertid har mange, både regionale og lokale støttespelarar blitt med på laget. I dag er skissa frå Jeppe Hein klar, og i april vart det gjennomført ein stor konferanse om temaet. No er ein i gang med det som truleg blir det mest krevjande i prosessen, nemleg å sikre finansiering. – Det er ei veldig spanande tid me går inn i, men me har så stor tru på at me skal og kan få dette til. Me ser jo kva arkitekturen til Geir Grung har å seie for Nesflaten, og korleis den er med på trekke turistar her til, me har tru på at dette kan bli noko stort. Me hadde aldri lagt ned så mange arbeidstimar viss me ikkje hadde tru på det, seier Gunhild og legg til: – Eg plar seie det til dei som tviler at det går heilt fint, for eg har tru nok for oss begge, seier ho og smiler. – Likevel er det bra med tvil, me treng at folk stiller gode spørsmål, så skal me heller prøve å svare så godt me kan, kommenterer Åshild raskt. – Bygget her er eit verktøy for å utvikle Nesflaten. Butikken blir bygd om, og ein får plass til ein attraktiv kafe og ein god turistinformasjon året rundt. I staden for to inngangsdører blir det eitt inngangsparti, det blir veldig bra, trur prosjektleiaren. – Blir de aldri leie? – Det blir me sjølvsagt, men aldri på

same tida, og det er gunstig, meiner Gunhild som også meiner folk på Nesflaten er vane med å ordne opp sjølv, og legge ned mykje eigeninnsats for å få til noko. Det er lite her oppe som kjem av seg sjølv, seier ho. Forprosjektet til «Views» har fått støtte frå Suldal kommune, Ryfylkefondet, KORO, Foundation de France samt Rogaland fylkeskommune. Butikken er sjølve hjarta i sentrumsbygget, og for butikksjef på Nærbutikken Nesflaten, Kjersti Eikemo, har det vore både kjekt og utfordrande dei 3-4 åra ho har drive butikken. Med 2,1 årsverk og eit kundegrunnlag basert på 200 innbyggarar, arbeidsfolk og turistsesongar er ho liten i forhold til leveransar og bonus i forhold til andre i kjeda. – Dess kjekkare er det å få det til, medgjev ho. Ho set pris på god støtte i lokalsamfunnet, men ho er avhengig av meir for å kunne driva butikk og oppretthalde det gode utvalet. Dei siste åra har ho merka ei positiv auke i turismen i sommarsesongen. Og i tillegg til lokalbefolkninga, hyttefolk og arbeidsfolk er sommarturistane med på å få det til å gå rundt for den lokale nærbutikken. Me syns «Views» er eit stort og ambisiøst prosjekt, og syns i første omgang det var galskap. Etter at me


20

MITT RYFYLKE | SULDAL

Wenche Haugen Havrevoll driv All Verdas gåver og bruksting, der ho blant anna sel fairtradeprodukt frå Nepal.

Elisabeth og Helmert Litlehamar driv gardsbutikk med kunst, treprodukt, gåver og matvarer.

har vore med i prosessen ei stund ser det spanande ut. Det er framleis stort og spenstig, men me trur det blir gjennomførbart, og at det vil ha positive ringverknadar for oss og næringslivet i Øvre Suldal, meiner ho. – Det skulle jo ikkje vore mogleg å drive hotell her på Nesflaten, smiler hotellsjef på Energihotellet Olav Lindseth. Men desto meir kjekt at me får det til. Dei siste åra har hotellet merka ei god auke i turisme og berre i juli i år har dei hatt 1100 gjestedøger. Lindseth fortel at hotellet har hatt ein bevisst strategi for å trekke til seg betalingsvillige besøkande i sommarhalvåret. Målingar gjort av booking.com syner at trass i auke i pris oppnår dei høge

score for value for money. – Det gjer at me får ein naturleg seleksjon i besøkande som får det dei er ute etter, som er å sjå og oppleve staden dei besøker. Målet er ekte opplevingar, høve til å treffe folk, eta naturleg mat og sjå naturen i Suldal, forklarar Lindseth. – Me opplever at besøkande er interesserte i det me tilbyr og blir lengre, fortel Lindseth. Dette er bærekraftig både med tanke på miljø og økonomi. For oss er det særs viktig at nærmiljøet har eit breidt tilbod av butikkar og aktivitetar. – Nesflaten er første bygda som møter reisande som kjem til Rogaland via Rv13. Realisering av prosjektet Views vil utan tvil bidra til å styrke reiselivet i Rogaland, arkitekturrund-

turen Sauda-Røldal-Suldal og ikkje minst reiselivet i Suldal. For vår del trur me det vil bidra til å gi ei kraftig auke i besøk frå gjester som passar vår målgruppe, noko som vil bidra til verdiskaping for oss, Nesflaten, Suldal og Rogaland. Verdiskapinga for vår del vil gi ringverknadar til fleire næringar, blant anna landbruk.  Hotellet på Nesflaten har alt planar om å bygga ytterlegare ut, og i haust set dei i gong fyrste av to byggetrinn. Då er nye suitar og eksklusive rom på blokka og utvida restaurantfasilitetar. – Det er spennande og galskap på ei og same tid, avsluttar Lindseth. Wenche Haugen Havrevoll driv All Verdas gåver og bruksting på Nesflaten, her finn du alt frå klede, bruks-


MITT RYFYLKE | SULDAL

21

Åshild Vethrus (t.v) og Gunhild Moe trur kunstverket på sentrumsbygget kan bli eit verktøy for å skape vekst på Nesflaten.

kunst, gåver, barneklede, keramikk og varer du ikkje ein gong visste at eksisterte. Butikken blei starte av sonen som ei ungdomsbedrift, då han skulle ha valfag i ungdomsskulen. Det vart starten på eit lite eventyr der fairtradeprodukt og andre varer blir importert direkte frå Nepal og andre land til Nesflaten. Her finn ein gåver til dei aller fleste. I tillegg til den fysiske butikken på Nesflaten, driv også Wenche nettbutikk, samt ei fysisk avdeling av butikken på Sand. – Det er viktig for Nesflaten at det er aktivitet og eit aktivt næringsliv her, og ikkje minst at me får folk til å flytte hit, meiner Wenche som også har vore med i gruppa Liv på Nes sidan oppstarten. – Det er klart me er spente på kva dette kan bli, og kva det kan føre til. Det viktigaste framover no er å sikre finansiering, meiner ho. Elisabeth og Helmert Litlehamar driv gardsbutikken Litlehamar Kunst & Gardsbutikk som opna i adventstida i fjor. Elisabeth er biletkunstnar og hadde lenge tenkt på om det var mogleg  å få til ein butikk på garden, der ein kunne stille ut kunst for sal.

Etterkvart kom ideen om å få på plass ein container som kunne huse ein variert og mangfaldig gardsbutikk på tunet. I tillegg til biletkunst sel dei mellom anna heimelaga klede, kosmetikk, matvarer, pyntegjenstandar, og mykje flotte varer laga i treverk. Vegg i vegg med butikken har dei laga seg verkstad der mange arbeidstimar blir lagt ned for å trylle fram varer i både ask, alm, furu, einer og bjørk. – Det kjem kundar frå heile verda. Gardsbutikken vår ligg slik til at folk får eit møte med livet og kulturen på garden. Her går sauene og beitar, og det er herleg å sitje ved fossen og bade i kulpen, seier Elisabeth og smiler. Valborg Roalkvam Sandal som driv Skattkammeret på Nes med ektemannen Reidar, fortel at dei driv kafeen på hobbybasis og at dei har faste arrangement i løpet av året. I tillegg har dei private arrangement som barnedåp, konfirmasjon og møte. Kafeen definerer ho som ein «pop up-kafe» med litt varierande opningstider. Opp i gjennom åra har dei opparbeida seg godt ry både for komlemiddagen og quiz-kveldar. Dagane dei serverer komle kjem det over 100 mann frå bygda,

fortel Valborg. Quiz-kveldane har dei måtta flytta til Samfunnshuset grunna plassmangel og sprengd kapasitet på Skattkammeret. På det jamne er det vel 100 personar som melder seg på den populære quizen. Her kjem tilreisande frå heile kommunen, Stavanger og Røldal. – Det er i utgangspunktet ho og mannen som står for matlaging og gjennomføring av arrangementa, men når det trengs trør vener og familie til. Valborg Sandal ser med spenning fram til om prosjektet Liv på Nes blir realisert. – Det vil bli heilt fantastisk, seier ho engasjert. Tenk å ha noko slik som ingen har. Det kjem til å trekka turistar. Me ligg midt i mellom attraksjonane Trolltunga og Preikestolen og meir lokalt har me dei populære attraksjonane Høse Bru på Sand og Allmannajuvet i Sauda. Alt som kan dra folk er bra. – Om det planlagde taket kjem, så vil det styrka fleire av næringane me har på Nes, i tillegg til at det vil vera ein viktig del av nasjonal turistveg, legg Reidar Sandal til.


SULDAL K O

M

M

U

N

E

Suldølar og hytteeigarar kan gleda seg til Suldal bad opnar!

Kommunen

På suldal.kommune.no finn du opplysningar om kommunen og aktuelle nyheiter.

Kompetanse

Suldal kommune trenge mange typar kompetanse. For ledige stillingar i Suldal kommune, ta kontakt med personalsjefen eller sjå l edige stillingar på suldal.kommune.no

Kultur

Suldal har eit rikt kulturliv. For annonsering av ulike kulturtilbod og arrangement, sjå lokal annonsering i grendene, Suldalsposten eller suldal.kulturhus.no


Næringsliv

Suldal har eit variert næringsliv. Her får du det meste av det du treng. Ta kontakt med Suldal Vekst AS eller sjå suldal.kommune.no


...og det er enda mer spennende på innsiden både for små og de litt større

Årdal: 51 75 42 50 Jørpeland: 51 74 14 00 Autorisert regnskapskontor

ÅPNINGSTIDER: 01. september - 31. mai: mandag - lørdag 10.00-16.00 søndag 10.00-18.00 01. juni - 31. august: hver dag 10.00-19.00 Kjeringholmen, Stavanger telefon 51 93 93 00

partnerregnskap.no norskolje.museum.no

Alt innan røyrlegging Teikning av bad Showrom med freshe utstillingar Opparbeiding av tomt og veg Betongarbeid Septikktømming Med meir enn 40 års erfaring, veit me kva som fremjer den TRYGGE KJENSLA!

klungtveit.com

Eiga eller leiga? Leilegheit - Stølane Sør 69m2 ERFJORD

Einebustad i rekke – Svehaugane JELSA

TERMINBELØP

TERMINBELØP

Kjøpesum kr 1.900.000. Eigenkapital kr 285.000. Lån kr 1.615.000 – over 30 år 2,69% rente – eff. 2,80%

Kjøpesum kr 2.805.000. Eigenkapital kr 420.750 Lån kr 2.384.250 – over 30 år 2,70% rente – eff. 2,78%

Kr 6 592,Vi utfører alle typer helikoptertjenester og er kjent for vår kvalitet i alt vi gjør. Sikkerhet, kompetanse, kundeservice og fleksibilitet

Å eiga er å spara!

Alt levert til rett pris.

Kontakt oss for ein uforpliktande prat;

www.fonnafly.no | post@fonnafly.no | Tlf: 88 00 13 13

Kr 9 719,-

Mail Tlf

firmapost@kv-bygg.no 52 790 630


utstillinga «Kvitebjørnen» utstillinga «Kvitebjørnen»

Ta og familie familietil tilNesasjøhuset Nesasjøhusetpåpå Tamed med deg deg venner venner og Sand og leik i Kvitebjørnen-utstillinga vår! Sand og leik i Kvitebjørnen-utstillinga vår! man-fre og søndag kl. kl. 11-15 OpeOpe mandag -fredag og søndag 11-15.

• Alt innen elektroinstallasjon • Automasjon • Tele og data • Kuldemontør til alle typer kjøler, varmepumper m.m. 51 75 03 45 / post@pgi.no www.pgi.no

Me vil at fleire skal få oppleva kor fint me har det i Suldal! Kom til oss om du vil ha hjelp med grunnarbeid på tomta di.

• Grunnarbeid på tomt og veg • Boring og sprenging • Containertransport

Ta kontakt - så finn me nok ei løysing! e-post: of.as@suldal.com - tlf. 52 79 91 86/992 29 084 - www.of-as.net

Nordenden 14, 4230 Sand. Tlf. 52Nå 79sel 29me 50.årskort www.ryfylkemuseet.no til utstillingane på Nesasjøhuset. Ta med deg venner og familie til Nesasjøhuset Ta med deg venner og familie til Nesasjøhuset på på Kortet kan kjøpes i butikken. Sand og leik i Kvitebjørnen-utstillinga vår! Sand og leik i Kvitebjørnen-utstillinga vår! Enkeltperson 250 kr. Familie 350kl. kr. 11-15 Ope man-fre og søndag

Ope man-fre og søndag kl. 11-15

Nordenden 14, 4230 Sand. Tlf. 52 79 29 50. www.ryfylkemuseet.no Nordenden 14, 4230 Sand. Tlf. 52 79 29 50. www.ryfylkemuseet.no www.ryfylkemuseet.no Nordenden 14, 4230 Sand. Tlf. 52 79 29 50.

Kontor:

91 66 76 06

Servicebil: 94 00 94 84 Kranbil:

91 90 89 90

Mekanisk verksted • Slangeservice • Kranbiler

HOVLAND A/S

Stålverksvegen 51, 4100 Jørpeland • hovlandas.no


26

MITT RYFYLKE | SULDAL

Gunda Berge og Monica Berge Fjæra syns det er godt å vere to på jobb.


MITT RYFYLKE | SULDAL

MED DØDEN TETT PÅ Tida står stilt når dei møter menneske i sorg. Gunda Berge og Monica Berge Fjæra har døden med på jobb.

TEKST: JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR | FOTO: FOTOGRAF NORDTVEIT

I

nne på kontoret med dei kvite veggane brenn stearinlyset. I lokala til Suldal Gravferdsbyrå står gravstøttene på utstilling, rundt det kvite og runde bordet sit mor Gunda Berge og dotter Monica Berge Fjæra. Dei snakkar om korleis sorg kan arte seg, om sakn som kan bli takksemd, men som og kan opplevast motsett. – Me tar i mot ganske mange kjensler frå dei som er etterlatne, og det forstår eg. Aller mest er det sjølvsagt takksemd, ikkje minst sidan me tar ansvar og ordnar alt det praktiske, for det er det mange som ikkje klarer eller ynskjer å ta tak i. Men andre kan kjenne på mørkare kjensler, og av og til opplever me at dei blir frustrerte. Det er ein del av jobben, meiner Monica . – Me møter familien i ei vanskeleg tid, som regel er det gode samtalar, der me finn ut av alt som skal

ordnast. Det er mykje å tenkje på, og det er blant anna viktig for folk at det som står i dødsannonsa er rett. Ofte kan heile familien sitje rundt eit bord og lese gjennom utan å finne feil, det er akkurat som om ein blir blind. Feila ser ein først når dei er komne på trykk, og då er det for seint. Dei veit aldri kva dagen bringer. Vakttelefonen er på døgeret rundt, når den ringer veit dei aldri kva som har hendt. Gunda og Monica driv Ølen Begravelsesbyrå og Suldal Gravferdsbyrå saman. Dei er eit godt team, og mange gonger er det nødvendig å vere to om det, to som kan dele og oppleve saman. – Det er godt å vere to, me treng kvarandre i kvardagen. Me kan snakke om det me opplever, og ofte har me ein lang køyretur heim saman, det er viktig, meiner Gunda.

27


28

MITT RYFYLKE | SULDAL

På kontoret til Suldal Gravferdsbyrå står gravstøttene oppstilt.

Ho har arbeidd 35 år i familiebedrifta som mora starta opp, dei siste 16 åra har også dotter Monica vore tilsett, med unntak av eit par år der ho var tilsett i Omega. Døden og arbeidet på gravferdsbyrået var ein naturleg del av kvardagen til begge to då dei vaks opp. Dei fleste har avstand til døden og det den bringer med seg, men i denne familien har det blitt naturleg. – Våre ungar spring jo gjennom kistelageret, det er ikkje så mange som opplever det. – Eg jobba som advokatsekretær, men så blei eg dradd inn i dette, og ein blir på ein måte glad i denne jobben, og den takksemda ein føler etterpå, meiner Monica. Gunda kjem aldri til å gløyme første gongen ho var med mora på jobb. Ho var i starten av 30-åra då ho blei med mora ut på ei drukningsulukke, det var den første gongen ho såg ein død person. – Det vart ikkje slik eg kanskje frykta, det var ei god oppleving som var både verdig og fin. Etter kvart lærer ein å ta på seg ei rolle, skape avstand og gjere ein jobb. – Sjølvsagt er det somme opplevingar som brenn seg meir fast enn andre, det blir aldri ein vane, spe-

Gunda og Monica veit aldri kva som ventar i løpet av arbeidsdagen.

sielt ikkje når barn er involvert, meiner Monica og let blikket gli utover lokalet. Dei klarer ikkje hugse alle gravferder dei har i løpet av eit år, men somme vil alltid vere med dei vidare. Etter sju år med byrå i Suldal kommune har dei blitt godt kjende i kyrkjene og på gravplassane. – Me har godt samarbeid med prestane og kyrkjekontoret, slår Monica fast og viser til at dei har to bårebilar i Suldal. Dei ser at gravferder er i endring, men er ikkje samde i at døden framleis berre kjem meir på avstand. I dag er det fleire som ynskjer å sjå den avdøde, mange barn legg teikningar i kista, og over heile linja føler dei mange er blitt meir opne om døden. Fleire er også flinke til å prate saman i forkant og snakke om korleis ein ynskjer si eiga gravferd. Gunda og Monica møter familien, lyttar og prøver alltid å finne gode løysingar. Dei kan ta seg av alt frå stell, transport, blomar, songhefter og til gjennomføring av minnestunder. Dei bidreg med gode råd i val av gravsteinar, og tilbyr samtalar med pårørande både i heimen og på kontoret. – Me kjem tett innpå familiane, og blir godt kjende


MITT RYFYLKE | SULDAL

29

Å jobbe med døden kan vere både fint og krevjande.

med dei. Det er den største drivkrafta i jobben, det at me kan hjelpe andre, meiner Gunda. Somme gonger leiger dei inn hjelp for å få hektiske dagar til å gå rundt, og andre gonger stiller dei to ektemennene opp som gode hjelparar. Det er også mennene som set opp gravsteinane. – Dersom ein av oss er på ferie er me avhengig av at mennene stiller opp, dei er stødige, så det går bra, seier Monica og smiler. Det er viktig for gravferdsbyrået å tilby seremoniar som er livssynsnøytrale. Dei losar familien gjennom mange val, til dømes om seremonien skal vere i ei kyrkje, om ein vil bli gravlagt eller om ein vel kremering. – Me ser jo at mange kommunar ikkje legg ut nye område til gravplassar, det går nok mot ei framtid der stadig fleire må kremerast. I byane har ein sett denne utviklinga lenge. Dei fortel om gravferder der heile bygda før stilte opp, men som nå er i endring. No er det ikkje alle som møter i naboen si gravferd. Folk har det travlare no, ein går ikkje i så mange gravferder som ein gjorde tidlegare, trur Gunda og Monica. – Me har og vore med i gravferder der me har vore med på å bære kista, og der det nesten ikkje har vore

– Me kjem tett innpå familiane, og blir godt kjende med dei. Det er den største drivkrafta i jobben, det at me kan hjelpe andre. [Gunda Berge]

folk. Det er sjeldan på landsbygda endå, men det hender, og det er trist, seier Monica tankefullt. Slike gonger tar dei roller som går langt utover jobben, plutseleg er dei som nære slektningar å rekne. I arbeidsdagen til Gunda og Monica må det vere rom for ettertanke, tru og tvil. Å arbeide med døden vekker eksistensielle spørsmål ein må ta seg tid til. – Det er jo heilt naturleg, og me veit at me alle skal dø ein gong, men det er ikkje alltid så enkelt å forhalde seg til, meiner dei.


Solid arbeidskraft når du trenger det Bygdeservice er flere bønder som har dannet et felles foretak som yter tjenester til kommuner, bedrifter, privatpersoner og andre. Omega Design

Leir- og weekendopphald på Finnøy Kurs- og selskapslokaler Catering

Velkommen!

www.utsynmisjonssenter.no

Velkommen til

strand.bygdeservice.no Tlf. 920 12 150 4120 TAU

LANDBRUK, LANDBRUK, HUS, HUS, HAGE, HAGE, KJÆLEDYR, KJÆLEDYR, JAKT, LEIKER OG MYKJE JAKT, LEIKER OG MYKJE MEIR... MEIR...

Suldalsosen

9-20 (18)

ETNE 53 77 11 30 · ÅRDAL 51 75 42 30 · HAUGESUND 52 70 54 70 ETNE 53 77 11 30 · ÅRDAL 51 75 42 30 · HAUGESUND 52 70 54 70

Tlf. 52 79 93 10 • joker.suldalsosen@joker.no • www.joker.no

God stemning på haustmarknaden– med handel, dyr og aktiviteter. Ta turen til oss i Bergekrossen på Sand. mogedal.no

A-K Møgedal Mek. Verkstad as

Omega Design

Velkommen til årets Møgedalsmarknad 5. oktober

trapper • dører • vindu • listverk tlf: 52795216 post@eroyvik.no eroyvik.no

Me satsar på Ryfylke

Ryfylkebanken - alltid tett på

Foto: Trine S. Hanaset

Ta kontakt. Telefon 51 75 44 00 hjelmeland-sparebank.no

Omega Design

Lokalt og digitalt. Me hjelper deg der du er.


? sialisering

udiespe

ller st Fagbrev e

JA TAKK,

begge fordeler! Invester eitt ekstra år ved Sauda VGS – og slå to fluer i ein smekk! Etter fire år hos oss, kan du gå ut med både fagbrev og dei faga du treng for å kome inn på ingeniørstudiet. Med Yrkes- og studiekompetanse (YSK) kjem du altså ut med dobbel kompetanse. Og ikkje nok med det: løn under opplæringa.

sauda.vgs.no facebook.com/Sauda.vgs 51 92 28 00 • sauda-vgs@skole.rogfk.no

Vakre Ryfylke

– kommer ikke av seg selv Ryfylke er vakkert, men selv Ryfylke trenger periodisk vedlikehold. Ryfylke Friluftsråd ber om hjelp til å nå målet om et rent friluftsliv i Ryfylke. Våren er kommet, og med det er også avfallet langs kystområdene lett tilgjengelig for alle å plukke. Vi utfordrer alle til å bidra i den nasjonale strandryddeuken, første uken i mai 2019. Vi henter strandryddet avfall, fiskeredskap og mindre båtvrak etter avtale. Husk vrakpanten! Mer info, kontakt Ryfylke Friluftsråd: Kersti Kesper – kersti.kesper@ryfri.no – ryfri.no Eller gå inn på: holdnorgerent.no/om-strandryddedagen Prosjektleder: Marin forsøpling - Tekst: Kersti Kesper


ANNONSE Innhold av Iversen Skogen, for Haugaland Kraft.

Haugaland Kraft har selv tatt i bruk solcelleanlegg og batteri med smartstyring på sitt nye bygg på Heiane i Stord kommune, og inviterer andre bedrifter til å gjøre det samme.

Ny kraft til næringslivet Siden Haugaland Kraft lanserte Solkraft tidligere i år, har folk vist stor interesse for å få tilbud på solceller på hustaket. Kan et kraftverk på taket være en god investering også for bedrifter?


ANNONSE

Gjennom lanseringen av Solkraft, har

investeringen. Et solcelleanlegg til

Haugaland Kraft gjort solcelleanlegg

næringsbygg kan produsere strøm til

tilgjengelig og lønnsomt for folk flest.

en kostnad på 30-40 øre per kWh ved

Miljøvennlige kraftverk på taket i de

gunstige forhold, og kan ofte nedbetales

tusen hjem er ikke bare et ordentlig

over kortere tid enn private anlegg.

krafttak for miljøet, det er også en flott investeringsmulighet for kraft-

Haugaland Kraft kjøper strømmen som

selskapets kunder med lav risiko og

måtte bli til overs, så driften trenger

mulighet for høy gevinst.

ikke være energiintensiv for at det skal være lønnsomt med Solkraft, men

Dessuten er solceller på taket et synlig

dersom du kan bruke strømmen selv,

signal på at du tar miljøet på alvor. For

sparer du mest.

Mengden solenergi som treffer Jorden, er om lag 15 000 ganger større enn hele verdens forbruk.

bedrifter er en troverdig miljøprofil snart helt nødvendig for å hevde seg i

– Det betales ingen nettleie på egen-

et konkurransepreget marked.

produsert strøm, kun på den mengden energi du må supplere med via strøm-

– Bedrifter blir mer og mer miljøbevisste

nettet. Hvor strømmen din kommer

i takt med at kundene deres blir det.

fra styres selvsagt automatisk og

Det grønne skiftet er for alvor i gang,

sømløst til enhver tid, så det slipper

og solceller har nå alle forutsetninger

du å tenke på, sier Jakobsen.

Hvordan fungerer et solcelleanlegg?

for å bli en ledende grønn teknologi her på Vestlandet, sier John H. Jakobsen,

Økt eiendomsverdi, mindre solsvinn

direktør i Haugaland Kraft Energi.

Vi har kommet så langt i bevisstgjøringen

Nær uansett vær

av miljøsaken, at det nå kan være direkte

Solceller lager elektrisk likestrøm fra sollyset.

lønnsomt å profilere seg som en miljø-

Det trenger nemlig ikke være strålende

bedrift. Solceller på taket er en strå-

solskinn og 20 grader for at solcelle-

lende måte å vise initiativ og ansvars-

paneler skal produsere strøm. Da hadde

følelse, samtidig som det faktisk vil

ikke Haugalandet vært stedet for en

utgjøre en forskjell. En bieffekt er at

satsing som Solkraft. Solcellepaneler

det også vil øke verdien på bygnings-

fungerer selv på dager med et tynt til

massen betraktelig.

moderat skydekke, og gradestokken spiller ingen rolle. Private husholdninger

– Kundene har som regel ikke noe forhold

som kjøper Solkraft fra Haugaland

til om bedriftene eier eller leier sine

Kraft vil typisk dekke 15–20 % av sitt

lokaler, så Solkraft vil være en god

årlige strømforbruk med egenprodu-

investering både for selveiere og

sert strøm. For bedrifter blir regne-

utleiere. Selveiere vil få profilering, økt

stykket mer komplisert, grunnet stor

eiendomsverdi og lavere strømregning,

variasjon i forbruk og takstørrelse,

mens utleiere får et mer attraktivt og

men mulighetene for et ordentlig

verdifullt bygg, sier Jakobsen.

Vekselretteren lager vekselstrøm til strømnettet.

Strømmen brukes i bygget, overskuddsstrøm går på nettet.

effektivt anlegg er faktisk enda større på bedriftsmarkedet.

Det finnes mange fantastiske takflater i regionen som kunne produsert store

Kristian L. Gautesen

– Forretningsbygg har som regel mye

mengder strøm, men som i stedet lar

Salgs- og forretningsutvikler,

større takflater enn boliger. Investerings-

de verdifulle solstrålene gå til spille.

Solcelleanlegg

vant til å tenke inntjening i motsetning

– Å redusere svinn er en effektiv måte

Tlf. 920 15 077

til kun sparing i sine profesjonelle

å spare kostnader for enhver bedrift.

kristian.l.gautesen@hkraft.no

roller. Vi skreddersyr alle anlegg til

Nå er solcelleteknologien så moden og

bedrifter for å oppnå høyest mulig

bestillingsprosessen så enkel at vi kan

effekt på alle tilgjengelige takflater,

se på solskinn uten solcelleanlegg som

sier Jakobsen.

solsvinn. Vi har et fantastisk spennende

viljen er også høyere, og folk er mer

næringsliv i vår region, og vi er klare til Energikrevende bedrifter med store

å hjelpe alle som vil redusere solsvinnet

takflater (helst sør-, vest- eller øst-

og utnytte solenergien i sin bedrift,

vendt) vil få aller mest igjen for

avslutter Jakobsen.

hkraft.no/solkraft


34

MITT RYFYLKE | HJELMELAND

Næringslivet om valet i Hjelmeland

Foto: JSpar

Foto: Privat

Foto: Privat

Kva blir viktige politiske saker i neste kommunestyreperiode i Hjelmeland? Me har spurt leiarar frå næringslivet om kva dei meiner er viktig for å sikre vekst og attraktivitet.

Jarle Egeland

Hanne Sundbø

Tone Kristin L. Munthe

For oss er det viktig at politikarane legg til rette for utvikling i lokalt næringsliv, me er også avhengige av at landbruksnæringa får utvikle seg, og får rom til investeringar, fortel dagleg leiar i FK butikken Årdal, Jarle Egeland. Butikken i Årdal har det meste utval som trengs for gardsbruk, hus og hytte. Egeland er oppteken av politikarane i kommunen er fleksible, og villige til å finne fleksible løysingar for å sikre næringsutvikling og auka busetjing.

Hanne Sundbø driv Galleri Hagalid, i tillegg er ho styreleiar i Hjelmeland Handels- og Serviceforening. Ho meiner det er fleire viktige punkt framfor årets lokalval. – For det første ynskjer eg at kommunen framover alltid stiller seg spørsmål om nye prosjekt eller tiltak er med på å gjere Hjelmeland attraktiv for å drive næring, busetjing og besøk. Det bør dei gjere aller først.

Tone Kristin L. Munthe driv Spar-butikken på Hjelmeland. Ho har vore dagleg leiar i butikken sidan 2008, i 2013 kjøpte jo butikken. Ho er oppteken av at det blir lagt til rette for vekst og utvikling i næringslivet.

Dagleg leiar FK-butikken Årdal

– Til dømes er det viktig med nok og ledig næringsareal slik at bedrifter kan ekspandere og bygge ut, slår han fast. Han er også klar på at ein treng folk i bygdene dersom ein skal halde oppe det lokale handelstilbodet. – Me driv jo ein butikk med variert utval, og treng at folk er bevisste på at ein handlar lokalt. Og me treng at folk som ynskjer å busetje seg her får lov til det, og ikkje blir avviste.

Innehavar av Galleri Hagalid

Hanne brenn for kommunikasjonar, ho meiner kommunen må arbeide langsiktig og systematisk for å sikre gode kommunikasjonar, om det er snakk om veg, mobil, båt eller nett. – Når eg står ute på tunet mitt kan eg snakke i mobil, ringer du når eg er inne i galleriet kjem truleg ikkje samtalen inn eingong, det kan jo føre til at eg mistar kundar. Dette handlar om å styrke konkurransekrafta vår, slår ho fast. Ho meiner også kommunen må bli endå betre på å samarbeide med nabokommunane, slik at tenestetilbodet ut til innbyggarane kan bli styrka.

Dagleg leiar Spar-butikken

– Det er viktig at kommunen gir rom for at dei som vil utvikle, bygge ut og skape noko får lov til det. Tone Kristin fortel at både innbyggarane og hyttefolk er flinke til å bruke butikken. – Mange handlar her på veg til hytta istaden for i byen, det er me glade for. Ho brenn også for at kommunen skal legge tilrette for at utflytta ungdommer får lyst til å flytte heim igjen. – Som bedrift må eg heile tida tenkje på kva me kan gjere av noko nytt for å utvikle oss, det må også kommunen gjere, slår ho fast.


35

MITT RYFYLKE

Rekordløp gjennom Ryfast Laurdag 5.oktober skal 7000 personar springe gjennom Ryfast. Slikt blir det rekordar av. TEKST: JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR | FOTO: PRIVAT

Beate Jåsund frå MIL (f.v.), i lag med Anne Carr Jørpeland og Rune Harestad frå Staal Jørpeland er klare for å invitere mosjonistar til å springe gjennom Ryfast før tunellane opnar for biltrafikk.

Rune Harestad er dagleg leiar i Staal Jørpeland IL og kan knapt vente til verdas første og einaste undersjøiske halvmaraton skal gjennomførast. Det var prosjektleiar i Ryfast, Gunnar Eiterjord, som kom på ideen, han meinte ein måtte arrangere eit løp i tunnelen før den blei opna for biltrafikk. – Han lurte på om idrettslaga her på Strandalandet kunne vere interesserte i å arrangere eit slikt løp. Det sa både Jørpeland IL og MIL ja til på strak arm, fortel Rune Harestad. – Kven er den typiske deltakaren trur du? – Om eg skal tippe så er det gjennomsnitt-nordmannen som tar seg ein treningstur eller to i veka. Men sjølvsagt vil me også få inn deltakarar frå ytterkantane her, alt frå folk som nesten er utan grunntrening til dei som er meir seriøse, seier Harestad. Ideen til Eiterjord blei sett ut i livet, og viste seg å bli populær. Løpet med dei 7000 plassane vart utselde for eit halvt år sidan. – Fordelen med at det er så mange påmelde er at det alltid vil vere nokon som ikkje kan, det kan lønne seg å fylgje med på facebooksida til løpet, det vil heilt garantert dukke opp ledige startnummer der, meiner idrettslagsleiaren.

På nettsidene til Ryfastløpet kan ein lese treningstips frå Eiterjord sjølv, det gjeld å legge ned ei god grunntrening før det brakar laus i sjølve løpet. Ryfastløpet går frå Kiellandsmyra/«gamle» Gamlingen i Stavanger til Solbakk i Strand og er 21 kilometer langt. Hundvågtunnelen er 5,7 kilometer og Ryfylketunnelen 14,3 kilometer. Arrangøren fristar med at temperaturen i tunellen er om lag 12 grader, noko som gir lyse, klare og luftige forhold for turen. Det blir fire drikkestasjonar undervegs. I botn av Hundvågtunnelen (ca 3,5 km), på Hundvåg (ca 6 km), i Fjellhallen (ca 13,5 km) og i botn, 292 meter under havet av Ryfylketunnelen (ca 16,5 km). På dei tre siste drikkestasjonane vil det også vere toalett. Etter målgang får alle løparane varm mat og drikke i tillegg til Ryfastmedalje og diplom Dei tre beste i både kvinne- og herreklassen får flotte premiar, med ryfastkunstverk frå Glasskjellaren i Strand. – Som idrettslag er det jo veldig bra at det har blitt den suksessen det allereie har blitt. Arrangementet vil gi gode pengar til klubbkassane. Idrettslag har jo ei viktig samfunnsoppgåve både med tanke på det sosiale og det helsemessige. Me veit at ved å arran-

gere noko som dette, får me mange folk ut på veiene i joggedressen. Mange veit at dei må kome seg i form for å klare å fullføre det store målet for året, ryfastløpet. Så å oppnå at fleire kjem seg i trening er jo ikkje lite berre det, slår Harestad fast. I tillegg til halvmaraton for alle som er 15 år eller eldre, blir det arrangert barneløp og barneskirenn. Skirennet er det Stavanger skiklubb som arrangerer. – Barneløpet vil garantert gi stor idrettsglede blant dei yngste, dette vil dei nok hugse resten av livet.

Rune Harestad

(42)

Bur: Jørpeland Sivil status: Gift, 3 barn Aktuell: Er dagleg leiar i Staal Jørpeland IL og snart klare med verdas første og einaste undersjøiske halvmaraton, Ryfastløpet.


Synleg med godt innhald • Tekstar og godt innhald til trykksaker, nett og sosiale medium • Grafisk design: logo, grafisk profil og profileringsmateriell • Brukarvennlege og sikre nettsider og nettbutikk • PR-arbeid, rådgjeving og medietrening • Magasin, brosjyrar m.m.

Ølensvåg : Sand : Sauda : omegadesign.no

Profile for Omega Design

Mitt Ryfylke 2019 2  

Mitt Ryfylke er eit regionalt næringsmagasinet som speglar folket og livet i Ryfylke. I temautgåvene vil du finne gode reportasjer, portrett...

Mitt Ryfylke 2019 2  

Mitt Ryfylke er eit regionalt næringsmagasinet som speglar folket og livet i Ryfylke. I temautgåvene vil du finne gode reportasjer, portrett...

Advertisement